Forside 3
Forside 2
Forside 1
Gull, gråstein og grums

– Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som skal komme med 4 bind.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind, alle tre samla kr. 600,-.
Dei kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Meir gruvestoff på gruve.info

Kommentarar, rettingar og tillegg til "Gull, gråstein og grums – 1

Etter at boka kom ut i byrjinga av juni 2015 har eg fått nokre kommentarar frå folk som har funne det dei meiner er feil og manglar. Samtidig skjer det stadig noko nytt i fleire av sakene og i tillegg har eg funne kjelder eg ikkje var klar over før boka gikk i prent. Derfor har eg her oppretta denne sida for å kunne kommentere kommentarane og oppdatere stoffet.

Her følgjer kommentarar, rettingar og tillegg, ordna etter kapitla i boka:
Biedjovággi
Kvalsund
Sydvaranger
Titania og Førdefjorden (samt selskapet Nordic Mining)

Kap. 1 – Biedjovaggi

Dette flyfotoet av Bidjovagge gruber fant vi dessverre ikkje før etter at boka var prenta. Det er tatt i første driftsperiode og publisert i boka "Alta-Kautokeino-vassdraget" av Leif Ryvarden og Per J. Tømmeraas, Universitetsforlaget 1979. Da originalen til bildet dessverre er gått tapt, blir det her gjengitt etter denne boka.
(Foto: Team Foto Scandia / Eiliv Leren)

Styrka gruva lokalt arbeidsliv og næringsliv?

Ei innvending mot kapitlet er at det ikkje kjem fram kor mye gruva betydde for arbeids- og næringslivet i Guovdageaidnu kommune. Det er rett at heilt frå leitinga starta på 1950-talet var folk frå Guovdageaidnu engasjert i leiting, transport og bygging for dei skiftande gruve- og leiteselskapa. Under drifta var på det meste omlag 40 mann frå kommunen i arbeid. Så høg sysselsetting var det bare i to periodar på vel fem år, under leite-periodar og i driftskvila mellom driftsperiodane har det trulig heile tida vore snakk om mindre enn ti arbeidsplassar. Mineralleitinga og gruvedrifta har også vore ein vesentlig del av grunnlaget for oppbygginga av lokale anleggsmaskinfirma og seinare to borefirma, som etter kvart også har tatt andre oppdrag i kommunen og utanbygds. Dette kunne med fordel vore betre forklart i boka. På andre sida er det etter mi oppfatting noko overdrive når nokre kritikarar gir Bidjovagge Gruber heile æra for folkeveksten i kommunen på 1970-talet. Delar av denne kan tilskrivast gruva, men delar skuldast og andre hendingar i denne tida, som etablering av fleire offentlige institusjonar og ei storstilt boligbygging i regi av Boligaksjonen for Indre Finnmark.

På andre sida kan det innvendast at mange måtte flytte ut ved driftsstansane i 1975 og 1991, og det gjaldt både innflyttarar og innfødde i kommunen. Gruva førte ikkje bare til innflytting, men også til utflytting. Fleire familiar i reinbeitedistriktet som blei hardast ramma flytta ut og fann seg i første omgang nye reinbeite i Troms og Nordland.

Min konklusjon er at gruveetableringa førte til eit visst oppsving på arbeidsmarknaden og i anleggsbransjen, men at mesteparten av dette var kortvarig, og at gruveetableringa ikkje bare førte til innflytting, men også til utflytting, først av reineigarar etter oppstart, så av gruvearbeidarar ved driftsstans.

Blei andre reinbeitedistrikt fortrengt?

I boka skreiv eg: "I perioden med kraftutbygging og gruvedrift blei reintalet omtrent halvert i det som no er distrikt 34 Ábborášša. Seinare klarte dei å bygge opp igjen reintalet, ved å ta i bruk andre område, lenger mot vest og sør. Men det skjedde på kostnad av andre siidaar og distrikt. I noverande distrikt 36 Cohkolat var det to siidaar som mista store delar av beiteområdet sitt. Men dei som mista beiteområde på denne indirekte måten, fikk inga erstatning. Dette var mogleg fordi dei einskilde siidaane ikkje har lovvern for områda sine, det einaste som er regulert er dei ytre grensene for eit felles beiteområde som omfattar mange siidaar." Dette har det kome reaksjonar på frå folk tilknytta distrikt 34 Ábborášša. Dei hevdar at det ikkje stemmer at dei har fortrengt andre, men at det har vore ein langvarig konflikt om kven som hadde rett til beite kor, og at finst andre versjonar av kva som hendte mellom dei forskjellige distrikta. Det alle derimot synest å vere samde om er at etableringa av gruva førte til skjerping av allereie eksisterande konfliktar mellom reinbeitedistrikta.

Kva betyr kommunevalet 2015 for Biedjovággi-saka?

(Kommentar 15.09.2015)

Før kommunevalet i 2015 erklærte Arctic Gold at dersom valet gir fleirtal av tilhengarar av konsekvensutgreiing, vil dei ta opp saka igjen og levere planprogrammet på nytt, evt. etter justeringar. Lokallaget av Naturvernforbundet oppmoda partia til å gi klare signal i program og valkamp om kva dei meiner om Biedjovággi. Vi kan vel oppsummere at bare ganske få av listene som stilte til val følgde opp dette. Her følger ei oversikt over kva dei einskilde partia og listene har vedtatt i programma. Etter partinamnet står talet på kommunestyrerepresentantar i det førre og det nye kommunestyret.

GDL – Fastboendes liste (3 -> 4)
"Arbeide for en konsekvensutredning om gruvedrift i Biedjovággi"
Kommentar: GDL er både før og etter valet den sterkeste og mest konsekvente krafta for gruvedrift. Lista mener det blir tatt for mye omsyn til reindrifta og at det er viktig å styrke andre næringar. Dei er også for mest mogleg fri motorferdsel i utmark for lokalbefolkninga og mot alle nasjonalparkar og andre verneområde.

Fremskrittspartiet (0 –> 0)
"FrP går inn for konsekvensutredning ved alle typer større inngrep, anleggs- og byggevirksomheter"
Kommentar: Dette er alt som står i sjølve programmet. I en løpeseddel som blei delt ut sammen med programmet står det "De viktigste sakene vi må ta stilling til i kommende 4-års periode: – Konsekvensutredning for mineralutvinning i Bidjovagge".
I valkampen gikk partiet inn for gruve.

Arbeiderpartiet (2 -> 5)
"Mineralvirksomhet. Avvente et ja til konsekvensutredning av Biedjovággi inntil det foreligger en økonomisk gevinst for kommunen og reindriftsnæringen/utmarksnæringen har gitt sitt samtykke"
Kommentar: Partiet sine representantar har i førre perioden konsekvent røysta for gruve. Med denne programformuleringa blir det vanskelig å gjenta det. Dei har og i stor grad fått inn nye folk.

Høgre (2 -> 1)
I programmet er Biedjovággi-saka og anna mineralverksemd ikkje nemnd.
Høgre har vore kløyvd, ved siste røystinga var det ein for og ein mot. Representanten som no er vald inn er han som røysta for gruve sist.

Samefolkets liste – SAL (5 –> 2)
"Mineralleting og gruvedrift. SÁL er i utgangspunktet mot gruvevirksomhet med dagens rammebetingelser. SÁL krever kunnskapsbaserte beslutningsprosesser og lokal selvbestemmelse i slike saker. Eventuell mineralutvinning skal først og fremst komme lokalsamfunnet til gode. Videreforedling og verdiskaping skal skje lokalt. Mineralloven må endres slik at nye inngrep ikke skader eller fortrenger tradisjonell bruk av området."
Kommentar: Dette er partiet til noverande ordførar, med nære band til Norske Samers Riksforbund, som no styrer på Sametinget, og der er svært kritisk til gruver. I førre periode var dei kløyvd, med 3 for og 2 mot gruve. Programformuleringa er eit uklart kompromiss, men det vil vere vanskelig for dei på kort sikt å gå inn for gruve utan at det har skjedd endringar i vilkåra.

Venstre (2 –> 2)
I programmet står det ingen ting om gruver. I førre perioden gikk partiet sine representantar konsekvent mot planprogrammet til Arctic Gold, og dei har og i valkampen gått mot å ta saka opp igjen. Når dei likevel ikkje skriv det inn i programmet, kan det tyde på at dei ikkje ønsker å vere forplikta, og kan komme til å endre standpunkt i perioden.

SV (0 –> 0)
"Vi vil bidra til at det gjennomføres konsekvensanalyser og planprogram i forhold til lokale og nasjonale krav for alle større inngrep."
Kommentar: Her står jo ingenting om gruver spesielt, og formuleringa er vanskelig å tolke. Men det har blitt oppfatta som eit ja til konsekvensutredning for Biedjovággi, og førstekandidaten sa også på spørsmål at partiet er for konsekvensutredning av Biedjovággi.

Senterpartiet (0 –> 0)
"SP går inn for konsekvensutredning av planene om utvinning av mineraler og naturstein i kommunen. Konsekvensutredninga må skje på kommunens og reindriftas premisser. Dersom det viser seg at det blir store negative innvirkninger for reindrifta, går SP imot evt. utvinning/gruvedrift i området."
Lokalagsleiar (tidligare ordførar) har jobba for Arctic Gold, og agitert ivrig for gruve. Dette kan ha vore medverkande til at partiet gjorde eit svært dårlig valresultat.

De Kristne (0 –> 0)
"Mineralressursene i kommunen skal ligge der, til de rette forutsetninger er innfridd for Kautokeino kommune"
Kommentar: Det er uklart kva føresetningar dei meiner er rette, men i alle fall tyder det ikkje på at dei vil gå inn for gruvedrift i Biedjovággi no.

Flyttsamelista – JL (5 –> 5)
"Å arbeide for å hindre gruvedrift eller annen virksomhet som er ødeleggende for beitearealene"
Kommentar: Denne lista har vært den mest konsekvente motstander av gruve i Biedjovággi og det einaste partiet som har gått mot mineralutvinning i Náránaš.

Oppsummering:
Det nye kommunestyret har fleirtal for dei partia som no har vore i "regjeringskoalisjon", SAL,A,GDL).
Partia som i førre kommunestyret samla har gått inn for gruve (A+GDL) har 9 av 19 repr.
Partia som samla har vore mot (JL + V) har 7 repr.
Partia som har vore splitta (H+SÁL) har 3 repr.

Dette betyr ikkje at partia nødvendigvis vil meine det same i det nye kommunestyret. Det er delvis eit spørsmål om programma dei har forplikta seg på (og her var det viktige endringar), delvis spørsmål om personar (og det har eg i skrivande stund ikkje oversikt over.)
I valkampen er det bare FrP og Fastboendes liste (GDL) som eintydig gikk inn for gruve. FrP kom ikkje inn og GDL gikk opp frå 3 til 4 repr.
Bare Flyttsamelista har tydelig programforplikta nei til gruvedrift.
Høyre, Venstre og SV (som ikkje kom inn) sa ingenting om Biedjovággi i programmet, men i diskusjon med toppkandidatane sa dei at V var mot og SV for (!) H sin førstekandidat har vakla fram og tilbake.

Konklusjon:
Ut frå formuleringane i programma til A og SAL kan det vere vanskelig for dei å støtte planprogrammet til Arctic Gold om det blir lansert igjen. Arctic Gold kan ikkje seie dei har fått eit tillitsvotum med dette valet. Det er derfor ikkje trulig dei vil forsøke seg med nytt planprogram no med det same, dei vil nok sjå at det må meir bearbeiding av reindrifta til. Og Norsk Bergindustri vil sjå at dei ikkje kjem nokon veg før regjeringa går med på at kommunane skal få meir ut av gruvedrifta. Også parti som i utgangspunktet ønsker gruvedrift stiller krav om kompensasjon til kommunar. Men resultatet kan heller ikkje tolkast som noko klart nei til gruve, så vi må vel rekne med at kampen held fram.

Tilleggskommentar 30.09.2015

No er det avklara kven som blir ordførar i Guovdageaidnu dei neste fire åra. Det blir Johan Vasara frå Arbeiderpartiet, med Anders S. Buljo frå Flyttsamelista som varaordførar. Dei to posisjonspartia er samde om på legge gruvedebatten død for dei neste fire åra, sjå nyheitsoppslag på NRK og Reaksjon frå Arctic Gold og Norske Samers Riksforbund. Så da skal det vere von om å få fred. Da burde det og vere klart for å ta opp spørsmålet om tilbakeføring av gruveområdet til naturområde i den kommunale arealplanen og sette igang endelig opprydding og revegetering.

Enno ein tilleggskommentar 04.10.2015

Det ser ikkje ut til at det går heilt som eg skreiv i førre kommentaren, for ein del av kompromisset mellom "regjeringspartia" i Guovdageaidnu er at Biedjovággi-området framleis skal stå som industriområde i arealplanen, fordi det kan tenkast at ein vil sette igang noko der i framtida. Så kommunepolitikarane meiner tydeligvis det er betre at området blir liggande øydelagt for all framtid enn at det eingong skal bli ferdig rydda og tilbakeført til naturen.

Ny spiker i likkista til Arctic Gold

I skuggen av Miljødirektoratet sitt utsleppsløyve til Nussir kom det dagen etter eit anna vedtak frå sentrale styresmakter om gruver i nord. Det var Kommunal- og moderniseringsdepartementet som sa nei til å legge Nordreisa sin del av det planlagte gruveområdet ved Biedjovággi ut til industriområde i kommunal arealplan.

Tidligare Bidjovagge Gruber dreiv på ein førekomst av koppar og gull i grenseområdet mellom to kommunar, som også ligg i kvart sitt fylke. Sjølve gruvene låg i Guovdageaidnu, mens delar av vegen og vasstilførselen låg i Nordreisa. Seinare undersøkingar har vist at det også kan vere drivverdig malm på Nordreisa si side av grensa, og Arctic Gold søkte om utvinningsrett også her. Planprogrammet som konsulentfirmaet Rambøll laga for Arctic Gold måtte derfor behandlast av to kommunar.

Mens fleirtalet i Guovdageaidnu sa nei, var stemninga langt meir positiv i Nordreisa kommune. Så ivrige var dei etter å få gruve at dei godtok planprogrammet og deretter sette av det aktuelle området til industriformål i den kommunale arealplanen. Det var ikkje fylkesmannen i Troms med på å la ned motsegn mot planen, som derfor måtte endelig avgjørast av departementet. Denne avgjerda kom 09.12.2015, og seier: "I medhold av plan- og bygningsloven § 11-16 andre ledd godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet ikke framtidig område for råstoffutvinning BRU1 i kommuneplanens arealdel for Nordreisa 2012-2026. Området endres til landbruks-, natur- og friluftslivsformål samt reindrift."

Argumentasjonen til fylkesmannen er todelt. På eine sida slår ein fast at den delen som hører til Nordreisa er alt for liten til å drive gruvedrift på aleine, og at det ikkje kan bli noko drift utan at Guovdageaidnu kommune ønsker det. På andre sida argumenterer ein mot gruvedrift i område med argument som ligg nært opp til dei som er brukt av reindrifta, naturvernarar og kommunestyrefleirtalet i Guovdageaidnu: "Fylkesmannen mener etablering av gruvedrift helt opp mot grensen til Reisa nasjonalpark vil komme i direkte konflikt med nasjonale verneinteresser. Fylkesmannen mener videre at det ikke foreligger tilstrekkelig kunnskap om naturmangfoldet i området og at føre-var-prinsippet i naturmangfoldloven § 9 må legges til grunn inntil det foreligger tilstrekkelig kunnskap som viser om, og eventuelt hvor, det kan etableres gruvevirksomhet.

Når det gjelder konsekvenser for reindrifta, viser fylkesmannen til at planområdet ligger i reinbeiteområde Biedjuvággi, som er et kjerneområde for reindrifta med viktige vår- og høstbeiter, drivingsleier/flyttleier, kalvingsområder og reindriftsanlegg. Fylkesmannen mener at mineralutvinning i Biedjuvággi vil ha alvorlige konsekvenser for reindriftsutøvere i reinbeitedistrikt 34 Ábborássa, som ikke har kompenserende beiteland andre steder. Det kan også påvirke andre reinbeitedistrikter som bruker området. Det vises til at reinbeitedistriktene 34 Ábborášša, 35 Fávrrosorda, 42 Beahcegealli og 36 Cohkolat ja Biertavárri har fått tillatelse fra Landbruks- og matdepartementet til oppføring av arbeids- og sperregjerder midt i planområdet. Formålet med anlegget er å legge til rette for økt høstslakting og en mer bærekraftig reindrift. Fylkesmannen mener at mineralutvinning og reindriftens bruk av anlegget ikke vil være forenlig, og at det vil være vanskelig å nå målene om økologisk og økonomisk bærekraftig reindrift uten arbeids- og sperregjerder."

På dette grunnlaget blei det altså slått fast at Nordreisa sin del av gruveområdet skal ha status som natur- og reindriftsområde. På nyåret er det Guovdageaidnu som skal vedta ny arealplan for kommunen. Eit av spørsmåla som er mest omstridd er om Biedjovággi framleis skal vere industriområde eller førast tilbake til naturen. Det er vel trulig at ein da vil merke seg behandlinga av saka i Nordreisa.

Kap. 2 – Kvalsund

I dette kapitlet er det lagt ut fleire tillegg i teksten. Desse er skrive med brun farge.

Tillegg om steinbrot og lagring av borekaks

På slutten av kapitlet er det eit lengre stykke med grøn bakgrunn og tittelen "Gråstein og grums i Repparfjord". Dette er stoff som ikkje fikk plass i boka.

Nei til dumping kan bli ja til gruvedrift

Debattinnlegg om alternativ bruk av avgangsmassar. Lagt ut som eigen artikkel

Nussir søker driftskonsesjon – DirMin hemmeligstempler

Debattinnlegg sendt diverse aviser, ser ikke ut som noen vil ta det inn.

Hemmelig gruvesøknad i Kvalsund

06.05.2016 har Nussir ASA sendt søknad til Direktoratet for Mineralforvaltning om driftskonsesjon for kobbergruve i Kvalsund. Søknaden får vi ikke se, for den har direktoratet hemmeligstempla, dvs. de har bedt søkeren om å hjelpe til med å hemmeligholde søknaden ut fra forretningshemmeligheter. Først i slutten av juni vil de som søker om innsyn få svar på om de får tilgang til større eller mindre deler av søknaden.

Verken Nussir ASA eller Direktoratet har ønska å gjøre kjent at søknaden er sendt. Verken de berørte reinbeitedistriktene, Sametinget eller naturvernorganisasjonene som hele tida har følgt saka har blitt informert om søknaden. Det var tilfeldig at korrespondansen mellom selskap og direktorat blei oppdaga gjennom Offentlig Elektronisk Postjournal (OEP). Når man bestiller dokumenter der, får man som regel svar samme dag eller dagen etter. Men da undertegna søkte om innsyn, tok det ei uke å få svar, og det eneste som blei utlevert var svaret fra direktoratet. Der heter det: «Vi ber om at konsesjonssøker innen 14 dager fra dette brev er mottatt redegjør for om det anses at søknaden inneholder informasjon om tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde, jf. vår taushetsplikt om slike forhold etter forvaltningsloven § 13.» Dette blir så brukt som påskudd for å nekte å utlevere søknaden. Ved nærmere undersøking i OEP viser det seg at 24.05. har direktoratet mottatt et brev med tittelen «Redegjørelse for taushetsbelagt informasjon - Driftskonsesjon for Repparfjord kobberforekomst i Kvalsund kommune». Dette er ikke sendt av søkeren, men av Promin AS. Hvem er så det? Jo, det er et konsulentselskap som har gjort mange tjenester for Nussir ASA. Dette har en eneste ansatt: Helge Rushfeldt, bror av Nussir-direktør Øystein Rushfeldt. Denne redegjørelsen var altså allerede kommet til direktoratet på den tida da undertegna med flere søkte om innsyn og fikk til svar: «Direktoratet har påstartet vurderingen av søknadens dokumenter (dok 1), herunder i lys av hvilke opplysninger som kan frigis for innsyn. Vi tar sikte på å ha en slik vurdering klar i løpet av juni måned, og vil følge opp innsynskrav for søknaden straks deretter.»

Dette gruveprosjektet er ved sida av Nordic Minings planlagte rutilgruve ved Førdefjorden et av de aller mest omstridte i norsk historie. Det har i mange år vært protestert fra lokale fjordfiskere, elvefiskere, reindriftssamer, naturvernere, Sametinget og flere. Mange frykter dette vil bli norgeshistorias største planlagte forurensing. En tillatelse vil være brudd på ei rekke norske lover og internasjonale konvensjoner. Saka er meldt inn for ESA for brudd på EUs vanndirektiv og det er varsla aksjoner dersom det blir gitt tillatelse.

Det er ingen tvil om at myndighetene ønsker å gi driftskonsesjon. For å få minst mulig bråk vil man hemmeligstemple saka så lenge som mulig. Etter loven kommer man ikke utenom å sende saka til høring, men det kan man kanskje klare å få gjort midt i fellesferien, slik at nesten ingen rekker å sende innvendinger. For regjeringa har det fordelen at det blir lite søkelys på det ulovlige i å gi tillatelse til denne gruva, for selskapet er det viktig med minst mulig bråk når man nå skal få inn aksjekapital eller selge hele prosjektet på det internasjonale markedet så snart konsesjonen er på plass.

Dessverre har de aller fleste norske riksmedier her vært en god alliert med regjeringa og Nussir i å skrive minst mulig om saka. Ønsker man fortsatt å være det og dermed bli medskyldig i både et stort overgrep mot reindrifta og sameretten og en av norgeshistorias største planlagte forurensingsskandaler?

Svein Lund
http://gruve.info

Tillegg 09.06.2016
Direktoratet for mineralforvaltning slepp sladda utgave av Nussir sin konsesjonssøknad! Etter at eg klaga til departementet, bestemte direktoratet seg for å sende meg sladda utgåve av Nussir sin konsesjonssøknad. Eg har sjølvsagt klaga også dette hemmelighaldet, men samtidig lagt ut søknaden i den formen eg har fått han. Nussir søker driftskonsesjon, men direktoratet hemmeligstempler Søknaden er på 128 sider og 23 MB, men eg håper de klarer å laste den ned.

Søknad om driftskonsesjon

Tillegg 18.02.2017
23.01.2017 leverte Nussir ASA oppdatert søknad om driftskonsesjon. Eg har i den samanhengen lagt ut linkar til søknaden, med generell informasjon om søknadsprosessen for driftskonsesjon og nokre utdrag frå og kommentarar til søknaden. Dette kan lesast her

Saksbehandlingshengemyr

Tillegg 23.12.2018
Kvifor har saksbehandlinga av Nussir-gruva tatt så lang tid at ho har blitt kalla ei "saksbehandlingshengemyr"? Og kva er status ved utgangen av 2018?
Det skriv eg om i artikkelen Rapport frå hengemyra.

Bløff, feil og usannheter fra Nussir ASA

Tillegg 08.04.2019
Motstanden mot planen om kobbergruve med dumping i Repparfjorden har nå gjort Nussir ASA så desperat at selskapet har sendt ut ei brosjyre til alle husstander i Kvalsund og Hammerfest. Brosjyra består av 6 tema og hver av disse inneholder flere feil. Vi har registrert minst 27 svært tvilsomme påstander, en del av dem er reine løgner.

A. 100% ELEKTRISK

1. «Nussir søker Enova om støtte til å bli verdens første 100% elektrifiserte gruve».
Nussir vil altså ikke betale for dette sjøl. Man venter å tjene mange milliarder på gruva, men det er altså Staten som gjennom Statsforetaket Enova skal betale ekstrautgiftene på 200-300 mill. kr. Enova har i sine regler at «For at en bedrift skal få støtte fra Enova, må støtten være nødvendig for gjennomføringen av prosjektet. Enova kan med andre ord ikke støtte tiltak som ville blitt gjennomført uten økonomisk støtte». Om ikke Staten betaler, vil Nussir-gruva altså bli drevet med dieselmaskiner og bidra fullt ut til at gruveindustrien utgjør 5-10% av verdens utslipp av klimagasser. Elektrifisering av gruver er ellers en verdensomfattende trend og er under planlegging av både LKAB og Boliden i Sverige. I disse dager holdes en internasjonal konferanse om elektrifisering av gruver i Canada. Sjølv om Enova skulle gi støtte er det høgst tvilsomt om Nussir vil rekke å bli først.

2. «Økt produksjon av kobber er en av forutsetningene for at menneskeheten skal løse klimakrisen. Det grønne skiftet krever en fordobling av verdens kobberproduksjon de neste 15-20 årene».
Dette er en svært tvilsom påstand, som helt ser bort fra muligheten for kobberforbruket kan reduseres ved gjenvinning, lengre varighet av produktene, begrensing av transport og luksusforbruk, samt utskifting av kobber med andre materialer som aluminium og fiberoptiske kabler. Samtidig vil økt kobberutvinning føre til utvinning av stadig fattigere ressurser, med tilsvarende økt produksjon av avgang. Tilsvarende vil utslipp og forurensing fra kobberutvinning øke kraftig.

3. «Energiforbruket vil være blant de laveste i verden».
Hva sammenligner man med? Kobbergruver? Det er vel ingen som har oversikt over energiforbruket i alle verdens tusenvis av kobbergruver. Dette er derfor rein ønsketenking uten grunnlag.

4. «Nussir ASA vil levere til et av verdens reneste smelteverk.»
Hva er et reint smelteverk? Har Nussir kontrakt på hvilket smelteverk man skal levere til? Konsentratet vil bli solgt på verdensmarkedet til det smelteverket som byr mest, uavhengig av hvor «rent» dette er.

5. «Produksjonen av kobber fra Nussir utgjær ca 50% av Norges forbruk og kan brukes til å elektrifisere resten av Norges 2,6 millioner personbiler i løpet av 10 år.»
Produksjonen fra Nussir blir solgt på verdensmarkedet der den vil utgjøre mindre enn 1 promille, og vil ikke være øremerka for spesielle formål. Det er ikke mulig å elektrifisere dagens personbiler. Skal vi bytte ut bensinbiler med el-biler, må det skje med å skrote dagens nye bensinbiler. Er det god ressursforvaltning?

6. «Kobber er et metall som kan gjenvinnes i det uendelige. Kobberet blir ikke «brukt opp».»
Dette er bare delvis sant. Ved alt forbruk og all gjenvinning er det et visst svinn. God effekt av gjenvinning er avhengig av at produktene varer lengre. Men det ønsker ikke produsentene.

7. «Fredsprisvinner fra Kongo har bedt verden øke oppmerksomheten på hvor metallene kommer fra.»
Dette er sant, men det er utrolig frekt å bruke det som argument for å starte ei svært omstridt gruve i Norge.

B. SJØDEPONI

1. «Deponiet vil ligge stabilt i et naturlig basseng på ned mot 90 meters dyp»
90 meter er internasjonalt regna som et grunt sjødeponi. Så godt som alle deponi i andre land skjer på flere hundre meters dyp. Det er bare ei lita grop som er 90 meter dyp. Mesteparten av deponeringa vil skje på 50-60 meters dyp, men det hørest best ut når men bruker det største dypet.

2. «0,1% av mineralene inneholder stabile forbindelser der kobber inngår. Stabile mineraler er ikke et miljøproblem»
– Det er ikke slik at 0,1% av mineralene «inneholder» disse forbindelsene, 0,1% (minst) ER disse forbindelsene. Det er beregna omlag 1340 tonn årlig utslipp av kobber. Prosenten er liten, men det er fordi de samla utslippa er så enorme.
– De er ikke stabile, og det er svært omstridt i hvilken grad de vil løses opp og danne farligere stoffer.

3. «Tester viser at det vil avgis ca 30-40 kg kobber pr. år fra deponiet.»
Dette er fra en fullstendig upålitelig test utført under helt andre forhold, som ikke en gang selskapet som gjennomførte testen går god for. Dette tallet er tilbakevist mange ganger, men Nussir fortsetter å klamre seg til det. Undersøkelser i det gamle deponiet i Repparfjorden viser at utlekkinga av kobber er langt større.

4. «Kjemikaliene anses som akseptable for miljøet av Havforskingsinstituttet.»
Dette har ikke Havforskingsinstituttet sagt, men derimot har de advart mot sjødeponiplanen hele tida.

5. «Andre metaller. Det er ikke forventet registrerbare miljøutslipp av andre tungmetaller fra deponiet.»
Dette er Nussirs forventning, men avgangen vil inneholde store mengder andre metaller, bl.a. nikkel og kvikksølv.

6. «Deponiets tykkelse og spredning etter 10 år»
Kartet viser her et kjerneområde med 10-30m og ytre områder med 1-10m og ytterst 0,1-1m.
– Dette er etter ti år, men drifta er beregna å vare i 30 år, og deponiet vil derfor bli tre ganger større i volum.

C. BUNNLIVET

1. «Den delen av området der deponiet vil ha påvirkning av betydning på bunnlivet vil være på ca. 1,1km2»
Dette er rein fantasi. Områder der det blir lagra opp til 10 meter tjukke lag av gruveavgang vil sjølsagt ramme livet på bunnen. Den direkte påvirkninga på bunnlivet blir i alle fall hele deponiområdet på 8km2.

2. «-- erfaring fra tilsvarende deponier i Norge og utlandet er at det tar 3-7 år for bunnlivet å vende tilbake.»
Erfaringer fra Jøssingfjorden er at normalt bunnliv ikke har kommet tilbake etter 30 år.

3. «Normalt liv har kommet tilbake over deponiet fra 1970-tallet»
Det som ikke sies er at dette livet har svært høye verdier av kobber.

D. LAKS OG FJORDFISKE

1. «Laksen i Repparfjorden vil ikke påvirkes nevneverdig av sjødeponering»
Dette er stikk i strid med erfaringene fra 1970-tallet da det blei dumpa omlag 5% av det som nå er planlagt. Da var laksebestanden i ferd med å dø ut.

2. «Det har vært gjort omfattende undersøkelser og studier på laks i samarbeid med bl.a. Vest-Finnmark Jeger og Fisk og NIVA som viser at laksen ikke blir nevneverdig berørt av deponiet.
– Vest-Finnmark Jeger og Fisk har ikke samarbeida om disse undersøkelsene, men derimot hele tida gått mot gruveplanen.
– NIVAs undersøkelse tyder på at smolten (eller noe av den) går raskt gjennom fjorden, men dette gir ikke grunnlag for denne konklusjonen.

3. «Det er ikke påvist økt dødelighet for egg og yngel av torsk, med de mengder av partikler i vannmassene som utslippstillatelsen angir.»
– Det er ikke foretatt realistiske forsøk som kan gi grunnlag for en slik konklusjon.
– Det er derimot gjort forsøk som viser at partikler i vannet skader egg og yngel.
– Det er svært delte oppfatninger av hvor mye frie partikler det vil bli i vannmassene.

4. «Forskingstokt i regi av Havforskningsinstituttet viser at Repparfjorden ikke er en viktig gytefjord for torsk.»
Dette er det stikk motsatte av hva undersøkelsene til HI viser.

E. REINDRIFT

1. «Beiteområder for rein blir tilnærmet uberørt av gruvedriften»
Dette er en påstand fra selskapet som er tjent med å framstille det slik, men stikk i strid med det reindrifta sjøl og NORUTs konsekvensutredning om reindrift sier. Om sjølve beitet forsvinner i liten grad, blir reindrifta ramma ved sperring av trekkveier og flytteveier og forstyrring som gjør at beitet ikke blir utnytta.

2. «Nussir drives fra et 0,2km2 regulert industriområde som ikke berører reindrifta.»
– Kartet på denne sida viser to slike regulerte industriområder. Det ene, på Markopneset, er ikke med i Nussirs reguleringsplan, men noe de har prøvd å snike seg til i ettertid. Dette er et viktig beiteområde for reindrifta.
– At ikke reinen i dag kan utnytte det eksisterende industriområdet, er et resultat av tidligere utbygging og steinbrudd.
– Kartet viser at det vil være vei også utafor de nevnte områdene.
– I tillegg kommer forstyrrelser fra luftekanaler og underjordiske sprenginger.

3. «Samarbeid. Nussir har bl.a. sagt ja til reindriftas forslag om felles prosjekt på lokalt feltslakteri. Nussir kjøper et visst antall tonn reinkjøtt per år til en høyere pris enn andre slakterier.»
Representanter for reinbeitedistriktet sier at de aldri har kommet med noe slikt forslag. Reindriftas problem er i dag ikke avsetning på reinkjøttet, men innskrenking av beiteområder.

4. Hva står ikke her? Det står ikke at begge de berørte reinbeitedistrikta gjennom 10 år har gått konsekvent mot gruveplanen, tross alle forsøk fra Nussir på å kjøpe dem opp.

F. NUSSIR ASA

1. «Nussir ASA er et norsk selskap registrert i Kvalsund kommune.» Formelt er det rett, men man vet ikke hvor lenge det er dette selskapet som sitter på rettighetene. De kan når som helst selges til et eller flere utenlandske selskap, enten samla eller stykkevis ved aksjesalg. Alle tidligere større gruver i Finnmark (Sydvaranger, Austertana, Stjernøya, Bidjovagge, Folldal verk) var eid av norske selskap, men blei overtatt av utenlandske.

2. «De fleste aksjonærene i Nussir ASA er norske og selskapet har norsk ledelse» Det er for øyeblikket. Trolig er ca. 40% av aksjene på utenlandske hender, og alt tyder på at det vil bli utenlandsk flertall ved neste aksjeutvidelse. Et aksjeflertall setter inn den ledelsen de ønsker.

3. «Norske bergverk har sterke tradisjoner for et trygt og godt organisert arbeidsliv» Dette tyder på svært kort og selektiv historiekunnskap. Norske bergverk har tradisjoner for organiseringsforbud og fagforeningsknusing, bl.a. Sulitjelma og Sydvaranger.

Disse 27 punkta er sikkert ikke alt som er galt med brosjyra, men mer enn nok til å stille spørsmålet: Er det dette regjeringa skal bygge på når de snart skal behandle klagene på driftskonsesjonen?

Kap. 3 – Sydvaranger

Feil om fagforeiningsfane

På side 130 i boka er det bilde av ei fagforeningsfane for Arbeiderforeningen Nordens Klippe. Av biletteksten kan ein få inntrykk av at dette er den originale fana frå 1907, men det er det ikkje. Den opprinnelige fana overlevde ikkje 2. verdskrigen, så dette er ein rekonstruksjon som er gjort i etterkrigstida. I nettutgåva er det bilde av både den originale fana og kopien, med rett bildetekst til.

Nekrolog over Sydvaranger – eller et håp?

Kronikk, lagt ut som eigen artikkel

Kap. 4. – Titan

Titania sett frå SFT

I Titaniasaka er det laga ei oppsummering sett frå Statens forurensningstilsyn. Dessverre var vi ikkje klar over denne før etter at boka blei skrive. Den er å finne i boka Øyvind Nøttestad: Fra forkynner til forvalter. SFTs historie fram til 1994, på side 78–82.

Har Engebøfjellet ein særlig rik titanførekomst?

(Publisert 06.10.2015)

Eklogitten i Engebøfjellet, som er berekna å innehalde 3,77 % rutil (2,26% titan), er ofte framstilt som ein av dei aller rikaste titanførekomstane i verda. Det er vel det som kan kallast ei "sanning med modifikasjonar". Vi må nemlig ta med i bildet to andre faktorar i tillegg til sjølve rutilprosenten: For det første andre titankjelder enn rutil og for det andre kor lett det er å få titandioksidet ut av bergarten som mineralet sit i.

Titan finst i ei rekke mineral, men blir vesentlig tatt ut frå to av dei; rutil (ein av fleire variantar av titandioksid, TiO2) og ilmenitt (titanjernstein, FeTiO3). På verdsbasis blir det produsert langt meir frå ilmenitt enn frå rutil. Av ilmenitten kan omlag halvparten takast ut som titandioksid. Det vil seie at målt i titan- eller titandioksidinnhald, vil f.eks. 4 % rutil svare til 8 % ilmenitt, eller omlag 2,5 % titan. På Titania i Sokndal i Rogaland blir det drive på ein førekomst der råmalmen inneheld omlag 36 % ilmenitt, som svarar til 18% titandioksid (=10,8% titan). Innhaldet er altså 4–5 gongar meir titandioksid pr. tonn malm enn i Engebømalmen. Ilmenitt har imidlertid den ulempa at det må gjennom ein komplisert prosess for å skilje frå kvarandre titandioksid og jernoksid. Det gjør det langt dyrare å framstille TiO2 frå ilmenitt enn om ein kan ta det ut av fjellet som rutil, slik at grensa for kor høg prosenten av ilmenitt i malmen må vere for at det skal vere lønsamt å ta han ut er mye høgare enn tilsvarande for rutil. Det er likevel vanskelig å sette opp absolutte tal på dette fordi utgiftene avheng av mange andre faktorar og i tillegg varierer det veldig kva pris ein kan få for titandioksid i forskjellige kvalitetar.

I tillegg kjem spørsmålet om kor stor prosent ein klarer å utnytte. I Engebø er denne anslått til omlag 60 %, ved Titania tar ein ut over 90 % av ilmenitten, noko som vil seie at forskjellen blir enno større.

I ein presentasjon for Norsk Bergindustri har Nordic Mining sett opp ein tabell som viser rutilprosenten i igangverande og planlagte rutilgruver rundt i verda.[1] I dei andre gruvene varierer denne frå 2,32 ned til 0,14 %. Altså er førekomstar med omlag 1/25 av konsentrasjonen i Engebø-fjellet rekna som drivverdige. Dette tyder på at rutilen i Engebøfjellet er ein svært stor og rik ressurs i verdsmålestokk. Likevel kan ikkje desse tala samanliknast direkte. Mange av rutilførekomstane som blir utnytta eller planlagt utnytta rundt i verda er nemlig ikkje i fast fjell, men i sand. Det gjør at ein kan kjøre sanda rett inn i eit oppreiingsanlegg for å sortere ut rutilen, og spare utgiftene til boring, sprenging og knusing. I dei tilfella der gruvene tar ut malm av fast fjell, førekjem rutilet i bergartar der det er atskillig lettare å få det skilt ut enn det er der det sit i eklogitt. Faktisk er det så langt ingen stad i verda drive gruvedrift i stor målestokk på rutil i eklogitt. Det betyr ikkje at rutil i eklogitt er eit særnorsk fenomen. Både i Italia og i Russland finst det store førekomstar der rutilinnhaldet er monaleg høgare enn i Engebøfjellet. Desse førekomstane har vore kjent lenge, men det er likevel ikkje sett igang utvinning, noko som tyder på at ein finn det vanskelig å skilje ut rutilen frå eklogitten.

Sjødeponi er ressurssløseri

(Publisert 06.10.2015)

Sjødeponiet som er planlagt i Førdefjorden for gruveavgang frå rutilgruva i Engebø-fjellet har av direktøren for Nordic Mining blitt marknadsført som "verdas mest miljøvennlige sjødeponi"[2]. Dette seier mest om selskapet sine evner innafor marknadsføring og grønmaling. Men dersom denne deponeringa blir sett ut i livet etter planane, kan det likevel hende at Nordic Mining oppnår å sette ein verdsrekord. Dette vil nemlig bli verdas rutil-rikaste deponi, og trulig eit av dei gruvedeponia i verda som er rikast både på det mineralet som er gruva sitt hovudprodukt og på andre verdifulle mineral. Frå eit samfunnsøkonomisk synspunkt vil dette derfor vere eit gigantisk sløseri.

I "Gull, gråstein og grums – 1" skreiv eg at det vil bli omlag 92 % avfall, og at bare 8 % vil bli utnytta. Dessverre ser det ut til at resultatet kan bli enno verre, det kan ende med at bare knappe 2 % blir tatt vare på, mens 98 % av det som blir tatt ut hamnar i sjø"deponi" og blir utilgjengelig for all framtid.

Eg må no innrømme at eg har kome i skade for å gjøre ein tredobbel feil:

1. Det er bergarten eklogitt som er berekna å innehalde 3–4 % rutil. Det vil også måtte takast ut ein del gråberg, særlig ved dagbrotsdrift. Når vi reknar prosenten som blir utnytta, må dette gråberget reknast med.

2. Eg har gått ut frå at når malmen inneheld gjennomsnittlig 3–4 % rutil, vil dette bli tatt ut i oppreiinga. No klarer ingen oppreiingsprosessar å skilje ut alt. Noko vil alltid følge med avgangen, men eg ante ikkje at utvinningsgraden var så låg som han viser seg å bli. Det fann eg seinare er at Nordic Mining først bare hadde rekna med å kunne ta ut 55% av rutilen, men at laboratoriestudier gjort av Outotec tyda på at ein kunne få ein utvinningsgrad på over 60 %"[3]. Da vil rutilen som blir utnytta utgjøre omlag 2–2,5 % av eklogitten.

3. Eg har gått ut frå Nordic Mining sine opplysningar om at dei ønsker å produsere omlag 100 000 tonn granat årlig, noko som utgjør omlag 4 % av eklogitten. Men det viser seg at granaten ikkje er nokon forpliktande del av planen, og at dersom Nordic Mining ikkje finn det teknisk eller økonomisk gjennomførbart og ønskelig å ta vare på noko av granaten, har dei fått løyve til å dumpe all granaten med avgangen i Førdefjorden.

For rutil er altså konklusjonen at 5-6 mill. tonn vil bli utnytta, mens 3-4 mill. tonn vil hamne på botn av Førdefjorden. Anten ein kallar dette dumping eller deponi, står det fast at det der vil bli liggande ganske utilgjengelig i overskodelig framtid, i alle fall vil det ikkje vere lettvint å få det opp igjen. Det som blir lagt i sjødeponi må reknast som tapt, i motsetning til det som blir lagt i deponi på land.

Prisen på rutil var i 2012 2400 dollar pr. tonn, i 2015 var han nede i 800 dollar. Om vi går ut frå at prisen framover vil variere innafor denne ramma, vil den rutilen som Nordic Mining vil plassere på botn av Førdefjorden ha ein verdi av mellom 3 og 9 milliardar $, etter dagens kurs mellom 25 og 75 milliardar kroner. Sjølv om Noreg i oljealderen har blitt bortskjemt med høge inntekter, burde vel det vere ein ressurs verd å ta vare på?

Ei av dei forholdsvis rutilrike gruvene på oversikten til Nordic Mining er Sierra Rutile, i Sierra Leone i Vest-Afrika, med eit rutilinnhald på omlag 1 %. Eg har ikkje funne tal på kor stor del av denne rutilen ein har klart å ta ut i oppreiingsprosessen, men bedrifta har i alle fall funne ut at det er så mye rutil som har gått med avgangen, at dei vil kjøre "reprocessing of tailings"[4], dvs. å kjøre dette ein gong til gjennom oppreiingsverket, for å kunne ta ut meir. Dette kan dei gjøre fordi avgangen er lagra på land, og dermed tilgjengelig. Med sjødeponi vil dette ikkje vere mogleg. Nordic Mining vil altså dumpe på sjøen 250 mill. tonn med omlag 1,5 % rutil. mens ein andre stadar i verda kjører reprosessering på avgang som inneheld rundt 0,5 % og vinn ut malm med rutilinnhald ned til 0,16 %! No er det nok vanskelig med dagens teknologi å ta ut all rutilen, men den teknologiske utviklinga går framover, og det som ikkje er mogleg i dag kan vere det i morgon. Så sant at den rutilrike avgangen da er tilgjengelig.

I tillegg til rutil består som nemnd eklogitten av bl.a. granat. Denne utgjør omlag 30% av eklogitten, og dersom all granaten blei utnytta, ville deponeringsbehovet bli kraftig redusert. Granat kan utnyttast til mange føremål, bl.a. til slipemiddel. Men til forskjellige formål treng ein forskjellig kornstorleik. Problemet med eklogitten i Engebøfjellet er at rutilen sit i så små korn at malmen må malast ned til svært fine partiklar. Når ein har mala granaten like fint, har han blitt meir finkorna enn det som er eigna for mange formål. Skal ein kunne ta vare på og utnytte granaten, må ein derfor finne andre metodar for oppreiing av malmen.

Ei analyse som er gjort av NGU viser at Engebø-eklogitten bl.a. består av vel 40 % kvarts, omlag 13 % aluminiumoksid og omlag 17 prosent hematitt. Alt dette er stoff som elles blir brukt som råstoff til vidare foredling av mineral og metall. Spørsmålet er bare å finne metodar for å skilje desse stoffa ut, men det bør ikkje vere umogleg å løyse. For kvarts kan det vere eit problem om malmen blir knust for fin, da det marknaden etterspør er kvarts som anten er grovknust eller svært rein. I den grad ein ikkje kan utnytte alle minerala kvar for seg, vil restmaterialet kunne utnyttast på mange vis, bl.a. til bygningsmateriale. Kor mye dette kan vere verdt tilsaman er vanskelig å seie. Ved andre gruvedeponi er det gjort berekningar som viser at det kan vere snakk om atskillige milliardar kr. Det er ingen grunn til å tru at det ikkje også gjeld Engebø, og der er det snakk om så store mengder at det absolutt er mogleg å drive rasjonelt med utnytting av biprodukt. I tillegg skal det vere såpass av dei sjeldne metalla scandium og yttrium at Nordic Mining har vurdert å drive eiga oppreiing for å ta ut desse.

Nordic Mining har fått godkjenning av regjeringa for reguleringsplan og utslepp. Det gjenstår likevel fleire ledd i søknadsprosessen. Det siste leddet er at Direktoratet for Mineralforvaltning skal gi driftskonsesjon. Direktoratet skal da bl.a. sjå til at prosjektet er økonomisk og bergfaglig forsvarlig. Søknaden om driftskonsesjon er enno ikkje skrive ferdig. Før Nordic Mining gjør det, bør dei kanskje ta ei vurdering av kor smart og forsvarlig det er å kaste rutil for 25-75 milliardar kroner, samt ei rekke andre verdifulle mineral på havet, og om ein ikkje bør sjå etter andre idear enn sjødeponi. Gjør ikkje selskapet det sjølv, blir det direktoratet si oppgåve å slå fast at dette ikkje er forsvarlig verken samfunnsøkonomisk eller med tanke på sikring av ressursane våre for framtida.

Nordic Mining – keisar utan klede?

Eit forsøk på analyse av potensialet i dei forskjellige prosjekta til selskapet.

(Publisert 07.10.2015)

Heilnorsk aluminium frå Nordic Mining?

Om Nordic Mining og diverse andre selskap som har satsa på å produsere aluminium av norsk anortositt.

(Publisert 11.01.2016)

Hemmelig leiting på havbotn

Om Nordic Mining si satsing på mineral havbotn, korleis forskingsinstitusjonar gjør jobben for dei og korleis forvaltninga bidrar med å hemmeligstemple dette. Samt litt om mineralutvinning på havbotn i verdsmålestokk og miljøskader og miljøfarer ved denne.

(Publisert 09.02.2016)


Fotnotar

[1] Engebøprosjektet – styrker Norges konkurransekraft. Norsk Bergindustri – Høstmøtet Kristiansand 4. september 2014 (link)
[2] Administrerende direktør Ivar Fossum sin tale fra Miljøverndepartementets befaring på Engebøfjellet tirsdag 15. november (link)
[3] Positive progress for Engebø beneficiation process (link)
[4] Titanium Resources Group Limited Placing of new shares to raise £10.0 million (link)