Forside 1
Forside 2
Gull, gråstein og grums

– Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bokserie som til saman skal komme med 4 bind.
Første bind kom i juni 2015, andre i februar 2016.
Bøkene kostar kr. 250,- pr bind og kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.

Startsida for Gull, gråstein og grums – 1

Startsida for Gull, gråstein og grums – 2

Meir gruvestoff finn du på nettstaden gruve.info

Tilleggsartikkel til "Gull, gråstein og grums – 1"

Nordic Mining ASA er, om ikkje det største, så i alle fall det mest ambisiøse mineralselskapet i Noreg. Det har, med større eller mindre hell, forsøkt seg innafor så godt som alle tenkelige greinar av mineralutvinning i Norden. Mest kjent er dei for den sterkt omstridde planen om rutilgruve i Naustdal med utslepp av gruveavgang til Førdefjorden. (sjå boka "Gull, gråstein og grums 1", s. 181–199 eller på nettsida gruve.info. Men dette er bare eit av dei omlag 15 kjente prosjekta selskapet har forsøkt seg på. I tre artiklar går eg her nærare inn på nokre av dei andre aktivitetane til Nordic Mining. Først ein oversikt over selskapet Nordic Mining og mange av dei øvrige prosjekta deira, så forsøket på framstilling av aluminium frå anortositt og til sist i den artikkelen som følgjer her planane om mineralutvinning på havbotn. Utgangspunkt for alle artiklane er aktivitetane til Nordic Mining, men dei tar også opp kva som elles skjer på dei omtalte områda.

(Denne artikkelen blir oppdatert etter kvart som eg får nye opplysningar. Han er publisert først 08.02.2016, seinaste oppdatering til no 18.11.2016.)

Hemmelig mineralleiting på havbotnen

"Bærekraftig utvikling av mineraler fra havbunnen." Dette skal bli eit av dei viktigaste satsingsområda framover, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre på konferansen Arctic Frontiers 26.01.2016.[1] Allereie i juni 2010 søkte Nordic Mining Næringsdepartementet om løyve til å leite mineral på havbotn. I mangel på regelverk har departementet enno ikkje kunna behandle søknaden, men dei har hemmeligstempla store delar av han, utan anna grunngiving enn omsynet til "konkurransemessig betydning for Nordic Mining". Liksom i Førdefjorden ser vi også her at det norske statsapparatet engasjerer seg til støtte for landets mest ambisiøse gruveselskap.

I oktober 2015 fann eg på Offentlig Elektronisk Postjournal at i 2010-11 hadde Nordic Mining og Næringsdepartementet hatt ei brevutveksling om mineralleiting på havbotn. Eg søkte da om innsyn i dei 4 breva som det var vist til. Langt om lenge fikk eg tilsendt to av dei, dei som sa minst. Først etter diverse purringar kom dei to andre, men da var omlag halve breva sladda over. Departementet hadde altså hemmeligstempla kor selskapet hadde søkt om å få leite. Eg klaga da på hemmelighaldet, og fikk 04.02.2016 svar frå Næringsdepartementet der sladdinga blir grunngitt slik: "Departementets vurdering er at det er sannsynlig at den angjeldende informasjonen er av konkurransemessig betydning for Nordic Mining, og at en offentliggjøring av den aktuelle informasjonen kan få negative forretningsmessige konsekvenser for selskapet. Det er av stor betydning at private selskaper kan ha tillit til at myndighetene har en forsvarlig håndtering av forretningssensitiv informasjon. Disse momenter tilsier at avslaget opprettholdes." Same dagen klaga eg saka inn for Sivilombodsmannen, som 10.03. sendte meg kopi av brev der dei ber om nærare grunngiving og dokumentasjon av at det er naudsynt å halde dette hemmelig. Så gikk no månadane og 01.07.2016 sendte NFD eit brev til Sivilombodsmannen og oppsummerer at dei no har blitt samde om å halde det aller meste hemmelig, men at eg kan få innsyn i ei – 1– setning som først var sladda. (Her har eg lagt ut Brevet frå NFD og siste sladda dokument).

Likevel veit vi no litt om den løynde jakta på rikdomane på havbotn, og her er noko av det eg har funne ut så langt.

No er arbeidet i gang for å få utarbeida det manglande regelverket, slik at Næringsdepartementet kan gi Nordic Mining løyve å leite i dei hemmelige områda sine. I samband med statsbudsjettet for 2016 har Klima- og miljødepartementet gitt Miljødirektoratet eit tildelingsbrev med arbeidsoppgaver for dette året. Der står det: "Sikre nødvendig kompetanse for å bistå departementet med miljøfaglige råd i forbindelse med utvikling av et nytt regelverk for mineralutvinning til havs."

Kven har råderett over havområda?

Havets folkerett er utvikla gjennom dei fire Genèvekonvensjonane om havets folkerett frå 1958 og havrettskonvensjonen av 1982. Alle kyststatar har rett til å opprette ein økonomisk sone på inntil 200 nautiske mil, og innafor denne har nasjonalstatane full jurisdiksjon over mineralutvinning. Dei er likevel forplikta av internasjonale og regionale konvensjonar mot forureining i sjø, som Londonkonvensjonen og Osparkonvensjonen.[2]

For internasjonalt område utafor dei økonomiske sonane blir utnytting av mineral på havbotnen regulert av International Seabed Authority (ISA). ISA har stilt krav om at land som vil drive gruvedrift må overlate nokre av felta dei har funne til ISA, i lag med overføring av gruveteknologi til mindre industrielt utvikla land. Desse krava gjorde at nokre industriland ikkje ville underteikne traktaten. Sjølv om dette gir eit visst rammeverk for verksemda, er regelverket i liten grad utprøvd og ein må rekne med mange konfliktar rundt dette framover.

Kor i havet er minerala?

Med tanke på å ta ut mineral frå havet og havbotnen kan vi skilje mellom 3 hovudområde:

1. Kontinentalsokkelen.
Frå fjæra ned til eit par tusen meters djup. Denne er geologisk sett ein del av kontinenta, og har i utgangspunktet tilsvarande mineral. Dei fleste stadar har elver og brear ført lausmasse ut i havet, og desse dekker dei harde berggrunnsbergartane som utgjør kontinentet. Dei grunnaste av desse er fortsatt lausmassar, men djupare ned er dei sementert og herda til sandstein og andre sedimentære bergartar, som kan vere mange tusen meter tjukke. I overflata er her og mye sand og grus som kan vere ettertrakta som bygningsmateriale.

Internasjonalt har kontinentalsokkelen mest vore brukt til å ta opp, sand, grus og skjelsand, og mineral som finst i sand på havbotn. I Nordsjøen tar særlig England og Nederland opp store mengder med sand og grus.

I eit område i Søraustasia, gjennom Myanmar, Thailand, Malaysia og Indonesia, er det mye tinn i sanda, og ein stor del av verdsproduksjonen av tinn kjem no frå mudring på kontinentalsokkelen til desse landa. På øya Bangka i Indonesia har det vore utvinning av tinn i fleire hundre år. Ettersom ressursane på sjølve øya etter kvart langt på veg har blitt tømt, har utvinning halde fram i sjøen. Det skjer delvis gjennom dykkarar som pumpar opp malm frå havbotn[3], dels ved at større skip driv mudring på opp til 50 m djup. Ved New Zealand blir det drive mudring etter jernrik sand, og det er no stor strid om utviding av denne utvinninga. Ved Alaska har det vore drive mudring etter gull, ved Mexico etter svovel, og i ei rekke land etter rutil og ilmenitt.

Ved Namibia i Sør-Vest-Afrika har to australske selskap planlagt gruvedrift på fosfat, mens det internasjonale konsernet DeBeers vil ta opp diamantar.

For Noreg har kontinentalsokkelen særlig vore interessant pga. olje og gass som ligg gjømt djupt nede i sedimenta, men her har ikkje vore drive noko vidare uttak av mineral frå kontinentalsokkelen, med unnatak av noko skjelsand på Sørvestlandet og at det fleire stadar er drive gruvedrift på berggrunnsførekomstar som ligg under sjøen, gjennom tunnelar som startar på land.

2. Dei store havdjupa.
Mesteparten av verdshava er fleire tusen meter djupe. Her er jordskorpa tynnare enn på kontinenta, og består vesentlig av tunge og mørke bergartar som diabas, gabbro og basalt. I havdjupet utafor kontinentalsoklane er det funne tre hovudtyper av konsentrasjonar av metall og metallsamband:
a) Manganknollar (manganese nodules, polymetallic nodules). På nokre av dei store og relativt flate havbotnane, på omlag 6000 m djup kan ein finne store mengder med lause knollar som er svært rike på tunge metall, særlig mangan, jern og nikkel. Knollane er danna ved utskiljing av mineral frå sjøvatn og sedimenta på botn gjennom millionar av år. Område som er spesielt rike på knollar finst i Stillehavet og Indiahavet, det meste er i internasjonalt område. Dette er ikkje særlig aktuelt i våre farvatn.
Manganknollane på botn av dei store verdshava blei oppdaga allereie på 1860-talet, men det fanst den gang ikkje noko teknologi for å ta opp desse. På midten av 1960-talet blei det hevda at det på havbotn finst nesten ubegrensa forsyningar av ei rekke metall. Både Frankrike, Tyskland og USA sendte ut forskingsfartøy på leting etter slike knollar. Tyskland skipa allereie i 1972 AMR – Arbeitsgemeinschaft meerestechnisch gewinnbare Rohstoffe. Etter kvart viste forsking at dei første estimata på potensialet for gruvedrift i havet var sterkt overdrive. Da også metallprisane gikk ned, blei denne leitinga stort sett oppgitt tidlig på 1980-talet. Da hadde særlig USA brukt store pengar på undersøkingar, med liten eller ingen avkastning. Likevel fikk kongressen i USA i 1987 laga ein rapport med tittelen: Marine minerals – exploring our new ocean frontier.[4]
b) Ferromanganskorpe (cobolt-rich ferromanganese, ferromanganese crust). Denne blir danne i vulkanske område på noko grunnare vatn, omlag 400-5000 m. Denne skorpa er i tillegg til mangan og nikkel ettertrakta på grunn av innhaldet av kobolt, platina og sjeldne jordmetall. Interessen for denne ressursen er ganske ny.

c) Metallsulfid på midthavsryggane. Midt etter Atlanterhavet og nokre andre verdshav blir det danna ny havbotn når platene som jordskorpa består av går frå kvarandre. Her kjem det opp glødande lava og nokre stadar sirkulerer det varmt vatn, som har evne til å oppløyse og samle opp metall frå store areal. I møtet med det kalde havvatnet blir metalla skild ut, som regel som sulfid, og dannar konsentrasjonar som er interessante for mineralselskapa. Det er både aktuelt å leite ved aktive hydrotermale kjelder, såkalla svarte skorsteinar, og ved slike som ikkje lenger er aktive. Dette er den formen for gruvedrift på havbotn som er mest aktuelt for Noreg, da store delar av den nordatlantiske midthavsryggen ligg innafor dei økonomiske sonane rundt Jan Mayen og Svalbard. Det som i den samanhengen kan synast noko underlig, er at Island, som i likheit med Jan Mayen er øyar som stikk opp frå denne ryggen, ikkje har noko gruvedrift etter metall verken på land eller på sjøbotn.[5]

Prisstigninga på metall frå omlag 2006 og den internasjonale gruveboomen som følgde, førte og til ny interesse for gruvedrift på havbotn. Sidan dette både juridisk, politisk og teknologisk er noko upløgd mark, har det likevel tatt tid å komme igang.

I internasjonalt farvatn har ISA til no gitt 20 kontraktorar (statar eller selskap) 15-årige kontraktar for utvinning, av desse er 14 for manganknollar i Stillehavet og Indiahavet, to for ferromanganskorpe i det vestlige Stillehavet og fire for metallsulfid på fjellryggane i Indiahavet og Atlanterhavet.

Den første lisensen til å drive ei djuphavsgruve innafor den økonomiske sonen til eit land er i 2015 gitt til det kanadiske selskapet Nautilus, og dei skal drive på 1600 meters djup utafor Papua New Guinea. Andre store selskap står i kø, f.eks. forhandlar den amerikanske våpenprodusenten Lockheed Martin med Fiji om å ta opp manganknollar der, mens underselskapet UK Seabed Resources vil ta opp liknande ressursar i internasjonalt farvatn mellom Hawaii og Mexico.

3. Sjølve sjøvatnet.
Dette inneheld ei rekke mineral. Til no er det i første rekke koksalt som er drive ut kommersielt gjennom fordamping. Dette inneheld vesentlig NaCl, men også ei rekke andre salt. Av metall er det hittil bare magnesium som er kommersielt tatt ut av havet, det blir framstilt ved elektrolyse av sjøvatn eller sjøsalt. Det blir og vurdert å ta ut litium av sjøvatnet. I prinsippet er det mogleg å ta ut alle metall som finst oppløyst i sjøvatn, men dei fleste av dei finst i så små mengder at det vil krevje for mye energi å ta dei ut.

Noreg på banen

Internasjonalt er Noreg er ein ganske stor aktør både når det gjeld investeringar gjennom oljefondet, og når det gjeld utvikling av petroleums- og skipsfartsteknologi. Det er derfor ikkje uventa at den norske staten og/eller norske selskap er med i det internasjonale kappløpet om mineralressursane på havbotn. Allereie i det første selskapet som har fått konsesjon, kanadiske Nautilus, er oljefondet inne med over 18 mill. kr. eller 1, 65% av aksjane.

Det mest synlige bidraget frå Noreg så langt er elles eit spesialskip som i januar 2016 blei levert av skipsverftet Kleven i Ulsteinvik.[6] Det skal settast inn i utvinning av diamantar for De Beers utafor Namibia. Men også i Nautilus sine aktivitetar er Noreg med: "Allerede nå er det ringvirkninger i norsk industri: AXTech i Molde har levert alle vinsjene til Nautilus Minerals som står klar til å gå ned i dypet etter gull. Det gir en indikasjon på at undersjøisk gruvedrift kan bli viktig for norsk leverandørindustri i fremtiden."[7]

Forsking og leiting i norsk sone

Kor langt tilbake det frå norsk side har vore leita etter mineral på den midtatlantiske ryggen, er vanskelig å seie. Dei første som registrerte dei rykande skorsteinane her var trulig forsvaret, men dette er enno hemmeligstempla. Deretter kom UIB, som på den første "Norwegian workshop on ocean floor metals deposits" arrangert av NGU og NTNU i 2012 snakka om "14 years of research on the Mid-Atlantic Ridge". Det skulle tilseie at dei starta opp rundt 1998. Like etter blei det danna ei gruppe kalla Norwegian Deep Seabed Mining Group (1999-2001). UIB sto for oppdaginga av feltet "Soria Moria" mellom Jan Mayen og Grønland i 2005 og "Lokeslottet" 300 km vest av Bjørnøya i 2008.

Selskapet Nordic Mining blei danna i 2006 og er mest kjent for den svært omstridde planen om rutilgruve ved Førdefjorden. Mindre kjent er det at dei har forsøkt seg på omlag 15 forskjellige prosjekt, etter minst like mange forskjellige mineral.[8] Blant dei seks prosjekta dei enno ikkje har gitt opp er planen om mineralutvinning på havbotnen.

Det var hovudselskapet Nordic Mining sjølv som søkte om leiteløyve i 2010, men året etter oppretta det underselskapet Nordic Ocean Resources (NORA), og ba om at dei rettane dei framleis ventar på skulle bli overført til dette selskapet. NORA presenterer seg som "the current sole company in Norway with focus on seabed minerals". NORA er eigd 80 % av Nordic Mining og 20 % av Ocean Miners, eit Oslo-selskap med 0 tilsette eigd av Hydroza AS, eigd av Fredrik Søreide.

På den omtalte workshop i 2012 var same Fredrik Søreide innleiar om Commercial Ocean Mining, men da presentert som professor ved NTNU(!) Same året starta NTNU, Statoil og Nordic Mining "collaborating on a research project that will map marine mineral resources along the Mid-Atlantic Ridge." Dette samarbeidet blei så leia av nemnde Søreide. Allereie i 2013 var dei igang med eit forprosjekt, og same året kunne dei rapportere at det var kartlagt mineral til ein verdi av over 1000 milliardar kroner! Ingen skal vere i tvil om kva som er målet med denne kartlegginga, det er å få igang utvinning så snart som råd. Og Nordic Mining har store forventningar til samarbeidet: "CEO Ivar S. Fossum comments: “We are pleased that NORA’s pioneering efforts have sparked a strong industrial interest for the potential related to seabed minerals. We expect valuable new knowledge to be gained from the “MarMine” project.” Derimot må dei innrømme at "– Miljøkonsekvensene er ikke utredet foreløpig." Det kjem i andre omgang, og er enno bare på søknadsstadiet: "Universitetet i Bergen deltar i et internasjonalt konsortium som søker om EU-midler for å utrede miljøkonsekvenser."[9]

Frå 2015 er dette utvida til prosjektet MarMine[10], organisert av NTNU, med 25 mill. støtte frå Norges Forskningsråd og ved sida av NORA og Statoil har ein no fått inn som samarbeidspartnarar: NIVA, DNV-GL, Ecotone AS, Kongsberg Maritime AS, Leonhard Nilsen & Sønner AS, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Technip.

Sommaren 2016 vil dei starte undersøkingar etter sulfid på havbotnen i utvalde område på den midtatlantiske ryggen. I kva grad desse undersøkingane vil foregå nettopp i dei områda Nordic Mining har søkt leiterett på, det vil vi altså ikkje få greie på, men ein kan vel trygt regne med at desse områda er aktuelle. Her har da NOM, med å søke først sikra seg førsteretten. Om dei formelt ikkje har fått retten til å leite sjølv, er det inga dårlig erstatning å få forskingsinstitusjonar å leite for seg på statlig rekning. Det er høgst forståelig at Nordic Mining av konkurranseomsyn ikkje vil at dette skal komme ut. Næringsdepartementet sitt motiv for å vere med på dette spelet kan vi bare spekulere i.

Ein av samarbeidspartnarane er Ecotone AS. Kven er så det? Det er eit selskap skilt ut frå og delvis eigd av NTNU, men dei største eigarane er norske og utanlandske investeringsselskap. På nettsida deira er det bare informasjon på engelsk, men på spørsmål frå meg presenterer dei seg slik:
"Vi utvikler et såkalt hyperspektral kamera for undervannsbruk. Fordelen med dette kameraet er at det kan måle intensiteten av lys på veldig mange bølgelengder, i motsetning til et vanlig kamera som bare måler mengden rødt, grønt og blått lys. Med informasjon fra disse målingene kan man automatisk gjenkjenne objekter og materialer under vann basert på spekteret av lys de reflekterer. Denne teknologien kan brukes til mange formål, og vi har primært jobbet med miljøkartlegging av havbunnen og inspeksjon av rørledninger.
Det er også mulig å bruke teknologien innenfor mineralutvinning, og det er da to ulike anvendelser som er aktuelle:
1. Kartlegge miljøet på havbunnen i områder som er aktuelle for utvinning, for å raskt og effektivt få oversikt over hvilke arter som finnes der og om det bør tas spesielle hensyn til det. Man kan også gjenta kartleggingen senere for å se hvilken effekt en eventuell utvinning har hatt på livet på havbunnen og hvilke områder som er påvirket av aktiviteten.
2. Påvisning av mineraler som er aktuelle for utvinning. Man kan tenke seg at man kan automatisk gjenkjenne mineraler på havbunnen basert på det optiske spekteret som reflekteres tilbake når havbunnen belyses. Det vil i så fall være en effektiv måte å identifisere områder hvor det er interessante mineraler. Tilsvarende teknikk brukes allerede fra fly for å finne mineralressurser på land.

Samtidig har NTNU sitt eige pilotprosjektet Deep Sea Mining, med heile 9 forskingsprosjekt, derav 7 doktorgradsprosjekt. Med NTNU som sentral deltakar i MarMine er vegen kort til at resultata av forskinga kan bli utnytta av gruveselskapa – i første rekke Nordic Mining.

Miljøskadar ved undervassgruvedrift

Internasjonalt er det dokumentert ei rekke alvorlige miljøskader ved gruvedrift på havbotn. Det gjeld tap av leveområde og biologisk mangfold både for planter og botndyr, som igjen reduserer livsgrunnlaget for fisk, sjøpattedyr og sjøfugl.[11] Nokre stadar fører og mudring til endra straumforhold, vanskar for skipsfarten og erosjon frå øyer. Særlig ille har dette vore for nokre mindre øyer i Stillehavet.

Pågåande og planlagt undervassgruvedrift har ført til ei rekke protestar. Eit havforskingsinstitutt i Tyskland er blant dei som ser dette som fullstendig uakseptabelt: "According to the GEOMAR centre for ocean research in Germany, the ecological impact of mining nodules would be totally unacceptable with current technology."

Rundt Stillehavet har organisasjonar i fleire land gått saman: The Deep Sea Mining Campaign is an association of NGOs and citizens from the Pacific Islands, Australia and Canada concerned about the likely impacts of DSM on marine and coastal ecosystems and communities. NGO’s include Mining Watch Canada, Oxfam Australia, Earthworks and the Papua New Guinean Groups Against Seabed Experimental Mining (PNGGASEM) The goal of the DSM Campaign campaign is to develop an active, broad-based and informed Civil Society response to Deep Sea Mining in the Pacific region.

I Namibia har miljøorganisasjonar protestert mot australske selskap sine planar om fosfatutvinning og skrive brev til den australske regjeringa. [12]

I Noreg verkar det som verken politikarar eller forskarane bak MarMine og Deep Sea Mining synest å bry seg særlig om miljøverknadane ved gruvedrift på havbotn. Derimot er det andre som har bekymra seg meir for dette. Allereie ved utarbeidinga av mineralstrategien kom fire offentlige institusjonar (Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektoratet, NIFES og Mattilsynet) med eit felles innspel:

PROBLEMSTILLINGER OMKRING GRUVEDRIFT OG MINERALUTVINNING PÅ HAVBUNNEN
Bakgrunnen for at utnyttelsen av mineraler fra havbunnen nå ser ut til å gå over i en ny æra skyldes blant annet utviklingen av ny teknologi. I korthet går metoden ut på at man bruker en fjernstyrt "gravemaskin" på bunnen. Massene blir så pumpet opp til overflaten for videre behandling på et skip. Vi har ikke kompetanse på dette så vi henviser til aktuelle gruvefirmaer eller andre kilder for beskrivelse av teknologien.

I norsk økonomisk sone er det sannsynligvis dyphavsryggene som for eksempel Mohnsryggen og Knipovichryggen som er interessante mål for kartlegging av metallforekomster. Hydrotermale vents i dyphavet finnes typisk på dyphavsrygger med vulkansk aktivitet og det er de aller varmeste utstrømmingene som kalles black smokers. Ut av disse strømmer det meget varmt vann (rundt 300 °C) med oppløste metaller som jern, svovel og kopper som så felles ut. Siden bakterier kan nyttigjøre seg disse metallene som energikilde har det utviklet seg unike økosystemer hvor bakteriene er første ledd i en dyphavsfødekjede som baserer seg på kjemosyntese og ikke lys og fotosyntese. Fra andre havområder er det beskrevet mange nye arter og meget spesielle samfunn som lever rundt black smokers.

Det har fremkommet betenkeligheter omkring miljøeffektene av den metoden som gruveselskapet Nautilus skal bruke i Papua Ny-Guinea blant annet i tidskriftet Science. I forbindelse med en mulig utnyttelse av magnesiumknoller i Stillehavet ble det utført konsekvensanalyser av forstyrrelser på benthos, av sedimentskyer og toksiske effekter i vannsøylen. Konklusjonene var at miljøkonsekvensene kunne bli så store og uforutsigbare at en rekke undersøkelser anbefalte å ikke utvinne magnesiumknollene for å unngå storskala- og langtids-risiko for Stillehavets økosystemer og fiskerier. Forstyrrelse av de benthiske systemene og langtrekkende sedimentskyer vil sannsynligvis bli mindre ved storskala utvinning i ventområder (aktive eller døde) fordi det ikke er sedimentdekke i disse områdene som faktisk representerer nydannet havbunn (unntak fra dette kan forekomme). I Papua Ny- Guinea planlegges det imidlertid utvinning bare 1 km fra aktive ventsystemer. Dette innebærer at ventsamfunnene kan bli dekket, klogget og kontaminert av drivende partikler. Organismer som overlever slik påvirkning vil være utsatt for store habitatforandringer ved at hardbunnen kan utvikles til bløtbunn hvis sedimenteringen blir høy nok.

Utvinningsaktiviteten kan også tenkes å endre de hydrologiske forholdene som tilfører ventsamfunnene næring og varmt vann. Endelig kan det oppstå problemer når vannet skal skilles fra substratet på skipet/plattformen. Dette kan føre til at næringsrikt (og kontaminert?) vann blir spredt i og til områder med annen sammensetning og konsentrasjon av næringssalter. Det kan også tenkes at denne typen påvirkning kan spres til andre lands økonomiske soner eller til internasjonalt farvann. Dette kan derfor komme i konflikt med internasjonal lovgivning.

Vi vil til slutt nevne at strukturene og samfunnene i hydrothermal vents er regnet for å være så sårbare at InterRidge (forum for internasjonalt forskningssamarbeid på dyphavsrygger) har utarbeidet retningslinjer for vitenskapelige undersøkelser i slike områder.

I arbeidet med en forvaltningsplan for Norskehavet er muligheten for metallutvinning og den spesielle faunaen og økosystemene i forbindelse med havbunnsvulkanisme nevnt, men ikke gitt noen inngående analyse (se Fisken og Havet nr. 6/2007: Helhetlig forvaltningsplan for Norskehavet: Arealrapport med miljø- og naturressursbeskrivelse, s. 61 og 147). Det er ikke kjent for oss om norske myndigheter har utredet dette sakskomplekset. Hvis ikke, anbefaler vi at dette gjøres slik at man kan være forberedt når interessen for å utvinne metaller fra havbunnen øker. En slik utredning bør legge vekt på nødvendig forskning og kartlegging for å få oversikt over geologi og utnyttbare forekomster, utbredelsen av arter og økosystemer knyttet til slike forekomster (for eksempel black smokers), og ikke minst er det viktig å utrede konsekvenser for arter og økosystemer av en eventuell metallutnyttelse.

Havbotn i norsk mineralstrategi og lovgiving

Dei nemnde innvendingane frå fire offentlige institusjonar ser ikkje ut å ha hatt noko påverknad på den norske mineralstrategien. Her er det bare optimisme:

MINERALRESSURSER PÅ HAVBUNNEN
Havområder kan inneholde viktige mineralforekomster med potensial for mulig fremtidig lønnsom utvinning. Av særlig interesse er vulkanogene metallforekomster ved såkalte «svarte skorsteiner». Det finnes slike forekomster langs atlanterhavsryggen, herunder ved Jan Mayen og nordover, men omfanget er ikke kartlagt.

Norge har sterke fagmiljøer og bedrifter innenfor under vanns- og dypvannsteknologi som brukes i olje- og gassnæringen. Disse kompetansemiljøene gir muligheter for utvikling av teknologi til leting, undersøkelse og mulig fremtidig utvinning av mineralforekomster på havbunnen.

Kartlegging i regi av Skagerrak-prosjektet og flere andre prosjekter har påvist områder med sand og grus i Nordsjøen og Skagerrak. Forekomster finnes også langs norskekysten, både utenfor og innenfor grunnlinjen. Utvinning av sand og grus fra havbunnen foregår i flere land rundt Nordsjøen, men ikke i norske havområder.

Kartlegging gjennom MAREANO-programmet viser at det er slike mineralressurser i Barentshavet og utenfor Lofoten og Vesterålen. Skjellsand er en annen mineral ressurs i kystsonen. Utvinning foregår i mindre skala i Agder-fylkene og langs Vestlandskysten. Norske havområder er i liten grad kartlagt. Det kan derfor finnes andre mineralressurser med potensial for kommersiell utnyttelse.

Mineralvirksomhet til havs kan få økende betydning. Dagens regelverk om undersøkelser og utvinning av mineralressurser på norsk kontinentalsokkel er ufullstendig, og ikke tilpasset dagens situasjon. Det er behov for en reform av regelverket.

Mineralleiting og gruvedrift på havbotn er no også blitt del av strategien for å ta i bruk havområda innafor norsk jurisdiksjon til forskjellige former for økonomisk verksemd.[13] Olje- og gassutvinning har lenge vore eit hovudsatsingsområde for Noreg, og trass i at kampen for å halde igjen på den globale oppvarminga tilseier at denne verksemda bør trappast ned, står regjeringa, med støtte av fleire av opposisjonspartia fast ved "business as usual". "– Neste kapittel i norsk historie handler om å erobre havrommet", seier Støre, og ved sida av mineralsatsninga viser han til planar for auka oppdrett av fisk, dyrking av tang og tare, vind-, bølge- og tidevasskraftverk. Sjølv om her er slengt på nokre frasar om "bærekraftig", finst her ingen bremser på satsinga, og ingen strategi for å gjøre noko med dei stadig aukande miljøgiftene i havet, forsuringa og oppvarminga av verdshava. Dette får gå sin gang. Etter oss kjem syndfloden.

Ein ny offensiv?

"After years of negotiations and false starts deep sea mining is close to a breakthrough." Dette forkynner no arrangørane av Deep Sea Mining Summit, som går av stabelen 18.–19.05.2016 i London. Arrangementet er lagt opp i første rekke for investorar, og sjølv om det blir hevda at utvinninga skal skje i harmoni med naturen, seier denne kommentaren dei har lagt ut av direktør Peter Jantzen, Wärtsilä det meste: "Deep sea mining is together with shale fuel the most interesting and ground breaking growth industry in the next 25 years- and the yearly deep sea mining summit is a key forum to attend." Samanlikninga kan også brukast i ein annan samanheng: Dette er trulig dei to mest naturøydeleggande nye teknologiar som er utvikla i seinare år.

EU er sjølvsagt ein pådrivar i dette arbeidet, i samsvar med råvarestrategien har ein starta Project Blue Mining (2014-2018). Her er 19 prosjektpartnarar, frå Noreg deltar NTNU.

Både EU-forskinga og den norske partnaren legg vekt på å få ei etisk legitimering av denne forskinga: "Hvilke konsekvenser en mineralutvinning på havbunnen vil ha på økosystemet i havdypet, er ennå ikke klart. Derfor er dette aspektet en svært viktig del av forskningen. I Deep Sea Mining-prosjektet har NTNU koblet på etikkforskere for å ivareta etiske vurderinger av denne potensielt nye næringen til havs."[14]

Det er på høg tid dette blir ein offentlig debatt i Noreg. Sjølv om det ei god stund har vore arbeida med å utvikle gruvedrift i havet, har det vore lite kjent og lite offentlig debatt om dette. Hemmelighaldet rundt søknaden frå Nordic Mining viser at styresmaktene heller ikkje ønskjer ein slik debatt, men vil la samrøret mellom forskingsinstitusjonar og kommersielle aktørar utvikle dette i fred frå offentlig innsyn.

Fotnotar

[1] High North News
[2] Gull, gråstein og grums 2
[3] Post Magazine, 13.04.2014
[4] Marine Minerals – Exploring our new Ocean Frontier
[5] Island har ingen metallgruver, men noko leiting etter gull. Kjelde: Foredrag av Sveinborg Gunnarsdottir på Geonor-konferansen 2016.
[6] Namibia Economist
[7] Gemini
[8] Nordic Mining – Keisar utan klede
[9] Gemini
[10] MAR står her for Mid Atlantic Ridge, eller den midtatlantiske ryggen.
[11] World Ocean Assessment. UN 2014 kap 23.
[12] Deep Sea Mining Campaign
[13] Aftenposten
[14] Gemini

Nettstaden gruve.info er redigert og for ein stor del skrive av Svein Lund, men andre må gjerne bidra.

Kontakt redaksjonen