Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

Alt som glimrar?

GULL – Au

«Folkemøtet slår fast at Rio Holding Norway AS sin letevirksomhet i Ráitevárri-området er i strid med samisk rettsoppfatning, og ikke i overensstemmelse med samiske interesser. Denne letevirksomheten er også i strid med internasjonale rettsregler (ILO-konvensjonen). Folkemøtet støtter fullt opp om Sametingspresident Ole Henrik Maggas krav om at Rio Holding Norway AS og liknende selskaper holder seg borte fra Sápmi, så lenge de ikke har fått tillatelse fra samenes høyeste organ, Sametinget.» Dette blei i 1994 vedtatt på eit godt besøkt folkemøte om gulleiting i Karasjok.[1]

På Finnmarksvidda, og i Kárášjohka (Karasjok) kommune har det vore leita gull sidan 1700-talet. Sjølv om ingen har blitt rike på det så langt, er det framleis dei som ikkje har gitt opp vona om det store gullfunnet.

Gull (Au) er eit gult, mjukt og formbart edelmetall. Det er eit av dei eldste metalla vi kjenner til at menneska har brukt. Det finst fritt i naturen, men dei aller fleste rike gull-leia er forlengst tømt, slik at det som er igjen i jordskorpa oftast utgjør ein mikroskopisk del av berggrunnen eller sanda. For å få fram gull må vi ta ut stadig større mengde masse, for kvart gram gull som blir utvinne, tar vi ut fire gongar meir stein no enn for 35 år sidan.[2]

Gull har i første rekke vore brukt til smykke og utsmykkingar, og til pengar og andre former for verdimål. I lange tider var papirpengar basert på at dei i prinsippet kunne vekslast inn i gull, den såkalla gullstandarden. Dei nasjonale sentralbankane måtte da halde lager av gullbarrar tilsvarande pengebeløpet som var i omløp. Ein stor del av gullet som blei utvunne blei bunde opp i lager, noko som bidrog til at gullprisen blei kunstig høg. Sjølv om gullstandarden forlengst er avskaffa, er det framleis mye gull lagra i barrar i bankar og hos spekulantar.

Bare omlag 10 % av gullproduksjonen går til andre formål enn smykke og spekulasjon. Gull blir brukt bl.a. til kontaktar i elektroniske produkt, tannfylling, medisin, farging av glass, samt i liten grad som tilsetting i mat og drikke.

Gull, cyanid og kvikksølv

I Kittila i Nord-Finland ligg den største gullgruva i Norden. 99,9995 % av det som blir tatt ut av fjellet hamnar i dette deponiet. I gullutvinninga brukast det cyanid. I 2015 gikk det hol på duken som ligg under deponiet og mye avgang rant ut. I bakgrunnen ser vi vintersportsanlegget Levi.
(Foto: SL)

I verdssamanheng er gullutvinning ein av dei mest miljøskadelige formene for gruvedrift. Det skuldast både dei store mengdene med berg som må takast ut og dei kjemikaliane som blir brukt for å vinne ut gullet.

Kjemikaliar som blir brukte i utvinninga forureinar jordsmonn og vassdrag. For å trekke gull ut av den finknuste malmen blir det oftast brukt natriumcyanid, arsenikk og/eller kvikksølv. Alle desse er svært giftige stoff, som er dødelige sjølv i ganske små mengder. Lekkasjar av cyanid har skapt store miljøkatastrofar, bl.a. ved gruver i Romania og Colombia. EU-parlamentet gikk i 2010 inn for eit forbod mot bruk av cyanid, men EU-kommisjonen sa nei.

Kvikksølv kjem lett inn i næringskjeda og fører til hjerneskadar hos menneske. I Noreg er kvikksølv tidligare brukt ved gullvasking i Karasjok, og mye kvikksølv ligg nok framleis igjen i terrenget. Ved gullutvinning frå fast fjell i Noreg har gull vesentlig blitt tatt ut i lag med koppar, og blir da skilt ut frå kopparkonsentratet først ved elektrolyse av smelta koppar. Derimot blir det brukt store mengder cyanid i gullgruva i Kittilä i Finland, bare 7 mil frå grensa til Finnmark [3]. I dei siste åra har det blitt forska på meir miljøvennlige alternativ til utfelling av gull [4], men det blir framleis planlagt nye gruver med bruk av cyanid.

Drifta foregår gjerne i dagbrot og store område blir øydelagde. Når gullinnhaldet er så lite som nokre få gram pr. tonn, blir det enorme mengder avfall som må lagrast i naturen på land eller i sjø. I tillegg til all plassen det tar, kjem avrenning som slipp ut tungmetall som kadmium, bly, sink, koppar, arsen m.m. I kontakt med luft og vatn dannar sulfida av desse vannløyselige sulfat som forsurar og forgiftar vassdrag og jordsmonn.

Gullutvinninga krev eit svært stort energiforbruk, som igjen krev tilgang på/utbygging av elektrisk kraft.

Når media og politikarar jublar kvar gong det er funne spor av gull, kunne det vere bra først å sjå litt på konsekvensane.

Gulleiting landet rundt

Oversikten frå NGU viser at gull er funne mange stadar i Noreg, både i fast fjell og i lausmassar. I tillegg er det sikkert mange funn som er gjort lokalt, men ikkje rapportert inn.
(Foto: SL)

Nordic Mining borar etter gull ved Gullverket i Eidsvoll.
(Foto: SL)

Det er leita etter og funne gull i større eller helst mindre mengder over store delar av Noreg. Sikre skriftlige kjelder om gullutvinning har vi først frå 1700-talet, men mye tyder på at gull har vore utvinne fleire hundreår tidligare, kanskje heilt tilbake til 1000-1100-talet. Blant anna er det på Sunnmøre tradisjonar om gamal gullutvinning, i område der det er funne gull også i nyare tid. Dette blir bare eit lite utval av dei mest kjente stadane der det har vore gullutvinning.

I 1750 blei det funne ein gullklump nær Eidsvoll i Akershus, og i 1758 starta drifta i Brustadgruva ved Nordre Holsjøen, og det blei bygd smeltehytte ved Lyssjøen. Malmen inneheldt meir koppar enn gull, så anlegget fikk namnet Lyssjø Kopperverk. Samfunnet som voks opp rundt gruvene blei derimot kalla Gullverket. Her var drift fram til 1807. I 1897 starta eit engelsk selskap opp ny drift av Brustadgruva, med 120 arbeidarar. På Gullverket blei det bygd knuseverk. Men drifta blei aldri lønsam, det beste året blei det utvunne 50 kilo gull og nokre hundre kilo koppar. I 1907 var verket konkurs. Vel hundre år seinare kasta investoren Bernt Stilluf Karlsen auga på dette området. I 2012 kjøpte han opp leiterettar frå Eidsvoll og austover. som han straks selde vidare til eit kanadisk selskap. Så fikk han NRK Hedmark og Oppland til å formidle at her var unike førekomstar av gull, sølv, platina og palladium, og at her venta eit gigantisk gruveeventyr.[5] Året etter var kanadiarane borte, og så blei det stille.

I Svartdal, Seljord kommune i Telemark, er Bleka eller Blika gruver, med førekomstar av gull og ei rekke andre metall. Det franske selskapet Compagnie Française des Mines de Bamble oppførte driftsbygningar og smelteomn, og dreiv i tida 1882–1901. Det lønte seg ikkje og dei trekte seg snart ut. Seinare var det etter tur fem eigarar eller eigargrupper fram til andre verdskrigen, og tre gongar forsøkte ein å starte drifta på nytt, men utan stort hell. På 1930-talet blei det gjort undersøkingar med statsstøtte og oppført eit flotasjonsverk, men det blei tatt ut ganske lite gull. I 2007 skulle selskapet Novel Mining gjenopne gruva [6]. Det blei det ikkje noko av, og året etter var Novel Mining seld til svenske Gexco, som seinare er seld til Sotkamo Silver AB. Vi har ikkje funne teikn på at nokon av desse selskapa har gjort noko med Bleka.

På Lykling på Bømlo i Hordaland blei det mellom 1884 og 1910 tatt ut 200 kilo gull, og på det meste var over 100 arbeidarar i arbeid. I 2012 blei det meldt at Norwegian West Coast Gold ville leite her igjen og kanskje ta opp igjen drifta. Dette var eit av selskapa Bernt Stilluf Karlsen brukte da han sikra seg leiterettar over store delar av landet, som han seinare selde til kanadiske Dalradian. Etter 2012 er det einaste som er å finne om Norwegian West Coast Gold eit oppslag om tvangsavvikling.

Norwegian Resource Ventures, som er eit av dei mange selskapa til Per Jon Moen i Tønsberg, har leita etter gull i Bamble i Telemark, og hevda i 2009 at dei har eit svært interessant prosjekt der. Noka gullgruve kan det ikkje ha blitt, for det har ikkje vore meir snakk om prosjektet og selskapet går med dundrande underskot.

Etter andre verdskrigen har det ikkje vore regulær drift etter gull i Sør-Noreg, sjølv om nokre kisgruver har tatt ut litt gull som biprodukt. Den største gullutvinninga har trulig vore ved Joma gruver i Nord-Trøndelag, der gull utgjorde ein vesentlig del av inntekta i lag med koppar og sink.

Det er i første rekke i Nord-Noreg at vi har sett den store gulljakta i seinare år. På NGU sin oversikt «Metallforekomster av nasjonal interesse» er gull nemnd aleine eller i lag med andre metall åtte stadar. Den sørligaste er Skiftesmyr i Namdalen, deretter Kolsvik i Bindal, Mofjellet i Rana, Sulitjelma i Fauske, Mauken i Troms, Biedjovággi i Guovdageaidnu, Ráitevárri i Karasjok og Gjeddevatn (Hávgajávri) i Sør-Varanger. I tillegg hevdar Norwegian Resource Ventures at dei har funne mye gull, koppar og sink i Kvænangen.[7]

På Gautelisfjellet ved Narvik var det gruvedrift etter gull i 1922–23. Malmen blei frakta ned til Elvegård med hest og slede. I terrenget kan ein enno finne steinmurar, gruvesynker og gruvestoller frå denne drifta. Seinare har fleire prospekteringsselskap forsøkt seg her, men utan at det har blitt noka drift av det.

På Ringvassøya (Ráneš) i Troms har det blitt leita etter gull av fleire selskap og offentlige institusjonar. Både NGU og universiteta i Oslo og Tromsø har vore innblanda, i lag med ASPRO og AS Sulfidmalm.[8]

Frå Klondike til Karasjok

Eit av dei eldste bilda frå gulleiting i Karasjok, 1901
(NGUs fotoarkiv)

Industriell gullgraving,1913 ved Storfossen, Karasjok.
(Foto: Hegge)

Rykta om gull i elvesand på Finnmarksvidda har gått i alle fall sidan 1735. Mange har prøvd seg med gullvasking, men for dei aller fleste har inntektene vore mindre enn utgiftene

Den første som er kjent for å ha undersøkt systematisk gullførekomstar i elvesand i indre Finnmark, er Tellef Dahll i 1866. Han fann gull mange stadar langs Kárášjohka, Anárjohka og Deatnu (Tana) og også nokre stadar langs Alta–Guovdageaidnu-vassdraget, i Lakselv (Leavdnja), Reisaelva (Ráiseatnu), Målselv (Málatvuopmi) og Bardu (Beardu). Det er i første rekke i Karasjok at det er drive gullvasking i større målestokk.

Styresmaktene fann tidlig ut at det var nødvendig å regulere gullgravinga, og 13.04.1871 blei det utferdiga ein kongelig resolusjon som i § 1 sa: «Ingen må søke eller utvinne alluvialt forekommende gull på statens grunn i Troms stift uten å ha erhvervet adgang dertil overensstemmende med nedenstående forskrifter.» Resolusjonen viser at det her ikkje i første rekke er snakk om einskildpersonar med telt og gullpanne i ryggsekken, det er snakk om leiting i større målestokk:
«§ 2 Tillatelse til å opsøke gull meddeles av den dertil beskikkede bergmester til enhver uberyktet norsk undersått, som derom andrager, og som på fyldestgjørende måte godtgjør å ha tilstrekkelige midler til å kunne befordre til og fra arbeidssted samt der underholde minst 4 mann i 3 måneder. Tillatelsen gjelder hver gang for et år og betales med 20 spd. der tilfaller statskassen. Hvorvidt og i hvilken utstrekning utlendinger kan meddeles lignende tillatelse bestemmes av departementet for det innere.»

Midt på 1870-talet blei den første ekspedisjonen for storstilt gullvasking utrusta av konsul Jentoft i Vadsø (Čáhcesuolu). Det blei vaska i Goržejohka og Sáđgejohka (Sargejok). Ei investering på 20 000 kr. gav gull for 1600 kr., og etter det skulle det gå eit par tiår før nokon prøvde seg igjen.

Sist på 1890-talet kom eit «Kristiania-konsortium», som ikkje nøydde seg med å leite i elvesanda, men gikk laus på morenar langs elvene. Det kom større og mindre ekspedisjonar både frå England og Tyskland.

Tidlig på 1900-talet var her stor aktivitet, det var bl.a. ein del nordmenn som hadde vore med på gullrushet i Klondyke, og no var vendt tilbake til Noreg. Uttrykket «Norges Klondyke» sat laust, og i 1920 forsvarte to innsendarar i Aftenposten AS Sargejok Guldkompanie, som da etter 15 års drift ville utvide aksjekapitalen: «Da selskapet foreløpig kun tegner aktier underhånden og således ikke endnu ønsker at fremlægge affæren offentlig, har vi kun villet afverge, at denne loyale og vel undersøgte bedrift skal komme i miskredit ved at kalles et «Norsk Klondyke» eller sidestilles med foretagender, der er beheftet med de utiltalende udvekster, som forbindes med dette navn. Den tilslutning og interesse, selskabet er blevet vist fra kyndig hold, er også en garanti for, at det er en sund og respektabel affære, som også vil kunne få stor nationaløkonomisk værdi for vort land.»[10]

Dei fleste gullvaskarane kom utafrå, men ofte leigde dei inn lokale hjelparar, som kjentmenn og elvebåtstakarar, og etter kvart blei også ein del av lokalbefolkninga i Karasjok bitt av gullbasillen og tok ut eigne utmål. Blant anna dreiv John Balto eit felt ved Noaidejávri på 1920–30-talet.

I 1927 blei det invitert til aksjeteikning i Finnmarkens Guldgraverselskap. Sør- og vestlendingane bak dette hadde planane klare: «Vi ønsker at få anledning til at slå fast, at guldforekomstene i Finnmarken er meget rike og meget lønsomme ved rationel drift. ... Straks man har fundet den guldførende åre, anskaffer man maskiner og legger arbeidet an i størst mulig målestok.» Så enkelt var det nok ikkje.

I ei skildring av «Karasjok, Norges Klondyke» [11] fortalte sokneprest i Karasjok, Alf Wiig i 1930 om hendingar, svindel og tragiske ulukker under gullgravinga og om kor mye som låg igjen av restar etter gullgravarane langt inne på vidda. Han skreiv at det har nok vore drive ut gull for nokre titusener, «selv om det nok kan være så at der har vært gravet ned flere penger enn der har vært gravet frem». Trass i dette opna Wiig for at det enno med rasjonell maskindrift ville vere mogleg å få eit godt utbytte og at gullet på vidda «må bli vunnet ut til ophjelp av vår betrengte økonomi».

Eit av selskapa som satsa på gull på Finnmarksvidda var Norwegian Minerals, som sette inn denne annonsa i Dagens Næringsliv 20.06.1989

I 1987-91 gjennomførte NGU ei større undersøking i lausmassene ved Sáđgejohka. Resultatet var at det var mest gull i det nederste laget av lausmassane, men det var ikkje vidare gull i fast fjell under der igjen..
(Foto: Morten Often)

Det skulle ikkje gå mange år før det blei satsa skikkelig på den rasjonelle maskindrifta. I 1934 satsa AS Alluvium frå Oslo stort med 30 mann ved Sáđgejohka. Bl.a. «blev morenebanken på sydsiden av Sargejokka gjennemskåret i sydlig retning i 35 m. lengde fra overflaten til bedrock ved maskinell skraperdrift som et ledd i undersøkelsesarbeidet. ... Det blev enn videre grøftet i forskjellige nærliggende banker samt i St. og L. Sargejokkas elveløp, og 3 tunneler blev drevet i en lengde av henholdsvis 8, 12 og 21 m, alle for å konstatere begrensningen av ovennevnte gullførende banker.»[12] Resultatet blei oppsummert som optimistisk. Året etter blei det nedlagt nesten like mye arbeid, men «Sommerens resultat opgis som ikke opmuntrende, idet de nye boringer efter gull gav negativt resultat.»[13] Allereie i 1937 blei det meldt at gullvaskinga i Karasjok da var minimal.[14]

Likevel hadde ikkje alle gitt seg, og nemnde Alf Wiig fortalte i ei seinare utgåve av artikkelen sin: «I disse årene kom storkapitalen inn i bildet. Et millionsterkt London-syndikat med store gullgruver i Syd-Afrika sendte eksperter over til Karasjok for å foreta undersøkelser, og det ble i den sammenheng uttalt at de regnet med lønnsom drift med 1 gr gull pr. kubikkmeter grus, hvis det bare var grus nok. Det kom så langt at syndikatet sendte konsesjonsandragende som av departementet ble sendt Karasjok herredsstyre til uttalelse. Selskapet ville arbeide seg oppover elvene med et veldig mudderapparat og ville ha praktisk talt alle Karasjoks ca. 5000 km2 til rådighet. Dette vakte store betenkeligheter i herredsstyret som forutså at bygda ville bli avfolket, og at det man ble sittende igjen med bare en uhyre grus- og sandørken. Herredsstyret innstillet på å ta unna selve Karasjokdalen i en lengde 20 km ovenfor og 20 km nedenfor Kirkestedet. Dette ville ikke konsesjonssøkerne gå med på, og saken falt bort.»[15]

I same artikkelen fortalte Wiig at det blei brukt kvikksølv ved gullvaskinga i Karasjok. Ein annan artikkel fortel meir i detalj korleis dette blei brukt: «Utskyllingen tok en halv times tid, så var gullsanden så ren som den kunde bli på dette viset. Den næste prosess bestod i at en liten flaske kvikksølv blev helt op i fatet, formannen rørte rundt med en pinne inntil kvikksølvet hadde trukket til sig alt gullet i en klump så stor som en bordtennisball. Inne i et skur blev klumpen lagt i en stekepanne over et primusapparat og efterat kvikksølvet var fordampet lå det rene gullstøv tilbake i pannen.»[16]

I 1937 blei det oppsummert at til da var resultatet av all gullvaskinga i Karasjok ikkje stort over 20 kg gull.[17] Mesteparten gikk til Kongsberg der det gikk inn i smelting av gullmyntar ved Myntverket.

Konfrontasjon i Ráitevárri

I 1994 starta Rio Tinto Zink boring etter gull i Ráitevárri i Karasjok. Sametingspresident Ole Henrik Magga og visepresident Ragnhild Nystad drog da inn til Ráitevárri og ba selskapet forsvinne.
(Foto: NRK Sápmi)

Sjølv etter fiaskoane på 1930-talet var det også i etterkrigstida ei viss interesse for gullvasking på Finnmarksvidda, og Handelsdepartementet delte ut utmål både i Karasjok og i Kautokeino. På 1960-talet blei gullgraving òg ein aktivitet for turistar, og det var vel i første rekke turistnæringa som gjorde pengar på dette

I Finnmark fylkeskommunes høringsutkast for utviding av Øvre Anárjohka nasjonalpark står det: «Verneforslaget ble utsatt flere ganger på grunn av bergverksinteressene i området. Et norsk firma hadde siden 1962 drevet undersøkelser i området, men var i 1973 ikke kommet lenger enn at de ønsket 10 nye års utsettelse av vernesaken. Dette ble avvist, men grensene for parken ble flyttet noe sørover for å unngå de høyest prioriterte malmletingsområdene.»

Frå midten av 1980-talet tok igjen interessa seg opp for leiting etter gull i Karasjok, spesielt i områda rundt Sáđgejohka og Ráitevárri. Sáđgejohka har lenge vore mistenkt som kjelde for gullkorna som er funne i elvesanda i Anárjohka og Kárášjohka. Som ledd i NGU sitt Finnmarksprogram starta ein gullundersøkingar ved Sáđgejohka i 1984. To år seinare meldte Dagbladet at gulleitarane på Finnmarksvidda da nærma seg sjølve kjelda [18], og i 1988 meinte NGU ifølgje Adresseavisen å kunne lokalisere gullkjelda til eit område som er 15–20 meter breitt og 200–300 meter langt.[19]

I 1989 sette Norwegian Minerals A/S i gang for å få investorar til gulleiting i Sáđgejohka-området. Dette blei omtalt i Dagens Næringsliv som «Kråkesølv i gullprospekt»[20]og ein stilte spørsmålet om det var «Årets mest risikofylte, tvilsomme, dumdristige og spekulative investeringsprospekt». Selskapet klarte å få NGU til å leite for seg, men resultatet var ifølge NGU-rapporten «altfor lavt i økonomisk sammenheng», og noko meir blei det vel ikkje av det prosjektet.

I 1994 fikk så det internasjonale gruveselskapet Rio Tinto Zink (RTZ) løyve av Bergmesteren til leiteboring i Ráitevárri, utan at lokale og samiske interesser var spurt. Sametingspresident Ole Henrik Magga drog da rett inn i leiteområdet og ba gulleitarane pakke saman.[21] På folkemøtet som blei nemnd først i dette kapitlet, talte ordføraren i Karasjok, som blei referert slik:
- Dette er ei stor og prinsipiell sak for heile vår framtid og eksistens, byrja ordførar Kjell Sæther (A). – Vi ønsker ikkje at RTZ [22] skal etablere seg i Sápmi. Kva skjer om dei finn drivverdige førekomstar i Ráitevárri? Kanskje blir det nokre arbeidsplassar i nokre år. Etterpå blir det igjen ein steinørken og beiteområda er ødelagt for ei kvar framtid. Forureining av elva vil bl.a. trugegyteplassane for laksen. Vi har ingen rett til å stjele frå komande generasjonar, sa han. Han viste til at kommunestyret har kome med svært krass kritikk av saksbehandlinga både når det gjeld gull og diamantar. Kommunen har ikke mottatt noko frå bergmesteren. 2 veker etter at boringa starta var ordføraren i lag med miljøvernleiaren i kommunen på inspeksjon og kunne konstatere at det allereie var gjort betydelige skader på terrenget. Det er tett bjørkeskog i området, mye skog er nedkjørt og det er fleire kilometer gater i skogen.[23]

Nokre år etterpå gav Rio Tinto opp leitinga på Finnmarksvidda, men andre overtok. Store Norske Gull [24] begynte i 2004 å leite i Ráitevárri-området. Visepresidenten i Sametinget, Ragnhild Nystad, uttalte da at denne leitinga var ein provokasjon mot Sametinget. Karasjok-ordføraren hadde derimot snudd og ønskte no leitinga velkommen.

Ráitevárri er eit spesielt område med omsyn til geologi og planteliv. Her er så mye koppar i grunnen at det påverkar vegetasjonen. Nokre stadar er det lite som vil gro på grunn av kopparinnhaldet, og vatnet er og naturlig forureina av koppar og andre mineral. Den spesielle vegetasjonen og geologien har ført til at Fylkesmannen i Finnmark ønsker området verna som del av verneplanen for myr og våtmarker. Andre vil derimot snu saka på hovudet og bruke den naturlige forureininga som argument for gruvedrift: «Paradokset her er at grunnvatnet ville kunne bli reinare dersom det hadde vore gruvedrift i området. Da ville vi nemlig kunne sette harde krav til reinsking.» Dette uttalte Morten Often i NGU i 2002[25]. Ni år seinare blir den same påstanden resirkulert i media, igjen av Morten Often, men no som leitesjef i Store Norske Gull [26]. Begge gongane velvillig formidla av ukritiske media.

Ei rekke andre selskap har også sikra seg rettar i Karasjok. I 2013 hadde Klosters Rederi størst område, andre deltakarar var Norwegian Minerals Group, Drake Resources, Mineralia og Terra Control. Desse selskapa har tildels felles eigarar. Bernt Stilluf Karlsen er eineeigar, adm. dir. og styreleiar i Klosters rederi. I Norwegian Minerals Group er han adm. dir., styreleiar og eig rundt halvparten av aksjane. Han har fungert som stråmann for det kanadiske selskapet Dalradian, og har vore styreleiar i den norske avdelinga deira. Drake Resources er eit australsk selskap som har sikra seg ei rekke mineralrettar i Noreg og Sverige. Mineralia er eigd av Arctic Fuchsit, som er eigd av Trans World Invest, som er eigd av investoren Frank Mjøs i Hordaland. Terra Control er eigd av Bio-Information Technologi som er eigd av Industri Engasjement, eigd av Borgny Moen i Vestfold.

Da spørsmålet om utviding av Øvre Anárjohka nasjonalpark blei aktuelt igjen, blei det også spørsmål om verknadar for gulleitinga. Fylkesmannen skreiv i 2010:
«Mineralske råstoffer.
Områdets berggrunn hører til Karasjok grønnsteinsbelte som fortsetter sørover inn i Finland. Tilknyttet samme struktur i Finland ligger Europas største gullgruve med en årsproduksjon på 7 tonn gull. Norges geologiske undersøkelser (NGU) mener det er mangel på leting som er hovedårsaken til at det ikke er påvist mineralressurser av interesse i området. Store Norske Gull har mutinger i Goššjohkdalen og mener det er betydelig sannsynlighet for gull‐ og nikkelforekomster i utredningsområdet. Et utvidet vern vil uavhengig av verneform stenge for mulig mineralutvikling i området og dermed ha stor negativ konsekvens for disse interessene.»

I 2015 la regjeringa bort planane om utviding av Øvre Anárjohka nasjonalpark. Det vil seie at det ikkje er noko hinder for gulleiting i Goššjohkdalen.

– Vi set ikkje spor etter oss, uttalte Jørgen Stenvold i Store Norske Gull på folkemøte i Karasjok. Bildet viser litt av spora etter gulleitinga deira.
(Foto: Reinbeitedistrikt 16)

Sjølv om mineralleitinga i Karasjok enno ikkje har ført til kommersiell utvinning, har leiteverksemda ført til skader i naturen. Leitinga har i stor grad blitt gjort langt frå vegar og offentlige løyper og det er brukt store maskinar for leiteboring. Karasjok kommune har gitt dispensasjon for kjøring. Allereie på folkemøtet i 1994 blei det kritisert at ordføraren, samtidig som han utad protesterte mot RTZ, sat som leiar av dispensasjonsutvalet i kommunen, som gav dispensasjon til å kjøre boreriggar inn i leiteområdet. Denne dispensasjonen blei ikkje kunngjort offentlig, så folk visste ikkje om at boringa var i gang før det blei avslørt av avisa Min Áigi.

Blant reindriftssamane i Karasjok har det vore delte meiningar om gulleitinga. I 2007 blei det meldt at Flyttsamelaget rasa mot ordføraren, fordi det blei leita etter gull på vinterbeita. I 2010 klaga Nils Johan Gaup, leiar i reinbeitedistrikt 16, på at kommunen hadde gitt dispensasjon til Store Norske Gull utan at reindrifta var spurt. Men Fylkesmannen si miljøavdeling sa at dette var å rekne som einskildvedtak, som ikkje skulle på høring, og vedtaket var derfor lovlig. Først dersom nokon klaga, ville Fylkesmannen vere ankeinstans. Året etter uttalte Gaup om gulleitinga: «– Vi ønsket kartlegging, men trodde de skulle gå forsiktig frem. I stedet bruker de ti tonns borerigger som setter evig spor i naturen. Til nå har de ødelagt minst 50 000 kvadratmeter. ... Om myndighetene ønsker at store gruveselskap skal ta seg til rette på våre beitemarker, så må de vedta at Norge skal slutte med reindrift.»[27]

Andre reineigarar i kommunen har derimot hatt eit godt forhold til gruveselskap, særlig til Store Norske Gull, og forhandla om reinbeitedistrikta skulle gå inn som deleigarar i gruver. Synet på gulleitinga har ført til konfliktar innad i reindrifta.[28]

Dei siste åra har det vore meir stille om gulleitinga i Karasjok. I 2014 la Store Norske ned gulleitinga si, og i januar 2015 kom meldinga om at rettane til Store Norske Gull er seld til Nussir-direktør Rushfeldt sitt selskap Antaeus. Det er altså enno dei som har tru på at det kan bli pengar å tjene på gullet på vidda, og når prisen både på gull og andre metall no er på veg oppover igjen, aukar og interessen for leiting.

Bindal – vårt nye Klondike?

Frå prøvedrifta etter gull i Kolsvika i Bindal
(Foto: Leif Arne Holme)

I Bindal lengst sør på Helgelandskysten har det lenge vore kjent at det finst gull i Kolsvik – Reppen-området. Det var prøvedrift i nokre år på 1930-talet i regi av A/S Kolsvik Malmfelter, men det kom ikkje til ordinær gruvedrift. Seinare forsøkte Norsk Hydro seg på 1980-talet, men gav snart opp.

I 2005 starta det svenske selskapet Gexco A/B arbeidet for å gjenopne gruvene. – Vi håper å bli et lite Klondike, sa Bindal-ordførar Magne Paulsen.[29] I 2006 meldte dei om gode sjansar for permanent drift. I følgje FODD (Fennoscandian Ore Deposit Database) blei dei i 2007 berekna å vere ei malmreserve på 1,7 Mt med tilsaman omlag 11 tonn gull.

I 2009 hevda Gexco at der skulle vere mogleg å utvinne ca. 15 tonn gull, til ein verdi av ca. 2,5 milliardar kr., noko ein meinte skulle gi grunnlag for ti års drift.

Selskapet Bindal Gruver blei i 2010 seld til to svenske selskap, Fågelfenix AB og Tallmohus AB for 3 mill. kr. Sidan blei det intern strid i selskapet, og Fågelfenix forsvann ut.

I 2011 fikk selskapet løyve til å følge malmsonen 150 meter inn i fjellet og ta ut eit prøveuttak på inntil 60 000 tonn malm. I Kolsvika sette dei da opp eit pilotanlegg for oppreiing av malmen. Det skal i prøvedrifta ha blitt tatt ut omlag ein kilo gull. Sidan har det vore lite aktivitet, men heile tida har ein gitt inntrykk av at oppstarten av gruva har vore like rundt hjørnet. I januar 2014 sa daglig leiar Bengt Näslund at konsesjonssøknad vil bli sendt om ein månad og at dei reknar med å ha alt på plass i 2015.[30] Når vi tre år seinare refererer dette for styreleiar Göran Rehn, svarar han: «Så blev det inte.» Konsekvensutgreiinga er så godt som ferdig, det gjenstår bare litt arbeid med karta, så skal denne leverast til Bindal kommune i løpet av våren 2017, og da kan kommunen behandle reguleringsplanen. Deretter må selskapet ha utsleppsløyve. Det er snakk om å dumpe store mengder avgang i fjorden, men så langt er det ikkje lagt fram noko om kva denne avgangen vil innehalde.

Planen går ut på å bruke knusar og mølle og skilje ut ei svart sand som inneheld omlag 1 gram gull pr. tonn. Denne vil så bli sendt for vidare prosessering ved eit anlegg i utlandet, trulig i Sverige. Det vil derfor i følge styreleiaren ikkje bli brukt kjemikaliar ved oppreiinga i Bindal.

Eit problem for å få i gang drifta er at det ikkje går nokon veg til det påtenkte gruveområdet. Det har vore planar om veg frå E6 til Kolsvika i samband med bygging av vindkraftverk på Kalvvatnan, men vindkraftplanen blei stansa i 2016 etter protestar frå reindrift og naturvernarar. Det vil dermed heller ikkje bli bygd nokon veg som gruva kan nytte.

Gullgruver er ikkje «gullgruver»

Ingen andre mineral har vore omgitt med så mye forventningar som gull. I Noreg må vi bare konstatere at gullet og har den tvilsame æra av å vere det mineralet der avstanden mellom forventningar og realitetar er størst. Ein gjennomgang av gullgruver og gulleiting i Noreg frå 1700-talet til i dag gir ei lang rekke av konkursar og underskotsforetak, og knapt eit einaste tilfelle der inntektene har overstige utgiftene.

Dei einaste tilfella eg har funne der gullutvinning har lønt seg, er som biprodukt ved koppargruvene i Biedjovággi og Joma, begge i siste driftsperiode eigd av det finske selskapet Outokumpu. Konklusjonen blir at verken private norske investorar eller den norske staten har tent pengar på gullutvinning i Noreg. Ser ein det frå reint økonomisk synsvinkel har det vore langt meir lønsamt å investere i kvarts og pukkstein. Likevel opererer framleis ordboka med ordet «gullgruve» som synonymt med «rikdomskjelde» og «gulleiting» har stadig blitt framstilt som det viktigaste kjelda til framtidig rikdom frå norske mineral. Eit typisk eksempel her er annonsebilaget «Gullfeber – et blad om mineral- og metallressurser i Norge», utgitt av Direktoratet for mineralforvaltning, NGU og Norsk bergindustri 2011.

Ser ein det frå reint økonomisk synsvinkel har det vore langt meir lønsamt å investere i kvarts og pukkstein. Likevel opererer framleis ordboka med ordet «gullgruve» som synonymt med «rikdomskjelde» og «gulleiting» har stadig blitt framstilt som det viktigaste kjelda til framtidig rikdom frå norske mineral. Eit typisk eksempel her er annonsebilaget «Gullfeber – et blad om mineral- og metallressurser i Norge», utgitt av Direktoratet for mineralforvaltning, NGU og Norsk bergindustri 2011.

Fotnotar

[1] http://sveinlund.info/miljo/rtz.htm
[2] http://forskning.no/bergfag-geofag-mineralogi-petrologi-geokjemi-okonomi-ressursokonomi/2012/03/vanskeligere-finne-gull
[3] http://www.aftenposten.no/okonomi/innland/Finsk-gullfeber-smitter-ikke-til-Norge-5347648.html
[4] http://forskning.no/kjemi/2013/05/ny-og-mer-miljovennlig-mate-utvinne-gull
[5] https://www.nrk.no/ho/fant-gullgruve-i-hedmark-1.10945077
[6] Telemarksavisa 28.07.2007
[7] http://terra-control.com/pdf/NRV-2007.pdf
[8] Gullundersøkelser på Ringvassøy, sammenstilling av tidligere undersøkelser og feltbefaring i 1997. NGU 1998.
[9] http://www.nrk.no/okonomi/ambassador-kritiserer-crew-minerals-1.4186663
[10] R. Klunderud og Rolf Støre: Guldvaskning i Finnmarken. Aftenposten 28.01.1920. Gjengitt etter Klondiketid på Finnmarksvidda. Vågemot Miniforlag 2012.
[11] Alf Wiig: Karasjok, Norges Klondyke. Litt historie og orientering. Aftenposten 09.08.1930.
[12] Norges Bergverksdrift 1934. Det statistiske centralbyrå.
[13] Norges Bergverksdrift 1935. Det statistiske centralbyrå.
[14] Norges Bergverksdrift 1937. Det statistiske centralbyrå.
[15] Alf Wiig: Gullgraving i Karasjok. I: Sámi ællin/Sameliv 1964–66.
[16] P. Lykke-Seest: Gullgravere i Finnmarken. I: Finnmarksposten 13.06.1933. Gjengitt i Klondiketid på Finnmarksvidda 2012.
[17] Carl Bugge: Gull i Norge – Det letes energisk. Aftenposten 24.04.1937.
[18] Gullgraverne nærmer seg gull-kilden, Dagbladet 23.07.1986
[19] Gullkilde i Finnmark. Adresseavisen 01.11.1988.
[20] Hugo Lauritz Jenssen: Kråkesølv i gullprospekt. Dagens Næringsliv 22.07.1989.
[21] https://www.nrk.no/sapmi/_-samene-har-ikke-gitt-tillatelse-1.11963747
[22] Rio Tinto er eit av dei aller største gruveselskapa i verda. Dei opererer i alle verdsdelar og har ei mengde heil- og deleigde underselskap. Rio Tinto Company blei stifta i 1873 med tysk og engelsk kapital for å drive gruvedrift ved elva Rio Tinto i Spania. I 1962 fusjonerte selskapet med australske Consolidated Zink og namnet blei da Rio Tinto Zink (RTZ). I 1997 blei namnet igjen endra til bare Rio Tinto.
[23]Folkestorm mot Rio Tinto i Kárášjohka, Klassekampen 07.05.1994
[24]Vi ser spesielt på selskapet Store Norske Gull på nettsida til denne boka
[25]Min Áigi 06.09.2002 «Paradoksa dás lea ahte bodnečáhci sáhtášii šaddat ráidnasat jus guovllus livčče ruvkedoaibma. Dalle oainnat sáhtaše garra gáibádusat ráidnemii.»
[26] Finnmark Dagblad 27.06.2011
[27] http://www.aftenposten.no/okonomi/innland/Finsk-gullfeber-smitter-ikke-til-Norge-5347648.html
[28] http://www.finnmarken.no/nyheter/article3689853.ece.
[29] http://www.tu.no/nyheter/produksjon/2005/11/08/gullfeber-i-bindal
Klondyke eller Klondike i Canada blei kjent gjennom gullfeberen som raste der frå 1896 til 1899. Omlag 40000 menneske drog dit på leiting etter gull, derav omlag 1000 nordmenn (vesentlig sunnmøringar og samar og kvenar frå Troms og Finnmark). Nokre få blei rike, men for dei aller fleste blei det total ruin, fordi dei hadde satsa alt og fann ingenting.
[30] http://www.namdalsavisa.no/Nyhet/article7113955.ece (Ikkje lenger tilgjengelig april 2017)


Til neste kapittel