Forside 2
Forside 2
Forside 1
Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som skal komme med 4 bind.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind og kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Meir gruvestoff på gruve.info

Fortsatt i steinalderen

BRYNESTEIN, KVERNSTEIN, SKIFER OG PUKKSTEIN

«Stein er rundt oss på alle kanter. Vi kan nesten si at det er vi som virkelig lever i steinalderen.» Slik heiter det i Norsk Bergindustri sin reklamefilm[1]. Ei kjerne av sanning er det i dette, for utvinning og eksport av stein i form av naturstein, pukkstein, grus og sand utgjør i dag ein svært stor del av mineralnæringa i Noreg.

Vi går nokre tusen år tilbake i tida. Denne tida blir skildra slik i den nemnde filmen: «Landet var fullt av grus og stein og folk laget redskap av det de hadde for hånden. Dette ga navn til epoken de levde i – Steinalderen.»

Laga no steinalderfolket virkelig reiskap av det dei «hadde for hånden»? Så enkelt var det nok ikkje, for det var ikkje all slags stein som eigna seg til å lage f.eks. økser, skraper eller pilspissar av. Dei rette materiala og produkta av dei kunne bli frakta lange strekningar før dei nådde fram til brukaren.[2]

I 2012 blei dei kjent i media at det i samband med vegbygging i Melsvika i Alta var oppdaga eit stort steinbrot der det for 6–8000 år sidan blei tatt ut stein for reiskapar [3][4]. Denne steinen var av chert (kalsedon), eit mineral med kjemisk samansetning og bruksområde liknande flint, som var hovudkjelda til steinalderverktøy nedover i Europa. To mils veg frå dette steinbrotet blir det no planlagt eit nytt steinbrot, denne gongen i langt større målestokk og ikkje for å lage økser og pilspissar, men for pukkstein og grus til anleggsarbeid. Vi lever framleis i steinalderen.

Flintknollar på stranda i Hirtshals heilt nord i Danmark. I steinalderen kunne ein finne slike på strendene i Sør-Noreg, men her blei dei snart brukt opp.
(Foto: SL)

Hovudbrotet på Hespriholmen sett frå sjøen.
(Foto: Evy Berg)

Det er funne forarbeida steinreiskapar som er omlag 2 millionar år gamle, desse har vore brukte av forløparane til det moderne mennesket. Tidlig lærte menneska seg å sjå at nokre bergartar eigna seg betre enn andre til forskjellige formål, bl.a. var visse typar av kvartsitt, skifer og flint særleg eigna til skjære-, skrape- og hoggeverktøy. Allereie i steinalderen kunne ein til ein viss grad snakke om ei «mineralnæring» ved at nokon spesialiserte seg på utvinning og tilhogging, seinare sliping av steinreiskap.

Det er kjent omlag 35 000 år gamle flintgruver i Egypt og i nyare steinalder var det flintgruver i ei rekke land i Europa, særlig i Tyskland og Polen.[5] Både flint og annan stein som eigna seg til reiskap blei hogd ut i store steinbrot, bl.a. blei store delar av England og Irland forsynt med skjæreverktøy frå eit grønsteinsbrot i Lake District.[6]

Det mest ettertrakta materialet til steinreiskap, flint, finnes ikkje i fast fjell i Noreg. Flint blir danna som knollar i kalk eller kritt av at nedbrote organisk materiale blir utsett for høgt trykk over svært lang tid på havbotnen. Kjelder for flint finn vi i Nord-Europa særlig i Danmark, Sør-Sverige og langs kysten av Tyskland og Polen. Ved slutten av istida blei ein del flint ført nordover med isen, og i fleire tusen år kunne folk på Sørlandet grave fram flintknollar i strandsona. Flint blei også importert frå Danmark, tildels i form av ferdiglaga reiskapar. I Noreg blei steinreiskap i første rekke laga av skifer, grønstein, diabas og kvartsminerala kvartsitt og chert. Det eldste kjente steinbrotet er trulig diabasbrotet på Stakalleneset i Flora, som er rekna å vere 8–9000 år gamalt. Nesten like gamle brot er i Bømlo i Hordaland; for grønstein på Hespriholmen[7]og ryolitt på Siggjo[8].

Det er så langt registrert over 40 steinbrot frå steinalderen, spreidd over dei aller fleste fylke i landet, og det er brote ut bergartar som kvarts, kvartsitt, chert, jaspis, kalsedon, diabas, ryolitt og grønnstein.[9]

Brynesteinsbrot i 1200 år!

Store mengder stein ligg igjen etter 1300 års drift i brynesteinsbrotet i Eidsborg.
(Foto: SL)

Forfattaren av denne boka er oppvakse på ein stad som heiter Gråtenmoen. Det er moen oppafor Gråten, som kjem av norrønt grjot, som betyr stein. I denne samanheng brynestein. Plassen har namn etter at her i hundrevis av år var ei av utskipingshamnene for ein svært viktig eksportartikkel; brynestein frå Eidsborg i Vest-Telemark.

Liksom visse steinslag eigna seg best til å lage skjære- og hoggereiskapar av, eigna andre steinslag seg til å slipe og bryne reiskap av stein og metall. Frå vikingetida forteljast det at nokre stadar var det «brynefjell», der dei kunne slipe økser direkte på fast fjell. Ei rekke stadar i landet har det vore brote ut brynestein, og det er forskjellige steinslag som har vore brukte, bl.a. sandstein, kvartsittskifer og olivin. Brynesteinsbrotet i Eidsborg er i særklasse. Der har brynestein av finkorna kvartsglimmerskifer blitt brote og eksportert heilt frå 700-talet fram til ut på 1970-talet. Brynesteinar frå Eidsborg er funne igjen i vikingskip og vikingane sine handelsplassar rundt i Europa, bl.a. i Polen og Frankrike.

Frå Skrenakkhammaren i Norddal i Møre og Romsdal blei det tidlegare laga brynestein av glimmerhaldig olivin. I Nord-Noreg har det vore ei rekke mindre brynesteinsbrot, bl.a. fleire stadar i Beiarn, Sadjemjávrre/Brynvatnet i Sørfjorden i Tysfjord, Dividalen i Målselv, i Sørstraumdalen i Kvænangen og i Alta. Også større slipesteinar har vore drive ut av fast fjell. Frå vikingtida og i mange hundreår var det eit sandsteinsbrot i Hyllestad i Sogn og Fjordane, der ein skar ut slipesteinar som blei eksportert over Bergen.

Kvernstein

Kvernstein på gamal samisk husmannsplass ved Kjellvika i Sørfold i Nordland.
(Foto: SL)

I Evenes i Ofoten er det skore ut kvernsteinar av fjellet.
(Foto: SL)

Korn har i tusenvis av år vore eit sentralt element i kosthaldet til dei fleste i Noreg, men i mesteparten av denne tida har ein ikkje kunna gjøre som i dag og gå på butikken og kjøpe ferdig mjøl i kilosposar. Bønder som dyrka korn måtte sjølve male på eiga kvern eller mølle, eller på ei felles kvern for bygda. Herav har vi ordtaket «Den som kjem først til mølla får først male». Og det sentrale elementet i ei kvar kvern var å ha ein god kvernstein.

Kor kom så kvernsteinane frå? Dei måtte hoggast til av store steinar eller hoggast ut av fjellet. Og det var ikkje alle steinslag som eigna seg godt. Mange blei fort nedslitne og måtte skiftast ut, og kanskje enno verre; det følgde steinstøv med mjølet. Til kvernstein bør ein derfor ha svært harde steinslag, som ikkje blir slitt ned for raskt. Der det var mye stein av rette kvaliteten blei det derfor ganske tidlig utvikla steinbrot. Dei eldste kvernsteinane var for skrubbekverner, deretter blei det laga runde kvernsteinar for handkverner, seinare frå omlag 1100-talet større steinar for vassdrivne kverner og møller.

Slik stein kunne bli frakta lange strekningar og også eksportert til land med mindre steinressursar enn Noreg. Det er funne fleire forliste skip med både kvernstein, kleberstein og brynestein frå mellomalderen, og mye tyder på at desse blei brukt som omsettelig ballast på skip i utanriksfart.[10]

I Hyllestad i Sogn og Fjordane er det eit kvernsteinbrot som vi reknar med har vore i drift frå 600-talet. I Selbu i Sør-Trøndelag var det kvernsteinbrot i drift i heile 700 år, frå 1200- til 1900-talet. Desse er no freda som kulturminne. Det er kjent minst 17 kvernsteinbrot i Noreg. Blant dei er fem i Nord-Noreg, i Brønnøy, Saltdal, Evenes og Skånland.

Kleberstein

Uferdige gryter står enda igjen i berget etter klebersteinsdrift i Kvikne for nesten 2500 år siden
(Foto: NGU)

Kleberstein er ein metamorf (omdanna) bergart som hovudsaklig består av mineralet talk med varierande mengde kloritt og amfibol. Fargen på kleberstein er grønkvit til mørkegrøn, ofte med rustfarga felt.

Kleberstein har frå steinalderen blitt brukt til gryter, fordi han er varmefast og mjuk og lett å forarbeide. Sjølve ordet «gryte» kjem trulig av det gamalnorske ordet «grjot» for stein. Kleberstein er og brukt til mange andre formål, som omnar, støypeformer for bronse, til fiskesøkke, byggemateriale og dekorasjonar. I seinare tid er kleberstein mest aktuell som industrimineral, bl.a. til bruk i maling og papir.

Det er registrert eit hundretal klebersteinsbrot frå jernalderen og mellomalderen. fordelt på dei aller fleste fylka i Noreg. Eit av dei største brota var på Lykling på Bømlo i Hordaland [11] Det eldste som er registrert er i Straumdalen i Sør-Varanger, dette kan vere frå omlag 4500 f.Kr.[12]

Fram til 1958 var det eit stort klebersteinsbrot i Vefsn, som bl.a. leverte til restaurering av Nidarosdomen.

I Stolpelia ved Misvær i Bodø kommune er det eit gamalt klebersteinsbrot frå 1000–1200-talet. Arkeologar meiner klebersteinen har vore salsvare for samane i dette området.[13] På 1980-talet forsøkte ein å starte opp igjen her. Seinare har brotet blitt freda, men geologar frå NGU har drive undersøkingar om det er mogleg å starte opp igjen utafor det freda området.

No er det uttak av kleberstein tre stadar i Noreg, i Otta og Sel i Gudbrandsdalen og i Målselv i Troms.

Ved Linnajávri i Hamarøy kommune i Nordland er det funne det som er rekna som den største klebersteinsførekomsten i Nord-Europa.[14] Denne ligg nær grensa til Sverige, i eit område som er foreslått som nasjonalpark. I media har denne førekomsten blitt slått opp som kjempeverdiar, samanlikna med eit norsk oljefelt, ein har snakka om verdiar opp til 100 milliardar. No er det ikkje klebersteingryter eller dekorasjonar ein tenker på, men i første rekke fyllmateriale i papir og maling. Grunneigar i området er Statskog, som er svært ivrige etter å få i gang gruvedrift. Først hadde selskapet Norwegian Talk undersøkingsrett her, men dei trekte seg i 2007. Deretter forsøkte Sibelco Nordic, men i 2014 gav også dei opp, da dei ikkje fann det lønnsamt, blant anna fordi det måtte byggast veg for 900 millionar for å komme fram til feltet. Likevel heldt Statskog fram å leite etter samarbeidspartnarar, og i 2015 overtok LNS og inngikk avtale med Statskog.[15] NGU ivrar og for utvinning og har sett Linnajávri opp på kartet for industrimineral av nasjonal betydning.

Eit av hindra for å få i gang gruvedrift her er at det har vore planar om nasjonalpark. Men hausten 2015 bestemte regjeringa å legge alle nasjonalparkplanar for Nord-Noreg på is. Som påskot for dette viste dei til lokal motstand. Dette kan nok stemme for Finnmark, men for skrinlegging av den planlagte nasjonalparken i Tysfjord / Hamarøy har nok gruveplanen vore vel så avgjørande.

Gruvedrift ved Linnajávri vil garantert komme i konflikt med reindrifta, som er dei som i første rekke brukar området i dag.

Skifer

Stilla og Detsika. Mange vil forbinde desse namna med kampen om Alta–Kautokeino-vassdraget i 1979–81. I Detsika hadde aksjonistane leir i 1979. I Stilla var «Nullpunktet» der demonstrantane lenka seg saman til politiet skar dei laus og bar dei vekk. Men Stilla og Detsika er også namn på to av skiferfelta i Alta. I dette området har det vore noko så sjeldant som ei ganske stabil bergverksdrift gjennom over 150 år, som tidligare ga mange hundre arbeidsplassar og som enno sysselset over hundre i utvinning og foredling.

Skifer er eit fellesnamn på mineral som er danna ved at sand, leire og grus har blitt avsett i sjøen eller i ferskvatn, og etter kvart kome under trykk og blitt omdanna til stein. Skifer som er danna slik kallar vi sedimentær. Men det meste av skiferen har i tillegg vore utsett for større eller mindre omdanning under høg temperatur og trykk, desse kallar vi metamorfe.

Skifer har bl.a. vore brukt til taktekking og forskjellige slags heller.
Vi skil mellom tre hovudtypar av skifer:


Skiferbrotet i Oppdal ligg godt synlig både frå E6 og Dovrebanen.
(Foto: Basia Głowacka)

Det eldste skiferbrotet vi kjenner sikkert var i drift i Hardanger frå 1421. Frå slutten av 1500-talet blei det gitt statlige konsesjonar for skiferdrift. Kong Christian 4. gav i 1593 «Brev og Bevilling» til ein byggmester for å «bryde Skifersteen udi Akershuus Len». På 1700-talet kom det i gang skiferbrot både på Voss og i Gudbrandsdalen, noko seinare i Trøndelag, og på 1800-talet mange stadar i Nord-Noreg. Skiferen blei utnytta av lokalbefolkninga og gav i tillegg handelsvarer, som kunne bli sendt langt av garde i inn- og utland.

I Oslo har det vore tatt ut alunskifer i alle fall frå 1700-talet. Christian og Magdalenas Alunverk i Gamlebyen var i drift mellom 1737 og 1815, og var ei av det første industrielle verksemdene i byen. Verket braut alunskifer langs Ekebergskrenten.[16]

Det er no i gang ti skiferbrot i Noreg, fordelt på kvartsitt-, fyllitt- og glimmerskifer. Den største skiferproduksjonen er på Voss, Otta, Oppdal og Alta. Det finst skiferutvinning heilt oppe i høgfjellet, eit skiferbrot i Grimsdalen statsallmenning ved Rondane ligg på 1350 m.o.h. Her har det vore strid om kor langt opp i fjellet det skal vere lov å drive.

Skiferproduksjonen gir store inngrep i landskapet. Mange skiferbrot som ikkje lenger er i drift, blir liggande som opne sår, og mange stadar er det behov for meir tiltak for terrengforming og revegetering i brot der det ikkje er planlagt vidare drift. Etter skiferbrota har det ofte blitt liggande igjen mye ukurant stein. Det har tidligare vore vanskelig å finne avsetning på denne, men i seinare tid har det vore utvikla nye bruksområde og behandlingsmåtar for avgangssteinen.

Dei fleste skiferslaga gir lite forureining, men det er eit unnatak, alunskifer. Denne førekjem i første rekke i Oslofeltet, frå Porsgrunn til Hamar. Det har vore drive utvinning av alunskifer frå mellomalderen. Alunskifer inneheld ei rekke tungmetall, samt radioaktive stoff som uran og radongass, og utvinning av denne har derfor ført til miljøproblem. På 1950-talet blei alunskifer vurdert som ei mogleg kjelde til uranutvinning. I Sverige har det vore utvunne olje frå alunskifer, men den norske skiferen inneheld mindre olje, så det har ikkje vore aktuelt her. For tida er det inga utvinning av alunskifer i Noreg.[17]

Skifer i Alta

I Alta er det tatt ut skifer i over 150 år, og i nokre av dei eldste brota byrjar naturen å vende tilbake.
(Foto: Dag Elgvin)

Frå skiferdriftutstillinga ved Alta Museum.
(Foto: SL)

Alta har den største førekomsten av kvartsittskifer i Nord-Europa. Det første kjente skiferbrotet starta opp i 1858. Allereie i Jordsalgsreglementet av 2. juli 1864 for Finnmark blei det bestemt at «Steen-brud, der afgive Handelsvarer» skulle kunne «bortforpagtes paa Aaremaal». Desse områda skulle ikkje seljast. Seinare har det variert kven som har stått for utmåling til skiferdrifta. Det har etter tur vore lensmannen, jordsalgsformannen, ein eigen statlig oppsynsmann for skiferdrifta, «statens skiferingeniør i Finnmark» og Bergmesteren. Drifta skjer på grunn som tidligare var eigd av Statskog, no av Finnmarkseiendommen (FeFo), som årlig tar inn omlag 600 000 kr. i grunneigarvederlag.

I periodar, særlig i mellomkrigstida, har det vore mye strid om organiseringa av drift og omsetning, mellom lokale drivarar og samvirkeforetak og private oppkjøparar som forsøkte å kontrollere produksjon og sal.[18] Størsteparten av drifta har sidan 1933 vore organisert gjennom samvirkeforetaket Alta Skiferbrudd, som no har tilknytt omlag 90 produsentar.

Skiferbrot i Stilla.
(Foto: SL)

Skiferdrifta i Alta har vore spreidd på ei rekke brot. Kvar skiferdrivar hadde si eiga lille hytte, der han ofte budde heile veka mens han arbeidde i berget. Under brenninga av Finnmark i 1944 gikk omlag 300 skiferstover opp i flammar, og allereie i 1946 blei det gjenreist 200 slike, for å få produksjonen raskt i gang igjen. I gjenreisingstida var det svært stor etterspørsel etter skiferstein.[19]

Drifta har vore og er framleis forholdsvis lite mekanisert, men eit par gongar har det vore gjort forsøk på å få i gang industriell skiferdrift i større målestokk. Firmaet AS Skifer blei danna i 1952 med støtte av Utviklingsfondet. Her var tilsett over 30 mann, men forsøket var mislukka og det blei avvikla i 1962 og all investert kapital gikk tapt. Eit nytt forsøk blei gjort på 1970-talet og igjen var offentlige finansieringsinstitusjonar sterkt med i bildet. Det blei bygd ein produksjonshall, men heller ikkje dette gikk med overskot.

I 1959 blei Alta steinsliperi starta for å drive vidareforedling av skiferstein. Steinsliperiet blei starta av skiferdrivarane i Alta, men blei i 1996 oppkjøpt av Rieber i Bergen. Seinare blei bedrifta overtatt av firmaet Minera med hovudkontor i Oppdal. I tillegg er det ei mindre vidareforedlingsbedrift som held til i steinbrotet i Pæska; Pæskatun – Alta skiferprodukter, som lagar bl.a. gravmonument, klokker, informasjonsskilt, bord og bautaar av skifer.

I 2013 blei Altaskifer AS etablert med einerett for sal. Eigarar er Minera Skifer AS med 50 % og Alta Skiferbrudd SA med 50 %. Dei leverer skifer til bruk på tak, golv, trapper, fasadar, parkar og hagar. Vel halvparten av salet er i Noreg, resten til eksport til ei rekke land. Den største utfordringa no er konkurransen frå Kina, som sel skifer av dårligare kvalitet til langt lågare pris.

Det har vore tre hovudområde for skiferdrifta; Pæska, Detsika og Stilla. I Detsika er det for tida inga drift, i Stilla er det nokre få drivarar igjen. Hovuddrifta er no i Pæska, på vestsida av Altaelva, og der har ein enno ressursar for minst hundre år framover med noverande produksjon.

Mens det tidligare var vanlig at drivarane sjølve sprengte berget, er det no krav om sertifikat for sprenging, og det er nokre få som sprenger for alle. Sprenging skjer med svartkrutt blanda med isoporkuler. og ganske tett mellom borehola. Før sprengte ein med dynamitt og få hol og store ladningar, og da blei mye stein øydelagt. Etter sprenging og framkjøring av blokker med hjullastar kløyver skiferdrivarane med hammar og meislar/kilar, merkar opp etter forskjellige malar, og deler opp skiferhellene. Dei merkar med øks, slår av med ei jernstang og til sist klipper dei med ei manuell steinsaks, kalla «Vossesaks». Mange drivarar har no skaffa seg elektrisk saks.

Tidligare var det mange drivarar som bare dreiv i steinberget i delar av året, mens dei til andre tider hadde anna arbeid, f.eks. småbruk, fiske eller ishavsfangst. Andre har drive året rundt. Da har dei bygd større hytter eller etter kvart hallar så dei kunne gjøre oppdeling og tilhogging inne. Særlig innearbeidet førte til mye steinstøv og mange har fått sjukdomar som kols og silikose av dette arbeidet. Det gjeld også for dei som har arbeidd med sliping av steinen.

På det meste arbeidde opp til 900 mann i skiferberget og ofte var heile familiar med og ungane blei lærte opp i arbeidet. No er det gått kraftig tilbake med sysselsettinga, det er i underkant av hundre som arbeider i skiferbrota. Tildels skuldast det at lønsemda har gått ned, men det er også eit arbeid som i liten grad trekk til seg ungdom. Når skiferdrivarar med eigne brot pensjonerer seg, er det ofte ingen som overtar. Det er framleis svært mye god skifer igjen og mogleg å drive på dette lenge. Det er ein del førekomstar som har vore drive på tidligare som no ikkje er i bruk, fordi det er vanskelig tilgjengelig og ikkje er laga vegar for transport.

På det meste har det vore tatt ut omlag 60 000 tonn for året, og til saman er det trulig tatt ut eit par millionar tonn. Når ein tar ut den beste skiferen av berget, er det mye som blir igjen, og som ikkje eignar seg til f.eks. tak eller golvskifer. Omlag halvparten har derfor blitt liggande igjen i store haugar.

I skiferdrifta blir det store mengder vrakstein. I seinare tid har ein gjort meir for å utnytte denne, blant anna blir småstein og skifersand samla i store sekkar som selgast til jordforbetring.
(Foto: SL)

Utsikt frå øvre Pæska, i bakgrunnen Altafjorden. Det er ganske store haugar med stein som har blitt liggande igjen når skiferplatene er seld. No ser det endelig ut som ein får avsetning også på skrapsteinen.
(Foto: SL)

Da eg i 2015 besøkte Altaskifer og spurte kva dei gjør for å få betre utnytting av den steinen som blir tatt ut av fjellet, fikk eg til svar at det var gjort ein del og fleire planar på gang. Større blokker som er vanskelige å kløyve har blitt brukt i samband med veg- og tunnelbygging. Små stein og steinstøv blir samla opp i store sekkar og seld som jordtilskot til hagebruk. Blant framtidsplanane var å lage pukkstein og grus av ukurant skifer. Han må da knusast og tromlast så ein får avrunda kantane. Dette kan ifølge Altaskifer bli konkurransedyktig mot stein frå det planlagte steinbrotet i Saltvika i Alta. Enno er sandprisane såpass låge at det er vanskelig å konkurrere, men ettersom ressursane minkar og det blir meir restriksjonar på uttak av sand, kan det vere aktuelt å knuse skifer til sand. Dei fortalte og at det da var under utarbeiding driftsplanar med planar for avtrapping og landskapsforming etter avslutting. Eit fond skal byggast opp gjennom driftsperioden og øremerkast til landskapsforming og sikringstiltak.

05.04.2017 meldte Altaposten at Alta skiferbrudd har inngått avtale med Anlegg Nord AS om knusing av vrakskifer. Denne skal brukast til fyllmasse, singel, veggrus og andre formål, og målet er å ta unna både dei omlag 50 000 tonn vrakstein som blir produsert årlig og etter kvart dei store haugane som ligg igjen etter tidligare produksjon. Som del av kontrakten skal det ryddast opp etter gamle brot og steinhaugar. Slik vil ein også oppfylle krava i minerallova om tilbakeføring av terrenget til naturen etter endt gruvedrift.

Andre skiferbrot i nord

På vestsida av Friarfjorden i Lebesby har det i fleire periodar vore drift på ein mørk fyllittskifer, som mest har vore brukt til takstein. Den første brytinga skjedde i 1878. Frå starten av var det eit selskap frå Trøndelag som tok ut skifer i Friarfjord, seinare overtok eit skiferfirma frå Voss. Under gjenreisingstida var det rundt 35 mann i arbeid her. Med nokre avbrot var det drift til 1970, da eigarane ikkje fann det lønsamt å drive lenger.

Voss Cementvarefabrikk L/L overtok i 1983 og hadde rettane til 1989, men kom aldri i gang med noko utvinning. Så overtok Friarfjord A/S som etter kvart starta drift igjen, men med bare ganske få mann i arbeid. Det blei da brote både takskifer frå dei gamle brota og tjuktspaltande plateskifer frå nye brot. Det gikk så med varierande drift og eigarar fram til det endte med konkurs sist på 1990-talet. Banken selde da ut alt av produksjonsutstyr, og da det i 2001 blei kjøpt opp av firmaet Navaren AS i Vadsø, var det bare eit tomt produksjonslokale og sjølve steinbrotet igjen. Dei har restaurert litt, men ikkje sett i gang produksjon, da dei fann ut at det for tida ikkje var noko marknad for denne typen av stein. Navaren opplyser at dei ikkje har nokon planar for verken drift eller salg. Det finnes framleis store reserver, men det ser ikkje lyst ut for å få i gang noko drift igjen i Friarfjord.

I Kvænangen har det vore skiferbrot ved Sørstraumen. Her var det aktivitet frå tidlig på 1880-talet til 1904.

I Repparfjord i Kvalsund var det fleire mindre skiferbrot sist på 1800-talet, det største dreiv Repparfjord Skiferstenhuggeri ved Erdal i tida 1895–99.

På Loppa øy er det store skiferførekomstar, og det har sporadisk vore drift på dei i perioden 1939–75. Denne skiferen er ikkje av så god kvalitet som Alta-skiferen, og det blir vurdert som lite lønsamt å investere i drift her.

Rundt Porsangerfjorden har det vore minst 12 mindre skiferbrot, fordelt på Porsanger og Nordkapp kommunar. Desse har vore drive for det meste av lokalbefolkninga for lokalt bruk, i forskjellige tidsrom mellom omlag 1880 og 1960.[20]

Det har og vore undersøkt skiferførekomstar i Beiarn, Malangen i Balsfjord, Guovdageaidnu, Nordreisa og Repvåg, men utan at dei er funne drivverdige så langt.

Pukkstein, grus og sand

Ved Repparfjorden blir det tatt ut pukkstein som bl.a. blir brukt til å legge over olje- og gassleidningar på sokkelen.
(Foto: SL)

Ved utløpet av Repparfjordelva er elvedeltaet øydelagt av eit firma som har fått løyve til å ta ut sand her.
(Foto: SL)

«Singel og sand, singel og sand. Ekstra god singel og billege sand». Slik song Salhuskvintetten på 1960-talet om ein fraktebåt som fór rundt i fjordane på Vestlandet med eit produkt, som trass i at kiloprisen ikkje var høg, har vore av dei viktigaste frå norsk mineralnæring. Etter kvart har denne produksjonen auka til eit heilt anna nivå enn det Salhuskvintetten sang om.


På verdsmarknaden er det ein enorm etterspørsel etter sand, grus og pukkstein, og denne aukar stadig. Det er berekna at 80 % av det som gjennom tidene er tatt ut av grus og sand er tatt ut i vår generasjon.[21]

Pukkstein, grus og sand er no den største gruppa av mineral som blir utvunne i Noreg, anten vi måler i tonn eller verdi, som samla produksjon og som eksport. Blant dei mest brukte bergartane er granitt, gneis, gabbro og kvartsitt. Det er ulike krav til styrke og dimensjonar til forskjellige formål.

Det er registrert over 10 000 sand- og grusførekomstar i Noreg, omlag 200 av dei er rekna som viktige nasjonalt eller regionalt. Kor mye Noreg har av ressursar av sand, grus og pukk er vanskelig å seie. Det har vore kasta fram tal som 8300 millionar tonn og 500 milliardar kroner, men dette er svært usikre tal.

I 2013 blei det tatt ut 80 mill. tonn sand, grus og pukk, til ein verdi av 5,4 milliardar kroner. 25–30 % av dette er eksport, mest til land i Nord-Europa. Av det som blir utvunne går 50 % til vegar, 20 % i betong, resten til jernbane, flyplassar, kystsikring, stabilisering samt tildekking av kablar og rør på havbotnen.

Det er omlag 150 større grus- og pukkprodusentar i landet, og rundt 1000 uttaksstadar. Det største steinbrotet i Skandinavia er Norsk Stein i Jelsa i Rogaland. Det er no heileigd av tyske Stema Shipping (Mibau–Stema). Dei reklamerer med å vere største leverandør av mineralbyggemateriale i Nord-Europa og har 5 av dei 6 største kystnære steinbrota i Skandinavia. I Nord-Noreg er dei største uttaka av pukkstein frå fast fjell i Repparfjord i Finnmark og Tomma og Sandnessjøen på Helgeland.

På verdsbasis er det stor etterspurnad både etter sand og stein, og også i Noreg er det mangel på slike materiale i nokre område. Mange steinbrot og sandtak innebærer store inngrep i naturen, fjerning av fjell og åsar, oppgraving av sandstrender osv. Frå eit miljøsynspunkt er det derfor ønskelig å redusere uttak av masse, bl.a. ved bruk av andre massar som overskotsmassar frå gruvedrift og avfall frå smelteverk. Det er eit tankekors at store mengder med gråberg frå gruvedrift ikkje blir utnytta, samtidig som ein tar ut tilsvarande masse frå heilt berg.

Ved Jøssingfjorden i Rogaland er det steinbrot frå heilt berg, samtidig som det få kilometer unna er enorme massar av gråberg frå Titania sine gruver. Enorme mengder gråberg er lagra ved jerngruvene i Sør-Varanger, og bare ein liten brøkdel av dette blir brukt. Samtidig blir det søkt om nye store steinbrot fleire andre stadar i Finnmark. Dette kan skje fordi det ikkje er noko samordning eller vurdering av behov når det blir søkt om å starte nye steinbrot. Denne situasjonen kunne ha vore unngått dersom uttak av nye massar blei avgiftsbelagt, mens bruk av overskotsmassar blei premiert.

Sjølv om steinbrot og pukkverk ikkje hører til dei mest forureinande formene for gruvedrift, har det likevel i ganske mange tilfelle vore lokal strid om løyve til nye anlegg eller utviding av desse. Det gjeld både sjølve naturinngrepet og støy og støv frå anlegget. På Hvaler i Østfold har det blitt stor strid om etablering av pukkverk like ved eit naturreservat.[22]

Fiasko og suksess i Bjørnevatn

Frå gruvene i Bjørnevatn i Sør-Varanger har det gjennom tidene blitt tatt ut fleire hundre millionar tonn med gråberg for å komme til jernmalmen. Det har vore gjort forskjellige meir eller mindre vellukka forsøk på å få omsett denne. På syttitalet blei det bygd eit pukkverk i Bjørnevatn og pukken blei frakta med jernbane til Kirkenes, der han blei lagra i ein eigen pukksilo. Dette blei ein total fiasko, da ein ikkje fikk seld steinen. I nyare tid har det gått betre. Tschudi Aggregates har sikra seg alt gråberget frå gruvene, og sel vidare til firmaet Svein A. Hallonen frå Vardø, som driv knuseverk på gruveområdet og sel i Finnmark og Russland. Sjølv om mye er seld dei siste åra, er det likevel bare ein liten brøkdel av det gråberget som er tatt ut, så ressursane her er langt meir enn ein no klarer å ta unna.

Frå sand til stein i Alta

I Saltvika i Alta vil Finnmark Sand starte eit steinbrot som vil fjerne mesteparten av dette fjellet.
(Foto: SL)

Alta har ein av dei største førekomstane av sand i Nord-Noreg, kalla Sandfallet. Her blei i mange år drive grustak, men dette blei lagt ned på 1970-talet. Ein starta da nytt masseuttak på Jordfallet ved Raipas, og dette er framleis i drift. Nylig er det lagt fram planar om vidare utbygging av uttaket, men Mattilsynet har lagt inn motsegn mot planen, da dette er rett over ferskvasskjelda for Alta, og planen går ut på å ta ut sand nesten ned til vassreservoaret. Det er derfor usikkert kor lenge ein kan fortsette å ta ut sand her.

Finnmark Sand har i samarbeid med kommunen sett på mange forskjellige alternativ, og funne at det beste er å opprette eit heilt nytt steinbrot i Saltvika vest for Alta, langs E6. Her ønsker ein å ta ut 5–700 000 m3 stein, som skal knusast til pukk, grus og sand. Dette er tenkt både for lokal bruk og utskiping. Bak Finnmark Sand står AS Veidekke i lag med lokale interesser i Alta.

Det er utarbeidd eit planprogram, som har vore til høring vinteren 2014. Uttaket er sett inn på kommuneplanen og Finnmark Sand har opsjonsavtale med Finnmarkseiendommen. Det er vurdert verknadane i forhold til reindrifta, spesielt i forhold til pramming av rein til Seiland/Sørøya. Det har kome fleire kritiske høringsuttaler, bl.a. frå Naturvernforbundet i Finnmark[23]. FeFo opplyser at dei har forlenga opsjonsavtalen i påvente av behandlinga av saka i kommunen, og ingenting er endelig avgjort.

Fotnotar

[1] http://www.youtube.com/watch?v=kJMZdvNocds
[2] Ei god framstilling av kva steinslag som har blitt brukt til forskjellige reiskapar finn ein i boka Berg m.fl. (red): Bergverk i Norge. Fagbokforlaget 2016, s. 15-26.
[3] http://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=347565&p_dim=88178
[4] Bernt-Johnny Bertheussen: Fra felt i Finnmark – Nyregistrering av chertbrudd i Melsvik, Alta kommune. I: Nicolay – Arkeologisk tidsskrift. Nr. 114, 2011.
[5] http://en.wikipedia.org/wiki/Krzemionki
[6] http://en.wikipedia.org/wiki/Langdale_axe_industry
[7] NOU 1972:1, s. 10 (bilde), http://www.youtube.com/watch?v=_2AG9up_SoU, http://steinriketbomlo.no/gronstein/
[8] http://steinriketbomlo.no/ryolitt
[9] Ein oversikt over desse brota finn ein i boka Berg m.fl. (red): Bergverk i Norge. Fagbokforlaget 2016, s. 17.
[10] Pål Nymoen: Kun for den smarte skippers regning? Skipsvrak med omsettelig ballast: på sporet av kvernstein, kleber og brynehandelen fra Norge ca 800 – 1800. I: Nicolay – Arkeologisk tidsskrift. Nr. 114, 2011.
[11] http://www.youtube.com/watch?v=uhbxpTYMHb4
[12] http://norark.no/aktuelt/norges-nordligste-klebersteinsbrudd
[13] Plan for etablering av museumsvirksomhet i pitesamisk område. Árran 2008.
[14] http://www.nrk.no/nordland/verdier-tilsvarende-et-oljefelt-1.11984928
[15] http://www.highnorthnews.com/krever-utvidede-samiske-rettigheter-for-gruvesamtaler/
[16] http://folk.uio.no/toanders/
[17] Sjå artikkelen «Alunskifer – bergartenes sorte får», http://www.forskning.no/artikler/2010/august/257401
[18] Dette er grundig skildra i Henry Minde: Stein og brød. Skifernæringa i Alta fram til 1940. Alta skiferbrudd m.fl.1983
[19] Trond Dancke: Opp av ruinene. Gjenreisingen av Finnmark 1945-60. Gyldendal 1986. s. 310-312
[20] Trond Gabrielsen: Skiferuttak rundt Porsangerfjorden. Porsangerfolket, årbok for Porsanger 2011, s. 18-29. http://finnmarkforlag.no/11_01.html
[21] http://www.sintef.no/globalassets/project/minforsk/documents/workshop-mineralsk-overskuddsmasse/5---100-knust-tilslagsmateriale---bjorge-wigum.pdf
[22] https://www.facebook.com/NeiTilPukkverkIOrekroken/
[23] http://naturvernforbundet.no/finnmark/gruvedrift/hoeringsuttalelse-planprogram-saltvika-steinbrudd-article30914-2023.html


Til neste kapittel