Forside 1
Forside 2
Forside 3
Gull, gråstein og grums

– Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som til saman skal komme med 4 bind.
Første bind kom i juni 2015, andre i februar 2016, tredje i august 2017.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind og kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Startsida for Gull, gråstein og grums – 1

Startsida for Gull, gråstein og grums – 2

Startsida for Gull, gråstein og grums – 3

Meir gruvestoff finn du på nettstaden gruve.info

Tilleggsartikkel til "Gull, gråstein og grums – 1"

Nordic Mining ASA er, om ikkje det største, så i alle fall det mest ambisiøse mineralselskapet i Noreg. Selskapet har, med større eller mindre hell, forsøkt seg innafor så godt som alle tenkelige greinar av mineralutvinning i Norden. Mest kjent er det for den sterkt omstridde planen om rutilgruve i Naustdal med utslepp av gruveavgang til Førdefjorden. (Sjå boka "Gull, gråstein og grums 1", s. 181–199 eller her.) Dette er bare eit av dei mange prosjekta selskapet har forsøkt seg på. I tre artiklar går eg her nærare inn på nokre av dei andre aktivitetane til Nordic Mining.

Her følgjer den første artikkelen, med bakgrunnen for opprettinga av selskapet Nordic Mining og dei fleste av prosjekta deira. I den andre artikkelen ser vi på forsøket på framstilling av aluminium frå anortositt. Til sist i serien tar vi for oss planane om mineralutvinning på havbotn.

Utgangspunkt for alle artiklane er aktivitetane til Nordic Mining, men dei tar også opp kva som elles skjer på dei omtalte områda.

Ein stor del av informasjonen frå Nordic Mining er bare publisert på engelsk, og eg har da gjengitt det på originalspråket, da det er svært vanskelig å gi ei heilt dekkande omsetjing.

(Denne artikkelen er publisert 07.10.2015, oppdatert 10.02.2016)

Nordic Mining – Keisar utan klede?

I 1837 skreiv H. C. Andersen det kjente eventyret "Keiserens nye klær", om den forfengelige keisaren som var kledd opp i usynlige klede. Ifølgje skreddarane var dei svært vakre, dei var usynlige bare for dei dumme og udugelige. Alle såg at keisaren var naken, men for ikkje å avsløre seg som dumme, skrøyt dei av kor vakre kleda var, og bidrog til å spreie illusjonen.

Det absolutt mest ambisiøse mineralselskapet i Noreg heiter Nordic Mining. På eit knapt tiår har det hatt heile 15 prosjekt med sikte på mineralutvinning. Desse har alle vore oppskrytte som svært lovande, men dei fleste er allereie gitt opp. 5–6 prosjekt har dei framleis på gang, og desse skal gi inntekter på atskillige milliardar. I denne artikkelen spør eg om det er hald i dei store vyane eller om Nordic Mining er vår tids svar på keisaren utan klede.

Kunsten å marknadsføre mineralfunn

Både før og etter at eventyret blei skrive har vi sett mange eksempel på at politikarar, forretningsfolk og andre på liknande vis har marknadsført prosjekt og varer utan reelt innhald, der det liksom i eventyret har vore mange som har gått på bløffen og mange som har frykta for at denne skulle bli avslørt.

Mineralnæringa er ein av dei sterkaste forvaltarane av keisaren sine klede. Når nokon har funne ein førekomst av eit mineral som det kanskje kan vere mogleg å tene pengar på, startar jobbinga med å "pynte brura", det vil seie å framstille mineralfunnet så rikt, stort, lett tilgjengelig og lønsamt som råd. Marknadsføringa av førekomsten er nødvendig for å få inn kapital frå aksje- eller lånemarknaden, slik at ein kan komme igang med produksjon. Men minst like vanlig er det å marknadsføre for å selje dei bergrettane eller aksjane ein har. Om ein klarer å drive fram eit prosjekt til utvinningsrett eller kanskje til og med driftskonsesjon, og så får seld retten til det dobbelte av dei utgiftene ein har hatt, så har ein gjort gode pengar uavhengig av om det nokon gong blir noka reell utvinning.

Ei melding om funn av mineral verd fleire milliardar og ei gruve som vil gi fleire hundre arbeidsplassar slår lett gjennom i media. Nokre media er nært knytt til næringsinteresser og bidrar gjerne med oppslag som kan sette fart på aksjehandelen. Andre media har kanskje ikkje direkte eigeninteresse, men lar seg likevel bruke fordi journalistar og redaktørar svært sjeldan har nok bakgrunnskunnskap og kritisk sans til å sette spørjeteikn ved det mineralselskapa serverer dei. Med oppslag om «milliardverdiar» og «gruveeventyr» vil investorar frå nær og fjern strøyme til for å få aksjar i gruveselskapet, og aksjeverdien flyg til himmels. Kanskje nokon til og med vil kjøpe opp rettane, så finnarane eller dei første rettshavarane kan sitte igjen med eit høvelig overskot. For mange prospekteringsselskap er det over med det. Har dei fått seld aksjane, kan dei leve glade dagar og eventuelt leite fram nye prosjekt som kan drivast fram og seljast. Nokre selskap har spesialisert seg på dette, og vil ikkje sjølve drive gruver, da dei ser det som for risikabelt. Det kan vere meir å tene på marknadsføring overfor aksjemarknaden.

Flaggskipet

Flaggskipet til norsk mineralnæring heiter Nordic Mining. Selskapet blei starta i 2006, omtrent samtidig med starten på den nye gruve-boomen. Ingen andre norske mineralselskap har nokon gong gjennom tidene satsa så breitt: I løpet av eit tiår har det hatt leiting etter eller utvinningsplanar for i alle fall rutil/titan, granat, kvarts, jern, koppar, sink, gull, sølv, platina, palladium, sjeldne jordmetall, wolfram, molybden, litium, thorium og anortositt. For den siste har dei hatt produksjon eller planar om produksjon av steinull, pukkstein, aluminium, kalsiumkarbonat og silika. Nordic Mining er i tillegg sentral i utforsking av mineral på havbotn, og deltar i fleire større forskingsprosjekt.

Sidan starten har selskapet trekt inn godt over 300 millionar kr. frå aksjemarknaden, og i løpet av 2016 satsar dei på å få inn ytterligare atskillige millionar. Det er ingen dominerande aksjonærar, alt er basert på sal av tusenvis av mellomstore og små aksjepostar, og at flest mogleg av aksjonærane heng med på dei årlige aksjeemisjonane. Eksisterande og potensielle aksjonærar må altså ha tru på selskapet og på at alt det tar i blir til gull eller i alle fall til aukande aksjeprisar og eit driftsoverskot ikkje alt for langt inn i framtida.

For å trekke inn så monalige mengder kapital trengst det for det første ein god strategi. Denne blei formulert slik i årsrapporten for det første driftsåret, 2006:
"– Utforske og utvikle selskapets eksisterende ressurser
– Bygge kritisk masse innen driftskompetanse, markedsnettverk og finansiell soliditet gjennom oppkjøp av eksisterende gruve- og mineralselskaper
– Utvinne og produsere industrimineraler og -metaller for anvendelse innen spesial- og høyverdi-områder
– Utvikle og lansere ny teknologi innen leting etter mineraler og metaller gjennom videreutvikling av EM-teknologi for identifisering av kull-, mineral- og metallforekomster
– Etablere rettigheter til nye strategiske forekomster av industrimineraler og metaller"

Deretter trengst det jamne positive rapportar om korleis selskapet oppfyller denne planen. Det har kome i form av årsrapportar, kvartalsrapportar, eigne nettsider og ikkje minst utspel i media. Allereie i 2007 blei følgjande skrive inn i årsmeldinga: "Nordic Minings prosjektportefølje holder høy internasjonal klasse og har et betydelig økonomisk potensial." Denne formuleringa syntest selskapet var så god at ho blei gjentatt fleire år. Men aksjonærane ønsker gjerne at det ikkje tar for lang tid før det "betydelige økonomiske potensialet" lar seg materialisere i form av driftsoverskot og aksjeutbytte. Allereie i 2007 ga derfor årsrapporten forventningar om "positivt resultat på konsernbasis fra 2011/12". Og mange aksjonærar har vist stor evne til å ta til seg og forstørre dei positive signala. Eit av dei sterkaste bidraga ga aksjonæren som på Hegnar Online Debattforum i 2012 skreiv: "Noen som har laget noe regnestykker på verdiene NOM besitter nå? Stadig vekk positive ting på gang. Økning i rutilprisene, kvarts i Kvinnherad og mulig utvinning av alumina fra anortositt. Jeg tipper 500–1000 mrd. Det er et helt sykt tall. Hvorfor gjennspeiles ikke dette i kursen? Satser på at dette blir vårt år!" [1]

Marknadsføring av selskapet sine planar er ikkje bare nødvendig overfor aksjonærar, men også overfor forvaltninga, politikarar, media og allmennheita. Her er det ikkje aksjeutbyttet, men den samfunnsmessige nytten av utvinninga som skal fram. På eine sida gjeld det å vise kor viktig sjølve produktet er for samfunnet og for kvar av oss, og på andre sida kor mye lokalsamfunnet og storsamfunnet vil få ut av det i form av arbeidsplassar, skatteinntekter og ringverknadar. På dette området har Nordic Mining gjort det riktig bra. Hovudprosjektet med rutilutvinning ved Førdefjorden har dei berekna å gi 170 direkte arbeidsplassar og mellom 500 og 1000 arbeidsplassar med ringverknadane. Andre har sett spørjeteikn ved tala og meint at ein burde trekke frå dei arbeidsplassane som går tapt i andre næringar som jordbruk, fiske, oppdrett, turisme og kultur, men det er tala til Nordic Mining som har blitt ståande.

Grøn marknadsføring

Særlig etter at det utvikla seg ein organisert motstand mot planane for dagbrot i Engebøfjellet og dumping i Førdefjorden, har Nordic Mining sett behov for å marknadsføre seg som miljøvennlig. Det miljøvennlige omfattar både produksjonsmetodane, deponeringa og sjølve produkta. Jo meir kritikk selskapet møter, jo meir miljøvennlige blir dei i eigen propaganda.

På dette området har Nordic Mining si marknadsføring verkelig tatt av og nådd dei store høgder. I ein tale for bl.a. miljøvernministeren, omtalte direktør Fossum Nordic Mining som "et flaggskip innen miljøvennlig gruvedrift", og sa vidare om det omstridde rutilprosjektet: "Vi er i den heldige posisjonen at vi har å gjøre med miljøvennlige mineraler uten tungmetaller og vi kan drive uten tilsetning av miljøskadelige stoffer."[2]

Argument som miljørørsla har gått i spissen for blir tatt opp av Nordic Mining og brukt som argument for gruvedrift. For å redusere utsleppa av klimagassar, må vi endre oss i retning av meir bærekraftig energiproduksjon, og dette krev meir uttak av mineral. Altså er det miljøvennlig å ta ut mest mogleg mineral.

Det er ikkje noko som ikkje kan grunngiast med miljøargument. Det å forsyne Europa med kortreist titan vil redusere forureinande skipstrafikk. Det skal produserast eit miljøvennlig materiale for bl.a. medisinsk bruk og for fjerning av forureining. Utvinning, produksjon og transport vil vere miljøvennlig, det same vil deponeringa av overskotsmasse vere. Rekorden i grønmaling blei vel sett 07.04.2015 da Nordic Mining erklærte: "Rutilutvinning ved Engebø i Førdefjorden blir sannsynligvis Europas mest miljøvennlige gruve og verdens mest miljøvennlige sjødeponi"[3]

Også dei øvrige prosjekta til Nordic Mining har ein forsøkt å marknadsføre som miljøvennlige. Blant anna skal utvinning av litium og kvarts vere bra for miljøet, på grunn av bidrag til å skape fornybar kraft. Samtidig omtalar aksjonærar i Nordic Mining motstandarane av sjødeponi som "miljø-terrorister".[4]

Kva med realiteten bak?

Ut frå dei store ambisjonane og den svært aktive marknadsføringa står Nordic Mining fram som keisaren av norsk mineralnæring, og kleda til keisaren er tilsynelatande svært vakre og solide. Kva så med realiteten bak? Nordic Mining er ein meister i å framstille seg sjølv i eit positivt lys. Om vi ser gjennom alt som står på dei tre nettstadane som selskapet og aksjonærane deira rår over, finn vi knapt eit ord om problem. Bare mellom linjene kan ein tolke at når ein seier opp folk eller trekk seg ut av eit prosjekt for å styrke den finansielle konsolideringa, så tyder det at dei har alvorlige økonomiske problem.

På Hegnar Online Debattforum skreiv ein aksjespekulant 15.05.2015 og etterlyste at eit meklarhus skulle komme med ei analyse av "potensialet i NOM". Utan ambisjonar om å overta jobben til meklarhusa har eg tatt aksjonæren på ordet, og forsøker her å gi nokre bidrag til ei slik analyse, sjølv om det kanskje ikkje blir heilt slik Nordic Mining sine aksjonærar hadde ønskt seg.

Forgjengarane – kor blei dei av?

Nordic Mining blei ikkje danna på bar bakke. Selskapet har ei rekke forgjengarar, både norske og utanlandske.
1. Ecuanor, stifta i 1986 og registert på Oslo Børs i 1996
2. Rocksource Energy Corporation (USA), grunnlagt i 1994
3. Amergy AS, oljeselskap grunnlagt i mars 2004

Så kjem historia om oppkjøp, fusjonar og fisjonar:
– I 2004 kjøper Amergy Rocksource Energy Corporation.
– Same året blir Ecuanor og Amergy fusjonert under namnet Ecuanor. Dei hadde da dotterselskapa Rocksource Energy Corporation, Texas, USA og Mesaloma SA, Ecuador. (Ecuanor hadde i 2004 0,1 mill. i inntekter og 44 mill. i underskot.)
– Selskapet Rocksource ASA blei etablert i 2005 gjennom fusjon av Ecuanor ASA og Rocksource Geotech AS.
– I februar 2006 blei mineralseksjonen i Rocksource skilt ut i eige selskap med namnet Nordic Mining.

Kor blei det så av forgjengarane:
– Amergy og Ecuanor forsvann ut av bildet gjennom fusjonane i 2004 og 2005.
– Rocksource heldt fram som reint oljeselskap. Det kjøpte opp det amerikanske oljeselskapet Sandhawk og oppretta eit britisk underselskap. Det skaffa seg oljelisensar i Noreg, USA, Storbritannia, India, Guinea-Bissau og Senegal. Etter store økonomiske problem pga. tomme oljebrønnar, blei Rocksource kjøpt opp av det norske fondet Hitecvision ("We are a leading private equity investor specialized in buyouts and growth-stage investments in the oil and gas industry"), og tatt av børs. I 2014 blei Rocksource overtatt av Epsi AS, eit selskap med 0 tilsette, eigd av Startfase holding, som sjølv har 0 tilsette, men eig 100 % av 94 selskap (!). Dette er igjen eigd av Advokatfirmaet Ba-hr DA, som har 125 tilsette. Aksjane her er fordelt på 38 personar med 2,7 % på kvar.[5] Rocksource skifta så 02.07.2015 namn til Pure E&p AS, som pr. august 2015 har 0 tilsette. Dette er eigar av Rocksource Geotech med 4 tilsette, Rocksource Gulf of Mexico med 0 tilsette og Pure E&p Norway med 35 tilsette. Adm. dir. i alle dei fire selskapa er Roar Tessem, med løn på 5,3 mill. kr. i eitt av dei. Om ikkje selskapet skulle finne verken svart eller gult gull, er det i alle fall nokon som gjør gode pengar.

Konklusjon: Miljøet som Nordic Mining er fødd av er eit konglomerat av selskap som har forsøkt seg på mineralutvinning og olje, men aldri fått til noko. Nokre av desse selskapa har hevda å sitte på unik kompetanse og nye teknikkar, men det er vanskelig å sjå at det har kome noko ut av desse.

Frå 15 til 5 prosjekt

Nordic Mining starta ikkje på botn, men var altså eit ferdig selskap frå starten, og hadde sikkert mye kontaktar innafor både mineral- og oljebransjen. På deira eiga framstilling av historia står det: "Rocksource transferred all its assets and liabilities related to mining and minerals to Nordic Mining. This include perpetual, global rights to utilize Rocksource’s advanced electromagnetic technology (EM-technology) within the mining industry and ownership interests in 4 gold mining licenses in Ecuador." Det ser altså ut til at dei einaste mineralrettane dei hadde frå starten var i Ecuador. Og den avanserte teknologien – har NOM nokon gong brukt denne i malmleitinga si, og er det noko teikn på at dei av den grunn har funne meir enn andre?

Så tok Nordic Mining til å kjøpe opp eksisterande selskap og mineralrettar, og etter kvart skaffa dei seg nokre nye undersøkingsrettar. Det følgjande er eit forsøk på oversikt over dei prosjekta dei har starta på, med korte kommentarar om korleis prosjekta har endt eller korleis situasjonen er i dag for dei som framleis er på gang.

1. Nordic Rutile

Plan for rutilgruve på Engebø i Naustdal. Rettane blei kjøpt frå Conoco Phillips Investment Norway AS i september 2006 og overdraginga godkjent av norske styresmakter januar 2007. Idear om biprodukt er lansert, men er ikkje del av dei forpliktande søknadane og løyva. Reguleringsplan og utsleppsløyve er innvilga av regjeringa våren 2015. Utsleppsløyve er gitt med forbehold for eit av dei planlagte kjemikalia, da dette er rekna som for giftig. Dette er ikkje heilt i samsvar med direktøren sin påstand "vi har å gjøre med miljøvennlige mineraler uten tungmetaller og vi kan drive uten tilsetning av miljøskadelige stoffer."

Det gjenstår løyve til vassuttak frå Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) og driftskonsesjon frå Direktoratet for mineralforvaltning. Desse søknadane er enno ikkje sendt, og kor langt dei har kome blir antyda av direktøren i oktober 2015: "Det har blitt gjort innleiande vurderingar på kraft og prosessvatn".[6]

Når søknadane ein gong er skrive ferdig, vil behandlinga av dei til saman trulig ta minst eit år. NOM har ikkje tenkt å vente på dette, men vil frå no bruke to år til planlegging og satsar på at innan den tid er søknadane i orden. Så har dei rekna å bruke to år til bygging. Inntektsgivande produksjon vil da tidligast kunne komme 2019 eller 2020.

2. Rana Gruber

Nordic Mining forsøkte i 2006 å kjøpe opp Rana Gruber. Det blei underteikna ein intensjonsavtale, men denne blei vraka av aksjonærane til Rana Gruber. NOM tapte 7,3 mill. på forsøket.

3. Gexco

I 2006 forsøkte NOM også å kjøpe opp det svenske gruveselskapet Gexco AB, som hadde gruverettar både i Sverige og Noreg. Med på kjøpet skulle følgje underselskapet MoMin, med gruve i Mofjellet i Rana. Det var gjort avtale om oppkjøp, men Gexco trakk seg, og betalte 7,5 mill. kr. til NOM som kompensasjon for brot på avtalen. Gexco er seinare kjøpt opp av det svensk-finske Sotkamo Silver AB.

4. Gudvangen Stein

Nordic Mining hadde frå 2006 samarbeidsavtale med Gudvangen Stein, som tok ut anortositt for sal til steinullproduksjon og asfaltfyllmasse. NOM kjøpte 85 % av Gudvangen Stein i 2007 og resten i 2009, for tilsaman 16 mill. kr. Etter fleire år med underskot ga NOM i 2013 Gudvangen Stein gratis tilbake til dei gamle eigarane. NOM har likevel ein tilbakekjøpsrett til 2018 og har fortsatt deltatt i forskingsprosjekt om aluminium frå anortositt. (Sjå eigen artikkel om dette. – Under arbeid.)

5. Keliber Oy

Finsk selskap som har rettar og planar for utvinning av litiumkarbonat i Finland. NOM kjøpte 68 % av aksjane i 2008. Planen var da å starte produksjonen i 2010. Dette skulle vere hovudgrunnlaget for at Nordic Mining-konsernet skulle gå med overskot frå 2011/12. I 2012 skjedde det ei aksjeutviding i Keliber, som gjorde at NOM sin eigardel gikk ned til 38 %. Dette blir i NOM sin årsrapport 2012 gitt ein positiv vri: "In October 2012, a €4 million equity financing of Keliber was executed. Nordic Mining has retained a 38 % shareholding and considerable influence in the company." Etter dette slutta NOM å omtale Keliber som eit underselskap, men gikk over til å kalle det eit samarbeidande selskap. I 2015 var eigarandelen gått ned til 25 %. Det er stadig meldt om positive funn, og i 2013 blei det sett igang ei konsekvensutgreiing, men pr. oktober 2015 er det ikkje kome noko melding om at denne er ferdig. Konklusjon: 5 år etter at utvinninga skulle vore igang, har ein enno ikkje eit grunnlag å søke løyve på.

6. Øksfjord peninsula

Dette namnet brukast av NOM om leiting etter mineral (Ni, Cu, Co, Pt, Pd, Au, REE, Th) på Øksfjordhalvøya i grenseområdet mellom Troms og Finnmark. Leitinga har vore konsentert om Lokkarfjord (Alta) og Reinfjord (Kvænangen). Desse leiteområda ligg omlag fem mil frå kvarandre, og begge ligg ganske langt frå næraste vegsamband.

Nordic Mining har nytta NGU sine undersøkingar til å finne område som kan ha interessante metall, for så å sikre seg leiterettar, som seinast blei utvida i 2014. Eit forskingsprogram i lag med NTNU har fått støtte frå NordMin (under Nordisk Ministerråd). I 2013 var der planlagt eit større boreprogram i Reinfjord, og oppfølgande leiting i Lokkarfjord.[7] Det er ikkje søkt om utvinningsløyve, og NOM opplyser at leitinga framleis er på eit tidlig stadium.

I 2012 blei det slått opp om "potensielt storfunn", og aksjekursen fauk straks i veret.[8] Ser vi nærare etter på tala som ligg bak, er dette heller tynt. "Resultatene viser en to meters seksjon med en gehalt på 0,87g/t med palladium-platina-gull (PGE+Au), og en to meters seksjon med 0,17 prosent kobber (Cu), 0,41 prosent nikkel (Ni) og 0,02 kobolt (Co)." Dette karakteriserer dei som "opp mot økonomiske gehalter av base- og edelmetaller". Det ser ikkje ut til å ha kome noko nytt om store funn etter det, men lokale media kunne hausten 2015 fortelje at både selskapet og lokalpolitikarar var optimistiske, og at ein hadde von om ein hjørnesteinsbedrift som vil gi 2–300 arbeidsplassar i 50–100 år! Så langt kan det synest som avstanden mellom det ein veit og det ein vonar er rimelig stor. Daverande ordførarkandidat, som seinare har blitt ordførar, tok rett nok forbehold om at ein må ta omsyn til reindrift, fiske og oppdrett, men meinte likevel dette var noko kommunen måtte finne ut av om ein skal satse på.[9]

7. Nordic Quartz

I Kvinnherad i Hordaland er det ein kvartsførekomst som allereie i 1964 blei undersøkt av Christiania Spigerverk og seinare av NGU. Førekomsten er berekna å innehalde omlag 2,7 millioner tonn kvarts.[10]

2010 sikra Nordic Mining seg retten til denne kvartsen og oppretta eit heileigd underselskap kalla Nordic Quartz. Sidan er det stadig meldt om undersøkingar og lovande funn. Så blei det stille eit par år og i årsmeldinga for 2014 medte Nordic Mining: "There has been limited activity on the Kvinnherad quartz project in 2014 due to the Group’s general strategic and financial priorities." [11] (Det hadde kanskje vore meir dekkande å kalla det "financial problems"?) Hausten 2015 blei undersøkingane tatt opp igjen og det blei bora fleire hol. Etter det første holet blei media brukt til å spreie den glade bodskapen om kvarts for hundrevis av millionar[12]. Det er enno ikkje søkt om utvinningsrett eller gjort noko avgjerd om utvinning, men snakkast om 40 arbeidsplassar, dersom det og blir bygd eit oppreiingsanlegg nær brotet.

8. Nordic Ocean Resources (NORA)

NORA er eit selskap oppretta for leiting etter mineral på havbotnen, og hevdar at det er det einaste selskapet i Noreg med fokus på dette. Det er eigd 80 % av Nordic Mining og 20 % av Ocean Miners, eit Oslo-selskap med 0 tilsette eigd av Hydroza AS, eigd av Fredrik Xander Søreide.

I 2012 blei det inngått eit samarbeid mellom NTNU, Statoil og NORA. "The project is targeting knowledge increase within marine mineral resources and will focus on current knowledge and future areas for research. The project has a total budget of NOK 2 million." [13] Dette samarbeidet er leia av nemnde Søreide, som i tillegg til å vere deleigar i NORA også er professor 2 ved NTNU! Ikkje før er dei igang så har dei resultat i kroner: "Beregningene gir et verdiestimat for mineralforekomster på havbunnen innenfor norsk økonomisk sone på 430 milliarder kroner. Estimatet viser videre at det kan finnes potensielle verdier på over 1.000 milliarder kroner."[14]

I følgje NOM Årsrapport for 2013 har NORA søkt om undersøkingsrettar for undersjøiske mineralressursar i Noreg. Søknaden skal vere sendt til Nærings- og fiskeridepartementet, men regelverket for dette ikkje er ferdig utarbeida. Nordic Mining sin årsrapport for 2014 melder: "A conclusion regarding a possible launch of the project is expected in Q2 2015."

I 2015 er dette utvida til prosjektet MarMine, organisert av NTNU, med 25 mill. støtte frå Norges Forskningsråd og ved sida av NORA og Statoil har ein no fått inn som samarbeidspartnarar: NIVA, DNV-GL, Ecotone AS, Kongsberg Maritime AS, Leonhard Nilsen & Sønner AS, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Technip. Sommaren 2016 vil dei starte undersøkingar etter sulfid på havbotnen i utvalde område på den midtatlantiske ryggen. (Sjå eigen artikkel om dette, under arbeid.)

9. Wolfram i Målvika

I Målvika i Brønnøy på Helgeland er det leita etter wolfram i regi av NGU og Nordic Mining. NGU har kalla dette "sannsynligvis den største kjente mineralisering av wolfram i Norge, selv om den er nokså begrenset". Undersøkingane som Nordic Mining gjorde i 2007 ga ganske dårlige resultat og det ser ikkje ut til at der er gjort så mye seinare. Prosjektet er no oppgitt av NOM.

10. Wolfram/molybden i Laksådalen

I Laksådalen-Bjellåtind området i Gildeskål har Nordic Mining sikra seg leiterettar etter wolfram og molybden. Her har tidligare vore molybdengruve, og det ligg igjen mye radioaktivt materiale etter desse gruvene. NGU har tatt prøver her i 2007 som ifølge NOM "vil bli fulgt opp med et mer omfattende program i 2008." Vi har ikkje funne noko teikn på aktivitet her seinare, og dei opplyser at det no er oppgitt.  

11. Gull i Eidsvoll

NOM har hatt 8 mutingar for gull i Røysivangen i Eidsvoll kommune. I 2008 var det diamantboring i gang, ein ville da avvente resultata av denne. Sidan har det vore stille.

12. Metall på Stjernøya

NOM har hatt ei rekke leiteløyve etter mineral på Stjernøya i Altafjorden. Desse er no oppgitt.

13. Thorium i Finnmark og Trøndelag

Hausten 2006 sikra NOM seg 49 leiteområde for thorium i Alta, Hasvik, Levanger og Mosvik I 2013 etterlyste aksjonærar på debattforum marknadsføring av dette, men fikk til svar at NOM ikkje lenger hadde nokre thoriumrettar.

14. Gull m.m. i Ecuador

Dette var den einaste leiteretten som Nordic Mining arva etter forgjengarane. Det har stadig vore leita, med "lovende anomalier", samtidig som ein har klaga over mineralpolitikken til regjeringa i Ecuador. I siste årsmeldinga er ikkje Ecuador nemnd, og NOM opplyser at dette er avslutta. Det må vere brukt svært mange millionar på dette prosjektet sidan starten i 1986.

15. Thorium m.m. i Sverige

I Bureberget i Västerbotten har NOM leiterettar etter thorium, REE og gull. I 2007 blei det sagt ein vil utarbeide eit leiteprogram. Kva skjedde seinare? I alle fall har dei gitt det opp no.

Oppsummering:

Av alle desse aktivitetane sto det i igjen i 2012:
"The Company’s activities in 2012 included the operation in Gudvangen Stein and the following development and exploration projects
– planned rutile production at Engebø through Nordic Rutile
– planned production of high-purity quartz in Kvinnherad through Nordic Quartz
– planned lithium production in Finland through Keliber
– exploration work on the Øksfjord Peninsula in Troms and Finnmark
– strategic assessments regarding the potential for seabed mineral through Nordic Ocean Resource
[15]

6 år etter starten var det altså 6 igjen av 15 påbegynte prosjekt. Nordic Mining opplyser at dei norske prosjekta dei har gitt opp rettane er gitt tilbake til staten. Det vil seie at det er fritt for andre å søke på desse, men det vil vel og seie at ingen av desse var så interessante at nokon var interessert i å kjøpe desse rettane frå NOM: Sidan oversikta over blei laga er Gudvangen Stein seld, dei andre er framleis på eit eller anna nivå av leiting eller planlegging. Ingen prosjekt har kome så langt som til driftskonsesjon.

Aksjar og økonomi

Aksjane i Nordic Mining hadde frå starten ein nominell verdi på kr. 0,10, og ved opprettinga var det 14 mill. aksjar. Årlig har det vore årlige aksjeemisjonar, og fram til mai 2015 hadde ein til saman fått inn 318 mill. kr. Aksjekursen har variert mellom kr. 0,31 og kr. 2,28, men gjennomsnittlig lege på rundt kr. 1,-. Kvart år har det vore store svingingar, i første rekke i takt med meldingane om framgang eller forseinkingar i behandlinga av Engebø-saka. I skrivande stund (07.10.2015) er kursen kr. 0,54.

Oversikta pr. 17.04.2015 viser at dei 20 største aksjonærane har til saman 55 % av aksjane. Blant desse er det bare 7 einskildpersonar, resten inkl. dei 10 største, er alle bankar, pensjonsfond o.l. Ingen aksjonær har meir enn 7,8 % av aksjekapitalen. 4 av dei største aksjonærane er oppført som "nominee", dvs. at dei forvaltar aksjar på vegne av andre.

Med ti år utan inntekter og behov for stadig påfyll av pengar, har det etter kvart blitt stadig tyngre å få inn dei ønska summane på aksjeemisjonane. År etter år har ein etter den ordinære emisjonen vore nøydd å kjøre ein reparasjonsemisjon, og enno har ein ikkje alltid fått inn så mye som planlagt. Dei fleste åra har underskotet vore på mellom 20 og 30 mill. kr., dei siste åra har det vore noko mindre. Ei grov berekning gir eit oppsamla underskot på omlag 250 mill. kr., dvs. bortimot det Nordic Mining til saman har fått inn på sal av aksjar. Om ikkje kassa er heilt tom, er det i alle fall ikkje mye å gå på til framtidige investeringar. I oktober 2015 er det derfor sett igang ny aksjeemisjon.

Strategi og realitet

Strategien som var lansert frå starten viser at Nordic Mining satsa på svært mange felt på ein gong. Dei satsa på dei fleste metall og ei rekke industrimineral.

Nordic Mining satsa på to hovudstrategiar for å skaffe seg denne produksjonen; kjøpe opp selskap som er igang og etablere rettar til nye førekomstar. I tillegg satsar ein på teknologiutvikling. Dette viser at ein har tatt mål av seg til å bli eit stort mineralselskap i norsk målestokk. Med å velje namnet Nordic Mining viser ein at ein ser heile Norden som eit satsingsområde. Korleis har ein så klart å oppfylle dei forskjellige sidene ved strategien?

– Utforske og utvikle selskapets eksisterende ressurser
Kva var dei eksisterande ressursane:
– Mineralrettar i Ecuador. Desse har ikkje ført til noko utvinning, og prosjektet er avskrive.
– Ein påstått teknologi, som var arva frå Rocksource. Det er usikkert i kva grad denne har blitt brukt, det har i alle fall vore stille om han dei siste åra.

– Bygge kritisk masse innen driftskompetanse, markedsnettverk og finansiell soliditet gjennom oppkjøp av eksisterende gruve- og mineralselskaper
Nordic Mining har forsøkt å kjøpe opp fire eksisterande selskap, Rana Gruber, Gexco, Gudvangen Stein og Keliber. Dei to første mislukkast dei i å kjøpe opp, i dei to siste lukkast ein i å kjøpe opp henholdsvis 100 % og 68 % av aksjane. Gudvangen Stein blei i 2013 gitt tilbake til dei gamle eigarane og i Keliber er NOM sin eigarandel redusert til 25 %.
Konklusjon: Det som sit igjen etter denne strategien er ein aksjepost i eit selskap som enno har nokre år før det evt. kan bli drift. Ein kan ikkje seie NOM har klart å bygge opp særlig "driftskompetanse, markedsnettverk og finansiell soliditet" gjennom denne strategien.

– Utvinne og produsere industrimineraler og -metaller for anvendelse innen spesial- og høyverdi-områder
Den einaste utvinninga NOM har hatt i løpet av snart ti år, er dei 6 åra ein hadde Gudvangen stein. Anortositten frå denne bedrifta kunne ha vore eit spesial- og høgverdiprodukt, men blei seld som råvare for asfalt- og steinullproduksjon til svært låg pris. I praksis er denne delen av strategien ikkje oppfylt.

– Utvikle og lansere ny teknologi innen leting etter mineraler og metaller gjennom videreutvikling av EM-teknologi for identifisering av kull-, mineral- og metallforekomster
Denne teknologien er fleire gongar nemnd i NOM sine rapportar, men utan at eg har sett noko konkret om at bruk av teknologien har gitt inntekter eller at han har blitt vidareutvikla i den tida NOM har eksistert.

– Etablere rettigheter til nye strategiske forekomster av industrimineraler og metaller
Med nye strategiske forekomster meinast vel slike som det ikkje har vore drift på og som ikkje andre selskap har gjort undersøkingar på før. Av dei gjenståande prosjekta er det vel bare leitinga etter diverse metall i Kvænangen/Alta som kan kallast for ein ny førekomst.

Det som ikkje er nemnd i denne strategien er å kjøpe opp rettar som andre har hatt før, anten direkte frå dei som har retten, eller frå Direktoratet for Mineralforvaltning fordi dei tidligare rettane er gitt opp og har falt fri. Her finn vi det som i praksis har blitt NOM si hovudsatsing, nemlig oppkjøpet av rettane til rutilen i Engebø frå ConocoPhilips. I tillegg må vi vel her rekne inn kvartsen i Kvinherad og den no oppgitte molybdenleitinga i Gildeskål, på område der det tidligare har vore gruver.

Når kan Nordic Mining tjene pengar?

Aksjonærane som har betalt inn omlag 300 millionar kroner til Nordic Mining har sjølvsagt gjort det i trua på at dei skal få meir tilbake enn dei har betalt inn. I mellomtida må bedriftsleiinga halde på dei så dei ikkje sel aksjane i panikk, og helst blir med på neste emisjon. Dei er bare med så lenge dei har von om at gevinsten kjem i overskodelig framtid. Korleis er så utsiktene til det?

La oss først sjå på korleis det har gått med dei løfta som er gitt tidligare. – I 2008 hevda Nordic Mining at dei ville komme igang med utvinning av litium i Finland i 2010, og dette ville gjøre at konsernet ville gå med overskot frå 2011/12. Litiumprosjektet er på veg, men ikkje kome lenger enn til konsekvensutgreiing. Om dei får løyve av finske styresmakter i 2016, vil utvinninga trulig kunne starte omlag 2019. I mellomtida er NOM sin eigardel redusert til 25 %, og at dette prosjektet trulig aldri aleine vil kunne oppvege utgiftene til alle andre prosjekt og gi NOM-aksjonærane aksjeutbytte.

– Like etter oppstarten rekna ein med at Engebø-gruva skulle vere igang innan 2013. I skrivande stund er det framleis tre formelle løyve som manglar:
1) Utsleppsløyvet er gitt med atterhald om at eit av kjemikaliane ikkje er godkjent.
2) Det manglar løyve frå NVE til uttak av vatn.
3) Når dette er i orden kan NOM søke DirMin om driftskonsesjon.
Begge dei to siste løyva skal på høring, og om dei blir innvilga blir dei sikkert anka. Når vi spør NOM om tidsplanen for søknadar om vassuttak og driftskonsesjon, svarar dei: "Vi har pt. ingen konkret tidsplan for søknader."[16]

Nordic Mining har likevel ikkje tenkt å la seg forsinke av dette. Etter at dei har fått utsleppsløyve tar dei sjansen på at resten av søknadane går i orden, og held fram planleggingsprosessen. No skal dei sette igang "Resource classifiation, Process tests & classification, Water&power supply". Om eit år startar så "Eng&cost review" og "Pre-feasibility study". Enno eit halvt år og dei skal kunne starte pilotproduksjon. To år etter at løyve er gitt, skal dei starte "Deinitive feasibility study". Denne skal vere grunnlaget for "Investment decision", som er berekna å komme 2 1/2 år etter at utsleppsløyve er gitt, dvs. tidligast ved utgangen av 2017. Om det ikkje skal bli meir forseinking må da driftskonsesjonen vere på plass. Deretter kan bygginga av anlegget ta til, noko som er berekna til to år. Tidligast i slutten av 2019 kan så eklogitten for alvor sendast gjennom oppreiingsanlegget. Det er da ikkje tatt omsyn til dei moglege forseinkingane på grunn av krav frå direktoratet i samband med driftskonsesjonen, rettssaker, klage til ESA og aksjonar frå motstandarar.

Den første føresetnaden for å tene pengar er sjølvsagt at ein har ein produksjon, eit produkt å selje. Den andre er at inntekta av salet dekker både dei løpande utgiftene til arbeidskraft, straum, kjemikaliar osv. og ein rimelig del av dei investeringane som er gjort før produksjonen kjem i gang. Utgiftene kan det vere mogleg så nokolunde å berekne, verre er det å berekne prisen på f.eks. rutil på verdsmarknaden. Det har ikkje hindra Nordic Mining å uttale seg svært så optimistisk om den forventa prisutviklinga på titanmineral. I Årsmelding 2011 skreiv dei: "... har prisene for titanmineraler som rutil og ilmenitt hatt en kraftig vekst i 2011. For rutil dreier det seg om en økning på ca. 400 %, med spådommer om ytterligere økning i 2012. Årsaken er ganske enkel; etterspørselen etter kvalitetsråstoff øker mye mer enn produksjonen og tilgangen til ny kapasitet." I presentasjon for investorar same året anslo dei at prisen over heile perioden med produksjon vil stige gjennomsnittlig med 5 % realverdi for året.[17] I 2015 kom meldinga om at nokre av verdas største produsentar av rutil reduserer produksjonen, fordi tilbodet er større enn etterspurnaden, og prisen er no redusert til ein tredel av det han var på det meste i 2012. Om prisen når produksjonen etter planen kjem igang om 4–5 år vil vere lågare eller høgare, er det ingen som kan seie i dag. Derimot kan vi seie ganske sikkert er at når Engebø-rutilen kjem på marknaden vil det med eitt slag auke tilbodet av rutil på verdsmarknaden med 20 %. Ein treng ikkje vere mye til økonom for å kunne spå i kva retning ein så stor auke i tilbodet vil påverke prisen. Konklusjonen er at om Nordic Mining frå f.eks. 2020 vil ha produksjon i Engebøfjellet, er det langt i frå sikkert at denne vil gi netto inntekt.

– Av dei øvrige prosjekta som Nordic Mining har starta på er det tre eller fire som ikkje allereie er gitt heilt opp. Men ingen av desse har kome så langt i planlegging og søknadsprosess at dei kan konkurrere med dei to nemnde om å komme først igang. I tidligaste fall kan altså Nordic Mining rekne med ein reell produksjon frå 2019-20 både i Finland og i Noreg. Innan den tid vil oppsamla underskot og lån allereie vere oppe i milliardsummar, så noko aksjeutbytte kan ein vel ikkje rekne med dei første åra. I forhold til påstanden frå årsmeldinga for 2007 om "positivt resultat på konsernbasis fra 2011/12", kan vi ganske sikkert forskyve dette tidspunktet med minst ti år.

Aksjonærane som debatterer på hegnar.no, forsøker framleis desperat å halde motet oppe. Her er litt frå eit av utspela, datert 23.08.2015: "Nordic Mining er et av selskapene på Oslo Axess med størst sjanse til å overleve dårlige tider. De har ikke lån og i tilegg har de pint utgiftene ned til et minimum. Vi aksjonærer lar vel ikke Nom og oss selv i stikken på det stadiet og i den fasen vi er nå. ... Vi sitter på mineraler for fremtiden og fremtiden for Nom skal tegnes i høst." [18]
Spørsmålet er kor lenge aksjonærar og kreditorar vil ha tolmod med eit selskap som har så lite realisme i planane sine.
Dette var eit lite bidrag til analyse av "potensialet i Nordic Mining".

Fotnotar

[1] Debattinnlegg på Hegnar Online
[2] Tale av direktør Fossum
[3] Oppslag på aksjonærnettstaden Infonom
[4] Debattinnlegg på Hegnar Online
[5] All informasjonen i dette avsnittet er frå http://purehelp.no
[6] Artikkel i lokalavisa Firda
[7] Mona Schancke: Summary and status of the Reinfjord Exploration Project ...
[8] Artikkel i Teknisk Ukeblad
[9] Framtid i nord 03.09.2015
[10] Artikkel på forskning.no
[11] Nordic Mining: Annual Report 2014
[12] Oppslag på nettavisa E24
[13] Nordic Ocean Resources – oppslag på nettsida til Nordic Mining
[14] Store verdier på Norges havbunn – oppslag på nettsida til Nordic Mining
[15] Nordic Mining: Annual Report 2012
[16] E-post til forfattaren frå NOM v/ Lars Grøndahl 18.08.2015.
[17] Referert etter Førsund, Vislie, Strøm: Gruveprosjektet ved Førdefjorden og krav til samfunnsøkonomisk lønnsomhet. Vista analyse 2011.
[18] Innlegg på Hegnar Online