Forside 2
Forside 2
Forside 1
Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som skal komme med 4 bind.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind, alle tre samla kr. 600,-.
Dei kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Meir gruvestoff på gruve.info

Innhald for bind 2 – Med lov skal land øydast

Eit steg vidare – FORORD
Typisk norsk å vere god? – INNLEIING
Verdiskaping eller verdiøyding? – TEKNOLOGI OG MILJØ
Mange og gode arbeidsplassar? – GRUVA SOM ARBEIDSPLASS
Med lov skal land øydast? – MINERALLOVGIVING I NOREG
Skattar i fjell = skatt i kommunekassa? – GEBYR, AVGIFT, SKATT
Kontrollørar eller velsignarar? – FORVALTNINGA FOR MINERAL OG MILJØ
Mineralstrategi utan forskingsstrategi – FORSKING OG UTGREIING
Påverkarane – AKTØRAR I OG UTAFOR NÆRINGA
Kva og kven styrer norsk mineralnæring? – AVSLUTNING

Presentasjonar av Gull, gråstein og grums – 2

Kommentarar, rettingar og tillegg til "Gull, gråstein og grums – 2" (Kjem snart)

Eit steg vidare

FORORD TIL BIND 2

Med denne boka går vi eit steg vidare på det som skal bli ein serie om mineralutvinning i inn- og utland. Den første boka, Gull, gråstein og grums – 1, tok opp fem av dei største og mest omstridde gruveprosjekta i Noreg i nyare tid. Desse fem historiene illustrerer nokre av driftsmåtane og nokre av miljøproblema ved gruvedrift. Her held vi fram det kritiske blikket på mineralutvinninga ved å oppsummere nokre fellestrekk for næringa. Vi ser på forskjellige teknologiar for mineralleiting, utvinning og deponering og kva desse kan føre til for natur og for andre næringar, på gruva som arbeidsplass, på lovverk og økonomiske og politiske tiltak som styrer mineralutvinninga og på forvaltning og andre aktørar som påverkar gruvedrifta.

«Med lov skal land byggjast og ikkje med ulov øydast.» Slik var det sagt i Frostatingslova, ei av dei eldste norske lovene. Her spør vi korleis dette fungerer når det gjeld mineralutvinning. Har vi eit lovverk som sikrar at ikkje landet blir øydelagt under leiting etter og utvinning av forskjellige mineral? Eller har vi i samsvar med mineralstrategien sitt mål om at Noreg skal vere eit attraktivt land for mineralinvesteringar også eit attraktivt lovverk – for gruveselskapa, eit lovverk som legg til rette for øyding av landet?

Innhaldet i boka blir òg publisert på nettstaden http://gruve.info, etter kvart med oppdateringar, tilleggsmateriale som ikkje har fått plass i boka, samt tilvisingar til dei skriftlige kjeldene som boka bygger på, og til vidare lesing. I innleiinga til bind 1 skreiv eg: «Dei skriftlige kjeldene om gruvesaker er ofte svært sprikande og særlig avisoppslag er prega av at skribentane har hatt dårlig bakgrunnskunnskap og ofte lite kritisk innstilling til det dei har fått servert. Ein del feil har eg klart å gjennomskode, men eg har ganske sikkert ikkje klart å luke ut alle feil i kjeldene. Lesarane bør derfor også lese dette kritisk, og eg ser gjerne at dei som finn faktafeil i teksten gjør meg merksam på det.» Nokre lesarar har følgd denne oppmodinga, og nokre feil og manglar har eg allereie retta opp på nettsida. Eg ser ikkje bort frå at det kan bli behov for meir korrigering og utfylling, også i forhold til denne boka, og ser gjerne at lesarane bidrar.

Mange vil sakne tilvisingar til dei skriftlige kjeldene boka bygger på. Det finn du i nettutgåva, ofte som lenkjer vidare til meir lesestoff og bilde. I arbeidet med boka har eg nytta kjelder på fleire språk. Eg har latt sitat på svensk, dansk og bokmål stå i original, men sitat frå kjelder på andre språk har eg omsett til nynorsk. For dei som ønsker å lese originalteksten til desse sitata er dei å finne som fotnotar i nettutgåva. Boka og nettstaden kjem i første omgang ut på norsk. Med tida vonar vi å kunne publisere delar av dette stoffet på fleire språk på nettstaden.

Som førre boka bygger også denne på eit utal av skriftlige og munnlige kjelder, og i tillegg har ei mengde representantar for forskjellige organisasjonar og institusjonar tatt seg tid til å svare på spørsmål frå meg om arbeidet deira med mineralspørsmål. Dei er for mange til å nemne med namn, men hjertelig takk til alle som har bidratt.

Typisk norsk å vere god?

INNLEIING

Gro H. Brundtland og Ellen Anne O. Hætta

Typisk norsk å vere god. Kanskje også typisk nok å ikkje ha folkeskikk overfor den samiske befolkninga? Gro Harlem Brundtland blei 1. mai 1979 oppkledd i samedrakt da ho skulle holde 1. mai-tale i Finnmark. Her i møte med Ellen Anne Hætta frå Máze, som demonstrerer mot planane om utbygging av Alta-Guovdageaidnu-vassdraget.
(Foto: Kåre Tannvik)

«Det er typisk norsk å være god». Dette berømte sitatet frå daverande statsminister Gro Harlem Brundtland i nyttårstala 1992 kan stå som motto for norsk mineralnæring sin presentasjon av seg sjølv, og for norske styresmakter sin presentasjon av næringa. Det som er norsk blir pr. definisjon godt, og når det er godkjent av norske styresmakter er det også pr. definisjon miljøvenlig.

Marknadsføring av ressursar

Gro H. Brundtland og Ellen Anne O. Hætta

Náránašsteinen eller masikvartsitten i Guovdageaidnu blei i 1992 omtalt i Altaposten som «et mange milliarders funn som kan danne basis for nye arbeidsplasser langt inn i neste århundre». Milliardane har latt vente på seg, men drifta her har så langt ført til ein konkurs og til eit stort underskot i kommunekassa.
(Foto: Kåre Tannvik)

Vanligvis tenker vi at marknadsføring går ut på å framheve kor godt eit produkt er, slik ein sel frosen fiskegrateng eller smarte mobiltelefonar. Men for bergindustrien er det ikkje i første rekke jernsliget, kopparkonsentratet, titandioksydpulveret eller pukksteinen som skal marknadsførast.

Det første som skal marknadsførast er sjølve ressursen, som må framstillast som stor, rik, av topp kvalitet og lett tilgjengelig. Ei melding om funn av mineral verd fleire milliardar og ei gruve som vil gi fleire hundre arbeidsplassar slår lett gjennom i media. Nokre media er nært knytte til næringsinteresser og bidrar gjerne med oppslag som kan sette fart på aksjehandelen. Andre media har ikkje same eigeninteresse av dette, men lar seg likevel bruke fordi journalistar og redaktørar svært sjeldan har nok bakgrunnskunnskap og kritisk sans til å sette spørjeteikn ved det mineralselskapa serverer dei. Med oppslag om «milliardverdiar» og «gruveeventyr» vil investorar frå nær og fjern strøyme til for å få aksjar i gruveselskapet, og aksjeverdien flyg til himmels. Kanskje nokon til og med vil kjøpe opp rettane, så finnarane eller dei første rettshavarane kan sitte igjen med eit høvelig overskot. For mange prospekteringsselskap er det over med det. Har dei fått seld aksjane, kan dei leve glade dagar og eventuelt leite fram eit nytt prosjekt som kan drivast fram og seljast. Nokre selskap har spesialisert seg på dette, og vil ikkje sjølve drive gruver, da dei ser det som for risikabelt. Det er meir å tene på marknadsføring overfor aksjemarknaden.

Vellukka mediaoppslag kan bidra til at lokalpolitikarar og offentlige organ tenker at dette må vi satse på, her må vi legge forholda til rette for utvinning. Vidare kan det bli lettare å få finansiering frå bankar og næringsfond. Det kan til og med bidra til at styresmaktene revurderer fredingstiltak som kunne hindre tilgang til ressursane. Eit eksempel frå næringslivsnettavisa E24: «Miljøverndepartementet skal nå avgjøre om det mineralrike området Ráitevárri i Karasjok skal vernes. Blir området vernet, kan det bety tapte milliardinntekter fra gull og kobber.»[1]

Marknadsføring av prosjekt og prosess

Marknadsføring av sjødeponi. Frå presentasjon ved Nussir-direktør Øystein Rushfeldt.på gruvekonferansen Fennoscandian Exploration and Mining i Finland, november 2015.
(Foto: SL)

Sjølv om finnaren eller kjøparen har undersøkingsrett og kanskje til og med ein formell utvinningsrett, er det ikkje bare å sette i gang. All gruvedrift er avhengig av offentlig løyve. Reguleringsplan må godkjennast av kommunen og vidare skal forskjellige sider ved prosjektet godkjennast av direktorata for miljø og mineral. Sidan det lett blir strid om gruveprosjekt på grunn av moglege miljøskadar og kollisjon med andre næringar, er det viktig å ha opinionen og ikkje minst politikarane med seg. Prosjektet må derfor marknadsførast overfor kommune og lokalbefolkning, vidare overfor dei organa som skal gi løyve til reguleringsplan, utsleppsløyve og driftskonsesjon. Også her er det viktig å framstille ein usedvanlig rik og stor ressurs. Men no kjem også andre moment inn. For kommunar og lokalsamfunn er det særlig viktig at prosjektet vil gi mange arbeidsplassar og store skatteinntekter. Dette står sjølvsagt i motsetning til at gruveselskapet vil drive fram minerala med færrast mogleg og billigast mogleg tilsette og betale minst mogleg skatt, men skitt la gå, hensikta heiligar midlet.

Eit problem for mineralnæringa er at mange har røynsle med mineralutvinning frå før. Dei har sett, eller i alle fall hørt om, forgifta vatn, elver og fjordar, dei har sett dei store inngrepa i naturen og dei gamle gruvene der lite er rydda opp. Både i Noreg og internasjonalt har gruvenæringa eit dårlig rykte. For nye gruveplanar er det derfor nødvendig med marknadsføring av prosessen, der utvinning, oppreiing og deponering blir framstilt som fullstendig utan skadeverknadar for miljøet. Samtidig gjeld det å nytte eit kvart høve til å framstille også sjølve produkta og bruken av dei som miljøvennlige. Når ein først har definert fornybar kraft som grøn, er steget kort til også å definere dei sjeldne jordartsmetalla som brukast i vindmøller og elbilar som grøne metall, kvarts til solceller som grønt mineral osv., uavhengig av kva miljøproblem uttaket av desse minerala måtte føre med seg.

Denne marknadsføringa har ein del gruveselskap og organisasjonane deira heva til eit imponerande høgt nivå. Dei har blitt meistrar i å bruke honnørord. Det finst knapt eit gruveselskap som ikkje framstiller seg sjølv med ord som «bærekraftig», «miljøvennlig» og «grønt».

Ein marknadsførar i særklasse

I «Gull, gråstein og grums 1» synte vi litt av marknadsføringskunstane rundt nokre av dei omstridde gruvene. Eit selskap er i så måte i særklasse. Nordic Mining sitt hovudprosjekt er ei rutilgruve i Engebøfjellet, som i løpet av driftstida er berekna å gi eit utslepp til Førdefjorden av 250 mill. tonn avgangsmasse, med til saman omlag 135 000 tonn kjemikaliar. [2] Selskapet har til fulle forstått at for å få ei tilslutning til dette i opinionen og forvaltninga trengst det kraftig marknadsføring og propaganda, og ein har vald ein offensiv taktikk med å framstille både prosessen og produktet som særs miljøvennlig. På internett har Nordic Mining, direkte eller indirekte tre nettstadar til hjelp; selskapet si offisielle side for ekstern informasjon[3], ei side berekna for aksjonærar[4], og ei spesielt for å forsvare sjødeponiet i Førdefjorden[5].

På den offisielle sida presenterer Nordic Mining seg under slagordet «Environment – Safety – Innovation» (Miljø – Tryggleik – Fornying) og skriv at Engebø vil bli «et flaggskip innen miljøvennlig gruvedrift» og «sannsynligvis Europas mest miljøvennlige gruve og verdens mest miljøvennlige sjødeponi». Nordic Mining har sjølv tatt seg retten til å definere orda dei brukar: «Definisjonen på bærekraftig sier bl.a. at man skal skape økonomisk vekst uten å bryte loven.»[6] Ut frå dette definerer ein så miljøorganisasjonar som ikkje-bærekraftige, da dei hindrar økonomisk vekst og bryt lova gjennom aksjonar, og konkluderer med at «burde kanskje miljøvernorganisasjoner legges ned asap [7]

Nordic Mining har også andre prosjekt på gang, desse blir alle framstilt som svært gode miljøprosjekt:
– ̣Ụtvinning av høgrein kvarts i Hordaland skal brukast i produksjon av solceller og miljøvennlige lyspærer.
– Gudvangen Stein gir «mineraler til steinull som gjennom isolasjon av bygninger er et av de aller viktigste klimatiltakene.»
– Litiumutvinning i Finland vi gi «moderne miljøvennlige batterier for el- og hybridbiler.»


Nettstaden for aksjonærar blir presentert slik: «Denne nettsiden har som formål å samle inn og referere til viktig informasjon for NOM-aksjonærer. Innholdet skal være faktaorientert og gi sammenlignbar informasjon.» Vi ser at i ein utsett bransje som mineralnæringa må det og drivast marknadsføring overfor aksjonærane, for at dei skal halde oppe motet sjølv om det er liten framdrift i prosjekta, og for at dei skal tru på det dei driv med trass i all kritikken som kjem fram. Ein del av marknadsføringa er å framstille det slik at prosjekta i framtida vil gi ei sikker inntekt. Til dette har ein laga ei «verdivurdering» som ikkje bare seier kva ressursar som er i berget, men reknar ut nesten på øret kor mye aksjonærane vil kunne tene på dette nokre år fram i tida. Den mest fantasifulle forteljinga her er opphausinga av prosjektet «Øksfjord Peninsula». Dei har funne nokre gull- og platinakorn i grensestrøka mellom Troms og Finnmark[8], noko som får selskapet å sjå milliardar mens ordførarar ser arbeidsplassar og skatteinntekter. No er det enno høgst usikkert om dette er drivverdig og om dei i så fall vil få løyve, men det hindrar ikkje Nordic Mining frå å sette opp ei ferdig verdivurdering for kva aksjonærane vil tene ved årlige uttak på høvesvis 1, 5, 10 og 25 millionar tonn! [9]

Nordic Mining er slett ikkje aleine om å bruke miljøkortet i marknadsføringa. Dei har fått skarp konkurranse av det engelske selskapet Kodal Mining, som i Vestfold skal skape ei jern- og fosfatgruve som blir «den mest miljøvennlige gruva i verden».[10] Kva som er så miljøvennlig med eit ope dagbrot, to store dammar for våt gruveavgang og kassering av viktige ressursar i malmen fordi dei for tida visstnok ikkje er lønsame å ta ut, det er ikkje så lett å forstå.

Staten som marknadsførar

Frå mineralstrategien – store ord, men kva med praksis?. Ei side i Strategi for mineralnæringen. Nærings- og handelsdepartementet 2013.

Det har blitt ei statlig oppgåve å bidra ikkje bare til at norske mineralbedrifter får seld produkta sine, men også til at dei får seld aksjar og at utanlandske selskap investerer i norske mineralrikdommar. Dette er ei av oppgåvene til noko som har fått det gode norske namnet «Invest in Norway». Sidan norske oljepengar av uforståelige grunnar ikkje kan brukast i Noreg, er det bare utanlandske pengar som kan brukast her, og dersom vi skal ha eit næringsliv i Noreg, må vi derfor invitere utlendingane til å etablere det, eller til å kjøpe opp det som enno måtte vere på norske hender. Staten bidrar derfor både til å få utlendingar til å investere i Noreg, og til å få norske selskap til å investere i utlandet.

Ein kan kalle det marknadsføring, eller ein kan kalle det propaganda. Resultatet er det same. Staten bidrar med marknadsføring både av ressursar, produkt, prosjekt og prosessar. Marknadsføringa av ressursane er det i stor grad Norges geologiske undersøkelse (NGU) som står for, med å servere tal over kva som finst i norske fjell, ikkje som tonn eller kubikkmeter av dei forskjellige minerala, men direkte i kroner. 2500 milliardar kroner finst det i norske fjell, bare i dei prosjekta som NGU sjølv har definert som av nasjonal interesse. Og når vi har slike verdiar, så seier det seg sjølv at vi må ta dei ut. Kva det vil koste å ta dei ut, og kva det vil koste andre næringar og naturen, det er ei heilt anna sak, som ikkje bør forstyrre verdien av det store marknadsføringsstuntet. NGU veit da også godt kven dei er mest tent med å samarbeide med. Dei får ein del gode og driftsmiddel frå gruvebransjen, frå miljøbransjen er det lite å hente.

Marknadsføringa av den miljøvenlige mineralnæringa kjem ikkje minst fram i mineralstrategien. I ein kommentar til denne sa stipendiat ved Arkitekthøgskolen, Kjerstin Uhre i eit intervju med NRK: «– Mineralstrategien tømmer språket for mening. Ord som dialog, kunnskap, hensyn, bærekraft, og sameksistens er tømt for den allmenne oppfatningen av hva de ordene betyr, og fylt med et nytt meningsinnhold.» [11] Som eksempel på bruk av honnørorda trekk ho fram dette sitatet frå mineralstrategien: «Det er av stor betydning å skape et grunnlag for sameksistens mellom mineralnæringen, samiske interesser og andre berørte næringer og interesser. Det legges vekt på å finne løsninger for sameksistens basert på god dialog og en felles forståelse av utfordringene.» [12]

Gruveeventyret

Eit ord som det har gått fullstendig inflasjon i er «gruveeventyr». Ein liten sjekk på internett viser at i alle fall 39 forskjellige gruver eller gruveprosjekt i Noreg er omtalte med dette ordet. Dette gjeld alt frå gruver som var i drift i over 300 år, til luftige prosjekt som aldri har kome igang. Ordet er brukt om alle dei mest forureinande og omstridde gruvene i norsk historie, og om dei som har vore dei største økonomiske katastrofane. Ingen andre næringar kjem vel i nærleiken av å få alle sine gode og dårlige prosjekt omtala som «eventyr».

No kan jo ordet «eventyr» ha fleire meiningar på norsk, i ordboka finn vi:
1) spennande, usikker, farefull hending, ferd, tiltak e.l.; vågestykke
2) folkelig, oppdikta, ofte fantastisk forteljing utan tid- og heimfesting
3) noko underfullt, utruleg (vakkert, gildt); draum
[13] Ingen av dei media som brukar ordet «gruveeventyr» har brydd seg om å forklare kva for tyding av eventyr dei legg i det, men alt tyder på at dei legg seg nærast opp til det tredje alternativet, sjølv om praksis viser at «usikker, farefull hending» hadde vore meir dekkande, og ofte er vyane for kva som skal komme ut av malmfunna så store at det ligg nært opp til «oppdikta fantastisk forteljing».

Sjølv om det er typisk norsk å vere god, og kanskje også fantasifull, så er vi ikkje heilt aleine i verda om gruveeventyr. I Sverige blei «gruväventyret i Pajala» oppskrytt så seint som året før det endte med Nordens største konkurs med 14 milliardar kroner i minus.

Gruveinvesteringar kan gi eventyrlige vinstar, men tap og konkurs synest å vere like vanlig som at ein tapar på tipping og anna gambling. Dei som investerer i potensielle gruveeventyr er derfor folk som ikkje er redde for å tape. Det er ein del av leiken og spenninga. Det kan derfor virke noko paradoksalt når gruveselskapa sine organisasjonar krev at vilkåra for næringa må bli «forutsigbare».

Etisk standard og solidaritet

Det har vore mye merksemd om varer på verdsmarknaden som er produsert under helsefarlige forhold, med fryktelig forureining, av barnearbeidarar og arbeidarar som jobbar uforsvarlig lange dagar på svelteløn utan rett til å organisere seg. Som resultat av dette prøvar internasjonale selskap å marknadsføre at produksjonen deira held ein viss etisk standard. Med dei etiske retningslinjene for Oljefondet har Noreg, i alle fall i teorien, sett ein slags minstestandard. Når vi ser kva investeringar som slepp gjennom dette filteret, kan vi lure på om hovudverknaden av retningslinjene er å heve det etiske nivået, eller å bruke det påståtte etiske nivået i propaganda og marknadsføring.

For bergindustrien er det ikkje staten, men Norsk Bergindustri som har sett opp etiske retningslinjer. Som vi skal komme tilbake til lenger ut i denne boka, har desse òg i første rekke ein propagandaverknad. I praksis vil dei f.eks. ikkje hindre at mineralnæringa fortrenger samiske næringar, det skal bare skje på ein sivilisert måte, der det blir gitt tilbod om erstatning.

Mineralutvinning i Noreg står ikkje bare fram som grøn, men også som solidarisk med dei fattige i verda. Logikken er som så: Vi skaffar mineral som dei fattige landa treng for å utvikle seg. Dersom ikkje vi vinn ut minerala her hos oss med våre «høge standardar» for miljø og arbeidsliv, så vil dei bli utvunne i fattige land under elendige forhold, med barnearbeid og kvikksølvforgifting. Derfor er det solidarisk at vi tar oss av saka. Dette argumentet har slått an hos ein del politikarar og blant nokre samepolitikarar har det til og med fått ein eigen urfolksvri: Vi bør vinne ut minerala i Sápmi, for elles vil dei bli tatt ut i andre urfolksområde. Vi er derfor solidariske med andre urfolk om vi går inn for mineralutvinning i samiske område.[14]

Dersom ein verkelig meiner at ein ønsker å vise internasjonal solidaritet med mineralproduserande fattige land, er det spørsmål om det ikkje hadde vore betre å ikkje prøve å konkurrere prismessig med dei, men heller la ressursprisane stige med von om at fattige land får betre betalt. Det føreset sjølvsagt at desse landa har kontroll over eigen produksjon, og at ikkje alt hamnar i lomma på internasjonale konsern.

Argumenta om etisk standard og solidaritet er i dag i første rekke bidrag til å betre omdømmet til mineralnæringa i Noreg, både her heime og internasjonalt. Om norske mineral f.eks. blir produsert ved fortrenging av reindriftssamar og forgifting av fjordar, vil det ikkje vere god reklame når minerala og aksjane skal seljast. Derfor gjeld det for næringa å komme på offensiven og bruke honnørord som «etikk» og «internasjonal solidaritet» – så desse orda til slutt òg blir tappa for meining.

Marknadsføring av sjødeponi

 Ingen kan sjå det deponi under vatn. Ranfjorden med delar av hamna i Mo i Rana og kunstverket Havmannen av Antony Gormley.
(Foto: Sven Henriksen)

Marknadsføringa av norsk mineralnæring omfattar ikkje minst den metoden for deponering av avgangsmasse som i dag meir enn noko anna set Noreg på verdskartet. Av dei 12 sjødeponia som no er i drift i verda, er heile 6 i Noreg. Det er kanskje det einaste området der Noreg kan skryte av å ha like mye som heile resten av verda til saman. I Noreg er det nylig gitt løyve til to nye store sjødeponi. Denne lagringsmåten er heilt sentral i den norske mineralstrategien, og rekna som ein føresetnad for utvikling av mineralutvinninga i landet. Når så 12 norske miljø-, frilufts- og næringsorganisasjonar melder den norske regjeringa for brot på EU sitt vassdirektiv og 33 internasjonale miljøorganisasjonar protesterer mot sjødeponia, blir behovet for ei internasjonal anerkjenning akutt. Her har både Norsk Bergindustri og regjeringa satsa stort, særlig i 2014/15. EU hadde for vel 20 år sidan sjødeponi i heile fem medlemsland. Alle desse landa har no avvikla sjødeponia, tildels med økonomisk støtte av EU. Eit sentralt spørsmål for å få internasjonal anerkjenning er dermed å få metoden anerkjent av EU. På nettsida til tilhengarane av sjødeponi i Førdefjorden er det eit oppslag med tittelen «Europeisk bransjestandard for sjødeponi». [15] Dette gir inntrykk av at det finst ein slik standard, eller at det i alle fall er på veg. Med andre ord: Europa/EU godtar sjødeponi, det er bare snakk om å få ein standard for det. Men leser vi lenger ned, står det: «Dokumentet er spilt inn til «The European IPPC Bureau» i forbindelse med utarbeidelse av BREF (Best Available Technology Reference Documents) for deponering av restmasser.» Kven er det så som har spela inn dette? Jo, det er ingen ringare enn Norsk Bergindustri. Dei har bestilt utgreiinga frå mikrofirmaet KREC [16] , som har spesialisert seg nettopp på grønvasking av sjødeponi. Den europeiske bransjestandarden kokar altså ned til at Norsk Bergindustri ønsker seg at EU skulle hatt ein slik standard.

Nye alliansar

Behovet for anerkjenning for norske sjødeponi fører også til alliansar lenger ut i verda. Chile er verdas største kopparprodusent, og eit av dei få landa som dumpar avgang i sjøen. Gruveselskap og regjering i Chile har altså felles interesse med gruveselskap og regjering i Noreg for ei internasjonal godkjenning for å halde fram med og utvide bruken av sjødeponi. Nabolandet Peru har store gruver, og her er det også aktuelt å bruke sjøen til avfallsplass. Dette har ført til ein ny allianse mellom desse tre landa, og i juni 2015 blei det med støtte av regjeringane i Noreg, Peru og Chile halde ein internasjonal konferanse i Lima om verknadar av gruveavgang i marint miljø, der heile fire av talarane var frå Noreg, og der det norske synet var forsvart av representantar for Miljødirektoratet, NIVA, SINTEF og IRIS. [17] Motstandarane av sjødeponi i Noreg hadde sjølvsagt ingen plass på konferansen, som var sponsa av Norges Forskningsråd. Generalsekretæren i Norsk Bergindustri har også vore i Chile for «for kompetansebytting med Chile vedrørende deponiløsning». [18]

Mens motstandarane av sjødeponi i Noreg studerer miljøskadane ved sjødeponi i andre land, leitar tilhengarane tilsvarande etter materiale som kan vise at slike deponi er uskadelege. Nordic Mining kunne nylig melde: «Deep Sea tailings success in Indonesia» [19] Det gjeld ei koppargruve som årlig slepp ut omlag 50 mill. tonn avgang i sjøen. For å møte kritikken har det kanadiske gruveselskapet leigd inn eit australsk konsulentselskap, som har servert den konklusjonen dei er bedne om, at deponiet «viser ingen tegn til negative miljøkonsekvenser». Denne fantastiske konklusjonen blir så ukritisk brakt vidare av Nordic Mining, som brukar han for alt han er verdt og vel så det.

Ei god norsk mineralnæring?

Noko av hensikten med denne bokserien er nettopp å stille spørsmål ved om slagordet «Det er typisk norsk å vere god» gjeld for mineralutvinninga. (Om det gjeld i andre samanhengar skal vi ikkje ta opp her.)

I denne boka vil vi sjå på dei forskjellige leite-, utvinnings- og deponimetodane og kva verknadar dei har hatt og vil ha for naturen. Vi vil vidare sjå på kva næringa har gitt og kan gi av arbeidsplassar og skatteinntekter, på kva lovverk som gjeld, korleis forvaltninga fungerer og sist, men ikkje minst, kva organisasjonar og grupper som påverkar eller forsøker å påverke mineralforvaltninga og praksisen til mineralbransjen.

Fotnotar

[1] (link)
[2] Dette er nærare omtalt i bind 1 av denne serien. (link)
[3] http://nordicmining.com
[4] http://infonom.webnode.com Denne sida har som redaktør bare pseudonymet Pling! med e-postadresse, men på spørsmål svarar han at han er ein "uavhengig" aksjonær som driv nettstaden. Han kallar seg Kjell Aage, men oppgir ikkje etternamn. Domenenamnet webnode.com er registrert i Tsjekkia, og eg har så langt ikkje funne ut kven som har registrert infonom der.
[5] http://fjordaksjonen.no På sida er det ikkje oppgitt nokon redaktør, heller ikkje kontaktadresse, men i lokalavisa Firda står Øystein Moldsvor, Tiller i Sør-Trøndelag fram som ansvarlig. Moldsvor omtalar seg der som ein liten investor i Nordic Mining, men faktum er at investeringsselskapet hans har 1540522 aksjar pr. 01.01.2016. Denne sida er tydelig oppretta som motvekt til http://fjordaksjonen.org, med formål å sverte denne. Sida var i drift på adressa fjordaksjonen.no i alle fall 25.02.–01.08.2015, men frå oktober 2015 og ut året har ein blitt sett vidare til adressa http://fjordaksjonen.dyndns.org/fjord.
[6] Infonom
[7] «asap» er ikkje noko kjent ord i norsk, det står trulig her for engelsk «as soon as possible» eller «så snart som råd».
[8] Bergens Tidende 07.06.2012
[9] Infonom 29.12.2014: Verdivurdering Øksfjord Peninsula
[10] Sandefjords Blad, 14.11.2014
[11] NRK Sápmi 21.02.2013
[12] NHD: Strategi for mineralnæringen, s. 12.
[13] Nynorskordboka. Samlaget 1993
[14] Geir Tommy Pedersen på landsmøte i NSR 2012: – En stor del av verdens mineralreserver ligger i urfolksområder. Da kan ikke vi samer bare si nei til utvinning i egne områder, samtidig som vi fortsetter å storforbruke av klodens felles mineralressurser. Da stjeler vi fra andre urfolk. Kjelde: Sagat, lenkja ikkje lenger tilgjengelig
[15]
[16] Kjeøy Research and Educational Center. Omtalt i bind 1 i kapitlet om Kvalsund og i kapitlet om forsking lengre ut i denne boka.
[17] GESAMP International Workshop on the Impacts of Mine Tailing in the Marine Environment 10-12 June 2015
[18] Norsk Bergindustri
[19] Infonom 07.07.2015
[20] Ein representant for konsulentselskapet som gruveselskapet hadde leigd inn presenterte dette deponiet på konferansen i Peru 2015. Sjå: Environmental Impact assessment, permitting and monitoring process for DSTP in Indonesia – The Batu Hijau Project. Sjølv om denne presentasjonen gir eit svært positivt bilde av gruva og deponiet, gir den ikkje grunnlag for påstanden om at deponiet i det heile ikkje har hatt negativ verknad på naturmiljøet. Det er ikkje gjort vitskapelige undersøkingar av nøytrale institusjonar, men lokale fiskarar har klart merka resultata av deponiet, sjå Jakarta Globe