Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

Kina – Ingen over, ingen ved sida

Kina har 20 % av befolkninga i verda, men for mange mineral utgjør forbruket ein langt større del. Store delar av dette er dekka av mineralutvinning i Kina, men landet er og ein stor importør av mange mineral.
(Illustrasjon: visualcapitalist.com)

China National Bluestar Group kjøpte i 2011 det norske konsernet Elkem for 12 milliardar norske kroner. Elkem driv i første rekke utvinning av silisiummineral som kvarts, kvartsitt og dolomitt og foredling basert på desse, og har heile 27 produksjonsstadar rundt i verda, derav 8 i Noreg og 5 i Kina. I 2019 står det kinesisk-dominerte Elkem i direkte konfrontasjon med reindrift og naturverninteresser, både på Saltfjellet i Nordland og i Austertana i Finnmark. (Se bind 3). Det seier sjølvsagt Elkem ingenting om på sine nettsider, der står det bare kor bærekraftig og miljøvenlig selskapet er, sidan dei produserer material for fornybar energiproduksjon.

Kinesiske mineralselskap har i seinare år etablert seg over store delar av verda, men først og fremst er landet ein gigant i gruvesamanheng på grunn av dei gruvene dei har på eige territorium

Mange førsteplassar

Kolgruver i Kina tar mye plass, her eit dagbrot i Indre Mongolia.
(Foto: Herry Lawford / Wikipedia)

Kina har ikkje bare verdas største mineralutvinning, men også suverent flest gruveulukker.
(Foto: China Labour Bulletin)

Kina er ikkje bare verdas folkerikaste land, men også den største produsenten og/eller forbrukaren av eit svært stort antall mineral. Kor mange er vanskelig å seie heilt sikkert. Mest kjent i vesten er kanskje at landet i eit par tiår har hatt tilnærma monopol på utvinning av ei rekke sjeldne jordmetall, REE, noko som er avgjørande for utviklinga innafor elektronikk og data, ikkje minst innafor det såkalla grøne skiftet, eller produksjonen av fornybar energi. For klimaet på jorda er det vel så viktig at Kina er suverent største produsent og forbrukar av kol, og at landet trass i alt internasjonalt arbeid med å redusere kolforbruket held fram med å opne nye kolgruver og bygge nye kolkraftverk.

I tillegg til dette er Kina rekna som verdas største produsent av desse minerala: molybden, wolfram, vanadium, aluminium, antimon, arsen, vismut, kadmium, gallium, germanium, bly, kvikksølv, selen, tinn, sink, gull, barytt, fluorspat, grafitt, gips, kaolin, magnesitt, fosfat, salt og talk. For jern er Kina «bare» på 3. plass blant produsentane, og derfor ein stor importør. Svingningane i etterspurnaden i Kina har derfor bidratt stort til opp- og nedgang i verdsmarknadsprisen på jernmalm.

Kina er og rekna for å ha den lite ærefulle førsteplassen i talet på gruveulukker. Kor mange som er drepne og skadde i gruver her er usikkert, men offisielle tal seier no at tala går ned på grunn av auka sikringstiltak og nedlegging av nokre av dei farligaste gruvene. I 2018 skal talet på omkomne i kolgruver ha gått ned med 13% til «bare» 333. Dette skal vere første gongen Kina har rapportert mindre enn 0,1 dødsfall pr. million tonn kol.[1]

Ein pioner i gruvedrift

Det er ikkje første gongen at Kina spelar ei stor rolle innafor gruvedrift og metallurgi. Landet har nokre av verdas eldste tradisjonar på dette området. Koppar var utbreidd brukt til våpen og reiskapar for over 4000 år sidan og det blei tidlig laga legeringar av bronse. Det er òg svært gamle tradisjonar med uttak av bl.a. kol, gull, tinn og bly, samt nefritt og serpentin til dekorasjonar. Også den geologiske kunnskapen er svært gamal. I ei bok skrive omlag 200 år før vår tidsrekning blir det beskrive 89 forskjellige mineral og bergartar, med fysiske eigenskapar som hardheit, farge, glans, gjennomskinneligheit og struktur.

Om Kina var tidlig ute innafor geologi og mineralutvinning, blei dei seinare lenge hengande etter, og landet isolerte seg mot resten av verda. Frå midten av 1800-talet byrja ein å ta opp utanlandsk teknologi. Mellom revolusjonane i 1911 og 1949 dreiv utanlandske selskap mange gruver, bl.a. verdas største gruver etter antimon og wolfram. Etter andre verdskrigen var mye av gruvenæringa rasert, og det som var igjen gikk over til staten.

Allereie på 800-talet blei kruttet oppfunne i Kina. Det skulle seinare få stor betydning for gruvedrift, men denne bruken blei først utvikla i Europa på 1600-talet.

Revolusjon og kontrarevolusjon

Kina satsar stort på utdanning for gruvedrift. Dette er biblioteket til gruveuniversitetet i Nanhu
(Foto: Lerfu/Wikipedia)

Mineralutvinning i Kina er ikkje bare stordrift, men også småskaladrift, som gullvasking ved Lancang-elva.
(Foto: SL)

Fram til den sosialistiske revolusjonen i 1949 sto jernutvinning og stålproduksjon på eit svært lågt nivå. Kommunistane satsa stort på gruver og metallproduksjon. Under «Det store spranget» 1958–61 blei det satsa enormt på storstilt småproduksjon av jern. Det førte til at jordbruk og andre næringar blei forsømt, samtidig som det blei drive rovdrift på skogen. Jernproduksjonen auka, men prisen var høg, og mange sulta i hel. Ein stor del av jernet som blei produsert var og for dårlig til å bruke. Frå 1978 blei det sett i gang økonomiske reformer, og det starta ein enorm økonomisk vekst, som enno varar, om ikkje like raskt som for nokre år tilbake. Lenge var så godt som all gruveverksemd statsdrive, men etter kvart har ein opna for privat kapital, både innanlandsk og utanlandsk.

I 1990 rekna ein med omlag 20.000 gruver i Kina etter 168 forskjellige mineral. Seinare har mange mindre gruver blitt lagde ned så talet er omtrent halvert, men framleis er det omlag 7 millionar arbeidarar i gruver og mineralbehandling.

Eit av dei private selskapa er CHNR – China Natural Resources Inc. Bak det imponerande namnet skjuler det seg eit ikkje fullt så imponerande selskap, men det kan stå som eit eksempel på den private gruvesatsinga i Kina. På selskapet si nettside skriv dei noko som kanskje er akseptert i Kina, men som her nok ville blitt kalla korrupsjon: «På grunn av sine nære relasjonar med regjeringsorganisasjonar på ulike nivå og ulike geologiske undersøkingsinstitusjonar, kan CHNR kjøpe høgverdig leiterett / gruveprosjekt til lågare kostnader.»[1a]

«Grøne» metall med store biverknadar

Ei av verdas største gruver for sjeldne jordmetall er Bayan Obo i Baotai, Indre Mongolia. Fensfeltet ved Ulefoss i Telemark skal no ta opp konkurransen med denne.
(Google Maps)

For bortimot 30 år sida sa den sterke mannen bak den økonomiske omlegginga i Kina, Deng Xiao Ping: «Midt-Austen har olje, Kina har sjeldne jordmetall». Historia om utviklinga av REE-produksjonen i Kina er ei historie om kløktig kombinering av statlig planøkonomi med utnytting av ein kapitalistisk verdsmarknad. Første trinn var å auke utvinninga og by REE ut på verdsmarknaden så billig at ingen kunne konkurrere. Ei etter ei blei gruver i USA, Australia og andre land stengt, til Kina rundt 2005 var oppe i ein andel av verdsproduksjonen på opptil 97 %. Da var tida inne til å stenge igjen på kranene. Prisane blei auka, samtidig som det blei sett kvoter på eksporten. Etterspurnaden i resten av verda auka stadig, og mange industriar byrja å bli desperate for at dei ikkje fikk tak i nok av dei metalla dei trong. Det førte til at nokre gruver i andre land blei gjenopna eller nystarta, men Kina har framleis eit godt tak på verdsmarknaden med godt over 80 % av produksjonen. I 2015 blei Kina tvunge av WTO til å lette på handelsrestriksjonane, men i 2019 kan vi stå overfor ein ny strid om denne eksporten på grunn av USAs handelskrig mot Kina og spesielt mot datateknologiselskapet Huawei.

Kina er ikkje bare største produsent av REE, men også største forbrukar, både til varer for eige forbruk og for sal på verdsmarknaden. Kvotane på eksport hadde, ved sida av å auke prisen også til hensikt å få seld kinesiske industriprodukt som inneheldt REE, frå mobiltelefonar til vindturbinar.

Dei sjeldne jordmetalla blir ofte blir omtalt som «grøne metall», fordi dei blir brukt i «grøn» energiproduksjon som vindkraft og elbilar, men framstillinga av dei er alt anna enn grøn. Utvinninga av desse metalla starta allereie i 1958, men fart i utvinninga blei det først tidlig på 1980-talet. Sist på 1980-talet var forureiningsproblema store, og det gikk ikkje lenger an å dyrke noko rundt gruvene.[1b] Omlag halvparten av den kinesiske produksjonen av REE skjer i gigantiske dagbrot i Bayan Obo i Indre Mongolia. Både utvinning, avgangslagring og raffinering fører til store forureiningsproblem. Det gjeld bl.a. utslepp av gassar med svovel og fluor, radioaktivt uran og thorium og ei mengde kjemikaliar som går ut i elva og vidare ned mot Huang He (Den gule floden), som er vassforsyning for 150 millionar menneske. Jorda er så forgifta at ein har gitt opp jordbruket i nærområdet og i elva er all fisken daud. Lokalt rammar forureininga først arbeidarane i gruver og rafinneri, men også alle i lokalsamfunnet, med ekstremt høge førekomstar av steinlunger, kreft og andre sjukdommar knytt til forureininga.[2] [3]

Tibet – indre kolonisering

Teikning i protest mot gruveinngrep i det heilage fjellet Nyenchen Gong-Ngon Lari.
(Kjelde: http://www.yestolifenotomining.org)

Ein stor del av dei ubrukte mineralressusane i Kina finst på det tibetanske platået. Den kinesiske folkerepublikken tok kontroll over Tibet like etter revolusjonen og sidan har Tibet blitt meir og meir integrert i Kina. Opprør frå tibetanske nasjonalistar har blitt slått hardt ned og han-kinesarar har blitt sett inn i leiande stillingar. For Kina har det vore viktig å utnytte dei store ressursane på «Verdas tak». Her er kjeldene for dei største elvene som renn gjennom Kina, India og andre land i Asia. Desse blir no i stor grad bygd ut til vasskraft og vatningsanlegg, noko som får store konsekvensar for både nærområde og vassforsyning lenger ned. Dette blir forsterka av klimaendringar, som gjør breane i Himalaya stadig mindre.

Kinesiske styresmakter byrja mineralleiting i Tibet like etter at dei hadde fått kontroll der i 1950. Dei siste 10–15 åra har mineralutvinninga auka kraftig. Det gjeld både store gruver eigd av staten og internasjonale gruveselskap og små uregulerte gruver.[4] Kinesarane har bygd jernbane til den tibetanske hovudstaden Lhasa, og denne blir bl.a. brukt til å føre ut mineral frå stadig fleire gruver.

Til saman skal det i Tibet vere registert 94 forskjellige utvinnbare mineral. Tibet har store ressursar av bl.a. uran, krom, korund, koppar, magnesitt, glimmer, svovel, litium, jern, grafitt, gull og sølv.

Heile 240 gruver skal ha ført til fordriving av nomadar frå område dei tidligare brukte. Gruvene har og ført til stor innflytting og dei fleste gruvearbeidarane er han-kinesarar. Til saman har gruvedrifta ført til eit stort press på tibetansk språk og kultur. Alt tyder på at denne utviklinga vil bli bare enno sterkare framover.

Dette har ikkje skjedd utan motstand og det har vore ei rekke protestaksjonar mot gruvedrift i Tibet.[5]

Investering i utlandet

Denne ruinen er en liten del av et gigantisk buddhistisk fortidsminne i Afghanistan som er i ferd med å bli rasert av kinesisk gruvedrift.
(Foto: Jerome Starkey/Wikipedia)

Sjølv om Kina har ei stor utvinning av mange mineral, er det mye som manglar på at dei klarer å dekke eige behov etter at landet utvikla seg til verdas viktigaste industriland, særlig innafor elektronisk industri. Oppkjøpet av Elkem er eit eksempel på at kinesarane kjøper seg inn i utvinning og produksjon av strategiske råvarer. Det er bare eitt av mange eksempel på at Kina er i ferd med å etablere seg som ei global stormakt innafor utvinning og foredling av mineral. Særlig har ein satsa i Afrika, men det finst knapt eit verdshjørne der ikkje kinesisk kapital gjør seg gjeldande.

Kinesisk kapital starta å investere i utlandet i 1990-åra, men det tok for alvor av etter at styresmaktene lanserte ein strategi for «going global» i 2000. Dei kinesiske investorane er både statlige og private, ofte selskap der staten har ein stor aksjeandel, mens resten er eigd av private i Kina eller andre land.

Av kinesiske investeringar i utlandet står utvinning av mineral og petroleum for omlag halvparten. Ein tredel av desse investeringane er i Afrika.[6] Investeringane har her auka enormt, omtrent tidobla på eit tiår og omfattar no minst 20 afrikanske land. Mens vestlige gruveselskap gjerne satsar på lokal billig arbeidskraft, har kinesiske selskap med seg mesteparten av arbeidsstokken frå Kina. I dei siste åra har kinesiske selskap byrja å møte motstand[7], og fleire land har satt restriksjonar på investeringar eller auka skatten. Da går ofte dei kinesiske selskapa i lag med andre utanlanske investorar til sak mot statar som strammar inn.

I tillegg har kinesiske selskap også investert i aksjar i store internasjonale gruveselskap. Chinalco, den kinesiske statlige aluminiumsprodusenten, eig 12% av verdas nest største gruveselskap Rio Tinto, og China Development Bank har ein samarbeidsavtale med gruveselskapet Anglo-American, retta mot utvikling av nye gruver i Kina og Sør Afrika.

Kinesisk import og eksport av mineral og mineralprodukt er avhengig av handelsvegar, og er mye av bakgrunnen for at landet har lansert «veg og belte»-strategien for å forbetre transporten mellom Kina og Europa både over land og hav. Kina har kjøpt opp fleire hamner ved Middelhavet og forholdet til Kina kløyver EU. Ein av dei strategiske satsingane er opninga av Nordaustpassasjen og Nordvestpassasjen for kommersiell trafikk, og eit av dei første skipa som gikk gjennom Nordaustpassasjen på kommersielt grunnlag var ein jernmalmtankar frå Sydvaranger til Kina. Andre teikn på denne satsinga er at Kina er observatør i Arktisk Råd, og viser stor interesse for Kirkenes hamn og den planlagte arktiske jernbanen til Rovaniemi.

Det norske Oljefondet er sjølvsagt i Kina som i dei fleste andre land, og har investert omlag 200 mrd. her, men så langt har eg ikkje funne ut kor mye av dette som er i gruver.

Filippinene – Lang kamp mot norsk investor

Filippinene er ein øystat i Søraust-Asia med over 100 mill. innbyggarar på eit areal mindre enn Noreg. Mens landet var spansk og seinare amerikansk koloni fram til 1945, sette kolonimaktene i gang mineralutvinning i stor stil. Seinare er det mest internasjonale gruveselskap som har tappa ut mineralressursar, ofte i strid med lokalbefolkning og regional administrasjon, mens den sentrale regjeringa har ønska gruvedrifta velkomen. Det filippinske statistikkbyrået kan fortelje at «Gruveindustrien spelar ei svært viktig rolle i landet si økonomiske utvikling» og det gjeld bl.a. utvinning av gull, koppar, krom, nikkel, jern og mangan.

Filippinene har i tillegg til den store gruvedrifta også mye småskala drift, prega av dårlige arbeidsforhold, barnearbeid og forureining. I gullgruver blir det brukt kvikksølv for å skilje ut gullet.[8]

Landet har mange språk og folkegrupper, blant dei ein del som blir rekna som urfolk og som i stor grad har bevart tradisjonell kultur og levevis. Desse har vore særlig utsette for mineralleiting og gruvedrift.

Leiteboring etter nikkel på Mindoro.
(Foto: Knut-Erik Helle / Framtiden i våre hender)

I 2009 gikk 25 menneske, dei fleste frå urfolket mangyan til sultestreik i protest mot at staten hadde gitt konsesjon til Intex.
(Kjelde: FIVH))

Øya Mindoro har fått namn frå den spanske kolonimakta sitt språk: Minas del Oro, eller gullgruvene. Seinare er det andre metall som har tiltrukke seg investorar. Eit meir eller mindre norsk selskap har under skiftande namn og eigarkonstellasjonar satsa på nikkelutvinning på Mindoro frå 1990-talet. Til no har vi funne fem namn på selskapet eller selskapa: Mindex, Crew Minerals, Crew Gold, Intex Resources og Element. Å følge desse selskapa, kven som har kjøpt opp kven og kven som bare har skifta namn, er ikkje lett. I alle fall skjedde det mye endringar rundt 2009, da Mindex skifta namn til Crew i 2009 og tidligare storeigar Jens Ulltveitt-Moe trakk seg ut med store tap. Crew Gold blei i 2010 kjøpt opp av russiske Severstal. [Kva skjedde her?]

I 2017 skifta Intex igjen namn, no til Element ASA, som har underselskapa Mindoro Nickel og Molynor. Det siste skal drive molybdenutvinning i Hurdal i Akershus. Alle dei nemnde selskapa går med underskot, og inga utvinning har kome i gang godt over 20 år etter at dei starta opp arbeidet med å få til nikkelgruve på Filippinene.

Det er knapt mogleg å leve meir opp til tittelen på denne boka, «Under falsk flagg», enn det dette selskapet har gjort.

Korleis vil det sjå ut om Intex får starte opp nikkelgruva? Dette kan gi ein liten peikepinn, det er ei av dei tre nikkelgruvene på Filippinene som er i drift no.
(Google Maps)

Etter at Filippinene i 1995 vedtok ein ny minerallov som opna på vid gap for utanlandske selskap, sikra selskapet Mindex seg konsesjon på heile 113 km2. Utvinninga skulle skje i dagbrot langt oppe i fjella, i eit område sterkt utsett for erosjon. Malmen skulle fraktast i ein 45 km lang leidning ned til sjøen og avgangen på 4 mill. tonn for året skulle dumpast på 200 m djup. Det gigantiske prosjektet var i 1999 berekna å koste omlag 5 mrd. kr., i følge ein forstudie gjort av Kværner, som da hadde stor von om å få kontrakt på utbygginga. I ei pressemelding frå Mindex i 1998 skreiv selskapet at «det ikke finnes noen sosiale, miljømessige eller tekniske utfordringer som kan stoppe prosjektet. Lokalbefolkningen ønsker prosjektet velkommen.» Dette kunne dei knapt tru på sjølv, men det var vel godt eigna til å friste investorar i det fjerne Europa. Det var da danna ein allianse kalla ALAMIN, av kyrkjelige organisasjonar, miljøaktivistar, bondeorganisasjonar, menneskerettsgrupper, og urfolksorganisasjonar, for å stanse heile prosjektet. Dei samla inn 25.000 underskriftar i protest mot Mindex, og i protestbrevet står det: «Vi tilbakeviser kategorisk Mindex sin uttalelse om at lokalbefolkningen i Oriental Mindoro betingelsesløst ønsker gruveprosjektet velkommen.»

Allereie i 1999 rapporterte Framtiden i våre hender (FIVH) om selskapet som da heitte Mindex, som hadde store planar for nikkelutvinning.[9] FIVH følgde opp saka og utnemnde i 2006 arvtakaren Crew til «årets etikkversting». Det førte til et hissig svar fra selskapet ved president Jan A. Vestrum.[10] Presidenten understrekar i innlegget at selskapet har alt etisk i orden.

På Filippinene fikk motstanden mot nikkelgruva etter kvart også støtte frå guvernørane i begge provinsane som Mindoro består av. Det gjorde tydeligvis ikkje vidare inntrykk på selskapet, som etter at dei i mellomtida hadde skifta namnt til Intex Resources skriv: ««Mens det ikkje er nokon permanent infrastruktur og bare svært få busettingar i lisensområdet, er det ein del av det innfødde Mangyan-folket sitt nedarva land, og om lag 200 familiar brukar no området i sin tradisjonelle nomadiske livsstil. Selskapet har kontinuerlig gjennomført konsultasjonar og etablert eit nært forhold til stammeleiarane i desse samfunna.»[11] I 2002 vedtok provinsane på Mindoro eit 25 års moratorium mot gruvedrift, men dette blei ikkje respektert av statlige styresmakter som likevel ga utvinningsløyve to år etterpå.

Prosjektet marknadsfører dei som «environmental friendly» og den sterke motstanden omtalar dei som «some scepticism». Nettsida som dette er henta fra, erklærer optimistiske visjonar, og ingen ting tyder på skjær i sjøen.[12] Det er bare det at oppdateringa stoppar ein gong i 2013.

Salget av aksjane til Severstal skulle få eit etterspel. I 2017 blei direktør Vestrum dømt til fire års fengsel for korrupsjon og inndraging av 6,4 mill. kr.[13] Dette er likevel ein liten sum mot det han og nokre andre spekulantar har tent på eit gruveselskap som aldri har fått fram eit gram med mineral. Og drifta på Mindoro har enno ikkje kome i gang, og det er uvisst om det nokon gang blir noko av.

Papua – Frå koloni til nykoloni

Tenk deg at følgande hendte i Noreg:
– at ein starta opp igjen koppargruvene på Røros i mangedobbel målestokk og kvar dag sendte den utrulige mengda av 700.000 tonn avgang ut i Glomma og forgifta elva og området rundt heilt ned til Sarpsborg, eller at ein gjorde tilsvarande ved Biedjovággi gruver ovafor Guovdageaidnu og drepte alt liv i og ved heile vassdraget ned til Alta.
– at ein la ein 135 km lang rørleidning f.eks. frå Røros til Trondheimsfjorden eller Biedjovággi til Altafjorden for å dumpe gruveavfall på omlag 150 m djup. Da har du litt av situasjonen på verdas nest største øy, Papua.

Kartet viser beltet som går på langs av øya og som gir grunnlaget for gruver etter gull, sølv, koppar og nikkel.
(Kjelde: https://www.niuminco.com.au/)

Edie Creek var ei av dei første gruvene starta i kolonitida på PNG
(Kjelde: https://www.niuminco.com.au/)

Øya Papua er på storleik med Noreg og Sverige til saman, men har over tusen språk og eit svært stort biologisk mangfald. Men både språk, kultur og natur er sterkt truga, og ein stor del av regnskogen er allereie rasert. Eit av dei største trugsmåla mot naturen og livsgrunnlaget til befolkninga er gruvedrift. Papua, av kolonistar døypt Ny Guinea fordi ein spansk oppdagingsreisande på 1500-talet syntest befolkninga likna på folk i Guinea i Afrika, var for vel hundre år sidan delt mellom tre europeiske kolonimakter, Nederland i vest, Tyskland i nordaust og England i søraust. Australia overtok den austlige delen i 1919, som mandatområde frå Folkeforbundet. Øya er framleis delt etter grensene til dei gamle kolonimaktene, med den vestlige delen okkupert av Indonesia frå 1969 og den austlige delen som ein sjølvstendig stat frå 1975. Mineralrikdomen blei oppdaga av dei tidligare kolonimaktene, men lite drift kom i gang før rundt 1970. Etter det har det auka veldig, og i dag er det langt over 20 større gruver eller gruveprosjekt på gang. Nokre av desse er blant dei aller verste tilfella av gruveforureining i verda, med dumping av giftig avgang til både elver og sjø. Vi skal sjå på eit par av dei, og startar i vestlige delen av Papua.

Grasberg – Verdas verste gruveforureining?

Den gruva i verda som produserer mest avgang er trulig den gigantiske Grasberg i Vest-Papua. Målt i produksjon er det verdas største gullgruve og samtidig tredje største koppargruve.

Sjølv om Indonesia er Papua sin næraste nabo i nordaust, er det omlag 400 mils avstand mellom dei, og det bur heilt andre folkeslag i Papua enn Indonesia. Da Indonesia blei sjølvstendig i 1949, beholdt Nederland Vest-Papua og starta prosessen mot at dette skulle bli ein sjølvstendig stat. Så langt kom det aldri, fordi Indonesia okkuperte og annekterte Vest-Papua. Etter okkupasjonen har urfolka i Vest-Papua i stor grad blitt fordrive frå jorda si, både gjennom masseinnvandring frå det overbefolka Java og gjennom gruvedrift.

Det amerikanske gruveselskapet Freeport-McMoRan hadde allereie før den indonesiske anneksjonen sett seg ut ein stad der dei ville starte gruve, og alliert seg med daverande general Suharto, som seinare tok makta i eit svært blodig kupp. Ikkje før hadde Indonesia sikra makta, så hadde det amerikanske selskapet fått konsesjon og i 1973 var Grasberg-gruva i gang. I 1995 kjøpte Rio Tinto seg inn i gruva, men Freeport-McMoRan hadde framleis aksjemajoriteten, og hadde det til for kort tid sidan. Gruva ligg over 4000 m.o.h. og kopparkonsentrat blir sendt i ein over 100 km lang rørleidning ned til sjøen. 700.000 tonn avgang pr. dag blir sendt rett i elva Aghawagon. I tillegg til at det ikkje er liv igjen i elva, er omlag 230 km2 land langs elvebreddene dekka av gruveavgang. For Indonesia, som har heile 240 mill. innbyggarar, er mineralutvinning ei viktig næring, og mange av dei store internasjonale selskapa investerer her, bl.a. i koppar, gull, tinn, bauxitt, nikkel, kol og diamantar.

Det kanadiske selskapet SES Professionals, som driv service og utviklar marknadsstrategiar for internasjonale gruveselskap skriv om Indonesia:

Det er tre store internasjonale gruveselskap med lang driftsrøynsle i Indonesia: Vale, Newmont og Freeport McMoRan.»[16]

Ein australsk forskar har sagt det slik: «For urfolka Amungme og Kamoro, har konserna sin imperialisme erstatta den europeiske kolonialismen.»[14] Grasberg-gruva har frå starten av blitt møtt med lokal motstand, både frå desse lokale folkeslaga og internasjonalt. Frigjøringsrørsla for eit sjølvstendig Vest-Papua har i nokre tilfelle sabotert gruvedrifta og som straff har Indonesiske styrker med støtte av USA bomba landsbyar i området. Ei rekke miljøorganisasjonar har gått saman i ei felles kampanje mot eigarane av Grasberg-gruva. Både gruveselskapet og styresmaktene har forsøkt å hindre kritikk å komme fram, bl.a. har utanlandske journalistar som har skrive kritisk om Freeport blitt nekta visum til Indonesia.

Forureininga, undertrykkinga og motstanden har gjort at det har blitt stadig vanskeligare for gruva å få aksept for vidare drift. Blant anna mista dei forsikringa for politisk risiko hos det statlige amerikanske selskapet Overseas Private Investment Corporation, seinare trakk Verdsbanken seg. Det norske Oljefondet investerte i både Freeport og Rio Tinto. Etter hard kritikk av fondet for investeringar i miljø- og helseskadelig produksjon blei det innført etiske reglar og eit etisk råd, og Freeport fikk i 2006 den tvilsame æra å vere det første selskapet der Oljefondet på etisk grunnlag trakk ut investeringane sine. I 2008 trakk så Oljefondet investeringa på 1 milliard $ (!) i Rio Tinto, grunngitt med nettopp forholda ved Grasberg-gruva.[15]

Siste åra har det skjedd endringar i eigarsamansettinga. Rio Tinto har seld seg ut og andelen deira blei kjøpt opp av den indonesiske staten, som også har kjøpt opp ein del av aksjane til Freeport. Staten har no aksjemajoritet, og regjeringa har gått med på at gruva får halde fram til 2041. Dette vil kanskje kunne sikre at ein større del av fortenesta blir igjen i landet, men det ser ikkje ut til at det er knytt noko miljøkrav til lisensen. Gruva kan dermed halde fram som den absolutt mest forureinande i verda. Også andre gruver i Indonesia er kjent for omfattande naturskadar. Frå koppargruva Batu Hijau på øya Sumbawa, dumpar det amerikanske selskapet Newmont inntil 50 mill. tonn for åreteller omlag 30 gongar planlagt dumping frå Nussir. Avgangen går i rør ned til 125 m under havflata, herifrå skal han i prinsippet synke ned til eit djup på opptil 3000 meter. Selskapet hevdar at alt fungerer bra, men lokale fiskarar fortel at fiskebestanden er kraftig redusert og nokre fiskeslag er heilt borte.

Bougainville – Geriljakrig mot gruve

Aust for Papua ligg øygruppa Bougainville, som er oppkalla etter ein franskmann som «oppdaga» øyene etter at dei hadde vore folkesett i mange tusen år. Seinare blei Bougainville tysk og deretter australsk koloni. Koloniseringa medførte først store plantasjar som fortrengte tradisjonelt jordbruk og seinare gruvedrift i gigantmålestokk. Mens Bougainville enno var australsk koloni, starta Rio Tinto Panguna koppar- og gullgruve i 1972. Gruva førte til enorme naturinngrep og forureining. Avgangen gikk rett i elva, og blei ført nedover til låglandet og til sjøen og tok livet av fisk og andre dyr. Det var stort innhald av sulfid og det er berekna at det vil ta minst 600 år før giftverknaden er borte. Denne gruva skal ha vore ein av dei mest profitable Rio Tinto har hatt, men ingenting av overskotet blei igjen på øya.

I 1975 erklærte Bougainville seg sjølvstendig, men det blei ikkje godtatt verken av Australia som avtroppande eller Papua New-Guinea som ny kolonimakt. Gruvedrifta heldt fram og bidro sterkt til at folket på Bougainville frå 1988 til 1997 førte ein geriljakrig for lausriving. Krigen kosta omlag 20.000 menneskeliv. Krigen førte til at Rio Tinto måtte gi opp drifta i 1989, og der har ikkje vore drift etter det. Det er hevda at Rio Tinto bidro til finansieringa av operasjonane til hæren i PNG, i von om at nedkjemping av motstanden skulle få gruva i gang igjen.

Sjølv om det i 1997 blei fredsslutning i krigen, er det framleis store motsetningar både mellom Bougainville og regjeringa i PNG og innafor øya. Bougainville skal ha folkerøysting om fullt sjølvstende 23.11.2019. Det er forventa stort fleirtal for sjølvstende, men det er usikkert om regjeringa i PNG vil godta eit slikt resultat. Gruva er no overtatt av det kanadiske selskapet BCM, og sterke krefter arbeider no for at ho skal komme i gang igjen, da som eit økonomisk grunnlag for ein sjølvstendig stat.

Gruve i aktiv vulkan

Øygruppa Lihir nordvest for Bougainville er bare vel 20 km2, men har ein av verdas største gullførekomstar. Her blei det starta gruvedrift i 1997 av Rio Tinto, og denne blei overtatt av det australske gullselskapet Newcrest i 2010. Det er på denne tida tatt ut omlag 300 tonn gull, eller 50 gongar meir enn det som er utvunne i den største gullgruva som har vore i Noreg. Dette er einaste staden i verda at det pågår gruvedrift i ein aktiv vulkan. Det er tre dagbrot, som er planlagt drive til det tilsaman blir 2 x 1,2 km og 200 m under havoverflata.

All avgangen, omlag 4 mill. t. for året blir ført ut i ein leidning ned til 125 m djup og søkk så vidare ned mot 1600 m, i alle fall i prinsippet. Undersøkingar har vist at avgangen har øydelagt mange kvadratkilometer med korallrev og gjort fisk i området uspiselig, på grunn av høgt utslepp av bl.a. koppar, arsen og kvikksølv.

Gruva har ført til dobling av befolkninga på øya og dei aller fleste gruvearbeidarane er pendlarar som blir flydd ut og inn, og det er laga eigen flyplass for gruva.

120 landsbyar ramma

OK Tedi gruva i Papua New Guinea er ei av verdas største og aller mest forureinande. Ho er drive av BHP der Oljefondet har investert 13 milliardar.
(Foto: Ok Tedi Mine CMCA Review)

Den australske mineralnæringa sin organisasjon Austmine arbeider aktivt for å få sine medlemsbedrifter til å investere i PNG. I 2019 arrangerte dei “Mining mission”, ei vekes tur til tre større gruver med høve til møte med gruveselskap og styresmakter.
(Kjelde: http://www.austmine.com.au/Missions/category/international-missions/papua-new-guinea-mining-mission-8-12-april-2019

Midt inne på Papua, like på PNG-sida av grensa, ligg gruva Ok Tedi Mine, og byen Tabubil som er bygd midt i jungelen bare for å tene gruveoperasjonane. Det er eit dagbrot etter koppar og gull, og all avgangen går rett i elva Ok Tedi og vidare elva Fly. Avgangen har ført til store miljømessige og sosiale skadar for dei omlag 50.000 menneska som lever i 120 landsbyar nedover langs elva. For selskapet er dette sjølvsagt billigaste løysinga, men i tillegg kjem at området er prega av svært kraftig regnfall og hyppige jordskjelv, noko som gjør at eit landdeponi også ville vore svært risikabelt.

Gruva blei starta av verdas største gruveselskap BHP, men blei overtatt av regjeringa i PNG i 2013 og majoritetseigar er no selskapet med det fine namnet PNG Sustainable Development Program Limited (PNGSDPL).

Ramu Nickel – 135 km rørledning

På nordkysten av Papua New Guinea er ein stor førekomst av nikkel og kobolt. Denne blei oppdaga så tidlig som i 1962. Det har vore ei rekke eigarar involvert, før eit statlig kinesisk selskap i 2005 fikk kjøpe selskapet for det som er hevda å vere bare 5 % av verdien. Drifta kom i gang i 2012 og statsministeren i PNG kasta glans over opninga. Gruva er dagbrot som ligger på 600 – 800 m.o.h. og herifrå blir finmalt malm transportert i ein 135 km lang rørleidning til produksjonsanlegget og avgangen blir deretter dumpa på 150 m. djup. Dei som måtte tru at det bare er i Noreg at sjødumping av gruveavgang er kontroversielt, bør ta ein titt på reaksjonane mot tilsvarande dumping i PNG. I 2008 blei her arrangert en International Deep Sea Tailing Placement Conference, der det kom fram mye bekymring for verknaden av den planlagte dumpinga. I 2010 blei det starta ein eigen nettstad Ramu Mine Watch. Dette er seinare utvida til å ta opp miljøproblem ved andre gruver både i PNG og internasjonalt og omdøpt til Papua New Guinea Mine Watch, men brukar framleis domenenamnet https://ramumine.wordpress.com.

I gruveområdet har mange av dei opprinnelige innbyggarane blir fordrive med politimakt, og dei har fått høgst utilstrekkelig kompensasjon for å miste heimane og levebrødet sitt. Gruva har og ført til store sosiale problem, med bl.a. prostitusjon og valdtektar.

Gruva har planlagt store utvidingar, men regjeringa i PNG vil ikkje godta desse utan at landeigarane får meir i kompensasjon enn det dei har fått tidligare[17] og i mars 2019 kjem det melding om at selskapet vil tenke meir over om det skal satse på utvidinga.

Mykje vil ha meir

No skulle ein kanskje tru at med desse dårlige røynslene med gruvedrift, hadde styresmaktene i Papua New Guinea fått nok. Men dengang ei. I desember 2018 gikk «the PNG Mining and Petroleum Investment Conference» av stabelen i Sydney, Australia. Målet var å trekke investorar til enno fleire gruver.

Dansen rundt gullkalven skal halde fram, om så skogen, elvene og havet blir øydelagt. Og som om det ikkje var nok, har også Papua New Guinea den noko tvilsame æra å vere vertskap for eit av dei første forsøka på gruvedrift på havbotn, sjå seinare kapittel.

Australia – frå koloni til internasjonal investor

Gullgruva Fimiston Super Pit, ved byen Kalgoorlie var lenge Australias største dagbrot, på 3,5 x 1,5 km, men blei forbigått av ei anna gruve for få år sidan. Sjølve gruva tar omtrent like mye plass som ein by på 33000 innbyggarar, i tillegg kjem produksjonsanlegg og avgangsdammar.
(Kjelde: NASA / Wikipedia)

Ranger er ei av de tre uran-gruvene i Australia som var i aktiv drift i 2015.
(Foto: Geomartin/Wikipedia)

Bak den største konkursen i norsk historie sto det australsk-registrerte gruveselskapet Northern Iron. Konkursen til Sydvaranger Gruve i 2015 kosta norske selskap og skattebetalarar 3,5 milliardar kroner, men ingen fikk tilbake dei millionane som dei australske sjefane i selskapet hadde fått i løn og bonus eller dei som var tappa ut gjennom Northern Iron sitt underselskap i Sveits.[18]

Kva hadde så Australia med jernmalmen i Sør-Varanger å gjøre? Aksjeeigarane var frå mange land, arbeidarane stort sett norske, malmen gikk til eksport, men ikkje til Australia. Australia var først og fremst med i bildet fordi landet har eit ekstremt gruvevenlig lovverk, som gjør det særlig lønsamt å registrere gruveselskap der.

Urfolk og kolonistar med gruvedrift

Før den europeiske koloniseringa av Australia starta for vel 200 år sidan var der ikkje noko utvinning av metallmalmar. Urfolka hadde likevel ganske stor gruvedrift, med både dagbrot og underjordsdrift. Det er funne mange hundre stadar der det var tatt ut stein til forskjellige reiskapar og våpen. Dei utnytta mange steinslag og det var ein rekke kulturelle, geografiske og geologiske forskjellar, og nokre mineral, som f.eks. flint, kunne vere handelsvare over lange avstandar. Dei grov og ut leire rik på jernoksyd, som blei brukt til fargestoff som ein enno kan sjå bl.a. i bergmaleri. [18a]

Australia blei «oppdaga» av europearar på 1600-talet og kolonisering starta frå 1788. Etter få år starta utvinning av kol, og allereie i 1799 gikk den første eksporten. Midt på 1800-talet oppsto eit veldig gullrush, som ga stor innvandring frå mange kantar av verda. Ein polakk som var tiltrukke av gullrushet skildra dette i boka Opis podrózy do Australii (Skildring av reise til Australia) og nemner at blant gulleitarane traff han til og med ein reingjetar frå Noreg. Allereie i 1850 sto Australia for 40 % av verdas gullproduksjon. Gruvedrifta omfatta etter kvart også bly, koppar, tinn, sink, sølv og jern. Utover 1900-talet kom i tillegg bauxitt, wolfram, nikkel og uran.

Den australske gruveindustrien forsøker no å framstille seg sjølv som framhaldet av ein stolt tradisjon med røter over 40.000 år tilbake. Det er ei ganske tvilsam tilsniking, fordi ein da slår saman to heilt forskjellige tradisjonar som ofte har stått i skarp motsetning til kvarandre. Kolonistane sin gruvedrifta bygde på fordriving og stor grad av utrydding av urfolka. Frå koloniseringa starta til midt på 1900-talet var det fleire hundre massakrar på urfolk. Det var derfor svært farlig for dei å sette seg til motverge når kolonistane ville ta land til jordbruk og gruvedrift. Det hendte likevel at urfolk på forskjellig vis deltok i kolonistane si gruvedrift, ikkje minst som vegvisarar og rådgivarar i korleis klare seg i eit terreng som var ukjent for gulleitarane.

Urfolk protesterer

I nyare tid, etter at det blei slutt på dei reine massakrane og urfolka blei formelt anerkjende som menneske og statsborgarar, har dei lettare kunna protestere når bruksområda deira har blitt tatt til gruvedrift og forureina av gruveavgang. Protestane har pågått i alle fall sidan tidlig på 1970-talet og pågår stadig. Dette er ei side av historia som er fullstendig fortrengt når gruveselskapsvenlige media fortel «Australia's proud mining history». Dei seinare åra har det vore så mange protestar at det er uråd å lage ei liste over dei. Ofte samarbeider urfolka med naturvernorganisasjonar.

I nokre tilfelle har protestar ført fram i den forstand at det er oppretta avtalar som har gitt kompensasjon for landområde og ulemper knytta til gruvedrifta.

Blant verdas største

Australia er no blant dei fem største produsentane av dei fleste viktige mineral og verdas største eksportør av både kol, jernmalm og alumina. I tillegg til at Australia er eit av verdas største gruveland når det gjeld utvinning på eige territorium, er dei også blant dei største når det gjeld investeringar i andre land. Etter Canada kjem Australia som nr. to når det gjeld mengda av registrerte gruveselskap. Australia har hovudkvarteret til fleire av dei aller største internasjonale gruveselskapa. Her blir satsa hardt på teknologisk utvikling, forsking og utdanning. Mineralutvinning er eit hovudsatsingsområde for den australske regjeringa, som stiller seg fullt ut bak selskapa, i inn- og utland.

Ei drivkraft i utviklinga av gruvedrifta både nasjonalt og unternasjonalt er organisasjonen Austmine, som omtalar seg som «the leading industry body for the Australian Mining, Equipment, Technology and Services (METS) sector». Austmine har over 560 medlemmar og skryt av at gruver, og utstyr og tenester for desse bidrar med 500 mrd. kr i årlig inntekt til landet. Austmine hevdar at Australia har ei leiande stilling som «global innovator in the resources industry», og det har dei nok langt på veg rett i. Austmine er ikkje bare ein lobbyorganisasjon overfor australske styresmakter, men driv aktiv marknadsføring av australske gruvebedrifter over heile verda. Blant anna arrangerer dei såkalla «missions» der representantar for bedrifter i bransjen kan melde seg på turar til forskjellige land for å sjå på moglege marknadar for investeringar og salg. Bare på fem månadar i 2019 arrangerte dei slike turer til Russland, Kazakhstan, Mexico, Peru og USA. [21]

Mest uran i verda

Kart som viser eit utval av urangruver som er nedlagt, i drift eller planlagt.
(Kart: http://www.australianuranium.com.au/uranium-map.html)

Urangruva i Kakadu ligg midt i ein nasjonalpark!
(Dustin M. Ramsey/Wikipedia)

Australia har hatt gruvedrift på uran heilt sidan 1906. Den første tida var det for radium for medisinsk bruk, seinare har det meste gått til eksport for kjernekraft og atomvåpen. Det har vore mye protestar mot urangruver, både frå miljørørsla og australske urfolk. Radioaktiv stråling frå uranutvinning fører til helseskadar, både for dei som arbeider i gruvene og for dei som bur i nærleiken. Australia sit på verdas største kjente ressursar av uran, omlag 30 %[22], men utvinn likevel mindre enn både Kasakhstan og Canada.

Søkkrik på miniselskap

I Noreg har nok ikkje så mange hørt om Gina Rinehart. Ho er eigar av prospekteringsselskapet Hancock Prospecting med rundt 40 tilsette. Det synest å vere lite å bli kjent for, men dette har gjort henne til den rikaste person i Australia og i 2012 var ho rangert som den rikaste kvinna i verda. Sommaren 2018 blei ho tildelt Champion of Entrepreneurship Award av det internasjonale konsulentselskapet Ernst & Young og selskapet hennar fikk same året Raw Materials & Mining Industry Leadership Award.

Selskapet blei stifta av far hennar, Lang Hancock. Han starta i 1943 utvinning av asbest i Pilbara i Western Australia. Arbeidsforholda var svært dårlige i denne gruva og det var tjukt med asbeststøv overalt. For i det heile å få gruvearbeidarar, måtte dei rekruttere dei frå Europa på toårs-kontraktar, der dei ikkje fikk slutte utan å betale tilbake reiseutgiftene. I 1966 blei gruva stengt og etter kvart blei heile byen nedlagt. Men Hancock gjorde gode pengar. Seinare oppdaga han dei store jernmalmførekomstane i Pilbara, som synte seg å vere den største kjente jernmalmressursen i verda. Gjennom å sikre seg utvinningsrettar på denne malmen og så selje desse skaffa Hancock Prospecting seg inntekter på atskillige milliardar. I dag er det minst 25 jerngruver i Pilbara, dei største operatørane er verdas største gruveselskap BHP og Rio Tinto. Det er 9000 gruvearbeidarar i gruvene i Pilbara, som med eit flateinnhald større enn Noreg bare har knapt 50000 innbyggarar. Gruvedrifta har gjort stor skade på ein svært spesiell og sårbar natur. I von om å berge noko av naturen er det oppretta nasjonalparkar, men gruvedrifta aukar stadig.

Hancock Prospecting er ikkje bare ein viktig økonomisk, men også politisk aktør i Australia. Dei har gitt støtte til motstridande politiske parti for å heilgardere seg. Dei finansierer den konservative tenketanken Institute of Public Affairs, som fremmer saker som privatisering av offentlige institusjonar, lågare skattar, avskaffing av minsteløn, fornekting av klimaendringar og oppheving av forbodet mot rasediskriminering.

Lang Hancock var kjent for sitt ekstremt negative syn på urfolket i Australia: «Gruvedrift i Australia opptar mindre enn ein femdels prosent av den totale overflata til kontinentet vårt, og likevel forsørgar den 14 millionar menneske. Ingenting skulle bli freda for gruvedrift, anten det er jorda di, mi, svartingane si eller nokon andre si. Så spørsmålet om utfolksrettar og liknande skulle ikkje eksistere.»[22a] I eit TV-intervju i 1984 foreslo Hancock sterilisering av urfolk for å «løyse problemet».[22b]

Selskapet har og kjøpt opp fleire massemedieselskap, og Gina Rinehart har erklært at ho ønsker å bruke posisjonen sin i to leiande australske mediaselskap til å fremme sitt syn på klimaspørsmål[23]. Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at formuen hennar ved sida av jernmalm er bygd på kolgruver. Australske media som ikkje er eigde av Rinehart er stort sett eigde av Rupert Murdoch, som også brukar media sine til å propagandere mot klimatiltak og for betre vilkår for gruve- og oljeindustrien.

Både ørken og regnskog

I gruvebyen Wittenoom blei det utvunnet blå asbest, noe som var svært helseskadelig for både gruvearbeidere og anna lokalbefolkning. Til sist stengte styresmaktene heile byen og sette opp dette åtvaringsskiltet.
(Foto: Five Years / Wikipedia)

Mens gruvene i Pilbara ligg i eit ekstremt varmt og tørt ørkenområde, ligg gruver i andre kantar av landet i område med heilt anna natur. Christmas Island er ei isolert vulkansk øy 1500 km nordvest av Australia, med eit rikt og svært spesielt fugle- og planteliv, men omlag ein firedel av øya er allereie øydelagt av fosfatgruver. Fosfatutvinninga starta allereie i 1899, og har sidan vore i gang periodevis. Gruva blir no drive av Phosphate Resources Limited. Om gruve skal få utvide har lenge vore eit stridsspørsmål og skiftande regjeringar i Australia har gjort motstridande avgjerder. I 2018 avslo den australske miljøvernministeren ein søknad om å få utvide gruveområdet. Selskapet seier det kan føre til økonomisk kollaps og tap av 250 arbeidsplassar. Dei aller fleste som arbeider der er innvandra nettopp på grunn av gruva. [24]

Katastrofar på rekke og rad

Australia har mange gruver i drift, men enno langt fleire der drifta er stoppa, midlertidig eller for godt. Mange av desse er dårlig sikra og faren for dambrot og oversvømming med giftige stoff er overhengande. Eit eksempel er Texas Silver Mines, som gikk konkurs etter at gruva blei stansa på grunn av det usikre deponiet. Her er cyanid-haldig og sterkt tungmetallhaldig vatn lagra på ein slik måte at bare nokre få cm konsentrert regn vil føre til oversvømming nedover næraste elv og vil kunne forureine store delar av det store Murray-Darling-bassenget.[25]

Verdas største kolgruve?

I 2016 besøkte den indiske finansministeren Australia for møte med sin australske kollega om finansieringa av Adani gruva. Da ministeren besøkte Melbourne universitet blei han møtt av denne demonstrasjonen som sa nei til kol og ja til bevaring av korallrev.
(Foto: Takver / Wikipedia)

Mens ein elles i verda arbeider for å finne mindre skadelige energiformer som alternativ til kolkraft, er Australia i ferd med å starte opp noko som kan bli verdas største kolgruve. I Queensland i nordaust-Australia er eit av dei største unytta kolfelt i verda og her har det indiske selskapet Adani store planar. Opp til 60 millionar tonn kol skal etter planen takast ut årlig i opptil 60 år. Det skal vere kombinasjon av dagbrot og underjordsgruver og kolet skal transporterst til kysten på 400 km jernbane, for så å bli sendt til India for bruk i kraftverk der. Det er hevda at kolet frå dette kolfeltet aleine vil skaffe straum til 100 millionar indarar. Ved full drift vil gigantiske lasteskip gå daglig inn gjennom det allereie svært truga Great Barrier Reef og faren for forureining er også stor i samband med lasting og lagring. Brenninga av dette kolet er berekna å gi eit samla utslepp på 7,7 milliardar tonn CO2, som tilsvarar 10 gongar Australias noverande årlige utslepp.

Adani er eit indisk selskap starta av Gautam Adani i 1988 og er no det største kraftselskapet i India. Dei driv gruver i India, Indonesia og Australia og er Indias største kolimportør, samtidig som dei satsar stort innafor bl.a. hamner og solkraft. Gautam Adami er sagt å vere god for omlag 11 milliardar $. I tillegg kjem andre medlemmar av familien Adani, som fyller opp ei rekke sjefsposisjonar i selskapet.

Både provinsregjeringa i Queensland og den føderale australske regjeringa støttar fullt opp om planen, og de har gitt både tilskot og skattelette. Av partia i Queensland er det bare det grøne partiet som går mot gruva. I 2018 gjorde kristne, jødiske, muslimske og buddhistiske religiøse leiarar felles opprop mot gruveplanen. Det australske naturvernforbundet gikk til sak for å få stoppa planen, men tapte. Protestane har no vakse til å bli internasjonale, og nettstaden Sumofus har starta underskriftskampanje for å få forsikringsselskapet AIG til å avvise å forsikre gruveprosjektet.

Eit hovudargument for dei som vil ha gruva er «making jobs for queenslanders». Talet på arbeidsplassar som gruvedrifta vil gi varierer mellom 1200 og 10000. Det minner svært om tilsvarande debattar i Noreg, bare med litt større tal.

Tillegg 12.11.2019: Etter at denne boka er sendt til prenting kom meldinga om at forsikringsselskapet AIG har trukke seg frå å forsikre Adani-gruva. Det er klart eit resultat av den store internasjonale kampanja. Det ser no ut til å bli Lloyds i London som overtar forsikringa, og det er allereie i gang ei internasjonal kampanje for å få også dei til å avvise å forsikre dette gruveprosjektet.

Dette kapittelet starta med australske investeringar i norsk gruvenæring. Investeringane har nok likevel vore større andre vegen. Gjennom Oljefondet deltar den norske staten med mange milliardar i både australske gruver og i australskregistrerte selskap sine gruveinvesteringar rundt i heile verda.

Fotnotar

[1] https://clb.org.hk/content/deaths-coal-mine-accidents-china-fall-new-low-333-2018
[1a] http://www.chnr.net/BusinessOverview/ Owing to its close relationships with governmental organizations at different levels and various geological surveying institutions, CHNR is able to acquire high value-added exploration rights / mining projects at lower costs.»
[1b] http://www.dailymail.co.uk/news/article-1241872/EXCLUSIVE-Inside-Chinas-secret-toxic-unobtainium-mine.html
[2] http://www.thecuttingedgenews.com/index.php?article=21777&pageid=&pagename=
[3] https://www.theguardian.com/environment/2012/aug/07/china-rare-earth-village-pollution
[4] https://www.meltdownintibet.com/e_mining.htm
[5] https://greenworldwarriors.com/2019/04/08/chinas-60-years-of-environmental-destruction-in-tibet/?fbclid=IwAR05ErR4H49lafom64cfH3T1Ou9hqZmmAG_Rlqnsc4FUIXOWcOF3Q0Lvc3g, [6] https://www.youtube.com/watch?v=A9QzwKjMNsc
[7] https://www.scmp.com/news/world/africa/article/2142852/chinese-gold-mining-brings-killings-land-grabs-and-corruption
[8] https://www.dw.com/en/saying-mining-is-raping-us-philippines-minister-continues-crackdown/a-37540240
[9] https://www.framtiden.no/199908154855/aktuelt/bedrifters-samfunnsansvar/dra-hjem-til-norge-mindex.html
[10] http://www.vb.is/frettir/crew-gold-corporation-and-crew-minerals-asa/33476/
[11] "While there is no permanent infrastructure and only very few settlements in the license area, it is part of the indigenous Mangyan ancestral lands and about 200 families currently utilize the area in their traditional nomadic lifestyle. The company has continuously conducted consultations and established a close relationship with the tribal leaders of these communities.» http://www.intexresources.com.ph/mindoronickel/mindoro-nickel-project.html
[12] http://www.intexresources.com.ph/mindoronickel/mindoro-nickel-project.html
[13] https://www.dn.no/jus/okokrim/bjorn-stordrange/hoyesterett/intex-vestrum-slipper-ikke-korrupsjonsdom/2-1-202067
[14] N.A.J. Tailor: Evolutions in Sustainable Investing: Strategies, Funds and Thought Leadership, Wiley 2011..
[15] https://www.aljazeera.com/indepth/opinion/2011/08/201182913613680545.html
[16] The country is blessed with abundant world class deposits and a history of successful mining projects.
- The mining sector has been one of the key sectors supporting Indonesia’s economic growth for a number of years. The sector makes a significant contribution to Indonesian GDP, exports, government revenues, employment, and perhaps most importantly, the economic development of the remote regions where mining operations are located.
- A new more business friendly government has just been inaugurated and is offering hope to grow the industry.
- There are more than 500 mining projects and operating properties making the country the most important mining country in the region.
There are three large international mining companies with long term operating experience in Indonesia: Vale, Newmont & Freeport McMoRan.
http://sesprofessionals.com/overview-of-indonesias-mining-industry
[17] https://ramumine.wordpress.com/2019/03/20/tuke-yama-want-fresh-deal-for-ramu-mine/
[18] https://www.nrk.no/finnmark/naer-400-matte-ga-_-stiller-sporsmal-om-milliardomsetning-i-sveits-1.13164477
[18a] https://www.google.com/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=1&cad=rja&uact=8&ved=2ahUKEwiv3pvF7ZTlAhVlz6YKHVzFDJ8QFjAAegQIAxAC&url=http%3A%2F%2Fwww.dpi.nsw.gov.au%2F__data%2Fassets%2Fpdf_file%2F0008%2F109817%2Fmining-by-aborigines.pdf&usg=AOvVaw0uWICdU6Gir0jxGJbcw8vb
[19] http://locker.com.au/australias-proud-mining-history-how-far-have-we-come/
[20] https://www.newyorker.com/culture/culture-desk/mapping-massacres
[21] http://www.austmine.com.au/Missions
[22] http://www.world-nuclear.org/information-library/nuclear-fuel-cycle/uranium-resources/supply-of-uranium.aspx
[22a] «Mining in Australia occupies less than one-fifth of one percent of the total surface of our continent and yet it supports 14 million people. Nothing should be sacred from mining whether it's your ground, my ground, the blackfellow's ground or anybody else's. So the question of Aboriginal land rights and things of this nature shouldn’t exist.» https://en.wikipedia.org/wiki/Lang_Hancock
[22b] n a 1984 television interview, Hancock suggested forcing unemployed indigenous Australians − specifically "the ones that are no good to themselves and who can't accept things, the half-castes" − to collect their welfare cheques from a central location. "And when they had gravitated there, I would dope the water up so that they were sterile and would breed themselves out in the future, and that would solve the problem." Sitert frå Wikipedia, kjelde: https://aso.gov.au/titles/documentaries/couldnt-be-fairer/clip2/
[23] https://www.readfearn.com/tag/hancock-prospecting/
[24] https://www.change.org/p/pm-turnbullmalcolm-don-t-destroy-pristine-rainforest-for-the-sake-of-a-mine-dontruinchristmas/fbog/2922573?recruiter=2922573&utm_source=share_petition&utm_medium=facebook&utm_campaign=autopublish.nafta_milestone_share_ask_1.72_hour_ask
[25] https://www.abc.net.au/news/2015-09-29/ponds-containing-cyanide-could-spill-into-murray-darling-basin/6806184.


Til neste kapittel