I arbeidet med denne oppsummeringa har eg stilt ein del spørsmål til aktørar i saka på begge sider i striden, men dessverre har fleire av dei ikkje villa svare. Det gjør at her er nokre manglar som eg gjerne rettar opp dersom dei ombestemmer seg og vil bidra til oppsummeringa. Eg har sjølvsagt ikkje tilgang på alt som har skjedd bak kulissane i saka, og sikkert heller ikkje fått med alt som har vore i media, så om dei som les dette kan peike på feil og manglar, så vil eg svært gjerne høre det. (send til sveilund@online.no)
Nussir var eit av fem eksempel på omstridde gruver og gruveprosjekt i Noreg i boka "Gull, gråstein og grums 1 – Omstridde gruver", som eg ga ut i 2015. Der fortalte eg at Nussir i 2007 rekna med drift i gruva i 2011. I 2008 blei oppstarten anslått til 2012, og i 2010 til 2013. I 2013 uttalte direktør Øystein Rushfeldt at drifta sannsynligvis kan starte 2015/16, seinare same året var det blitt 2017 som aktuelt år for oppstart av utvinninga. I 2015 sa han at om dei får alle løyve i løpet av året, kan produksjonen i beste fall komme i gang i 2018.
No er 2018 snart omme og direktør Rushfeldt snakkar om oppstart av anleggsarbeidet i 2019. Dette er vel heller ikkje særlig realistisk, sjølv om driftskonsesjonen frå departementet skulle komme før nyttår. Først kan konsesjonen ankast. Så må Nussir få inn pengar, og det ganske mye pengar. Det snaraste realistiske synest no å vere anleggsstart 2020 og drift frå 2021/22. Vi snakkar altså om ei forsinking på rundt ti år, om ikkje meir.
Søknadsprosessen har vart så lenge at ein mastergradsstudent har nådd å skrive avhandling om denne og få sin eksamen før prosessen enno er ferdig.1 Studenten drøftar årsakane til den lange behandlingstida og intervjuar forskjellige partar om dette. Det mest slåande av desse intervjua er ein representant for Miljødirektoratet som hardnakka hevdar at motstanden mot prosjektet ikkje har hatt noko å seie, det er bare "sakens kompleksitet" som har gjort at det har tatt lang tid. Men kvifor blei saka så kompleks? Nettopp fordi det har vore ein aktiv motstand, som har gått gruveselskapet sine planar og utgreiingar etter i sømmane og stilt spørjeteikn ved om desse heldt mål faglig og juridisk. Derfor er det naudsynt med ein kort gjennomgang av saksbehandlinga og kva som har forlenga denne:
Etter plan- og bygningslova er ein reguleringsplan vedtatt når kommunestyret har vedtatt han, så sant ingen organ med motsegnsrett legg inn motsegn (innsigelse). Det gjorde Områdestyret for reindrifta og Sametinget. Hadde dei ikkje gjort det i tide, ville planen vore godkjent i juli 2012. No tok det nesten to år før planen blei endelig godkjent av Kommunaldepartementet i mars 2014.
Formelt gjaldt områdestyret og Sametinget si motsegn bare verknadane for reindrifta, men heile planen måtte vurderast i denne prosessen. Saka blei ekstra vanskelig for styresmaktene fordi ei rekke statlige organ anten sa konsekvent nei til gruveplanen eller kravde fleire undersøkingar for å kunne ta standpunkt. Det gjaldt bl.a. Fylkesmannens miljøvernavdeling, Direktoratet for Naturforvaltning, Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet. Etter motsegner skal Fylkesmannen forsøke å mekle, men i denne saka førte det sjølvsagt ikkje fram. Fylkesmannen tilrådde derimot å avvise motsegnene, og gikk såleis tvert mot si eiga miljøavdeling. Saka blei så sendt over til daverande Miljøverndepartementet. Der sat ein minister frå eit parti som i prinsippet var mot dumping i sjø, men som samtidig visste at han hadde fleirtalet i regjeringa mot seg. Han torde derfor ikkje tvert avvise reguleringsplanen, men sendte denne over til Miljødirektoratet med spørsmål om det var behov for fleire undersøkingar. Den same ministeren hadde i mellomtida likvidert det kritiske Direktoratet for Naturforvaltning, og sett leiinga frå det svært gruvevenlige KLIF til å leie Miljødirektoratet. Dette var folk som sette si ære i aldri å seie nei til ein utbyggingsplan, men for skams skuld måtte dei bruke litt tid på å svare at saka var nok utgreidd til at departementet kunne gi løyve. Ministeren var likevel under slikt krysspress at han ikkje klarte å seie verken ja eller nei, men klarte derimot å trenere saka til det blei regjeringsskifte hausten 2013. Noko av det første den nye blåbrune regjeringa gjorde var å flytte Planavdelinga i Klima- og miljødepartementet til Kommunaldepartementet, nettopp for å understreke at slike saker skulle behandlast som utbyggingssaker, ikkje som miljøsaker. Hensikta var vel raskare og meir "forutsigbar" saksbehandling, men flyttinga førte trulig i dette tilfelle heller til meir forsinking.
Utsleppsløyve blei innvilga av miljødirektoratet januar 2016 og etter klage frå Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Norske Lakseelver og Sametinget oppretthalde av Klima- og miljødepartementet i desember 2016. Behandlinga av utsleppsløyvet tok altså 5 år og 2 mnd frå søknaden blei sendt.
Etter at utsleppsløyvet var i boks dukka det opp ei ny sak: Spørsmålet om det var så mye radioaktivt materiale i Nussir at det trengtest ei eiga behandling av dette. Statens strålevern slo fast at det ikkje var meir radioaktivitet her enn det som er vanlig i norske fjell og at det derfor ikkje var nødvendig med eige løyve.
Den endelige søknaden blei så sendt til direktoratet 23.01.2017. Normalt skulle DirMin gjøre vedtak om driftskonsesjon, men sidan Sametinget allereie hadde klaga på dette, blei det avgjort at saka skulle behandlast i departementet (NFD). DirMin si rolle var da redusert til å levere eit faglig innspel. Det gjorde dei, og dette var ganske kritisk. Det førte til at Nussir gikk til hardt motangrep med utgangspunkt i ein faktafeil i innspelet.
Kva sto det da igjen før søknaden kunne behandlast av departementet? Jo, driftskonsesjonen skulle godkjennast av grunneigar. Og det var inga enkel sak, når grunneigar var Finnmarkseiendommen, der styret var kløyvd på midten. Finnmarkslova sine reglar for behandling av slike saker er så kompliserte at styret knapt forsto dei sjølv. Det er derfor nødvendig å seie litt om kva lova seier her:
FeFostyret består av 3 vald av Sametinget og 3 vald av Finnmark fylkesting, og leiarvervet går på omgang eit år av gangen. §9 Styret kan treffe vedtak når minst fem medlemmer er til stede. Vedtak treffes med alminnelig flertall med mindre annet følger av § 10. Ved stemmelikhet er styrelederens stemme avgjørende.
I samband med koppargruver i Kvalsund har styreleiaren si dobbeltrøyst vore avgjørande i fleire saker og resultatet har variert med om Sametinget eller Fylkestinget har hatt leiaren. Så også her. Først blei saka behandla i styret i september 2017, der det blei vedtatt å tilrå driftskonsesjon med røystene frå styremedlemmane oppnemnd av fylkestinget og med leiaren si dobbeltrøyst. Men så kjem §10 inn i bildet, og der står det: § 10. Saker om endret bruk av utmark og avhendelse av fast eiendom m.m. I saker om endret bruk av utmark skal Finnmarkseiendommen vurdere hvilken betydning endringen vil ha for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøvelse og samfunnsliv. Sametingets retningslinjer etter § 4 skal legges til grunn ved vurderingen av samiske interesser etter første punktum.
Vedtak om endret bruk av utmark krever tilslutning fra minst fire styremedlemmer dersom hele mindretallet begrunner sitt standpunkt i hensynet til samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøvelse og samfunnsliv vurdert på bakgrunn av Sametingets retningslinjer. Dersom flertallet ikke utgjør flere enn fire, kan et samlet mindretall i løpet av styremøtet kreve at saken forelegges for Sametinget. Dersom Sametinget ikke godtar flertallets vedtak eller unnlater å behandle saken innen rimelig tid, kan et samlet flertall i styret kreve at Finnmarkseiendommen forelegger saken for Kongen, som avgjør om vedtaket skal godkjennes. Godkjennelse av vedtaket har virkning som styrevedtak.
Dersom et forslag om endret bruk av utmark som enten bare gjelder Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger og Tana kommuner eller bare gjelder resten av Finnmark, får tilslutning fra tre og bare tre styremedlemmer, kan tre styremedlemmer samlet kreve at saken behandles en gang til. Ved denne behandlingen deltar ikke det siste styremedlemmet valgt av Finnmark fylkesting dersom saken gjelder endret bruk av utmark i Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger eller Tana kommuner. Gjelder saken endret bruk av utmark i resten av Finnmark, deltar ikke det siste styremedlemmet valgt av Sametinget som ikke representerer reindriften. Saken avgjøres med alminnelig flertall. Dersom det blir besluttet endret bruk av utmark med tilslutning fra tre og bare tre styremedlemmer og hele mindretallet begrunner sitt standpunkt i hensynet til samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøvelse og samfunnsliv vurdert på bakgrunn av Sametingets retningslinjer, kan et samlet mindretall i løpet av styremøtet kreve at saken forelegges for Sametinget. Annet ledd tredje og fjerde punktum gjelder tilsvarende.
Sidan dette kompliserte regelverket knapt var brukt før og knapt forstått sjølv av administrasjon og styremedlemmar i FeFo, førte det til mye kluss i behandlinga av denne saka. Sidan dette utvilsamt gjeld endra bruk av utmark, skulle reglane i §10 vore brukt, men det skjedde ikkje ved første behandling, der saka blei avgjort med leiaren si dobbeltrøyst. Da FeFo valde ny styreleiar, denne gongen frå Sametinget, ønska Sametinget sine representantar å endre vedtaket, men i mellomtida var det blitt avklart at røystereglane i §10 blei gjort gjeldande, og dermed blei det igjen fleirtal for å godta driftskonsesjonen. Styremedlemmane som var oppnemnd av Sametinget røysta mot og klaga saka inn for Sametinget, som i mars 2018 vedtok å be FeFo-styret om ikkje å sende den vedtatte høringsuttalelsen til departementet. Det påverka likevel ikkje fylkestinget sine oppnemnde styremedlemmar, som i styremøtet 18. april vedtok å sende saken inn til endelig behandling hos Kongen i statsråd. (Er det gjort noko slikt vedtak om godkjenning av vedtaket?)
Under den raudgrøne regjeringa gikk Landbruks- og matdepartementet mot å goda reguleringsplanen for Nussir. Etter regjeringsskiftet 2013 blei LMD bedt om å gi ny uttalelse, og sa da 17.12.2013 : Etter en avveining mellom reindriftsnæringen og mineralnæringen i denne saken, finner Landbruks‐ og matdepartementet å kunne tilrå at innsigelsen ikke tas til følge under forutsetning av at det velges en løsning med sjødeponi og at tiltakshaver og reindriftsnæringen blir enige om avbøtende tiltak før oppstart av virksomheten.
I det endelige vedtaket fra Nærings- og fiskeridepartementet 20.03.2014 blei dette endra til: Det legges til grunn at tiltakshaver i samråd med reindriftsnæringen kommer frem til avbøtende tiltak som legger grunnlaget for videreføring av reindriften i området.
LMD sitt vedtak er altså gjort 3 månadar før det endelige i NFD. Det er tydelig at LMD sitt vedtak har lege til greunn da det er klare likskapar i formuleringane, men dette er bevisst endra for å vere mindre forpliktande. NFD sitt vedtak skal gi inntrykk av å ta omsyn til reindrifta, men er ikkje forpliktande slik som LMD si formulering.
Etter det har det bare vore eitt møte mellom Nussir og reinbeitedistrikta, og der blei det full skjæring. Ingen av partane hadde noko å tilby og begge venta bare på utspel frå motparten. Reindrifta hadde ingen interesse av å forhandle, fordi dei tolka ministeren slik at om dei ikkje blei samde, så kunne det ikkje bli noko gruve. Seinare har departementet sagt at det ikkje kan tolkast slik, det er nok at Nussir har prøvd å komme til enighet med reindrifta.
I samband med søknaden om driftskonsesjon var det i mai 2018 eit konsultasjonsmøte mellom NFD og reinbeitedistrikta med Sametinget som observatør. Her forsøkte departementet å snike inn i referatet at Nussir kunne bruke det planlagte industriområdet på Markopneset, slik at dei seinare kunne hevde at reindrifta hadde godtatt dette i konsultasjon. Det godtok ikkje reindrifta, og fikk fjerna det frå referatet. I slutten av november 2018 hadde så Fiettar eit siste konsultasjonsmøte, der dei bl.a. la fram kart over sin bruk av området og korleis Nussir sine planar og andre inngrep skaper problem for drifta.
Forskingsrådet har ikkje bare indirekte støtta opp om gruvedrift med sjødeponi, men også gitt direkte støtte til Nussir ASA. Det har dei gjort med å finansiere forskingsprosjektet "Utvikling av driftskonsept for miljøvennlig gruvedrift". Kva dette går ut på skulle eg gjerne gjort greie for her, men det er lettare sagt enn gjort, for Forskingsrådet har hemmeligstempla så godt som all informasjon. Vi får ikkje greie på verken innhaldet i prosjektet eller kor mye pengar som er løyva, og Nussir svarar ikkje på spørsmål om dette.
Sjølv om dei skulle få tilkjent slike rettar (noko som er tvilsamt) er det ikkje sikkert dette vil kunne stoppe gruva. Sjølv grunneigarrettar er ganske svake i forhold til utvinning av statens mineral, og staten vil kunne ekspropriere. Ei rettsavklaring vil da bare bety ei avklaringa av kven som får økonomisk erstatning.
Det finst og nokre regionale organ for Europa eller EU/EØS. For nokre organ kan ein påklage saksbehandlinga straks det er gjort eit vedtak, for andre er det eit krav at ein først har kjørt saka for norsk rett så langt som råd, dvs. ein rettskraftig dom i Høgsterett eller at Høgsterett sitt kjæremålsutval har avvist anke på ein dom i lågare rett.
Det som allereie er gjort er at miljøorganisasjonar har meldt Noreg inn for ESA for brot på to EU-direktiv som gjeld Noreg gjennom EØS-avtala. Naturvernforbundet meldte med støtte av ei rekke andre organisasjonar brot på vassdirektivet, så mineralavfallsdirektivet. Klagen til ESA ser ut å vere avvist på formelt grunnlag, mens klagen på mineralavfallsdirektivet ikkje er ferdig behandla. Kan dette brukast til å seie at det ikkje kan giast driftskonsesjon?
Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg har behandla ei rekke klager frå einskildpersonar og organisasjonar for brot på menneskerettar. Dette kan først gjørast etter at alle rettslige skritt i Noreg er utprøvd.
På globalt nivå manglar det ein tilsvarande domsstol, men noko av den same rolla har FN sin menneskerettskomite, CERD. Denne har eit snevrare verkeområde, da han bare skal behandle brot på FN-konvensjonen om rasediskriminering. Imidlertid har komiteen tolka rasediskriminering i ganske vid forstand, slik at komiteen tar opp saker som gjeld folkegrupper sin rett til å utøve sin eigen kultur. Derfor har fleire saker som gjeld inngrep i forhold til reindrifta blitt klaga inn her, og det er i alle fall to saker til behandling no. (Tvangsslakting av rein og vindkraft på Fosen.)
Den internasjonale folkerettsdomstolen i Haag er ikkje aktuell, der er det bare statar som er partar. Ein kan kanskje klage Noreg inn for FN eller ILO for brot på ILO-konvensjonen om urfolk, men der er ingen domstol som kan gi ein bindande dom.
Norske regjeringar har tidligare vist at dei ikkje rettar seg etter kritikk frå FN-organ, og seinast i haust er det to saker der regjeringa eller Stortinget har avvist å avvente behandling i internasjonale organ.
Det siste tilskotet til Nussir er at kommunestyret i Kvalsund kommune med 10 mot 4 røyster 13.12.2018 vedtok at kommunen skal teikne aksjar for 300000 kr. Om det ikkje løyser finansieringa direkte, vil det ha stor symbolsk betydning og kan gjøre det lettare å få andre til å teikne aksjar.
Eg tar gjerne imot kommentarar, utfyllingar og rettingar til denne artikkelen.
23.12.2018 Svein Lund