Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

Ein grunnvoll for sivilisasjonen

JERN – Fe

Jern har i eit par tusen år vore det mest brukte av alle metall. Jern er brukt til så mange formål at det er sagt: «Hele vår materielle sivilisasjon – og en god del av den åndelige med – hviler på en grunnvoll av jern.»[1]
Også i Noreg er jern det metallet som det er utvunne mest av. Den største gruva i Noreg gjennom tidene er Sydvaranger Gruve i Bjørnevatn, som gikk konkurs like etter at vi skreiv om gruva i bind 1 av bokserien, og som no blir forsøkt starta opp igjen. Her ser vi på ein del andre jerngruver og på noko av vidareforedlinga som har vore basert på desse gruvene.

Jern (Fe) utgjør over 30 % av Jorda og er det vanligaste grunnstoffet, men det meste er samla i jordkjerna og mantelen, og dermed utilgjengelig for oss. I jordskorpa er det omlag 5 % jern.

I rein form er jern eit grått, mjukt og formbart metall, men det finst knapt i rein form i naturen. Den eldste bruken av jern vi kjenner til er at ein har smidd til nikkelblanda jern frå meteorittar. Det skjedde allereie rundt 4000 f. Kr. Omlag 2000 f. Kr. byrja ein å utvinne jern frå jernmalm, men det tok enno omlag 1000 år før jern blei vanlig til bruk i reiskapar og våpen. Utvinninga skjedde med hjelp av trekol, og karbon frå kolet blanda seg i jernet slik at det blei stål. Etter kvart lærte ein seg å kontrollere hardheita på stålet gjennom å påverke karbonprosenten. Jern brukast i dag mest som stål i mange forskjellige kvalitetar og som støypejern med høgare karbonprosent.

Jernutvinninga starta i Midt-Austen og i India, og spreidde seg etter kvart over Europa, Asia og Afrika. Amerika og Australia kjente derimot ikkje til jern før den europeiske koloniseringa. Jern blei raskt det viktigaste metallet i bruk til reiskap og våpen og etter kvart til konstruksjonar og maskinar.

I vår tid står jern for over 90 % av all metallutvinning i verda. Det meste av jernet får vi frå malmane magnetitt Fe3O4 og hematitt Fe2O3. Det finst også mange andre mineral som inneheld jern, men dei er anten sjeldne eller det er komplisert å få jern ut av dei.

Myrmalm og jernvinne

Det er ikkje mye restar bevart frå den eldste jernutvinninga i Nord-Noreg. Her er eit stykke av ein gamal jernvinneomn, oppbevart på Tromsø museum.
(Foto: SL)

Omlag 500 f.Kr. blei dei første jerngjenstandane innførte til Skandinavia frå lenger sør i Europa, så lærte ein seg å smi jern til forskjellige reiskapar og frå omlag 300 f.Kr starta ein å utvinne jern frå myrmalm (limonitt, FeO(OH) · nH2O). Myrmalm var grunnlaget for jernutvinninga fram til 1400-talet. Da starta dei første gruvene i fast fjell, men myrmalm blei framleis brukt til ut på 1800-talet. I indre Trøndelag og tilgrensande område i Sverige var det særlig stor produksjon av jern frå myrmalm. I Sør-Noreg er det kjent omlag 2500 jernframstillingsanlegg frå jern- og middelalder, mens i Nord-Noreg er det til no bare funne tre anlegg, i Misvær, Kvæfjord og Senja. Det er til no ikkje funne arkeologiske restar etter jernvinning i Finnmark, sjølv om det nokre stadar i fylket er ganske mye myrmalm.[2]

Utvinning av jern frå myrmalm skjedde ved den såkalla direkte metoden. Jernmalmen blei oppvarma til omlag 1200 0C, utan å smelte, mens andre stoff brann opp eller smelta som slagg. Malmen blei først røsta over bål for å brenne bort ureinheitar, så blei han varma opp i sjaktomnar av leire i lag med ved eller trekol. Den første tida blei det brukt furuved og slagget samla seg i ei grop i botn av omnen. Dette førte til overbeskatning av furu, og metoden måtte derfor endrast. Det blei frå omlag 600 e. Kr. utvikla sjaktomnar med uttapping av slagg. Desse brukte trekol, og for å lage trekol kunne ein bruke forskjellige treslag. Etter Svartedauden blei det slutt på jernvinninga for ei tid. Etter ein del år kom ein ny omnstype, som heldt seg heilt fram til 1800-talet. Alle desse omnane var for myrmalm, for malm i fast fjell måtte ein bruke andre metodar. Jernframstillinga skjedde i stor grad i fjellbygder og setergrender. Ofte var det bøndene sjølve som sto for framstillinga, mens nokre stadar kunne det vere spesialistar på jernvinning, som arbeidde på oppdrag frå stormenn i låglandet.

Nokre stadar blei malmen ikkje grove ut av myrer, men henta opp frå botn på innsjøar, såkalla sjømalm. Dette var ikkje så vanlig i Noreg, men blei praktisert fleire stadar i Hedmark og Trøndelag[3]

Vi veit ikkje sikkert når jern første gong i Noreg blei framstilt av jernmalm frå fast fjell, det er teikn på at det kan ha skjedd allereie på 1300- eller 1400-talet, men det er først frå tida rundt reformasjonen i 1537 at vi har klare nedteikningar.

Den første statlige mineralsatsinga

Inne på skogen nokre kilometer frå Skien by kan ein finne Glasergruva som frå 1540 gav grunnlag for Fossum jernverk.
(Foto: SL)

Da den norske staten i 2013 utarbeida ein mineralstrategi, var det ikkje første gongen. Den første var trulig den som kong Christian 3. sette i gang. Danmark hadde minimalt med nyttige mineral, så kongane i dobbeltmonarkiet måtte sette sin lit til fjella i Noreg. For å få til mineralutvinning måtte dei ha hjelp av fagfolk frå sør. I 1538 sendte kongen tyskaren Hans Glaser for å undersøke om det var mogleg å etablere bergverk i Noreg. Etter å ha avlagt ein optimistisk rapport blei han utnemnd til bergmeister for Noreg og fikk i oppdrag å organisere drifta. Han hadde med seg fagfolk og utstyr, og bergverk kom i gang på jern, sølv, koppar og bly i Telemark, Buskerud, Oppland og Akershus.

På Hadeland fikk Glaser etablert gruve i 1538, på staden som enno heiter Grua. Mye tyder på at her hadde vore gruvedrift også tidligare. Den neste gruva vi kjenner til er frå Skien, og gruva bærer enno namnet Glasergruva. Denne leverte til Fossum jernverk like ved. Nokre få gruver og jernverk heldt det gåande i lang tid, men ved flesteparten av gruvene som blei sett i gang rundt 1540 gikk ikkje drifta særlig godt. Det var problem med kommunikasjonar og matforsyning, og vanskelig å få bøndene til å arbeide for bergverka. Glaser råka ut med både embetsmenn og investorar, og dro frå Noreg allereie i 1544. I 1549 gav kongen opp heile bergverkssatsinga. Det var bare nokre få gruver og verk som overlevde.

Jernverka, som bygde på jernmalm frå fast fjell, brukte først ein omn som blei kalla rennherd. Jernmalmen blei varma opp over open eld i lag med trekol. Til liks med blesteromnane gav denne ikkje nok temperatur til at jernet smelta, og det måtte varmast og smiast ut for å få bort slagget. Frå 1621 blei det tatt i bruk masomnar, der malmen blei varma opp til over smeltetemperaturen for jern. Jernet tok da opp så mye karbon frå trekolet at han ikkje kunne smiast, men derimot støypast. Frå denne tida starta jernverka å produsere mange gjenstandar av støypejern, bl.a. vedomnar, gryter og kanonar. For å få stål måtte ein varme opp igjen råjernet for å få bort mesteparten av karbonet, derfor blei dette kalla den indirekte metoden.

Nye jernverk kom til på byrjinga av 1600-talet, bl.a. Bærums verk og Eidsvoll verk. Bergverksnæringa var lenge i stor grad styrt frå Kongen i København. Bak satsinga på jernutvinning låg ønsket om å bygge ut ein sterk våpenindustri. Christian 4. fikk sett i gang Det Norske Jernkompani, som nokre år frå 1624 hadde tilnærma monopol på jernutvinning og jernverk i Noreg, men som blei oppløyst allereie i 1635.

Glanstid for jernverka

Nes jernverk ved Tvedestrand er trulig det best bevarte av dei gamle jernverka i Noreg. Her er ein kraftig smihammar frå hammarverket.
(Foto: SL)

Den neste satsinga på jernverk kom frå slutten av 1600-talet. Størstedelen av verka låg da på Søraustlandet, frå Eidsvoll og nedover Sørlandskysten. Nokre av dei var plassert rett ved gruver, andre var plassert der det var best tilgang på trekol og samtidig høvelig utskiping. Mange jernverk var basert på malm frå gruver ved Arendal. På Langøya ved Kragerø var ei av dei største gruvene i landet, og denne leverte malm til fleire jernverk.

Til saman var det i løpet av tida frå 1500- til 1800-talet omlag 30 jernverk. Det nordligaste jernverket var Mostamarken i Sør-Trøndelag. Andre kjente jernverk var Ulefos, Fossum, Fritzøe, Nes, Bærum, Eidsvoll, Froland, Hakadal, Dikemark, Moss og Odal. Rundt jernverka voks det opp tettstadar som eigne samfunn med bustadar for arbeidarane, ofte også eigne skolar for barn av jernverksarbeidarar. Mange av jernverka var eigde av godseigarar, som bygde opp store hovudbygningar eller slott. Det var på Eidsvoll Verk at den norske grunnloven blei til i 1814, og i tillegg til Eidsvoldsbygningen finst det enno ei rekke slike hovudbygningar etter jernverkstida, bl.a. på Ulefoss, Fossum ved Skien og Fritzøehus slott ved Larvik. Den siste er rekna som den største private bustaden i Noreg. Ved nokre av jernverka er også arbeidarbustadar bevart, bl.a. på Øvre Verket i Ulefoss, som no er museum og kultursenter. Av sjølve jernverka er som regel lite bevart, det best bevarte og restaurerte er Nes Jernverksmuseum ved Tvedestrand. [4]

I Feiring i Akershus er det bevart ein masomn frå det gamle jernverket.
(Foto: SL)

Dei norske jernverka var basert på smelting i masomnar med trekol. Det gikk hardt ut over skogen og over bøndene som var pålagt å hogge skog, brenne kol og kjøre fram til verka.

Bolvig jernverk i Telemark blei etablert i 1692 og var i drift til 1867. Det var nokre små jerngruver like ved verket, men det var lite å få ut av desse, og hovudsaklig dreiv verket på malm frå gruver ved Arendal. Verket fikk av danskekongen tildelt ein «kulle-circumference», eit område der verket fikk einerett på å ta ut skog til trekol, og der bøndene blei pålagt å hogge tømmer, brenne til trekol og kjøre dette fram til verket. Dette systemet med tvangsarbeid førte ofte til at bøndene endte som leilendingar under jernverka. Det skjedde også rundt Bolvig jernverk, bl.a. med nokre av forfedrane mine, som budde såvidt innafor circumferencen på 11,3 km. Først etter at jernverket gikk konkurs i 1867 fikk nokre av bøndene, blant dei tippoldeforeldra mine, høve til å kjøpe gardane sine tilbake.[5]

I nokre få tilfelle brukte jernverk myr- og sjømalm som råstoff. Frå midt på 1700-talet brukte Odalen jernverk blanding av bergmalm og sjømalm, mens Øyensjø verk i Trysil dreiv bare på lokale myr- og sjømalmførekomstar i perioden 1830–68.

Midt på 1800-talet blei det i England utvikla jernverk basert på steinkol. Dette blei langt billigare, og det norske jernet kunne ikkje lenger konkurrere. Det førte til at dei aller fleste jernverka gikk konkurs i løpet av kort tid på 1860–70-talet. Dei aller fleste jerngruvene blei da også stengt, nokre få heldt fram, men basert på eksport av jernmalm til jernverk i utlandet.

Ny satsing i sør

Nokre av gruveopningane til Blåfjell gruver.
(Foto: Basia Głowacka)

Etter at dei trekolbaserte jernverka måtte gi tapt, var det lenge lite kraft i den norske jernutvinninga. Likevel var det nokre bedrifter som heldt ut, eller som starta opp på noko anna grunnlag, ofte tok dei da ut jern i lag med andre metall.

Bråstad gruve ved Arendal er ei av gruvene som var i drift lengst. Drifta starta på 1500-talet og heldt på til samanbrotet for jernverka. Seinare var det kortvarig drift 1905–06 og i 1941. I 1950–51 blei drifta gjenopptatt av Christiania Spigerverk og varte fram til 1975.

Ved Blåfjell gruver i Sokndal, Rogaland blei det 1863–76 utvunne titanhaldig jernmalm. Det var det engelske selskapet The Norwegian Titanic Ore Company som dreiv gruvene og eksporterte den titanhaldige jernmalmen til England for smelting.

Ved Raudsand i Nesset kommune, Møre og Romsdal var det fleire forsøk på utvinning av jernmalm på slutten av 1800-talet, og regelmessig utvinning kom i gang i Rødsand Gruver frå 1910. I lag med jernmalmen var det mye vanadium og titan, og det tok tid før ein klarte å skilje desse frå kvarandre. Først da jernverka tok i bruk elektroomnar, gikk titan i malmen over frå å vere eit problem til å bli ein ressurs. I 1960- og 1970-åra produserte gruva ca. 120 000 tonn magnetittkonsentrat per år med 65 % jern og 0,5 % vanadium. Drifta varte til 1983. Eigarar var først ei samling norske investorar, blant dei Sam Eyde. Frå 1927 var bedrifta eigd av Christiania Spigerverk, seinare Elkem-Spigerverket og Elkem, som la ned drifta i 1982. Det blei gjennomsnittlig brote 4,5 tonn stein for kvart tonn med jernslig, og dei første tiåra gikk det aller meste av gråberg og avgangen på sjøen. Etter krigen derimot blei svært mye brukt til pukk og sand for gjenoppbygginga av Kristiansund og til vegbygging. Likevel blei det sloppe ut mye gruveavgang til Sunndalsfjorden, og denne inneheldt mye tungmetall som jern, koppar og vanadium. I tillegg har det vore mye avrenning frå gruvene.

Etter nedlegginga av gruvedrifta har anlegget vore brukt til eit gjenvinningsanlegg for aluminium, og dette har halde fram forureininga av fjorden.[6] I 2011 blei gruvene kjøpt opp av selskapet Bergmesteren Rausand AS. Det har vore lansert forskjellige planar, bl.a. om uttak av stein til byggemateriale[7] og bruk av gruvene til deponi for borekaks. Uansett har selskapet overtatt ansvaret for deponiet og det blei i 2012 av Klif pålagt å gjennomføre avslutningstiltak på eit deponi med farlig avfall. Året etter konstanterte Klif at selskapet ikkje har gjennomført pålagt overvaking av utslepp. Dette har likevel ikkje hindra selskapet i å satse meir på avfallslagring. Etter at det blei klart at hovudlageret for farlig avfall på Langøya ved Holmestrand er i ferd med å bli fullt, og dete har utvikla seg ein sterk lokal motstand mot plassering av avfallslager i kalkgruvene i Brevik, har eigarane av Raudsand-gruva meldt seg som kandidat til det neste hovudlageret for farlig avfall i Noreg.

Den jerngruva i Sør-Noreg som var i drift lengst opp mot vår tid var i Malm i Verran, Nord-Trøndelag. Her blei det utvunne jernmalm, svovelkis og kopparmalm frå 1906 til 1997. Underjordsgruva her var nesten 1200 meter djup, ti si tid den djupaste i Nord-Europa. På det meste blei det tatt ut 1,2 mill. tonn malm for året. Det var forskjellige eigarar, først det svenske Nordiska Grubaktiebolag, som også dreiv jerngruve på Bjarkøy i Troms og med mindre hell prøvde seg på kopparførekomastane ved Repparfjorden i Finnmark. Seinare kom Fosdalen Bergverks Aktieselskab som gikk konkurs 1989 og til sist Fosdalen Bergverk A/S. Etter nedlegginga blei det stor fråflytting. Det som står igjen er stadnamnet Malm og foreninga Fosdalsgruvas Venner.

Kortvarige jerngruver i nord

I Salangen i Troms står enno ruinene av industri-«eventyret» som varte nokre få år først på 1900-talet.
(Foto: SL)

Inne på fjellet, som på samisk kallast Ruvkevárri (Gruvefjellet) er det fortsatt mye ruinar etter Salangsverket si tid.
(Foto: Tor Ivar Andersen)

«På en odde innerst i Salangen, kneisende mot himmelen, står de enorme kroppene av det gamle Salangsverket. Stolte, vakre og høyreiste, trassige og nærmest urokkelige står de der side om side med dagens industri, raske biler og ny teknologi. Salangsverket er Salangens bidrag til Fotefar mot Nord og hører inn under Regionmuseet i Sør-Troms.» Slik blir Salangsverket presentert på turistportalen Blåfjorder.[8]

Salangsverket var ei av mange jernmalmgruver med foredlingsverk som blei sett i gang i perioden 1840–1940. Da det blei bygd i 1907 var Salangsverket ei av dei største industrisatsingane i Nord-Noreg. Det kan på mange måtar samanliknast med AS Sydvaranger som starta på same tida. Men i Salangen (Siellat) skulle det ikkje vare lenge. Det viste seg at det var langt mindre malm enn ein hadde håpa på, og kvaliteten var heller ikkje den beste. I 1912 var det slutt, og sidan har ruinane stått der og er no blitt turistattraksjon.

Den første jerngruva vi kjenner til i Nord-Noreg blei sett i gang i 1840 i fjellet Matmora i Vågan (Voagat) i Lofoten. Først varte det bare eit par år, seinare blei drifta tatt opp igjen rundt 1900. Det var fleire utanlandske selskap som prøvde seg, og det blei investert stort bl.a. i jernbane for malmtransport. På det meste var over 300 mann i arbeid. Dei nederlandske og austerrikske investorane snakka om millionar av tonn malm, men til saman blei det ikkje tatt ut meir enn omlag 7500 tonn malm før drifta blei endelig lagt ned i 1912.[9] I Lofoten og Vesterålen blei det tidlig på 1900-talet sett i gang ei rekke jerngruver, men dei fleste var i drift bare nokre få år.

I Fauske (Fuoskko) blei det funne jernmalm på Neverhaugen i Valnesfjord rundt 1870, og drive forsøksdrift i eit par periodar fram til 1901. Etter å ha tatt ut omlag 3000 tonn malm fann ein ut at det ikkje var lønsamt å drive vidare.

På 1890-talet blei det funne jernmalm fleire stadar i Ballangen (Bálák). I Jernlia i Efjord (Áhtávuodna) blei det i 1897 sett i gang ei omfattande utbygging i eit veldig bratt terreng, men etter eit år gikk selskapet konkurs, og drifta kom aldri i gang igjen. Dei andre stadane ser det ikkje ut å ha blitt meir enn skjerping og prøvedrift.

Bremsebane i Bergvik. Den lasta vogna drog opp den tomme vogna.
(Foto: Skatter i fjell)

På Ofotens Malmfelt i Bogen (Ránda) blei det frå 1905 investert stort, bl.a. med jernbane, men det var vanskelig å få det til å lønne seg, og det eine selskapet etter det andre prøvde seg og gav opp. Til saman var det fem driftsperiodar, med fem eigarar frå fire land, fram til drifta blei endelig nedlagt i 1939.

I Troms har det vore ei rekke forsøk på jerngruver, men bare ei av dei hadde drift i fleire tiår. Det var Meløyvær jerngruve på Bjarkøya, der eit svensk selskap dreiv underjordsdrift samanhengande frå 1904 til 1930. Mesteparten av gruva låg under havbotnen. På Bjarkøya starta ein også i 1906 drift på Nergård jernførekomst, den såkalla «Bedehusmalmen». Det blei bygd jernbane for malmtransport, men den drifta varte bare i tre år.

I 1890 blei det funne jernmalm ved Hamnvik på Rolløya ( ) i Sør-Troms. Skjerparen selde rettane til eit svensk selskap, som tok utmål i 1908. Det blei laga store planar for gruveanlegg med hamn, men så stoppa det opp, og drifta kom aldri i gang.

I Kvæfjord (Giehtavuotna) var det tidlig på 1900 kortvaring drift på Kveøya og på Kjengsnes, ved Tromsøysundet (Romssanuorri) var det gruve i drift eit par år frå 1915. I 1937 starta AS Sydvaranger prøvedrift på jernmalm på Middavárri, Burfjorddalen (Buvrávži) i Kvænangen (Návuotna). Drifta opphørte ved starten av 2. verdskrigen.

I Finnmark har det aldri kome i gang jerngruver andre stadar enn Sydvaranger, som er omtalt i bind 1. Det største jernmalmfeltet som er registrert elles i fylket er «Karasjok jernmalmfelt», omlag 25 km sørvest for tettstaden. Her blei det leita etter jern på 1950-talet, men funna blei ikkje rekna som drivverdige. Også i Guovdageaidnu er det meldt om jernmalmfunn, utan at nokon har funne det verd å satse på.

Rana gruver og Norsk Jernverk

Ein kommune med gruvetradisjonar

Det er hevda at Rana (Ruovat) er den kommunen i Noreg som har hatt størst skjerpeaktivitet og har flest registrerte malmfunn. Blant minerala som er funne her er jern, sølv, bly, sink, svovelkis, kleberstein, talk og beryllium.

Da det i 1634 blei finne sølv- og blymalm i Nasafjellet (Násávárre) like over grensa til Sverige, blei dansk-norske styresmakter opptatt av å leite malm også i Rana og elles i Nordland. I 1639 blei det meldt om funn og kong Christian 4. lova privilegium til dei som ville sette i gang drift. Det blei finne både sølv, bly og koppar, men utan at det kom i gang noko vidare drift. Men optimismen var stor og diktaren Petter Dass skreiv i 1685 det ironiske «Sølvbergrimet», som i full tittel heiter Aandelig og meget andægtig Betænkning over det nu tilstundende Ranens Nye Sølv-, Kaaber-, Bly- og Kampe-Bergsverk Findelse. Seinare blei det oppnemnd eigen bergmester for Nordlandene, som i 1693 meldte om store funn i Mofjellet i Rana.

Gjennom tidene har det vore drift eller planar om drift på ei rekke mineral i noverande Rana kommune, som koppar, sink, bly, sølv, svovel, talk, beryllium og fleire andre sjeldne metall. Fleire av desse kjem vi tilbake til lenger ut i denne boka.

Lokal motstand mot gruvedrift

Om staten sine representantar heile tida har ivra etter å få i gang bergverk, har ikkje alltid lokalbefolkninga sett dette som ønskelig. Snarare tvert om, amtmannen i Nordland uttalte at befolkninga «ikke gjerne vil have noget nyt indført blant sig af Frygt at deres Ejendomme af Jord og Skov herved maatte fornærmes». Samme amtmann tilrådde at dei statlige malmsøkarane gikk fram i det skjulte og «foregav et andet ærinde, enten botanique, landmaaling eller noget saadant for at gjøre dem des meere troskyldig.»[10]Det blei likevel på 1760-talet gjort gode funn av både koppar- og jernmalm, og allereie da blei planar om eit jernverk lansert. Det kom likevel ikkje i gang verken kopparverk eller jernverk verken på 1700- eller 1800-talet. Den fremste årsaka var trulig at det i den tida var nødvendig med store mengder ved og trekol til slike verk. I Rana var det rett nok ein del bra skog, men denne var allereie sterkt utnytta bl.a. til skipsbygging, og mange frykta at dei mengdene med ved som ville gå med til gruver og smelteverk ville føre til rasering både av skogen og av dei næringane som da utnytta denne.

I Rana var det også folk frå kommunen som var pådrivarar for å få igang gruvedrift. Særlig aktiv var Ole Tobias Olsen, som sjøl tok ut ei rekke mutingar, og som seinare blei mest kjent for initiativet til Nord-Norge-banen.

«Støvets dal»

Det var eit hardt slit å bygge jernbanen frå hamna i Mo opp til gruva i Dunderlandsdalen, og det var fleire dødsulukker under arbeidet.
(Foto: Rana museum/Jernverkets arkiv)

Den første jernmalmbrytinga kom i gang på slutten av 1700-talet, i Ormlia ved Langvatnet omlag ei mil nord for Mo (Måahvie, Muffie). Det blei ikkje noko jernverk så lenge desse var avhengig av trekol, så malmen blei frakta til Mostadmarken jernverk i Sør-Trøndelag for smelting. Malmen blei frakta over Langvatnet med prammar, så med hestar ned til Ranfjorden og derifrå sendt med båt til Mostadmarken. Det var drift til dette jernverket blei nedlagt i 1865, deretter meir sporadisk fram til 1891.

Det var andre malmfelt i Rana som skulle bli grunnlaget for jernutvinninga på 1900-talet. Den svenske konsul Nils Persson, som bl.a. sette i gang gruvene i Sulitjelma, dreiv frå 1894 svovelkisgruver på Båsmoen i Rana, samtidig som han fikk undersøkt jernmalmen i Dunderlandsdalen. Han sikra seg rettar til å bygge jernbane og etablere industri ved Ranfjorden og allereie i 1899 selde han alt til amerikanske «Edison Ore Milling Syndicate». Bak dette sto den kjente oppfinnaren Thomas Alva Edion, som hadde patentert teknikkar for tørrseparering av jernmalm frå gråberg med magnetar og produksjon av brikettar frå konsentratet.

I 1902 blei Dunderland Iron Ore Company (DIOC) danna med britisk kapital og overtok prosjektet. Det blei no sett i gang eit veldig anleggsarbeid der alt skulle opp i ei hast, med opp til 2000 anleggsarbeidarar som arbeidde dag og natt. Hastverket førte til fleire dødsulukker. Da arbeidarane gikk til streik for 5 øre meir for timen, blei det utkommandert soldatar til å slå dei ned.

Hamna for utskiping av jernmalm, Gullsmedvika, fotografert i 1905.
(Foto: Rana museum/Jernverkets arkiv)

Optimismen var overstadig. Edison uttalte sjølv at han ikkje hadde «den ringeste tvil om, at Dunderlandsfelterne i Norge, som vi har erhvervet, er i stand til at forsyne Storbritannien med al den malm, det trenger i 100 år.»[11]Drifta kom i gang i 1906. DIOC tok ut malm ved Ørtvatn. Malmen blei knust og separert på Storforshei, og slig blei sendt 25 km med jernbane til Gullsmedvika ved Mo. Der blei det bygd opp eit anlegg med seks store omnar for å brenne brikettar, og bygd eit stort kaianlegg. Opp mot 1000 arbeidarar var tilsette.

Det skulle snart vise seg at det optimistiske gruveselskapet hadde forrekna seg. Fosforinnhaldet i malmen gjorde han vanskelig å prosessere og teknikken med tørrseparering fungerte ikkje som forventa. Omlag halvparten av jerninnhaldet gikk tapt i oppreiinga, og det blei spreidd så mye støv at Dunderlandsdalen blei kalla for «Støvets dal». Både transporten ned til hamna og briketteringsanlegget lei under ei rekke tekniske problem. Selskapet hadde heller ikkje kapital nok til å dekke den daglige drifta fram til denne kunne gi overskot. I tillegg kom fleire konfliktar mellom bedrifta og arbeidarane. Drifta blei innstilt i 1908 etter bare 18 månadar med full drift. Resultatet blei eit enormt underskot for selskapet og stor arbeidsløyse blant dei mange som hadde satsa på arbeid ved gruva.

Fem år seinare blei det danna eit nytt selskap, New Dunderland Iron Ore Co. No satsa ein på ein annan metode, med våtseparasjon, men drifta stansa allereie året etter, bl.a. pga. leveringsproblem under første verdskrigen. Seinare var det periodar med kortvarig drift og eksperimentering utover 1920- og 30-tallet.

«Det største industrielle løft»[12]

Produksjonshall ved Norsk jernverk 1955
(Foto: Dagbladet)

Utbygging av råjernverket, 1963
(Foto: Rana museum/Jernverkets arkiv)

Knapt noka bedrift i Noreg har brukt så lang tid som Norsk Jernverk frå første ideen kom opp til drifta var i gang. Ideane om jernverk kan vi skrive så langt tilbake som 1760-talet. 1803 var den kjente predikanten og forretningsmannen Hans Nielsen Hauge på reise i Rana, og skreiv etterpå: «I Nord-Ranen ble jeg også bekjendt med en jernmalmgrube og ikke langt derfra et beleiligt vannfall samt en betydelig skov på flere mils strekning. Her synes det meg med tiden være gjørligt at anlægge jernverk.»[13] Det kan virke som Hauge ikkje var kjent med at ideen var lansert nesten 50 år tidligare, men avvist nettopp av omsyn til skogen. Først da ein fikk tilgang til meir moderne metodar med bruk av steinkol og elektrisitet, blei det meir aktuelt med jernverk i område med avgrensa tilgang på skog. I 1907 oppnemnde Stortinget ein komite for å utgreie «Spørgsmålet om elektrometallurgisk fremstilling av jern og stål.» Deretter gikk det enno nesten eit halvt hundreår før jernverket kom i drift.

I 1916 blei AS Norsk Staal oppretta for å utvikle ein ny metode for framstilling av svampjern i elektriske flammeomnar. Selskapet sikra seg malmrettane i Dunderlandsdalen, med tanke på å bygge opp jernverk i Mo i Rana. Men Norsk Staal møtte problem både med finansiering, teknikk og marknad, og det kom aldri så langt som til bygging av jernverk.

På 1920-talet blei det utvikla elektriske råjernsomnar, der elektrisk straum i staden for kol skulle vere energikjelda. I 1936 blei det sett ned ein «jernkomite» som i 1939 innstilte på bygging av eit stort norsk jernverk. Straks etter krigen blei planen tatt opp igjen, og allereie i juli 1945 blei Statens jernverkskommisjon oppnemd, med sterk representasjon frå staten, industrien og fagrørsla.

Det var ikkje opplagt at jernverket skulle hamne i Rana, og heile fem alternativ var lansert. I 1946 vedtok Stortinget samrøystes at det skulle byggast eit norsk jernverk, og eit stort fleirtal vedtok å legge det til Rana. Handelsminister Lars Evensen omtalte det nye jernverket som «… det største industrielle engangsløft vårt land har tatt.» Jernverket var berekna reist på tre år, men det skulle ta heile ni år før det kom i drift. og bygginga var blitt langt dyrare enn det som var forutsett. Da Jernverket endelig kom i drift, var mesteparten av gjenoppbygginga etter krigen over, og etterspørselen etter jern og stål var ikkje lenger like stor. Jernverket besto av råjernverk, stålverk og valseverk. På det meste var 3700 mann tilsett ved Jernverket.

Om Jernverket si historie kan det seiast mye, men det meste fell utafor rammene for denne boka. Mye er da også skrive, her vil vil særlig viser til bøkene Slottemo: Malm, makt og mennesker, Maurseth m.fl. (red): Jernverk og samfunnsendring, Grønlie: Jern og politikk og Eriksen: Rapport fra Rana. Her vil vi bare ta opp nokre saker som gjeld forureininga frå verket og drifta ved Rana Gruber før, under og etter jernverkstida.

Frå tysk kapital til statsdrift

Rana Gruber AS blei stifta i 1937 av A/S Sydvaranger og det tyske Vereinigte Stahlwerke for å utnytte mutingar i Dunderlandsdalen som ikkje var eigd av New Dunderland Iron Ore Company. Etter krigen overtok staten dei tyske aksjane (50%) i Rana Gruber og i 1951 blei Rana Gruber 100 % statseigd. Staten sikra seg og no rettane og anlegga etter DIOC. Etter forsøk kosta av staten blei det bygd opp eit nytt oppreiingsanlegg 1962–64. Først i 1965 kom drifta ved Rana Gruber i gang for fullt og Norsk Jernverk AS fikk frå da av all malm frå eiga gruve. Dette skulle vise seg å ikkje bare vere fordelaktig, da ein ikkje fikk den beste jernkvaliteten utan tilgang på malm frå fleire kjelder.

Seinare gjorde staten Rana Gruber til Norsk Jernverks gruvedivisjon. I 1982 blei det oppretta ei eiga utviklingsavdeling, og det kom i gang produksjon av fleire spesialprodukt basert på magnetittkonsentrat. I 1989 blei det bestemt å bygge eit mikroniseringsverk for magnetitt for produksjon av pigment og andre pulver.

I tilknyting til jernverket blei det også drive kalksteinsbrot i regi av Rana Gruber, koksverk og anna industri.

«Den raude byen»

Raudrøyken frå stålverket på 1960-talet.
(Foto: Tare Steiro)

I tida da både Jernverket og Koksverket var i drift, sto desse bedriftene til saman for stor forureining både til luft og vatn. Utsleppa til luft gikk ut over både vegetasjon og folkehelse i Ranaområdet. Det var mye klager, særlig på den raude røyken, men klagene blei kontant avvist av Jernverket, som meinte at såpass måtte ein tole og at det ikkje var helsefarlig.

«Alt va rødt. Når veka va gått, så va vinduan så rød at dem mått vaskes. Det va som å tørk med vaskefilla på ei rustplata. Den kvitstamma bjørka, ho va rød. Den spyla vi med vannslangen om sommeren. Og så ha vi ei katt – den mått vi rett som det va gje et bad.

Helt fra oppstarten av Jernverket i Mo i Rana i 1955 hadde svart og grå røyk steget mot himmelen. På begynnelsen av 60-tallet ble de gamle ovnene ble skiftet ut, og mengden, karakteren og fargen på røyken ble dramatisk forandret. Det gamle nedfallet var grått og enkelt å fjerne, og holdte seg stort sett innenfor Jernverksporten. Det nye nedfallet var lettere og spredte seg over et større område. I tillegg var det rødt og magnetisk, og klistret seg fast til underlaget. Det røde støvet bidro til at Mo i Rana fikk tilnavnet «Den røde byen». Støvet førte til mye ekstraarbeid og irritasjon, spesielt for husmødrene som hadde det daglige slitet med å fjerne rødt støv fra unger, katter og klær.

Det tok sju år fra den første røde støvskyen falt ned over Stjerneblokkene til husmødrene gjorde opprør. At det tok så lang tid før noen reagerte kan forklares på mange måter. Det var for det første ikke så vanlig å protestere mot forurensning på den tiden. For det andre hadde mange en forestilling om at røyken var symbol på velstand og det gode liv: Ingen røyk, ingen arbeidsplasser. Men da gjentatte oppfordringer til Jernverket i løpet av denne perioden ikke førte fram, så husmødrene bokstavelig talt rødt.»[14]

I 1968 samla åtte husmødrer inn 1200 underskrifter mot forureininga og leverte til ordføraren. Dette bidrog til at Jernverket sette fart i arbeidet med reinskeanlegg.

Nedlegging og etterpå

Jernverket var ikkje starta med tanke på bedriftsøkonomisk lønsemd, det var det samfunnsøkonomiske i at Noreg skulle bli sjølvberga med jern som sto i forgrunnen. Likevel hadde ein rekna med at bedrifta skulle gå i balanse og ikkje bli eit subsidiesluk. Etter kvart gikk jernverket med stort underskot. Det er gitt mange årsaker til det. Nokre peikar på at ein brukte gamal teknologi og at malmen ikkje var eigna til denne, andre har skulda på statsdrive bedrift som sette arbeidsplassar føre økonomisk styring. I 1984 selde staten 20 % av aksjane og Jernverket overtok samtidig Christiania Spigerverk. Det hjalp likevel ikkje synderlig på økonomien. På 1980-talet var det liten politisk vilje til å oppretthalde ulønsame statsbedrifter og i 1988 vedtok Stortinget å avvikle Norsk Jernverk. Den malmbaserte stålproduksjonen blei lagt ned og dei ulike smelteomnane fann nye eigarar gjennom privatisering. Den største delen blei overtatt av Fundia armeringsstål som seinare fusjonerte med finske Rautaruukki til selskapet Ruukki. Smelteovnen til selskapet blei i 2006 seld vidare til det spanske selskapet Celsa. Ruukki beholdt valseverket til det blei lagt ned i 2011. Fesil Rana Metal etablerte seg i 1989 som ferrosilisiumprodusent i det nedlagte råjernverket. Elkem Rana starta ferrokromproduksjon, men selde i 2002 til brasilianske CVRD (Vale) som endra produksjonen til ferromangan. Seinare blei denne overtatt av Glencore. Det er no ei rekke bedrifter innafor det som blir kalla Mo industripark, til saman er her omlag 2000 arbeidsplassar.

Etter nedlegginga av jernverket blei det gitt stor statlig støtte til omstilling, og fleire større statlige institusjonar blei lagt hit, som Statens innkrevingssentral og Nasjonalbiblioteket.

Rana gruber på eigne bein

Sprenging av malm i Rana Gruber
(Foto: Rana Gruber)

Rana Gruber AS blei gjenetablert som eige, statseigd selskap i 1989. Selskapet fikk ei eingongsløyving frå staten for å kunne drifte vidare ei stund. I 1991 overtok dei tilsette selskapet frå staten. I 1999 blei det starta underjordsdrift ved Kvannevann gruve i Ørtfjell ved Storforshei, om lag 3 mil nord for Mo. Oppsvinget i jernmalmmarknaden frå 2004 gjorde at Rana Gruber i tillegg opna fleire mindre dagbrot. I 2015 blir omlag 2/3 av utvinninga gjort i underjordsgruva, resten i eit dagbrot.

I heile tida frå 1991 har drifta vore tung som følgje av stagnerande prisar og aukande utgifter. Rana Gruber klarte seg likevel lenge bra, ikkje minst fordi dei hadde ein gamal kraftkonsesjon, som sikra elektrisk kraft til langt under marknadspris. Da konsesjonen gikk ut i 2004, rekna mange med at bedrifta måtte legge ned. Men så byrja jernmalmprisane å stige kraftig frå 2005 og utover, og det gjorde at Rana Gruber klarte seg og fleire selskap blei interessert i å kjøpe opp bedrifta. Først ut i 2006 var Nordic Mining, eit nytt gruveselskap som nettopp var etablert. Tilbodet deira blet forkasta av selskapets eigarar tidlig på 2007 og ein ny salsprosess blei starta som resulterte i at det nordnorske entreprenørselskapet Leonhard Nilsen & Sønner (LNS) overtok mesteparten av selskapet i 2008, og resten frå 2010. Produksjonen auka kraftig frå 1,5 mill. tonn råmalm i 2005 til nær 5 mill. tonn i 2015.

Malmen blir frakta med jernbane frå Ørtfjellanlegga nær Storforshei til oppreiingsverket i Gullsmedvika. Anrikninga av jernoksid frå malmen skjer gjennom knusing, maling, magnetseparasjon, tyngdekraftseparasjon og sikting. Tidligare blei det brukt flotasjon ved anrikning av magnetitt til et superkonsentrat for fremstilling av jernpulver. Av råmalmen får ein ut omlag 35 % som konsentrat av hematitt og magnetitt. Sidan 1982 er det utvikla fleire spesialprodukt, bl.a. svarte og raude fargestoff.

Oppgangstida på jernmalmmarknaden som starta i 2004 varte til 2013. Sidan har jernmalmprisen gått kraftig ned til eit nivå som gir store utfordringar til bedrifta. I november 2014 kom meldinga om at 50 av 260 arbeidarar ville bli sagt opp på grunn av låge jernmalmprisar. Produksjonen blei likevel ikkje redusert, men derimot auka, i von om at meir rasjonell produksjon kunne betre lønsemda.[15]

Avgang til Ranfjorden

Både gruva, jernverket og koksverket har hatt store utslepp av avgang og kjemikaliar til Ranfjorden. Spesielt utsleppa frå Koksverket gjorde vasskvaliteten i fjorden så dårlig at «livet forsvann frå havet». Etter nedlegginga av Koksverket i 1989 blei det gradvis betre levevilkår for dyr og planter i fjorden, delvis som følgje av at forureiningar blei dekka over med avgangen frå oppreiingsanlegget til Rana Gruber. Rana Gruber har blitt førespurt om dei kan sleppe ut sin overskuddsmasse frå oppreiingsprosessen også over andre område i indre Ranfjorden som er påverka av industriutslepp.

Ranfjorden får naturlig stort utslepp av sediment gjennom Ranaelva (Ruovadajåhkå). Mye av dette kjem frå Svartisen. Dette gjør fjorden naturlig grumsa og det kan vere vanskelig å skilje mellom naturlige sediment og utslepp frå oppreiingsverket. Derfor har bedrifta vanskelig for å seie kor stor del av fjorden som er dekka av gruveavgang. I 2011 ville Rana Gruber doble produksjonen og søkte om å få auke det årlige utsleppet gradvis frå 1,7 til 3 mill. tonn. Samtidig ville ein auke den delen av utsleppet som er mest finkorna frå 39 000 t til 350 000 t. Søknaden førte til mange protestar, bl.a. frå Havforskningsinstituttet [16], Naturvernforbundet [17] og Greenpeace. I Havforskningsinstituttet sin uttale heiter det: «De omsøkte mengdene finfraksjon er nesten ti ganger så mye som tidligere. Dette kan komme til å utgjøre et betydelig problem siden fjorden allerede er ved tålegrensen og NIVA viser til at spredningen av finfraksjonen ved økning av utslippet kan bli svært omfattende og kan spre seg helt til de ytre deler av fjorden.» Mens utsleppssøknaden blei behandla, ba Rana Gruber om midlertidig løyve til å auke utsleppet for åra 2010–12. Dette blei innvilga og Klif argumenterte med at laksen ikkje ville bli berørt. Dette reagerte Havforskningsinstituttet særlig på, og viste at det ikkje er lagt fram noko undersøkingar som kan sannsynliggjøre det. HI framheva at laksen i det nasjonale laksevassdraget er rekna som så verdifull at ein har brukt 60–80 millionar på rotenonbehandling og gjenutsetting etter at han var smitta av parasitten Gyrodactilus salaris. Og så skulle ein sette heile bestanden i fare med auka utslepp. Men parasitten kom tilbake, og i 2015 blei elva rotenonbehandla igjen. Til dette kommenterte ein representant for Rana Gruber: «Nå har de drept hele laksebestanden og sjøørret i Ranaelva på nytt gjennom ny Rotenonbehandling. Det kan ikke klandres vår industrielle virksomhet for».[18]

Etter klager gav likevel Klima- og miljødepartementet 13.03.2015 utsleppsløyve for inntil 3 millionar tonn/år. Dette utsleppsløyvet er ein del av grunnlaget for at ei rekke organisasjonar i mai 2015 meldte norske sjødeponi inn for ESA for brot på vassdirektivet.

Rana gruver har avgang frå oppreiingsverket til inste delane av Ranfjorden. Fram til 2014 gikk grovare avgang ut på 30 meters djup og finare avgang på 45 meter. Etter det har all avgangen hatt utsleppspunkt på 106 meter, og fjorden er her i utgangspunktet 120 m djup. I utsleppsløyvet er det eit krav om at avgangspartiklane ikkje skal vere sporbare i dei øvre 20 m i sjøen. Bedrifta innrømmer at da dei slapp ut på grunnare vatn, klarte dei ikkje alltid å oppfylle dette kravet. I ei orientering for Norsk Bergforening i mai 2014 [19] skriv Rana Gruber: «Tidligere avgangsledning har bidratt til noe nedslamming av indre deler av Ranfjorden, og spredning av finstoffet i øvre lag i fjorden.» No hevdar derimot Rana Gruber at det med det nye utsleppspunktet ikkje er fare for at utsleppet skal komme opp i dei øvre 20 m. Det virkar som flyttinga av utsleppet til større djup har kome som resultat av protestane mot utsleppa lenger inn i fjorden.

I motsetning til fleire andre gruver, bl.a. Sydvaranger, treng ikkje Rana Gruber å tilsette flokkuleringsmiddel. Det har samanheng med at ein ikkje treng å male så fint som mange andre må gjøre. For mesteparten av produksjonen brukar ein heller ikkje flotasjon og det blir derfor brukt lite flotasjonskjemikaliar. På noko malm har ein brukt det svært giftige flotasjonskjemikaliet Lilaflot. [20] Dette kjemikaliet blir no bare brukt på ein spesiell importert malm dei brukar til visse spesialprodukt. I perioden 2002–11 slapp Rana Gruber ut minst fire tonn Lilaflot i Ranfjorden. Dette utsleppet skjedde utan utsleppsløyve. Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) var kjent med utsleppa, men påla ikkje Rana Gruber å søke om løyve. Gruvedirektør Gunnar Moe og Klif-direktør Ellen Hambro sa at Rana Gruber ikkje har brote utsleppsløyvet eller lovverket. [21] Klif viste til at Rana Gruber fikk utsleppsløyve i 1994, og da var ikkje Lilaflot sett på som miljøfarlig! Da utsleppsløyvet skulle reviderast i 2012 nytta det ikkje å hevde det lenger [22]. I søknaden frå bedrifta blei det da oppgitt at utslepp av Lilaflot var 300–500 kg pr år, men at bedrifta var gang med å etablere eit gjenvinningssystem for å redusere dette utsleppet. Dette har tydeligvis fungert godt, for reelt utslepp av Lilaflot i 2013 var under 6 kg. Utsleppsløyvet set no ei grense på 40 kg, og dei siste åra har dette stoffet ikkje vore i bruk.

I samband med Leonard Nilsen si overtaking blei det gjennomført eit prosjekt «Miljøbedrift» i samarbeid med Miljøvernforbundet. Det førte til at det blei rydda kraftig opp både i gruveområdet og hamneområdet.

Også Ranelva har fått merke at ho renn forbi ei gruve. Vatn som renn gjennom gruveområdet tar med seg mye støv og sand og for å skilje ut dette har bedrifta laga sedimenteringsbasseng. Her blir det aller meste skilt ut, det kan variere frå 95 % til over 99 %, noko avhengig av årstidene. Vatnet som går ut i Ranelva er derfor normalt ganske reint. Men i 2012 blei det ved eit uhell sloppe ut svært store mengder boreslam og andre finpartiklar frå Rana Gruber til Ranelva. Elva blei så forureina av slam at dykkarar som skulle undersøke gyteforholda for laks og sjøaure måtte gi opp, det var ikkje mogleg å sjå noko. [23] Seinare har det regelmessig blitt tatt prøver av vatnet og livet i elva. Dei registrerte da ein nedgang i vasskvaliteten og dyre- og plantelivet nedafor utsleppspunktet, men meiner dette no har retta seg opp igjen.

Betre utnytting?

Gråberget som ein må ta ut for å komme til malmen blir i all hovudsak lagra i store landdeponi rundt gruva. Gråberget består mest av urein kalkstein, dolomitt og ulike typer glimmerskifer. Ved Jernverket forsøkte dei å bruke kalksteinen frå gruveområda i stålsmeltinga, men han var for dårlig til dette. Dei har forsøkt å selge steinen som pukk, men han har ganske dårlig mekanisk kvalitet, og er derfor vanskelig å finne avsetning for. No satsar ein på at ein del kan nyttast som fyllmasse ved vegbygging. På eine sida inneheld gråberget lite interessante mineral, på andre sida heller ingen farlige mineral, som radioaktive stoff eller lettløselige tungmetall. Det same gjeld for overskotsmassen frå oppreiingsverket. Denne er undersøkt av SINTEF Bygg med omsyn til byggeformål, men kornfordelinga gjør at han ikkje kan brukast utan å vere blanda med andre grovare produkt. Derimot har fleire millionar tonn vore brukt lokalt til utfylling av kaiområde, og bedrifta har fått førespurnad frå fleire aktører på enno meir. Direktøren seier at han ønskar seg større engasjement frå styresmaktene i form av forsking og positive verkemiddel som kan bidra til større utnytting av biprodukt frå gruvedrift. Det er også undersøkt eksport av avgangen, men bedrifta opplyser at fraktkostnadene og alternativ frå andre kjelder gjør at dette ikkje er aktuelt i dag.

Reindrifta og gruva

Gruvene i Dunderlandsdalen er i område som frå gamalt har vore reinbeite. På 1970-talet blei det gjort ein avtale med reindrifta, der det blei betalt eingongserstatning for tapte beiteområde.

Nye jerngruver i Noreg?

Gjennom tidene er det tatt ut store mengder jernmalm i Noreg, frå myrer, vatn og fast fjell. Framleis er det mye malm igjen, både på stadar der det har vore drift og på stadar der det enno ikkje er tatt ut noko. Likevel er i skrivande stund Rana Gruber den einaste jerngruva i drift, ved sida av nokre minimale uttak ved konkursramma Sydvaranger Gruve. Elles vurderer NGU bare fire jernførekomstar i Noreg som av «nasjonal interesse»: Andørja (Áttir) i Troms, Selvåg i Vesterålen, Rødsand i Romsdal og Kodal i Vestfold. På alle desse stadane førekjem jern i kombinasjon med titan og tildels andre interessante mineral, som vanadium i Rødsand og fosfat i Vestfold.

Det er bare for Kodal at det har blitt sett i gang eit konkret planarbeid med sikte på å starte opp gruve. Her er det fosfat som for tida er det mest etterspurte, og denne planen blir i denne boka behandla under kapitlet om fosfor.

Fotnotar

[1] H. O. Christophersen: Fra jernverkenes historie i Norge. Grøndahl 1974
[2] Arne Espelund: Bondejern i Norge. Arketype 2008
[3] http://epic.awi.de/38572/1/OmManganrikSjomalm_Vogt1915_Indexed.pdf
[4] Gunnar Molden: «Inn i eventyrverdenen» Presentasjon av Næs Jernverksmuseum og Masovnsprosjektet. I: Berg (red): Kulturvern ved bergverk 2001
[5] Meir om Bolvik jernverk: Olborg, Knut: Bolvik jernverk: en studie av forholdet mellom jernverks- og bondeøkonomi i Nedre Telemark 1692-1790. Norgesforlaget 2002.
Gjone, Toralf: Solum bygds historie 1, 1965.

[6] http://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/avfall-og-forbruk/massedeponi-pa-rausand-sporsmal-til-klima-og-forurensningsdirektoratet-article28128-1707.html
[7] http://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/avfall-og-forbruk/massedeponi-pa-rausand-sporsmal-til-klima-og-forurensningsdirektoratet-article28128-1707.html
[8] http://blafjorder.no/salangsverket.4634508.html
[9] http://varoyrhs.com/lofotboka/pdf/Lofotboka%2004%20PDF.pdf
[10] Begge sitat: Årbok for Rana 2011, s. 171.
[11] Ny Tid 13.05.1902. Sitert etter Slottemo: Malm, makt og mennesker.
[12] Dette avsnittet er i stor grad bygd på artikkelen Bjørne Astor Endresen: Rana – et pionerområde i nord. I: Ottar 3-1986 og mastergradsoppgåva Kjetil Reppen Pedersen: Norsk Bergindustri – Mester i eget fjell. Høgskolen i Lillehammer 2012
[13] http://www.mip.no/mo-industripark/tidlighistorie/
[14] Skrive først i Årbok for Rana. Sitert frå http://www.annascamping.com/Nettside/annas_camping_husmodrene.html
[15] http://www.nrk.no/nordland/50-ma-ga-i-rana-gruber-1.12064076
[16] http://www.imr.no/temasider/forurensing/gruveavfall_1/horingsuttalelser/his_uttalelse_rana_2011.pdf/nb-no
[17] http://naturvernforbundet.no/getfile.php/Fylkeslag%20Nordland/Dokumenter/H%C3%B8ringsuttalelser/20130111Klage%20p%C3%A5%20utslippstillatelse%20Rana%20gruber%2011%20januar%202013%20kopi.pdf
[18] Markedsdirektør Frank Prieseman til forfattaren 12.10.2015.
[19] http://norskbergforening.no/wp-content/uploads/2014/06/Rana-Gruber-2014-Norsk-Bergforening_Deponi.pdf
[20] Sjå kapittel om Sydvaranger.
[21] http://www.ba.no/nyheter/irix/article5867550.ece
[22] Kommentar frå Rana Gruber ved marknadsdirektør Frank Priesemann: Det var kommet nye forskningsresultater frå miljøundersøkelser gjennomført av produsenten som følgje av REACH. Resultatene ble presentert i et nytt sikkerhetsdatablad. Rana Gruber har forholdt seg mot de retningslinjer gitt i sikkerhetsdatabladet og KLIF har basert sin utslippstillatelse på disse opplysninger.
[23] http://www.nrk.no/nordland/_-en-katastrofe-1.8389980