Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

Nokon må tene!

KAPITAL OG ARBEID

Frå Norsk Bergindustri sin presentasjon på miljøkonferanse i Kirkenes 2012.
(Foto: SL)

Mange gruveselskap og organisasjonane deira har utvikla ei svært avansert marknadsføring av seg sjølve som dei reine veldedigheitsselskapa som bare arbeider for samfunnet sitt beste. I 2012 presenterte ein representant for Norsk Bergindustri organisasjonen og næringa på ein så overstrømmande positiv måte på ein miljøkonferanse i Kirkenes, at ein møtedeltakar måtte spørje om gruveindustrien bare var opptatt av å tene samfunnet, om dei ikkje og tenkte litt på å tene pengar sjølv òg. Svaret var: «Nokon må tene for å tene».

Ja, nokon «må» tene, og nokre er ærligare enn andre. Det nest største gruveselskapet i verda, Rio Tinto, er ærlig nok til i Mining Global Magazine å presentere seg slik: «Rio Tinto er eit leiande globalt gruve- og metallselskap fokusert på å finne, drive ut og foredle Jordas mineralressursar for å maksimere verdi for aksjonærane våre.»1 Her skal vi sjå litt nærare på Rio Tinto og nokre av dei andre som tener meir eller mindre på gruvedrift. Men først nokre ord om kapitalisme og verdsøkonomi.

Staten og kapitalen

Sida vid sida, tillsammans hjälps dom åt
Staten och kapitalet sitter i samma båt
[1]

Desse strofene slår inn over meg mens eg les om forholdet mellom gruvekapitalen og dei respektive statane. Ikkje minst gjeld det for songen sitt heimland Sverige, og for dei fremste heimlanda for global gruvekapital, Canada og Australia. Desse skal vi komme tilbake til i seinare kapittel. Men også i Noreg kan vi sjå klare samband mellom kapitalinteresser, offentlig lovverk og forvaltning og sentrale politikarar.

På eine sida er mineralutvinning i prinsippet under statlig kontroll og styring. Statane har lover som regulerer mineralutvinning, og i det krevjast normalt ein offentlig konsesjon både for leiting og for utvinning. På andre sida er det kommersielle selskap som står bak det meste av leiting, utvinning, produksjon og leveransar av utstyr samt vidareforedling av minerala som blir utvunne. Det er derfor i utgangspunktet ei motsetning mellom statane som ønsker skatteinntekter og som er ansvarlige for at gruvedrifta ikkje går ut for mye ut over natur og andre interesser, og gruveselskapa som ønsker minst mogleg skatt og minst mogleg miljøkrav. Likevel ser det ut til at desse motsetningane lar seg overvinne, ettersom mineralutvinninga på verdsbasis bare aukar. Som vist lenger ut i denne boka, er det verda rundt store motsetningar mellom gruveselskap og det sivile samfunnet. Derimot er det forbausande lite motsetningar mellom gruveselskapa og dei respektive statane. Kvifor? I bind 2 stiller eg spørsmålet for Noreg om direktorata for miljø og mineral er kontrollørar eller velsignarar overfor gruvedrifta. Dette spørsmålet kan i like stor grad stillast i mange andre land.

Kva er drivkreftene for investering i mineralutvinning? Norsk bergindustri og mange med dei vil svare at det er behovet for mineral. Dette svaret er sjølvsagt det beste for å få samfunnet si tilslutning til gruveselskapa sine ønske om å få drive ut mineral. Så enkelt er det likevel ikkje. Ingen gruveselskap vil av omsyn til samfunnet sette i gang ei utvinning dei ikkje ser utsikt til å tene på. Og ser dei ein sjanse til å tene, er det som regel heilt underordna om denne utvinninga er til nytte eller skade for samfunnet. Drivkrafta for å investere er å få tilbake meir pengar enn det ein har investert. Dette kan skje på klassisk vis, ved at gruveselskapet kjøper maskinar og tilset arbeidarar, tar ut malm og sel mineral, til ein høgare pris enn utgiftene, og av overskotet betalast det ut aksjeutbytte til aksjonærane, som dermed årlig får ei avkastning på kanskje 5 eller 10 % på dei investerte pengane. I gruvenæringa er det ofte ikkje så enkelt som det. Få investorar har tid og tolmod å vente dei 15–20 åra det kan ta frå mineralleitinga startar og til gruva kan gi overskot. Mange aksjekjøparar kjøper ikkje aksjar med sikte på eit utbytte i fjern framtid, men for å selge aksjane så snart det kan gjørast med godt overskot. Dette kan ofte gi eit utbytte langt større og raskare enn den langsiktige drifta. Dei som investerer i gruveaksjar er i stor grad ikkje nettopp gruveinvestorar, dei er bare investorar, som investerer der det ser ut å løne seg best. Om det er urangruver, bensinstasjonar, tobakksfabrikkar, sjukeheimar eller barnehagar er underordna. Det som ytterligare kompliserer saka er at mange av investorane ikkje er enkeltpersonar, men investeringsselskap, pensjonsfond og bankar som set inn andre sine pengar, ikkje sine eigne. Desse investorane har normalt verken spesiell interesse for eller kunnskap om mineral og gruver. Ein stor del av gruveaksjane blir omsett på børsen, der dei skiftar eigar i løpet av ein brøkdel av eit sekund, og eigarane har knapt registrert kva dei har kjøpt før det er seld igjen.

Det er ingen ting som tyder på at verken det reelle behovet for produktet eller etiske vurderingar spelar særlig inn på investeringsviljen. Nokre selskap gjør likevel taktiske vurderingar, og ønsker av omsyn til eige gode namn og rykte å halde ein grøn eller human profil ved å avstå frå investeringar i f.eks. gruver med sjødumping eller på okkupert land.

Så lenge utsiktene for mineralutvinninga er gode, er det i dag ingen mangel på kapital. Profitten på både mineralutvinning og anna produksjon har generert ein ledig kapital som nærast skrik etter nye investeringsområde. Der styresmaktene legg til rette for investeringar (og det gjør dei i dei fleste land), står nye og gamle gruveselskap klare for å investere. Da den norske minerallova blei endra og det blei lettare å sikre seg leiteløyve, var ein stor prosent av landet opptatt i løpet av eit år. Investeringsinteressen svingar opp og ned i takt med mineralprisane på verdsmarknaden.

For få år sidan skreiv ein amerikansk antropologiprofessor boka Mining Capitalism. I innleiinga til boka oppsummerer han:
«Konsernet er eit av dei mektigaste institusjonane i vår tid. Konserna organiserer mye av arbeidet og kapitalen i verda, formar den materielle forma av den moderne verda, og er primære pådrivarar av globaliseringa. Men konserna er også ansvarlige for ei vid rekke av skadelige effektar, inkludert bruken av teknologiar som har øydeleggande konsekvensar for menneskelig helse og produksjon av miljøraseringar som trugar planeten. Situasjonen er forsterka av nyliberal økonomisk politikk som ser marknaden som den mest effektive måten å løyse desse problema på og hevdar at effektiv handsaming av desse sakene frå konserna si side kan erstatte offentlige reguleringar.»[1a]

Vidare i dette kapitlet skal vi sjå litt nærare på nokre av aktørane rundt gullkalven.

Global players

Dette engelske uttrykket er mye brukt om gruve-, industri- og finansselskap som opererer over store delar av verda. Dei investerer snart i det eine landet, snart i det andre. Ofte vil dei òg kunne påverke både nasjonal forvaltning og internasjonale reglar for drifta. Det er mange som kunne vore omtalte her, men vi må nøye oss med eit lite utval, der vi særlig har vald nokre av dei største og nokre av dei som har eller har hatt tilknyting til Noreg, ved at dei har investert her i landet eller at norske aksjonærar har investert i dei.

Rio Tinto

Gruveselskap med milliardoverskot har råd å lage monumentalbygg som dette: Rio Tinto Alcan Planetarium i Montreal, Canada, kosta den nette sum av 48 mill. $.
(Foto: Mtlfiredude / Wikipedia)

Rio Tinto (den raude elva) i Spania har namn etter avrenning frå gruvedrift i tusenvis av år. Elva har gitt namn til verdas nest største gruveselskap.
(Foto: Paco Naranjo Jimenez / Wikipedia)

Rio Tinto er namnet på ei elv i Spania. Namnet tyder den raude elva, noko som kjem av avrenning frå gruvedrift frå svært gamal tid. Her er utvunne både koppar, sink og gull. Dei eldste spora etter drift er opptil 5000 år gamle, og seinare har drifta vore tatt opp igjen på 1500-talet, på 1700-talet og no er det igjen snakk om ny drift her.

Selskapet Rio Tinto blei danna i 1873 med engelsk og tysk kapital for å kjøpe gruvene av den spanske staten. Etter få år blei det overtatt av familien Rotschild. Ei tid var desse gruvene største kopparprodusenten i verda. Frå 1925 satsa selskapet på gruver også i andre land, i første rekke den britiske kolonien Nord-Rhodesia, seinare Zambia. På 1950-talet selde dei seg ut av gruvene i Spania, men satsa meir på andre land. På 1960-talet slo Rio Tinto seg saman med det australske Consolidated Zink, og endra namnet til Rio Tinto Zink, kjent som RTZ. Seinare gikk ein tilbake til det gamle namnet Rio Tinto. Konsernet har gjort enorme oppkjøp, av bl.a. amerikanske, britiske, kanadiske og australske selskap. I 2007 blei det kanadiske aluminiumselskapet Alcan kjøpt for 38,1 mrd. $, noko som er kalla «the largest mining deal ever completed». Dette gav Rio Tinto eigarskap til 50% av aluminiumsverket på Husnes i Hordaland.

Hovudkvarteret er delt mellom London og Melbourne (Australia). I dag opererer Rio Tinto i 40 land og innafor koppar, jern, gull, aluminium, uran, kol, diamantar og forskjellige industrimineral. I tillegg til gruvedrift har dei og store interesser i vidareforedling som jernverk og smelteverk. I Kina er dei sterkt inne i aluminiumsproduksjonen og det statlige kinesiske aluminiumselskapet er aksjonær i Rio Tinto. Det er ingen tvil om at her er ein aktør som tener godt på gruvedrifta. Første halvår 2017 hadde selskapet ei inntekt på 6,3 mrd. $ og eit aksjeutbytte på 3,0 mrd $.

Karakteristisk for Rio Tinto er at dei kontrollerer ei rekke heil- eller deleigde underselskap, noko som gjør det vanskelig å sjå når det er dei som står bak. Ei liste over 30 slike selskap utgjør bare nokre av dei viktigaste, «main subsidiaries». Eit slikt underselskap ville leite diamantar i Utsjoki i Finland for få år sidan, men gav opp etter stor lokal motstand. I Noreg har dei vore innblanda i både gull- og diamantleiting på Finnmarksvidda. Det har også Ashton Mining, før dette selskapet blei kjøpt opp av Rio Tinto.

Rio Tinto har den tvilsame æra å få ei heil bok skrive mot seg: Roger Moody: Plunder! Story of RTZ - The World's Most Powerful Mining Company. Forordet er skrive av direktøren for Center for Alternative Mining Development Policy og startar slik: «Mining, by its very nature, constitutes an assault on the physical, social and cultural environment. When this assault is organized by one of the most powerful, arrogant and racist corporations in the international mining industry, the results can be devastating. With operations in over forty countries, RTZ has uprooted and displaced native peoples, contaminated drinking water supplies, volated sacred sites, fouled the air and endangered the health of its miners by ignoring radiation safety standards.»[1b]

Denne boka kom i 1992, men ingen ting tyder på at Rio Tinto har endra seg grunnleggande sidan da. 15 år seinare skreiv same forfattaren boka Rocks & Hard Places – The Globalisation of Mining, der han oppsummerte at Rio Tinto ikkje har beklaga noko av sitt til da 130 år lange synderegister. Gong på gong har representantar for ramma lokalsamfunn og miljøorganisasjonar stilt opp med krav ved selskapet sine generalforsamlingar, utan å oppnå noko. Blant dei aller verste eksempla på framferda til selskapet er gigantgruvene på Papua, som er nærare behandla lenger ut i boka.

At Rio Tinto har stått for nokre av dei aller mest forureinande gruver i verda, har ikkje hindra dei i å gå i spissen for verdsomfattande initiativ for «sustainable mining» og få sin sjefsdirektør vald til første leiar for den internasjonale samanslutninga ICMM.

Rio Tinto var tidligare eigar av det største aluminiumsverket i Frankrike, Aluminium Dunquerque, som dumpa avgang, «red mud» i sjøen. Etter at EU nedla forbod mot dette, blei dumpinga avvikla i 2015, på dagen for fristen for å oppfylle vassdirektivet. Etter det er Noreg einaste land i Europa som har praksisert dumping av gruveavgang i sjø. Det same direktivet gjeld også i Noreg og er bakgrunnen for at norske miljøorganisasjonar har klaga Noreg inn for ESA.

Fram til 2008 hadde Oljefondet aksjar i Rio Tinto for heile 4,8 mrd. kroner. Da påla Finansdepartementet Oljefondet å selje desse aksjane etter vurdering av det etiske rådet. Bakgrunnen var dei dårlige miljøstandardane til selskapet, særlig i samband med gigantgruva Grasberg i Indonesia.[2]

BHP

BHP står for Broken Hill Proprietary Company, som starta i 1880 med ei sølvgruve i Australia. Frå 2001 til 2017 heitte selskapet BHP Billiton etter samanslåing av to selskap. Billiton var eit selskap med klare anar i europeisk kolonialisme. Billiton er den engelske varianten av namnet på øya Belitung i Indonesia. Selskapet blei danna i Nederland i 1860 for å starte gruvedrift på tinn og bly på Belitung og Bangka i den daverande nederlandske kolonien. Smelteverk blei etablert i Nederland. Seinare etablerte selskapet seg i andre nederlandske koloniar, som Surinam i Amerika, der det blei utvunne bauxitt. Aktivitetane blei etter kvart utvida til Sør-Afrika, Australia, Thailand og fleire land.

BHP er no verdas største gruveselskap og driv innafor bl.a. jern, sink, koppar, gull, kol, uran og nikkel, samt gass og olje. I likskap med Rio Tinto er det eit australsk-britisk selskap registrert i begge landa. Det er Australias største selskap.

Etter samanslåinga mellom BHP og Billiton i 2001 kjøpte selskapet opp ei rekke gruve- og mineralselskap, og forsøkte seg i 2007 på å kjøpe opp giganten RTZ, noko som blei oppgitt pga. finanskrisa i 2008.

BHP har fleire av dei aller største gruvene i verda, som koppargruvene OK Tedi i Papua New Guinea og Escondida i Chile og diamantgruva EKATI i Kanada.

Ved verdas største koppargruve, Escondida, fikk selskapet ein stor streik mot seg da dei forsøkte å senke løner og tvinge gjennom dårligare arbeidsvilkår. Resultatet var at fleire skipslaster blei stoppa, og den internasjonale kopparprisen steig med 4%.

BHP er ansvarlig for nokre av dei største miljøkatastrofene frå gruver i verda, i Papua New Guinea og Brasil. I Ok Tedi-gruva i Papua New Guinea har 70 Mt av gråberg og avgangsmateriale blitt spreidd mange km nedover elvene Ok Tedi og Fly, noko som har ført til store oversvømmingar og øydelegging av skogen rundt og livet i skogen og elvene.

I Brasil har BHP i samarbeid med det brasilianske selskapet Vale drive selskapet Samarco, som har ei av dei største jerngruvene i verda. Denne har eit gigantisk landdeponi, der to demningar rauk i november 2015. 19 personar blei drepne og 700 heimlause og store område er dekka med avgang eller forgifta. Krava etter katastrofen var året etter kome opp i over 440 mrd. kr.

BHP har også engasjert seg i politisk påverknad, bl.a. i Australia der selskapet har gått kraftig mot avgifter på utslepp av CO2. Kanskje ikkje heilt utan samanheng med at BNP har ei mengde kolgruver.

Eit eksempel på kva slike store selskap kan gjøre, er at BHP Billiton var ein av dei store sponsorane ved OL i Beijing i 2008, og inviterte da som ein del av sitt «Global Hospitality Program» 176 representantar for regjeringar og statlige selskap til å vere til stades med alle utgifter dekka. Blant desse var det mange som hadde innverknad på vilkår for investeringar som selskapet ville gjøre i desse landa. Det endte med at BHP måtte betale ei bot på 25 mill. US$ for korrupsjon.[3]

Sjølv om BHP sjølv har mange svin på skogen i forhold til miljøet, er det grenser for kva dei meiner eit gruveselskap bør tillate seg. Dei har derfor erklært at dei ikkje vil bruke sjødeponi. Verdt å merke seg når norske styresmakter synes denne deponiforma er heilt grei.

Med ein registrert profitt i 2014 på 13,8 mrd. $ har BHP råd å skaffe seg velvilje ved å dele litt med seg, og gir frivillig 1% av profitt før skatt til «community programs».

Mens Oljefondet har vraka Rio Tinto, har det framleis aksjar i BHP. Det er ingen liten aksjepost, i 2017 var denne på rundt 13 mrd. kr. Dei miljøskandalane BHP er ansvarlige for er altså ikkje nok til at den norske staten trekker seg ut. I utgangspunktet har Oljefondet trukke seg ut av kolselskap, noko som har vore tolka som selskap som har meir enn 30% av investeringane sine i kolgruver. BHP har store investeringar i kol, men fordi selskapet er så stort, kjem dei under denne grensa. I april 2019 kom regjeringa med eit forslag til endring av kolkriteria for Oljefondet, nemlig at det skulle vere ei grense på 20 millionar tonn for kolutvinning og 10.000 MW for kolkraftkapasitet. Det skulle tilseie at Oljefondet må trekke seg frå BHP, men i skrivande stund er det usikkert om det er gjort.

Barrick Gold

Pascua Lama på grensa mellom Chile og Argentina. Her omlag 4500 m.o.h. vil Barrick Gold starte eit gigantisk dagbrot etter gull, sølv og koppar. Dei har jobba med dette sidan tidlig på 1990-talet og brukt fleire milliardar $ på planlegginga. Planane er no avviste av miljøstyresmaktene i Chile, men Barrick Gold gir seg ikkje.
(Foto: Antonio Gritta / Wikipedia)

Barrick er stifta i 1983 med hovudkvarter i Toronto, Canada. Det har lenge har vore verdas største gullprodusent, men i april 2019 kjem meldinga om at denne posisjonen er overtatt av eit anna selskap, etter fusjonen av amerikanske Newmont og kanadiske Goldcorp. Over 75 % av aktiviteten til Barrick er i Amerika; Argentina, Canada, Chile, Dominikanske Republikk, Peru og USA. I tillegg har dei gruver i bl.a. Australia, Papua New Guinea, Saudi Arabia, Tanzania og Zambia. Stiftaren var Peter Munk, ein jødisk ungarar som kom til Canada like etter krigen, og slo seg opp med ein stor hotellkjede før han gikk over på gull og bygde opp verdas største gullselskap. Munk hadde svært nær kontakt med leiande politikarar i Canada og USA og uttrykte bl.a. klar støtte til kuppet i Chile i 1973. Da han døydde blei han av etterfølgaren omtalt som «den ikoniske kanadiske entreprenør og filantrop.» Han ga heile 300 mill. $ til forskjellige formål og fikk oppkalt både helseinstitusjonar og forskingsinstitusjonar etter seg. Desse «gåvene» gjorde i sin tur at han blei utnemnd til æresdoktor ved fleire universitet i Canada og Israel.

I 2016 hadde Barrick gullmalmreservar på 2 milliardar tonn, med gjennomsnittlig gullinnhald på 1,33 gram pr tonn. Dette fortel at gullgruver no blir drivne på ekstremt fattig malm, og avfallsmengda blir deretter. Om alt dette blir tatt ut, vil altså bare dette selskapet produsere 2 milliardar tonn avgang.

Barrick har vore innblanda i ei rekke miljøskandalar. Ei av dei største skjedde i 2015 i Argentina, da cyanidutslepp forgifta fem elver. Selskapet slapp unna med ein bot på 10 mill $.

I Tanzania har eit dusin journalistar blitt arresterte, truga eller sensurerte av styresmaktene når dei har skrive om gullgruva North Mara, der Barrick Gold er majoritetseigar. Journalistane har granska mistankar om mord og voldtekt frå tryggingspersonale og politi og dokumentert store miljøøydeleggingar.[4]

Barrick Gold har vore særs aktive og vellukka i å få politikarar å tale si sak. På 1990-talet sette dei opp eit råd for å lobbyere for dei rundt om på kloden. Der sat bl.a. tidligere president i USA George Bush sr. og tidligare kanadisk statsminister Brian Mulroney, den siste reiste aktivt rundt i Latin-Amerika, Kina og Afrika for å påverke regjeringer til fordel for Barrick Gold.[4a] Eit av mange tilfelle der Barrick har påverka politikken er at selskapet i lag med andre gruveselskap i 2008 klarte å hindre Argentina i å vedta strengare minerallovgiving og presse miljøvernministeren til å gå av.[5] Dette blei seinare omtalt som «The Barrick Veto».

Barrick brukar mye pengar og energi på å samarbeide med utdanningsinstitusjonar, bl.a. gjennom programmet Mining Matters, der barn og ungdom blir inviterte til å skildre Canadas underjordiske rikdom gjennom dikt, essay eller plakatar. Vinnaren får pengepremier eller aksjar i Barrick Gold.

Barrick er hardt kritisert i fleire bøker og har flere gongar gått til rettssak mot forlag og forfattarar for å få bøkene stoppa og krevd store erstatningar. Selskapet klarte først å stanse utgivinga av boka «Noir Canada» om kanadiske gruveselskap i Afrika, og prøvde også å stanse boka «Imperial Canada Inc.» om korleis kanadiske styresmakter støttar opp om gruveselskapa.[6]

Barrick Gold har møtt så mye motstand i mange land at det er oppretta fleire nettstadar til å informere om selskapet og forsøke å koordinere motstand. På ein av nettstadane, protestbarrick.net, er selskapet omtalt slik: «Barrick Gold is a criminal company of global proportions. Implicated in killings, rapes, toxic spills, fraudulent reporting, land theft, and the militarization of entire communities, this company is a case study in the need for corporate accountability regulations internationally.»[7]

Oljefondet har tidligare investert i Barrick, men trakk seg ut i 2009 etter vurdering av det etiske rådet.

Glencore

Glencore si koppargruve i Antapaccay i Peru
(Foto: Golda Fuentes)

Urfolk i Australia demonstrerer mot Glencore og krev stenging av gruve og oppreinsking av forureina elv.
(Foto: Lock the Gate Alliance)

Glencore er ved sida av å vere eit av dei største gruveselskapa, også verdas største selskap innafor råvarehandel, og kontrollerer over halvparten av sink- og kopparhandelen i verda. Hovudkvarteret er i Sveits, med gruver og anna aktivitet over heile verda.

Selskapet er kjent for å ha tilsett ei rekke politiske lobbyistar og har vore under etterforsking for mange tvilsame handlar og investeringar. Blant dei er alvorlige forureiningar frå koppargruver i Zambia, investeringar i okkuperte Vest-Sahara, samarbeid med paramilitære mordarar i Colombia og barnearbeid og vald mot lokalbefolkninga ved gruver i det krigsherja Kongo.

Glencore er kjent for dårlig arbeidsmiljø og tryggleik og for å hindre arbeidarar å organisere seg. I stadig aukande grad brukar dei kontraktørar i staden for fast tilsette arbeidarar, i 2017 hadde selskapet omlag 83000 arbeidarar og 62000 kontraktørar. Den internasjonale fagorganisasjonen IndustriALL har i samarbeid med The Europe – Third World Centre (CETIM) klaga Glencore inn for FN sitt menneskerettsråd for brot på gruvearbeidarar sine menneskerettar ved gruver i bl.a. Bolivia, Colombia, Kongo og Zambia.[8]

Trass i eit langt synderegister og mange klager til Oljefondet, held dette framleis på si investering på heile 13 milliardar kr. I Noreg har Glencore nikkelverket i Kristiansand med omlag 500 arbeidsplassar. I 2012 kjøpte dei opp mangansmelteverket i Mo i Rana, for så å selje det vidare i 2018.

Freeport-McMoRan

Freeport er eit USA-basert selskap, med ni gruver i USA og ei i kvart av landa Peru, Chile og Indonesia. På nettsida deira[9] kan vi lese at det er snakk om «World's premier publicly traded copper company» eller verdas fremste kopparselskap, som er «focused on building value for shareholders». Akkurat det siste skal vi ikkje tvile på. Praksisen deira er noko heilt anna enn dei store prinsippa om bærekraftig og miljøvenlig drift som dei blir framstilt som eksempel på av den internasjonale gruveorganisasjonen ICMM [10]. Gigantgruva Grasberg i Indonesia er verdas største gullgruve og nest største koppargruve. Dette et trulig den aller mest forureinande gruva i heile verda, da ho slepp gruveavgangen ut i ei elv i 4000 meters høgde og avgangen har øydelagt elva, landet om kring og store område i sjøen ved utløpet. Gruva var tidligare eig av Freeport i lag med Rio Tinto, men Rio Tinto selde i 2016 aksjane sine til det indonesiske statsselskapet PT Inalum. Til gjengjeld skal Freeport få drive gruva på same katastrofalt forureinande måten fram til 2041.

Det norske oljefondet hadde tidligare eigardelar for fleire milliardar i både Freeport og Rio Tinto, men selde seg ut i 2006 og 2008, vesentlig grunngitt med miljøøydeleggingane i Grasberg-gruva.

Severstal

Mens multinasjonale gruvekonsern etablerte ut i frå gamle europeiske kolonimakter og settlerstatar er vel kjent, er det ikkje like kjent at også Russland har ein stor aktør på denne marknaden. I 1993 sørga Boris Jeltsin for å privatisere det statlige Tsjerepovets jern- og stålkompleks. Det blei da omdøypt til Severstal, og er dominert av oligarken Aleksej Mordasjov. Frå 2004 starta selskapet å kjøpe opp gruver og stålverk i både Russland og andre land, som Ukraina, Kazakhstan, Frankrike, Italia, USA, India og fleire land i Afrika. I tillegg til jern og stål er Severstal engasjert i bl.a. kol og gull, og eig ein ishockeyliga, eit flyselskap og ein flyplass.

Severstal har kjøpt opp i alle fall eit meir eller mindre norsk selskap, Crew Gold, som tidligare delvis hadde norske eigarar og var notert på Oslo Børs.

Frå Severstal er det skilt ut eit eige gullgruveselskap, Nord Gold SE, med same hovudeigar. Dette har ei rekke gullgruver rundt i verda. I 2018 gikk Nord Gold SE inn i ein samarbeidsavtale med WWF-Russland om naturvern!

Prospekteringsselskap

På 1990-tallet var ei rekke av dei store internasjonale gruveselskapa inne i bildet for å drive mineralleiting i Noreg. Både Rio Tinto Zink, Ashton Mining og De Beers ville leite mineral i Finnmark.

Da gruveboomen kom på 2000-talet, var det heilt andre selskap som søkte om undersøkingsløyve. Nokre var norske, andre svenske, kanadiske eller australske. Felles var at dei alle var ganske små, hadde liten kapital og knapt nokon tilsette. Blant dei var Arctic Gold, Dalradian, Scandinavian Mining, Nordic Mining og Drake Mining.

Ofte kallast desse selskapa for juniorselskap. Dei har verken kapital eller kompetanse til sjølve å drive gruvedrift. Dei skal leite fram mineral, søke løyve, kjøre saker gjennom forvaltninga og så selje til høgstbydande, eller bli kjøpt opp. Da kan dei store selskapa komme inn, direkte eller indirekte. Nokre seier rett ut at dei bare er førsteleddet, andre påstår at det er dei sjølve som skal drive dei store gruvene med masse arbeidsplassar og inntekter til stat og lokalsamfunn.

Når det regner på presten ...

Når det regner på presten, dryp det på klokkaren, heiter det i eit norsk ordtak. Og med gruveselskapa som presten, står det mange klokkarar rundt, som offisielle og uoffisielle deltakarar i dansen rundt gull- eller kopparkalven. Gruvedrift er i høg grad eit sjansespel, der vinstane kan vere astronomiske, men tapa kan også vere monalige og dei største gruvekonkursane hevdar seg godt blant dei største konkursane uansett bransje.

Det er mange som kan tene på gruvedrift, men det varierer sterkt i kva grad dei òg er med å bære risikoen om det går galt. I Noreg er dette kanskje ikkje så veldig stort miljø, men i landa som har satsa mest på gruvedrift, er det snakk om svært mye folk og svært mye pengar. I boka Imperial Canada Inc. skriv forfattarane om dette miljøet: «...ein sverm av profesjonelle konsentrert i Toronto – forretningsadvokatar, akademikarar, geologar og seljarar av geologiske instrument, bankfolk, meklarar og finansrådgivarar – vonar å selje tenestene sine til næringa.»1 Så la oss sjå litt på nokre av desse gruppene:

Det er lettast å få auge på sjølve gruveselskapa, men dei er slett ikkje aleine på banen når det gjeld å gjøre mineral i fjell om til pengar på konto. Det er eit sant virvar av offisielle og uoffisielle deltakarar i dansen rundt gull- eller kopparkalven, og ofte vanskelig eller umogleg å finne ut kven som gjør kva, kven som tener og kven som tapar. Gruvedrift er i høg grad eit sjansespel, der vinstane kan vere astronomiske, men tapa kan også vere monalige og dei største gruvekonkursane hevdar seg godt blant dei største konkursane uansett bransje.

Det er mange personar og bedrifter som kan tene på gruvedrift, men det varierer sterkt i kva grad dei òg er med å bære risikoen om det går galt. I Noreg er dette kanskje ikkje så veldig stort miljø, men i landa som har satsa mest på gruvedrift, er det snakk om svært mye folk og svært mye pengar. I boka Imperial Canada Inc. skriv forfattarane om dette miljøet: «... a swarm of professionals concentrated in Toronto – corporate lawyers and academic apologists, geologists amd geological instrument manufacturers, bankers, brokers, and financial advisers – hope to sell their services to the industry.»[10a] Så la oss sjå litt på nokre av desse gruppene:

Maskinprodusentar og leverandørar

Kvart år blir det arrangert store messer rundt i verda der produsentar og leverandørar marknadsfører varene sine for gruveselskapa. Her frå Euro Mine Expo 2018 i Skellefteå i Sverige. Dette bildet viser bare eit utsnitt av den store utstillinga.
(Foto: SL)

Tusenvis av gruver rundt i verda utgjør ein stor marknad for produsentar av gruveutstyr som boremaskinar, sprengstoff, lastemaskinar, dumparar, knusarar, transportband og flotasjonsceller. Dette gir levebrød både til fabrikkar og til forhandlarar.

Noreg har aldri hatt nokon stor produksjon av gruveutstyr. Sverige har derimot nokre selskap som lagar mye utstyr for gruver, som Sandvik og Atlas Copco. I Europa er Kopex i Katowice i Polen blant dei største. Elles i verda har bl.a. USA, Japan og Kina levert mye gruvemaskineri.

I forhold til gruveselskapa har mange leverandørar ei sikrare inntekt, da dei har ein vid marknad og i dei aller fleste tilfelle vil få betalt for varene dei sel.

I debattane om etablering av nye gruver blir leveransane vanligvis omtalte som «ringverknadar». Lokal handelsstand har gjerne store forventningar om å få levere varer til gruvene, slik f.eks. Hammerfest næringsforening har engasjert seg for Nussir-gruva. Noko varer og tenester kan nok bli kjøpt inn lokalt og men ofte finn selskapa det billigare å kjøpe alt i stort utafrå. For dei virkelig store investeringane, som maskinar til boring, sprenging, knusing og sortering, vil ringane i ringverknadane oftast vere svært vide, gjerne til andre verdsdelar.

Bank og forsikring

Bankar og forsikringsselskap er ofte så innvevde i kvarandre at dei er vanskelig å skilje.

Bankar har ei rekke roller i samband med mineralutvinning. Dei aller fleste gruvetiltak er avhengig av lån for å komme i gang, og bankane stiller opp mot renter og gebyr. Så tar dei seg av konkursbu og sel ut med betre eller dårligare resultat. I tillegg er dei ofte direkte og indirekte medeigarar både i prospekteringsselskap og eigentlige gruveselskap.

For gruveinvestorar kan det derfor vere avgjørande kva haldning bankane har til krav til prosjekt dei skal gi lån til eller kjøpe aksjar i. I utgangspunktet gjør bankane bare økonomiske vurderingar, men nokre gongar kan omsynet til bankens gode namn og rykte gjøre at dei seier nei til nokre av dei mest skadelige gruveprosjekta. Derfor har også kampanjar mot dei verste utslaga av gruvedrift retta seg mot bankane som investorar og långivarar. Eit resultat er at bankane Citigroup, Standard Chartered har sagt nei til å delta i gruver med dumping av avfall i sjø, mens Credit Suisse, BNP Paribas og Verdsbanken ikkje vil bidra til dumping på grunnare vatn enn rundt 400 meter.

Ei heilt spesiell rolle spelar Verdsbanken eller World Bank. Denne blei oppretta i 1945 og er eit direkte uttrykk for den dominerande posisjonen USA da hadde politisk og økonomisk. I utgangspunktet skulle banken bidra til gjenreising etter 2. verdskrigen, sidan har fokuset blitt endra til såkalla «utviklingsland». Verdsbanken samarbeider tett med det internasjonale pengefondet IMF. Han er ein del av FN-systemet, men ikkje bygd opp på demokratisk vis. Stemmetalet er etter innskote kapital og sidan USA er største innskytar, har USA heile tida hatt presidenten i banken. Så seint som i 2019 blei Trumps kandidat samrøystes vald som ny president. Tydeligare kan det knapt demonstrerast at «Money talks». Verdsbanken har fått mye kritikk for dei vilkåra han stiller for å gi lån. Ofte er det krav om privatisering og tilrettelegging for storkapitalen.

Verdsbanken gir lån både til statar og til private selskap, men bare til store prosjekt. I 2014 oppretta banken eit fond på 1 mrd. $ til kartlegging av mineralressurser i Afrika. Verdsbanken har eit eige Mining Department, som i 2002 ga ut heftet Mining and Development.
Her kan vi lese:
«VÅR MISJON – Å arbeide med lidenskap og dugleik med kundene våre for å fremje ein levande gruvesektor i utviklingsland. Vår visjon er ein gruvesektor som ved å tiltrekke seg ansvarlig privat investering skapar grunnlag for økonomisk og sosialt velvere.»[10b] «Økonomisk og sosialt velvere» har det nok blitt, spørsmålet er bare for kven. Formålet er her tydelig å forsvare gruvedrifta og dei investeringane som Verdsbanken har støtta. Generelt blir det hevda at gruvedrift er til fordel for land og folk og at situasjonen er betre i land med mye gruvedrift enn i land med lite. I kontrast til dette har det i Afrika og Latin-Amerika vore mange protestar mot at Verdsbanken gir lån til gruver som øydelegg naturen og levegrunnlaget for lokalbefolkninga.[11]

Gruvedrift er ei risikoverksemd og det same er derfor forsikringa av denne verksemda. Desto høgare blir forsikringspremiane og fortenesta så lenge det går godt.

I mai 2019 lanserte Verdsbanken sitt nye fond for «klimasmart gruvedrift», «Climate-Smart Mining Facility». Dei omtalar det slik: «Det første fondet nokon gong som er dedikert til å gjøre gruvedrift klimasmart og bærekraftig. Dette vil støtte utvinning og foredling av mineral og metall som er brukt i teknologiar for rein energi, som vind, solkraft og batteri for energilagring og elektriske kjøretøy. Fondet skal hjelpe utviklingsland til å tene på den aukande etterspurnaden etter mineral og metall, samtidig som ein skal sikre at gruvesektoren blir drive på ein måte som minimerer fotavtrykket på miljø og klima.»[11a] Det hørest jo vakkert ut, men røynslene frå Verdsbanken sine tidligare utlån gjør at mange er skeptiske til kva dette fører til.

Ei spesiell form for forsikring er aktuell for gruveselskap og andre internasjonale selskap som investerer i andre land. Denne kallast for «political risk insurance», og forsikrar mot politiske hendingar som kan øydelegge utsiktene til profitt, som nasjonalisering, politisk vald, hindringar for valutaveksling og pengeoverføring, terrorisme og krig. Ei viktig rolle i dette systemet spelar Verdsbanken. Det er ofte heilt avgjørande for mange investeringar at ein får innvilga forsikring mot politisk risiko, og dette står da gjerne overfor investorar som eit teikn på at denne investeringa er trygg og akseptabel. Det er bare svært store forsikringsselskap som gir slik forsikring, og dei kan gjøre svært gode inntekter og ta ein god bit av overskotet på mineralutvinning.

Konsulentselskap

Rambøll er eit dansk konsulentselskap som opererer over store delar av verda. Dei har spesialisert seg på konsulenttenester for gruvedrift, og tener stort på det. Ingen tvil om kva konklusjonane blir når dei skal vurdere om eit gruveprosjekt er forsvarlig. Denne brosjyra blei delt ut på gruvemessa FEM 2015.

For å starte ei gruve i dag er det ikkje nok å ha pengar og lyst til å tene fleire. Ein må også ha kompetanse. Geologar, gruveingeniørar og økonomar kan ein alltids få engasjert, men for å lose ein søknad gjennom byråkratiet med søknadar, planprogram, reguleringsplan og konsekvensanalyser, trengst det folk som kan kunsten å skrive dette slik at styresmaktene godkjenner det og helst så det ikkje blir alt for mye protestar. Her er det ein stor marknad for konsulentselskap. Nokre har spesialisert seg på dette, og marknadsfører seg over heile verda. Eit eksempel på dette er det danske selskapet Rambøll, som har kontor over heile verda, inkludert mange i Noreg. Dei tilbyr pakker spesielt for gruvedrift der dei tar på seg alle trinn i søknadsprosessen, undersøkingar på marknad og kvalitet og i tillegg alt arbeid ved avvikling og opprydding. På gruvemessa FEM 2015 i Finland stilte selskapet med heile ni representantar, meir enn heile deltakinga frå Noreg.

Konsulentselskapa som leverer tenester til gruveselskap har ofte funne det lønsamt å marknadsføre seg som miljøselskap, og tar namn som kan gi inntrykk av at det er snakk om miljøorganisasjonar eller miljøinstitusjonar. Ein norsk eksempel er Bergfald miljørådgivere. I Australia finn vi Green Light Environmental, som har levert tenester for mineralleiting på havbotnen.

Ein spesiell form for konsulentselskap er dei som sel konsultentenester innafor revisjon, rekneskap og forretningsjus. Her er det internasjonale selskapet EY (Ernst&Young) blant dei største, med 250.000 tilsette over heile kloden. Blant satsingsområda deira er gruver og metallforedling.

Forskarar

Både mineralleiting, planlagde, eksisterande og til og med nedlagte gruver genererer ein god del forsking. Det gjeld geologisk forsking, teknisk forsking på betre maskinar, tryggleik, automatisering og transport, økonomisk forsking på verdsmarknadsprisar og samfunnsforsking rundt verknadane av gruvedrift på godt og vondt.

Dei landa som satsar mest på internasjonal gruvedrift, Australia og Canada, er også dei som satsar mest på utdanning og forsking. I kvart av desse landa er det heile sju universitet med gruveingeniørutdanning. I Europa er det ikkje like stor satsing, men Polen har ein eigen institusjon for høgare utdanning og forsking innafor gruvedrift, Akademia Górniczo-Hutnicza. I Norden er Luleå Tekniske Universitet og Oulu Universitet dei fremste innafor utdanning og forsking for gruver, mens Noreg har eit langt mindre miljø ved NTNU. Ved alle dei tre siste skjer ein stor del av gruveforskinga i nært samarbeid med gruveselskapa. Ofte kan det vere vanskelig å skilje mellom forskarar og konsulentselskap.

Forskingsprosjekt er stadig oftare finansiert gjennom samarbeid mellom offentlige og private forskingsinstitusjonar på eine sida og private bedrifter og organisasjonar av bedriftar på andre sida. Om ein forskingsinstitusjon i Noreg ønsker å starte eit forskingsprogram på eit tema, f.eks. Utnytting av gruveavfall, må dei søke Norges Forskningsråd om finansiering. Men der gir dei sjeldan støtte utan at private bedrifter eller organisasjonar bidrar til finansieringa. Resultatet er at den forskinga som ikkje gruveindustrien ønsker, ho blir ikkje gjennomført.

Forvaltning

Alle land som har mineralutvinning har også eit meir eller mindre godt utbygd forvaltningsapparat, som behandlar søknadar om å få leite mineral, få starte gruve og sleppe ut avgangsmateriale med meir eller mindre kjemikaliar. Som eg skreiv i bind 2 skal desse vere kontrollørar av at verksemda er forsvarlig og lovlig, men fungerer ofte heller som velsignarar av drift og utslepp. Seinare har eg sett at andre lands forvaltning blir karakrerisert på liknande måte, som denne frå Canada: «The government acts as neither regulator nor operator, but as promoter and service provider for the mining industry».[12]

I utgangspunktet skal dei tilsette i forvaltninga ha fast løn frå staten, og bare denne kan vere ein sterk motivasjon til å halde seg inne med gruveselskapa, men ein skal heller ikkje sjå bort i frå at i mange land kan det økonomiske sambandet vere langt meir direkte. I mange land er korrupsjon i statsapparatet så utbreidd at bestikking av nøkkelpersonar i forvaltninga må reknast som nødvendige utgifter for gruveselskap som vil ha løyve til drift. I nokre tilfeller har bestikking gjort at gruveselskap har fått drive i område som har vore verna.[13] Korrupsjon er så utbreidd at det internasjonale konsulentselskapet Ernst&Young har utarbeida ei eiga handbok: Managing bribery and corruption risks in the mining and metals industry[14].

Få store og mange små

Mineralutvinninga i verda kan grovt delast av i to sektorar. Til no har vi skrive mest om dei store, gjerne internasjonale selskapa, som har mye kapital og driv gruver med hundrevis eller tusenvis av arbeidarar og meir eller mindre moderne maskineri. Dei står for mesteparten av mineralutvinninga i verda målt i tonn, men ikkje målt i arbeidsplassar. Mens den formelle eller industrialiserte del av gruveindustrien sysselset omlag 3,7 millionar arbeidarar, er det kanskje ti gongar så mange som arbeider i den uformelle eller lite industrialiserte sektoren. Dei arbeider på eiga hand, i familiegrupper, kooperativ eller mindre selskap som driv graving og vasking av mineral med enkle reidskapar, ofte heilt utan mekanisering, eller f.eks. ved hjelp av pumper og straumaggregat.

Vi har alle hørt om barnearbeid i gruver i Kongo, men det er bare eit av mange eksempel på det som på engelsk kallast Artisanal and Small Scale Mining eller ASM. Artisan er eigentlig ein handverkar, eller i denne samanhengen ein som jobbar utan avansert maskineri. Med Small-scale Mining meinest mindre bedrifter som kan ha noko maskineri, men på eit langt lågare nivå og med mindre produktivitet enn dei store gruveselskapa.

ASM har svært mange variantar, og vi treng ikkje dra så langt som til Kongo eller Ecuador for å finne dei. Vi har hatt gullvaskarar på Finnmarksvidda og i Nord-Finland. I Polen har mange hakka ut kol på eiga hand etter at gruvene var nedlagde, eller pumpa opp rav frå sanda på Østersjøkysten. Noko av denne mineralutvinninga er formelt ulovlig, anna er lovlig og meir eller mindre regulert. Felles for dei fleste er relativt enkel teknologi og dei som arbeider eig gjerne sine eigne produksjonsmiddel. Det er ikkje fast lønn, pensjons- eller sjukeforsikring og ingen arbeidstilsyn eller verneombod som passar på at arbeidsforholda er forsvarlige. Det er dei da gjerne heller ikkje, og det blir ofte skadar og sjukdommar på grunn av støv og kjemikalier og ulukker med ras og eksplosjonar.

Dei minerala som er mest aktuelle for småskala utvinning er dei som på eine sida er av stor verdi pr. vekteining, på andre sida kan utvinnast av lausmassar eller relativt laust fjell. Blant dei er gull, tinn, kobolt, tantal, wolfram, diamantar og andre edelsteinar.

Kor mange som driv med ASM er det ingen som veit. Forsøk på å rekne ut tal har gitt svært forskjellige resultat. Ein rapport som i 2019 blei lagt fram av Verdsbanken og utviklingsorganisasjonen Pact [15] hevda at talet tidligare har vore grovt undervurdert, samtidig som det har auka kraftig dei siste åra med den auka etterspurnaden på verdsmarknaden. I følgje rapporten er det no til saman rundt 40 millionar som arbeider i denne sektoren, fordelt slik: 16,3 mill. Sør-Asia, derav 12 mill. i India, 9,8 mill. i Aust-Asia og Oceania, derav 9 mill. i China. 9,9 mill. i Afrika sør for Sahara, derav 2 mill. i Den demokratiske republikken Kongo og mellom 1 og 1,5 mill. i kvar av landa Sudan, Ghana og Tanzania. Litt over 2 mill. i Latin Amerika og Karibia, 1,9 mill. i Midt-Austen og Nord-Afrika og 100.000 in Aust-Europa og Sentral-Asia.

Rapporten slår fast at desse gruvene er avgjørande for inntekta til mange lokalsamfunn, men mange opererer på sida av lova og det lek ut kjemikalier til bakken og til vassdrag. Vidare skriv dei at arbeidsforholda ofte er dårlige og at metall og steinar ofte blir smugla over grenser av kriminelle bander.

Av desse arbeidarane er omlag 30% kvinner, mens kvinnene bare utgjør omlag 10% av dei tilsette i storskala gruvedrift. Mens gruvearbeid i storskala drift som regel er heiltidsarbeid, er det mange i ASM som driv i sesongar og kombinerer med jordbruk eller anna arbeid. Mye av denne drifta skjer i familiegrupper, der alle er med og arbeider, også barna. Det er berekna at til saman omlag 1 million barn arbeider med mineralutvinning.

Kva veit vi om arbeidsforholda i denne bransjen? Eg har ikkje funne noko verdsomfattande undersøkingar av dette, men noko kan vi seie:
– Dei fleste har ikkje tilsetting som arbeidarar. Dei har derfor heller ikkje fast løn, rett til sjukepengar, pensjon osv. Inntekta er det dei kan få betalt for minerala dei tar ut minus utgiftene til produksjonsmiddel som dei sjølve må halde.
– Dei brukar ofte svært farlige kjemikalier, som kvikksølv og cyanid i gullutvinning.
– Dei har oftast lite tilgang på vernetiltak som skikkelig arbeidstøy, hjelm, masker osv.
– Mange er utsette for ras på grunn av dårlig sikring av gruvegangar, og for bratte veggar i dagbrot.
– Mange av arbeidarane i denne sektoren skulle absolutt ikkje gjort slikt arbeid eller arbeid i det heile, som barn, gravide kvinner og kvinner med små barn.

Trass i at dei som arbeider i denne utvinninga oftast er spreidde og dårlig organiserte, har det vore gjort nokre forsøk på å arbeide for felles interesser, overfor både statar og store gruveselskap.
– The Artisanal Gold Council (AGC), er ein organisasjon basert i Canada, som arbeider for å forbetre muligheiter, miljø og helse for dei som arbeider i småskala gullutvinning over heile verda. AGC ønsker å profesjonalisere sektoren så han kan ta i bruk sosialt ansvarlige og miljømessig sikre metodar for utvinning og prosessering. AGC arbeider med opplæringsprogram, forsøker å påverke regjeringer til eit betre regelverk, skape bærekraftige marknadar og finansieringsmekanismar og skape og dele informasjon om denne sektoren. AGC har hatt aktivitet i over 25 land.[16]
The Alliance for Responsible Mining (ARM) er eit initiativ for å støtte ASM-gruvearbeidarar globalt, styrke dei sosialt og økonomisk, styrke miljøvern og formalisere ASM-sektoren. For dette har dei laga eit sett med sosiale og miljømessige standardar kalla Fairmined certification. Dei har mest arbeida i Latin–Amerika men utvidar og til Afrika og Asia.[17]
– Collaborative group on Artisanal and Small-Scale Mining (CASM) er eit globalt nettverk «to reduce poverty by improving the environmental, social and economic performance of artisanal and small-scale mining in developing countries.» CASM er lokalisert i hovudkvarteret til Verdsbanken i Washington, D.C., og finansieringa kjem frå nokre rike land, selskap og fond. CASM har laga ein rapport om sertifisering av mineral. Tanken er at opphavssertifikat og sertifikat om etisk kvalitet skal stimulere til bærekraftig utvikling i dei småskala gruvesamfunna.

Kva forhold er det mellom småskala gruvedrift og dei store gruveselskapa? Det er eit spørsmål som krev grundigare undersøkingar enn eg har høve til å gjøre innafor ramma av denne boka. I nokre tilfelle kjempar dei mot kvarandre om kontrollen over område, og dei store forsøker å jage bort dei små. I andre tilfelle samarbeider dei, ved at dei store kjøper opp mineral som er utvunne av dei små, eller overlater til dei å drive på meir marginale førekomstar, der det ikkje løner seg å gjøre store investeringar. Ein tendens er og at store gruveselskap i staden for å tilsette arbeidarar på fast løn, engasjerer kontraktørar som da blir tilsette som einskildpersonføretak og sjølv må halde seg med utstyr. Slik unngår dei brysomme fagforeiningar og sosiale utgifter.

Gruvearbeidarar – på vinnarsida?

Da Miljødirektoratet i 2015 ga Nussir ASA utsleppsløyve for gruveavgang til Repparfjorden, jubla gruveansvarlig i fagforbundet for gruvearbeidarar, Norsk Arbeidsmandsforbund. «Endelig en gledens dag for gruve-Norge sa ho. [18] To år seinare uttrykker ho at ho fryktar miljøaksjonar, er imponert over gruvedirektøren si utholdenheit og krev raskare saksbehandling av gruvesaker. Da Næringsdepartementet i 2019 overprøvde Miljødirektoratet sine krav til gjenoppstart av Sydvaranger, jubla igjen NAF. Den eineste gongen NAF har klaga på styresmaktene sin gruvepolitikk synes å vere da regjeringa la ned kolgruvedrifta på Svalbard.

Våren 2019 arrangerte NAF i lag med olje- og industriarbeidarforbundet Industri Energi eit seminar om bergverk under tittelen: Vi må skape for å kunne dele. Her blei også gruvedrift på havbotn promotert og miljøspørsmåla var overlatt til svært gruvevenlige Bellona.

Argumentet fra NAF er i første rekke arbeidsplassar, og det trumfar alle andre omsyn. Saman med Næringslivets hovedorganisasjon og Norsk Bergindustri er gruvearbeidernes organisasjon ein del av pressgruppa som påvirkar styresmaktene til å opne for meir gruvedrift og reduserte miljøkrav.

Dette er ikkje bare eit norsk fenomen. I Sverige ser ein det same med fagforbundet IG Metall, som fullt ut støttar opp om styresmaktene sin mineralstrategi. Under nedtrappinga av kolgruver i Polen mobiliserte fagforeiningane sine medlemmer til demonstrasjonar i Warszawa – med arbeidsgivarane si fulle støtte.

Betyr så dette at gruvearbeidarane hører til dei som tener på gruvedrift?

Arbeidsplassar er det store argumentet som trumfar alt anna. Og arbeidsplassar er sjølvsagt viktig. For den enkelte, for familiane, for lokalsamfunna og kommuneøkonomien. Det bør likevel vere plass til nokre kritiske spørsmål:

– Ønsker gruveeigarane arbeidsplassar?
Ja, til ein viss grad. Kjeldene til rikdommen deira er malmen i berget og gruvearbeidarane sitt arbeid. Utan arbeidarar ingen rikdom. Men det betyr ikkje at rikdomen blir større jo fleire dei sysselset. I førre kapitlet skreiv vi om den uformelle gruvedrifta, som sysselset opptil ti gongar meir enn den formelle. Men produktiviteten er så låg at han knapt held til å halde liv i gruvearbeidaren. Det som gir overskot er den produktive gruva, der kvar arbeidar driv ut tonnevis av malm for dagen. Jo meir produktiv, jo betre. For kapitalisten er arbeidaren på eine sida ei inntektskjelde, på andre sida ein utgiftspost. Derfor pågår det heile tida eit arbeid med mekanisering, automatisering og rasjonalisering av arbeidet. Blant dei få gruvene som har vore i drift så lenge at resultatet kan målast direkte, er Nordens største gruve, LKAB i Kiruna. Her blei produksjonen pr. tilsett femdobla 1960–2010. No planlegg denne gruva ytterligare automatisering. Og dette er bare starten. Denne gruva planlegg ytterligare automatisering. Lengst har denne utviklinga kome i Australia, der Rio Tinto ved fleire gruver har innført førarlause truckar som går døgnet rundt, og transporten vidare frå gruva til kysten skal gå med førarlause tog. Dette er ein kvar gruvegründer sin draum. Men han kan ikkje seie det når han treng løyve frå styresmaktene for å sette i gang. Da treng han støtte av fagrørsla og lokalsamfunnet, og derfor legg han gjerne på litt ekstra i talet på arbeidsplassar. Men når alle løyver er på plass startar arbeidet med å finne ut korleis ein kan organisere arbeidet med så få tilsette som råd.

– Er det trygge arbeidsplassar?
Anten vi er arbeidssøkande eller vi er kommunepolitikarar ønsker vi at arbeidsplassane skal vere stabile over lang tid. Kor sikre og stabile arbeidsplassane er varierer gjerne svært frå bransje til bransje. Her er det få bransjer som er så usikre og ustabile som gruvenæringa. Dei få stabile bedriftene er unnataket. Det er ei rekke faktorar som gjør gruvedrifta og arbeidsplassane usikre: Drifta kan stanse heilt pga. sviktande ressursar, sviktande etterspurnad etter mineralet, fallande pris på verdsmarknaden eller dårlig leiing og økonomiske disposisjonar i bedrifta. Arbeidsplassar kan og forsvinne pga. rasjonalisering av produksjonen.

– Er arbeidsplassane der vi treng dei?
Til no har det vore slik at arbeidsplassane i gruvedrifta nødvendigvis måtte vere der malmen er å finne. Det har gjort at mineralfunn har ført til oppbygging av heilt nye samfunn, eller oppbygging av gruvesamfunn i bygder der tidligare næringar har blitt utraderte på grunn av gruveetableringa. Ved så godt som ei kvar gruveetablering må eit fleirtal av dei som får arbeid pendle eller flytte. Den tekniske og organisatoriske utviklinga av mineralnæringa er i ferd med å endre dette mønsteret. Ein stadig større del av arbeidsplassane tilknytt mineralnæringa blir etablerte i større byar. Eit eksempel er at den største veksten i mineralnæringa i Nord-Sverige har kome i Luleå, trass i at denne kommunen ikkje har ei einaste gruve.

– Arbeidsplassar for kven?
– Når ei ny gruve blir etablert, skjer det sjeldan på ein stad der det er tilstrekkelig med kvalifiserte arbeidsledige innafor ein avstand der dei kan halde fram å bu heime. For dei fleste vil ei ny gruve bety flytting eller pendling. Begge delar har sine klare ulemper, ikkje minst for folk med familieforpliktingar. Det kan bety brakkebyar eller det kan bety bygging av nye bustadar. Er ein stor del av gruvearbeidarane pendlarar, blir vertskommunen sine skatteinntekter reduserte tilsvarande. Pendling er no blitt praktisk mogleg over langt større avstandar enn tidligare, og det gjør det meir aktuelt å søke arbeidarar i andre land.

Til no har det vore slik at arbeidsplassane i gruvedrifta nødvendigvis måtte vere der malmen er å finne. Det har gjort at mineralfunn har ført til oppbygging av heilt nye samfunn, eller oppbygging av gruvesamfunn i bygder der tidligare næringar ofte har måtta vike for gruva. Den tekniske og organisatoriske utviklinga av mineralnæringa er i ferd med å endre dette mønsteret. Ein stadig større del av arbeidsplassane tilknytt mineralnæringa blir etablerte i større byar. Eit eksempel er at den største veksten i mineralnæringa i Nord-Sverige har kome i Luleå, trass i at denne kommunen ikkje har ei einaste gruve.

Er norsk mineralnæring norsk?

«Farvel, Norge. Det er allerede på fremmede hender.» (Peter Wessel Zapffe, 1957)
Sidan dette blei skrive har utanlandsk eigarskap i Noreg auka kraftig, både innafor mineralnæring og andre delar av næringslivet.

Norsk mineralnæring – Kva er det? Mineralnæring som er eigd og drive av nordmenn, eller mineralutvinning som går føre seg i Noreg? Desse definisjonane vil gi svært forskjellige resultat. På eine sida har ein svært stor del av mineralleiting og utvinning i Noreg vore eigd og/eller drive av utlendingar, på andre sida har norske eigarar av mineralselskap langt større interesser utafor enn innafor landet.

Eit innlegg om utanlandsk kapital i Noreg og norsk kapital i utlandet hadde tittelen «Vi som solgte landet – og kjøpte utlandet» [19] Det passar ikkje minst på mineralnæringa.

Flint, koppar og bronse som import

Frå dei eldste tider vi kjenner til har mineral og mineralprodukt blitt ført ut og inn av området vi no kallar Noreg. Den eldste kjente «importen» av metallgjenstandar er frå ei tid da ein norsk stat enno låg fleire tusen år fram i tida, og da det trulig heller ikkje ga særlig meining å snakke om verken «norsk» eller «samisk» i etnisk forstand. Også «eksporten» av mineralprodukt kan skrivast tilbake til tida før opprettinga av ein norsk stat.

Tidlig i steinalderen har flint frå Jylland funne vegen over Skagerak, som knollar eller som meir eller mindre ferdiglaga reiskapar. Flintreiskapar er funne heilt opp i Troms. Noko av flinten er ført hit med isen etter istida, men mye er trulig og importert av folk seinare. Flint finst ikkje i fast fjell i Noreg, men liknande mineral, chert, finst fleire stadar i landet og har vore utnytta, bl.a. i Finnmark.

Som omtalt i første bindet er den eldste metallgjenstanden som er funne i Noreg ein kopparkniv, funne i det som no er Nesseby kommune i Finnmark. Vi skreiv da at han er rekna å vere omlag 4000 år gamal, seinare har arkeologar kome til at det er meir sannsynlig han var laga for rundt 5000 år sidan. Ut frå dagens grenser er han utvilsamt eit «importprodukt», trulig frå ein stad i noverande Russland, der utvinning og bearbeiding av koppar skjedde svært tidlig, trulig ut frå metallisk koppar, som enno var mogleg å finne i naturen.

I perioden som har fått namnet «bronsealderen» var bronse i Noreg hovudsakelig basert på import av ferdige gjenstandar eller ferdig legert bronse. Det er funne eksempel på bronsestøyping i Noreg, men vi veit ikkje om det også blei blanda koppar og tinn til bronse her. Det er ingen sikre teikn på at koppar er utvunne i Noreg før på 1300-talet, og tinn finst ikkje i utvinnbare konsentrasjonar nærare enn i Storbritannia.

Jern og brynestein som eksport

Bildet er frå Jernvinnemuseet på Hovden i Setesdal. I dette området var det jernframstilling frå omlag 500 til 1450, og i vikingtida og mellomalderen var det storproduksjon, der ein del av jernet gikk til eksport.
(Foto: Leonhard Jansen, Setesdalsmuseet)

Omlag 500 f.Kr. byrja jern å komme i bruk i Noreg. Dei første gjenstandane var nok importerte, men snart lærte ein seg å utvinne jern av myrmalm. Da hadde Noreg ressursar nok, for eige behov og meire til. I fjellområda i Sør- og Mellom-Noreg blei det tatt ut store mengder myrmalm som blei foredla til jern, og ein del av jernet fann vegen sørover i Europa. I Nord-Noreg er det bare kjent nokre ganske få jernvinner, og her har trulig bare vore produksjon for lokalt bruk.

Frå mellomalderen hadde Noreg stor eksport av kleberstein og brynestein. (Sjå bind 3)

Dansk styring, tysk ekspertise

Kronene i Hovet er ein kjent turistattraksjon i Kongsberg. Her har danske, svenske og norske kongar vore på besøk. Særlig dei danske kongane spela ei aktiv rolle i utviklinga av gruvedrift i Norge og fikk tak i tysk ekspertise til leiing og drift.
(Foto: SL)

Etter fleire hundre år med eit meir eller mindre samla norsk kongerike, kom Noreg frå slutten av 1300-talet inn i skiftande unionar med Sverige og Danmark, og blei etter kvart meir og meir underlagt Danmark. Med reformasjonen i 1537 forsvann siste rest av Noreg som eige rike. Makta sat i København, mens ressursane i stor grad var i Noreg, anten det gjaldt det vi no kallar fornybare ressursar som fisk, pelsdyr og skog, eller ikkje-fornybare som mineral. Danmark hadde av geologiske årsaker sjølv praktisk talt inga gruveverksemd og derfor heller inga røynsle med gruvearbeid.

På 1400-talet skjedde det i Mellom-Europa ei kraftig utvikling av gruvedrift i fast fjell, særlig etter koppar og sølv. Sentrum for dette var fjella som i dag er grenseområde mellom Tyskland og Tsjekkia. Her var allereie tidlig på 1500-talet utvikla ei avansert gruvedrift, da Georg Bauer (Agricola) skildra denne i De re metallica (1556). Denne boka er rekna som den første fagboka om gruvedrift og metallurgi.

Den første kjente utanlandske mineralleitinga i Noreg var svenske ekspertar som leita i Trøndelag med løyve frå danskekongen, og fann kopparmalm i 1516. Seinare blei det i all hovudsak tyske fagfolk som skulle drive fram norsk bergverksdrift. Den første kjente tyske spesialisten var bergmannen Bartholomeus Pangartner, som i 1520 fikk bygsle Akersberget sølvgruve i Oslo. Den store gruvesatsinga kom med reformasjonen og var som denne inspirert fra Tyskland og styrt frå København. Tyskarar kom både som leiarar og gruvearbeidarar, nokre blei òg medeigarar i dei gruvene dei bidro til å få i gang. På 1500-talet ser til saman omlag 500 tyskarar ut til å ha vore i Noreg i kortare eller lengre tid i samband med gruvedrift. Dei dominerte så mye at ein forskar ved Norsk Bergverksmuseum har karakterisert drifta som «et heltysk foretagende». Blant nordmenn var denne satsinga og den tyske innvandringa ikkje særlig velsett, og i Seljord gjorde bøndene opprør. (Omtalt i bind 3).

Dei fleste bergverka som blei starta på 1500-talet blei svært kortvarige, og tyskarane drog i dei fleste tilfella heim igjen. Ut på 1600-talet kom ei ny satsing, først Sølvverket på Kongsberg, så kopparverka på Kvikne, Røros og Løkken. Alle desse skulle få langvarig drift, og alle bygde på import av tyske fagfolk, men no supplert med arbeidarar som blei rekrutterte i Noreg. I løpet av 1600-talet kom det òg vel 500 tyskarar, men denne gongen blei ein stor del av dei verande. På Kongsberg var dei i fleirtal den første tida av Sølvverket si drift, i dei andre gruvene var tyskarane stort sett i leiinga og i spesielle oppgåver i smelteverka, mens gruvearbeidarane var norske. Eit resultat av dette var at tysk språk lenge blei brukt i leiinga for gruvene, og ved nokre gruver var det også tysk prest og tysk skole. Tyske ord gikk inn i dansk og norsk gruvefagspråk og er der tildels enno.

Også til jerngruver og jernverk kom det tysk ekspertise, om ikkje like dominerande som ved kopparverka. Her var og eit stort innslag av svenske og danske arbeidarar, samt nokre frå Frankrike, Nederland/Belgia, Latvia, Finland og England.

Mineralnæringa i Noreg var ikkje bare utsett for tyske innverknad gjennom import av teknologi, fagfolk og faguttrykk, men også gjennom lovgiving og organisering. Den første bergverkslova i Noreg blei skrive på tysk i 1540, og var nesten avskrift av tysk lovgiving. Til og med den spesielle tyske bergverkskalenderen med 13 månadar i året blei importert. Om organiseringa skriv Per R. Mikkelsen i Bergverkshistorier: «I den tyske tradisjon ble bergverkene organisert strengt hierarkisk med klare skiller mellom de forskjellige klasser eller grader». Denne tradisjonen heldt seg lenge etter at tyskarane var ute av bildet.

Frå 1540 blei det utnemnd berghauptmenn, seinare overberghauptmenn som skulle ha tilsyn med all bergverksdrift i Noreg. Frå starten var dei alle tyske, først i 1764 blei det utnemnd ein overberghauptmann som var norskfødd. Det tyskklingande namnet tyder likevel på kor han stamma frå.

Svensk kapital og finske arbeidarar i nord

Nils Persson er nok den enkeltperson som har hatt flest gruveprosjekt i Noreg. Han hadde større eller mindre eigarinteresser i bl.a. Sulitjelma, Rana, Birtavarre og Salangen. På det meste hadde han rundt 2000 mutingar. Ved sida av dette eigde han fleire fabrikkar i Helsingborg og var nederlandsk og tysk konsul.
(Foto: Helsingborgs stadslexikon)

Den eldste gruva i Nord-Noreg var trulig i Ballangen, og denne har bare etterlate seg arkeologiske spor og segner om ein vond utlending som sette i gang gruva.

I dansketida var gruvene oftast eigde av den danske staten eller av norske/danske privatpersonar/selskap. Med lausrivinga frå Danmark i 1814 ser det og ut som det var slutt med danske investeringar i norsk mineralnæring. Utanlandsk kapital kom for alvor inn på 1820-talet, med Blaafarveværket på Modum og kopparverket i Kåfjord i Alta. I løpet av få år var det svensk, engelsk, tysk, fransk og belgisk kapital inne i forskjellige gruvebedrifter. Den største av alle utanlandske gruveinvestorar på slutten av 1800-talet var svenske Nils Persson, som på det meste hadde 7 – 8 gruver i drift og rett til omlag 2000 malmførekomstar. Svært mange gruvearbeidarar har kome frå Finland og Sverige. Ofte kom dei først til gruver i Finnmark og Troms, for så å reise vidare til andre gruver i Noreg når desse blei nedlagde eller av andre grunnar.

I begge dei store gruveboomane, på byrjinga av 1900-talet og på byrjinga av 2000-talet, har det vore stor interesse frå utanlandsk kapital for å investere i mineralutvinning i Noreg. Forskjellen er at mens styresmaktene tidlig på 1900-talet sette foten ned og avgrensa den utanlandske eigarskapen gjennom konsesjonslovene og spesiallover som Grong-lova[21] , opna ein hundre år seinare alle sluser og erklærte at Noreg skulle vere attraktivt for utanlandske investeringar og oppkjøp.

Tysk kapital har vore inne i ei rekke gruver i Noreg, blant dei jerngruvene Sydvaranger, Rana Gruber, Fosdalen bergverk og Salangsverket. Etter krigen blei den tyske kapitalen beslaglagt og staten overtok desse aksjepostane. Det førte ikkje bare til større andel av norsk eigarskap, men også til styrka direkte statsengasjement i mange gruver. Seinare har fleire av dei gruvene staten fikk kontroll over blitt privatiserte, mens andre er nedlagde og statlige eigarinteresser i gruveselskap blei etter kvart hovudsakelig avgrensa til Store Norske. Nokre få gruver som var i privat eige blei også overtatt av staten som følge av heimfallsordninga, som gav konsesjonane over til Staten etter 50 år. Dette var bl.a. tilfelle med Sulitjelma gruver.

Som oppsummering kan vi seie at ved dei fleste gruver i Noreg som har vore i drift så lenge som fem år, har det i større eller mindre grad vore utanlandske eigarar med i spelet.

Utanlandsk på fleire vis

I Kåfjord i Alta var den første kjente gruva i Finnmark, og denne blei starta opp av britisk kapital. No er det over hundre år sidan der var drift, men ruinane av vaskeriet og steinhaugane synest fortsatt tydelig i terrenget. Muren i forgrunnen er laga av slagg frå smelteverket.
(Foto: SL)

Utanlandsk eigarskap kjem til uttrykk på to måtar:
– Selskapa er registrerte i utlandet, og har eventuelt eit underselskap registrert i Noreg. Ein større eller mindre del av aksjekapitalen kan likevel vere eigd av nordmenn, norske private selskap eller den norske staten gjennom Oljefondet. (Eks. Northern Iron – Sydvaranger Gruve)
– Selskapa er registrerte i Noreg, men ein større eller mindre del av aksjane er eigde av utanlandske selskap eller einskildpersonar. Dette gjeld både for børsnoterte og ikkje børsnoterte selskap. (Eks. Nordic Mining, Nussir)

Det vil føre alt for langt å gå gjennom gruvene for heile landet, vi kan nøye oss med å bruke Finnmark fylke som eksempel. Her er liste over kva nasjonalitet (registrert) som har vore inne i desse gruvene eller gruveprosjekta. Vi startar i aust:
AS Sydvaranger / SVG: Svensk/tysk, norsk, australsk
Elkem Tana: norsk, kinesisk
Kvalsund koppargruver: engelsk, svensk, finsk, norsk med mye utanlandske aksjonærar
Alta koppargruver: engelsk, svensk
Nefelin, Stjernøya: norsk, amerikansk, belgisk
Biedjovággi: norsk, finsk, svensk
Gulleiting: norsk, engelsk, kanadisk, svensk

Den einaste større mineralutvinninga i Finnmark som har drive i lengre tid utan vidare utanlandsk kapital synest å vere skiferdrifta i Alta.

Den utanlandske eigardelen er kanskje noko mindre i andre fylke, men vi finn utanlandske interesser i mineralnæringa over heile landet.

Kva er det så for slags utanlandske selskap som har investert i Noreg? Av dei aller største internasjonale gigantane har fleire vore engasjert i mineralleiting her, bl.a. har Rio Tinto, Ashton Mining og De Beers vore interesserte i gull og diamantar i Finnmark. Så langt har ingen av dei største selskapa hatt fungerande gruver i Noreg.

Innafor industrimineral er det ofte internasjonale konsern som er spesialiserte på eit eller nokre få mineral og som tar ut dei same minerala i fleire land, eks. belgiske Sibelco, amerikanske Kronos Titan.

Det er spesielt mange gruve- og prospekteringsselskap i Kanada og Australia, og nokre av dei som har leiting eller drift i Noreg er danna meir eller mindre bare for dette høvet.

Når bergverksstatistikken snakkar om norsk mineralnæring, vil det seie utvinning av mineral frå berg og lausmassar innafor Noregs grenser, uavhengig av kven som driv verksemda. Men NORSK, det kan denne næringa knapt seiast å vere.

Noreg som mineralimperialist

4.7.1. Nordmenn i søderled

Fortet Fredensborg på Gullkysten / Ghana var eit av seks danske fort. Dette bildet er tatt rundt 1890.
(Foto: The National Archives, UK)

Mens utanlandske interesser i mineralnæring i Noreg har lett synlige røter minst 500 år tilbake, er det langt verre å få auge på norske interesser i gruver i andre land. I dei siste hundreåra fram til 1814 var det heller ingen norsk stat, men norske skipsreiarar og andre deltok i dansk handel, kolonisering og slavehandel. På 1600-talet sikra kong Christian 4. seg koloniar i India, Ghana og Karibia, og dansk-norsk sjøfart tente stort på trekanthandelen mellom Danmark, Ghana og Karibia, der slavehandelen var ein heilt sentral del. Ghana blei av kolonistane kalla Gullkysten og kjøp og erobring av gull var eit viktig motiv for koloniseringa. Med norsk lausriving frå Danmark i 1814 forsvann og sambandet mellom Noreg og dei danske koloniane.

Vikingar i søderled

Om ikkje det blei direkte norsk gruvedrift på Gullkysten, så har norske gruveselskap seinare gjort atskillige forsøk på å tene pengar rundt i verda. Med norske selskap meiner vi i denne samanhengen selskap som er stifta og registrert i Noreg, utan å vere underselskap av eit utanlandsk selskap, samt utanlandskregistrerte selskap med stor grad av norske eigarar. Det er ikkje lett å finne ut i kva grad slike private norske selskap har vore engasjert i gruver og mineralleiting i andre land, men her er nokre eksempel:
– Wega Mining / Metallica Mining var fram til 2010 engasjert i planane om gjenopptaking av koppargruve i Kvalsund, og samtidig i gruvedrift i Burkina Faso og leiting i Guinea. Selskapet blei oppkjøpt av det internasjonale Avocet Mining, som framleis har desse prosjekta i Vest-Afrika. Avocet er notert på børsane i London og Oslo og store delar av aksjane er eigde av nordmenn. Avleggaren Metallica Mining driv mineralleiting i Portugal.
– Nordic Mining har røter i gulleiting i Ecuador og eigarinteresser i selskap som vil starte litiumgruve i Finland.
– Yara, som er skilt ut frå Norsk Hydro, produserer fullgjødsel med nitrogen, fosfat og kalium. Nitrogen utvinn dei i Noreg av lufta, og no satsar dei på å få dei andre stoffa frå eigne gruver. I Finland har dei ei stor fosfatgruve og planar om fleire. I Brasil har dei ei stor fosfatgruve som også tar ut uran og som har ført til store forureiningsproblem.[22] I 2017 underteikna dei kontraktar om oppstart av ei stor gruve etter kaliumkarbonat (pottaske) i Etiopia.[23]
Selskapet med skiftande namn Mindex/Crew/Intex/Element har lenge vore engasjert i å få i gang nikkelutvinning på Mindoro på Filippinene.[24] [24a] Dette er nærare omtalt i kapitlet om Filippinene. Crew har òg drive gullgruver i Guinea og på Grønland.
– Hydro har trulig den største norske enkeltinvestering i utlandet, med bauxittgruver i Brasil.
– Leonard Nilsen & Sønner har store planar for rubinutvinning på Grønland.
– Eland Coal Mining Company er eit norskeigd selskap som har drive kolgruver i Malawi, der lokalbefolkninga har blitt drive bort frå heimane sine utan å få tilstrekkelig kompensasjon til å bygge opp nye heimar.
– IGE Resources AB er formelt eit svensk selskap, som driv gruver i bl.a. Kongo, Sør-Afrika og Kenya og også har vore engasjert i Angola. Selskapet er notert på Oslo Børs og har ei rekke norske aksjonærar, blant dei DNB.
– Hudson Bay Resources er eit norskregistrert selskap som har drive gulleiting i Canada, USA og Ghana. Dei står no ved oppstarten av gruve i Ghana og går ut med oppmoding til nordmenn om å investere i aksjar.[25]
– Elkem er opprinnelig eit norsk selskap, men mesteparten av aksjane er seinare oppkjøpt av kinesiske Bluestar. Det har gruver i Noreg og Spania og produksjonsanlegg i Noreg og Kina.

Dei norske selskapa som investerer i utlandet er altså både etablerte gruve- eller industriselskap som utvidar verksemda ut over landegrensene, og nye selskap som blir danna bare for å satse utanlands. I tillegg til dei norskregistrerte selskapa, er det ei rekke norske private investorar som investerer direkte i utanlandskregistrerte gruveselskap. Desse er det vanskelig å skaffe noko oversikt over, men eit eksempel, som eg trur ikkje er heilt eineståande, blei nylig framheva i ein artikkel i Dagens Næringsliv.[25a] Artikkelen viser nokre typiske trekk både ved norske utanlandsinvesteringar, og samtidig ved måten desse blir behandla på av norske media:
– Konglomerat av eigarselskap:
«Etno Mining er driftsselskapet i Etiopia, som er eid gjennom norske Abyssinia Resource Development, som igjen er heleid av svenske Akobo Minerals. Akobo er planlagt børsnotert i Sverige til høsten.»
– Mange småspekulantar, nokre få har kontrollen:
«Akobo Minerals har omkring 3600 svenske aksjonærer, mens et 20-talls norske aksjonærer sitter på omtrent 80 prosent av verdiene i selskapet. Blant disse er profilerte investorer som Tore Aksel Voldberg, Reidar Charles F. Fougner og Okea-sjef Erik Haugane.
– Alt sett frå kapitalens synspunkt:
«– Den store risikoen er forbundet med det politiske og finansiering av prosjektet. Gullutvinning er svært kostbart siden man må gjennom såpass mye masse, forteller Ulltveit-Moe.»
Ingenting er sagt i DN om kva som ligg i politisk risiko, det kan f.eks. vere at vertslandet kan komme til å ønske kontroll med eigne ressursar. Ingenting er heller sagt om kva det betyr for lokalbefolkninga og naturen å få eit konsesjonsområde på 36 km2 endevendt og omgjort til store dagbrot og avgangsdeponi.
– Urealistisk tidsplan:
«Siden 2009 har selskapet lett på et konsesjonsområde 36 kvadratkilometer større enn Drammen kommune. Med penger fra børsen skal selskapet starte prøveboringen og håper å utvinne gull fra sent neste år.»
Frå starten av prøveboringa skal altså produksjonen vere i gang i løpet av vel eit år! Det minner unektelig om nokre heimlige historier, bl.a. om Nussir som skulle vere i gang i Kvalsund frå 2011, men 8 år seinare enno ikkje har endelig løyve. Men når det no gjeld å få inn pengar på børsen, så gjeld det å framheve utsiktene til lønsame aksjekjøp.
– Spekulasjon, ikkje investering:
«Det de henter penger til nå er en prøveboring for å bekrefte funnene. Når de har prøveboret, har de tre alternativer: Enten produsere selv, å få inn en annen kapitalsterk partner eller selge funnene til andre «på rot».»
– Billig i Afrika:
«Om det blir slik Torsen ønsker, forventer de å ligge under bransjestandard på utgravingskostnader, og dermed ha høye marginer.»
Slik kan det også seiast at ein reknar med ekstra stor profitt fordi ein i Afrika forventar å kunne betale minimale løner, og få minimale miljøkrav frå styresmaktene.
– Inga behovsprøving:
I motsetning til alle gruveplanar i Noreg som no blir marknadsført med behovet for «grøne» mineral, trengst det inga anna grunngiving for å utvinne gull enn at prisen aukar på verdsmarknaden for spekulasjon. Og da blir alle andre omsyn underordna.

Oljefondet – ein av verdas største gruvekapitalistar

Kolgruve forsyner seg av åkerlappane til landsbyen Kerta Buana på Borneo. Denne gruva er ei av dei som Oljefondet har investert i.
(Foto: Sigurd Jorde)

Dei private norske utanlandsinvesteringane blir små samanlikna med den virkelig store investoren, det statlige oljefondet. Oljefondet [26]blei oppretta i 1990 for å forvalte dei norske petroleumsinntektene. Fondet har blitt tilført pengar kvart år sidan 1996. Alle midla har blitt investerte i utlandet, både i aksjar, obligasjonar og andre renteberande verdipapir. Verdien på fondet var 9727 milliardar kroner pr 10.10. 2019. Forvaltninga av fondet er delegert til Norges Bank, som plasserer midla i samsvar med retningsliner fastsett av Finansdepartementet.

Investeringane er gjort ut frå kva ein vurderer å kunne tene mest pengar på. Det har ført til at det norske oljefondet har støtta opp om selskap som har drive ei rekke aktivitetar som er vanskelig å forsvare, som produksjon av atomvåpen, klasebomber og kolkraft. Fondet har vore sterkt inne i bedrifter som driv rasering av regnskog, barnearbeid og fagforeiningsknusing. Dette har ført til hard kritikk, og etter press frå ei rekke frivillige organisasjonar, vedtok Stortinget i 2004 etiske retningslinjer for Oljefondet. Det blei da oppretta eit etikkråd. Dette sender tilrådningar til Finansdepartementet, som avgjør om nokre selskap skal utelukkast frå investeringar. Fram til da hadde altså Oljefondet fått investere heilt uhemma i 14 år utan andre retningslinjer enn å tene pengar.

Oljefondet har utarbeidet forventningsdokument til selskaper som det kan investeres i, knytt til temaa;

Sametinget har bedt om at urfolksrettar blir ivaretatt spesielt, men det har Oljefondet avvist.[27]

Blant dei selskapa som er utelukka er fleire gruveselskap, bl. a. Barrick Gold Corp, Freeport McMoRan, DRD Gold, Vedanta Resources, Sterlite Industries, Madras Aluminium og Rio Tinto.

Stortinget vedtok i juni 2015 å trekke Oljefondet ut av kolproduksjon, men tre år etterpå hadde fondet framleis investeringar i kol for 77 milliardar kr.[28] [29] Vedtaket har nemlig blitt tolka til bare å gjelde selskap som har meir enn 30% av aktiviteten sin i kol. Slik har dei aller største gruveselskap slept unna, fordi dei også har gigantiske investeringar i utvinning av andre mineral.

Alle etiske retningslinjer og etiske råd til tross, held Oljefondet stadig fast ved investeringar i ei rekke svært tvilsame selskap. RORG (Samarbeid mellom organisasjonar som driv utviklingsarbeid) oppsummerte Oljefondet sin verksemd slik: «Som oljenasjon har Norge stått i en vedvarende spagat mellom butikk og etikk.»[30]

Det er vanskelig å seie akkurat kor mye Oljefondet har investert i mineralutvinning. I oversikten deira over investeringar er ikkje gruver ført opp som eige kategori, men gjømt under «Basic materials», som fordeler seg på «Gruver, smelteverk, mineralforedling, anna industri». Her er det heile 722 selskap og investeringar for godt over 200 milliardar kr. Det skulle ikkje forundre om om lag halvparten av dette er i gruver.

Tidligare i dette kapittelet er det nemnd nokre av dei gruveselskapa Oljefondet har investert i. Her er nokre få fleire eksempel:
Eldorado Gold – Kanadisk selskap som driv gullgruver i Hellas, Tyrkia, Canada og Brasil. Oljefondets investering: 201mill. kr (1,01% av aksjane).
Harmony Gold og Newcrest har i lag ein plan for ny gruve (Wafi-Golpu) med sjødeponi i Papua New Guinea og driv og pressar regjeringa for å få løyve.[31]Oljefondet har investert 42 mill $ i Newcrest (0,38 %) og 12,6 mill $ i Harmony Gold (1,25 %).
Nevsun – kanadisk gruveselskap som er i ferd med å bli overtatt av eit kinesisk selskap. Det har koppargruver i Eritrea, der arbeidarane arbeider under slaveliknande forhold med 16 timars arbeidsdag for bare eit par kroner i timen.[32]
Glencore og First Quantum – driv koppargruver i Zambia. På synderegisteret har desse selskapa skattesvindel og fordriving av bønder utan kompensasjon. Mens Noreg gir «bistand» til å bygge opp eit skattesystem som sikrar staten inntekter frå koppargruvene, så investerer den norske staten i selskap som gjør alle slags triks for å sleppe å betale skatt.[33] I Glencore har Oljefondet investert heile 13 milliardar kr. Denne investeringa har blitt klaga inn for etikkrådet til Oljefondet både i 2012 og 2014, av både norske og internasjonale organisasjonar. I 2017 blei dei igjen innklaga, da pga. ei større korrupsjonssak i Kongo. Men styret i Oljefondet og finansministeren seier dei ikkje kan selje seg ut utan etter tilråding frå Etikkrådet, som på si side ikkje svarar på spørsmål.[34]

SAIH har publisert ein rapport skrive av Eva Maria Fjellheim: Ta først, spørre etterpå. Hvordan Oljefondets investeringer i gull og kull bryter urfolk og afroetterkommeres rettigheter i Latin-Amerika[35]. Rapporten tar for seg oljefondet sine investeringar i fire selskap med gruvedrift i Colombia og Guatemala, og viser at Goldcorp, BHP, Anglo American og Glencore Xstrata ikkje respekterer urfolks rett til konsultasjon og samtykke, etter ILO-konvensjonen 169 og FN-erklæringa om urfolksrettar. Dette skal kanskje ikkje forundre så mye ettersom den norske regjeringa heller ikkje respekterer desse rettane på heimebane.

Oljefondet skal av ein eller annan grunn ikkje investere i norske selskap eller direkte i verksemd i Noreg. Derimot kan fondet investere i utanlandske selskap, som så igjen investerer i Noreg. Slik blir Oljefondet medeigar i fleire «norske» gruveselskap. Det er for stor jobb å undersøke alle aksjonærane i dei forskjellige selskapa, men eg har sett på dei største aksjonærane i Nussir ASA. Her har oljefondet aksjar hos minst tre av dei største Nussir-aksjonærane: Credit Suisse, Citibank og PMB Paribas. [36]

Frå steinalderhandel til verdsmarknad

Kopparpris 2004-2018
(Kjelde: https://markets.businessinsider.com)

Som resultat av geologiske prosessar er mange mineral svært ujamt fordelte i verda. Det er derfor vanskelig og ofte umogleg å dekke alle lokale eller regionale behov for mineral med lokal eller regional utvinning. Som nemnd har stein og metallprodukt svært langt tilbake vore handelsvare over lange strekningar.

Frå den europeiske koloniseringa av Amerika, Afrika og Asia blei særlig edelmetall som gull og sølv transportert på alle verdshav. For nokre kostbare metall og mineral fikk vi allereie frå 1500-talet ein marknad som omfatta fleire verdsdelar. Auka tilgang på gull i ein verdsdel kunne gi lågare prisar i ein annan, og mange spanske sølv- og gullgruver bukka under i konkurransen med dei rikdomane som conquistadorane rana til seg i Amerika. For andre metall med lågare pris var det lenge lite lønsamt med så lange transportar, så marknaden og marknadsprisen blei meir regional, men etter kvart har kombinasjonen av fattigare malm og større skip gjort at også jernmalm har blitt ei verdsomspennande handelsvare. For eksempel har Sydvaranger Gruve levert til Kina i konkurranse med malm frå Brasil.

For industrimineral og naturstein utgjør framleis fraktkostnadane ein vesentlig del av prisen, og da blir ikkje marknaden like verdsomfattande. Så sant det finst tilgang på pukkstein og sand, forsøker bergverksindustrien framleis å få produsere dette nært marknaden. Lengre transport er likevel aktuelt der det ikkje finst lokale ressursar, som at Noreg eksporterer mye pukkstein til det store flatlandet i Nord-Europa som mest består av sand og leire. Også for naturstein er det no ein tendens til at store forskjellar i produksjonsutgifter kan overdøve fraktkostnadane, slik at steinlandet Noreg faktisk importerer skifer frå Kina, som konkurrerer mot den heimeproduserte.

For metall har det i fleire hundre år vore internasjonale metallbørsar. Den viktigaste er London Metal Exchange, som blei oppretta i 1877, men med røter tilbake til 1571. Her blir årlig omsett omlag 3–4 milliardar tonn metall for omlag 100 billionar eller 100.000.000.000.000 kr. Her kan ein kvar dag lese frå nettet kva prisen er på alle dei viktigaste metalla, og desse prisane ser investorane på når dei skal avgjøre om dei skal satse på koppargruve i Kvalsund eller i Zambia, på molybden i Knaben eller Australia. Denne børsen omtalar seg sjølv slik:
«Setting the Global Standard. The London Metal Exchange is the world centre for industrial metals trading. The prices discovered on our three trading platforms are used as the global reference price and both the metal and investment communities use the LME to transfer or take on risk, 24 hours a day.»[37] Dei prisane som blir fastsette her kan altså vere avgjørande for om ei gruve blir starta eller stengt. Korleis foregår så det? Trass i alle moderne hjelpemiddel skjer mye av handelen på same måte som det har skjedd i 142 år, der selgarar og kjøparar sitt i ein ring. Likevel har det i 2019 skjedd ei endring: Tilsette og deltakarar på børsen har ikkje lenger lov å drikke alkohol i arbeidstida![38] LME har likevel ikkje handelen med alle metall, for gull, sølv og platina er det eigne børsar i London.

Særlig dei siste 10–12 åra har det skjedd store svingingar i metallprisen på verdsmarknaden, langt større enn svingingane for dei fleste andre varer. Kva er det som fører til desse enorme svingingane? Nokre kan tilskrivast økonomiske kriser i verdsøkonomien eller i viktige land for verdshandelen, som krakket i 2008. Andre har samband med politiske hendingar. Kuppet i Chile i 1973 bidrog sterkt til at kopparprisen blei nesten halvert på kort tid, og gruvene i Guovdageaidnu og Kvalsund var blant dei mange som gikk overende. Da så kopparprisane, i lag med prisane på dei fleste andre metall, fauk i veret frå omlag 2005, hadde det nær samanhang med veksten i den kinesiske økonomien. Det påverka direkte interessen for å få i gang igjen kopparutvinninga i Noreg.

Økonomiske oppgangsperioder som blir avløyst av krakk og kriser er eit kjent fenomen i kapitalistisk økonomi. Når noko ser ut å ville lønne seg, flokkar kapitalen seg om dette og investerer og investerer til det plutselig blir klart at investeringane og produksjonen har gått langt utover det marknaden har kjøpekraft til. Så får vi eit krakk med nedlegging av gruver og smelteverk, inntil det igjen blir mangel og etterspurnad. Karakteristisk for gruveindustrien er at eigarane svært ofte er fond som bare ser pris og forteneste, og som frå den eine dagen til den neste like godt flyttar kapitalen fra koppargruve til forsikring, våpenproduksjon eller barnehagar.

Å utvikle ei gruve er noko som kan ta lang tid. Frå ein startar å leite i eit område til gruva er i drift og gir inntekter kan det gjerne gå 10–20 år. Dei som vurderer å sette inn pengar i gulleiting i Karasjok eller Indonesia gjør det ut frå dagens pris på metallbørsen, men det er ikkje prisen i 2018 men kanskje i 2028 eller 2038 som avgjør om utvinninga blir lønsam. Så lenge har ingen tid å vente i dagens marknad. Prisen i dag og forventningane om auka pris snart har derfor bare betydning for sal av forventningar. Dei som investerer gjør det ikkje for å tene på framtidig produksjon, men for å blåse prosjektet opp og selje forventningar i form av aksjar vidare til neste eigar. Ingen metallprisar held fram å stige i det uendelige. Dei flatar heller ikkje ut på toppen, men ramlar ned, på eit tidpunkt som er vanskelig å føresjå. Jo høgare pris, jo høgare investeringslyst. Dette fører til at beslutninga om å sette i gang gruver blir gjort nettopp når prisane er på topp. Og før produksjonen er i gang er toppen over, og drifta er ulønsam frå første stund eller etter svært kort tid. I Sverige har ein i seinare år sett to svært katastrofale resultat av dette. Først gikk Blaiken sinkgruve konkurs etter kort drift, der ein hadde nådd å skape store forureiningsproblem og staten må betale hundrevis av millionar i oppreinsking i fleire tiår framover. Så gikk jerngruva til Northland Resources konkurs med 14 mrd. SEK i underskot. Når så prisane etter ei tid byrjar å stige igjen, har ingen lært noko.

Grafane over prisutviklinga for forskjellige metall viser ei rekke såkalla «bobler», der prisen plutselig fyk i været for enno meir plutselig å dale ned igjen. Eit eksempel er metallet rhodium, som på under eit år i 2008/09 auka frå 500 til 9000 $/oz, for så å dette ned igjen til 1000. I 2007 var det ei tilsvarande boble for uran og ei rekke andre mineral kunne nemnast.[39]

Marknaden er global ikkje bare for kjøp og sal av mineral, men og for investering og spekulasjon i mineralutvinning. Svært mange selskap har eigne verksemder eller aksjonærinteresser i fleire verdsdelar, ein del har i alle.

Pengane kan flyttast lynsnart mellom ei gruve i Noreg og ei i Burkino Faso eller Chile, eller som i dette tilfellet mellom Sverige og Kongo: IGE Resources fikk i 2013 ny hovudeigar, det Abu Dhabi-baserte investeringsselskapet Amarant Mining. Den nye leiinga bestemte seg da for at i staden for nikkel i Tärnafjällen skulle ein prioritere tre gull- og diamantførekomstar i Den demokratiske republikken Kongo.

Ressursnasjonalisme eller ressursimperialisme?

Dei internasjonale gruveselskapa ønsker seg full tilgang til alle mineralressursar i verda, med enklast mogleg søknadsprosedyre, minst mogleg krav om omsyn til miljøet ved drift og avslutning, minst mogleg kontroll frå styresmaktene, minst mogleg krav til lønn og arbeidsvilkår for gruvearbeidarar og minst mogleg skattar og avgifter for selskapa. Alt som hindrar dei i å drive fritt utan andre omsyn enn eigen profitt, omtalar dei som «ressursnasjonalisme». Ordet er i Noreg registrert som nyord av Språkrådet i 2006, men har nok vore brukt lenger i andre språk. I all hovudsak blir ordet brukt med negativ lading. Ressursnasjonalisme hindrar fri handel, kapitalrørsle og utvikling. Nokre få vågar seg frampå med at ressursnasjonalisme var nettopp det Noreg dreiv med på 1970-talet, da oljepolitikken blei utvikla. Det er slåande at dei som klagar over ressursnasjonalismen aldri har noko mot det motsette fenomenet, ressursimperialisme.

Det som fikk meg til å skrive om dette var eit verdskart som dukka opp på nettet. Det viser «Resource Nationalism Index 2019» og kvart land er fargelagt etter graden av ressursnasjonalisme. 1Aller «verst» er Venezuela og Kongo, deretter følger Tanzania, Russland, Nord-Korea og Zimbabwe. Blant landa med minst grad av ressursnasjonalisme finn vi ikkje uventa Noreg, samtlige EU-land, USA, Canada, Australia og Brasil. Kven står så bak dette? Jo, det er eit internasjonalt konsulentselskap kalla Verisk Maplecroft, med utgangspunkt i Storbritannia, men med kontor i alle verdsdelar. Dei lever av å analysere vilkår og risiko for investeringar i forskjellige land. Kartet har blitt tatt opp og ført vidare mange stadar, bl.a. av det svenske tidsskriftet «Metaller och gruvor», som i likheilt med kjelda framstiller ressursnasjonalisme som noko eintydig negativt. Det har fått Arne Müller å komme med ein kommentar som eg finn det verd å sitere litt frå: «Resursnationalism är ett ord som jag stött på allt oftare den senaste tiden. Det handlar om att länder, främst i den fattiga delen av världen, genom höjda skatter, krav på delägande eller direkt övertagande skaffar sig en större kontroll över naturresurserna och de vinster utvinningen av dessa skapar. I de sammanhang där jag sett ordet användas har det genomgående beskrivits som ett problem och något negativt.

Det gör mig lite förvånad. Ser vi på utvecklingen från 1980-talet fram till de senaste åren har trenden gått mot en alltmer ohämmad resursimperialism. Gruvbolag från den rika delen av världen och i växande grad Kina har kunnat exploatera naturresurser till mycket låga kostnader och med liten kontroll av miljö- och arbetsmiljöförhållanden i den fattiga delen av världen. Detta har understötts av den inriktning på den ekonomiska politiken som har drivits fram av institutioner som Världsbanken och Internationella valutafonden, där centrala inslag varit att öppna marknaderna och att privatisera bland annat gruvbolag. Att denna utveckling inte gynnat de berörda länderna är bara alltför tydligt.

Det gör att den trend vi nu ser där vid det här laget ganska många länder i Afrika och Asien börjat höja kraven på ekonomisk ersättning och kontroll över råvaruutvinningen är ytterst förståelig. Att beskriva utvecklingen som problematiskt är att se saken ensidigt ur de stora råvarubolagens synvinkel.... Till sist kan jag inte låta bli att notera att Sverige hamnar i den kategori av länder som är minst råvarunationalistiska. Att detta uppskattas av prospekterare och gruvbolag kan man läsa på deras hemsidor. Däremot förtjänar frågan om vad detta betyder för samhällsekonomin att diskuteras vidare.»

Om ein her bytar ut Sverige med Noreg blir det ikkje mindre treffande.

Fotnotar

[1] Tekst av Leif Nylen, spela inn første gong av det svenske bandet Blå Tåget i 1972.
[1a] Kirsh, Stuart: Mining Capitalism. The relationship between corportations and their critics. University of California Press. 2014
[1b] Al Gedicks i Moody: Plunder. Partizans 1991.
[2] https://e24.no/makro-og-politikk/oljefondet-trekker-seg-ut-av-rio-tinto/2643014
[3] https://www.abc.net.au/news/2015-05-21/bhp-billiton-hit-with-fine-over-corruption-allegations/6486036
[4] https://www.aftonbladet.se/nyheter/a/vQVgeX/kartlaggning-miljoreportrar-mordas-och-hotas?fbclid=IwAR0KuZgDLkEqIVBTVyzDfGwpPbCLji2cJxtJhO32OGLDp8YGg7wdH7cWjNU
[4a] Deneault/Sacher: Imperial Canada Inc., s. 5
[5] Deneault/Sacher: Imperial Canada Inc., s. 54
[6] https://en.wikipedia.org/wiki/Barrick_Gold
[7] http://protestbarrick.ne
[8] http://www.industriall-union.org/industriall-raises-glencore-human-rights-violations-with-un-human-rights-council
[9] https://www.fcx.com
[10] https://miningwithprinciples.com/1530/
[10a] «... a swarm of professionals concentrated in Toronto – corporate lawyers and academic apologists, geologists amd geological instrument manufacturers, bankers, brokers, and financial advisers – hope to sell their services to the industry.»
[10b] "To work with passion and excellence with our clients to promote a vibrant mining sector in developing countries. Our vision is a mining sector that, by attracting responsible private investment, creates a foundation for economic and social well-being.»
[11] https://www.business-humanrights.org/en/guinea-local-communities-filed-a-complaint-against-the-world-bank-for-financing-destructive-bauxite-mine
[11a] https://www.worldbank.org/en/news/press-release/2019/05/01/new-world-bank-fund-to-support-climate-smart-mining-for-energy-transition
[12] Deneault/Sacher: Imperial Canada Inc., s. 176.
[13] https://www.cmi.no/publications/5850-large-scale-mining-in-protected-areas-made
[14] https://www.google.com/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=6&ved=0ahUKEwjGz9zMzancAhWkiKYKHRWmCqIQFgheMAU&url=https%3A%2F%2Fwww.ey.com%2FPublication%2FvwLUAssets%2FEY-managing-bribery-and-corruption-risks_in-the-mining-and-metals-industry-fids%2F%24FILE%2FEY-managing-bribery-and-corruption-risks%2520in-the-mining-and-metals-industry.pdf&usg=AOvVaw1OE7ZIZWT2_t2jkTJVUnH_
[15] https://ramumine.wordpress.com/2019/04/27/more-than-40-million-people-work-in-artisanal-mining-report/
[16] http://artisanalgold.org
[17] http://communitymining.org/arm
[18] https://frifagbevegelse.no/arbeidsmanden/-endelig-en-gledens-dag-for-gruvenorge-6.158.319668.59bba332d7
[19] Stein-Gunnar Bondevik, 2019. https://www.itromso.no/meninger/2019/02/07/Vi-som-solgte-landet-%E2%80%93-og-kj%C3%B8pte-utlandet-18423014.ece fbclid=IwAR3WSCp0V2V4yOYh75oqfqgE3HoxdEIgoCkyEzuzcP6lvJgb5w2Z8MUqtig
[21] Sjå kapitla om Joma og Skorovas i Gull, gråstein og grums 3.
[22] http://www.latin-amerikagruppene.no/artikkel/2015/10/06/radioaktiv-gruvedrift-under-norsk-flagg
[23] https://www.geo365.no/bergindustri/mote-med-en-annen-kultur/
[24] http://www.framtiden.no/199908154855/aktuelt/bedrifters-samfunnsansvar/dra-hjem-til-norge-mindex.html
[24a] http://e24.no/makro-og-politikk/protesterer-mot-norsk-gruvedrift-paa-filippinene/3378264
[25] http://www.hubr.no/
[25a] https://www.dn.no/industri/etiopia/iran/hans-olav-torsen/profilerte-investorer-pa-gulljakt-i-etiopia-forventer-a-utvinne-gull-for-mange-milliarder-kroner/2-1-622331?fbclid=IwAR0Fz-QGmPB8zF3iU9eKx2qSWN5qJe0u1vWc_7qY3rt25MBm4YW8XVjEEoo&_l
[26] Formelt namn Statens petroleumsfond 1990–2006, deretter Statens pensjonsfond – Utland.
[27] https://www.nrk.no/sapmi/sametinget-vil-ha-egne-etiske-retningslinjer-om-urfolk-for-oljefondet-1.14549941
[28] https://www.dagbladet.no/nyheter/ny-rapport-oljefondet-har-fortsatt-77-milliarder-i-kull/69770578
[29] https://www.nrk.no/norge/oljefondet-investerer-hundrevis-av-milliarder-i-banker-som-finansierer-kull-og-_skitten_-olje-1.14348126
[30] http://www.rorg.no/Artikler/3218.html
[31] https://ramumine.wordpress.com/2017/11/08/will-papua-new-guinea-allow-another-mine-to-dump-toxic-tailings-in-the-sea/
[32] https://www.nrk.no/urix/_-eritrea-er-et-moderne-slaveri-1.8299571
[33] http://www.caritas.no/wp-content/uploads/2013/12/Who-Benefits-Norwegian-Investments-in-the-Zambian-Mining-Industri.pdf
[34] https://www.nrk.no/norge/varslet-oljefondet-flere-ganger-om-omstridt-gruveselskap-1.13766775
[35] natur/gruve/utland/saihrapportweb.pdf
[36] Etter kampanje mot bankar som investerte i gruver med sjødumping, har Nussir no fjerna namna frå bankane frå lista over aksjonærar. Der står derfor ikkje namn på bankane, men «Nominee», som skal bety at bankane ikkje sjølv eig desse aksjane, men forvaltar dei for kunder.
[37] https://www.lme.com/
[38] https://www.independent.co.uk/news/business/news/london-metal-exchange-alcohol-ban-booze-a8958771.html
[39] https://en.wikipedia.org/wiki/2000s_commodities_boom


Til neste kapittel