Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

Metall i krig og fred

MOLYBDEN – Mo, NIKKEL – Ni, SCANDIUM – Sc, URAN – U, THORIUM – Th, NIOB – Nb, BERYLLIUM – Be

03.03.1943 bomba ti britiske bombefly gruvesamfunnet Knaben i Vest-Agder, og 17 mann blei drepne. 16.11.1943 slapp 131 amerikanske bombefly til saman 1252 bomber over gruvesamfunnet.

Kva var det som var så viktig her at det blei sett i gang ein slik veldig operasjon? Jo, gruvene produserte molybden, og det var viktig til stållegeringar for den tyske våpenindustrien. Knaben hadde da den største molybdenutvinninga i Europa. Dette var ikkje første og heller ikkje siste gong at norske mineralressursar skulle spele ei viktig rolle for andre land sin våpenindustri.

I dette kapitlet ser vi på sju metall der ein stor del av bruken har vore knytta til militære formål og/eller atomkraft. Fleire av metalla blir òg brukt til vanlig sivil produksjon, men krigar og andre internasjonale hendingar har i stor grad påverka etterspurnad og vilkår for gruvedrift.

Molybden – Tanks og smøremiddel

I Knaben er det sett opp minnesmerke over dei 16 norske som blei drept ved det britiske bombinga av Knaben gruver i 1943. På minneplata står øvst ein gruveingeniør, så kartograf, lagerbetjent og sjåfør, før det kjem 12 med tittelen arbeider. Klasseskiljet i gruva heldt fram sjølv etter døden. Den tyske bergverksingeniøren som blei drept i åtaket er ikkje funne verdig til plass på minnetavla.
(Foto: SL)

Molybden (Mo) er eit sølvkvitt, hardt metall som ikkje finst fritt i naturen, og det blei først isolert sist på 1700-talet. Det er mest brukt til legeringselement i stål, bl.a. til militære formål, men blir òg brukt bl.a. i gjødsel, solceller, røntgenapparat og smøremiddel.

Tidlig på 1800-talet blei det funne molybdenglans (MoS2) i fjella ved Knaben i Vest-Agder. Det kom likevel ikkje i gang drift før i 1885, og det blei da drive nokre år i liten målestokk. Eit selskap som i 1902 kjøpte opp retten til å drive gruvedrift her for 6000 kr., selde to år seinare retten vidare til eit engelsk selskap for 250 000 kr.. Drifta blei likevel innstilt i 1909 på grunn av låge prisar. Første verdskrigen fikk derimot molybdenprisen til å fyke veldig i været. Ei tid var det heile ti gruveselskap som dreiv ved Knaben og det var 21 molybdengruver i Noreg. Da krigen var slutt gikk alle selskapa konkurs, med unnatak av A/S Knaben Molybdængruber. Drifta blei stansa, og kom ikkje i gang igjen før i 1923. Seinare overtok det svenske Avesta-konsernet gruva i Knaben. På andre halvdel av 1930-talet var det meir enn 400 tilsette i gruveselskapet.

Ved utbrotet av 2. verdskrigen hadde Knaben den einaste molybdenutvinninga i Europa, og dei tyske okkupantane sette derfor inn store styrkar for å sikre produksjonen her. Her var eit tusental soldatar og både tyske soldatar og russiske krigsfangar blei sett inn i produksjonen. Gruveanlegget blei bomba to gongar av britiske og amerikanske fly, og 16 norske gruvearbeidarar, 5 russiske krigsfangar og fleire tyskarar blei drepne. Etter det blei store delar av oppreiingsprosessen flytta inn i gruva for å vere tryggare mot bombing.

Arbeidsstokken var frå først av stort sett rekruttert i dei næraste kommunane, men da det etter krigen blei lettare å finne anna arbeid, sa dei fleste takk for seg. Ei årsak var svært usunne arbeidsforhold, bl.a. fikk mange gruvearbeidarar silikose. Det blei da aktivt rekruttert arbeidarar utafrå, særlig frå Nord-Noreg. Det kom så mange nordfrå at nord-norske dialektar blei dominerande på Knaben. Mange yngre familiar flytta til Knaben. Den første skolen sto ferdig i 1954, men denne var liten og dårlig, og det blei bygd skole som blei innvia i 1972.

Ikkje før sto skolen ferdig, så kom meldinga om at drifta ikkje lenger var lønsam og Avesta-konsernet ville legge ned. Alle tilsette fikk tilbod om arbeid ved stålverket i Avesta i Sverige, og ein del drog også dit. Knaben blei da på kort tid så godt som heilt fråflytta, men bygningane blei ståande. Etter kvart er ein del av dei tatt i bruk til turistføremål.

Oppreiingsverket har forfalle i over 40 år. Likevel foregår det her i liten målestokk produksjon av molybdenpulver.
(Foto: SL)

I dalen foran oppreiingsverket på Knaben var det ein gong to tjønner, Desse er no fyllt opp med gruveavgang. 40 år etter at drifta blei lagt ned veks det framleis ikkje noko her.
(Foto: Basia Głowacka)

I Knaben var malmen svært fattig, i gjennomsnitt var molybdeninnhaldet på under 0,2 %. Etter gruvedrifta ligg det igjen eit stort deponi i dalbotnen, med omlag 8 millionar tonn masse. Lille Knabetjødn er heilt fylt opp med masse, og Store Knabetjødn er vel halvt oppfylt. Avgangspartiklar blei òg i stor grad spreidde nedover vassdraget, og har lagt seg mange stader etter elva heilt ned til sjøen.[1] I 2002 og 2010–12 blei det gjort ein del tiltak for å redusere avrenning og massetransport frå deponiet. Det blei blant anna drenert slik at avgangssanda no er fast å gå på. Det er planta langs kanten av deponiet for å hindre erosjon, men ein har vald å ikkje plante til sjølve deponiet. Det skal ligge der som eit minnesmerke.

Trass i tiltaka gir deponiet stadig tilsig av avgangsmassar med metall (kadmium, koppar og molybden) og flotasjonskjemikaliar til elva Kvina. 30.04.2014 meldte avisa Agder [2] at det er funne daud fisk i Åna–Sira-vassdraget med svært høgt innhald av koppar, noko som trulig skriv seg frå avrenninga frå Knaben.

Det er berekna at det framleis er reservar på bortimot seks mill. tonn malm. I 2007 starta selskapet Knaben Molybden AS [3] opp igjen med prøveproduksjon. I 2010 fikk dei konsesjon til ordinær drift i dagbrot med inntil 50 000 tonn uttak årlig, men med noverande molybdenprisar ser dei det ikkje som aktuelt å starte opp med full drift. Dei har starta det dei omtalar som mikrodrift, med eit par arbeidsplassar, og produserer smøremiddel. All produksjonen går til eksport.

Samtidig har eit anna firma, REE Mining AS sikra seg leiterettar nær dei gamle gruvene, men det er ikkje teikn på at dei har gjort noko meir.


Også i Rogaland har det blitt drive utvinning av molybdenhaldig malm. I Ørsdalen var det drift 1904–53. På Gursli i Moi blei det satsa stort da første verdskrigen førte til stor etterspurnad etter molybden, særlig for legeringar til kanoner. Det blei drive ut fleire hundre meter gruvegangar innover i fjellet, bygd opp eit gruvesamfunn med stort vaskeri og fleire hundre mann var i arbeid. Men det varte bare frå 1915 til 1919, for da krigen var over, var det òg slutt på etterspurnaden etter molybden. For både gruveselskap og lokalsamfunn endte det med nedleggingar og konkursar, det seiast at den einaste som kom godt ut av det, var han som fann malmen og selde rettane til gruveselskapet.[4] [5]

I Bykle i Setesdal var det drift etter molybden i periodar 1898–1918, men det var lite lønsamt, bl.a. på grunn av lang transport. Denne gikk dels med kløyvhestar over til Roalkvam i Rogaland, dels med hest og slede nedover Setesdalen. Under 1. verdskrigen blei molybden herifrå levert til tysk rustningsindustri, noko som gjorde at selskapet blei sett på svarteliste av britane.[6]

Ei oversikt over Norges Bergverksdrift frå 1916 viser at det da var ei rekke mindre molybdengruver i drift i Telemark. I Numedal og Lier i Buskerud var det rundt 1917 forsøksdrift på molybden.

I Nordland har det vore kortvarig drift på to molybdenførekomstar. I Gildeskål har det vore to molybdengruver bare eit par kilometer frå kvarandre: Laksådal og Oterstrand/Kattvassfjell gruve. Her var drift 1918–20 og 1937–45, dels i dagbrot, dels underjordsdrift. Det blei vunne ut 90 000 tonn råmalm og produsert 260 tonn molybdenkonsentrat. Etter krigen blei gruvene nedlagde og utstyret demontert. I begge gruvene er det også funne uran. I 1976 blei det skrive ein rapport som viste stor forureining av koppar og høg radioaktiv stråling. Ved det tidligare flotasjonsverket er det målt svært høge verdiar av både uran og thorium.[7] Men rapporten blei lagt til side i kommunen og ikkje offentliggjort. Det blei gjort nye undersøkingar i området av NGU i 1977, og konklusjonen var at det ikkje gjenstår drivverdige mengder verken av molybden eller uran. NGU sa da ingenting om forureiningsfaren. Det har etter kvart blitt bygd ein del hytter i området, men først etter at Statskog i 2003 starta planlegging av nytt hyttefelt nær dei gamle gruvene, kom den nesten 30 år gamle rapporten for dagen.[8] I 2007 kom så Nordic Mining på banen og sikra seg leiterettar her. Dei gjorde i 2008 i lag med NTNU undersøkingar etter molybden, wolfram og gull, men kan ikkje ha funne noko vidare drivverdig, for seinare har det ikkje vore noko å høre om det, og på spørsmål til Nordic Mining i 2015 svarar dei at dei har slått frå seg dette prosjektet.

Statens strålevern har i 2015 gruvene i Gildeskål på andre plass på prioriteringslista over gruver der det bør gjørast tiltak mot radioaktiv stråling.

I Vatterfjord på Austvågøy blei det gjort undersøkingar av Christiania minecompani 1913–14, og det var drift i regi av AS Vatterfjord 1915–18. Det blei gjort undersøkingar på 1950-talet om det var verd å starte opp igjen gruva, men sidan ser det ikkje ut som det har skjedd noko meir.

I Hurdal i Akershus er det funne ein molybdenførekomst som er påstått å vere den største i Europa. Denne blir omtalt som Nordli molybdenforekomst (ikkje å forveksle med Nordli i Nord-Trøndelag, der det også er funne molybden). Han er berekna til 210 mill. tonn malm, men med gehalt som nokre stadar er oppgitt til 0,13 % MoS2., andre stadar bare 0,09%. I 2009 fikk selskapet Molymor, som er dotterselskap av Intex Resources, utvinningsrett her. Selskapet er registrert i Oslo, og er ledd i ein kjede av underselskap og med stadig skiftande namn. Etter at dei fikk utvinningsretten har lite skjedd, og Intex vurderer det no slik at molybdenprisane på verdsmarknaden er for låge til at det vil lønne seg å sette i gang utvinning. [9]

Nikkel – eit krigsviktig metall

Nikkelverket i byen Nikel på russisk side av Pasvikelva blei bygd opp i mellomkrigstida mens området var finsk. I dag er det ei av dei største forureiningskjeldene på Nordkalotten.
(Foto: SL)

«Den dagen jeg ikke har nikkelgruven, er det hele slutt. Da kan jeg ikke føre krigen videre!» Det skal den tyske generalstabssjef Guderian ha uttalt i 1944.[10] Denne gruva var ikkje i Noreg, men rett over grensa til det som i mellomkrigstida var finsk og før og seinare russisk side av Pasvikelva. Mens Petsamo var finsk hadde eit kanadisk selskap gjort gruva og nikkelverket klart til oppstart. Tyskarane okkuperte dette området straks krigen mot Sovjetunionen braut ut i 1941. I løpet av 18 månadar blei Nazi-Tyskland forsynt med 15–20 000 tonn rein nikkel, noko som var heilt avgjørande for den tyske rustningsindustrien.


Nikkel (Ni) er eit sølvkvitt glinsande metall som er korrosjonsbestandig og varmefast. Det er kjent frå legeringar laga så tidlig som 3500 f.Kr., men det var først midt på 1700-talet at ein oppdaga at det var eit eige grunnstoff og klarte å isolere det. Nikkel er ganske vanlig i jordskorpa, men som regel i låge konsentrasjonar.

Nikkel har blitt brukt til mange forskjellige formål, og etterspurnad og produksjon har variert med bruksområde som har kome og gått. Blant dei vanligaste bruksområda er legeringar med jern og andre metall, fornikling av jerngjenstandar og batteri.

Nikkel førekjem mest i mineral som garnieritt og pentlanditt. Prosessen fram til utvinning av rein nikkel er komplisert og går i fleire ledd. På grunn av bruk av svovelhaldige stoff i produksjonen fører denne til utslepp som har ført til store skader på naturen rundt nikkelverka.


Etter krigen har Sovjetunionen/Russland vidareført nikkelutvinninga i Pasvikdalen, og tilsvarande verk er etablerte i nabobyen Zapolarnyj og i Monchegorsk noko lenger frå grensa. Verka er kjelde til stor forureining, og har ført til at vegetasjonen er nesten borte i nærområdet og til alvorlige skadar på skog og anna vegetasjon også i Sør-Varanger.

Det har lenge vore antatt at det er nikkel i berggrunnen også på norsk side av Pasvikdalen, og det blei leita etter nikkel nær grensa på 1970-talet. I 1986 starta prøveboringar like ved Øvre Pasvik nasjonalpark, og det blei funne nikkel og koppar. [11]

Så langt har det ikkje vore nikkelutvinning i Finnmark, men frå Troms og sørover har det vore ei rekke nikkelgruver. Mange av nikkelgruvene har også produsert koppar og nokre har produsert sølv.

Tre driftsperiodar

I Noreg har det vore nikkelutvinning i tre periodar. I den første perioden, som starta i 1846, blei nikkel mest brukt i legeringar til bl.a. bestikk og myntar. Ei tid var 15 gruver og 7 smelteverk i drift samtidig, og Noreg var ei tid den største nikkelprodusenten i verda. Men seinare gjorde konkurranse frå store gruver i utlandet drifta ulønsam i Noreg, og dei aller fleste nikkelgruvene her blei lagt ned.

Tidlig på 1900-talet kom ny etterspurnad, no til panserstål for militært bruk og elles rustfritt og syrefast stål. Eit anna bruksområde var fornikling av stål for å gi fin overflate og hindre rust. Fleire nikkelgruver blei no gjenopna for kortare eller lengre tid og nokre nye blei starta.

Den siste perioden starta på 1980-talet. I den perioden er det i Noreg bare i Ballangen at det har vore i gang ei gruve med nikkel som hovudprodukt. Andre gruver har levert nikkelkonsentrat som biprodukt, bl.a. ilmenittgruva Titania i Rogaland.

Ved Flåt nikkelgruve er det sett opp ei rekke plakatar som fortel om kva som har vore på dei forskjellige stadane på gruveområdet. Gruvesjaktene er no gjerda inn.
(Foto: SL)

Ein stor slagghaug ligg framleis igjen etter Bamble nikkelverk ved Prisgrunn.
(Foto: SL)

Det første nikkelverket i Noreg var i Espedalen vest for Gudbrandsdalen frå 1846. Der var 5–700 mann i arbeid, og drifta varte i første omgang til 1857 og seinare 1873–79. På 2000-talet har det vore leita igjen, i regi av kanadiske Blackstone Ventures.

På Holleia på Ringerike var det frå 1675 gruvedrift etter koppar og seinare også kobolt. Rundt 1840 oppdaga ein at det òg var mye nikkel i malmen der og det blei sett i gang nikkelverk med tysk kapital. Ringerike Nikkelverk blei snart den største arbeidsplassen på Ringerike, med over 260 mann i arbeid. Rundt 1870 var dette det største nikkelverket i verda. Det var da ei rekke nikkelgruver i distriktet. Seinare gikk det nedover, og verket blei stengt i 1903. I 1913 starta ein opp igjen gruvene for å levere malm til Kristiansand Nikkelraffineringsverk. Dette gikk konkurs i 1920, da blei det òg stans i gruvene. Frå 1932 har det kanadiske selskapet Falconbridge hatt rettane, og på 2000-talet starta dei prøveboringar. I 2006 slo lokale media opp at det var funne nikkel som ville gi grunnlag for gruve med milliardinntekter og 500 arbeidsplassar.[12] Same året blei Falconbridge og underselskapet Sulfidmalm oppkjøpt av det engelsk/sveitsiske gruveselskapet Xstrata, og rettane til nikkelmalmen blei overførte til det kanadiske selskapet Blackstone Ventures. To år seinare kom finanskrisa, og da gav dette selskapet opp alle planar på Ringerike.


I mai 2014 fikk så det nystifta selskapet Precambrian Resources AS leiterett her.[13] Forgrunnsfigurar har vore Steve Haugerud frå Sortland i Vesterålen, og finske Berndt Rasmus Blomqvist, som begge er kjente frå planar om grafittverk i Sortland og Meløy. Hovudaksjonær er det finske Oy Fennoscandian Investment Group Ab. I mai 2014 hevda Haugerud at prisen på nikkel da var 23 000 $/t, og at «fagfolk» sa prisen vil stige til 30 000 $/t.[14] I staden har prisen gått ned til omlag 10 000 $/t, og planane om ny nikkelutvinning ser ut å vere lagt på is.[15]

Flåt gruve i Evje hadde drift på koppar frå 1844 og nikkel frå 1872, da det også blei oppført smelteverk. Under andre verdskrigen sørga okkupasjonsmakta for å intensivere drifta på nikkel. Da krigen var over var gruva så godt som tom, og ho blei lagt ned i 1945. Mye av malmen blei smelta i eit smelteverk ved elva Otra sør for Evje. Ei tid var det Nord-Europas største nikkelverk og hadde opptil 75 % av norsk nikkelproduksjon.[16] Det ble tatt ut 3 mill. tonn malm, som gav 22 500 tonn nikkel og 14 500 tonn koppar. Både gruvene med avgangsmassar og smelteverket har ført til store forureiningar, så store at Miljødirektoratet inntil vidare har gitt opp å rydde opp i det, da det vil koste for mye!

Bamble nikkelverk i Telemark var først i drift 1859–84, drive av det engelske firmaet Evans & Atkins, seinare av Tellef og Johan Martin Dahll i Kragerø. Det var heile sju gruver rundt i Bamble kommune, og malmen blei frakta til smelteverket på Prisgrunn med taubane. Drifta blei seinare tatt opp igjen 1916–19, under namnet A/S Bamle Nikkelkompani, der industripioneren Sam Eyde var sentral. Denne gongen var det tre av dei tidligare gruvene i drift. I 1918 blei det installert ein elektrisk omn, men denne var bare i drift fire månadar før drifta blei lagt ned i 1919. Dette var ganske små gruver, den totale produksjonen på 55 000 tonn malm gav bare 500 tonn metallisk nikkel og noko koppar. Seinare har nikkelførekomstane i Bamble i fleire omgangar vore undersøkt med tanke på ny drift. Norsk Hydro overtok mutingar i 1968, og gjorde undersøkingar, men fann ikkje drivverdig malm og gav opp i 1973. Så kom Sulfidmalm AS og Blackstone i 2006. Det blir hevda at det er funne førekomstar ved dei gamle gruvene med inntil 5 % nikkel, samt noko koppar, kobolt, platina og palladium, men så langt har dei ikkje funne det verdt å satse på ny drift.

Hosanger like ved Bergen hadde nikkelgruver 1882–1901, 1915–20 og 1933–45. I den første driftsperioden blei det drive først av det engelske selskapet Varaldsø Mining Co, deretter av det svenske A/B Os-Hommelvik Kopparverk, så av det amerikanske selskapet Thomson. Produksjonen stansa i 1901, og starta igjen i 1915, da gjennom Kristiansand Nikkelraffineringsverk. Etter konkurs blei det stans igjen frå 1920 til 1933, og deretter drift til 1945. Hosanger gruve besto av to gruver, Nonsås og Litland. På 2000-talet har Blackstone Ventures Inc. gjort undersøkingar [17] også her.

På Feøy (Fæøy) i Karmøy kommune i Rogaland var det koppar- og nikkelgruver 1895–1901 og 1910–24. Totalt blei det drive ut 37 000 tonn malm med 2,6 % koppar og 2,1 % nikkel. Malmen inneheld og platina og palladium.

På Romsås i Askim i Østfold blei det starta nikkelgruve i 1866, med smelteverk frå 1873, men det gikk ikkje lenger enn til 1876 før verket blei rekna som ulønsamt og drifta blei lagt ned.

Nikkel i nord

Av Senjens nikkelverk er det no bare nokre ruinar igjen.
(Foto: SL)

Senjens nikkelverk i Bergsfjorden (Birgevuotna) på Senja (Sážžá) tok 1872–86 ut over 1000 tonn nikkel. Mutar var Tellef Dahll, og det var eit engelsk selskap som sto for drifta. Dei skal ha tjent gode pengar. I 1882 bygde Senjens Nikkelverk som det første bergverket i Noreg eit eige vasskraftverk. Dette var også eit av dei første vasskraftdrive elektrisitetsverka i verda.

Først på 2000-talet har det blitt aktuelt å ta opp igjen drifta her. I 2007 meldte Geo365.no at Store Norske Gull da dreiv kartlegging i Hamn i Berg kommune. Sidan er Store Norske Gull seld, men det er så langt ingen teikn til ny drift etter nikkel på Senja.

Det var prøvedrift på nikkel frå 1883 på Måløy i Steigen (Stájggo) og frå 1891 på Eiterjord i Beiarn (Bájddár). I begge tilfelle var det kjøpmann Zahl på Kjerringøy som sto bak.

Nikkel & Olivin

Stranddeponi

Nikkel & Olivin fyller opp stranddeponi med gruveavfall.
(Foto: Bellona)

I Arnesfjellet i Ballangen hadde Bjørkåsen gruver prøvedrift på koppar og nikkel 1913–18. [18] Det var bruken til militære formål under 1. verdskrigen som gjorde at ein starta nikkelutvinning, og da krigen var over blei det ikkje meir av det før 2. verdskrigen. Da dreiv den tyske okkupasjonsmakta ut ein tunnel, den såkalla Tyskerstollen, men kom ikkje i gang med nokon produksjon. Undersøkingane fortsette i regi av fleire selskap frå 1950-talet.

I over hundre år har LKAB frakta jernmalm til hamna i Narvik, for å kjøre stort sett tomme vogner tilbake. Men i nabokommunen Ballangen var det fleire mineral som LKAB trong til pelletsverka sine. Derfor har det i periodar vore tatt ut både dolomitt og olivin i Ballangen for å sende med malmtoga til Kiruna.

I 1981 starta produksjonen av olivinpellets i Kiruna og same året blei den første olivinen tatt ut i Arnesfjellet (også kalla Bruvannsfeltet). Det skjedde i samarbeid mellom LKAB og Leonhard Nilsen & Sønner (LNS). Etter nokre års drift trekte LKAB seg ut. I 1988 blei Nikkel & Olivin AS etablert med LNS som eineaksjonær. Tanken var å produsere nikkelkonsentrat, olivin og pukkstein, men alt gikk ikkje heilt etter planen. Ved oppstarten i 1989 var nikkelprisen høg, men han fall raskt ned til omtrent ein tredel. Også for olivin og pukkstein blei det mindre etterspørsel enn forventa, og trass i at Staten ga over 100 mill. kr. i støtte, gikk selskapet dei første åra med stort underskot. I 1992 skreiv Dagens Næringsliv: «Nikkel & Olivin A / S i Ballangen har siden starten i 1989 hatt sugerør rett inn i statskassen.»

Gruva blei drive som underjordsgruve og eit mindre dagbrot. Både gruveinngang, knusing og flotasjon låg på Arnesfjellet omlag 400 m.o.h. Nikkelkonsentratet, som inneheldt omlag 10 % nikkel, 3 % koppar og 0,5 % kobolt blei sendt i med lastebilar ned til kai på Forneset, der det blei skipa til Outokumpu sin smelteverk i Harjavalta i Finland. Årlig produksjon var omlag 3000 tonn nikkelmetall. Olivinkonsentrat blei derimot sendt frå Arnesfjellet ned til Forneset i rør. I tillegg blei det i dagbrot brote noritt og pyroksitt, som blei knust i det same anlegget for bruk til vegpukk. Denne blei kjørt til Forneset med lastebilar.

Avgangen som blei igjen etter at nikkelkonsentrat og olivin var tatt ut, blei dels lagra oppå deponiet frå Bjørkåsen gruver på Ballangsleira, dels deponert i sjøen ved Forneset. Deponia var alt anna enn tette, og resultatet var stor forureining i Ballangsfjorden og vidare ut i Ofotfjorden.

Da produksjonen ved Nikkel&Olivin starta opp i 1989 kunne resultatet raskt registrerast i fjorden. Målingar gjort to månadar etter oppstart viste ei 20-dobling av nikkelkonsentrasjonen i Ballangsfjorden. På den tida fantest det ikkje reglar for utslepp av nikkel i Noreg, men utsleppa var tre gongar høgare enn det som ville blitt tillatt etter amerikanske reglar.[19] SFT ga ei rekke pålegg, men også stadige utsettingar av plikta til å oppfylle desse.

Aksjon1991

Frå aksjonane mot forureining frå Nikkel & Olivin, 1991.
(Foto: Bellona)

Avrenning

Bellona sjekkar avrenninga frå Nikkel og Olivin, 1991.
(Foto: Bellona)

Da SFT i 1988 ga midlertidig utsleppsløyve, var vilkåret at det blei gjennomført ei konsekvensanalyse. Denne blei gjort av NIVA i samarbeid med konsulentselskapet COWI, og var ferdig i 1990.[20] Denne viste at det var ei rekke kjelder til forureining, både gruvevatn, flotasjonsprosessen, anlegget på Forneset og utlekking frå deponia. Forureininga gikk dels i Arneselva, dels direkte i sjøen.

Sommaren 1991 aksjonerte Bellona mot utslepp frå Nikkel&Olivin. Da var forureininga frå anlegget på Forneset blitt så stor at SFT såg seg nøydd å stenge bedriften for ei tid. Bellona påklaga alle utsleppsløyva og meldte bedrifta for 14 påståtte brot på miljølovgivinga. Likevel sørga miljøvernminister Torbjørn Berntsen for at bedrifta fikk midlertidig løyve til å halde fram deponeringa på Forneset til deponiet på Ballangsleira var klart, og for at dette deponiet blei godkjent, sjølv om det var kjent at det ikkje ville bli tett.

Narvik politikammer brukte lang tid på å behandle klagene frå Bellona, men endte til slutt opp med å henlegge det aller meste, ut frå varierande argument som «intet straffbart forhold» til «etter bevisets stilling». Bellona klaga da henlegginga inn for Statsadvokaten i Nordland.

Aksjonane til Bellona førte til kløyving i lokalsamfunnet. Mens ein del støtta opp om aksjonen, stilte kommunen seg fullt ut bak bedrifta og rådmannen skjelte offentlig ut dei som hadde klaga. Aksjonen blei ei stor belastning for eigar og drivar, og i ettertid oppsummerte Frode Nilsen i LNS:
«Det er ingen tvil om at dette var barske tider. Det som veltet prosjektet var likevel ikke verdensmarkedet, men Bellona, i følge Frode. – De aksjonerte mot anlegget og anklaget oss for å være en miljøversting. Protestene ble hørt, vi ble pålagt driftsstans og hengt ut som miljøsynder og økonomisk kriminell. Etter at etterforskningen var avsluttet, ble vi i lagt en bot på 5000 kroner for ureglementert lagring av noen oljefat. Akkurat det fikk knapt medieoppslag. Men vi hadde tapt så å si alt. Selskapet stod på kanten av stupet.»[21]

I løpet av første halvdel av 1990-talet overtok gradvis det finske selskapet Outokumpu som eigar gjennom det norske underselskapet Norsulfid, men LNS heldt fram som operatør så lenge gruva var i drift.

I 1995 blei gruvevatnet overført til deponiet på Fornes for avslamming og ein del av tilførselen til Arneselva blei dermed fjerna. Likevel skriv Miljødirektoratet i 2007: «Arneselva er merkbart påvirket av forurensningstilførsler fra gruveområdet, i hovedsak nikkel».

Gruvedrifta blei lagt ned i 2002, og like før nedlegginga i 2002 fikk Nikkel&Olivin laga ein film som viser drifta [22].

Scandium for stjernekrig

Den viktigaste kjelda til scandium er mineralet thortveititt, (Sc,Y)2Si2O7. Det blei første gong funne av amatørgeologen Olaus Thortveitt i Iveland i Aust-Agder. Ikkje langt frå funnstaden ligg Evje og Hornnes geomuseum, som har laga denne utstillinga om thortveititt.
(Foto: SL)

Finnmark kan forsyne USA med scandium for å drive stjernekrig, skreiv Altaposten i 1987. Verdas største førekomst av scandium skulle vere funne ved Biggevárri i Guovdageaidnu kommune. Selskapa som skulle utvinne og foredle malmen er no forlengst borte, mens Biggevárri står framleis like heilt.


Scandium (Sc) blei oppdaga i 1879, men først framstilt i rein form i 1937. Først etter 1960 har det vore mogleg å framstille scandium i slike mengder at ein kan utnytte det industrielt. Scandium er ofte i lag med dei sjeldne jordartsmetalla (REE) og reknast iblant til desse. Namnet kjem av Skandinavia, da det først er funne i mineral i Noreg og Sverige. To av scandiumminerala er oppkalla etter norske amatørgeologar; thortveititt og kristiansenitt.

Scandium blir brukt i legeringar med aluminium for å gi stor styrke, særlig til fly- og luftfart, til spesielt sterke lamper og som sporstoff under oljeboring. På 1980-talet blei det sagt at scandium kan brukast til å mangedoble effekten av laserkanonar og det blei derfor etterspurt av det amerikanske forsvaret i samband med planane om eit «stjernekrigsforsvar».


Blant ti kjente scandiummineral i verda, er seks funne i Noreg. Det største kjente scandiumfunnet er i Evje i Aust-Agder og det er gjort fleire andre funn i Sør-Noreg, blant anna i Tørdal og Fen i Telemark. I Tørdal har det australske selskapet Scandium International Mining Corp sikra seg rettar. [23].

Førekomsten ved Biggevárri blei meldt å vere på 50 000 tonn råmalm eller 5 tonn scandium. Her skal også vere andre sjeldne metall. Scandium blir ofte utvunne som biprodukt ved utvinning av uran, og NGU fann scandium «while searching from the air for uranium in the province of Finnmark». [24]

Det var Folldal Verk som da hadde retten til å utvinne scandium frå Biggevárri. Etter planen skulle selskapet Megon ta seg av raffinering av scandium og sal på verdsmarknaden. Megon hadde da ei tid drive med utvinning av scandium på Kjeller, som biprodukt av importert malm. Men denne produksjonen stansa i 1991 og teknologien og varemerkene blei selde til Norsk Hydro AS. Hydro hadde store planar for utvinning av scandium og sjeldne jordmetall frå apatitt, og starta slik produksjon i Glomfjord i 1996, men dette blei stansa etter kort tid. I mellomtida var Folldal Verk oppkjøpt av Norsulfid/Outokumpu, som avvikla all drift i Noreg i 1998.

I 2003 dukka igjen tanken på scandiumutvinning på Finnmarksvidda opp, i ein artikkel på nettsida til Norske amatørgeologers sammenslutning.[25]Her blir det hevda at det er funne scandium ved Biedjovággi og «Noen kilometer nord for Bidjovagge har man i senere tid funnet tilsvarende i Biggejávri. Forekomsten er omfattende, og kan være en potensial fremtidskilde for scandium.» 17.10.2011 skreiv nettavisa GEO at NGU vurderer førekomsten ved Biedjovággi som for liten til å satse på.[26]

Andre stader blir det snakka om langt større dimensjonar. Nordic Mining har funne at eklogitten i Engebøfjellet inneheld scandium. På aksjonærane sin propagandanettstad blir det hevda at «Scandiumforekomsten i avgangen vil med en gjennomsnittlig salgsverdi på 4350 USD/kg ha en verdi på ufattelige 206 mrd. kroner.» [27], men dette bør takast med ganske mange klyper salt. Det blir hevda at det skal vere 6000 tonn scandium i eklogitten. Dagens årsproduksjon i verda er 10 tonn, og om ein f.eks. frå Nordic Mining slepp ut det tidobbelte på verdsmarknaden for året, er det vel lite trulig at prisen vil halde seg på dagens nivå.

Uran for atomkraft og atomvåpen

Avisoppslag i VG om uranfunn i grenseområdet mellom Troms og Finnmark, september 1955.
(Foto: SL)

I 1955 fann NGU uran i Njállaávži i Nordreisa, ikkje langt frå grensa mellom Troms og Finnmark. Funnet blei slått opp i riksavisa VG. Statsgeolog Tore Gjelsvik uttalte da at dette er det første lovande uranfunnet i Noreg, og at gehalten er opptil 0,5 g/t. Han meinte dette må sjåast i samanheng med planane om koppargruve i Biedjovággi og at ein kan bygge ein veg som dekker begge desse malmfelta. Avisa skreiv at det er usikkert om desse funna vil dekke utgiftene til veganlegget, men det var elles ingen innvendingar mot å starte uranutvinning i Noreg.


Allereie i oldtida blei uranoksid brukt for å gi gul farge til glass. Seinare blei uranoksid brukt til farging av tøy og lær, og etter kvart til fargelegging av fotografi.

Som grunnstoff blei uran (U) registrert i 1841 og i 1897 blei det oppdaga at stoffet sender ut radioaktiv stråling. Det finst tre naturlige og 23 kunstig framstilte isotopar av uran, og alle er radioaktive. Uran blir i første rekke brukt til atomkraftverk og atomvåpen.

Den viktigaste uranmalmen er uraninitt, UO2, også kalla uranbekerts eller bekblende. I Noreg finst denne i første rekke i granittpegmatittar, ofte i lag med mineral av sjeldne jordmetall, niob, tantal og scandium. Men uran førekjem også i ei rekke andre bergartar, bl.a. i skifer og karbonatitt.


Det er store miljøproblem knytta til både utvinning og bruk av uran, og til lagring av avfall frå kjernekraftverk, på grunn av radioaktiv stråling. Etter 60 år med atomkraftverk er det enno ingen land som har utvikla tilfredsstillande permanente lager for brukt kjernebrensel. Kjernekraftulukker, som Tsjernobyl i Ukraina i 1986, viser at radioaktiv stråling kan vere skadelig i store område i mange år. Vel 30 år etter ulukka merkast framleis det radioaktive nedfallet på saue- og reinbeiteområde i Noreg.

Det er funne ei rekke uranførekomstar i Noreg, blant dei Porsa i Kvalsund og fleire stadar på Finnmarksvidda, Kvænangen, Nordreisa, Kvaløya, Berg og Salangen i Troms, Storjord (Stuorgiedde), Harelifjell (Bålle), Rensdalsvik og Høgtuva i Nordland, Fensfeltet i Telemark, Iddefjord og Jeløy i Østfold, Auselmyra i Aust-Agder, Thors gruve i Rogaland, Krødsherad i Buskerud, Romeriksåsane i Akershus og Sæteråsen i Vestfold. Uran finst i større eller mindre mengde så godt som overalt i berggrunnen, og NGO har kartlagt store delar av landet med radiometriske målingar og laga kart som viser variasjonane i urankonsentrasjonen. Det er få stadar der uran er så konsentrert at det har vore vurdert å starte utvinning, men det er ein del stader der konsentrasjonen er så stor at faren for radioaktiv stråling må vurderast i forhold til planlegging av tiltak som bustadbygging og gruvedrift på andre mineral.

På 1800-talet blei uraninitt utvunne som eit biprodukt ved feltspatgruver, og brukt til framstilling av fargar til glassindustrien. Da var ein enno ikkje klar over radioaktiviteten og farane med denne.

Etter at radium blei oppdaga i 1898 blei uraninitt frå Sør-Noreg brukt til framstilling av radium. Rundt førre hundreårsskiftet dreiv engelskmannen Price utvinning av uraninitt ved Thors gruve på Vats i Rogaland.

Atomkraft i Noreg

Intensiv leiting etter uranmalm starta etter at atomvåpen- og atomkraftteknologien blei utvikla under og rett etter andre verdskrigen. I dei første åra etter krigen satsa Noreg sterkt på atomforsking, frå 1946 ved Forsvarets forskningsinstitutt, frå 1948 ved den sivile avleggaren Institutt for Atomenergi, som i 1980 blei omdøpt til Institutt for Energiteknikk. IFA arbeidde aktivt for utbygging av atomkraft i Noreg, og for kartlegging av radioaktivt råstoff som kunne brukast i atomindustrien. I perioden 1947–51 fikk denne forskinga meir offentleg støtte enn all annan naturvitskapleg forsking, og i 1951 stod Noregs første atomreaktor klar på Kjeller i Akershus. Seinare bygde instituttet opp ein annan reaktor i Halden i Østfold, denne sto ferdig i 1959. Sjølv om begge reaktorane er bygde for forskingsformål, er faren for lekkasjar og ulukker like stor som for vanlige atomreaktorar som leverer straum. Det er òg same problem med lagring av brukt uranavfall.

Fram til 1970 blei avfallet lagra i eit lagerbygg. Da gav Statens institutt for stråleenergi løyve til å grave ned 1000 tønner i bakken utafor reaktoren. Etter press frå miljørørsla blei det oppretta eit fjellager i Himdalen i Akershus og tønnene blei gravne opp og frakta dit. Framleis er det problem med dette avfallet, og det er til saman samla opp 16,7 tonn med brukt brensel som skulle vore reprosessert for å få det over på ei form som er tryggare for langtidslagring. Dette blir stadig utsett, fordi det er strid om kva løysingar som er best og fordi denne operasjonen er berekna å koste omlag ein milliard kr. I 2015 fikk næringsministeren overlevert ei utgreiing om permanent ordning for lagring av norsk atomavfall. Utgreiinga viser forskjellige alternativ, men tar ikkje standpunkt til kor eit slikt lager bør vere. Sidan ingen kommunar vil ta imot eit slikt lager, kan det enno ta tid før ein kjem fram til ei løysing. Det er og politisk strid om reaktorane skal førast vidare, og i så fall oppdaterast. Fleire politiske parti har tatt til orde for at dei bør leggast ned, men så langt har dei ikkje fått fleirtal på Stortinget for det.[28] I oktober 2016 kom meldinga om at begge reaktorane skal stengast midlertidig. Men grunngivinga var ikkje tryggleiken, men økonomiske problem, og det er ikkje sagt at dei ikkje kan bli starta opp igjen. Så seint som i 2016 var det ei ulukke med lekkasje av radioaktivt materiale ved reaktoren i Halden.[29]

På 1990-talet blei 120 tønner radioaktivt avfall frå Noreg senka ved kysten av Italia av italiensk mafia.[30] Ein avhoppar frå mafiaen opplyste å ha fått 1 mill. kr. for å senke skipet. Dersom det stemmer at det har kome frå Noreg er det knapt andre kjelder som har hatt slikt radioaktivt avfall enn reaktorane på Kjeller og i Halden. Da saka blei kjent i 2009, sa Statens strålevern dei skulle undersøke saka. Sidan har det vore stille om saka og ingen i Noreg har blitt stilt til ansvar for at dette kunne skje.

Ei tid var det store planar om bygging av atomkraftverk for ordinær kraftproduksjon i Noreg. Blant anna blei det tidlig på 1970-talet gjort undersøkingar med sikte på plasseringa av atomkraftverk i Hordaland. Dette møtte stor motstand, det blei samla tusenvis av underskrifter på stadar som var planlagte til kraftverk og nokre stadar hindra lokalbefolkninga styresmaktene sine representantar i å gjøre målingar. Dette førte til at planen blei gitt opp i 1975.[31]

Uranleiting og utvinning i Noreg

I 1956 gav NGU ut denne boka som oppfordra folk til å leite uran.
(Foto: SL)

Tilgang på uran var ein føresetnad for den norske kjernekraftsatsinga. Noreg blei medlem av NATO i 1949 og atomvåpen var ein sentral del av NATO-strategien. Det var derfor mye hemmelighald rundt uranleitinga. I eit hefte utgitt av NGU i 1984 blir litt av den hemmelige leitinga avslørt: «Undersøkelser som ble holdt fortrolig ble gjennomført før og omkring 1950 av FFI (Forsvarets forskningsinstitutt), IFA (Institutt for atomenergi) og NGU.»

NGU utførte kartlegging av uran på 1950- og 60-tallet, samt over ein tiårsperiode frå midten av 1970-tallet. I 1954 skaffa NGU seg ein bil med radiometrisk måleutstyr, og kjørte opp alle vegane i landet for å registrere radioaktive stoff. Ein del stadar blei desse målingane følgt opp med nærare undersøkingar i terrenget.

I 1956 gav NGU ut ei bok om uran og uranleiting.[32] Boka startar med «Denne boka er skrevet for dem som vil lete etter uran.» NGU ønskte altså da at folk flest skulle kjøpe seg ein geigertellar for å leite etter uran og så melde inn til dei. I boka er det eit svært kort kapittel om helsemessige omsyn ved uranleiting og uranmalmbryting. Dette går stort sett ut på at leiting er ufarlig, men ein skal vere forsiktig å ikkje få i seg for mye uranstøv og ikkje oppbevare store mengder uranmalm inne i eit rom. Og om ein vil starte gruve, så bør ein kontakte NGU om råd.

Frå 1948 blei det drive på ein førekomst av uraninitt ved Einerkilen i Evje i Aust-Agder, for å produsere uranoksid til reaktoren på Kjeller. Det viste seg at førekomsten var ganske liten og utvinninga blei stansa etter tre år. Seinare har det ikkje vore drive kommersiell uranutvinning i Noreg, men leitinga har halde fram og det har mange gongar vore snakk om å starte ny drift.

I rapporten Uran og thorium i Norge frå 1967 blir det fortalt at det var gjort grundige undersøkingar av alunskiferen i Oslofeltet. Denne inneheld så mye uran at det skaper problem for bruken, men det viste seg likevel vanskelig å vinne denne ut, da ein ville måtte bruke kjemiske middel for å skilje ut uransambanda. Det blei òg nemnd uranfunn fleire stadar i Troms, i Nordland, Vest-Agder, Buskerud og Rogaland. Derimot nemner ein ikkje dei relativt store funna som da var gjort av uran i Trøndelag og Møre og Romsdal.

I 1975 starta NGU igjen eit nytt uranprogram. NGU var ein pådrivar og ville ha eit stort leiteprogram for uran, men det blei da stansa av Industridepartementet. Det offentlige Kjernekraftutvalget uttrykte i 1978 at uranutvinning ikkje var aktuelt i Noreg. Likevel heldt NGU fram leitinga.[33] Ut frå dette virkar det noko merkelig når NGU no skriv på eigne nettsider: «Norske forekomster av uran har aldri vært drivverdige på grunn av lave markedspriser og miljøhensyn, men de er kartlagt av hensyn til risiko for helse og miljø.» Når vi ser tilbake på NGU sin innsats for uranleiting, tyder lite på at miljøomsyn heile tida har vore hovudmotivasjonen.

Finnmarksvidda og tilgrensande område i Troms har vore blant dei områda der det er funne mest uran. På NGU sine kart er det merka av uran ved Ráisjávri på fylkesgrensa mellom Finnmark og Troms, i tillegg til det nemnde funnet i Njállaávži nokre mil unna. I tillegg skal det vere funne uran på vidda innafor Kvænangen. På 1980-talet blei det funne uran ved Biggevárri i Guovdageaidnu, i lag med scandium. Ingen av funna har så langt blitt vurdert som økonomisk drivverdige.

Etter at det ei tid hadde vore ganske stille om uranleiting, blei det 13.06.2007 fortalt i Romerike Blad at det var funne lovande førekomstar av uran i Romeriksåsane i Akershus. Selskapet Novel Mining hadde da fått mutingsløyve og tatt ut prøver som var sendt til analyse. I avisoppslaget var det ingen motførestillingar mot tanken på urangruve like ved Oslo, det var bare snakk om lovande førekomstar og at uranprisen var femdobla og framleis steig. Året etter kom så meldinga om at det svenske gruveselskapet Gexco AB kjøpte Novel Mining AS, men Gexco planla å avvikle uranleitinga og konsentrere seg om gull.

Likevel var det ikkje slutt enno. I 2013 kom meldinga om den største uranførekomsten i Noreg, denne gongen på Orrefjell i Salangen i Troms [34] . REE Mining har fått undersøkingsrett frå Direktoratet for mineralforvaltning.

Thorium – Svaret på energikrisa?

Thorium reklame

Reklame for investering i Thorium.
(Kjelde: Energy and capital)

«Norsk thorium kan løse verdens klimaproblemer og energikrise»[35] Denne påstanden toppar visjonane om kva vi kan få ut av thorium i Noreg. Utvinning og bruk av thorium har også blitt eit brennbart politisk spørsmål. 11.01.2013 stilte Ketil Solvik-Olsen (FrP) dette spørsmålet i Stortinget: «Thoriumutvalget ga i 2008 råd om norsk tilnærming rundt Thorium forskning. Regjeringen la dessverre rapporten i en skuff. NA24 melder 10.01.13 om at både Japan og Kina nå i gangsetter stor satsing rundt Thorium. Begge landene har/planlegger satsing på kjernekraft. Norge har store Thorium ressurser, og vi har viktige miljøer, spesielt i Halden, som er i internasjonal klasse rundt styringssystemer og sikkerhet for kjernekraftverk. Vil statsråden ta noen initiativ til at Norge samarbeider med Kina og Japan rundt Thorium?»


Thorium (Th) er eit sølvkvitt, mjukt, radioaktivt metall. Det blei først funne på Løvøya ved Brevik i Telemark i 1828 og fikk namn etter den norrøne guden Tor.

Thorium brenn i luft med kvit lysande flamme og har vore brukt i gasslamper med glødenett. Det er og brukt bl.a. i legeringar med aluminium, i sveiseelektrodar, keramikk som skal tole høg temperatur, nøyaktige linser og vitskapelige instrument. Thoriumoksid blir brukt som katalysator i fleire kjemiske prosessar. Mange tidligare bruksområde har no falle bort, ettersom ein har funne ikkje-radioaktive erstatningsmateriale. Det er derfor no svært liten etterspørsel etter thorium.

Det har lenge vore forska på bruk av thorium til kjernekraft, men det har enno ikkje kome så langt at det har blitt sett i produksjon. Det finst mye større reserver av thorium enn av uran. Det blir hevda at thorium er mye sikrare som brensel i kjernekraftreaktorar, fordi prosessen ikkje kan komme ut av kontroll og fordi produksjonen av radioaktivt avfall vil bli mye mindre. Det kan heller ikkje lagast atomvåpen frå thorium eller frå avfallet.

Det har lenge vore forska på bruk av thorium til kjernekraft, men det har enno ikkje kome så langt at det har blitt sett i produksjon. Det finst mye større reserver av thorium enn av uran. Det blir hevda at thorium er mye sikrare som brensel i kjernekraftreaktorar, fordi prosessen ikkje kan komme ut av kontroll og fordi produksjonen av radioaktivt avfall vil bli mye mindre. Det kan heller ikkje lagast atomvåpen frå thorium eller frå avfallet.


På 1880–90-talet var det stor etterspørsel etter thorium, som blei brukt som thoriumdioksid for gassbrennarar. På Telemarkskysten, og særlig i Kragerø-området, var det reine thoriumfeberen. Det blei hakka og sprengt laus berg med krystallar av thoritt og tatt ut omlag tusen skjerp. Det blei òg starta regulær gruvedrift fleire stadar, og det skal ha blitt tatt ut over 2 tonn thoritt. Ei tid var det bare Noreg og Sverige som leverte thorium til verdsmarknaden, og prisane var svært høge. Men så kom thorium frå Amerika på marknaden. Der var det rike kjelder med thoriummineralet monasitt i laus sand, og mot denne kunne norsk thorium ikkje konkurrere. [36]

Seinare har det ikkje vore kommersiell utvinning av thorium i Noreg, men etter at det kom i gang forsking på bruk av thorium i atomreaktorar, har igjen idéen om utvinning av thorium blitt aktuell. Igjen er det i Telemark det er mest aktuelt å ta ut thorium. Det meste av dei kjente thoriumressursane i Noreg er samla i eit ganske lite område på Fensfeltet ved Ulefoss, der det tidligare har vore gruvedrift på jern og niob, og der det òg er registrert fleire sjeldne jordmetall. Thoriumet her opptrer på ein heilt anna måte enn ute på kysten, det er finfordelt i to bergartar kalla raudberg og rauhaugitt. Kor stor del av desse som er thorium og kor store mengder det er snakk om er det servert svært motstridande opplysningar om. Kjeldene varierer mellom gjennomsnittlig 0,04 og 0,2% thoriuminnhald. Mengda blir nokre stadar sagt å vere «mellom 56 000 og 675 000 tonn thorium» [37], mens andre kjelder serverer 170 000 tonn [38] eller 87 000 tonn som om dette var heilt sikkert. Til samanlikning er det fleire stadar i verda relativt lett tilgjengelige ressursar med omlag 1 6#37 thorium.

Regiongeologen i Telemark, Vestfold og Buskerud har gjort ei vurdering av utfordringane med å ta ut thoriumet.[39] Han slår fast at det vil vere store problem med å ta dette ut, fordi gruvearbeidarane vil bli utsett for sterk radioaktiv stråling og radongass, at det vil vere vanskelig og dyrt å skilje ut thorium frå malmen, og at det vil bli store problem med radioaktiv avgang og avrenning frå gruva. Vurderinga hans er at om Noreg i dag ønsker tilgang på thorium, vil vi kunne kjøpe det på verdsmarknaden til ein langt lågare pris enn utgiftene med å ta han ut i Fensfeltet. Dei andre funna av thorium i Noreg er til samanlikning langt mindre og/eller mindre konsentrerte, slik at om det ikkje lønner seg å utvinne thorium på Fen, så lønner det seg i alle fall ingen andre stadar. Liksom ved slutten på Klondike-perioden i Kragerø er det også no rikelig tilgang på rimeligare thorium på den internasjonale marknaden.

Desse negative vurderingane har ikkje vore til hinder for at det har vore konkurranse om å sikre seg bergrettane i Fensfeltet. Her har det vore ei rekke selskap som har hatt undersøkingsrettar:

Den mest aktuelle førekomsten etter Fenfeltet er ved Sæteråsen i Hedrum kommune nord for Larvik, der det ved sida av zirkonium, niob og REE skal vere påvist 8 mill. tonn som inneheld 0,05 % Th. [42] Ved sida av dei nemnde er det registrert thoriumhaldige mineral på Blåfjellhatten i Trøndelag, Høgtuva i Nordland, Nabar i Kvænangen i Troms og på Seiland (Sievju) og Stjernøya (Stierdná) i Finnmark.[43]

l 2015 blei det meldt at det er registrert så mye thorium og uran i området for dei planlagte koppargruvene i Repparfjorden at Statens strålevern vil sjå nærare på saka.[44] Men om det blir aktuelt med utvinning av thorium som biprodukt der er vel heller tvilsamt.

Korleis går det så med utviklinga av thoriumbasert atomkraft? Det blei forska på dette allereie på 1960-talet, men både USA og Sovjetunionen stoppa denne forskinga. Dei ville heller ha urandrive reaktorar, da desse produserte plutonium som trengst til å lage atomvåpen. Det tok lang tid før thoriumforskinga kom skikkelig i gang igjen. Trass i intensiv forsking i fleire land har enno ikkje thoriumreaktorar kome i kommersiell drift.

I 2007 oppnemnde Forskingsrådet etter bestilling frå Olje- og energidepartementet eit utval som skulle vurdere satsing på thorium som brensel for energiproduksjon i Noreg. I innstillinga som kom i 2008, konkluderte utvalet at det da ikkje var grunnlag for å satse på det på kort sikt, men at thoriumførekomstane burde undersøkast nærare.[45] Denne rapporten var bakgrunnen til det nemnde spørsmålet i Stortinget.

Ved forsøksreaktoren i Halden har ein likevel halde fram forskinga på thorium og nylig blei det meldt at ein har klart å produsere straum på ei blanding av 90 % thorium og 10 % plutonium. Dette blir framstilt som eit stort framsteg, men ein kan òg tolke det som ei innrømming av at ein enno ikkje har fått til å drive atomreaktorar på rein thorium, utan tilsetting av langt farligare stoff. Plutonium er eit avfallsmateriale frå uranreaktorar, brukt i atombomber og er rekna som det aller farligaste av grunnstoffa, både fordi det er ekstremt giftig og alle isotopar av stoffet er sterkt radioaktive. Bruken av plutonium blir forsvart med at det allereie er produsert mye plutonium i atomkraftverka, og store problem med forsvarlig lagring av desse. Om ein kan bruke dette som brensel i kjernekraftverk, vil ein kunne redusere lagringsproblema når plutonium blir omdanna til mindre farlige stoff.[46] Dette viser kor farlig eit eksperiment verda har gitt seg ut på med å basere store delar av straumforsyninga på kjernekraft utan å ha løyst avfallsproblema. Det virkar heller ikkje vidare trygt med slike eksperiment i ein 55 år gamal atomreaktor som skulle vore skrota forlengst.

Likevel er det stadig dei som meiner thorium er svaret på energiutfordringane, og som i tillegg til leveransar til vanlig kraftforsyning ser for seg thoriumdrive bilar og fly. Når dette koplast til dei høgast moglege anslaga for thoriumressursar i Noreg, kan det gi fantastiske vyar: «600 000 tonn thorium kan produsere mer enn hundre ganger energi enn all olje og gass i Nordsjøen. Omsettes dette i kroner i form av strømforsyning til det europeiske kontinentet, vil Norge for evig og alltid forbli på den grønne gren.» [47]

Trass i alle store visjonar om kva thorium kan bli, slår nettavisa Geo365.no fast dagens situasjon: «Thorium har ingen markedsverdi».[48]

Niob – I teneste for USA

Nesten 50 år etter at utvinninga av niob blei nedlagt ved Ulefoss i Telemark er det enno ikkje rydda opp i det radioaktive avfallet etter gruva. Ingen stad i landet ligg så mye radioaktivt materiale usikra, men likevel har oppryddinga stadig blitt utsett.


Niob (Nb) er eit skinnande grått metall som er ein svært god leiar for straum. Det blei oppdaga tidlig på 1800-talet. Det er brukt i stållegeringar, til sveising, i elektronikk, optikk, smykke, i utstyr for kjernefysisk industri og eksperiment, samt i medisinsk utstyr.

Det vanligaste mineralet som inneheld niob er columbitt – (Fe,Mn)(Nb,Ta)2O6. Kjelda til utvinninga av niob i Noreg er søvitt, som har namn etter Søve ved Ulefoss i Telemark, der det blei oppdaga i 1920. Søvitt inneheld bl.a. niob, uran, thorium og sjeldne jordmetall.

Frå varm til kald krig

Niobgruvene på Søve etter foto på Norsk Bergverksmuseum.
(Foto: SL)

Under andre verdskrigen viste den tyske okkupasjonsmakta stor interesse for niob til stållegeringar som skulle tole mye varme, bl.a. for rakettar. Bøndene på Søve nekta å selje, men eigedomane deira blei eksproprierte. Utvinning av malm starta, med vidare oppreiing på Hydro i Porsgrunn. Men på grunn av den allierte bombinga av fabrikkanlegga på Herøya fikk tyskarane lite nytte av nioben.

Etter krigen trudde bøndene dei skulle få tilbake gardane sine, men det fikk dei ikkje. For no var det amerikanarane som skulle ha niob til våpenutviklinga si, blant anna til eit program for å lage fly og rakettar drivne av atomreaktorar.[49] I 1951 inngikk statsminister Einar Gerhardsen ein hemmelig avtale med USA om å drive ut niob på Søve og levere alt til USA over ein periode på 10 år. Avtalen var så hemmelig at han først blei offentlig kjent i 2005.

Drifta kom i gang i 1953. Gruvene blei drivne av det statlige selskapet Norsk Bergverk. Denne produksjonen utgjorde da mellom 10 og 15 % av verdsproduksjonen av niob. Også no blei malmen sendt til Herøya, for seinare å komme tilbake til Søve, der det var smelteverk.

Etter kvart mista amerikanarane interessa for nioben frå Søve. På eine sida stoppa president Kennedy først på 1960-talet programmet for atomdrevne fly og rakettar, på andre sida var det etter amerikansk initiativ sett i gang billigare niobgruver i andre land, slik at tilbodet no oversteig etterspurnaden. Drifta blei så nedlagt i 1965.

Nioben i Søve gruver førekjem i lag med thorium og uran, noko som førte til at gruvearbeidarane blei utsette for radioaktiv stråling. Svært mange av dei fikk kreft som følgje av dette.[50]

Norges mest radioaktive haug

Under drifta etter niob blei det produsert store mengder avfall, i form av knust og nedmalt berg og slagg. Både steinavfallet og spesielt slagget inneheld mye radioaktive stoff: uran, thorium, radium, radon, bly og polonium, og i tillegg betydelige mengder tungmetall. Dette fører bl.a. til eit svært høgt nivå av gammastråling. Store mengder av avfall er sloppe ut i Norsjø, deponert i slamdeponi eller i slagg- og steindeponi på land, og ein har ikkje full oversikt over kor all avgangen har blitt av. Avgangen inneheld mye kalkstein, og ein del er brukt til kalking i jordbruket. Men mye ligg igjen nær gruvene og dette er av regiongeolog Sven Dahlgren omtalt som «Norges mest radioaktive haug utendørs». Haugen består av omlag 14000 tonn med mye radioaktivt materiale. Kva som skal gjørast med dette har vore eit stridsspørsmål sidan gruva blei lagt ned, og dette er ei utrulig historie om over 50 år med ansvarsfråskriving utan at ein har kome ein millimeter nærare løysinga.

I 1970 blei det gamle gruveområdet seld frå Staten til Telemark fylkeskommune, utan at det var opplyst om at her var lagra radioaktivt avfall. [51] Likevel forsøkte staten seinare å bruke dette salet til å fråskrive seg ansvaret, og hevda at det var fylkeskommunen si oppgåve å rydde opp. I 2005 uttalte daverande ordførar i Nome kommune at han ikkje var urolig for avfallet, for det er få menneske som brukar dette området.

I 2005 sette NRK søkelys på saka i TV-programmet Brennpunkt [52]. Her kom det fram ei rekke skremmande opplysningar: Slagghaugen med radioaktivt avfall står i fare for å rase ut i Norsjø, som er den største drikkevasskjelda i Telemark. Ein mekanisk verkstad har brukt slagghaugen som arbeids- og parkeringsplass, og virvla opp mye støv der. Statens Strålevern har visst om strålefaren, men utan å informere dei som brukte området. Dei ansvarlige i staten nekta å stille til intervju i programmet, og sjølv etter desse avsløringane tok det tid før noko byrja å skje i saka.

I 2009 laga Norges Geotekniske Institutt og Universitetet for miljø- og biovitenskap på oppdrag frå Næringsdepartementet ein rapport med forslag om kva som skulle gjørast med dei farlige restane etter gruvene.[53] 03.03.2010 blei saka tatt opp i Stortingets spørjetime med spørsmål om kvifor ikkje staten vil betale for oppreinskinga.[54]

24.4.2013 kom så endelig Næringsdepartementet med Tiltaksplan for Søve gruver.[55] Her heiter det: «Avfall fra produksjonen og kontaminert jord på stedet inneholder så høye konsentrasjoner av radioaktive stoffer at det regnes som radioaktivt avfall etter forurensningsloven. ... Nærings- og handelsdepartementet fikk i brev av 16.7.2012 frist til 15.4.2013 med å oversende tiltaksplan for opprydningen ved Søve gruver til Statens strålevern. Fristen er senere forlenget til 29.4.2013. Målsettingen med tiltaket skal være å sikre det radioaktive avfallet etter Søve gruver for uoverskuelig framtid slik at det ikke fører til skade eller ulempe for befolkning og miljø. Bruken av området hvor det radioaktive avfallet nå befinner seg, skal etter at tiltakene er utført ikke være begrenset på bakgrunn av den tidligere tilstedeværelsen av radioaktivt avfall fra Søve gruver.»

Konklusjonen er at minst 2500 m3 masse må fjernast og lagrast som spesialavfall i eit dertil eigna deponi, og det må også behandlast som farlig avfall under transporten. Staten har sett av vel 20 millionar til oppryddinga, men det er enno ikkje avklart kor det farlige avfallet skal lagrast.

Niob-geigerteller

Gea Norvegica Geopark arrangerte i juni 2014 tur for interesserte til de gamle niob-gruvene på Søve. Her sjekkar turleiar Per Bjørn Solvang med geigertellar om det er radioaktive stoff i fjellet. Det var ikkje farlig høgt nivå, men tydelig utslag.
(Foto: SL)

Mottak og transport av avfallet skulle etter planen ut på anbod i november 2013. Arbeidet skulle starte i april 2014, og vere avslutta innan 01.12.2014. Men det var først 03.04.2014 at Næringsdepartementet sendte saka ut på anbod, med frist i utgangen av april. Etter førespurnad til NFD i april 2014 fikk eg da opplyst at fristen var utsett til 27.5.2014, og at det var planlagt oppstart av oppryddinga 30.6.2014. Ein månad etter at oppryddinga etter planen skulle ha starta, stilte eg spørsmål til NFD om kven som har fått anbodet og korleis oppryddinga går. Da får eg dette svaret: «Vi er noe forsinket med oppryddingen. Det er ikke tildelt oppdrag om opprydding, og oppryddingen har derfor ikke startet. Det er foreløpig for tidlig å si når oppryddingen kan starte.»[56] Her var ingen forklaring på årsaka til utsettinga, og da eg etterlyste dette, fikk eg dagen etter dette svaret: «Jeg kan dessverre ikke gå inn på årsakene til utsettelsen, da dette ikke ennå er kommunisert offentlig. Det jeg kan si er at vi arbeider med å forberede oppryddingen.»[57]

09.10.2014 meldte så NRK Telemark at oppryddinga var utsett til 2015. Planen var da at avfallet skulle deponerast av Norsk Avfallshåndtering (NOAH) på Langøya ved Holmestrand. 30.01.2015 kom så meldinga om at NOAH etter nærare undersøkingar likevel ikkje ville ta imot avfallet, og Næringsdepartementet innrømte at dei da ikkje har nokon tilbod. I NRK sitt oppslag om saka heiter det: «Statssekretær i næringsdepartementet, Lars Jacob Hiim, sier at de har hatt for dårlig tid til å kunne velge en forsvarlig løsning for avfallet på Søve.»[58] Dette uttalte han i året da det var 50-års-jubileum for nedlegginga av gruva. For norske styresmakter var 50 år altså ikkje nok tid til å finne ut av korleis ein skal behandle radioaktivt gruveavfall.

Så i 2016 verka det som det endelig hadde kome ei løysing, da selskapet Norsk Gjenvinning m3 AS inngikk avtale med Staten om å fjerne avfallet.[59] Det skulle deponerast ved Borge Pukkverk i Fredrikstad, men både der og andre stadar der selskapet forsøkte å få til deponering var den lokale motstanden mot å ta i mot det så stor at ein måtte gi opp. Denne gongen var ordførar i Nome ikkje like rolig som forgjengaren sin, men sa det var frustrerande.

Norsk Gjenvinning på si side seier dei blei overraska av den sterke lokale motstanden, og hevdar at motstanden ikkje har vore forankra i faglige vurderingar, men i kjensler. Etter den siste planen skulle dei radioaktive stoffa vore fjerna innan 1. september 2017. I skrivande stund er det ingenting som tyder på at det vil blir gjort innan den fristen heller.

Beryllium – den store planen som blei vekk

«Eventyrlig rikdom skjules av fjellene».[60] Slik presenterte media i 1989 funnet av beryllium i Rana. Men som dei fleste eventyr var også dette for godt til å vere sant. Kvifor har det enno ikkje blitt noko utvinning av beryllium i Noreg? Dette kan vere ei interessant og lærerik historie både om korleis mineralfunn blir blåst opp og om dei problema som finst på vegen frå funn til produksjon.


Beryllium (Be) er eit lettmetall som er sterkare enn stål, lettare enn aluminium og toler svært høge temperaturar. Mineral som inneheld beryllium har vore brukt i fleire tusen år, men metallet blei først isolert i 1828 og kommersielt tilgjengelig frå 1957. Verdsproduksjonen er bare på eit par hundre tonn, og denne har blitt kraftig redusert siste tiåret. Med noverande produksjon finst det kjente reserver for mange hundre år. Mesteparten av utvinninga er i USA og det er bare eit par land til som har kommersiell utvinning, ingen av dei er i Europa.

Beryllium blir mest brukt til militære formål, bl.a. i kjernefysiske våpen. Elles kan det brukast i elektriske brytarar, relé, forsterkarar, røntgenrør, CT skannarar, bilar, fly og satellittar. Det brukast og i legering med koppar for å gjøre denne sterkare og motstandsdyktig mot syrer.


Den første leitinga etter beryllium i Noreg starta like etter 2. verdskrigen. Tidlig på 1960-talet blei det leita i eit samarbeid mellom Euratom og NGU, noko som viser at det var sterk interesse for beryllium frå kjernekraftindustrien, og aktuelt for bruk i atomvåpen. Det blei bl.a. gjort funn på Hørtekollen i Buskerud. [61]

I 1988 fortalte Adresseavisen at NGU hadde gjort eit funn av beryllium i Rana, eit funn som «får betydning for hele Europa» [62]. Det kunne bli det første drivverdige funnet av beryllium i Europa. Det var Norsulfid (Outokumpu) som skulle stå for drifta. Ein representant for NGU ville tilrå drift, som var berekna å gi arbeid til ti personar i gruvedrifta og 50–100 i vidareforedling. Ein innrømte at eit problem var at «rene oksydforbindelser som man må innom i fremstillingsprosessen av metallet, er giftig, men dette problemet vil nok kunne løses.»

Året etter skreiv same avisa igjen om berylliumfunnet i Rana[63], og adm. dir. Knut S. Heier i NGU uttalte at «det ligger uante muligheter i dette» og at «beryllium er mangelvare i verden». Det blei søkt om å få starte produksjon, men i 2007 blei det meldt det at søknaden blei avvist fordi han var mangelfull. I søknaden var det ikkje sagt noko om helsefare ved utvinning og produksjon![64] Beryllium er svært giftig, og mange, både gruvearbeidarar og naboar til berylliumsverk, har blitt ramma av berylliose, lungekreft og andre sjukdommar.

NGU har likevel ikkje gitt opp tanken på berylliumutvinning i Noreg [65], og lagleiar Rongvald Boyd uttalte i 2011: «– Norge har forekomster av enkelte råstoffer som er nærmest unike i Europa. Det sjeldne metallet beryllium brukes i forsvarsindustrien. Nordland har en av Europas mest interessante forekomster. Vi bør finne ut om den er drivverdig.»[66]

Fotnotar

[1] http://www.miljostatus.no/Tema/Ferskvann/Miljogifter_ferskvann/Avrenning-fra-gruver/Mindre-kisgruver/Vest-Agder-gruver/
[2] http://avisenagder.no/index.php?NyhetID=25279&page=vis_nyhet
[3] Selskapet er også kjent under namnet Knaben Gruvor. Det er eigd av Øgrey/Sigersvold invest i Søgne i Vest-Agder.
[4] http://tv.nrk.no/serie/glimt-av-norge/DVFO50000213/23-07-2013
[5] http://www.gursligruvene.org/Historien.htm
[6] Knut Gjerden: Bykle kultursoge. Bykle kommune 1993, s. 87–90
[7] Tor Erik Finne: Radioaktivitet i avgang fra norske gruver. http://www.grunnvann.no/Seminar/2010/2Finne_seminar2010.pdf
[8] Avisa Nordland 30.03.2005.
[9] E-post til forfattaren frå Intex v/Sven Monrad Jensen, 08.10.2014.
[10] Sitert etter Alf R. Jacobsen: Nikkel, jern og olje. Glimt av Finnmarks økonomiske historie. I: Tschudi (red): Down under up north 2010
[11] Kjetil Vik: Nikkel og kopper framtid for Pasvik. Prosjekt Avis. Journalistutdanninga i Nord-Norge juni 1989.
[12] http://www.ringblad.no/nyheter/article2261102.ece
[13] http://www.ringblad.no/nyheter/article7381967.ece
[14] http://www.dt.no/nyheter/naringsliv/pluss/nytt-selskap-vil-bore-etter-nikkel/s/2-2.1748-1.8447459
[15] Sjå om grafitt på Sortland under kapitlet om karbon i denne boka.
[16] http://www.austagderfk.no/Tjenester-og-fagfelt/Regional-utvikling1/Kulturminnevern/Manedens-kulturminne/Manedens-kulturminne-september/
[17] http://www.nags.net/stein/2009/2-2009_Andresen_&_Soerlie.pd
[18] Sjå om Bjørkåsen gruver under koppar i denne boka.
[19] Bellona magasin 4-91.
[20] Iversen/Kjærstad/Lindgren/Rasmussen: Nikkel og Olivin A/S. Konsekvensanalyse for mineralbryting ved Bruvannsfeltet, Ballangen. NIVA rapport 2433.
[21] http://www.geo365.no/geoprofilen/tunneloppdrag-halve-verden-rundt/
[22] https://www.youtube.com/watch?v=GnsjXNqNDck
[23] http://www.scandiummining.com/s/explorationprojects.asp
[24] New Scientist 28.05.1987. Sitert etter Altaposten 10.06.1987.
[25] Roy Kristiansen: Scandium-mineraler i Norge http://www.nags.net/stein/2003/Sc-mineraler.pdf
[26] http://www.geoaktuelt.no/bergindustri/nyutfordring/
[27] http://infonom.webnode.com//news/de-sjeldne-jordmetallene-scandium-og-yttrium/
[28] http://www.nrk.no/ostfold/utreder-nedleggelse-av-atomreaktorer-1.12364846
[29] https://www.nrk.no/ostfold/radioaktivt-utslipp-ved-ife-i-halden-1.13194796
[30] http://www.theguardian.com/world/2009/sep/16/shipwreck-waste-mafia-italy http://no.wikinews.org/wiki/Norsk_radioaktivt_avfall_i_italiensk_milj%C3%B8kriminalitet
[31] http://www.bt.no/brif/Hva-skjedde-med-ozonlaget-3526053.html
[32] Thor Siggerud: Uran og uranleting. NGU 1956.
[33] Anne Grieg: Uranutvinning og helseskader. Er Finnmark i faresonen. Samtiden 5-1980, http://www.ikff.no/wp-content/uploads/2013/04/Kvinneblikk-p%C3%A5-atomenergi_web.pdf
[34] http://www.fremover.no/lokale_nyheter/article6956024.ece
[35] http://www.idunn.no/natur/2007/03/norsk_thorium_kan_lose_verdens_klimaproblemer_og_energikrise
[36] Arne Grønhaug: Klondyke i Kragerø. Da thorittfeberen raste. http://home.online.no/~wilgroen/Thoritt.pdf
[37] http://forskning.no/bergfag-energi-fysikk-geofag-radioaktivitet-vulkaner/2012/11/thorium-kan-bli-norges-neste
[38] http://www.forbes.com/sites/energysource/2012/02/29/thorium-nuclear-power-a-lesson-from-norway/
[39] Sven Dahlgren: Thorium i Buskerud, Telemark og Vestfold fylker. 2008.
[40] http://forskning.no/alternativ-energi-bergfag-energi-fysikk-kjernefysikk-geofag-radioaktivitet/2011/03/thorium-fra
[41] http://www.reeminerals.no/no/OM-OSS/Om_Oss/
[42] http://www.ngu.no/no/hm/Georessurser/Energimineraler/Spaltbare-metaller/
[43] http://www.nordicmining.com/nyhetsarkiv-oaax-vis-nyhet/category293.html?itemId=425942
[44] http://www.nrk.no/nordnytt/radioaktive-stoffer-pavist-i-nussir-gruva-1.12133119
[45] http://www.regjeringen.no/upload/OED/Rapporter/ThoriumReport2008.pdf
[46] http://www.tu.no/kraft/2014/01/27/plutonium--og-uranbrensel-kan-alene-gi-en-gevinst-pa-100-milliarder-kwh
[47] http://www.aftenposten.no/viten/Thorium-for-fremtiden-7572501.html
[48] http://www.geoaktuelt.no/bergindustri/et-gigantisk-skattkammer/
[49] http://www.yr.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.8004649
[50] Langård, Sverre: Yrkesbetinget kreft etter arbeid med niob-utvinning ved Søve gruver. Porsgrunn: TSS Yrkesmedisinsk avdeling, 1984
[51] http://www.nrk.no/telemark/kommunen-rolig-for-radioaktivt-slagg-1.306693
[52] https://tv.nrk.no/serie/brennpunkt/ofaa12002004/05-04-2005
[53] http://www.ngi.no/upload/31237/20091927-00-14-R_Sove_gruver_rev1.pdf
[54] https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2009-2010/100303/ordinarsporretime/7/
[55] http://www.nrpa.no/dav/e5da15aee9.pdf
[56] E-post frå Næringspolitisk avdeling i NFD v/ Erlend Opstad 18.08.2014
[57] E-post frå Næringspolitisk avdeling i NFD v/ Erlend Opstad 19.08.2014
[58] http://www.nrk.no/telemark/vil-utsette-fjerning-av-radioaktivt-avfall-1.12181685
[59] http://www.geo365.no/bergindustri/folelsesladd-motstand-mot-gruveavgang/
[60] Adresseavisen 19.04.1989
[61] L. Van Wambeke and G. Verfaillie: A beryllium-magnetite correlation in the Hørtekollen—Grubeås area, Buskerud, Norway, and its use for beryllium prospection. NGU Årbok 1962.
[62] Hans Melien: Sjeldent metall i Rana. Adresseavisen 01.11.1988.
[63] Hans Melien: Eventyrlig rikdom skjules av fjellene.. Adresseavisen 19.04.1989.
[64] Innlegg av Per Rise i Rana Blad 25.01.2007.
[65] http://www.ngu.no/upload/Publikasjoner/Rapporter/2011/2011_030.pdf
[66] http://www.tu.no/industri/2011/06/09/norge-14-prosent-kartlagt


Til neste kapittel