Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 1 – Omstridde gruver

.

Kapittel 2

«Mølja e knall – Kobber smaker pyton!»

KVALSUND

demo

Enno i 2014 kunne ein sjå levningar etter Folldal Verk si gruve i Repparfjorden på 1970-talet.
(Foto: Basia Głowacka)

demo

Den aller første demonstrasjonen mot Nussir foregikk ved kommunehuset i Kvalsund mars 2013. F.v. Fabrice Caline, Annie Henriksen og Marion Palmer.
(Foto: Basia Głowacka)

Overskrifta på dette kapitlet var ein av parolane da naturvernarar i mars 2013 demonstrerte mot planane om koppargruve ved Repparfjorden (Riehppovuotna) i Kvalsund (Fálesnuorri). Da hadde kopparmalmen i dette området vore kjent i fleire hundre år, og det var gjort atskillige forsøk på drift, som alle hadde vore relativt kortvarige. Vi skal sjå på den leitinga og drifta som har vore, før vi tar for oss dagens planar og stridsspørsmåla i eit av dei aller mest omstridde gruveprosjekta i norsk historie.

Innhald

Del 1 – Tidligare koppargruver i Kvalsund
Gruver og gruveselskap i Kvalsund gjennom tidene
Skjerpefeber rundt 1900
Den første drifta i Repparfjorden
Inga forureining på 70-talet?
«Tragisk feiltakelse»

Del 2 – Nye planar om koppargruve
Ny leiting 1978–2005
Wega Mining
Frå Terra Control til Nussir
Undersøkings- og utvinningsrett
Planprogram og reguleringsplan
Ingen behov for meir undersøkingar?
Nye undersøkingar likevel
Plass til rein og gruve?
Avgang som problem eller ressurs?
Sjødumping alias sjødeponi
Grundige undersøkingar?
Legg avgangen seg til ro?
Kva inneheld utsleppet?
Nasjonal laksefjord og gytefelt for torsk
Forsking på «hobbyrommet»
Gjeld ikkje vassforskrifta?
Radioaktiv stråling
Saka i Kvalsund kommune
Fylkesutvalg med forbehold
Fylkesmann i mange roller
Nøytralisering av motstand i offentlige organ
Sametinget på begge sider
Nussir informerer
Millionar og milliardar
Kløyva eller samla motstand?
Bruke eller bryte lova?
Eit stadig lengre løp
Kva kan skje framover?

Del 3 – Anna bruk av gruveområdet
Gråstein og grums i Repparfjorden
Brann i tunnel
Kompliserte eige- og leigeforhold
Pukkstein for milliardar?
«Firma med rufsete fortid»
Boreslam i månelandskap
«Ser alvorlig på avviket»
Kaiavtale med ikkje-eksisterande selskap
Konsesjonssøknad på kjempesteinbrot

Gruver og gruveselskap i Kvalsund kommune gjennom tidene – Eit forsøk på ein oversikt

Stad Årstal Selskap Eigarar Aktivitet
Porsa 1900–11 Porsa Copper Mines Ltd engelsk periodevis drift
Porsa 1918–32 Porsa kobbergruber bl.a. Christian Michelsen drift
Neverfjord – Vesterdalen 1900–06 Vesterdalen Grubecompagnie norsk, svensk drift
Gjevebukt/Beretsjord ca. 1900–04     prøvedrift
Halsevatn 1902–04     prøvedrift
Repparfjord – Ariselva 1903–10 Nordiske grubekompani Nordiska grufaktiebolaget drift
Repparfjord – Ulveryggen 1955–57 Invex Corporation kanadisk undersøking
Repparfjord – Ulveryggen 1963–70 A/S National Industri amerikansk rettar, ingen drift
Repparfjord – Ulveryggen 1970–84 Folldal Verk Borregaard drift 1972-78
Repparfjord – Nussir 1984–96 Aspro Sydvaranger undersøking
Repparfjord – Ulveryggen 2005-08 Wega mining norsk, bl.a. Jan Haudemann-Andersen undersøkingsrett
Repparfjord – Ulveryggen 2008–10 Metallica Mining norsk, bl.a. Jan Haudemann-Andersen undersøkingsrett
Repparfjord – Nussir 2000–2005 Terra Control Per Jon Moen undersøkingsrett
Repparfjord – Nussir 2005–14 Nussir AS / ASA norsk og div. utanlandsk undersøkingsrett, utvinningsrett

Skjerpefeber rundt 1900

Gruvedalen ved Halsevatn i Kvalsund. Her var prøvedrift etter koppar 1902-04. Spora synest framleis godt i terrenget.
(Foto: Marion Palmer)

Kor lenge det har vore leiting etter og drift på kopparmalmen i Kvalsundområdet er vanskelig å seie sikkert. Den eldste kjente forteljinga om kopparmalm her er frå 1715. I tidsskriftet Bergverks-Nytt (6/1972) blir det hevda at det i 1758 skal det ha blitt skipa ut 60 pund reint koppar over Hammerfest tollstad. (link) I såfall må her ha vore både gruver og smeltehytte. Det er sagt at dette kom frå gruver ved Neverfjord–Porsa-området. I fjellet der er det funne teikn på gamal gruvedrift som kan ha vore frå den tida. Opplysningane er likevel usikre og stemmer dårlig overens med at Hammerfest tollstad først blei oppretta i 1787.

Meir sikker informasjon har vi først frå slutten på 1800-talet. Geologiske undersøkingar i Vest-Finnmark i 1868 og 1883 slo fast at det var kopparmalmførekomstar over heile Kvalsundhalvøya frå Repparfjord til Porsa, og at det og var teikn på koppar innover mot Altafjorden frå Komagfjord (Gámavuotna) til Leirbotn (Ráirrovuotna). Neverfjord (Náivuotna), Gjevebukt (Geavluokta) / Beretsjord (Biretčievra), Porsa (Borsi), Halsevatna (Čeaváhašjávrrit) og to stadar nær Repparfjorden.

På slutten av 1800-talet oppsto den reine skjerpefeberen, og i perioden 1895-1905 blei det tatt ut ei rekke mutingar i Kvalsundområdet. Frå 1902 blei det meldt at «Nylig lestes på kirkebakken etter søndagsgudstjeneste i Kvalsund ikke mindre enn 50 registreringer av muting og skjerp i Kvalsund herred.»[2]

Samtidig som lokale skjerparar leita, blei det og gjennomført vitskapelige undersøkingar, Geologiprofessor Johan Herman Lie Vogt gjorde undersøkingar etter kopparmalm forskjellige stadar i Kvalsund i tida 1903-07.(link)

30.05.1904 prenta den samiskspråklige avisa Sagai Muittalægje denne artikkelen om skjerpefeberen i Kvalsund:

Gruvearbeid i Kvalsund kommune

Brev til «Sagai Muittalægje»

Kvalsund kommune hører til Hammerfest prestegjeld. Her har dei siste åra vore full skjerpe-feber. Folk har flittig gått i fjellet med hammar og leita etter koppar, og nokre har også funne. I Neverfjord har det vore gruvearbeid igang allereie i over tre år, og mye koppar er tatt ut der og seld. Der er bekosta mange bygningar. Dei første eigarane selde så sist haust koppargruva si med bygningar og fikk for det 125,000 — hundre og tjuefem tusen — kroner. Det var alt for lite, som dei fikk, men dei mangla pengar til å drive gruva. Derfor måtte dei selje til den prisen. Dei nye eigarane er norske og svenske pengefolk, og dei skal ha ein halv million kroner, som dei byrjar å arbeide med. Denne vinteren har det ikkje vore meir enn 20 mann i arbeid; men i løpet av sommaren skal det visst bli større drift.

I Kvalsund er det også funne koppar. Her har no vore prøvedrift i eit heilt år. No nylig blei det sendt 250 tonn koppar til England. (Eit tonn er 1000 kilo). Det er ein engelskmann, som gruva i Kvalsund hører til. Den samme engelskmannen eller engelskmennene skal no starte gruvearbeid også i Saraby [Jiepmaluokta] i Vargsundet [Várggonuorri]. Der skal det vere god von. Der er masse koppar å sjå. No blir der sett opp brakker for gruvearbeidarane. Engelskmennene har nok pengar.

I Repparfjorden blir det også prøvedrift denne sommaren. Det er svenskar, som der forsøker å få igang drift. På Beretsjord har konsul Person, ein svenske, brukt siste året og denne vinteren til prøvedrift, men det er ikkje sikkert om han blir å kjøpe dette kopparskjerpet.Slik er det her i Kvalsund kommune fem stadar, der det er von om at det blir gruvedrift.

Mange har her seld skjerpa sine og fått mye pengar. Eg veit om ein kar, som fikk 2500 kr. for skjerpet sitt, ein annan, som fikk 1500 kroner, tredje og fjerde som fikk 1000 kroner. Det er sikkert at mange av skjerpa ikkje er verdt ei krone. Men av dette ser vil at det nok nokre gongar kan vere slitet verdt å gå i fjellet og leite koppar i desse lyse dagar og netter.

Porsa gruver i 1919
(Foto: Hammerfest historielag)

Hamna i Porsa i gruvetida
(Arkiv: Finnmark fylkesbibliotek)

Mellom 1900 og 1931 blei det i fleire kortare periodar drive ut kopparmalm ved Øvre Porsavatn (Bajit Borsejávri) søraust for Porsa. Seinare har dette vatnet også blitt kalla Gruvevatnet. Det var fleire selskap innblanda, bl.a. det engelske selskapet Porsa Copper Mines Ltd., seinare AS Porsa Kobbergruber. Christian Michelsen[3] sikra seg rettane både til mineral og vasskraft her, og i 1918 blei det bygd eit kraftverk i tilknyting til gruva. Etter at gruva i 1931 blei lagt ned pga. dårlig kopparpris, blei kraftverket utvida og vatnet demma opp slik at det i dag er lite å sjå etter dei gamle gruvegangane.

I 1900 blei det gjort funn av kopparmalm i Vesterdalen (Náivuonvággi), 5–6 km opp frå hamna i Neverfjord. Hovudgruva låg her heilt oppe på Ivttašvárri, på omlag ca. 400 m.o.h. Malmen var rik, men driftsforholda var vanskelige. Det var omlag 70 mann i arbeid og transporten ned til Neverfjord gikk med hest og kjerre eller slede. Vesterdalen Grubecompani blei starta av fleire nordmenn. I løpet av få år var det ei rekke endringar i eigarforholda, ein stor del blei overtatt av den svenske konsul Persson, som da også eigde koppargruvene i Kåfjord (Gávvuotna) i Alta og i Sulitjelma. Det var konflikt med kommunen fordi selskapet ikkje betalte inn skatt, og i 1906 gikk arbeidarane til streik fordi dei ikkje hadde fått utbetalt lønn på fleire månadar. Like etter blei bedrifta slått konkurs og det har seinare ikkje kome igang drift der.

Den første drifta ved Repparfjorden

Om ein går den gamle gruvevegen oppover frå Repparfjordbotn mot Ulveryggen, kan ein finne slike rester etter skjerp frå tidlig på 1900-talet.
(Foto: SL)

Ved Ariselva (Árešjohka) på vestsida av Repparfjordbotn fann samen Anders Monsen frå Repparfjorden kopparmalm omlag 1900. Nordiske Grubekompani, eit underselskap av det svenske Nordiska Grufaktiebolaget, skaffa seg leiterett i 1903 og fikk i 1905 driftskonsesjon for eit 30 km2 stort område. Det blei starta prøvedrift i 1904, og frå 1905 var 30–40 mann i arbeid. Drifta varte bare til 1910, og blei offisielt avvikla i 1915. Sjølv om drifta blei avslutta etter få år, var det fleire gongar forskjellige selskap som viste interesse for kopparressursane her. I 1918 var nokre amerikanske bergverksfolk i Kvalsund. Dei skal ha vore frå eit av dei største kopparselskapa i verda. I 1955–57 blei undersøkingane tatt opp igjen av kanadiske Invex Corporation Ltd. Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) var også inne i bildet og samla bekkesediment i 1959. I 1963 blei rettane overtatt av A/S National Industri. Dei selde i 1970 vidare til Folldal Verk, som på denne tida var eigd av det norske industrikonsernet Borregaard.

Inga forureining på 70-talet?

Tunnelinngang på Ulveryggen, bygd under drifta på 1970-tallet, nå gjenfyllt.
(Foto: SL)

Eit av dagbrota på Ulveryggen. Her er ikkje gjort stort for å rydde opp etter at drifta stansa i 1978.
(Foto: SL)

Folldal Verk starta anleggsarbeid i 1970, og bygde oppreiingsverk ved Repparfjorden. Produksjonen kom i gang i 1972 og utvinninga var på fjellet Ulveryggen (Gumpenjunni), for det meste i dagbrot. I ein lengre reportasje i bladet Bergverks-Nytt nr. 6/1972 blei anlegget skrytt opp i skyene. Den malmen som da var kjent, skulle gi grunnlag for 20–25 års drift, med 600 000 tonn malm for året, og optimistisk rekna ein med å finne meir malm i nærleiken, så driftstida kunne doblast.

Vona var stor, men kva blei resultatet? Allereie i den nemnde reportasjen kom det fram to moglege fallgruver. Det eine er at det blir innrømt at det er ein ganske fattig malm. Det andre at føresetnaden for lønnsam drift var ein kopparpris på 420–430 £ pr. tonn. Utover 70-talet rasa prisane nedover, samtidig som kopparinnhaldet i malmen heldt seg svært lågt, gjennomsnittlig låg det på 0,66 % Cu.

Kvifor rasa kopparprisane? Chile var den gang, som i dag, den største kopparprodusenten i verda. Da sosialistane med Salvador Allende som president kom til makta i 1970, nasjonaliserte dei gruveindustrien. Det første til amerikansk boikott og kopparprisen steig. Da Augusto Pinochet tok makta i eit USA-støtta kupp i 1973, blei boikotten oppheva og billig chilensk koppar oversvømte verdsmarknaden. På same tida kom mye polsk koppar ut på marknaden. Folldal Verk blei ei av mange koppargruver som ikkje lenger var lønsame.

Om avgangen frå verket skreiv Bergverks-Nytt: «Avgangen føres ut i sjøen gjennom en 6–700 meter lang plastledning, til ca. 50 meters dyp. Marinbiologisk stasjon i Tromsø har foretatt undersøkelser av strøm- og bunnforhold og studert plante-, fiske- og dyrelivet i sjøen. Arbeidet vil bli fortsatt. Avelvevannet som drenerer Ulveryggforekomsten, er det sendt prøver til Inspektøren for Ferskvannsfisket. ... Avgangen man får etter grovfloteringen består vesentlig av finmalt kvarts- feltspat-, glimmer- og kloritt-mineraler. Den er blandet med kalk og vann og inneholder ingen giftige stoffer eller syrer. Ingen av avfallsproduktene antas å representere noen fare for luftforurensning eller beskadigelse av plante-, fiske- og dyrelivet ved og i Repparfjorden. Folldal Verk går også her inn for å kartlegge og løse problemkomplekset med naturvern så langt dette er mulig.» (Mi utheving. SL.)

Fiskebåt i Kvalsundet.
(Foto: SL)

Kva skjedde så i praksis? Det seier seg sjølv at når ein fyller nokre millionar tonn avfall ut i ein fjord, vil eit absolutt minimum vere at dyre- og plantelivet blir borte i utsleppsområdet under utsleppsperioden og nokre år etterpå. [4] Dei fleste gruveselskap har da heller ikkje nekta for dette. Men utsleppa hadde og store verknadar for fiskebestanden i fjorden og Repparfjordelva (Riehpovuonjohka).

Fiskarar fortel om redusert fiskebestand og om fisk som var skada og vanskelig å få seld. Dette varte i driftsperioden og ei tid etterpå.1 Det gjaldt både botnfisk som flyndre og pelagisk fisk som torsk. Repparfjorden var og kjent som ein god sildefjord, og kvalen brukte å beite på silda. Men etter at gruveutsleppet starta, forsvann silda og med den kvalen. Først i dei siste åra har silda og kvalen byrja å komme tilbake.

I samband med konsekvensutgreiinga for ny drift blei det rundt 2010 intervjua fleire av dei som fiska på Repparfjorden på 1970-talet. Her gjengir vi eit par utdrag:
Helge Hansen, Klubben: Vi fulgte fisken innover på nordsiden av Repparfjorden. Det var en god del sild i lag med torsken, og det var i området der dem slapp ut slammen. Torsken var ikke etanes, og særlig på levra kunne man merke smaken. På den tiden var det svært vanskelig å få solgt fisken fra Repparfjorden. Til fersk anvendelse tok dem ikke imot fisken, ute i Havøysund. Fisken var rett og slett av svært dårlig kvalitet. Fisken var rød inne ved beinan, og særlig den magreste fisken var dårlig.

Bjørnar Nilsen og Yngve Nilsen, Markopnes: Det ble mindre fisk etter hvert og utslippene fra gruvedrifta har hovedskylden. De hadde en slange ut i fjorden, og der ble det 15 meter grunnere. Det la seg et lag med slam på bunnen helt utafor Fægfjord. Når det ble brukt snurrevad så ble slammen som lå på bunnen rota opp. ... Når man drog garnan så båten ut som et skyllekar, og fisken var helt grå. Når man skar i den så knasa det. Fisken lukta og var ikke etanes. Det var en herifra som tok prøver av fisken, og sendte til Tromsø. Men de prøvene er blitt borte og vi fikk aldri noe svar. Man hører at noen sier at det ikke finnes dokumentasjon på at utslippene fra gruva ødela, men det brukes kun som en tynn unnskyldning....[5]

Folk som på same tida fiska lenger ut i Repparfjorden og i Kvalsundet fortel at det ikkje var tilsvarande problem der.

Historia om kva som skjedde på 1970-talet har no blitt ein del av kampen om nytt sjødeponi. Nussir og tilhengarane av sjødeponi seier det slett ikkje var så ille som det er hevda av nokre fiskarar, og at hovudårsaka til at fisket på Repparfjorden gikk tilbake ikkje var gruveutsleppet, men derimot overfiske bl.a. med snurrevad.

Vest-Finnmark Jeger og Fiskerforening har laga denne grafen over utviklinga av laksefangsten i Repparfjordelva, og Knut Altmann har skrive denne forklaringa til grafen: "Det var forventet en økning i bestanden ut over 70-tallet da foreningen drev med et omfattende kultiveringsarbeide med klekking og utsetting av yngel i vassdraget. Denne økningen uteble samtidig som unormale høye snittvekter begynte å komme til syne etter 1973, etter to års utslipp. Dette indikerer smoltdød ved at den smolten som skulle bli smålaks etter ett år i sjøen mer eller mindre fikk en reduksjon i antallet. At man har en del variasjon er forventet for enkelte år kan forurensingen ha vært mer eller mindre skadelig i forhold til strømfohold m.m. slik at eksponeringen på smolten varierer. Det kan se ut som om utgangen av smolt 1977 ble "forskånet" og man fikk opp mer smålaks 1978. Etter 1978 kommer de virkelige negative effektene og noe helt unormalt skjer. Dette kan forklares med at forurensingen var størst de siste årene av driften og det er logisk ved at store mengder avfall hadde opphopet seg i bunnen av fjorden der smolten vandrer og beiter. Det er å forvente at man får senvirkninger og at har man skadet en bestand tar det mange år før den kommer tilbake til normalt nivå igjen. At man får en bestandsnedgang 4 år etter hverandre som 1978–82 er helt unormalt og i tillegg hadde man ikke den utviklingen i nærliggende vassdrag som Alta og Lakselv, der 1982 var meget bra. Dette sier at det ikke var svingning i bestanden i havet. I tillegg til smoltdød ble det også en redusert bestand av gytelaks i elva og derav senskader da yngelen oppholder seg 5-6 år i elva før den går ut som smolt. Det vil si at dersom gytelaks ble forstyrret i oppgang ved utslipp i 1973 så vil det komme til uttrykk som mindre smolt ut 1978 og 1979, osv. Detter er meget komplekst men summa summarum så skjedde det negativ utvikling i og etter gruveperioden og har det ikke hvert for det kultiveringsarbeidet foreningen gjorde med utsett av yngel både under og etter gruvedriftsperioden hadde nok skaden blitt mer alvorlig og "normaliseringen" hadde tatt lenger tid."

For laksen i Repparfjordelva, som måtte passere over utsleppsområdet, har vi derimot meir fakta. Vest-Finnmark Jeger- og Fiskerforening har forpakta Repparfjordelva siden 1931, og med langvarig kultiveringsarbeid bygd opp elva til ei av dei beste lakseelvene i landet. Foreininga har ført nøye statistikk over fangsten, og denne viser ein kraftig nedgang i talet på fisk som blei tatt i elva i utsleppsperioden og ei tid etterpå. Samtidig gikk den gjennomsnittlige storleiken på den fanga fisken opp. Dette tyder på at mesteparten av smolten [6] omkom på veg ut Repparfjorden. Koppar er særlig farlig for smolt av anadrome [7] fiskeslag, fordi han blokkerer enzym som skal regulere saltbalansen. Dermed blei det minimal tilgang på ny gytefisk, og det som blei fiska i elva var fisk som allereie var vaksen før utsleppa starta.

Mye tyder på at det ikkje bare er i Repparfjordelva at fiskebestanden blei ramma av gruveforureininga. Repparfjorden er og beiteområde for sjørøye og sjøaure som går opp i Kvalsundelva, og her var det eit registreringsprosjekt i denne perioden. Dette viste alvorlig nedgang i laks, sjørøye og sjøaure.

Det var ikkje bare inne i Repparfjorden at ein kunne sjå gruveavfallet i sjøen. Heilt borte i Kvalsundet, der det no er bru over til Kvaløya (Fála), kunne ein sjå at vatnet var uklart når straumen gikk den vegen. Men noko vitskapelige undersøkingar blei visst ikkje gjort.

Kvalsund kommune hadde jubla for igangsettinga av gruva. Nye hus blei bygde og skatteinntektene dobla, sjølv om ein stor del av denne auken gikk bort i tilrettelegging for gruveverksemda. Frå kommuneleiinga var det liten frykt for at drifta kunne skade livet i sjøen. I ein TV-reportasje frå 1972 (link) stilte NRK sin reporter Odd Smith Robertsen eit velvillig og leiande spørsmål til ordførar Henning Bårdsen (A) og fikk svar som forventa:
«– Og noen forurensningkilde er denne bedriften visstnok ikke?
– Nei så vidt vi er bekjent så er det ikke noen forurensing som skjer i tråd med det som utvikles her i kommunen. Det som slippes ut på Repparfjorden synes å være uskadelig og det er vi selvfølgelig glad for, ikke minst på bakgrunn av at Repparfjorden er en meget rik fiskefjord. Og vi håper selvsagt at den fortsatt skal være like ren som tidligere.»

35 år etter at gruva var lagt ned og deponeringa tok slutt, blei det som ledd i vassforvaltninga gjort Tiltaksanalyse for Sørøya, Seiland, Kvaløya med innland 2013-2015. Der er det slått fast: «Repparfjorden indre ... er miljøtilstanden satt til moderat på grunn av forhøyede nivåer av kobber (Tilstandsklasse 3) i sedimenter på en stasjon (en prøve). Årsaken til de forhøyde nivåene av kobber kommer som følge av gruveaktiviteten som pågikk på 1970-tallet. Folldal verk i Kvalsund slapp ut avgangen til Repparfjorden. Det er ikke planer om å gjennomføre tiltak. Denne delen av Repparfjorden har relativt høy tilførsel av partikler fra Repparfjordelva og kobbernivåene i overflatesediment vil over tid gå tilbake som følge av naturlig sedimentering.»
Etter 35 år er det altså fortsatt dårlig tilstand, og ein satsar på at det vil betre seg over tid. Dette stemmer dårlig overeins med påstandane som stadig blir gjentatt av tilhengarane av sjødeponi, om at 2–5 år etter at deponering er opphørt vil alt vere normalisert igjen.[7a]

«Tragisk feiltakelse»

Oppreiingsanlegget etter Foldal verk sett fra Repparfjordbotn. På toppen til høgre ser ein sjakta der malmen blei styrta ned til knuseverket.
(Foto: SL)

Hausten 1976 kom varselet om at Folldal Verk ville seie opp 40 mann [8], og to år etter var det slutt. Det var da tatt ut vel 3 millionar tonn malm, eller 1/3 av dei førekomstane som da var kjent.

Etter nedlegginga heldt Folldal Verk fram nokre år med leiting, og allereie året etter nedlegginga fann ein nye førekomstar.

Likevel var det i denne tida ganske negative vurderingar av utsiktene til gjenoppstart. Geolog Arne Bjørlykke, leiar av NGU sitt Finnmarksprosjekt, uttalte i Altaposten 16.07.1983 at «-- de forsøkene som ble gjort på gruvedrift i Biedjovággi og i Repparfjord, sannsynligvis var tragiske feiltakelser. Tragisk fordi de ble igangsatt i områder hvor det var få arbeidsplasser fra tidligere og folk fikk forhåpninger til prosjektene, feiltakelser fordi driften ble igangsatt på for spinkelt grunnlag. ... Det er å håpe at man kan slippe å gjøre slike feildisponeringer igjen.»

Ny leiting 1978–2005

Etter at Folldal Verk la ned drifta, heldt dei fram å leite nokre år. Da fann dei kopparmalm i Nussir, men forsto ikkje da kor stort dette funnet var. Etter få år trekte dei seg ut, mens andre heldt fram å leite. I 1987 meldte avisa Finnmarken:
«I Repparfjorddistriktet er det funnet en 7,5 km lang «åre» med relativt høy gehalt av kopper. I tillegg inneholder den noe sølv og gull. Selv om renhetsgraden er mer enn tre ganger så høy som den var i Repparfjord Gruvers malm, så behøver det ikke bety at den er økonomisk drivverdig. Denne forekomsten er nemlig bare rundt tre meters mektighet, og man må i tillegg regne med å drive underjordsdrift.»

02.05.1990 skreiv Finnmark Dagblad at «den såkalte Nussir-forekomsten er blant de største i utbredelse i Europa og strekker seg omlag en mil i terrenget». Det var da igang eit prospekteringsarbeid over fleire år, berekna til 3 mill. kr., og offentlige tilskot dekte 2/3 av dette.

Undersøkingar gjort av AS Prospektering (tidligare Sydvaranger sitt prospekteringsselskap) og SINTEF i 1991 konkluderte med at det ikkje var økonomisk lønsamt å drive her. Seinare blei det gjort andre vurderingar, og 15 år seinare var det to selskap som ville sette igang gruver ved Repparfjorden. Vi skal sjå litt på kvar av dei, og korleis det eine selskapet forsvann og det andre sto igjen.

Wega Mining

Om ein i tida 2007-10 forsøkte å følgje med på kven som dreiv kva i Repparfjorden, var det lett å bli forvirra. Snart var det Wega Mining som skulle starte drift, snart var det Metallica Mining.

Kven var så Wega Mining? På aksjespekulasjonsnettstaden Stocktalk blei selskapet i 2007 presentert slik: «Wega Mining ASA er eit Oslo-basert internasjonalt gruveselskap fokusert på undersøking, utvikling og drift av ressursar av gull, koppar og sink. Selskapet har for tida utvinningsrettar i Guinea, Mali, Canada, Portugal, Ecuador, Romania og Noreg, og eit utviklingsprosjekt på gull og koppar i Canada. Det blir handla på Oslo Axess, ei omsetting regulert av Oslo Børs.» [9] Selskapet blir same stad omtalt som svært løfterikt, og som «et internasjonalt gruveselskap som satser på aggressiv prospektering og utvikling av gull-, kobber- og zink-forekomster.»(Mi utheving. SL) Den største aksjonæren i Wega Mining var i 2008 ein av dei aller rikaste i Noreg, Jan Haudemann-Andersen, gjennom investeringsselskapet Datum.

I 2006 overtok Wega Mining undersøkingsretten til eit område rundt det gamle gruvefeltet på Ulveryggen. Der planla dei å starte drift i dagbrot. I 2008 søkte Wega om utmål (utvinningsrett), og rekna da med å kunne starte gruvedrift eit år seinare. Fylkesordførar Runar Sjåstad ivra for at Wega skulle få løyve og uttalte at dette var svært viktig for Finnmark. (link) Sametinget sa derimot nei (link) og styret i Finnmarkseiendommen (FeFo) delte seg på midten da det behandla saka 18.04.2008. Med leiaren si dobbeltrøyst blei det vedtatt å gå mot søknaden. (link) I vedtaket heiter det at verken Kvalsund kommune eller Bergmesteren har vurdert søknaden etter Sametingets retningslinjer for endra bruk av utmark. I tillegg viste fleirtalet til motstanden frå reindrifta. 27.05.2008 meldte NRK at Bergmesteren sa ja til at Wega Mining skal få utmål. (link) Men sidan FeFo hadde gått mot søknaden, måtte den vidare til Næringsdepartementet. No engasjerte styret i Finnmark Arbeiderparti seg i saka og vedtok samrøystes å be Næringsdepartementet om å gi Wega Mining AS utmål. Det hjalp likevel ikkje, for departementet slo fast at søknaden hadde heile sju manglar i forhold til krava i lova, og at denne derfor måtte avvisast. (link) Selskapet lova å oppfylle krava, men så langt kom det aldri. Søknaden blei trekt 27.10.2010, men da var allereie Wega Mining på god veg ut av historia.

I 2008 blei Metallica Mining skilt ut frå Wega Mining. Wega Mining skulle konsentrere seg om gulleiting, mens Metallica skulle ta seg av koppar og andre metall. Metallica overtok da rettane i Kvalsund. I 2009 presenterte finansdirektøren i Metallica Mining selskapet slik: «Metallica Mining skal ikke være et produserende selskap. Forretningsideen er å lete etter basemetaller og dokumentere ressurser, for så å avhende disse mot oppgjør enten i form av kontanter, eierandeler eller royalties. ... – Vi vil ikke ta utbyggings- eller driftsrisiko. Det har vi sett mange eksempler på at har skjært seg.» Året etter melder Finansavisen at «De norske prosjektene, Repparfjord og Nussir Mining, er allerede solgt med delvis fremtidig oppgjør.» [11] Same året blei Metallica Mining begjært konkurs, men unngikk konkursen gjennom å selje alt dei hadde av lisensar. Dermed er også Metallica Mining ute av denne historia.

Wega Mining på si side blei i 2009 kjøpt opp av det internasjonale Avocet Mining, som driv gullgruver i fleire land i Vest-Afrika. Slik blei Wega Mining ein kort episode i norsk mineralnæring si historie, borte før dei hadde kome igang med noko som helst.

Men nokon hadde vel tent pengar mens det pågikk, og dei hadde full støtte av Bergmesteren og ei rekke framtredande politikarar, som meinte dette var vel verdt å satse på.

Frå Terra Control til Nussir

Øystein Rushfeldt har reist land og strand rundt for å promotere gruveprosjektet. Her er han på seminar om reindrift og gruvedrift i Guovdageaidnu mars 2012.
(Foto: SL)

I 1985 blei det stifta eit selskap med namnet Terra Control. Stiftaren var Per-Jon Moen i Tønsberg. I 2000 kjøpte Terra Control opp AS Prospektering, og sikra seg dermed rettane til malmfunna i Nussir-området. Dei første åra skjedde det ikkje så mye, men i 2005 tok det av. Terra Control stifta da selskapet Nussir AS, som overtok undersøkingsretten. [12]

Nussir er det samiske namnet på eit fjell vest for Repparfjorden. Lokalt har ein og brukt namnet Nussor. På norsk har fjellet óg vore kalla Steinfjellet. Nussir ligg omlag tre kilometer nord for Gumpenjunni/Ulveryggen der det var gruvedrift på 1970-talet.

Direktør for Nussir AS frå starten var Kjell Bakke, frå 2009 overtok Øystein Rushfeldt. I 2007 blei Nussir AS omgjort til ASA, men er så langt ikkje blitt notert på børsen. Seinare har selskapet gjennomført seks aksjeemisjonar for å få inn kapital, tilsaman på over 120 millionar kr.

Å finne ut kven som eigentlig eig Nussir er ikkje så lett. Bio-Information Technology AS (BIT), som var og er eigar av Terra Control, hadde i 2008 vel 60 % og i 2011 vel 50 % av aksjane. [13] BIT er engasjert i fleire mineralprosjekt i Finnmark. Gjennom fleire mellomselskap eig BIT AS Fuxite, som driv steinbrot i Náránaš, Guovdageaidnu. (link) BIT står også bak Norwegian Resource Venture, som har leiterettar i Biedjovággi-området. BIT er igjen eigd av Industri Engasjement. Dette er bare eit utval av eit konglomerat av selskap med Borgny Moen som hovudeigar og Per-Jon Moen som daglig leiar og/eller styreleiar. [14] Den nest største eigaren i 2008 var Wega Mining ASA (25%), men dei selde seg ut i 2010.

28.07.2011 sendte Nussir ut pressemelding om at Halvor H. Holta Holding AS hadde overtatt alle BIT sine aksjar i Nussir ASA. Det skjedde gjennom ein avtale partane har forplikta seg til å halde hemmelig, men det er klart at BIT hadde tatt opp eit lån av Holta som dei ikkje klarte å betale tilbake etter avtalen, og einaste sjansen var å gi frå seg Nussir-aksjane. (link) Halvor Halvorsøn Holta er frå Notodden, der han er arving til Tinfos AS, som blei bygd opp som kraftselskap og seinare blei utvida med Tinfos Jernverk. Holta si formue er oppgitt til i overkant av ein milliard kroner. Halvor H. Holta Holding AS blei like etterpå omdøypt til Monial AS. Monial sin del av aksjane i Nussir er pr. oktober 2014 på rundt 43 %. Nikolai Johns som er administrerande direktør i Monial er no styreleiar i Nussir.

Den nest største aksjonæren har dei siste åra vore Thrane Teknikk [15], eit norsk selskap registrert på skatteparadiset Jomfruøyane. Tredje størst er direktør Øystein Rushfeldt sitt eige firma Antaeus. Deretter kjem Morgan Stanley, eit svært internasjonalt konsern med hovudkontor i USA og verksemd i 21 land. Dette selskapet flaggar svært høgt at dei driv miljøvennlig og bærekraftig: «Morgan Stanley er forplikta til å integrere bærekraft i våre sentrale forretningsaktiviteter – gjennom arbeidet vårt med kunder og samarbeidspartnarar, og i lokalsamfunna våre.» [16] Det kan synest å vere ein viss avstand mellom teori og praksis her.

Den neste aksjonæren på lista er J. P. Morgan, eit amerikansk finanskonsern med aktivitet i omlag 100 land. Sidan det stadig blir arbeida for å få inn meir kapital, er det ikkje utenkelig at eigarsamansetninga kan vere ei anna allereie før denne boka har kome ut.

Nussir ASA har ingen aktivitet andre stadar enn i Kvalsund. Selskapet har ingen eigne tilsette og leiger inn både folk og maskinar.

Undersøkings- og utvinningsrett

Kart over Nussir ASA sine undersøkingsrettar og utvinningsrettar i 2010. Året etter utvida dei område for undersøkingsrett kraftig, og to år etterpå fikk dei også utvinningsrett for Ulveryggen (Det nedre farga området til høgre).
(Kjelde: Nussir ASA – Reguleringsplan)

Nussir AS fikk 15.06.2006 innvilga undersøkingsrett for Nussir-området. Allereie året etter fikk dei innvilga utmål eller utvinningsrett. Frå da av gjennomførte dei eit omfattande boreprogram. På Nussir og Ulveryggen-førekomstane er det til saman no kjernebora meir enn 30.000 meter fordelt på over 200 borehol.

I 2007 blei Nussir AS meld for grov miljøkriminalitet etter å ha kjørt med 15 tonn tunge maskinar gjennom vått terreng på fjellet i Kvalsund. Ein representant for reinpolitiet uttalte at han aldri hadde sett så stygge skadar i naturen. Fire dagar etter at saka blei meldt, sørga dispensasjonsutvalet i Kvalsund kommune for å legalisere kjøringa gjennom å gi dei nødvendige dispensasjonane. [17] Også seinare har det vore mediaoppslag om skadene frå kjøringa med Nussir sine boreriggar

I 2010 kjøpte Nussir opp undersøkingsretten til Wega Mining, slik at dei aleine hadde alle rettane til malmfelta ved Repparfjorden. Etter det hadde Nussir undersøkingsrett på 55000 dekar (55 km2) og utvinningsrett på 3300 dekar (3,3 km2). Altaposten skreiv 15.07.2013: «Nussir ASA leverte så seint som i mars 2012 søknad om utvinningsrett på Ulveryggen kobberforekomst, og direktoratet for Mineralforvaltning tildelte denne retten i januar 2013. Reinbeitedistrikt 22 leverte inn klage på vedtaket, men den førte altså ikke fram. NHD har nå behandlet klagen og kommet fram til at Nussir ASA får utvinningsrett på Ulveryggen.».

I 2011 sikra Øystein Rushfeldt sitt selskap Antaeus seg undersøkingsrett over store delar av Sennalandet (Suoidneleakši), eit område på 980 km2 i tillegg til det Nussir hadde frå før. Rushfeldt seier at dette blei gjort for å sikre seg mot raidet til det kanadiske selskapet Dalradian. Mye av dette området har Antaeus allereie gitt opp og ikkje fornya krava på, mens resten er overført til Nussir ASA.

I 2015 fikk Nussir utvida området med utvinningsrett. Årsaka er at malmen ligger skrått i terrenget, og undersøkingar viser at han delvis ligg utafor det området som tidligare er innvilga utvinningsrett på.

Planprogram og reguleringsplan

Slik har Nussir ASA tenkt å drive ut kopparmalmen på Nussir-førekomsten.
(Kjelde: Nussir ASA – Reguleringsplan)

I 2009 var ein kome så langt at ein kunne starte planlegging av drift. Nussir fikk da konsulentselskapet Sweco sitt avdelingskontor i Alta til å lage eit planprogram, som blei lagt fram 25.03.2010 og sendt på høring i mai 2010. I dette programmet blir det sagt at forslagsstillar har mangelfull kunnskap om bruken av området, det biologiske mangfaldet, fiskebestanden i vatna, sjøsamiske interesser, gjenverande kommersielt fiske og omfanget av fritidsfiske. Fleirtalet i Kvalsund kommunestyre vedtok 20.07.2010 å godta planprogrammet med nokre tilleggskrav til konsekvensutgreiinga.

Med utgangspunkt i planprogrammet blei det så laga reguleringsplan med konsekvensutgreiing, og denne blei levert til Kvalsund kommune 19.03.2012. Reguleringsplanen omfattar eit område på 37,6 km2. Det blir lagt opp til at det bare skal vere underjordsdrift, både på Nussir og Ulveryggen, og at ein skal drive samtidig på desse to felta. På Nussir-feltet vil innslaget etter planen komme ganske nær det gamle oppreiingsverket, og så vil ein gå ned til 100 meter under havnivå og rett innover derifrå. Malmen vil ein så ta ut gjennom å bore seg opp gjennom den 2–4 meter tjukke skiva med malm, som ligg i rundt 600 vinkel og går omlag 10 km innover fjellet. På Ulveryggen er det derimot fleire mindre malmførekomstar, og gruva må da organiserast noko meir komplisert. Her er innslaget planlagt gjennom tunnelen som blei laga i samband med drifta på 1970-talet. Reguleringsplanen inneheld ikkje noko tak på kor stor utvinninga kan bli eller kor lenge ho kan vare, bare kor stort utsleppet kan bli for året.

I prinsippet er det «tiltakshavar» som skal betale for utarbeiding av reguleringsplan med konsekvensutgreiing. Men i dette tilfellet er arbeidet i stor grad utført med statlig finansiering. 01.09.2011 kunne Dagens Næringsliv melde at Nussir var tildelt 4,4 mill av Innovasjon Norge for å gjøre utgreiingar, «under forutsetning av at kunnskapen gjøres allment tilgjengelig». Øystein Rushfeldt opplyser at desse pengane har vore brukt til å gjøre grundigare konsekvensutgreiingar enn det som elles har vore vanlig. Slike utgreiingar må uansett vere offentlig tilgjengelig, så Nussir hadde ingen problem med vilkåret. Denne løyvinga må derfor reknast som eit direkte tilskot til ei bedrift.

Øystein Rushfeldt har omtalt konsekvensutgreiinga for Nussir som den mest omfattande i norsk bergindustrihistorie, og det er trulig rett. Sweco har sjølv laga reguleringsplanen på 178 sider, samt nokre av dei 20 konsekvensutgreiingane for forskjellige område. Dei andre var utført av Akvaplan-Niva, Niva, Norut Alta, Bedriftskompetanse, Norsk institutt for kulturminneforsking, NTNU, Bergfald miljørådgivere og SINTEF.(link) Til saman er det bortimot 2000 sider!

Da reguleringsplanen var på høring kom det inn 30 innspel og fleire meinte å finne alvorlige feil i konsekvensutgreiingane. Spesielt omdiskutert i ettertid har vore Akvaplan-niva og NIVA sine utgreiingar om konsekvensar av sjødeponi. Kritikarane stilte blant anna stilt spørsmålsteikn ved målingane og modellane for straum gjennom deponiområdet.

Ein annan rapport som førte til hissig debatt, gjaldt samansetting og eigenskapar hos gruveavgangen. (link) 1 Rapporten var skrive av ein professor ved NTNU, blei offentlig kritisert av ein annan professor ved same institusjon (link), og forfattaren svarte tilbake. (link) Kjerna i debatten var om analysane av malmen var representative og om rapporten gav eit rett bilde av kva som vil gå ut med avgangen.

Det blei reist motsegn mot reguleringsplanen frå Områdestyret for reindrift i Vest-Finnmark og Sametinget støtta denne. Fiskeridirektoratet leverte høringsuttale, men først eit par månadar etterpå ba dei om at denne fikk status av motsegn. Dette blei da ikkje godkjent, og dermed var det offisielt bare reist motsegner i forhold til reindrifta sine interesser, ikkje i forhold til verknadane for fjorden. Kvalsund kommune vedtok reguleringsplanen 25.10.2012, men på grunn av motsegnene var ikkje saka avgjort med det. Fylkesmannen forsøkte å mekle, men utan resultat, og i mars 2013 innkalla han alle motsegnspartane, Nussir og kommunen til møte i Kvalsund, der dei skulle legge fram sine syn for Miljøverndepartementet. Som forventa sto frontane like steilt mot kvarandre under og etter dette møtet.

Ikkje behov for meir undersøkingar?

Leiinga i Miljøverndepartementet hadde no ei vanskelig nøtt. Ministeren var frå Sosialistisk Venstreparti (SV), som var svært kritiske til sjødeponi, og i Kvalsund og Finnmark var dette partiet aktive motstandarar. På andre sida var eit stort fleirtal i regjeringskoalisjonen for at Nussir skulle få løyve. Løysinga for departementet blei å skyve saka frå seg, og 05.07.2013 ba dei Miljødirektoratet å uttale seg om det var behov for fleire undersøkingar i saka. Miljødirektoratet konkluderte 26.09.2013: «Ut fra en forutsetning om liten sannsynlighet for spredning av gruveavgang ut over det angitte deponiområdet, er det etter vårt syn ikke behov for videre utredninger på marint naturmangfold for å kunne avgjøre innsigelsessaken.» Kva bygde så denne føresetnaden på? Han bygde einsidig på modellberekningar frå Akvaplan-niva. I direktoratet sitt brev blei det ikkje nemnd at bl.a. Havforskingsinstituttet hadde konkludert stikk motsett av det som direktoratet la som føresetnad for vedtaket. Miljødirektoratet sitt brev blei derfor utsett frå hard kritikk frå fleire hald.

I mellomtida hadde det vore stortingsval, og dermed blei saka kasta over til den nye regjeringa, som ønskte meir fart over behandlinga av mineralsaker. Det første tiltaket var å flytte planavdelinga i Miljøverndepartementet over til Kommunaldepartementet. Deretter sørga regjeringa for å få omgjort innvendingane som under førre regjeringa var kome mot Nussir sine planar frå Landbruks- og matdepartementet og Fiskeridepartementet. Da låg vegen klar for at kommunalministeren 20.03.2014 avviste motsegnene og godkjente reguleringsplanen.

Nye undersøkingar likevel

Nussir venta ikkje på behandlinga av reguleringsplanen, men sette igang arbeidet med neste trinn, utsleppssøknad etter forureiningslova. Denne blei levert til Klif 16.10.2011 og var på høring i mars 2012. Miljødirektoratet kunne likevel ikkje formelt starte behandlinga av søknaden før reguleringsplanen var godkjent. I skrivande stund (april 2015) ligg denne altså til behandling i Miljødirektoratet.

I Kommunaldepartementet sitt godkjenningsskriv heiter det til sist: «De miljømessige forholdene, herunder strømningsforholdene og utlekking av tungmetaller ved den planlagte gruvedriften, anses for å være godt nok utredet som grunnlag for vedtak av reguleringsplanen. I arbeidet med utslippstillatelsen må det likevel tas stilling til om det er behov for ytterligere undersøkelser og tilstandsrapporter av fjorden før eventuell tillatelse gis.»
Logisk sett kan dette skiljet vere vanskelig å forstå, ettersom sjødeponiet jo er ein integrert del av reguleringsplanen. Likevel fann Miljødirektoratet ut at i forhold til behandling av utsleppssøknaden var det behov for ei rekke nye undersøkingar. 17.06.2014 ba direktoratet Nussir om at forskjellige forhold knytta til utsleppssøknaden blei betre utgreidd. Direktoratet ville ha utgreidd alternativ som landdeponi, bruk av avgangsmasse som ressurs og tilbakefylling i gruva. Ein ville vidare ha avklart om det er ålegrasenger i Repparfjorden og meir informasjon om gytefeltet for torsk. Alt dette ba ein Nussir svare på innan 20.08.2014, altså i løpet av vel to månadar. Departementet ville og sette ein tredjepart til å vurdere om straummålingane til Akvaplan-niva var tilstrekkelige.

Korleis var så reaksjonane på direktoratet sitt brev? Ordføraren i Kvalsund var alvorlig bekymra over enno ei utsetting, og frykta at no ville aksjonærane trekke seg. Nussir derimot svarte at dette er heilt i orden, det skal vi greie.

For å forstå meir av kvifor denne saka har blitt så vanskelig at dei nødvendige løyva ikkje er på plass fire år etter at drifta skulle ha vore igang, må vi sjå litt nærare på dei positive og negative verknadane som er forventa og på dei forskjellige aktørane som har engasjert seg i saka.

Plass til rein og gruve?

Boring i reinbeiteområde ved Repparfjorden, 2011).
(Foto: Nussir ASA)

Rein i det gamle gruveområdet på Ulveryggen, august 2013).
(Foto: SL)

Frå tilhengarane av gruveplanen har det vore sagt at inngrepa på land bare vil komme i eit avgrensa område, og at dette ikkje er spesielt godt beiteområde. Det har vore snakk om 3 % av heile reinbeitedistriktet og ein har derfor meint at dette måtte reindrifta kunne ofre, evt. mot ei erstatning tilsvarande det prosentvise arealtapet. Til dette har ein frå reinbeitedistriktet svart at reindrift ikkje er eit enkelt system der ein kan rekne areal i prosent. Reinen treng tilgang til forskjellige område til forskjellige tider, avhengig av vekstsesong, insektplage og værforhold, og gruvedrifta vil sperre vegen mellom slike område, slik at store delar av bruksområdet blir utilgjengelig. Dette må og sjåast ut frå at dette er eit svært kupert område, der det bare er få stadar der reinen kan komme fram mellom forskjellige bruksområda. Leiaren for reinbeitedistrikt 22 har illustrert det med å seie at dersom du fjernar trappa mellom 1. og 2. etasje i eit hus, har du ikkje tatt bort 5 %, men 50 % av bruksarealet. Men kunnskapen om praktisk reindrift er generelt liten både blant utbyggarar, byråkratar og politikarar, og representantar for reinbeitedistriktet har brukt mye tid på å forklare korleis drifta er organisert som grunnlag for å forstå kva inngrep vil føre til.

Ei utbygging av gruve i Nussir/Ulveryggen vil påverke to reinbeitedistrikt, 22 Fiettar, som har sommarbeite her, og 20 Fála, som flyttar gjennom området vår og haust. Når reindriftssamane her har vurdert kva verknadar gruvedrifta vil få, har dei blant anna bygd på dei røynslene dei har frå tidligare drift, og frå leiteverksemda i tida etterpå.

Illustrasjon frå konsekvensutredninga om reindrift

Fála-flokken svømmer over Kvalsundet.
(Foto: Allan Klo / NRK)

Distrikt 20 Fála brukar Kvaløya (samisk: Fála) som sommarbeite. Vårflyttinga foregår i siste halvdel av april over Magerfjellet (Sahárášša) og Saltvatn (Suolojávri) ned til like vest for Kvalsundbrua, der flokken svømmer over Kvalsundet. I uttalen til planprogrammet for Nussir i 2010 vurderer distriktet at vårflyttinga deira ikkje vil bli nemneverdig påverka av gruvedrift etter føreliggjande plan. Haustopphaldet og haustflyttinga vil derimot bli langt meir påverka. Distrikt 20 brukar da området til distrikt 22 frå tidlig i september til seint i oktober, og har også parringsområde her. Flytteleia går over Nussir, mellom Asavággi og Fægfjord over Dypelva (Čiekŋalisjohka) og Gieresjohka nedanfor Ulveryggen (Gumpenjunni). Terrenget her er i seg sjølv ei stor utfordring, og flytteleia er særlig smal ved passering av Ulveryggen. Her har tidligare gruvedrift og noverande bruk av dagbrota skapt problem, og ein fryktar at det vil bli vanskelig å flytte her dersom det blir ny gruvedrift. Særlig reagerer distrikt 20 mot ideen om landdeponi ved Gieresjohka, da dette vil komme midt i flytteleia.

Distrikt 22 Fiettar er eit av dei største sommarbeitedistrikta i Finnmark. Det omfattar Kvalsundhalvøya frå Repparfjorddalen og Sennaland og ut til Vargsundet (Várggonuorri), Kvalsundet og Repparfjorden. I distriktet er det fem siidaar med bortimot hundre reineigarar. Gjennom tidene har dette reinbeitedistriktet vore utsett for ei rekke naturinngrep og enno fleire planar om inngrep. Når dei likevel har klart seg såpass godt til no, er det fordi mange av inngrepa har vore kortvarige og dei fleste planane har det enno ikkje blitt noko av.

Dei første inngrepa i området kom i form av gruver allereie rundt år 1900. I løpet av eit par tiår oppsto det gruver minst fem stadar. Så blei Porsa kraftverk bygd ut i to omgangar, med oppdemming av Porsavatna (Borsejávrrit). I 1973 søkte Porsa kraftlag om konsesjon for utbygging av Skáidivassdraget, men dette blei stoppa etter protester bl.a. frå reindrifta og Vest-Finnmark Jeger- og Fiskerforening. På slutten av 1970-talet var det plan om kraftutbygging med oppdemming av Saltvatn, noko som ville føre til øydelegging av kalvingsland. Planen blei trekt tilbake ikkje minst pga. kampen om Altautbygginga, styresmaktene ønskte ikkje ei ny Alta-sak med det same. I Repparfjorddalen blei det frå 1960-talet bygd ut hytter i store mengder, i dag er det omlag 1200 hytter rundt Skáidi og oppover mot Áisaroaivi på Sennaland.

I samband med gruvedrifta på Ulveryggen 1972–78 blei det ikkje gjort vitskapelige undersøkingar av kva påverknad gruva hadde på reindrifta. Oppsummeringa av dette i konsekvensutgreiinga frå 2011 bygger derfor vesentlig på kva reineigarar har fortalt. Ein verknad av gruva var at ein siida måtte flytte kalvingsområdet. (link) Det var problem med støv frå dagbrota og dette var trulig årsak til at rein som beita nær gruveområdet var plaga av lungebetennelse i den tida. Det er og sannsynlig at rein har blitt forgifta av å drikke av overflatevatn som har vore forureina med tungmetall, olje og kjemikaliar.

Dette kartet, som blei vist på møte i Kvalsund 24.08.2013, viser tydelig korleis gruva vil komme mitt i trekkvegen for reindrifta.
(Foto: SL)

Gruveselskapet Folldal Verk betalte ei lita erstatning til reineigarane. Dette blei avgjort etter avtale, det var ikkje noko offentlig skjønn som i Biedjovággi. Det var ei eingongserstatning på 50000 kr. og ei årlig erstatning på 10000 kr. Sjølv om pengeverdien var større enn i dag, må vi likevel kunne slå fast at denne erstatninga var svært lita. Den årlige erstatninga blei heller ikkje indeksregulert. Betalinga av denne heldt fram i ein del år etter at gruva var lagt ned, men opphørte ein gong rundt 1990.

Landskapet blei ikkje restaurert etter gruvedrifta, derimot har dagbrota blitt brukt til avfallsdeponering, så trafikken har halde fram. Samtidig blei pukkstein tatt ut i steinbrot ved det gamle gruveanlegget.

Etter at gruvedrifta blei lagt ned i 1978 har det periodevis vore leita etter meir malm, og frå omlag 2008 var det leiting med store maskinar som førte både til forstyrring av rein og til terrengskader. Omtrent samtidig kom dei første planane om vindmøller, store vindmølle«parkar» skulle byggast her både innafor distrikta Fála og Fiettar og nabodistriktet Gearretnjárga. Så kom planen om ny kraftlinje Skáidi – Hammerfest. Som ikkje dette var nok, har først Eni Norge og seinare Statoil vurdert å plassere ein ilandføringsbase for olje på Markopneset (Márgohppenjárga) i Repparfjorden.

– Alt dette kjem kasta over oss nesten samtidig, seier leiar for distrikt 22, Mikkel Nils Sara. [18]
– Dei forskjellige selskapa som har ønske om å gjøre noko i distriktet vårt set bare igang å planlegge og søke, og så kjem vi inn som høringsinstans når prosessen allereie har kome langt. Det er stadige trugsmål som heng over oss. Ingen ser at bare planane og trugsmåla allereie er eit inngrep i drifta vår. Det tar alle kreftene som vi skulle brukt til å utvikle drifta, kanskje utvikle binæringar til reindrifta så vi har fleire bein å stå på. Når vi arbeider i reindrifta, er det ikkje som å sitte på kontor. Når det trengst må vi vere på fjellet og bruke alle krefter der, vi har ikkje alltid straum og internett og mobildekking. Så kjem det plutselig ein ny plan om inngrep i området vårt og vi får høringsfrist på nokre få veker. Frå før krev dagens reindrift så mye papirarbeid at det er vanskelig å oppfylle alle krav. Når ein har jobba heile dagen med reinen ventar ei papirbunke som skal behandlast i tide. Om vi ikkje har levert alt av rekneskap, driftsplanar osv. i rett tid, får vi ikkje tilskota over reindriftsavtalen. Det hendte med oss for nokre år sidan, da fikk vi ikkje betalt ut distriktstilskottet, fordi vi ikkje hadde klart å gjøre planen ferdig i tide. Desse forholda har ført til at i ein del distrikt har ein sett seg nøydd å velgje distriktsleiarar som ikkje arbeider med reinen til daglig, slik som eg som måtte overta som distriktsleiar, sjølv om eg til daglig har arbeidsplassen min på høgskolen og bare er med i den praktiske reindrifta i sesongane.

– Det vi får i distriktsstøtte over reindriftsavtalen går i sin heilskap med til å føre prosessar mot dei som vil trenge inn i beiteområdet vårt, til å halde møte, delta i konferansar, forhandlingar osv. Vi søkte støtte til dette arbeidet frå Reindriftens utviklingsfond, men fikk bare til svar at vi kunne søke om fri rettshjelp. Men det er i seg sjølv ein sånn stor prosess, som krev masse ekstraarbeid og gir høgst usikkert resultat, at det har vi slått frå oss. Så har vi søkt Sametinget om støtte, men enno har vi ikkje fått noko svar der.

– Vi kjenner jo sjølvsagt best sjølv korleis drifta vår fungerer og må fungere i forhold til det naturgrunnlaget vi har, korleis vi utnyttar dei forskjellige delane av terrenget til forskjellige tider til beite, kalving, skiljing og andre formål. Dette veit ofte dei som vil utnytte området til andre formål lite om. Da er det ein stor jobb å forklare det. Og det er vi som må tolke, frå samisk språk til norsk språk og frå ein samisk tenkemåte til ein norsk. Det er vårt ansvar å kunne forklare det på norsk på ein måte som storsamfunnet forstår. Klarer vi ikkje det er det vi sjølve som får svi. I ein slik situasjon blir det meir og meir viktig for reindrifta at vi ikkje bare har reindriftskompetanse, men også har akademisk kompetanse. Det er først i seinare år at vi har fått det, no er vi så heldige at ei frå distriktet vårt er utdanna jurist, men vi kan jo ikkje vente at ho derfor skal arbeide gratis med alle sakene våre.

– Om alle dei trugsmåla som hang over oss for eit par år sidan hadde blitt gjennomført, ville det nok ikkje lenger vere mogleg å drive med rein i området vårt, og det ville og vere vanskelig for dei som flyttar gjennom her til sommarbeite på Kvaløya. Heldigvis har nokre av trugsmåla blitt trekt tilbake, i alle fall for ei tid. NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har avvist søknadane om vindkraftverk her, mens dei har innvilga på andre sida av Repparfjorden.[18a] Om det var vi som overbeviste dei, veit eg ikkje. Kanskje det kan ha vore ein taktikk frå staten om å vente med vindkraftutbygginga her og prioritere gruva. Så kan dei seie at no har vi tatt omsyn til reindrifta og avvist vindmøllene, da må vi no godta at det blir ei lita underjordsgruve.

Skiltet viser at Repparfjord gruve ligg midt i reinbeiteområdet. I bakgrunnen ser vi at det er tatt ut ny stein, i staden for å fjerne gråberget som ligg innover fjellet ved dei gamle gruvene.
(Foto: Basia Głowacka)

I Nussir-saka har ein frå reindrifta understreka behovet for å sjå alle inngrepa i samanheng, men ikkje fått gjennomslag for dette, fordi dei einskilde inngrepa blir behandla av forskjellige statlige organ og dels etter forskjellige lover.

Reinbeitedistrikt 22 har i fleire høve protestert mot leiteverksemd, både frå Wega Mining i 2008 og Nussir i 2010. [19] Klagene fikk støtte av reindriftsforvaltninga i Vest-Finnmark, men blei ikkje tatt omsyn til av Direktoratet for Mineralforvaltning. Distriktet har med støtte av områdestyret for Vest-Finnmark og Norske Reindriftssamers Landsforbund gått sterkt imot søknaden om driftskonsesjon for Nussir. Distriktet har hatt ei rekke møte med Nussir, men utan at ein har funne fram til noka løysing som begge partar kunne godta. Nussir-direktøren hevdar at det har vore god kommunikasjon med reindrifta i distriktet. Han seier at dei har diskutert kor ein skulle ha innslaget til underjordsgruva i Nussir-feltet, og at dei har endra plasseringa av denne etter forslag frå folk i reindrifta. [20]

I 2010 skreiv Sametinget og Nussir under ein intensjonsavtale, men denne har distriktet nekta å vere med på. [21]

I konsekvensutgreiinga om reindrift, som Norut gjorde for Nussir, er det sett opp ei liste over vilkår utgreiarane meiner må oppfyllast:
1. Restaurering av tidligere ødelagt område med revegetering på Gumpenjunni
2. Fjerning av eksisterende vei til Gumpenjunni over skogsgrensen og restaurering av vegetasjon
3. At alle påhugg uten unntak legges under 100 m.o.h. og tett på verket.
4. At det ikke foretas noen inngrep, med unntak av luftehull, over 100 m.o.h. inkl. av vann og kraftforsyning.
5. At det ikke foretas inngrep på vann i kalvingsområdet i Ásavággi.
6. At området i sin helhet, ved eventuell nedleggelse skal revegeteres, restaureres og tilbakeføres til reindriften, og at det settes av midler på egen sperret konto til dette formål.

Kunne så dette vere eit utgangspunkt for eit akseptabelt kompromiss? Reguleringsplanen kjem i alle fall i strid med pkt. 3, da ein til Ulveryggen har planlagt å bruke det gamle påhogget på omlag 200 m.o.h. For å oppfylle pkt. 1 og 2 er det kanskje ikkje Nussir som er det største hinderet, men pågåande verksemda til Finnmark Gjenvinning, som har fått konsesjon for mange år framover. Dei tre siste punkta meiner Nussir kan oppfyllast. Derimot har Øystein Rushfeldt lita tru på gjenfylling av dagbrota, fordi det er tatt ut så store mengder berg der.

Frå reindrifta understrekar ein at det ikkje er dei som har stilt desse krava, det er noko dei som laga konsekvensutgreiinga har formulert sjølv. Ein kan likevel gå god for at det er nødvendig å oppfylle desse krava, og meiner det bør vere mogleg å oppfylle dei. Derimot er dette knapt nok for at reindrifta skulle kunne leve i harmoni med gruva. Dei er f.eks. ikkje trygge på kva verknadar som vil bli av luftehola, og av bygginga av desse. Vil der bli vegar i terrenget, og vil det komme støv og støy frå desse hola?

– Vi er og redde for at inngrepa kan bli større i praksis enn dei er framstilt i planen, seier Mikkel Nils Sara. – Slik vil dei lettare få planen gjennom, men så vil det komme meir etter kvart f.eks. vil det bli funne meir malm, da blir det behov for meir vegar, meir vatn, fleire luftehol osv. Om dei først får sette i gang, så er det ingen ende.

Da Kommunal- og Moderniseringsdepartementet godtok reguleringsplanen for Nussir, sette ein som vilkår at Nussir ASA og reindrifta «i samråd kommer frem til avbøtende tiltak.» Da sendte Fiettar reinbeitedistrikt ilag med Samerådet ut ei pressemelding der dei «anser beslutningen for å bryte med folkeretten». Dei konkluderer med at «om en slik overenskommelse ikke oppnås, kan gruvevirksomhet i området ikke tillates. Noe annet vil lede til grov krenkelse av Fiettars medlemmers grunnleggende menneskerettigheter.» Dersom dette ikkje blir respektert, vil ein om nødvendig klage saka inn for internasjonale organ og domstolar.

I august 2014 blei det halde forhandlingsmøte mellom Nussir og reindrifta, utan at ein blei samde. Reinbeitedistriktet uttalte at ingen av dei tiltaka Nussir foreslo ville ha nokon avbøtande effekt, og at dei no forventar at Nussir tar konsekvensen av at føresetnaden for departementet sitt vedtak ikkje er oppfylt. Nussir-direktøren vil fortsette dialogen med reindrifta, men han må nok komme med ein heilt anna plan om han skal ha von om oppnå noko med det.

Avgang som problem eller ressurs?

Ved sida av verknadane for reindrifta har det største stridsspørsmålet vore kor ein skulle gjøre av dei store mengdene med avgang. Nussir og støttespelarane deira har heile tida framstilt det som om det bare finst to realistiske alternativ, landdeponi og sjødeponi, som begge betyr at omlag 97 % av bergfangsten blir avfall som må deponerast utafor gruva.

I høringsuttalar til planprogrammet blei det kritisert at det ikkje var planlagt ei vurdering av andre alternativ, som utskiljing av fleire nyttige mineral, bruk av avgangsmasse til byggemateriale og tilbakefylling i gruva.

I konsekvensutgreiinga er det to rapportar med vurdering av bruk av avgangsmasse. Den eine vurderinga er gjort av Bergfald miljørådgivere [22]. Her kjem det fram at det kan vere mogleg å redusere avgangsmassen med å ta ut fosfor og kalium. Ingen av desse grunnstoffa finst i så stor mengde i berget her at det er lønnsamt å drive gruvedrift etter dei, men som biprodukt kan det vere aktuelt å skilje dei ut. Vidare drøftar ein bruk til dike i Nederland, men konkluderer med at massen vil innehalde så mye koppar, krom og nikkel at han ikkje vil bli godtatt til dette. Det virkar som denne konklusjonen er trekt på noko tynt grunnlag, da ein ikkje er heilt sikker på kva som er krava til dikemateriale, og det er heller ikkje gjort noko vurdering av om det er mogleg å redusere innhaldet av desse tungmetalla. Rapporten drøftar ganske overflatisk spørsmålet om innblanding i asfalt og betong, og konkluderer at begge delar er aktuelt. Om betong skriv ein: «Her gjelder også miljøkrav for hva som kan brukes, og det må bevises at materialene blir sterke nok til sitt formål og ikke kan skade mennesker eller miljø.» Det synest ikkje å vere gjort noka konkret vurdering i forhold til Nussir-avgangen. Heile rapporten virkar noko halvgjort, det er ingen klar konklusjon.

Den andre rapporten er gjort av SINTEF [23], og viser at avgangen frå Nussir kan vere eigna til bl.a. produksjon av teglstein, porselen og forskjellige andre keramiske produkt, lecablokker, steinull og skumglass. Forfattaren tar likevel forbehold om at dette knapt kan ta unna dei store mengdene med avgang som her er snakk om, så det må i så fall supplerast med andre tiltak.

Ein annan ide som er lansert er utfylling i samband med etablering av ny flyplass ved Hammerfest. Med tett dam rundt oppfyllingsområdet vil dette kunne fungere som eit tett deponi med minimal utlekking. Dette er ikkje nemnd i nokon av rapportane frå Nussir.

Våren 2014 bad Miljødirektoratet Nussir om ei utgreiing av alternativ til sjødeponi.(link) Utgreiinga kom i september 2014 (link) og hadde all vekt på å avvise landdeponi. Når det gjeld alternativ bruk av avgangen gjengir ein eit kort samandrag av utgreiingane i konsekvensutgreiinga for så å å konkludere: «Utfordringen er at alle disse enkeltvis eller i kombinasjon ikke monner tonnasjemessig i forhold til den totale avgang fra verket.» For ein del av dei alternativa som er utgreidde stemmer nok dette, mens det for andre alternativ som bruk i betong, asfalt og dike er snakk om svært store volum. Dette burde derfor vere realistiske alternativ, dersom ein var interessert i reelt å vurdere alternativ til sjødeponi. Når Miljødirektoratet har bedt om nærare utgreiing av alternativ bruk, kan ein ikkje seie at Nussir har oppfylt dette, med bare å gjenta gamle utgreiingar.

Skjematisk framstilling av dritsmetoden "Cut-and-fill"
(Kjelde: Wikipedia)

Tilbakefylling i gruva ser ikkje ut å ha vore seriøst vurdert i samband med reguleringsplanen, der det blir lagt opp til at gruva skal fyllast med vatn etter bruk. I svaret til Miljødirektoratet står det om tilbakefylling: «Tilbakefylling av avgangen er gjerne noe som benyttes i gruver hvor det er nødvendig for å sikre stabilitet og der avgangen kan slippes ned i gruva med selvfall. Gruvedriften på Nussir vil gå oppover og tilbakefylling egner seg dermed dårlig. Volummessig er det ikke plass da massene opptar dobbelt volum etter knusing. I tillegg vil tilbakefylling hindre framtidig bruk av gruvene. Utdrevne, tomme strosser i Nussir vil ha et volum som tilsvarer omtrent halvparten av årsavgangen fra Nussir. Hvis det ikke gjøres tiltak for å konsolidere massene etter hvert som de fylles i strossene, vil det etter hvert bygge seg opp et meget høyt trykk mot de nederste gjenstøpte tverrslagene. Innblanding av sement vil kunne redusere trykket, men en slik innstøping krever at det fylles vekselvis i to strosser samtidig. Det vil kreves et omfattende pumpesystem å transportere avgangen fra oppredningsverket til utdrevne strosser. Løftehøyden vil bli rundt 400 meter til topp av de øverste strossene. Også her vil rørlengden bli flere kilometer lang og påføre driftskostnader på eller over grensen til det forsvarlige.»

Konklusjonen er altså at det vil vere teknisk mogleg å tilbakefylle omlag halvparten av avgangen, men at det vil vere kostbart. Ein har ikkje gått inn på forskjellige tilbakefyllingsmetodar, som «cut-and-fill», som nettopp er berekna på gruver som drivast på denne måten nedafrå og oppover.

Nussir brukar her som argument mot tilbakefylling i gruve at det vil hindre framtidig bruk av gruvene. Det same argumentet har vore brukt mot gjenfylling av dei gamle dagbrota på Ulveryggen: «Det er ikke ansett som akseptabel ressursforvaltning å plassere overskuddsmasser oppå en kjent økonomisk drivverdig forekomst, som den gjenværende delen av kobbermalmen på Ulveryggen utgjør.»(link) Dette har likevel ikkje vore til hinder for å bruke desse til lagring av borekaks, noko som i minst like stor grad vil sperre tilgangen til eventuelle ressursar som måtte vere igjen i botnen av dagbrotet.

Illustrasjon av dei to alternative landdeponia som er utgreidd for Nussir.
(Illustrasjon Nussir ASA)

Landdeponi ville etter Nussir sine berekningar koste langt over ein milliard kroner, og spise opp heile det forventa overskotet. Det ville dessutan bli svært stygt å sjå på, det ville gi enno større skade for reindrifta, og det ville gi stor fare for avrenning av kjemikaliar og tungmetall. Ein kunne heller ikkje utelukke faren for dambrot. Det er knapt nokon som har gitt heilhjerta støtte til alternativet med landdeponi.

Det har og vore lansert ei mellomløysing mellom landdeponi og sjødeponi, ved at ein etablerer ein tett dam i strandkanten der ein fyller massen oppi. Deponiet vil da bli liggjande i sjøen, men avgrensa av ein dam. Men dette alternativet er heller ikkje skikkelig utgreidd.

Sjødumping alias sjødeponi

Utsikt over Repparfjorden. Det gamle deponiet er midt i bildet, det nye planlagt i bakgrunnen der fjorden er på det smalaste.
(Foto: SL)

Diskusjonen om gruve ved Repparfjorden har i stor grad blitt ein diskusjon om sjødeponi. Her har det vore mange usikre moment, både om bruk av sjødeponi generelt, om samansettinga av avgangsmassa og om dei konkrete forholda rundt deponiplassen og fjorden.

Under driftsperioden 1972–78 blei det dumpa i indre del av Repparfjorden, og der fylte ein opp så mye at når ein no såg seg om etter ein stad å dumpe meir, måtte «deponiet» bli plassert på ein annan stad, lenger ute i fjorden.

Kartet som følgjer reguleringsplanen (link) viser at ein har vald utsleppsområde der Repparfjorden er på det smalaste. Det er også den djupaste staden i indre halvdel av fjorden, med djup ned til 90 m. Det har vore etterlyst eit fast utsleppspunkt, men Nussir skriv at utslepprøret må flyttast etter kvart innafor det området som er berekna som nærsone for sjødeponi (link) Dette må da føre til at også område utafor dette blir nærsone.

Fiskeridepartementet viser til at i utsleppssøknaden er det oppgitt eit utsleppsdjup på 30 meter, men at Nussir ASA oppgir største djupta i «omsøkte deponiområde» til 90,8 meter. Departementet konkluderer at avstanden til botnen vil vere 60 meter, og at dette vil føre til stor spreiing av fine partiklar.

Til dette svarar Nussir: «Utslippsrøret vil til enhver tid anbringes nærmest mulig bunnen for å minimere partikkelspredning, men ikke så nær at det oppstår risiko for tettkjøring av røret. ... Utslippsrøret vil altså ikke bli plassert 60 meter over bunnen på det dypeste punktet utenfor Markopnes.» (link)

Kor lenge skal så Nussir få lov å sleppe ut her? Det står det ingenting om i utsleppssøknaden, denne seier bare kor mye som skal sleppast ut pr. døgn eller år. Det vanlige er at utsleppsløyve må fornyast etter ti år, men det blir lett bare ein formalitet, og når dagens kjente ressursar tilsvarar omlag 35 års produksjon og desse aukar år for år, kan det til saman bli ganske store mengder. Men Nussir har enno større perspektiv enn som så. Allereie før dei siste funna gikk Rushfeldt ut i media og førespegla at ein kunne rekne med 100 års drift. [25] Skulle det bli aktuelt, er det snakk om nærare 200 millionar tonn avgang.

Direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet uttalte i møte med Naturvernforbundet 07.05.2014 at dei berre ville ta stilling til den søknaden som ligg på bordet. Dersom det blir snakk om å forlenge eller auke drifta på grunn av nye funn, så blir det tema for ein ny søknad. Men når ikkje søknaden har noka avgrensing, er det heller ikkje avklart når det vil måtte komme ny søknad.

Grundige undersøkingar?

Av kartet ser vi at ein av straummålarane som svikta var akkurat der som er markert som utsleppspunkt. Det er også der fjorden er på det smalaste, og ein må derfor kunne rekne med at straumen her er på det sterkaste.
(Kjelde: Akvaplan-niva)

I utsleppssøknaden skriv Nussir at det er gjort ei rekke grunnlagsundersøkingar for sjødeponiet. Det er gjort kartlegging av djupn, straum, botnfauna, vasskjemi og grunnlagsundersøkingar for marint miljø, marin fisk, laksefisk og ferskvassførekomstar, kjemisk og fysisk karakterisering av gruveavgangen og sedimenteringseigenskapane til avgangen.

Dette hørast jo betryggande ut, men likevel har det blitt stilt mange spørjeteikn både ved kor dekkande og pålitelige nokre av desse undersøkingane er. Ikkje minst gjeld dette for undersøkinga av straumforholda. Denne undersøkinga er gjort av Akvaplan-niva, og i ettertid har det kome fram at dei ønskte å gjøre fleire målingar, men at Nussir ikkje ville løyve pengar til dette. Det blei ikkje målt i alle høgder og straummålarane var også plassert så langt frå kvarandre at ein ikkje var sikra å få med dei store variasjonane som kan vere i straumen. Når i tillegg nokre av målarane som var sett ut svikta, blei grunnlaget dårlig for å konkludere. Av kartet ser vi at ein av straummålarane som svikta var akkurat der det er markert utsleppspunkt. Det er også der fjorden er på det smalaste, og ein må derfor kunne rekne med at straumen her er på det sterkaste.

Sjølv om desse målingane var mangelfulle, veit vi ein god del om straumforholda i Repparfjorden. Tidevassforskjellen er her på over 2 meter, og når det flør går det er ein sterk straum innover langs botn, det er målt opp mot 100 cm/s. Inst i fjorden får ein da ein kraftig oppstraum, som vil kunne ta delar av avgangen opp i overflata og spreie denne ut over fjorden i overflatesjiktet, der laksen vandrar.

Blant dei som har reagert på mangelfulle straummålingar er Direktoratet for Naturforvaltning (DN) og Havforskningsinstituttet. DN ba om nye straummålingar over eit år, for å få med alle sesongvariasjonar. Men etter at DN blei lagt ned, har arvtakaren Miljødirektoratet gått god for at alt er i orden. Til samanlikning kravde Miljøverndepartementet i 2013 at det i Førdefjorden [26] skulle gjennomførast nye straummålingar der, som sikra at ein fikk pålitelig oversikt over straumen i forskjellige høgder til alle tider av året. Først i juni 2014 innrømte Miljødirektoratet at det kunne vere behov for å ta ein titt på straummålingane for Repparfjorden igjen. Direktoratet ba da Sintef og Det Norske Veritas om å gjøre ei vurdering av dei målingane som er gjort og eventuelt behovet for å komplettere desse. Begge institusjonane leverte utgreiingar i august 2014 og begge konkluderte med alvorlige feil og manglar ved dei straummålingane som har vore gjennomført. I oktober har Miljødirektoratet enno ikkje trekt konklusjonar av desse utgreiingane.

Legg avgangen seg til ro?

Akvaplan-niva har laga ein modell av korleis dei meiner avgangen vil spreie seg frå deponeringspunktet. Det er seinare stilt spørreteikn ved kor pålitelig denne modellen er.
(Kilde: Akvaplan-niva rapport: Konsekvenser for det marine miljøet i Repparfjorden ved etablering av sjø- eller landdeponi ...)

Det har vore svært omdiskutert i kva grad avgangen vil legge seg i ro på botnen nær utsleppspunktet, og i kva grad han vil spreie seg utover. Akvaplan-Niva har laga ein modell over dette, som viser kor mye ein antar at sedimenta vil ha spreidd seg i løpet av 15 års utslepp frå eit fast utsleppspunkt. Når det ved utsleppspunktet er fylt opp eit 40 meters lag, vil dette bli gradvis tynnare inntil det eit par kilometer unna vil variere frå nokre desimeter og ned til få centimeter eller millimeter. Til denne modellen kan innvendast at når straumforholda er utilstrekkelig målt, vil også modellen vere usikker. Jo sterkare straum, jo meir spreiing vil vi få, og jo større del av fjorden vil få alt liv på botnen nedslamma. Mens modellen bygger på eit fast utsleppspunkt, seier som nemnd Nussir no at dei vil forflytte utsleppet over heile området dei har søkt om, noko som sjølvsagt vil påverke fordelinga av utsleppet.

Denne modellen bygger på kva som vil skje med dei tyngste partiklane. Kva skjer så med dei minste partiklane? Her er det svært motstridande påstandar. Klif/Miljødirektoratet synest å bygge på at alt vil legge seg pent til ro, mens andre hevdar at opptil 20 % vil halde seg flytande i vassmassane i lengre tid, og kan bli ført langt av garde. I debatten har dette vore omtalt som svevestøv. Det er ikkje bare mengda av dette som er omdiskutert, men også verknadane av desse partiklane for livet i havet, særlig for fisk. Det er usikkert korleis den kjemiske samansetninga av desse partiklane vil vere i forhold til dei som legg seg på botn. Uansett vil desse partiklane bli utsett for oksidering, og slik frigjøre ion av koppar, nikkel og andre metall. Dersom det stemmer at 10-20 % av avgangen vil spreie seg i vassmassane, vil dermed den kjemiske verknaden av avgangen bli langt større enn det som er berekna som utlekking frå deponiet.

I den nemnde utgreiinga frå Akvaplan-niva finn ein denne påstanden: «Toksisitetsmodellering, basert på vannkjemi fra Repparfjordelva og Repparfjorden for ulike saliniteter, viser at de Cu verdier som kan forventes løst i vannmassen under driftsperioden ligger langt under både akutte og kroniske grenseverdier for laksefisk.» Dette kommenterer Knut Altmann i Vestfinnmark Jeger og Fiskerforening slik:
«- Så lenge man ikke tar hensyn til forurensing i de øvre vannlag er betraktninger rundt toksisitet meningsløst.
- Våre erfaringer fra tidligere utslipp indikerer skade på laksebestand og beviselig påført skade på andre arter som torsk, sei (og sild og lodde som forsvant).
- Repparfjorden har et spesielt strømbilde med meget sterke bunnstrømmer inn fjorden og en dominant utstrøm i overflaten spesielt i årstid med elvestrøm. Dette tilsier en vertikal oppstrømsprofil inne i fjorden med de konsekvenser det har for oppløft og spredning av forurensing fra gruvedumping. Dette er heller ikke tatt med i utredning/betraktninger og man har tillatt seg å komme med antagelser på 0 datagrunnlag, etter vår mening.»
[26a]

Spesielt er det stor usikkerheit om dei minste partiklane, såkalla nanopartiklar. Det er partiklar med diameter under 100 nm eller 1/10 µm. Det er kanskje ikkje meir enn 1 % av den samla avgangen som er så små partiklar, men 1 % av nokre millionar tonn er likevel mye. Forsking på dei kjemiske og biologiske verknadane av nanopartiklar har auka dei siste åra, men det er mye vi enno ikkje veit. Nanodimensjonar gir kjemisk stabile og «ufarlege» stoff heilt nye eigenskapar. Forsking viser at partiklane i nokre tilfelle kan trenge gjennom celleveggar, ha sterkt oksiderande verknad, vere fotoaktive, skade genmaterialet, hemme vekst og fotosyntese, føre tungmetall og andre stoff inn i organismar og bli akkumulert opp gjennom næringskjeda. Sidan denne kunnskapen er såpass ny, er dette i liten grad kome med i lovverket.

Kva inneheld utsleppet?

Tilstandsklassar for forureinga sjøbotn samanlikna med Nussir-avgangen viser at denne vil gi svært dårlig tilstand for koppar, opp til dårlig for nikkel og moderat for krom.
(Kjelde: Bergfald miljørådgivere)

Verknadane av sjødeponi er bl.a. avhengig av den kjemiske samansetninga av avgangen. Denne kjem dels av innhaldet av stoff frå det finmala berget, bl.a. tungmetall, dels av stoff som er tilsett i oppreiingsprosessen som flotasjonskjemikaliar og stoff som er tilsett for at avgangen lettare skal legge seg til ro på botn (flokkuleringskjemikaliar). Av tungmetalla har det særlig vore fokusert på innhaldet av koppar, nikkel og krom. Mens Nussir i utsleppssøknaden skriv om «små mengder kobber- og nikkelsulfid», slår Havforskningsinstituttet fast at innhaldet av koppar vil vere tre gongar over grensa for å hamne i tilstandsklasse V (svært dårlig) for marine sediment. Havforskningsinstituttet skriv i høringsuttalen sin til utsleppssøknaden: «Tungmetaller som kobber og nikkel er svært giftige for planteplankton, hvirvelløse dyr og tidlige livsstadier av fisk ... og det finnes også undersøkelser som viser at selv svært lave kobbernivåer kan påvirke luktesansen til laksefisk og fremkalle unnvikelsesadferd. ... man kan forvente utlekking av kobber fra gruveavgangen i flere hundre år etter at deponeringen er avsluttet.»
I konsekvensutgreiinga er det påvist at det vil vere relativt meir av tungmetalla i dei minste partiklane, dei som vil spreie seg i vassmassane og dermed ha størst effekt på fisken.

Når det gjeld flotasjonskjemikalia, er dei som Nussir har oppgitt å ville bruke, rekna som relativt lite skadelige, samanlikna med fleire flotasjonskjemikaliar som har vore brukt ved andre gruver. I tillegg antar ein at det aller meste av desse vil følgje med konsentratet, og ikkje med avgangen. Flokkuleringskjemikaliane derimot, er tilsett nettopp for å følgje avgangen, og desse vil i utgangspunktet følgje avgangen til botns. Viktigast her er Magnafloc 10, som det vil bli brukt 7,3 tonn av for året. [27]

Det har og vore stilt spørreteikn ved innhaldet av kvikksølv i avgangen, da fritt metallisk kvikksølv er ei svært skadelig miljøgift, som det på verdsbasis blir høgt prioritert å redusere utsleppa av. Når det gjeld Nussir-avgangen ser det imidlertid ut som det ikkje er meir kvikksølv enn det som er vanlig i berggrunnen, og at dette er bunde i mineral og trulig ikkje vil vere noko stort problem. (link)

Nasjonal laksefjord og gytefelt for torsk

laks

Ung og stolt laksefiskar i Repparfjordelva
(Foto: Knut Altmann)

laks

Laksetrappa i Repparfjordelva, etter oppussing av VJFF.
(Foto: Knut Altmann)

Repparfjorden har status som nasjonal laksefjord og Repparfjordelva som nasjonalt laksevassdrag. [28] Her er ein svært god laksebestand samt noko sjøaure og sjørøye. Etter forskrift for laksefiske av 2010 er sjørøya i Repparfjordelva totalfreda. Havforskingsinstituttet skriv i høringsuttalen: «I beskyttelsesregimet for nasjonale laksefjorder er det lagt til grunn at virksomhet med risiko for alvorlig forurensing ikke skal være tillatt.» Likevel skriv Kommunaldepartementet i si godkjenning av reguleringsplanen at «Klima- og miljødepartementet har lagt til grunn i sin uttalelse til saken at beskyttelsesregimet for slike fjorder ikke er til hinder for den foreliggende reguleringsplanen. I det videre arbeidet med etablering av tiltaket, må hensynet til villaksen ivaretas på ordinær måte.»

Kysttorsken har vore i kraftig tilbakegang dei siste 20 åra, og det er sett igang strenge reguleringstiltak for å bygge bestanden opp igjen. Men skal det skje, er første føresetnaden at gytefelta får vere i fred. I Repparfjorden er det gytefelt for kysttorsk, og tidligare foregikk gytinga omtrent der det blei deponert på 1970-talet. Da måtte gytetorsken flytte seg lenger ut, og dagens gytefelt blir delvis overlappa av det planlagde nye deponiet. Ei kartlegging som Akvaplan-niva gjorde i 2014 tyder på at denne flyttinga har ført til langt dårligare forhold for gytinga enn tidligare, og at torsken ikkje har gjenopptatt gytinga på det gamle gytefeltet, sjølv 35 år etter at utsleppa stansa. Det planlagte deponiet vil enno ein gong jage torsken frå gytefeltet, og det er no snakk om eit utslepp som er mange gongar større.

Da Kvalsund kommunestyre i 2012 vedtok reguleringsplanen for Nussir, sendte Norges Fiskarlag ein klage, som bl.a. tok opp spørsmålet om undersøking av gytefelta i Repparfjorden. Klagen blei avvist av kommunestyret, men ikkje sendt med vidare til behandling av Fylkesmannen og departementet. Da Kommunaldepartementet i 2014 godtok reguleringsplanen, skjedde det utan at dei hadde fått fiskarlaget sin klage. [29] Norges Fiskarlag sendte derfor ei klage på saksbehandlinga til Sivilombodsmannen, men denne viser bare til at KMD sitt vedtak er endelig og ikkje kan påklagast. [30] Med andre ord: Når dei høgaste forvaltningsorgana gjør vedtak, treng dei ikkje følge forvaltningsreglane, da vedtaka deira blir lov uansett.

I saksframlegget for kommunestyret si behandling av reguleringsplanen 08.05.2012 står det: «Hoveddelen av Repparfjorden er avsatt til «Særskilt bruk eller vern av sjø og vassdrag etter PBL § 20-4. nr. 5. Gyte/fiskeområde» Disse områdene er forbeholdt fiske etter de reglene fiskerimyndighetene fastslår. Andre aktiviteter kan skje så lenge det ikke strider mot planformålet.» Sett i lys av dei verknadane som sjødumpinga på 1970-talet hadde for fiske og gyting, og som er dokumentert bl.a. i konsekvensutgreiinga, skal det vanskelig gjørast å kunne hevde at det planlagde utsleppet ikkje «strider mot planformålet.» I det same sakspapiret blir det innrømt: «Etablering av sjødeponi i nærsonen (alternativ C) vil sannsynligvis redusere fiske i deponiområdet og vil ha middels negativ konsekvens.», men utan at ein trekk nokon konsekvens av dette. Det blir og innrømt at det ikkje er foretatt noka kartlegging av gyteområdet for torsk i Repparfjorden, men ein meiner det treng ikkje gjørast før ein tar standpunkt, det er tilstrekkelig at det blir gjort som del av overvakingsprogrammet for sjødeponiet!

Forsking på «hobbyrommet»

Nussir bestilte ei undersøking av utlekking av koppar til sjøvatn. Dette bestilte dei frå Kjeøy Research & Education Center (KREC), eit miniforskingsfirma i Vesterålen med ein tilsett. Der blei det gjennomført eit minieksperiment som skulle simulere straumar i fjorden over eit deponi. I eksperimentet, som blei gjennomført med to 40 cm høge kolonnar på 14 cm diameter, ligg avgangsmassen i ro, og det er ikkje stadig tilførsel av nytt slam. KREC konkluderte med at det ville bli utlekking av koppar både under utsleppet og frå deponiet, men ein hevda at denne utlekkinga ville bli langt mindre enn det som naturlig blir ført ut i Repparfjorden gjennom elvene som renn ut i fjorden. Sjølv om KREC sjølv seier det er behov for meir omfattande eksperiment for å trekke sikre konklusjonar, så held dette for Nussir til å konkludere. Det held og for Klif/Miljødirektoratet, som brukar dette eksperimentet til å seie at ein no er trygge på at det ikkje vil bli vidare utlekking og spreiing av tungmetall frå deponiet. Trass i at dette eksperimentet er ettertrykkelig plukka frå kvarandre, blir det igjen brukt av Næringsdepartementet som bevis på at alt er i orden.

Gjeld ikkje vassforskrifta?

Gjennom EØS-avtalen er Noreg underlagt EU sitt vassrammedirektiv av 2000. Dette innfører kvalitetsklassar for økologisk og kjemisk tilstand i vatnet, og krev at medlemslanda registrerer tilstanden i alle vassførekomstar og lagar planar for forbetring. Som implementering av direktivet ga Miljøverndepartementet i 2007 Forskrift om rammer for vannforvaltningen. Vassforskrifta seier at ein ikkje kan godta forverring av vasstilstanden, og at målet er å bygge opp tilstanden til god der han er dårligare. Mange har derfor hevda at sjødeponi vil vere i strid med denne forskrifta, blant dei er fleire offentlige institusjonar. Direktoratet for Naturforvaltning skreiv i Høring av søknad om tillatelse til drift av kobbergruve i Kvalsund kommune – Nussir ASA, 21.05.2012: «Vannforskriftens § 12 åpner bare for å gjøre unntak fra kravet til god økologisk tilstand og ikke fra kravet til god kjemisk tilstand. Det vil derfor ikke være adgang til å tillate deponering av avgangsmasser som innebærer at vannforekomsten får dårlig kjemisk tilstand. Ut fra de vurderinger som kommer frem i delutredningene vil den aktuelle vannforekomsten havne i dårlig kjemisk tilstand. Tiltaket vil derfor være i strid med vannforskriftens § 12.» [33]

Da Finnmark Dagblad 01.06.2012 spurte Nussir-direktøren om vassrammedirektivet, svarte han at han aldri hadde hørt om verken vassforskrift eller vassrammedirektiv. Det kan ikkje forureiningsstyresmaktene seie, men dei har mildt sagt ikkje virka særlig ivrige etter å overvake at forskrifta blir følgt. Da Akvaplan-niva skulle gjøre konsekvensutgreiing på sjødeponiet i Repparfjorden, fikk dei i mars 2011 brev frå Klif om at krava til vasstilstanden ville bli redusert[34]: «Slik vi har tenkt å praktisere vannforskriftens regulering er at god tilstand i sedimentet er definert ved grenseverdi for klasse II/III. I resipienter som mottar regulert utslipp lemper vi noe på kravene og stiller krav om klasse III/IV». Kva betyr så dette? Jo, at for gruveavfall («regulert utslipp») kan ein godta at kravet ikkje er «god» men «moderat». Organet som skal kontrollere forureining gir altså konsulentselskapet førehandsmelding om at dei vil godta meir forureining enn forskriftene gir høve til.

To år seinare laga Klif eit 7-siders skriv [35] for å forsvare konklusjonen «Klif mener at vannforskriften ikke er til hinder for at vi kan tillate deponering av avgangsmasser i Repparfjorden etter forurensingsloven §11.» Dette skrivet var opprinnelig stempla «Unntatt offentlighet». Klif hevdar her at verken kjemisk eller økologisk tilstand vil bli dårligare av at fjorden får eit utslepp som i første omgang er berekna til omlag 30 mill. tonn finmala masse. Dette bygger på KREC sine påstandar om minimal spreiing av koppar og nikkel og påstandar i NIVA sin rapport [36] om at «det vil bli en svært begrenset økning i partikkelkonsentrasjoner i de frie vannmassene og strandsonen».

23.02.2012 kom Klima- og miljødepartementet med Veiledning til bruk av vannforskriften §12. Denne rettleiinga er laga av departementet, og har ikkje vore på offentlig høring. Her følgjer ein opp kursen frå Klif/Miljødirektoratet, med undergraving av forskrifta. Rettleiinga synest å vere skrive i første rekke med eitt formål: Ho skal legitimere både pågåande gruveutslepp og dei planlagte, i første rekke til Repparfjorden og Førdefjorden.

Som oppfølging av vassrammedirektivet er det utarbeidd utkast til regionale vassforvaltingsplanar og tiltaksprogram. Finnmark er delt inn i 10 vassområde, der Repparfjorden hører til «Sørøya, Seiland og Kvaløya med innland». For Finnmark vassregion er det utarbeida ei rekke dokument: vassforvaltningsplan, tiltaksprogram og handlingsprogram.

I Tiltaksanalyse for Sørøya, Seiland, Kvaløya med innland 2013–2015 er tilstanden for Indre Repparfjorden karakterisert som «moderat», som resultat av sjødeponiet frå 1970-talet. Her står det om framtidige trugsmål mot vasskvaliteten: «Det er planlagt flere store industriaktiviteter i vannområdet frem mot 2021. Dette er blant annet gruvedrift i Kvalsund med mulig etablering av sjødeponi i Repparfjorden som vil kunne påvirke miljøtilstanden og miljømålene for dette fjordsystemet.»

I vassforvaltningsplanen er Repparfjorden bare nemnd som nasjonal laksefjord. I tiltaksprogrammet er det under Lokal tiltaksanalyse for Sørøya/Seiland/Kvaløya med innland vannområde nemnd at Repparfjorden og Repparfjordelva er viktige vassdrag for anadrome laksefisk. Her er skrive at økologisk tilstand i dette området no stort sett er svært god eller god, men: «I tillegg kan industriaktivitet (olje- og gassnæringen, oppdrett, gruvedrift) føre til påvirkning for vannforekomstene. Blant annet planlegges det gruvedrift i fjellområdet Nussir som tilgrenser Repparfjorden.» Ikkje med eit ord står det at planen for denne gruvedrifta innebærer å sleppe mange millionar tonn avgang ut i fjorden. Som vedlegg til tiltaksplanen er det ein tiltakstabell, der det er sett inn aktuelle tiltak for kvart av vassdraga. Repparfjorden er her ikkje nemnd. Under Repparfjordelva nedenfor Skáidi er både risikovurdering og tilstandsvurdering Udefinert. I handlingsprogrammet er Repparfjorden ikkje nemnd. Med andre ord: samtidig som søknad om tidenes største utslepp av tungmetallhaldig gruveavfall i Noreg er til avsluttande behandling i Miljødirektoratet, er dette ikkje tema for planen som skal sikre vasskvaliteten. Dette kan knapt vere ein tilfeldig glipp.

Vassforvaltningsplanane var på høring til utgangen av 2014, og det kom da mye kritikk, bl.a. av at ein ikkje har tatt alvorlig på utfordringane med utslepp frå gruver. For Finnmark vassregion kom det eit nytt utkast til delar av planen i februar 2015, men ingen ting var endra på dette området.

Foran den europeiske vasskonferansen i mars 2015 blei det publisert ei oppsummering av korleis EU/EØS-landa har følgt opp vassdirektivet. Her blir medlemslanda kritisert for at dei planlegg tiltak på grunnlag av kva som er gjort eller er i gang eller som dei ser som gjennomførlig, og ikkje ut frå kva som må gjørast for å oppnå god status på vassførekomstane, slik som direktivet krev. Dei gir alt for mye unnatak, utan tilstrekkelig motivering og skyv tiltaka for å løyse problema inn i framtida. Dette treff direkte både arbeidet med dei regionale vassforvaltningsplanane og departementet si tolking av eiga forskrift for å kunne gi mest mogleg unnatak.

Radioaktiv stråling?

Er det fare for radioaktiv stråling frå gruva? Dette spørsmålet har ikkje vore framme i debatten før saka blei slått opp på NRK Finnmark 06.01.2015. Det kom der fram at Statens strålevern i april 2014 har bede Nussir ASA om "å få oversendt vurderingene som er blitt gjort med hensyn på radioaktivitet i råstoffet som det er planlagt å utvinne." Nussir har sendt svar i mai 2014, men etter å ha gått gjennom dette svarar Statens strålevern 12.12.2014 at dei ikkje er nøgde med svaret, og ber Nussir om å gjennomføre ei miljørisikovurdering for radioaktivitet.[36a] Nussir opplyser at dei har gjort 2500 analyser av borkjerner og at ein ved alle desse bl.a. har målt innhaldet av uran og thorium, og i tillegg har dei den siste tida gjort ekstra kontrollmåling for radioaktive stoff på ein del borkjerner. Dei konkluderer at radioaktiviteten i det aktuelle området ikkje er meir enn normal bakgrunnsstråling som er over heile landet og at det ikkje er behov for spesielle tiltak.

Saka i Kvalsund kommune

demo

Ordførar Ragnar Olsen har heile tida støtta varmt opp om gruveplanane. Her er han litt til høgre i bildet i lag med direktør Øystein Rushfeldt på omvising for motsegnspartane og andre involverte, mars 2013
(Foto: SL)

Både kommunestyret og administrasjonen i Kvalsund kommune var frå starten positiv til koppargruve i Repparfjorden, på 2000-talet liksom på 1970-talet. Mens ordføraren da meinte at utslepp i Repparfjorden var heilt uproblematisk, har det denne gongen vore noko meir skepsis, sjølv om skepsisen ikkje har overdøva gruveiveren hos fleirtalet. Planprogrammet for reguleringsplanen blei vedtatt av Kvalsund kommunestyre 20.07.2010.

I 2010 uttalte daverande ordførar: «Ordfører Tor Arvid Myrseth mener man kan ha gruvedrift i Kvalsund uten å pumpe et eneste korn med gruveavfall inn i Repparfjorden. - Vi skal ikke ødelegge fjorden i bytte mot arbeidsplasser. Det er mulig å unngå deponi i fjorden og vi har gitt signaler til Nussir om at vi ønsker å se at mesteparten av gruveavfallet blir utnyttet heller enn at det blir dumpet, sier ordfører Myrseth.» [37]

Ved kommunevalet i 2011 var gruva ei stor sak. Arbeiderpartiet og Høyre stilte til val på støtte til gruve med sjødeponi, mens SV var mot. Resultatet blei reint fleirtal til AP, og den nye ordføraren, Ragnar Olsen, har ivra svært for å få gruva igang og for at både Nussir og alle andre med utbyggingsplanar skulle få alt dei søkte om. Ifølge Olsen er alle Arbeiderpartiet sine representantar programforplikta til å stemme for gruvedrift [38]. Det har dei da også gjort. Om nokon har røysta mot si eiga overtyding, er vanskelig å seie, men det har blitt lagt merke til at når gruvesaka har vore til behandling i kommunestyret, har det vore svært mange vararepresentantar til stades. I filmen Nussir – Drømmen om Finnmark (link) uttalte Ragnar Olsen: «Dersom fjorden blir ødelagt vil ingen gå inn for sjødeponi. Kommunen velger å stole på faginstansene som har laga konsekvensutredninga.»

Kommuneadministrasjonen la fram eit saksframlegg for behandling av reguleringsplanen som heilt einsidig argumenterte for sjødeponi som einaste alternativ, og som avviste alle innvendingar som var kome under høringa. Her står det bl.a.: «Tilbakefylling av gamle gruver vil ikke være aktuelt. Dette fordi det blokkerer for fremtidig utnyttelse av de gamle gruvene.» Dette skjer etter at den same kommunen har velsigna oppfylling av dei same gamle gruvene med borekaks.

08.05.2012 godkjende Kvalsund kommunestyre med 12 mot 3 røyster reguleringsplanen for gruva. Deretter sendte kommuneadministrasjonen 02.08.2012 kommunestyret sitt vedtak med plandokument inkludert reguleringsbestemmelser til Fylkesmannen. Etter Fylkesmannen si mekling behandla så kommunesstyret saka på nytt 25.10.2012, og 21.11.2012 sendte kommunen saka til Fylkesmannen for vidare behandling i Miljøverndepartementet. Nesten to år etter dette oppdagar så kommuneadministrasjonen at dei har sendt feil versjon av reguleringsbestemmelsene, og stiller spørsmål til KMD om kva grunnlag det endelige vedtaket er fatta på. [39]

Fylkesutvalg med forbehold

I samband med høringa på utsleppsløyve til Nussir blei saka behandla i Fylkesutvalget i Finnmark 20.03.2012.(link) Der blei det gjort eit samrøystes vedtak:

«... Finnmark fylkeskommune ønsker å ivareta våre naturmiljøer, og spesielt fiskeriene, og forventer at alle industrietableringer foregår innenfor et bærekraftig rammeverk. Spesielt må forholdet til vannforskriftens §7 (miljømål for prioriterte stoffer) og § 12 (ny aktivitet eller nye inngrep) avklares og gjøres rede for før en avgjørelse i saken fattes.

Finnmark fylkeskommune er opptatt av at det gjennom en eventuell utslippstillatelse stilles krav om at det etableres et tverrfaglig forsknings- og/eller overvåkingsprogram for sjødeponiet. Det må utarbeides forslag på tiltak slik at man blir i stand til å reversere eventuelle fremtidige skadelige konsentrasjoner av avgangsmassen på det ytre miljø. Det må også sees på muligheter for alternativ bruk av avgangsmassen.»

Tre år seinare er denne søknaden enno ikkje ferdig behandla, og nettopp dei forbeholda som fylkesutvalet gjør her viser noko av problema med å gi eit slikt løyve utan å komme i konflikt med lovar og forskrifter.

Fylkesmann i mange roller

innsigelse

I mars 2013 innkalte fylkesmannen alle motsegnspartane til møte i Kvalsund, mars 2013. Her er nokre av deltakarane. Fv. Ragnhild Marit Sara og Mikkel Nils Sara frå reinbeitedistrikt 22, Einar Ruud og Hacer Aydar, NHD, Trond Refseth, Direktoratet for mineralforvaltning og Øystein Rushfeldt, Nussir
(Foto: SL)

Fylkesmannen i Finnmark har i Nussir-saka hatt fleire og tildels motstridande roller. På eine sida er Fylkesmannen staten sin representant i fylket, og skal i utgangspunktet forsvare regjeringa sin politikk. På andre sida har Fylkesmannen ei miljøavdeling, som er sett til å kontrollere miljøtilstanden i fylket, og arbeide for bevaring av naturmiljøet og redusere forureining og anna uheldig påverknad på miljøet.

Som høringsinstans har Fylkesmannen si miljøavdeling gitt kritiske uttalar ved behandling av planprogrammet, reguleringsplanen og utsleppsløyve. Særlig er høringsuttalen til utsleppssøknaden av 15.05.2012 svært kritisk og slår fast at det er alvorlige feil i konsekvensutgreiinga og at sjødeponiet vil bryte med Vassdirektivet og EØS-avtala.

Fylkesmannen har etter plan- og bygningslova ei rolle som meklar når det blir reist motsegn mot reguleringsplanar som ein kommune har vedtatt. I denne saka skulle Fylkesmannen sjølv mekle mellom Nussir og reindrifta, men utan at det førte fram. Når dei ikkje blei samde, avviste så Fylkesmannen motsegna! Da det var deretter møte med motsegnspartane, var Fylkesmannen sjølv møteleiar. Seinare har Fylkesmann Gunnar Kjønnøy uttalt at han støttar Nussir sine driftsplanar.

Nøytralisering av motstand i offentlige organ

Lenge før dei faglige etatane var ferdig med behandlinga av reguleringsplanen, gikk Arbeiderpartiet sin parlamentariske leiar og tidligare fiskeriminister Helga Pedersen klart ut med at Nussir må løyve.
(Altaposten 03.02.2012)

Frå første høringa på Nussir sine planar har det vore delte meiningar i sentrale forvaltningsorgan. Heile sju offentlige organ har uttalt seg kritisk, men skiftande regjeringar har sørga for å få mesteparten av denne motstanden nøytralisert. Tre av organa eksisterer ikkje lenger som sjølvstendige einingar, men er lagt under andre organ med meir positiv haldning til gruveplanane: Direktoratet for naturforvaltning er slått saman med Klif til Miljødirektoratet, og gruvesaker ligg til den avdelinga som tidligare var Klif, og som knapt nokon gong har sagt nei til ein utsleppssøknad. Områdestyra for reindrifta er lagt ned og oppgåvene deira overtatt av Fylkesmannen. Fiskeridepartementet er lagt under Næringsdepartementet, som heile tida har vore ein pådrivar for gruver med sjødumping. Etter regjeringsskiftet hausten 2013 sørga den nye regjeringa for å trekke tilbake Landbruksdepartementet si støtte til motsegna frå reindrifta. Fylkesmannen si miljøavdeling [40] har fått innvendingane sine lagt daude av fylkesmannen sjølv. Fiskeridirektoratet [41] si motsegn blei avvist på formelt grunnlag fordi ho var levert for seint. Det står dermed ingen forvaltningsorgan igjen med gjeldande innvendingar mot Nussir sine planar.

Frå fleire sentrale politikarar, bl.a. parlamentarisk leiar i Arbeiderpartiet [42], har det kome klare signal om at gruva må etablerast med sjødeponi.

Kva så med grunneigaren? Med Finnmarkslova av 2005 blei Statskog avløyst av Finnmarkseiendommen (Fefo) som forvaltar av grunnen i Finnmark. Styret i Fefo er samansett av tre frå fylkestinget i Finnmark og tre frå Sametinget, og da søknaden om utsleppsløyve var til behandling i styret, var det Harald Larsen frå Fylkestinget og Arbeiderpartiet som hadde leiarposisjonen med dobbeltrøyst. Denne brukte han til å få gjennom støtte til Nussir sine utsleppsplanar, med støtte av ein Høgre-representant frå Fylkestinget og ein Arbeiderparti-representant frå Sametinget. [43]

Sametinget på begge sider

Sametinget si rolle i gruveprosessen i Kvalsund har vore både uklar og omstridd og variert med skiftande fleirtal på tinget.

Da FeFo-styret i 2008 sa nei til søknaden frå Wega Mining (sjå tidligare i dette kapitlet), var det Sametinget sine representantar som utgjorde fleirtalet. To år seinare var haldninga frå Sametingsrådet langt meir positiv til Nussir sine planar. I Finnmark Dagblad 02.09.2010 er det eit oppslag der overskrifta seier det meste: «Gruveaktører allierer seg med Sametinget. Ønsker å få reindrifta på gli med samme metode». Vidare står det i artikkelen: «Gruveselskapet kjøpte i januar utvinningsrett på Ulveryggen i Kvalsund fra Metallica Mining, samtidig som klage fra Reinbeitedistrikt 22 Fiettar på mutingstillatelsen fortsatt var til behandling hos Nærings- og handelsdepartementet. Nussir-direktør Øystein Rushfeldt varslet at han vil løse saken på en helt annen måte enn selgeren av utvinningsretten, og sa til FD i februar at han ville satse på dialog med reindrifta. Det har han også innledet med Sametinget. I går møtte han sametingspresident Egil Olli i Kirkenes for å signere en intensjonsavtale.

– Dette er ingen avtale med konkret innhold, men en avtale om hvordan vi skal jobbe sammen, sier direktør Rushfeldt til FD.»

Sjølv om sametingsrådet hevda at intensjonsavtalen ikkje var noko støtte til gruveplanane, blei han utnytta av Nussir for alt han var verdt. På informasjonen til investorar er avisoppslaget om sametingspresidenten og Nussir-direktøren som underteikna avtalen slått opp under "Sterk politisk støtte frå alle nivå".[42a]

Sametingsrepresentant Kirsti Guvsám heldt appell mot sjødumping på demonstrasjon ved Stortinget i mars 2014.
(Foto: SL)

Både Sametinget og Nussir ønska seg reinbeitedistrikta 20 og 22 med på avtalen, men dei sa nei. Leiaren for distrikt 22 Fiettar uttalte seg krasst: «Sametinget skal vere eit slikt organ som tar vare på interessene våre, ikkje arbeider i lag med dei mot oss. Med denne intensjonsavtalen viser og bekreftar ei at dei ikkje støttar reindrifta, når dei har avtalt med gruveselskapet, som kjem som ein inntrengar for oss, seier han. Han seier og at dei ikkje lenger har tillit til Sametinget.» [44]

Da reguleringsplanen kom i 2011, var Sametinget blant institusjonane som kom med motsegn. Denne motsegna bygde utelukkande på reindrifta sine interesser, og tok ikkje opp verknadane av sjødeponi for fjorden.

Mesteparten av den tida det har vore strid om gruve i Repparfjord har Arbeidarpartiet hatt sametingspresidenten og fleirtal i sametingsrådet (2007–13). Samtidig har det innafor sametingsgruppa til partiet vore svært delte meiningar om gruvepolitikken generelt og om Repparfjorden spesielt. Nussir-saka blei diskutert i sametingsrådet, men blei ikkje tatt opp i plenum. Trulig var det fleirtal for gruve med sjødeponi i AP-gruppa. Det var derimot liten sjanse for å få fleirtal for dette synet i heile Sametinget. Med å ikkje ta opp saka til plenumsbehandling, slapp ein risikoen for at rådet ville komme i mindretal.

Sametingsrådet inngikk i 2011 ein intensjonsavtale med Nussir. Det har vore mye misnøye med denne både innafor og utafor Sametinget. Hausten 2013 overleverte Finnmarksaksjonen makulerte intensjonsavtalar til sametingspresident Egil Olli (med ryggen tll) Til høgre for Olli John Nystad frå Samefolkets Parti, Torulf Olsen frå aksjonen for Repparfjorden, Aslak Henrik Lango frå reinbeitedistriktet Fiettar, Pål Johannessen frå Vest-Finnmark Jeger og Fisk og Ravdna Anti frå Naturvernforbundet.
(Foto: SL)

I august 2013 publiserte NRK Sápmi to interne notat som var gjort for Sametingsrådet. Det første er datert 04.06.2012 og har tittelen «Drøftingsgrunnlag for forhandlingsposisjon om søknad om driftskonsesjon for gruvedrift i Repparfjord, Kvalsund kommune.» Notatet tar utgangspunkt i intensjonsavtala med Nussir og Sametinget sin mineralvegleiar. Her går ein inn for at Sametinget skal forhandle direkte med gruveselskapet, i staden for med staten. Når så Sametinget har forhandla med gruveselskapet, skal ein gi avkall på retten til konsultasjonar med regjeringa. Her blir og argumentert for at Sametinget kan inngå avtalar sjølv om rettshavarar som reineigarar eller fjordfiskarar er mot det, fordi Sametinget har eit overordna ansvar. I notatet blir det hevda at skadeverknadane for livet i havet vil vere små. Heile argumentasjonen legg opp til at ein godtar sjødeponi. I konklusjonen står det blant anna at den planlagte gruveverksemda ikkje vil vere i strid med FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Ein legg opp til at Sametinget skal ta initiativ til forhandlingar med Nussir. Det neste notatet er skrive 29.08.2012. I motsetning til det førre notatet går dette konkret inn på verknadane for reindrift, marint miljø og fisk og samisk kultur og samfunn. I konklusjonen står det: «Sametingets utgangspunkt er at de samlede konsekvensene er negative for samisk kultur med næringer og samfunnsliv. Som utgangspunkt mener derfor Sametinget at Nussir ASA ikke bør søke driftskonsesjon om gruvedrift i Kvalsund. Sametinget er likevel også åpen for å drøfte muligheten for at det søkes driftskonsesjon. En slik drøfting må da inneholde følgende elementer: (12 krav) I Ávvir 28.08.2013 uttaler sametingspresident Egil Olli at han er skuffa over at eit medlem av sametingsrådet må ha sendt interne papir til media. NSR kravde at alle interne papir i saka må bli lagt fram for sametingsrepresentantane. I same avisa opplyste at det har vore kommunikasjon med Nussir, men at ein ikkje har kome særlig langt. Ut frå desse drøftingane skulle så Sametingsrådet innstille for sametingsplenum. Så langt kom det ikkje, for sametingsrådet blei skifta ut få veker etterpå.

Den nye sametingsrådet frå NSR har vore meir kritiske til gruvesatsinga. Sametingsrådet sin ansvarlige for gruvespørsmål har beklaga at Sametinget si motsegn mot Nussir bare gjaldt reindrifta, ikkje sjøsamiske interesser og utslepp i fjorden. I samband med søknaden om utsleppsløyve har Sametinget starta konsultasjonar med Miljødirektoratet, pr. april 2015 er desse konsultasjonane enno ikkje avslutta.

Sametingsrådet ønskte i mars 2014 å seie opp intensjonsavtalane, men forhandla bort dette da dei såg at det ikkje ville få fleirtal i plenum. Bare 4 representantar røysta for dette forslaget frå partiet Árja: «Sametinget ber sametingsrådet om å avvikle de inngåtte intensjonsavtaler med Arctic Gold AB og Nussir ASA, med bakgrunn i manglende tilslutning til avtalene fra tradisjonelle samiske næringsutøvere og lokale samiske rettighetshavere.» Resultatet er at Sametinget sin intensjonsavtale med Nussir framleis er gyldig, og det er framleis ikkje gjort noko konkret vedtak om kva Sametinget meiner om Nussir. Likevel har sametingspresident Aili Keskitalo uttrykt seg svært klart, spesielt på konferansen Arctic Frontiers i januar 2015, der ho varsla at ein måtte rekne med rettssak dersom Nussir får konsesjon. (link). Dette blei møtt med harde åtak frå Nussir-direktøren, som hevda at Sametinget ikkje var part i saka(link), og Kvalsund-ordføraren, som meinte det var udemokratisk å overprøve vedtaket til Kvalsund kommunestyre.(link)

Nussir informerer og påverkar

Første sida av Nussir si brosjyre om sjødeponi.

Nussir innsåg tidlig at det kunne bli mange skjær i sjøen før dei fikk løyve å starte, og satsa frå starten hardt på informasjon og påverknad på lokalsamfunnet og på organ for konkurrerande interesser. Noko liknande påverknadsarbeid har vel aldri før skjedd i ei gruvesak i Noreg og knapt heller i andre større utbyggingssaker. – Nettsida http://nussir.no er den største samlinga av informasjon om saka. Her kan ein finne både planprogram, reguleringsplan med alle konsekvensutgreiingar og utsleppssøknaden. Her er referert alle høringsuttalane som har kome, og Nussir har kommentert innvendingane i desse. I tillegg er det lagt ut ei rekke skriv i tilknyting til desse planane, og eit rikhaldig utval av avisartiklar og oppslag på NRK. Den mest grunnleggande informasjonen er lagt ut på norsk, engelsk og samisk!

Nussir har publisert ei fire siders fargebrosjyre «Hva betyr et sjødeponi for Repparfjorden» og arrangert ei rekke folkemøte i Kvalsund. I 2010–11 var det i Kvalsund ei eiga ressursgruppe, der også gruveskeptikarar blei invitert med. Ressursgruppa besto av representantar for Kystfiskarlaget, Vest-Finnmark Jeger og Fiskerforening, Kvalsund Jeger og Fiskerforening, Hammerfest & Omegn Turlag. I tillegg har det vore trukke inn «lokale ressurspersonar» i samråd med Kvalsund kommune. Gruppa hadde 8-9 møte og Rushfeldt vurderer denne som svært nyttig for selskapet. Medlemmane i gruppa kom ut frå sin lokalkunnskap med gode råd f.eks. om plassering av tunnelar og installasjonar i terrenget m.m.

Øystein Rushfeldt har gjort ein veldig innsats for å snakke med alle som var viktige å vinne for si sak, frå møter med politikarar lokalt og sentralt, forskarar og fiskarar til å drikke kaffi med folk i Kvalsund. Nussir har hatt 40-50 møter med folk frå reindrifta. Nussir, som regel ved Øystein Rushfeldt, har vore aktiv i å skrive avisinnlegg og gi intervju til alle slags media. Lenge før det er produsert eit einaste gram koppar, er «han Øystein» blitt ein stor kjendis både i Finnmark og i mineral-Noreg.

Liksom motstandarane har tilhengarane tatt i bruk Facebook. Gruppa «Vi som vil ha gruvedrift i Repparfjorden». kan likevel knapt seiast å vere nokon udelt suksess, med 172 medlemmar pr. 07.04.2015, da motparten si gruppe «Repparfjord - Nei til dumping i fjorden !!» samtidig hadde 2376 medlemmar.

.

Millionar og milliardar

I samband med gruveplanar flyr det mange store tal i lufta. Det er ikkje alltid så lett å halde frå kvarandre millionar og milliardar kroner og tonn, verken for lesarar eller avisjournalistar. Her er eit eksempel frå Finnmark Dagblad: «Trolig inneholder fjellet under de gamle dagbruddene et sted mellom fem og ti millioner tonn kobber, to-tre ganger mer enn først antatt.» [45]
Det rette skal vere 5–10 mill. tonn malm, med eit kopparinnhald på under ein prosent. Optimistisk berekna blir det 50–100 000 tonn.

Vel ein månad etterpå, 22.09.2010, skriv den same journalisten i same avisa: «En klassifisering av funnet gjort i London, viser at Ulveryggen inneholder åtte millioner tonn malm med et kobberinnhold på 0,8 %. Det utgjør mellom 2,5 og 3 milliarder kroner.» Altså i tråd med utrekninga vår over. Men kom avisa med noko retting av dei første tala?

Anslaga over kor mye koppar det finst i fjellet i Kvalsund har variert enormt, og vi kan vel trygt seie at ingen veit kor mye som finst til saman. Det vi kan seie er omtrent kor mye som ein har kartlagt i og ved dei to felta som Nussir no har utvinningsrett på. I følgje deira eigne tal var det 35 mill. tonn malm i 2010 og intens leiteboring har ført til at dette er auka år for år til 52 mill. tonn våren 2014. I september 2014 kjem så nye oppdaterte tal med 74 mill. tonn (link). Av dette er Ulveryggen konstant med rundt 8 mill. tonn, det meste av auken har kome innafor området med utvinningsrett på Nussir, mens noko er i område der Nussir har undersøkingsrett, men enno ikkje utvinningsrett. 74 millionar tonn malm betyr omlag 1,5 million tonn kopparkonsentrat og 3/4 mill. tonn koppar. Det betyr vel 72 millionar tonn avgang til Repparfjorden.

Kløyva eller samla motstand?

På markeringa i Kvalsund 24.08.2013 møttes både reindrift, fjordfiskarar og elvefiskarar på felles grunnlag.
(Foto: SL)

Da Nussir sine gruveplanar blei lansert, var eit ganske stort fleirtal i Kvalsund kommune positivt innstilt, både blant politikarane og folk flest. Ein del var likevel skeptiske og blei etterkvart klarare motstandarar, av sjødeponi eller av heile gruveplanen. Folk som budde langs Repparfjorden var jamnt over meir kritiske enn dei som budde i kommunesenteret. Motstanden kom fram på folkemøta som Nussir arrangerte, gjennom kritiske innlegg i avisene, og gjennom Facebook-gruppe mot dumping i fjorden.

Blant dei mest kritiske var Finnmark Jeger- og Fiskerforening, som allereie i 2010 uttalte: «I forhold til deponi mener NJFF – Finnmark at landdeponi ikke må lokaliseres slik at avrenning kan forekomme innenfor grensene for nasjonal laksefjord, og et sjødeponi innenfor de samme grenser er fullstendig uakseptabelt.»(link) Lokalforeininga i Vest-Finnmark (VJFF) har vore spesielt aktiv og har arbeidd i forhold til forskjellige politiske miljø og næringar. VJFF ønskte å løfte saka opp på eit nasjonalt/internasjonalt nivå og søkte alliansar blant naturvernarar. Da foreininga arrangerte seminar i samarbeide med Samisk høgskole i Guovdageaidnu i 2012, blei for første gong både laksefiske- og reindriftsinteressene markert i lag. Miljøgruppa i foreininga oppsummerer i 2014: «Hovedinnsatsen i 2013 har som de senere år vært å få stoppet planer om utslipp i Repparfjorden fra planlagt gruvedrift. Saken er så omfattende og komplisert at den har krevet all den tid og de ressurser vi har til rådighet.»

Norges Fiskarlag vedtok allereie på landsstyremøte i mars 2010: «Det må være et felles overordnet prinsipp at sjøen ikke skal brukes som avfallsplass for dumping av masser og kjemikalier». Lokalt har det derimot vore heller liten aktivitet, sjølv om nokre fiskarlagsmedlemmar har deltatt på motstandsarrangement.

Både Kvalsund og nabokommunane har vore sterkt prega av motsetningar mellom samisk og norsk, kyst og innland. Markerte samerettsmotstandarar, særlig i nabokommunane Alta og Hammerfest, nytta no høvet til å hamre mot Sametinget og reindrifta som ville hindre utvikling og arbeidsplassar. Men også blant lokale samepolitikarar var det ivrige tilhengarar av gruveplanen. Nussir kunne derfor rekne med støtte i mange leirar. Det var da ingen fungerande miljøorganisasjonar på kysten av Vest-Finnmark.

Blant motstandarane av gruveplanen var det sterkt delte meiningar om alternative løysingar. I planprogrammet var det skissert to deponialternativ. Landdeponi ville ramme reindrifta hardast, mens sjødeponi ville vere verst for fisket i fjorden og elva. Dei forskjellige partane var da mest opptatt av å hindre den løysinga dei sjølve ville tape mest på. I høringsuttalen frå reinbeitedistrikt 20 heiter det: «For reindriften vil det åpenbart være stor fordel med valg av sjødeponi framfor landdeponi». (link) Lokallaget av Samenes Folkeforbund sa derimot: «Vi vil presisere at vi ikke er imot gruvedriften og ønsker disse arbeidsplassene velkommen. ... Imidlertid må vi også få lov til å presisere at vi ikke er for gruvedrift for enhver pris. Slik vi ser det kan dette prosjektet komme til å rasere hele Repparfjord og Repparfjordelva. ... Derfor ser vi det slik at landdeponi foreløpig peker seg ut til å være den eneste og beste løsningen.» (link)

Eit par år seinare var mye endra. 24.08.2013 sto ein stor trailertilhengar parkert på torget framfor Coop i Kvalsund. Han fungerte som scene for ei rekke politiske og kunstnariske innslag som hadde til felles at dei gikk mot Nussir sine gruveplanar. Her var representantar for miljøorganisasjonar, norske og samiske politiske parti og ungdomsorganisasjonar, sametingsrepresentantar, kystfiskarar, fjordfiskarar og elvefiskarar, hyttefolk, sjøsamar og reindriftssamar. Dei sto på same scenen, for same saka og dei sa ingenting mot kvarandre. Det var slett inga sjølvsagt sak at ein skulle komme dit. Blant desse er det mange organisasjonar som til vanlig står i ganske skarp motsetning til kvarandre, men dei fann likevel saman i denne saka.

På folkefesten for fjorden i juni 2014 stilte både kjente og ukjente artistar. Her fra venstre konferansier Annie Henriksen, Nomzi Kumalu,Mari Boine, Marion Palmer og Irene Persen.
(Foto: SL)

Av miljøorganisasjonar er det Naturvernforbundet som har hatt det mest markerte engasjementet, og Nussir-saka var avgjørande for oppretting av lokallag i 2014. Natur og Ungdom og Miljøvernforbundet har og engasjert seg mot Nussir sine planar, særlig mot sjødeponi.

15.06.2013 samla representantar for forskjellige organisasjonar seg til fellesmøte i Karasjok og stifta «Finnmarksaksjonen mot forurensing fra gruver». (link) Aksjonen har seinare stått som arrangør av fleire markeringar.

I 2015 har motstanden mot sjødeponi blitt utvida gjennom to opprop, først i januar frå 33 miljøorganisasjonar i ei rekke land, så i mars frå ti organisasjonar og bedrifter innafor oppdrett, fiskeri og sportsfiske. Dette var første gongen at oppdrettsnæringa har engasjert seg mot sjødeponi i Repparfjorden.

Bruke eller bryte lova?

I august 2013 arrangerte Finnmarksaksjonen mot forgiftning fra gruver ei markering på torget i Kvalsund. Med ein trailertilhengar som scene var det ei rekke appellar og kunstnariske innslag. På bildet Torulf Olsen, initiativtakar til Facebookgruppa "Repparfjord – Nei til dumping i fjorden" og no leiar av Bivdi. Bak han utstilling av maleri av Máret Ánne Sara.
(Foto: Gunnar Reinholdtsen)

Dei «toneangivende» kreftene i både den førre og den noverande regjeringa har gitt klare meldingar om kva konklusjonen skal vere på dei søknadane som står igjen å behandle. Når godkjenningsprosessen likevel har tatt så lang tid, har det utvilsamt samanheng med dei faglige innvendingane og den politiske motstanden. Før denne boka er publisert kan utsleppsløyvet ha kome frå Miljødirektoratet. Dette vil ganske sikkert bli anka inn for Klima og miljødepartementet, men der er nok svaret gitt. Vegen ligg da open for driftskonsesjonen frå Direktoratet for mineralforvaltning. Kampen vil ikkje vere over med det, han vil bare gå inn i ein ny fase, der kampmidla vil vere andre. Det står da om to vegar, som vi kan kalle den legale og den illegale.

På den legale vegen har Reinbeitedistrikt 22 varsla at dei i samarbeid med samiske organisasjonar vil ta saka opp innafor FN-systemet.[46] Andre organisasjonar, bl.a. Bivdi og Vest-Finnmark Jeger og Fiskerforening har tenkt å bruke Finnmarkskommisjonen[47], mens fleire organisasjonar vurderer å melde Noreg inn for EU/ESA for brot på vassdirektivet. Det kan derfor bli langvarige rettsprosessar før det blir avgjort om Nussir sine planar vil ha tilstrekkelig legalt grunnlag.

I juni 2014 samla Natur og Ungdom omlag 50 ungdommar ved Repparfjorden.
(Foto: Mina Røed)

Fiskar og leiar i Finnmark SV, Johnny Ingebrigtsen peikar ut mot Repparfjorden og seier: "Her skal vi stanse sjødeponiet".
(Foto: SL)

Ved sida av den juridiske vegen, er det ein annan veg som har fått langt større mediamerksemd. Fleire grupper vurderer sivil ulydnad og mange spør om dette blir ein ny strid tilsvarande kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget rundt 1980. Natur og Ungdom varsla på landsmøtet i januar 2013 at dei var villige til å gå inn med lenkegjeng i Kvalsund om nødvendig for å stanse dumping frå Nussir. Også lokale aksjonistar har truga med aksjonar dersom Nussir får øyve å starte opp. Ságat 03.08.2013 skriv «Repparfjorden kan bli et nytt Stilla», og «Aksjonsgruppe vil sabotere gruvedrifta ved å tette utslippsrør i fjorden». Frå fiskarar har det fleire gongar kome varsel om aksjonar. Fiskar og SV-politikar Johnny Ingebrigtsen åtvara i Kvalsund i august 2013 om at fiskebåtar kan sperre Repparfjorden, og i juni 2014 fortalte Jonny Pettersen frå Hammerfest fiskarlag at han hadde fått mandat frå laget til å seie at dei ville aktivt støtte opp om aksjonar på hav og land.

Eit stadig lengre løp

«Nussir ASA – The frontrunner in the new Norwegian mining industry». Slik presenterte Nussir seg ved ein internasjonal gruvekonferanse i 2012. (link) Men løpet der Nussir løper i fronten har blitt stadig lengre undervegs. Da Nussir blei ASA i 2007 var optimismen stor: «Målsettingen er at kobberforekomsten er i drift i 2011.»[48] I 2008 blei oppstarten anslått til 2012, og i 2010 til 2013. [49] På møte i Kvalsund mars 2013 uttalte direktør Øystein Rushfeldt at drifta sannsynligvis kan starte 2015/16. Dette bygde på at godkjenning av reguleringsplan og utsleppsløyve ville komme i 2013. No byrja både bedriftsleiing og investorar å bli utolmodige og i mai 2013 uttalte Rushfeldt at om dei ikkje fikk dei nødvendige løyva i løpet av 2013, kunne det bli slutt på heile «gruveeventyret». [50] Da det blei klart at løyva likevel ikkje kom så fort, var han likevel like blid, i alle fall i media. Seinare i 2013 sa han at 2017 vil vere eit realistisk tal for oppstart av utvinninga. I 2015 seier han at om dei får alle løyve i løpet av året, kan produksjonen i beste fall komme i gang i 2018.

I dag ligg ein altså minimum 7 år etter opprinnelig plan, og det er høgst usikkert om det i det heile blir noko av gruva. Sjølv om Nussir med jamne mellomrom strør ut nyheiter i media om nye funn av koppar, gull, sølv og meire til, har denne stadige utsettinga ikkje gjort det lettare å samle pengar til ei investering på noko rundt ein milliard. 100 millionar er allereie brukt, og potensielle investorar er skeptiske til å satse på eit prosjekt som møter stadig større motstand. Nussir sitt svar er da å be staten om hjelp, ikkje bare om løyve, men om økonomisk støtte for å finansiere prosjektet. 1/4 til 1/3 av finansieringsbehovet er det Nussir forventar seg av staten.
Dette får økonomiprofessor Erik Reinert til å kommentere: «– At man nå søker hjelp av statlig risikokapital for å kunne gjennomføre det som er blitt kalt «norgeshistoriens største planlagte forurensning» er nesten utrolig. En ting er at noen skal tjene penger på forurensningene - noe helt annet er det at norske skattebetalerne også synes å måtte være med på spleiselaget for å subsidiere forurensningene slik at de skal bli bedriftsøkonomisk lønnsomme.» (link)

Kva kan skje framover?

I tittelen til denne boka har eg skrive at ho skal vere eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid. Som kjent er det vanskelig å spå – særlig om framtida. Eg skal ikkje forsøke å spå kva som er mest sannsynlig, bare vise nokre moglege vegar.

Dagens situasjon kan nærast karakteriserast som konflikt. Denne kan utvikle seg til tre alternativ: konfrontasjon, konkurs og konsensus.

Konfrontasjon ser for tida ut som det mest sannsynlige neste trinn i utviklinga. Det er forventa at Miljødirektoratet våren 2015 vil gi utsleppsløyve til Nussir. Dette vil føre til ei rekke anker samtidig som saka vil bli ført inn i norsk og internasjonalt rettsvesen. Om anleggsarbeid likevel blir sett igang, har både naturvernarar og fiskarar varsla aksjonar, og vi kan få ein situasjon som minner om Altakampen, med lenkegjengar, politiaksjonar og borgarvern. Mye tyder og på at det kan bli ei internasjonal sak, der store delar av sjømatnæringa som fryktar for omdømmet til rein fisk frå reint hav, kan gå i lag med internasjonale miljøorganisasjonar. Dersom Nussir og Norsk Bergindustri står fast på sjødeponi som einaste alternativ og får støtte frå statsapparatet, kan kampane bli langvarige og fastlåste og utvikle seg til situasjonar som ingen ønsker seg.

Konkurs er heller ikkje eit usannsynlig forløp. Allereie i 2014 klaga Nussir over at det var vanskelig å samle kapital til å sette igang. Ettersom behandlingsprosessen drøyer ut og Nussir blir pålagt fleire og fleire utgreiingar, kan både aksjonærar og kreditorar bli utolmodige. Ei internasjonal kampanje mot sjødeponi vil heller ikkje gjøre utsiktene lysare for verken eksisterande eller potensielle investorar. Kjem det så ytterligare fall i kopparprisen, kan tilførsel av kapital svikte og det kan ende med at Nussir ASA blir slått konkurs. Det blir i så fall vanskelig for andre å starte opp med same konseptet.

Konsensus kan i skrivande stund virke uoppnåelig. Likevel er det teikn som kan tyde på moglege opningar. Frå mange hald blir det arbeidd for å finne alternativ til deponering av store mengder avgangsmassar. På verdsbasis er det stor mangel på sand og stein til bygningsmateriale, og her kan gruveavgang og gråberg vere eit aktuelt alternativ. Dette er også behandla av konsekvensutgreiinga for Nussir, som viser at her er mange aktuelle bruksområde.

Jo vanskeligare det blir å få gjennom den lettvinte løysinga med sjødeponi, jo meir vil Nussir måtte satse på å finne alternativ bruk. Om ein klarer å finne ei løysing utan større deponi, vil miljørørsla og sjømatnæringa trulig stille seg meir positiv til gruveplanane. Ved sida av bruk av avgang til bygningsmateriale, er det under utvikling andre separeringsmetodar, som elektroekspandering og syklonar. Dette kan gjøre det mogleg å dele avgangen inn i forskjellige mineral og slik få full kontroll med denne. Fleire mineral vil kunne seljast kvar for seg, og det gjenståande kan gå til sterkare og betre betalt materiale.

Konsensus betyr ikkje at reindrifta må la seg presse til å gi etter, men at dei gir det FN kallar "fritt informert samtykke". Dette krev ei løysing der begge dei berørte distrikta vil kunne halde fram med bruken av området utan vesentlige innskrenkingar. Arealinngrepa som no trugar reindrifta frå alle kantar, trugar framtida til samisk kultur, språk og samfunnsliv, som det etter grunnlova "påligger statens myndigheter" å verne om. Da kan ikkje staten bare fråskrive seg dette ansvaret gjennom å pålegge reindrifta og gruveselskapet å ordne opp seg i mellom.

Til sjuande og sist er det reindrifta som sjølv må avgjøre om ein utbyggingsplan vil vere akseptabel for dei, men vi kan likevel peike på noko av det ei slik løysing ville måtte innehalde. Før nye inngrep kan vurderast må ein bli ferdig med dei gamle, det vil seie å rydde og revegetere etter tidligare drift, noko som bl.a. betyr ei avvikling av deponiet til Finnmark Gjenvinning og eit ganske stort arbeid med gjenfylling. Deretter gjeld det å minimalisere inngrepa ved uttak av malm. Det krev bl.a. at ein så langt mogleg unngår inngrep over 100 m.o.h. I tillegg vil trulig også reinbeitedistrikta måtte få ein garanti mot andre inngrep i området. Dette kan sjølvsagt Nussir ASA aleine ikkje gi, det krev at sentrale styresmakter bidrar. Til sist krev ei slik løysing at ikkje overskotsmassane blir deponert eller brukt på ein slik måte at det skaper ytterligare problem. Eit landdeponi vil vere heilt uakseptabelt, og eit eventuelt fabrikkanlegg som utnyttar avgangsmassen vil måtte plasserast slik at det ikkje legg beslag på viktig beiteområde.

Dersom regjeringa virkelig ønsker ei løysing og ikkje bare fortsatt konfrontasjon, kan ho starte med å bidra til å finne løysingar på desse områda.

Gråstein og grums ved Repparfjorden

Ei side frå Kvalsund kommune si skrytebrosjyre for å trekke investeringar til kommunen. Teksten var ved Jens Berg-Hansen og foto og layout ved Arvid Sveen.

Etter at gruvedrifta stansa i 1978 har det i tillegg til nye koppargruver vore lansert ei lang rekke prosjekt i Kvalsund kommune. Nokre av ser ut å ikkje bli noko av i første omgang, som oljeilandføring på Markopneset, vindmøller vest for Repparfjorden og dei største planane for vasskraftutbygging. Andre er under konsesjonsbehandling eller klagebehandling, som vindkraft aust for Repparfjorden og såkalla småkraftverk i Kvalsunddalen og aust for Repparfjorden. Tidevasskraftverk er under utprøving i Kvalsundet, og omstridte oppdrettsanlegg har blitt etablert overalt i kommunen, med unnatak for Repparfjorden, som sidan han er nasjonal laksefjord pr. definisjon ikkje toler oppdrett (i motsetning til nokre millionar tonn gruveavfall).

Sandtak i utløpet av Repparfjordelva.
(Foto: SL)

I ein rapport frå Fylkesmannen i Finnmark i 1985 [51] blei deltaet ved utløpet av Repparfjordelva karakterisert som verneverdig, fordi dette er hekkeområde og rasteområde for mange fugleslag. Likevel har Repparfjord Sand i fleire år fått drive grustak på eit midlertidig løyve mens ein ventar på at NVE skal bli ferdig med konsesjonsbehandlinga. Vest-Finnmark Jeger- og fiskerforening og Bellona har arbeida for å stoppe dette uttaket, som dei meiner er svært skadelig både for fuglelivet i elveosen og for laksefisk som skal gå opp i elva.

Felles for dei nemnde prosjekta og dei som blir presentert vidare her, er at dei har blitt presentert i media med store vyer og løfter, og at dei har blitt møtt med stor entusiasme i kommuneleiinga. Dei har og til felles at dei så langt har gitt minimalt med arbeidsplassar og inntekter til kommunen, men derimot ført til eller vil føre til stor påverknad på naturen.

Her ser vi nærare på dei prosjekta som er direkte knytta til det området der Folldal Verk hadde gruver på 70-talet, det vil seie industriområdet på Øyen og gruvefeltet på Ulveryggen.

Brann i tunnel

I tida etter at gruvedrifta blei lagt ned, blei dei gamle dagbrota brukt til så mangt, bl.a. til lagring av skrot, som desse gamle togvognene.
(Foto: Knut Altmann)

Eit nedlagt gruveområde kan brukast til så mangt. Frå 1990 til 1992 blei her gjennomført eit internasjonalt forskingsprosjekt kalla «Brann i tunnel» (Eureka 499 Firetun) (link1) (link2) Det blei gjort heile 20 testar med å frakte forskjellige hjul- og skinnegåande kjøretøy inn i gruvetunnelane, for så å sette fyr på dei og måle bl.a. temperatur- og røykutvikling og skade på tunnel. Under denne forskinga blei det brukt forskjellige kjemikalier, som så rant ut i terrenget. Etter at testane var avslutta blei gamle, tildels utbrende jernbanevogner og trikkar liggande rundt i terrenget. Der låg dei til 2003, da Wergeland-Halsvik fann dei og grov dei ned, utan å konsultere verken kommunen eller miljøstyresmaktene. [51]

Kompliserte eige- og leigeforhold

Eigedomsforholda og leigeforholda i området er ikkje lett å få oversikt over. Det aller meste av det aktuelle området har hørt til Statskog til 2006, seinare Finnmarkseiendommen. Nokre eigedomar ved sjøen har derimot vore privateigd. I stor grad har dei same selskapa hatt eigedomsretten til desse og festerett (leigerett) til gruveområdet, som kallast Gardsnummer 7, bruksnummer 2, festenummer 15 i Kvalsund.

Etter at Folldal Verk trakk seg ut, gjorde kommunen aktiv marknadsføring for å få andre til å overta. Det blei utarbeida ei skrytebrosjyre på norsk og engelsk. Her blir det fortalt at Industriprosjektgruppen for Nord-Norge var engasjert, at det var oppretta ei egen Kvalsund-gruppe med representantar for norsk industri, fagrørsla og kommunen og at det var tilbod om faglig assistanse til bedrifter som ville etablere seg. Likevel var det liten interesse. Det endte med at anlegget blei overtatt av Olfo slipp og plastindustri i Rypefjord ved Hammerfest, som var eigd av Jan Fors og Gustav Olsen [52]. Om dette skriv Kvalsund kommune: «Olfo leide området fra 1982 og drev begrenset aktivitet med uttak av stein, en del forsøksvirksomhet og smoltoppdrett. Denne aktiviteten har også satt spor av negativ karakter i området. De fikk tillatelse datert 21.12.90 av Fylkesmannen i Finnmark til anlegg av avfallsplass. Tillatelsen omfatter ikke spesialavfall og husholdningsavfall.» [53]

I samband med ei seinare eigedomsoverdraging, skriv Kvalsund kommune mange år seinare «Eiendommene ble den 01.09.96 overdratt fra ansvarsselskapet Olfo Slipp & Plastindustri ANS til aksjeselskapet Olfo Slipp & Plastindustri AS uten konsesjonsbehandling. I ettertid har man funnet dette uriktig idet selskapene ikke representerer de samme rettsobjekter. For øvrig så skiftet firmaet seinere navn til Repprock AS, jfr. Foretaksregisteret, datert 26.10.96.» [54] Kven var da «rettsobjektet» som hadde overtatt Olfo, og kvifor skifta dei namn straks dei hadde fått overdratt eigedomane? Repprock er ikkje lenger å finne i Foretaksregisteret. NGU sine oversiktar over steinbrot i Noreg omtalar i 2000-02 Repprock i Kvalsund med kontaktperson Leander Paulsen, Nesna. Firmatorget har derimot Repprock med adresse c/o Terra Control AS. Dette kan skrive seg frå at Terra Control ei kort tid hadde avtale om å overta Repprock, men det blei ikkje noko av, da långivarane ikkje aksepterte det.

To private eigedomar nord og sør for industriområdet på Øyen blei seld til Halsvik Aggregates i 2004 og vidare til Repparfjord Eiendom i 2007.

Pukkstein for milliardar?

«Steinknuseriet i Repparfjorden i Kvalsund skal igjen tas i bruk. Denne gang med et internasjonalt preg som Kvalsund ikke har opplevd maken til. Mannen bak pukkverket er Leander Paulsen fra Nesna og markedet er hele Europa. Behovet for arbeidskraft ligger på mellom 30 og 70 mennesker» Slik skreiv Finnmark Dagblad 13.09.1996. Det var ikkje måte på til optimisme hos rådmann og ordførar, dette «betyr et enormt løft for hele kommunen». Ein rekna med at innan eit år skulle drifta vere igang. Og så blei det stille. Det var visstnok problem med å få seld steinen på marknadane i Europa.

I 2003 blei Repprock tvangsseld og kjøpar var Halsvik Aggregates, som da var eigd av Wergeland–Halsvik i Gulen i Sogn og Fjordane, og som dreiv eit stort steinbrot der. Sidan har dei drive ut stein frå fast fjell like ved fjorden, trass i at det inne på fjellet er atskillige mengder av gråberg frå tidligare gruvedrift. Likevel tar ein det som er billigast, og ingen har så langt pålagt at det blir tatt ut slik at det gir mindre naturinngrep. Uttaket har allereie bidratt til store problem for reindrifta i området. Dei første åra leverte ein mest stein til å legge på ein gassleidning inn til Melkøya ved Hammerfest. Seinare har dei fortsatt å levere til petroleumsnæringa, i tillegg leverer dei ein del pukkstein lokalt, mest til Mesta. Men den store eksporten til utlandet og dei mange arbeidsplassane har uteblitt.

I 2006 fikk Halsvik Aggregates driftsavtale med Finnmarkseiendommen. Dei første åra etter at Halsvik Aggregates etablerte seg i Repparfjord, blei dei innblanda i ein serie oppkjøp innafor den internasjonale stein- og sementindustrien: Holcim Group, som er eit opprinnelig sveitsisk, no verdsomspennande konsern innafor stein og bygningsmaterialer, kjøpte i 2004 opp det engelske Aggregate Industries. I 2006 kjøpte Aggregate Industries det britiske selskapet Foster Yeoman, og året etter etablerte dei seg i Noreg med å kjøpe opp mesteparten av Halsvik Aggregates, som da blei omdøpt til Yeoman Halsvik. Aksjane er oppgitt å vere eigd 89% av Aggregate Industries og 11% av danske SA Granit AS, som i 2013 blei fusjonert inn i det danske selskapet Zurface. Sjølv om ein brukar namnet Halsvik, og selskapet er registrert i Gulen, synest Wergeland-familien å vere heilt ute av dette selskapet, og styremedlemmane i Yeoman Halsvik kjem alle frå Storbritannia og Danmark, mens daglig leiar kjem frå Storbritannia.

I 2008 blei leigeretten overført til Repparfjord Eiendom, som er eit heileigd dotterselskap av Wergeland Holding AS. Da blei det inngått ein avtale mellom Repparfjord Eiendom og Yeoman Halsvik AS der Yeoman Halsvik overtok uttaksrettane: «Avtalen gir rett til å ta ut stein for produksjon og salg av blokk, pukk og grus innenfor grensene for gnr.7, bnr. 1, fnr 15 i Kvalsund kommune, Aktiviteten skal til enhver tid foregå i samsvar med godkjente reguleringsplaner.» Denne gjeld til år 2030. Avtalen blei tinglyst først i 2014, og FeFo ga da skriftlig godkjenning av avtalen. Repparfjord Eiendom betalte 1 400 000 kr, som dekker bygningane som står på området. Dei skal betale årlig avgift på 25 000 kr. til FeFo. I vilkåra står det: «Leieavtalen kan ikke avlyses/utløpe uten samtykke fra Distriktenes Utbyggingsfond».

«Firma med rufsete fortid»

Sidan 2003 har Wergeland-Halsvik med tilknytta selskap vore sentral i alle aktivitetane i og rundt det gamle gruveområdet i Repparfjorden. Wergeland-Halsvik er opprinnelig eit familieeigd selskap frå Gulen i Sogn og Fjordane. Der starta dei sementvareproduksjon i 1987, behandlingsanlegg for oljeholdig avfall i 1992, og eit av Nord-Europas største steinknuserverk i 1994. Etterkvart har dei aleine eller i lag med samarbeidspartnarar danna eit konglomerat av selskap, og desse har så blitt solgt og kjøpt og skifta namn i eit tempo som gjør det svært vanskelig å følge med. Blant dei finn vi Kvalsund Aggregates, Halsvik Aggregates A/S, Yeoman Aggregates, Yeoman Halsvik, Repparfjord Eiendom, Kvalsund Næringspark, Polar Gjenvinning og Finnmark Gjenvinning.

Wergeland-Halsvik har vore meldt til politiet for ulovlig drift av avfallsanlegget for farlig avfall i Gulen. Tidligare miljøvernminister Erik Solheim karakteriserte selskapet slik: «Dette er eit firma med ei rufsete fortid, med mange påpeikingar ved tidlegare oppdrag, med andre ord eit firma ein ikkje utan vidare kan stole på.» (link) Her bygde ministeren vesentlig på røynsler frå Vestlandet, men som vi skal sjå her synest framferda i Kvalsund ikkje å skilje seg særlig positivt ut.

Boreslam i månelandskap

Illustrasjon frå Finnmark Dagblad 03.12.2014

Under overskrifta «Fjerner månelandskap med boreslam» skreiv NRK i 2006: «Boreslam fra Barentshavet kan havne i gamle gruveanlegget i Kvalsund. Wergeland-Halsvik AS, som driver med avfall, har søkt om å få deponere borekaks i dagbruddet i Repparfjorden.
– Det vil jo bety store fordeler i forhold til de inngrepene som ble gjort i gruvetida på 70-tallet, under Folldal Verks ledelse, sier ordfører Ragnar Olsen. Han håper det omsider kan bli ryddet opp i dagbruddet. Det ser ut som ei slagmark på fjellet over det tidligere Folldal Verk i Repparfjorden. Da gruvedrifta stoppet opp, lå det igjen et månelandskap. Dagbruddene ligger som dype sjakter, som er farlig for mennesker og dyr, og slik har det sett ut siden slutten av 70-tallet. ... Man benytter seg av en muligheten til å kvitte seg med avfall samtidig som man får en miljøgevinst i å fylle igjen disse kratrene. Og det er ufarlig avfall det er snakk om, framholder han. I dag leverer Kvalsund Aggregates, en datterbedrift av Halsvik Aggregates, stein til rørleidningstraseen for Snøhvit-utbygginga. Hvor mange arbeidsplasser et slikt deponi vil få, er usikkert.»
(link)

Dette hørest jo strålande ut, men kva blei det til? Eit halvt år seinare vedtok Kvalsund kommunestyre reguleringsplan for Ulveryggen avfallsdeponi. Polar Gjenvinning blei stifta i 2006, og fikk i 2007 løyve av Miljødirektoratet[55] til mottak, lagring og behandling av «kassert borevæske (oljebasert eller vannbasert), borekaks fra oljeboring, oljekontaminert grus fra gassproduksjon, samt blandinger av disse avfallsfraksjonene» på det tidligare anlegget til Folldal verk ved Repparfjorden.

Legging av duk før deponeringa starta, 2008.
(Foto: Finnmark gjenvinning)

I 2009 fikk Polar Gjenvinning løyve av Fylkesmannen i Finnmark til deponering av vassbasert borekaks i det gamle dagbrotet på Ulveryggen[56]. Avfallsforskrifta set normalt krav til at slike deponi skal ha dobbel botn- og sidetetting. Men dette kravet ga Fylkesmannen dispensasjon frå, slik at det bare blei enkelt tetting. Grunngivinga var ein rapport frå Multiconsult AS som hevda at deponiet ikkje medfører noko fare.[57] Allereie før den formelle godkjenninga kom hadde det sommaren 2008 blitt lagt plastduk i botn av deponiet og bentonitt langs sidene[58], og deponeringa starta like etterpå.

Sigevatnet skulle bli samla opp av plastduken, pumpa opp til tankar ved prosessanlegget og vidare kjørt ned til sjøen og sendt med båt til avfallsbehandlingsanlegg. Dette har ikkje alltid gått etter planen. Heilt frå 2009 har det i periodar skumma av ein bekk som renn ut i Repparfjorden og lokalt blir denne omtalt som «Zalo-bekken»[59] Allereie i 2009 var det mistanke om lekkasje av sigevatn, men Finnmark Gjenvinning har ikkje opplyst om dette verken til Miljødirektoratet eller andre. I 2011 blei sigevassleidninga frostsprengd og sigevatnet rann ukontrollert ut. Dei siste åra har ein ikkje tappa sigevatn, etter bedrifta si utsegn fordi nivået var så lågt. Alt tyder på at årsaka til det låge nivået nettopp var lekkasjen. Til sist såg bedrifta seg nøydd å innrømme lekkasjen og stanse deponeringa inntil problemet er løyst.

Polar Gjenvinning gikk i 2010 inn i Finnmark Gjenvinning AS. Dette er eigd halvt av Wergeland Halsvik AS, halvt av Franzefoss Gjenvinning AS, og trass i namna har både Polar Gjenvinning og Finnmark Gjenvinning hatt postadresse på Rud ved Oslo, der Franzefoss har hovudkontor. Finnmark Gjenvinning har no fem tilsette, fire i Alta og ein i Repparfjord.

Blei det fyllt på i deponiet utan at det var lagt tett duk etter kantane? På dette bildet frå august 2011 ser vi ikkje noko til duken.
(Foto: Knut Altmann)

– men på dette bildet to månadar seinare ser vi kvit duk etter kantane, men denne står ikkje alltid høgare enn massen som er fyllt i deponiet.
(Foto: Knut Altmann)

Selskapet skildrar sjølv prosessen slik: «Avfallet blir avvannet i prosessanlegget. Faststoffet eller tørrstoffet som klassifiseres som slam (stoffnummer 1681) eller lettere forurenset masse (stoffnummer 1603), tilsettes noe sement og kjøres deretter til deponiet. Væskefraksjonen lagres på tank og sendes med båt til godkjent behandlingsanlegg lenger sør i landet. Det slippes ikke ut noe fra behandlingsanlegget.» [60] Den vidare behandlinga skjer da ved anlegga til Wergeland-Halsvik i Gulen og Franzefoss i Bergen.

Dagbrotet er vurdert til å ta omlag 50 000 m3 masse og det er berekna å vere fylt innan 2026. Anlegget har lov å ta imot inntil 40 000 tonn avfall pr. år, men dei siste åra har det tatt imot langt mindre. Dei første åra var det stor aktivitet, ei tid hadde dei tre tilsette for å kunne ta imot døgnet rundt. Da var regelverket slik at all borekaks måtte takast til land. Men etter eit par år blei reglane endra, og oljeselskapa fikk lov å sleppe vassbasert borekaks ut i sjøen, så lenge det ikkje skjedde på gytefelt eller korallrev. Etter det har langt mindre blitt levert for deponering.

Sigevasstankane skulle samle opp sigevatn frå deponiet, men har vore svært lite brukt.
(Foto: SL)

Den gamle driftsbygninga etter Folldal verk blir brukt både til avvatning av avfallet og til midlertidig lagring av avfall som skal sendast til behandlingsanlegg.

I løyvet står det: «Deponiet skal være sikret mot adgang for uvedkommende og være utilgjengelig utenom deponiets åpningstider. Om nødvendig må hele avfallsanlegget inngjerdes.» Dette har Finnmark Gjenvinning tolka slik at det er tilstrekkelig med bom på vegen. Bommen skal vere låst, men i praksis har han i stor grad stått open og først i 2014 har ein planlagt å sette opp skilt om at det er forbode for uvedkomande.[61] For den som orkar å gå eit par kilometer er deponiet heilt ope.

I vilkåra står det at anlegget skal avsluttast med tildekking og tilplanting og «Finnmark Gjenvinning AS har også ansvar for etterdrift av anlegg og installasjoner i minst 30 år etter avslutning.» Finnmark Gjenvinning opplyser at dei kvart år har sett av pengar til avslutning, og har ein bankgaranti på 1 mill. kr. for sikring av etterdrift.

«Ser alvorlig på avviket»

Denne teikninga av deponiet viser litt om kva som er gjort og kva som blei planlagt, men ikkje gjort.
(Kjelde: )

Tre gongar har miljøstyresmaktene vore på inspeksjon ved avfallsanlegget, og kvar gong har det vore mye å sette fingeren på. Rapporten frå 2009 fortel om udefinert utslepp av prosessvatn til sjø og utilfredsstillande lagring av farlig avfall, og at «SFT ser alvorlig på avviket». Tilsvarande inspeksjon i 2012 ga enno fleire avvik og merknadar. I september 2014 var så Miljødirektoratet på revisjon, og resultatet var verre enn nokon gong før. Frå denne revisjonen blei det skrive ein rapport på heile 15 sider. Rapporten fortel om svært alvorlige avvik frå vilkåra i løyvet og i regelverket for behandling av farlig avfall:
  • Virksomhetens mottakskontroll er mangelfull, og virksomheten har mottatt, lagret, og videresendt farlig avfall i strid med tillatelsen
  • Virksomhetens internkontroll med hensyn til ytre miljø er mangelfull
  • Virksomhetens miljørisikoanalyse er mangelfull
  • Virksomhetens kontroll og overvåkning av sitt deponi gjennomføres ikke i henhold til tillatelsen
  • Virksomheten har mistanke om sigevannslekkasje fra deponiet, og har ikke håndtert dette fullstendig i tråd med tillatelsen

Slik såg det ut langs land i Repparfjorden ein sommardag i 2014.
(Foto: Geir Jørgensen)

Sjølv om direktoratet ser alvorlig på avvika, har ein likevel ikkje gitt anna enn eit påbod om at bedrifta sjølv må rette dette opp og rapportere innan utgangen av året. Først dersom det ikkje blir gjort vil det bli gitt tvangsmulkt. Ein slik tvangsmulkt vil bli på maks. 300 000 kr. Til samanlikning hadde Finnmark Gjenvinning eit offisielt overskot på nær 2 mill. kr.

Kva gjør så Finnmark Gjenvinning etter at dei har fått denne oppstramminga? Jo, dei søker om å få auka den tillatte lagringskapasiteten frå 2300 til 3200 tonn, og grunngir dette med at «vi opplever til tider at grensen overskrides». Men dette blei for drøyt, sjølv for eit elles svært tolmodig Miljødirektorat. 24.10.2014 svarar direktoratet at dei ikkje kan innvilge denne søknaden så lenge bedriften ikkje har kontroll med det avfallet dei har løyve å behandle.

29.09.2014 ga Miljødirektoratet Finnmark Gjenvinning pålegg om å senke sigevassnivået. I pålegget står det ei setning som er interessant i lys av alle forsikringar om at avfallet er heilt uskadelig: «Vannbasert borekaks kan ha ulik sammensetning og inneholde kjemikalier med miljøskadelige stoffer.»

Etter inspeksjonen frå Miljødirektoratet fikk Finnmark Gjenvinning konsulentselskapet Sweco til å undersøke kva som har skjedd med deponiet. Sist i november 2014 la Sweco fram sin rapport. Denne bekreftar mistankane om at sigevatnet frå deponiet ikkje har rent til oppsamlingskum, men over eller gjennom botntettinga og ned i ein tunnel under deponiet. Ved utløpet av tunnelen er det målt høge verdiar av koppar og barium. Barium blir brukt i borevæske, og dette viser tydelig avrenning frå den deponerte borekaksen. Etter rapporten har Finnmark Gjenvinning starta tiltak for å hindre ytterligare lekkasjar.

Kva har ein så fått ut av dette «miljøtiltaket» i «månelandskapet»? Landskapet har i alle fall ikkje blitt vidare betre av at eitt av hola er delvis fylt opp med ein illeluktande graut. Det skal etter planen enno gå 12 år før ein startar å dekke over dette. I dei andre dagbrota er det ikkje gjort noko, dei står framleis og skrik med skarpe kantar som da gruva blei lagt ned i 1978, og det er ikkje blitt tryggare for menneske og dyr enn det var dengong.

Arbeidsplassane som avfallsanlegget skulle gi har det så langt blitt heller lite av. Talet på tilsette som har hatt hovudarbeidet sitt i Repparfjorden har variert mellom ein og tre. I 2014 er det ein tilsett i Repparfjord, og han får hjelp frå Alta ved behov.

Kaiavtale med ikkje-eksisterande selskap

Lasting ved den omstridde kaia. I bakgrunnen ser vi driftsbygningen som no brukast av Finnmark Gjenvinning og til høgre steinbrotet, som no blir drive av Yeoman Halsvik.
(Foto: SL)

Avfallet blir tatt i land over kommunen si kai og pukkstein blir sendt ut over den same kaia. Så har vel da kommunen god inntekt av dette? Så enkelt er det nok ikkje. Kaia er ført opp i 1973 etter avtale mellom Folldal Verk og Staten v/Forsvarsdepartementet. Forsvarsdepartementet ønska ei kai til å kunne ta iland tyngre kjøretøy ved øvingar og mobilisering, og kaia er også omtalt som NATO-kaia. Folldal Verk trengte kai for å ta iland utstyr og sende ut kopparkonsentrat. Avtalen av 1973 ga Folldal Verk rett til gratis bruk av kaia. Etter at Folldal trakk seg ut, blei rettane overtatt av stadig skiftande selskap som har vore vanskelig å halde oversikt over. Både for desse selskapa og for Kvalsund kommune blei det etter kvart ganske uklart kva avtalar som eigentlig gjaldt. I 2001 kjøpte kommunen kaia av Staten, med forbehold om at arvtakarane etter Folldal Verk eigde eine kortsida av kaia.

I 2004 blei det inngått leigeavtale mellom kommunen og eit firma som kalla seg Kvalsund Aggregates AS. Avisa Ságat avslørte seinare (link) at dette firmaet har aldri eksistert i foretaksregisteret. Seinare overtok Halsvik Aggregates, og etter det igjen Repparfjord Eiendom, begge underselskap av Wergeland-Halsvik. Etter leigeavtala skulle dei betale 180000 for året, men etter 3 år sa Halsvik Aggregates opp avtala, fordi dei hadde funne ut at etter kaiavtala av 1973 skulle dei, som etterfølgjarar av Folldal Verk, ha rett til gratis bruk. Etter dette har så Halsvik Aggregates / Repparfjord Eiendom ikkje betalt noko for bruken av kaia. Våren 2011 sa kommunen opp avtalen, men etter regimeskifte ved kommunevalet blei oppseiinga trukke tilbake på hausten same året. Året etter laga kommuneadministrasjonen ei lengre utgreiing til kommunestyret om kaisaka. [62] Her blir det konkludert: «Dagens avtaler innebærer at Kvalsund kommune som eier av kaien i Repparfjord (unntatt en kortside) verken har bruksrett eller leieinntekter av kaien. Som eier er det etter rådmannens mening, både prinsipielt og konkret, lite tilfredsstillende for kommunen.» Det endte så med at kommunestyret ba om at rådmann og ordførar forsøkte å få ein revidert avtale med Wergeland.

Blant opposisjonspolitikarane i Kvalsund er det stor misnøye med kommuneleiinga si behandling av kaisaka, og Kvalsund SV har meldt ordføraren til Økokrim for korrupsjon. I skrivande stund har det ikkje kome noko resultat av etterforskinga.

Konsesjonssøknad på kjempesteinbrot

Yeoman Halsvik sitt noverande steinbrot i Repparfjorden
(Foto: SL)

25.09.2014 sende Yeoman Halsvik konsesjonssøknad til Direktoratet for mineralforvaltning. Søknaden omfattar eit uttak på tilsaman 10 850 000 m3 stein, eller nærare 30 mill. tonn. Først vil dei ta ut stein til eit industriutviklingsområde nord for noverande bygningar, dette skal drivast fram til 2019. Deretter skal ein utvide noverande brot sør for bygningane og opne eit heilt nytt dagbrot oppe på fjellet Árešvárri. Der skal dei etter planen drive heilt til 2043. Med søknaden følger det eit kart der det er oppgitt at ein i det største brotet skal ta ut 18 000 tonn stein, det skal trulig vere 18 mill. tonn. Om denne feilen er tilfeldig eller bevisst er vanskelig å seie, men han seier i alle fall noko om kvalitetssikringa av søknaden.

Yeoman Halsvik har gått direkte på konsesjonssøknaden, som normalt er siste ledd i søknadsprosessen. Dei reknar med at dei tidligare ledda allereie er gjort, i og med avtalen dei har med Repparfjord Eiendom og vidare med Finnmarkseiendommen, og med at Nussir har fått godkjent sin reguleringsplan for området. På det viset forsøker Yeoman Halsvik å snike seg unna både utgreiing i forhold til reindrifta og heile prosessen med planprogram og reguleringsplan med konsekvensutgreiing.

I søknaden heiter det:
Med henvisning til minerallovens §17 annet ledd opplyses at for den planlagte utvinning som er beskrevet i søknaden her vil en ikke, så vidt søker bekjent, komme i konflikt med samiske interesser, da områdene som uttalene skal skje fra i all hovedsak ligger allerede regulerte industriområder (med unntak for den nordligste delen av reguleringsplanens Felt 13) og i et gammelt gruvehull. En forstår de innsigelser som er fremsatt til den nye reguleringsplanen for gruvedrift på Nussir og Ulveryggen slik at det ikke gjør seg gjeldende ved en så begrenset uttaksvirksomhet som er omsøkt her. Under henvisning til konsekvensutredningen i forbindelse med ny reguleringsplan, og høringsrundene i den forbindelse, samt at både Sametinget og Reindriftsnæringen skal høres i anledning behandlingen av søknaden er det ikke innhentet forhåndsuttalelse fra representanter for lokale samiske interesser.»

Det skal ganske godt gjørast å få eit uttak av 30 mill. tonn stein kamuflert som det nødvendige steinuttaket som Nussir har fått godkjent, men det er nettopp det dei gjør i søknaden: «Areal- og volummessig krever tiltaket konsekvensutredning i hht. forskrift om konsekvensutredning. Tiltaket er imidlertid planlagt på bakgrunn av, og i tråd med, ny reguleringsplan stadfestet 26.3.2014 (vedlegg 4.2.2), som var gjenstand for omfattende konsekvensutredning, som også omfattet nødvendig uttak av stein. Vi legger til grunn at det derfor ikke er behov for ny konsekvensutredning for dette tiltaket, men viser til konsekvensutredningen for gjeldende plan.»

Forskrift om konsekvensutredning seier at visse tiltak alltid skal konsekvensutgreiast, blant anna Uttak av malmer, mineraler, stein, grus, sand, leire eller andre masser dersom minst 200 dekar samlet overflate blir berørt eller samlet uttak omfatter mer enn 2 millioner m3 masse.
I dette tilfellet omfattar det eit areal på 3 gongar denne grensa og masse på 5–6 gongar den neste grensa. Reguleringsplanen for Nussir var ein plan for underjordsgruve, her er det plan for eit dagbrot av gigantiske dimensjonar, som blir liggande midt i trekkområde og beiteområde for reindrifta. Det er vanskelig å forestille seg at Direktoratet for mineralforvaltning skal kunne godta å ta denne saka direkte til konsesjonsbehandling uten krav om forutgåande planprogram og reguleringsplan med konsekvensutgreiing.


Fotnotar

[1] .
[2] Ragnvald Jacobsen: Kvalsund i Finnmark s. 199.
[3]Christian Michelsen frå Bergen var jurist, skipsreiar og politikar. Han var stortingsrepresentant og statsråd og norsk statsminister 1905-07. Formuen hans blei grunnlag for opprettinga av forskingsinstitusjonen Chr. Michelsens institutt.
[4] Edvin Dagsvold: Grønn flyndre og gruvedrift. Finnmark Dagblad 26.03.2014.
Yngve Nilsen i filmen Nussir – Drømmen om Finnmark.
Einar Eythorson: Konsekvenser for sjøsamisk bruk av Repparfjorden og sjønære arealer; Konsekvensutredning for planlagt gruvedrift i Nussir og Ulveryggen i Kvalsund kommune. Diverse munnlige kjelder.

[5] Einar Eythorson: Konsekvenser for sjøsamisk bruk av Repparfjorden og sjønære arealer. Konsekvensutredning for planlagt gruvedrift i Nussir og Ulveryggen i Kvalsund kommune. NIKU Oppdragsrapport 70 /2011 (link)
[6] Smolt er unger av anadrome laksefisk klare for utvandring fra ferskvann til saltvann. De er 1–6 år gamle, har en lengde på 12–20 cm og er sølvblanke. Smolten har før utvandringen gjennomgått en fysiologisk tilpasning til det å tåle saltvann (smoltifisering). (Kjelde: Store norske leksikon)
[7] Anadrom: om fisk som gyt i ferskvatn og regelmessig vandrar til havet på næringssøk. Eks. laks, sjøaure og sjørøye.
[7a] Nordic Mining ASA: Søknad om utslippstillatelse for utvinning av rutil i Engebøfjellet. s. 27
[8] Ságat 31.12.1976.
[9] Originaltekst: «Wega Mining ASA is an Oslo-based international mining company focused on exploring, developing and operating gold, copper and zinc deposits. The company currently holds exploration licenses in Guinea, Mali, Canada, Portugal, Ecuador, Romania and Norway, and a gold-copper development project in Canada. It trades on Oslo Axess, an exchange regulated by the Oslo Stock Exchange.»
[10] «Etnisk og demokratisk likeverd». Organisasjon danna i Finnmark 2007 for å motarbeide Finnmarkslova, Sametinget og det dei oppfattar som samiske særrettar.
[11] (link) «Repparfjord og Nussir Mining» virkar noko upresist, men trulig viser ein her til rettane til Ulveryggen og aksjeposten i Nussir ASA:
[12] Formelt skifta Terra Control namn til Nussir, seinare blei Terra Control gjenoppretta.
[13] Finnmark Dagblad 27.05.2011
[14] Sjå under Náránaš, kap. F4.
[15] På Nussir si oversikt over aksjonærar er denne aksjeposten oppført på USB SG Zurich.
[16] «Morgan Stanley is committed to integrating sustainability into our core business activities – through our work with clients and partners, and in our communities.»
[17] Finnmark Dagblad 18.10.2007. Gjengitt her: (link)
[18] Intervju med forfattaren, juni 2014
[18a] Eit par månadar etter dette intervjuet sa Olje- energidepartementet nei også til bygging av vindkraftverk der.
[19] FD 18.03.2010
[20] Opplyst av Øystein Rushfeldt under synfaring i samband med møte med motsegnspartane mars 2013.
[21] Sjå om intensjonsavtalane i kapittel D2 om Sametinget.
[22] Alternativ disponering av avgangsmasse fra Nussir og Ulveryggen. Bergfald miljørådgivere 2011.(link)
[23] Ove Paulsen: Utnyttelse av avgangsmaterialer fra Nussir/Ulveryggen i Kvalsund. SINTEF 2011.(link)
[24] Sjå kap. B4 om tilbakefylling.
[25] Lover 100 års drift. Finnmark Dagblad 24.03.2010.
[26] Dette var kopla til saksbehandlinga av søknaden frå Nordic Mining om bruk av Førdefjorden til sjødeponi. Sjå kapittel 8.
[26a] E-post til forfattaren, 18.03.2015
[27] Bruk av Magnafloc er drøfta under kapittel A4 om Sydvaranger.
[28] Stortingsproposisjon nr. 79 (2001–2002) om opprettelse av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder (link)
[29] Fiskeribladet Fiskaren, 09.04.2014
[30] Brev frå Sivilombodsmannen til Norges Fiskarlag 26.08.2014
[31] Seawater leaching experiments of tailings material from Nussir and Ulveryggen copper deposits. (link)
[32]
[33] - Ifølge vannforskriften vil det ikke være adgang til å tillate deponering av avgangsmasser som innebærer at vannforekomsten får dårlig kjemisk tilstand, slik den vil få i Repparfjorden. Dermed kan en utslippstillatelse etter vårt syn ikke gis.(link)
[34] Rolf Jakobsen: Lemper på kravene til utslipp. NRK Troms og Finnmark 14.05.2012. http://www.nrk.no/troms/lemper-pa-kravene-til-utslipp-1.8135083
[35] Klif v/ Signe Nåmdal: Vurdering av om vannforskriften er til hinder for at det kan gis tillatelse til sjødeponering av avgangsmasser fra gruvedrift ved Nussir i Kvalsund kommune. 17.06.2013.
[36] Konsekvenser for det marine miljøet i Repparfjorden ved etablering av sjø- eller landdeponi for gruveavgang fra Nussir og Ulveryggen i Kvalsund kommune.
[37] Finnmark Dagblad 14.05.2010
[38] Finnmark Dagblad 21.02.2012
[39] Mail frå Rådmann Arne Hansen til KMD 02.10.2012.
[40] Finnmark Dagblad 15.02.2012
[41] Finnmark Dagblad 11.05.2010
[42] Vil ha fart i gruveplanene. Altaposten 02.03.2012.
[42] http://www.nussir.no/investor3.pdf. Presentasjonen er på engelsk, og sitatet er i original: "Strong political support from all levels".
[43] Ságat 12.04.2012(link)
[44] Ávvir 03.09.2010. Originaltekst: «Sámediggi han galggašii leat dakkár orgána mii bearráigeahčá min beroštumiid, ii ge ovttas daiguin bargat min vuostá. Dáinna áigumuššiehtadusain sii čájehit ja duođaštit ahte sii eai doarjjo boazodoalu, go leat šiehtadan ruvkefitnodagain, mii midjiide šaddá sisabahkkejeaddjin, lohká son. Son lohká maid ahte sis ii leat šat luohteháhttivuohta Sámediggái.»
[45] Erik Palm i Finnmark Dagblad 19.08.2010
[46] Ávvir 28.09.2013
[47] Ságat 06.11.2013
[48] Magne Martinsen, GEO 2007
[49] FD 19.08.2010
[50] Altaposten 21.05.2013, (link)
[50a] Fylkesmannen i Finnmark: Verneverdige strandområder i Finnmark. Verneverdier knyttet til vegetasjon og fugleliv i strand, fjære- og gruntvannsområder.
[51] Finnmark Dagblad 13.06.2004
[52] Olfo Slipp og Plastindustri Jan Fors og Gustav Olsen blei sletta 06.02.2002 (Kjelde: Brønnøysundregistrene)
[53] Møteinnkalling til kommunestyremøte 21.09.2006
[54] Møteinnkalling til utviklingsutvalget 21.02.2008
[55] Opprinnelig gitt av SFT i 2007, seinare endra av Klif: Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for Finnmark Gjenvinning AS. 29.11.2010
[56] Fylkesmannen i Finnmark: Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven til Finnmark Gjenvinning AS til drift av ordinært deponi for vannbasert borekaks ved Repparfjord kobbergruver, Kvalsund kommune.
[57] Tillatelse til utslipp fra virksomhet for et ordinært deponi for vannbasert borekaks fra petroleumsvirksomheten i Barentshavet ved Repparfjord kobbergruver i Kvalsund kommune. Brev fra Fylkesmannen i Finnmark til Polar Gjenvinning 08.01.2009.
[58] E-post frå styreleiar Astrid Drake til forfattaren, 02.10.2014.
[59] – Hva lagres i fjellet ved Repparfjorden? Ságat 21.06.2014.
– «Zalo-bekken» er kjemikalier. Ságat 24.06.2014

[60] E-post frå styreleiar Astrid Drake til forfattaren, 02.10.2014.
[61] E-post frå styreleiar Astrid Drake til forfattaren, 02.10.2014.
[62] Saksprotokoll: Orienteringssak til kommunestyret – Folldalkaia – Ulike problemstillinger. Kvalsund kommune 04.09.2012.