Forside 2
Forside 2
Forside 1
Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som skal komme med 4 bind.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind og kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Meir gruvestoff på gruve.info

Sørgelige konklusjonar

Da eg starta arbeidet med å undersøke nedlagte, i gangverande og planlagte gruver i Noreg, var eg klar over at ein del av desse hadde ført til større og mindre miljøproblem. Likevel tenkte eg at det kunne da ikkje vere like ille overalt. Det måtte da finst gode eksempel som ein kunne trekke fram. Etter fire års arbeid med direkte og indirekte studier av gruver i fortid, notid og planlagt framtid, er konklusjonen at det står langt verre til enn eg hadde ant på førehand. Her er hovudkonklusjonane eg har kome til:

Kva er stoda i dag?


Eg har leita etter gode eksempel som viser det motsette. Noko har eg funne. Det finst underjordsgruver med knuseanlegg i fjell, der det er forholdsvis små ytre naturinngrep. Det er òg tilfelle av at skadelige kjemikalier blir bytta ut med andre som gir mindre skade. For nedlagte gruver er det nokre stadar gjort tiltak for å rydde opp og jamne ut dei verste såra, forsøk på revegering, stoppe den verste forureininga osv. Dette er eksempel som kan brukast til å lære av for andre eksisterande og nedlagte gruver, men likevel må ein oppsummere at det er langt mellom dei gode eksempla og at tiltaka som blir gjort som regel er utilstrekkelige.

Dette er den sørgelige konklusjonen. Han er mye meir sørgelig enn eg hadde trudd og vona, men eg kjem ikkje unna at mineralutvinning i Noreg i all hovudsak har vore ei uforsvarlig verksemd, og at vi er nøydd å gjøre noko drastisk, både med mange av dei gruvene som har vore, med dei som er i gang og med regelverk og praksis for godkjenning av nye.

Ein alternativ mineralpolitikk

Kva så med framtida? Må vi legge ned alle gruver og la vere å opne nye? Eg ønsker ikkje det. I mange diskusjonar har eg understreka at eg ikkje er gruvemotstandar. Vi treng verken å legge ned dei gruvene som er i drift eller sette ein absolutt stopp for nye. Men både ut frå omsyn til ressursar, natur og miljø meiner eg det er nødvendig å gjøre store endringar i den gruvepolitikken som blir ført i dag.

Kritikken som har kome opp mot nye gruveplanar har som oftast starta med visse sider ved drifta. Det kunne vere krav om forbod mot utslepp av bestemte kjemikaliar, nei til sjødeponi, grundigare konsekvensutgreiingar, tilpassing av driftsmåtar og avgrensing av driftsperiodar av omsyn til reindrift, kompensasjon til kommunar og urfolk, osv. osv. I den grad slike krav blir innfridde kan det sjølvsagt redusere skadeverknadane på nokre område. Likevel har fleire og fleire innsett at det ikkje er nok. Dagens mineralpolitikk bygger på grunnleggande gale premiss og ein forsvarlig mineralpolitikk må bygge på heilt andre prinsipp.

Resten av denne boka vil eg bruke på kva som etter mi oppfatning bør vere grunnlaget for ein alternativ mineralpolitikk. Eg startar med nokre prinsipp som står for fall, og går deretter inn på alternative metodar for leiting, utvinning, deponering og etterarbeid.

1. Bort med «første finners rett»
Frå 1500-talet har norsk mineralpolitikk bygd på at den som finn eit mineral kan krevje rett til det, først til å undersøke mineralførekomsten, seinare til å reservere denne for seg, og sette i gang utvinning. Denne retten blir da overordna rettane til dei som eig og/eller brukar området, og retten blir tildelt utan krav om lokal tilknyting. Etter dagens lovgiving kan alle gruveselskap og spekulantar frå heile verda nytte seg av denne, og lokalbefolkninga blir bare hjelpelause tilskodarar. Finnaren har ikkje bare rett til sjølv å utnytte førekomsten, men også til å selje denne til kven som helst.

Som alternativ kan folk som finn ein mogleg verdfull ressurs få finnarløn for å melde denne inn til NGU eller anna offentlig organ, men eit slikt funn skal ikkje gi finnaren rett til sjølv å starte utvinning. Om styresmaktene finn at denne ressursen bør utnyttast, og at det kan gjørast på forsvarlig vis, kan dei anten gjøre det i eigen regi, eller opne for at interesserte melder seg, slik ein gjør med tildeling av blokker for oljeleiting.

2. Mineralutvinning må bygge på reelle behov
Norsk Bergindustri argumenterer for meir gruver med at vi har eit aukande behov, og viser til alt frå vegbygging til mobiltelefonar. Dei likar dårligare å snakke om at mye av dagens mineralutvinning bygger på kunstige behov som gull og diamantar for spekulasjon og smykke eller uran for rustningsindustrien. Konfrontert med dette seier dei at så lenge det er etterspurnad, er det behov[1]. Behandling av løyve til gruvedrift må omfatte ei vurdering av om hovudprodukta som skal takast ut skal tilfredsstille reelle menneskelige behov. Før det blir sett i gang ny utvinning må det vurderast i kva grad denne kan erstattast av resirkulering eller bruk av andre materiale.

3. Driftsmetodar må veljast ut frå minimering av naturinngrep
Oftast er det mogleg å drive gruve på fleire måtar, f.eks. står det ofte eit val mellom dagbrot og underjordsdrift. Normalt bør det i slike tilfelle bare bli gitt løyve til underjordsdrift. Innslag, vegar og anlegg i dagen må og vurderast og plasserast med tanke på å gi minst mogleg naturinngrep, og som hovudregel bør oppreiingsanlegg og lager/deponi leggast under bakken.

4. Utnytting og tilbakefylling
Mengden av avgang frå gruver har auka enormt, både relativt og absolutt. Aldri før har det vore forbrukt så mye mineral, og aldri før har andelen av bergfangsten som blir utnytta, vore så liten. Eit eksempel er kopparutvinning. Mens ei i tidligare tider utnytta rein metallisk koppar og malm med kopparinnhald på 5–10 %, blir den største koppargruva i Norden no drive på 0,2 %. Dette har ført til ein enorm auke i uutnytta gruveavgang. Denne blir i all hovudsak deponert på land, i ferskvatn eller i havet, med store direkte og indirekte skadeverknadar for dyre- og planteliv og menneska i området.

Avgangen består av mineral, og mange av desse er slike som menneska elles utnyttar. Avgangen inneheld ofte store mengder av jern, sink, titan og ei rekke andre metall, som vi samtidig driv gruvedrift på andre stadar. Han inneheld òg industrimineral som kalkstein, kvarts, dolomitt osv. Og om det er vanskelig eller lite rekningssvarande å skilje desse minerala frå kvarandre, kan både finmala masse og gråberg utnyttast til forskjellige former for byggemateriale. Men i staden for å gi pålegg om å utnytte desse, gir staten løyve til å ta ut nye steinbrot og sandtak, ofte ikkje langt frå gruvene som dette materialet kunne vore tatt frå.

Målet med avgangsbehandling for framtidig gruvedrift må vere i prioritert rekkefølgje:

  1. Utnytting av mest mogleg av det som blir tatt ut av berget.
  2. Tilbakefylling i gruver.
  3. Midlertidige deponi inntil ein kan gjennomføre pkt. 1 og 2.

5. Målet med gruver er ikkje arbeidsplassar
I debatten om i gangsetting av gamle eller nye gruver er ofte arbeidsplassane eit viktig argument, og grunnlaget for lokal oppslutning, «social license to mine». Særlig i kommunar prega av fråflytting, pendling og arbeidsløyse har dette argumentet ført til at mange har vore villig å sjå bort frå skadar på naturen og andre ulemper ved drifta, for å få arbeidsplassar i ein kortare eller lengre periode. Ei avgjerd om å sette i gang utvinning av ein mineralførekomst er for viktig til at det avgjørande kan vere dei arbeidsplassane som ein (med meir eller mindre god grunn) forventar at vil bli skapt lokalt i ei kort driftsperiode.

6. Lokalt og samisk veto
For at eit gruveprosjekt skal setjast i gang må det krevjast at det er gitt løyve både på lokalt og sentralt nivå. Eit kommunestyre må kunne seie nei, slik ein i dag etter plan- og bygningslova kan gjøre når det ligg føre eit planprogram, men det bør også kunne stanse gruveplanar på eit tidligare stadium, ved å nekte å gi løyve for leiting. Dette er nødvendig for at ikkje andre skal kunne tvinge inngrep på lokalsamfunnet.

Dette betyr ikkje at det skal vere eit totalt lokalt sjølvstyre. Miljøverknadane av gruvedrift kan vere så store at det framleis vil vere behov for ein overordna kontroll, slik at sentrale styresmakter kan seie nei, sjølv om eit kommunestyre skulle ha sagt ja.

I samsvar med Grunnlova, naturmangfaldlova og internasjonale konvensjonar, må det vere eit effektivt vern mot at gruveprosjekt får øydelegge naturområde som er naturgrunnlag for samisk kultur. Her vil eit kommunalt veto ikkje vere tilstrekkelig, fordi det i mange av dei over hundre kommunane der det blir drive reindrift ikkje er vilje til å prioritere reindrifta i forhold til næringar som ein vonar skal gi kommunen større inntekter. Derfor må det vere mogleg for reindrifta sjølv å sette foten ned. Det kan gjørast ved at inngrep i reinbeiteområde må godkjennast av vedkomande reinbeitedistrikt og at Sametinget får vetorett mot inngrep i samiske bruksområde.

7. Det er ikkje noko mål å vere attraktiv
Den noverande norske mineralstrategien bygger på eit fundamentalt galt fundament: «Regjeringen ønsker at Norge skal være et attraktivt land å drive mineralvirksomhet i». Ein skal altså trekke til seg aktørar som har eit val mellom Noreg og andre land. Mineralverksemd i Noreg kan trekke til seg kapital og trekke til seg arbeid. Om Noreg er tiltrekkande for gruvearbeidarar frå Polen blir knapt avgjort av mineralstrategien, men heller av lønsnivået og arbeidsvilkåra. For mineralstrategien er det i første rekke snakk om å vere attraktiv for internasjonal kapital. Kapitalen flyt fritt innafor EØS og når det gjeld gruveinvesteringar har norske styresmakter opna grensene for kapital frå heile verda. Kapitalen er ikkje fast knytt verken til land eller til bransje. Han går dit utsiktene til profitt er best. Nylig gav eit vesentlig norskeigd selskap opp planen om nikkelgruve i Sverige, og flytta kapitalen til inkassofirma i Spania! Andre selskap har flytta kapital frå gruver i Noreg til gruver i Afrika. Kapitalen har ingen etikk og moral, han går dit det kan vere pengar å tjene og følgjer bare dei reglane han må (og knapt nok det). Ein konkurranse på dette grunnlaget vil Noreg bare kunne vinne med å tilby investorane ekstremt rike ressursar, statsbetalt infrastruktur, lågt lønsnivå, låge krav til arbeidsmiljø og ytre miljø, låge skattar og avgifter eller direkte subsidier. Ettersom det er svært sjeldan at Noreg har ressursar som skil seg ut i verdsmålestokk, vil konkurransefortrinna måtte bli betalt av gruvearbeidarane, av naturen, av andre næringar eller av stats- og kommunekassa.

8. Miljøavgift på uttak og utslepp
I dag lønner det seg for gruveselskapa å sleppe avgangen ut i sjøen, fordi alle utsleppssøknadar blir godkjent og det er så godt som gratis å kvitte seg med avgangen på enklaste måte. I tillegg til ei skjerping av regelverket og kontrollen med at dette blir følgt, bør skatte- og avgiftssystemet leggast om slik at det favoriserer ein teknologi med lite uttak og lite utslepp. Gruver bør betale avgift pr. tonn berg som blir tatt ut, og pr. tonn som ikkje blir brukt, men blir sluppe ut eller deponert. Denne avgifta må vere så høg at det lønner seg å reinske avløp og å utnytte avgangen til f.eks. byggemateriale, eller lagre han tilbake i gruver. Pengane som kjem inn på denne avgifta bør øyremerkast for miljøtiltak.

Er dette mogleg?

Ved dei fleste krav om politiske reformer og tekniske endringar er det nokon som hevdar at krava er urealistiske og umogleg å gjennomføre. Slik har det også vore ved innføringa av ei rekke av dei sosiale reformene og reguleringane som vi i dag allereie reknar som sjølvsagte. Utfordringane er mange, av både teknisk, økonomisk og politisk art.

Det første vilkåret for å gjøre ei endring i praksis i mineralnæringa er sjølvsagt at det er teknisk mogleg. Nokre tekniske alternativ er allereie utvikla eller under utvikling. Kva som er teknisk mogleg er ikkje eit absolutt. Generelle tekniske løysingar har ofte fått stor verknad for gruvedrift, frå oppfinninga av dampmaskinen til datateknologisk fjernstyring og overvaking. Tekniske framsteg kan vere framsteg både for gruvearbeidarar og for naturen, men det kan òg vere omvendt. Utviklinga av sprengingsteknikk og enorme laste- og fraktemaskinar har ført til større bruk av dagbrot og større naturskadar.

Teknisk utvikling er i stor grad eit resultat av forsking. Det er da avgjørande i kva grad det blir satsa på forsking for mineralutvinning og kva ein prioriterer å forske på. Som vist i bind 2 har forskinga i Noreg ei innretting einsidig på økonomisk utbytte, og alternative metodar som kan gi mindre naturskadar er totalt forsømt.

Om noko er teknisk mogleg å gjennomføre betyr det ikkje alltid at det bør gjørast. Mineralnæringa er ein stor forbrukar av energi, noko som igjen fører til naturinngrep og/eller utslepp av klimagassar og anna forureining. Eit eksempel er idéen om å ta ut mineral frå sjøvatn. I sjøvatn finn vi oppløyst dei fleste mineral og metall i større eller helst mindre mengder. Nokre mineral, som salt og magnesium har ein kunne ta ut på måtar som energimessig og økonomisk kan konkurrere med andre produksjonsmåtar, mens det for dei aller fleste stoff vil krevje så stor energi at vinninga går opp i spinninga. Eit eksempel er uran i verdshava. I prinsippet er det mogleg å skilje det ut, men det vil krevje omtrent like mye energi som den energien ein kan produsere i kjernekraftverk av dette uranet.[2]

Ei vanlig innvending er at visse metodar og endringar ikkje vil vere økonomisk lønsame. Det er sjølvsagt eit moment ein ikkje kan sjå heilt bort frå, men berekning av økonomisk lønsemd er ei komplisert sak, ikkje minst i mineralnæringa. Sterkt varierande mineralprisar gjør at det som på eit tidspunkt er strålande lønsamt, eit år eller to seinare kan vere total ruin. Eit like viktig moment er at lønsemda ikkje bare blir avgjort av tilbod og etterspurnad, men i stor grad av statlig skatte- og avgiftspolitikk. Staten kan velje å skattlegge bedrifter gjennom inntekts- og eigedomsskatt, moms og avgift av omsetninga, eller han kan skattlegge uttak av mineral og deponering og utslepp av overskotsmasse. Dette kan gjøre forskjellen på kva driftsmetode og kva form for avgangsdisponering som er mest lønsamt. Som vist i bind 2 har skattepolitikken i andre land ført til omlegging til betre ressursutnytting.

Mineralhierarkiet

Naturskyddsföreningen i Sverige har 15.12.2015 lagt fram det dei kallar eit «mineralhierarki» – eit forslag til ein mineralpolitikk som tar utgangspunkt i samfunnet sitt behov for mineral og der betre ressursforvaltning med gjenbruk og gjenvinning går foran opning av nye gruver. Samtidig seier hierarkiet kva vilkår ein meiner må oppfyllast for ny gruvedrift.

Dette er like aktuelt i Noreg som i Sverige, og eg vil derfor gjengi hovudpunkta i mineralhierarkiet her, i mi omsetjing frå svensk.


    A. Førebygg behov for nybryting av mineralressursar, gjennom
  • overgang frå ein ressursintensiv til ein haldbar[3] økonomi
  • styringsmiddel for å minske noverande overforbruk av mange produkt der mineral utgjør ei råvare
  • Øko-design med høg ressurseffektivitet og lågt ressursforbruk når nye produkt og materiale blir utvikla
  • styringsmiddel for at produkt skal utformast gjenbruksbare og gjenvinningsbare
  • utvikling av meir langsiktig anvendbare produkt (innom eksempelvis informasjons- og kommunikasjonsteknologien)
  • auka bruk av fornybare materiale og komponentar (innom f.eks. byggesektoren)

    B. Gjenbruke materiale og produkt som inneheld mineralressursar, gjennom
  • å stimulere fleire former av andrehandsmarknadar for produkt som enno er brukbare
  • å stimulere reparasjonar i auka grad, av alt frå syklar til mobiltelefonar

    C. Gjenvinne allereie brote mineral, gjennom
  • «urban mining», det vil seie aktiv utvinning av mineral i meir eller mindre foredla form, som allereie finns i omløp i samfunnet, men som ikkje lengre brukast, under føresetnaden at dette skjer på ein haldbar måte.

    D. Nybryting av mineral, får skje
  • så sant det same formålet ikkje kan oppnåast med mindre inngripande strategiar eller metodar, og
  • føresett at det finns ein påvisbar langsiktig samfunnsnytte, og
  • føresett at strenge miljøkrav i samsvar med dei politisk avgjorte miljømåla blir etterlevd, og
  • føresett at strenge krav blir stilt på respekt for menneskelige rettar, inklusive urfolk og lokalbefolkningar sine rettar, og
  • føresett at verksemda oppfyller høgt stilte arbeidsmiljøkrav og at omkringbuande si helse ikkje blir påverka negativt, no eller i framtida, og
  • gitt at miljøøkonomiske styringsmiddel blir innført for å innlemme dei eksterne kostnadane som brytinga forårsakar, samt
  • at mineralprodusentar før ny bryting legg fram strategiar for i framtida å minske behovet for nye mineral.

Resirkulering kan redusere behovet for ny mineralutvinning. Her er samanpressa bilvrak samla på ei kai i Nordland 2008, klar til å sende for resirkulering.
(Foto: SL)

Kva gjenstår?

I dette kapitlet har eg forsøkt å formulere nokre moment til ein ny mineralpolitikk. Men denne har enno nokre avgrensingar. Utgangspunktet har til no vore Noreg, mens mineralindustrien i høgaste grad er internasjonal, både med tanke på ressursar, kapital og marknadar. Utvinning og forbruk av mineral må sjåast i ein global samanheng. Vi må sjå kor han kjem frå den kapitalen som investerer i Noreg, på kor norske selskap og ikkje minst oljefondet investerer i utanlandsk mineralnæring, på korleis dei store internasjonale mineralselskapa arbeider for å påverke mineralpolitikken i landa dei opererer i og i internasjonale organ. Vi må sjå på nokre av dei alvorlige skadeverknadane mineralutvinning og avfallsdeponering har ført til rundt i verda, som følge av akutte eller kroniske utslepp. Og ikkje minst på den motstanden som har blitt organisert på ei rekke stadar gjennom bl.a. miljø-, bonde- og urfolksorganisasjonar. Til sist må vi sjå på kva som blir gjort for å forske og presse fram ei grønare og mindre miljøskadelig mineralnæring.

Den naturlige avslutninga av denne serien hadde derfor vore eit fjerde bind som tar opp desse sakene. Eg vil etter evne gjerne bidra til å skrive ei slik bok, men klarer dessverre ikkje verken å skrive eller finansiere denne aleine. Så eg satsar på at dei som vil og kan bidra faglig eller økonomisk melder seg, slik at vi kan få fullført denne serien om mineralutvinning på godt og vondt.