Forside 1
Forside 2
Gull, gråstein og grums

– Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som til saman skal komme med 4 bind.
Første bind kom i juni 2015, andre i februar 2016.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind og kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Startsida for Gull, gråstein og grums – 1

Startsida for Gull, gråstein og grums – 2

Meir gruvestoff finn du på nettstaden gruve.info

Tilleggsartikkel til "Gull, gråstein og grums – 1"

Nordic Mining ASA er, om ikkje det største, så i alle fall det mest ambisiøse mineralselskapet i Noreg. Det har, med større eller mindre hell, forsøkt seg innafor så godt som alle tenkelige greinar av mineralutvinning i Norden. Mest kjent er det for den sterkt omstridde planen om rutilgruve i Naustdal med utslepp av gruveavgang til Førdefjorden. (sjå boka "Gull, gråstein og grums 1", s. 181–199 eller på nettsida gruve.info. Men dette er bare eit av dei omlag 15 kjente prosjekta selskapet har forsøkt seg på.

I tre artiklar går eg her nærare inn på nokre av dei andre aktivitetane til Nordic Mining. Først ein oversikt over selskapet Nordic Mining og mange av dei øvrige prosjekta deira. Dette er artikkel nr. 2. som ser på forsøket på framstilling av aluminium frå anortositt. Til sist i serien tar vi for oss planane om mineralutvinning på havbotn. Utgangspunkt for alle artiklane er aktivitetane til Nordic Mining, men dei tar også opp kva som elles skjer på dei omtalte områda.

(Publisert 11.01.2016, oppdatet 10.02.2016)

Heilnorsk aluminium frå Nordic Mining?

I tillegg til planen om å ta ut rutil frå Engebøfjellet har mineralselskapet Nordic Mining ei rekke andre planar. Ei av dei mest spektakulære er storstilt aluminiumsproduksjon frå bergarten anortositt. Både selskapet sjølv og diverse media har blåst opp dette, men kor mye hald er det i det? Blir Nordic Mining virkelig å gjøre norsk aluminiumindustri sjølvforsynt med råvarer?

I 2017 kan vi feire hundreårsjubileum for ideen om aluminium av norsk anortositt, men så langt har det aller meste gått galt, og store pengar er brukt av stat og private utan at det har blitt verken aluminium eller arbeidsplassar av det. Denne artikkelen er eit forsøk på å finne noko av det som har gått galt.

Det har så langt i svært liten grad vore produsert aluminium av norsk malm. Derimot har det frå tidlig på 1900-talet vore ei rekke aluminiumsmelteverk i Noreg basert på importert aluminiumoksid og kryolitt. Verka blei starta med britisk, fransk og amerikansk kapital. Bedriftene blei lagt der krafta var — fordi det på den tida ikkje var teknisk mogleg å overføre store mengder kraft over lange strekningar utan stort tap. Derfor blei nye industristadar ofte bygd opp rundt bedriftene.

Pr. 2015 er det sju smelteverk, som alle har hatt skiftande eigarar. Verka på Karmøy, Sunndal, Høyanger og Årdal no eigd av Norsk Hydro. Husnes er delt mellom Hydro og det internasjonale Rio Tinto Alcan, mens det amerikanske Alcoa har verka i Mosjøen og på Lista. Mesteparten av aluminiumen som blir produsert i Noreg blir eksportert, mens ein del har blitt vidareforedla i Noreg. I tillegg til fabrikken i Holmestrand, har Hydro vidareforedling ved aluminiumsverket på Karmøy. Tidligare har det vore produksjon av forskjellige aluminiumsprodukt bl.a. i Høyanger, Bergen, Halden og Moss. Også vidareforedlinga har vore utsett for ei rekke skifte mellom norske og utanlandske eigarar, og ein stor del av den tidligare produksjonen i Noreg er flytta til andre land. Dei to norske industrigigantane Hydro og Orkla har gått saman om å kjøpe opp den tidligare svenske aluminiumsvareprodusenten Sapa, og etablert eit konsern med produksjon over store delar av verda. Det har 23000 tilsette, bare 200 av dei i Noreg, og einaste produksjonen er i Magnor i Hedmark.[1]

Aluminiumsverka har ført med seg svært stor luftforureining. Fluoridutslepp frå aluminiumsverk har ført til stor skade på vegetasjonen i nærområda til smelteverka[2], og har vore kalla «det mest omfattende industrielle luftforurensningsproblem i Norge»[3]. Seinare har det blitt innført reinskeordningar og nye produksjonsmetodar som har redusert utsleppa kraftig.

Aluminium frå anortositt?

Noreg har store ressursar av aluminiumhaldige mineral. Særlig gjeld det bergarten anortositt, som er dominert av mineralet plagioklas, ei blanding av feltspatminerala albitt (NaAlSi3O8) og anortitt (CaAl2Si2O8). Andre mineral som kan vere i anortositten er amfibol, epidot, pyroksen, granat, kloritt og glimmer. Både forholdet mellom albitt og anortitt og innslaget av andre mineral varierer, og dette påverkar sterkt eigenskapane til anortositten og i kva grad ein kan bruke han til forskjellige formål. Med aukande innhald av anortitt blir det òg meir aluminium og av anortositt med nesten bare anortitt skal det vere mogleg å trekke ut omlag 30 % som aluminiumoksid.

Dei største førekomstane er lengst sør i Rogaland og ved indre delar av Sognefjorden, men det er òg anortositt rundt Bergen, i Sunnfjord/Nordfjord/Sunnmøre, Lofoten/Vesterålen og ytre delar av Altafjorden, samt spreidde førekomstar i fjellstroka i Oppland og rundt Oslofjorden. Anortositten i Sogn har meir anortitt enn i Rogaland, og er derfor langt meir syreløyselig, noko som er avgjørande for å ta ut aluminiumoksid med dei metodane som no blir forska på.

Den første kartlegginga av anortosittførekomstane i Sogn blei gjort av geologen Victor Moritz Goldschmidt i 1917, og han lanserte ideen om å bruke anortositten i aluminiumsproduksjon. Sidan har det vore gjort ei rekke forsøk på å utvinne aluminiumoksid av anortositt, i alle fall åtte forsøk med varierande deltakarar. Samtidig har det vore gjort ei rekke meir eller mindre vellukka forsøk på bruk av anortositten til andre formål.

Oversikten under tar bare for seg det som er gjort i forhold til anortositten ved Sognefjorden, i tillegg kjem at han også er utnytta andre stadar, særlig i Rogaland.

ÅrstalFormålDeltakararResultat
1918–24AlElektrokemisk/Norsk Hydro
1919-?Aluminiumsulfat
1940-44Al, sprengstoff (ammoniumnitrat?)Norsk Hydro, tyske okkupantmaktProdusert Al & sprengstoff
1945-5?AlNorsk Aluminium Co0
1960-?AsfaltGabrolitt?vraka
1975–87AlAnortal (Elkem+ÅSV)4 tonn Al
1985–Si, AlHIO/UIO
1988-2015betong, steinull, asfaltGudvangen Steinproduksjon heile tida
1989–Al-kjemikalier for vassreinskingPolymer AS
1993–Eldfast materiale i smelteomnarBorgestad Fabrikker AS
2001–05?AlLuna Mineral /IFEpatent
2007–09Al, CaCO3, SiO2Nordic Mining, IFE, Statoil
2010–13Al, CaCO3, SiO2Nordic Mining, IFE, Bilfinger Industrial Servicespatent
2012–13betongMicrothermkonkurs

Hydro produserte for okkupantane

I 1918 sikra Norsk Hydro seg retten til å drive ut anortositt i Kinsedal på nordsida av Sognefjorden, og bygde ei utskipingskai der. Tanken var å bruke anortositten i aluminiumsverket Hydro hadde i Sauda og i verket dei hadde planlagt i Årdal.

Under 2. verdskrigen satsa tyskarane på stordrift i Kinsedal gjennom Hydro-selskapa A/S Rjukanfoss og Nordisk Lettmetall. Tyskarane var interessert i anortositten både til aluminiumsproduksjon og til produksjon av sprengstoff. På kort tid blei det i Kinsedal bygd opp eit gruvesamfunn der det arbeidde omlag 400 mann. Kinsedal-anortositten blei nytta som råstoff til Norsk Hydro sitt aluminiumverk på Herøya ved Porsgrunn. Da aluminiumsfabrikken på Herøya blei bomba i 1944 var det også slutt på gruvedrifta i Kinsedal, og denne har aldri blitt tatt opp igjen.

Anortal – eit mislukka prosjekt

Like etter krigen blei det gjort eit mislukka forsøk på produksjon av anortositt som råstoff for Norsk Aluminium Co sitt aluminiumsverk i Høyanger.

På slutten av 1960-talet blei det vurdert om ein kunne starte utvinning i stor skala i Kinsedal og i Nærøydalen inst i Nærøyfjorden på sørsida av Sognefjorden. I 1977 skipa det dengang statseigde Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) og privateigde Elkem selskapet Anortal. Same året publiserte Anortal ei råstoffundersøking, som altså må ha vore starta før grunnlegginga av selskapet. På det meste var 80 personar tilsette i Anortal, og det blei nytta i alt 80 millionar kroner til forsking. Staten skaut til halvparten av utgiftene. I ein prøvefabrikk hos Institutt for Energiteknikk (IFE) på Kjeller blei det produsert fire tonn aluminium av anortositt henta i Nærøydalen. I samband med dette prosjektet blei fleire område i Sogn og Fjordane, bl.a. Lutelandet, vurderte som lokaliseringsstad for storindustri. Prosjektet blei likevel vurdert som ulønsamt og stogga i 1987, like etter at Hydro hadde tatt over ÅSV. Noko av det som er igjen etter Anortal-prosjektet er ei større råstoffundersøking frå 1977.

Gudvangen Stein

I 1988 oppretta familien Bjørke frå Voss Gudvangen Stein AS og kjøpte opp bergverksrettar i Nærøydalen. Dei starta utvinning i mindre målestokk på anortositt til råstoff for sin eigen betongproduksjon på Voss. Seinare gikk dei meir over til å bruke anortositten til steinull og tilslag til asfalt. Dette selskapet har, under skiftande eigarar og med skiftande resultat, drive gruvedrift der sidan, og har på det meste tatt ut omlag 250 000 tonn for året i underjordsgruve og skipa det ut frå Gudvangen inst i fjorden.

I 1999 blei det etablert eit nettverk av fleire FOU-institusjonar i samarbeid med Aurland kommune og fylkesgeologen i Sogn og Fjordane, med målet å bidra til utvikling av ny industri, særlig gass- og elektrobasert prosessindustri.[4] Som ledd i arbeidet til nettverket blei det invitert japanarar frå selskapet Sumimoto Metal Industries, og i 2000 blei det slått stort opp at teknologien deira kunne bli det som kunne opne for drift på anortositten. Så blei det stille for japanarane.

Luna Mineral

Gudvangen Stein hadde bare rett til ein del av førekomsten, og etter kvart meldte det seg andre på banen. I 2001 skipa Aurland kommune i lag med tre lokale grunneigarar selskapet Luna Mineral AS for å få kontroll over ei eventuell framtidig stordrift. I ein presentasjon av saka i Teknisk Ukeblad blir det forklart at Gudvangen Stein har rettane på den eine sida av Nærøydalen og Luna Mineral på den andre.[5] Likevel er fordelinga av rettane mellom desse selskapa noko uklar. Nokre hevdar at Luna Mineral har seld nokre av rettane sine til Gudvangen Stein, andre at dette ikkje stemmer, og Luna Mineral vil ikkje svare på spørsmål om dette.

I 2002 søkte Luna Mineral om lån frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og fylkesutvalet vedtok: «Fylkeskommunen yter, med tilvising til Luna Mineral AS sitt brev av 23.10.02, selskapet eit lån på i alt 3,25 mill kr til finansiering av «verifisering IFE prosess» (fase 1) og «vurdering storskala uttak i Nærøydalen» (fase 2). Lånet gjaldt for 5 år, men ein det var ingen ting i planane som tyda på at Luna Mineral innan den tida ville ha inntekter til å betale tilbake lånet. Medverkande til at fylkeskommunen grov djupt i kassa var at trua på at dette kunne koplast til ilandføring av gass, og bruk av CO2 i ein prosess der ein frå anortositt vinn ut aluminiumoksid, silika og kalsiumkarbonat. Slik skulle ein kunne utnytte så godt som heile førekomsten og ikkje få problem med avgangsmassar.

I 2004 skjedde det ei omorganisering, slik at det blei oppretta eit nytt selskap, Luna Industri. Luna Mineral, skulle forvalte grunnrettane, mens Luna Industri skulle vere eigar av lisensar og patent, og drive uttak og industri i framtida.

Same året kom IFE med rapporten «Industriell utnyttelse av anortositt, Sluttrapport fase 1». (Har det kome noko rapport frå fase 2?) Rapporten blei straks hemmeligstempla, da den i følgje Luna «inneheld industrielle hemmelegheiter som ikkje kan offentleggjerast». Sogn Avis skreiv da at Luna hadde gjennomført eit forskingsprosjekt i lag med IFE. «Det lokalt eigde selskapet har gjennom laboratorieforsøka hjå IFE fått stadfesta at prosessen dei sjølve har utvikla fungerer i praksis.»[6] Her seier altså Luna at det er dei som har utvikla prosessen, IFE har bare gjort forsøk som stadfestar denne. I avisa sitt jubeloppslag står det vidare: «Prosessen skil seg frå aluminiumsindustrien med at det er ein lukka kjemisk prosess som er mindre energikrevjande enn smeltinga i Årdal og Høyanger.» No er det vanskelig å uttale seg om ein hemmeligstempla rapport, men i alt som før og seinare har kome ut om IFE si forsking, har det gått ut på å framstille aluminiumoksid, som eit alternativ til bauxitt frå utlandet, og ikkje som eit alternativ til den norske smelteverka som framstiller aluminium av aluminiumoksid. Betyr dette at ein har forska på noko heilt anna enn det som er offentlig opplyst, at det er total mangel på kjennskap til kva ein driv med, eller prøvar avisa bevisst å villeie lesarane? Andre alternativ er vanskelig å sjå.

Prosessen skulle brukast i industri på Lutelandet, som skulle bli eit «nytt Mongstad», med ein produksjon for 6 milliardar kr. årlig.[7] I 2005 blei så Lutelandet Utvikling skipa for å få bygd gassbasert storindustri, bl.a. ein slik fabrikk bygd på anortositt frå Gudvangen. På Lutelandseminaret i 2006 tok Bjørg Andresen frå IFE virkelig av og serverte: «VISJON: Ny norsk industri - basert på norske naturressurser - og samtidig løse Norges CO2 problem.» Dette må vel vere noregsrekord i bløff frå eit offentlig støtta forskingsinstitusjon. Sjølv om no Lutelandprosjektet hadde gått i orden etter planen, hadde det maksimalt kunna tatt unna CO2 frå eit middels gasskraftverk, det vil seie gjort at ein kunne bygge eit gasskraftverk til utan å auke CO2-utsleppet av den grunn, men «løse Norges CO2-problem»? Det er så ein blir mållaus. Vidare i det same foredraget fortel Andresen at IFE si rolle i samarbeidet var «Verifikasjon av kritiske prosessteknologiske parametere gjennom laboratorieforsøk (IFE)». Luna skulle på si side stå for «Vurdering av miljøløsninger for storskala uttak, transport og utskipning i et verneverdig landskapsområde». Ho la og fram at prosjektet hadde «- økonomisk støtte fra Luna Mineral AS». Men kva pengar kunne Luna Mineral støtte med – dei hadde ikkje andre enn dei som var lånt frå fylkeskommunen.

Luna Mineral lova 200 arbeidsplassar, men slik skulle det ikkje gå. Selskapet har gått med underskot kvart år frå starten, det same har Luna Industri. Talet på tilsette har variert mellom 0 og 1[8]. Da lånet frå fylkeskommunen forfall til betaling i 2007, fanst det ikkje pengar å betale med. Styret i Luna Mineral skreiv da til fylkeskommunen og ba om ei løysing der lånet blei konvertert til aksjar. Dette brevet er stempla fortrulig, men ligg likevel no ute på nettet.[9] I brevet blir det innrømt at heile lånebeløpet var gått med til å betale for forskinga. Dette er i strid med føresetnadane for lånet, som var at ein del skulle brukast til «miljøutredning» eller «vurdering storskala uttak i Nærøydalen». Fylkestinget gikk likevel med på forslaget, og vedtok i 2010: «Sogn og Fjordane fylkeskommune konverterer lånet på kr 3,25 millionar i Luna Industri as til aksjar. Hensikta er å skape muligheit for vidare utnytting av anortositt. Lånet vert konvertert til 194 000 aksjar pålydande kr 1, med ein overkurs på kr 15,75. Etter dette vil Sogn og Fjordane fylkeskommune eige 65,99 % og Luna Mineral as vil eige 34,01 % av aksjane i Luna Industri as. 2. Fylkesrådmannen får fullmakt til å selje aksjeposten (194 000 aksjar) vidare i samsvar med gjeldande regelverk.»

Korleis gikk det så med Luna sitt utviklingsprosjekt? Fylkeskommunen oppsummerer det slik: «Lånet som fylkeskommunen i si tid gav til Luna Mineral AS, vart i hovudsak nytta til forskingsarbeid ved IFE. Dei gjennomførte forsøk i å utnytte anortositten i oppdelte prosessar i laboratorium. Det vart aldri godtgjort at desse prosessane kunne gjerast i større skala og at det kunne vere kommersielt drivverdig. IFE i sameige med Luna Mineral AS tok patent på prosessen. Vi trur ikkje dette patentet har særleg verdi i dag.»[10] Sjølv om det no er uklart kven som er eigar av dette patentet, er det trulig bare advokatar som vil kunne tene på ein krangel om eit verdilaust patent. Her innrømmer fylkeskommunen ganske klart at dei pengane dei hadde lagt inn i prosjektet ikkje hadde ført til noko. Dette står klart i motstrid til dei nemnde positive resultata som blei påstått i 2004.

Kva gjør da fylkeskommunen som hovudeigar av Luna Industri? «Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Luna Industri AS er selt til Luna Mineral AS. Fylkeskommunen har dermed ikkje direkte eigarinteresser i anortosittførekomsten i Nærøydalen lenger.» [11] Frå fylkeskommunen får vi opplyst at aksjane er seld for det inneståande bankinnskotet på omlag 100000 kr. Det vil seie at fylkeskommunen har tapt omlag 3,15 mill. kr., pluss alle utgiftene til saksbehandlinga. No ser ikkje fylkeskommunen seg i stand til å gå inn med meir pengar i prosjektet. Våren 2013 seier fylkeskommunen at dei to Luna-selskapa vil bli slått saman det året, men dette synest framleis ikkje å vere gjennomført, da begge selskapa fortsatt er registrerte på bedriftsopplysingsdatabasane.

Patentet som blei vekk

I saksframlegget for fylkesutvalet si behandling av lånesøknad frå Luna Mineral i 2002 heiter det: «IFE (Institutt for Energiteknikk, Kjeller) har patentert ny prosessteknologi for framstilling av og bruk av råstoff basert på krystallin anortositt og CO2. ... Det er inngått forretningsavtale mellom Luna Mineral A/S og IFE som bind partane saman med omsyn til vidareutvikling av prosjektet.»

Gjennom samarbeidet mellom IFE og Luna Mineral blei det utvikla eit nytt patent, og ein gong før 11.01.2005 blei det underteikna ein avtale om at dei to skulle ha delt eigedomsrett til patentet. I avtalen står det: «Oppfinnelsen er basert på kunnskap ervervet under gjennomføringen av prosjektet »Oppfinnelsen er basert på kunnskap ervervet under gjennomføringen av prosjektet «CO2 som industriråstoff – potensial for ny industri i Norge», gjennomført ved IFE i perioden 01.01.03 til 31.08.04, finansiert av Luna. Oppfinnelsen er en videreutvikling av patent NO 302863 og 302864 «Fremgangsmåte for å immobilisere CO2 fra et forbrenningsanlegg av Al2O3 i et produksjonsanlegg» og «Fremgangsmåte for å immobilisere CO2 fra et forbrenningsanlegg eller en annen CO2-kilde» hvor IFE er eier av patentet.»[12] (Merk at når det står «finansiert av Luna», betyr det i praksis finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

Nokre år seinare startar så IFE opp nye forsøk på ein liknande prosess, men med andre samarbeidspartnarar. Da byrjar nokre av aktørane i saka å lure på om ikkje Luna hadde eit patent her. Eit spørsmål til Oslo patentkontor ga i 2012 som svar: «Jeg ... har ikke funnet noen patenter registrert i navn av Luna Mineral AS eller Luna Industri AS på den teknikken som er aktuell. Det eneste relevante patentet jeg til nå har funnet er norsk patent 302863 i navn av IFE og med tittel «Fremgangsmåte for å kombinere immobilisering av CO2 med fremstilling av Al2O3 i et produksjonsanlegg».[13] Dette er altså same patentnummer som det blir vist til i avtalen mellom Luna og IFE. Men her er omtalt ein «oppfnnelse» som var ei vidareutvikling av dette eldre patentet. Dei skulle ha delt eigedomsrett til denne nye oppfinnelsen, men kor er så dette patentet?

I fylkeskommunen si eigarmelding for 2013 står det likevel om Luna Industri: «Selskapet forvaltar lisensar og patenter som har kome gjennom det forskingsarbeidet som Ife har utført på oppdrag av Luna Mineral AS.» Dette skriv ein året etter at det er avklart at det ikkje er registrert nokon slike patentar på Luna Mineral.

Når eg i 2015 stiller spørsmål til IFE om patenta, svarar dei: «IFE har sikret seg patenter på teknologi vi selv har utviklet.»[14] Kven som eigentlig eig patent til kva er med andre ord høgst usikkert, det einaste ein kan seie nokolunde sikkert er at skulle nokon av dei komme igang med produksjon, vil nok patentspørsmålet hamne i retten. Derimot har patentstyret lagt ut på nettet ein patent med nummer 323427, med tittelen «Fremgangsmåte for å produsere alumina, PCC og silikat fra silikatbergarter», datert 30.04.2007. Her er IFE oppgitt som eineeigar.[15]

Taus styreleiar i Luna

Styreleiar for både Luna Mineral og Luna Industri er Noralv Distad, som er ordførar i Aurland kommune og gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Sogn og Fjordane. 04.09.2015 ringte eg han for å stille nokre spørsmål om Luna Minerals. På spørsmål om aktiviteten i selskapa svarte han at dei sit på rettane til uttak av anortositt, men at dei verken har kompetanse eller kapital til å setje igang utvinninga sjølv. Han fortalte at det er mye forskingsarbeid på gang, og at dei no avventar resultatet av dette forskingsarbeidet. Kor langt denne forskinga har kome, og om det er sikkert at Luna vil ha rett til å bruke denne, vil han ikkje gå inn på.[16] Da spørsmåla blei for vanskelige å svare på over telefon, ba han om å få dei skriftlig. Det fikk han 06.09.2015, og etter purring svarte han 16.10.2015. Det vil seie at han sendte eit samla svar på alle spørsmåla, slik at eg sjølv måtte sortere dei for å finne ut kva han hadde svart på og ikkje hadde svart på. Eg sette da opp denne oversikten, som eg sendte Distad 11.11.2015. Pr. 29.12.2015 har han ikkje svart på dette.

Spørsmål til Luna Mineral v/ Noralv Distad, med innlagte svar (i kursiv) og mine kommentarar/tilleggsspørsmål

1. Luna Mineral førespegla for vel ti år sidan at det ville komme omlag 200 lokale arbeidsplassar i utvinning og foredling av anortositt. Kor mange arbeidsplassar har det blitt til no?

(Ikkje svar)

2. Du opplyser at det er mye forskningsarbeid på gang, og at de avventar resultatet av dette. a) Kva for forskingsarbeid er no på gang og kva er Luna Mineral/Industri si rolle i dette?

Desse selskapa driv ikkje forskingsarbeid i eigen regi.

Det er eg fullstendig klar over. Men Luna Mineral har tidligare vore med på eit forskingsarbeid i regi av IFE. I brev frå Luna til IFE av 11.02.2005 er patentet omtalt slik: «Oppfinnelsen er basert på kunnskap ervervet under gjennomføringen av prosjektet «CO2 som industriråstoff – potensial for ny industri i Norge», gjennomført ved IFE i perioden 01.01.03 til 31.08.04, finansiert av Luna.» Eg forstår det slik at dette samarbeidet var avslutta med registreringa av dette patentet. Spørsmålet er da om Luna har deltatt i noe forskning på aluminium av anortositt eller andre forskingsprosjekt etter 2005. Dersom de ikkje sjølv deltar, men avventar resultat av anna forsking, spør eg kva forsking det er de ventar på. Det einaste forskingsarbeidet eg kjenner til på dette området er det som er gjort av IFE i samarbeid med Nordic Mining og først med Statoil, seinare Bilfinger, og som blei førebels avslutta med patentet som blei godkjent i haust. Eg spør derfor om eit konkret svar på om det er dette forskingsarbeidet de har venta på, eller om det er anna forsking på gang som eg ikkje kjenner til.

b) Luna Mineral hadde eit forskningssprosjekt i lag med IFE 2002-04. Blei det ut frå dette tatt noko NY patent? Kven er i såfall eigar av dette patentet? Er det aktuelt å bruke den metoden no?

(Ikkje svar)

Eg spør fordi dei opplysningane eg har fått frå fylkeskommunen og IFE om dette patentet ikkje stemmer overeins, og fylkeskommunen vurderer patentet i dag som uaktuelt. Derfor er eg interessert i å vite Luna si oppfatning av kven som er eigar av patentet og om dette er aktuelt å bruke i prosessen vidare.

c) IFE har seinare hatt eit forskningssamarbeid med Nordic Mining om aluminium av anortositt, som førte til ein patentsøknad av 2014. Har de noko avtale med IFE / Nordic Mining om at Luna skal få utnytte resultata av denne?

Evt avtalar mellom desse selskap og andre selskap kan eg ikkje gå inn på.

Kvifor ikkje? Er det hemmelig kva avtalar ein har eller ikkje har? Eg må da sjølvsagt gå til andre kjelder for å få vite om det er nokon avtale, og opplyse at Luna Mining nektar å svare på dette.

d) Det blei for noen år siden sett igang forsøk med betongelement av anortositt. Kva rolle har Luna Mineral/Industri hatt i dette? Er dette arbeidet avslutta, eller er det aktuelt å ta det opp igjen?

(Ikkje svar)

3. Store delar av områda rundt Nærøydalen og Nærøyfjorden er landskapsvernområde / Unesco verdsarv. Vil vernereglane kunne skape vanskar for utvinning på området til Luna Mineral eller for utskiping av store mengder anortositt ut fjorden? Kor store lastebåtar vil kunne gå ut Nærøyfjorden? Er det realistisk å frakte 8 mill. tonn anortositt ut i året, slik det har vore snakk om? Kan det evt. vere aktuelt å frakte ut etter vegen i staden for med båt?

Vernereglar opnar for kommersiell utnytting av anortositt. Evt. nye transportløysingar inkludert utskiping krev reguleringsplan. Reguleringsplan må setjast i gang på grunnlag av faktisk behov for regulering. Det har vore vurdert ulike løysingar for uttransportering av anortositt. Men det er ikkje konkrete planar for dette pr. i dag.

Vernereglane opnar vel for ei viss utvinning, men planane for storstilt produksjon av aluminium, med uttak av 8 mill. tonn anortositt for året, er noko heilt anna enn dagens produksjon på omlag 250000 tonn. det er snakk om omlag 36-dobling. Spørsmålet mitt er om ei utvinning i eit slikt omfang vil vere mogleg innafor vernereglane.

4. Kva område har Luna mineral i dag utvinningsrett til?

(Ikkje svar)

Er det laga noko planprogram eller reguleringsprogram for dette, eller sett igang arbeid med det?

Her er eg i tvil om svaret over, «Reguleringsplan må setjast i gang på grunnlag av faktisk behov for regulering», er meint å dekke dette. I såfall oppfattar eg det som eit svar om at det ikkje finst verken planprogram eller reguleringsprogram for Luna mineral sine område, og at det heller ikkje er i gang noko arbeid med å utarbeide dette. .

5. Det er snakk om å bygge ny tunnel for veg gjennom fjell med anortositt, og at ein vil ta ut og utnytte stein i den samanhengen. Er dette på område som er omfatta av rettane til Luna Mineral? I såfall, kva idear har de for utnytting av denne steinen?

Det skal byggjast ny vegtunnel, selskapa drøftar dette med Statens vegvesen

Her er eg dårlig orientert i lokalgeografien og kor kven har rettar. Er det slik at vegtunnelen vil gå BÅDE gjennom område som Luna Mineral har rettar til og område som Gudvangen Stein har rettar til? Kva er det ein drøftar med vegvesenet? Kva selskap som skal overta minerala, eller kva desse skal brukast til? Har Luna konkrete planar for dette?

6. Kva er årsaka til at ein har skild mellom eit rettigheitselskap og eit industriutviklingselskap ? Sogn og Fjordane fylkesskommune opplyste i 2013 at Luna Mineral og Luna Industri da vil bli slått saman. Kva er årsaka til at dette ikkje har skjedd?

Luna Mineral As har kjøpt Luna Industri as.

Dette er ikkje svar på kvifor det opprinnelig blei oppretta to selskap. Så vidt eg kan sjå er det framleis formelt to selskap, sjølv om det eine har kjøpt det andre.

7. Kva forhold er det mellom Luna-selskapa og Gudvangen Stein? Er det noko form for samarbeid? Stemmer det at Luna har seld nokre utvinningsrettar til Gudvangen Stein, evt. til andre selskap?

(Ikkje svar)

8. Kva ser de som dei viktigaste hindera/utfordringane for å få igang auka utvinning på anortositt og andre mineral i Aurland kommune i dag?

Luna Mineral as/Luna Industri as har stor tru på at anortosittførekomstane i Nærøydalen kan gje grunnlag for industrielt uttak. Me trur og at dette kan skje på ein forsvarleg måte i høve til miljø og andre samfunnsinteresser.

Vel og bra med god tru, men no har det gått 14 år sidan Luna Mineral blei skipa, og ein synast ikkje å ha kome særlig langt på veg. Det må da vere noko som hindrar utviklinga, og det er her eg lurar på kva de no må overvinne for å komme vidare.

Sidan styreleiaren i Luna Minerals ikkje ønsker å svare på spørsmåla over, kan vi ikkje gi svara på dei her, men er overlate til å spekulere over kva som har skjedd og kva som gjør det så vanskelig å svare.

Nordic Mining på banen

I 2006 blei selskapet Nordic Mining stifta, som ein avleggar av oljeselskapet Rocksource[17]. Nordic Mining er no mest kjent frå planane om rutilutvinning ved Førdefjorden, og det var også hovudsatsinga den gong, men samtidig såg dei seg snart om etter andre mineralprosjekt. Allereie i stiftingsåret deltok dei på eit møte med SINTEF, NGU og Gudvangen Stein om «Bruk av anortositt fra Gudvangen»

For Nordic Mining var det framfor alt viktig å vise daverande og potensielle aksjonærar at dei hadde ei reell utvinning i gang. Nordic Mining kjøpte opp 85 % av Gudvangen Stein for 16 mill. kr., i tillegg til at seljaren skulle ha ein viss del av inntekta frå den anortositten som blei seld fram til 2020. I 2009 kjøpte Nordic Mining resten av aksjane. Dei dreiv da vidare utvinninga av anortositt til steinull og asfalt, samtidig som dei samarbeida med IFE om utvikling av ein prosess for aluminiumsproduksjon.[18] Her kjem det inn eit av dei uløyste spørsmåla over: IFE hadde tidligare samarbeid med Luna Mineral. Kvifor og korleis hoppa dei over til Nordic Mining?

IFE meldte i 2008 at dei hadde «prosjektsamarbeid med Nordic Mining og StatoilHydro for produksjon av aluminium og andre produkter fra anortositt basert på CO2-reaksjoner, og hvor CO2 lagres som et fast, stabilt stoff.»[19] Same året fortel Nordic Mining at dei har gjort avtale med StatoilHydro om eit pilotanlegg til 50 mill.kr.[20] I følge Sogn Avis skal ein «bruka CO2 i form av karbonsyre, til å løysa opp mineral og skapa nye produkt. ... Ved hjelp av teknologien vil CO2 kunna frigjera reinare produkt av grunnstoffa aluminium, silisium og kalsium.»

I Nordic Mining sin årsrapport for 2009 blir det oppsummert: «Nordic Mining og Statoil (tidligere StatoilHydro) har i samarbeid med Institutt for Energiteknikk (IFE) ferdigstilt et forprosjekt for å utvikle og utprøve ny teknologi for oppgradering av mineraler, samt å binde CO2. Forprosjektet er gjennomført ved IFE på Kjeller og har bestått av mineralkarakterisering, analyse og eksperimenter med ulike typer reaksjonsprinsipper. Forsøkene viser at det er mulig å produsere aluminiumsråstoff (gibbsitt) av tilfredsstillende kvalitet fra anortosittforekomsten i Gudvangen. Samtidig viser resultatene at reaksjonsraten foreløpig er for lav til at teknologien kan oppskaleres til industriell skala. Forprosjektet har gitt betydelig kunnskap om mulige reaksjoner med bruk av CO2. Diskusjon om videreføring av utviklingsarbeidet pågår.»

Her ein stad hoppa Statoil av lasset, men i lag med IFE heldt Nordic Mining fram, og skreiv i kvartalsmelding for 4. kvartal 2010: «Nordic Mining og Institutt for energiteknikk (IFE) har igangsatt et prosjekt for utvikling av ny teknologi til framstilling av alumina fra anortositt ved bruk av CO2. Forsøk vil bli utført ved IFEs laboratorium på Kjeller. Testene tar sikte på å utvinne aluminium fra anortositt ved kjemisk oppløsning og tilsetning av CO2. Anortositt fra Gudvangen benyttes som råstoff i forsøkene. Anortositt har et aluminainnhold på ca. 30 % og kan derfor være en betydelig råstoffkilde for aluminium. I prosessen reagerer kalsium, som også er en mineralkomponent i anortositt, med CO2 og danner kalsiumkarbonat. Kalsiumkarbonat er en stabil lagringsform for CO2 og har kommersielle anvendelser i for eksempel papir-, sement-, og gjødselindustrien. Gassnova SF, som er et statsforetak som bidrar til utvikling av teknologikonsepter for CO2 -håndtering, har gitt støtte til prosjektet. Prosjektarbeidet vil bygge på resultater fra et tidligere utviklingsprosjekt som Nordic Mining, IFE og Statoil sluttførte i 2009. I dette prosjektet ble det fremstilt aluminiumsråstoff fra anortositt i laboratorieforsøk. Muligheter og konsekvenser ved oppskalering vil være et viktig perspektiv i det nye prosjektet.»

Bare 3/4 år etterpå kan NM melde i kvartalsrapporten: «Stort fremskritt for fremstilling av alumina basert på anortositt. Nordic Mining har i samarbeid med IFE produsert høyverdig alumina basert på anortositt fra Gudvangen. Fremstillingen er gjort i laboratorieforsøk med industrielt skalerbare prosessparametere. Dette kan bety et gjennombrudd i arbeidet med å realisere verdipotensialet i anortositten. Brutto produksjonsverdi for alumina i Nordic Minings forekomst er estimert til flere hundre milliarder kroner».

I 2011 kan IFE gledestrålande fortelje om gjennombrot og at dei har metoden klar. Dei trengte bare enno litt pengar for å oppskalere prosessen. Dette ligg enno i 2015 ute på IFE sine nettsider under «Nyheter».[21]

Regjeringa si storsatsing på CO2-binding gjorde at det no var blitt lettare å få tilskot til slike prosjekt. Staten hadde i 2007 oppretta selskapet Gassnova SF, med føremålet «å forvalte statens interesser knyttet til CO2-håndtering med fangst, transport og lagring». I lag med Norges Forskningsråd oppretta Gassnova programmet CLIMIT, «Norges offentlig program for å akselerere kommersialisering av CO2-håndtering.» [22] I 2012 ga Gassnova gjennom CLIMIT-programmet eit tilskot på 4,1 millionar kr.[23] til Nordic Mining for å drive fram aluminiumsprosjektet i lag med IFE og det tyske selskapet Bilfinger Industrial Services.

Kva er det så som gjør at ein vurderer denne prosessen som meir lønsam enn den tidligare Anortal-prosessen? I følge IFE er det ein no planlegg eit «integrert industriprosjekt»: «Bergarten anorthositt og Nordsjøgass er to store norske naturressurser som kombineres i IFEs integrerte industrikonsept. ... Anorthositt gir kalsium, aluminium og silisium. Nordsjøgassen gir grunnlag for produksjon av energi, ammoniakk (NH3), salpetersyre (HNO3) og CO2 som alle er nødvendige ingredienser i industrikonseptet. Salpetersyre brukes til å løse anorthositten, ammoniakk og CO2 til utfelling av verdiproduktene.»[24] Prosessen blei testa ut i forskningsparken på Herøya. Sommaren 2013 meldte Nordic Mining at pilotprosjektet var gjennomført med godt resultat[25], og at den teknisk-økonomiske vurderinga ville komme i oktober same året. Dette fikk også jubeloppslag i media[26], men deretter blei det heller stille om saka.

Mens forskinga i første omgang vesentlig blei betalt av fylkeskommunen, blei den i neste omgang i stor grad betalt av det statlige selskapet Gassnova. Der er dei så vant med store tap at det verkar som det ikkje bekymrar dei særlig om dei har skote inn nokre millionar utan å få så mye igjen for det: «... det stemmer at CLIMIT programmet har gitt støtte til et slikt prosjekt for en tid tilbake. CLIMIT prosjektet er nå avsluttet og vi har ikke gjort noen videre lønnsomhetsvurderinger av teknologien el. Spørsmål om status og videre fremdrift kan rettes til IFE/Nordic Mining som var ansvarlig for gjennomføringen.»[27]

I mellomtida hadde Nordic Mining byrja å få økonomiske problem. Produksjonen ved Gudvangen Stein gikk med underskot, samtidig som det drøyde med å få godkjenning for rutilprosjektet i Engebø. Juni 2013 kom så meldinga: «Nordic Mining selger alle aksjene i Gudvangen Stein for å styrke sin finansielle fleksibilitet. Selskapet vil ikke motta betaling for aksjene. Nannok Invest AS og Bjørkehagen AS er kjøpere. Gudvangen Stein har slitt med negative resultater de siste tre årene. Salget av selskapet vil redusere Nordic Mining sin risiko ved fortsatt eierskap. Nordic Mining taper to millioner kroner på transaksjonen.[28] Det er vanskelig å forstå at dei bare skal ha tapt 2 millionar, når dei betalte 16 mill. for aksjane og ga dei bort gratis 6 år etterpå, samtidig som bedrifta har gått med underskot i denne tida. Nordic Mining har likevel tatt eit forbehold om at dei har forkjøpsrett til å kjøpe Gudvangen Stein tilbake fram til 2018. At Nordic Mining framleis ser aluminiumsprosjektet som sitt prosjekt, går fram av at dei på nettsida si i januar 2015 har publisert ei verdivurdering av førekomsten til Gudvangen Stein.[29] Det er ikkje sagt noko om kven som har gjort vurderinga. Etter at Nordic Mining trakk seg ut, har forøvrig Gudvangen Stein byrja å gå med overskot.

Sjølv om Nordic Mining har trukke seg ut av Gudvangen Stein, har ein likevel halde fram med forskingssamarbeidet med IFE. I Nordic Mining sin årsrapport for 2013 står det: «The technology was patented in March 2014.» Dette er vel ikkje heilt presist. Patentsøknaden blei levert da, men godkjenninga kom først i oktober 2015.

Når no patentet er på plass kan det vere interessant å sjå kva den andre parten i dette seier: «IFE har jobbet med dette konseptet i snart 20 år og arbeidet pågår fortsatt. Det er produsert flere vitenskapelige rapporter. IFE har sikret seg patenter på teknologi vi selv har utviklet. Samarbeidspartneren til nå har vært Nordic Mining, men det det pågår nå dialog med andre selskaper. Dessverre har vi ikke lykkes med å få Hydro interessert. Det er langt frem til en eventuell utvinning i f.eks. Gudvangen, men det er klart at miljøutfordringene vil bli meget store. De må løses før det kan bli aktuelt med utvinning.»[30]

Min kommentar: Luna Mineral er her ikkje nemnd som samarbeidspartnar. Det er visst allereie ei gløymt historie der.

Naturvern og rasfare

Nærøyfjorden er ein 18 km lang fjord som bare er 250 m brei på det smalaste. Fjorden ligg mellom svært bratte fjell som er opp til 1700 m høge og ei rekke fossar renn ned fjellsidene. Fjorden er, og har lenge vore ein stor turistattraksjon. I 2002 blei fjorden og områda rundt gjort til landskapsvernområde, og i 2005 kom dette i lag med fleire nærliggande landsskapsvernområde og naturreservat inn på UNESCO si verdsarvsliste. Dette set sjølvsagt grenser for kor mye industriell aktivitet som kan settast i gang her. I vernereglane er det gjort unnatak for at forvaltningsstyresmaktene kan gi løyve til «Etablering av luftesjaktar som er naudsynt i samband med underjordisk drift av mineral med uttaksstad utanfor verneområdet», og da fylkesutvalet i 2005 behandla verdsarvsområdet, understreka det at dette ikkje måtte komme til hinder for »bergverksdrift for Gudvangen Stein AS og Luna Mineral AS og liknande basert på anortositt i Nærøydalen.»

Det spørs likevel om dei store planane lar seg gjennomføre. Ein flaskehals her er skipstrafikken ut den tronge og dels grunne Nerøyfjorden. Sjølve skipsleia er ned til 60–70 m brei, slik at større skip ikkje kan passere kvarandre her. Det går store cruisebåtar inn fjorden, men dei går ikkje så djupt som lastebåtar må gjøre. Dagens produksjon av anortositt blir frakta ut med båtar som kan ta inntil 2500 t stein. Større lastebåtar kan ikkje gå inn Nærøyfjorden utan at det eventuelt blir sprengt ut / mudra for å opne skipsleia. Ei utgreiing gjennomført for Aurland kommune i 1999[31] seier at grensa for å frakte malm ligg på 10–15000 DWT. Dette føresette ei sprenging, men tre år etter kom vernevedtaket og etter det vil det vere mye vanskeligare å få løyve til å utvide leia.

Skal ein satse på å bruke anortositten til aluminiumsproduksjon, må ein nok opp i langt større uttak. Det verkar likevel som planlegginga av dette med idear om opp til 8 mill. tonn uttak for året (35-40-dobling av dagens uttak) har halde fram uavhengig av fredingsprosessen. Nokre av aktørane har seinare sagt dei kjente seg narra, fordi dei ikkje blei orienterte om at fredingsvedtak var på gang. For tida ser det ikkje ut til at verken det tekniske eller økonomiske er klart for storskala utvinning av anortositt for aluminiumsproduksjon, og heller ikkje er det juridiske forholdet avklart mellom selskapa om kven som har rettar til drift. Og om desse problema skulle bli løyst, gjenstår det ein konflikt med landskapsvernet, og det kan verke som denne produksjonen ikkje vil kunne komme igang utan at vernet blir oppheva.

Eit anna hinder for storstilt utvinning frå Nærøydalen er rasfaren. Dette området er noko av det mest rasutsette vi har i Noreg, og hovudvegen gjennom dalen har gang på gang vore stengt både på grunn av steinras og snøras. Fjella er bratte og i tillegg ustabile, og vi må rekne med at sprenging i fjellet ikkje gjør situasjonen betre. Nettopp for strekninga mellom gruva og Gudvangen har det gått så mye ras at det er snakk om å legge heile vegen her inn i ein ny tunnel, til ein pris av 1,5 mrd. kr.

Eit forsøk på konklusjon

Aluminium er eit nyttig metall som verda treng, men dagens framstillingsmetodar fører til store miljøproblem, både gjennom avfall og kraftproduksjon. Sett frå eit miljøsynspunkt er det derfor viktig å forsøke å finne alternativ både til det første leddet med framstilling av aluminiumoksyd og det andre vidare til metallisk aluminium. I Noreg har det blitt gjort forsøk på å bytte ut begge desse ledda med andre produksjonsprosessar, men ingen av dei har kome så langt som til lønsam produksjon i stor skala. Kvifor har så alt gått galt? Det kan eg framleis ikkje gi noko klart svar på. Dette er bare ein start på å grave i saka, og eg vonar at nokon vil halde fram gravinga. Store mengder av offentlige og private middel er sløsa bort, på forsøk med utvinningsmetodar og tvilsame patent og på industriområde på Lutelandet. Nokon har halde andre for narr og nokon er tydelig lite glad for at eg har byrja å nøste opp i dette. For meg var dette bare eit sidespor i arbeidet med mineralnæringa i Noreg. Eg har her servert det eg har funne, og vonar at andre vil følgje det opp.

Fotnotar

[1] Artikkel i Teknisk Ukeblad
[2] Asdal, Kristin: Politikkens natur – naturens politikk. Universitetsforlaget 2011. Kap. 2
[3] Store Norske Leksikon
[4] Oppslag i Sogn Avis
[5] Artikkel i Teknisk Ukeblad
[6] Artikkel i Sogn Avis
[7] Artikkel i lokalavisa Firda
[8] 0 tilsette pr. 01.09.2015, ifølge href="http://purehelp.no target="_blank">http://purehelp.no
[9] Dokument frå Sogn og Fjordane fylkeskommune
[10] Sogn og Fjordane fylkeskommune v/rådgjevar Stig Vattekar i e-post til forfattaren 13.08.2015.
[11] Sogn og Fjordane fylkeskommune v/rådgjevar Stig Vattekar i e-post til forfattaren 13.08.2015.
[12] Brev frå Luna Mineral til IFE 11.01.2005
[13] E-post frå Oslo Patentkontor v/ Trond Gustad, 14.11.2012.
[14] E-post frå IFE v/Victor Albert Wikstrøm til forfattaren, 07.08.2015
[15] Dokument frå Patentstyret (link)
[16] Telefonsamtale med forfattaren, 04.09.2015.
[17] Sjå eigen artikkel om Nordic Mining.
[18] IFE
[19] IFE årsberetning
[20] Artikkel i Sogn Avis
[21] IFE
[22] Forskningsrådet
[23] Nordic Mining
[24] IFE
[25] Nordic Mining
[26] Teknisk Ukeblad 14.08.2013
[27] E-post til forfattaren frå Gassnova ved Tove Dahl Mustad, 10.08.2015.
[28] Hegnar
[29] Infonom: Verdivurdering Gudvangen Stein
[30] E-post til forfattaren frå IFE ved Viktor Albert Wikstrøm, 07.08.2015.
[31] Noteby AS: Uttak av Anorthositt i Nærøydalen. Transport og utskipning. Vurdering av alternativer.

Nettstaden gruve.info er redigert og for ein stor del skrive av Svein Lund, men andre må gjerne bidra.

Kontakt redaksjonen