Bilde på forsida av boka:
Den første demonstrasjonen mot planene om sjødeponi i Repparfjorden, 21.02.2013
(Foto: Basia Głowacka)
29.03.2014 arrangerte Naturvernforbundet demonstrasjon mot sjødumping utafor Stortinget. Blant deltakarane var det mange som kom frå området rundt Førdefjorden.
(Foto: Svein Lund)
Da mineralstrategien i 2013 opna for meir bruk av sjødeponi, blei denne plakaten sett opp ved slamdeponiet i Langfjorden ved Kirkenes.
(Foto: Naturvernforbundet i Sør-Varanger)
Presentasjonar av Gull, gråstein og grums – 1
Kommentarar, rettingar og tillegg til "Gull, gråstein og grums – 1"
Gjennom fleire tusen år har utvinning, foredling og bruk av mineral vore sentralt for menneska si livberging og samfunnsutvikling. Mye av minerala som er utvunne kan gjenvinnast, men likevel må vi også i framtida rekne med å ta ut store mengder av forskjellige mineral, både av slike vi tradisjonelt har brukt og slike som vi enno ikkje har kunna nytte oss av.
Samtidig har mineralutvinning hatt sine baksider for folk og natur. Mineralutvinning har ført til ufattelig rikdom for nokon, men slit, sjukdommar og fattigdom for andre. Over heile verda har folk som har levd av naturen mista levegrunnlaget sitt på grunn av naturinngrep og forureining knytt til gruvedrift. Dette er ikkje bare historie, men skjer i dag i alle verdsdelar.
Dei rikaste og lettast tilgjengelige mineralressursane, særlig av metallmalmar, er for lengst tømde og etter kvart blir det drive på stadig fattigare malm. Ofte blir bare ein liten prosent, promille eller nokre få milliondelar utnytta, mens resten blir behandla som avfall, som skaper problem der det blir lagra eller dumpa, anten det er på land eller i vatn. Utfordringa ligg i å skape ei mineralnæring som skaffar oss dei nyttige minerala utan at å øydelegge naturen og dermed livsgrunnlaget for menneska. Det betyr at vi må velje meir skånsame utvinningsmetodar og ikkje minst at langt større del av det vi tar ut må bli utnytta.
Bok- og internett-prosjektet Gull, gråberg og grums vil gi nokre glimt av kva gruvedrift har betydd og kan komme til å bety i Noreg. Under arbeidet med dette har det blitt stadig klarare at emnet er for stort til å få plass i ei bok, og at for å kunne gi ei framstilling av mineralutvinninga sett frå mange sider, trengst det meir tid. Det har derfor vore nødvendig å gjøre ei oppdeling, og i første omgang gir vi ut ei bok med utgangspunkt i dei gruvene eller gruveprosjekta som det har vore spesielt mye strid om.
Samtidig med at denne boka kjem ut, blir innhaldet publisert på nettstaden http://gruve.info. Der vil du òg finne noko tilleggsmateriale som ikkje har fått plass i boka, samt tilvisingar til dei skriftlige kjeldene som denne boka bygger på, og til vidare lesing.
Plakat utafor kommunestyremøtet i Guovdageaidnu som sa nei til gruve i Biedjovággi. Parola på samisk tyder "Rein framtid".
(Foto: Carl-Göran Larsson, NRK)
For å skrive om mineralutvinning skulle ein helst ha gode kunnskapar innafor ei rekke fagområde. Allereie i den klassiske læreboka i bergverksdrift, De re metallica frå 1556, slår forfattaren Agricola fast at bergmannen måtte vere kyndig i filosofi, medisin, astronomi, måling, reknekunst, byggekunst, teiknekunst og rettslære. Mye av dette gjeld enno, og vi kan trygt legge til geologi, kjemi, biologi og økonomi. I tillegg bør både den som planlegg bergverk og den som skal skrive om det ha kunnskap om dei næringane som kan bli ramma av verknadane frå mineralutvinning, slik som mellom anna fiske og reindrift. No finst det knapt nokon som er ekspert på alle desse områda, og sjølv er eg ikkje ekspert på nokon av dei. I denne boka og i prosjektet vidare bygger eg derfor på eit utal av munnlige og skriftlige kjelder. Eg har tråkla saman det folk har fortalt og forsynt meg uhemma frå det eg har funne på papir og internett.
Denne boka hadde aldri blitt til utan hjelp av svært mange. Så eg vil takke alle kjente og ukjente, bedrifter, institusjonar, organisasjonar og privatpersonar, som har lagt det grunnlaget som boka bygger på, som har delt av kunnskapane sine på forskjellige fagområde og røynslene sine frå mineralutvinning, og til dei som har lese gjennom større og mindre delar av manuset og kome med korrigeringar og gode råd undervegs. Eg kan ikkje få med alle, men det er tre som må nemnast spesielt.
– Sigbjørn Skåden, som har besøkt Førdefjorden, gjort intervju og lagt grunnlaget for kapitlet om gruveplanane der.
– Mads Løkeland, som har forsynt meg med ei mengde dokument, lese faglig og språklig korrektur og har mye av æra for at det ikkje er enno fleire feil i boka.
– Hallvard Eide, som har sendt meg ei mengde materiale, ausa av dei utrulige kunnskapane sine om geologi og mineralutvinning i Noreg og inspirert meg til å tru på at det finst betre måtar å drive mineralnæring på.
Like etter at eg byrja arbeidet med denne boka skjedde det eit historisk vedtak i kommunen der eg bur. Eit fleirtal i kommunestyret i Guovdageaidnu synte at vi ikkje treng å godta alle idear frå gruveselskapa, men at vi har plikt til å verne naturen og dei eksisterande naturbaserte næringane. Eg vil derfor spesielt tileigne boka til dei ti representantane som sa nei til planen for ny gruvedrift i Biedjovággi.
Nokre ord om språk og stadnamn i boka. Boka og nettsida kjem i denne omgang bare på norsk. Det hadde vore ønskelig å fått dette ut også på andre språk, i første rekke samisk og engelsk, men utan støtte til omsetjingsarbeid har det dessverre ikkje latt seg gjøre enno. Eg har latt sitat på svensk, dansk og bokmål stå i original, men sitat frå kjelder som opphavlig er skrive på samisk eller engelsk har eg omsett til nynorsk. Originalteksten er da å finne som fotnotar i nettutgåva. Ein stor del av boka handlar om hendingar i samiske bruksområde, der mange stadnamn bare finst i samisk form, mens andre og finst i fornorska eller heilnorsk parallellform. Det gjør at ein ofte må velje mellom namn og namneformer. På eine sida er dei norske formene mest kjent av dei fleste, på andre sida syns eg det er viktig å trekke fram dei samiske namna der dei finst, for å understreke at her faktisk er samisk tradisjonelt bruksområde og at ein ikkje kan behandle spørsmål om mineralutvinning her utan å ta omsyn til samisk kultur og samiske rettar. Eg har vald å bruke vesentlig norske namn, der slike finst, men sette samiske namn i parentes første gongen eit stadnamn opptrer i teksten. Unnataket er Guovdageaidnu (Kautokeino) kommune, der eg har brukt dei samiske namna som hovudform.
Det har tatt bortimot to år frå eg byrja å skrive fram til manuset til første del no blir levert til forlaget. I løpet av denne tida har det skjedd svært mye som har gjort at det har vore behov for stadig oppdatering. Men ein gong må ein sette sluttstrek, og denne er sett til midten av april 2015. Det som har skjedd etter det har ikkje kome med i boka, men eg vonar å kunne oppdatere ein del på nettstaden.
Det som blir utgitt her er bare ein knapp tredel av det materialet som er samla så langt. Vi vonar i løpet av eit år eller to å kunne gi ut to band til, men det er avhengig av meir støtte til utgivinga. Dei som har gode idear om vidare finansiering må gjerne kontakte forfattar eller forlag.
På Norsk Bergverksmuseum står denne modellen som viser aktivitetar i og rundt sølvverket på Kongsberg. Det er trulig laga i Fredrik 5.si regjeringstid (1746-66)
(Foto: SL)
Deretter følgde sterkt varierande tider for gruvedrifta, men halvtanna århundre etterpå var det på ny sterk optimisme:
«Oppgangsårene på slutten av 1800 tallet og begynnelsen av 1900 tallet var det en voldsom ekspansjon av tilreisende gruveeksperter. ... ekspansjonen er fullt forståelig når man leser det de såkalte gruveekspertene rapporterte over våre malmforekomster. Ekspertene, såkalte «mining engineers», var mest innflyttende utenlandske personer som kom til landet. Det var engelske, tyske, franske, østerrikske, belgiske, svenske, amerikanere osv. Alle var tiltrukket av overdrevne forstillinger om størrelsen og verdien av våre malmforekomster. Suksessen og framgangen i Sulitjelma, Bossmo og Dunderlandsverket skapte en enorm optimisme blant de tilreisende. Bakom dette igjen var den en hektisk oppjaget tro på at alt var i oppgang, i stigning og at alt man tok tak i skulle lønne seg. Risiko og rolig nøktern vurdering ble skjøvet til side for ønsketenkning. Hvis en «mining engineer» fant en malmstripe her og der med kanskje noen kilometers avstand, var de ikke i tvil om at de var sammenhengende, og dermed kom beregningene opp i milliontall. Bøckman utrykker en delvis sannhet i amerikanernes brutale karakteristikk: Liar, damned liar, mining engineer. Tidsånden får ta litt av skylda for mange av problemene som oppstod. Myndighetene våre var like preget som resten av verden med en overdreven forestilling om verdien til malmforekomstene våre, som mange andre plasser i verden.»[2]
Ved neste hundreårsskifte var situasjonen totalt endra: «Fremtiden for norske malmgruver er ikke bare lys. Rett etter siste verdenskrig var det 33 gruver i drift, i dag er det bare tre igjen. Det er også lite håp om at det kommer i gang ny virksomhet, selv om flere aktører driver aktiv prospektering i noen få områder. I utlandet finnes det gruver med både store reserver og rike malmer, de globale utvinnbare malmreservene har aldri vært større enn i dag, og reservene øker stadig. Fraktkostnadene utgjør relativt sett en mindre del av totalkostnadene til sluttbruker. Dette bidrar til at prisnivået på metaller de siste ti årene har vært nedadgående om vi inkluderer inflasjonen. Nye forekomster må være store og dagnære eller særdeles rike for å kunne utnyttes økonomisk. Denne situasjonen har redusert interessen for malmleting i Norge betraktelig både fra det private og det offentliges side. ... I dag finnes det med et par unntak ikke en eneste norsk malmressurs som er tilstrekkelig stor, og med gehalter som gjør den drivverdig.»[3]
Bare 13 år seinare var dei pessimistiske vyane for malmgruvene snudd til ei langt meir offensiv haldning: «Regjeringen ønsker at Norge skal være et attraktivt land å drive mineralvirksomhet i. Dette er bakgrunnen for at vi nå legger frem en strategi for mineralnæringen. ... Etterspørselen etter mineraler øker samtidig som mineralressursene blir mer krevende å finne og utvinne. Mineralindustrien globalt vil i økende grad ta i bruk forekomster med fattigere innhold av etterspurte mineraler.»[4]
Karakteristikken av gruveboomen for vel hundre år sidan kan nesten ordrett brukast også om situasjonen rundt 2010.
Regjeringa sin mineralstrategi av mars 2013 er uttrykk for at vi da var inne i ein ny gruveboom. Etter ein kraftig auke i metallprisane frå omlag 2005 eksploderte interessa både for utvinning av allereie kartlagde ressursar og for leiting etter nye. Fire større gruveprosjekt, som seinare skulle bli svært omstridde, blei lagt fram i perioden 2005–08. Samtidig kasta norske og utanlandske selskap seg over leiting etter nye mineral, og dette tok særlig av etter at den nye minerallova la forholda betre til rette for leiting. Eit ekstremt utslag er at eit kanadisk selskap i 2011 sikra seg leiterettar over omlag 5 % av Noreg og 25% av Finnmark.
Kva betyr det at Noreg skal vere eit attraktivt land å drive mineralverksemd i? Korleis kan Noreg bli attraktivt? Kva konkurransefortrinn er det styresmaktene våre vil utvikle? Desse spørsmåla prøvar eg å finne ut av. Her i starten vil eg bare lufte nokre moglege alternativ:
– Har vi spesielt rike og lett tilgjengelige mineralførekomstar?
– Gjør staten store delar av leitearbeidet og legg til rette infrastruktur for gruveanlegg?
– Har Noreg eit særleg enkelt system for å få utvinningsløyve?
– Er her ekstra billig arbeidskraft?
– Er det mindre skattar og avgifter enn i andre land?
– Eller kan det vere at miljøkrava her er lågare enn hos konkurrentane?
Like etter at kommunalminister Jan Tore Sanner sa ja til reguleringsplanen for koppargruver i Kvalsund, besøkte han Guovdageaidnu, der han blei møtt av demonstrantar frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.
(Foto: SL)
Av naturinngrep i Noreg har det tidligare vore relativt liten merksemd omkring gruvedrift, samanlikna med f.eks. oljeutvinning og vasskraftutbygging. I løpet av 1900-talet var det bare éin miljøaksjon mot gruver, mot Titania sitt sjødeponi på 1980-talet. I samiske område, og særlig på Finnmarksvidda, var det på 1990-talet motstand mot leiting etter gull, og Sametinget gikk også mot den nye minerallova. Nokre stadar var det og eit lokalt engasjement mot avrenning frå gamle gruver. Men da gruveboomen tok av rundt 2006 fanst det ingen eigne grupper eller organisasjonar som arbeidde med gruver og miljø, verken lokalt eller på landsplan, og dette var heller ikkje ei sak som miljøorganisasjonane hadde noko stort engasjement i.
Først i løypa i gjenopning av gamle gruver var Sydvaranger Gruve, og her var òg det første organiserte engasjementet mot utslepp av gruveavfall, med Folkeaksjonen mot giftutslipp i Bøkfjorden. Like etter utvikla det seg motstand mot gruveplanar både i Kvalsund (Fálesnuorri), Guovdageaidnu (Kautokeino) og i Førdefjorden. Det utvikla seg skepsis og etter kvart motstand mot den nye gruvesatsinga, både innafor offentlige organ, i etablerte miljø- og friluftsorganisasjonar, samiske organisasjonar og blant folk flest i lokalsamfunna. I Finnmark blei det sommaren 2013 oppretta ein fellesaksjon mot forureining frå gruver. (link) Men framleis mangla det ein felles kunnskapsbase som grunnlag for å kunne utvikle og fremme ein alternativ mineralpolitikk. I november 2013 arrangerte Naturvernforbundet ein konferanse for å sette søkelys på forskjellige sider ved tidligare, noverande og framtidig gruvedrift.(link) Materialet frå denne konferansen er noko av grunnlaget for denne boka og nettstaden.
Den eldste metallgjenstanden som er funne i Noreg er denne kopparkniven, som er rekna å vere omlag 4000 år gamal. Han er funne i Varanger og utstilt ved Varanger Samiske Museum
(Foto: SL)
Mineralutvinninga i verda har ei historie som går fleire tusen år tilbake i tida. Heilt frå den første utnyttinga av metall til reiskap, våpen og pyntegjenstandar, har metall og metallgjenstandar vore handelsvare over lange strekningar. Den eldste gjenstanden av metall som er funne i Noreg er ein kopparkniv som er rekna å vere 4000 år gamal. Han blei funne i Varanger i Finnmark og no er utstilt i Varanger samiske museum (Várjjat sámi musea). Frå den tida som seinare historikarar har gitt namnet bronsealderen, veit vi at områda som no kallast Cornwall i England og Bretagne i Frankrike forsynte heile Europa og vel så det med tinn til bronselegeringar.
Med jernalderen blei det mogleg å produsere våpen som kunne brukast i erobringskrigar og røvartokt, og nordiske vikingar røva og koloniserte med jern frå myrer i Noreg og Sverige. Jern blei òg ein eksportartikkel. Blant bytta frå vikingtokta var gjenstandar av gull, sølv og andre metall, produkt frå metallutvinning i andre land.
Med europearane sine store oppdagingar frå slutten av 1400-talet gikk den internasjonale metalltransporten inn i ein ny epoke. Frå Sør- og Mellom-Amerika rana spanjolar og portugisarar enorme mengder gull som dei amerikanske urfolka hadde utvunne, for deretter sjølv å vidareføre eller sette i gang gruver der, og tvinge urfolka til å jobbe i gruvene. Ved koloniseringa av Afrika, Australia og store delar av Asia spela utsiktene til metallrikdomar ei stor rolle. Noverande Ghana blei kalla Gullkysten, og her hadde Danmark-Noreg ein koloni frå 1600- til 1800-talet, og frå denne tok dei ut gull, slavar og elfenbein. Sør-Afrika blei eit av dei viktigaste områda for mineralutvinning, bl.a. av gull og diamantar, basert på hard utbytting av svarte gruvearbeidarar, og gruveselskapa støtta opp om og tente grovt på apartheidsystemet som var offisiell politikk heilt til 1994. Mineralutvinning var også viktig i Russland si gradvise erobring av Sibir og koloniseringa av områda til dei forskjellige urfolka der.
Jerngruva som det britiske selskapet Beowulf vil starte i Jokkmokk (Jåhkåmåhkke, Dálvvadis) i Sverige har møtt stor motstand. Her har motstandarar stengt anleggsvegen sommaren 2013.
(Foto: Henrik Blind)
Kor er så Norden i denne historia? Ofte er det lett å bli nærblind, ein ser lettare samanhengen mineral og kolonisering i fjerne verdsdelar enn i nærområdet. Vi går først til nabolandet vårt, til oppbygginga av malmfelta som også er grunnlaget for byen Narvik (Áhkanjárga): «Det finns stora skillnader, men också några fascinerande paralleller, mellan den europeiske erövringen av Nordamerika och integrationen av de norrländska malmfälten med det övriga Sverige. I båda fallen trängdes ursprungsbefolkningen undan och ett extensivt utnyttjande av naturen fick vika för ett intensivare industriellt. I båda fällen finns en föreställning hos de nya invånarna om at landet låg ledigt och att det i själva verket var en dygd att göra något av det.»[5]
Kan vi snakke om kolonisering også i historia om den norske mineralnæringa? Spørsmålet har lege i bakhovudet når eg har leita i historia om forskjellige gruveprosjekt: Har desse gruvene blitt etablert i ledig land, eller har nokon blitt fortrengt? Har jakta på mineral hatt trekk av kolonisering, har mineralnæringa gjort Noreg og ikkje minst det NORSKE Noreg større? Eg vonar nokre av historiene eg trekk fram her vil bidra til eit svar.
Dagens mineralindustri er i høgaste grad internasjonal. Minerala er svært ulikt fordelte i verda, og det meste blir derfor utvunne i andre land enn der det blir brukt. Gruvenæringa er dominert av store multinasjonale konsern. Tidligare dominerte selskap frå dei gamle europeiske kolonimaktene. Etter kvart har settlarstatane i stor grad overtatt. Kanadiske og australske selskap, eller internasjonale selskap registrert i desse landa, er på frammarsj over heile verda. Gruveselskapa konkurrerer på ein og same marknaden, og konkurransen er hard om å drive billigast mogleg, for å få størst overskot. Å drive billigast mogleg handlar delvis om effektiv teknologi, men vel så mye om billigast mogleg arbeidskraft og ikkje minst om å sleppe å ta fordyrande miljøomsyn. På denne arenaen konkurrerer selskapa som driv mineralleiting og utvinning i Noreg, og det er slike selskap som Noreg skal konkurrere om å vere attraktive for.
Urfolk på Filipinene demonstrerte i 2011 mot minerallova som lar utanlandske gruveselskap få eigedomsrett på Filipinene.
(Foto: Rouelle Umali)
I 2013 blokkerte urfolkskvinner i Guyana ein anleggsmaskin frå å komme inn i Marudi-fjella og starte gullgruvedrift.
(Foto: Amerindian Peoples Association.)
Den internasjonale mineralnæringa si historie har mange stygge og blodige sider. Multinasjonale gruveselskap driv også i dag rovdrift på både arbeidarar og natur. Mange tusen gruvearbeidarar har møtt døden i gruvene og fleire tusen gjør det årlig. Over heile verda blir dyrka mark, beiteland, skog, drikkevasskjelder, fiskevatn, -elver og -fjordar øydelagt for generasjonar av forgifting, og folk blir fordrive. Folk som har protestert mot dette har ofte blitt undertrykt hardt, både av statlig og privat valdsapparat. (link1) (link2) Denne historia er i liten grad samla og nedskrive, i alle fall på dei språka som blir brukte i Norden. Her skulle gjerne vore med noko meir av den internasjonale gruvehistoria, men vi startar med Noreg og kanskje nokon kan bli inspirert til å skrive ei fortsetting med eit meir internasjonalt perspektiv.
I 2009 var urfolksorganisasjonar og støttespelarar frå 35 land samla til konferanse [6] i Manila om utvinningsindustrien og urfolka. I erklæringa frå konferansen heiter det at over 60 % av dei ettertrakta mineralressursane i verda ligg i urfolksområde og at utnyttinga av desse ressursane har ført til dei verste formene for miljørasering, brot på menneskerettar, fordriving frå landområde og bidrag til klimaendringar. Deltakarane retta innstendige oppfordringar til urfolkssamfunn, til frivillige organisasjonar, til utvinningsselskap, investorar, statar og til FN om bidra til å gjøre slutt på dei overgrepa som blir gjort mot urfolk i samband med gruvedrift.
Er så dette aktuelt i Noreg? Mye tyder på det. Meir enn 40 % av landarealet er brukt av reindriftssamar, og ein stor del av gruvene frå Røros (Plassje) og nordover har lagt beslag på område som har vore brukt av reindrifta. I fleire av dei omstridde gruvene som er behandla i denne boka er det og strid med samiske fiskeriinteresser. Og noko av det mest omstridde ved den norske minerallova er forholdet til samerett og internasjonal urfolksrett.
På Tråk i Bamble i Telemark var det bly- og sink-gruver frå omlag 1540 til 1908. No har petrokjemisk industri overtatt mye av det gamle gruveområdet, og det er sett opp ei informasjonstavle i lag med ei gamal pumpe til minne om gruva som var her.
(Foto: SL)
«– Vi har en stolt gruvehistorie i Norge», sa daverande næringsminister Trond Giske i 2011. [7] Skal tru det? Jo, vi kan vere stolte over gruvearbeidarane som sleit i mørke gruvegangar og over kunnskapen til arbeidarar og ingeniørar, som gjorde det mogleg å konstruere gruvegangar, utstyr og maskinar til å få malmen ut av fjellet og gjort om til nyttige produkt. Men norsk gruvehistorie er òg historia om arbeidsulukker, om silikose, om mislukka prosjekt, spekulasjon og konkursar, og om elver, vatn og fjordar forgifta av gruveavgang og kjemikaliar. Kanskje ikkje like mye å vere stolt over, men her ønskjer eg å få fram begge sider.
Av litteraturen eg har kome over, har mye vore skrive av folk med eit nært og positivt forhold til mineralnæringa. Vinklinga til forfattarane har ofte vore prega av at ein har delt formålet til Norsk Bergforening, å «arbeide for et positivt omdømme for bergindustrien i Norge.» (link) Det har ført til at det har vore lettare å finne informasjon om framsida enn baksida på medaljen. Sjølv med ei kritisk innstilling kan desse kjeldene ha ført til at ein kan komme i skade for å gi eit for positivt bilde.
På andre sida er bakgrunnen for at eg har gitt meg i kast med dette prosjektet engasjementet mitt for naturvern. Det kan sjølvsagt igjen gi slagside den andre vegen.
Eg vonar alt i alt at informasjonen her skal vere nokolunde balansert og pålitelig, men eg må ta eit atterhald til: Dei skriftlige kjeldene om gruvesaker er ofte svært sprikande og særlig avisoppslag er prega av at skribentane har hatt dårlig bakgrunnskunnskap og ofte lite kritisk innstilling til det dei har fått servert. Ein del feil har eg klart å gjennomskode, men eg har ganske sikkert ikkje klart å luke ut alle feil i kjeldene. Lesarane bør derfor også lese dette kritisk, og eg ser gjerne at dei som finn faktafeil i teksten gjør meg merksam på det.
Ei av gruvene som vi ser på i del A er den største gruva i norsk historie: Sydvaranger i Bjørnevatn.
(Foto: SL)
Gjennom dette prosjektet ønskjer eg å skildre utviklinga av mineralutvinninga i Noreg gjennom tidene og dagens situasjon. Med bakgrunn i dette vil eg sjå litt framover, på kva slags framtid vi kan få dersom vi legg styresmaktene sine planar og mineralstrategien til grunn og om det finst noko alternativ til den utviklinga.
I dette første bindet ser vi på fem utvalde gruver og gruveprosjekt, og følgjer dei gjennom historia frå malmen blei oppdaga til dagens situasjon og planar for framtida. Desse eksempla illustrerer korleis gruveselskapa har gått fram for å få tak i minerala, korleis lovene og mineralforvaltninga har fungert og korleis gruvene har ramma eller truga andre næringar og naturmiljøet. Her er og lagt vekt på debatten og striden om desse gruveprosjekta skulle få starte opp eller få utvide produksjon og utslepp.
Planen vidare er å følge opp desse eksempla med meir allmenne spørsmål rundt teknologi, miljø, lovverk og aktørar i mineralnæringa. Strukturen er enno ikkje heilt fastlagd, men tanken er å ta opp desse emna:
– Leitemetodar, driftsmetodar og teknologi i gruver. Korleis kan forskjellige driftsmåtar gi forskjellige verknadar for miljøet? Kva blir gjort og kva kan gjørast for å rydde opp etter at drifta er over?
– Kva skjer med det som blir tatt ut av berget, men ikkje blir utnytta?
– Gruva som arbeidsplass, både ut frå arbeidsmiljø og som sysselsetting.
– Lover, forskrifter og konvensjonar som regulerer mineralutvinning i Noreg.
– Skattar og avgifter som samfunnet tar inn på gruvedrifta. Tener dagens system til å styrke eller svekke arbeidet for å redusere miljøskadane ved drifta?
– Forvaltningssystemet, dei offentlige organa som behandlar mineralspørsmål på forskjellige trinn i prosessen fram til løyve eller avslag for eit gruveprosjekt. Kva rolle har Sametinget, Finnmarkseiendommen og Statskog i mineralsaker? Kva aktørar påverkar mineralutvinninga?
– Leiting etter og utvinning av nokre av dei viktigaste minerala, både metallmalmar og ikkje-metalliske mineral, med eksempel frå ein del utvalde gruver og gruveplanar.
– Kva alternativ finst til den gruvedrifta som vi har sett hittil? Må all gruvedrift vere så skadelig at vi bør legge ned mest mogleg, eller finst det andre metodar som kan gjøre gruvedrifta om ikkje heilt grøn så i alle fall langt mindre skadelig enn i dag?
Det typiske for mineralnæringa både i Noreg og i andre land har vore ekstreme svingingar, mellom overstadig optimisme og investering som raskt har gått over i vidaresal, underskot og ofte konkurs. Nokolunde stabile bedrifter finst, men dei er unnataket. I knapt noka næring i verda har ein så liten del av dei selskapa som er starta klart å få i gang ei lønsam drift over tid. Knapt noko vare på verdsmarknaden har hatt slike enorme prissvingingar som mineral, særlig metall. Likevel synest verken gruveinvestorar eller politikarar å ta dette inn over seg. Straks prisutviklinga peikar oppover, satsar dei som om prisane skulle vekse inn i himmelen.
Da eg sommaren 2013 byrja dette arbeidet, var optimismen framleis stor. Regjeringa hadde nettopp lagt fram mineralstrategien og mineralnæringa jubla. Det var enno ikkje så synlig at mineralsatsinga hadde byrja å møte dei første motbakkane. Eit år seinare var bildet tydeligare og vi fikk mediaoppslag som «Investorer skyr Nord-Norges «framtidsnæring»» (link) og «Gruvebobla slår sprekker» (link) Ei årsak er at metallprisane har hatt ein fallande tendens sidan 2011. Ei anna årsak er motstanden mot nye gruveplanar, som har gjort at fleire prosjekt ikkje har kome igang etter planen.
Sommaren 2014 kom meldinga om at Store Norske har gravlagt avleggaren Store Norske Gull. Ikkje lenge etterpå starta media spekulasjonane om Sydvaranger Gruve snart ville gå konkurs. I oktober 2014 kom det fram at talet på aktive bergrettar hadde falle til 20 % av toppnivået i 2012. (link) Blant anna har Dalradian, som hadde undersøkingsrett på 5 % av Noreg, trekt seg heilt ut. Ein stor del av spekulantane som heiv seg på oppgangen for nokre år sidan har allereie hoppa av, men likevel kan vi ikkje konkludere at heile mineralnæringa har falle som ein skinnfell til jorda. Dei som allereie sit på større ressursar som kan gi grunnlag for langvarig drift vil nok ikkje gi seg så lett. Blant dei fremste er Nussir og Nordic Mining, som begge i april 2015 ventar på godkjenning av driftsplanar basert på dumping av enorme mengder gruveavgang i næraste fjord. I løpet av kort tid vil det bli avklart kva vilkår som vil gjelde ikkje bare for dei, men og for dei mange selskapa som vil hive seg frampå igjen når prisane på metallbørsen stig neste gong.
Talvivaara i Sør-Finland, den største miljøkatastrofa i nordisk gruvehistorie.
(Foto: Suomen Luonto / Mikko Maliniemi / Aviation Studio)
Det er ikkje bare Noreg som har vore ramma av gruveboomen. I Europa har internasjonale gruveselskap i første rekke kasta seg over Noreg, Sverige og Finland, da det er her ein reknar med mest unytta tilgjengelige ressursar. Nabolanda våre har utvikla mineralstrategiar tilsvarande den norske, og dei er rekna for enno meir attraktive for gruveinvesteringar. Dei ligg foran oss i løypa når det gjeld oppstart av nye malmgruver, og dei siste åra har vist at dei òg ligg foran i løypa både når det gjeld miljøproblem og konkursar. I Talvivaara i Finland førte dambrot til miljøkatastrofe etter drift som bare kan karakteriserast som systematisk miljøkriminalitet. Resultatet var konkurs og ingen tar ansvar for opprydding. I Sverige har fleire store gruver, som Blaiken (link) og seinast Northland Resources (link) gått konkurs etter først å ha forårsaka store naturskadar. Desse bør vere godt eigna som eksempel på kva vi kan risikere også her i landet. Likevel klagar Norsk Bergindustri framleis over at Noreg er mindre attraktivt for mineralinvesteringar enn nabolanda.
Uansett konjunkturar vil det vere behov for mineral i framtida. Nye gruver vil bli starta og vi treng å lære av historia for å gjøre det på betre vis enn det er gjort i nokre av dei eksempla vi skal sjå nærare på her.