Forside 2
Forside 2
Forside 1
Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som skal komme med 4 bind.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind og kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Meir gruvestoff på gruve.info

Eventyr og helvete

KOPPAR – Cu

«En aldeles øde Strækning af Land, bestaaende af Bjerge og Klipper». Slik omtalte engelskmannen John Rice Crowe området der han i 1826 etablerte Alten Copper Mines. Så aldeles øde var distriktet likevel ikkje. I 1825 var det faktisk i Kåfjord (Gávvuotna) tellekrins busett 78 personar, trulig dei fleste sjøsamar. I tillegg kom flyttsamane som brukte området i sommarhalvåret. Med gruveetableringa kom det tilflyttande hundrevis av arbeidarar frå Sør-Noreg, Sverige og Finland og Kåfjord den mest folkerike staden i Finnmark.

187 år seinare uttalte ein annan engelsk gruveinvestor, Clive Sinclair-Poulton frå Beowulf Mining, denne gongen i Jokkmokk (Jåhkåmåhkke, Dálvvadis): «What local people?» [1] Historia gjentar seg.

Tidligare blei kopparplater brukt til å lindre tuberkulose. Frå utstillinga til Kokelv sjøsamiske museum.
(Foto: SL)

Koppar (Cu) er eit raudfarga, mjukt metall med god evne til å leie varme og elektrisitet.

Utvinning av koppar er kjent heilt tilbake til 7000 f. Kr. Lenge var det bare koppar som fanst fritt i naturen som blei tatt i bruk, men etter kvart var mesteparten av desse ressursane brukt opp. Ein måtte da gå over til å bryte ut kopparmalm og vinne ut kopparen gjennom røsting og smelting.

Koppar finst i omlag 160 forskjellige mineral. Dei viktigaste er kopparkis (chalkopyritt, CuFeS2), bornitt (Cu5FeS4) og kopparglans (chalkositt, Cu2S).

Koppar har vore brukt til svært mange formål, bl.a. til taktekking, kjelar, myntar, elektriske leidningar, kontaktar og rør. Koppar har vore brukt i både folkemedisin og skolemedisin, bl.a. mot bakteriar. Koppar er med i legeringar som bronse, messing, nysølv og diverse gull- og sølvlegeringar.

Den eldste kjente metallgjenstanden i Noreg er ein kopparkniv som er funne i Varanger. I Noreg varte den såkalla bronsealderen om lag frå 2000 til 500 f. Kr., men bronse blei aldri vanlig utbreidd her.

I bind 1 av denne serien har vi sett på dei to planane om nye koppargruver som det har vore strid om i Finnmark dei siste åra. Her vil vi gå litt bakover i tida og utover i landet og gi nokre glimt av nokre av andre koppargruvene som har vore gjennom tidene, kva som er igjen etter dei i dag og kva planar som er om å ta drifta opp igjen.

Gruver frå 1300-talet?

Nåverdalen smeltehytte i Sør-Trøndelag var i drift frå 1653, men den omnen som fortsatt står er frå den siste driftsperioden rundt 1870.
(Foto: SL)

Vi kan ikkje seie sikkert når den første utvinninga av koppar starta i Noreg. Det er hevda at her blei tatt ut koppar allereie i bronsealderen, men vi har ingen sikre bevis for dette [2]. I Sverige var det koppargruve i Falun frå 800-talet og det er ikkje usannsynlig at det òg har vore gruvedrift i Noreg. Det er ikkje mange år sidan det blei oppdaga eit smelteanlegg for koppar i Meråker (Mearohke) i Trøndelag, ved elva med det talande namnet Kopperåa. Dette er datert til 1200- eller 1300-talet.

I eit dokument frå 1342 er det nemnd ei koppargruve i Fron i Gudbrandsdalen.[3] Noko meir veit vi om «Kronens kobberberg i Sandsvær», som blir omtalt i 1490. Det var trulig i drift frå tidlig på 1400-talet og låg på Meheia i noverande Kongsberg kommune.

Bondeopprør mot gruver

Gullnes gruver i Seljord og bondeopprøret framstilt ved Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg.
(Foto: SL)

Ved Sundsbarmvatnet i Seljord i Telemark har det vore gruver på ein stad kalla Gullnes. Trass i namnet var det ikkje først og fremst gull, men koppar og sølv som blei utvunne her. Biskopen på Hamar skal ha oppdaga malmen og han fikk i 1824 utstedt eit brev der Kong Fredrik 1. skreiv at rettane skulle tilhøyre biskopen og etterkomarane hans på Hamar bispestol. Biskopen fikk òg rett til å slå sølvmynt, men det er usikkert i kva grad det blei noko drift.

Med reformasjonen i 1537 blei all kyrkja sin eigedom overført til staten, dvs. til den danske kongen. Same året sendte kongen tyske gruvearbeidarar til Telemark for å arbeide ved Gullnes og andre bergverk.

Bøndene blei pålagt plikt til å skaffe bergmennene mat, husvære og transport. Det blei beslaglagt fleire gardar og det blei meldt om at bergmenn forgreip seg mot lokale kvinner. Dette førte raskt til konfliktar, og i 1540 samla bønder frå store delar av Telemark seg og jaga dei tyske bergfolka. Kongen reagerte med å sende soldatar frå Akershus og Bohus. Bøndene var væpna, men dei blei lova fritt leide til tinget om dei la ned våpna. Da dei gjorde det, blei dei i staden arresterte. Heile 16 bønder blei dømde til døden og fem av dei blei halshogde. Dei andre måtte betale høge bøter og skrive under på ei erklæring om at dei heretter skulle vere fredelige og lydige undersåttar «under Fortabelse af deres Ære, Formue, Liv og Odels Ret.»

Etter at opprøret var slått ned, heldt bergverksdrifta fram ei tid. Den første norske dalar-mynten blei laga av sølv frå dette verket. Verket gikk snart med underskot og blei gitt opp omlag 1550.

Seinare blei gruvene på Gullnes sett i drift igjen i fleire periodar, først 1604–20 og seinare to gongar på 1800-talet.

Storsatsing på 1600-talet

Den store satsinga på koppar kom i perioden 1630–50, med gruver i bl.a. Røros, Løkken, Kvikne og Ytterøya i Trøndelag og Ballangen i Nordland, noko seinare Åmdal koppargruver i Telemark. Vigsnes gruve på Karmøy i Rogaland var blant dei største koppargruvene i Europa.

Til saman har det vore omlag 90 større og mindre kopparverk i Noreg. I tillegg kjem koppargruver som ikkje hadde eige smelteverk, men sendte konsentrat av kopparmalm til smelteverk i inn- og utland.

Røros – Kopparverk på reinbeiteland

Dei gamle slagghaugane frå gruvetida er no freda, og Røros Museum til venstre i bildet er i stor grad via gruvehistoria.
(Foto: SL)

Røros Kobberverk er eit av dei mest kjente bergverka i Noreg, ikkje minst fordi bergstaden med delar av verket er godt bevart og i dag har status som verdsarv under UNESCO. Verket var i drift 1646–1977. Til saman har det vore over 40 gruver og minst 12 smelteverk, spreidde over eit stort område [4]. Frå slutten av 1600-talet hadde Røros det leiande kopparverket i Noreg, og var den bedrifta som gav størst eksportinntekter for den dansk-norske staten. Samanlikna med dei største kopparverka på 1900-talet var likevel produksjonen ikkje særlig stor. På 333 år utvann Røros kopparverk bare vel ein tredel av det som blei utvunne i Sulitjelma på eit hundreår eller bare litt meir enn gruva på Hjerkinn tok ut på 26 år. Smeltinga på Røros opphørte da smeltehytta brann i 1953, og kopparverket gikk konkurs i 1977 på grunn av låge kopparprisar.

Da verket starta hadde Røros-vidda ein frodig furuskog, men denne blei raskt hogd ned for tømmer i samband med gruvene og trekol i smelteverka. Svovelforureining frå smelteverka førte til at store område blei avsvidde. Seinare har bjørka overtatt Rørosvidda, furua har aldri kome tilbake.

Kven betalte erstatning til kven?

Kopparverket blei etablert i bruksområdet til den sørsamiske reindriftssiidaen Gåebrien sijte. Historia om kopparverket frå start til nedlegging er ei historie om konflikt med samane i området. Sjølve gruvene, haugane med gruveavgang og smelteverka tok plass som reindrifta hadde brukt. Når skogen blei hogd ned, forsvann skjegglaven som var viktig for reinen. På bakken blei det liggande igjen kvist som gjorde at reinen ikkje kom ned til reinlaven. Det var ikkje snakk om at kopparverket skulle betale erstatning til reindriftssamane for å fjerne næringsgrunnlaget deira. Snarare tvert om, kopparverket gikk til sak mot reindriftssamane for at reinen beita og øydela i den skogen som kopparverket såg som sin eigedom. I 1917 blei reindriftssamar dømde til å betale erstatning for skade på kopparverket sin skog.

Gruvene førte til stor auke i jordbruket i Rørosområdet, for å forsyne gruvearbeidarane med matvarer. Jordbruket tok over område reindriftssamane hadde brukt, men det var samane som måtte betale erstatning når reinen kom inn på setervollar og jorde. [5]

Avrenning

Forureining frå den forlengst nedlagte gruve Christianus sextus.
(Kjelde: Myhr/Gjefsen: Jakten på det røde gull. Orkana)

Avrenning frå avgangsdeponi har forårsaka store miljøproblem. I Nordgruvefeltet er det stor avrenning frå bergvelter og ein avgangsdam. Her er vatn og elver som har vore fisketomme i hundrevis av år på grunn av forureining.[6] I Storwartzfeltet er avrenning frå deponert avgang ved oppreiingsverket den største forureiningskjelda.

Gruvemuseum og museumsgruve

Rundt 1930 oppretta kopparverket ei bedriftshistorisk samling. Etter konkursen kjøpte Miljøverndepartementet opp delar av konkursbuet for å ta vare på gjenstandar, bygningar, ruinar og gruvegangar som kunne ha antikvarisk verdi. Dette var grunnlaget for at Bergstaden Røros i 1980 fikk status som verdsarv under UNESCO. Alle gruveminna er verna innafor sirkumferensen på fire mil. Det gjør at det er vanskelig å få gjort effektive tiltak for å reinske opp i gamal forureining og stoppe avrenninga frå gruver og avgangsmassar. No er det museum både i den gjenoppbygde smeltehytta på Røros og ved Olavsgruva 15 km frå byen. Delar av Olavsgruva og den nærliggande gruva Nyberget er opne som visingsgruve for turistar [7], og det blir arrangert omvisingar i Storwartz-feltet.

Ny start?

Da kopparprisane steig veldig frå omlag 2005 blei det snakk om å ta opp igjen drifta ved nokre av gruvene rundt Røros. Lengst i planane har ein kome i Holtålen kommune, på ein stad omlag 17 km frå Røros. Her blei det gjort funn på 1970-talet og i 2011 oppretta Holtålen kommune selskapet Hessjøgruva. Det er oppretta avtale med det norskregistrerte selskapet Intex Resources, som elles driv gruvedrift på Filippinene, og med engelske North Atlantic Minerals, som begge har sikra seg rettar til mineral i Rørosområdet. Så langt er det funne omlag 3 mill. t malm, med eit berekna innhald på 1,7 % Cu og 1,4 % Zn, men ein har god von om å auke ressursen til 10-12 mill. t.

Planen for Hessjøgruva er ikkje først og fremst utvinning av metalla gjennom flotasjon og smelting, men å utnytte malmen som oksygenbærar i ein CLC (chemical loop combustion) prosess for reinsking av CO2 i avgassar frå gass- og kolkraftverk.

Problemet er at området der gruva er planlagt er i eller nær Forollhogna nasjonalpark, og ein vil derfor vere avhengig av å få oppheva vernet i dette området.[8]

Løkken – Den verste forureinaren

Minneplakaten på denne omnen seier: «Svorkmo smeltehytte smeltet malm for Løkken kobberverk årene 1655–1855. Skorsteinen gjenreist 1951 av Orkla Grube A-B.»
(Foto: SL)

I Meldal i Sør-Trøndelag har det vore gruver i drift mesteparten av tida frå 1653 til 1987. Fram til 1845 blei det produsert koppar i lokale smeltehytter, bl.a. på Malmplassen på Svorkmo.

I 1904 grunnla Christian Thams Orkla Grubecompagnie, og starta opp storstilt utvinning på Løkken med svovelkis som hovudprodukt. Lenge var Løkken Verk landets største eksportør av svovelkis. Thams fikk lagt jernbane ned til Orkangerfjorden. Utskipingsstaden heiter den dag i dag Thamshavn, og banen blei kalla Thamshavnbanen. Sjølv var Thams av engelsk opphav, det var far hans som først kom til Noreg som forretningsmann.

Fagforeiningsknusing og krigsprofitørar

Frå starten motsette Orkla seg all fagorganisering og sparka arbeidarar som organiserte seg. Seinare blei fagforeiningane anerkjent innafor Orkla-konsernet, og samarbeidet blei så godt at konsernsjefen og fagforeininga gikk saman om å reise ei statue av ein fagforeiningsleiar. Denne står utafor Orkla industrimuseum på Løkken, med innskrift: «I takknemlighet for det arbeidet som arbeidere og tillitsmenn ved Løkkengruvene har gjort gjennom et århundre, er denne bautaen over gruvearbeideren og fagforeningslederen Ole Bergsrønning (1934–94) reist i 2000 etter initiativ fra og i samarbeide mellom konsernsjef i Orkla ASA Jens P Heyerdahl d.y. og Løkken Grubearbeiderforening.»
(Foto: SL)

Løkken Verk blei bygd opp som eit gruvesamfunn der klasseskilja var skarpe. På eine sida av Raubekken budde arbeidarane, på andre sida heldt «dei fine» til. Det forteljast at folk kunne bu ein generasjon i området utan å krysse denne skiljelinja. Lønna for gruvearbeidarane ved Løkken Verk var under nivået på andre gruver. Når arbeidarane forsøkte å fagorganisere seg for å gjøre noko med dette, slo Thams til og sparka alle organiserte arbeidarar.

Under krigen var svovelkisproduksjonen ved Løkken gruver svært viktig for okkupasjonsmakta, han sto for om lag 25 % av leveransane til den tyske sprengstoffindustrien. Transporten av kis med Thamshavnbanen blei derfor utsett for fleire sabotasjeaksjonar. Ein i leiinga for Løkken Verk bidro med opplysningar som gjorde sabotasjen mogleg. Da krigen var over blei han høgt dekorert for innsatsen, men av bedrifta fikk han sparken for å ha sabotert eigen bedrift! Først i 2003 beklaga Orkla-konsernet dette overfor dei etterlatte, og i 2014 blei det laga dokumentarfilm om saka.[9] Orkla tente svært mye under krigen og la slik grunnlaget for kraftig ekspansjon i etterkrigstida, men ingen blei dømt for krigsprofitteringa.[10]

Pioner-prosessar

Gamlegruva i Løkken har no blitt besøksgruve og på utsida er det stilt opp dette toget som ein gong blei brukt til å kjøre malm ut av gruva.
(Foto: SL)

I tida etter 1845 blei all malmen eksportert, fram til det i 1931 blei bygd smelteverk ved Orkangerfjorden, omlag 3 mil frå gruvene. Dette var i drift til 1962. Etter at det blei nedlagt blei koppar, svovel og sølv smelta ut i Tyskland og Finland, mens sink blei smelta ut i Odda.

Hovudførekomsten ved Løkken gruver var ei fleire kilometer lang plate med malm som lå skrått inne i fjellet. Etter kvart blei det laga tre inngangar for å nå fram til denne, kalla Gammelgruva, Wallenberg sjakt og Astrup sjakt. På det djupaste gikk gruvegangane heile 1000 m ned. Ei tid var Løkken Verk den største kopparprodusenten i Noreg og ei av dei største sulfidmalmgruvene i verda. I dei første 250 åra var koppar hovudproduktet. Deretter kom ein periode der det blei tatt ut svovelkis, men også koppar. Dei siste driftsåra var koppar, sink og sølv salsprodukta frå gruvene på Løkken Verk.

Orkla gruveselskap utvikla i tida 1918–27 den såkalla Orkla-prosessen for utnytting av kopparhaldig svovelkis til framstilling av svovel og kopparskjærstein. Produksjonen skjedde ved smelteverk i Thamshavn 1931–62. Totalt blei det produsert 2,5 mill tonn svovel og 130 000 tonn skjærstein med ca. 35 % Cu. Orkla-prosessen blei òg tatt i bruk i Finland, Spania og Portugal.

Malmen inneheldt gjennomsnittlig over 30 % jern. Det blei gjort forsøk på å produsere jernoksid som kunne brukast til jernframstilling, men det blei oppgitt og mesteparten av jernet gikk tapt. Orkla-prosessen var rimelig i drift med lågt koksforbruk, men hadde nokre ulemper: Ein klarte ikkje å utnytte jern- og sinkinnhaldet i kisen, og det var stort tap av koppar og svovel, noko som førte til kraftig forureining.

På 1950- og 60-talet utvikla ein den såkalla Pyror-prosessen, der ein utnytta alle delar av kisen, og fikk ut svovel, jern og koppar. Denne prosessen kravde svært mye energi, og energiforbruket og marknadsforholda gjorde at forsøka blei innstilt. Med tanke på dei store mengdene med svovelkis som ligg lagra ved norske kisgruver kan ein spørre om det ikkje hadde vore på tide å ta opp igjen desse forsøka.

På byrjinga av 1970-talet fall marknaden for svovelkis saman, og produksjonen blei da lagt om til flotasjon av koppar- og sinkkonsentrat, fram til verket blei lagt ned i 1987.

Avrenning ute av kontroll

Bjørndalsdammen ser no nesten ut som eit vanlig vatn, men er i røynda eit ferskvassdeponi for avgang frå Løkken gruver.
(Foto: SL)

Løkken Verk var i omlag hundre år blant dei aller mest forureinande gruvene i Noreg. Først gikk alt avgangsvatnet ut i Raubekken og vidare til elva Orkla, men frå 1952 til 1984 blei det sendt til Orkdalsfjorden gjennom ei 3 mil lang rørleidning. I 1984 blei pumpene stoppa og Wallenberg gruve blei deretter gradvis fylt med vatn ved naturlig tilsig. Det blei overløp i 1992, og sidan har avrenninga frå denne gruva bidratt sterkt til forureining av vassdraget.

Det er mange typar gruveavfall i området, og det er deponert over fleire hundre år. Frå siste driftsperioden er det mye avgang frå flotasjonsprosessen. I denne tida blei ikkje lenger svovelkisen utnytta, men deponert i lag med den øvrige avgangen under vatn i ein kunstig dam, Bjørndalsdammen. Dette var det første deponiet i Noreg der ein deponerte avgang med høgt sulfidinnhald under vatn.

Da drifta stansa i 1987 satsa ein på at det skulle skje ei naturleg avsetting av koppar og sink i gruva når avrenninga vart pumpa opp frå fleire stadar og ført inn i gruva. Dette fungerte nokre år, men etter kvart blei effekten dårlegare, og det måtte bli sett i gang andre tiltak for reinsking. Seinare har kalking vore ei midlertidig løysing mens ein har arbeidd med å finne varige tiltak. Det har blitt gjort ein del tiltak for å redusere avrenninga, men frå 2004 har metallinnhaldet i avrenninga bare auka.

Staten må betale

Wallenbergs gruve ligg ved Fagerlivatnet, men der er ikkje særlig fagert etter gruvedrifta.
(Foto: SL)

Ved Fagerlivatnet pågikk i 2014 tiltak for å binde forureininga. Her blir lagt på olivin, som så blir dekka med jord.
(Foto: SL)

Ved avsluttinga av gruva betalte Orkla inn til eit fond, og sette i gang nokre tiltak. Dermed kom Orkla seg fri frå ansvaret, og dette gikk over på Staten ved Næringsdepartementet. Det har blitt ei dyr sak for Staten. Regjeringa løyva i 2010 190 millionar for å reinske opp, men store delar av dette er framleis ubrukt, pga. at det har vore usemje om kva løysingar som er best. Miljødirektoratet har stilt krav om at kopparkonsentrasjonen i elva ikkje må vere over 10 μg pr liter. Til samanlikning har Storbritannia med grunnlag i EU sitt vassdirektiv sett ei grense på 1 μg. Naturvernforbundet i Orklaregionen har derfor stilt krav om at grenseverdien må settast kraftig ned.

I 2013 leverte konsulentselskapet Cowi på oppdrag frå Direktoratet for mineralforvaltning ei utreiing om alternative løysingar. [11] Seinare har ein sett i gang forskjellige tiltak, bl. a. har ein brukt helikopter for å spreie olivin og bentonitt i Fagerlivatnet for å binde opp tungmetall. Nokre massedeponi har blitt tildekka [12] og det er gjort ein del grøfting, men det er vanskelig å få gjort effektive tiltak fordi problema er så omfattande og at også grunnvatnet er forureina.

27.05.2016 rapporterte lokalavisa Sør-Trøndelag frå eit møte om tiltaka mot forureining frå Løkken. I referatet kan ein lese hovudkonklusjonen i ei setning: «I møtet kom det fram en felles forståelse mellom kommunen og direktoratet om at miljøtiltakene på Løkken må være en evigvarende jobb.»

På han igjen?

Sjølv etter drift i godt over 300 år er det malm igjen i fjellet ved Løkken, og dei siste åra har det blitt leita frå helikopter og bora, i samarbeid mellom dei to australske selskapa Drake Resources og Panoramic Resources. Det er snakk om å sette i gang gruva med dagbrot for 10–20 års drift. Derimot ser det ikkje ut som nokon har planar om å ta ut alle dei unytta metall- og mineralressursane i avgang og gråberg rundt gruvene.

Folldal Verk – oppreinsking med blanda resultat

The Foldal Copper & Sulpher Co. Ltd

Det gamle heisetårnet står no som eit landemerket for Folldal gruvemuseum. Det var først bygd opp her, blei flytta til Hjerkinn og tilbake etter nedlegginga der.
(Foto: SL)

Folldal gruver brukte taubanar for å transportere malm frå mindre gruver til oppreiingsanlegget ved gamlegruva.
(Foto: SL)

I Folldal i Hedmark blei det frå 1748 til 1878 drive utvinning av koppar og sink. I periodar sysselsette gruva opptil 550 personar. Malmen blei først frakta med hest til Lovise smeltehytte i Alvdal.

Etter nesten tretti års pause kom drifta i gang igjen i 1906 med engelsk kapital, under namnet The Foldal Copper & Sulpher Co. Ltd. No var svovelkis eit av dei viktigaste produkta, og malmen blei frakta med ein 34 km lang taubane. Norske interesser overtok i 1938 og frå da blei selskapet kalla Folldal Verk. Eigarforholda bak Folldal Verk har vore svært varierande. Borregaard overtok på 1950-talet og dei siste åra var verket drive av Norsulfid, som igjen var eigd av det finske selskapet Outokumpu.

Hovudgruva i Folldal var tom for drivverdig malm i 1941, men det blei drive på fleire mindre førekomstar i området fram til 1968. På den tida såg selskapet seg om etter nye kopparførekomstar både nær og fjern, og starta først drift på Hjerkinn og få år seinare i Kvalsund i Finnmark. Det gamle gruveanlegget ved Repparfjorden blir enno på folkemunne omtalt som «Folldal Verk», sjølv om dette selskapet forlengst er borte.

Gruvemuseum og avrenning

På Folldal er det ei rekke tilbud til turister på det gamle gruveområdet: gruvemuseum, nasjonalparksenter, kafe, overnatting og togtur inn i gruva. På bildet ser vi opninga der gruvetoget kjører inn.
(Foto: SL)

Ved den gamle gruva i Folldal er det no gruvemuseum med besøksgruve. Det er bevart heile 70 bygningar med tilknyting til gruvedrifta [13] og heile gruveområdet er freda som kulturminne. Det gjør at ein verken får fjerne eller dekke over avfall i dagen eller fylle igjen det gamle dagbrotet.

Det er i dag store problem med avrenning frå gruvene. Ved dei eldste anlegga ved Folldal sentrum er det avrenning både frå gruvevatn og frå avgang i dagen. Dette forureinar ei lang vassdragsstrekning, og elva Folla er så forureina over ei lengde på 10–12 km at fisk ikkje kan overleve der. Frå 1970-talet er det gjort diverse tiltak for å stoppe avrenninga, men med liten effekt. Det er gjort ei rekke feil under forsøka på å leie avrenninga bort. Overflateavrenninga frå området ovenfor Verket er lagt slik at det går ned i grunnen, og kjem ut igjen i kjellarar nedover i lia. Det blei laga såkalte «laguner», der det skulle vere vatn, men dei er tomme og ligg som skjemmande revner i boligmiljøet. Det er grave ned kilometervis med rørsystem, men desse er ikkje halde ved like, og resultatet er at det er fleire stadar ope der det skulle vore tett og tett der det skulle vore ope.

I følgje lokalbefolkninga har Direktoratet for mineralforvaltning vist lite interesse for å ettergå effekten av anlegget eller ta til seg kritikk. Og NIVA har gått god for at alt er i orden. Direktoratet og kommunen skuldar på kvarandre.

I 2014 blei det lagt ut olivingranulat frå helikopter i Folla, i regi av Direktoratet for mineralforvaltning. Hensikten var å redusere lekkasjen av tungmetall frå botnsedimenta slik at botndyr og fisk igjen skal kunne etablere seg. [14] I 2015 oppsummerte både NGI og DMF at utlegginga av olivin ikkje hadde hatt nokon effekt som reinsking av Folla. [15]

Flytting til Hjerkinn

I dag er det lite igjen å sjå etter gruva på Hjerkinn. Til venstre i bildet er det sett opp eit minnesmerke der gruveanlegget sto.
(Foto: SL)

I 1968 blei gruvedrift og oppreiing flytta til Tverrfjellet på Hjerkinn i nabokommunen Dovre. Her var det drift i ei stor underjordsgruve fram til 1993. Gruva var 680 meter djup, hadde ni nivå og var rekna som ei av dei mest moderne i Europa. Her blei tatt ut omlag 15 mill. tonn malm, som inneheldt svovel, koppar, sink, sølv og gull. På 25 år blei det på Hjerkinn tatt ut 3–4 gongar meir malm enn alt som var tatt ut i fem gruver på Folldal over vel to hundre år.

Det var ikkje bare utstyret og drifta som blei flytta til Hjerkinn. Like før gruva på Hjerkinn blei lagt ned blei mye av dei mest forureina massane på Folldal kjørt til Hjerkinn og lagra i gruva. Desse massane var svært sure og er den direkte årsaka til at avrenninga inneheld store mengder koppar, sink, svovel og jern.

Tilbake til naturen

Etter at drifta var slutt var det først planar om å bruke dei enorme fjellhallane til lagring av farlig avfall. Arbeidet med å klargjøre for dette blei sett i gang, men så blei det ein stor offentlig debatt om kor sikker ei slik lagring ville vere. Det endte med at planen blei skrinlagt.[16] I staden blei alle bygningane fjerna og det blei planert ut, slik at det i dag er lite å sjå etter gruvene. Det er fylt på naturlig masse, men ikkje planta eller sådd, og etter kvart kjem det naturlig vegetasjon og tar området tilbake. Det er mye kalk i berget her, noko som gjør at det gror godt. Innimellom er det område med sur jord, og der ser ein at det veks mye dårligare. Nokre av bygningane frå Hjerkinn blei tilbakeført til Folldal, der dei inngår i gruvemuseet.

Første vassdekka deponi

Frå starten av anlegget på Hjerkinn deponerte ein avgangen under vatn i ein dam som blei lagt på den tidligare Hjerkinnmyra. Hjerkinndammen blei det første vassdekka deponiet for sulfidhaldig avgang i Noreg. Det blei deponert 300.000 tonn/år. Vasskvaliteten i Folla blei dårligare pga. sulfatutsleppet og avrenninga påverka botndyra i elva omlag 2 km nedover frå deponiet. Etter at deponeringa opphørte blei vasskvaliteten betre for ei tid. Gruva blei etter kvart fylt med vatn, og i 2008 fikk gruva overløp, 20 år før det var berekna. Overløpet rant gjennom jernbanestollen til Hjerkinndammen og vidare til øvre del av Folla, og gav stort utslepp av tungmetall. [17] Desse utsleppa blei ekstra skadelige på grunn av dei sure og tungmetallhaldige massane frå Folldal som var lagra i gruva. I 2016 blei det gjennomført undersøkingar av kor i gruva forureininga stammar frå. Denne blei lokalisert til dei forureina massane som blei kjørt frå gruva i Folldal.

Kven har ansvaret?

I 2008 meldte eigar av Hjerkinn fjellstove grunneigaren Statskog til politiet for forureininga av Hjerkinndammen og Follavassdraget. [18] Saka blei henlagt [19], men likevel ser det ut til at dette bidrog til at noko skjedde. I 2011 påla Klif Statskog å utgreie tiltak for å avgrense forureininga, men Statskog ville ikkje påta seg ansvaret. Saka gikk til Miljøverndepartementet, som slo fast at Statskog som grunneigar er ansvarlig og støtta Klif sitt pålegg. I juni 2013 gav så Miljødirektoratet Statskog pålegg om bygging av reinskeanlegg.

Statskog er ikkje samd i at dei skal ha dette ansvaret, men har likevel påtatt seg å reinske opp på Hjerkinn. Enno våren 2017 er det ikkje avklart kven som skal ha ansvaret, og Statskog ventar på eit svar frå Næringsdepartementet. Denne saka har blitt ei viktig prinsippsak om kven som skal ha ansvaret for opprydding og oppreinsking etter gamle gruver, der det ikkje lenger er eit gruveselskap å stille til ansvar. Dersom Staten held fram å hevde at det er grunneigar sitt ansvar, får det store konsekvensar.

Pilotprosjekt

Reinskeanlegget på Hjerkinn september 2014, bare ein månad etter at det var tatt i bruk.
(Foto: SL)

nsulentselskapet Cowi blei det bygd eit reinskeanlegg, som kosta omlag 10 mill. kr. og sto ferdig i august 2014. Overløpet som tidligare kom ut av jernbanetunnelen blei tvunge ein annan veg gjennom heile gruva før det kom ut ved reinskeanlegget. Overløpsvatnet inneheld mye to-verdig jern, koppar, sink og kadmium, men svært lite oksygen. Når det kjem ut i lufta blir det ført gjennom ei grøft med opphakka bildekk, slik at ein får mest mogleg luft inn i vatnet. Jernet blir da tre-verdig, blir felt ut, og bind seg til olivin som er lagt i botnen av grøfta. Vidare går det gjennom fleire dammar, der resten av metalla blir felt ut og vatnet blir klara, før det går i rør til ein siste dam som fjernar fenolen som kjem frå bildekka, før overløpsvatnet går ut i Hjerkinndammen.

Før reinskeanlegget kom i drift var kopparinnhaldet i overløpsvatnet så stort som 5000 µg/l, etter reinsking kom ein ned i 2 µg/l. Kravet er at det ved utløpet av Hjerkinndammen ikkje skal vere meir enn 10 µg/l, målingar hausten 2014 viste at ein da var nede i 8 µg/l. Ein var da spent på kor godt dette ville fungere på vinteren, men det viste seg å gå bra, og i februar 2017 meldte Statskog at «renseanlegget funger meget bra og utslippet ved overløp Hjerkinndammen ligger godt under kravet som MD har satt». [20] Dette er eit virkelig pilotprosjekt, det første i verda, og det har vore stor interesse for dette frå andre område med forureining frå gamle gruver. Det er bl.a. aktuelt å vurdere metoden i Folldal og Løkken, men der er nok avrenningssituasjonen langt meir komplisert enn han var på Hjerkinn.

Grong Gruber fyller opp Huddingsvatn

Dette huset blei bygd som hotell i Gjersvika i den første gruvetida og er eit av dei få som står igjen i dag.
(Foto: SL)

I den daverande storkommunen Grong (Kråangke) i Namdalen (Njåamesjevueme) var det tidlig på 1900-talet intensiv skjerping, og det blei meldt inn malmfunn over store delar av kommunen. Dei rikaste malmfunna var i første rekke i to område, Gjersvika og Joma-fjellet. Det blei først satsa på svovelkis med tillegg av koppar og sink. I første omgang hadde ein mest tru på Gjersvika.

I 1912 blei det oppretta eit gruveselskap som fikk namn etter kommunen, AS Grong Gruber. Selskapet var eigd av Elkem i samarbeid med fransk kapital. I 1913 fikk selskapet konsesjon for gruvedrift i 50 år.

I 1923 blei Grong kommune delt, og dei påbyrja gruvene i Gjersvika og Joma blei no å høyre til Røyrvik (Ravrvihke) kommune. Gruveselskapet heldt likevel fram med namnet AS Grong Gruber.

Det første steget var å få bygd veg, og i løpet av to år hadde ein veg frå Brekkvasselv over Steinfjellet (Stoerrebaertie) til Gjersvika. Deretter blei det bygd opp bustadar og kontorbygg, sjukestue, posthus og kraftstasjon i Gjersvika. Alt var klart til å starte opp gruva, men så braut første verdskrigen ut og alt stoppa opp.

Frå Gronglov til privatisering

Etter kvart fann ein ut at det var førekomstane i Jomafjellet som var dei største, og det var her ein ville satse. Svovelkisførekomsten i Jomafjellet (Jåavma) var rekna som den største i Noreg, og denne ville staten sikre at ikkje kom på utanlandske hender. I 1918 vedtok Stortinget ei eiga Gronglov, som gav Staten einerett til desse førekomstane og staten overtok da AS Grong Gruber.

Det blei gjort mye planlegging, drive ut nokre gruvegangar og gjort litt prøvedrift, men noko reell drift kom det ikkje til.

Under krigen forsøkte tyske okkupantar å få i gang gruve i Gjersvika, men kom ikkje lenger enn til å sprenge ut ein gruvegang. Selskapet skifta i 1957 namn til AS Joma Bergverk. Etter ti år hadde heller ikkje Joma Bergverk kome lenger enn til undersøkingar og planlegging, samt litt prøveproduksjon. Da blei situasjonen for bedrifta tatt opp i Stortinget, som vedtok å invitere private selskap til samarbeid. I 1969 overtok så det nystarta private selskapet Grong Gruber AS, som ved etableringa var eigd av Elkem, Årdal og Sunndal Verk, Sydvaranger og Sulitjelma gruber.

Ressursen som blei verdilaus

Fram til omlag 1970 var svovelkis rekna som den viktigaste ressursen. Da byrja marknaden å svikte, fordi det hadde dukka opp andre og rimeligare kjelder til svovelproduksjon. Da produksjonen endelig kom i gang i Joma i 1972, var det ikkje lenger noko å tene på svovelkis. Ein tok da bare ut koppar og sink, samt mindre mengder av sølv og gull.

Dette må vel vere ein av dei aller mest mislukka gruvesatsingane vi har hatt i Noreg. I 50 år sat staten på det som blei rekna som den største førekomsten av svovelkis i landet, utan å få i gang gruvedrift, og da drifta endelig kom i gang var den tidligare svært verdfulle svovelressursen ikkje lenger verd noko, men endte som forureinande avfall.

Grong Gruber AS dreiv hovudsaklig på Joma-førekomsten i Røyrvik, der var dels dagbrot, dels underjordsgruve. I tida 1993–97 blei det òg drive i Gjersvika, der det bare var underjordsdrift. Totalproduksjonen under drifta 1972–98 var på vel 11 mill. tonn råmalm som gav 150 000 tonn koppar og 125 000 tonn sink i konsentrat. Malmen frå Gjersvika blei frakta tre mil med bil til oppreiingsverket ved Huddingsvatn.

Til saman var det omlag 100 tilsette. Eit fleirtal kom nok frå Røyrvik og nabokommunane, mange av dei samar, men mange kom òg langvegsfrå. Ein del arbeidarar kom frå Sverige. Det blei da bygd eit byggefelt i Røyrvik.

Grong Gruber AS blei i 1987 overtatt av Norsulfid AS, som var eigd av finske Outokumpu.

Grong Gruber var ei av dei siste koppargruvene som heldt drifta i gang i Noreg, men i 1998 gav dei opp og la ned. Da blei det stor arbeidsløyse i Røyrvik. Omlag 100 arbeidsplassar forsvann, med statlig støtte til omstilling blei det etablert omlag 25–30 nye. Nokre av dei tilsette ved verkstaden overtok denne og seinare har dei drive reparasjon av anleggsmaskinar der. Med base i Røyrvik reiser dei også rundt i landet og gjør reparasjonar. I tillegg er det etablert ei databedrift og nokre mindre reiselivsbedrifter. Sjølve gruveområdet og dei gamle driftsbygningane er no eigd av Joma Næringspark AS, med Røyrvik kommune som hovudeigar.

Gruve i sameland

I det som no er Røyrvik (Ravrvihke) kommune dominerte tidligare reindrift og samiske utmarksnæringar. Ut på 1800-talet kom norske bureisarar og etter kvart tok og ein del samar til med småbruk. Om ein no går på Røyrvik museum, ser ein at samisk og norsk kultur har levd side om side, og tatt opp kulturtrekk frå kvarandre.

Også samar frå området blei bitt av skjerpebasillen tidlig på 1900-talet. Ein av dei som fann malm var reindriftssamen Jonas Marsfjell. Han fikk såpass betalt for funnet at han kjøpte seg båt og starta med båttrafikk på innsjøen Limingen (Lyjmede).

Ved Joma gruver blei det ganske store naturinngrep. Nokre reinbeiteområde blei direkte øydelagde ved dagbrot og vegar, og i tillegg var det mye bråk som skremte reinen. Særlig var det vår- og haustbeite som gikk tapt. Reindrifta måtte endre flyttelei og belasta dermed andre område sterkare. Reindriftssamane fikk aldri noka erstatning for dette. Etter at gruva blei lagt ned, har naturen tatt noko tilbake og delar av det gamle gruveområdet kan reindrifta no bruke. Andre delar må derimot reknast som øydelagde for alltid. I Gjersvika, der det bare var underjordsgruve med innslag nede ved vatnet, førte gruva derimot ikkje til vidare problem for reindrifta.

Avgang til Huddingsvatn

Da Stortinget i 1969 diskuterte planlegginga av drift i Joma, var planen å lagre avgangen frå oppreiingsverket i Hudningsvatn. Dette var det fleire som stilte seg kritiske til. Som representanten Guttorm Hansen sa: «Det alvorlige spørsmål som reiser seg i denne saken, er selve driftsformen som det her legges opp til. Det er vel ingen tvil om at det å sette i gang drift på kobber/sink-innholdet, og la svovelen ligge igjen, fortoner seg som å skumme fløten av denne verdifulle forekomsten. At dette er betenkelig samfunnsøkonomisk sett, er det vel ingen tvil om.» Andre åtvara mot å øydelegget fisket i eit av dei siste gode fiskevatna i kommunen, etter at fisket i dei andre større vatna var redusert pga. kraftutbygging. Ingen kan derfor seie at det ikkje var åtvara, men likevel blei planen godkjent. Og konsekvensen blei akkurat som frykta.

All avgangen frå verket, 10–11 mill. tonn, blei deponert i Austre Hudningsvatn (Luvlie Hutnegejaevrie). Sidan svovelkisen no ikkje blei utnytta, blei han deponert i lag med den øvrige avgangen. Svovelinnhaldet i avgangen blei dermed omkring 30 %. Oppreiingsprosessen var lite effektiv, så mye koppar, zink og andre metall følgde med avgangen ut i sjøen.

Etter konsesjonsvilkåra skulle deponeringa skje på meir enn ti meters djup, seinare blei det gitt løyve til å lagre opp til fem meter under overflata. Men i eit stort område er det lagra høgare enn det, opp til ein meter under overflata. Dette var klart i strid med løyvet, men blei likevel godkjent i ettertid av SFT. Resultatet er at mye oksygenrikt vatn har kome i kontakt med avgangen, og meir koppar og sink har såleis blitt oppløyst i vatnet. Ein føresette at avgangen ville sedimentere i den austre delen på grunn av grunne tersklar mellom Austre og Vestre Huddingsvatn (Jillie Hutnegejaevrie), men det viste seg snart at partiklar frå avgangen spreidde seg både til Vestre Huddingsvatn, og fleire kilometer nedover vassdraget til det neste vatnet, Vektarbotn (Speerregejavrie).

Fisket i Huddingsvatn avtok raskt da deponeringa starta og det sette seg avgangsslam i fiskegarna. Også viktige smådyr og botnplanter i vatna blei borte. Praktisk talt heile botnen av Austre Huddingsvatn er no dekka av gruveavgang. Dette var ein fullstendig klar over mens deponeringa var i gang, men likevel fikk denne fortsette. Ein rapport frå 1984 konkluderer: «Undersøkelsene i 1984 viser at effektene av utslippet sprer seg gradvis nedover vassdraget. Det er sannsynlig at Vektarbotn (indre Vektaren – Vuaktere) på lengre sikt vil bli sterkt berørt dersom ikke effektive tiltak iverksettes.»

Tiltak for avgrensing

I Østre Huddingsvatn er indre del av vatnet stengt av med ein dam, for å leie friskt vatn frå tilløpselver forbi deponiet og gjennom tunnel til Vestre Huddingsvatn.
(Foto: SL)

For å avgrense skadane blei gjort fleire tiltak rundt 1990. Det blei bygd demningar mellom Austre og Vestre Huddingsvatn. Samtidig blei det bygd ein demning over austre del av Austre Huddingsvatn, slik at dette blei isolert frå resten av vatnet. Den austre delen av vatnet var minst berørt av deponeringa, og her hadde begge dei viktigaste tilførselselvene, Orvasselva (Ovrejohke) og Renselelva (Raentserenjohke) utløp. Frå denne avstengde delen av vatnet blei det så bora ein tunnel som førte vatn ut i Vestre Huddingsvatn. Til saman førte desse tiltaka til at vegetasjonen og fisken i Vestre Huddingsvatn har kome tilbake og konsentrasjonen av tungmetall er på veg ned.

Ein negativ verknad av dei tiltaka som er gjennomført er at ikkje elvene vil føre nye sediment til Austre Huddingvatn. Gruveavfallet som ligg her vil dermed ikkje på naturlig vis bli overdekka av andre massar. Dette måtte i tilfelle skje ved at ein la ut reine massar for overdekking av sedimenta. NIVA gjennomførte ei vurdering av dette, men konkluderte at kostnadane ved eit slikt tiltak ikkje ville stå i forhold til nytteverdien. [21]

I 2004 fikk grunneigarar utbetalt fire millionar kroner som erstatning for forureininga av Austre Huddingsvatn. Same året stiller grunneigar Per Arne Rustad krav til Statens forurensingstilsyn (SFT) om flytting av ulovlig lagra avgangsmasse: «– På min eiendom ligger det fem millioner tonn avgangsmasse, der mellom 600000 og 800000 tonn utgjør ulovlig lagret masse. Som grunneier krever jeg denne massen fjernet/forflyttet og lagret på områder som tilfredsstiller Norsulfids utslippstillatelse.» [22] Det tok eit år før SFT svarte at dei ikkje ville gjøre noko med saka.

Forureiningssituasjonen i dag

Det er ikkje bare avgangen som har skapt forureiningsproblem under drift og etterpå. Etter at drifta var stansa, blei gruva fylt med vatn, men på grunn av feil berekningar kom det eit «uventa» overløp ut av ein gruvegang, med resultat at vatn med stort innhald av sink gikk ut i Orvasselva (Ovrejohke), som renn forbi gruva og ned i Huddingsvatn. I 2004 blei det gjort nokre tiltak for å avgrense avrenninga, men ved undersøking i 2006 blei det konkludert: «Dagens vannkvalitet og fysisk/kjemisk forurensningstilstand i Orvatn [Ovrejaevrie] og Orvasselva vil trolig endre seg lite i årene framover og vil derfor i lang tid framover være forskjellig fra den opprinnelige mht. til tungmetallnivå der sink er viktigste metall.»[23]

På Miljødirektoratet sine sider «Miljøstatus» står det: «I 2006 var kobberavrenning ut av gruveområdet redusert med omlag 90 prosent i forhold til 1985. Overvåking av gruveområdet ble avsluttet i 2006. Undersøkelsene viste da at vannkvaliteten i vassdragene var god.» [24] Det er ikkje tvil om at situasjonen har blitt betre frå Vestre Huddingsvatn og nedover vassdraget, men å friskmelde heile vassdraget synest noko overdrive. Austre Huddingsvatn er framleis i første rekke eit deponi, der tungmetall enno lenge vil fortsette å lekke ut. På same nettsida er det eit kart som viser at vasstilstanden er svært dårlig ved gruva og dårlig på fleire målepunkt nedover elva mot Huddingsvatn.

Ny drift?

Foran driftsbygningane etter Joma gruver ligg det framleis mye jernskrap etter drifta som blei lagt ned i 1998.
(Foto: SL)

Mineralressursane i Røyrvik er alt anna enn uttømt. Her er i alle fall koppar, sink, jern, svovel og mindre mengder sølv og gull. Det skal òg vere sjeldne jordartsmetall. Frå fleire kantar har det blitt arbeidd for å ta opp igjen mineralutvinninga. Rundt 2007 var det svenske IGE Nordic AB inne med mutingar på Joma og fire andre malmfelt i området. Seinare overtok det australske selskapet Drake Resourses. Dei har no rettane til 100 km2, som dei sjølv presenterer slik: «9 krav inkludert den historiske Gjersvik-gruva og undersøkings- og utvinningsavtale over Joma-gruva» [25]. Dei brukar helikopter i leitinga, med utstyr som gjør at dei kan undersøke heile 4–500 meter ned i bakken. For denne leitinga har reineigarane fått vere med og legge opp leiteprogrammet, slik at flyginga skjer når det er lite rein i området.

Drake Resources skal ha kartlagt omlag 9 millionar tonn kopparmalm i og rundt dei gamle gruvene. Ei stund hadde dei ein opsjonsavtale med Joma Næringspark, men næringsparken trakk seg frå denne avtalen.

Pionerprosjekt med finansieringsvanskar

Samtidig har det nokre år vore andre planar på gang. To grunneigarar ved Huddingsvatn har sikra seg retten til den avgangen som er deponert på botnen av vatnet. Ein av dei er Per Arne Rustad, som tidligare meldte SFT for ulovlig lagring. No ønsker dei å slå to fluger i ein smekk. På eine sida få det giftige avfallet bort frå vatnet, for det andre å vinne ut dei minerala som er der.

– Utan at vi tar det opp vil vatnet aldri bli reint, seier Rustad. – Når vi har tatt det opp, kan vi fjerne demningane og vassdraget vil få tilbake den opprinnelige forma. Da vil elvene med tida legge nye sediment på botnen, og etter kvart vil vegetasjon og dyreliv i vatnet komme tilbake. Han innrømmer at det ikkje er uproblematisk, og at det nok kan bli noko grums når ein tar opp massane, men med reinsketiltak i overløpet kan ein hindre vidare spreiing utover deponiområdet. På sikt meiner han dette er einaste haldbare løysinga. Av den finmala avgangen bør det vere mogleg å ta ut langt meir enn koppar og sink. Særlig har han trua på sjeldne jordmetall, men han meiner også at svovel, jern og kvarts kan utnyttast. I den grad det blir materiale igjen ein ikkje finn omsetning for, kan dette fyllast tilbake i dei gamle gruvene. [26]

Ut frå analyse av avgangen fikk grunneigarane i 2007-08 gjort ei berekning av kor mye deponiet inneheld av forskjellige stoff. Der er berekna å vere omlag 3 mill. tonn jern, litt meir svovel, 28 000 tonn koppar og 87 500 tonn sink. Ut frå daverande prisar gav det ein verdi på omlag 20 milliardar kroner. Og da er ikkje innhaldet av sjeldne jordmetall kome med.

Men kven skal så gjøre jobben? Til dette trengst det både kompetanse og kapital. Her ser det ut til at grunneigarane har vore særs uheldige med val av samarbeidspartnarar. Det har vore fleire interessentar inne i bildet, tildels samtidig, men det ser ut å ha svikta både med kompetansen og kapitalen. Det svenske selskapet CRD Holding AB stifta i 2012 eit norsk underselskap Jomin AS. Eigen kapital hadde dei så dårlig med at dei fikk problem med å betale for dei undersøkingane dei bestilte. Kapitalen skulle vekselvis komme frå det engelsk/australske gruveselskapet Astra, deretter frå amerikanske pensjonsfond, men ingen av desse samarbeidsprosjekta kom det noko ut av. Dei utgreiingane som kom frå Jomin framstilte det som ei svært enkel sak både å få finansiering, løyse dei teknologiske utfordringane og få nødvendige løyve, men samtidig avslører det dei skriv at dei manglar dei mest elementære kunnskapar på området. Historia om korleis alt gikk galt er eit lærerikt eksempel på korleis ein ikkje skal jobbe med utvikling av mineralprosjekt.

Kort sagt endte det med at det svenske selskapet gav opp i 2016, og i skrivande stund er ein tilbake der ein var for eit tiår sidan. Tilbake sit grunneigarar med ein god idé, men så langt ingen til å gjennomføre han. Spørsmålet er kvifor ikkje styresmakter og forskingsinstitusjonar i Noreg tar ansvar for å føre dette vidare. Det burde vere ei naturlig oppgåve for direktorata for miljø og mineral, for NTNU og Sintef.

Skorovas Gruber fyller Dausjøen

Utsikt over Skorovatn frå Gruvefjellet
(Foto: Basia Głowacka)

Ved Skorovatn (Skorve) i Namsskogan (Nåamesje) kommune i Nord-Trøndelag blei det skjerpa etter svovelkis og koppar allereie på 1870-talet, men først i 1910 blei det funne så mye at det blei vurdert å kunne vere grunnlag for gruvedrift. I 1913 blei rettane kjøpt opp av Det Norske Aktieselskapet for Elektrokemiske Industrier (seinare Elkem), som oppretta A/S Skorovas Gruber. Dei første husa blei sett opp på Gruvfjellet ved Skorovatn i 1913–14 og det blei tatt eit prøveuttak i det som seinare har blitt kalla Gamlegruva. Uttaket viste at dette var verd å satse på, men av forskjellige grunnar skulle det skulle gå lang tid før det blei skikkelig gruvedrift.

Til Sverige eller til kysten?

Den første drifta varte bare eit par år. Da blei omlag 1000 tonn malm frakta med hest 4–5 km til Stallvika, over Tunnsjøen (Dåtnejaevrie) med pramar og slepebåtar eller hest og slede og vidare over til Sverige. Da Grong kommunestyre [27] i 1913 stilte vilkår for konsesjon, var det krav om at malmen skulle fraktast til norsk hamn. Dette kravet gjorde det langt vanskeligare å komme i gang med drifta, og Sverige var uansett hovudmarknaden. Skorovatn låg nemlig langt frå næraste veg og enno lenger frå kysten. Den næraste folkesetnaden var eit par gardar i Stallvika, omlag 5 km frå gruva.

Da statsminister Gunnar Knudsen besøkte Namdalen (Nåamesjenvuemie) i 1915, fikk han presentert planar med store vyer. Det skulle vere 10 millionar tonn kis i malmfelta i Øvre Namdalen, og grunnlag for å ta ut 400 000 tonn årlig. Dette skulle gi 1350 gruvearbeidsplassar og folketalet i området ville auke med 4500 personar. Trua på dei enorme rikdomane her bidrog sterkt til at Stortinget i 1918 vedtok Grong-lova, som gjorde all malm i eit stort område i Namdalen til staten sin eigedom. Elektrokjemisk blei likevel ikkje fråtatt konsesjonen sin, men denne lova la nok ein dempar på planane. I alle fall protesterte både Namsskogan og Røyrvik kommunar mot lova, da denne hindra næringsutviklinga i området. Lova blei formelt ståande til 1975, men det kom aldri i gang statlig gruvedrift.

Frå 1909 var det diskutert å legge jernbanen i Namdalen lenger aust, slik at han kunne ta med malm frå gruver i Skorovatn og Røyrvik, men etter at banen blei bestemt lagt langs Namsen (Nåamesje), blei det nødvendig å finne andre transportalternativ. Det skulle ta mange år å bygge opp gruve med transportanlegg og eit gruvesamfunn med bustadar og nødvendige samfunnsfunksjonar. Den første faste busettinga blei etablert i 1936 og vegen fram til Skorovatn sto ferdig i 1938. Det blei bestemt å bygge taubane til kysten, og førebuande arbeid med denne kom i gang før krigen. I 1942 starta taubanebygginga, under tysk leiing. Bygginga heldt fram etter krigen og da gruva var klar til produksjon i 1952 var òg taubanen klar til å ta unna malmen.

Gruve og taubane i reinbeiteland

Det er bare ein liten del av den 45 km lange taubanen som enno er bevart.
(Foto: Basia Głowacka)

Drifta skjedde i underjordsgruve i fjellet som no blir kalla Gruvfjellet. Før gruva kom i gang var det her flytteveg og vår- og haustbeite for rein. No måtte reindriftssamane finne seg andre område, men dei fikk aldri noko erstatning for beitetapet.

Taubanen var eit gigantisk anlegg, frå Skorovatn og fram til Kongsmoen på kysten, var det 45 km, transporten tok 4–5 timar og det gikk ein kibb i minuttet. For å bygge taubanen blei det nødvendig med anleggsvegar innover fjellet, i området som tidligare hadde vore skåna for inngrep. Nokre stadar førte taubanen òg til vegutløysing til tidligare veglause gardar, som elles ville blitt fråflytta, men som no i staden ekspanderte.

Drifta på taubanen førte til mye skrammel og bråk på fjellet, og til problem for reindrifta både i Austre og Vestre Namdalen reinbeitedistrikt (Tjåehkere og Åarjel-Njaarke sijte). Blant anna førte det til hinder for reinflyttinga, og det blei da motsetningar mellom forskjellige reindriftssiidaar fordi den eine ikkje i tide fikk flytta ut av området som den andre skulle ha til sommarbeite. På 1960-talet fikk Vestre Namdal reinbeitedistrikt etter skjønn utbetalt ein erstatning, men denne var så liten at det nærast var symbolsk. For reindrifta blei det stillare i fjellet da taubanen blei lagt ned, men infrastrukturen som taubanen hadde ført med seg blei ståande og dermed blei det fortsatt mye meir forstyrring i fjellet enn det hadde vore om ikkje taubanen var blitt bygd der.

Frå svovelkis til koppar og sink

Den første tida var produksjon av svovelkis sentralt, men da marknaden for denne forsvann, blei produksjonen lagt om til bare koppar og sink, som blei tatt ut med selektiv flotasjon. Den årlige produksjonen gikk da ned frå 150 000 til 15 000 tonn, og dermed blei det langt mindre behov for taubanen. I mellomtida hadde òg vegstandarden blitt betre og bedrifta bestemte seg da for å legge ned taubanen i 1976 og transportere konsentratet til kysten med bil.

Eit gruvesamfunn

Frå Skorovatn i den tida det var full drift i gruva. Midt i bildet oppreiingsverket. Gruveinngangen var øvst på bildet.
(Foto frå boka Alle tiders Skorovass, fotograf ikkje oppgitt.)

Utan gruva hadde det ikkje blitt bygd noko samfunn på Skorovatn, og gruveselskapet styrte det meste i bygda og eigde alle bustadane. Bedrifta sto bak oppretting av privat realskole. Til og med kyrkja blei sett opp av Elkem. På det meste budde 600 menneske i Skorovatn og 200 av dei jobba i gruveselskapet. Dei siste åra det var drift var dette gått ned til 450 innbyggarar og omlag 150 tilsette. Dei aller fleste menn i bygda jobba i gruva eller i tilknyting til denne. Kvinnearbeidsplassar var det derimot ganske dårlig med. Først den siste tida byrja nokre kvinner å arbeide i gruva. Mesteparten av kvinnene i Skorovatn var derfor heimeverande husmødrer, men dei tok det igjen i stor aktivitet i dei mange foreiningane som blei danna på staden.

Avrenning hit og dit

Avrenninga frå gruva renn rett ned i Dauvatnet, som aldri har passa namnet sitt betre enn etter at gruvedrifta blei avvikla.
(Foto: Basia Głowacka)

Mens gruva var i drift, og ei tid etterpå, var det avrenning i to retningar, både nordover til Dausjøen og vidare gjennom Storskorovatn og Skorovasselva vestover mot Namsen og austover gjennom Stallvikelva til Tunnsjøen. Dette førte til alvorlig forureining i begge retningar. Dausjøen har trulig fått namnet sitt fordi det har vore lite liv her på grunn av avvitring frå naturlig førekomande malm. Etter at gruva starta opp blei sjøen virkelig daud. I Storskorovatn (Gierenetjåalhtenjaevrie) hadde det tidligare vore mye fisk, men den tok forureininga knekken på. I den andre retninga forsvann fisken frå Stallvikelva og ein stor del av Tunnsjøen, ut til Stallvikholmen.

Etter at svovelkisproduksjonen opphørte, blei denne tidligare ressursen til avfall og blei deponert i lag med anna avgang i Dausjøen. Omtrent 200 000 tonn avgang er deponert her og det meste av botnarealet er dekka.

Nedlegging og oppreinsking

Hovudstollen til gruva er mura igjen, men metallrikt gruvevatn renn likevel ut.
(Foto: Basia Głowacka)

I 1984 blei drifta lagt ned. Da var mesteparten av den kjente drivverdige malmen tatt ut. Både bustadhus og mange andre bygg blei selde for ein slikk og ingenting. Nokre av kjøparane har tatt vare på bygningane, mens andre står til forfalls.

Miljøproblema som gruva hadde skapt var likevel langt frå over. Gruvegangane blei etter kvart fylde med vatn opp til hovudstollnivå. Men mesteparten av gruva ligg over dette nivået. Sig gjennom fjellet vil føre til at vatn kjem inn i gruva – med påfølgjande sig gjennom andre opningar under. Slik blir det ei sur avrenning rik på tungmetall. I tillegg kom det surt sigevatn med mye metall frå gråbergtippen utafor grunnstollen. Kopparavrenninga var berekna til 10–16 tonn pr. år fram til 1990. Da blei det gjennomført ein del tiltak for å stoppe avrenninga. Vasstanden i gruva blei heva og avløpet tatt ut til ein bekk som fører mot Skorovasselva. Gråbergtippen på omlag 350 000 tonn blei deponert i Dausjøen. Fjellgrunnen under tippmassane blei reingjort, massane kalka og overdekka. Vassnivået i Dausjøen er heva to meter. Opningane til tunnelen som taubanen gikk frå er støypt igjen med Leca-blokker, men desse har tildels forvitra. Gruvegangane blei støypt igjen. Da blei det slutt på avrenninga mot Tunnsjøen. Etter det kom fisken forbausande raskt tilbake både i elva og i den delen av Tunnsjøen som hadde vore fiskelaus.

På nettsida «Skorovass – ei perle i Namdalen» blir det påstått: «I dag er avrenningen tilfredsstillende etter dagens krav.»[28] Miljødirektoratet omtaler også situasjonen som stabil. [29] Men i 2009 blei det tatt prøver av avrenninga frå gruvene til Dausjøen, og desse viste eit svært høgt innhald av bly. [30] For Dausjøen er tilstanden no karakterisert som svært dårlig. Miljødirektoratet skriv: «Kisforekomsten går ut i Dausjøen og vi må derfor anta at det aldri har vært fisk i den og at det heller ikke vil bli det.» Det stemmer ikkje overeins med det lokalkjente seier at det blei fiska i Dausjøen før 2. verdskrigen.

I 2013 klaga huseigarlaget i Skorovatn på manglande sikring av gruva. Det tok eit heilt år før det kom svar frå Direktoratet for mineralforvaltning, som da lova å sette i gang tiltak.[31]

Ny drift i Skorovatn?

Med auka kopparprisar blei det og ny interesse for Skorovass-malmen. Her er fleire selskap og einskildpersonar som har sikra seg leiterettar, blant dei er tidligare fylkesgeolog Ole Sivert Hembre og finansmann og geolog Øystein Stray Spetalen. Hausten 2014 kom det svært optimistiske meldingar om utsikter til ny oppstart, der det blir sagt at høge kopparprisar no gjorde det lønsamt å starte igjen [32], men på den tida var allereie kopparprisane på full fart nedover. Det er påvist forekomst på om lag 5 mill. tonn malm. I 2015 blei det gjort meir elektromagnetiske flyundersøkingar, og i 2016 følgte ein opp med undersøkingar på bakken.

09.02.2017 kunne Namdalsavisa gledestrålande melde at det er funne mineral som gir grunnlag for ny gruvedrift. Ordførar i Namsskogan kommune, Stian Brekkvassmo uttalte da at det var funne fleire tonn (!) med mineral ein ikkje har visst om. Ein veit enno ikkje kva slags mineral det er, eller korleis kvaliteten er, men ein er klar til å starte opp gruvedrift (!) Straks dukkar det opp kommentarar som håpar på Klondyke, og som spår at ein no må føre ein hard kamp mot miljørørsla for å få gruvedrifta i gang, men at det er nødvendig, ettersom bygda skrik etter arbeidsplassar.

Ofoten – første gruver i nord

På Tårstad i Evenes er det rester etter dei eldste kjente forsøka på koppargruver i Nord-Noreg.
(Foto: SL)

Danskekongen Christian IV gav i 1636 det første kjente bergverksprivilegiet i Nord-Noreg til å starte koppargruver på Tårstad (Tørrestad) i Evenes (Evenášši) [33] Ifølge privilegiet var Frantz Kaas og Jørgen Henrikssøn gitt rett til gruvedrift med fri bruk av «Vande, Elve, Bække og Strømme som til Hytten kan være tjenlige og beqvemmelige». På Tørrestad blei det grave ut ei sjakt, men det viste seg at det ikkje var så mye koppar likevel, og det kom ikkje i gang noko skikkelig drift.

I følgje tradisjonen er dette skjerpet etter Bals gruver på 1600-talet.
(Foto: Ingolf Kvandahl)

I Ballangen (Bálák) går ei segn om at den første koppargruva blei starta av ein utlending ved namn Bal. Han skal ha utnytta og terrorisert folk og tvunge lokalbefolkninga både til å bryte ut malm og frakte malmen til smeltehytta og det ferdige kopparen ned til Ballangen. Ei utgåve av segna seier at folk til sist gjorde opprør, drap Bal og fylte igjen gruvene så dei aldri meir skulle bli opna. Ein annan variant seier at Bal blei jaga frå landet, men forliste og drukna. [34] I alle fall veit vi at på 1670-talet blei det funne malm på Botneidet (Puonttuláhku) i Ballangen, ganske langt til fjells. Her blei det sprengt med krutt, sidan gruva var over tregrensa og liten tilgang på ved gjorde det vanskelig med fyrsetting. Det blei bygd smeltehytte ved utløpet av Børsvatnet. Drifta skal ha vart omlag 12 år.

Bjørkåsen gruver er forlengst nedlagt, og dei fleste bygningane står til forfalls om dei ikkje alt er rive ned.
(Foto: Basia Głowacka)

Frå Bjørkåsen har ein utsikt over Ballangen og ser det store deponiet på Ballangsleira. I bakgrunnen hamneanlegget til Nikkel og Olivin på Forneset.
(Foto: SL)

På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet blei det sett i gang ei rekke gruver etter koppar og andre mineral i Ofoten. Dei fleste var i drift ganske kort tid. Den som skilte seg ut var Bjørkåsen gruver i Ballangen, som dreiv stort i tida 1909–64. Her var også koppar, men viktigare var sink og det viktigaste var svovel. Det er i alt brote ut 6 mill. tonn malm med 0,45 % koppar, 1 % sink og 30 % svovel. Heile tida var det utanlandsk kapital som sto bak. Bjørkåsen gruver var ei svært sentral bedrift for Ballangen kommune, med 2–300 arbeidsplassar i over 50 år. Avgangen blei sloppe ut i Tverrelva, også kalla Kisbekken. Mye avgangsmassar har blitt liggande i og langs denne bekken, det meste har gått ut i fjorden og dekker botnen i indre del av Ballangsfjorden. Delar av dette er seinare dekka av avgang frå gruva til Nikkel og Olivin AS. [35] Det blei gjort målingar i Tverrelva i 1996, det var da høgt innhald av jern, men relativt lite koppar. Det er visstnok ikkje gjort målingar seinare.

The Melkedalen Copper Mines LTD dreiv anleggsarbeid og prøvedrift frå 1898 til 1910. I følgje folketeljinga i 1900 var det 19 menn som arbeidde ved bergverket, av dei var seks registrert som «lap». Det vil seie at samane utgjorde ein minst like stor del av gruvearbeidarane som av lokalbefolkninga for øvrig.[36]

Alten Copper Works – Finnmarks største arbeidsplass

Allereie på slutten av 1600-talet var det kjent at det var kopparmalm i Alta, både i Kåfjord (Gávvuotna) og Raipas. I 1732 var folk frå «Trondhjem bergamt» i Kåfjord og leita etter malm, men kom til at det ikkje var grunnlag for drift. Bergmenn som Kongen sendte til Alta bare tre år seinare, konkluderte derimot med at det var drivverdige førekomstar. Det blei tatt prøveuttak av ein bergmann frå Kongsberg, men etter at han blei skada i ei sprengingsulukke, gav han opp og reiste heim. Noko nytt forsøk blei ikkje gjort før ut på 1820-talet.

Ei av dei største malmfunna skal etter sigande vere funne av ei samekvinne med namnet Marit Aslaksdatter.

Engelsk kapital og kompetanse

Den drivande krafta for oppstart av gruver i Kåfjord var John Rice Crowe, ein engelskmann som med base i Hammerfest dreiv handel på Russland og hadde tittel av britisk visekonsul. Crowe hadde gode kontaktar i engelsk forretningsliv og gruvedrift. Han fikk tak i malm frå Kåfjord, fikk denne undersøkt i London, og skaffa seg rettar til skjerping. I lag med ein engelsk kollega reiste han rundt i Midt- og Sør-Noreg og studerte drifta ved forskjellige gruveanlegg. Han fikk tak i ein bergkyndig mann frå England, som kom til Kåfjord og gjorde funn som gav grunnlag for stor optimisme.

Både i Crowe sin søknad om å få sette i gang drift og i det han uttalte om Kåfjord ser vi slåande parallellar til vår tid. Styresmaktene var svært interesserte i å få i gang drift, og Crowe kjente seg i posisjon til å kunne stille desse krava: 1) at han fikk skjerpe rundt heile Kåfjorden, 2) han skulle sleppe å betale skatt og avgifter av drifta, 3) at han fikk høvelig grunn til smeltehytte og andre bygningar. 4) at han fikk hogge tømmer utan å betale for det.

Styresmaktene strakk seg langt i å innfri krava, men ville ikkje la gruveselskapet hogge ned furuskogen i Alta. Dette er kanskje det eldste eksempel vi har på at gruvedrift har fått avgrensa rettane sine av omsyn til miljøet, og at gruveselskapet dermed måtte finne andre løysingar. Det klarte dei òg, med å importere steinkol frå England. Kopparverket i Kåfjord blei dermed det første smelteverket i Noreg som brukte steinkol i staden for trekol.

Sørnorsk og kvensk arbeidskraft

I Kåfjord synest framleis gråbergveltene frå over hundre år tilbake, og enno veks nesten ingenting på dei. Midt i bildet ser vi vaskeriet.
(Foto: Anne-Karin Daniloff)

For å få i gang drift i Kåfjord, var det stort behov for arbeidskraft, helst med røynsle frå gruvedrift. Dei første arbeidarane hadde jobba i gruvene på Røros, men dei hadde lite røynsle med sprenging. Dette var ei viktig årsak til at det dei første åra var mye arbeidsulukker. Ein forsøkte så å rekruttere lokalt, og fikk nokre arbeidarar, både norske, samiske og kvenske, men problemet sett frå gruveselskapet si side var at dei ville framleis ha ein fot i dei tradisjonelle næringane sine, og arbeide der i høgsesongane. Det blei derfor verva aktivt blant gruvearbeidarar frå Sverige og Sør-Noreg. Bare i 1828 kom det 34 mann frå Folldalen. Frå rundt 1830 kom kvenar frå Nord-Finland og Nord-Sverige trekkande til Kåfjord og søkte arbeid, og dei blei etter kvart ein stor del av arbeidsstokken på verket. Ofte kom heile familiar, og både kvinner og barn blei sett i arbeid ved verket. I løpet av eit tiår auka folkesetnaden i noverande Alta kommune til det dobbelte. Mange av arbeidarane frå Sør-Noreg reiste etter kvart sørover igjen, og blei erstatta av kvenar. Problemet for verket var at desse ikkje hadde dei same kunnskapane om bergbryting. Ei stund forsøkte ein å rekruttere gruvearbeidarar frå England. Dei var nok erfarne, men kravde langt høgare lønn, og etter kvart beholdt ein bare nokre få engelskmenn som sjefar og arbeidsleiarar. I 1865 var det registrert 33 samar og 322 kvenar av i alt 800 arbeidarar ved verket.[37]

Malmen blei drive ut frå underjordsgruver. Det var stollar som gikk omtrent vassrett inn i berget. Inne i fjellet var det kompliserte labyrintar av gruvegangar, og arbeidsforholda var harde, med vatn, is og svovelrøyk. Utafor gruveopningane arbeidde kvinner og barn med å sortere ut malm frå gråberg, før den mest malmhaldige steinen blei sendt nedover fjellsida gjennom styrtsjakter av tre eller i vogner som gikk på jernbanespor. Det var dobbeltspor med to vogner, slik at når den fulle vogna blei sendt ned, blei den tomme samtidig dratt opp. Deretter gikk malmen til ein knusemaskin drive av vasshjul. Etter kvart innførte ein våtseparator som skilte ut den tyngste og mest verdfulle malmen.

Den første tida blei kopparmalm sendt til England for smelting, men det var lite lønsamt, og frå 1835 bygde ein opp eige smelteverk. Frå dette blei det da eksportert garkoppar [38]. Det var eit av dei mest moderne og effektive smelteverka for si tid, trulig det første bergverket i Noreg med dampmaskin. Slagget frå smelteverket blei støypt i firkanta former og brukt til byggemateriale.

Største tettstaden i Finnmark

Minne om kopparverket si storheitstid.
(Foto: Anne-Karin Daniloff)

Gruveopning på toppen av Raipas, 2014.
(Foto: SL)

Kopparverket var eit av dei største bergverka som har vore i Noreg. Her var ei tid så mange tilsette at Kåfjord var den mest folkerike tettstaden i Finnmark, med over tusen menneske.

Også i Raipas, nokre kilometer sør om noverande Alta sentrum, var det kopparmalm. Dette hadde lenge vore kjent av lokalbefolkninga. Segner seier at hollendarar i gamal tid hadde tatt ut malm her, men det finst ikkje sikre bevis på dette. Engelskmennene blei først gjort merksam på denne malmen etter at verket i Kåfjord hadde vore i drift nokre år, og drifta i Raipas kom i gang ut på 1830-talet. Mange fikk arbeid med transport av malm til smelteverket i Kåfjord. I 1832 fikk gruva i Raipas den første underjordiske jernbanen i Noreg. Drifta her varte til 1878.

Kopparverket førte til stor byggeverksemd i Kåfjord. I tillegg til bygningane til verket blei det bygd bustadhus for arbeidarane, og eit eige bustadfelt, kalla Kreta, for kvenske familiar. Her var det også barnehage, noko som gjorde det mogleg for kvinnene å arbeide ved verket. Verket hadde forretning, heldt skole, bygde velferdsbygg med teatersal/dansesal og bibliotek og tok initiativ til bygging av kyrkje. Den engelske gruveleiinga heldt hus i «The House», eit stort herskapshus med hageanlegg etter engelsk mønster.

Engelskmennene hadde store planar for Kåfjordverket, men dei økonomiske realitetane var ikkje like gode, bl.a. pga. synkande kopparprisar. I 1878 blei drifta innstilt. For dei fleste som hadde jobba ved verket var det lite arbeid å finne i nærområdet. Ein stor del reiste til Amerika, etter at koppargruver der dreiv aktiv verving og forskottering av billetten dit. Andre reiste tilbake til Finland eller Sør-Noreg, mens nokre prøvde å livnære seg som fiskarar og småbrukarar i Altafjorden.

Ny drift og ny stopp

Slagg frå den svenske driftsperioden ligg framleis 100 år etter i strandkanten i Kåfjord.
(Foto: Anne-Karin Daniloff)

Da kopparprisen igjen gikk opp, blei det også ny interesse for ressursane i Kåfjord. I 1895 fikk svensken Nils Persson kjøpt verket. Drifta blei no modernisert, med elektrisk kraft frå eige vasskraftverk, mekanisert oppreiingsprosess og nytt smelteverk.

Men det skulle ikkje vare så lenge før kopparprisen igjen raste nedover, og i 1909 blei kroken sett på døra for godt. Denne gongen var det skiferbrytinga i Alta som blei redninga for mange av dei som mista jobben ved kopparverket. I 1914 flytta Finnmark husmorskole inn i ærverdige The House, og heldt til der fram til det blei brent av tyskarane i 1944. Da forsvann også alt i Kåfjord som kunne brenne av rester frå gruvedrifta. Bare kyrkja sto igjen.

Rettane til malmen blei etter kvart overtatt av Elkem, som gjorde undersøkingar på 1970-talet utan å finne grunnlag for ny drift.

Gruve i Kvænangen

Inne på fjellet i Kvænangen kan ein framleis finne rester etter dei gamle gruvene på Mittavárri.
(Foto: Eirin Hivand Haneberg)

Ved sida av Kåfjord og Raipas hadde John Rice Crowe også interesser i koppargruver i Kvænangen (Návuotna) i Nord-Troms. Her var funne malm allereie midt på 1700-talet. Like etter at drifta starta i Kåfjord fikk Crowe i samarbeid med landsmannen Robertson og konsul Holst i Tromsø i gang prøvebryting i fjellet ved Kjækan (Giehkán). Denne kom i gang drift frå 1840 og i Kjækan blei det oppført kai, lager og bustadar. Med engelsk kapital starta The Quenangen Mining Association. Den første brytinga var bare eit par kilometer frå sjøen, men etter kvart flytta drifta lenger og lenger inn på fjellet, og det blei nødvendig å bygge brakker ved gruva. Det var over 50 mann i arbeid, av dei var omtrent halvparten kvenar og resten frå Sør-Noreg. Ingen frå bygda tok arbeid i gruva.

På grunn av fallande kopparprisar blei det full stans allereie i 1845. Etter ei tid kom ein i gang igjen, i samarbeid med kopparverket i Kåfjord. Først transporterte ein malmen ned til fjorden og med båt til Kåfjord. Seinare byrja ein med transport med hest og slede over fjellet til Kåfjord, men det blei det slutt på i 1853, etter seiande fordi nokre kjørarar fraus ihel på fjellet. Frå 1857 blei drifta heilt underlagt kopparverket i Kåfjord. På det meste var omlag 100 mann i arbeid, men etter kvart blei både malmførekomstane og prisane dårligare, og da drifta i Kåfjord stoppa i 1878 var det slutt også i Kvænangen. Da Kåfjord-verket starta opp igjen med svensk kapital, blei det òg ny drift i Kvænangen, no med utskipingskai i Badderen (Báttár). Og som førre gongen blei drifta i Kvænangen lagt ned i lag med drifta i Kåfjord.

På 1960-talet gjorde NGU undersøkingar her, og noko seinare Bleikvassli og Orkla. Men malmførekomstane er ikkje rekna å vere så store at det er grunnlag for sjølvstendig drift.

«Birtavarri – Et industrihelvede»

Det gamle smelteverksområdet i Birtavárri er no blitt Ankerlia friluftsmuseum. Det veks enno lite her eit hundreår etter at drifta blei nedlagt.
(Foto: SL)

Framleis står mye rester etter smelteverket.
(Foto: SL)

Koppargruver var det òg i Kåfjord (Gáivuotna) i Troms, nær Birtavárri. Som så mange andre stadar var det her også samar som fann malmen, men det var ikkje dei som blei rike på han.

Der blei bygd smeltehytte ein stad i Kåfjorddalen som no fikk namnet Ankerlia etter ein av eigarane av gruvene, industripioneren Christian August Anker, som også er kjent frå ei rekke andre gruveprosjekt, bl.a. Sydvaranger.

Smeltehytta blei forsynt med malm frå åtte gruver i fjella rundt. Det var drift på magnetkis (FeS), svovelkis (FeS2) og kopparkis (CuFeS2). I tilknyting til gruvedrifta var det vasskraftverk, kvarts- og kalksteinsbrot. Det blei bygd hestesporveg ned til sjøen. Smeltehytta tok òg mot malm frå nokre mindre gruver i nabokommunen Nordreisa (Ráisa).

Utbygginga starta i 1898. Det var minimal produksjon 1900–02, drifta blei så tatt opp igjen 1910 og produksjonen var 200–500 tonn koppar for året fram til nedlegginga i 1919. Det var altså bare i eit knapt tiår at det var vidare produksjon i smeltehytta. Nesten 100 år etter at produksjonen stansa, er det framleis minimal vegetasjon rundt smeltehytta. I løpet av den korte tida har var drift var det etter tur fire selskap som dreiv, dei to første engelske, dei to siste norske. Det var svært varierande tal på arbeidarar, på det meste var det oppe i 350.

Frå Ankerlia kan ein sjå opp mot Moskogáisa der det var gruver. Konstruksjonen på toppen hører til taubanen som frakta malm ned til smelteverket.
(Foto: SL)

På Moskogáisa oppe i fjellet vest for Kåfjorddalen (Gáivuonvággi) var det tre gruver som gikk under namna Sunrise, Sunset og Central. Frå Moskogáisa gikk det taubane som brakte malmen ned til Ankerlia og nødvendige varer opp til gruvene. I driftsperioden var her eit eige gruvesamfunn, som blei bygd med etableringa av gruvene og fråflytta straks drifta blei lagt ned. I følgje folketeljinga av 1900 budde da 159 menneske på Moskogáisa, derav 19 kvinner og 13 barn. Det var til og med skole for barna her oppe, i gruveselskapet sine lokale. Læraren alternerte mellom Moskogáisa, Ankerlia og Skattvoll. Dei fleste som budde der var gruvearbeidarar, elles var det smedar, snikkarar, ein murar, ein skreddar, kokker og «kokkepiger».

Overskrifta over her var brukt på ein artikkel i avisa Nordlys 8. juli 1914. 35 arbeidarar i gruva på Moskogáisa var gått til streik, og kravde både høgare løn, betring av arbeidsforholda i gruva og av bustadforholda. Artikkelen fortel at husa var utrulig dårlige, og søppel samla seg opp i meterhøge haugar rundt husa, der store snøskavlar enno låg til langt ut på sommaren. Artikkelen sluttar med å sitere ein av gruvearbeidarane: «Presterne taler om dødsriket, men dødsriket er her i Birtavarre.» Her var det barn ned til 12-årsalderen som arbeidde inntil 12 timar for dagen, og ulukker var det mange av. Og for dei som protesterte var det ikkje lang veg ut. Dei fleste gruvearbeidarane kom utafrå, men mange av lokalbefolkninga i Kåfjorden blei engasjert for kjøring med hest mellom gruva og hamna.

Ein gong rauk dammen til kraftforsyninga til verket. Flaumen øydela store jorde og mye land nedover dalen. Verket lova erstatning, men det blei aldri betalt.

Ved sida av Ankerlia og gruvene i Kåfjorddalen var det i alle fall tre andre tilløp til koppargruver i Nord-Troms rundt førre århundreskiftet, men ingen av dei gav langvarig drift. [39]

I 1982 sendte NRK eit program om gruvedrifta i Birtavarri med tittelen «Rallarens testamente», laga av Kjell Fjørtoft og Trygve Hoff. [40]

Sulitjelma – «Lapplands helvete»

Samisk og norsk busetting

Dette maleriet av Georg Strømdal er utstilt på museet i Sulitjelma og skal forestille samen Mons Petter som finn den første kopparmalmen. Kofta og lua hans liknar mest på Karesuandodrakt, men Karesuando-samar kom først til Sulitjelma-området eit halvt hundreår seinare. Mons Petter var pitesame, og om han gikk i samekofte var det ein heilt annan type.
(Foto: Basia Głowacka)

Sulitjelma (Sulidælbmá, Sulisjielmmá) er opphavelig det samiske namnet på fjellmassivet aust for Fauske og eit stykke inn i Sverige. Området er frå gamalt brukt av samar, både reindriftssamar og andre. Den som fann den første kopparmalmen i 1858 var ein same som i ettertid er kalla Mons Petter, men det eigentlige namnet hans var Mons Andreas Petersen. Han var bumann ved Øvervatnet vest for Sulitjelma. Først trudde han at han hadde funne gull og ville selge dette til handelsmannen. Seinare fikk han oppkalla både ei gruve og ein kulturfestival etter seg.

Da gruva blei starta var det pitesamar frå Mavas-området som dreiv reindrift i Sulitjelmaområdet. Dei hadde vinterbeite i Sverige og sommarbeite i Noreg. Etter at reindriftssamar i svensk Karesuando (Gárasavvon) blei fråtatt sommarbeite i Troms, blei mange av dei tvangsforflytta sørover, og nokre hamna i pitesamisk område på begge sider av grensa. Mens pitesamane hadde intensiv reindrift med små flokkar, hadde Karesuando-samane større flokkar og fortrengte ofte dei som hadde drive her frå før. [41] Denne flyttinga skjedde i fleire omgongar, til Sulitjelmaområdet kom dei første rundt 1920 og fleire i 1949.

«Sulitjelma kooperative forening åpnet forretning på Jakobsbakken i 1915. Her er det langsveisfarende kunder på besøk, samer og kjørerein fra Mavas.»
(Foto utlånt av Andreas Spjelkavik / Sulitjelmakalenderen 2001)

For reindriftssamane hadde gruveetableringa både positive og negative sider. På eine sida fikk dei ein marknad for reinprodukt, og dei gjorde innkjøp i butikkane som kom med gruvedrifta. På andre sida blei reinbeita innsnevra og reinen forstyrra av drifta. Frå 1900 blei det bygd vasskraftverk i tilknyting til gruvene, men utan at verknadane for reindrifta blei vurdert. Så lenge Sulitjelma-området bare var sommarbeite, brukte ein mest områda høgt til fjells, og kom lite i konflikt med gruvedrifta. Seinare fikk samane i det som no heiter Balvatn (Bálljávrre) reinbeitedistrikt også vinterbeite på norsk side. Likevel har det har vore relativt lite arealkonfliktar mellom gruvedrift og reindrift. For reindrifta blei problema faktisk heller større etter at gruvedrifta blei lagt ned i 1991, for da eksploderte turismen, med slalåmbakkar, skuterløyper og mange hundre hytter langt innover i fjellet.

Frå midten av 1800-talet rydda fleire familiar seg jordbruksland i Langvassdalen, men etter etableringa av gruvedrifta måtte dei gi opp og dei fleste blei utløyst av Verket. Ein del av dei tok seg arbeid i gruvene.

Største bergverket i Noreg

Diamantboring i Koppartoppen tidlig på 1900-talet.
(Ivar Kristiansens fotosamling /Sulitjelmakalenderen 2007)

Den svenske «malmkongen» Nils Persson sikra seg rettane til malmen i 1886 og starta opp drift i 1887. I 1891 ble Aktieselskapet «Sulitjelma Aktiebolag» etablert, med «Skånska Superfosfat och Svafvelsyreaktiebolaget» som største aksjonær. Hovudkontoret lå i Helsingborg i Sør-Sverige. Frå da av blei Sulitjelma eller Sulis tatt i bruk også som namn på gruvesamfunnet som raskt voks fram her, med ei rekke gruver innover fjellet og smeltehytte ved Langvatnet. Tidlig på 1900-talet var Sulitjelma gruver det største bergverket og den nest største industriarbeidsplassen i Noreg.

Den første tida kom dei fleste gruvearbeidarane og ingeniørane frå Sverige, etter kvart blei fleire arbeidarar rekrutterte frå Noreg. I ei skildring frå 1917 heiter det: «Rundt om på arbeidsplassene møter man ved siden av folk som stammer fra bygden, og lapper rundt fra fjordene, tilreisende fra det hele land ....». [42] Ein del med bakgrunn i småbruk eller reindrift tok seg arbeid i gruvene i nokre få år, for å samle opp pengar til å etablere seg i si forfedrane si næring. Nokre av dei samiske unggutane som tok arbeid i gruva blei i Sulitjelma gift med norske jenter og blei buande der, men det vanlige var at dei blei relativt kort tid. Av dei samiske arbeidarane som var registrerte ved verket i 1891 var det ingen igjen i 1900, mens andre var kome til.[43]

Gjennom rundt 100 år blei det tatt ut totalt 26 mill. tonn råmalm frå gruvene, frå denne blei det utvunne 500 000 tonn koppar, 160 000 tonn sink og 4,7 mill. tonn svovel. Det var i all hovudsak underjordsdrift, med heile 18 gruver. Nokre av gruvene blei etterkvart forbunde med stollar, så det blei lettare å ta ut malmen. Til saman blei det drive ut over 500 km med gruvegangar. Gruvene har ein høgdeforskjell på over 1200 meter.

Persson sitt selskap blei i 1918 seld av arvingane hans, og ut over 1920-tallet var det fleire svenske eigarar og eit fransk/belgisk gruveselskap, før selskapet i 1933 blei registrert som norsk selskap og fikk da konsesjon til å drive i inntil 50 år. I 1967 fikk Elkem aksjemajoriteten, men da konsesjonen gikk ut i 1983 var dei ikkje interessert i å drive meir. Verket blei da overtatt av Staten, no under namnet Sulitjelma Bergverk AS.

Forfattaren John Gustavsen heldt på Naturvernforbundet sin gruvekonferanse 01.–03.11.2013 eit foredrag om bergverk på Nordkalotten. [44] Her gjengir vi litt av det han fortalte frå Sulitjelma:

Produksjonen kom i gang i 1890 [45], og nå opplevde lokalbefolkninga hvordan Sulitjelma ble lagt under tung svovelrøyk med støy og støv. Landskapet ble endret. Malmen mellom gruvene i Sulis og utskipningshavna ved Saltenfjorden måtte gå både med prammer og jernbane via Fossan, Langvannet og Sjønstå. Taubaner, lagerbygg og brakker skapte hektisk liv mellom bergene:
«Ti her er mange storartede bygninger. Villaer, dampkjøkken, kontorer, butikker, sykehus m.m. Elektrisk belysning i gatene.» skriver H.M. Lerbakmo i Nordlys i 1903.

Sulitjelma hadde vokst til å bli Norges største bergverk i 1900 med en årsproduksjon på 45000 tonn og 1000 ansatte [46]. Bergmesteren berettet begeistret for 1901–05: «Verket, der står på høiden av sin tid, er en heder for landet, idet det besøkes av sakkyndige fra hele verden.» Arbeidere strømmet til, eventyrere, fiskarbønder og industriarbeidere fra inn- og utland. Den konservative pressen jublet om «det viktigste i verden». ...

Aksel Gullesen forteller: «Vi kom opp hit til den hytterøyken...så det var jo nesten slik at man ikke kunne dra pusten ...» En annen beretter: «E mins ein gong det va rekti ille. Ein tå karan vart så forbanna at han tok ei flaska med parafin å skvett i sprekkan å sett varme på. E trudd'n hadd sett varme på brakko. Det spraka og smalt når lusa vart brendt og det lukta vondt. Og kakkerlakkan! Dei sprang for livet når ein fløtt litt på ostekjeksan. Og lusan! Når dei tok opp halmputan va det så tjukt av lus at de ikkje va plass for fleir.»

Company town

Dette skiltet, som no står på Sulitjelma gruvemuseum, fortel mye om gruveselskapet si makt på staden.
(Foto: SL)

Gruvesamfunnet Sulitjelma kan best karakteriserast med det engelske uttrykket «Company town». Bedrifta, som lokalt blei omtalt som Verket eller Grubene, eigde så godt som alt innafor eit vidt konsesjonsområde, kalla «verkets territorium», på 40 km2. Det blei sagt at norsk lov ikkje gjaldt aust for Finneid. «Men det er endast geografiskt som Sulitjelma tilhör Norge», sa den svenske malaren Pelle Molin, som var invitert av gruveselskapet til å male i Sulitjelma, men blei kasta ut etter eit halvt år fordi han uttalte seg kritisk. [47] Verket eigde alle bustadane, og avgjorde kven som skulle få bu der. Pensjonistar ville ein ikkje ha, så dei blei tvunge til å flytte, gjerne til Fauske. Der bygde «Sulitjelma Boligfond» aldersboliger. Boligfondet blei etablert av Garantifondet, der arbeidarane og gruveselskapet betalte inn like store beløp gjennom mange år. Dette var i den tida da bergverka var eigne fattigdistrikt, og garantifondet skulle sikre at ikkje fattigomsorgen blei velta på kommunane dersom bergverksdrifta gikk konkurs eller blei lagt ned.

Så lenge verket var i drift, heldt ein på tradisjonen med eigne bustadsområde for arbeidarar og andre område for funksjonærar og ingeniørar. Verket hadde butikken og kunne aleine fastsette prisane. Da arbeidarane forsøkte å danne samvirkelag, nekta først Verket å leige ut tomt, men blei tvunge til det etter ein dom i høgsterett. Tomt blei utdelt i 1912, da hadde Sulitjelma cooperative selskap drive handel på Finneid fra 1908.

Sidan det ikkje gikk veg til Sulitjelma før i 1972, hadde Verket som eigde jernbanen full kontroll med kven som reiste ut og inn. Dette nytta dei på byrjinga av 1900-talet til å nekte sosialistiske agitatorar tilgang, og fleire blei deportert ut.

Da verksleiinga bestemte at alle arbeidarar frå januar 1907 skulle bære eit støypt blymerke med arbeidsnummer på, var det dropen som fikk lenge oppsamla misnøye til å koke over. Først nekta arbeidarane i ei av gruvene å bære dette merket, og 120 mann blei oppsagt på dagen. Da samla over 1000 arbeidarar seg på isen på Langvatnet 13.01.1907 og danna fagforeining tilslutta Norsk Arbeidsmandsforbund. For denne manifestasjonen måtte Verket gi seg, det blei danna ti avdelingar ved dei forskjellige gruvene, og det blei inngått tariffavtale. Seinare sto fagrørsla og arbeidarrørsla sterkt i Sulitjelma så lenge det var drift i gruvene.

Smeltehytte og svovelrøyk

Svovelrøyken frå smeltehytta la seg over Sulisdalen.
(Foto: Ronald Fredriksen)

Gjennom hundre års drift var det sjølvsagt store endringar i utvinnings-, produksjons- og transportmetodane. Malmen blei transportert dels med taubanar, dels med tog fram til foredlingsverket ved Langvatnet. Den første tida var det ved dei forskjellige gruvene sjeidehus, der malmstykka blei sortert manuelt i kopparkis, svovelkis og blandingsmalm. Svovelkisen blei sendt til Helsingborg utan vidare lokal behandling. Blandingsmalmen gikk til vaskeriet, for å skilje frå kvarandre kopparkis, svovelkis og gråberg. I 1907 blei Elmores vakumprosess innført og Sulis hadde verdas største elmorevaskeri. I 1929 gikk ein over til selektiv flotasjon.

Mesteparten av driftsperioden hadde Sulitjelma eiga smeltehytte for å smelte kopparkis til koppar. Den første smeltehytta blei reist i 1894. Malmen blei først røsta for å brenne bort svovel, deretter smelta i ein vasskjølt sjaktomn som blei oppvarma med kol. Produktet frå denne var skjærstein, med 30–40 % koppar. I 1897 blei det sett i drift ein bessemeromn, som framstilte 99 % reint blisterkoppar. Men allereie året etter brann smeltehytta ned. Ei ny og større smeltehytte, med fire skjærsteinsomnar og to bessemerkonverterar, blei oppført i stein. Både i oppreiing og smelting låg Sulitjelma fremst i utnytting av teknologiske framsteg. Verket sine ingeniørar bidrog også sterkt til utvikling av meir moderne produksjonsmetodar. Blant anna utvikla direktør Julius Emil Knudsen ein smelteomn som var så effektiv at han blei tatt i bruk ved smelteverk i mange land.

Kopparsmeltinga førte til stort behov for ved, og det gikk hardt utover skogen i området. Mye skog gikk og med til oppvarming i hus og brakker. Seinare gikk ein i smeltehytta over til kol, men dette var heller ikkje problemfritt. Da det under første verdenskrigen blei mangel på kol, sikra Sulitelma AB seg kolførekomstane på Andøya (Ándda), og i tillegg starta ein utvinning av brenntorv frå myrer i Sulitjelmaområdet. I tillegg til problema med brensel var det og vanskelig å få tak i arbeidskraft. Da krisa kom etter slutten av første verdskrigen blei smeltehytta stansa, og kom ikkje i drift igjen.

Ei ny smeltehytte blei seinare bygd basert på elektrisk smelting og var klar til drift frå 1929. Dette var verdas første elektriske smeltehytte for koppar. Under 2. verdskrigen gikk produksjonen for fullt, og var viktig for tysk rustningsindustri. Dei allierte la forskjellige planar for sabotasje, men desse blei av forskjellige grunnar aldri gjennomført. Ved frigjøringa blei produksjonen stansa, men sett i gang igjen hausten 1945. Da blei det reist spørsmål om reinsking av røyken. Bedriftsleiinga gikk imot, da eit slikt anlegg ville koste ein halv million kroner (!), og dette ville skade bedrifta sin økonomi. Det blei heller ikkje stilt noko krav frå staten om reinsking.

Røyken frå smeltehytta forureina ikkje bare det ytre, men også det indre miljøet, og gav svært helsefarlige arbeidsforhold.

Smeltehytta blei modernisert frå 1970, men forureina framleis svært. Ei tid var dette største utsleppet av SO2 i Noreg og sto for 10 % av samla utslepp i landet. Ein røyk av svovel kunne ligge som eit lokk over dalen. Svovelutsleppet tok livet av mye av vegetasjonen i Langvassdalen, men spreidde seg og vidare, og kom ned igjen som sur nedbør. Utsleppet skal ha forgifta fiskevatn heilt inne på svensk side. På byrjinga av 1980-talet bekymra både statlige organ og miljøorganisasjonar seg over dette. Da AS Sulitjelma Gruber i 1981 søkte om løyve til utslepp til full drift av smeltehytta i fem år til, innstilte Røyskaderådet på å bare gi løyve for to år, mens «den nødvendig omstilling kan forberedes». Det blei ikkje noko av omstillinga og smeltehytta fikk halde fram med utsleppa til ho blei lagt ned i 1987. [48]

På 1970-talet blei det spreidd kalk og dolomitt i terrenget i forsøk på å nøytralisere noko av dei sure utsleppa. Både skolebarn og arbeidarar deltok i kalkspreiinga, men så lenge utsleppa ikkje blei stansa hjalp dette lite.

Avgang på land og i vatn

Lenge blei avgangen frå flotasjonen bare lagra rett utafor verket, så det blei ei stor fylling ut i Langvatnet. Dette bildet er frå 1976.
(Foto: Sulitjelma museum)

Fram til 1974 blei avgangen deponert rett utafor oppreiingsverket. På 1990-talet blei flotasjonstippen tildekka med gråberg og oversprøyta med gjødselblanding og frø. I dag er det få artar som veks der, men bjørka har spreidd seg dit og har no omlag ein meters høgde. Etter 1974 deponerte ein avgangen under vatn i Langvatnet. Avgangsleidninga blei lagt ut på Langvatnet og halde flytande av svære pontongar. Avgangen blei da spreidd direkte i vatnet. I lag med sur og metallrik avrenning frå gruver og landdeponi har dumpinga av avgang i Langvatnet tatt livet av så godt som alt som levde her.

Fråflytting og forfall

Mens dei fleste gruvegangane blei fylde med vatn, blei ein del av gruva omgjort til gruvemuseum. Her er fire turistar på tur i visingsgruva med gruvetoget. Forfattaren i bakgrunnen. Bildet er frå 1994.
(Foto: Basia Głowacka)

I 1991 blei drifta lagt ned, på grunn av kombinasjonen av låge kopparprisar, store forureiningsproblem og at bygningar og utstyr var nedslitne på grunn av manglande investeringar. Alt utstyret som kunne flyttast på blei seld ut for ei billig penge og transportert bort. Først seinare kom ein på å lage gruvemuseum og besøksgruve, men da var allereie mye av utstyret borte.

Sulitjelmasamfunnet hadde einsidig vore bygd opp rundt gruva, og ved nedlegginga blei det lansert ei rekke planar for å skape nye arbeidsplassar. Ei tid før nedlegginga blei det danna ei bedrift kalla Saulo, som produserte brikker, fat og prydgjenstandar av kopparmalm med messingkant rundt. Denne bedrifta heldt det gåande nokre år før ho gikk konkurs. Det blei som del av eit prosjekt styrt av fagrørsla i Sulitjelma etablert nokre få arbeidsplassar som framleis er i drift, bl.a. bestillingssentral for Nordland Taxi. Det blei engasjert konsulentselskap som kom med ei mengde idear, men dei aller fleste blei det ingenting av [49]. Gruvearbeidarar som no blei ledige kunne og få tilskot til å starte opp eigne arbeidsplassar, og nokre få av dei forsøkte seg.

I smeltehytta blei det ei tid produsert slipesand av gamalt gruveslagg, men først gikk selskapet Sulis Grit konkurs i 2004, så blei produksjonen overtatt av Sulis Invest, som gikk konkurs i 2006. Nordlandsbanken sat da med den gamle smeltehytta som «gevinst». Nordlandsbanken fikk fjerna dei salbare delane av smeltehytta i 2012, igjen står restar av murane og store mengder forureina grunn.

Resultatet for Sulitjelma-samfunnet var ein kombinasjon av fråflytting og forfall. Nokre år etter nedlegginga såg Sulitjelma ut som ein spøkelsesby. I dag ser det noko betre ut. Nokre bygningar er rive, andre er pussa opp, men framleis står store delar av det gamle oppreiingsanlegget og vitnar om betre tider.

Ikkje mindre, men meir forureining

Gikenelva tar imot mye gruveavrenning. Det brune i vatnet er oker/toverdig jern som blir felt ut av gruvevatnet når det treff oksygenrikt ferskvatn. Elva inneheld og meir skadelig forureining, som koppar, men den synast ikkje. Bildet er frå 2010.
(Foto: Wenche Spjelkavik)

På Jakobsbakken er det stadig avrenning med tungmetall frå gråberghaugane.
(Foto: SL)

Etter nedlegginga heldt avrenninga av koppar og andre metall til Langvatnet fram. Ei stund gikk avrenninga ned, men seinare gikk det opp igjen, etter at gruvene var blitt fylt opp av vatn og byrja å renne over. Særlig ille er gruvevatnet frå Nordgruvefeltet som er svært surt og metallhaldig. Det kjem og sur avrenning frå avfallsberget. Kopparkonsentrasjonen i Langvatnet har avtatt noko sidan nedlegginga, såpass at sjølv om botnen er å rekne som «biologisk ørken», kan fisk overleve på næring som blir tilført frå nokre reine tilløpselver. Vatnet har halde seg ganske nøytralt (pH=7), fordi her er mye kalk i berggrunnen. Forskarar hevdar no at det ikkje er helsefarlig å spise fisken i Langvatnet, men lokalbefolkninga fiskar likevel ikkje her, da dei ikkje kjenner seg trygge på dette.[50]

Dette oversiktsbildet over Sulis er tatt i 1994, tre år etter at drifta stansa. Smeltehytta til venstre på bildet førte til kraftig reduksjon i vegetasjonen. Avgangen blei dumpa i Langvatnet, som vi ser på bildet. (Foto: SL)
(Foto: SL)

20 år etter førre bildet har mye av vegetasjonen kome tilbake, mens smeltehytta er fjerna.
(Foto: SL)

Med så stor tilførsel av tungmetallhaldig avgang til Langvatnet, går sjølvsagt ein del vidare nedover vassdraget. Det meste hamnar i det meir enn 300 m djupe Øvrevatn. Noko går og vidare og ut i Skjerstadfjorden ved Finneid. Mineraldirektoratet sin oversikt over miljøstatus i gruvepåverka vassdrag viser at miljøtilstanden er svært dårlig både i heile Langvatnet, fleire av tilførselselvene, gruveområdet i Jakobsbakken og i Øvervatnet. [51] I Langvatnet er det lagra tungmetall frå over hundre års drift, og sjølv om tilførselen av forureining til vatnet skulle halde opp, vil det halde fram å gi frå seg forureining til vassdraget ned mot sjøen og i siste instans fjorden.

Ny oppstart?

I over hundre år var Sulitjelma i første rekke eit gruvesamfunn, og sidan stansen i 1991 har mange drøymd om at det igjen skulle bli drift på dei ressursane som ein visste var igjen i fjella. Forsøk på å starte opp igjen har derfor alltid blitt positivt mottatt lokalt.

Etter at kopparprisane steig kraftig frå rundt 2005 starta arbeidet med å ta opp igjen drifta i Sulitjelma. Først ute var Sulitjelma Mineral AS, som fikk undersøkingsrett i 2006. Selskapet fikk støtte frå Nordland Fylkeskommune og Statskog i 2009, men gjorde svært lite.

I mellomtida kom det australske prospekteringsselskapet Drake Resources og sikra seg undersøkingsrett til over 100 km2 i Sulitjelmafjella. Dette var dels førsterett på nye område, dels andrerett på leiteområde som Sulitjelma Mineral hadde førsteretten på. Dette gjorde dei fordi dei visste at Sulitjelma Mineral sin rett snart ville løpe ut, og dermed gå over til Drake.

Drake Resources er eit reint prospekteringsselskap, som ikkje har tenkt å drive sjølv. Derimot har dei ein fast avtale med det australske gruveselskapet Panoramic Resources, som sikrar dei førsteretten til det Drake måtte finne. [52]

Drake har sett i gang leiting med helikopter. Dette kjem i konflikt med reindrifta i området, og Balvatn reinbeitedistrikt kravde erstatning på førehand. Saka kom i 2014 opp i Salten tingrett, der reineigarane tapte og i tillegg blei dømte til å betale sakskostnadar. I oktober same året kom så meldinga om at Drake Resources har funne indikasjonar på ny malm rundt Sulitjelma, men dei har enno ikkje kome i gang med boring, og det verkar som dei har trappa ned innsatsen.

Da Drake etablerte seg, fikk miljøet bak Sulitjelma Mineral hastverk. Dei fikk med seg fleire lokale forretningsfolk og stifta i 2011 eit nytt selskap, kalla Nye Sulitjelma Gruver (NSG). Bak dette står lokale forretningsfolk i Fauske kommune. Daglig leiar og største aksjonær er Størker Bjørnstad, ein mann som er registrert med 10 roller i det lokale næringslivet. I 2012 fikk NSG overført undersøkingsretten frå Sulitjelma Mineral og sendte straks ein søknad om utvinningsrett. Søknaden var på 1 1/2 side med eit par sider vedlegg! Denne kom raskt i retur frå Direktoratet for Mineralforvaltning, men med eit naudrop fikk dei ferdig ein noko betre søknad og fikk sikra utvinningsretten.

NSG laga sjølv eit planprogram [53], som var ferdig i juni 2013. Det er prosjektet presentert slik: «Malmen i Sulitjelma inneholder 1,8 % kobber og 0,8 6#37 sink, 10 g sølv/t og 0,25 g gull/t. NSG har beregna at det finnes 10–15 millioner tonn drivverdig malm igjen i gruvene i Sulitjelma. En årlig produksjon av 12–18 000 tonn sink- og kobberkonsentrat tilsvarer gruvevirksomhet i området i 50 år. Verdien for denne malmen er ca. 10–15 milliarder kroner. Trolig er også malmforekomstene større, og kan dermed bidra til forlengelse av produksjonen. Ny drift vil kreve investeringer på ca. 300 millioner, men siden all infrastruktur er intakt vil driften likevel være lønnsom. En gjenåpning av gruvene vil trolig sysselsette 40–50 personer direkte i driften, dvs. i selve produksjonsprosessen, administrasjonen og transport.»

Etter denne planen skal ein tappe gruvevatnet ureinska ut i Langvatnet, og igjen ta i bruk dette vatnet som deponi for gruveavgang.

Planprogrammet var til høring frå juni til september i 2013. Samanlikna med andre gruveprosjekt kom det inn svært få kommentarar i høringsprosessen. Det var ingen miljøorganisasjonar som uttalte seg. Etter nokre endringar blei det samrøystes vedtatt av Fauske kommunestyre 13.02.2014.

Deretter starta Norconsult arbeidet med reguleringsplan og konsekvensutgreiing. Denne var ferdig våren 2015. «Planen er å ta ut resterende malm fra de gamle gruvene, Giken/Charlotta, Hankabakken og Sagmo. I tillegg planlegges drift på Rupsi-forekomsten som det ikke har vært drevet på tidligere. Alle gruver vil bli drevet som underjordsgruver.» [54] I hovudsaka var reguleringsplanen i samsvar med planprogrammet. Dei gamle gruvene skal tømmast ureinska i Langvatnet, å bygge reinskeanlegg blir sett på som for dyrt.

Både planprogrammet og reguleringsplanen er svært overflatisk og vitnar om at ein har gjort lite undersøkingar og sett seg lite inn både i dei reelle kostnadane ved ny oppstart og i alternative driftsformer og deponeringsløysingar. Når ein vurderer deponi avviser ein tilbakefylling i gamle gruver, bl.a. fordi det kan hindre tilgang til ressursar (der er massevis av tømte gruver), og går bare inn for dumping i ferskvatn. Bruk av avgangsmassane ser i det heile ikkje ut å vere vurdert.

Reguleringsplanen blei diskutert på folkemøte 30.11.2015. og sendt på høring, med frist i januar 2016. Deretter kom han opp i planutvalet i kommunen, som hadde ei rekke innvendingar. Utvalet ville ikkje godta planen utan nærare utgreiingar, bl.a. av miljøverknadane av planen. No blei det eit veldig press på representantane i planutvalg og kommunestyre, og da saka kom til kommunestyret, var det bare Raudt sine 2 representantar som sto fast ved planutvalet sine innvendingar.

Alternativ?

Ein av dei som har kome med innvendingar mot måten NSG ønsker å drive på, er Per-Gunnar Skotåm. Han arbeidde sjølv i gruva fram til nedlegginga og var da dei tilsette sin representant i styret. Seinare har han drive eige selskap innafor fjellsprenging. Frå 2011 har han representert Raudt i Fauske kommunestyre. Han har som resten av kommunestyret ivra for ny drift, men har lagt fram forslag til alternative driftsmåtar som vil fører til mindre forureining. Blant forslaga hans er deponi i bergrom i gruva med syklonisering av avgangen for å få ut vatnet, kombinere reinsking av gamal gruveavrenning med ny produksjon ved å bruke gruveavrenninga fra Nordgruvefeltet som prosessvatn i flotasjonen og ta metalla ut som del av ny drift. Han foreslår og å vurdere flytting av deponeringa til Øvervatn ca. 20 km fra Sulitjelma, der det er veldig djupt, med sjøvatn i botn og lite utveksling med ferskvatnet i overflata.

Realistisk prosjekt?

Mange har stilt spørsmål ved om NSG sine planar er eit realistisk og truverdig prosjekt. Malmbasen på 10-15 mill. tonn er ganske liten samanlikna med f.eks. Nussir sine 75 mt. Denne malmen er også fordelt på fleire gamle og ei ny gruve, noko som krev store investeringar. Sulitjelma Mineral og arvtakaren NSG har no sete på rettane i 10 år, utan å komme i gang og utan å gjøre noko vidare undersøkingar. I mellomtida har kopparprisane gått opp og ned, og er no så låge at det er vanskelig å sjå at dette skulle kunne drivast lønsamt, sjølv om dei mot alle reglar skulle få lov å starte utan reinskeanlegg og med dumping i Langvatnet.

Sjølv om ikkje gruva skulle komme i gang, vil planen som no er vedtatt av kommunestyret få stor verknad. Med dette har nemlig kommunen erklært seg villig å godta fortsatt forureining frå gruva. Dermed har ein ikkje lenger noko grunnlag for å krevje oppreinsking etter tidligare drift.

Koppar, svovel og forureining

Historia om kopparutvinning i Noreg er og historia om forureininga frå gruvene og smeltehyttene, og om avrenning som enno ikkje har tatt slutt, sjølv om det ikkje har vore i drift etter 1998. Mange av gruvene som det er avrenning frå er lagt ned for mange tiår sidan, nokre for omlag hundre år sidan. Koppar er svært giftig for lågare organismar som lever i vatn. Når finmala gruveavgang som inneheld restar av kopparmalm blir liggande tilgjengelig for både luft og vatn, vil det skje ei oksidering og det blir danna frie kopparion, og svoveloksidion, som begge delar har svært negativ verknad på livet i vassdraga.

Miljødirektoratet har laga ei oversikt over dei sju gruvene som i størst grad har påverka vassdrag. I alle desse er det utvunne kopparmalm, nokre gongar i kombinasjon med andre mineral.

Dei vanligaste kopparmalmane inneheld og svovel. I tillegg førekjem kopparmalm ofte i lag med andre svovelhaldige stoff, som svovelkis (jernsulfid – Fe2S), sinober (kvikksølvsulfid – HgS), blyglans (blysulfid – PbS), sinkblende (sinksulfid – ZnS) og nikkelsulfid (NiS). Med eit fellesnamn kallar vi desse for sulfidmalmar, og i mange tilfelle har det blitt drive på sulfidmalm der ein både har nytta ut metalla og svovelet. Kva som har vore hovudprodukt og biprodukt har variert både med samansetninga av malmen og med internasjonale konjunkturar.

Sjølv om det var svovelhaldige mineral i koppargruvene som var i drift frå 1600-talet, blei ikkje svovelen tatt vare på før frå 1840-talet. Den norske bergverksdrifta på 1900-talet var i stor grad basert på uttak av svovelkis, som mest blei brukt til produksjon av svovelsyre. Fleire av sulfidmalmførekomstane som blei funne på 16-, 17- og 1800-tallet blei tidlig gitt opp fordi dei gav lite koppar. Seinare blei likevel fleire av desse sett i drift for uttak av svovelkis. Totalt har det blitt produsert 54 mill. tonn svovelkis frå norske gruver. Ved fleire kisgruver blei det på 1930-talet bygd flotasjonsverk, som skilte ut svovel, koppar og andre metall.

Det meste av kisen vi produserte her i landet blei eksportert, men noko er brukt i Noreg, blant anna hadde cellulosefabrikkar røsteanlegg for svovelkis.

Svovelhaldige stoff frå gruver og smelteverk har vore blant dei største kjeldene til forureining i mange land. Frå nærområdet vårt i aust kjenner vi forureininga frå Nikel på russisk side av Pasvikdalen. På 1970-/80-talet var det mye snakk om den sure nedbøren som knekte fiskebestandane over store delar av Sør-Noreg. Meir lokalt kan vi den dag i dag studere verknadane av svovelforureininga rundt gamle gruver med smeltehytter, som på Røros, i Sulitjelma og i Birtavarre i Nord-Troms.

Etter andre verdskrigen blei svovelkis gradvis utkonkurrert av andre kjelder, først frå gruver med reint svovel, bl.a. i Polen, seinare frå avsvovling av naturgass og olje. Det førte etter kvart til at store norske svovelkisprodusentar som Løkken Verk og Skorovas Gruber omkring 1975 innstilte produksjonen av svovelkis. Ofte heldt dei likevel fram gruvedrifta etter andre mineral, som koppar, nikkel, sink og bly, men svovelet gikk no ut som avgang, noko som førte til enno meir forureining enn før.

Fotnotar

[1] http://www.whatlocalpeople.se/
[2] http://forskning.no/arkeologi-historie-bergfag/2012/06/kan-ha-hentet-kobber-fra-norske-fjell-i-3500-ar
[3] Berg, Bjørn Ivar: Norsk bergverkshistorie frem til 1814, i Fortid 2/2013, s. 64-70. Utg. Historiestudentenes tidsskrift UiO. s. 65
[4] http://no.wikipedia.org/wiki/Røros_Kobberverk
[5] Dette er skildra i boka: Sverre Fjellheim: Gåebrien sijte – en sameby i Rørostraktene. 2012.
[6] Berntssen m.fl.: Rapport for prosjektet Bergverk og avgangsdeponering - betydning for mattrygghet. Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning
[7] http://www.rorosmuseet.no/museet_olavsgruva/
[8] http://www.adressa.no/nyheter/sortrondelag/article11154581.ece
[9] http://www.nrk.no/trondelag/_-orkla-samarbeidet-med-nazistene-1.7772192
[10] http://www.dagbladet.no/2014/11/03/nyheter/orkla/krigen/andre_verdenskrig/historie/36000416/
[11] Utredning av renseteknologiske løsninger for Løkken gruveområde, Meldal kommune. April 2013.
[12] http://www.dirmin.no/Lists/Nyheter/DispForm.aspx?ID=69&Source=http%3A%2F%2Fwww.dirmin.no%2Fdefault.aspx
[13] Åge Kristoffersen: Stitelsen Folldal Gruver. I: Berg (red): Kulturvern ved bergverk 2001
[14] Film om spreiinga av olivin i Folla: http://www.youtube.com/watch?v=Hf7lqTJwz04
[15] https://www.retten.no/slipp-uten-effekt/s/5-44-46756
[16] http://www.miljodirektoratet.no/old/klif/publikasjoner/1884/TA1884.pdf, s. 249
[17] NIVA undersøkte forureiningssituasjonen i 2008-2010 og gav ut rapportane «Kontroll av avrenning fra Tverrfjellet gruve på Hjerkinn, Dovre kommune» (L.NR. 5911-2010 og L.NR. 6036-2010).
[18] http://www.opp.no/index.cfm?event=doLink&famID=66719
[19] http://www.opp.no/index.cfm?event=doLink&famID=66719
[20] Eiendomskonsulent Trond Berger i Statskog i e-post til forfattaren 17.02.2017
[21] Avgangsdeponering under vann. Utluting av forurensninger fra avgangsdeponiet i Huddingsvatnet. NIVA-rapport 3780-98. http://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/209693/-1/3780_72dpi.pdf
[22] http://www.namdalsavisa.no/Nyhet/article1387981.ece
[23] http://rapp.niva.no/symfoni/RappArkiv4.nsf/URL/C125730900460902C125723D004F3C34/$FILE/5297-ive-Joma%202006_72dpi.pdf
[24] http://www.miljostatus.no/Tema/Ferskvann/Miljogifter_ferskvann/Avrenning-fra-gruver/Grong-Gruber/
[25] http://www.drakeresources.com.au/norway.html. Originaltekst: «9 claims including the historic Gjersvik mine and Exploration and Exploitation (Mining) Agreement over the Joma mine»
[26] Per Arne Rustad i telefonintervju med forfattaren, hausten 2014.
[27] Grong kommune omfatta da også noverande Namsskogan og Røyrvik kommunar, som blei skilde ut i 1923.
[28] http://www.skorovatn.no/?page_id=298
[29] http://www.miljostatus.no/Tema/Ferskvann/Miljogifter_ferskvann/Avrenning-fra-gruver/Skorovas-gruber/
[30] http://www.namdalsavisa.no/Nyhet/article4684240.ece
[31] http://www.namdalsavisa.no/Nyhet/article6887501.ece
[32] http://www.nrk.no/trondelag/kan-bli-lonnsomt-med-gruvedrift-igjen-1.12012553
[33] rond Blomlie: Skatter i fjell. Museum Nord. s. 120
[34] Kjelder: – Steinar Steen: Bals gruve – landsdelens eldste gruvedrift. Ottar 3-1986. http://www.geocaching.com/geocache/GC2EW8G_mineral-8-bals-kobberverk?guid=1ac02a50-a6b3-4e1c-b9f9-392fb2d03b93.
[35] Nikkel og Olivin AS er omtalt i denne boka i kapitlet om nikkel.
[36] Bjørg Evjen: Møter i fjellene. Gruveindustri og reindrift rundt 1900, I: Evjen/Myrvoll (red): Från kust til kyst – Áhpegáttest áhpegáddáj. Orkana 2015.
[37] Bjørg Evjen: Møter i fjellene. Gruveindustri og reindrift rundt 1900, I: Evjen/Myrvoll (red): Från kust til kyst – Áhpegáttest áhpegáddáj. Orkana 2015.
[38] Garkoppar = Ferdigprodukt av nesten reint koppar (97-99 % Cu).
[39] Koppargruvene i Nord-Troms er grundig skildra i Berg m.fl.: Bergverk i Norge. Kulturminner og historie. Norsk Bergverksmuseum 2016.
[40] https://tv.nrk.no/program/FTRO00000182/rallarens-testamente
[41] https://sv.wikipedia.org/wiki/Tv%C3%A5ngsf%C3%B6rflyttningen_av_Karesuandosamer
[42] Kallskapellan Johannes Aanderaa, Tromsø stifts årbok for 1917. Gjengitt i Bjørg Evjen: Arbeiderbevegelse og samfunn, Sulitjelma 1890–1960. I: Østensen (red): Kulturvern ved bergverk 2004.
[43] Bjørg Evjen: Møter i fjellene. Gruveindustri og reindrift rundt 1900, I: Evjen/Myrvoll (red): Från kust til kyst – Áhpegáttest áhpegáddáj. Orkana 2015.
[44] Heile foredraget kan lesast på http://naturvernforbundet.no/getfile.php/Fylkeslag%20-%20Finnmark/Bilde/gustu.doc
[45] Andre kjelder opererer med oppstart av utvinninga i 1887.
[46] Seinare blei det enno fleire tilsette, det var på topp i 1913 med 1750 tilsette. (Min merknad. SL)>
[47] Kjelde: Utstilling på Sulitjelma museum
[48] http://www.sulisavisa.no/historielag/Bibliotk/koppersmelt.htm
[49] http://sverrep.com/sulitjelma.html
[50] http://www.forskning.no/artikler/2012/desember/342325
[51] http://www.miljostatus.no/kart/?lang=no&extent=518543|7440981|547570 7457398&layers=264:100;&basemap=KART&opacity=70&saturation=100
[52] http://panoramicresources.com/drake-resources-alliance/
[53] http://www.sulismiljo.com/filer/Sulitjelma_gruver_planprogram.pdf
[54] http://www.fauske.kommune.no/omraaderegulering-for-sulitjelma-gruver.5812215-143912.html


Til neste kapittel