Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 1 – Omstridde gruver

.

Kapittel 3

Gruvedrift i grenseland

SØR-VARANGER

Sommaren 1988 hadde eg sommarjobb på AS Sydvaranger, på mekanisk verkstad på Kirkenes. Ein søndag fikk eg vere med på båttur og oppleve den flotte naturen rundt Kirkenes, med eit særlig rikt fugleliv. Vi passerte Sydvaranger sitt hamneanlegg og ferda gikk innover Langfjorden. Om ikkje lenge såg vi at godt over halve breidda av fjorden var fylt opp av gruveavgang. Vi heldt til styrbord for å komme utanom og inn gjennom den smale opninga på vestsida av fjorden. Men plutselig sa det stopp. Her sto vi på grunn, langt ute i fjorden. Ikkje på eit skjær, men på gruveavgangen som Sydvaranger har sloppe ut her i mange år.
slambank med fugl Sydvaranger har eit rikt fugleliv, også på slambanken i Langfjorden. Dette bildet er tatt like før vi gikk på grunn,
(Foto: SL)
stgeorg Det har vore lansert store planar om hamneutbygging på slambanken i Bøkfjorden. Her er eit av alternativa som blei presentert i media i 2011.

Innhald

Frå «lappeavkrok» til norsk industristad
Bare norske arbeidarar?
Verdens rikeste bygd?
«Ned med tronen, alteret og pengevældet»
Teknologiske utfordringar
Gjensidig klassehat
Konkurs og ny start
Krig og gjenreising
Gullalderen
Ikkje bare i Sør-Varanger
Dumping i Langfjorden og Bøkfjorden
Pelletsverk og dioksin
Frå ekspansjon til nedgangstider
Nedleggingsplanar og kamp
Styrt nedlegging over 12 år
Mislukka oppstartsforsøk
Down under up north
Oppstart utan konsekvensutgreiing
Drift og utslepp på gamalmåten
Kritiske røyster
Auka utslepp av slam og kjemikaliar
Lilaflot – ufarlig og nødvendig?
Magnafloc – Kjemikaliar for bærekraftig framtid?
Sydvaranger og NIVA – ein tett allianse?
Støy og vasstapping
Mangfoldig motstand
Ei samisk sak?
Gruve og rein
Outsourcing
Dobla produksjon?
Ei lønsam gruve?
Hundre år i strid
Finst det alternativ?
Ei framtid for Sydvaranger?

Frå «lappeavkrok» til norsk industristad

Først i 1826 blei områda sør for Varangerfjorden ein uomtvistelig del av Noreg, da grensa mot Russland blei trekt opp. I 1858 blei Sydvaranger herred oppretta, seinare omdøypt til Sør-Varanger. Frå gamalt av var dette skoltesamane sitt land, seinare kom her etter tur andre samar, finske og norske innvandrarar. Folketeljinga i 1900 viste 43 % finske, 36 % samar og 21 % nordmenn. Den siste gruppa besto mest av øvrigheitspersonar og ganske nylig tilkomne nybyggarar.[1]

stgeorg Det mest kjente minnesmerket for den skoltesamiske befolkninga er det ortodokse St.Georgs kapell i Neiden.
(Foto: SL)

På Kirkenes var det bare nokre få hus før gruveutbygginga starta opp. Staden hadde først fått namnet Kirkenes etter at det blei bygd kyrkje her på 1860-talet. Etter kvart gikk både det gamle norske namnet Pisselvnes og det samiske Áhkalaknjárga ut av bruk, på samisk blei det no Girkonjárga og på finsk Kirkkoniemi.

Forholda for befolkninga i Sør-Varanger var svært vanskelige på byrjinga av 1900-talet. Fisket svikta fleire år på rad og helseforholda var elendige, bl.a. var det mye tuberkulose. Distriktslegen i Sør-Varanger, Andreas B. Wessel, skildra situasjonen i medisinalberetningane sine og da han i 1904 blei vald som ordførar, forsøkte han utan hell å få statlig hjelp til krisetiltak for befolkninga.

kirkenes1897 Kirkenes 1897
(Foto: Ellisif Wessel)

Mange håpa at malmfunn kunne gi grunnlag for nye arbeidsplassar og betre levekår i Sør-Varanger. Allereie i 1866 hadde Tellef Dahll, som var leiar for den geologiske kartlegginga av det nordlige Noreg, funne jernmalm ved Kobbervik, men han meinte malmen ikkje var rik nok til å satse på drift. På 1890-talet kom ei periode med auka malmleiting over heile landet, og mange satsa på desse grenseområda, der ein ved sida av jern leita etter bl.a. koppar, gull og diamantar. No var det utvikla nye driftsmetodar, særlig viktig var bruk av elektromagnetar til å skilje ut jernmalm frå gråberg. Dermed blei det meir interesse for malmen i Sør-Varanger.

skjerp1902 Eit av dei første skjerpa som blei gjort for Anker, 1902.
(Foto: Ellisif Wessel / Finnmark fylkesbibliotek)
anleggsarb Arbeidslag i arbeid med utbygginga av A/S Sydvaranger.
(Foto: Ellisif Wessel)

Christian August Anker var ein ingeniør og industripioner som heldt til i Halden i Østfold. Han hørte til ei av dei aller rikaste og mektigaste slektene i Noreg, som bl.a. omfatta godseigarar, trelasthandlarar, skipsreiarar og jernverkseigarar, og i tillegg hadde stor politisk innverknad, med bl.a. den første norske statsministeren etter 1814. Christian Anker starta tremasse- og cellulosefabrikkar i Sør-Noreg, kopparverk i Kåfjord (Gáivuotna) i Troms og marmorbrot i Fauske (Fuossko) i Nordland. I Sør-Varanger engasjerte han tre skjerparar til å gjøre undersøkingar, og i 1902 gjorde dei store funn. To av dei prøvde å få kontroll over desse rikdomane sjølv, men blei avslørt og dømt til fengselsstraff. Det blei ei stor sak, der amtmannen Truls Johannesen Wiel Graff var innblanda og blei avsett på grunn av dette. Det endte med at Anker fikk full kontroll over heile 400 skjerp. Allereie i 1902 sendte Anker til Sør-Varanger den mannen som i praksis skulle leie arbeidet med oppbygginga av heile anlegget, ingeniør Henrik Lund. Det blei tatt ut prøveuttak og arbeidet starta med å planlegge industribyen Kirkenes med hamneområde og jernbane til malmfelta.

knesjernbane Jernbanen frå Bjørnevatn kjem ned til Kirkenes, 1915.
(Foto B. Hofseth)

Det skulle gå fleire år med strid før Anker endelig fikk konsesjon og kunne starte drift. Anker forventa at han skulle få 70 km2 gratis av staten. Det endte med 56 km2 som skulle betalast etter takst. Konsesjonsområdet var område som lokalbefolkninga hadde brukt til beite for rein og husdyr, til utmarksslåttar, sanking av ved, torv og mose. Ordførar Andreas Wessel engasjerte seg sterkt for at ikkje gruveetableringa skulle ta frå bønder og reineigarar retten til beite, vedhogst og sanking i konsesjonsområdet. Dette oppnådde kommunen eit stykke på veg. Anker gitt først til ekspropriasjonssak for å sikre seg alle rettar i konsesjonsområdet. Ekspropriasjonen blei ei skandale, fordi verken kommunen eller dei som hadde bruksrettar i området var representert i skjønnsretten, noko som blei kraftig påpeika bl.a. av ordførar Wessel. Saka gikk i fleire år før selskapet trakk ekspropriasjonskravet tilbake. AS Sydvaranger fikk dermed ikkje einerett til bruk av konsesjonsområdet, og det blei slått fast at området skulle kunne brukast til beiting og hausting så lenge det ikkje hindra gruvedrifta. Skadar for brukarar av området måtte da takast opp som eigne saker. Erstatninga som blei gitt var likevel langt mindre enn tapet. Selskapet sikra seg omtrent alt land på Kirkenes-halvøya, sjølv om kommunen prøvde å hindre det. AS Sydvaranger blei dermed grunneigar både i gruveområdet, industri- og hamneområdet og enno mye areal utover det. Dette er bakgrunnen for at Sydvaranger Gruve den dag i dag er eigar av eigen grunn og såleis slipp å betale avgift av grunnen.

Stor ekspropriation

Herr Chr. Ankers Expropriation paa Pasvikhalvøen i Sydvaranger paabegyndtes Onsdag den 2. August 1905 paa Kirkenæs. Sorenskriver Jentoft administrerede. For Rekvirenten mødte Sagfører Schølberg Bodø og paa Statens Vegne Konsulent i Landbrugsdepartementet Fauchal, og Bergmester Bachke. ... Herr Schølberg lod først føre til Protokols alt det Nødvendige, idet han omtrentlig opgav, indenfor hvilke Grænser han ønskede at expropriere. Det fremgik heraf, at han omtrent udelukkende vilde expropriere offentlig Jord med Undtagelse af en nødvendig 60 Meters Linie for at komme til Skoltefossen i Neiden over en privat Mands Eiendom. Det, der vilde blive exproprieret, er Jernmalmfelterne i Pasvikdalen i vid Udstrækning og desuden de saakaldte Fuglevigske Skjærp, al offentlig Grund paa Kirkenæs, og fra Kirkenæs til Felterne en Linie paa 60 Meter til Jernbaneanlæg, Sannæselven med 250 Meter paa hver Side og en Linie paa 60 Meter fra Felterne til Skoltefossen i Neiden. ...
(Utdrag av artikkel i Finnmarkens Amtstidende 04.08.1905)

Expropriationen

af de private brugsrettigheder paa den til Chr. Anker afstaaede landstrækning paa Pasvikhalvøen i Sydvaranger er foreløbig afsluttet med et for de brugsberettigede yderst slet resultat. ... Det er dog at merke at de brugsberettigede i virkeligheden ingen indflydelse fik paa skjønsmændenes opnævnelse, idet sorenskriveren uden videre satte sig ud over deres ønske om at faa to indenbygdsmænd ind i skjønsnevnden ....
Det er ikke heldigt, naar alle skjønsmændene, tildels paa grund af lokale forhold, maa bo sammen med representanter for exproprianten, hvis mad de nyder, og hvis spirituosa de drikker og af hvem honoraret skal udredes, og sammen med hans folk, der naturligvis er ivrige propagandister for hans sag. Uden at nogensomhelst direkte paavirkning behøver at finde sted, kan det saa let glide ind i sindene, især naar de er blidgjorde under bægernes klang, en forestilling om, at man dog bør vise sig human og rimelig, ikke blot for sin egen skyld, men først og fremst til gavn for befolkningen. Disse, som kommer her og skal expropriere (d.v.s. sætte befolkningen ud af besiddelsen af goder, den hittil har nydt) de er dog, ret beseet, folkets sande velgjører, der bare vil fremskridt og opkomst for distriktet, det vilde derfor være taabeligt at lægge dem nogen væsentlige hindringer i veien eller lade dem betale for dyrt de goder, de vil sætte sig i bediddelse af, og som de paastaar at trænge for dine formaal. ...

(Utdrag av første del av eit innlegg av Andreas B. Wessel. Innlegget sto i tre delar i Finnmarken 15.09, 19.09. og 22.09.1906.)

Og resultatet er da fremdeles, at der mod disse skjønsmænd og mod deres skjøn maa føres krig, og at det kun bliver ved rettens maktbud, at man kan faa dem til at vige. Som De, hr. Wessel, i Deres udmærkede artikler om skjønnet har utvilet klarere og mere overbevisende end det for noen anden var muligt at faa gjort det er der i skjønnene en feil, som paa en eller anden maade maa og skal rettes, og naar jeg nu faar sagen engang til behandling skal ingen møie blive sparet fra min side og ingen svaghed eller feil skal blive moparten eller hans skjønsmænd eftergivet eller tilgivet.
(Brev fra advokat Ole Solnørdal til Hr. distriktslæge Wessel og Frue, 26.10.1906)

Saken om ekspropriationen synes at skulle komme i en ny stilling, hvorom jeg gjerne vilde underrette Dem. For nogen tid siden meldte advokat Carl Lundh mig, at han havde gjennemgaaet saken sammen med Schjølberg, og at han efterpaa var kommen til den overbevisning, at det var det retteste at nedlægge saken. ... advokat Lundh har uforbeholdent nævnt tvil om hvorvidt en ekspropriationsforretning av denne art kunde fremmes i henhold til bergverksloven, desuten trodde han, at erstatningen vilde kunne blive stor, samtidig som Selskapet bar kommet til den erkjendelse, at driften aldeles ikke nødvendiggjorde, at de andres rettigheter eller raadighetsutøvelse ophørte i den utstrækning som man fra først av var gaat ut fra. Han mente at grundeierne omkring kunde fortsætte sin bruk av statens grund som før, og der var neppe utsigt til at nogen vilde lide nogen skade av Selskapets drift. Skulde dog nogen gjøre det, fik det blive hans sak at saksøke Selskapet derfor.
(Brev fra advokat Ole Solnørdal til Hr. distriktslæge Wessel, 31.12.1907)

20.02.1908 skreiv så Solnørdal til Wessel at eksproprieringssaka er heva.

Bare norske arbeidarar?

kofferten Boligstandard 1920. Denne bygningen blei leigd ut til hyblar til arbeidarar, han blei kalla kofferten.
(Foto: Ukjent)

Styresmaktene var fullt klar over at Anker var ein spekulant som gjerne selde vidare til høgstbydande. Allereie før kontrakten med staten var underteikna, forhandla han både med det amerikanske selskapet J. M. Longyear og med den svenske konsul Nils Persson.

Konsesjonslovene som skulle hindre utanlandske oppkjøp var enno ikkje vedtatte, men det blei lagt inn i statsborgarlova at utlendingar måtte ha særskilt statlig løyve for å eige gruver. Staten frykta at om eit tysk eller engelsk selskap fikk styring med Sydvaranger, så ville det ta med eigne arbeidarar. Det ønskte ikkje staten, som var opptatt av at desse grenseområda blei befolka med nordmenn. Ein ville derfor ha norske eigarar og norske arbeidarar. Regjeringa kom med eit forslag til kontrakt i 1903, der det sto at arbeidarane måtte vere «norsktalende norske statsborgere». Dette avviste Anker, for han visste at det var få kvalifiserte gruvearbeidarar å få tak i som oppfylte desse krava. Det enda med at ein skulle bruke norske og svenske statsborgarar som arbeidarar og underordna betjentar. For ingeniørar og leiarar var det ikkje slike krav. Kontrakten kom i gang i 1905, rett før unionsoppløysinga. I utstillinga til Sør-Varanger museum blir det hevda at ein ikkje ønskte arbeidarar med samisk og finsk bakgrunn, men trulig var det statsborgarskapen og ikkje etnisiteten som var det viktigaste for staten. Etter den store innvandringa frå Finland var det mange i Sør-Varanger som enno ikkje hadde norsk statsborgarskap. Ordførar Wessel hjelpte da mange av desse til å få statsborgarskapen i orden, så dei lettare kunne få arbeid ved gruva.

I praksis blei arbeidsstokken langt meir etnisk samansett enn staten i utgangspunktet hadde ønska. Omtrent 2/3 av arbeidarane kom frå Noreg, dei kom frå heile landet. Av utlendingane var dei aller fleste svenske statsborgarar. Nokre ganske få kom frå Finland og Russland. Sjølv om AS Sydvaranger hadde strenge reglar mot utanlandske arbeidarar, var det ein del som fikk arbeid gjennom underentreprenørar. Frå starten var det mange samar blant arbeidarane, både lokale og tilreisande.

Verdens rikeste bygd?

Kirkenes i anleggstida Kirkenes i anleggstida
(Kjelde: Aktieselskabet Sydvaranger i bilder)

I januar 1906 blir Aktieselskapet Sydvaranger stifta på eit møte i Kristiania. Ved sida av Anker var selskapet vesentlig basert på svensk kapital og lån i tyske bankar. Trass i staten sine ønske om norsk eigedomsrett, blei det svenske selskapet Metallurgica snart største eigar, og etter kvart kom det inn meir tysk kapital.

I starten var det overstadig optimisme på dei fleste hald. Men det var og kritiske røyster. «Tro derfor ikke at Sør-Varanger blir verdens rikeste bygd.», skreiv Ellisif Wessel[2], som etter kvart skulle bli ein av dei skarpaste kritikarane av AS Sydvaranger, og ein viktig støttespelar i oppbygginga av fagforeining ved bedrifta.

Oppstarten blei snart kjent over heile landet, og langt ut i utlandet. Hundrevis av arbeidslause strøyma til Kirkenes i von om arbeid på anlegget. Men der var verken hus eller arbeidsreiskapar på plass, og mange blei gåande ledige. Særlig var det katastrofale forhold for mange vinteren 1906/07. Arbeidarar og arbeidssøkande fann tak over hovudet i kommunehuset, i trekasser som maskinar var frakta i og under kvelva båtar i fjæra. Mange måtte bu i telt langt utover hausten. Før vinteren sette inn i 1907 var det bygd hus og brakker for 600 arbeidarar.

Teknologiske utfordringar

Separasjonsverket Frå separasjonsverket.
(Foto: Finnmark fylkesbibliotek)
Tog Malmtog på veg mot utfraktningsanlegget. Krana blei brukt til å laste brikettar ut til malmtoget.
(Foto: Finnmark fylkesbibliotek)

Frå 1910 var drifta igang i dagbrot omlag ei mil frå Kirkenes. Nær gruvene blei det bygd arbeidarbustadar og det utvikla seg ein eigen tettstad, som etter kvart blei kalla Bjørnevatn etter eit vatn som blei tappa ut i 1957 for å komme til meir malm.

I Bjørnevatn blei det montert ein gigantisk grovknusar. Frå denne gikk malmen med jernbanetransport ned til Kirkenes. Der gikk han knust og malt vidare i kulekverner og rørmøller, og skilt frå gråberget i magnetseparasjonsverket. Det blei da eit fint jernmalmpulver (slig), som den første tida gikk til eksport utan vidare behandling.

Det var stor jubel da det første skipet i 1911 gikk ut med slig med kurs for Rotterdam, men jubelen ga seg snart da lasta forskauv seg i lasterommet og båten gikk ned med heile mannskapet utafor Finnmarkskysten.

Samanlikna med anna jernmalmutvinning var malmen frå Bjørnevatn nokså fattig, og han måtte malast veldig fint for å skilje ut malmkonsentratet frå andre mineral. Så finmala slig var det vanskelig for jernverka å behandle, og det blei derfor nødvendig med vidarebehandling til stykkform. Dette fanst det ikkje noko ferdig utvikla teknologi for, og denne måtte derfor utviklast på Sydvaranger. Først blei det pressa brikettar på 15 x 15 x 8 cm, som blei varma til 1350 0C. Det fungerte på eit vis, men var svært tungt og arbeidskrevjande, og stadige reparasjonar gjorde det vanskelig å halde jamn produksjon. I 1921 la ein derfor om til sintring, men det fungerte ikkje etter planen. Derimot spreidde det svært mye støv, både innafor og utafor verket. Allereie i 1926 ga ein opp sintringa og gikk tilbake til ein forbetra og meir automatisert briketteringsprosess. [3]

Også på andre område av produksjonen var det store utfordringar, og på Sydvaranger måtte ein ofte lage eigne løysingar. Det blei gjort mye utviklingsarbeid, og bedrifta hadde ei rekke patent på maskinar og prosessar.

«Ned med tronen, alteret og pengevældet»

Nordens Klippe Fane Fana til Arbeiderforeningen Nordens Klippe var gjennom harde slag på grunn av den kontroversielle teksten.
(Foto: Ellisif Wessel)
Nordens Klippe Fane Den opprinnelige fana til Nordens Klippe overlevde ikkje krigen, men i etterkrigstida blei det laga ein kopi, som her er utstilt på Sør-Varanger museum på Strand, og fotografert 1988.
(Foto: SL)

Fagforeininga Nordens Klippe blei danna allereie hausten 1906, og denne åtvara arbeidssøkarar mot å søke seg til Kirkenes på grunn av dei vanskelig arbeids- og buforholda. Fagforeininga blei for øvrig kjent over heile landet for fana si, med den kontroversielle teksten «Ned med tronen, alteret og pengevældet». Denne blei første gong brukt offentlig 1. mai 1907, på den første 1. mai-feiringa som har vore i Finnmark. Fana var ei stadig kjelde til konfliktar både lokalt og på landsbasis. Det gikk så langt at saka blei meldt til justisministeren med ønske om forbod mot å bruke fana. Men justisministeren slo fast at det var ytringsfridom, og dessuten meinte han det ville vere utaktisk å forby fana.

I starten organiserte Nordens Klippe arbeidarar både på Kirkenes og i Bjørnevatn, men avstanden gjorde det var vanskelig å samle dei til felles møte. I 1909 blei det derfor danna eiga fagforeining med namnet «Grubernes arbeidsmandsforening i Bjørnevand». Denne hadde ikkje mindre radikal innskrift på fana si: «Bort med bibel, brennevin og bajonett». I lag med fleire andre faner blei denne beslaglagt av politiet ved 1. mai-feiringa i 1914.

Gjensidig klassehat

Administrasjonsbygget Dampsentralen og administrasjonsbygget til Sydvaranger på Kirkenes.
(Foto: Postkort / Finnmark fylkesbibliotek)

Da verket i 1914 var kome opp i full drift, var heile 1150 mann i arbeid. Arbeidet var både hardt og helsefarlig, og over 30 mann omkom i arbeidsulukker det først tiåret. I tillegg kom alle som blei skada. Distriktslege Andreas Wessel førte statistikk over arbeidsulukker og registrerte 1537 ulukker på knappe tre år. [4] Da nestleiaren i Nordens Klippe, Nils Albin Hedman, blei drept i ei sprengingsulukke, skreiv Ellisif Wessel songen «Dræpt paa industriens slagmark». Gruvearbeidar og fagforeiningsleiar Peder Kaasmoli skreiv i eit avisinnlegg at A/S Sydvaranger «fabrikkerer invalider en gross». Da avisa Finmarken i 1915 prenta ein artikkel der verksdirektøren Inge Wiull blei kalla «en indirekte massemorder», blei redaktøren dømt for injurier. Direktøren slapp derimot unna.

Forholdet mellom fagforeininga og bedriftsleiinga var svært dårlig, og fleire gongar blei fagforeiningsleiarar sparka frå jobben. Lokalhistorikaren Steinar Wikan oppsummerer forholdet mellom bedrift og fagforeningar slik: «Klassehatet er stort begge veier. Bedriftsdemokratiet er langt unna.»[5]

Konkurs og ny start

malmlasting Malmlasting i Bjørnevatn.
(Foto: Finnmark fylkesbibliotek)
Lastekai Sydvarangers lastekai som postkort
(Foto: Ukjent / Norsk jernbanemuseum)
produksjonsstatistikk Denne statistikken viser tydelig kor ujamn produksjonen var på Sydvaranger i dei første 45 åra.
(Kjelde: Aktieselskabet Sydvaranger i bilder)

Allereie under anleggsperioden fikk selskapet store økonomiske problem, og den største kreditoren Norddeutsche Bank sørga i 1911 for å få skifta ut den svenske direktøren med sin eigen mann frå Tyskland.

På 1920-talet gikk drifta stadig dårligare. Prisen på jern gikk ned, og samtidig var det store arbeidskonfliktar. I 1925 gikk AS Sydvaranger konkurs. Da ordinær drift kom igang med igjen etter to år, hadde bedrifta sett fagforeiningar og tariffavtalar til side, og tilsette arbeidarar bare på individuelle kontraktar. Dette førte til streik i 1928, men streiken endte i totalt nederlag og arbeidarane blei dømt i arbeidsretten. Dei som hadde vore med på streiken blei utelukka frå arbeid, og kasta ut av bedrifta sine bustadar. Ofte blei dei overlate til fattigkassa. Fagforeininga blei så godt som knekt og kom seg ikkje igjen før etter krigen. Bedrifta oppretta eigne «gule» (bedriftsstyrte) foreiningar med tvunge medlemskap. Først i 1938 blir det opna for å ta inn igjen arbeidarar som streika ti år tidligare.

Ved gjenoppstart etter konkursen blei det gitt ny konsesjon, som sa at bare norske statsborgarar kunne vere arbeidarar og lågare funksjonærar.[6]

Også dei første åra på 1930-talet var svært harde for bedrifta, men frå 1933 gikk det oppover fram til krigen. På denne tida etablerte AS Sydvaranger også eige reiarlag med frakteskip. Noko av årsaka til at det gikk så bra var at ein ei tid dreiv på ein malm som var så rik at han kunne eksporterast som stykkmalm utan å drive oppreiing. Ei anna årsak var at opprustinga og krigsførebuingane, særlig i Tyskland, førte til auka etterspørsel etter jern.

Krig og gjenreising

Da 2. verdskrigen braut ut 01.09.1939 blei alle tilsette ved Sydvaranger sagt opp, men ein del av dei blei tatt inn igjen på slutten av året og ein avgrensa produksjon kom igang. I mai 1940 bomba tyske fly Sydvaranger, og frå august hadde tyske styrker kontrollen på bakken også her. Tyskland kravde full produksjon, da jern var viktig for krigsmakta. Derfor blei Sydvaranger utsett for bombing frå allierte fly, og skadane var så store at frå 1942 var det liten produksjon. Kaianlegga til Sydvaranger var derimot svært viktige for tyskarane, da tyske soldatar og utstyr til krigen mot Sovjetunionen blei tatt på land her, og nikkel frå det okkuperte verket i Nikel blei skipa frå Kirkenes til Tyskland for produksjon av krigsmateriell.

krigsepverk Separasjonsverket etter bombing
(Foto: Ukjent)
Gjenreising Kirkenes På Kirkenes måtte alt reisast på nytt etter krigen. Her er ein igang med midlertidige brakker.
(Foto: Finnmark fylkesbibliotek)

Etter massiv bombing i juli 1944 ga leiinga på Sydvaranger opp å få igang produksjonen igjen, og starta i staden å innreie eit stort tilfluktsrom i ein av gruvegangane i Bjørnevatn. Der flytta så mesteparten av lokalbefolkninga inn dei siste månadane som krigen varte her. Ved tilbaketrekkinga øydela tyskarane totalt det som enno var igjen av anlegget til AS Sydvaranger på Kirkenes, mens anlegget i Bjørnevatn blei delvis øydelagt.

Sør-Varanger blei frigjort av sovjetiske styrkar i oktober 1944, og den første frie norske administrasjon blei for ei tid etablert i AS Sydvaranger sitt anlegg i Bjørnevatn. Det skulle likevel ta tid før ein kunne starte på gjenreisinga av Sydvaranger. Den lokale bedriftsleiinga arbeida for å få igang rask gjenreising, men styret for AS Sydvaranger ønska å likvidere bedrifta. Dette sette Handelsdepartementet ein stoppar for da dei gjorde det klart at selskapet ikkje ville få noko krigsskadeerstatning utan at dei bygde opp igjen. (link) Handelsdepartementet sette i august 1947 ned eit utval til å vurdere gjenoppbygging. Utvalet konkluderte at det ikkje ville vere bedriftsøkonomisk lønnsamt med gjenoppbygging, men meinte samfunnsmessige og nasjonale omsyn måtte vere avgjørande. Det viste til at folketeljinga i 1930 oppga ei befolkning i Sør-Varanger på 2086 personar av «ikke norsk avstamning (kvener, samer og samkvener)». Tanken om å sikre ein heilnorsk utpost ved grensa var altså fortsatt levande, og Sydvaranger skulle enno ein gong vere ein reiskap i fornorskinga.

Stortinget vedtok i 1948 full gjenreising av Sydvaranger. Gjennom Marshall-hjelpa fikk Sydvaranger 5 mill. $ til å kjøpe amerikansk gruveutstyr. I 1949 starta ein gråbergbryting, men først i 1952 kom produksjonen igang igjen. Det skjedde no og ei kraftig modernisering, både av driftsmetodane i gruva og separasjonsanlegget. [7] Det gamle briketteringsanlegget blei ikkje gjenreist. Da produksjonen kom i gang i 1952 blei det bare eksportert slig, men ein så stadig behov for å foredle sligen til eit produkt som jernverka lettare kunne bruke. Løysinga blei pelletering. Det første pelletsverket blei bygd 1967–69 og det andre 1971–74.

Etter krigen tok staten gjennom Direktoratet for fiendtlig eiendom over tyskeigde aksjar i norsk industri, og blei såleis eigar av omlag halve aksjekapitalen til AS Sydvaranger. Seinare auka staten stegvis eigardelen sin. I 1967 var staten sin del 62,4 %, men den borgarlige regjeringa ønskte da å redusere denne til 50 %. Dette var ikkje arbeidarane på Sydvaranger med på og reagerte med ein times streik. Den planlagte aksjeutvidinga med privat kapital blei ikkje gjennomført, i staden gikk staten sin del opp til 87 % frå 1981.

Fagforeininga Nordens Klippe kom i gang rett etter frigjøringa av Kirkenes hausten 1944, og noko etterpå også foreininga i Bjørnevatn. I 1947 blir det igjen oppretta lokal overeinskomst mellom AS Sydvaranger og fagforeiningane, den første sidan 1925. I 1973 blei dei to foreiningane slått saman og fikk namnet Grubeforeningen Nordens Klippe.

Gullalderen

Boring For å halde utstyret ved like var det behov for gode mekaniske verkstadar, både i Bjørnevatn og i Kirkenes. Her er boring av mantelmutter for grovknusar på verkstaden i Bjørnevatn.
(Kjelde: Aktieselskabet Sydvaranger i bilder)

1950- og 60-åra er omtalt som ein gullalder for bedrifta. Etterkrigstida blei prega av meir samarbeid og ryddige forhold mellom bedriftsleiing og fagforeining. Gruveselskapet tok no i stor grad ansvar for velferdstiltak overfor tilsette og lokalsamfunnet. Det var AS Sydvaranger som tok seg av elektrisitetsforsyning, vegar, kloakk, ja til og med parkar. Bedrifta bidrog og til bygging og utvikling av grunnskole og yrkesskole, svømmehall og turisthotell. Først i 1978 blei ansvaret for veg, vatn og kloakk overført til kommunen.

Fleire gongar har det vore diskusjon om ein skulle satse på underjordsdrift eller dagbrot. Det blei starta arbeid med ei underjordsgruve like før andre verdskrigen, og vurdert igjen i samband med gjenreisinga. I 1956 skreiv daverande adm.dir. Johan Kraft Johansen at ein ville gå over til underjordsbryting. I 1964 starta så arbeidet med å førebu underjordsdrift, og det blei laga ei sjakt som i 1967 stoppa på nivået -242 m. Men så kom det nye store maskinar, og kvar gong enda det med fortsatt satsing på dagbrot. Det var nok lønsamt på kort sikt, men resultatet var at ein etter kvart tok ut alt som var tilgjengelig og vidare drift kravde at ein fjerna enorme mengder med gråberg. Den lønsame drifta på 1950- og 60-talet skulle derfor straffe seg i lengda.

Ikkje bare i Sør-Varanger

Sjølv om AS Sydvaranger tok namn etter det daverande kommunenamnet, har ikkje aktivitetane vore avgrensa til noverande Sør-Varanger kommune. Det har vore vanskelig å finne ein oversikt over bedrifta sitt engasjement i malmleiting og gruveetablering utover i landet, men vi kan nemne at i 1937 var AS Sydvaranger med å etablere Rana Gruber, og var dei første åra eigar i lag med tyske Vereinigte Stahlwerke AG.

På byrjinga av 1970-talet satsa Sydvaranger stort på å ekspandere ut over Sør-Varanger sine grenser. Ein oppretta AS Prospektering (Aspro), som sikra seg mutingsrettar og dreiv malmleiting over store delar av Noreg, bl.a. i Kvalsund, Guovdageaidnu, Hattfjelldal (Aarporte), Hamarøy (Hábmir) og Holtålen ved Røros. Dei sikra seg ein del funn, og nokre av desse blei seinare seld vidare. Aspro var med på å finne kopparmalm i Nussir-feltet i Kvalsund og Náránaš-steinen i Guovdageaidnu. På 1980-talet blei Aspro seld til nokre av dei tilsette, og seinare kjøpt opp av Terra Control, som i dag sit på arkivet etter Aspro.[8]

Frå 1970 byrja AS Sydvaranger å undersøke kvartsittførekomstar i Tana, og starta med prøvedrift i Austertana i 1973 og permanent drift frå 1978. I 1973 overtok Sydvaranger aksjane i Fangel-gruppa, med datterselskapa Bidjovagge Gruber, Bleikvassli Gruber, Bergverkselskapet Nord-Norge og Norske Sink- og Blygruber. Dette varte ikkje lenge. Da Sydvaranger byrja å få økonomiske problem frå midten av 1970-talet, kvitta ein seg etter kvart med alle interesser utafor Sør-Varanger.

Dumping i Langfjorden og Bøkfjorden

Frå første starten har all den finmalte avgangen frå Sydvaranger blitt sloppe ut i sjøen. Lokalhistorikaren Steinar Wikan skriv: «Allerede under prøvedriften i juli 1910 kom den første miljøprotesten. En del oppsittere ved fjorden klaget til amtstinget og påpekte at strømmen ville føre «slagget fra malmseparationsverket» ut Bøkfjorden og til selve Varangerfjorden. Fiskelivet ville bli ødelagt, skrev de, og bad amtstinget bevirke at slammet ikke ble spylt i sjøen.» [9] Klagene fikk inga verknad, og utsleppa har fortsatt. I boka Sydvaranger[10]frå 1929 blir produksjonsprosessen skildra og ender slik: «Underveis er graastenen utskilt og bortført av vandmassene ut i sjøen som et fint, væsentlig kvartsholdig slam. Det medgaar omtrent 2–3 ton malm til fremstilling av 1 ton slig.» Fram til i dag har all avgang frå oppreiingsverket på Kirkenes gått ut i Bøkfjorden og sidefjorden Langfjorden. Det finst ingen presis statistikk over kor mye som er sloppe ut, men det blei utvunne omlag 204 mill. tonn malm i tida 1908–96, og av dette har da godt over halvparten gått ut i fjorden som finmala avgang.

langfjord Resultatet av mange års dumping i Langfjorden er at fjorden er nesten heilt tetta igjen
(Foto: Gunnar Reinholdtsen)

Utsleppet var først i munningen av Langfjorden, seinare blei det flytta noko innover fjorden. Det blei bygd ein steinmur som utsleppet skulle haldast på innsida av, men der blei det snart fullt og utsleppa spreidde seg vidare. Ved dei to utsleppspunkta blei fjorden etter kvart nesten heilt fyllt opp. På 1970-talet skulle ein flytte utsleppet ut i Bøkfjorden (Báhčaveaivuotna), og utslepp til Langfjorden skulle bare vere reserve for overløp og havari. Likevel heldt utslepp til Langfjorden fram i stor skala. Også avfall frå pelletsverka blei sloppe ut her. Etter at utsleppet av gruveavgang blei stansa her, heldt ein fram å sleppe ut avløpsvatn. SFT ga og bedrifta løyve til å sleppe ut dioksinhaldig avfall oppå det gamle avfallet.

Ein fjord som i utgangspunktet var 60 meter djup og 400 meter brei blei gradvis redusert til 1 meter djup og 30–40 meter brei ved fjære sjø. Langfjorden var tidligare ein god fiskefjord, det var som ein sa matgryta for folk på Sandnes (Goađak) og Bjørnevatn. Der var også eit anlegg for fiskeproduksjon med salting og røyking av fisk frå Langfjorden og Bøkfjorden. Her var alle slags fisk, torsk, sild, sei, flyndre, hyse, kveite og laks. I Langfjorden utafor brua er det no ingen fisk å få. Det er aldri nokon som har fått erstatning for tapt fiske, og ingen har heller søkt om det. Laksefiskeplassane i Langfjorden blei borte pga. utsleppa, men laksen går høgt i sjøen og han klarer likevel å komme seg forbi slambanken og inn til gyteplassane i Sandneselva (Važžejohka).

I 1999 kom NIVA etter oppdrag frå Sydvaranger med rapporten «Vurdering av vannutskiftning i Langfjorden ved Kirkenes.» Rapporten slo fast at det kom mindre salt vatn inn i Langfjorden, og at ei oppmudra renne gjennom slambanken trulig kunne ha avhjulpe dette. Ingenting blei likevel gjort i praksis. I 2007 kravde Sør-Varanger Sameforening og Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag at fjorden må bli mudra opp så ein får betre vassutskifting og at fisken kan komme tilbake. (link) SFT var framleis heilt avvisande til å gjøre noko med saka.

Da Langfjorden var så fylt opp at det blei umogleg å fortsette, blei det i staden lagt ein utsleppsleidning ut i Bøkfjorden, rett ut for sentrum i Kirkenes. Leidninga blei lagt ut ved Tømmerstøl-kaia, der som no er Thon hotell. Slamrenna gikk tvers gjennom byen, dette varte heilt til nedlegginga i 1997. I perioden 1971–97 blei det sloppe ut frå 1,7 til 3,5 mill. tonn avgang pr. år på 20–25 m djup, til saman omlag 56 mill. tonn avgang. Undersøkingar av sjøbotnen i 1988 viste at 26 km2 var påvirka av avgang.[10a] Undersøkingar som NIVA gjorde i 1994, viste at partikkelskya spreidde seg frå utsleppspunktet på 20 m djup utover til ca. 30–40 m djup, og at det var avgangspartiklar i vassmassene i alle fall 7 km frå utsleppstaden. I lag med oppmalte mineral følgde ein god del kjemikaliar, dels slike som følgde med frå oppreiinga, dels slike som var tilsett for å få avgangen til å legge seg pent til ro på botnen. Ei oversikt frå 1988 viser at Sydvaranger da brukte bl.a.: 25 t Lilaflot D-812, 15 t NaOH, 2 t Dowfroth 250 og 500 kg Metatin K510.

I 1994 kom NIVA med ei kartlegging av tilstanden, og konkluderer med at det kan ta 50 år etter avslutta gruvedrift før oppretting av opprinnelig fauna har kome tilbake på havbotnen. [10b]

Fiskarar fortel at det ikkje lenger er fisk å få i indre delar av Bøkfjorden. Dei har forsøkt å leite fisk med ekkolodd, men vatnet er så tilgrumsa av gruveavfall at det ikkje er noko å sjå på ekkoloddet før ein er ute ved Kjelmøya (Dálmmát) heilt ytst i Bøkfjorden, om lag 30 km frå Kirkenes. [11]

Det har vore forbausande lite offentlig diskusjon rundt desse utsleppa. Fagforeininga på Sydvaranger var engasjert i det indre miljøet, med gass og støv på arbeidsplassen, men engasjerte seg ikkje i dei utsleppa som bedrifta gjorde til til vatn og luft. Sjølv Naturvernforbundet, som hadde lokallag i Sør-Varanger heilt frå 1951, ser ikkje ut til å ha engasjert seg i gruveutsleppa før rundt gjenoppstarten av gruva frå 2006.

Pelletsverk og dioksin

nikel Det første store engasjementet mot forureining i Sør-Varanger retta seg mot svovelutsleppa frå Nikel. Først seinare blei det aksjonar mot forureininga frå Sydvaranger.
(Foto: Gunnar Reinholdtsen)

Da bedrifta starta med pelletsproduksjon skjedde det ei kraftig auking av utslepp av farlige stoff. Kombinasjonen av oljefyring med frigjøring av karbon i ulike temperaturar i lag med klor frå bruken av saltvatn i nedkjølingsprossessen, skapte farlige PCB-sambindingar og spesielt dioksin [12]. Dioksinutsleppa må ha foregått i mange år før dei blei oppdaga på 1990-talet. Aksjon Stopp Dødsskyene, som i 1990 var blitt danna for å protestere mot forgiftinga frå nikkelverket på russisk side av Pasvikdalen, slo i 1995 alarm om dioksinutslepp over Kirkenes med avisinnlegg, underskriftslister, folkemøte og krav om folkehelseundersøkingar.

Det blei i det stille sett igang undersøkingar om verknadane av dioksinutsleppet. Landbrukskontoret i kommunen tok jordprøver og veterinæren tok prøver av mjølka. Bønder som var utsett for desse prøvene fortel at dei først ikkje fikk opplyst kva desse prøvene skulle vere godt for. Først da ein bonde truga med å melde saka til politiet, kom det fram at dei var på leiting etter dioksin. Ein representant i kommunestyret stilte spørsmål om kva dioksin var og kva det kunne føre til, og kommunen engasjerte seg i saka.[13] No var bedrifta allereie under full nedtrapping. Det eine pelletsverket var allereie stengt og det blei ikkje gjort noko endringar før det andre pelletsverket blei stoppa i 1996.

sydvarknes Sydvarangers produksjonsanlegg på Kirkenes, sett frå Bøkfjorden. 1988.
(Foto: SL)

Ei undersøking av dioksininnhald i fisk i dei næraste fiskevatna ved Kirkenes førte til at det i 1998 blei åtvara mot å spise fisk frå fem vatn. Undersøkinga blei følgt opp i 2004, men da undersøkte ein bare sik frå Førstevann. Det blei da framleis åtvara mot å spise fisk frå dette vatnet, (link)

Frå ekspansjon til nedgangstider

Drifta i Sør-Varanger gikk med overskot til og med 1975. Deretter gikk det nedover og i 1977 måtte staten inn med eit lån på 35 mill. kr. Sidan var det underskot kvart år så lenge det var drift, og dette måtte dekkast over statsbudsjettet.

sprenging Det er store dimensjonar over gruva i Bjørnevatn. Her er det bora opp ei rekke hol for sprenging og tankbilen fyller opp hola med flytande sprengstoff.
(Foto: SL, 1988)

Det var fleire årsaker til denne utviklinga. Mye kan tilskrivast internasjonale konjunkturar, det var i denne tida ei stålkrise og mange jern- og stålprodusentar i Europa gikk dukken. Med ein pris på jernmalm nede på 10 $ pr. tonn var det ikkje mogleg å drive lønsamt. I tillegg kjem at Sydvaranger no hadde tatt ut det meste av den lett tilgjengelige malmen. Det var derfor nødvendig med ekstraordinær gråbergbryting for å klargjøre for framtidig drift. Frå 1982 løyva Stortinget årlig til ekstraordinær bryting av gråberg på eit felt kalla «Østmalmen». Denne brytinga blei i rekneskapen ført som driftsutgifter, ikkje som investering, noko fagforeiningar og økonomar meinte gav eit galt bilde.

Samtidig leita ein etter nye marknadar for malmen. På denne tida var det utvikla nye metodar for stålproduksjon, der ein i staden for konvensjonell smelting til råjern i jernverk laga svampjern ved hjelp av naturgass. Sydvaranger planla først å bygge eige svampjernverk på Karmøy som skulle drivast med nordsjøgass, men da det likevel ikkje blei ilandføring av gass der, hoppa ein på ferdige planar om eit svampjernverk i Emden i Tyskland. Sydvaranger gikk inn med 75 % av aksjane i Norddeutsche Ferrowerke GmbH. Anlegget blei påbegynt i 1978 og sto klart til produksjon i 1981. Men det var liten etterspørsel etter produktet og prisane var svært dårlige, samtidig som gassprisen hadde auka kraftig. Det endte med at selskapet gikk konkurs i 1982. To år etter kjøpte Sydvaranger seg ut med store tap.[13a] Satsinga på svampjernverket var et resultat av stortingsvedtak i 1976, og sentrale styresmakter var på det viset direkte ansvarlige for ein stor del av underskotet til AS Sydvaranger.

I tida 1981–84 hadde Sydvaranger årlig netto driftsresultat som varierte mellom -35 og -158 mill. kr. Bare på desse fire åra løyva staten den enorme sum av 1 345 095 000 kr. Av dette var vel ein tredel knytta til skandaleprosjektet i Emden. Ein stor del var også underskot ved dotterselskap som staten hadde pålagt Sydvaranger å ta seg av.[14] I ei undersøking frå 1985 [15] blei det anslått at knapt ein tidel av dei samla løyvingane var støtte til sjølve drifta. På denne tida hadde bedrifta 1200 tilsette, støtta pr. arbeidsplass var derfor knapt 10000 pr. år, ikkje 100000 som ein del politikarar hevda.

I perioden 1981-96 mottok Sydvaranger til saman statlig kapitaltilførsel berekna til 4,6 mrd. 1995-kroner. [15a]

Nedleggingsplanar og kamp

laleve Under aksjonane i 1985 ga fagforeiningane på Sydvaranger ut fleire 4-siders informasjonsskriv med tittelen La Sør-Varanger leve.

Allereie i 1983 var det dei som stilte spørsmålet om det gikk mot nedlegging av Sydvaranger, og etter kvart blei det stadig klarare at denne frykta ikkje var ugrunna. Gråbergbrytinga hadde kosta mye pengar, og sentrale politikarar stilte spørsmålet om det var verdt å halde fram med dette. Ein stans i gråbergbrytinga ville føre til at gruvene ville gå tomme for tilgjengelige malmførekomstar i løpet av få år.

I 1983 la Willoch-regjeringa fram ein stortingsproposisjon som anslo kapitalbehovet for Sydvaranger til 1,5 milliardar kroner. Industridepartementet leigde inn konsulentselskapet Gränges International Mining og fikk utarbeida ein rapport om analyse av jernmalmsmarknad og gråbergsproblem. I ein kommentar til denne konkluderte administasjonen ved Sydvaranger at det var mogleg å drive vidare i 20-30 år med full drift og to pelletsverk, men at ein ville ha behov for gjeldssanering.

Hausten 1984 foreslo Regjeringa i Stortingsproposisjon 67 (1984–85) at Sydvaranger skulle stanse gråbergbrytinga. Det fikk både bedriftsleiinga og fagforeininga til å leige inn fagfolk til å gjøre vurdering av lønsemda i denne brytinga. Bedriftsleiinga engasjerte professorar i oppreiing og gruvedrift ved NTH, mens fagforeininga engasjerte ein økonom ved Handelshøgskolen. Frå begge kantar blei det konkludert med at det ville vere lønsamt på sikt å halde fram brytinga på Østmalmen. Administrasjonen ved Sydvaranger ønskte vidare drift, og laga i 1985 ein Sydvarangerplan, som skulle legge grunnlaget for full drift med to pelletsverk i 20–30 år framover. [16] På styremøte 19.02.1985 la administrasjonen fram eit forslag om driftsopplegg basert på ekstraordinær gråbergsbryting. Dette fikk støtte frå eit fleirtal i styret, mens styreleiaren og to styremedlemmar ville ha stopp i gråbergbrytinga, noko som ville bety nedlegging på litt sikt. Da styreleiaren nekta å stå for fleirtalsvedtaket, greip statssekretær Kjell Hansen inn og proklamerte at gråbergbrytinga skulle stansast. Dette førte til at adm. dir. Knut Hübert sa opp stillinga si.

Avgjerda om å stanse gråbergbrytinga på Sydvaranger blei altså gjort av regjeringa mot innstillinga til administrasjonen og styrefleirtalet. Regjeringa la så fram forslag om dette i Stortinget, der det blei vedtatt av dei borgarlege partia med ganske knapt fleirtal. Ut frå dette gav bedriftsleiinga ordre om at arbeidet på Østmalmen skulle innstillast, og maskinane overførast til jernmalmbryting andre stadar i gruva.

sydvarminne Fagforeningsleiarane Charles Mortensen og Halle Mikkelborg på steinen som Sydvaranger-arbeidarane ville gi til Stortinget, men som blei tatt med tilbake og plassert utafor bedriften. Bildet er tatt i 1988.
(Foto: SL)

Fagforeiningane ved Sydvaranger var godt førebudde på at det kunne komme ein slik situasjon. Om morgonen 02.05.1985 nekta arbeidarane å flytte maskinane frå Østmalmen. Bedrifta svarte med å avbryte produksjonen, og alle tilsette blei permitterte. I starten sto alle fagforeiningane ved bedrifta samla bak aksjonen, men etter ei stund trekte organisasjonane for arbeidsleiarar og kontorpersonale seg og Grubeforeningen Nordens Klippe heldt fram aleine. Aksjonen hadde stor støtte i lokalsamfunnet og landet for øvrig. Pengegåver strøyma inn frå fjern og nær, både frå fagrørsla og andre miljø. Lokalt næringsliv bidrog til aksjonskafé på samfunnshuset Malmklang. Men verken kravet eller aksjonen hadde støtte i Norsk Arbeidsmandsforbund og LO, som sendte representantar til Kirkenes for å få arbeidarane til å innstille aksjonen. Aksjonen blei dømt ulovlig i arbeidsretten. Sjølv om aksjonen fikk stor støtte, tærte økonomien på, og etter ein månad vedtok fagforeininga Nordens Klippe samrøystes å gå tilbake til arbeidet. Samtidig retta dei sterk kritikk mot Arbeidsmandsforbundet og LO for ikkje å ha støtta dei.

Styrt nedlegging over 12 år

pausemv Pause på mek. verkstad på Kirkenes, sommaren 1988. På denne tida hadde allereie nedtrappinga av bedriften starta.
(Foto: SL)
lasting Lasting av malm i Bjørnevatn, 1992
(Foto: SL)

Stortingsvedtaket i april 1985 betydde at bedrifta ville bli gradvis nedbygd og stansa i 1996 om ein ikkje innan den tida hadde klart å legge om til lønnsam drift.

I 1986 blei det eine pelletsverket lagt ned og produksjonen og arbeidsstyrken halvert fram til 1990. Det blei gjort forsøk med forskjellige spesialprodukt, superslig i 1989, ferrittråstoff i 1994 og pigment i 1995, men det var ikkje nok til å få bort underskotet. Det blei i 1991 sett i gang arbeid med ei underjordsgruve som sto ferdig til drift i 1995. Gruva nådde så vidt å bli sett i produksjon tidlig i 1996, men i juni same året vedtok Stortinget at ein ikkje lenger ville gi statsstøtte, og da var det ikkje mogleg å oppretthalde drifta. I september 1996 blei siste salva skote i Bjørnevatn, og i april 1997 stansa også oppreiingsverket. Da sto det bare igjen å sende ut det som var produsert.

museumprod Allereie før produksjonen stoppa hadde oversikta over produksjonsprosessen ved Sydvaranger fått plass på det lokale museet.
(Foto: SL)

Ved nedlegginga blei alt som kunne seljast seld, gjennom auksjonsfirmaet med det talande namnet Butcher (slaktar). Blant det som blei seld var dei store boremaskinane og nesten ubrukt utstyr for den nye underjordsgruva. Det var mest fastståande utstyr som knusarar og separatorar som blei ståande igjen. Pelletsverka blei rivne ned, mens andre bygningar blei ståande.

Nedtrappinga og seinare nedlegging av gruva førte til at mange flytta bort frå Sør-Varanger. Mange tidligare gruvearbeidarar tok utdanning, men ein stor del av desse enda òg med å flytte bort. Folketalet gikk noko ned, men ikkje så mye som mange hadde frykta. I løpet av nedleggingsprosessen fikk Sør-Varanger-samfunnet ein del statlige middel til omstilling og det blei freista med forskjellige lokkemiddel for å få selskap til å etablere seg her. Ikkje alt var like vellukka, men til saman blei det ein del arbeidsplassar. Minst like viktig var at det i denne tida blei opnare grense mot Russland og auka næringssamarbeid. Før det blei snakk om nyoppstart av gruva var arbeidsløysa i kommunen allereie under landsgjennomsnittet. Det var altså ikkje hundretals av arbeidsledige som venta på ny jobb i gruva.

Mislukka oppstartsforsøk

Ikkje før var utstyret auksjonert bort, før den første interessenten meldte seg for å starte ny drift. Det var Australian Bulk Minerals, som frå før dreiv jernmalmgruve i Australia. Dette selskapet gjorde avtale med AS Sydvaranger, og fikk opsjon på drift. Dei oppretta selskapet Arctic Bulk Minerals AS (ABM), som 22.03.1999 fikk driftskonsesjon. I pressemelding frå Næringsdepartementet heiter det: «Arctic Bulk Minerals AS skal fortsette å ta ut jernmalm fra dagbruddene etter Sydvaranger ASA og skal etter planen ha drift i området i 15 til 20 år.» ABM søkte SFT om utsleppsløyve for inntil 3,2 mill. tonn avgangsmateriale pr. år, inklusive maksimum 105 tonn av flotasjonsmiddelet Lilaflot D 817. Etter å ha brukt fire år og 90 mill. kr. på planlegging av ny gruvedrift, gikk ABM konkurs i 2002, og der forsvann den draumen.

ABM hadde bare hatt opsjon, dei kjøpte aldri aksjane i AS Sydvaranger. Derimot selde staten i 1999 aksjane sine i AS Sydvaranger til Varanger Kraft til ein pris av 240 mill. kr., og i løpet av 2000 hadde dei sikra seg 100 % av aksjane. Året etter kjøpte Sør-Varanger kommune opp nokre område og teknisk infrastruktur og overtok 37 % av aksjane i AS Sydvaranger.

Det er i ettertid stilt spørjeteikn ved kva som skjedde ved desse eigedomsoverdragingane, og om forholdet mellom Varanger Kraft og Sør-Varanger kommune, bl.a. fordi daverande rådmann samtidig var styreleiar i Varanger Kraft.

Varanger Kraft var lite interessert i gruvedrift, men satsa meir på hamna med tanke på olje- og gassutvinning i Barentshavet. No skjedde det nye steg i retning av å gjøre det vanskelig å starte opp igjen. Stormølla og finknusarane i Kirkenes blei selde, pelletsverket og pumpeanlegget for ferskvatn til verket blei rivne. Ein søkte og om løyve til å rive jernbanesporet, men dette blei ikkje gjennomført.[17]

Det store konsesjonsområdet til Sydvaranger blei no innskrenka til bare sjølve gruveområdet, og ubrukt utmark gikk over til Statskog, seinare Finnmarkseiendommen.

Da det såg mørkt ut for å få igang gruva på nytt, blei det sett av 50 millionar til opprydding og klargjøring for nye bruksformål. Den som kjøpte AS Sydvaranger, ville altså få dette fondet med på kjøpet. Aksjane i Sydvaranger blei lagt ut på den internasjonale marknaden, først var det tolv som meldte si interesse, men blant dei sto bare tre igjen, og det var Sør-Varanger kommunestyre som avgjorde handelen. Ei gruppe lokale investorar nådde ikkje fram, for kommunestyret fann eit anna tilbod meir interessant. 16.02.2006 meldte NRK Finnmark at kommunestyret har godkjent sal av Sydvaranger til eigedomsselskapet Nordberg Eiendom for 102 mill. kroner [18], og at «Det Oslobaserte selskapet vil utrede muligheten for gruvedrift». (link) Same dagen har Dagbladet eit lengre intervju med investoren Kristian Nordberg, som har store planar for Kirkenes. Han har store vyar for å skape eit idealsamfunn i Kirkenes, og understrekar at det ikkje er pengar han er ute etter: «– Noen tror kanskje at jeg bare er en grådig mann som skal stikke et ukjent antall millioner i lommen og forsvinne. Fortjeneste er ikke min drivkraft.» Han lovar investeringar på 2,5 mrd. og at drifta skal bli miljøvennlig. «Det blir miljøvennlig utvinning av jernmalm i Bjørnevatn, men ingen larmende transport til pelletsverket i Kirkenes som i gamle dager. – Hensynet til natur og miljø er viktig for meg. Jeg vil gråte i min grav dersom vi gjør noe som ødelegger naturen, understreker Kristian Nordberg.»(link) Nordberg hadde da vore i kommunestyret og presentert planane sine på ein svært overbevisande måte. Men realiteten skulle bli ein heilt annan.

Tre og ein halv månad seinare kom meldinga om at Nordberg sel heile Sydvaranger til Tschudi Shipping Company AS. Kva hadde skjedd? Det har vore vanskelig å finne klar informasjon om, men noko antydar Nordberg i intervjuet med Dagbladet: «Familie og venner tror det har rablet for meg.» Det skal ha vore familien som sette seg mot at Kristian Nordberg fikk bruke familieformuen på dette oppkjøpet. Resultatet var at han ikkje klarte å betale, og da kom Tschudi inn og tilbaud seg å overta for same prisen. I ettertid er det i materialet som bedrifta har produsert ikkje spor å sjå etter mellomspelet med Nordberg. I utsleppssøknaden av 2007 står det: «Tschudi Shipping Company AS (TSC) kjøpte i juni 2006 Sydvaranger AS fra daværende eiere Varanger Kraft AS og Sør-Varanger kommune. Kjøpet omfattet også gruveområdet i Bjørnevatn og eksisterende produksjonsutstyr tidligere brukt til jernmalmvirksomheten.» Formelt er det rett, ettersom Nordberg aldri betalte og dermed aldri blei formell eigar.

Down under up north [19]

Tschudi Shipping Company (TSC) er som namnet seier først og fremst eit skipsreiarlag, og alle eigarane har Tschudi til etternamn. TSC er eigar av ei rekke andre selskap, bl.a. Tschudi Mining Company, Tschudi Logistics Holding, Tschudi Arctic Transit og Tschudi Kirkenes. Tschudi Kirkenes er igjen eigar av Kirkenes Industrial Logistics Area, Tschudi Aggregates, Tschudi Bulk Terminal og Tschudi Kirkenes Eiendom. Ein stor del av desse selskapa er oppretta nettopp i 2006–07. Hovudaksjonær Felix Tschudi sit som styreleiar i dei fleste av dei.

Einar Berg jobba i mange år i gamle AS Sydvaranger, så jobba han aktivt for gjenoppstart og han var den første som ble ansatt i Sydvaranger Gruve. Midt på bildet ser vi grovknusaren. Bildet er tatt 2010.
(Foto: Camilla Aadland)

I magasinet Geo 7/2007 uttaler prosjektdirektør Per Helge Høgaas: «Vi ... arbeider med å skaffe australske investorer og vil bli introdusert på den australske børsen ASX. Selskapet vil likevel forbli norsk med Tschudi Shipping Company som hovedaksjonærer.» (link) Dette skulle vise seg ikkje ein gong å halde ut året.

Tschudi var ikkje først og fremst interessert i gruvedrift, men i å sikre seg hamneområde i Kirkenes. Gruva ville han overføre på nokon som hadde meir interesse og kompetanse på det området. I Tschudi si skrytebok Down under up north står det slik: «Gjennom vårt nettverk som shippingaktør ble vi introdusert til den australske gruveklyngen som så verdi der ingen andre hadde sett det.» Tschudi stykka så Sydvaranger opp mellom selskapa sine. Etter å ha halde av kaiområdet og gråberget i Bjørnevatn, selde han så sjølve gruva og produksjonsanlegga på Kirkenes vidare til selskapet Northern Iron. Kven er så det? «Northern Iron er eit australsk selskap med hovudkvarter i Perth, og blei danna for å tileigne seg Sydvaranger jernprosjekt i Nord-Noreg.» [20] (link) Selskapet blei stifta i 2007 og registrert på børsen i 2008. Det er altså eit selskap eine og aleine starta for å drive Sydvaranger Gruve AS (SVG).

Kven står så bak Northern Iron? Som for andre børsnoterte selskap kan det variere sterkt. I starten var Tschudi sjølv største aksjonær, men denne plassen blei seinare overtatt av Dalnor Assets. Dette selskapet starta oppkjøp i 2012 og andelen har auka gradvis, inntil dei i juni 2014 hadde omlag 20 %. Dalnor Assets er registrert på skatteparadiset Jomfruøyene (British Virgin Islands), som gir svært lite innsyn. Tre år etter at oppkjøpa starta veit ingen i leiinga for Sydvaranger eller Northern Iron kven som er aksjonærar og leiarar i dette selskapet.(link) Northern Iron skal ha fått opplyst at einaste aksjonær i Dalnor Assets er Gabriela Bell, som skal ha kjøpt opp gjennom fleire kypriotiske fond. Northern Iron mistenker likevel at andre står bak.(link) I 2014 forsøkte Dalnor å få sin kandidat inn i styret i Northern Iron, men dette blei avvist av generalforsamlinga. På grunn av hemmelighaldet meldte Northern Iron Dalnor Assets inn for den australske regjeringa sitt kontrollorgan for oppkjøp, Takeovers Panel, og der blei Dalnor idømt ei bot på 200000 kr.

Felix Tschudi var gjennom Tschudi Mining Company AS på sommaren 2014 nest største eigar med knappe 14 %, mens det Malaysia-baserte gruveselskapet OM Holdings Limited hadde 11 %. Blant dei resterande er det russiske investeringsselskapet Prominvest med 5 %. Vi har ikkje funne nyare tal på aksjefordelinga.

Oppstart utan konsekvensutgreiing

Da ein i 2007 starta arbeidet med gjenopning av gruva, var dei aller fleste positive til dette. Men det ein kanskje ikkje tenkte så mye på var at dette også betydde gjenopning av utsleppa til Bøkfjorden.

Vannfylt gruve Etter at ein i 2002 slutta å pumpe vatn ut av gruvene, blei dagbrota etter kvart fylt med store mengder vatn, som det tok lang tid å pumpe ut igjen.
(Foto: Camilla Aadland / Teknisk ukeblad)

Trass i at mye var endra i driftsmåte, oppreiing og utslepp, og ikkje minst at lovverket var blitt endra, ønska bedrifta å få starte opp utan konsekvensutgreiing, og fikk støtte for det frå eit knappast mogleg fleirtal i kommunestyret, godkjenninga blei gjort med ordføraren si dobbeltrøyst [21]. Fylkesmannen var ikkje samd: «Fylkesmannen konstaterer at Sør-Varanger kommune legger til grunn at gjenoppstart av driften (trinn 1) i stor grad er av samme karakter og har de samme fysiske konsekvenser som driften som ble avsluttet i 1997. Når Fylkesmannen likevel mener at reguleringsplan må utarbeides også for trinn 1, skyldes det at de gamle planer for området ikke i tilstrekkelig grad ivaretar hensynet til å sikre offentligheten medinnflytelse på forandringer i nærmiljøet etter dagens krav, herunder hensynet til å ivareta nye krav av miljømessig og samfunnsmessig karakter. Fylkesmannen anser det derfor som relativt klart at kommunen ved gjenopptakelse av driften etter ca 10 år, ikke automatisk kan se bort fra kravet om reguleringsplan for områder som jf plan- og bygningsloven § 23 nr 1 skal benyttes til større bygge- og anleggsarbeider. Dette er i tråd med de svar vi har fått ifm muntlige konsultasjoner med overordnet nivå.»[22] Blant dei lovane og forskriftene som var kome i mellomtida var vassforskrifta. Oppstarten blei dermed i det heile ikkje vurdert i forhold til denne.

busskur Før dette blei busskur i Bjørnevatn, var det ei skuffe for malmlasting på AS Sydvaranger. Trulig landets mest originale busskur – og mest fotograferte.
(Foto: Basia Głowacka)

Også reinbeitedistrikt 5A/5C protesterte mot at det ikkje blei kravd konsekvensutgreiing. Dei klaga til sivilombodsmannen, som uttalte at det var berettiga tvil om saka var godt nok utgreidd og ba departementet vurdere det på nytt. Men næringsdepartementet opprettheldt vedtaket. (link)

Ikkje nok med at bedrifta slapp konsekvensutgreiing. Ho slapp og å sette pengar til side på fond for opprydding når drifta er over, slik det normalt skal gjørast etter minerallova §51.

Drift og utslepp på gamalmåten

Presentasjon Bilder fra Northern Irons presentasjon av drifta, 2013
(Foto: Northern Iron)

Korleis var så planane for drifta i forhold til tidligare drift? Dei miljøvennlige drøymeria til investoren Nordberg var det ikkje meir snakk om etter at Tschudi og seinare Northern Iron overtok.

Hovudstrukturen blei tatt opp igjen, med dagbrot i Bjørnevatn, jernbanetransport til Kirkenes og oppreiing der. Pelletsproduksjonen blei ikkje tatt opp igjen, ettersom pelletsverka var rive ned, og det ville koste ein formue å bygge nye. Konsentratet skulle no eksporterast som slig, noko som ga langt dårligare pris enn pellets, og også avgrensa talet på aktuelle kundar. Sligen kan ikkje brukast direkte i jernframstilling, så dei einaste moglege kundene for Sydvaranger Gruve er jernverk som sjølv har pelletering eller anna prosess for å gjøre sligen om til større bitar.

Produksjonen skulle opp, og med langt færre tilsette enn tidligare. Ingen av spesialprodukta og ideane om produktutvikling blei tatt opp igjen. SVG seier at driftsstrategien er å satse på «basic produksjon», ikkje på andre produkt. Trass i at ei underjordsgruve var klargjort for produksjon seier SVG i utsleppssøknaden «Jernmalmen vil i sin helhet bli tatt ut i dagbrudd». Å starte dagbrot kunne ein gjøre raskt, men å starte om underjordsgruva kunne ein uansett ikkje gjøre over natta. Fram til 2002 hadde ein heldt denne tørr for å kunne starte opp igjen, da slutta ein å pumpe, og gruva blei etter kvart heilt fylt med vatn. Inngangen er djupt i eit dagbrot, og dette er først nylig blitt tømt, slik at ein kan starte tømminga av underjordsgruva.

Presentasjon Produksjonsprosessen
(Kjelde: Northern Iron, 2013)

Gråberget skulle som før deponerast like ved gruvene. Først etter fem års drift starta ein å fylle noko gråberg i eit utdrive dagbrot. Avgangen skulle som tidligare sendast rett i Bøkfjorden, med dertil tilhørande kjemikaliar. Til det måtte ein ha løyve av SFT. Utsleppssøknad blei sendt 17.07.2007 og innvilga i april 2008. Her sørga ein for å halde kritikarar unna ved at verken Naturvernforbundet eller Havforskningsinstituttet fikk søknaden til høring. I søknaden heiter det: «Det maksimale årlige utslippet vil være inntil 4,0 million tonn tørrstoff og inntil 35 tonn flokkuleringsmiddel. ... Eksisterende hovedavgangsledning, med utløpsmunning på dyp 22 m under middelvannstand og 275 m fra strandkant, vil bli anvendt i oppstartsfasen. For å sikre tilstrekkelig deponeringskapasitet planlegges en forlengelse av ledningen, med ny utløpsmunning mellom 450 og 600 m fra strandkant og på dyp 25 m under middelvannstand.»

Utsleppet blir framstilt som heilt uproblematisk og problem med utlekking frå avgangen blir kontant avvist: «Tungmetaller vil ikke forekomme. Ingen av mineralene er vannløselige og vil således ikke kunne frigi elementer til de marine omgivelsene hvor avsetningene skal finne sted.» Påstanden om at det ikkje vil forekomme tungmetall står i skarp kontrast til ei undersøking som NIVA har gjort for AS Sydvaranger. Denne viser at det i avgangen både er koppar, bly, sink, kadmium, krom, jern, nikkel og mangan. Dei fleste av desse metalla er i små mengder og vil trulig gjøre liten skade, men innhaldet av koppar målte NIVA til 104 ppm, noko som ligg godt over grensa for å karakterisere botnsedimenta som av dårlig kvalitet. I ei undersøking av det svenske selskapet Minpro AB for ABM, skriv dei også ved sida av tabellen over funna: «OBS! Kopparhalten» Brevet frå Minpro er stila til same person som seks år seinare skreiv under utsleppssøknaden for Sydvaranger Gruve. Også i høringsuttalen til Fylkesmannen i Finnmark blei kopparinnhaldet påpeika som eit problem.

Det skulle i følge søknaden heller ikkje vere problem med kjemikaliar: «Separasjonsprosessen i Kirkenes vil bli ombygd slik at det ikke vil være nødvendig med bruk av flotasjonsmiddel for å oppnå tilstrekkelig renhet i konsentratet. Dette kan oppnås ved bruk av mekanisk klassering og bedre styring av nedmalingsprosessen.» Dette var jo ei gledelig melding for alle som hadde bekymra seg over tidligare utslepp nettopp av flotasjonsmidlet Lilaflot, men løftet skulle vise seg å ikkje halde så lenge.

Bedrifta har og ei trøst til dei som måtte synest at utsleppsmengdene blir vel store: «Alternativ utnyttelse av avgangsmassene som vil bli deponert i Bøkfjorden vil bli vurdert. Det kan i denne forbindelse nevnes at Sydvaranger AS har planer om å utvikle et havne- og industriområde på den såkalte slambanken, vest for dagens utskipningsanlegg. Grovavfall fra separasjonsprosessen vil bli vurdert som fyllmasse i forbindelse med utvikling og klargjøring av området for fremtidig bruk. Det har tidligere vært gjennomført en rekke studier på alternativ anvendelse av avgangsmassene fra separasjonsverket. Eksempler på slike anvendelsesområder er som tilslagsmateriale i betong, fyllstoff til bygningsformål og videreforedling til høyverdige kvartsprodukter. Alle disse potensielle utviklingsmulighetene vil på nytt bli vurdert, både sett i lys av endrete markedsmuligheter, men ikke minst for å kunne utnytte forekomstene og ressursene på en miljømessig og økonomisk optimal måte.» Sju år seinare er det vanskelig å sjå noko konkret resultat av desse vurderingane.

Kritiske røyster

sydvartipp Gråbergtippar i Bjørnevatn
(Foto: Gunnar Reinholdtsen)

Da gruva starta opp igjen var det i media mye jubel over arbeidsplassar og utvikling. Men etterkvart kom det fram fleire kritiske røyster. Blant dei var avisa Ávvir som på leiarplass skreiv:

Pengemakt oppløyser freding

I august blir gruvedrifta starta igjen i Kirkenes i Sør-Varanger. Da har ho vore stansa i heile 12 år. Gruvedrifta betyr og at det blir restar som ikkje kan brukast i sluttproduksjonen. Desse restane må på ein eller annan måte fraktast bort. I Sør-Varanger blir dei dumpa på sjøen.

I den nye drifta skal avgangen blir dobla i forhold til tidligare drift, og det har dei fått utsleppsløyve til. Og som om det ikkje var nok, så skal også enno giftigare avgang sleppast ut i sjøen. Avgangen eller forureininga som det er snakk om er den fine «sanda» som blir igjen når jernmalmen blir skilt ut frå stein. Til dette brukast også det aktuelle giftige kjemikaliet.

Det som virkelig forskrekkar vanlige folk i denne saka, er at Bøkfjorden er freda som ein nasjonal laksefjord og likevel blir det gitt slik forureiningsløyve. Og ikkje bare på same nivået som før, men til og med dobbelt så mye og enno meir gift. Fylkesmannen i Finnmark er og forskrekka over at det er mogleg å sette igang slike tiltak i ein fjord der det ikkje skal forureinast, det er jo ein av årsakene til at fjordane er freda.

Gruveselskapet nektar for at dei forureiningar. Dei seier at gifta vil bli igjen i sanda som blir sloppe ut i sjøen. Denne forsikringa er ikkje på nokon måte haldbar, så lenge som gifta blir sloppe ut i naturen. No har lokale fiskarar og miljøvernarar byrja å krevje at forureininga ikkje må bli auka. Dei understrekar at dei ikkje er mot gruvedrift, men dei er mot forureining av naturen. Av denne grunn må Fylkesmannen i Finnmark i lag med lokale interessentar krevje at gifta blir reinska eller skilt ut av «sanda» før denne blir sloppe ut i havet. I dagens situasjon skal vi ha nulltoleranse mot slike handlingar. Vi skal ikkje og kan ikkje godta gjerningar som kan øydelegge heile fjorden for hundrevis av år framover. Dette skal ikkje etterkomarane våre måtte rydde opp i bare fordi at dagens gruveeigarar skal tene mest mogleg pengar før dei igjen forlet området.[23]

Ei anna kritisk røyst var spaltisten Morten Strøksnes som i eit innlegg 12.05.2012 skreiv:

Felix Tschudi kjøpte Sydvaranger for 102 millioner kroner, noen måneder etter at barndomsvennen [Jonas Gahr] Støre holdt sin viktige Nordområdetale i Tromsø. Gruva har malmreserver til en anslått verdi av 150 milliarder kroner. Med på kjøpet fikk Tschudi mesteparten av Kirkenes – til sammen 25.000 mål, med store bygningsmasser, inkludert grunnen rådhuset ligger på, ifølge lokale kilder. Men juvelen i kronen er dypvannshavnen. Tschudis havn er, ifølge UD, den eneste i Øst-Finnmark som «oppfyller de krav som stilles til ilandføringsanlegg og petroleumsanlegg».

... Om den globale oppvarmingen fortsetter, kan Nordøstpassasjen bli den viktigste transportåren til og fra Østen i sommerhalvåret. Tschudis neste skritt er å bygge Kirkenes Logistic Area (KILA), et næringsområde på størrelse med 200 fotballbaner. ...

Industriutvikling på dette nivået er aldri løsrevet fra politikk. Det er umulig å si hvor det ene begynner og det andre slutter. Støre og Tschudi tenker identisk om industriutvikling i Nordområdene. De har tegnet kartet sammen, i detalj og over lang tid. Og nå sitter Tschudi ved enden av regnbuen.

Hvilket annet sted ville man fått spesialtillatelse av Klima- og forurensningsdirektoratet til å dumpe en hel laksefjord full av gift, på tvers av retningslinjene, etter seriøst press fra regjeringen og LO sentralt? Gruveselskapet (der Tschudi nå bare eier 20 prosent) truet med masseoppsigelser og konkurs om tillatelsen ikke ble innvilget. Men driften går allerede med store overskudd (12 millioner dollar i årets første kvartal, ifølge Dagens Næringsliv). Selskapet er dessuten registret i Australia, og gir nesten ingenting tilbake til lokalsamfunnet. Arbeidsplasser? Jo, men det fantes ikke arbeidsledighet i Kirkenes før gruva åpnet.

Mens turistoperatørene ikke får kjøre snøscooter av miljøhensyn, kan gruveindustrien utslette store landskap i samme område.»

Auka utslepp av slam og kjemikaliar

Jan Helge Fosså syner korleis dei har overvaka og målt utsleppa på botnen av Bøkfjorden.
(Foto: Bente Bjercke)
Undervassbilde av røret som slepp ut 2,5 millioner tonn med gruveslam i året i Bøkfjorden.
(Foto: Bente Bjercke)

Frå oppstarten i 2009 har det igjen blitt sloppe ut store mengder avgang, no er det nesten oppe i 4 mill. tonn pr. år, og bedrifta har søkt om løyve til dobling. Allereie i 1999 blei det vurdert at deponiet i Bøkfjorden hadde påverka eit område på omlag 26 km2.[24] I tillegg kan utsleppet av fine partiklar påverke livet i havet langt utover dette.

14.12.2012 hadde NRK Sápmi ei reportasje om saka. Den første uttalelsen er frå marinbiolog Jan Helge Fosså ved Havforskningsinstituttet:(link) – Det er mer enn to millioner tonn med slam og kjemikalier som slippes ut i fjorden årlig. Det fordeles på havbunnen, men vi har også sett at dette brer seg utover hele den indre delen av Bøkfjorden. Det bør ikke komme som en overraskelse på noen.

Fosså forteller at fjordbunnen har blitt overvåket gjennom flere år. Ved å sammenligne bilder av hvordan tilstanden var i bunnen av fjorden to år før man begynte med utslipp og to år etter, ser man nå dramatiske forandringer.

– For bunnsamfunnet har dette vært katastrofalt. Overvåkningen viser at i løpet av de to årene har bunndyrsamfunnet blitt utradert. Utover hele den indre delen av Bøkfjorden har miljøstanden gått fra god til svært dårlig. Det betyr at det ikke er dyr igjen i selve hovedfjorden på det dypeste, sier Fosså.

Bildene viser hvordan slam fra gruven blir sluppet ut i fjorden. Forskeren sier at mens noe av det faller til bunnen, vil en del finere partikler strømme videre ut i hele fjorden, uten å bli bundet av de kjemikaliene som skal binde avfallet sammen.

– Man vil helst at alt slammet skal synke ned til bunnen, men det betyr ikke at det ikke gir noen negative effekter for økosystemet. Det har vi jo tvert imot sett selv, sier han.

Utviklingssjef Harald Martinsen i Sydvaranger gruve AS mener at debatten rundt virksomheten er i et feil spor, og at følelser preger debatten.

– Jeg skulle ønske at diskusjonen rundt sjødeponering og deponering generelt, kunne bli mer faglig rettet og mindre følelsesorientert, sier han til NRK.

Gruveselskapet støtter seg til rapporter fra Norsk institutt for vannforskning (NIVA) som viser at livet i sjøen ikke tar større skade av utslipp.

– Det heter jo at i de nasjonale laksefjordene skal man sørge for at det ikke er alvorlig forurensning, men dette er alvorlig forurensning, sier Jan Helge Fosså.

Næringsminister Trond Giske er ikke enig med havforskeren.
– Vi har ikke tenkt å ofre noen nasjonale laksefjorder på mineralnæringas alter. Men vi har mye plass i norske fjorder, og sjødeponi er en måte å bidra til mineralutvinning, men det må skje på en forsvarlig måte, sier Giske.

Han sier at Norge ikke prinsipielt er imot sjødeponi, og at regjeringen er opptatt av å finne en god kombinasjon mellom det å ta vare på miljøet og fiskerinæringa, og å ta vare på mulighetene for mineralvirksomhet.

Giske er ikke bekymret for at sjødeponi i seg selv er miljømessig uforsvarlig, og viser til at deponitillatelser gis av miljøverndepartementet med bakgrunn i faglige vurderinger, og at det er noe som må vurderes fra sak til sak. ...
– Vi har dype havområder og det kan hende at det finnes forsvarlige måter å håndtere slikt på i Norge som ikke er aktuelt i andre land. Vi får vurdere det på et faglig grunnlag for eget vedkommende, vi er et suverent land og styrer vår egen miljøpolitikk, sier han.»

Lilaflot – ufarlig og nødvendig?

Aller mest strid har det vore om flotasjonskjemikaliet Lilaflot D-817M som blei brukt i første rekke for å fjerne kvarts frå malmen. Det er eit langkjeda alkyloxydiamin som brytast svært sakte ned, er svært feittløyselig og er svært giftig for alt liv i sjøen.

lilaflot18 Vinteren 2010 gjennomførte Sør-Varanger Natur og Ungdom ein aksjon mot utslepp av Lilaflot. Aksjonen var i forbindelse med ein arktiskonferanse for næringslivstoppar og politikarar. Banneret er hengt ut av vinduet frå Fretex sine kontor i Kirkenes, veldig synlig frå inngangspartiet på Ricahotellet som husa konferansen. Banneret fikk henge rundt ein halv time, før det blei beordra fjerna av daverande ordfører i Sør-Varanger Linda Beate Randal.
(Foto: Sør-Varanger Natur og Ungdom)

Miljødirektoratet sin produktdatabank seier at Lilaflot D817M er «Farlig ved svelging, gir alvorlige etseskader på hud og øyne, forårsaker organskader ved langvarig eller gjentatt eksponering ..., meget giftig, med langtidsvirkning, for liv i vann».

Havforskningsinstituttet skriv: (link)
«LilaFlot D817M er i utgangspunktet meget giftig for vannlevende organismer, det er fettløselig og har potensiale for biooppkonsentrering og brytes ekstremt langsomt ned i naturen.»

Gamle AS Sydvaranger slapp til saman ut 639 tonn Lilaflot i perioden 1981–96. I februar 2009 søkte Sydvaranger Gruve om igjen å få bruke Lilaflot, men no i eit heilt anna omfang, 500 tonn årlig. Søknaden førte straks til protestar i lokalsamfunnet. For å møte kritikken sette Sydvaranger Gruve 17.10.2009 inn to heilsides annonser i lokalavisa Sør-Varanger Avis. På den eine sida takkar direktør John Sanderson for oppslutninga om gruva frå lokalsamfunnet. På den andre sida skriv teknisk direktør Per Helge Høgaas om bruken av Lilaflot, som han forsvarar slik: «Lilaflot er farlig. På samme måte som salmiakk og eddik er etsende og giftig i konsentrert form, mister Lilaflot sine egenskaper når det blir vannet ut. Lilaflot har en unik egenskap som gjør at det binder seg til steinpartikler. Stoffet legger seg trygt på havbunnen sammen med avgangen fra gruvedriften og brytes naturlig ned over tid. En godt voksen laks må spise mange kilo sand på 70 meters dyp for å få i seg en kritisk dose Lilaflot. Det har aldri skjedd og kommer nok heller aldri til å skje. Lilaflot og lignende kjemikalier brukes over hele Norge, og verden, og det er en grunn til det; Det finnes ingen rapporter som viser at deponering av Lilaflot påfører livet i havet ekstra belastning.»

I oktober 2009 blei det sett igang ein underskriftsaksjon for at Sydvaranger ikkje skulle få utsleppsløyve utan konsekvensutgreiing.

I november 2009 blei det lagt fram ei analyse frå NIVA som viste at 13 år etter at utsleppa opphørte kunne ein framleis måle Lilaflot i sedimenta i Bøkfjorden.[26] (link) Undersøkinga blei bare gjort i øvste slamlaget. Hadde dei gått djupare, ville dei trulig ha funne langt meir. Denne undersøkinga gir svært uklar informasjon om kor mye som er igjen: «Det er vanskelig presist å anslå hvor mye Lilaflot som fremdeles finnes i resipienten, men to ulike beregningsmetoder tyder på at det i dag totalt ligger henholdsvis 80–160 og 8500 kg Lilaflot i sedimentene innenfor Reinøy.» (link) Når det høgaste talet her er over hundre gongar større enn det lågaste alternativet, burde vel heile undersøkinga vore vraka. Men Sydvaranger Gruve valde å tru på lågaste alternativ og brukte det for alt det var verd og vel så det og konkluderte slik: «Direktør ved Sydvaranger Gruve, Per Helge Høgaas, mener rapporten viser at utslippene som Sydvaranger Gruve planlegger, ikke er så farlige som flere vil ha det til.» (link) Og media brakte velvillig vidare Sydvaranger sin versjon av saka.(link)

Sydvaranger Gruve bestilte ein rapport frå NIVA. Denne blei levert til bedrifta i oktober 2010. I rapporten står det at «nyere informasjon fra produsenten (Akzo Nobel) kan tyde på at Lilaflot D 817 er noe mer vannløselig enn tidligere antatt og en viss ukjent andel vil kunne følge vannfasen». Finnmark Dagblad skreiv: «Både krepsdyr og alger har strøket med i laboratorietestene som NIVA-forskerne har gjennomført med avgangsmasse fra Sydvaranger Gruve tilsatt de aktuelle konsentrasjonene av Lilaflot. – Resultatene tyder på at en framtidig bruk av Lilaflot D 817 vil kunne gi akutte toksiske effekter i resipienten, men trolig bare i utslippets nærsone, konkluderer NIVA.»

Naturvernforbundet i Sør-Varanger uttalte i mai 2011:
«Rapporten tilbakeviser Sydvaranger gruves tidligere bagatellisering av gruvekjemikalienes giftvirkning på livet i sjøen. NIVA-rapporten var ferdig et år etter gruvas helsides annonsekampanje i lokalavisene. Annonsen prøvde å latterliggjøre motstanden mot utslipp av Lilaflot til fjorden. ...

Rapporten fra NIVA slår derimot fast at Lilaflot er vannløselig og at vannet får en betydelig giftighet som påvirker bunnlevende dyr. Testen viser at kjemikalier bundet til sedimenter avgir giftige konsentrasjoner i vannmiljøet. Giften har i de forventede doser ikke akutt giftighet for fisk, men dreper alger, krepsdyr og fjæremark. Langtidsvirkningene for fisk og større dyr er ukjente.

Gruva har hatt denne kunnskapen et halvt år uten å bringe informasjonen videre til offentligheten.»

På ettervinteren 2011 valde SVG å trekke søknaden om utslepp av Lilaflot. Dette blei først kjent på informasjonsmøte 08.04.2011, der Klif informerte om løyvet til utslepp av Magnafloc 1707 og samtidig opplyste at Lilaflot-søknaden var trekt tilbake. Når vi no spør Sydvaranger kvifor søknaden blei trekt, er svaret at dei har jobba intenst med å finne alternativ og funne at ein kunne erstatte flotasjon med mekanisk skylleprosess og sikteanlegg utan kjemikaliar. Dette er no i bruk og fungerer bra.[27]

Magnafloc – Kjemikaliar for bærekraftig framtid?

Bernt Nilsen Bernt Nilsen, leiar i Folkeaksjonen mot giftutslipp i Bøkfjorden foran fjorden som skjuler mange millionar tonn gruveavgang.
(Foto: Camilla Aadland / Teknisk Ukeblad)

Magnafloc er eit fabrikkmerke for heile 37 forskjellige kjemikaliar produsert av det tyske kjemiske gigantkonsernet BASF. Selskapet reklamerer med «Vi skaper kjemi for ei bærekraftig framtid. Vi kombinerer økonomisk suksess, sosial ansvarligheit og miljøvern.»[28] (link) Da skulle vel alt vere i orden?

Det er tre typar av Magnafloc som har vore aktuelle for Sydvaranger, og verknadane av desse er ganske forskjellige.

Magnafloc 155 og 10 består begge vesentlig av polyakrylamid, og er rekna som relativt lite giftige og forholdsvis raskt nedbrytbare. SFT (seinare Klif) ga 23.04.2008 Sydvaranger Gruve utsleppsløyve for 35 tonn Magnafloc 155 pr år. SVG tok i staden i bruk Magnafloc 10, som er klassifisert som mindre miljømessig skadelig, noko dei hadde høve til innafor løyvet (substituttreglane).

Magnafloc 1707 (tidligare kalla LT37) blir brukt som flokkuleringsmiddel for å binde små partiklar. Dette har det vore atskillig meir problem med. Hovudkomponenten kallast Polydadmac. BASF sitt datablad seier: «Toksisitet for mikroorganismer: Ikke testet. Biologisk nedbryting: Ikke testet.» I tillegg seier databladet: Skadelig for vannlevende organismer, kan forårsake langtidsvirkninger i vannmiljøet.

Sydvaranger Gruve begynte trulig å bruke Magnafloc 1707 på nyåret 2010. Bedrifta søkte da ikkje om å få sleppe ut denne, men meldte bare frå til Klif at ein tok i bruk eit nytt stoff, og hevda dette ikkje var farligare enn det ein allereie hadde løyve å sleppe ut. Saka blei kjent i media i mars. Naturvernforbundet i Sør-Varanger gjorde Klif merksam på det ulovlige utsleppet, men sidan ingenting skjedde, melde Naturvernforbundet 01.06.2010 bedrifta for ulovlig utslepp. Tre dagar etter kom Klif på inspeksjon, og «oppdaga» da det ulovlige utsleppet som dei hadde fått melding om tre månadar tidligare. Klif slo fast at utsleppet var ulovlig, men kravde det ikkje stoppa. Derimot ga dei bedrifta frist på tre månadar til å dokumentere at Magnafloc 1707 ikkje er farligare enn 155. I mellomtida fikk dei midlertidig utsleppsløyve.

Sydvaranger Gruve klarte ikkje å oppdrive den lova dokumentasjonen på at Magnafloc ikkje var skadelig, og i oktober 2010 kravde Klif at utsleppet måtte bli stoppa, dersom ikkje Sydvaranger søkte om å få fortsette. Så søkte bedrifta midlertidig løyve 01.11.2010, og fikk søknaden innvilga same dagen. Deretter søkte SVG om permanent utsleppsløyve, og denne søknaden gikk da på høring. Det førte til stor debatt blant anna i Sør-Varanger kommunestyre, som først vedtok å seie nei til utslepp. Da ga Klif forlenga høringsfrist så kommunen skulle få tid å skifte syn. Så blei alle partia innkalla til direktøren for SVG til separate samtalar på kontoret hans. Dei aller fleste møtte, bare Senterpartiet nekta å møte. Resultatet blei at FrP-representantane skifta meining, og med ordføraren si dobbeltrøyst sa kommunestyret ja.

06.04.2011 ga så Klif løyve fram til mai 2012, og grunnga dette i ei pressemelding:
– Vi har i vår avgjørelse lagt vekt på at de samfunnsmessige fordelene er vesentlig større enn de miljømessige ulempene ved bruk av Magnafloc 1707. Derfor får Sydvaranger Gruve AS endret tillatelse, sier Signe Nåmdal, avdelingsdirektør i Klif.
– Basert på vår vurdering av miljøulempene, og den belastning som Bøkfjorden for øvrig er utsatt for, kan vi ikke se at utslipp av det nye flokkuleringsmiddelet vil medføre nevneverdig større belastning på fjorden, sier Nåmdal og legger til: – Flokkuleringsmiddelet er lite biotilgjengelig, og vil høyst sannsynlig ikke tas opp i organismer og i næringskjeden.... Forholdet til vannforskriften og Bøkfjordens status som nasjonal laksefjord er også vurdert. Vedtaket anses ikke å være i strid med dette.
(link) I april 2012 ga så Miljøverndepartementet si velsigning, og seinare har løyvet blitt fornya.

Denne snuoperasjonen kom ikkje av seg sjølv, men etter intens lobbyverksemd frå LO og Arbeiderpartiet. Ifølge fylkessekretær Bjørn Johansen i Finnmark LO handla det om å «sikre gode rammebetingelser for industrien i Nord-Norge».

Etter at Naturvernforbundet i 2010 melde Sydvaranger for ulovlig utslepp, fikk bedrifta ein bot på 300000 kr., som dei nekta å betale. Etter tre år skulle så saka opp for retten sommaren 2014, men blei utsett på ubestemt tid. I desember kom så meldinga om at Østfinnmark politikammer har henlagt saka etter å ha fått ei orientering frå Miljødirektoratet. Saka er henlagt som «ingen straffbar handling», noko som vil seie at dei slipp å betale bota.

SVG søkte og om auka rammer for den totale mengda flokkulantar og koagulantar (Magnafloc 10/155 og 1707) som kan nyttast i produksjonen frå 35 tonn/år til 60 tonn/år. Denne saka skulle få følger langt utover dette kjemikaliet og denne bedrifta: Som ein direkte konsekvens av saka om Sydvaranger og Magnafloc endra Klif dei generelle vilkåra for utsleppsløyve. Kravet om laboratorietesting av kjemikaliar blei droppa. No må bedrifta bare vise til at dei har tatt ei «vurdering av kjemikalienes helse- og miljøegenskaper på bakgrunn av testing eller annen relevant dokumentasjon».

24.10.2013 søkte Sydvaranger gruve Miljødirektoratet om løyve til å auke utsleppet av polyDADMAC (=Magnafloc 1707) med 2,5 tonn for året 2013. Miljødirektoratet sender saka på høring med høringsfrist 22.11.2013. Brevet frå Miljødirektoratet er underteikna Harald Sørby, tidligare ingeniør ved AS Sydvaranger. Som vanlig har Sydvaranger så langt fått det dei har bede om.

18.08.2014 søkte så Sydvaranger om å få auke utsleppet av polyDADMAC med 5 tonn for 2014. Grunngivinga er at dei på grunn av eit ras i dagbrotet er nøydd å produsere på dårligare malm ei tid. Dette raset var ikkje noko naturkatastrofe. Det var resultat av uforsvarlig drift, og leiinga var blitt åtvara, men ville ikkje høre på det. Likevel innvilga Miljødirektoratet i oktober 2014 denne auken som hastesak utan høring.

Ikkje nok med det. Sydvaranger søkte og om permanent auke frå 10 til 22 tonn av årlig utslepp av dette stoffet. Denne er liksom den midlertidige utvidinga, grunngitt slik:«Den direkte årsaken tilsøknaden er den store utglidningen i Bjørnevatns-bruddet». Bedrifta oppgir ikkje kor lenge denne situasjonen kan vare. Uansett brukar dei ein midlertidig situasjon som påskot til å få ein permanent utslippsauke. Søknaden er i skrivande stund på høring. Blant dei som har sendt høringsuttale er Naturvernforbundet i Sør-Varanger som hevdar at dette auka utsleppet vil vere i strid med både Vassdirektivet, naturmangfaldlova og reglane for nasjonale laksefjordar. Dei viser og til det tynne kunnskapsgrunnlaget når bedrifta hevdar at dette ikkje vil vere skadelig, og nemner nokre eksempel frå søknaden: «forsøk tyder på», «Polydadmac er ikke forventet å være bioakkumulerende», «Den toksiske virkningsmekanismen til polyDADMAC er ikke kjent i detalj» og «Absorbsjon via tarmen er ikke forventet på grunn av molykylstørrelsen».(link)

Direktoratet for mineralforvaltning uttalte seg svært kritisk til søknaden og sakna eit meir langsiktig perspektiv, og ba bl.a. om ei vurdering av om overgang til underjordsdrift kunne redusere behovet for kjemikaliar. Miljødirektoratet hadde derimot ingen innvendingar, og sendte 26.03.2015 eit utkast til svar til Sydvaranger, for å høre om dei var nøgde med eit slikt svar. Og det må nok SVG vere, for i svaret blir polyDADMAC fullstendig reinvaska: «Undersøkelsene tilsier at polyDADMAC ikke er giftig ved de aktuelle brukskonsentrasjoner, og at kjemikaliet ikke akkumulerer i næringskjeden. Kjemikaliet er persistent og blir mest sannsynlig begravd i sedimentene. Basert på dette finner Miljødirektoratet at fortsatt bruk av polyDADMAC og en mindre konsentrasjonsøkning av stoffet i avgangen ikke vil gi miljøulemper av betydning i et overskuelig tidsperspektiv.» I skrivet frå Miljødirektoratet blir det opplyst at vedtaket kan ankast, og det kan ein nok trygt rekne med at det blir.

Sydvaranger og NIVA – ein tett allianse?

Som nemnd ga NIVA i 2010 ei negativ vurdering av Lilaflot. Dette må ha kome som ei overrasking på leiinga ved Sydvaranger Gruve. NIVA har vore ein fast samarbeidspartnar for Sydvaranger Gruve gjennom ei rekke oppdrag og har fast plass i Sydvaranger si miljøressursgruppe.

I mars 2010 inviterte Sydvaranger Gruve fleire konsulentselskap til å komme med tilbod på jobben som miljøovervåkar av utsleppa i Bøkfjorden. Ved sida av NIVA kom det tilbod frå bl.a. Veritas, Rambøll og Norges Geotekniske institutt. Bedriftsleiinga sendte så alle tilboda til miljøressursgruppa, der NIVA sitt medlem fikk legge fram alle tilboda, inkludert deira eige. Etter møtet ba så SVG NIVA om å gi eit «oppdatert tilbud». Reaksjonane var sterke frå dei andre selskapa og også frå NHO, men så lenge SVG er eit privat selskap var det vanskelig å dømme dei for dette.

Året etter starta NIVA eit treårig forskingsprosjekt med å sette ut kunstige rev i Bøkfjorden, for å sjå om dette kunne hjelpe til med å få livet tilbake i sjøen etter gruveutslepp. Prosjektet var betalt av Sydvaranger Gruve og Norges Forskningsråd. Hensikten var klar frå Sydvaranger si side: «Resultatene kan bli viktig for om Sydvaranger får lov å øke produksjonen i framtiden. Det forteller John S. Sanderson, administrerende direktør i Sydvaranger Gruve.» (link) NIVA legg ikkje skjul på at dei deler SVG sine målsettingar: «Niva-forsker Astri Kvassnes har stor tro på prosjektet. – Jeg tror det er veldig nyttig, og kan bli en kjempestor suksess for sjødeponi i framtiden, sier hun.» Prosjektet blei kraftig kritisert av naturvernarar i Sør-Varanger, noko som førte til krasse reaksjonar frå NIVA-representanten som skulda dei for å lyge. Det endte med at styreleiar i NIVA, Anne Enger, måtte beklage uttalane til sine eigne forskarar.

Støy og vasstapping

I konsesjonsvilkåra hadde bedrifta fått fastsett grenser for kor mye støy som skulle kunne komme frå anlegga og til områda rundt. Dette gjaldt bl.a. for Ørnevanns-området, der det er mange hytter like utafor konsesjonsområdet. Da det blei påpeika at støyen her var høgare enn grensa, klarte SVG først å skulde på at det var “vind, fugler og dyr i Pasvikskogen som var grunn for de høye verdiene” (KJELDE?) Også SVG sine eigne rapportar viste at det var for høge støyverdiar, men det er ikkje gjort noko tiltak for å redusere støyen. Også ved malmbanen Bjørnevatn – Kirkenes er det målt for høgt støynivå. For å sleppe unna problemet, endra KLIF målemetodane, slik at ein kom under grensa. (KJELDE?)

Til produksjonen i oppreiingsverket på Kirkenes treng Sydvaranger Gruve svært mye vatn, sjølv om mye vatn blir resirkulert med hjelp av dei omstridde Magnafloc-kjemikaliane. SVG har no løyve frå NVE til å ta vatn frå alle fire vatna på Kirkenes-halvøya; Førstevatn (Vuosttamušjávri), Andrevatn (Stuorajávri), Tredjevatn og Prestevatn (Báhppajávri). Her har NVE sett rammer for variasjon i vasstanden, men desse rammene har SVG brote fleire gongar. Så har dei søkt om og fått innvilga større rammer, som dei igjen ikkje klarer å følgje. I januar 2015 søkte bedrifta så om å få ta vatn frå enno eit vatn, Svartakslavatn (Vuolit Nieidajávri), der ein vil tappe ned inntil 1,25 m. (link)Denne søknaden gjeld vassituasjonen for noverande produksjonsvolum. Når no bedrifta har søkt om å meir enn doble volumet av produksjon og utslepp, vil det også bli behov for langt meir vatn. Og støyen av dobbelt produksjon vil vel heller ikkje bli mindre.

Mangfoldig motstand

Save our fjords Eit av verdas største protestskilt blei tråkka i isen på Langfjorden ved Kirkenes i påska 2013. Dei største bokstavane er 15 meter høge og farga med solbærsaft.
(Foto: Naturvernforbundet i Sør-Varanger)
Save our fjords I tilknytning til den store parola på Langfjorden blei det sett opp denne plakaten med informasjon på norsk og engelsk.
(Foto: Naturvernforbundet i Sør-Varanger)

I samband med nyoppstart av gruva voks det og fram ein motstand mot at gruva skulle få sleppe ut store mengder avgang i Bøkfjorden og spesielt mot at dei fikk løyve til å bruke og sleppe ut giftige stoff som Magnafloc og Lilaflot. Motstanden kom bl.a. til uttrykk frå fleire politiske parti i kommunen, frå ei rekke miljøorganisasjonar og institusjonar som Havforskningsinstituttet.

Neptune Networks I mai 2010 sette aktivistar frå Neptune Network opp telt på skinnegangen for å stoppe malmtoget frå Bjørnevatn til Kirkenes.
(Foto: Arnstein Jensen / NRK)

I 2009 blei det oppretta ei Facebookgruppe mot forgifting av Bøkfjorden.(link) Seinare same året blei det danna ei aksjonsgruppe mot giftutslepp i Bøkfjorden, også kalla Folkeaksjonen. Aksjonen fikk i 2011 Venstres miljøpris og same året blei talsmann for Folkeaksjonen, Bernt Nilsen tildelt Frivillighetsprisen i Sør-Varanger. Folkeaksjonen har hovudsaklig konsentrert seg om kjemikalieutsleppa, mens andre har lagt meir vekt på mengda med avgang som går ut i sjøen, og verknadane av dette. [29]

Noverande ordførar Cecilie Hansen (Sp) er blant dei som ikkje har jubla over alt som har kome frå SVG. Ho har sagt meininga si både til bedrifta og til media, og det har ikkje alltid vore like populært. I 2013 deltok ho på eit ope møte i Oslo og fortalte om kommunen sine røynsler med gruvenæringa. (link)Ho tok bl.a. opp dårlig informasjon om bedrifta sine planar, og at ein stadig ber om nye dispensasjonar. Som eksempel nemnde ho at SVG fikk dispensasjon til å bruke boligriggar ei viss tid på vilkår av at dei laga ein plan for bygging av bustadar. I staden for å lage ein slik plan, søkte dei bare ny dispensasjon og truga med å legge ned om dei ikkje fikk viljen sin. Kommunen er med i SVG si miljøressursgruppa, men i følge ordføraren har kommunen ikkje noko han skal ha sagt der. [30]

Ei samisk sak?

Vi starta dette kapitlet med at Sør-Varanger blei omtalt som ein «lappeavkrok». Sjølv etter ei kraftig innvandring av finske og norske bureisarar, var framleis over 1/3 av befolkninga samisk like før gruva starta. Gruveetableringa førte i lag med organisert innvandring av bureisarar til at den norske befolkninga blei sterkt dominerande og i lag med den generelle fornorskingspolitikken førte det til stor grad av fornorsking av samane i Sør-Varanger. Likevel er dei langt frå borte.

Sør-Varanger Sameforening og Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag (link) har engasjert seg mot gruveutslepp. Sjølaksefiskarlaget med 80 medlemmar er tilslutta Samenes folkeforbund. Dei er opptatt av å halde oppe ein laksefisketradisjon som her er dokumentert gjennom meir enn 250 år, og det er frå gamalt av vesentlig samar som har fiska her. Laksefiske er derfor vesentlig for å bevare det som er igjen av samisk kultur i Sør-Varanger. Men dette har dei siste åra vore truga frå fleire kantar. Først har reguleringane blitt så strenge at det er bare få dagar dei får fiske for året, og så kjem forureininga av fjorden, som har status som nasjonal laksefjord.

Kva har så Sametinget meint om forureininga frå Sydvaranger? På plenumsmøte 08.06.2010 la representanten Elin Henriksen frå Sør-Varanger fram følgjande forslag:
Kva har så Sametinget meint om forureininga frå Sydvaranger? På plenumsmøte 08.06.2010 la representanten Elin Henriksen frå Sør-Varanger fram eit forslag om å seie nei til utslepp i av miljøgifter i Bøkfjorden. Forslaget blei oversendt Sametingsrådet, og saka blei tatt opp med Klif, som lova at søknaden om utslepp av Lilaflot ikkje ville bli behandla før Sydvaranger hadde fått orden i sakene etter tidligare ulovlige utslepp. Så blei Lilaflot-søknaden trukke tilbake. Både i 2012 og 2013 gikk Sametinget mot å tillate auka utslepp av polyDADMAC. [32] Grunngivinga var interessene til samiske fiskarar.

Gruve og rein

Heile Sør-Varanger har vore utnytta til reindrift i fleire hundre år, men det har variert kven som har brukt området. Frå først var det skoltesamar, men dei blei etter kvart pressa ut etter grensestengingar og innvandring. Etter grensestengingane på 1800-talet var det lenge slik at Sør-Varanger bare var vinterbeite, sommarbeitet var da på Varangerhalvøya. Det har vore ei komplisert historie og konfliktar om retten til reindrift i Sør-Varanger var i rettsvesenet så seint som i 2013.[33] Mens reindrifta i resten av Finnmark utelukkande blir drive av nordsamisktalande samar, er det blant reineigarane i Sør-Varanger både nordsamar og folk med enaresamisk, finsk og norsk bakgrunn. Det er derimot ikkje lenger nokon skoltesamar som driv reindrift i Noreg.

Etter at Sydvaranger Gruve starta opp i 2008, byrja ein med å skale av vegetasjonen på Kjellmannåsen og gjøre klart for sprenging. Her hadde reinen beita i alle år, og det tok tid før han vente seg til den nye situasjonen.
(Foto: Per Berntsen)

Av reinbeitedistrikta i Sør-Varanger er det i første rekke distriktet 5A/C som blir berørt av gruva. Dei har vinterbeite i øvre Pasvik og heilårsbeite nedover mot kysten. Området rundt gruvene i Bjørnevatn er no normalt sommarbeite, men det har og i nokre tilfelle vore brukt på vinteren, når vær- og snøforholda er dårlige lenger opp.

Problem i forholdet mellom gruva og reindrifta har det vore frå anleggsarbeidet starta opp. Likevel har reineigarane vore forsiktige med å klage og krevje innskrenkingar i drifta eller erstatning. I dei første tiåra var det ikkje uvanlig at reineigarar også tok seg jobb for gruveselskapet, og det gjorde det vanskelig for dei å klage.

Reindrifta har aldri fått erstatning for beiteområdet dei har tapt pga. gruva, og dei har trulig heller aldri stilt krav om det. – Vi har forstått det slik at vi ikkje hadde rett til det, så lenge dei heldt seg innafor konsesjonsområdet, seier Egil Kalliainen, leiar i reinbeitedistrikt 5A/C. – Men i det siste har vi byrja å lure på om vi ikkje likevel har rett til kompensasjon. Dei tar jo område der det alltid har vore rein og øydelegg det slik at der ikkje vil bli beite på tusenvis av år. Derimot har dei fått erstatning for oppdemmingar i Pasvikelva, men da er det staten og ikkje gruveselskapet som har vore motparten.

Kirkeneshalvøya hører i prinsippet med til sommarbeiteområdet, og det har tidligare vore mye problem når reinen har kome inn i byen. Ei tid var det ein liten reinflokk som brukte å gå heilt ned til hurtigrutekaia. Det var jo artig for turistane, men kanskje ikkje for så mange andre. Rein som beita rundt Kirkenes-vatna fikk i seg dioksin, og det kunne ein måle i kjøttet. Det hendte og at rein blei overkjørt av malmtoget. Den einaste løysinga reineigarane fann på dette var å slakte ned alle dei dyra som brukte å gå inn til Kirkenes og Bjørnevatn. Da først blei det betre.

Sydvaranger har eit stort konsesjonsområde, og bare delar av dette er i bruk som dagbrot. I tillegg kjem store gråbergdeponi, som også tar mye plass. Deponia verkar ofte som sperringar, så reinen ikkje kjem fram til stadar der det framleis finst beite.

I tiåret utan drift i gruvene, tok reinen i bruk dei beiteområda som var igjen innimellom gruver og gråbergtippar. Da drifta blei starta opp igjen, var det ein del problem, men no har reinen lært seg å halde seg unna gruveområdet.

Da Sydvaranger Gruve starta opp igjen, blei det gitt ny konsesjon. Men det er ikkje slik at dei bare kan sprenge og grave som dei vil i heile konsesjonsområdet. Det er med i konsesjonen at det skal avtalast med reindrifta når nye område blir tatt i bruk, til dagbrot eller til gråbergdeponi. Eit par gongar har reindrifta da klart å påverke slik at skadane for dei har blitt mindre enn dei ville blitt etter opphavelig plan.

– No syns vi dei har tatt meir enn nok av beiteområdet vårt, seier Kalliainen.[34] – Sydvaranger tar stadig meir område, anten til dagbrot eller til gråberglagring. Og dei kjem nærare og nærare konsesjonsgrensa og ønsker også å utvide konsesjonsområdet. Det har vi sagt dei at dei kan bare glømme, det har vi ikkje tenkt å godta. Vi meiner dei forlengst skulle gått over til underjordsdrift og også fylle gråberg i dei gamle gruvene i staden for å øydelegge stadig meir natur. Reinbeitedistriktet har sett seg imot den neste planen om ytterligare utviding, fordi eit planlagt deponi vil sperre vegen rundt eit vatn så ikkje reinen kjem fram der.

intensjonsavtale Underskriving av intensjonsavtale januar 2013. F.v.: Egil Kalliainen, reinbeitedistrikt 5A/C, Peter S. Larsen, Sydvaranger Gruve, Egil Olli, Sametinget.
(Foto: Jon Petter Gintal / Sametinget)

09.01.2009 gikk Sametinget mot at det blir innvilga utvinningsrett på dei områda Sydvaranger Gruve har søkt om utafor gjeldande konsesjonsområde. Bergvesenet sendte da saka til Næringsdepartementet. I 2012 blei Sametinget kontakta av Sydvaranger Gruve med ønske om å inngå ein intensjonsavtale etter Sametinget sin mineralvegleiar. Det blir så inngått avtale i januar 2013, der det heiter: «Sametinget stiller seg positiv til at det innvilges utvinningsrett på de 10 utmålsområdene som ligger utenfor Sydvaranger Gruve AS sitt konsesjonsområdet, jf. søknad av 26.8.2008. Sametinget vil skrive et brev til Nærings- og handelsdepartementet om det.» Sametinget klarte å få reinbeitedistriktet med på å skrive under på denne intensjonsavtalen. 29.01.2013 sendte så Sametinget brev til Næringsdepartementet, der det heiter: «Med bakgrunn i intensjonsavtalen stiller både Sametinget og Reinbeitedistrikt 5A og 5C positiv til at det tildeles utvinningsrett til de 15 områdene som ligger innenfor og utenfor Sydvaranger Gruve AS sitt konsesjonsområde, jfr. søknad datert 26.08.2008 hos Bergmesteren.»

Outsourcing

Mens tidligare AS Sydvaranger samla alle funksjonar i samband med gruvedrift, oppreiing og vedlikehald i eitt selskap, satsar Sydvaranger Gruve på oppdeling og innleige av andre firma, såkalla outsourcing. 23.03.2014 kjem meldinga om at dei etter anbodsrunde har inngått kontrakt med selskapet Orica Norway om at dei i seks år framover skal stå for boring og sprenging i gruvene i Bjørnevatn. Det vil dei gjøre i samarbeid med det lokale borefirmaet Oscar Sundquist. For første gong i Sydvaranger si historie blir altså sjølve gruvearbeidet sett ut til andre enn eigaren av gruva. Orica skal «i kontraktsperioden ... være ansvarlig for forsyning av sprengstoff, borerigger, personell og den organisering som er påkrevd for å sikre levering av full bore- og sprengningsdrift.» Dette er ikkje bare første gong det blir inngått ein så stor kontrakt om outsourcing av gruvearbeid i Noreg, det er og den største kontrakten dette verdsomfattande selskapet har gjort: «Partnerskapet med Sydvaranger representerer Oricas første større integrerte «rock on ground services» kontrakt i Noreg. I heile Europa vil avtalen bli den største enkelte salskontrakten og i heile verda den største ROG services kontrakt for Orica» (Har ikkje funne noko god omsetjing for ROG.) [35] (link)

Kven er så dette Orica? Sjølv presenterer dei seg slik: «Orica er den største leverandøren av kommersielle sprengstoffer og tennmiddelsystemer for gruvedrifts- og infrastrukturmarkedene, den globale lederen innen levering av bakkestøtte for gruvedrift og tunnelbygging og den ledende leverandøren av natriumcyanid for gullutvinning. Orica er virkelig et globalt selskap, med en mangfoldig arbeidsstyrke på over 14 500 mennesker. ... Hos Orica bryr vi oss om våre ansatte og miljøet. Det er viktig å innfri våre forpliktelser til miljøet og samfunnet, både for oss, våre kunder og lokalsamfunnet.» (link) (Våre uthevingar. SL) Når verdas leiande leverandør av cyanid til gullutvinning bryr seg om miljøet, da skulle det vel vere trygt?

Orica har hovudkontor i Australia og opererer i 57 land og i alle verdsdelar. I mai 2014 rapporterte selskapet ein netto profitt på 243 mill. $ siste halvår.

Kva skjer så med dei som i dag jobbar i gruva? Om dette seier pressemeldinga:
«SVG, Orica og AS Oscar Sundquist vil samarbeide for at alle nåværende SVG bore- og sprengningsansatte skal få tilbud om en stilling innenfor følgende områder:
– I Orica/Sundquist i ROG prosjektet ved SVG
– I andre prosjekter/aktiviteter i Orica/Sundquist
– I andre avdelinger i SVG».

Dobla produksjon?

Sjølv om konsesjonen opna for langt høgare produksjon enn nokon gong tidligare i Sydvaranger si historie, var det ikkje nok for eigarane. Allereie før drifta var heilt igang, søkte Sydvaranger Gruve om utviding av konsesjonsområdet. Omtrent samtidig starta planlegging av ei dobling av den årlige produksjonen, det vil seie ei halvering av planlagt driftstid.

Eit planprogram blei sendt på høring i 2012. Her blei det lagt opp til vurdering av to alternativ: Dobling av kapasiteten på oppreiingsanlegget i Kirkenes og dobling av sjødumpinga eller eit nytt oppreiingsanlegg i Bjørnevatn med lagring av halve avgangen i landdeponi. Grubeforeningen Nordens Klippe slutta no opp om søknaden. Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Finnmark gikk derimot mot.

28.01.2013 kom melding om at Sydvaranger Gruve sett utvidinga på vent.(link) Likevel blei planprogrammet vedtatt av kommunen 22.04.2013 (link) og i januar 2014 seier representantar for Sydvaranger at utviding framleis er aktuelt..(link)Konsekvensutgreiinga er berekna ferdig i løpet av 2015.

For kommunen vil trulig ei slik drastisk forkorting av driftstida bety kraftig reduserte skatteinntekter. Forkortinga av tida ein vil få skatteinntektene vil ikkje bli vege opp av dobla produksjon, da denne i stor grad vil måtte baserast på pendlarar som ikkje skattar til kommunen.

Dobling av produksjonen vil og bety dobling av avgangen. Om all avgangen fortsatt skal gå til Bøkfjorden, vil det seie dobla utslepp, dobla kjemikalieforbruk og trulig og dobla vassforbruk. Dette kjem i tillegg til dei søknadane som allereie er til behandling om auka bruk av kjemikalie og vatn.

Ei lønsam gruve?

great ambition Optimismen og ambisjonen var stor da første malmbåten gikk frå kaia i Kirkenes i 2009 med kurs mot Kina. Seinare minska etterspørselen i Kina og dermed malmprisen.
(Foto: Jonas Karlsbakk /BarentsObserver)

Forventningane var store da det starta opp. Når vi ser tilbake etter 8 år, har gruva da svart til forventningane – for aksjonærane, for arbeidarane, for kommunen og for lokalsamfunnet?

Økonomisk gikk oppstarten ikkje heilt etter forventningane. Gjenopninga var kostnadsberekna til 6–700 millionar kr.[36], men totalpris blei over 2,2 milliardar.(link) Ein har heller ikkje klart å halde det produksjonsnivået som var planlagt. I 2011 var produksjonen bare på halvparten av det ein hadde løyve til, først i 2013 nærma ein seg grensa for den produksjonen ein hadde kapasitet og konsesjon for.

Det viktigaste som avgjør om gruva er lønsam er sjølvsagt jernprisane på verdsmarknaden. I 2010 skreiv daverande adm. dir. John Sanderson: «I 2010 ser jernmalmprisene ut til å forbli høye i de kommende fem årene.» Slik skulle det ikkje gå. Prisen har gått nedover frå 2011, og er i slutten av 2014 under halvparten av det han var på det meste. Dette har sjølvsagt redusert inntektene kraftig, og i 2013 gikk bedrifta formelt med 10 mill. kr. i underskot. I 2014 har underskotet auka kraftig, opp til 40 mill. kr. bare i siste kvartal.

Våren 2012 kom meldinga om at Northern Iron prøvar å selje heile Sydvaranger Gruve. Indiske og russiske interesser var inne i bildet (link), men trakk seg når dei fikk tilgang på meir fakta. Indarane som bydde nærare 3 milliardar kr. for gruva er trulig glade i ettertid for at det ikkje blei noko av handelen, da verdien av Sydvaranger Gruve eit år etterpå var rekna til bare 100 millionar (link), eller det same som prisen før alle investeringane frå 2006.

Sjølv om lønsemda utvilsamt har gått ned, er det likevel mange som stiller spørjeteikn ved kor reelt underskotet har vore, om pengar kan vere stukke unna for å sleppe inntektsskatt. Northern Iron har oppretta eit dotterselskap i Sveits, Northern Iron Marketing AG, som dei i 2013 overførte 60 mill. kr. til. Og det formelle underskotet hindra ikkje bedrifta i å betale 6 mill. kr. i bonusar til leiinga i 2013. (link)

Under trugsmål om nedlegging, klarte bedriftsleiinga hausten 2014 å presse fagforeininga til å godta eit midlertidig lønnsnedslag på 3%. (link)

Det er ikkje bare inntektsskatt som selskapet prøvar å sleppe unna. Dei har og satsa hardt på å betale minst mogleg eigedomsskatt til kommunen. Denne skal normalt vere 7 promille av verdien, men kva er verdien? Skal ein ta utgangspunkt i at restane etter AS Sydvaranger i 2006 blei seld for formelt 102 mill. kr., reelt 50 mill., eller at bedrifta i 2012 blei verdsett til nærare 3 milliardar kr.? Sør-Varanger kommune ville legge substansverdien til grunn for skatteberekninga, mens bedrifta ville bare betale ut frå den minimale salssummen frå 2006. Sydvaranger Gruve gikk til rettssak mot kommunen i 2008, og saka gikk i fleire år for forskjellige rettsinstansar inntil Høgsterett i 2011 ga kommunen fullt medhald. (link)

Hundre år i strid

I historia om Sydvaranger og Sør-Varanger er det vanlig å legge vekt på bedrifta si rolle som hjørnesteinsbedrift. Og ingen kan nekte for at det har vore ein stor og viktig hjørnestein, ikkje bare for kommunen, men også for fylket og landet. Plassert i eit absolutt hjørne av landet, bare eit par kilometer frå grensa mot Russland, og i eit område dominert av samisk og finsk busetting fram til bedriftsetableringa har bedrifta vore ein hjørnestein for det norske Noreg. I mesteparten av tida frå 1906 har Sydvaranger vore den største arbeidsplassen i Finnmark og ein av dei største i Noreg.

I denne forteljinga har eg lagt vekt på å få fram ei anna side ved historia om Sydvaranger: Ei historie om hundre år i strid. For bedriftsleiinga og dei skiftande eigarane har frå starten av vore i strid. Først med dei opphavlige brukarane av området og med staten om konsesjonsvilkåra, så med eigne arbeidarar i den grad at fagforeininga og store delar av arbeidsstokken blei utelukka i mange år. Etter at størstedelen av anlegga var øydelagde under krigen var det strid om bedrifta i det heile skulle gjenreisast. Nedtrappings- og nedleggingsplanane førte i 1985 til ein av dei hardaste kampane som har vore i Noreg til forsvar av arbeidsplassar. Forholdet til kommunen har variert mellom lange periodar av godt (nokre kan meine tildels litt for nært) samarbeid, til harde strider og bitre ord, ikkje minst under den første ordføraren Andreas Wessel og under dagens Cecilie Hansen. Dei siste åra har den hardaste striden stått mellom bedrifta og miljørørsla.

Internt i bedriftsleiinga har det trulig vore langt meir strid enn det som har kome fram i offentligheita. Utan tilgang på interne kjelder kan vi bare ane denne, blant anna rundt spørsmålet om dagbrot eller overgang til underjordsdrift, eit spørsmål som har vore aktuelt i minst fire høve gjennom historia. Spørsmålet om forskjellige former for vidareforedling av sligen, til brikettar, pellets og forskjellige spesialprodukt må og ha vore gjenstand for atskillige diskusjonar innafor den tekniske og økonomiske leiinga. Kva som låg bak at i løpet av dei fem første driftsåra sa to administrerande direktørar opp og reiste sin veg, det kan vi bare spekulere i. Det seinaste er at striden har flytta seg heilt opp mellom styret og eigarar i Northern Iron, der den største eigaren framleis held seg skjult og derfor blir nekta plass i styret.

Finst det alternativ?

Historia til AS Sydvaranger / Sydvaranger Gruve AS viser at bedrifta fleire gongar har stått overfor viktige strategiske vegval på tre område: driftsmetode, foredlingsgrad og avgangshandtering.

Sjølv for ein amatør på området må det vere tillate å peike på to fatale feildisposisjonar. Den første var avgjerda som blei gjort både ved gjenoppbygginga etter krigen og gjenoppstarten i 2008 om å forkaste det påbegynte arbeidet med underjordsgruver og satse alt på dagbrot. Det andre var å gi opp omstillingsforsøka på 1990-talet og i staden gå til full nedlegging og rasering av ein stor del av produksjonsutstyret som kunne gitt grunnlag for meir lønsam produksjon.

I nogjeldande utsleppsløyve av 2012 sette Klif som eit av vilkåra at bedrifta skal utgreie alternativ bruk av avgangen. Her skulle vi ha skrive om det arbeidet bedrifta har gjort for å oppfylle dette kravet, men ingen ting tyder så langt på at noko er gjort. Når SVG forsvarer dei store utsleppa av avgangsmasse, blir det framheva kor rein denne massen er. Men rein masse burde vel og vere eit argument for at denne trygt kan brukast som byggemateriale?

Ei framtid for Sydvaranger?

Sydvaranger hører, trass fleire avbrot, til dei få gruvene i Noreg som har halde oppe drift i til saman rundt eit hundreår. Her er grunnlag for jernutvinning i enno minst 20 år, med noverande tempo. Dersom ein legg om til underjordsdrift kombinert med større grad av foredling, bør denne driftsperioden kunne forlengast enno meir. Signala frå dagens eigarar har så langt ikkje vore prega av langsiktig tenking, ein har heller fått inntrykk av at dei vil tømme og rømme så snart som råd. Det kjem fram av at dei har søkt om å få doble produksjonen og dermed redusere driftstida til eit tiår. Da vil dei heller ikkje vil vere interesserte i meir investeringar enn det som er nødvendig for å drive i denne tida.

Ved årsskiftet 2014/15 skreiv likevel Sydvaranger Gruve eit brev til Direktoratet for mineralforvaltning som gav litt andre signal. Her søker dei om å få starte prøvedrift i underjordsgruva, som var klartgjort i 1996, og som no snart er tappa tom for vatn. I søknaden blir det lagt opp til underjordsdrift i eit omfattande nett av gruvegangar under både Østmalmen og Vestmalmen, og på forskjellige høgdenivå heilt ned til 350 m under havoverflata. Her skriv dei om perspektiv på 29 års drift. Dette bygger på ein utnyttingsgrad på 29–39 % av malmen. Denne vil trulig kunne aukast kraftig om ein innfører tilbakeføring av avgang til gruva og brukar denne til å støtte opp så meir malm kan takast ut.

Vinteren 2014/15 har meldingane i media kome tett om pessimistiske utsikter for Sydvaranger Gruve, og det blir spekulert i om det går mot konkurs. 09.03.2015 var aksjekursen bare 0,5 % av det han var 7 år tidligare. Framtida for bedrifta er altså uviss. Det kan framleis bli drift i 10, 20, 30 eller 40 år. Eller det kan bli konkurs i løpet av året som kjem, eventuelt med ny oppstart om eit år eller ti.

Samtidig ser vi at det store spelet om Sydvaranger og Sør-Varanger har fleire sider enn sjølve gruva, og her blir det fortsatt satsa på fullt. Sør-Varanger er eit bruhovud mot Russland og Nordaustpassasjen og her har ein frå nedtrappinga og nedlegginga av AS Sydvaranger bygd opp ei rekke verksemder med auga vend austover, som skipsverkstaden Kimek, oljeomlasting m.m.

Eg innleia dette kapitlet med ei grunnstøyting på gamal gruveavgang i Langfjorden. 25 år etter denne grunnstøytinga fikk Fylkesmannen i Finnmark tilsendt Søknad om mudring ved Kirkenes Industrial Logistics Area. Planen er å bruke gruveavgangen til å bygge eit større hamneområde, og mudre opp der vi gikk på grunn, så langt større båtar kan legge til kai. I november 2014 innvilga Fylkesmannen søknaden. Så kjem no endelig avgangen i Langfjorden til nytte. Det kan bli vanskeligare å finne ein gjenbruk for dei over hundre millionar tonn som ligg på botn av Bøkfjorden.

Fotnotar

[1] Ei meir detaljert oversikt over utviklinga av befolkningssamansettinga kan ein finne i denne artikkelen: Silja Støyva Arvola: Sydvaranger A/S 1906-2003. Fra storindustri til kulturminne. I: Berg (red): Kulturvern ved bergverk 2003.
[2] Ellisif Wessel (1866-1949) kom i 1886 til Kirkenes og budde der resten av livet. Ho var gift med distriktslege / ordførar Andreas Wessel,kjent som fotograf, forfattar og sosialistisk aktivist, og var sekretær i fagforeininga Nordens Klippe den føste tida etter oppstarten i 1906, seinare var ho kasserer eit par år.
[3] Odd Harald Kvammen: AS Sydvaranger – En norsk pioner innen gruvedrift i det 20. århundre. I: Østensen (red): Kulturvern ved bergverk 2012
[4] Aage Lunde: Sør-Varangers historie. Sør-Varanger kommune 1979, s. 348
[5] Steinar Wikan: Grubeforeningen Nordens Klippe. Arbeiderkamp i nord 1906-2006. Pax 2006. s. 120
[6] Kåre Fasting: Aktieselskabet Sydvaranger 1906–1956.
[7] Gjenreisinga og driftsalternativa er skildra i artikkelen: Odd Harald Kvammen: AS Sydvaranger – En norsk pioner innen gruvedrift i det 20. århundre. I: Kulturvern ved bergverk 2012.
[8] Sjå kapittel A2 om Kvalsund.
[9] Steinar Wikan: Grubeforeningen Nordens Klippe. Arbeiderkamp i nord 1906-2006. Pax 2006. s. 118
[10] Lund, Henrik: Sydvaranger. Mittet 1929
[10a] Miljøundersøkelser i fjordsystemet utenfor Kirkenes i Finnmark.Bløtbunnsfauna og sedimenter. NIVA 1989
[10b] Miljøundersøkelser i fjordsystemet utenfor Kirkenes i Finnmark. Bløtbunnsfauna, sedimenter og partikler i vann.0 NIVA 1995
[11] Astrid Daniloff, leiar i Sør-Varanger sjølaksefiskarlag, i intervju med forfattaren, september 2014.
[12] Dioksin er eit samlenamn på fleire klorhaldige stoff som blir danna ved forbrenning av organisk materiale når det er klor tilstades. Dioksin kan svekke immunforsvaret og føre til ei rekke sjukdomar bl.a. kreft. (Wikipedia)
[13] Astrid Daniloff i intervju med forfattaren, september 2014.
[13a] NOU 1983:31 Statens engasjement i Tofte- og Emden-konkursene : innstilling
[14] Blant desse var Bidjovagge Gruber, sjå kap. 2.
[15] Torstein Dahle: Dokumentasjon vedrørende påstandene om enorme statlige driftssubsidier til arbeidsplassene ved A/S Sydvaranger. 1985
[15a] Innstilling fra næringskomiteen om bedrifter hvor staten v/Nærings- og handelsdepartementet har eierinteresser.
[16] (LEITAR ETTER KJELDA)
[17] Einar Berg: Sydvaranger – Nedleggelse i 1997, nye forsøk og endelig oppstart i 2009. I: Berg (red): Kulturvern ved bergverk 2012.
[18] Med i kjøpet var det ein konto på 50 mill. kr., slik at den reelle salssummen ikkje var meir enn omlag 50 mill. kr.
[19] Dette var tittelen på ei bok med bilde og tekstar frå gjenopninga av Sydvaranger Gruve. Boka blei gitt ut av Tschudi Shipping Company i 2010, med foto av Bente Geving og Per Berntsen, tekstar på norsk og engelsk av Kjartan Fløgstad, Alf. R. Jacobsen og Steinar Wikan. Tittelen spelar på uttrykket «Down under» for Australia, som no altså har fått ei gruve langt mot nord.
[20] Original tekst: «Northern Iron is an Australian company headquartered in Perth which was formed to acquire the Sydvaranger Iron Project in northern Norway.»
[21] I Sydvaranger Gruve sin utsleppssøknad blir dette omtalt slik: «Kommunen har i meddelelse til selskapet av 13.06.07 redegjort for plan- og reguleringsstatus, og at kommunen på bakgrunn av denne og tidligere kunnskap om tiltaket ikke finner grunnlag for krav om konsekvensutredning.»
[22] Brev frå Fylkesmannen i Finnmark til Sør-Varanger kommune 19.06.2009. Dette er enno grundigare utgreidd i brev frå Fylkesmannen til SFT 14.04.2009
[23] Ávvir 23.04.2009. Omsett frå samisk av forfattaren.
[24] (LEITAR ETTER KJELDA)
[25] NRK Sápmi 14.10.2012, http://www.nrk.no/sapmi/_-gruveslam-har-utradert-bunndyrene-1.10841363
[26] Gruvekjemikalier i sedimentene i sjøområdene utenfor Kirkenes i 2009.
[27] Representantar for Sydvaranger Gruve i intervju med forfattaren 11.09.2014.
[28] Original tekst: «We create chemistry for a sustainable future. We combine economic success, social responsibility and environmental protection.»
[29] Leiar Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet i intervju med forfattaren, våren 2014.
[30] Ordførar Cecilie Hansen i intervju med forfattaren, september 2014.
[31] Utviklingsdirektør Harald Martinsen i e-post til forfattaren, 22.10.2014
[32] Klage på vedtak - Endret tillatelse til Sydvaranger Gruve AS til virksomhet etter forurensningsloven 13.06.2012 Høringsuttalelse til søknad fra Sydvaranger gruve AS om en økning på ytterligere 2,5 tonn av tillatt mengde av vannbehandlingskjemikaliet polyDADMAC 07.11.2013
[33] Til rettssaka blei det laga ei historisk utgreiing: Steinar Wikan: Utviklingen av reindriften i Sør-Varanger. 2011
[34] Egil Kalliainen i intervju med forfattaren, 17.11.2014
[35] «The partnership with Sydvaranger represents Orica’s first major integrated rock on ground services contract in Norway. Across Europe, the agreement will be the largest single sales contract and globally becomes the largest ROG services contract for Orica».
[36] Sydvaranger Gruve sin søknad om utsleppsløyve 27.07.2007.


Til neste kapittel