Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

Sjeldant og dyrebart

PLATINA, SJELDNE JORDMETALL

«Da Tertiary Minerals i sommer hadde konkrete planer om prøveboring fant Sametingsrådet det nødvendig å be selskapet om ikke å i gangsette leteboringen fordi Sametinget på vegne av det samiske folk ikke hadde gitt sitt samtykke til det, og fordi norske myndigheter ikke har anerkjent samiske rettigheter. Selskapet har inntil videre respektert Sametingets beskjed.» Slik heiter det i Sametingets beretning om virksomheten 2002. Leitinga skjedde i Porsanger og Karasjok, og det var i første rekke platina og palladium dei leita etter.

Platina med meir

Platinagruppa er samlenamn på 6 grunnstoff som har liknande eigenskapar. Ved sida av platina (Pt) er det iridium (Ir), osmium (Os), palladium (Pd), rodium (Rh) og rutenium (Ru). Av desse er i første rekke platina og palladium funne i Noreg, og da oftast i lag.

Platina er eit svært sjeldant metall som finst i naturen både i rein form og i forskjellige mineral. Det blei først tatt i bruk i Sør-Amerika, der det blei brukt i legeringar med gull før den europeiske erobringa.

Platina blir bl.a. brukt til temperatursensorar, elektriske kontaktar, katalysatorar i kjemisk industri og for eksosanlegg for bilar, vassreinsking samt til smykke og for investering. Sør-Afrika har rundt 80 % av verdsproduksjonen.

Palladium brukast bl.a. til katalysatorar, tennpluggar, kirurgiske instrument, tannteknikk og smykke.


Til no har det ikkje vore kommersiell utvinning av verken platina eller andre platinametall i Noreg. Men over dei siste 25 åra har det stadig dukka opp nye meldingar om funn og potensielle gruver. Ved Falconbridge nikkelverk i Kristiansand er det framstilt noko platina som biprodukt, men basert på importert malm.

I 1989 meldte avisa Sámi Áigi at ved Gárenašvárri i Porsanger var det funne platina og palladium. [1] Til saman utgjorde desse metalla inntil 15 g/t. Av dette er ein tidel palladium og resten platina. Denne konsentrasjonen er bare funne innafor eit lite område, i tillegg er det eit vidare område med ein konsentrasjon på 0,5 g/t. Fylkesgeologen uttalte at det er økonomisk interessant. Dette er i eit område der ein lenge har visst at det er koppar. Fylkeskommunen sikra seg da 12 mutingsrettar for å hindre at spekulantar skulle få kloa i dette. I 1994 skreiv Finnmark Dagblad [2] at fylkeskommunen vurderer å gi desse rettane frå seg, og kommunestyrerepresentant Kjetil Hanssen frå Porsangerlista seier da til avisa at dette er dei viktigaste friluftsområda for folk i Lakselv og at dei ikkje må gi dette frå seg. På spørsmål til fylkeskommunen i 2014 kunne dei ikkje seie noko om fylkeskommunen framleis har desse rettane.[3]

19.11.2001 skreiv den engelske avisa The Guardian at Tertiary Minerals [4] hadde funne platina og palladium i Karasjok, verd fleire hundre millionar pund. Avisa meldte også at Sametinget sin visepresident Ragnhild Nystad protesterte mot denne leitinga, sidan Sametinget ikkje var blitt konsultert. I 2002 heldt Karasjok kommune folkemøte om mineralleiting, bl.a. om platinafunnet ved Gállojávri [5]. Morten Often frå NGU fortalte at prisane på desse metalla var svært varierande og at det var uklart om det var lønsamt å starte utvinning. På møtet forsvarte ordførar Kjell Sæther mineralleitinga og sa at det var viktig å få arbeidsplassar og at reindrifta måtte vike ved konfliktar. [6] Etter at Sametinget sa frå at dei ikkje ønskte mineralleiting før samiske rettar var avklara, har det vore lite å høre til Tertiary Minerals.

Det er ei rekke selskap som har sete på leiterettane i dette området, og som har gjort undersøkingar her: A/S Sydvaranger (1976-82), Tertiary Minerals plc (2002-2003), Anglo American (2006-2010) og Store Norske Gull (2011-2013). Etter at restane etter Store Norske Gull blei kjøpt opp av Nussir-direktør Rushfeldt sitt selskap Antaeus, er det dette som sit på rettane, men i første omgang ser det ut til at dei har meir enn nok å slite med på anna hald.

Undersøkingar har vist resultat på opptil 0.42 % Ni og 0.42 % Cu, men i ganske små område. Av edle metall har ein også opptil 2.45 g/t Pt+Pd+Au.[7] Samanlikna med andre mineralfunn er dette ikkje spesielt imponerande.

I 2008 skreiv Finnmark Dagblad at Nussir ASA hadde funne platina ved Kvalsund. [8] I 2013 dukka så igjen platina og palladium opp i avisspaltene, denne gongen i Nordlys, og funna er gjort i Reinfjord i Kvænangen. Det er Nordic Mining [9] som har leita her, og dei skal også ha funne nikkel, koppar og gull. Først slo dei på stortromma og krevde «forutsigbarhet», dvs. førehandsgaranti for at dei får utvinningsløyve, men seinare har det blitt heller stille om desse funna.

Sjeldne jordmetall

«Stein er mange millioner likes», forkynner reklamefilmen til Norsk Bergindustri, til bildet av ein smarttelefon og teksten «REE fra Telemark». Kva betyr no det? Jo, mye moderne elektronikk brukar små mengder av Rare Earth Elements, eller på norsk sjeldne jordmetall eller jordartar.

Dei sjeldne jordmetalla er ei gruppe på 16 grunnstoff som finst i ganske små mengder i jordskorpa: yttrium – Y, lantan – La, cerium – Ce, praseodym – Pr, neodym – Nd, promethium – Pm, samarium – Sm, europium – Eu, gadolinium – Gd, terbium – Tb, dysprosium – Dy, holmium – Ho, erbium – Er, thulium – Th, ytterbium – Yb og lutetium – Lu. Nokre gongar blir også Scandium rekna med, men dette metallet har vi her behandla for seg sjølv.

Desse metalla er også kalla «sjeldne jordartar», eit namn som er ganske misvisande, da det er snakk om metall, ikkje om jordartar. Det er også svært varierande kor sjeldne dei er, cerium er faktisk meir utbreidd i jordskorpa enn både koppar og bly. Ofte finst fleire av desse metalla i lag, og i lag med andre sjeldne metall som scandium, niob og tantal.

Sjeldne jordmetall blir brukt bl.a. i vindturbinar, elbilar, harddiskar, oppladbare batteri, laserar, røntgenrør, fluorescerande lyskjelder, TV-skjermar, mobiltelefonar, datamaskinar, optikk, atomreaktorar, eksoskatalysatorar, jetmotorar, samt i forsvarsindustrien.

I Evje i Aust-Agder er det funne mange sjeldne jordmetall. Her er eit oppslag på det lokale mineralmuseet om dei forskjellige metalla.
(Foto: SL)

Fen-feltet ved Ulefoss er trulig den største konsentrasjonen av sjeldne jordmetall i Noreg, og her har Gea Norvegica Geopark sett opp ein informasjonsplakat om dei spesielle geologiske forholda der.
(Foto: SL)

Heile sju av dei sjeldne jordmetalla blei oppdaga først i malm frå Ytterby gruva utafor Stockholm, og denne gruva har gitt namn til ytterbium, yttrium, terbium og erbium. Det har likevel ikkje blitt noka stor utvinning av desse metalla der, og gruva har vore stengt sidan 1933. Seinare har det vore utvinning av sjeldne jordmetall i bl.a. Sør-Afrika, USA og Russland, men i løpet av 1990-talet auka Kina utvinninga kraftig og utkonkurrerte mesteparten av produksjonen i andre land, inntil omlag 97 % av utvinninga av sjeldne jordmetall skjedde i Kina. Etter at Kina auka prisane og sette restriksjonar på eksporten, har interessa for utvinning auka igjen i andre land, og Kina sin andel av verdsproduksjonen skal no vere redusert til omlag 75 %. Det er store planar om oppstart av gruver i Sverige og på Grønland.

På Kolahalvøya, like aust for Finnmark, er det utvinning av mineralet loparitt, (Ce,Na,Ca)(Ti,Nb)O3, som er oppkalla etter det russiske ordet for samar, лопары.


Fleire av dei sjeldne jordmetalla er også funne i Noreg, men så langt har det ikkje vore regulær kommersiell utvinning av desse her i landet. Det einaste tilfellet eg har hørt om er at det i Biedjovággi i Guovdageaidnu på 1970-talet blei funne sjeldne jordmetall i lag med koppar, og at konsentratet blei sendt til Japan for prosessering. [10] Det har derimot vore drive utskiljing av nokre sjeldne jordmetall, i første rekke yttrium, frå importert råstoff.

Sjølv om etterspørselen er stor og Noreg forbrukar mye varer som inneheld REE, er det så langt ikkje organisert noko gjenvinning av desse stoffa her i landet. [11]

Kor kjem så «REE frå Telemark» inn i bildet? I følgje NGU kan Fensfeltet i Nome kommune i Telemark og Sæteråsen ved Larvik vere potensielle kjelder for REE. I Fensfeltet har fleire selskap sikra seg undersøkingsrett. Eit firma som heiter REE Minerals AS har rettar til det området der det er mest REE. Desse førekomstane skal vere den største REE-førekomsten som er kjent i Europa. Dei har bora 300 meter ned og meiner å ha funne verdiar for heile 425 milliardar kroner. Blant metalla dei har funne er cerium, lantan, neodym og praseodym. I eit intervju med Finansavisen fortel representantar for REE Minerals at de reknar med å få med seg miljørørsla, etter som dette blir rekna for "grønne" mineral og det ikkje bli sjødeponi.

Regiongeologen for Telemark, Vestfold og Buskerud har engasjert seg for å få fart på sakene. Han ønsker å bore tusen meter ned i Fensfeltet. Dette har han i 2017 lansert for sentrale politikarar, som er svært interesserte i å få dette igang.

Samtidig har selskapet REEtec planlagt ein fabrikk for å skilje ut dei sjeldne jordmetalla frå malmen. Dei hevdar å ha utvikla ein ny teknologi og skal ha ein fabrikk klar frå 2020. Om ikkje Fensfeltet kan levere så raskt, kan REEtec starte med importert malm. Dei hevdar og at denne teknikken kan brukast til resirkulering.

I Ulefossområdet er det svært delte meiningar om utsiktene til ei ny stor gruve. Mange drøymer om det store gruveeventyret, mens andre minner om at det enno ikkje er rydda opp etter drifta som blei avslutta for 52 år sidan, og ser ikkje lyst på å få enno eit radioaktivt deponi i bygda.

NGU vil også satse på leiting nordpå og meldte i 2011: «NGU kommer til å prioritere regionale undersøkelser i deler av de tre nordligste fylkene for å belyse potensialet nærmere.» [12] I Rana skal det vere gode forekomstar på Høgtuva, der det også er andre sjeldne mineral. Det er meldt om funn av Europeum på Nordkynhalvøya og diverse REE på Finnmarksvidda, og det kanadiske selskapet Tasman Metals har gjennom det svenske underselskapet Tasmet AB sikra seg leiterettar ved Biggejávri i Guovdageaidnu. Også i Lofoten og Vesterålen er det gjort funn.

Eit problem med uttak av dei sjeldne jordmetalla er at dei ofte førekjem i lag med thorium og/eller uran, noko som gjør at det vil kunne blir frigjort stor radioaktiv stråling. Dette vil først ramme gruvearbeidarane, og i neste omgang alle som held til nær avgangen frå gruvene.

Fotnotar

[1] Hans Solbakken: Porsáŋggus leat gávdnan divrras minerálaid. Sámi Áigi 21.12.1989.
[2] Finnmark Dagblad 09.12.1994
[3] E-post til forfattaren frå Finnmark fylkeskommune sin rådgivar for energi og mineral, 07.10.2014.
[4] Tertiary Minerals er eit selskap registrert i Storbrittania, og presenterer seg som «a mineral exploration and development company operating in the Nordic countries, USA & Saudi Arabia.» Hovudsakelig driv dei på flusspat.
[5] Min Áigi 04.09.2002
[6] Samanlikn med det han uttalte i 1994, sjå under kapitlet om gull i denne boka.
[7] http://www.ngu.no/upload/Aktuelt/CircumArtic/6_Norway.pdf
[8] http://www.finnmarkdagblad.no/nyheter/article3680188.ece
[9] Nordic Mining planlegg og rutilutvinning ved Førdefjorden, sjå bind 1.
[10] Opplyst til forfattaren av tidligare gruvedirektør Torvald Østby, 2014.
[11] Elise Hermo Rusti: Urban mining. Materialgjenvinning av EE-avfall med fokus på sjeldne jordartsmetaller og edelmetaller. NTNU 2013. http://www.diva-portal.org/smash/get/diva2:631294/FULLTEXT01.pdf
[12] NGU Rapport 2011.030 Mineral- og metallressurser i Norge: potensial og strategisk betydning


Til neste kapittel