Bilde på forsida av boka:
På nedlagte Flåt nikkelgruver i Evje står denne minnesteinen over dei 18 arbeidarane som omkom under drifta her. Dei er oppført med dødsdato, alder og kor dei kom frå. Dei fleste var frå Agder, men her var òg folk frå Nordland, Sverige og Finland. Den yngste blei bare 17 år.
(Foto: SL)
Presentasjonar av Gull, gråstein og grums – 3
Kommentarar, rettingar og tillegg til "Gull, gråstein og grums – 3" (Kjem etter kvart)
Emnet er svært omfattande, og sjølv talet på sider og bilde er utvida noko i forhold til tidligare bind, har det vore nødvendig å kutte ut mye av både tekst, bilde og tilvisingar til skriftlige kjelder for det stoffet som er prenta her. Både kjelder og ein del tilleggstoff blir lagt ut på nettstaden http://gruve.info.
Noreg er langt og mangfoldig, og det same kan ein seie om Gruve-Noreg. I boka har eg trukke fram gruver frå alle landsdelar, men utvalet er ikkje jamnt fordelt. Nord-Noreg og tildels Trøndelag har fått relativt meir plass, både fordi det har vore lettare for meg å oppsøke gruver her, og fordi det i dette området har vore ekstra mye konfliktar rundt gruvene, sidan dei fleste er etablerte eller planlagte i reinbeiteområde. Som tidligare bind er dette eit resultat av at svært mange har bidratt. Ved sida av skriftlige og munnlige kjelder bygger denne boka i stor grad på besøk ved eksisterande og nedlagte gruver, foredlingsbedrifter og museum. Eg vil takke alle som har tatt mot meg på dei stadane som eg har besøkt, og alle som elles har bidratt med opplysningar, bilde og kritisk gjennomlesing.
Som fortalt i føregåande bind har det ikkje lukkast å finansiere utgiving av denne serien på fleire språk, så boka kjem også denne gongen bare på norsk. Eg har omsett sitat frå kjelder på ikkje-skandinaviske språk og originalteksten er da å finne som fotnotar i nettutgåva. Ein stor del av boka handlar om hendingar i samiske bruksområde, der det ofte finst parallelle samiske og norske stadnamn. Eg har som hovudregel vald å bruke samiske namn i område der samisk språk er dominerande, og elles norske namn. Der eg har funne parallelle samiske og norske namn, har eg tatt med det andre språket i parentes første gongen staden opptrer i teksten. Dei samisk namna er gjerne vitnemål om at her kan vere samisk busetting – og reindrift eller andre samiske næringsinteresser, og at desse kan komme i konflikt med mineralleiting og gruvedrift.
Arbeidet med denne boka har pågått i bortimot fire år og i løpet av den tida har det skjedd mye. Av dei gruvene som var i drift i 2013 har to av dei største innstilt som resultat av konkurs eller at staten ikkje ville halde fram og dekke underskotet.[1] Nokre gruveplanar har gått framover, om ikkje så mye som mange hadde forventa. Fleire planar har blitt stansa, nokre som resultat av lokal motstand, andre av økonomiske grunnar. Ei rekke planar ser ut til ikkje å bli realisert, sjølv om dei enno ikkje er formelt oppgitt. Mens vi i tida 2008-13 hadde ein gruveboom med overstadig satsing, har dei siste fire åra i hovudsaka vore ein nedtur. Når dette skrivast våren 2017 pågår det i praksis så godt som ingen mineralleiting i Noreg. Likevel er det mye som tyder på at ein ny gruveboom kan vere på veg, han er bare ikkje så synlig enno.
Eg har forsøkt å oppdatere boka så langt som råd, men har ikkje klart å følge alle saker fram til den dagen boka leverast til setting. Det skjer så mye at noko garantert er forelda før den første kjøparen held boka i handa, men dette skal likevel vere ei nokolunde oppdatert skildring av situasjonen i norsk mineralnæring i første halvår av 2017. Etter kvart vil eg oppdatere nettsida med ein del av dei viktigaste hendingane i utviklinga av mineralnæringa og i striden rundt framtidige gruver.
Tittelside frå boka «Trende Bergs-bønner som bruges ved Røraas Kaaberverk paa de samtlige Gruber», prenta i 1751.
Nokre av desse spørsmåla har vi vore inne på i dei to første binda i serien. Her vil vi gjøre det meir systematisk med å sjå på ein del av dei gruvene som har vore drive, som er i drift eller som er planlagte.
Nokre av fargane i myrene ved Biedjovággi gruver. Gruva er nedlagt 1991, fotografert 2006.
(Foto: SL)
I mange gamle gruveområde er det likevel mangelen på fargar som er mest slåande. Der det før voks gras, mose, reinlav og småkratt, der reinrose, snøsøte, gulsildre og fjellnellik lyste i kvar sine fargar, er det no så godt som heilt grått eller brunt. Skiljet mellom gruveområdet og naturen rundt vil vere synlig til lenge etter vår tid på jorda.
Verken fjerning av unaturlige fargar eller tilbakeføring av dei naturlige fargane er del av den norske mineralstrategien. Norsk gruvehistorie er på mange måtar ei fargerik historie. Fargane er ofte eit av kjenneteikna ein går etter når ein leitar mineral som kan vere aktuelle å utvinne. For naturstein er fargane ein av eigenskapane som gjør steinen interessant og fargesamansettinga kan vere avgjørande på bruken og prisen. Minerala kan vere mørkegrå som kol og grafitt, kvite eller lyse som kvartsitt og dolomitt, skinnande gule som gull og svovelkis, sølvblanke som sølv, bly og molybden, grøne som eklogitt, fuchsitt og malakitt, raude som jaspis, granat og rubin eller blå som azuritt eller lazulitt. Nokre mineral, som kvarts og kalsitt, finst i ei rekke fargevariantar. Nokre gongar har sjølve fargestoffa vore hovudformålet med gruva, som utvinninga av kobolt til blåfarge, eller rutil for kvitfarge. Det finst ikkje ein farge i regnbogen som vi ikkje finn igjen i mineral, i tillegg til alle variantar av kvitt, grått, brunt og svart.
Brynesteinsbrotet i Eidsborg var i drift i 1300 år, og enno kan ein plukke med seg ein brynestein her.
(Foto: SL)
Vi tar her for oss forskjellige mineral som det er drive eller planlagt utvinning av. Først metallmalmane, som lenge dominerte norsk mineralnæring. Denne utvinninga gikk kraftig tilbake frå 1970-talet, og i 2005 var det bare to gruver igjen [3]. I ettertid har ei gruve til fått konsesjon, men driv i minimalt omfang [4], mens ei har starta stort, gått konkurs og er i ferd med å starte opp igjen i langt mindre format. [5] I tillegg er det nokre få gruveprosjekt som i prinsippet har fått utvinningsløyve [6], men som av forskjellige grunnar enno ikkje har fått dei siste løyva for å starte opp. Vi ser først på jernutvinning, deretter koppar, gull og nokre av dei metalla som har vore strategisk viktige, spesielt for krig, opprusting og kjernekraft.
Gruvedrift er i dag mye meir enn utvinning av malm og metall. Til dei ikkje-metalliske minerala hører det mineralet som i verdsmålestokk blir tatt ut mest av, nemlig kol. I Noreg har det vore utvinning eller leiting etter både steinkol og andre former for karbon. Mens kolgruvedrifta på Svalbard ser ut å synge på siste verset, har det dei siste åra blitt planlagt nye grafittgruver og leita etter diamantar. I Noreg har utvinning av ikkje-metalliske mineral dei siste tiåra langt overstige dei metalliske, både målt i tonnasje og i pengar. Det snakkast om å gjøre gull av gråstein, men få har vel verdsett gråsteinsførekomstane sine så høgt som britiske Aggregate Industries, som etter å ha sikra seg steinbrota i Gulen og Kvalsund skryt på nettsida si: «Midnattsola sitt land, Noreg – der rikelige mineralressursar gjør Halsvik steinbrot til juvelen i den norske krona.» [7] Eit godt eksempel på at gruveselskapa sine eigenpresentasjonar ofte bør takast med ei god klype salt.
Det er ei rekke gruver i gang som utvinn industrimineral, frå kalkstein til kvartsitt, nefelinsyenitt, dolomitt og kalkstein. Desse gruvene er jamnt over meir stabile enn malmgruvene, nokre har hatt jamn produksjon i over 50 år. Nokre gruver har store utvidingsplanar, og ei rekke gruver er under planlegging.
«Juvelen i den norske krona»? Pukksteinbrotet i Repparfjord blei starta av Wergeland-Halsvik frå Vestlandet, men seinare overtatt av eit engelsk selskap. Midt på bildet er driftsbygningen etter tidligare Folldal gruver og øvst til høgre tårnet der malmen blei tippa i grovknusaren. Her vil no Nussir ASA starte ny drift på koppar..
(Foto: Basia Głowacka)
I tillegg til mineralutvinninga for produksjon av nyttegjenstandar finst det ei anna utvinning, som ikkje skjer i like stort omfang, og som derfor lett blir oversett. Det er den utvinninga der ein tar ut stykke av mineral og bergartar for å stille dei ut eller selje dei vidare i rå eller forarbeida form. Det er ikkje den praktiske bruken av minerala som er formålet, men utsmykking, undervisning, investering og innbilt eller reell medisinsk og psykologisk verknad av steinar og krystallar. Fargane, forma, lysbrytinga og elles utsjånaden til minerala er avgjørande for bruk og etterspurnad.
For mange av minerala tar vi opp eksempel på verknadar for miljøet av utvinning av malm og eventuell vidareforedling. Det har ikkje vore tid og plass til å gå inn på alle mineral og langt frå alle gruver og gruveprosjekt som har vore i Noreg. Dei som er relativt grundig behandla er ikkje nødvendigvis viktigare enn dei som såvidt eller ikkje er nemnde. Eg har lagt vekt på å trekke fram moment som er lite nemnd i andre kjelder og ikkje gjenta for mye som allereie er samla i bøker og hefter om einskilde gruver, og det som eg veit kjem ut i næraste framtid. For den som vil lese meir om andre sider ved gruvehistoria, vil eg særlig tilrå to bøker:Dei nemnde bøkene og bokserien «Gull, gråstein og grums» vil i liten grad overlappe kvarandre, men heller utfylle kvarandre. Denne boka har meir vekt på verknadane av gruvedrift med naturinngrep og avgangshandtering. Mens dei andre bøkene har hovudvekta på malmgruver, ser eg òg på utvinning av industrimineral, naturstein og bygningsmateriale som pukk og sand. I tillegg til dei nedlagte gruvene, ser eg det som like viktig å fortelje om gruver som er i gang og ikkje minst om kva vi kan vente dersom aktuelle planar blir gjennomført.
Det er særlig planane om sjødeponi som har møtt stor motstand, I mars 2013 blei det demonstrert foran Stortinget, med deltakarar både frå Finnmark og frå Sunnfjord. Her er to aktivistar frå Hammerfest som seier meininga si om forureining frå gruver.
(Foto: SL)
Til saman viser dette at motsetningar mellom gruvedrift og andre interesser ikkje er sjeldne unnatak, men snarare ein regel. Mens eg skreiv på første boka kom meldinga om at kommunestyret i Guovdageaidnu var det første kommunestyret til å seie nei til eit gruveprosjekt. Mens eg skreiv på denne boka kom den neste meldinga, da kommunestyret i Larvik sa nei til fosfatgruve i Kodal.
Den store motstanden som gruveplanar har blitt møtt med har overraska mange, og dei store visjonane frå mineralstrategien blir stadig vanskeligare å oppnå.
Mange gruveselskap har gått konkurs i Noreg, men ingen har enno gjort det så kraftig som jerngruva til Northland Resources i Pajala i Norrbotten. 14 milliardar svenske kroner hadde dei samla opp i underskot da dei etter knappe to års drift gikk konkurs i 2014.
(Foto: SL)
Det finst inga samla oversikt over alle dei gruveprosjekta som er påbyrja her i landet, og det vil vere eit uoverkommelig arbeid å forsøke å lage det. Men nokre eksempel kan illustrere tendensen:
– På 1880-talet blei det starta over 80 selskap med sikte på å drive gruvedrift bare i Hattfjelldal kommune i Nordland. Knapt nokon av desse kom i gang med noka reell gruve. [9]
– I det første tiåret av 1900-talet blei det starta tre store jernmalmgruver i Noreg, [10] alle med jernbanetransport til hamn og med oppreiingsanlegg og produksjon av malm i brikettar e.l. Av desse var det ein bedrift som klarte å drive i meir enn ti år. Dei to andre gikk overende med dundrande underskot i løpet av få år.
– Noreg har ei fungerande grafittgruve [11]. Selskapet som skulle starte to andre gruver gikk overende i 2016 før godkjenningsprosessen var ferdig. [12]
– Av dei utallige forsøka som er gjort på utvinning av gull i Noreg, har ingen gitt overskot, med unnatak av eit par tilfelle av gull som biprodukt ved utvinning av koppar og andre metall.[13]
– På den rikaste svovelkisførekomsten i Noreg var det planlagt og førebudd drift i over 50 år, men da drifta endelig kom i gang, var ikkje svovelkisen lenger ettertrakta og endte som forureining i næraste innsjø. [14]
– Den grøne natursteinen fuchsitt på Finnmarksvidda skulle gi 50 heilårs arbeidsplassar, men har så langt bare gitt eit par arbeidsplassar i sommarsesongen. Derimot har to driftsselskap gått konkurs, og utgiftene har bidratt sterkt til å ruinere kommunekassa i Guovdageaidnu. [15]
Ein del av desse eksempla og mange andre vil vi gå nærare inn på i denne boka. Lista kan gjørast mye lengre. Ut frå dette kan ein spørre kva som er det vanligaste produktet frå norske gruveselskap – mineral eller konkurs?