«Embetsmannsgruppen som har vurdert utslippene fra A/S Titania konkluderer med at gruveslam fra utslippet i Dyngadjupet utenfor Jøssingfjord sprer seg raskere og i større omfang enn forutsatt da tillatelsen til sjøutslipp ble gitt. (...) På dette grunnlag mener gruppen at sjøområdene utenfor Jøssingfjord ikke er egnet som deponeringsplass, og at utslippene bør opphøre så snart som mulig.»[1]
Dette sitatet frå 1986 er eit sjeldant tilfelle i norsk historie. Her gir eit offentlig organ miljøvernarar medhald, etter at styresmaktene i mange år hadde nekta for nettopp det som ein her seier.
Kampen om Titania var ein av dei første aksjonane frå den norske miljørørsla, og den første i samband med gruveutslepp. Tjue år seinare er igjen utvinning av titanmalm og behandlinga av utslepp blitt ei stor miljøsak, denne gongen lenger nord på Vestlandet.
Titan (Ti) er eit sølvfarga lettmetall som er svært sterkt. Det finst ikkje i rein form i naturen og det var først på slutten av 1700-talet at det blei oppdaga. Det finst i første rekke i minerala ilmenitt (titanjernstein, FeTiO3) og rutil (titandioksid, TiO2). For begge minerala blir det meste brukt som titandioksid, til bl.a. kvitt fargestoff for maling, plast, papir, mat, medisin, tannkrem og kosmetikk. Rutil blir og brukt i sveiseelektrodar.
Av titandioksiden blir omlag 5 % foredla vidare til titanmetall, som brukast reint eller i legering med stål, aluminium eller andre metall bl.a. i verktøy, fly, syklar, romfart og maskineri som skal brukast i saltvatn. Det er òg brukt til implantat og protesar. Titankarbid brukast til skjæreverktøy. Det kjem stadig til nye bruksområde for titan og titansamband.
Noreg har store førekomstar av titanmalmar, både ilmenitt og rutil. Det er registrert fleire hundre førekomstar over store delar av landet, dei viktigaste er samla i sju såkalla titanprovinsar; Bamble i Telemark, Rogaland, Bergen, Sunnfjord, Møre, Lofoten-Vesterålen og Seiland i Finnmark. Det er gjort mange forsøk på utvinning, med blanda resultat.
Den første utvinninga av ilmenitt starta i 1863 i Sokndal i Rogaland, og der pågår framleis utvinninga for fullt. Frå byrjinga av 1900-talet blei det brote rutil ved ei rekke gruver langs kysten av Telemark og Aust-Agder, den største var Rutilgruva ved Kragerø, som var i drift 1901–57. På Nordvestlandet er det drive ut malm med jern og titan fleire stadar, bl.a. i Raudsand og i Ørskog.
Dei siste åra har det vore stor interesse for å starte opp nye gruver med titanmalm. Størst og mest omstridd er Nordic Mining sin plan for å ta ut rutil av Engebøfjellet i Førdefjorden. I Bamble er det òg rutilressursar som kan bli aktuelle for utvinning. I Kodal i Vestfold er det funne titanmalm. Her har selskapet Kodal Mining tenkt å ta ut fosfat og jernmalm, men vurderer det som ulønsamt å ta vare på ilmenitten som utgjør omlag 8 % av malmen. Det har til no ikkje vore utvinning av titanmalm i Nord-Noreg, men i Selvåg på Langøya i Nordland er det ganske store førekomstar. (link)
I Sokndal kommune har det vore drift på tre førekomstar av titanhaldig malm. Ved Blåfjell gruver blei det utvunne titanhaldig jernmalm 1863–76. Det blei drive i ei rekke underjordsgruver, dei største er i fjellet Blåfjellknuten, til saman er var det omlag 20 større eller mindre gruver. Gruvene blei drivne av det engelske selskapet The Norwegian Titanic Ore Company, og malmen blei eksportert til England for smelting. Blåfjell ligg omlag 8 km frå sjøen, og først gikk transporten med hest og kjerre og båt over eit vatn. Så blei bygd jernbane, men etter at jernbanen var ferdig gikk det bare to år før gruva blei lagt ned. Årsaka til at ein gav opp var at det var vanskelig å skilje jern og titan ut frå ilmenitten.
Etter nedlegginga i Blåfjell var det kommunen som sat på mineralrettane, og desse blei i 1895 leigd ut til Christiania Minekompani. Selskapet Titania A/S blei stifta i 1902, og overtok to år seinare rettane til titanmalmen i Sokndal. Tanken var først å bruke ilmenitten i smelteverk til produksjon av ferrotitan, ei legering av jern og titan. Dette viste seg å vere teknisk vanskelig, og i 1908 skreiv styreformann C. H. Homan at «Titanias skjebne er avhengig av å få en større anvendelse for selve titanmalmen, da malmen har vist sig helt ukonkurransedygtig udelukkende til jernfabrikation.» Løysinga på dette låg no ganske nær. I 1909 blei det tatt patent på framstilling av eit titanhaldig fargestoff og det blei utvikla metodar for industriell produksjon av titandioksid til pigment (titankvitt). Dette blei hovudgrunnlaget for produksjonen ved Titania, og har vore det sidan.
I 1914 blei alle patentar og malmrettar overtatt av Det Norske Aktieselskab for Elektrokemisk Industri (seinare kjent som Elkem), som i 1916 var med å stifte Titan Co for å produsere titankvitt i Fredrikstad. Titan Co overtok året etter aksjemajoriteten i Titania, og etterkvart alle aksjane. Drifta kom i gang på Storgangen-førekomsten i 1916 og i 1918–19 sto det ferdig eit oppreiingsverk på Sandbekk. Frå 1920 blei det innleia eit samarbeid med det amerikanske selskapet National Lead Company, og i 1927 kjøpte amerikanarane opp aksjemajoriteten i Titania.
Kva slags selskap er det så som eig Titania? Titania AS og søsterselskapet Kronos Titan AS er begge eigd av Kronos Norge AS, som er eigd av Kronos Denmark Aps, som igjen er eit underselskap av Kronos International Inc. Kronos-selskapa har til saman sju produksjonsanlegg i Noreg, Tyskland, Belgia, Kanada og USA. Bak Kronos International står så NL Industries Inc., som er eigd av Valhi Inc, som igjen er eigd av Contran Corporation. Hovudeigaren bak alt dette var, fram til han døydde i 2013, Harold C. Simmons.
National Lead Company blei stifta i 1891 som ei samling av amerikanske blyprodusentar. I 1907 byrja selskapet å engasjere seg i titanmaling. I tillegg engasjerte selskapet seg i mye anna, blant anna produksjon av atomvåpen. Sidan aktivitetane omfatta mye anna enn bly, blei namnet på selskapet noko misvisande, og i 1971 endra til NL Industries Inc. På slutten av 1980-talet sikra Harold C. Simmons seg kontroll over dette selskapet. Simmons var ein typisk amerikansk investor eller «raider», som kjøpte selskap i mange bransjar i stort tempo, ofte for å stykke opp og selje igjen. Han hadde alle typiske trekk for ein amerikansk kapitalist; stort privat forbruk inkl. privat jetfly, han motarbeida fagorganisering, gav stor økonomisk støtte til republikanske presidentkandidatar og oppretta stiftelsar for helsearbeid, forsking og skole i eige og familien sitt namn.
Det er ikkje bare i Noreg at det har vore miljøproblem rundt NL Industries. I USA har Justisdepartementet fleire gongar gått til sak mot selskapet for å få det til å betale for oppreinsking etter tidligare gruver.
I tida 1916–65 var det drift på Sandbekk. Her blei den grovare delen av avgangen lagra i fleire landdeponi, mens finavgangen gikk ubehandla i elva. I 1963 gikk eit ras, som førte store mengder avgang ut i elva. Landdeponia dekker framleis store område, og det har vore gjort mye arbeid for å stabilisere dei og å stoppe sandflukt gjennom revegetering. På grunn av stor avrenning av metall frå avgangen blei det i 2003 bygd ein «rensepark», som skal skilje ut nikkelsulfid frå avrenninga. Dette blir gjort med bakteriar, utan bruk av kjemikaliar. Sjølv om det er snart 50 år sidan drifta blei lagt ned, er altså ikkje problema med deponiet over.
For kvar salve som sprengast går det med omlag 75 tonn sprengstoff og da får ein ut omlag 200 000 tonn berg. Berget blir så knust i fleire omgongar, ned til korn på under 0,5 mm. Konsentratet blir utvunne ved hjelp av tyngdekraftseparasjon, magnetseparasjon og flotasjon. Det blir brukt store mengder kjemikaliar, bl.a. tallolje, parafin og svovelsyre. Av dei andre minerala i uttaket blir det utnytta litt magnetitt og kiskonsentrat med koppar og nikkel, men det aller meste blir ikkje utnytta og går som avgang.
Ein reknar med ressursar på 3–400 mill. tonn ilmenittmalm. Det årlige uttaket har vore oppe på 3,5 mill. tonn ilmenittmalm, som gir nesten ein million tonn konsentrat. Men for å komme fram til dette må ein årlig ta bort omlag 10 mill. tonn gråberg.
Jøssingfjorden var ein gong ein god fiskefjord. Frå starten i 1960 fram til 1984 blei ca. 2,5 mill tonn avgang pr. år dumpa i denne fjorden. Da var fjorden fylt opp frå opphavlig djup på 70 m til 20 m. I 1980 søkte Titania om å få forlenge utsleppsrøret og deponere på Dyngadjupet utafor utløpet av Jøssingfjorden. Statens Forurensningstilsyn (SFT) ga løyve, men Norges Fiskarlag, Natur og Ungdom (NU) og fleire andre organisasjonar klaga. Likevel ga Miljøverndepartementet i 1982 bedrifta lov til å dumpe inntil 2,2 mill. tonn kjemikalieblanda avgang årlig.
I februar 1983 hadde Jæren Natur og Ungdom (NU) i lag med Greenpeace markering mot utsleppsløyvet til Titania. Aktivistane ville ha NU til å aksjonere mot Titania, men landsstyret gikk mot forslaget. Det blei aksjon likevel, i namnet til Jæren NU. Aktivistane etablerte leir ved Jøssingfjorden i juni 1983. Planen var å hindre Titania i å førebu utlegging av utsleppsleidninga. I samarbeid mellom aktivistar med gummibåt og lokale fiskarar blei det gjennomført ein symbolsk blokade, der over førti båtar deltok. Seinare kom Greenpeace-båten «Aquarius», som blei forvist frå norsk farvatn av politiet. Dette førte til at saka blei godt kjent i media. 25.08.1983 okkuperte aksjonistar rørleidningsdelane som lå bunta saman inne i fjorden. Natur og Ungdom blei meldt for å ha stansa arbeidet ulovlig, samtidig som NU meldte Titania A/S for å ha lagt ut rørleidninga utan løyve.
Titania sin miljøkonsulent, AS Miljøplan, hevda at minimale mengder slam ville spreie seg, og SFT og Miljøverndepartementet bygde på det. Havforskningsinstituttet hevda derimot at spreiinga ville bli større. Utsleppa på Dyngadjupet starta i mars 1984, og allereie same våren registrerte lokale fiskarar at slammet spreidde seg langt utover sjølve Dyngadjupet.Sommaren 1984 samla miljøvernarar seg igjen ved Jøssingfjorden. Aktivistar frå Greenpeace og Natur og Ungdom lenka seg fast i lasteanlegget til Titania for å stanse utskipinga av malm. Aktivistane blei arresterte og bøtelagde. Da SFT blei konfrontert med at utsleppet spreidde seg ut over det tillate området, nekta dei å tru på dette og viste til at Miljøplan ikkje hadde funne bevis på at gruveslammet spreidde seg. Havforskningsinstituttet gjorde ei undersøking som slo fast: «Et halvt år etter at det nye utslippet til Dyngadjupet startet er det registrert økte konsentrasjoner av gruveavfall i randområdene omkring deponiet.» Kontrasten til rapportane frå Miljøplan var stor.
Aktivistar frå Natur og Ungdom hengde så opp eit banner på Miljøverndepartementet med «Stopp Titania-utslippet». Miljøverndepartementet kunngjorde at ein skulle gjennomgå Titania-saka på nytt. NU avslørte at Miljøplan i rapporten sin hadde underslått observasjonar av svart slam langt utover deponiområdet, og aksjonerte for å stoppe Miljøplan sine undersøkingar. Så kom svaret som er sitert først i dette kapitlet. Miljøvernminister Rakel Surlien (Sp) sa seg samd i innstillinga, men så blei det regjeringsskifte. Dermed stoppa saka opp i regjeringa, men aksjonane heldt fram. I 1987 okkuperte aksjonistar frå Bellona og Natur og Ungdom kontoret til miljøvernminister Sissel Rønbeck (A). Året etter blokkerte Bellona lasteanlegget til Titania ved å lenke seg fast, men blei jaga av eit borgarvern der nokre få arbeidarar frå Titania deltok saman med tilreisande menn kjent frå Folkeaksjonen mot innvandring. Nokre veker seinare skulle miljøvernminister Kristin Hille Valla (Sp) møte både Tutania, fiskarane, kommunen og Bellona i kommunehuset i Sokndal. No dukka det opp eit nytt borgarvern, som truga representantane for Bellona med bank. Etter dette la miljøvernministeren fram forslag om landdeponi, noko som blei stadfesta i statsråd 09.02.1990. Det tok fire år før landdeponiet sto ferdig og sjødeponeringa tok slutt.
I perioden 1984–94 blei det dumpa på Dyngadjupet. Her var bassengdjupet 170 m og utsleppsdjupet 113 m. I løpet av ti år med deponering blei bassengdjupet redusert til 140 m.
Frå 1994 har all avgangen gått til eit stort landdeponi. Ein har no fylt ein heil dal med avgangsmasse. Investeringane for deponiet var heile 110 mill. kr. og også drifta av dette kostar langt meir enn løysinga med sjødeponi. Sjølv om dette blei sett som eit betre alternativ, har det ikkje vore uproblematisk. Eit problem er utlekking, særlig av nikkel, som sig gjennom damfoten. Det er laga fleire fellingsbasseng, men noko nikkel sig vidare til eit vatn, og noko hamnar til slutt i sjøen. Dei første åra var det eit problem med sandflukt frå deponiet, men dette har blitt mindre etter at ein starta på spreie vatn på massane. Titania innrømmer at eit tett deponi med vasspegel ville vore betre, for da ville ikkje partiklane få kontakt til luft og utlekkinga ville bli mindre. Dette ville ha vore dyrare å bygge, og Titania slapp unna med det billigaste alternativet for landdeponi.
Etter at deponiet blei bygd har det vore lite offentlig debatt om dette. I jubileumsboka Titania i 100 blir situasjonen anno 2002 skildra slik: «Fra en deponiløsning som var omstridt og høyt profilert i media har bedriften nå en deponiløsning som svært mange synes å ville forbigå i stillhet.» Miljørørsla vann kampen om deponiløysinga, men mange har stilt spørsmålet om det landdeponiet som blei bygd blei så mye betre. Fleire forskarar har hevda at skadane ved landdeponiet er større enn det ville ha vore ved fortsatt sjødeponi. Det kan vere vanskelig å måle, fordi dei to deponitypene skadar naturen på forskjellig vis.
Til no er det bygd to demningar for å halde på massane i landdeponiet, men ettersom deponiet veks opp mot konsesjonsgrensa på 300 meter over havet, vil det bli nødvendig med fire demningar til, og desse er tildels påbegynt. Om få år vil det vere fylt opp, og da må dei anten søke konsesjon for å bygge enno høgare, med fleire og høgare demningar, få fylle i sjøen igjen eller finne ei løysing med bruk av avgangsmassen og/eller tilbakefylling i gruva.
Under striden på 1980-talet heldt SFT heile tida fast ved at deponering på Dyngadjupet var forsvarlig, og at utsleppet ikkje spreidde seg. I den samanhengen kan det vere interessant å sjå kva etterfølgjaren Klif skreiv i 2010: «Hovedårsaken til at utslippet av avgang på 113 m dyp i Dyngadjupet spredte seg oppover i vannmassen var at man på den tiden ikke blandet sjøvann inn i avgangsledningen og heller ikke hadde noe lufting av avgangsledningen. Dermed var de viktigste forutsetningene for en vellykket sjødeponering ikke til stede. Ferskvann med små partikler, og sannsynligvis også luftbobler, beveget seg oppover i vannmassen på grunn av lav tetthet og spredningen av finstoff var et faktum. Dessuten var faststoffprosenten i avgangsutslippet bare 20–25 % og det er lavt sammenlignet med mange andre tilsvarende utslipp i utlandet (40–45 % fast stoff).» Når ein snart kan forvente ein ny sjødeponisøknad frå Titania, virkar det som det gjeld å vise at denne gongen skal alt gå så mye betre. Da kan ein koste på seg å indirekte innrømme at kritikarane hadde rett og SFT hadde feil for vel 30 år sidan.
Dersom ein skal ta ut dei kjente ressursane i dagens tempo og med dagens driftsmetodar, vil ein i løpet av bortimot 100 år ta ut godt over ein milliard tonn berg. Av dette vil 3/4 vere gråberg, og 2–300 mill. tonn finmala avgang. Må det bli slik? Finst det ikkje alternativ?
Frå starten i 1960 har gruva på Tellnes vore drive som eitt gigantisk dagbrot. Jo djupare ein kjem, jo meir gråberg må det takast ut for å komme til malmen. Likevel blir eventuell overgang til underjordsdrift skove inn i framtida, så lenge dagens driftsmåte gir størst profitt, og så lenge styresmaktene verken gir påbod om legge om eller økonomiske insentiv til å gjøre det. Om ein no hadde starta omlegging til underjordsdrift, burde det bli mogleg å fylle avgangsmasse tilbake i delar av dagbrotet og i underjordsgruva etter kvart. Med tilbakefylling under bryting skal det vere mogleg å ta ut like mye malm, men med langt mindre gråberg.
Trass i at dette gråberget er stein av god kvalitet for bruk til pukk og grus, blir det ikkje omsett, men dumpa ved gruva. Samtidig blir det fleire stadar i kommunen drive brot på stein av same kvaliteten. Det er mogleg det lønner seg slik for eigarane, men særlig god ressursøkonomi er det ikkje.
Det har vore lansert fleire idear om bruk av avgangsmassen, anten som han er eller gjennom separering av dei minerala som han består av. Blant alternativa er eksport til bygging av dike i Nederland. I utgangspunktet skal det som kjem frå berget vere reint nok til dette formålet, men spørsmålet er verknaden av oljer og syrer som er tilsett i oppreiinga. Det vil derfor trulig vere nødvendig med ein reinskeprosess. Eit anna forslag har vore å lage byggemateriale av avgangsmassen. Sintef har gjort forsøk med bruk av denne i brenning til keramiske byggemateriale. Her er det trulig og nødvendig med reinsking før ein kan få eit haldbart produkt. Mye kan derfor tyde på at alternativa finst, dersom bedrifta ønsker å prioritere det, blir pålagt å gjøre det, eller lokka til det ved økonomiske insentiv. Dessverre er det lite som tyder verken på at bedrifta gjør det eller på at staten vil bidra til dette.
Ilmenittkonsentratet frå Titania blir dels eksportert, dels vidareforedla ved to anlegg i Noreg.
Kronos Titan i Fredrikstad har sidan 1916 produsert titanoksidpulver av forskjellige kvalitetar til bruk i kjemisk industri. I tillegg produserer ein jernsulfat som blir brukt til flotasjonsmiddel for vassreinsking. Frå produksjonen blir det mye avfall, og fleire gongar gjennom tidene har det vore strid om deponering. I 1980 aksjonerte Greenpeace mot at Kronos Titan dumpa giftig avfall i Nordsjøen. I 1991 aksjonerte Bellona mot Kronos Titan og avdekka fleire hundre fat med ulovlig lagra avfall. I produksjonen brukar dei store mengder svovelsyre, og uttynna svovelsyre gikk tidligare rett ut i Glomma og vidare til sjøen. Kronos Titan deponerer no avfall i det gamle kalksteinsbrotet på Langøya ved Holmestrand. I 2005 slo Bellona igjen alarm, da Kronos Titan hadde kraftig auke i utsleppet av kvikksølv.
I Tyssedal blei det i 1986 starta opp eit ilmenittverk, som gjør ilmenitten frå Titania om til rutil og jern. Rutilen blir sendt vidare til foredling hos Kronos Titan. Dette verket blei reist av staten som ei erstatning for eit nedkjørt aluminiumsverk. Verket gikk svært dårlig i starten. Etter bare to år blei det overlate til Tinfos Jernverk, som etter kvart fikk meir skikk på drifta. I 2008 blei det seld vidare til det franske selskapet Eramet, som igjen selde halvparten til det australske Mineral Deposits Limited. I lag oppretta da desse selskapet Tizir Titanium & Iron. I 2013 lanserte dei planar om stor utviding og omlegging av produksjonen, bl.a. å drive prosessen med gass i staden for kol. I tillegg til ilmenitten frå Titania vil dei byrje å importere råstoff frå Senegal, der dei startar ei gigantisk gruve. Verket har og vore ein stor produsent av CO2-utslepp, med dei nye planane vil utsleppa bli redusert kraftig.
Både aluminiumsverket og andre fabrikkar i Tyssedal/Odda har gjennom tidene sloppe ut masse avfall i Sørfjorden, som har blitt svært forureina. Også ilmenittverket har fortsatt dette. Det har vore målt høge konsentrasjonar av fleire metall og giftige stoff og utsleppa har både kome direkte frå fabrikkane, som avrenning frå avgangsmassar og nedgrave gift på land.
I Naustdal kommune, på nordsida av Førdefjorden, ligg det 300 meter høge Engebøfjellet. Men så høgt skal ikkje fjellet få vere lenge, når regjeringa no har innvilga søknaden frå selskapet Nordic Mining om å få drive gruvedrift for å ta ut nokre få prosent av fjellet og dumpe resten i fjorden.
Til toppen av fjellet er det laga ein smal anleggsveg som ein del av ei kollsigla pukkverksverksemd. Vegen opp snor seg rundt nordsida av fjellet og følgjer Engebødalen oppover. Oppover dalen beitar kyrne og øvst i dalen oppmed fjellet ligg ei gamal seter med løe. Om gruva kjem, vil Engebødalen bli landdeponi for grovsteinsavfall frå gruva, dalen vil fyllast igjen. Øvst i dalen, litt over der setra no ligg, planlegg Nordic Mining storstilte fabrikk- og forsyningsanlegg som skal knytast til gruva.
Frå toppen av Engebøfjellet er utsikta over Førdefjorden prima, ein har utsyn til nabokommunen Askvoll og ut gjennom fjorden til øyane like utafor i Flora kommune. I bassenget nedafor Engebøfjellet er det planlagt sjødeponi om gruva startar opp.
Uttaket er tenkt starta på toppen av Engebøfjellet, der ein vil drive i dagbrot det første 15 åra, for deretter å gå over til underjordsdrift. Det er kanskje den mest lønsame driftsmetoden med tanke på rask inntening til investorane, men det kunne gitt langt mindre skadar på naturen om ein hadde starta som underjordsgruve, f.eks. ved å gå inn like over havnivået og oppover innafor fjellet.
Ideen om rutilgruvedrift i Naustdal kommune er ikkje ny. I 1973 tok ein geolog frå Elkem prøver i Naustdal og fann eklogitt som inneheldt rutil. Vidare utover 1970- og 80-talet blei det gjort undersøkingar av NGU, Elkem og fleire andre selskap. Tidlig på 1990-talet kom DuPont/Conoco inn og starta eit større leiteprogram i lag med NGU. Med på dette var også det lokale selskapet AS Fjord Blokk, som dreiv steinbrot på eklogitt, investerte over evne og gikk dundrande konkurs, etter dramatiske oppgjør der ein vel trygt kan seie at ikkje alt gikk heilt rett for seg. Etter at DuPont og Conoco skilde lag i 1999 var det Conoco som hadde leiterettane og tok desse med seg da dei fusjonerte til ConocoPhillips i 2002.
I ein NGU-rapport frå 2001 blir det fortalt: «Conoco gjorde i 1999–2000 gjennom det canadisk/engelske selskapet CIBM World Markets en betydelig innsats for å markedsføre Engebøfjellet mot den internasjonale gruveindustrien, men uten at dette førte fram. Hovedgrunnene til at dette strandet var for det første stor usikkerhet relatert til hvorvidt norske myndigheter ville gi tillatelse til deponering av gruveavgang i Førdefjorden og om det vil tillates storskala gruvedrift på Engebøfjellet. En annen grunn var at rutil fra Engebøfjellet er mer finkornet enn ønskelig ut fra dagens markedskrav.»
I 2007 selde ConocoPhillips rettane til det da ganske nystarta selskapet Nordic Mining, som året før var blitt skild ut av oljeselskapet Rocksource, igjen avleggar av Ecuanor, eit selskap starta for å drive gullutvinning i Ecuador.
Nordic Mining har 280 mill. aksjar, og prisen på desse har i løpet av 2013 og 2014 variert mellom kr. 0,30 og 1,50. Aksjane er spreidde mellom ei rekke bankar, investeringsfond og privatpersonar, dei fleste med tilhald i nordiske land. I november 2014 opplyste Nordic Mining at 85 % av aksjane da var på norske hender. Kven som er dei største eigarane har variert, i april 2015 skal det vere Nordnet Bank, Skagen Vekst og Mp Pensjon.
Nordic Mining har oppretta ei rekke dotterselskap. Med tanke på å ta ut rutilen i Engebøfjellet har dei Nordic Rutile AS. Eit anna dotterselskap er Nordic Quartz AS, som har rett til ein førekomst med høgrein kvarts i Kvinnherad i Hordaland. I grenseområda mellom Loppa i Finnmark og Kvænangen i Troms har Nordic Mining leiterettar og skal ha funne nikkel, koppar, kobolt, platina, palladium og gull. Her heiter dotterselskapet Øksfjord Peninsula. Her har ein store planar. På nettstaden for aksjonærar blir det servert planar om utvinning av opp til 25 mill. tonn for året, og allereie før det er laga planprogram for utvinninga har ein annonsert kva aksjeutbytte det skal bli!
Nordic Mining har og engasjert seg i leiting etter mineral på havbotnen i Norskehavet, gjennom firmaet Nordic Ocean Resources, som dei eig 85 % av. Her samarbeidar dei bl.a. med Statoil og NTNU. I tillegg er Nordic Mining deleigar i Keliber Oy, som skal starte litiumutvinning i Finland.
Ingen av dei nemnde prosjekta til Nordic Mining har kome i gang. Den einaste staden dei har hatt noko utvinning, er i Gudvangen i Sogn og Fjordane. I 2007 kjøpte Nordic Mining aksjemajoriteten i Gudvangen Stein, for så å selje igjen i 2013, med eit tap på fleire millionar kr. Gudvangen Stein har tatt ut anortositt, som har blitt brukt til mineralull og til strøsingel. Anortositt inneheld mye aluminium, og det har lenge vore spekulert og forska på om dette kan brukast i aluminiumproduksjon. Så langt har ein ikkje klart å utvikle ein produksjonsmetode som kan konkurrere med vanlig aluminiumsutvinning frå bauxitt.
Nordic Mining er altså eit selskap som spreier interessene sine over heile landet og også til Finland. Ved stiftinga hadde Nordic Mining store ambisjonar, og forsøkte kort tid etter å kjøpe opp Rana Gruber, men utan å lukkast med det.
Gruva i Engebøfjellet vil kunne bli eit svært lønsamt prosjekt for aksjonærane. Nærings- og fiskeridepartementet skildrar det slik i 2014: «Foreløpige investeringer er anslått til 2 mrd. kroner, årlige inntekter og driftskostnader henholdsvis 800 mill, kroner og 400 mill. kroner. Driftsperioden er anslått til 50 år.» Eit enkelt reknestykke gir da forventa overskot på 18 milliardar på driftsperioden. Sjølv om slike prognoser sjeldan slår til, og dei forventa prisane allereie har gått ned, er det klart at det her står om store pengar, og at eigarar og bedriftsleiing vil gå langt for å få løyve til å sette i gang.
I presentasjonsbrosjyra om Engebø-prosjektet uttaler direktøren: «Vi ser på en utbygging av Engebøfjellet som samfunnsutvikling, som vil tilføre bygdesamfunnene langs fjorden viktig livskraft».
Arbeidsplassar i eit næringsfattig distrikt er eit av hovudargumenta for etablering av gruva. Men kor mange arbeidsplassar denne vil gi er det ganske motstridande påstandar om. I ei utgreiing frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2007 blir det sagt at ein må rekne med mellom 100 og 150 arbeidsplassar. Nordic Mining seier derimot at ei gruve på Engebøfjellet vil skape 170 arbeidsplassar direkte og at gruva vil avleie ytterligare 300 arbeidsplassar i området og 500 på landsbasis. Dei 170 arbeidsplassane skal bringe kraftig auka skatteinntekter til Naustdal kommune. Ein rapport Sunnfjord Næringsutvikling, der Naustdal kommune er med, har bestilt frå Sintef seier at dei 300 avleia arbeidsplassane vil tyde 530–570 millionar kroner årleg i auka verdiskaping i området. Dette er da vel og merke brutto auke, det er ikkje trekt frå for tapet i verdiskaping hos dei næringane som vil måtte vike. Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, er liketil sitert i media på at den totale effekten av gruva vil vere opptil 1000 nye arbeidsplassar. Det er i dag lita arbeidsløyse både i Naustdal kommune og elles i Sogn og Fjordane. I Naustdal kommune er det fleire som pendlar til andre kommunar enn som har arbeid i kommunen dei bur i, men mange bur ikkje meir enn eit kvarters kjøring frå fylkessenteret Førde.
Dei forventa arbeidsplassane lyder som musikk for kommuneøkonomien i Naustdal, som i 2006 hamna på den såkalla Robek-lista1. Sjølv kom kommunen «friskmeldte» seg i 2009, er framleis økonomien trong. For kommunen representerer befolkningsvekst auka overføringar frå staten og dei vonar at ei gruveetablering skal bidra til dette.
Det er ikkje bare lokale kommunepolitikarar som jublar for planen. I Sogn og Fjordane har han fått støtte av fylkesutvalet, regiondirektøren for NHO og ein fylkeskonferanse for LO.
Imidlertid er det ikkje alle som er like sikre. Skeptikarane fryktar at gruva i liten grad vil føre til at familiar etablerer seg i området, men at det vil vere snakk om brakkeriggarbeidarar som skapar liten lokal vekst, all den tid mange vil vere etablerte med familie andre stadar. Dei er redde for at all verdiskapinga frå gruveverksemda vil forsvinne ut av kommunen og regionen, og at lokalsamfunnet bare vil sitte att med miljøkonsekvensane av gruva. Dei peikar og på at det i tala på arbeidsplassar ikkje er trekt frå dei arbeidsplassane som kan forsvinne på grunn av verknadar av gruva og deponiet.
Like vest for Engebøfjellet ligg bygda Vevring, som vil få gruveaktivitet bare eit par hundre meter frå busettinga. Her er det mange som fryktar konsekvensane gruvedrift på Engebøfjellet vil ha for folk som bur i bygda, og kanskje spesielt konsekvensane for barna som går på skole her. Blant dei mest prekære bekymringane er støy- og støvplager. Den planlagde drifta er meint å gå føre seg 24 timar i døgnet, kvar dag, heile året. Altså vil støyen frå gruvedrifta vere konstant. I følgje ein støyvurderingsrapport gjort av Kilde Akustikk AS vil støyen frå gruva vere marginalt innanfor dei tilrådde grenseverdiane. Mellom klokka 2300 og 0700 må drifta avgrensast for å ikkje bryte den nattlege maksgrensa for støy. Sjølv om rapporten konkluderer med «en liten, negativ konsekvens» for dei fastbuande, meiner mange lokalt at eit opent dagbrot så nærme vil skape ein mykje større negativ konsekvens enn rapporten påstår. Spesielt gruveselskapet sine planar om at toppen på Engebøfjellet skal piggast vekk, gjør at mange er skeptiske til støyvurderinga.
Ein rapport frå Norsk Institutt for Luftforskning (NILU) tinga av Nordic Mining konkluderer med at konsekvensane for luftkvaliteten vil vere små. Den samanliknar mellom anna den forventa støvforureininga frå Engebøfjellgruva med svevestøvmålingar gjort ved støvforureiningsepisodar i dei største byane i Noreg, og viser til at den gjennomsnittlege forureininga frå gruvedrifta er fem gongar mindre enn dette. Også her er mange av dei fastbuande skeptiske til om rapporten held mål. Ei av innvendingane mot rapporten er at han baserer seg på vindmålingar gjort i Førde inst i fjorden, der vindforholda er svært annleis enn i ytre del av fjorden, kor Engebøfjellet ligg. Dette gjer det vanskeleg å feste lit til at rapporten kan seie noko definitivt om den potensielle støvforureininga i lokalmiljøet rundt gruva.
Ei av dei største innvendingane mot Engebøfjellprosjektet er det planlagde sjødeponiet. Finpartikla overskotsmasse frå gruva skal frå starten pumpast ut i fjorden i ei mengde av 4 millionar tonn masse i året, dette skal etter kvart aukast til 6 millionar tonn. Av dette reknar ein med at omlag ein tidel vil vere svært finkorna (under 15 µm) og lett spreie seg med straumane ut av deponeringsområdet.
I løpet av ei forventa driftstid på 50 år vil havbotnen her kunne bli heva med omlag 200 meter, frå 300–350 meters djup til omlag 100 m. Det er foreslått regulert 4,4 km2 av havbotnen til deponiområde, og det er omdiskutert kor mye det finmala avgangen vil spreie seg ut over det. Til saman vil det gå omlag 300 millionar tonn avfallsmasse ut i Førdefjorden. Sannsynleg vil dette talet vekse ettersom førekomsten er anslått til å vere større, i tillegg til at der er fleire kjende førekomstar innanfor rekkevidde av deponiet. I fjellet Steinkrossen rett over Naustdal sentrum er det ein førekomst som Nordic Mining også har rettar til, og som NGU har stipulert å vere av same storleik som den i Engebøfjellet. I fleire høyringsuttalar har det blitt kravd at samla miljøkonsekvensar av begge førekomstane må reknast inn i saka, utan at verken kommunen eller selskapet har tatt omsyn til det.
Nordic Mining skal nytte ei rekke kjemikaliar og har søkt om kvart år å få sleppe ut 1200 tonn svovelsyre, 1000 tonn natriumsilikat, 1000 tonn fosforsyreesterar, 300 tonn karbinsyre og 15 tonn akrylamid. Akrylamid er her eit flokkuleringsmiddel, som skal få den finmala avgangen til å klumpe seg saman og legge seg i ro på havbotnen. Det vil trulig bli brukt i form av Magnafloc 155. Her er det sannsynlig at mengda vil bli langt større. Da NIVA i 2014 gjorde forsøk med å få til flokkulering, måtte dei bruke seks gongar så høge dosar som det som var oppgitt i konsekvensutgreiinga. Ved Sydvaranger Gruve brukte ein først dette flokkuleringsmidlet, men for å få prosessen til å fungere, gikk ein seinare over til eit flokkuleringsmiddel med større skadeverknadar. Ein kan ikkje sjå bort frå at noko tilsvarande vil skje i Førdefjorden.
I tillegg til kjemikalia er det stilt spørsmål ved innhaldet av tungmetall i avgangen. I malmen er det eit innhald av koppar som, dersom dette blir med i avgangen, vil gjøre at denne vil komme i Miljødirektoratet sin klasse «dårlig», eller «akutt toksiske effektar ved korttidseksponering».
Utgreiingane som gruveselskapet har fått gjort rundt sjødeponiet i Førdefjorden konkluderer imidlertid med at deponiet har liten miljømessig konsekvens, fordi giftstoffa vil bli kapsla inn og derfor ikkje skape forureining i fjorden. Dette seier også Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (A) i eit intervju at har vore avgjørande for standpunktet hans i gruvesaka. Han vel i staden å fokusera på at titan, som blir produsert av rutil, er eit materiale som skapar positiv miljømessig effekt, både nasjonalt og internasjonalt fordi det er eit lett og sterkt metall som mellom anna kan nyttast i flyindustrien for å bygge lettare fly, og dermed minka utsleppa. Derfor er det i ein global samanhang eit miljøval å starte gruve på Engebøfjellet, for å kunne forsyne den internasjonale marknaden med meir titan, meiner han.
Når det gjeld sjølve deponistaden, blir han av talsmenn for gruva trekt fram som optimal. Fjorden utanfor Engebø er djup og forma som eit basseng med terskel både inn og ut fjorden. Avfallsmassen er tung og vil søkke raskt til botnen, blir det sagt. Utgreiinga som NIVA har gjort for Nordic Mining hevdar at utsleppet ikkje vil ha øydeleggande konsekvens for dyre- og plantelivet i fjorden, med unnatak av det som lever på fjordbotnen nær utsleppsstaden.
To sentrale lakseelver munnar ut i fjorden, Jølstra og Nausta, som er største lakseelva i Sogn og Fjordane. I tillegg finst det mindre Redalsvassdraget. I 2007 blei Førdefjorden frå Ålesundet vedtatt som nasjonal laksefjord, slik at midtre og indre delar av fjorden er verna mot oppdrettsanlegg. Deponiområdet ligg altså ved munningen av laksefjordgrensa. Ordførar Myrvang seier at han ikkje bekymrar seg for villaksstamma. Grunnen til dette er at laksen symjar opp mot overflata og at deponiet, kor massen blir sloppe ut nede mot botnen av fjorden, ikkje vil ha negativ verknad så høgt opp. Dette synet stør Myrvang på ein rapport frå NIVA som seier at bland anna sprenging oppe i gruva vil kunne ha større konsekvens for villaksen enn sjødeponiet.
Her er ikkje alle samde. Mellom anna har rapportane frå NIVA blitt kritisert frå forskarhald for å undervurdere kor farlege partiklane frå gruvedeponiet kan vere for livet i dei frie vassmassane i fjorden. Agnar Kvellestad, spesialist på akvamedisin ved NMBU, er ein av dei som har gått hardast ut mot NIVA sin rapport. Han peiker mellom anna på at rapporten viser til forsking med parikkelpåverknad som er gjennomførd i laboratorium av kinesiske forskarar, der 30 % av fisken som blei utsette for partiklane døde. I forsøket valde ein å ikkje undersøke den døde fisken, bare dei fiskane som overlevde, og forsøket konkluderte derfor med at partiklane hadde liten skadeleg effekt på fisken som overlevde. Han kritiserer også NIVA for å feilsitere det vitskapelige kjeldematerialet. I NIVA sin rapport står det at dei påførte skadane skjedde ved ein partikkelkonsentrasjon på 50 mg/l, men det riktige talet er 30–35 mg/l. Anna forsking viser at ved ein partikkelkonsentrasjon på bare 8–18 mg/l døyr 5 prosent av dei undersøkte artane. Dersom det blant desse er nøkkelartar, kan konsekvensane for økosystemet bli store. Kvellestad har vist at internasjonal forsking brukar eit partikkelinnhald på < 5mg/l eller < 3 mg/l som grense for når det kan bli alvorlege negative følgjer for livet i sjøen. Dette dreier seg ikkje minst om negativ påverknad på egg og larvar, der partiklane festar seg på egg og larvar slik at dei søkk til botn. I motsetning til dette har DNV og NIVA skrive at 50 mg/l er ei akseptabel grense når det gjeld Førdefjorden, og Miljødirektoratet har ikkje reagert mot dette.
Ein høyringsuttale frå Havforskningsinstituttet kritiserte i 2010 at utgreiingane som var gjort fram til da oversåg spreiing av finfraksjon i fjorden og at straummålingane som har vore utførde er mangelfulle. Havforskningsinstituttet seier her mellom anna at «prosjektet ikke er forsvarlig utredet og at søknaden om utslipp er sendt på sviktende grunnlag.»
Motstandarane av gruveplanane har lagt særlig vekt på verknadane for sjømatnæringa. I Førdefjorden ligg det fem oppdrettsanlegg innafor ni km fra utsleppspunktet. Vidare utover til vestsida av Svanøya ligg det enno fem anlegg. I heile området frå Engjabøen til Svanøy og innover fjorden mot Naustdal blir det drive rekefiske. Dessutan blir det fiska makrell og brisling i nærområdet til utsleppspunktet. I det planlagte deponiområdet bli det fiska etter brosme, lange, sei og lysing. To km frå utslippet fiskar dei torsk, mens det er breiflabb og kveitefelt innover i fjorden mot Naustdal. Utover i fjorden blir det drive fiske etter brosme, lange, torsk, sei, hyse, lysing og kreps. Frå utløpet av fjorden til Svanøya er det felt med fiske av breiflabb, torsk og sei. Fiskerinæringa og oppdrettsnæringa gir til saman mange arbeidsplassar, som kan gå tapt om det blir gruve med sjødumping. Kor mange arbeidsplassar som da går tapt, er vanskelig å måle, det kjem både an på kor mye avgangen spreier seg og kor store verknadane blir av at fisk som er fanga eller oppdretta i området får eit dårlig omdømme.
Mange verksemder knytt til fjorden ser mørkt på ei gruveetablering. Fiskeri- og oppdrettsnæringa, maritime leverandørar, villaksinteressene og reiselivsnæringa har samla seg om eit større opprop mot deponi i Førdefjorden. Representantar for 60 lokale bedrifter og organisasjonar knytta til sjømatnæringa har underteikna oppropet. Desse verksemdene representerer samla sett både langt fleire arbeidsplassar og større økonomisk verdiskaping enn prognosane seier gruvedrifta vil gi. Dei er redde sjødeponiet skal skape eit omdømmeproblem for oppdretts- og reiselivsnæringa, og dei spør kva det vil gjøre med omdømmet til laksen som blir produsert her og attraksjonane som skal lokke turistar hit, om fjorden blir mest kjend som dumpingplass for gruveavfall og miljøgifter. Frå turistnæringa har særlig reiselivsseksjonen i næringslivsorganisasjonen Virke engasjert seg mot sjødeponi, som dei ser som eit trugsmål mot turismen til vestlandsfjordane. NHO Reiseliv har og bede regjeringa avvise sjødeponi.
Naustdalordførar Håkon Myrvang seier på si side at påstandane frå sjømatnæringane er overdramatiserte. Han hevdar at fjordfisket har svært avgrensa kommersiell verdi, så det kan nesten sjåast bort frå i denne samanhengen. Når det gjeld oppdrettsnæringa, så skjer denne oppunder vassflata, og difor vil ho ikkje i det heile tatt bli berørt av deponiet, sidan gruveavfallet søkk til botnen. Han seier seg derimot bekymra over omdømmeproblemet som gruvedrifta og sjødeponiet kan skape, men meiner også at her må oppdretts- og reiselivsnæringa sjølve ta ansvar for omdømet sitt. Dei må jobba med sin eigen retorikk, slik at dei ikkje sjølve bidrar til å skade sitt eige omdøme, noko dei gjør ved å gå ut offentleg med opprop som skaper negativ merksemd rundt sjødeponiet.
Gruveplanane har møtt motstand frå mange kantar, og dette har blitt ei stor sak for miljørørsla, særlig Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. Lokalt har motstandarane organisert seg i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe. Gruppa har lagt stor vekt på å vise kva som kan gå tapt ved den planlagte gruvedrifta, bl.a. ved å arrangere «Fjordfiskarens festbord», med servering av sjømat frå Førdefjorden. Denne ideen tok dei i mars 2014 med seg til Oslo da motstandarar av sjødumping demonstrerte foran Stortinget. Miljøgruppa har og arbeidd internasjonalt for å få merksemd rundt dumpinga i norske fjordar, og blant anna sendt representantar til Brussel og fått oppslag i forskjellige utanlandske media. Heilt til India og Japan har det vore mediaoppslag om gruveplanen og motstanden mot denne. Eit høgdepunkt i motstanden var fakkeltog i Førde 05.02.2015, med 600-700 deltakarar og appellantar som var medlemmar av dei aller fleste politiske partia.
Blant motstandarane av Nordic Mining sine planar, har kommunestyrerepresentant i Naustdal, Ole Erik Thingnes (SV) vore bland dei mest markante. Han viser mellom anna til at utgreiingane som har vorte laga i stor grad baserer seg på laboratorieforsøk, som ein ikkje kan vite om er direkte overførbare til realitetane i Førdefjorden. Derfor blir sjødeponiet i Førdefjorden å rekne som eit eksperiment, kor ein i for stor grad gamblar med ressursane i fjorden.
Motstanden har ikkje bare vore lokal og etter kvart nasjonal, men og spreidd seg til utlandet. Kampen for Førdefjorden er med i boka Keepers, som Friends of the Earth lanserte i Brussel i november 2014, med historier frå 22 europeiske land om arbeidet for å ivareta artsmangfald. 23.01.2015 leverte Greenpeace, Natur og Ungdom og Naturvernforbundet eit internasjonalt opprop til miljøministeren. Oppropet mot dumping i Førdefjorden var underskrive av 33 organisasjonar, blant dei store internasjonale nettverk som Friends of the Earth og European Anglers Association.
Kampen om gruva på Engebøfjellet er også ein verdikamp. Mange meiner at gruvedrift ikkje er vegen å gå i framtida og at gruvedrift vil kaste ein skugge over andre verksemder i nærleiken til gruva. Før planane om Engebøfjellgruva skaut fart, var bygda Vevring mest kjend for to ting: kunst og spektakulært fjordlandskap. Sidan 1979 har Vevringutstillinga årleg vore heldt her, ei av dei viktigaste utstillingane for samtidskunst i Noreg. I løpet av 35 år har omlag 50 000 gjesta utstillinga og Vevring har opparbeida seg sin eigen skulpturpark, med skulpturar spreidd rundt på forskjellege stader i bygda. Gjennom åra har Vevringutstillinga også hatt eige musikkprogram. I 2014 kom eit trettitals internasjonalt anerkjente kunstnarar og musikarar til Vevring for å stille ut og opptre. Ei gruve med drift 24 timar i døgnet like ved vil vere med på å skape eit omdømmeproblem for Vevringutstillinga, meiner kritikarane, og kan sette heile kunstprosjektet i fare. På 30-årsjubileet med 150 kunstnarar skreiv alle dei deltakande kunstnarane på utstillinga under på opprop mot gruveplanane, og det har også vore laga eigne kunstverk mot gruva.
I konsekvensutgreiinga for Nordic Mining blir det innrømt at «tiltaket vil ha en middels til stor negativ konsekvens på Vevring som kunst- og kultursenter.» Men likevel meiner utgreiarane at gruva vil vere positiv for kulturlivet: «Tilstedeværelsen av en større næringslivsaktør i lokalsamfunnet sammen med muligheten for noe økt bosetting i Vevring som en følge av tiltaket representerer en ressurs som kulturlivet også vil kunne dra nytte av. Erfaringer fra liknende småsteder med tilsvarende virksomhet viser at bedriften vil kunne gi et tilskudd, enten dette skjer over bedriftens budsjetter eller ved utlån av infrastruktur. Hvis man kan få til et slikt samarbeid vil det kunne gi en stor positiv konsekvens for kulturlivet lokalt.» [3] Dette sitatet treng knapt nokon vidare kommentar.
Det er ikkje bare motstandarane av sjødeponi som har organisert seg. Som motsvar til Vevring og Førdefjorden miljøgruppe, med nettsida Fjordaksjonen.org, har så tilhengarar av gruveplanen oppretta Fjordaksjonen.no. Dei marknadsfører seg under slagordet «Bærekraftig utvikling», noko som blir grunngitt med at sjødeponi skal vere meir bærekraftig enn det landdeponiet som dei hevdar sjødeponimotstandarane vil ha. I starten plagierte dei motstandarane si nettside og logo, men etter kvart har dei klart å lage sin eigen layout. Den sjølvoppnemnde leiaren for denne aksjonen er sjølv aksjonær i Nordic Mining.
I starten gikk behandlinga raskt. Straks Nordic Mining overtok mutingrettane for Engebøfjellet og Steinkrossen i 2007, fikk dei utarbeida planprogram for Engebøfjellet. Dette blei vedtatt av Naustdal og Askvoll kommunar hausten 2007. Forslag til reguleringsplan blei lagt fram i 2009. Denne var utarbeidd av konsulentselskapet Asplan Viak og i tilknyting til denne er det gjort ei konsekvensutgreiing under leiing av NIVA.
Behandlinga av reguleringsplanen i dei berørte kommunane tok derimot tid. Mens kommunestyret i nabokommunen Førde var tidleg ute med eit vedtak der dei frårådde gruvedrift med sjødeponi, gav ein av dei andre nabokommunane, Askvoll, støtte til reguleringsplanen i 2011, med 13 mot 9 røyster.
Også i Naustdal blei saka tatt opp i kommunestyret i 2011. Prosessen opp mot behandlinga i kommunestyret blei i forkant av røystinga kritisert av representantar både frå Raudt, SV, Senterpartiet, KrF og Høgre. Dei meinte prosessen opp mot behandlinga hadde vore for lukka, og at kommunepolitikarane hadde fått lite høve til å påverke og få innblikk i prosessar som er så viktige for kommunen si framtid. Formannskapet og ordførar Myrvang seier på andre sida det var viktig å la administrasjonen jobbe med gruvesaka og ikkje trekke nokre konklusjonar før sentrale utgreiingar var på bordet. Saka resulterte i ein lang debatt i kommunestyret, kor mange representantar meinte saka måtte utsettast til dei kunne få betre oversikt over saka. Forslaget om utsetting fall med 12 mot 9 røyster, og då gruvesaka så kom opp same dagen, var det 17 som røysta for og bare 4 mot.
I etterkant av den kommunale handsaminga av saka, klaga representantar frå fire parti (H, Krf, Raudt og SV) saka inn for lovligkontroll, mellom anna grunna at ordføraren la fram resultatet av «forhandlingar» med tiltakshavar utført kvelden før endeleg handsaming av saka i kommunestyret i Naustdal 11.05.2011. Desse forhandlingane hadde ordføraren ikkje mandat til å gjennomføre, noko som blei bekrefta av fylkesmannen i handsaminga av klaga. Det har og i ettertid blitt hevda at mye av faremomenta ved planen har blitt forteia eller forvrengt i kommuneadministrasjonen sitt framlegg for kommunestyret.
Mange kritikarar meiner at toppolitikarane i Naustdal og fylket for lenge sidan har bestemt seg for at det skal etablerast ei gruve og at dei har pressa dette igjennom systemet på delvis udemokratisk vis. Symptomatisk for den politiske behandlinga av Engebøprosjektet er at Jan Herstad (Sp), som var ordførar i Naustdal da Nordic Mining tok over mutinga og starta gruveoffensiven i kommunen, etter å ha tapt kampen om ordførarklubba i 2007, takka ja til ei konsulentstilling i Nordic Mining. Mange kritiske røyster høyrdes også da næringskomiteen i Stortinget i september 2014 vitja Sogn og Fjordane og fylkeskommunen inviterte Nordic Mining ved direktør Ivar S. Fossum til eit eksklusivt møte med komiteen, medan ingen motrøyster til gruveprosjektet fikk høve til å møte komiteen.
Med bakgrunn i Havforskningsinstituttet sine faglige råd la Fiskeridirektoratet ned motsegn mot reguleringsplanen. Dermed var ikkje kommunestyret si godkjenning av reguleringsplanen endelig. Fylkesmannen forsøkte å mekle, men det ikkje førte fram. Dermed måtte saka behandlast av Miljøverndepartementet, som i mars 2013 valde å ikkje godkjenne reguleringsplanen for Engebøprosjektet fordi dei sakna god nok dokumentasjon på sentrale problemstillingar. Departementet peikte på veikskapar i prosjektet og utgreiingane som var gjort og ba om meir kunnskap om følgjande fem punkt før dei kan vurdere reguleringsplanen på nytt:
Det blei derfor sett i gang slike undersøkingar, og DNV fikk i oppdrag å gjøre straummålingar i fjorden. Det blei sett ut ti straummålarar som skulle måle variasjonane gjennom eit år frå august 2013 til 2014. Resultata av målingane blei, ikkje overraskande, gjenstand for sterkt motstridande tolkingar. Havforskingsinstituttet gav ei sterkt kritisk vurdering av DNV sine rapportar: «Det er et gjennomgående trekk i rapportene at man nedvurderer de biologiske og økologiske forhold. Man undervurderer strømhastighetene i modelleringen og dermed spredningspotensialet for gruveslam, man undervurderer fjordens betydning for fisk, man undervurderer partiklers påvirkning på fisk og bruker for høye grenseverdier for negativ påvirkning, man undervurderer fjordens biologiske mangfold, samtidig som metodikken ofte ikke er egnet til noen konklusjoner i det hele tatt. Spesielt er de fiskebiologiske undersøkelsene og konklusjonene av en lav faglig standard.»
For Nordic Mining er dei faglige åtvaringane frå Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet eit stort problem. Ein har forsøkt alle metodar for å så tvil om desse, og direktør Ivar S. Fossum seier: «– Jeg er ikke en marinbiolog, men basert på de studiene vi har gjort tar marinbiologene feil.» To aksjonærar i Nordic Mining forsøkte å få erklært Havforskningsinstituttet sin saksbehandlar Jan Helge Fosså inhabil, for på den måten å velte grunnlaget for Fiskeridirektoratet si motsegn. Næringsdepartementet sendte spørsmålet til Justisdepartementet som 17.11.2014 slo fast at Fosså ikkje blei inhabil av at han ut frå faglige vurderingar har kunngjort eit klart standpunkt i saka. Desse aksjonærane har også sendt brev til departementet med sverting av Norges Fiskarlag, og departementet har nekta Fiskarlaget innsyn i brevet!
Nordic Mining har tidligare framstilt rutil som hovudproduktet. I utsleppssøknaden står det: «Produktet ut fra oppredningsverket er et rutilkonsentrat med 90–96 % titandioksyd som anvendes til maling, matvarer, papirindustrien, produksjon av titanmetall med mer.» Allereie i 2010 inngikk Nordic Mining ein avtale om sal av rutil til Cristal Global Inc., som dei omtalar som ein verdsleiande produsent av pigment.
På andre sida har Naustdal-ordføraren argumentert med at den planlagte utvinninga er eit miljøtiltak, fordi at ein med å sikre verda tilgang på titan kan gjøre flytrafikken meir miljøvennlig. Regionsjefen i NHO har eit tilsvarande argument: «I tillegg kjem det at titan er eit svært etterspurt produkt på verdsmarknaden, ikkje minst innan medisin.» Nordic Mining har òg fått laga ein reklamefilm, der pasientar som har fått operert inn hjertepumper og kunstige hofter av titan blir kopla til behovet for rutil frå Engebø. (link) Etter filmen sit vi igjen med inntrykket at Engebø-rutilen skal gå til titanmetall og at det er mangel på titanråstoff som gjør at det ikkje blir produsert meir titanmetall. Men stemmer no det?
Etter eit hundreår med utvinning av titanmalm har det enno ikkje blitt produsert metallisk titan her i landet. Selskapet Norsk Titanium blei stifta i 2006 og hadde da planar om titanproduksjon i Noreg,(link) men så langt har dei nøydd seg med å drive utviklingsarbeid for produksjon av forskjellige delar av importert titan. Dei planlegg no å få i gang større produksjon, men denne blir trulig lagt til USA. (link)
I februar 2015 melder Nordic Mining at dei har fått Bilfinger Industrial Services Norway AS til å utføre ein «idéstudie» om eit verk som skal produsere titanmetall. Dette vil etter planen avta ein tredel av rutilen frå Engebø, og gi 330 arbeidsplassar direkte, heile 1000 arbeidsplassar med ringverknadane. Det vil krevje ei investering på omlag 5,9 milliardar kroner. I ei tid da selskapet har store problem med å få oppslutning for planen sin både i opinionen og hos styresmaktene, kan nok dette vere godt eigna som agn, men så langt har ingen sagt seg interessert i å investere i desse milliardane. Og om det vil vere økonomisk lønsamt, det var visst ikkje med i oppdraget.
Men er det ikkje like viktig og bra å produsere titandioksid? Derom er det også delte meiningar. I nokre produkt, som maling, er det nok betre enn tidligare alternativ som sinkkvitt og blykvitt. I andre produkt er det i beste fall unødvendig, i verste fall helseskadelig. I seinare år har det kome fleire åtvaringar mot bruk av titandioksid i kosmetikk og medisin, særlig gjeld det dei minste partiklane, nanopartiklane, som er sterkt mistenkt for å vere kreftframkallande.
Granat er eit svært hardt mineral som kan brukast til mange formål. I rein form er det ein edelstein som kan brukast til utsmykking, men meir vanlig er industriell bruk til slipemiddel, sandblåsing, vassjetskjæring og vassreinsking. Det finst i forskjellige variantar, den som er i Engebøfjellet er ei blanding av almandin, Fe3Al2(SiO4)3 og pyrop Mg3Al2(SiO4)3. Verdsproduksjonen av granat har auka kraftig dei siste åra, og var i 2012 på 1,7 mill. tonn, eller omtrent like mye som granatinnhaldet i den eklogitten som Nordic Mining planlegg å ta ut for året.
Nordic Mining seier i utsleppssøknaden: «Som biprodukt vil det bli produsert et granatkonsentrat som kan anvendes som råstoff for bl.a. vannjetskjæring og for sandblåsing.» Det skulle altså tilseie at ein planlegg å utnytte omlag 34 % av eklogitten. Men her er det noko som ikkje stemmer. I utsleppssøknaden står det nemlig at dei første 15 åra vil det bli deponert 3 mill. tonn avgangsmasse for året, mens granatproduksjonen vil vere på ca. 100 000 tonn. Seinare skal dette auke til 6 mill tonn avgang og 200 000 tonn granatkonsentrat. Med andre ord vil bare vel ein tidel av granaten bli utnytta, mens resten går i avgangen.
Nordic Mining sin plan er altså å ta ut omlag 280 mill. tonn, av dette skal omlag 18 mill. tonn eller utnyttast, eller 6–7 % utnyttast, mens 93–94 % går i fjorden. Må det bli slik? Gruva skal starte som dagbrot på toppen av fjellet, og i dagbrotsperioden vil det bli tatt ut omlag 35 mill. tonn gråberg, som vil bli lagra i eit gigantisk landdeponi. Nordic Mining seier sjølv i utsleppssøknaden: «Dagbruddsdrift er den mest ressursøkonomiske metoden og benyttes derfor så lenge dette lar seg gjøre ut fra ingeniørgeologiske, estetiske og driftsøkonomiske betingelser.» Med andre ord finst det alternativ, dagbrot er vald fordi det er antatt å gi størst økonomisk vinst. Dersom gruva frå starten blei lagt opp som underjordsgruve, ville ein kunne redusere uttaket av gråberg kraftig.
Frå Nordic Mining og tilhengarane av planen deira har det heile tida vore hevda at eit nei til sjødeponi er det same som nei til prosjektet. Det blir framstilt som det einaste alternativet er eit landdeponi som ingen vil ha. Men er det ikkje mogleg å utnytte større del av bergfangsten? Her gir faktisk Nordic Mining sjølv noko av svaret: «Selv om overskuddsmineralene ikke har verdi i utgangspunktet kan de likevel representere en ressurs. Når driften har startet og mineralene er tilgjengelige kan de prøves ut til nye kommersielle anvendelser. Overskuddsmineralene fra Engebø er tunge og miljøvennlige, og er aktuelle som materiale til dikebygging og som tildekking av forurensede sedimenter i norske havner og fjorder. Mineralene kan også benyttes som jordforbedringsmiddel og fyllmasse.» Spørsmålet blir da kvifor ein skal vente med å prøve ut dette til drifta er starta, og ein også har starta med å fylle opp fjorden og gjøre desse ressursane utilgjengelige. No har ein planlagt heile produksjonsprosessen ut frå at det er bare rutilen og litt av granaten som er interessant. Skal ein kunne utnytte større del av minerala, bør ein vel legge opp produksjonen ut frå det, f.eks. er det mye som tyder på at ein tørrprosess kunne ta meir vare på verdfulle mineral enn den våtprosessen som er planlagt. Kjemikalia som er planlagt brukt vil og kunne hindre bruk til f.eks. dike og bygningsmaterialer. Valet kan da stå mellom å reinske ut kjemikalia eller å finne andre metodar for å ta ut rutilen utan bruk av kjemikaliar.
Det finst altså ei rekke alternativ til bruk av minerala som blir tatt ut av fjellet. Og skulle ein ikkje kunne utnytte alt i første omgang, er det mogleg å fylle tilbake ein stor del i gruva. Sjødeponi er ikkje det einaste alternativet – det er bare det billigaste, for bedrifta.
Saksbehandlinga av omstridde reguleringsplanar kan vere temmelig komplisert, da det er mange offentlige institusjonar som skal uttale seg før Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) gjør det endelige vedtaket. I dette tilfellet gjeld det Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Som nemnd under Nussirsaka, klarte regjeringa i løpet av behandlingsprosessen å få lagt to potensielt kritiske institusjonar inn under andre, ved å avskaffe Direktoratet for naturforvaltning og Fiskeridepartementet. Dermed blei eventuelle utsegner frå byråkratiet her endra frå open til intern saksbehandling. Likevel var det fleire sjølvstendige departement og direktorat igjen som skulle uttale seg, og desse uttalane har alltid vore opne. Heilt fram til no.
Miljødirektoratet gjorde 04.11.2014 ei vurdering av dei tilleggsutgreiingane dei hadde bede om, og gav på det grunnlaget støtte til Fiskeridirektoratet si motsegn, i første rekke av omsyn til fiskebestandane i fjorden. Det vil seie at Miljødirektoratet gikk mot at reguleringsplanen skulle bli godkjent, sjølv om ein gjorde dette med forbehold om at dei bare hadde vurdert det miljøfaglige, og at departementet sjølvsagt måtte veie det opp mot samfunnsmessige omsyn. Likevel var det svært uhøvelig for regjeringa at Miljødirektoratet, som ein var vant til bare å få positive uttalar frå, no sa nei. Departementa hadde frist til 21.11.2014 med å uttale seg, men fikk same dagen innvilga utsetting, utan at det blei gitt nokon ny frist. Så blei det lagt lokk på saka. Etter 01.12.2014 er det journalført 24 dokument som gjeld behandling av reguleringsplanen for Engebøfjellet. Av desse er heile 17 unntatt offentligheit. Det gjeld bl.a. uttalane frå Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, samt eit notat frå Nasjonalt Institutt for Ernærings- og Sjømatforskning, som tar opp korleis eit sjødeponi vil påverke kvaliteten på sjømat. Dette førte til protestar frå fleire hald. Naturvernforbundet har klaga hemmelighaldet inn for regjeringa. Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV) stilte spørsmål til fiskeriminister Elisabeth Aspaker, som svarte med å vise til at saka er børssensitiv(!) Regjeringa lar altså omsynet til investorane gå foran retten til informasjon som er slått fast i offentligheitslova og miljøinformasjonslova.
Ikkje nok med det. Sjølv om reguleringsplanen ikkje var vedtatt, ga Klima- og miljødepartementet Miljødirektoratet ordre om å behandle utsleppssøknaden. Direktoratet sendte sitt syn til Klima- og miljødepartementet 13.02.2015, og no blei dette brevet og hemmeligstempla.[5] (link)
17.04.2015 slapp så regjeringa ut meldinga: Kommunal- og moderniseringsdepartementet har godkjent reguleringsplanen, og samtidig har Klima- og miljødepartementet innvilga utsleppssøknaden. Når statskanalen NRK presenterer saka, skriv dei: «Dermed ser det ut til å gå mot eit endeleg punktum i saka.» Dei skarpe reaksjonane som har kome mot vedtaket tyder på at dei kan bli nøydd å bite i seg dei orda igjen.