Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 2 – Med lov skal land øydast

.

Mange og gode arbeidsplassar?

GRUVA SOM ARBEIDSPLASS

Det var trangt å arbeide på stollen i gruve 3 på Svalbard.
(Foto: SL)

«I Spitsbergens kullsvarte gruber, hvor sollyset aldri kan nå.
Hvor evighetsmørke kun ruger, et mørke som aldri forgå.
Der sliter arbeidende skarer, av trauste og hardføre menn.
Der trosser de tusinde farer, der driver de kullene frem.»
(Frå Gruvesangen i songboka Sang Polar)

Ned i dette kolsvarte mørke skulle vi. For å finne ut kva slags forhold dei jobbar under dei som er grunnlaget for all busettinga på Svalbard. Vi blei kledd opp i «lomp» med hjelm, lykt og batteri, og gassmaske i beltet om ulukka skulle vere ute. Saman med gruvesjef Terje Johansen går vi inn i den mørke gruvegangen: hovudstollen.

Inngangen til Gruve 3 ligg oppe i fjellsida – 178 meter over havet. Herifrå går det skrått nedover. Gangen har plass til to smalspora jernbanespor. I taket er det hengt opp leidningar og slangar. Nokre stadar plankar med steinstøv for å dempe virkninga av ein eventuell eksplosjon. Etter nokre hundre meter hører vi ein buldrande lyd – så eit skarpt lys. Det er loket med kol som er på veg ut.

Når ein mann kjem bak oss er det skinet frå hovudlykta vi først legg merke til. Det er sikringstigeren som kjem. Han er leiar for eit arbeidslag som driv med gassmåling og anna sikringsarbeid. Både kolstøv og metangass er svært eksplosivt, og saman kan dei skape ein kjedereaksjon. Da er det slutt for alle i vid omkrets. – Sidan gruvedrifta starta på Svalbard er 72 drept bare av eksplosjonar og brannar i gruvene, fortel Terje Johansen. – Det er mye. Veldig mye.

Dette er starten på ein reportasje som eg skreiv frå kolgruvedrifta på Svalbard i 1986. [1] Lenger ut i reportasjen og lenger inn i gruva, kom vi inn til dei som har arbeidsplassen sin på 60 cm høgde mellom ligg og heng, med fullt av kolstøv og dundrande boremaskinar. Kan dette vere arbeidsplassar å trakte etter?

Arbeidsmiljø i gruva

Ved Moholt jernverksruiner i Siljan i Telemark er det sett opp informasjonstavler om drifta og livet i gruva og verket, bl.a. denne om arbeidsvilkåra.
(Foto: SL)

«Kolgruvearbeid var eit av dei få yrka, der ein person sto overfor ein svært reell risiko for døden gjennom alle dei fire klassiske elementa – jord, luft, eld og vatn.» [2] Dette blei skrive ut frå kolgruvene i England på 1600-talet, men kunne og vore sagt om mange andre gruver. Gruvearbeid har vore, og er i stor grad framleis, av det mest slitsame, farlige og helseskadelige arbeidet som finst. Sjølv om maskinar har gjort arbeidet lettare og det mange stadar har blitt betre vernearbeid, er framleis gruvearbeid høgt oppe på statistikken over arbeidsulukker og over uføretrygding på grunn av arbeidsskadar.

I verdsmålestokk blir omlag 10–12 000 gruvearbeidarar drepe i ulukker for året. [3] Langt fleire blir skada, mange invalidiserte for livet. Ulukkene oppstår vesentlig ved ras, eksplosjonar, flaum og gassforgifting. Rasulukker har vore ganske vanlig, både i underjordsgruver og dagbrot. Spesielt i kolgruver har det vore stor fare for eksplosjonsulukker, og desse har tatt mange liv. Frå Noreg kjenner vi særlig Kings Bay-ulukka på Svalbard i 1962, der 21 arbeidarar omkom. Denne førte til at regjeringa måtte gå fordi ho hadde ignorert åtvaringane og ikkje tatt nødvendige sikringstiltak i den statseigde gruva.

Når ein tidligare braut ut berget ved fyrsetting i underjordsgruver, blei oksygenet i lufta lett oppbrukt, og det la seg karbonmonoksid (kolos, CO) langs bakken. Dette kunne vere svært farlig for gruvearbeidarane og det var derfor nødvendig med god utlufting, ofte eigne luftesjakter. Likevel har mange blitt ramma av CO-forgifting.

Minneplate ved gruvemuseet i Folldal:
Til minne om de forulykkede ved Folldal gruver i siste driftsperiode 1906-93. (39 namn) Gruveyrket var og er fremdeles et hardt og farefullt arbeid som krever sin pris av de som har utfordringen. Her er nevnt de som har forulykket i siste driftsperiode 1906-93. men en skal heller ikke glemme dem som måtte forlate sin arbeidsplass med svekket helse og usikker framtid. Det er disse som har vært med på å bygge opp dette samfunnet som en nå er glad for å eie og leve i. Det rettes med dette en stor takk til alle som har hatt sitt virke ved gruvene i Folldal.

(Foto: SL)

I tillegg til brå ulukker kjem helseskadar på grunn av langvarig arbeid i usunt miljø. Sjukdommar frå arbeid i gruver og bergverk er kjente heilt frå det gamle Egypt og nedteikna på papyrusskrift. I verket De re metallica [4] frå 1556 er det skildra ein dødelig lungesjukdom som ramma mange gruvearbeidarar i noverande Tsjekkia. Forfattaren tilrådde ventilasjonsmaskinar og støvmasker for gruvearbeidarane. Seinare har ein funne at det trulig var lungekreft forårsaka av radongass.

Svært mange gruvearbeidarar har vore ramma av silikose eller støvlunger, ein sjukdom som er særlig utbreidd ved boring i kvartshaldige bergartar. Mest utsett er ein ved tørrboring. Sjølv om det etter kvart har blitt innført våtboring, har mange gruvearbeidarar utvikla silikose også etter det. [5]

Arbeid med handbor og i vanskelige stillingar har ført til mye belastningsskadar. Boring og lasting i tronge gruvegongar fører til høgt lydnivå og hørselsskadar. Også oppreiingsverk gir mange arbeidsmiljøproblem. Blant anna gjeld det flotasjon, der det kan vere giftige kjemikaliar, som kan vere skadelig både å puste inn og å få på huda.

I etterkrigstida førte innføring av ny teknologi og nye driftsmåtar til store endringar i arbeidsmiljøet. Manuelt arbeid blei i stor grad erstatta av maskinar, luftdrive boremaskinar blei bytta ut med hydrauliske, det blei innført diesellokomotiv for malmtransport i gruvegangar, karbidlamper blei bytta ut med elektriske og personlig verneutstyr blei betre. Dette førte til betre arbeidsmiljø på nokre måtar, men på andre måtar blei det faktisk verre, bl.a. førte diesellokomotiva til meir avgassar og sot.

Både gruver og oppreiingsanlegg er ofte baserte på heilkontinuerlig skift. På grunn av at mange skiftarbeidarar er pendlarar, har det gjerne vore innført skiftordningar som gjør at dei arbeider lengre dagar og mange dagar i strekk, for så å ha friperiodar på eit par veker. Dette kan vere ein fordel for pendlarar med familie ein annan stad, men slike arbeidsordningar er sjeldan ønska av dei som bur i nærleiken av gruva. Eit eksempel på dette er Sydvaranger, som tidligare hadde stabil lokal arbeidsstokk og normal arbeidstidsordning, men etter gjenoppstart i 2008 var det så mye pendlarar at skiftordninga for alle blei lagt opp etter dei.

Det er i liten grad forska på kva arbeidsforhold gruvearbeidarar har og kva som kan gjørast for å betre desse. Dei siste åra har det pågått eit forskingsarbeid på Nordkalotten, der ein har undersøker arbeidsmiljø og helseplager for gruvearbeidarar på Stjernøya i Noreg, Kevitsa i Finland, Gällivare i Sverige og Kirovsk i Russland. [6]

Har det så vore bare ulukker, sjukdom og elendigheit med gruvearbeidet? Nei, det har også hatt sine positive sider. I tidligare tider var fleire gruver og smelteverk pionerar med innføring av arbeidarbustadar, sjukepengar, forsikringsordningar og skolegang. Mange har og framheva det gode miljøet blant gruvearbeidarane og samhaldet på og rundt arbeidsplassen.

Fagorganisering og arbeidskamp

Frå den første streiken til fagforeininga Nordens Klippe, Kirkenes 24.05.1908.
(Foto: Ellisif Wessel)

Gruver og smeltehytter var blant dei første arbeidsplassane i Noreg der mange arbeidarar arbeida på eit lite område under felles leiing, vi kan seie det var ei av røtene til den norske arbeidarklassen.

Gruvearbeidarane såg tidlig at dei måtte stå saman for å betre lønns- og arbeidsvilkår. Nokre av dei første arbeidskampane vi kjenner i Noregshistoria var i gruvene på Kongsberg og Røros, allereie på 1600-talet, omlag 200 år før vi fikk ei organisert fagrørsle.

For dei som kom frå primærnæringane med meir eller mindre naturalhushaldning, kunne lønningane i gruvene virke ganske høge. Det forteljast om lønningar på tre gongar det som var vanlig for arbeidarar i landbruket. Nokre stadar kunne mannen arbeide i gruva, mens kona dreiv småbruk. Vanligare var det likevel at gruvearbeidarane var eit vandrande proletariat utan anna eigedom enn si eiga arbeidskraft, og dei kunne ikkje skaffe seg mat på anna vis enn å kjøpe han for lønna. Lønna måtte derfor vurderast ut frå at ho måtte strekke til for å fø ein familie med alt som trongst.

Den organiserte arbeidarrørsla utvikla seg frå midten av 1800-talet, først med Thranitterrørsla på 1840-talet, som blei slått hardt ned. Nokre stadar deltok gruvearbeidarar i denne, bl.a. på Kongsberg. Frå 1870-talet blei det danna lokale fagforeiningar, men enno ikkje blant gruvearbeidarar. Den første gruvearbeidarforeininga skal vere den som blei starta ved Bosmo gruver i Rana i 1896, og to år seinare kom her den første organiserte arbeidskonflikten i gruveindustrien, da arbeidarane streika i fire månadar for betre løn. [7]

Baksida på Hanken gruvearbeiderforening si fane frå 1907 viser at fagrørsla ved gruvene engasjerte seg langt ut over sine eigne arbeidsforhold. Fana er no utstilt i gruvemuseet i Sulitjelma.
(Foto: SL)

Det norske vei- og jernbanearbeiderforbund blei danna i 1895 og skifta i 1898 namn til Det norske sten-, jord- og bergarbeiderforbund. Namneskiftet hang saman med at ein no også organiserte gruvearbeidarar. Seinare blei Norsk Arbeidsmandsforbund namnet på forbundet som organiserer gruvearbeidarar i Noreg. Den første bergverkstariffen kom i stand ved Røros kopparverk etter at arbeidarane i 1900 streika for minstelønn på akkordarbeid og tillegg for natt- og helgearbeid.

Ofte var gruveselskapa svært negative til fagorganisering, og la alle hindringar i vegen. Ved gruvene i Sulitjelma klarte selskapet å hindre organisering fram til 1907, da alle arbeidarane gikk til streik og samtidig danna fagforeining, som frå starten fikk 1200 medlemmar. Året før hadde gruvearbeidarane ved A/S Sydvaranger organisert seg. Her gikk det langt raskare å få i gang fagforeining, denne blei starta same året som bedrifta. [8]

Nokre av dei største arbeidskampane i siste del av 1800- og første del av 1900-talet fann stad ved gruveanlegg i Nord-Noreg, eller knytt til transporten til norskekysten frå gruvene i Nord-Sverige. I boka Klassekamp under nordlysflammer skreiv Dag Skogheim om streikar og arbeidskampar ved Ofotbanen, Båsmo, Sulitjelma, Kirkenes og Svalbard 1917.

Frå 1902 blei det med engelsk og amerikansk kapital starta jerngruver i Rana, på det meste var 2000 menn og kvinner i arbeid her. Det var eit veldig press for å få anlegget ferdig, og fleire anleggsarbeidarar blei drepne i ulukker. Ei slik ulukke var noko av bakgrunnen for at arbeidarane gikk til streik, saman med eit krav om 5 øre meir i timen. Da sendte styresmaktene eit kompani soldatar for å slå ned urostiftarane.

Arbeid for mange?

Frå kopparverket i Birtavárri, Kåfjord i Troms. Bare grunnmuren står no igjen etter storbrakka, der mange av arbeidarane budde.
(Foto: SL)

Ved muren etter storbrakka i Birtavárri er det sett opp denne plakaten med informasjon på norsk, engelsk og samisk.
(Foto: SL)

Vi reknar med at det på 1700-talet var omlag 7000 som arbeidde i mineralnæringa i Noreg. I 1918 var talet på sysselsette på det høgaste, omlag 9500 til saman ved gruver, oppreiingsverk og smeltehytter. I 2007 var det under 5000 i næringa, sidan auka det til omlag 6000. Gjennom 3–400 år har altså sysselsettinga variert mellom 5000 og 10000 personar. Til samanlikning har det på det meste vore rundt 300 000 industriarbeidarar i landet. I 2015 utgjør den norske arbeidsstyrken omlag 2,5 millionar, mineralnæringa utgjør altså no omlag 2 ‰. Konklusjonen er at siste hundreåret har ikkje mineralnæringa vore særlig viktig for sysselsettinga på landsplan. Derimot har næringa vore viktig for ein del tettstadar og kommunar.

Den tekniske utviklinga i bryting, transport og oppreiing gjør at det i moderne gruver er langt mindre behov for arbeidarar i forhold til tidligare. Mens nokre malmførekomstar tidligare kunne sysselsette fleire hundre arbeidarar i fleire hundre år, er det no mogleg med relativt liten arbeidsstokk å ta ut det som er drivverdig i løpet av ganske få år. Og utviklinga held fram. Det neste kan bli førarlause dumparar som kjører malm frå gruve til oppreiingsverk. Dette er allereie innført i ei gruve i Australia, der dumparane blir styrt frå eit kontrollrom over 1000 km borte! [9] I tillegg må ein ta med i berekninga at dei beste ressursane oftast er tatt ut, og at nye gruver vil bli starta på mindre ressursar. Ein må derfor rekne med at dei fleste stadane der det måtte bli starta gruvedrift i framtida, vil det ikkje vere grunnlag for særlig mange arbeidsplassar over lengre tid.

Bergindustrien sine representantar likar å understreke at gruver gir distriktsarbeidsplassar. Dei fleste arbeidsplassane har vore plasserte der ressursane er, anten i form av mineral, skog til trekol eller elektrisk kraft. Det er ei rekke eksempel på at først har ein funne minerala, så har ein bygd opp eit lokalsamfunn rundt gruvene: Kongsberg, Røros, Kåfjord i Alta, Kirkenes/Bjørnevatn, Sulitjelma, Bleikvassli osv. Før gruvedrifta har det her vore jordbruk eller utmark, ofte er gruver starta i område der det har vore drive reindrift. Nye gruver har i liten grad gitt arbeid til ei arbeidslaus lokalbefolkning. Rekrutteringa har hovudsaklig vore utafrå, men i ein del tilfelle har folk slutta i primærnæringane for å byrje i gruva. Tildels er det da nettopp gruva som har gjort at dei ikkje har kunna fortsette i primærnæringane.

Sjølv om bergbryting, knuseverk og oppreiingsanlegg har vore der malmførekomsten er, har administrasjonen ofte vore sentralt plassert. AS Sydvaranger og Bidjovagge Gruber hadde lenge administrasjon i Oslo. Samtidig som talet på dei som arbeider direkte i gruva har gått ned, har talet på dei som arbeider med tilknytta tjenester gått opp, og ofte er desse plassert langt frå sjølve gruva. I seinare år har utviklinga gått i retning av meir automatiserte anlegg for boring og transport og oppreiingsanlegga kan styrast frå sentrale kontrollrom. Med datakommunikasjon vil større og større delar av arbeidet kunne plasserast utafor sjølve gruveområdet. I Sverige har det kome fram gjennom boka Norrlandsparadoxen [10] at ein stor del av veksten i dei bergverkstilknytta arbeidsplassane i Norrbotten ikkje har kome der minerala og gruva er, men i länshovudstaden Luleå. Her har dei fleste selskapa sin administrasjon, her er dataselskapa som utarbeider styringsprogram for gruvedrifta, konsulentselskap, utdanning og forsking. Minst 500 arbeidsplassar i Luleå er knytt til mineralutvinning, sjølv om det ikkje blir tatt ut noko mineral i denne kommunen.

Arbeidsplassar for kven?

Ved kopparverket i Kåfjord i Alta var det ikkje bare menn, men også mange kvinner som arbeida. Ved kyrkja blei det i 2004 sett opp dette monumentet, laga av Per Ung.
(Foto: SL)

Kvinnelige arbeidarar dreiv skeiding i Stord kisgruber, som var i drift 1907-68
(Kjelde: Lavik (red): Stordø Kisgruber 1907–57)

Dei aller fleste gruvearbeidarar har vore menn, men tidligare arbeida ofte kvinner og barn med sortering av malm (skeiding), blant anna i koppargruver som Kåfjord i Alta og Sulitjelma. Når det starta opp nye gruver, var dei første arbeidarane ofte «rallarar» utan familie, det tok tid før det blei etablert normale lokalsamfunn med familiar, skole osv. For gruver som bare varte kort tid, kom ein aldri dit. Ved mange gruver har arbeidarane budd i brakker nær gruvene, eller på tettstaden der det var oppreiingsverk, smeltehytte osv. Bustadforholda har gjerne vore dårlige, ofte kunne fleire familiar bli stua saman på brakker, der store familiar bare hadde eitt rom. Også i seinare tid har mange gruvearbeidarar budd i brakker nær arbeidsstaden.

Mange gruver har hatt eit stort innslag av folk frå utlandet, både som gruvearbeidarar og i leiande stillingar. Både på Røros, Kongsberg og mange andre stadar kom leiinga og dels arbeidarane frå Tyskland, til Kåfjord kopparverk i Alta kom det folk både frå England, Tyskland, Finland og Sverige.

Arbeidarbustadar i Sulitjelma, fotografert tre år etter nedlegginga av drifta.
(Foto: SL)

I vår tid med langt betre kommunikasjonar, er det pendling som gjerne blir løysinga. Om vi samanliknar gruveoppstarten i Sør-Varanger i 1906 og i 2008 ser vi at i det første tilfellet flytta folk dit og blei, i det andre dominerte lenge pendlarane. Det tok omlag 5 år frå oppstarten til eit fleirtal av arbeidarane var busett i kommunen. Hovudmannen bak oppstarten av Sydvaranger Gruve, Felix Tschudi, seier det slik: «.. ved industrietablering i grisgrendte strøk, hvor pendlere er en forutsetning for et større industrielt prosjekt.» [11]

Med dagens kommunikasjonar kan gruver baserast på stor grad av utanlandske arbeidarar som pendlar og har f.eks. 3 vekers arbeid med lange skift og så 3 veker i heimlandet. Det kan vere særlig aktuelt å hente gruvearbeidarar og ingeniørar frå Polen, som Noreg deler arbeidsmarknad med gjennom EØS. Her har vore mange gruver, ein god del av dei er lagt ned eller truga av nedlegging, og det kan vere mange ledige med røynsler og kvalifikasjonar som er mangelvare i Noreg.

Kva når gruva stenger?

Slutten på drifta i ei gruve kan komme venta eller uventa. Uansett er dei fleste gruvene store arbeidsplassar i forhold til lokalsamfunnet, og når mange på ein gong blir arbeidslause, kan det vere vanskelig både for dei og familiane deira og for heile lokalsamfunnet.

Omstillingsstøtte og sosiale tiltakspakker er ikkje noko nytt i vår tid. På nettstaden Bergverkshistorie lir det fortalt frå nedlegginga av den største bergverksbedriften i norsk historie: «Den største sosiale tiltakspakken i norsk bergverkshistorie var ved Kongsberg Sølvverk i forbindelse med at verket ble (foreløpig) nedlagt i 1805. Nedleggelsen berørte i alt 5084 personer, 1758 arbeidere, 1165 kvinner og 2160 uforsørgede barn. Et kgl. reskript fastla kriteriene for hvilke arbeidere som skulle få pensjoner og hvilke som skulle avskjediges med ett eller to års lønn. Avgjørende faktorer var alder, forsørgelsesbyrde, helsetilstand og eiendomsforhold. Reskriptet fastslo også at et jernverk skulle erstatte Sølvverket, at det skulle etableres annen virksomhet og at et fattigvesen skulle sørge for at ingen led nød. Som eksempel på hvordan kriteriene slo ut kan nevnes at en ugift arbeider under 50 år fikk ett års lønn, mens en på over 55 år, fikk pensjon for resten av sin levetid. .... Pensjonen var lik den reglementerte lønnen, dvs. lønn uten noen form for tillegg.» [12]

Slike tiltak har nok gjennom historia heller vore unnatak enn regel. Ved dei fleste gruvenedleggingar hadde ikkje arbeidarane og familiane deira anna å gjøre enn å reise vidare til neste stad der dei kunne få arbeid. Ei slik historie blei levande illustrert i TV-programmet Hvem tror du at du er?. Der kunne vi følgje ein smed på reisa frå arbeidsplass til arbeidsplass ettersom drifta blei innstilt, her med den aktuelle driftsperioden for kvar av gruvene i parentes: Kopparverket i Kåfjord i Alta (1826–78), Senjens Nikkelverk (1872–1886), Vigsnes koppargruver på Karmøy (1865-1895) og Åmdals kopparverk på Skafså i Telemark (1893-1899). [13]

I siste del av 1800-talet var utvandring til Amerika ofte utvegen når gruvearbeidsplassane forsvann, og vi kjenner til at gruver i USA og Kanada dreiv direkte verving av arbeidskraft ved norske gruvenedleggingar.

I nyare tid har ein igjen tatt opp tradisjonen frå nedlegginga av Kongsberg sølvverk, og sett i gang offentlige tiltak for dei som blei arbeidslause ved nedlegging av arbeidsplassar i mineralnæringa. Vi kan skilje mellom fire former for tiltak:
– Tilbod om førtidspensjonering
– Arbeidsmarknadskurs for arbeidsledige
– Etablering av offentlige arbeidsplassar nær gruvesamfunnet
– Tilskot til tidligare gruvetilsette og andre som vil etablere nye arbeidsplassar på staden.
Eksempel på korleis nokre av desse tiltaka har virka er skildra for Biedjovággi og Sydvaranger i bind 1, og blir tatt opp i bind 3 om Sulitjelma og Rana.

Dette er ikkje bare historie, men i høg grad aktuelt. Hausten 2015 blei 160 mann sagt opp av Store Norske på Svalbard og like etter blei 400 ledige da Sydvaranger Gruve gikk konkurs. I skrivande stund har det ikkje blitt sett inn noko tiltak, og det einaste tilbodet dei har fått er eit halvt løfte frå Nussir ASA om tilsetting når dei kjem i gang om nokre år.

Fotnotar

[1] Dit sollyset aldri når. Klassekampen mai 1986
[2] Barbara Freese: Coal – A human history. Arrow Books 2003. «Coal mining was one of the few occupations, in which a person faced a very real risk of death by all four classical elements – earth, air, fire and water.»
[3] Gruvearbeidere dør hver dag. NRK 14.10.2010
[4] Georgius Agricola (Georg Bauer) De re metallica. Først utgitt på latin i 1556. Her engelskspråklig utgåve
[5] Støvlunger
[6] Minehealth Final Report
[7] Bergverkshistorie
[8] Meir om fagforeiningane på Sydvaranger: Ned med tronen, alteret og pengeveldet
[9] Driverless trucks move all iron ore at Rio Tinto's Pilbara mines
[10] Arne Müller: Norrlandsparadoxen. Ord&Visor 2015.
[11] Down under up north. s. 8
[12] Bergverkshistorie
[13] Eyvind Hellstrøms slektsreise


Til neste kapittel