Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

«Verdens mest anvendelige mineral»

KALK OG ANDRE KARBONAT

Det er gruvedrift etter metallmalm og kol som er mest kjent for store naturinngrep og forureiningsproblem. Til no har det vore mindre merksemd og strid om dei mange gruvene på karbonat som kalk, marmor og dolomitt. Likevel har fleire slike gruver hamna i konfliktar med beitenæringar, kulturminne og friluftsinteresser. Om ikkje gruvene sjølve forureinar så mye, fører vidareforedling ofte til store utslepp av CO2 og andre skadelige stoff til luft og forskjellige former for forureining til vatn.


Karbonat er kjemisk sett alle samband av eit metall og CO3 +-ioner. Mineralnæringa utnyttar i første rekke karbonat med kalsium og/eller magnesium: – Kalsiumkarbonat, CaCO3, førekjem som mineralet kalsitt eller kalkspat, som er hovudbestanddelen av både den sedimentære bergarten kalkstein, den metamorfe marmor og den magmatiske bergarten karbonatitt.

Kalk er kalla «verdens mest anvendelige mineral». Kalkstein og/eller marmor kan bl.a. brukast til: blokkstein/fasadestein, statuer, sementproduksjon, fyllstoff i betong og asfalt, fyllstoff og pigment i papir, maling, plast og gummi, kitt/fugemasse, gjødsel og jordforbetring, vassreinsking, gassreinsking, kalking av vassdrag, fluksmiddel i metallframstilling, eldfast materiale, produksjon av glass, keramikk og steinull. Ein stor del av kalksteinen som er utvunne i Noreg er tidligare brukt til framstilling av kalsiumkarbid, som igjen er råstoff for kunstgjødsel og acetylen til sveising. Kalsittkrystall er òg brukt i optiske instrument.

Kritt er ein laus, porøs og kvit form for kalkstein, som er brukt bl.a. til bygningsmateriale og til skriving på tavle, tøy og betong.

Skjellsand består av delvis nedbrote skal frå kalkhaldige organismar, og kan brukast til mye av dei same formåla som kalkstein, som jordforbetring og landbrukskalking, tildekking av forureina havbotn, reinsking av vassdrag og avløp.

Karbonatitt er bl.a. aktuelt som steinmjøl for jordbruk, gartneri og hagebruk.
Kalsium/magnesiumkarbonat, CaMg(CO3)2 førekjem som den sedimentære dolomitt og den metamorfe dolomittmarmor. Dolomitt er brukt til prydstein, tilsetting i betong, til produksjon av magnesium, i glassproduksjon, til gjødsel og kalking.
Magnesitt, MgCO3, kan bl.a. brukast til produksjon av eldfast materiale, bindemiddel i golvbelegg, katalysator og fyllstoff i produksjon av syntetisk gummi og ved framstilling av magnesiumkjemikaliar og kunstgjødsel.


Noreg har store ressursar av kalkstein, marmor og dolomitt, fordelt over store delar av landet, dei største førekomstane er etter kysten frå Sør-Troms til Romsdal og i Oslo-feltet.[1] Årlig blir det her i landet utvunne omlag 7 millionar tonn kalkstein og dolomitt, og Noreg er det viktigaste produsentlandet i Europa for nedmalen kalk til bruk som fyllstoff i papir. Andre viktige marknadar for kalk er sementproduksjon og landbruks‐/miljøformål. I tillegg til førekomstane som no er i drift finst det store ressursar av desse minerala spreidd over mange fylke.

Den eldste bruken vi kjenner til av kalkstein i Noreg, er som bygningsstein. I Oslo-området er det mye ortocerkalk, ein lys gulbrun kalkstein med fossilar av bl.a. trilobittar og blekksprutar. Denne steinen er brukt som bygningsstein i Oslo og Akershus, blant anna i Gamle Aker kyrkje (1100-talet) og Akershus festning (frå 1290). I Nidarosdomen er det brukt svært mye marmor, frå ei rekke forskjellige steinbrot.[2]

Frå kalk til sement

Kalkomn på Blindheim i Sykkylven på Sunnmøre. Bygd av Heinrich Schmidt (1867-1947).
(Foto: Gro Sandøy / Wikimedia Commons)

Bruk av kalk til byggeformål er kjent i fleire tusen år i utlandet og nesten tusen år i Noreg. Kalkstein blei brent i kalkomnar ved 800–12000C til brent kalk (kalsiumoksid – CaO). Den brente kalken blei finmalen og blanda med vatn, sand, leire og evt. tilsettingsstoff til ein mørtel som blei brukt som binde- og utfyllingsmiddel mellom teglstein eller naturstein. Brent kalk blanda med vatn gir hydratkalk (kalsiumhydroksid – Ca(OH)2). Denne blir langsomt herda ved å ta opp CO2 frå atmosfæra, slik at det igjen blir danna CaCO3. Med tilsetting av visse stoff, særlig kvartssand, i mørtelen får vi hydraulisk mørtel. Det har vore ei rekke kalkomnar rundt i heile landet. Den første kalkbrenninga skal ha skjedd allereie på 1100-talet og kalkomnar har vore i bruk fram til 1960-talet.

Sement blir produsert vesentlig av kalkstein med tilsetting av nokre andre stoff som kvarts, gips og bauxitt. Ein kan få forskjellige kvalitetar av sement med å variere tilsettmateriala. Råmateriala blir blanda og malne til råmjøl. Dette går gjennom fleire syklonar der det blir varma opp av luft til høg temperatur. Da blir det kalsinert, dvs. kalsiumkarbonatet skil ut karbondioksid og ender som brent kalk, CaO. Deretter blir råmjølet sintra i roteromnar og kjem ut som klumpar som kallast klinker. Desse blir så malne opp til sement ved sementfabrikken eller selde som klinker til eigne sementmøller.

Den første sementfabrikken i Noreg blei starta i 1841 på Nordre Langøy i Oslofjorden, men drifta varte ikkje så lenge. I 1888 starta oppbygginga av ein sementfabrikk på Slemmestad i Buskerud, seinare kalla Christiania Portland Cementfabrik. Denne bygde på kalkstein frå Langøya ved Holmestrand og var i drift til 1989.

Dalen Portland sementfabrikk i Brevik blei grunnlagt i 1916 og er framleis i drift. Den er basert på eit dagbrot på Bjørntvedt ved Porsgrunn og på gruver som går under fjorden ved Brevik og no har ei lengde på over 200 km. Her byrjar reservane å nærme seg slutten, og fabrikken har starta å kjøpe inn kalkstein utafrå.

Sementfabrikken i Kjøpsvik i Tysfjord er eit landemerke og den største arbeidsplassen i kommunen.
(Foto: Basia Głowacka)

Nordland Portland Cementfabrik starta i 1920 produksjon i Kjøpsvik i Tysfjord. Fabrikken har heile tida vore basert på gruver like ved, og her er reservar enno for 150 år med noverande produksjon. Gruva har vore drive som ein integrert del av fabrikken. Tidligare var fabrikken kjent for stor luftforureining. Sementstøvet la seg overalt, og dei som budde i nærleiken kunne ikkje tørke klede ute når vinden sto den vegen. Dette har no blitt betra gjennom modernisering av verket, som samtidig har redusert arbeidsstokken frå rundt 300 til vel 100 personar til saman i fabrikk og gruve. Med moderniseringa har CO2-utsleppet gått noko ned, mens utslepp av NOx-gassar framleis er eit stort problem.

Norcem Kjøpsvik har hatt løyve til å dumpe overskotsmateriale i sjøen. Dumpinga har variert mellom 3800 og 11000 tonn/år, med tildels sterkt tungmetallhaldig materiale. Selskapet blei først pålagt å avslutte sjødumpinga i 2006, men fikk etterkvart løyve til å halde fram til 2014.

Alle dei tre sementfabrikkane med gruver gikk i 1968 saman til Norcem, som i 1987 blei fusjonert med Aker. I 1996 gikk Norcem vidare inn i Scancem, som igjen blei oppkjøpt i 1999 av det tyske konsernet Heidelberg Cement, ein av verdas aller største produsentar av sement og anna byggemateriale. Det blir produsert ei rekke forskjellige sementar for forskjellige formål og av varierande kvalitet.

I seinare år har mange byrja å bekymre seg over kvaliteten på betongprodukt. Det er ofte vald lettvinte og billige løysingar som har ført til at betong sprekk og får kort levetid. Betongbruer som er reist dei siste tiåra er berekna å ha ei levetid på bare 30–40 år. Dette gir enorme ekstrautgifter for styresmaktene og andre byggherrar, men ein stor marknad for sement- og betongprodusentar.

Det kan vere mange årsaker til den dårlige kvaliteten. Vi kan grovt dele dei i tre: dårlig eller feil type sement, bruk av for mye sement og feil tilsettmateriale.

Mange av dei tilsettmateriala som er brukt i betong er vald ut frå at dei har vore billige, ikkje ut frå kvaliteten. Det gjeld f.eks. flygeaske og mikropos, som gir dårlig kvalitet og haldbarheit. Mye konstruksjonar i armert betong har blitt svekka av at vatn har trengt inn i betongen så armeringsjern har rusta. Ein av årsakane er bruk av armeringsstolar av plast til å halde armeringsjerna på plass.

Sidan sementproduksjonen fører til store CO2-utslepp, blir det arbeidd for å finne tilsatsmiddel for betong som kan erstatte ein del av sementen. Eit slikt mogleg tilsatsmiddel er aplitt. Dette vil også kunne forbetre kvaliteten på betongen, bl.a. til oppgåver som tetting av oljebrønnar. Aplitt finst i svært store mengder i Namsskogan i Nord-Trøndelag. Her har lenge vore planar om å etablere ei gruve. Først var det overstadig optimisme[3]. Seinare stoppa det opp[4], men no er det teikn på at det kan komme i gang igjen. Også andre mineral, bl.a. anortositt frå Gudvangen har vore lansert som tilsats som kan erstatte ein stor del av sementforbruket.

Kalkutvinning og foredling i Verdal

Verdal i Nord-Trøndelag har nokre av dei største og reinaste kalksteinsførekomstane i Nord-Europa og ressursane er berekna til enorme 7,5 mrd. tonn, eller nok til noverande uttak i fleire tusen år framover. NGU vurderer denne førekomsten til å vere «blant Norges 5 viktigste mineralforekomster med hensyn til tonnasje og produksjonsverdi».[5]

Drift i 120 år

Dagbrotet til Verdalskalk med knusarar, sett frå restane av gardsbruket som delar av brotet blei tatt frå.
(Foto: SL)

Allereie i 1897 blei det starta kalksteinbrot på Hylla vel ei mil nord for Verdal sentrum. Kalkforekomsten i Tromsdalen vel ei mil aust for Verdal blei kartlagt av NGU rundt 1960. Det er mange som har vist interesse for å utvinne denne. Først vurderte Odda Smelteverk og seinare Hafslund å starta industriverksemd basert på førekomsten og i 1963 blei det inngått avtale med to grunneigarar om uttak. Begge firmaa trekte seg, og reelt uttak starta først i 1967 av Hylla Kalkverk på Statsskog sin eigedom. I 1968 starta ein lokal entreprenør leveranse av kalkstein til Norsk Jernverk i Rana basert på uttak fra Tromsdal gård. Frå da blei det drive parallelt i to brot. Mellom desse var eigedomen til Verdalsbruket, som er eigd av Storebrand, og her inngikk Norcem avtale om drift i 1975. Denne retten har Norcem seinare leigd ut til Verdalkalk. På 1970-talet var det totale uttaket i Tromsdalen 2-300 000 t/år, der det meste gikk til Norsk Jernverk i Rana.

På 1990-talet overtok Verdalskalk all drifta og etter kvart blei brota kopla saman, slik at det no er eit dagbrot på tre eigedomar. Av heile den kartlagde ressursen er eigedomsforholda omtrent slik: Verdalsbruket (85 %), Statsskog (10 %) og Tromsdal gard (5 %).

Dansk, finsk og norsk kapital

Det er no to selskap som står for utvinning og foredling av kalk i Verdal, dei har langt på veg dei same eigarane.

Verdalskalk AS tar ut omlag 1,5 mill. tonn kalkstein (CaCO3) for året i Tromsdalen. Store delar av denne går til Hylla for foredling til brent kalk (CaO) og delvis vidare til hydratkalk (Ca(OH)2). Hovudeigar er det norske selskapet Franzefoss Minerals AS, andre eigarar er danske Faxe Kalk AS og finske Nordkalk OY. Ved Verdal hamn har Verdalskalk lager og utskipningsanlegg, samt eit anlegg for produksjon av finmala kalksteinsmjøl (filler). Produkta går bl.a. til sementproduksjon, og til Omya Hustadmarmor på Møre.

NorFraKalk AS blei i 2004 starta av Franzefoss Minerals AS og Nordkalk OY. Dei produserer brent kalk på Verdal hamn.

Støv, støy, luft- og vassforureining

Siloen som braut saman ved Verdalkalk sitt foredlingsanlegg på Verdal.
(Foto: SL)

Både utvinning og foredling har ført til ein del miljøproblem som har skapt reaksjonar både lokalt og på landsplan. Kalksteinen blir tatt ut i eit stort dagbrot, og det har vore klaga over støv og støy frå steinbrotet og over forureininga av elva Trongdøla, bl.a. mye nitrogen frå sprengstoff. I periodar er elva gråkvit pga. kalk. Kvarts som følgjer med kalken set seg på gjellene til fisken, og fiskebestanden har gått ned.

Produksjonen av brent kalk fører til store utslepp av CO2. Frå kalkbrenneriet er det sloppe ut miljøgifter som kvikksølv og dioksin. Forureininga skriv seg dels frå kalksteinen, dels frå at dei har løyve å fyre brenneriet med spillolje.

Sommaren 2014 braut ein av dei tre siloane med brent kalk saman. Alarmen gikk i Verdal og ein var redde for kva som kunne skje om brentkalken kom ut og i kontakt med vatn. Siloen måtte tømmast og dei to andre siloane forsterkast. Denne ulukka har ikkje akkurat styrka lokalbefolkninga sin tillit til at denne produksjonen er sikker og ufarlig.

Utvidingsplanar

Innafor rammene av dagens dagbrot er det framleis mogleg å ta ut 70–100 mill. tonn kalkstein. Sjølv om ein skulle auke produksjonen som planlagt, skulle dette halde for fleire tiår. Likevel tenker Verdalkalk langsiktig og har bede om å få sikre seg å kunne utvide dagbrotet kraftig. Kommunen har følgt dette opp med at plan- og utviklingskomiteen i 2008 ba om at det blei utarbeidd ein kommunedelplan for Tromsdalen, for å «planfeste geografiske rammevilkår for framtidig utnyttelse av kalksteins- og fyllittforekomsten i Tromsdalen på lang sikt.» Resultatet blei ei kraftig omdefinering av tidligere naturområde (LNFR) til industriområde: «Planforslaget legger til rette for en betydelig utvidelse av eksisterende kalkbrudd i Tromsdalen. Utvidelsene kan skje både i form av dagbruddsdrift og som underjordisk drift. Utvidelsen av dagbruddsareal er i størrelsesorden 1710 daa., og lagt sammen med eksisterende dagbrudd på ca. 560 daa. blir dagbruddsarealet på til sammen 2270 daa. Nytt areal til underjordsdrift er i underkant av 1040 daa. I tillegg avsettes i underkant av 400 daa. til deponiområde for avdekningsmasser.»

Dette blei godkjent av kommunestyret i Verdal i 2013, i form av ein kommunedelsplan. Dette er likevel ikkje nok til at utvidinga kan komme i gang, ein må også ha ein reguleringsplan. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag gav i august 2014 Verdalkalk løyve til å doble uttaket av kalkstein til 2 mill. tonn for året. Dette er likevel ikkje nok for Verdalkalk, som no har søkt om å få utvide opp til 4 mill. tonn for året. Fylkesmannen har sendt saka til høring, og det har kome reaksjonar på at dette skal behandlast før den endelige arealbruken i det framtidige brotet er avklart.

Samtidig vil NorFraKalk utvide kalkbrenninga frå ein til tre omnar. CO2-utsleppet vil da auke frå dagens 200 000 tonn til rundt 600 000 tonn for året.

Sementfabrikk i Verdal?

Kvifor ønsker så Verdalkalk og ikkje minst Verdal kommune ei slik enorm utviding av brotet? Heilt sidan 1970-talet har det vore idear om å få plassert ein stor sementfabrikk i Verdal. I dag er det to sementfabrikkar i landet, i Brevik og Tysfjord, begge er eigde av det tyske konsernet Heidelberg gjennom underselskapet Norcem. I Brevik har fabrikken tidligare vore basert på lokale ressursar, som er i ferd med å bli tømte, og dei siste åra har ein kjøpt meir og meir kalkstein frå Verdal. Dei siste 3-4 åra har ein levert 300 000 t for året, og behovet vil i løpet av få år auke til 800 000 t. Om Verdal skal levere all kalkstein som trengst til fabrikken i Brevik vil det kunne bli opp til 1,5 mill. t.

No ønsker ein å lokke Heidelberg til å investere i ein stor sementfabrikk her, som da trulig vil erstatte dei gamle fabrikkane i Tysfjord og Brevik. Da gjeld det å vise at ein har enorme ressursar, og tilgang på desse. I tillegg til kalksteinen er det også i Tromsdalen store mengder av fyllitt, som også kan brukast i sementproduksjon, slik at ein sementfabrikk her vil kunne få store delar av råstoffet lokalt. I sakspapira for den kommunale behandlinga er det uttrykt slik: «Det er også viktig å sikre ressursen med tanke på en mulig fremtidig etablering av sementfabrikk, noe som vil ha stor næringsmessig betydning for kommunen, bl.a. i form av arbeidsplasser. Dette innebærer videre at det ikke kan tillates annen permanent aktivitet/utbygging i området som kan komme i strid med en langsiktig utnyttelse av kalksteins- og fyllittforekomsten.» Frå Heidelberg er det derimot ingen signal om at ein planlegg sementfabrikk i Verdal. Snarare tvert om.

Kven tapar?

Dette gjerdet markerer skiljet mellom brotet og det gjenverande av garden og sørgar for at ikkje kyrne hamnar i brotet.
(Foto: SL)

Det skal altså «ikke tillates annen permanent aktivitet/utbygging i området». Kva vil det seie? Dei første som får merke det, er dei gardane som ligg i området i dag, og den som blir mest berørt er garden til Nils Georg Leirset. Det var foreldra hans som på 1960-talet måtte avgi 40 mål til dagbrotet. Etter kommuneplanen ligg no garden midt i reguleringsområdet for det framtidige dagbrotet. Verdalkalk har ønskt å sikre seg at dei kan utvide dagbrotet her i framtida, men har ikkje hatt hastverk med å utløyse garden. For bonden og familien hans har det blitt ei slags seigpining, særlig med tanke på om det har noka meining å overføre garden til neste generasjon. I januar 2017 blei Verdalkalk og Leirset samde om ein avtale, der Verdalskalk skal betale ei årlig avgift i 99 år framover,[6] mens Leirset må flytte og det blir ingen gard å overta for neste generasjon.

Tromsdalen er eit svært rikt naturområde, ikkje minst på grunn av den kalkrike grunnen. I ein høringsuttale frå lokallaget av Naturvernforbundet blir naturen her skildra slik:
[7] «Tromsdalen har en flora som er unik for Nord-Trøndelag, en kvartærgeologi som er usedvanlig innholdsrik og en tetthet av kultur- og fornminner som vi ikke finner andre steder i kommunen. I tillegg til betydningen for naturbasert turisme er Tromsdalen derfor også det flotteste klasserommet Verdal har å tilby den oppvoksende generasjonen. Den rike naturen og den relativt sentrale beliggenheten gjør også sitt til at området er mye brukt til jakt, fiske, bærplukking, turgåing og andre friluftsaktiviteter. ... Lia nord for Trongdøla har rike vegetasjonstyper. Lågurtgranskog med stort innslag av kalkelskende planter er dominerende men en finner også kalkfuruskog og kalkberg. Av sjeldne karplanter kan nevnes: Tysbast, trollhegg, krossved, taggbregne, trollbær, rødflangre, breiflangre, brudespore, blåveis, stortveblad, lodneperikum, vårerteknapp, kantkonvall, filtkongslys, bekkeveronika, krattfiol og lyssiv. Området har forøvrig stor verdi for hjortevilt og har fått verdsetting A i kommunen sin naturtypekartlegging. Allerede i 1977 ble det foreslått vernet.» Men verneverdiar kjem sjeldan opp mot løfter om store inntekter og arbeidsplassar.

Underjordsdrift?

Boring før sprenging av kalkstein på Verdalkalk i Tromsdalen.
(Foto: SL)

Naturvernforbundet konkluderte i høringsuttalen med at all utviding av noverande brot bør skje som underjordsdrift. Mange andre har også ønskt dette, for å gjøre minst mogleg inngrep i naturen. I Verdalskalk sine planer er det lagt opp til at utvidinga av brotet i den eine retninga skal skje dels som dagbrot og dels som underjordsdrift, i andre retninga bare som dagbrot. Det heng saman med geologiske forhold, da kalkførekomsten på eine sida går opp i dagen, mens delar av førekomsten på andre sida er overdekka av eit ganske tjukt lag av andre bergartar. Om ein også skulle drive underjordsdrift der det no er planlagt utvida dagbrot, vil det etter berekningane koste 30-40 kr. meir pr. tonn kalkstein. Og det er nok til at Verdalskalk veljer billigaste alternativ. Ein annan aktuell driftsmåte kunne vore å redusere arealet for dagbrotet i forhold til det planlagte, og gå meir i djupna med ope brot. Førekomsten er påvist til minst 400 m djupn. Ei anna sak er at ein ved underjordsdrift ikkje vil kunne ta ut heile ressursen. Dette har fått Direktoratet for mineralforvaltning til å gå mot underjordsdrift. Enno ein gong ser ein at dei tolkar mineralforvaltning som å forvalte slik at ein kan ta ut mest mogleg mineral, ikkje slik at det blir forsvarlig av omsyn til natur og andre interesser.

Tromsdalens venner

I 2010 blei det stifta foreninga Tromsdalens venner[8], som laga underskriftskampanje med følgjande krav:

Naturvernforbundet har engasjert seg i saka og på landsmøtet 2013 uttalt seg mot utvidinga, både pga. arealinngrepet og det auka utsleppa av CO2 og giftige stoff.[9]

Transportband?

Frå brotet i Tromsdalen er det etter vegen omlag 20 km til vidareforedlingsanlegget og hamna på Ørin. Kalksteinen blir frakta med lastebilar som kjører i tida 07–23 fem dagar i veka. Det meste går til hamna, noko går til kalkverket på Hylla, mens ein del går med lastebil direkte til kundar. Verdalkalk har fått dispensasjon til å bruke vogntog med totalvekt inntil 70 t., mens det normale er 50 t. Vegen er ein vanlig fylkesveg som ikkje er tilpassa slik tungtrafikk, og har mange vanskelige og farlige kryss. Ei utgreiing gjort av Norconsult i 2011 seier at ei utviding av produksjonen føreset ei kraftig opprustning og dels omlegging av vegen.

Verdalskalk har lansert eit anna alternativ, eit transportband frå brotet og ned til sjøen. Dette vil da gå i tunnel gjennom fjellet og siste stykket i ein kulvert over jordene ned til ei ny hamn som må byggast nokre kilometer sør for noverande hamneområde. Det ville kunne redusere kraftig på trafikkbelastninga og støy- og støvplager, og idéen om transportband har derfor blitt godt mottatt av dei aller fleste. Likevel har etter kvart fleire byrja å stille spørjeteikn ved realismen i planen. Transportbandet vil bli omlag 14 km langt, og vil vere ei stor investering. For at denne skal lønne seg, vil årsproduksjonen måtte auke frå noverande 1,5 Mt til 3-4 Mt. Det føreset ein kraftig auke i etterspørselen i Noreg, nedlegging av andre kalkbrot og/eller nye marknadar i utlandet. Alt dette er ganske usikkert. Tvert om er det mogleg at kalksteinsbehovet til sementindustrien heller vil gå ned enn opp. Dagens sement- og betongproduksjon er ein svært stor produsent av CO2-utslepp, og det blir derfor arbeidd for å utvikle nye sementtypar og betongtypar der mye av sementforbruket kan erstattast med mineral som anortositt og aplitt.

Den siste tida har Verdalskalk tona ned planane for transportband, og konsentrert seg om å få løyve til å auke transporten etter veg. Om dette uttaler leiaren i Naturvernforbundet i Verdal: «Det har no kome ein ny transportrapport som har fått mykje merksemd. Den slår fast at steinen kan transporterast som i dag til ein har nådd 4 Mt. At SINTEF finn at den kritiske transportmengden på veien er akkurat den same som den Verdalskalk treng for investering i transportband er eit av mange teikn på at rapporten er eit bestillingsverk.»[10]

Samstundes har arbeidet med ny reguleringsplan gått sin gang og eit planforslag, som var utarbeidd av Multiconsult, blei sendt over til kommunen i april 2017.[11] Forslaget nytta heile potensialet i kommunedelplanen frå 2013 med tanke på utviding av dagbrotet. Den første reaksjonen frå lokalpolitisk hald viste at transporten er og blir den største verkebyllen for lokalsamfunnet; både ordføraren og leiaren av Senterpartiet påpeikte at toleransegrensa for lastebiltransport er nådd og at det skal krevjast ny infrastruktur. I skrivande stund er det usikkert korleis kommunen ser for seg at ein skal stille krav om snarleg investering i eit slikt finansielt risikoprosjekt.

I planforslaget er det lagt opp til ei utviding av den årlige produksjonen frå dagens 1,5 mill. tonn opp til 10 mill. tonn kalkstein, men det er ikkje lagt fram noko dokumentasjon på at det skal vere mogleg å få seld slike mengder til ein rekningssvarande pris.

Hustadkalk og Hustadmarmor

Fabrikkanlegg og kaia til Hustadmarmor i Fræna.
(Foto: SL)

Hustadmarmor i Møre og Romsdal med tilhørande gruver er no blant dei største og mest lønsame i landet innafor utvinning og foredling av industrimineral. Det starta med at Kjell Steinsvik i 1948 starta Hustad Bruk i Fræna for å produsere jordbrukskalk. Seinare blei kalkstein brukt til å lage marmorgranulat til bygningsindustrien og fyllstoff til maling og sparkel.

På 1970-talet blei bedrifta delt i Hustadkalk, som framleis er eigd av Steinsvikfamilien, og Hustadmarmor, som først blei eigd av Hustadkalk i lag med det sveitsiske konsernet Plüss-Staufer AG. Konsernet er seinare omdøypt til Omya AG, og har frå 2007 overtatt alle aksjane i Hustadmarmor.

I starten tok Hustadmarmor ut råstoff frå brot i nærområdet, i kommunane Fræna og Etne. Dei får framleis noko kalkstein frå desse, men dei seinare åra har det meste blitt levert frå Brønnøy Kalk på Helgeland. Frå to av brota i nærleiken kjem råstoffet med lastebil, frå det tredje og frå Brønnøy kjem det med båt.

Frå 1980-talet har hovudproduktet vore kalkbasert fyllstoff og påstrykingsstoff til papirindustrien. I Elnesvågen har Hustadmarmor eit stort fabrikkanlegg med omlag 150 tilsette, som driv ein heilkontinuerlig prosess, så dei jobbar på seks skift. Råstoffet som kjem inn inneheld omlag 96–97 % kalk. Etter behandling med knusing og flotasjon i fleire omgongar, kjem kalkprosenten opp i opptil 99,95. Deretter blir det finmala enno meir. Produktet kallast for Hydrocarb eller «flytande marmor». Dette erstattar i stor grad cellulose i mange papirtypar. Ifølgje Hustadmarmor er det både billigare og meir miljøvennlig, bl.a. fordi det krev mindre kraftforbruk. Ikkje alle er samde i at det er så mye meir miljøvennlig, da det kan vere vanskeligare å resirkulere.

Vi var så heldig å få omvisning og presentasjon på Hustadmarmor våren 2015, men nådde bare å ta eitt bilde inne før det blei forkynt fotoforbod.
(Foto: SL)

Hustadmarmor sin presentasjon av sjødeponiet.

I vanlig kopipapir kan Hydrocarb utgjøre opp til 25 % og i glatt papir for tidsskrift og brosjyrer opp til over 50 %. Ved sida av papirproduksjon brukast produkt frå Hustadmarmor bl.a. som pigment i plastrør, vindusprofilar, kabelovertrekk, maling og bleier. Det brukast til reinsking av svovel i kolkraftverk, som landbrukskalk og for vassdragskalking.

Råstofforbruket har på det meste vore oppe i 2–3 mill. tonn for året. Av dette blir omlag 80 % utnytta, mens resten går ut i fjorden gjennom to avgangsleidningar. Bedrifta har sidan 1982 hatt løyve frå SFT/Klif/Miljødirektoratet til å slippe ut avgang til eit avgrensa deponiområde i Frænfjorden. Her er det 70 meter djupt på det djupaste, men stort sett 40–50 m. Dei hadde frå starten lov å deponere opp til 20 meters djupn, men dette er no endra til 30 meter. Til saman er det sloppe ut omlag 6 millionar tonn, og bedrifta har berekna at der enno er plass til å deponere 40 millionar tonn meir.

Da det blei gitt løyve i 2003 blei det «fastsatt en grense for største tillatte utbredelse av deponiet i fjorden og for hvor stor miljøpåvirkning som kan aksepteres innenfor og utenfor deponiområdet»[12]. Dette løyvet blei klaga inn til Miljøverndepartementet av seks fiskarar. Seinare er det også klaga inn til ESA for brot på vassforskrifta.

I utsleppsløyvet er bedrifta pålagt å utarbeide akseptkriterier, og ein sette da opp desse:

  1. Partikkelinnhold i vannmassene: Turbiditet < 10 FTU målt ved deponigrensen
  2. Kalkinnhold i sedimenter: Tykkelse < 10 cm ved deponigrense
  3. Effekt på bløtbunnsfauna: SFTs tilstandsklasse I/II i en overgangssone

Desse kriteria opnar for ganske stor påverknad også utafor deponigrensa, men SFT sin kommentar var: «De foreslåtte akseptkriteriene vil etter SFTs vurdering være et godt utgangspunkt for å følge opp utslippstillatelsens krav om at deponeringen ikke skal medføre nevneverdig miljøpåvirkning utenfor deponiområdet.»

FTU (Formazin Turbidity Unit) er ei måleeining for mål på turbiditet eller spreiing av partiklar i vatn. Jo høgare FTU, desto meir uklart vatn. Ved ein turbiditet på 1 FTU skal ein kunne sjå at vatnet verkar uklart. Ifølge SFT gir FTU > 5 tilstandsklasse «svært dårlig».[13] Det virkar da ganske oppsiktsvekkande at miljøstyresmaktene godtok opptil 10 FTU ved deponigrensa, noko som vil seie at ein godtar ein tilstand på «svært dårlig» også eit stykke utafor deponigrensa.

Avgangen omfattar forskjellige mineral som var innblanda i kalksteinen, men det meste består likevel av kalsiumkarbonat. Dei siste åra er utsleppet noko redusert, dels pga. noko mindre produksjon, dels fordi ein har funne andre bruksområde for overskotsmassen. Den har bl.a. vore brukt til biokalk for landbruk, vassdragskalking, betongtilsetting og dekking av sterkt forureina havbotn. Dette kunne vore redusert meir dersom det var meir etterspørsel etter biokalken.

Eit hinder for å bruke meir av avgangen er dei kjemikalia som er tilsette under flotasjon og flokkulering og for å hindre groing i røyrleidningar. Desse har ført til at Miljødirektoratet ikkje har godkjent bruk av denne avgangen for fleire formål.

Kva slags prosesskjemikaliar er det i utsleppa frå Hustadmarmor? Utsleppsløyvet frå 2003 er uspesifisert, det er ikkje oppgitt verken kva kjemikaliar dei har lov å sleppe ut eller kor mye![14] Derimot står det «Bedriften skal utrede alternativer til de flotasjonskjemikaliene som brukes i dag. Utredningen skal klargjøre hvilke alternativer som foreligger og deres miljømessige egenskaper. Utredningen skal oversendes SFT innen 01.06.04.» Det er heller ikkje oppgitt utslepp av flotasjonskjemikaliar på Miljødirektoratet si side Norske utslipp.[15] Rapporten etter revisjonsbesøk frå Miljødirektoratet til Hustadmarmor i april 2014 har heller ingen namn på kjemikaliar. Der står derimot: «Som et ledd i substitusjonsvurderinger av kjemikalier er virksomheten i ferd med å evaluere effekten av produkter som vil gi redusert miljørisiko og som potensielt kan gjøre det lettere å finne alternativ disponering av avgangsmassene.» Med andre ord: Daverande produkt gir miljørisiko og vanskeliggjør alternativ bruk av avgangsmassane. Men kvifor var det ikkje opplyst kva kjemikaliar det er snakk om? Da eg etterlyste dette i 2015, oppgav Miljødirektoratet at dei trudde Hustadmarmor brukte Lilaflot[16]. Etter fleire purringar fikk eg til slutt svar frå bedrifta. Det dei til da hadde brukt mest av, og som også er det mest skadelige for livet i havet, er Lilaflot 1596. I tillegg blir det brukt noko Lilaflot 6513. Dette er heilt andre produkt enn den Lilaflot som er brukt av Rana Gruber og Sydvaranger. Bedrifta hevda at desse stoffa bind seg til avgangen, så lite kjem ut i havet. Likevel arbeidde dei da for å skifte dette ut med mindre skadelige kjemikalier, og frå 2014 blei Lilaflot i stor grad erstatta av eit nytt flotasjonsmiddel, som dei kalla Flot2015, og som forholdsvis raskt blir brote ned til enkle stoff som ammoniakk, karbondioksid og vatn. I 2017 opplyser bedrifta at dei har halde fram med dette midlet og at røynslene er gode.

Frå 1988 har bedrifta vore pålagt å gjøre undersøkingar av tilstanden i deponiet kvart tredje år, men etter kvart har ein gjort undersøkingar enno oftare. Det er stort sett DNV som har hatt ansvaret for miljøundersøkingane, men det har og vore gjort nokre undersøkingar av Sintef og NIVA. Undersøkingane har omfatta vasskvalitet, partikkelspreiing, straum, turbiditet, sedimentering, plankton og botnfauna.

Undersøkingane som DNV har gjort konkluderer at tilstanden i deponiområdet er god eller svært god, med unnatak for ein prøvestasjon som gav resultat «moderat». Men DNV har målt i vassmassane og dei har målt eit godt stykke unna utsleppspunkta. NIVA gjorde derimot i 2009[17] målingar i sedimenta på botn og over heile deponiområdet, og det gav heilt andre resultat: «Hustadmarmor A/S slipper ut overskuddsmasser med rester av prosesskjemikalier til deponi i Frænfjorden. I september 2009, ble bunnforholdene på 19 stasjoner i og ved deponiet undersøkt med sedimentprofilkamera. Sedimentprofilkameraet tar bilder av et vertikalt snitt av sedimentenes topplag. Bildene gir grunnlag for vurdering av miljøtilstand basert på BHQ (Benthic Habitat Quality) indeks. Indeksen viste meget dårlig tilstand nær utslippspunktet og dårlig eller mindre god tilstand på de fleste stasjonene i deponiområdet. Påvirkningen avtok med økende avstand fra utslippspunktet og ca 1 km vest for deponiet ble det ikke observert klare spor etter avgangen. Effektene på bunnfaunaen kan skyldes flere faktorer; toksisitet av restkjemikalier i avgangsmassene, hemmet næringsopptak, sedimentasjonshastighet (nedslamming), partiklenes størrelse, partiklenes form eller konsistensen av avgangsmassene på bunnen.»

I utkast til forvaltingsplan for Frænfjorden (juli 2014) er tilstanden karakterisert som «Dårlig tilstand» på grunn av «industri, tettsteder, dumping».

Frå 2015 er det gjort undersøkingar om bl.a. stabilitet i deponerte massar og verknadane av dei nye kjemikalia, i samanheng med forskingsprosjektet NYKOS – Ny kunnskap om sjødeponi. Fram til 2017 er førebels konklusjonar at det ikkje er problem med stabilitetet og at dei nye kjemikalia virkar betre enn dei gamle. Hustadmarmor har ingen planar om å avslutte sjødeponeringa heilt, men meiner at dei vil kunne redusere mengda med utslepp gjennom å bruke større del av avgangsmassane. I 2017 er målsettinga å redusere utsleppet til halvparten innan 2020. Blant dei idéane dei ser på er å bruke avgangsmasse i betong og til tildekking av forureina sjøbotn.>

Brønnøy Kalk

Flyfoto av dagbrotet til Brønnøy Kalk. På bildet kan ein sjå at rundt brotet er det fyllt opp med avgangsberg, og vi ser forskjellige grader av revegetering og tilplanting.
(Foto: Roar Berg-Hansen / Brønnøy Kalk AS)

Brønnøy Kalk AS blei etablert i 1997 og er heileigd av Hustadkalk AS. Produksjonen kom i gang i 2002 og frå 2004 har ein årlig produsert omlag 2 millionar tonn kalkspatmarmor. Denne blir brote ut i dagbrot i Velfjorden og knust i to omgongar før han blir skipa til Omya Hustadmarmor i Fræna i Romsdal. Det er no gitt konsesjon til å utvide dagbrotet. Da vil ein med noverande produksjonsnivå kunne halde fram i omlag 30 år i dagbrot, men dette kan forlengast om ein deretter går over til underjordsdrift.

Dagbrotet er etablert på privat grunn, med forskjellige grunneigarar. Nokre av desse har frivillig inngått avtale, men ein nekta. I heile 8 år gikk striden før saka hamna heilt opp i regjeringa, som avgjorde at det skulle eksproprierastt[18]. Sidan blei det rettssak da denne eigaren ikkje var nøgd med betalinga.[19]

Terrenget rundt dagbrotet ligg 10–60 meter over havnivå, og drifta har no nådd 60 m under havnivå. Nedbør og grunnvatn må derfor pumpast ut, og det er derfor etablert eit stort sedimentasjonsbasseng på nivå - 60. Bedrifta opplyser at dei har lagt seg på ei strengare linje enn krava i utsleppsløyvet, og forholder seg til standard for drikkevatn. I reguleringsplanen av 2009 er det tatt inn at tre område skal bevarast, slik at ein ikkje skal gjøre inngrep der. Det er eit våtmarksområde, ein kalkskog med hønsehauk (Buåsen) og eit arkeologisk viktig område.

Bedrifta deponerer årlig ca 1 mill. tonn sideberg. Dette består også vesentlig av kalkspatmarmor, men som ikkje fyller kvalitetskrava til Hustadmarmor. Sidebergdeponia er tilpassa terrenget, og plassert rundt dagbrotet slik at dei skjermar for støy og innsyn. Deponia blir etter kvart dekka med jord på yttersida. Til dekking brukar ein jord som er tatt bort før ein starta brytinga. Revegetering skjer hovudsaklig naturlig med stadeigne artar, men i delar av deponia er det i tillegg foretatt skogplanting, etter ønske frå grunneigarar og landbrukskontoret i kommunen. Sidan sideberget vesentlig består av kalk, er det ikkje problem med avrenning slik som frå mange andre gruver. Heilt frå 2001 har dei sett av 1 krone pr. tonn til å bruke til opprydding og revegetering. Om dette seier bedriften: «Filosofien vår er at opprydding og istandsettinger oppgaver som skal skje fortløpende, og ikke først etter at driften er avsluttet. Vår bransje leverer råstoffer som samfunnet trenger, men samtidig er vi avhengige av samfunnsaksept for virksomheten vår. Derfor legger vi såpass mye ressurser i å gjennomføre driften på en måte som i størst mulig grad reduserer påvirkningen på omgivelsene.»[20]

Dette betyr likevel ikkje at drifta ikkje har skapt miljøproblem. Det største problemet har vore støving, særlig frå knuseverket, som ligg ved utskipningsanlegget nokre km frå dagbrotet. Støvdempinga har tidligare ikkje fungert godt i kulde og vind, og det har vore ein del klaga på dette i lokale media. På spørsmål om korleis det fungerer no, svarar bedrifta: «Brønnøy kalk har gjennom årene investert betydelig i støvdemping som unntaksvis er et problem ved kaldt vær og mye vind.  Kombinasjonen vann og kulde er naturligvis ingen god kombinasjon og kan gi utfordringer på knuser i enkelte perioder. Etter 2014 har Brønnøy kalk gjort flere tiltak på knuseren som har dempet støvmengden. I dagbruddet er det investert i en vannvogn som brukes når det er kuldegrader for å legge en hinne med vann på steinen som fryser før den lastes og blir fraktet over på knuser. Dette har viste seg å fungere ned mot minus 20 grader.  Kaldeste produksjonsdag i 2016 var 18 minusgrader. Anlegget har i dag god kontroll på støvet og utslippene er innenfor de rammer som er gitt.»[21]

Før dagbrotet blei opna var her vinterbeiteområde for rein. Ved starten inngikk Brønnøy Kalk avtale med reindrifta om erstatning. Den første avtalen var med distriktet Brønnøy/Kvitfjell, men seinare kom det fram at brotet også ville ramme Brurskanken reinbeitedistrikt. Det skulle snart vise seg at bedrifta og reineigarane ikkje var samde om kva avtalen gikk ut på. Bedrifta ville bare betale for direkte dokumentert økonomisk tap, og det kunne ikkje reineigarane vise til. På grunn av gruva førte dei heller reinen til andre vinterbeite, og belasta dei hardare, med det resultatet at beitegrunnlaget ville bli svekka på sikt. Det var derfor ikkje mogleg å lese tapet ut på likninga år for år. Oppgjøret blei også komplisert av at reindriftsstyret i 1999 vedtok å slå saman Brønnøy/Kvitfjell og Brurskanken til eitt reinbeitedistrikt (Jillen-Njaarke), men beiteordninga blei ikkje fastsett før i 2003. Det var derfor uklart korleis erstatninga skulle fordelast mellom dei tidligare beitedistrikta. Derfor ville bedrifta heller betale evt. erstatning til staten ved reindriftsfondet. Det endte med rettssak, som pågikk i halvtanna år fram til endelig dom i 2005. Da fikk reineigarane fullt medhald, og ei erstatning på kr. 1,1 mill.

Ikkje lenge etter, i 2007, kom det nye planar om utviding. No skulle gruveområdet utvidast til 4500 dekar, og dette ville føre til avstenging av flyttelei, slik at reinen ville måtte fraktast med bil vår og haust. I 2010 blei det underskrive ein avtale, som gjeld så lenge produksjonen i dagbrotet pågår, og inntil opprydding og i gangsetting er gjennomført. I denne tida skal det bli gitt ein årlig erstatning.

Marmor i Fauske

Dette lageret til Koloritt steinindustri i Fauske viser at marmoren har mange fargevariantar.
(Foto: SL)

Den mest kjente marmoren frå Noreg kjem frå Fauske i Nordland, der det har vore marmorbrot i langt over hundre år. Det er fleire typar av marmor i Fauskeområdet, ein kvit dolomittmarmor som mest blir brukt til industrimineral, og ein gråkvit og rosa kalkspatmarmor som blir brukt til prydstein. Tidligare blei marmoren tatt ut med sprenging med dynamitt, men no brukast saging med diamantvaier.

I 1884 starta Den Ankerske Marmorforretning bryting av marmor i Løvgavelen ved Fauske. Eigar var Christian Anker, som også sto bak opprettinga av AS Sydvaranger. Dette var lenge ein av dei største produsentane av naturstein i Nord-Europa, ei tid var her 150 arbeidsplassar. Foredling av marmoren tok til etter kvart på Fauske og i 1987 blei det bygd ein fabrikk for vidareforedling.

I dag er det lite igjen av den store drifta som var. Anker sitt steinbrot blei i 2000 seld til Lundhs Labrador, som oppretta selskapet Norwegian Rose AS. Drifta blei stansa i 2009 pga. lite etterspørsel. I 2013 blei selskapet seld til Norblock, som er eigd av Terra Control, som og eig bl.a. Fuxite i Guovdageaidnu, Rennebugranitt og Trøndergranitt. Og bak det heile: Per Jon Moen. Det er no i gang ei avgrensa drift i det gamle brotet.

Koloritt Marmorbrudd AS blei starta i 1994 og driv eit brot på Leivset. Dette selskapet er eigd og leia av Karl Martin Braseth, og har 3–5 tilsette.

Ljøsenhammaren – dolomitt mot beitenæringar og kulturminner

Ljøsenhammer seter og kafe er ein samlingsplass for lokalbefolkning og turistar. Den planlagte gruvedrifta vil gå like ved setra, da blir det ikkje mye turismen igjen.
(Foto: SL)

«Ljøsenhammeren-området er meget interessant med tanke på samisk kulturhistorie. Ljøsenhammeren var boplass til de siste pitesamiske nomader, den første bofaste reineier kom dit i 1877. Ljøsenhammersetra, er i dag den eneste noenlunde intakte gård av de eldre pitesamiske gårdene. Den har derfor en enestående verdi som kilde til samisk kulturhistorie, og det gjenværende må ivaretas på en best mulig måte. Et dolomittuttak på Ljøsenhammeren vil få svært negative konsekvenser for dette unike samiske kulturlandskapet.»Dette uttalte Sametinget i 2012.

Ljøsenhammerområdet er ikkje bare samisk historie, det er også brukt både til seterdrift og reindrift, det er eit mye brukt turområde med botaniske verdiar og det store spørsmålet er korleis eit tiltak som i utgangspunktet blei rekna som svært skadelig for både kulturminner, beitenæringar og natur seinare har blitt godkjent av både reinbeitedistriktet, Sametinget[22] og Bodø kommune.


Historia om planen om dolomittutvinning på Ljøsenhammaren går tilbake til 1970-talet, da NGU under eit kartleggingsprogram for Nord-Noreg oppdaga ein stor dolomittressurs i daverande Skjerstad kommune, som seinare er innlemma i Bodø.

Kven står bak?

Grunneigar i området er Statskog, som heile tida har vore ein pådrivar for å få i gang utvinning. I 2002 blei selskapet SMA Nordland AS danna for å utvinne denne ressursen. Her er Statskog minoritetseigar med 34 % av aksjane, mens SMA Mineral AS har 66%. Dette er igjen heileigd av det svenske selskapet SMA Mineral AB, som er eit stort selskap på den europeiske marknaden for kalk- og dolomittprodukt, med utvinning 12 stadar i Sverige, 4 i Finland, 1 i Estland, 4 i Bulgaria og i tilllegg salskontor i Nederland og Latvia. I Mo i Rana har SMA Minerals på 1990-talet overtatt ein kalkomn etter Norsk Jernverk, og brenn kalk og dolomitt frå Seljelia i Hemnes og frå Verdal. Daglig leiar for SMA Nordland AS er Ulf Daniel Juvel, som er ein sentral person i det svenske morselskapet. Styreleiar i SMA Nordland er Arne Bjørn Vaag, tidligare tilsett i Statskog. Han har i mange år vore lokalpolitikar for Venstre i to kommunar i Nordland, først Fauske og seinare Steigen. Han er også medlem av Midtre Nordland Nasjonalparkstyre.

50 000 eller 400 000 tonn?

Til dolomittbrotet er det sett av eit område på 470 dekar, og det er berekna eit uttak på inntil 400 000 tonn stein for året, til saman omlag 14 mill. tonn stein. Drifta skal skje i ope dagbrot. Underjordsdrift har vore vurdert, men ein har avvist dette, fordi ein da ikkje ville kunne ta ut heile ressursen. Drifta er berekna å gi 20 arbeidsplassar i 25–30 år. Dersom ein verkeleg skal ta ut så mye stein over dei åra som her er oppgitt, gir eit enkelt reknestykke at det gjennomsnittlige årlige uttaket må vere godt over 400 000 tonn. Men i forhandlingar med berørte partar har likevel selskapet snakka om å starte med bare 50 000 tonn for året og så eventuelt utvide etter kvart. Her er noko som ikkje heng på greip.

Kva skal dolomitten brukast til?

Kva skal ein så bruke denne dolomitten til? Omlag 40 år etter at ressursen blei oppdaga er det faktisk framleis ganske uklart. I reguleringsplanen av 2012 står det: «Dolomittbruddet skal utnytte en forekomst av finkrystallin dolomitt. I følge tiltakshaver har ingen annen kjent dolomitt i Norge de kombinerte egenskapene både for kalsinering og som råvare for fremstilling av magnesiumoksid. Brent (kalsinert) dolomitt kan benyttes til en rekke formål.»

I 2014 skreiv derimot Bodø kommune: «Det skal tas ut dolomitt for eksport og salg for videre bearbeiding til blant annet kalkverk og annen mineralindustri.»

Da Direktoratet for mineralforvaltning i 2015 sendte saka ut på høring, er bruken skildra slik: «Søker oppgir at dolomitten vil kunne benyttes som filler i eksempelvis maling, putties, plast mv., som brent dolomitt og til mange andre formål.»[23]

Reguleringsplanen seier at det er finkrystallinsk dolomitt, mens NGU sitt faktaark seier han er middels- til grovkorna.[24]

Konklusjonen må bli at det ut frå dei forskjellige offisielle papira er høgst uklart kva kvalitet det er på dolomitten og kva han skal brukast til.

Asbest?

Eit av dei usikre punkta som etter kvart har kome opp, er i kva grad dolomitten har innhald av det helsefarlig asbestmineralet tremolitt. NGU sitt faktaark opplyser at det er tremolitt i dolomitten, men seier bare at det er under 1 %.[25] SMA Nordland hevdar at derimot at det ikkje er asbest i dolomitten i Ljøsenhammaren, men nektar samtidig å utlevere informasjon om den kjemiske samansetninga av steinen som skal brytast ut.

Miljøvernforbundet i Nordland har tatt dette opp i brev til kommunen i 2014 og i debattinnlegg i lokalavisa. Dei hevdar at informasjonen om tremolitt i dolomitten har blitt halde skjult for bystyret, og at vedtaket derfor er fatta på feil grunnlag. Saksbehandlar i kommunen tok dette alvorlig, og foreslo 18.06.2014 eit punkt tilføydd i vedtaket: «Tiltakshaver må dokumentere mineralsammensetningen i dolomittforekomsten ved Kvitberget gjennom en egen fagrapport utarbeidet av fagkyndig personale. Dersom det viser seg at dolomittforekomsten ved Kvitberget inneholder høye nivåer av asbestholdige mineraler, skal ansvarlig myndighet ved konsesjonsbehandling etter Mineralloven samt søknad om utslippstillatelse etter Forurensingsloven, sette krav om avbøtende tiltak og driftsformer som ivaretar hensynet til miljø, helse og samfunn». Ikkje engang dette beskjedne vilkåret ønskte rådmannen og kommunestyret, så dette vilkåret blei ikkje vedtatt.[26] Det er dermed ikkje vedtatt noko om kva som skal skje dersom det viser seg å vere uforsvarlig mye asbest i dolomitten.

Fedrift, naturvern og turisme

Enno beitar sauene fredelig ved det lille prøvebrotet på Ljosenhammaren. Det blir verre om drifta kjem i gang for fullt.
(Foto: SL)

Dolomittbrotet er planlagt midt i eit område der det blir drive seterdrift med sau og geit, og Ljøsenhammer seterlag vurderer saka slik: «Når virksomheten i bruddet kommer i full drift, vil det etter seterlagets syn, ikke være mulig å videreføre seterdrift.»[27]

Ljøsenhammar-området er mye brukt til turområde, her er mange hytter og var tidligare eit større turistanlegg. Det er rekna som den rikaste plantelokaliteten på vestsida av Saltdalen, og kjent for ei rekke raudlista og verneverdige artar.

I saksframlegget for kommunestyret i 2012 blei verknadane for landbruk oppsummert slik: «Samlet sett vurderes konsekvensene for landbruk som middels til store negative konsekvenser. I forhold til trafikken vil usikrede veier være en ulempe ikke bare for geiteholdet, men også for transportørene av Dolomitt.» Også for friluftsinteresser og turistnæring blei planen vurdert som svært negativ.

Vegtransport og utskiping

Dolomitten er tenkt frakta med lastebilar etter fylkesveg 812 til Galten i Saltdal og skipa ut derifrå, men der har ein vore bekymra for støv og støy og fleire røysta mot da Saltdal kommunestyre i 2012 godtok planen for utskipingskai. Der kaia skal byggast har grunneigarane ikkje gitt løyve, og spørsmålet er om styresmaktene ser dette som så viktig at dei vil gå til ekspropriasjon. Statens vegvesen har og gitt klar melding om at noverande vegar ikkje vil tole belastninga av 100 lass med dolomitt i døgnet. Med noverande vegstandard meiner dei at vegane ikkje toler meir enn omlag 50 000 tonn. Det er derfor klart at vegen vil måtte rustast opp, men uklart kven som skal betale for det og når det vil skje. Reguleringsplanen, som Bodø kommunestyre har godtatt, seier: «Når vegen blir forsterket vil massetransporten gradvis øke og maksimalt komme opp i 400 000 tonn/år.»

Reindrift

I saksframlegget for Bodø kommunestyre i 2012 blei verknadane for reindrifta skildra slik: «Reindrift: Meget store negative konsekvenser for trekkveiene ved Ljøshammersetra og innsnevring av passasje til område nord for Rv. 812. Middels negativ konsekvens for påkjørsel/tap, redusert beiting og liten til stor negativ for kalving.»

Allereie i 2005 gav områdestyret for reindrifta i Nordland motsegn mot planen, fordi denne ville hindre reinflyttinga. Under mekling hos Fylkesmannen i 2008 blei det ikkje oppnådd semje, men konklusjonen i referatet peikar framover mot det som skulle komme til å «løyse» saka: «Det undersøkes også om en mulig privat avtale med reindriftsutøverne kan forsøkes som løsningsalternativ.» I 2012 blei det så gjort avtale direkte mellom SMA Nordland og Saltfjellet reinbeitedistrikt. Avtalen går bl.a. ut på at drifta skal stoppe inntil ei veke på våren og det same på hausten når dei flyttar forbi med reinen. Reinbeitedistriktet vil få ei årlig erstatning, som skal dekke ekstraarbeidet med flytting på grunn av innsnevring av flyttvegen. Avtalen gjeld for produksjon og uttransportering av 50 000 årstonn på fv. 812, og reinbeitedistriktet har godtatt planen ut frå at når aktiviteten er redusert, er skadeverknadane mindre. Spørsmålet er om denne føresetnaden held, så lenge reguleringsplanen seier transporten vil auke opp mot 400 000 tonn/år når vegen blir rusta opp. Dette blei også påpeika av saksbehandlaren for områdestyret, som innstilte på å oppretthalde motsegna. I innstillinga står det bl.a. «Planen legger til grunn et uttak av 400 000 tonn dolomitt årlig, mens de løsninger som er skissert, legger til grunn 50 000 tonn årlig produksjon. Dette er også lagt til grunn i avtalen som omhandler reindriften.» Likevel valde områdestyret for reindrifta i Nordland 11.03.2013 samrøystes å trekke motsegna tilbake, og dermed var det fritt fram for vedtak i kommunestyret.[28] I referatet frå områdestyret sitt møte er den einaste grunngivinga for å trekke motsegna: «Områdestyret for reindriften i Nordland viser til avtale som er inngått mellom tiltakshaver SMA Nordland og Saltfjellet reinbeitedistrikt 25.05.2012.» Kjernespørsmålet er altså denne avtalen. Han har først blitt brukt til å trekke tilbake motsegna, så har dette igjen ført til vedtak i kommunestyret. Det avgjørande er så kva som står i avtalen. Men det får vi ikkje greie på, for i Møtebok frå møtet i områdestyret som vedtok å oppheve motsegna står det: «7. Brev fra Saltfjellet reinbeitedistrikt av 20.08.2012 m/ avtale. Unntatt offentlighet.» Vidare står det i møteboka: «Høsten 2011 var det et møte mellom områdestyret og SMA Nordland. SMA Nordland orienterte områdestyret om den pågående prosessen med å komme innsigelsene i møte, herunder også dialogen med Saltfjellet reinbeitedistrikt og arbeidet med å få til en avtale mellom partene. Reindriftsforvaltningen har i utgangspunktet ikke fått tilsendt avtalen. I forbindelse med områdestyrets behandling har det likevel vært nødvendig å få kjennskap til innholdet. Det gjøres derfor oppmerksom på at avtalen inneholder opplysninger som er fortrolig og derfor er unntatt offentlighet henhold til forvaltningslovens § 13 første ledd. I saksframlegget blir det derfor ikke sitert direkte fra avtaleteksten.
Det som imidlertid er av offentlig interesse, og som omhandler løsningene for flytting av rein, blir omtalt her. Dette er nødvendig fordi områdestyrets innsigelse dreier seg nettopp om reindriftens flyttlei.

I følge reindriftslovens § 22 må reindriftens flyttleier ikke stenges. Landbruks- og matdepartementet kan samtykke i omlegging av flyttlei og i åpning av nye flyttleier når berettigede interesser gir grunn til det. Reindriftsforvaltningen kjenner ikke til om SMA Nordland har utarbeidet noen søknad til LMD. Det framgår heller ikke at det er en del av avtalen mellom Saltfjellet reinbeitedistrikt og SMA Nordland.»

Områdestyret har med andre ord trukke tilbake motsegna på grunnlag av ein avtale som medlemmane bare delvis har hatt kjennskap til og derfor ikkje har hatt grunnlag for å vurdere.

Mogleg pga kommunesamanslåing

Tilhengarane av å gi løyve til brotet har i første rekke argumentert med omsynet til å få fleire arbeidsplassar i «sørlige delar av kommunen». Vi kunne derfor kanskje vente at det var frå denne delen av kommunen at dette ønsket pressa seg fram, men det ser heller ut å vere omvendt. Fram til 2005 var Skjerstad eigen kommune, men da blei kommunen slått inn under Bodø etter ei folkerøysting som gav to røyster i overvekt for samanslåing. Utan denne samanslåinga ville det trulig ikkje ha vore mogleg å få ei kommunal godkjenning av planen. Kommunedelsutvalet for Skjerstad har nemlig samrøystes gått mot å gi løyve til dolomittbrotet, og tidligare Skjerstad-ordførar Sven-Åke Hagen er blant dei som har engasjert seg sterkt mot planen.

Gjentatt kommunal behandling

Oppslag i avisa Saltenposten 10.12.2015
(Foto: SL)

Reguleringsplan med konsekvensutgreiing blei lagt fram i 2005. Det kom da inn ei rekke protestar, og motsegner frå Saltdal kommune, Statens Vegvesen, Reindriftsforvaltninga og Sametinget. Det blei gjennomført mekling hos Fylkesmannen i Nordland, men i første omgang blei dei ikkje samde. Kommunestyret valde derfor å utsette saka inntil det var klara opp i motsegnene.

Reguleringsplanen blei fremma for Bodø kommunestyre i februar 2012. I saksframlegget blir det innrømt at saka ikkje er uproblematisk: «Denne plansaken har pågått over lang tid og saken er meget omstridt, det har også blitt fremmet flere innsigelser til planen som ikke har funnet en endelig løsning. Tiltaket vil føre til negative konsekvenser for friluftsliv, natur- og landbruksinteresser, kulturminneinteresser og reindriftsinteresser. Etter en samlet vurdering har en imidlertid kommet fram til at det er behov for tiltak som kan øke sysselsettingen i den sørlige delen av kommunen. Det anbefales derfor at planforslaget blir vedtatt.»

Trass i rådmannen si innstilling ville ikkje Bodø bystyre godkjenne planen i 2012, på grunn av motsegnene som var reist. Seinare blei desse ei etter ei trekte tilbake, og dermed låg vegen open for ny behandling i Bodø bystyre. Dette skjedde utan at det var skjedd avgjørande endringar: «Planforslag er i all hovedsak det samme som var sendt på høring tilbake i 2005.»[29] 9.06.2014 blei reguleringsplanen vedtatt mot fem røyster. Etter vedtaket i kommunestyret kom det inn tre klager, frå Miljøvernforbundet, Trollhaugan hytteforening og Ljøsenhammer seterlag, og saka måtte derfor opp på nytt møte 22.09.2014. Sjølv om det no var kome inn nye opplysningar om asbestfaren, blei det ikkje lagt vekt på dette og klagene blei avviste med stort fleirtal. Saka gikk så til Fylkesmannen, som sendte saka tilbake til Bodø kommunestyre, der ho kom opp igjen 10.12.2015. No var motstanden auka kraftig i forhold til førre behandlinga, og med 21 mot 18 røyster blei det vedtatt: «Bodø kommune anbefaler, i sin høringsuttalelse til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard (DMF) ad SMA Nordland A/S sin søknad om driftskonsesjon for uttak av dolomitt/kalk fra Kvitberget i Bodø kommune, at driftskonsesjon gis under forutsetning av at: - Det utarbeides miljøoppfølgingsplan. - Søker stiller økonomisk sikkerhet for sikrings og oppryddingstiltak. - Rekkefølgebestemmelsene fra reguleringsplanen tas inn i konsesjonen.»

Mindretalet, som besto av eit fleirtal i Høgre-gruppa, samt representantane for Raudt, SV, SP, V og MDG, røysta for dette forslaget: «Bodø kommune frarår at søknaden om konsesjon innvilges, og viser til fem kriterier som skal vektlegges ved vurdering av konsesjonssøknad: Tiltakets betydning for verdiskapning og næringsutvikling, konsekvensene for geitebruk og sauenæring, reindrift, samiske kulturnæringer og –minner og turisme, for det lokale friluftslivet, for de miljømessige konsekvensene av ei utvinning, og for de begrensa mulighetene for en vellykka tilbakeføring av området etter drift.»

Sametinget si rolle

I januar 2015 underteikna Sametinget og Statskog ein samarbeidsavtale, der det heiter i formålsparagrafen: «Kontakten mellom partene skal bidra til å utvikle felles forståelse for partenes arbeidsområder og legge til rette for å oppnå Sametingets tilslutning til Statskog SF sine grunndisponeringer, samt bruk og utnytting av de fornybare ressursene på eiendommene.» Slik har Sametinget nærast forplikta seg på førehand til å godta Statskog sine disponeringar, inkludert til mineralutvinning. For at det ikkje skal vere tvil heiter det vidare i avtalen: «Som større grunndisponeringstiltak regnes vindkraftutbygginger, drift av mineralforekomster og utbygging av hyttefelt m.v.»

Kva har så vore Sametinget si rolle i Ljøsenhammarsaka? Motsegna synest å vere bygd bare på spørsmålet om kulturminne. Spørsmålet om levande samisk kultur i dag, i form av reindrift, var derimot ikkje ei sak for Sametinget si behandling. Dette var overlatt til reindrifta sine eigne organ.

Naturvernforbundet for eller mot?

Mens Miljøvernforbundet har engasjert seg sterkt mot planane for Ljøsenhammaren, er det ikkje like eintydig i andre miljøorganisasjonar. Spesielt synest saka å vere vanskelig for Naturvernforbundet. Naturvernforbundet er tilslutta Forum for Natur og friluftsliv i Nordland (FNF), som gikk mot planen i 2005 og 2007, men ikkje uttalte seg ved den nye behandlinga i 2014. I uttalen frå 2007 står det i klartekst: «Våre organisasjoner: Turistforeningene i Nordland og Naturvernforbundet i Nordland har aktivt sluttet seg til denne uttalelsen.» Naturvernforbundet i Salten uttalte i 2012 at dei gleda seg over at kommunen da avviste saka, men synest ikkje å ha uttalt noko seinare.

På andre sida sat nestleiar i Naturvernforbundet i Nordland, Terje Cruickshank, også som medlem av Bodø kommunestyre for Venstre i perioden 2011–15. Ved behandlinga av reguleringsplanen i kommunestyret i 2014, røysta han for denne, argumenterte sterkt for prosjektet og framstilte det som heilt uproblematisk. På kommunestyremøte 18.06.2014 hevda han at «En veldig grundig undersøkelse av naturverdiene i dette området hadde fastslått at det var ingen særskilte naturverdier i dette området». Ved siste behandlinga av saka i kommunestyret i 2015 var ikkje Cruickshank lenger medlem av kommunestyret, og Venstre sin representant var da blant dei som røysta mot gruveplanen.

Fleire skjær i sjøen

Sjølv om Bodø kommune har sagt ja fleire gongar, betyr det ikkje at saka er avgjort. Direktoratet for mineralforvaltning må først gi konsesjon, og der har ein ikkje vore nøgd med dei opplysningane ein har fått frå gruveselskapet og kommunen. Hausten 2016 sendte SMA Nordland ei orientering, som seterlaget fann så mye feil i at dei valde å orientere direktoratet. Og 23.02.2017 skreiv direktoratet til kommunen og ba om svar på ei rekke spørsmål. Da seterlaget blei klar over det, ba dei om møte og befaring med kommunen før det blei gitt svar. Det tok ikkje kommunen omsyn til, men svarte 28.03.2017 frå Byplankontoret (!) utan å ha orientert seg om innvendingane til brukarane av området. Seterlaget fann det da nødvendig å gjøre direktoratet merksam på at kommunen ikkje hadde svart på kravet deira om eit møte, og ba om innsyn i dokumenta. Og underskrivar for Seterlaget er ingen ringare enn tidligare Skjerstadordførar Sven-Åke Hagen. Så siste ord er enno ikkje sagt i saka.

Kalkskogen blir borte

Olivinskogene i Almklovdalen på Sunnmøre har blitt kraftig reduserte som følgje av gruvedrift. Dette bildet er frå 1979, da denne skogen fortsatt var intakt.
(Foto: Jørn Erik Bjørndalen)

Her er det samme området fotografert i 2000. No i 2017 er enno større del av denne skogen borte for alltid, og meir vil bli tatt i åra framover.
(Foto: Jørn Erik Bjørndalen)

Kalkstein og nokre beslekta mineral som dolomitt, marmor og olivin gir godt vekstgrunnlag for mange planteartar som ikkje trivst andre stadar. Særlig er kalkfuruskogen kjent som interessant og verneverdig på grunn av det biologiske mangfaldet. Men sidan kalken og dei andre minerala er ettertrakta av mineralindustrien, oftast finst i overflata og er lettast å ta ut i dagbrot, er desse områda svært utsette for å bli øydelagde av gruvedrift

Eit av dei første kalkbrota som øydela kalkskog var Bjørntvedt i Porsgrunn, som har gitt råstoff til sementfabrikken i Brevik. Her var allereie store område øydelagde før naturvernverdiane ved desse områda blei kjent på 1970-tallet. Andre kalksteinsbrot som har tatt store delar av den lokale kalkskogen er Kjøpsvik i Tysfjord, Slemmestad på Hurum og Visnes i Møre og Romsdal.

På 1980-talet blei det arbeidd med ein verneplan for kalkfuruskog og beslekta skog.[30] Da blei det trukke fram to lokalitetar som var sterkt truga av kalkbrot, men som enno hadde viktige verneverdiar; Kjøpsvik og Visnes. Begge stadane har brota blitt utvida kraftig og størstedelen av kalkfuruskogen har allereie gått tapt. Meir vil forsvinne i åra som kjem.

Hurumåsen/Burudåsen naturreservat på grensa mellom Hole og Ringerike kommunar blei oppretta i 1993. Franzefoss kravde å få frigitt ein del av reservatet for å kunne drive kalkbrot der, og truga med stort erstatningskrav fordi dei meinte dei hadde rett til området. Den delen av reservatet dei gjorde krav på inneheldt ei rekke raudlista soppartar og spesielle planter. Fylkesmannen og Direktoratet la seg flate for kravet og torde ikkje å prøve saka for retten. Resultatet blei at verneområdet blei revidert i 2000 og heile den delen Franzefoss ønska var tatt ut.

Beslekta med kalkfuruskogen er olivinfuruskog, som veks på grunn med mye olivin. Her er ein del av dei same plantene som i kalkfuruskogen, men nokre er også heilt spesielle og veks bare her. To område på Sunnmøre utmerka seg spesielt med nasjonal eller internasjonal verneverdi: Bjørkedalen i Volda og Almklovdalen i Vanylven. Desse to områda var dei største kjente førekomstane av olivinfuruskog med tilhørande olivinflora i Norge. Fylkesmannen i Møre og Romsdal var engstelig for å kjøre fram desse områda i verneplanen for kalkfuruskog, som seinare blei ein del av den nasjonale barskogsplanen. I dag er bare områda i Bjørkedalen intakte, bortsett frå nokre restområde i Almklovdalen. I Almklovdalen var dei store økonomiske interessene for sterke, og Fylkesmannen frykta erstatningskrav frå A/S Olivin i 100-millionersklassen. Dette blei følgt av direktorat og departement.

Magnesitt eller nasjonalpark?

Magnesitt har i Noreg vesentlig vore utvunne i Modum i Buskerud, der det var stor produksjon i tida 1905–50. Magnesitten blei brukt til å lage eldfast materiale.

No er det idear om å starte opp ny utvinning av magnesitt. Den største kjente førekomsten av magnesitt i Noreg er funne i Raudfjellet i Snåsa. Dette området ligg langt frå veg og skulle eigentlig ha vore innlemma i Blåfjell-Skjækerfjell nasjonalpark da denne blei oppretta i 2004. På grunn av mineralfunna som er gjort i området, blei Raudfjellet halde utanom, etter press frå ei rekke offentlige instusjonar; Snåsa kommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Statskog, NGU og Direktoratet for mineralforvaltning.[31] Det blei gitt ei utsetting i ti år, for å undersøke mineralførekomsten nærare. I 2014 avgjorde så Klima- og miljødepartementet at Raudfjellet ikkje skal innlemmast i nasjonalparken. Dette gjorde departementet trass i at Miljødirektoratet ville ha vern og at Direktoratet for Mineralforvaltning bare ba om ei utsetting. Naturvernforbundet protesterte mot at området ikkje blei verna.

Det spesielle med denne saka er korleis Statskog har vore ein pådrivar for å få i gang gruvedrift, og etter at området blei frigitt for mineralutvinning, har Statskog sjølv søkt utvinningsløyve, ettersom ingen andre interesserte hadde meldt seg. Ved sida av magnesitt er det snakk om å ta ut talk/kleberstein og kvarts, og Statskog reknar med uttak på 250000 tonn pr. år over 30-50 år. Problemet deira er at ingen private gruveselskap så langt ser dette som ei sak verd å satse på. Spørsmålet er om no Statskog også skal bli gruveselskap. For å nå fram til mineralførekomsten må det byggast ein ganske lang veg gjennom eit inngrepsfritt område. Naturverdiane er så store at det på faglig grunnlag er vurdert verdig til nasjonalpark. Samtidig er det reindriftsområde. Det ligg altså an til mange konfliktar framover om planane blir ført vidare.

Kva skal så minerala her brukast til? Dette er også ganske uklart. Magnesitten skal kunne brukast til eldfaste materiale. Der kan ein også bruke olivin, men Sibelco har nylig lagt ned ein fabrikk for eldfast materiale på grunn av manglande marknad. For kvarts og talk/kleberstein er det fleire andre store planar om gruver, som er langt lettare tilgjengelig.

Fotnotar

[1] http://www.academia.edu/8664733/Characterisation_of_carbonates_and_carbonate_deposits_in_Norway
[2] http://per-storemyr.net/2015/08/18/nidarosdomen-den-viktigste-marmorkatedralen-nord-for-alpene/
[3] http://www.adressa.no/nyheter/okonomi/article996605.ece
[4] http://www.ranablad.no/nyheter/article5355685.ece
[5] http://www.verdal.kommune.no/Documents/kommuneplaner/tromsdalen/tromsdal_geologiske_forhold.pdf
[6] http://www.t-a.no/nyheter/2017/01/23/Nå-blir-dette-gårdsbruket-steinbrudd-14100915.ece
[7] http://naturvernforbundet.no/getfile.php/Fylkeslag%20Nord-Tr%C3%B8ndelag/dokumenter/Tromsdalen_endelig_uttalelse.doc.
[8] https://www.facebook.com/groups/209387635785458/?fref=ts
[9] http://naturvernforbundet.no/trondelag/nyheter/utvidelse-av-kalkuttak-i-verdal-en-nasjonal-miljoesak-article29620-1428.html.
[10] Gunnar Gustad i epost til forfattaren 16.02.2017.
[11] Multiconsult: Detaljregulering Tromsdalen kalkbrudd, Verdal kommune – Verdalskalk AS. Privat planforslag sendt kommunen for saksbehandling 07.04.17
[12] Deponering av avgang i Frænfjorden; SFTs kommentarer til foreslåtte akseptkriterier og tiltaksplaner. 02.04.2004.
[13] http://no.wikipedia.org/wiki/FTU
[14] http://www.norskeutslipp.no/WebHandlers/PDFDocumentHandler.ashx?documentID=118&documentType=T&companyID=5294&aar=0&epslanguage=no
[15] http://www.norskeutslipp.no/no/Diverse/Virksomhet/?CompanyID=5294
[16] E-post til forfattaren frå Miljødirektoratet v/ Grethe Braastad 21.10.2014
[17] http://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/214769
[18] http://www.at.no/anlegg/2012-04-01/Kritthvite-glis-hos-Br%C3%B8nn%C3%B8y-Kalk-2717.html
[19] http://www.helg.no/lokale-nyheter/ny-runde-i-retten/s/1-63-7545075
[20] http://www.helg.no/lokale-nyheter/ny-runde-i-retten/s/1-63-7545075
[21] Konsernsjef Kyrre Olaf Johansen i e-post til forfattaren, 01.03.2017
[22] http://www.nrk.no/nordland/sametinget-apner-for-dialog-1.10896753
[23] http://www.dirmin.no/hoering/kvitberget-dolomittbrudd-i-bodo-kommune-driftskonsesjon
[24] NGU – industrimineraldatabasen. Forekomst 1804 - 319 Ljøsenhammaren (Sist oppdatert 17.apr.2013)
[25] NGU Faktaark for forekomst 1804–319. http://aps.ngu.no/pls/oradb/minres_deposit_fakta.Main?p_objid=7661&p_spraak=I
[26] Norges Miljøvernforbund Nordland: Innklaging av Bodø kommune sitt vedtak i detaljreguleringsplan for Kvitberget Dolomittuttak, gnr. 247 bnr. 1, Ljøsenhammeren. 05.07.2014.
[27] http://bystyret.bodo.kommune.no/utvalg/Bystyret/BYST20140619/BYST-PS14-097.PDF
[28] Møtebok Områdestyret for Nordland 11.03.2013. Ny vurdering av innsigelse - reguleringsplan for Kvitberget dolomittuttak på Ljøsenhammeren. Bodø kommune
[29] http://bodo.kommune.no/arealplaner/melding-om-planvedtak-detaljreguleringsplan-for-kvitberget-dolomittbrudd-ljoesenhammeren-article56185-2751.html
[30] Bjørndalen: Verneverdige kalkfuruskoger : Landplan for verneverdige kalkfuruskoger og beslektede skogstyper i Norge. I. Generell del. Direktoratet for naturforvaltning 1989.
[31] Snåsa kommune skriv i brev av 15.01.2013: «Kommunen har i tida etter dette arbeidet sammen med Nord-Trøndelag fylkeskommune, Statskog, NGU, Direktoratet for mineralforvaltning (Dirmin) m.fl. for å avklare om forekomstene er drivverdige.»


Til neste kapittel