Forside 2
Forside 2
Forside 1
Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som skal komme med 4 bind.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Meir gruvestoff på gruve.info

Mineralstrategi utan forskingsstrategi

FORSKING OG UTGREIING

Dette skiltet på utsida av Institutt for geologi og bergteknikk ved NTNU viser eit nært samarbeid mellom utdanning, forsking og bergindustrien.
(Foto: SL)

Så lenge menneska har utnytta mineral har dei strevd for å skaffe seg meir kunnskap om kor ein kunne finne minerala, korleis ein kan utvinne og foredle dei og etter kvart om korleis minerala var danna. Kunnskap blei utvikla gjennom praksis, etter kvart blei det skilt ut særskilte folk og institusjonar som via seg til systematisk kunnskapsutvikling eller forsking. Forsking har vore drive i bedrifter, i utdannings- og forskingsinstitusjonar eller i samarbeid mellom desse, og det er òg einskildpersonar med meir eller mindre formell utdanning som har drive med forsking og ytt verdfulle bidrag til den samla kunnskapen innafor desse områda.

Spreidd forskingsinnsats

I Noreg kan vi særlig framheve to tidlige forskingsmiljø på mineral og mineralutvinning, miljøet rundt Kongsberg sølvverk med Bergseminaret og bergforvaltninga, og Norges Geologiske Undersøkelse frå 1858. NGU er framleis ein sentral forskingsinstitusjon. I tillegg blir det forska ved ei rekke universitet og høgskolar, offentlige, halvoffentlige og private forskingsinstitusjonar og ikkje minst i bedrifter.

Forsking i tilknyting til mineralnæringa spenner over eit vidt spekter, frå geologisk grunnforsking til målretta forsking på korleis ein kan auke utvinningsgraden eller utvinningstempoet og til samfunns- og naturfaglig forsking på verknadane av gruvedrift. Det har vore svært mange yrkesgrupper og institusjonar involvert i mineral- og gruveforskinga i Noreg, og det har vore liten grad av samordning mellom dei.

Forsøk på forskingsprogram

Frå 1990-talet har mineralnæringa prøvd å få til ei samordning av forskinga på mineralleiting og utvinning. Fram til 1996 blei det gjennomført eit felles program for mineralforsking, kalla Normin. Det er lite spor å finne etter dette programmet i dag, og sjølv Norsk Bergindustri har inga fullstendig oversikt over kva som kom ut av programmet. Etter at dette blei avslutta har det frå fleire kantar vore arbeida for å få i gang eit nytt forskingsprogram. Særlig rundt 2010–11 blei det arbeida mye med dette, både frå næringa og forskingsinstitusjonar. Ideane blei lanserte under skiftande namn, som Normin2, Minforsk og Mineral21.

I 2011 blei det i samarbeid mellom fleire forskingsinstitusjonar, universitet og NGU laga ei utgreiing om mineralforsking. [1] Her blei situasjonen for kompetanseutviklinga i bransjen oppsummert slik: «I mange år har forskning og utdanning innen mineralressurser gått på sparebluss i Norge .... Mens petroleumssektoren har nytt godt av en serie programmer, har forskningsfinansiering innen landbasert geologi og mineralressurser vært fraværende. Den resulterende kompetansedreining i utdanningsmiljøene har ført til at spesialisert kompetanse er i ferd med å bli like kritisk som råvarer.» For å bøte på dette blei det foreslått eit forskingsprogram som skulle gjennomførast 2013–22. Tanken var at dette skulle finansierast av Forskningsrådet og industrien. Utgreiinga tok utgangspunkt i EU sitt råstoffinitiativ, Nordområdesatsinga og Barentssamarbeidet, og la stor vekt på at det måtte satsast i nord.

Blant utfordringane som utgreiinga sette opp var: «Ønske om og krav til bærekraftige verdikjeder forutsetter at mineralnæringen må bruke mindre energi, minimere påvirkningene på det ytre miljø og optimalisere utnyttelse av forekomster og avgang». SINTEF la ut utgreiinga på internett og ba om kommentarar. Det kom ein einaste kommentar. Han var frå Naturvernforbundet, som kritiserte at programmet ikkje tok opp verken tilbakefylling i gruver eller reinseteknologi for avrenning frå gruveområde og at det i referansegruppe og prosjektgruppe ikkje var tatt med institusjonar som var kritiske til sjødeponi. Ingen brydde seg om å svare på kritikken.[2]

«Skutt ned av mineralstrategien»

Frå oppreiingslaboratoriet på NTNU i Trondheim.
(Foto: SL)

Både frå mineralnæringa og forskingsinstitusjonane hadde ein venta at når den etterlengta mineralstrategien kom våren 2013, ville denne bety ei ny forskingssatsing. Slik gikk det ikkje. Forskingsprogrammet blei som generalsekretæren i Norsk Bergindustri uttrykker det «skutt ned av mineralstrategien.» [3] Regjeringa meinte da det ikkje var behov for noko samordna forskingsprogram, institusjonar og bedrifter kunne søke finansiering av forskingsprosjekt innafor eksisterande ordningar.

Forsking har det likevel blitt i dei fire åra som har gått og nye forskingsprosjekt blir stadig lansert. Når ikkje det er noko plan for samla forsking, kva blir så resultatet? Kva er det da som styrer forskinga? Utgreiinga frå 2011 sette opp ni prioriterte kategoriar for forsking:
1. Geologiske modeller og letemetoder
2. Uttak og drift
3. Materialkarakterisering
4. Oppredning
5. Videreforedling og metallurgiske prosesser
6. Nye produkter for byggenæringen
7. Anvendelse av avgangsmaterialer, gjenvinning og resirkulering
8. Ytre miljø og HMS
9. Mineraler og samfunn

Om programmet hadde blitt sett ut i livet den gongen for 4 år sidan, kunne vi i dag gjort ei undervegsevaluering av i kva grad dette var blitt gjennomført. Men sjølv utan program kan vi likevel gjøre ei samanlikning – mellom den prioriteringa ein ønska og den forskinga som i praksis har blitt prioritert, av bedriftene, forskingsinstitusjonane og Forskningsrådet. Er denne forskinga i samsvar med dei ønska som kjem fram i planen, eller har det i praksis blitt ei heilt anna prioritering?

I planen er det foreslått ei rekke tiltak for å få mineralutvinninga over på betre ressursutnytting og mindre miljøskadelig produksjon. Det blir slått fast at «Mineralressurser ’på avveie’ representerer både et potensielt økonomisk tap og en belastning på miljøet. Produksjon av store mengder finkornet avfall (avgang) utgjør i dag mineralnæringens kanskje aller største utfordring. Økt forskningsinnsats på dette feltet har derfor stor økonomisk, strategisk og miljømessig betydning.»

Fire år seinare er det knapt spor av forsking eller konkrete forskingsplanar på dette området. Snarare tvert om. SINTEF hadde ønska å forske vidare på bruk av avgangsmasse til å lage bygningsmaterialer, men fikk ikkje finansiert dette, da Norsk Bergindustri ikkje ville prioritere det. Det dei derimot ville prioritere, og som blei prioritert, var forsking som går i stikk motsett retning, forsking på korleis ein kan deponere avgangen på botn av fjordane og såleis gjøre ressursane utilgjengelig for framtida. I løpet av tida etter 2011 er det sett i gang minst fem slike prosjekt med støtte av Forskningsrådet. Nokre av dei er nærare omtalt tidligare i denne boka. Kva som blir prioritert kjem tydelig fram i svaret eg fikk frå SINTEF på spørsmål om kva forsking dei no har i samband med mineralutvinning: «Den eneste aktiviteten vi har i dag er NYKOS-prosjektet som dreier seg om å modellere partikkelspredning ved sjødeponi. Det har ikke lyktes oss å få med gruveindustrien i et prosjekt der vi ser på alternativ utnyttelse av avgangsmassene. Jeg har prøvd nå i over 15 år å få til et prosjekt, men jeg tror at så lenge deponering ikke har noen ekstrakostnad eller er forbudt, er det liten vilje til å se på andre løsninger. Vi er imidlertid i kontakt med et par mindre selskap som ser muligheter, men det er i liten skala som neppe vil monne med hensyn til de store avgangsmassene fra metallgruvene (7-10 mill tonn pr. år). Likevel kan det være av stor kunnskapsmessig betydning dersom det blir noe av disse småprosjektene.» [4]

I Minforsk-utgreiinga er det ikkje foreslått noka prioritering mellom dei ni nemnde områda, men i ein presentasjon som seinare blei laga ved SINTEF [5], er det foreslått å bruke mest pengar på «oppredning og karakterisering» og «anvendelse av avgangsmaterialer». Igjen må vi slå fast at praksis har blitt motsett av teorien, da det knapt er mogleg å finne noko fungerande forsking innafor desse to områda.

Når det gjeld metodar for mineralleiting, har lite skjedd i forhold til leiting på landjorda. Derimot har det blitt sett i gang fleire større prosjekt for leiting etter mineral på havbotnen, eit område der vi kjenner lite til dei biologiske forholda og der lovverket enno ikkje er avklara.

Mineral og samfunn var eit av dei prioriterte områda. Her er det lite forsking å finne innafor dei institusjonane som tradisjonelt driv mineralforsking. I den grad det er forska på samfunnsmessige verknadar av mineralnæringa, er det gjerne ved institusjonar og institutt med innretning på miljø- og samfunnsforsking, som NMBU, AHO, NORUT og UIN. Dette er i stor grad forsking som er sett i gang ut frå interessene til einskilde lærarar/stipendiatar/studentar, og ikkje som ledd i noko forskingsplan. Forskingsinnsatsen har altså fått ei heilt anna innretting enn det som var foreslått for programmet.

Utgangspunktet for programforslaget var at ein meinte mineralnæringa i løpet av 30 år kunne tredoblast i volum og inntekt, og doblast i sysselsetting, og grunnlaget for denne optimismen var trua på stadig aukande prisar: «De siste ti årene har markedet for mineralressurser endret seg betydelig. I første rekke omfatter dette økning av metallpriser, en trend som synes langsiktig til tross for en midlertidig tilbakegang under finanskrisen i 2009.»

Kva har skjedd etterpå? Dette blei skrive i 2011, det året da metallprisane var på det høgaste. Sidan har det rasa nedover, noko som fører til heilt andre økonomiske føresetnadar enn det ein da la til grunn. Mens ein forventa 3–5 nye bedrifter innafor utvinning av jern og ilmenitt, er situasjonen i dag at ei jernmalmgruve er konkurs, den andre balanserer på randa. I praksis er ingen nye gruver starta opp og heller ingen gamle starta igjen på desse åra.

Nordisk forsking under bærekraftig flagg

I perioden 2012–16 har Nordisk ministerråd finansiert eit program med namnet NordMin, som skal forske på «framtidig bærekraftig gruvedrift og mineralindustri». [6] Når ein ser på alle miljøproblema som gruvedrifta skaper i dei nordiske landa, kan det ikkje vere tvil om at det er behov for eit kraftfullt forskingsprogram for dette. Det virkar da svært puslete med 15 mill. kr. over ein 5-årsperiode, mindre enn halvparten av det Noreg på same tida brukar på forsking på sjødeponi. Går vi nærare inn på kva programmet inneheld, ser vi at det ikkje er i nærleiken av å ta fatt i dei store miljøproblema i dagens gruvedrift. Kva som er spesielt bærekraftig i å kartlegge mineralpotensialet på Grønland, danning av koppar-, nikkel og platinamineraliseringar eller vilkåra for å betre kjønnsbalansen i mineralindustrien er ikkje lett å forstå. Av fem prosjekt er det bare eitt som kan seiast å kanskje kunne ha ein positiv miljøverknad, nemlig tiltak for å redusere vassforbruket i gruver og oppreiing. Dette kan likevel ikkje rokke ved at dette programmet i første rekke er eit program for å auke mineralutvinninga, og det bærekraftige flagget er så sett på toppen til pynt.

Eit tilløp over faggrensene

Under leiing av Framsenteret i Tromsø er det frå 2014 sett i gang eit større forskingsprogram kalla MIKON – Miljøkonsekvenser av næringsvirksomhet i nord (MIKON). Her er ei rekke institusjonar og fag innblanda, og det er heile 13 prosjekt, av dei 4–5 med relevans for mineralutvinning.[7]

MIKON har som hovudmål «å skaffe fram ny kunnskap om potensielle miljøverknadar av ny industriutvikling i Nord». Eit av prosjekta har fått namnet FIMITA, og det omfattar fagområda biologi, økologi, oseanografi, geologi, kjemi, økonomi og planleggingsstudier). FIMITA skal produsere kunnskap om effektane av sjødeponi for gruveavgang for marine artar og økosystem. Ein hevdar at slik kunnskap er sterkt etterspurt av miljøforvaltninga, miljøorganisasjonar og publikum. Held no denne påstanden? Miljøforvaltninga ser ikkje ut å trenge slik kunnskap, da dei allereie før forskingsresultata er klare, har gitt løyve til nye sjødeponi. Miljøorganisasjonane har på si side kravd at alle sjødeponi blir avskaffa, og at det derimot blir forska på alternativ til slik deponering. Så lenge dette ikkje er med i programmet, blir konklusjonen min at FIMITA er enno eit prosjekt som fell i kategorien «forsking som avleiingsmanøver».

Gruver i miljøforskinga

Det finst altså ikkje noko strategi for mineralforsking i Noreg, men derimot finst det ein strategi for miljøforskinga. Denne kallast Miljø21 og blei uttrykt gjennom eit 132 siders hefte utgitt av Norges forskningsråd i 2014. [8] På så mange sider skulle her vere god plass til ei grundig behandling av miljøproblema frå mineralutvinning, men det som står er ikkje meir enn at vi kan gjengi heile teksten her:

Mineralnæringen
Norsk mineralnæring (bergverksvirksomheten) skal være blant verdens mest miljøvennlige. Gjennom økt utnyttelse av forekomstene kan mengden avgangsmasser reduseres, og dermed også uønskede forurensninger fra deponering. Avgangsdeponering fra mineralutvinning innebærer deponering av store mengder finkornet mineralavgang på land eller i sjø. Det er store kunnskapshull knyttet til både spredning av avgang og effekter på økosystemer.
ANBEFALINGER
Vi trenger empiriske data og gode modeller for å beregne kjemiske, fysiske og biologiske prosesser i avgangs­deponier og spredning av uønskede forurensninger.
Det er behov for kunnskap om hvordan ulike typer in situ stabilisering av avgangsmasser kan påvirke/redusere utslipp av forurensningskomponenter.

I starten er ein inne på hovudutfordringa med å redusere mengden avgangsmasser, men dette får ingen konsekvensar for tilrådingane. Forskinga skal fortsatt bare berekne spreiing av avgang og stabilisere denne, det er ikkje tilrådd å forske på å unngå problema. Dette er ikkje eit program for å unngå miljøproblema frå gruver, men for å legalisere dei.

Forsking på gruver og samfunn

Den nye gruvesatsinga det siste tiåret og den motstanden som har kome til uttrykk mot fleire av dei planlagte gruvene har ført til stor interesse for forsking på forholdet mellom gruvedrift og samfunn. Her fins heller ikkje noko samla forskingsprogram, det er snakk om forskingsprosjekt som oftast er initiert av den einskilde forskaren, gjerne som master- eller doktorgrads- eller postdoc-prosjekt. Fleire av prosjekta er heilt eller delvis gjennomført av utanlandske forskarar og/eller forskingsinstitusjonar. Innrettinga på forskinga kan variere med forskaren sin fagbakgrunn og tilnærming, men oftast er ho vinkla mot avgjerdsprosessane og aktørane for og mot forskjellige gruveprosjekt.

Eit av dei største prosjekta er kalla «Indigenous peoples and resource extraction in the Arctic – evaluating ethical guidelines» (Urfolk og ressursutvinning i Arktis – vurdering av etiske retningsliner). Dette er finansiert av den norske utanriksdepartementet med 7,3 mill kr. over 3 år, og omfattar i første rekke Noreg, Sverige og Nordvest-Russland, men ein skal og sjå på røynsler frå Kanada, Finland og Grønland. Prosjektet er leia av tidligare sametingspresident Sven-Roald Nystø, som presenterer det slik: «– Vi mangler verktøy for å utvikle denne typen industri i samiske områder, særlig når det gjelder gruveindustri. Jeg har tatt til orde for å utvikle et veikart for bærekraftig gruveindustri i Norge, som et norsk bidrag til fremtidig utvikling i nordområdene. Målet er å bidra til å minske konflikter og utvikle en klarere forståelse hos myndigheter, urfolk og industri for hverandres interesser og ståsted når det gjelder industritiltak.» [9] Utgangspunktet er altså at ein skal auke forståinga, ikkje at ein skal konkret finne løysingar så gruvedrifta ikkje øydelegg for urfolka.

Den samfunnsinnretta forskinga går i stor grad ut på å skildre og analysere dagens situasjon, i den grad denne peikar framover mot løysingar, er det å finne metodar for å få aksept for mineralutvinninga, ikkje på å reelt endre denne slik at grunnlaget for motstand fell bort. Slik vil mye av denne forskinga kunne fungere som eit alibi for fortsatt gruvedrift på den forureinande og arealkrevjande måten.

Nyttig forsking?

Som vist i denne boka og førre boka i serien har mineralnæringa ført med seg mye forureining og store naturinngrep, og derfor er det frå mange hald skepsis og motstand mot nye gruver. For å redusere skadeverknadane og oppnå ei støtte og «sosial lisens» for framtidig gruvedrift, skulle ein da tru at forskinga blei innretta på å utvikle ei gruvedrift i mindre konflikt med miljøet. Men er det dette forskinga går ut på i dag?

Til saman har det bare dei siste fem åra blitt gjennomført eller sett i gang ei stor mengde forskingsprosjekt i tilknyting til mineralnæringa i Noreg. Vi kan utan å overdrive snakke om 30–40 prosjekt. Dei spenner over eit svært vidt spekter, frå geologisk forsking via forsking på sjødeponi til studie av forholdet mellom reindrift og gruver.

Felles for mesteparten av forskinga er at ho tar utgangspunkt i dagens mineralnæring under dagens lovverk, og framstiller det som om gruvedrift må vere slik. Eit eksempel finn vi i presentasjonen av eit prosjekt i regi av Nordlandsforsking og Universitetet i Nordland. Her står det om verknadar av gruvedrift: «Gruvedriftsprosessar fører nødvendigvis til: inngrep i naturlandskap, forureining av omegnen, deponi for gruveavgang, utslepp av kjemikalier i jord og vatn, luftforureining».

Ganske mange prosjekt går på å legitimere praksisen med å kaste mesteparten av ressursane på sjøen, ved å gjøre skadane ved framtidig deponi litt mindre enn dei elles kunne ha vore. Samtidig blir det forska på utvinning på nye område, som havbotn, noko som vil kunne utløyse enno meir miljøproblem. Svært få av forskingsprosjekta stiller spørsmålet kva som hadde vore mogleg å gjøre annleis.

Sett i forhold til behova for ei mineralutvinning med minimale miljøskadar, kan forskinga i prinsippet delast i tre grupper: Den som er direkte skadelig fordi ho tar sikte på å auke eller legitimere miljøskadelig praksis, den som i seg sjølv ikkje er direkte skadelig, men likevel fungerer som ei avleiingsmanøver, fordi ho ikkje tar opp dei viktige spørsmåla og den som tar sikte på viktige konkrete forbetringar i praksis. Den siste gruppa er dessverre så godt som fråverande i norsk mineralforsking.

Truverdige utgreiarar?

20.02.2012 skreiv Norsk Bergindustri brev til statsminister Jens Stoltenberg med innspill til regjeringas mineralstrategi. Her heiter det: «Vi erfarer også at det, også fra deler av forvaltningsapparatet, reises spørsmål om utredernes troverdighet i konsekvensutredningsprosessen fordi det er tiltakshavers ansvar å gjennomføre og å betale for konsekvensutredninger i private planprosesser. Dette oppleves som veldig problematisk og vi ber om at mineralstrategien sier noe om hvordan man skal sikre den nødvendige troverdighet til utredningsprosessene i større planer.» Det kan vere på sin plass å spørje kvifor dette spørsmålet har blitt reist.

Ved etablering av gruver, kraftverk og andre naturinngrep er det utbyggar som er oppdragsgivar for konsulentselskapet som først lagar eit utkast til planprogram og deretter til reguleringsplan med konsekvensutgreiing. Oppdraget går gjerne til selskap som oppdragsgivaren sjølv har gode røynsler med eller veit at andre utbyggarar har vore nøgde med. Ved omstridde utbyggingsprosjekt er det viktig for utbyggaren å kunne vise til at konsekvensutgreiinga syner at prosjektet ikkje vil føre til store miljøproblem, og konsulentselskapet kan dermed ha ein sterk motivasjon for å tone ned problem som kan hindre iverksetting av prosjektet. Ofte kan det vere vanskelig å trekke grensa mellom forskingsinstitusjonar og konsulentselskap, og mellom private, offentlige og halvoffentlige selskap. Dei tar alle oppdrag for gruveselskap og deltar i private og offentlige tilbodskonkurransar om kvarandre.

Konsulentar skulda for juks

Spørsmålet om tillit eller mistillit til konsulentselskapet sto sentralt allereie i den første større miljøkampen rundt ei gruve. Titania engasjerte da I/S Miljøplan til å gjøre undersøkingar om spreiing av gruveavgang. [10] Miljøorganisasjonar meinte at Miljøplan juksa med undersøkingane og leverte feil opplysningar i rapportane sine, og aksjonerte mot Miljøplan. [11]

Seinare blei Miljøplan kjøpt opp av DNV, som no har tatt på seg nye oppdrag i samband med sjødeponi, denne gongen for Nordic Mining i Førdefjorden. Dei blei der engasjert for å motbevise påstanden om fare for skadelige verknadar av nanopartiklar som spreier seg i vatnet. I utgreiinga frå DNV viser dei nettopp til Titania, og samanliknar desse og konkluderer med at det ikkje er noko problem: «Sediment i Førdefjorden inneholder naturlig høye nivåer av titandioksidpartikler, inkludert partikler i nanostørrelse, som stammer fra forvitring av bergartene i området. Organismer i området vil være eksponert for disse partiklene ved naturlig oppvirvling og påfølgende transport i vannsøylen. Erfaringer fra overvåkning av titandioksidholdig gruveavfall til sjødeponi i Jøssingfjorden, knyttet til utslipp fra Titania gjennom 20 år, viser at utslipp av titandioksidpartikler, hvor finstoff-fraksjonen inneholder en betydelig andel nanopartikler, ikke har gitt effekter på organismer utover selve deponiområdet. Det synes derfor lite sannsynlig at utslippene av nanopartikler fra Engebøfjellet skulle ha påvirkning utover det som allerede er identifisert i konsekvensutredningen.» [12] Stort klarere kan ein ikkje få demonstrert innhaldet i oppdragsforsking, der oppdraget går ut på å gi eit vitskapelig skinn til ein konklusjon som oppdragsgivar har gitt på førehand.

NIVA – gruveselskapa sin beste ven

Både i samband med oppreinsking etter gamle gruver, kontroll med noverande og planlegging av framtidige, har Norsk Institutt for Vannforskning spelt ei stor rolle. NIVA er ei formelt sjølvstendig stifting, men styret er oppnemnd av Klima- og miljødepartementet, Norges Forskningsråd og dei tilsette. NIVA har vore engasjert ved alle dei mest omstridde gruveprosjekta med sjødeponi, som Sydvaranger, Nussir, Nordic Mining og Rana Gruber. I alle tilfelle har NIVA kome med resultat som har passa oppdragsgivaren, og ofte i strid med meir kritiske forskingsinstitusjonar. NIVA har vore så velsett av gruveselskapa at dei har fått spesialbehandling som ved Sydvaranger, der dei blei tatt inn i bedrifta si miljøgruppe og blei sett til å legge fram konkurrerande tilbod om oppdrag. I samband med det store forskingsprosjektet på sjødeponi, stilte gruveselskapa krav om at NIVA skulle vere med. Ein sentral person i NIVA sitt arbeid med gruvespørsmål har vore Jens Skei, som uttalte: «Et ja til gruvedrift er samtidig et ja til deponering av restprodukter på land eller i sjø.» NIVA har dei siste åra ført engasjementet sitt for sjødeponering vidare til utlandet, med å arrangere konferanse om sjødeponering i Peru og opprette eige underselskap i Chile. NIVA har og ei rekke underselskap, der Akvaplan-niva spesielt har engasjert seg rundt gruvesaker. Av årsmeldinga for 2014 kan vi lese: «NIVA arbeider målrettet for å styrke samarbeidet med industri og næringsliv og for å øke oppdragsmengden fra industripartnere betydelig.» I konkurransen om oppdraga hjelper det sjølvsagt godt at oppdragsgivarane kan kjenne seg trygge på at NIVA serverer dei svara som er ønska.

Miniselskap med stor innverknad

Eit langt mindre forskings- eller konsulentselskap har også spela ein stor rolle i å legge til rette for sjødumping. Kjeøy Research & Education Center er privateigd og har offisielt bare to tilsette. KREC har spesialisert seg på forsking på gruveavgang, og det aller meste synest å vere oppdragsforsking for gruveindustrien. Nokre av oppdraga er medfinansiert av Forskningsrådet og forskjellige offentlige organ. Blant prosjekta kan nemnast analyse av avgang og vilkår i avgangsdeponi i Ballangen, ved Nussir, Titania, Skiftesmyr-Godejord og LKAB i Kiruna. KREC har og vore leigd inn av Norsk Bergindustri til å utvikle retningslinjer for evaluering av sjødeponi og av EU til arbeid med klassifisering av gruveavgang som grunnlag for EUs mineralavfallsdirektiv.

«Støttar gruveprosjekt i utfordrande miljø»

Rambøll er eit av verdas største konsulentselskap, og har spesialisert seg på tenester for gruveindustrien. Dette er forsida på eit hefte dei delte ut på Finnoskandian Exploration and Mining.

Viktige utgreiingsoppgåver for nye gruveprosjekt har blitt utført av to internasjonale konsulentselskap, med opphav i Sverige og Danmark. Sweco har for tida omlag 14500 tilsette og prosjekt i 70 land, i Noreg har dei heile 1300 tilsette fordelt på 26 kontor. Sweco var blant anna ansvarlige for planprogram og reguleringsplan med konsekvensutgreiing for Nussir, ei utgreiing som har blitt utsett for hard kritikk. [13]

Enno eit hakk større er konsulentselskapet Rambøll, med over 15000 tilsette i alle verdsdelar. Dei laga planprogrammet for Arctic Gold si planlagde gruve i Biedjovággi, og skulle også hatt ansvaret for konsekvensutgreiinga, om dette ikkje hadde blitt stoppa av negativt vedtak i kommunestyret. Rambøll sine konsulentar har også representert gruveselskapet i møte med kommunen.

På gruvemessa Fennoscandian Exploration and Mining i Finland i november 2015 kunne ein finne både Rambøll og Sweco blant utstillarane. Dei dreiv aktiv marknadsføring av seg sjølv overfor gruveselskapa som pålitelige og lojale samarbeidspartnarar. I ei brosjyre som blei spreidd på messa kan ein lese ein tekst som ikkje etterlet mye tvil om kva side Rambøll står på: «Rambøll Environ samarbeider tett med nasjonale og internasjonale gruveklientar i å klare dei mest krevjande miljømessige og sosiale utfordringane gjennom heile prosjektet sin livssyklus. Vi støttar gruveprosjekt i mange av verdas mest utfordrande miljø og sosiale samanhengar, og gir praktiske løysingar for våre kunder sine mest presserande spørsmål, frå undersøkinsfasen gjennom løyve, gruvekonstruksjon, drift, avslutning og etter nedlegging.» [14]

Miljøvenlige miljørådgivarar?

Nokre konsulentselskap spesialiserer seg på miljøspørsmål. Eit av dei presenterer seg slik: «Bergfald Miljørådgivere skal bidra til konkrete miljøforbedringer gjennom sin rådgivning.» [15] Eit av oppdraga til Bergfald er konsekvensutgreiing for Kodal Minerals si planlagte jern- og fosfatgruve i Vestfold. Ein del av oppdraget har vore å representere gruveselskapet overfor lokalsamfunnet. Dette førte til ein hissig avisdebatt, der konsulentselskapet hevda å vere nøytralt i forhold til oppdragsgivar, men fikk da dei dette svaret: «Det ligger store økonomiske interesser bak BFs engasjement. BF er betalt for at gruveplanene til Kodal Minerals skal bli gjennomført. Det går rett og slett ikke an å være nøytral når konklusjonen allerede er gitt. Det hjelper ikke at «lojaliteten ligger hos miljøet» når du er betalt for å være positiv til en utbyggingsplan. BF skal «grønnvaske» gruveplanene og sørge for at utbyggingsplanene passerer kommunestyrene i både Larvik og Andebu/Sandefjord. Det er det som er BFs oppdrag.» [16]

Meldt til forskningsetisk komité

Det er ikkje bare miljøorganisasjonar som har sett eit kritisk søkelys på rapportar i grenselandet mellom forsking og utgreiing for gruveselskap. Også innafor forskingsmiljø er det ein aukande skepsis mot dei metodane som blir brukt og dei nære koplingane mellom oppdragsgivar og forskarar. Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi har no fått ei slik sak til behandling, etter at dr.philos Agnar Kvellestad ved NMBU har sendt ei ein klage over Konsekvensutgreiing i samband med gruveprosjekt i Engebøfjellet og deponering av avfall i Førdefjorden. Han har gått gjennom rapportane til NIVA og DNV og hevdar å ha funne ei rekke feil både i fakta og metodebruk. Etter å ha gått gjennom 10 saker i NIVA sin rapport, konkluderer han: «Manglande eller ukritisk kunnskapsbruk, feil referering av fakta og uheldige vurderingar og utsegner (...) dreg alle i ein og same retning, dvs. mot undervurdering og underkommunisering av partikkelskadar. Dette vert spesielt uheldig sidan NIVA i tillegg har stått fram som deponiforkjempar ... med bl.a. denne påstanden: «Konsentrasjonen av partikler oppover i vannmassene og utover deponiområdet er så lave at det ikke har effekt på marint liv»» [17]

DNV kritiserer han både for å ukritisk referere NIVA sine feil utan kjeldetilvising, og for at dei også har produsert eigne tvilsame opplysningar. Igjen peikar alle dei omstridde påstandane i same retning, den som oppdragsgivar ønsker. Brevet frå Kvellestad blei sendt 01.12.2015, og saka er i skrivande stund enno ikkje behandla av komitéen.

Fotnotar

[1] Utredning av behov for nasjonal satsing på forskning for økt verdiskaping basert på mineralske ressurser
[2] Minforsk: Kommentarer strategidokument
[3] E-post til forfattaren frå Norsk Bergindustri v/Elisabeth Gammelsæter, 22.10.2015
[4] Ove Paulsen, SINTEF i e-post til forfattaren
[5]
[6] Nordmin
[7] Mikon
[8] Miljø21
[9] High North News 18.03.2015
[10] Marinbiologiske undersøkelser i Jøssingfjordområdet. Algevegetasjonen i Jøssingfjorden 1978, Rapport til Titania A/S. I/S Miljøplan, Oslo
[11] Sjå kapittel om Titania i bind 1
[12] DNV GL: Kommentarer vedrørende miljørisiko ved deponering av fine mineralpartikler i Førdefjorden. Brev frå DNV GL
[13]
[14] Rambøll: Service to the mining industry. Originaltekst: international mining clients to manage their most demanding environmental and social challenges throughout the entire project lifecycle. We support mining projects in many of the world's most challenging environmental and social settings, and provide practical solutions for our clients' most pressing issues, from the exploration phase through permitting, mine construction, operation, closure and post-closure.
[15] Bergfald
[16] Sandefjord Blad 26.03.2015
[17]


Til neste kapittel