Forside 2
Forside 2
Forside 1
Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som skal komme med 4 bind.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind og kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Meir gruvestoff på gruve.info

Solcelle, datamaskin og gravstein

KVARTS / KVARTSITT – SiO2

Om ein går rundt på kyrkjegarden i Guovdageaidnu, vil ein sjå at ein stor del av dei nyare gravsteinane skil seg ut med å vere laga av stein med forskjellige sjatteringar i grønt. Dei er laga av såkalla Masi-kvartsitt, ein stein som bare blir utvunne her. Til saman har det vore gjort fire forsøk på å sette i gang steinbrot på slik stein. Av desse har tre hatt meir eller mindre produksjon dei siste åra, men bortsett frå gravsteinar har det blitt lite igjen til lokalsamfunnet.


Kvarts, SiO2 (silisiumdioksid), er eit hardt mineral som er det nest vanligaste i jordskorpa. I rein form er det fargelaust og gjennomskinnelig, men det finst kvarts i svært mange fargar pga. innhald av andre stoff. Blant variantar av kvarts finn vi bergkrystall, agat, flint, ametyst, jaspis, opal og onyks. Kvarts er ein vesentlig del av mange bergartar som kvartsitt og granitt.

Kvarts blir blant anna brukt til framstilling av silisium, glass, smykkestein, linser, optiske kablar og fibrar, solceller, elektroniske komponentar, tannfylling, kosmetikk, porselen, jernlegeringar (ferrosilisium) og i smelteverk for koppar, nikkel og kobolt, samt produksjon av slipemiddel (silisiumkarbid). For elektroniske komponentar trengst det ekstra rein kvarts, og denne blir betalt mange gongar betre enn vanlig kvarts med meir forureining.

Kvartsitt er ein metamorf (omdanna) sandstein som vesentlig består av kvarts, med innslag av andre mineral, bl.a. jernoksid. Kvartsitt finst i mange forskjellige fargevariantar og kvalitetar, og blir brukt både som naturstein og til industrimineral.


Kvarts og kvartsitt av forskjellige kvalitetar og variantar har vore tatt ut ei rekke stadar rundt om i Noreg, og nye gruver er under planlegging. Det vil føre for vidt å ta med alle her, så eg vil konsentrere meg om to saker i Nordland og tre i Finnmark.

Kvarts med meir i Tysfjord

Grønnholla gruve

Grønnholla er ei av dei eldste gruvene i Tysfjordområdet. Her blei det vesentlig tatt ut feltspat. Det var sett opp gjerde rundt det vassfyllte brotet, som ligg like ved fleire bustadhus, men gjerdet har falt ned, og ingen synest å ta ansvar for å reparere det.
(Foto: SL)

I Tysfjord i Nordland har det fleire stadar vore utvinne kvarts, feltspat, flusspat og granitt for forskjellige formål. Frå omlag 1900 til 1958 var det drift på alle desse minerala på Hundholmen nord for Kjøpsvik. Kva ein har drive mest på har variert med etterspurnaden. Kvarts blei levert til smelteverk i Meråker i Trøndelag og Porjus i Sverige. Eigarar av gruvene var først engelskmannen William Speare, deretter tyskaren B. Schattenstein og til sist Oslo-firmaet Harald Stange & Co.

I 1908 starta svensken Radmann gruvedrift på Drag. Hovudproduktet var feltspat til keramikk og porselen. Seinare tok ein òg ut kvarts, som blei seld til ferrosilisiumverka i Meråker og Kristiansand. Drifta på Drag blei avslutta i 1977, men på Håkonhals i nabokommunen Hamarøy blei det utvunne kalifeltspat og kvarts fram til 1989.

I 1975 fikk NGU løyvingar frå Distriktenes Utbyggingsfond for å undersøke feltspat- og kvartsførekomstene i Tysfjord og Hamarøy. Ein fann da ein stor førekomst av rein kvarts under Nedre Øyvollen gruve, der det tidligare var tatt ut feltspat. Elkem og Norcem starta bedrifta Minnor og bygde ut gruve og oppreiingsverk på Drag 1985–87. Det var problem med både produksjon og avsetning, og bedrifta gikk konkurs allereie i 1988. Dette var ein av dei største industrikonkursane som har vore i Noreg, og dei rettslige etterspela varte i eit heilt tiår. Til saman lei eigarar og kreditorar eit tap på omlag 350 millionar kr, og Nordlandsbanken var nær ved å gå med i dragsuget. På ruinane av Minnor danna konkursbuet og tidligare tilsette selskapet Minnorco, som etter ei tid blei overtatt av det tyske selskapet Metallgesellschaft AG. I perioden 1989–94 var det uregelmessig drift i verket på Drag.

I 1996 blei Norwegian Crystallites AS danna for å drive verket vidare. Eigar var familien Steinsvik i Molde, som dreiv Hustadkalk AS. Frå 2011 av er Norwegian Crystallites eigd av The Quartz Corp, som igjen er eigd av Norsk Mineral AS og det internasjonale, franskdominerte industrimineralselskapet Imerys. I 2013 skifta Norwegian Crystallites AS namn til The Quartz Corp AS. Imerys har fleire gruver i USA og kvartsråstoff frå desse blir også foredla på Drag. Dei siste åra har mesteparten av råstoffet kome som malt kvarts frå USA.

The Quartz Corp leitar etter kvartsførekomstar over heile landet, i dag er det tre førekomstar som dei har utvinningsrett til; Øyvollen i Tysfjord, Håkonhals i Hamarøy og Svanvik i Sør-Varanger. Av desse har bare Øyvollen vore i drift dei siste åra. Selskapet opplyser at dei lagar 30 forskjellige produkt av superrein kvarts.

Frå bedrifta i Tysfjord blir det årlig sloppe ut opptil 40 000 tonn slam med flotasjonskjemikaliar og syre. Konsulentselskapet Sweco har laga ei utgreiing som seier at det er totalt uproblematisk å sleppe dette ut i fjorden. Sweco konkluderer slik:
«Avfallet (avgangen) fra prosessen slippes ut sammen med prosessvann til sjø (Tysfjorden). Etter søknad gav Fylkesmannen i Nordland, med hjemmel i Forurensningsforskriften, i 2011 tillatelse til å slippe ut avgang fra produksjon av 30 000 tonn syrevasket kvarts og 1 000 tonn klorinert kvarts. En betingelse for denne utslippstillatelsen var at NC skulle foreta en vurdering av konsekvensene av dagens utslipp og av alternativ deponering av avgangen på land.

The Quartz Comp sitt produksjonsanlegg på Drag i Tysfjord.
(Foto: SL)

Det er ikkje lett å ta bilde av eit sjødeponi, men den gule bøyen markerer kor The Quartz Corp slepp ut avgangen frå produsjonen.
(Foto: Basia Głowacka)

Sweco Norge, avd. Miljørådgivning har gjennomført denne vurderingen og den viser at dagens utslipp av avgang inkl. rester av prosesskjemikalier med lav pH, gir ubetydelige konsekvenser for miljøet i fjorden.

For å skille ut avgangen fra prosessvannet – for å kunne deponere dette på land – kreves et nytt anlegg for flokkulering og filtrering, og etablering av et avfallsdeponi (Jfr. Avfallsforskriftens kap. 9). Avgangen vil ikke bli karakterisert som farlig avfall, men dette deponiet vil kreve store arealer, være svært synlig i landskapet (hvitt avfall) og derfor medføre store negative konsekvenser for reindrift og landskap.

Etableringen av nytt anlegg og deponi vil kreve en betydelig investering (ca. 25 mill NOK) og en årlig økning av driftskostnadene på 18 mill NOK. Dette kan få store økonomiske konsekvenser for bedriften som er en betydelig arbeidsplass i Tysfjord og Hamarøy kommuner.»

Sweco har ikkje vurdert verken om det er mogleg med tilbakefylling i sjølve gruva, fylling i nedlagte gruver i nærleiken eller om ein kan etablere annan metode for avvatning av avgangen, slik at ein kan leggja den direkte på plass i deponiet, i staden for å nytte «naturleg avvatning» i ei skråning.

Utsleppet i Tysfjorden er eit av deponia/utsleppa som 12 organisasjonar har klaga inn for ESA for brot på EU sitt vassrammedirektiv. Så lenge utsleppet pågår vil ikkje fjorden oppnå måla om god økologisk og kjemisk tilstand.

Kvarts i Pasvik

I Svanvik i Sør-Varanger har The Quartz Corp tatt ut omlag 10000 tonn kvarts, men bare tatt med seg ein liten del av det.
(Foto: SL)

I 2010 demonstrerte elevar og tilsette ved Svanvik folkehøgskole mot planane om kvartsgruve på Svanvik.
(Foto: Vibjørn Madsen)

I Svanvik i Sør-Varanger blei det i 1986 funne ein omlag 500 m lang og 20 m brei gang med omtrent 1 000 000 tonn høgrein kvarts. Norwegian Crystallites fikk i 2002 konsesjon frå Bergvesenet til å drive ut denne og Sør-Varanger kommune vedtok i 2004 ein reguleringsplan for området.

Kvartsførekomsten ligg sentralt i bygda Svanvik og like ved Pasvik folkehøgskole. Elevar og tilsette ved folkehøgskolen protesterte i 2010 mot planane om gruve her[1]. Naturvernforbundet i Sør-Varanger gav og ein kritisk høringsuttale, der dei viser til at «Et slikt brudd vil forringe bokvaliteten for husstandene, og deres muligheter for å benytte seg av nærfriluftsområdene på Svanvik. ... Tiltaket synes i tillegg å være til hinder for allerede etablert offentlig virksomhet som er folkehøgskolen, grunnskole og barnehage ...»

Det blei ikkje tatt omsyn til protestane. Det er tatt ut eit prøveuttak på omlag 10 000 tonn, det var også gitt klarsignal for full drift, men så forsvann marknaden. Kvartsen var berekna å gå inn i ein produksjon av solceller, som Fesil Sunergy skulle stå for. Det var store planar om solcellefabrikk i Orkanger i Trøndelag, og snakk om 500 arbeidsplassar, men heile prosjektet fall i fisk, i første rekke på grunn av konkurransen frå sterkt aukande og mye billigare produksjon i Kina. Da hadde ikkje The Quartz Comp noko anna avsetning for denne kvartsen, han har ikkje dei kvalitetane som passar inn i produksjonen i Tysfjord. Resultatet er at under halvparten av det som er brote ut har blitt frakta vekk, og pr. 2017 er det ikkje aktiv drift.

Giemaš – Fjellet som blir borte

Kvartsittbrotet til Elkem Tana et seg stadig lenger oppover og innover i fjellet Giemaš.
(Foto: (Foto: Øystein Hauge))

I fjellet Giemaš i Austertana (Juovlavuotna) i Finnmark er ei av dei aller største kvartsittgruvene i verda. Kvartsitten blir brukt i silisium- og ferrosilisiumindustrien.

Førekomsten blei først kartlagt av Christiania Spigerverk, men overlate til A/S Sydvaranger, som starta drift i 1973. I 1983 blei gruva kjøpt opp av Elkem. Elkem er opphavelig eit norsk konsern, men blei i 2011 overtatt av det kinesisk selskapet China National Bluestar. CNB er eigd 80 % av China National Chemical Corporation og 20 % av amerikanske Blackstone.

Det blir tatt ut omlag 850–900 000 tonn kvartsitt i året, alt blir tatt ut i dagbrot. Uttaket skjer no heilt oppe på 350 m.o.h. og store dumparar fraktar på bratte vegar ned til knuseverket, som ligg 40 m.o.h. Av det som har blitt tatt ut av berget, har omlag 70 % blitt seld. På 80-talet prøvde ein å få i gang forsking på bruk av restprodukt til bl.a. betong, men det var da vanskelige år og det blei ikkje noko meir av det. Seinare har dei klart å utnytte ein noko større del av uttaket. Gjennom tidene har mye gråberg blitt lagra nede ved sjøen. Mye av det har rasa ut og spreidd seg utover i fjorden. Avgangen blir no kjørt opp til eit deponi 220 m.o.h.

Ein tar etter kvart ned store delar av fjellet Giemaš. Etter konsesjonen skal fasaden som vender ut mot fjorden (Giemašbákti) oppretthaldast, men det er ikkje gjort, og ganske mye har rasa ut. Fuglefjell har også blitt øydelagt. Både dagbrotet og vegen ned mot utskipingshamna er alvorlig store naturinngrep, og desse vil etter planen fortsette i mange år framover. Frå 2005 har utvinninga også starta på toppen av fjellet og innover på baksida.

Både Sydvaranger og seinare Elkem har lege i strid med dei opprinnelige eigarane av området og naboeigedomane, og tiltatt seg bruk av stadig større område.[2] Elkem har bygd ein veg til eit nytt brot, utan løyve. Da kommunen klaga på det, fikk dei bare beskjed om at om selskapet ikkje fikk lov å bygge vegen, så måtte dei legge ned drifta.

Det er omlag 40 arbeidsplassar, fordelt nokolunde likt mellom Elkem Tana og underentreprenør Leonhard Nilsen & Sønner. Av dei tilsette bur omlag ein tredel i Austertana, resten pendlar frå andre stadar i kommunen eller frå andre kommunar, og ein del av dei bur i brakker på gruveområdet. Bortsett frå desse arbeidsplassane har bygda fått lite igjen for gruva. I den tida det har vore drift har folketalet gått kraftig ned. Bedrifta har sponsa litt i lokalsamfunnet, men det er heilt minimalt. Lokalt er det bare ein person som har blitt rik på oppdrag for gruveselskapet.

Ingen strid med reindrifta?

I samband med at Elkem planlegg eit kvartsbrot i reinbeiteområde i Rana, har selskapet trukke fram gruva i Austertana som eit eksempel på godt forhold mellom gruvedrift og reindrift: «Bruddet ligger i et område med mye reindrift. Dialogen med reindriftsnæringen er god, og nødvendige hensyn blir tatt.»[3] Leiar for Saltfjellet reinbeitedistrikt tvilte litt på at dette kunne vere så bra, og kontakta da sin kollega i distriktet Ráhkkonjárga i Tana. Da fikk han høre ei heilt anna historie, som han så skreiv ned og sendte til dei som hadde vore i møte med Elkem:

Reineigarane seier dei har funne seg i mye, kanskje for mye, men dei vil helst unngå å lage bråk. Men neste gong det blir snakk om utvida konsesjon har dei ikkje tenkt å gi seg like lett.

Også ordføraren i Tana har gjentatte gongar hevda at bedrifta har eit godt samarbeid med reindrifta.[5] [6] Han er også svært positiv til at Elkem no ønsker å utvide drifta til eit åtte gongar større område, mens reindrifta fryktar dette vil få store negative følgjer for dei.[7]

Arbeidsmiljø

Elkem Tana avis

Denne avisreportasja frå 1989 fortel mye om problema i den tida, og gir bakgrunn for at daverande daglig leiar sa opp like etterpå.

Det har vore alvorlige sprengingsulukker i gruva og mange gruvearbeidarar har fått steinlunger (silikose). Børre Steinar Børresen, som var driftsleiar 1987–89, fortel at han da såg stort behov for å forbetre arbeidsmiljøet og tryggleiken for dei tilsette. Men han opplevde at han ikkje fikk gjennomslag for dette i konsernleiinga i Oslo, og det var ein av grunnane til at han slutta i jobben. Ei anna årsak var at konsernleiinga ville at Elkem Tana skulle selje produktet til konsernet til kostpris, slik at det ikkje kom fram at bedrifta gikk med overskot.

Støv

Det fyk godt når båtar blir lasta med kvartsitt ved kaia til Elkem Tana.
((Foto: Yngve Johansen)

Produksjonen fører til mye støv, som blæs innover landet eller utover sjøen avhengig av vindretninga. Når vinden står utover, fell støvet ned på havet, der det søkk til botns. Fiskarar melder at fiskebestanden i fjorden har gått kraftig tilbake i den tida gruva har vore i drift, men det er ikkje gjort noko undersøkingar av botnen. Det er vanskelig å seie i kva grad nedgangen i fisket skuldast gruva, ein del av skulda har trulig også rovfiske som har vore drive bl.a. med ringnotsnurparar.

Mudring i naturreservat?

Munningen av Deatnu/Tana med Tanamunningen naturreservat. Gruva er inne i fjorden til venstre i bildet.
(Foto: Øystein Hauge)

All produksjonen blir frakta ut med båt, det går 3–4 skipingar i veka. Bare eit par km frå dagbrotet må båtane gå gjennom eit smalt sund, som er så grunt at dei bare skal gå der på flo sjø. Dei passerer da rett forbi Tanamunningen naturreservat, som er oppretta i 1991 bl.a. for å verne både eit viktig raste- og beiteområde for våtmarksfuglar på trekk, yngleområde for sel og spesiell vegetasjon. Det fikk i 2002 status som internasjonalt verneverdig ramsarområde.[8]

I verneforskrifta for naturreservatet blei det tatt inn ein paragraf om at vernestatusen ikkje skal vere til hinder for «Nødvendig mudring av skipsleia inn til Giemasnjarg». Bedrifta ønsker no å mudre opp ei renne som er 150 m brei og 9 m djup, slik at større båtar kan gå inn. Det vil da trulig ikkje vere nok å mudre, ein må også sprenge for å gjøre leia djupare. Dette vil kunne føre til store skadar på reservatet. Likevel blei det ikkje sett i gang noko konsekvensutgreiing av dette før regjeringa i statsbudsjettet for 2016 sette av omlag 50 mill. kr. til mudring. Dette har ført til sterke reaksjonar lokalt og bl.a. har Naturvernforbundet engasjert seg i saka, både i forhold til verknadar for naturreservatet[9] og for tanalaksen[10] Også ordføraren i Tana, som i utgangspunktet var positiv til mudring, meiner no at dette går for fort og at konsekvensane for naturen og naturreservatet må bli utgreidd først.[11]

Kven tener?

Bedrifta har no gått med stort overskot i mange år. Drifta gir årlig omlag 1,2 mill. kr. i grunneigarvederlag til FeFo. Dette går i den store kassa, kommunen og lokalsamfunnet får ikkje noko. Det har lokalt vore ønske om oppretting av næringsfond og om hamneavgift, men når dette ikkje har vore med i konsesjonsvilkåra, er det vanskelig å få til i dag.

Store utvidingsplanar

Som nemnd har Elkem Tana planar om å utvide brotet, og det er ikkje små planar dei har. Heile 8 gongar større skal dagbrotet bli, og alt er innafor reinbeiteområde. Dette skal sikre drift i 50 år framover.

Leiaren for reinbeitedistriktet uttaler til NRK: «... utvidelsen vil helt klart beslaglegge viktige beiteområder, og vil i tillegg skape store utfordringer i forbindelse med flytting, kalvemerking og slakting»

Ordførar Frank Ingilæ (A) er klar tilhengar av at Elkem må få utvide slik dei ønsker, men med omsyn til reindrifta: «Det er umåtelig viktig at de sammen finner gode løsninger slik at det er mulig for reindrifta og gruvevirksomheten fortsatt å leve side om side». Her er tydelig framleis stor forskjell i oppfatninga av korleis dette forholdet har vore, og spørsmålet er da kva det vil bety at reindrift og gruvedrift fortsatt skal leve side om side.

02.06.2016 var planprogrammet oppe til behandling i formannskapet i Tana. Med knappast mogleg fleirtal, tre mot to røyster, blei planprogrammet godkjent med nokre tillegg. Mindretalet meinte skadeverknadane, særlig for reindrifta, vil bli så store at dei ville stoppe heile planprosessen. No går saka til konsekvensutgreiing, og etterpå kjem striden sikkert opp igjen.

Náránaš – milliardeventyret som blei kommunalt underskot

«Rett over brua ved Gievdneguoika så jeg smykkesteinen over alle steinene. Nemlig Naranas kvartsitt, som etterspørres over hele verden pga sin særegenhet. Unik grønn og hvit farge i spennende mønster, dannet av kvartsitt. Omtales som det grønne gull.»[12] Dette skreiv daverande ordførar i Guovdageaidnu, Klemet Erland Hætta i 2008.

Han er ikkje den einaste som har uttalt seg i svært optimistiske vendingar om denne steinen, som i 1992 blei omtalt som «et mange milliarders funn som kan danne basis for nye arbeidsplasser langt inn i neste århundre».


I grunnfjellet på Finnmarksvidda er det fleire område med kvartsitt av meir eller mindre grøn farge. Den grøne fargen skuldast vesentlig oppblanding med det kromhaldige glimmermineralet fuchsitt. Steinen er kalla Masi-kvartsitt, eller Naranas-stein, etter fjellet Náránaš, der han først blei funne.

Det har vore gigantiske forventningar til denne ressursen, men 17 år inn i det «neste århundre» må vi dessverre konstatere at den reelle produksjonen, arbeidsplassane og inntekta har blitt langt mindre enn ein drømte om. Skadene på naturen er lettare å sjå.

Desse steinbrota er ikkje av dei største gruvene i landet, heller ikkje av dei mest forureinande. Det som er verkelig stort her er avstanden mellom løfter og realitetar. Det kan vere ei svært lærerik historie om ein kommune som satsa på bergverksdrift for å bli sittande igjen med bare naturskadar og gjeld.

Til saman har minst seks forskjellige selskap forsøkt seg på drift, tre av dei har gått konkurs eller blitt oppkjøpt, og dei som er igjen er styrte frå Sør-Noreg og tildels ledd i eit uoversiktlig konglomerat av selskap som eig kvarandre. Så vidt vi veit har ingen tidligare laga noko oversikt over dette, så vi gjør med dette eit lite forsøk.

Undersøkingane starta på slutten av 1980-talet ved firmaet AS Prospektering. Dette resulterte i prøvedrift frå 1993, og oppstart av drift på to stadar rundt 1998. Sidan har det vore svært varierande produksjon, mest av naturstein, men også av pukkstein, grus og sand.

Det er gitt utvinningsløyve til steinbrot på fire stadar; Náránaš, Gaskabeaivárri, Riebanvárri og Ádjet. Dei tre første er to–tre mil nord for Guovdageaidnu, på austsida av elva, den siste eit par mil sør-vest for Guovdageaidnu. Alle brota ligg i reinbeiteområde, og dei har derfor bare lov å drive i sommarhalvåret, når det ikkje er rein her. Dette gjør at alle arbeidsplassane i drifta blir sesongarbeidsplassar – så lenge det ikkje blir gjort noko for å få igang lokal vidareforedling. Og trass i løfte om det gjennom snart 30 år, har ingen sett noko til vidareforedlinga.

Náránaš – 20 år på prøve

Brotet i Náránaš er godt synlig frå det andre brotet på Gaskabeaivárri.
(Foto: SL)

Sommaren 2014 var einaste produksjonen i Náránaš-brotet eit knuseverk som sorterte ut pukk, grus og sand.
(Foto: SL)

Kvartsittressursen i fjellet Náránaš blei oppdaga av AS Prospektering i 1986, og det var dette selskapet som først søkte om konsesjon her, i 1990. AS Prospektering, også kjent som Aspro, var starta som prospekteringsselskapet til AS Sydvaranger, men blei på den tida overtatt av nokre av dei tilsette geologane. Seinare selde dei heile Aspro til Terra Control AS, som i 1998 oppretta selskapet Fuxite AS. Kven står så bak dette? Det er ikkje så enkelt. Fuxite AS er 95 % eigd av Norblock, som er 70 % eigd av Terra Control, som igjen er 90 % eigd av Bio-Information Technology[13], Dette er 90 % eigd av Industri Engasjement AS. Alle desse selskapa har adresse i Vestfold eller Buskerud. Industri Engasjement AS er 100% eigd av Borgny Moen, som da altså gjennom alle desse mellomledda eig meir enn halvparten av Fuxite AS. Mannen hennar, Per-Jon Moen, er adm. dir. i Fuxite og styreleiar og/eller direktør i dei fleste av dei nemnde selskapa. Av dei fem selskapa har Terra Control ein tilsett, dei andre har offisielt ingen.

Drifta i Náránaš-brotet har vore sterkt varierande. I 2012 intervjua Altaposten direktøren: «Han forteller at selskapet forbereder fremtidig blokkarbeid i bruddet for den unike Máze-kvartsitten. – Vi tjener ikke store penger, selv om vi har holdt på i 10–12 år. Vi har ennå en lang vei å gå, sier en tålmodig Moen.»[14]

I 2014 opplyste FeFo at det da ikkje hadde vore drift dei siste åra. Moen sa derimot at det har vore drift heile tida. Til drifta har dei leigd inn ein lokal entreprenør, Kauto Maskin, og dei har eit par folk i arbeid i sommarhalvåret. Da vi besøkte brotet i august 2014, var ein mann i arbeid med å kjøre knuseverket. I brotet, der bilde frå to år tidligare viser at steinen var fint og rett skore ut, var det no sprengt og berget var svært oppsprekt og såg ikkje ut å kunne brukast til større plater. Moen sa dette er dårlig stein, som ikkje kan brukast til anna enn pukk og grus, og at denne derfor må fjernast for å komme til betre stein som eignar seg til skjæring.

Etter over 20 år med status av prøvedrift blei det endelig i 2013 utarbeidd eit utkast til reguleringsplan for området, med sikte på etablering av permanent drift. Kva slags drift som er tenkt kjem fram av utkastet til reguleringsplan. Her står det: «Med permanent drift menes blokksteinsdrift for eksport. ... Store feilfrie blokker og tonnstein skipes til kunder, hovedsakelig i utlandet.»[15] Slik produksjon blir det ikkje mange arbeidsplassar av og tidligare løfte om lokal foredling synest å vere glømt.

Den første reguleringsplanen var så mangelfull at han blei sendt i retur frå kommunen. Deretter fikk Fuxite utarbeidd eit nytt utkast, i skrivande stund er dette enno ikkje ferdig behandla i kommunen. Dei har derfor heller ikkje driftskonsesjon frå Direktoratet for mineralforvaltning.

Riebanvárri – eit bomskot

Mineralutvikling tok det første prøveuttaket på Riebanvárri i 1994 og dreiv kjerneboring for å sjå korleis kvaliteten var vidare nedover. Resultatet var at ein vurderte kvaliteten som for dårlig til å satse på, og flytta over til Gaskabeaivárri. Riebanvárri var tidligare sett av til mineraluttak i den kommunale arealplanen, men blei tatt ut i 2005. Seinare er brotet fyllt til med masse.

Gaskabeaivárri – konkurs og ansvarsfråskriving

Lasting av stein på trailer, Gaskabeaivárri. Det blir ikkje mange arbeidsplassar når steinen blir eksportert ubearbeida..
(Foto: SL)

Saging av blokkstein i Gaskabeaivárri
(Foto: Basia Głowacka)

Det største brotet ligg på Gaskabeaivárri, eit par kilometer nord for Náránaš. Dette blei lokalisert av Mineralutvikling AS, eit selskap som hadde tre hovudeigarar; Erik Lund (geolog og gründer i Bodø), Einar Sten (entreprenør i Alta) og Robert Hermansen (adm. dir. i Store Norske). På det meste hadde Mineralutvikling 23 tilsette i 2005. Men etter kvart gikk det dårligare, særlig førte finanskrisa i 2008 til store marknadsproblem. Det var kundar som ikkje gjorde opp for seg og forhandlarar som sa opp kontraktar. I tillegg hadde bedrifta store ekstrautgifter på transport, sidan det enno ikkje var bygd veg til brotet. Resultatet var at Mineralutvikling AS gikk konkurs i 2010, og leverandørane, banken og kommunen tapte omlag 10 millionar kr.

Konkursbuet blei kjøpt opp av Masi Quartzite Granite AS (MQ Granite). MQ Granite har adresse Bodø, og har for tida ingen annan aktivitet. Firmaet er 60 % eigd av Anleggsdrift Brønn og Energiboring AS, der største aksjonær er Nils Atle Smerthu i Østfold. Dei andre aksjonærane i MQ Granite er to legar i Bodø. Ein av eigarane i Mineralutvikling AS, Erik Lund, kom tilbake som adm.dir. i MQ Granite.

Både bruksområdet for steinen og marknadane har variert. Det meste har blitt brukt til innandørs flis og benkeplater, noko har vore brukt til gravsteinar. Nesten all produksjonen har gått til eksport, i første rekke til Italia og Tyskland. Den første tida blei steinen sendt til Larvik, der Larvik Granite AS, sto for salet vidare. Dette firmaet dreiv sjølv utvinning av naturstein, og ein kan derfor spørre om det var å rekne som ein konkurrent på natursteinsmarknaden. I 2010 uttalte marknadssjefen deira at Naranas-steinen har for dårlig kvalitet og alt for spesiell farge til at det går an å få seld han! Seinare blei Larvik Granite kjøpt opp av eit belgisk selskap som sa opp avtalen om å selje Naranas-stein.

Da eg besøkte brotet i Gaskabeaivárri i august 2014 heldt ein litauisk trailer på å laste store steinblokker, så store at det bare gikk tre av dei på traileren. Sjåføren fortalte at han skulle kjøre blokkene til Danmark. I tillegg heldt dei på å hogge ut «monolittar» (bautasteinar) for sal til Tyskland og Austerrike. Tilhogginga blei gjort manuelt med hammar og meisel! Dei fortalte at noko og blei skore i plater, men likevel må bearbeidingsgraden seiast å vere ganske liten. I tillegg blir ein del stein knust til pukkstein og grus, og denne blir òg eksportert.

MQ Granite har ein godkjent reguleringsplan, og etter ein del strid godtok til slutt kommunen ei utviding av driftsområdet 2016.

Ádjet – Fiasko på fiasko

Etter dei første par åra med prøvedrift, blei maskinar og utstyr ståande og ruste.
(Foto: SL)

I lia av fjellet Ádjet, om lag 2 mil sør for Kautokeino sentrum har det i eit tiår vore arbeidd med å få i gang utvinning av tilsvarande stein. Her var det lokale folk med tilknyting til reindrifta som hadde initiativet i starten. I 2003 blei selskapet Ailu Fuchsit stifta av Per Aslak A. Logje og Aslak Anders A. Siri, og det blei gjort forsøk på drift fram til 2007. Dei hadde ikkje den beste kompetansen på slik drift, og starten var derfor ganske mislukka. Steinen som blei tatt ut først var ikkje den beste, og mye blei i tillegg øydelagt fordi ein sprengte i staden for å sage. I 4 år sto det så stille før ein starta opp igjen.

Drivar har seinare vore selskapet Arctic Fuchsit AS, som blei stifta i 2011 og er leia av Hugo Jørgensen i Oslo. Ailu Fuchsit har no 9 % av aksjane i Arctic Fuchsit, resten har Trans World Invest, eigd av aksjespekulanten Frank Mjøs i Hordaland. Arctic Fuchsit er heileigar av Mineralia AS.

Bedrifta ser ut til å ha vore i alvorlige problem. I følgje Foretaksregisteret blei det i 2014 gitt varsel om tvangsoppløysing på grunn av manglande revisor. På eit par år har det vore fleire skifte av styreleiar. I 2017 er styreleiar Bodil Andersen, som no også er styreleiar i Áilu Fuchsit og Mineralia og daglig leiar og eigar i Valiant Invest. Alle disse selskapa går med underskot ifølgje siste tilgjengelige rekneskapstal.

Drifta har vore sporadisk, men ein har seld litt blokk til Italia. Hausten 2014 blei det tatt ut noko blokk for sending som prøve til potensielle kundar. Selskapet opplyste da at dei satsa på ordinær drift frå våren 2015. Dei har reguleringsplan i orden (vedtatt av kommunen 2005), og konsesjonssøknad levert til direktoratet. Målet er å kunne etablere lokal foredling, slik at dei tilsette kan ta ut blokk på sommaren og forarbeide denne i vinterhalvåret. Arctic Fuchsit ønsker eit samarbeid med dei andre brota om vidareforedlingsanlegg, men seier interessen der ikkje har vore så stor hittil.

Steinbrotet ligg omlag 7 km frå offentlig veg, og det er bare ein traktorveg inn dit. Dei ønsker å forbetre noko på denne vegen, men ikkje bygge veg for offentlig bruk. Da vi besøkte steinbrotet i mars 2017, sto maskinar og brakker som dei har gjort i fleire år. Ingenting tyda på nylig aktivitet og leiinga i selskapet har vi ikkje klart å få tak i.

Steinbrot i reinbeiteområde

Sjølv om det ikkje er drift når reinen er i området, er det ikkje uproblematisk med steinbrot i reinbeiteområde. Til saman er laga eller bare kjørt opp omlag 30 km midlertidige eller permanente vegar i utmark og fire steinbrot av varierande storleik i tidligare ubygd område.

I 2012 blei fleire rein drepe da dei fall ned i Náránaš-brotet, som ikkje var gjerda inn. Fuxite prøvde da å komme seg unna erstatningsansvar, med å hevde at det ikkje var dokumentasjon. Både reineigarane og Mattilsynet kravde at det blei sett opp gjerde, og Mattilsynet truga med dagsbøter.[16] To år seinare var det sett opp eit slags gjerde, som imidlertid ikkje er særlig vanskelig å forsere verken for folk eller dyr.

Ved oppstart på Náránáš og Gaskabeaivárri fikk reinbeitedistrikt 30B og to berørte siidaar ei lita eingongserstatning. Det meste av dette gikk bort i advokatutgifter. I tillegg får den eine siidaen eit lite årlig erstatningsbeløp.

Strid i kommunen

I 1992 blei Náránaš avsett til område for råstoffutvinning i kommuneplanen. Områdestyret for reindrifta fremma da motsegn, som i 1995 blei avvist av Miljøverndepartementet. Ved rullering av arealdelen i 1999 blei det foreslått tre felt for råstoffutvinning; Gaskabeaivárri, Náránaš og Riebanvárri. Flyttsamelista foreslo den gang at alle områda blei tatt ut av planen. Dette forslaget fall i kommunestyret, men det blei kravd konsekvensutgreiing før eventuell utbygging. Ved ny behandling i 2006 ville ikkje lenger fleirtalet i planutvalet krevje konsekvensutgreiing.

Ved rullering av arealdelen i 2011–12 blei det vedtatt utviding av driftsområdet i Náránaš. Dette gikk reindrifta mot, av omsyn til flyttelei og vinterbeite, men kommunen ønskte likevel utviding, og viste til at kommunen har investert mye i infrastruktur.[17]

Sametinget mot og for

Planen for steinbrot i Náránáš blei behandla av Sametinget første gang i 1990. Dette var den første mineralsaka som Sametinget behandla, og det blei derfor ei viktig prinsippsak. Fleirtalet på tinget meinte at saka hadde både positive og negative sider, og at ein ikkje kunne ta standpunkt før ein hadde fått ei konsekvensutgreiing.[18] Året etter godtok Sametinget avgrensa prøvedrift for AS Prospektering i Náránaš, mens ein gikk mot konsesjon til Mineralutvinning.[19] Da saka så kom opp igjen i 1998, hadde Jordsalgsstyret allereie gitt løyve til drift både på Riebanvárri og Náránaš. I Sametinget blei det eit viktig prinsippspørsmål om kven som hadde rett å gi slikt løyve i samiske område. Fleirtalet på Sametinget meinte Jordsalgskontoret/Statsskog ikkje hadde slik rett, og kravde at løyvet blei kjent ulovlig. Eit stort mindretal ville derimot gi støtte til utvinningsløyvet og ikkje blande dei uavklarte rettsforholda opp i dette.[20]

Kravet om konsekvensutgreiing blei ikkje oppfylt. Like fullt gav Sametinget i 2007 Klemet J. K. Hætta 250 000 kr. i næringsstøtte til investeringar i bergverksutstyr. I vedtaket frå Sametinget sitt tilskuddsstyre står det ingen ting om kor dette utstyret skal brukast, men Sametinget opplyser at det er brukt for uttak av stein i Náránaš-brotet etter avtale med AS Fuxite.[21] Med andre ord har Sametinget gitt økonomisk støtte til eit tiltak der Sametinget sine eigne krav om utgreiingar ikkje er oppfyllte.

Veg og bru

På vinteren er brua og vegen til steinbrota stengt.
(Foto: SL)

Den første tida var det ingen skikkelig veg, og ein kjørte da med maskinar i terrenget vel ei mil frå riksvegen ved Gievdneguoika. Allereie på slutten av 1990-talet starta planlegging av ny veg. I 2002 bestemte kommunen at det skulle byggast ein kortare veg med bru over elva. Det blei laga ein plan med fleire alternativ. Sametinget, Riksantikvaren og Landbruksdepartementet la inn motsegn mot det alternativet kommunen ønskte, fordi vegen ville gå over ein av dei få gardane i kommunen med gjenståande gamle og freda hus. Likevel stadfesta Miljøverndepartementet planen i 2003. Vegen blei marknadsført med at han skulle sikre 50 arbeidsplassar.[22] Enno skulle det gå sju år før vegen var på plass. I mellomtida heldt transporten fram på den provisoriske vegen, og såra i naturen blei større og større. Vegen og brua var kostnadsberekna til 17,4 mill, men blei å koste omlag 5 mill. meir enn planlagt.

Vegprosjektet blei organisert gjennom Naranas veilag, der kommunen, dei to selskapa og reinbeitedistriktet deltok. Saka blei til og med tatt opp i spørjetimen i Stortinget, der kommunalministeren blei spurt om å ta initiativ til å få vegen finansiert og bygd. Svaret var at departementet ikkje hadde middel til å støtte, men overlet det til Innovasjon Norge. Finnmark fylkeskommune har derimot løyvd tilsaman 5,5 mill. kr. til vegen.

Det blei i 2008 inngått ein avtale mellom kommunen og dei to selskapa. Ikkje alle var like begeistra for denne avtala, i kommunestyret røysta representantane frå Flyttsamelista mot.Avtalen er ganske komplisert og vegen er delt i fem delar med forskjellige eigarar og vilkår. Største utgifta var brua. Kommunen skulle legge ut for denne gjennom eigne middel og lån, og så skulle selskapa betale dette tilbake over maksimum 25 år med ei avgift på 140 kr. pr. tonn stein som blei frakta ut etter vegen. Avtalen er bygd på ein berekna produksjon på 7000 tonn pr. år, om det er liten produksjon skal dei minimum betale for 3500 tonn. Om innbetalingane går som planlagt, vil kommunen komme ut i balanse, blir dei mindre vil han tape.

Med i avtalen var også at selskapa garanterte for arbeidsplassar i vidareforedling. Innan 30.06.2009 skulle kvart av selskapa ha lagt fram for kommunen «en detaljert plan for etablering av videreforedlingsarbeidsplasser i kommunen». Nokon slik plan har ikkje kome frå nokon av selskapa.

Mineralutvikling lova 10 og Fuxite 5 fulltids heilårsarbeidsplassar. I avtalen er det inntatt kva som skjer dersom selskapa ikkje etablerer desse arbeidsplassane. Da kan kommunen auke vegavgifta inntil det dobbelte, for å bruke desse pengane til næringsutvikling, men kommunen har ikkje gjort noko forsøk på å krevje inn dobbelt vegavgift. Derimot har ein slitt med å få selskapa å betale grunnavgifta.

Da Mineralutvikling AS i 2010 gikk konkurs[23], skulle etterfølgjaren MQGranite i prinsippet overta pliktene. I juli 2011 blei det meldt at selskapa ikkje hadde betalt 450 000 kroner som dei var skuldig for året i forvegen. I 2013 var det strid mellom kommunen og Fuxite om innbetaling av pengar, og saka endte i retten. Selskapa skal sjølv melde frå kor mye dei transporterer ut, men i slutten av august 2014 hadde kommunen ikkje fått noko melding frå nokon av selskapa om kva som var kjørt ut det året. Direktør Erik Lund i MQGranite forsvarte dette med at dei ikkje sendte melding så lenge kommunen ikkje hadde behandla planane deira om reguleringsendring så fort som selskapet skulle ønske.

Kvart av selskapa skal betale inn for kvart år. Men både Fuxite og MQGranite betalte sist avgift til kommunen i 2013. MQGranite har fått rekning frå kommunen for dei tre siste åra, men i mai 2017 har det ikkje kome inn noko pengar frå dei. Når det gjeld Fuxite må kommunen innrømme at dei ikkje har heilt oversikt, men at dette er noko dei må ta fatt i.

Revegetering?

Den såkalla revegeteringa har gått ut på å trekke bjørkekratt med røter midt ut i vegen, men terrengkjøretøy har ingen problem med å svinge utanom. Resultatet er at vegen bare har blitt breiare.
(Foto: SL)

Da brua og den nye vegen var kome på plass, var det ikkje lenger bruk for den provisoriske vegen som hadde vore brukt sidan drifta starta. Denne skulle derfor førast tilbake til naturen, og kommunen tok opp lån på ein million kr. for å revegetere vegen.[24] Men så vedtok eit knapt fleirtal i kommunestyret å flytte revegeteringspengar frå Naranas til bygging av storkjøkken på helsesenteret.[25] Seinare fann ein likevel pengar til revegetering, og i juni 2006 blei det sendt anbodsinnbyding.[26]

Den såkalla revegeteringa blei gjennomført sommaren og hausten 2011. Det er verken sådd eller planta i vegen, ein har satsa på å legge til rette for naturlig revegetering. Tilgangen til vegen er stengt med stein, med traktor skulle det rotast opp i vegbanen slik at frø lettare kunne slå rot. Nokre stadar har ein slepa store torver med fjellbjørk midt ut i vegen, for at dei skal sperre for bruk av vegen. Da eg sjekka vegen i august 2014, var det lite å sjå til den naturlige revegeteringa. Det var ikkje sett opp skilt om at det er forbode å kjøre på vegen, og sperringa kan ikkje ha vore effektiv, for det var det kjørt bilar inn så langt det var mogleg. Vidare derifrå var det ferske spor av terrengkjøretøy. Der det var plassert bjørker midt i vegen, hadde ein bare svinga utanom desse, slik at i praksis har dette bare gjort vegen breiare og naturskadene større. I ettertid kan ein undre seg over om det kanskje likevel hadde vore betre å la denne vegen vere open som barmarksløype, og ikkje forsøkt å sperre løypa. Da hadde ein i alle fall unngått at vegen blei breiare og breiare.

Vegen mellom Gaskabeaivárri og Riebanvárri er det ikkje gjort noko med, da kommunen framleis har von om at det kan bli drift i Riebanvárri. Dette verkar litt merkelig sett i lys av at kommunen tidligare har tatt Riebanvárri ut av området for bergverk i arealplanen.

Arbeidsplassane blei vekk

Det har vore store planar og mange løfte om kor mye arbeidsplassar som skulle komme ut av satsinga på denne steinen. Så langt kan ein ikkje seie det har svart til forventningane. Fordi det er drift bare omlag halve året, er her ingen heilårlige arbeidsplassar. Draumen om lokal vidareforedling[27] har det trass alle løfte ikkje blitt noko av. Mens vegen og brua var under bygging, stansa drifta i Náránaš-brotet, og brotet i Gaskabeaivárri var ramma av konkurs og restrukturering. I 2011 hadde MQGranite fem mann i arbeid, alle unntatt sjefen var frå Guovdageaidnu, og i tillegg sysselsette dei ein lokal entreprenør. Det blei da lova at i løpet av fem år skal det vere ti i arbeid på heiltid.[28] Etter at vel tre år var gått var resultatet pr. august 2014 fire i arbeid i Gaskabeaivárri, derav to frå Guovdageaidnu kommune. I Náránaš-brotet hadde ein leigd inn eit lokalt anleggsfirma, som da hadde ein tilsett i arbeid med å kjøre knuseverk.

Framtid for Náránaš-steinen?

Har natursteinsproduksjonen i Guovdageaidnu ei framtid – eller blir det gravlegging også for steineventyret?
(Foto: SL)

Det kan virke noko overdrive når NGU har vurdert denne steinen som så viktig at dei har tatt han med på lista over mineralressursar av nasjonal betydning. Náránaš-steinen er likevel ein ressurs, som om han blir fornuftig utnytta, kan gi arbeidsplassar og inntekter til Guovdageaidnu over mange år. Selskapa som driv brota meiner det er ressursar for minst hundre års drift. Etter 20 år er status omlag fem halvårlige arbeidsplassar, eller knappe tre årsverk, derav to for innbyggarar i Kautokeino kommune. Kommunen får ingen skatteinntekter av drifta, det einaste dei kan håpe på er inntektsskatt frå nokre av dei som arbeider der, og at avgifta på bruken av vegen med tida vil dekke mesteparten av dei utgiftene kommunen har hatt på vegbygginga.

Sjølv om vegen no er på plass, må ein seie at drifta går føre seg under ganske primitive forhold. Ingen av brota har straumforsyning, dei må basere seg på dieselaggregat. Ingen av brota har noko meir bygg enn brakker, og det er ingen stad der ein kan arbeide innandørs. Skal det bli noko grad av lokal vidareforedling må ein nok gjøre atskillige investeringar.

I dag virkar det som all utvikling har stoppa opp, og aktiviteten er på eit minimum. Da driftsplanane var til debatt i kommunen i 2012, blei det uttalt fra kommuneadministrasjonen: «Erfaringene med allerede etablert natursteindrift (Gaskabeaivárri), viser dessuten at natursteindriften ikke har generert veldig mange lokale arbeidsplasser. Det er heller ikke etablert lokal videreforedling av stein, slik som forespeilet. Det er derfor legitimt å stille spørsmål om å tillate natursteindrift i området er verdt prisen reindrifta må betale i forhold til tapt beiteareal og driftsforstyrrelser.»[29]

Det er enno ikkje avklart kor mye kommunen vil tape, men vi kan trygt seie at kommunen si satsing på brua og vegen har bidratt til dei økonomiske problema i kommunen. I 2013 uttalte rådmann Mikkel Ailo Gaup at «i etterpåklokskapens tid, så ser man at det ikke var riktig å bygge broen og veien. Man skulle ha beholdt den gamle traseen og kostnadene hadde da vært lave.»[30]

Ein kan trygt konkludere at resultata ligg langt frå forventningane. Det er framleis ganske dårlig forhold mellom kommunen og selskapa, og det er ikkje umogleg at tvistar mellom dei kan hamne i rettsapparatet. Sett frå lokalsamfunnet er det all grunn til å spørje: Var det verdt det?

Nasafjell – Frå sølv til kvarts

Første gruva i Sápmi

På svensk side av Nasafjellet kan ein enno sjå restar etter dei gamle sølvgruvene.
(Foto: Olav Revheim)

Nasafjell (Násávárre) på Saltfjellet (Sálltoduottar) er eit grensefjell mellom Noreg og Sverige, og eit kjent namn i nordisk gruvehistorie og samisk historie. Rett over grensa på svensk side var det utvinning av sølv og bly 1635–59 og seinare 1770–1810. Reindriftssamar blei sette til tvangsarbeid med kjøring av malm frå gruvene til smelteverket. No kan det bli gruvedrift igjen, denne gongen på norsk side. Som første gongen blir reindriftssamar ramma og igjen gjør dei motstand, og no får dei følgje av fleire.

Elkem Salten

I Straumen i Sørfold kommune blei Salten Verk reist som ferrosilisumverk på 1960-talet, men har seinare lagt om til produksjon av silisium og mikrosilikaprodukt. No har verket namnet Elkem Salten, og blei i 2011 i lag med resten av Elkem-konsernet kjøpt opp av det kinesiske selskapet Bluestar. Verket treng tilgang på store mengder kvarts, som ein tidligare vesentlig har henta frå Kvitblikk i Fauske, Mårnes i Gildeskål og Vatnet i Bodø. Med omlegging av produksjonen har det blitt større krav til kvartsråstoffet og mye har derfor blitt importert frå utlandet. Av kvartsførekomstane i Noreg meiner Elkem at bare Nasafjell har den kvaliteten som krevjast til den produksjonen som har størst krav.

Stort kvartsfelt

Prøveuttak av kvarts på Nasafjellet.
(Foto: Facebook-gruppa Nei til gruvedrift på Nasafjellet)

Kartet viser dei planlagte dagbrota og den nye vegen som må byggast for å få ut kvartsen.
(Foto: SL)

På Nasafjell er det funne eit av dei største utvinnbare kvartsfelta i Noreg. Det blei oppdaga allereie i 1967, men planane om utvinning byrja først å ta form i byrjinga av 2000-talet. Feltet ligg oppe i dagen over eit område på over 100 dekar og i første omgang kan ein drive ut 5 mill. tonn utan å fjerne særlig store mengder med gråberg. Det er i første omgang snakk om å ta ut 150 000–200 000 tonn for året, eller omlag ein 5-del av utvinninga ved Elkem Tana. Dette vil kunne gi drift i omlag 30 år. I konsesjonssøknaden er det snakk om at det kan vere inntil 10 mill. tonn.

Kvartsen er tenkt tatt ut i dagbrot, og det vil bli eit stort inngrep like ved grensa til Saltfjellet landskapsvernområde og nasjonalpark, i eit av dei siste leveområda til fjellreven. Til saman reknar Elkem med å legge beslag på 950 dekar. Gruveområdet er i nesten 1000 meters høgde. Det er så utsett for vær og vind at ein bare reknar med å kunne drive der frå april til oktober, men Elkem har likevel ikkje slått frå seg tanken på at det med tida kan bli heilårsdrift. Det kan bli særlig aktuelt dersom ein veljer å gå over frå dagbrot til underjordsdrift når ein har tatt ut dei ressursane som ligg øvst. Utvinning, transport og oppreiing av kvartsen er berekna til 38-49 arbeidsplassar, avhengig av kor mye som vil bli tatt ut for året. Elkem vil ikkje tilsette eigne arbeidarar, men leige inn frå andre selskap.

14 års saksbehandling – til no

Elkem har halde på sidan 2003 for å få utvinne dette og det har vore ei rekke utgreiingar, høringar og innvendingar. Allereie 21.04.2004 varsla Fylkesmannen i brev til Rana kommune at ein kunne komme til å gi motsegn. Kommunestyret i Rana vedtok likevel i 2004 å sette av Nasafjell til industriområde i den kommunale arealplanen. Eit av argumenta var at naturinngrepa i liten grad ville synest frå vegen!

Det gikk så nokre år der det ikkje skjedde så mye i saka, men rundt 2010 blei det meir fart i sakene. Konsulentselskapet Sweco blei leigd inn til å lage planprogram og seinare reguleringsplan med konsekvensutgreiing. Reguleringsplanen var på høring først i 2012, og etter nokre endringar på ny høring i 2013.

I november 2014 blei reguleringsplanen godkjent av kommunestyret i Rana, med 29 mot 8 røyster. Fylkesmannen skulle deretter forsøke å mekle mellom kommunen og motsegnspartane, som er nettopp – Reindriftsavdelinga ved Fylkesmannen i Nordland! Det kom det sjølvsagt ikkje noko ut av, og saka gikk så til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Sameksistens med reindrifta?

I det aktuelle området blir det drive reindrift både av norske og svenske reindriftssamar. Her er vinterbeite for Saltfjellet reinbeitedistrikt, mens det på sommaren er beite for Svaipa sameby, som da driv i lag med Gran sameby. I tillegg vil Ildgruben reinbeitedistrikt, og samebyane Ran og Semisjaur/Njarg kunne bli indirekte berørte gjennom større fare for inntrenging på områda deira og samanblandingar av reinflokkar.

Elkem-direktøren hevdar at det ikkje skal vere noko problem med sameksistens mellom gruvedrifta og reindrifta.[31] Her har han i stor grad fått støtte frå Sametinget i Noreg, som ikkje har gått mot gruveplanen, men bare stilt krav om tilpassingar for reindrifta. 30.07.2012 kom Sametinget med ei motsegn mot planen, men allereie i motsegna gav dei ei opning for å kunne godta inngrepet på visse vilkår:
«Innsigelsen vil frafalles dersom følgende tas inn i planbestemmelsene:
Det tas inn bestemmelser som regulerer driftssesongen. Sametinget foreslår at driftssesongen begrenses til perioden 1. mars til 31. oktober for å redusere konsekvensene for reindrifta i området. I perioden 1. november til 28. februar kan drift og utkjøring bare foretas dersom det foreligger en avtale om dette med Saltfjellet reinbeitedistrikt. Anlegging av vei og anleggsarbeidet første sesong kan ikke startes før 1. mai. Det utarbeides en avtale med Svaipa sameby vedrørende rutiner ved sprengingsarbeider. Det må tas inn bestemmelser om bruk og stenging av adkomstveien. Driftssesongen tilpasses reindriftas årssyklus mest mulig. Dersom reinen ankommer de tidlige vinterbeitene i Nasaområdet før driften er avsluttet om høsten bør transporten langs veien stoppes.»

27.11.2014 trakk så Sametinget motsegna tilbake med denne grunngivinga: « Av det reviderte forslaget til reguleringsbestemmelser og det revidert plankartet registrerer vi at våre krav er imøtekommet og innarbeidet i det reviderte planforslaget.»

Dei som driv reindrift i området har derimot ikkje godtatt dette, og både frå norsk og svensk side har reindriftssamane protestert både mot sjølve gruveplanane og mot at verknadane for reindrifta ikkje er skikkelig utgreidde i konsekvensutgreiinga.

Saltfjellet reinbeitedistrikt skreiv 20.01.2014:

Dette anser vi å være for store negative konsekvenser og innvirkninger på vår næring for at vi fortsatt skal kunne drive en økonomisk og økologisk bærekraftig reindrift.

Det vil ikke være forsvarlig å godkjenne forslaget til reguleringsplan når det fører til så store negative konsekvenser for en annen allerede eksisterende næring. Konsekvensutredelsen viser også i hovedsak til store negative konsekvenser for reindriften.

Vi ber med dette om at Rana kommune forkaster planforslaget i sin helhet. Dette da foreslåtte reguleringsplan med foreslåtte avbøtende tiltak ikke ville kunne regulere driften slik at bruddet kan drives uten alt for store konsekvenser for reindriften i området.»


Av offentlige institusjonar er det i første rekke Fylkesmannen i Nordland som har reagert mot gruveplanen. Fylkesmannen gav motsegn 21.08.2012. Sjølv om planen blei noko endra etter første høringsrunda, leverte Fylkesmannen i Nordland[32] igjen motsegn i 2014. Her heiter det: «Detaljreguleringen for Nasa kvartsforekomst medfører store negative konsekvenser for reindriften. Flere reinbeitedistrikter og samebyer som blir berørt, herunder viktige konvensjonsbeiter mellom Norge og Sverige. Dersom reindriften fra svensk side i de nærmeste 30 – 40 år, taper beiteområder i Saltfjellregionen på grunn av kvartsbruddet, kan det innebære at Norge er forpliktet til å skaffe nye beiteområder til berørte svenske samebyer. Dette kan ramme Saltfjellet reinbeitedistrikt og/eller andre reinbeitedistrikter i Nordland. Planområdet og adkomstvei ligger midt i et viktig barmarks- og vinterbeiteområde for Saltfjellet reinbeitedistrikt. Distriktet anser at det også vil stenge den eneste trekk- og flyttleia mellom Gubbelådalen/Andfjell og Stokkalia, og at områdene sør og øst for planområdet vil bli utilgjengelige som beiteområde.» Seinare har Fylkesmannen i Nordland halde fast ved motsegna, og forklarer og utdjupar denne nærare i brev av 22.10.2015.

På svensk side har Svaipa sameby skrive ein svært krass uttale i saka 26.09.2012, der det bl.a. heiter: «Svaipa sameby motsätter sig helt att mark inom samebynsområde på Nasafjäll anvånds för ett kvartsbruk. Samebyn anser att konsekvensutredningen har tagits fram på ett mycket bristfälligt sätt. Konsekvensutredningen visar stora brister och ger inte en tillräckligt bra bild av hur renskötseln bedrivs i området och vilka konsekvenser en etablering kan få för samebyn.

Svaipa har bede det svenske Sametinget om hjelp til å stanse gruveplanen, og det fikk dei 02.11.2015: «Sametinget anser att planen för detaljregulering för Nasa kvartsforekomst ska förkastas då konsekvenserna blir mer långtgående än vad som redovisats. Planen medför konsekvenser för renskötseln både på norsk och svensk sida. Konsekvenser kommer att uppstå för flera samebyar och reinbeitedistrikt samt att det kommer att påverka arbetet med konvention om gränsöverskridande renskötsel. ... En gruva i detta område kommer att innebära att flera renskötare måste sluta med renskötseln vilket strider mot nationella och internationella åtaganden.»

– På Nasafjell er det alltid godt beite på vinteren, fortel leiar i Saltfjellet reinbeitedistrikt, Per Ole Oskal. – Der er eit sørlendt terreng, som tidlig blir bart. Om det elles er dårlig beite, kan reinen alltid trekke dit. Men det største problemet med gruve på Nasafjell er likevel ikkje det direkte beitetapet. Gruva vil virke som ei sperre som hindrar naturlige trekkvegar. Det vil kunne tvinge reinen inn i område som er svært farlig for togpåkjørsel, eller ned i Dunderlandsdalen. Og vi vil lettare få samanblanding med nabodistriktet Ildgruben. I verste fall må ein over på svensk side for å flytte forbi. Men vi får ikkje lov å flytte innom Sverige. Det vil også lettare bli samanblandingar med svensk rein.

Reinbeitedistrikt Saltfjellet og samebyen Svaipa har no gått i lag og engasjert ein jurist. Denne har gjort ei utgreiing av saka som viser fleire feil under saksbehandlinga, og ein arbeider no for å få ei uavhenglig konsekvensutgreiing.

Naturvern og turisme

Også naturvernarar og turgåarar har reagert mot gruveplanane. I 2010 blei det oppretta ei Facebook-gruppe «Nei til gruvedrift i Nasafjellet».[33]

I 2014 sendte Naturvernforbundet i Nordland og Rana Turistforening ein felles høringsuttale der dei går mot at det skal bli gitt konsesjon. Dei legg vekt på at det blir eit stort naturinngrep i eit sårbart område som har store naturverdiar og stor verdi for reindrift og friluftsliv. Organisasjonane viser og til at omlag 40 % av massane som blir tatt ut vil bli lagra på området, hevdar drifta vil føre til støvplager og mye støy frå knusing inne på området, og krev at ein skal sjå dette i samanheng med gjennomførte og planlagte inngrep i dette distriktet, bl.a. kraftutbygging.

Ministeren hører på Elkem

Etter at Fylkesmannen i Nordland i 2014 heldt fast ved motsegna, skreiv Elkem 08.10.2015 eit eige brev til Kommunaldepartementet for å motseie denne. Her blei det bl.a. hevda at fylkesmannen har forsømt å vurdere omsynet til utviklinga av mineralnæringa, og at påstandane om støy og støv frå anlegget er overdrive. Elkem hevda òg at anlegget ikkje vil skremme reinen, men at han vil venne seg til drifta. 27.10.2015 følgde dei så opp med meir tilleggsinformasjon, der dei hadde rekna ut at det vil kunne bli eit årlig overskot etter skatt på over 18 mill. kr. 13.01.2016 skreiv Elkem igjen til Kommunaldepartementet og ba om at dei får godkjent reguleringsplanen utan fleire vilkår.

Før kommunalministeren kunne godta reguleringsplanen, måtte fleire departement uttale seg. Nærings- og fiskeridepartementet tilrår i brev av 03.11.2015 at reguleringsplanen blir stadfesta. «De erkjenner at reguleringsplanen kan innebære ulemper for reindriften og ha visse miljømessige konsekvenser, men at fordelene ved mineralprosjektet på Nasafjellet klart veier opp for de negative konsekvensene for reindriften. Departementet legger avgjørende vekt på at uttak av kvarts vil gi et bidrag til verdiskapning som med god margin overstiger eventuelle tap av verdiskapning fra reindriften.» (Referert etter Sametingets oppsummering av saka.) Med andre ord: Reindrifta må vike når beiteområdene kan utnyttast til andre formål som gir meir «verdiskaping».

Landbruksdepartementet uttale seg, og der kom det 26.11.2015 eit vedtak som var nesten ordrett som Kommunaldepartementet sa tidligare same året i Nussir-saka: «Landbruks- og matdepartementet anbefaler at fylkesmannens innsigelse ikke tas til følge under forutsetning av at reindriftsinteressene på norsk og svensk side og Elkem kommer til enighet om en avtale om avbøtende og kompenserende tiltak som muliggjør næringsdrift for alle parter.»

Dette vedtaket fikk Fylkesmannen i Nordland til å komme med eit oppsiktsvekkande brev, der ein slår fast at slike avbøtande tiltak ikkje er mogleg: «Fylkesmannen vil presisere at reguleringsplanen ble oversendt Kommunal- og moderniseringsdepartementet fordi planen ikke har løsninger som sikrer reindriftas framtidige virksomhet i området. Det endelige planforslaget bygger på en omfattende prosess der det er forsøkt å redusere skadevirkningene. Planen om kvartsbrudd på Nasafjell vil likevel få store negative konsekvenser for natur, landskap og friluftsliv og særlig for reindrifta.»

Deretter slo fylkesmannen fast at dei vilkåra det norske Sametinget sette for å oppheve si eiga motsegn, ikkje er oppfylte og at Sametinget dermed har trukke denne tilbake på feil grunnlag. Samtidig viste Fylkesmannen til at uttalen frå det svenske Sametinget har ein konklusjon stikk i strid med godkjenninga frå det norske Sametinget og slo fast at konsekvensane for samisk kultur ikkje er utgreidde. Ein stilte og spørsmål ved «om planen oppfyller kravet til konsekvensutredninger ved grenseoverskridende virkninger.»

Nokon slik avtale som LMD føresette har ikkje kome, og lite tyder på at det er mogleg å oppnå ei slik semje, men det hindra ikkje kommunalministeren i å godkjenne reguleringsplanen 16.02.2016. I skrivande stund gjenstår da utsleppsløyve og driftskonsesjon, men det er vel liten tvil om at regjeringa er innstilt på at dette skal innvilgast.

For Sametinget har det blitt ei vanskelig sak at ein har trukke tilbake motsegna, samtidig som både det svenske sametinget og reindrifta på begge sider av grensa sterkt har motsett seg gruveplanane. I løpet av 2016 har Sametinget hatt møte med Elkem og ein vil også ta det opp med Statskog på møte våren 2017.

Hausten 2016 var saka oppe i Samisk Parlamentarisk Råd, som gikk klart mot gruveplanane og åtvara om at saka slett ikkje er avslutta om norske styresmakter skulle gi konsesjon: «Samisk parlamentarisk råd framhever at en utbygging uten et på forhånd fritt informert samtykke fra reinbeitedistriktene og samebyene gir grunnlag for klage til FNs menneskerettighetskomité og prøving overfor domstolene.»

Fotnotar

[1] http://www.finnmarken.no/nyheter/article5304456.ece
[2] Innlegg av Haldis Kristine Hals, Ságat 22.10.2014
[3] Nasafjell kvartsforekomst. Høyren kvarts til silisiumproduksjon.
[4] E-post frå Saltfjellet reinbeitedistrikt v/ Per Thomas Kuhmunen 13.10.2015 til deltakarar på møte om gruveplan Nasafjell, 29.09.2015
[5] http://kph.no/uploads/media/Mineralnaering_i_Tana_Geonor_konf.pdf
[6] Resten av dette avsnittet bygger på samtale med Frode Utsi, leiar i reinbeitedistrikt 7, 26.11.2014.
[7] http://www.nrk.no/sapmi/gruvegigant-med-store-utvidelsesplaner-midt-i-reinbeiteomrade-1.12811880
[8] http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00000038
[9] http://naturvernforbundet.no/finnmark/verneomrader/nei-til-mudring-i-tanamunningen-article34161-2027.html
[10] https://www.nrk.no/sapmi/naturvernforbundet_-_-mudring-kan-bli-en-katastrofe-for-tanalaksen-1.12832533
[11] http://www.nrk.no/finnmark/ordforer-skeptisk-til-50-millioner-fra-regjeringa-1.12594483
[12] http://klemet.blogspot.no/2008/12/stolt-som-en-hane.html
[13] Bio-Information Technology var tidligare majoritetseigar i Nussir ASA. Sjå bind 1 om Kvalsund
[14] Altaposten 11.10.2012. http://www.altaposten.no/lokalt/nyheter/article6429955.ece
[15] Ole Hammari: Planbeskrivelse – Naranas steinbrudd. 2013. s. 7
[16] http://www.altaposten.no/lokalt/nyheter/article6429955.ece
[17] http://www.kautokeino.kommune.no/Finnmark/Kautokeino/kautokeinok.nsf/Attachments/D6E2BF8EF2A6FEC5412579DD004A9080/$FILE/Planprogram+Kautokeino+12-03-04+FASTSATT.pdf
[18] https://www.sametinget.no/content/download/3467/31934/version/1/file/P+4-1990+norsk.pdf
[19] https://www.sametinget.no/content/download/3476/31970/version/1/file/P+2-1991+norsk.pdf
[20] https://www.sametinget.no/content/download/3537/32214/version/1/file/P+4-1998+Norsk.pdf
[21] https://www.sametinget.no/content/download/3537/32214/version/1/file/P+4-1998+Norsk.pdf
[22] http://www.finnmarkdagblad.no/nyheter/article1288963.ece
[23] http://www.altaposten.no/lokalt/nyheter/article355224.ece
[24] Ávvir 18.06.2010, http://www.avvir.no/feed/vivvo_general/1039.txt
[25] http://glr.no/files/archive-20-june-2010.php
[26] http://www.nrk.no/kanal/nrk_sapmi/1.7642258
[27] http://www.altaposten.no/lokalt/nyheter/article366968.ece
[28] Ávvir 20.07.2011
[29] Reguleringsplan for Náránaš steinbrudd – offentlig ettersyn 15.11.2011. http://www.kautokeino.kommune.no/finnmark/kautokeino/kautokeinok.nsf/Attachments/B123A5D8A3DD24E6C1257D7B0042279C/$FILE/Saksbehandling+offentlig+ettersyn.pdf
[30] http://www.nrk.no/kanal/nrk_sapmi/1.10997319
[31] https://www.nrk.no/sapmi/gruvedrift-og-reindrift-kan-da-vel-virke-sammen_-sier-verksdirektor.-1.12820092
[32] Ordninga med områdestyrer blei lagt ned frå 01.01.2014 og oppgåvene og motsegnsretten blei overført til fylkesmennene.
[33] https://www.facebook.com/pages/NEI-til-gruvedrift-i-Nasafjellet/167632886599855?fref=ts


Til neste kapittel