Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

USA – pioner i rasering og forureining

«American history is longer, larger, more various, more beautiful, and more terrible than anything anyone has ever said about it.»[1] Desse orda av James A. Baldwin kan absolutt brukast om den delen av denne historia som gjeld gruver og mineral.

Ingen veit akkurat kor mange nedlagte gruver som er i USA, men det har vore anlått rundt 557000. Dei fleste har større eller mindre problem med avrenning og forureining. Kartet viser bare nokre utvalde gruver for nokre metall. Særlig er det store problem med gull (gult) og uran (grønt).
(Kart: skytruth.org)

Mineral og kolonisering

At historia er lengre vil seie at det blei utvunne mineral også før den europeiske koloniseringa. I noverande USA var det først og fremst koppar som blei brukt. Det blei utvunne reint koppar, som blei hamra og bearbeidd til reiskapar og figurar. Lengre sør i Amerika var det meir avansert gruvedrift og metallurgi, der ein smelta og støypte gull, sølv, platina og koppar og også laga metallegeringar. Det er òg kjent at Hopi-folket utvant kol på 1300-talet.

Frå koloniseringa starta var kolonistane straks ute etter mineral dei kunne drive utvinning av: I 1879 skreiv Albert Bolles i artikkelen Mining History in the United States: «Vona om å finne mineralrikdommar var eit av insentiva som leidde dei tidlige kolonistane til Amerika og dei var ganske flittige i leiting etter metall. Langs heile Atlanterhavskysten, nesten straks etter dei første busettingane, blei det gjort oppdagingar av sølv, bly, koppar, jern, tinn, antimon, kol og andre verdfulle mineral, men dei blei generelt funne i små mengder, og i samanlikning med produksjon i andre land, blei gruvene ofte funne ulønsame. Så gjorde også tilstadevere og fiendtligheita til indianarar slike foretak farlige.»[2] Mineralutvinninga utvikla seg først utan lovverk, og ofte med svært dårlige teknologiske kunnskapar. Pionergruvedrifta levde virkelig opp til omgrepet «Den ville vesten». Der kolonistane fann verdfulle mineral, blei gjerne urfolka drive vekk og gruvehistoria i USA har fram til i dag i stor grad vore ein kamp mellom kolonistar / gruveselskap / statsmakt og den opprinnelige befolkninga i landet.

Gullrush på gullrush

Det første kjente gullrushet i USA kom på slutten av 1700-talet, men mest kjent var gullrushet i California midt på 1800-talet. I dag tenker vi på California som ein sjølvsagt del av USA, men det var først i 1848 at California i lag med Texas blei erobra frå Mexico, som på si side var eit resultat av spansk erobring. Spanjolane hadde likevel ikkje hatt full kontroll med områda til forskjellige lokale folkeslag, som Washoe, Shoshone og Paiute. Det var først etter at USA erobra områda deira at desse urfolka mista kontrollen over eige territorium, og her spela gullrushet ei viktig rolle.«Washoe-indianerne hadde aldri sett noen nytte i gullet, de hverken lagde smykker eller handlet med andre, så for dem var det verdiløst. De ble brutalt fordrevet av de nyankomne gullgraverne, da de ikke var ansett som amerikanske borgere til tross for at de hadde befolket området i tusenvis av år allerede.»[3]

Gullrushet ramma urfolka hardt på fleire måtar. Viltet og fisken dei skulle leve av blei utrydda, jorda deira blei tatt til jordbruk av innflyttarar eller forgifta av gruver, og mange blei drepne i reine massakrar.

Nesten eit halvt hundreår seinare kom det eit nytt gullrush lenger nord i Amerika, lengst vest i Canada og aust i Alaska. Dette er mest kjent under namnet Klondike, etter ein liten by på kanadisk side av grensa som blei eit senter for gulleitinga. Som i California var det meste over i løpet av få år, det mest intensive var 1896-99.

Til saman reknar ein med eit tital gullrush over ein periode på godt over hundre år. Så overtok dei store selskapa og det blei ikkje lenger like lett å starte på eiga hand med hakke og spade. I alt har minst 24 av dei 50 statane i USA hatt gullgruver. I dag dominerer Nevada med 75 % av produksjonen i landet. Under 2. verdskrigen blei det gitt statlig ordre om stenging av alle gullgruver på grunn av prioritering av krigsproduksjon, men så snart krigen var over var gruvene i gang igjen.

Dei store sjøane som avfallsplass

Denne stranden er dekket av svart sand som er kommet med strømmen fra kobbergruvene oppe i Hancock og Houghton. Ingenting gror på denne stranden, den har vært bar i mer enn 80år. Den er forgiftet av kvikksølv og arsenikk og tungmetaller. Indianerreservatet har fått penger fra myndighetene til å fylle igjen stedet med matjord og plante lokale planter der. De har også et innendørs fiskeoppdrettsanlegg for å opprettholde fiskebestanden i innsjøen.
(Foto og tekst: Marie Kvernmo)

Forureininga frå gruvene ved Lake Superior har gjort det nødvendig med store restaureringsprosjekt i von om å få noko natur tilbake.
(Foto: Marie Kvernmo)

I grenseområdet mellom USA og Canada ligg fem store sjøar, Superior, Michigan, Huron, Erie og Ontario. Dei hører alle til same vassdraget og har samband med sjøen gjennom St.Lawrence-elva. Tilsaman har desse sjøane heile 21 % av alt ferskvatn på jorda.

Sjøane ligg i eit svært tett befolka og industrialisert område, og ikkje minst i eit område rikt på mineral og gruver. I fleire hundre år har dei derfor vore brukte som avfallsplass for mineralutvinning og mineralforedling, i tillegg til all avrenning og utslepp dei har tatt imot frå industri, jordbruk og busetting.

Den største er Lake Superior eller Gichigami på lokalt urfolksspråk. Sjøen hører halvt til USA og halvt til Canada, og på begge sider er det fullt av nedlagte, igangverande og planlagde gruver etter i alle fall koppar, nikkel, jern, gull, vanadium og uran. Den første kopparutvinninga her starta allereie for omlag 7000 år sidan, og er den eldste kjente metallutvinninga i Amerika. Europeiske kolonistar tok opp igjen gruvedrifta i 1771, frå 1842 var det kopparutvinning i stor målestokk. Frå dei fleste av desse gruvene har avgang gått i sjøen, direkte eller gjennom avrenning frå lagring på land.

Mountaintop remowal mining

Kolgruver står framleis for omlag 40% av elektrisitetsproduksjonen i USA og president Trump har sørga for å oppheve alle restriksjonen på kolproduksjon. Ein stor del av kolet blir tatt ut ved «mountaintop removal mining", som vi her ser eit eksempel på frå West Virginia.
(Foto: OVEC / Earthjustice)

Mens ein i resten av verda diskuterer underjordsdrift i forhold til dagbrot der ein grev seg ned i bakken, fjernar ein i USA heile fjell for å komme til kolførekomstar, og overskotsmasse blir fyllt opp i dalane mellom fjella. Slik blir heile landskapet totalt endra for alltid. Dette skjer i eit enormt omfang i fire delstatar, Kentucky, West Virginia, Virginia, og Tennessee og har pågått sidan omlag 1960. Det er vanskelig å finne eit tal for kor stort omfang det har, men bare i Appalachian Mountains var det i 2010 brukt 5.700 km2 til dette. Det tilsvarer omtrent fylka Oslo og Akershus til saman. I tillegg kjem det som har skjedd dei siste 8 åra og drift i andre område. Trulig er det til saman snakk om godt over 10.000 km2.

Ved sida av landskapsøydelegginga gir denne formen for gruvedrift enorme støvplager frå drifta, noko som har ført til mye lungesjukdomar hos lokalbefolkninga. Det har vore store protestar og forslag om å forby dette, men dei har ikkje ført fram. Obama-administrasjonen ville sette begrensingar på denne utvinninga, men president Trump har gitt løyve til at raseringa kan halde fram for fullt.[4]

Det er vanskelig i eitt bilde å vise omfanget av dette, men om ein går på Google Maps og søker opp f.eks. «Madison, West Virginia» og ser på satelittbilde, ser ein skog med ei mengde lyse flekkar. Det aller meste er gruver som er drive på denne måten.

Som samla verknad er dette trulig den største landskapsendringa på grunn av gruvedrift på jorda gjennom tidene.

Prinsippet om «mountaintop removal» har enno ikkje vore brukt i Noreg, men skal no innførast av Nordic Mining for Engebøfjellet ved Førdefjorden.

«Indianar og kvit» – gong på gong

Frå ein av mange protestar mot urangruver på urfolks heilage område. New Mexico
(Foto: (un)Occupy Albuquerque)

«Indianarkrigane» i USA slutta ikkje med massakren ved Chankpe Opi Wakpala (Wounded Knee) i 1890. Dei har halde fram i nye former og held fram den dag i dag. Mest kjent er kampen om Dakota Pipe Line ved reservatet Standing Rock. Men det pågår også ei rekke kampar om gruveetableringar. Dette er bare eit lite utval:
– I 2017 protesterer Amah Mutsun-folket i California mot at det skal settast i gang eit gigantisk sand- og grustak på land som dei alltid har brukt til sine tradisjonelle religiøse seremoniar. [5]
– Arizona har omtrent halvparten av kopparutvinninga i USA. Her er no oppdaga ein gigantisk ressurs på omlag 2 km djup, og verdas to største gruveselskap, Rio Tinto og BHP har gått saman om Resolution Copper Project for å utvinne dette. Verdien er berekna til omlag 500 mrd. kr. og vil bli den største investering i staten Arizonas historie. Sjølv om sjølve gruva må bli underjordsgruve, vil avgangen hamne på overflata, og er berekna til eit deponi på omlag 30 km2 med ei høgde på 200 m. Dette vil både ramme ein nasjonalpark og heilage område for Apache-folket. 2015 satte apachar opp leir på område der gruva var planlagt og arrangerte ein karavane til New York og Washington DC for å protestere mot gruva.[6]
– I Bristol Bay, Alaska er det planlagt eit av verdas største dagbrot etter gull i eit område som enno ikkje har øydeleggande inngrep og som er heilt sentral for bestanden av laksearten sockey salmon. Det amerikanske miljødirektoratet EPA hadde tidligare sagt nei, men da Donald Trump blei president skifta han ut leiaren for EPA og sette inn sin eigen mann. Den nye leiaren hadde eit halvtimes møte med direktøren for gruveselskapet og ga ordre om at avvisinga av søknaden skulle opphevast. Dette skjedde utan nokon konsultasjonar med andre, og stikk imot alle vitskapelige råd. Fisket etter sockey salmon i dette området gir arbeid til omlag 14.000 menneske og er ein heilt sentral del av kulturen og livsgrunnlaget for lokale urfolk.[7]

I tillegg til urfolksorganisasjonar har bl.s. miljøorganisasjonen Earthworks engasjert seg mot gruveplanen. Dei som er sette til å gjøre konsekvensutgreiinga er US Army Corps of Engineers (!) og det dei har produsert til no er kritisert for å vere svært mangelfullt. Tilhengarane har også mobilisert og har starta ei underskriftkampanje der hovudargumentet er 2000 arbeidsplassar. I grunnlaget for underskriftsaksjonen blir det spela på alle strenger: «Mineral skaper dei grunnleggande bestanddelane av moderne liv, frå livreddande medisinsk utstyr til fornybar energi og teknologi for nasjonal tryggleik.» Vidare skriv ein under på at «Utkastet til konsekvensutgreiing og vurdering av den foreslåtte Pebble gruva utført av U.S. Army Corps of Engineers er objektiv, profesjonell og, viktigast, basert på sunn ekspertvitskap.» Ein viser og til at det allereie er brukt over ein milliard $ på planen. I 2019 gjorde Representanthuset eit vedtak som kan bety stopp for utgreiinga, men det må enno opp i Senatet.[8]

USA og Noreg

Mellom USA og Noreg har det sidan andre verdskrigen vore eit svært tett forhold. Det omfattar også mineralforsyning. Da USA trong niob til våpenutvikling og dette metallet fanst ved Søve gruver i Telemark, blei det gjort hemmelig avtale på topplan, og eit norsk statlig gruveselskap dreiv ut mineralet i perioden 1953–65, og sendte alt til USA.[9]

Lenge før det var amerikanske selskap etablert i mineralutvinning i Noreg. I 1927 kjøpte National Lead, no NL Industries, opp Titania i Sokndal, Rogaland og tilhørande Kronos foredlingsanlegg i Fredrikstad.

Noreg har ein god del investeringar i USA, særlig gjennom Oljefondet og Equinor.

Imperial Canada Inc.

Ekati Mine er Canadas første diamantgruve.
(Foto: Jason Pineau/Wikipedia)

Imperial Canada Inc. er tittelen på ei bok som kom ut i 2012. Undertittelen er Legal Haven of Choice for the World's Mining Industries. Boka kom ut trass i at gruveselskapet Barrick Gold hadde forsøkt å stanse utgivinga, da ho avslører kanadiske selskap sine forgiftingar og menneskerettskrenkingar over heile verda, og korleis desse selskapa på alle måtar blir støtta av kanadiske styresmakter.

I følge forfattarane er 75 % av gruveselskapa i verda registrert i Canada eller har anna samband med landet. Som eksempel har delstaten Ontario 43 gruver, men over 1400 gruveselskap! Det er stor gruvedrift i Canada, men dei kanadiske eller kanadisk registrerte selskapa opererer over heile verda, og eigarane kan vere frå kor som helst, eller aksjane kan vere fordelte på eigarar frå mange land.

Frå Yellowknives til Klondike

Før den europeiske koloniseringa utnytta urfolka i Canada bl.a. koppar, gull, sølv og chert. Ei inuitisk folkegruppe blei av engelskmennene kalla Copper Eskimos fordi dei laga piler, spydspissar, blad for skinnskraper, meislar, harpuner og knivar av koppar, og selde dette til andre folkegrupper. I tillegg til kopparprodukta var dei kjente for produkt av kleberstein. Ei gruppe av Dene-folket blei også av kolonistane kalla Yellowknives, etter fargen på kopparknivane deira.

Koloniseringa av Canada tok til på 1500-talet og leitinga etter verdfulle mineral var ein sterk motivasjon for kolonistane. Den første kjente gruva blei starta i 1577, i første omgang utan vidare hell. I den første koloniseringstida blei kol utnytta på Atlanterhavskysten. Først utover 1700-talet blei det meir aktivitet, da kolonistane leita opp kopparressursar som urfolk hadde utnytta i områda vest for Hudsonbukta.

I Quebec blei det på 1700-talet sett i gang jernmalmgruver, noko som igjen førte til kolgruver og jernverk. Både jern- og kolutvinning auka kraftig på 1800-talet. Da kom også dei store gullrusha som Fraser Canyon i British Columbia (1858) og Klondike i Yukon (1896–99). Gullrushet i Klondike trakk omlag 100000 menneske dit. Gullrusha førte til at kolonistane skaffa seg kontroll over desse områda. Resultatet blei som The Canadian Encyclopedia skriv: «Gullrushet førte til ein brå nedgang i den innfødde befolkninga».

På slutten av 1800-talet førte jernbanebygging til at nye område blei opna for gruvedrift. Jernbanebygginga i Canada skjedde på privat initiativ og utan ein samla plan, og ofte var det mineralførekomstane som avgjorde kor jernbanen blei bygd.

Kanadiske gruver var tidlig i front i teknisk utvikling, og sølvgruver i Ontario skal ha vore dei første som brukte diamantbor og trykkluftsbor. I løpet av første halvdel av 1900-talet utvikla Canada seg til ein verdsleiande produsent av ei rekke mineral, som gull, sølv, koppar, bly, sink, nikkel og uran/radium. Utviklinga heldt fram etter andre verdskrigen og blei utvida med bl.a. kaliumkarbonat (pottaske), asbest, molybden, gips, diamantar og platina. Med utviklinga av gruvedrifta følgde også etablering av smelteverk og anna foredling, samt kraftig utbygging av vasskraft.

Del av koloniseringa

Utnyttinga av mineralrikdomane har frå 1500-talet til i dag vore uløyselig knytta til koloniseringsprosessen. Det var aldri kolonisering av folketomt land, men erobringa av land frå urfolka. Urfolka blei pressa til å inngå ei rekke traktatar, der dei måtte gi avkall på meir og meir av områda sine. Urfolka har vore utsett for hardhendt språklig og kulturell assimilering, bl.a. gjennom internatskolar.

I motsetning til USA, der koloniane i 1776 reiv seg laus frå kolonimakta, skjedde opprettinga av staten Canada i samråd med den britiske krona, og blei vedtatt i det britiske parlamentet i 1867. Til gjengjeld braut Canada aldri banda til Storbritannia heilt, og er framleis formelt eit monarki med Elisabeth II som statsoverhovud. Staten besto frå starten av bare fire provinsar, men fleire slutta seg til etter kvart.

Koloniseringsprosessen er enno ikkje avslutta. Framleis er det store område langt nord i Canada der urfolka er i fleirtal, men der det er store mineralrikdommar som trekker gruveselskap og kolonistar med europeisk bakgrunn.

Idle No More

Stopp øydelegginga. Frå ein av mange demonstrasjonar mot utvinning av tjæresand.
(Foto: Laura Whitney / Wikipedia)

«Indianarkrigar» har ikkje vore bare i USA, men og i høg grad i Canada. Gjennom heile koloniseringa har urfolk sett seg til motverge mot inntrenging og mineralutvinning i områda deira. Kampen om kontrollen over landet, herunder retten til å starte eller hindre gruver, har pågått med våpen eller med demonstrasjonar og rettsaker i fleire hundre år. Eit forsøk på ei liste over dei ville sprenge denne boka.[10]

Eit ferskt eksempel er Kellys Mountain på Nova Scotia, som er eit heilag område for Mikmaq-folket. Der var det på 1980-tallet planlagt eit stort steinbrot, som blei stoppa på grunn av protestar. No er planen kome opp igjen og det skal takast ut heile 2 milliardar tonn pukkstein. Her var store protestaksjonar i 2017.

Ei av dei største masserørslene til urfolk i kanadisk historie er Idle No More, som arbeider for urfolksrettar og mot naturinngrep både i USA og Canada. Dei har bl.a. drive kampanjar til støtte for Klabona Keepers og Secwepemc-folket i British Columbia, som har kjempa mot gruveselskapet med det talande namnet Imperial Metals. Dette selskapet driv to store dagbrot etter gull og koppar, Red Chris og Mount Polley.

Verdas største rehabilitering etter gruve?

Gullgruva med namnet «Giant Mine» levde virkelig opp til namnet. Her blei det frå 1948 til 2004 tatt ut 220 tonn gull, noko som skulle tilseie omlag 50 millionar tonn avgang. Gruva ligg i Yellowknife i North West Territories, på Dene-folket sitt land. Gullmalmen inneheldt mye arsen, som forureina både luft, vatn og jord. Gruveområdet blei eit av dei mest giftige som menneske har skapt, der det no er lagra omlag 237000 tonn arsenhaldig støv under jorda. [11]

Gruva blei og kjent for ein lang og bitter streik i 1992, etter at gruveselskapet ville sette ned lønna grunna med sviktande gullprisar. Det endte med at ni streikebrytarar blei drepne i ein eksplosjon forårsaka av ein fagorganisert arbeidar. Han blei dømt til livsvarig fengsel, og samtidig nytta gruveselskapet og styresmaktene situasjonen til overvaking og forfølging av fagforeininga. Streiken kløyvde lokalsamfunnet slik at det var vanskelig å leve i lag etterpå.[12]

Da gruva blei lagt ned, blei det starta arbeid med å reinske opp og sikre gruveområdet. Dei gruveselskapa som etter tur hadde tatt ut store pengar her hadde i mellomtida seld seg ut eller gått høvelig konkurs, og ansvaret måtte den kanadiske staten ta. Etter kvart blei det til eit gigantisk «Remediation Project», trulig det største som nokon gong er sett i gang. Det vil enno vare i 10–20 år framover og er berekna å koste omlag 1 mrd. kanadiske dollar. Det største problemet er arsenikk. Dette er dødelig sjølv i små dosar, er lukt- og smaklaust ot vassløselig.[13]

Kapital, børs og stat, på heime- og bortebane

Canadiske gruveselskap er over så godt som heile verda
(Kjelde: Facts and Figures 2018, Mining Association of Canada)

Sentrale gruveaktivitetar i Canada
(Kjelde: Facts and Figures 2018, Mining association of Canada)

Den kanadiske staten har heile tida gitt full støtte til gruveselskap, både innanlands og utanlands:
«Canada skil seg ut som ein juridisk og økonomisk fristad som vernar gruveindustrien sin frå dei politiske og juridiske konsekvensane av den ekstraterritoriale verksemda si ved å tilby ei laus innanriks reguleringsstruktur som landet søker å eksportere gjennom internasjonale organ, diplomatiske kanalar og" økonomiske utviklingsprosjekt".»[13a]
Eit sentralt ledd i alliansen mellom stat og mineralnæring er børsen i Toronto, som er verdas suverent største gruvebørs. I tida 2007–11 forsynte denne den internasjonala mineralnæringa med ein tredel av all kapital, omlag 220 mrd. $. Ein børs skal i utgangspunktet vere ein stad for investeringar i produktiv verksemd, men etter kvart har det blitt meir og meir spekulasjon. I denne utviklinga har Toronto-børsen gått i første rekke: «Sidan det nittande hundreåret har kanadiske børsar basert kapitalisering av aksjar på finansiell spekulasjon snarare enn på realøkonomien, finansinstitusjoner har blitt avleidd frå det opphavelige målet sitt om skaffe kapital.»[13b]

Den kanadiske staten sin innsats for å verne og støtte gruvekapitalen er for det første minimalt med skattar og avgifter, minimalt med miljøkrav og minimalt med kontroll med gruvebørsen og med pengeoverføringar mellom inn og utland. Staten har ingenting i mot at gruveselskapa nyttar seg av skatteparadis bl.a. på karibiske øyer, men har derimot i lag med kanadiske bankar bidratt aktivt til å opprette og oppretthalde dette. Når kanadiske selskap investerer i utlandet, kan dei vere trygge på å ha den kanadiske staten i ryggen. Heile det diplomatiske apparatet står til teneste for kanadiske selskap sine utanlandsinvesteringar, og staten vil aldri anklage dei for dei brotsverka som selskapa måtte gjøre i utlandet. Ikkje nok med det. Canada og kanadiske selskap arbeider også aktivt for at andre land skal innføre regelverk som er like fordelaktige for gruveselskapa som det er i Canada.

Kvifor er kanadiske politikarar så ivrige etter å støtte gruveselskapa, når desse nesten ikkje betaler skatt til staten? Eg stilte dette spørsmålet til ein av forfattarane av Imperial Canada Inc., Alain Deneault. Han meinte dette er eit paradoks, men lurte på om forklaringa kan vere at dei faktisk ikkje bryr seg om si eiga befolkning, bare om gruveindustrien. Mange leiande politikarar har kome frå gruveselskapa og/eller gått dit når dei har avslutta si politiske karriere, fortel han. Det er så samanvevd at dei ikkje skiljer mellom staten og selskapa sine interesser. Her er det ingen forskjell på dei to store partia i Canada, seier han, dei er like mye knytt til gruvekapitalen. Om ikkje selskapa sjølve betaler særlig skatt, får staten likevel inntekter gjennom alle som er tilsette i mineralnæringa, frå gruvearbeidarar til geologar og konsulentar.[13c]

Det har gått 7 år frå Imperial Canada Inc. kom ut til eg skriv dette. På spørsmål om kva som har endra seg i denne tida, svarar Deneault: – Ingenting. Den kanadiske regjeringa stør framleis fullt opp om kanadiske selskap sine herjingar rundt i verda og brukar heile sitt diplomatiske nettverk til dette. Om noko er endra må det vere at fleire har blitt merksame på og kritiske til at dette skjer. Det er likevel mange hinder for å nå ut med kritikk, eit av dei er trugsmål om erstatningskrav. Gruveselskap som blir fornærma av kritikken, og som kanskje kan finne nokre mindre faktafeil å hakke på, har nær sagt ubegrensa tilgang på kapital, mens kritiske medier og forfattarar ikkje har dette. Slik klarte to gruveselskap under trugsmål om til saman 11 mill. $ i erstatning å få stansa salet av boka Noir Canada, ein slags franskspråklig forgjengar for Imperial Canada Inc.

Protestar verda rundt

Barrick Gold er eit av dei største kanadiske gruveselskapa og opererer over heile verda. Selskapet står for så mange brotsverk at dei har fått ein eigen protestaksjon, protestbarrick.org. I Papua New Guinea har mange kvinner blitt valdtatt av sikkerhetspersonell frå selskapet, og i april 2019 blei det aksjonert for dei ved Barrick Gold si generalforsamling i Toronto.
(Plakat: Protest Barrick)

Da Canadas statsminister Stephen Harper i 2012 besøkte Filippinene, blei han møtt med protestar mot skadene som kanadiske gruveselskap gjør der.
(Kjelde: http://www.cpcml.ca/Tmld2013/D43035.htm)

Kanadiske gruveselskap er ikkje bare drivande i å få i gang mineralutvinning over heile verda, men også i å utvikle bærekraftig drift. I alle fall etter eige utsagn.[14] Ikkje alle er samde i det og Imperial Canada Inc. skildrar dette slik: «Ei stor mengde med bønder, urfolk og andre innbyggarar i land rundt om i verda er sinte på handlingar frå kanadisk-baserte gruveselskap. Det er ikkje lenger uvanlig å sjå at det kanadiske flagget blir brent eller håna under offentlige demonstrasjonar i Sør-Asia, Afrika eller Latin-Amerika. Gruvekonsern, ofte kanadiske, seiast å ha bidratt på ein eller annan måte til konfliktar som har ført millionar av menneske i fare og har ført til dødsfall, systematisk voldtekt, tvangsrekruttering av barnesoldatar og legionar av flyktningar.»[14a] Etter å ha lese boka må eg bare konstantere at forfattarane har svært god dokumentasjon bak desse harde orda.

I Latin-Amerika har kanadiske selskap svært store interesser, og det er eit utal eksempel på at prosjekta deira blir gjennomførte ved hjelp av vald mot lokalbefolkning og andre motstandarar av gruvene deira. I 2016 kom ein rapport om vald i samband med kanadiske gruveprosjekt i perioden 2000 – 15.[14b] Rapporten viste at det blei utøvd vald ved 35 kanadiske prosjekt i 15 land, med til saman 44 drepne, 403 skadde og 537 arresterte/dømte. Dette ramma både lokalsamfunnsleiarar, miljøaktivistar og familiane deira, journalistar, samt politi og gruvetilsette som blei ramma i samanstøt. Rapporten konkluderte med at gruveselskapa ser vald som ein akseptert del av det å gjøre forretningar.

For ofra for vald, eller dei etterlatte etter dei, er det svært vanskelig å få straffa dei skuldige. I 2007 valdtok sikkerheitsvakter ved nikkelgruva Fenix i Guatemala 11 kvinner og drepte og skada folk som protesterte mot at dei blei fordrive frå området gruveselskapet hadde sikra seg.[15] I 2011 gikk valdtatte og etterlatte Maya-kvinner til sak for kanadisk domstol, men først i 2017 blei det akseptert at dei fikk reise sak for kanadisk domstol, og i skrivande stund i 2019 har det enno ikkje kome nokon endelig dom.Derimot har det i 2019 falt dom i ei anna viktig sak, der eit kanadisk gruveselskap for første gong er dømt ved ein domstol i Canada for menneskerettsbrot gjort i eit anna land. Det gjeld selskapet Tahoe Resources som i 2013 skaut mot demonstrantar som var samla ved selskapet si gruve i Guatemala. Omlag 20 demonstrantar blei skadde.

Canada i Noreg, Noreg i Canada

Også i Noreg har det dukka opp ei rekke kanadiske prospekteringsselskap. Mest kjent er trulig Dalradian, som i 2011 kjøpte opp Norwegian Mineral Group, som da hadde sikra seg leiterettar på 5 % av arealet av Noreg og heile 25 % av Finnmark. Bak denne handelen sto spekulanten Bernt Stilluf Karlsen i Bærum. Etter eit par år med overflateundersøkingar, gav Dalradian opp, for å konsentrere seg om gullutvinning i Irland. Dalradian leverte etter regelverket funna sine til Direktoratet for Mineralforvaltning. Da mineralprisane igjen gikk opp, henta så Stilluf Karlsen sitt selskap GoSiLi ut denne informasjonen som grunnlag for å søke utvinningsløyve på områda med dei beste funna.

Ei rekke andre kanadiske prospekteringsselskap er eller har vore inne i mineralleiting i Noreg, her kan bare nemnast eit lite utval:

Det er ikkje bare den kanadiske staten som stør opp om eigne utanlandsinvesteringar, det gjør også den norske. For å sitere den norske ambassadøren i Canada:
«Noreg og Canada har eit sterkt handels- og investeringsforhold som er bygd på komplementære ressursar, tilsvarande utviklingsnivå og felles interesser og verdiar. Noreg sine investeringar i Canada støttar kanadisk BNP og jobbar, og norske investeringar forsyner Canada sin økonomi med ettertrakta kapital.»[20]

Oljefondet har investeringar i kanadiske selskap for minst 5 mrd. $. Her er nokre av dei kanadiske gruveselskapa dei har investert i med eksempel på kva slags gruver og kor:

Ikkje bare Oljefondet, men også andre norske fond har investert i kanadiskeide gruver, bl.a. KLP – Kommmunal Landspensjonskasse.

Innovasjon Norge har eige kontor i Toronto, og skryt på sine nettsider av at Canada ifølge finanstidsskriftet Forbes er det beste landet å investere i.[25] Best for kven?

Ecuador – «The next great mining frontier»?

Gruveindustrien i Ecuador var i 2017 forventa å vakse til det 8-dobbelte fram til 2021. Her visast dei viktigaste nye gruveprosjekta.
(Frå presentasjon som den ecuadorianske gruveministeren heldt på mineralkonferansen PDAC i Canada 2017.)

Begge dei to mest omstridde gruveprosjekta i Noreg i dag har opphav i mineralleiting i Ecuador. Nordic Mining er ein avleggar av selskapet Ecuanor, oppretta for å leite gull i Ecuador. I Kvalsund hadde det multinasjonale norskeigde gruveselskapet Wega Mining utvinningsløyve for det tidligare gruveområdet på Ulveryggen, til dei overførte dette til Nussir i 2010. Wega Mining har og operert i Ecuador, der dei har hatt tretten gruvelisensar. Den norske geologen Tore Birkeland har vore innblanda i begge selskapa si leiting i Ecuador.[26]

Gull før Inkariket

Ecuador ligg som namnet seier, på Ekvator, på nordvestsida av Sør-Amerika, er litt mindre enn Noreg og har omlag 17 mill. innbyggarar. Fleirtalet reknast som mestisar, dvs. blanding av urfolk og europeiske kolonistar. Kor stor prosent som blir rekna som urfolk er ganske uklart, eg har sett tal frå 7 til 30 %. Landet går frå havet opp til omlag 6300 meters høgde og det høgaste fjellet i landet, Chimborazo, er jordklodens høgaste punkt, om ein måler frå sentrum i kloden. Austlige delar av landet er dekka av regnskog.

I det området som no er staten Ecuador, har det vore drive gullutvinning sidan før inkariket, dvs. sidan før 1200-talet. Dei spanske kolonistane heldt fram gullutvinnninga i gruver og lausmassar, men etter at landet blei sjølvstendig tidlig på 1800-talet blei det stopp fram til første halvdel av 1900-talet, da det USA-eigde South American Development Company tok ut gull og sølv i stor stil. Frå andre verdskrigen blei det og drive på koppar, sink og bly, men det varte ikkje så lenge.

Dei politiske forholda i Ecuador har vore svært skiftande, og vilkåra har variert fram og tilbake både for småskala drift og for storskala drift med internasjonal kapital. Liksom i Noreg har økonomien i Ecuador dei siste 40-50 åra i stor grad vore basert på oljeutvinning. Også her er denne i tilbakegang, og styresmaktene satsar på at mineralutvinning skal bli «den nye olja».

Småskala gullutvinning

Småskala gullutvinning er svært utbreidd, og har auka kraftig frå 1970-talet. Omlag 100000 arbeidarar er engasjert i denne utvinninga, som står for mesteparten av gullutvinninga i landet. Ei berekning gjort i 2001 sa at av desse var det omlag 3000 barn og 3000 kvinner[27], men desse tala er svært usikre. Denne drifta er svært dårlig regulert og kontrollert, både i forhold til arbeidsmiljø, utslepp og økonomi. Det blir brukt dels kvikksølv, dels cyanid for å skilje ut gullet. Begge delar er svært giftig og spreier seg til både luft, vatn og jord. Det er i seinare år gjort ei rekke undersøkingar som viser at nokre område er svært forgifta og helsefarlige både for gruvearbeidarar og anna lokalbefolkning. Blant anna er det mange lokalsamfunn langs Amazonas som i stor grad lever av fisk og som blir kvikksølvforgifta.[28] [29]Også ei rekke skadelige tungmetall blir spreidd til vatn og jord frå desse gruvene.

«Under-explored with Great Mining Potential»

Fruta del Norte, der Lundin Gold held på å starte opp gullgruve. Bildet er tatt august 2019.
(Foto: Lundin Gold)

Slik omtaler det kanadiske gruveselskapet Alicant Mining Corp Ecuador og nabolandet Colombia. Mens Colombia har ganske stor mineralutvinning, har det i Ecuador så langt vore relativt lite gruver med stordrift. Det er no i ferd med å endre seg og store delar av den internasjonale gruvekapitalen står klar til å kaste seg over verdiane her. Knapt noko land i verda står oppe i ein slik eksplosiv vekst innafor mineralutvinning. Ein rapport frå 2017 snakkar om 8-dobling av mineralutvinninga i Ecuador fram til 2021. Sjølv om dette kan vere noko overdrive, er det ikkje tvil om at veksten er enorm, og det er òg skadeverknadane for naturmangfaldet og dei som i dag lever i og av naturen.

I 1985 kom ei ny lov som gjorde det lettare for utanlandsk kapital å starte gruver, og da auka interessa, særlig for gull. Dei store internasjonale selskapa fikk etter denne lova nærast frie hender, og raserte mye natur og tok utbyttet ut av landet. Det førte til at den da nyvalde presidenten i 2008 fann det nødvendig med ei opprydding, og suspenderte alle lisensar for eit halvt år, til store protestar frå dei internasjonale gruveselskapa. Deretter blei det vedtatt ei minerallov som sette strengare krav til utanlandske investeringar. Gruveselskap som ikkje fikk alt som dei ville, nølte ikkje med å gå til sak mot den ecuadorianske staten, i det dei viste til ein bilateral investeringsavtale mellom Ecuador og Canada. I nokre tilfelle blei Ecuador dømt til å betale erstatning til gruveselskap, noko som kan ha bidratt til at staten så seg nøydd å gi opp den restriktive linja.[31]

Gruveselskapa sin organisasjon Chamber of Mines Ecuador har karakterisert lova slik: «Frå 2008 hadde Ecuador ein overlag aggressiv politikk mot gruvedrift. • Gruvelova frå 2009 innebar svært høge skattesatsar og overregulering. • Aggressiv ressursnasjonalisme. • Resultat: Flukt frå gruvedrifta og låg investering. • Fraser-undersøking: Nest verste jurisdiksjon i 2008 og verste i 2013." I 2013 snudde så styresmaktene sin gruvepolitikk, og opna igjen døra for utanlandsk kapital. Den kanadiske kapitalens utgreiingsinstitutt Fraser jubla og skreiv i 2015: «Ecuador opplevde den største forbetringa i Latin-Amerika og Karibia i år.» Eit av dei mange kanadiske gruveselskapa karakteriserte denne utviklinga slik: «Tilbake som eit land med muligheiter.» [31]

Blant medlemmane i Chamber of Mines Ecuador finn vi eit 40-tals selskap, dei fleste ser ut å vere utanlandske. Kanadiske dominerer, men det er også blant anna svenske og kinesiske. Det einaste norske selskapet som har vore med er for lengst oppkjøpt og ute av bildet. Noreg er bare indirekte med gjennom Oljefondet sine investeringar i ei rekke av desse selskapa. Kammeret presenterer seg slik: «We stand for private, sustainable and responsible mining». Det har regna ut at det i Ecuador skal vere mineralverdiar for omlag 2000 mrd. NOK, altså ikkje så langt frå det NGU meiner det finst i Noreg.

Blant selskapa som har vore inne her er altså norske Ecuanor og Wega Mining, svensk-kanadiske Lundin, kanadiske Gold Group, Alicant Mining Corp, Copper Mesa Mining Corporation, Iamgold, INV Metals, Corriente Resources, Toachi Mining, Lumina Gold Corp, Salazar Resources, Cornerstone og Kinross Gold, australske SolGold og kinesiske Tongling.

Det største gullgruveprosjektet i Ecuador er Fruto del Norte, og eigar her er Lundin Gold, som er omtalt i kapitlet om Sverige. Gullførekomsten blei oppdaga i 2006 og i 2014 kjøpte Lundin det frå kanadiske Kinross Gold. Konstruksjonarbeidet er no i nesten ferdig, og dei reknar med å ta ut første gull i slutten av 2019 og full kommersiell drift frå 2020. Det er eit av verdas aller største gullgruveprosjekt og investeringa er berekna til omlag 10 mrd. kr.

Kriminalisering av motstand

Ein av mange demonstrasjonar mot gruvedrift i Ecuador som blir møtt med politi
(Foto: noalamina.org)

Representantar for urfolk gikk 600 km til Quito for å protestere mot gruver.)
(Foto: Kimberley Brown / Al Jazeera)

Ecuador har siste tiåret vore styrt av sosialdemokratar. Frå å starte med ei restriktiv linje overfor mineralutvinning snudde dei raskt til å legge alt til rette for internasjonale gruveselskap. Den førre presidenten hadde store visjonar for sitt program Bueno Vinir eller Det Gode Liv, og her er utbygginga av mineralnæringa ein sentral del. Han har blant anna uttalt: «Alle er mot øydelegging av natur, men dersom utviklinga vår avheng av det .... vil han bli utnytta». Han sa også at det vil bli «nulltoleranse for alle som prøvar å sette i gang streikar eller lage kaos». Folket i Ecuador har fått oppleve at staten har følgt opp desse orda.

Når urfolk, bønder og naturvernarar protesterer mot naturrasering, så stiller staten opp med politi og militære for å slå ned motstanden. Mange historier fortel om vald, kidnapping, tåregass, gummikuler og drap. Motstandarar av gruveplanane blir framstilt som terroristar i media og av politikarar.

Motstanden har både retta seg mot konkrete gruveprosjekt og meir prinsipielt, som at urfolksorganisasjonar har protestert mot minerallova og hevda at denne er mot grunnlova.[32] Grunnlova seier nemlig at land ikkje må takast frå urfolk utan at dei har gitt fritt og informert løyve, men dette har stadig blitt brote både i forhold til olje- og mineralutvinning. I 2012 gikk urfolk i ein to vekers marsj i protest mot gruveetableringane, og i 2016 blei det erklært unnatakstilstand etter at folk frå Shuar-folket (også kalla Jivaro) hadde gått til fleire åtak på gruveanlegg under utbygging.

I 2012 lanserte regjeringa at det skulle satsast på fire megaprosjekt innafor mineralutvinning. Eit av desse er i Kimsakocha. Her har regjeringa utan godkjenning av lokalbefolkninga gitt løyve til det kanadiske selskapet Iamgold. Dei borar og planlegg gruve i eit område som omlag 2000 bønder bruker, av dei mange som hører til urfolk. Bøndene har allereie merka skadar ved boringa, som øydelegging av grunnvatn, redusert vegetasjon og erosjon. Allereie i 2007 protesterte dei og under demonstrasjonar i 2009 og 2010 blei mange arrestert og politiet gikk laus på demonstrantane. Nokre av leiarane blei først dømt til eitt års fengsel, men straffa blei seinare redusert. i 2011 arrangerte dei ei lokal folkerøysting som ga 92 % mot gruve. Bøndene har klaga saka til FN sin komite for økonomiske, sosiale og politiske rettar. Det hører med til saka at det svenske pensjonsfondet har ein stor aksjeandel i Iamgold.

På Iamgold si nettside kan vi lese: «Null Skade er visjonen som styrer alle operasjonar og aktivitetar som blir gjennomført av Iamgold. Det er vår forplikting til kontinuerlig å streve etter å nå dei høgaste standardar innan helse og tryggleik, minimere miljøpåverknad og samarbeide med vertssamfunna.»[32a]

Demonstrasjon mot den kinesiskeigde Mirador-gruva, Quito, 2014
(Kjelde: Jacobin.org)

I 2008 hadde det norske tidsskriftet Folkevett ei reportasje frå Zamora Chinchipe søraust i Ecuador, der det kanadiske gruveselskapet Corriente Resources da planla eit gigantisk dagbrot etter koppar og andre mineral. Ein representant i det lokale parlamentet fortalte der at han hadde blitt kidnappa av soldater som beskyttet gruveselskapene. I 2010 blei Corriente Resources kjøpt opp at eit kinesisk statsselskap og i 2012 fikk dette konsesjon av regjeringa i Ecuador. Gruva er planlagt som seks store dagbrot. Dette er eit område med svært stor biodiversitet, og delar av det er i prinsippet verna, men utan at det har hindra gruveløyvet, Gruva vil føre med seg at fleire urfolkssamfunn vil bli tvangsflytta, dyreartar kan bli utrydda og det vil bli forureining nedover Amazonas. Blant dei som blir ramma er Shuar-folket, som er eit av folkeslaga som har klart å halde best på eige kultur heilt sidan før den spanske invasjonen.

Prosjektet, som kallast for Mirador, er eit av dei største unytta kjente kopparressursane i verda. Det vil bli den største gruva i Ecuador, og er gigantisk også sett i verdsmålestokk. Det er registrert ressursar på omlag 660 millionar tonn kopparmalm, eller omlag 9 gongar det som er funne av Nussir ASA i Kvalsund. Kopparinnhaldet er på knappet 0,6 %, det vil altså bli omlag 650 millionar tonn avgang.

Miljøorganisasjonar har klaga over at det ikkje er gjort konsekvensutgreiingar for miljø og sosiale verknadar, og hevdar det er i strid både med nasjonale og internasjonale lover, samt prinsipp for kinesiske utanlandsinvesteringar.

Dette kontroversielle prosjektet har ført til ei rekke protestar. I 2012 gikk ei gruppe kvinner inn i den kinesiske ambassaden for å levere eit brev til ambassadøren om at Kina må avvise prosjektet. Da blei politi sett inn for å fjerne dei med makt.

Konstruksjonsarbeidet starta i 2015, og familiar som budde i vegen blei bare jaga ut av husa sine, som så blei jamna med jorda.[33] Ein tidligare viseminister for gruver, som no var tilsett i gruveselskapet, hevda at denne landsbyen aldri hadde eksistert. Menneskerettsorganisasjonar har laga ein eigen rapport om menneskerettsbrota bare ved denne gruva.[34]

I 2013 gikk menneskerettsgrupper og miljøorganisasjonar til sak mot regjeringa for brot på grunnlova, men domsstolen gav prosjektet medhald. Ein av miljøorganisasjonane bak klagen blei deretter forbode av regjeringa for å «skape splid og vald».

Gruveplanane har ført til bitter kløyving i mange lokalsamfunn. Alt dreier seg om ein er for eller mot gruver. Fattige bønder har blitt narra til å selge jorda for summar dei aldri før har vore i nærleiken av å ha, men utan at dei har forstått at dei etter det ikkje vil ha nokon stad å bu og ingen ting å leve av. I nokre område har gruva sine folk brent ned motstandarane sine hus, mens motstandarar har brent ned leirane til gruveselskapa.

Regjeringa forsøkte å stenge Shuar-folket sin radiostasjon, fordi dei hevda at denne oppfordra til sivil ulydnad.

Dei fleste gruveselskapa som opererer i Ecuador er kanadiske, og derfor har det blitt ein del av debatten korleis gruver blir drive i Kanada.Gruvetilhengarane i Ecuador framstiller gruvene i Canada som uproblematiske og hevdar at urfolka der støttar gruvene. Motstandarar har derfor fått kanadiske urfolk å komme til Ecuador for å fortelje si historie, som er ei heilt anna.[35]

Statlig gruveselskap

I Noreg har fleire politiske parti tatt til orde for oppretting av eit statlig gruveselskap, men så langt har det ikkje blitt noko av det. Det har det derimot i Ecuador, der regjeringa i 2010 oppretta statsselskapet ENAMI, som kan drive gruver sjølv, eller delta i joint ventures med private nasjonale og utanlandske selskap. Etter minerallova har ENAMI ein førsterett til utvinning i område der det ikkje er gitt konsesjonar til andre.

Ein oversikt over gruveprosjekt under planlegging viser at ENAMI har omlag halvparten av desse.

Brasil – Regnskograsering med norsk støtte

Hausten 2018 sjokkerte Brasil med å velge ein president som klart uttalte at regnskog og urfolk måtte vike for gruver og anna «økonomisk utvikling». Det er likevel bare ei legalisering av ei utvikling som har pågått lenge, også med støtte av norske selskap.

Brasil er ein av dei virkelige gigantane i verdas mineralutvinning. Dei er på førsteplass på niob, på tredje på jern og aluminium, femte på mangan og har stor utvinning av bl.a. gull, tinn, koppar, wolfram og fosfat. Gruvedrift er i lag med plantasjedrift etter bl.a. soya og eukalyptus dei største trugsmåla mot regnskogen i Amazonas og mot urfolka som lever der.[45]

Frå koloni til BRICS

Brasil er verdas femte største land, både i utstrekning og folketal, med over 208 mill. innbyggarar. Allereie i 1494, to år etter at Columbus «oppdaga» Amerika, delte Spania og Portugal verda mellom seg etter demarkasjonslinjer, som også skulle gjelde for landområde som enno ikkje var oppdaga eller utforska. Eit resultat av dette var at Portugal koloniserte landet som fikk namnet Brasil, etter brasiltreet som var ein av rikdomane kolonistane henta ut her. Brasil blei sjølvstendig i 1822. På 1500- og 1600-talet var sukker viktigaste produkt frå kolonien, på 1700-talet blei det gull og diamantar, seinare er dette supplert med bl.a. jern, aluminium og soya.

Som resultat av denne historia er portugisisk framleis statsspråket i Brasil. Innbyggarane er etterkomarar av ei rekke urfolk, slavar frå Afrika og kolonistar frå ei rekke land i Europa, derunder Noreg. Størstedelen av urfolka som budde her i førkolonial tid er utrydda eller assimilerte, og dei som har behalde identitet og kultur utgjør i lag bare omlag 1 % av befolkninga. Brasil har verdas største regnskog, som blir stadig mindre på grunn av rasering for plantasjar og gruvedrift.

Siste tiåret har Brasil vore medlem av BRICS, eit økonomisk samarbeid mellom Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika, store land med veksande økonomi som utgjør ei utfordring til dominansen til USA og EU.

Langvarig gullrush

I Noreg er ikkje det brasilianske gullrushet like kjent som dei som var lenger nord, men det starta tidligare og fikk på godt og vondt enno større betydning for mange menneske. Det starta rundt 1690 og omlag ein halv million slavar blei frakta frå dei portugisiske koloniane og andre stadar i Afrika for å arbeide med gullutvinning i Brasil. I tillegg kom det fleire hundre tusen frå Europa. Offisielt blei heile 850 tonn gull sendt til Portugal i løpet av 1700-talet, i tillegg kom alt som blei smugla og hamna i andre land og det som blei igjen i Brasil. Sjølve gullrushet gikk over rundt 1800, men blei ført vidare av større og meir stabile gruver. I 1830 starta det britisk-kontrollerte St. John d'el Rey Mining Company den største gullgruva i Latin-Amerika, som produserte gull i 125 år. Siste femti åra har vi igjen sett ei kraftig auke i gullutvinninga i Brasil, både av såkalla garimpeiros, folk som i store mengder drar innover i jungelen og leitar gull, og av internasjonale gruveselskap.

Koloss på leirføter

Det kanadiske selskapet Colossus Mining sikra seg i 2007 ein av dei største kjente gullførekomstane i Brasil, i Serra Pelada. I 2013 skreiv ein gruveanalytikar[36] ein jublande artikkel om Colossus og ein samarbeidspartnar undet tittelen: «2 Brazilian mines with enormous upside», der aksjespekulantar blei tilrådd å satse på dette selskapet som blei spådd ei svært lysande framtid.

Korleis står det så til med denne lysande framtida fem år seinare? Vi fann nettsida til selskapet, som har ei svært interessant analyse av Brasil som gruveland: «Som eit stort gruveland, har Brasil ei rekke ressursar av verdensklasse av gull, jernmalm, koppar, nikkel, mangan og bauxitt spreidd gjennom sine vide og varierte geologiske terreng. Frå byrjinga av 1800-tallet, under den portugisiske kolonitida fram til ut på 1800-tallet, var Brasil verdas leiande gullprodusent. Eit anna stort gullrush oppstod på 1970- og 1980-tallet da nye gruver i fast fjell blei etablert og produksjon til garimpeiro (uformelle gruvearbeidarar) frå lausmassar var utbreidd i Brasil. Ein arv frå denne koloniale og garimpeiro-aktiviteten har vore lokaliseringa av mange gullhaldige system, derav mange framleis ikkje er undersøkt. Ut frå landet sin gruvekultur, internasjonale standardar og gjennomført gruvelovgiving, samt stabil politisk og finansiell situasjon, er Brasil ein førsteklasses kandidat for investering i mineralutforskning for å realisere sitt synlige potensial. Sjølv om dei fleste av dei store multinasjonale mineralselskapa opererer i Brasil, er det relativt få juniorselskap involvert i brasiliansk leting.»[36a]

Når den politiske og økonomiske situasjonen i Brasil her blir karakterisert som stabil, kan dei som skriv dette ikkje kan vere særlig godt vant. Eller det er skrive bare for å tiltrekke investorar, utan vidare vurdering av sanningsgehalten.

På nettsida til selskapet virkar alt strålande, men ein liten detalj gjør at vi blir mistenkelige: All informasjon gjeld forhold fram til februar 2014, så er det stille.

Vi leitar derfor vidare og finn ein artikkel publisert i 2015 av Al Jazeera: Gold, greed and garimpeiros.[37] Dei hadde da besøkt området som skulle bli verdas største dagbrot i eit samarbeid mellom Colossus og småskala gullvaskarar, såkalla garimpeiros, og fann eit rasert område med tomme løfter: «Colossus Minerals, som starta konkursforhandlingar i fjor og er utelukka frå handel av kanadiske styresmakter, var ikkje tilgjengelig for kommentarar. Hovudaksjeeigaren, Sandstorm Gold, nekta å kommentere, det gjorde også restruktureringsagenten deira, KSV Advisory.»[37a]

Sandstorm Gold – kven er så det? Det er eit reint investeringsselskap, som ikkje sjølv driv gruvedrift, men skaffar kapital til gullutvinning. Selskapet presenterer seg slik: «In 2008, Nolan Watson and David Awram founded Sandstorm with a vision to reshape the mine finance landscape through royalty financing.» Kva det betyr å «reshape the mine finance landscape» er ikkje godt å seie, men dei har utvilsamt bidratt sterkt til at mange landskap i mange land har blitt «reshaped» til det ukjennelige og forgifta for overskodeleg framtid og vel så det. Sandstorm er engasjert i 185 prosjekt fordelt på alle verdsdelar, i Europa bare i tre gruveprosjekt i Nord-Sverige. Ikkje overraskande har selskapet hovudsete i Canada. Og når alt går galt, har dei ikkje noko ansvar.

Norske investeringar og naturrasering

Hydros anlegg for produksjon av aluminiumoksyd i Barcarena
(Kjelde: Latin-Amerikagruppene)

Det er vel kjent at den norske staten gir pengar til bevaring av regnskog i Brasil. Til saman er det brukt 8,3 milliardar kr. til dette. Mindre kjent er det at norske selskap, med velsigning av den norske regjeringa, driv storstilt rasering av regnskog i landet, og at dette har gitt store inntekter til den same staten.

Den mest kjente norske investoren i Brasil er vel skipsreiar Erling Lorentzen, som ved hjelp av godt forhold til det tidligare militærdiktaturet bygde opp eit enormt anlegg for celluloseproduksjon, basert på eukalyptusplantasjar som dekker eit område på størrelse med Vestfold. Dette er i stor grad tidligare regnskog, tatt frå indianarar med hjelp av militære styrker.[38] Dei som blei fråtatt områda sine har fleire gongar gått til aksjonar og okkupert delar av plantasjane, og dei har delvis fått medhald av retten. Dette har lenge vore ei pinlig sak for norske styresmakter og det norske kongehuset, ettersom Lorentzen var gift med prinsesse Ragnhild, søster av kong Harald. Brotsverka i Brasil har likevel ikkje vore til hinder for at Lorentzen har mottatt ei rekke norske ordenar. Så seint som i 2018 blei 95 år gamle Lorentzen hylla på den brasilianske ambassade i Oslo.[39]

Det neste norske selskapet som har gjort det stort i Brasil er Hydro. Dette norske, delvis statseigde, industrielle flaggskipet har lenge vore engasjert i aluminiumsproduksjon. Brasil er landet der Hydro har flest tilsette, over 5000, og dei har verksemder på heile 11 stadar, alt frå bauxittgruver til verdas største aluminaraffineri og produksjon av ferdige plater og profilar av aluminium.

Bauxittgruva i Paragominas blei starta av Vale, og oppkjøpt av Hydro i 2007. Det var da det største oppkjøpet eit norsk selskap nokon gong har gjort i utlandet. Til gjengjeld fikk Vale ein eigarandel i Hydro på 22 %. Det blir no tatt ut omlag 15 mill. tonn for året, av dette er 10 millionar tonn bauxitt. Gruva er starta med nedhogging av regnskog, og er ein av dei aller verste syndarane i regnskogsrasering. Der bauxitten blir tatt ut, blir først absolutt alt av vegetasjon fjerna i store område. Etter at uttaket er gjort, blir det gjort forsøk på planting av ny skog. Den norske zoologen Øystein Wiig har deltatt i eit forskingsprosjekt for å undersøke i kva grad det tidligare dyrelivet kjem tilbake i denne nye skogen. Konklusjonen er at nokre dyr, som tapir, kjem tilbake, men ikkje dei store rovdyra som jaguar og puma. I eit intervju med forskningsmagasinet Apollon blir han spurt om han trur denne forskinga kan påverke drifta, og svarar: «– Uansett resultatene vi kommer fram til, tror jeg ikke Hydro vil endre produksjonsplanene sine vesentlig. De har for lengst bestemt seg for hvor mye bauksitt de skal ta ut av regnskogen i Brasil.»[40] Nei, ingen ting tyder på at Hydro vil gi seg. For denne utvinninga er svært profitabel. Frå 2006 til 2017 er det betalt ut over 30 milliardar i aksjeutbytte og som storaksjonær har den norske staten tatt ut 11,5 milliardar av dette.

Bauxitten blir transportert i ei 244 km lang rørleidning til raffineriet i Barcarena.[41] Dette er eit gigantisk anlegg, trulig det største aluminaraffineriet i verda. Da raffineriet blei starta blei dei som budde der fordrive med makt, tilsaman godt over 1000 personar. Nokre har fått ei minimal erstatning, mens mange fikk inga erstatning da dei ikkje hadde papir på at dei eigde jorda og husa sine. Sidan har det gått rettssaker i mange instansar, men mange har enno ikkje fått erstatning for at heimane og jorda deira blei tatt frå dei rundt 1990. Avfallet frå raffineringa, såkalla «red mud» blir lagra i eit 50 m høgt deponi som no er så godt som fullt. Det gjør at når det er tørt blåser støv ut frå deponiet, når det er kraftig regnvær renn det over. I februar 2018 skjedde det alvorlige utslepp frå avgangsdeponiet. Etter å først ha nekta for utsleppet, måtte Hydro seinare innrømme det. Resultatet var at anlegget måtte gå for halv maskin og det har vore snakk om å stenge det heilt. Dei alvorlige miljøproblema ved både gruve og raffineri hindrar ikkje Hydro i å påstå at dei driv «med den beste miljø- og tryggingspraksis.»[42] I mai 2019 kom så meldinga om at Hydro igjen får drive anlegget for fullt.

For Hydro er det raude slammet bare eit avfallsprodukt. Andre stadar i verda pågår det arbeid med å utnytte dette til andre formål. Det er mye jern i dette, som bør kunne utvinnast, og det er og aktuelt å nytte det til bygningsmateriale.[43] Men Hydro synest ikkje å vere interessert.

I 2018 uttalte statsminister Erna Solberg: «Amazonas-regnskogen er verdens aller viktigste lunge. Utrolig viktig i kampen mot klimaendringene.»1 Det er likevel ingen tegn til at verken den norske eller den brasilianske regjeringa vil gjøre noe for å hindre at Hydro fortsetter å rasere denne regnskogen.

Tillegg 11.11.2019:
I november 2019, etter at denne boka var sendt til prenting, kom det fram i media at miljøvernaktivistar som har demonstrert mot forureininga frå Hydro sine anlegg har blitt drept, og andre truga på livet. Men Hydro fråskriv seg eit kvart ansvar. [43a]

Vale – ein brasiliansk gigant

Eit lite utsnitt av skadane da Samarcos dam braut saman i november 2015.
(Foto: Rogério Alves / Wikipedia)

Brumadinho-dammen rauk i januar 2019 og slik såg det ut etterpå.
(Foto: TV NBR / Wikipedia)

I motsetning til Noreg, som praktisk talt bare har utanlandsk kapital i gruvenæringa, har Brasil også eit stort nasjonalt gruveselskap. Vale eller Companhia Vale do Rio Doce, blei stifta i 1942 som statsselskap, men delprivatisert i 1997. Vale er verdas største produsent av jernmalm og nikkel, og produserer også bl.a. mangan, ferrolegeringar, koppar, bauxitt, platina, kol og kobolt. Selskapet driv ni vasskraftverk og eit rekke jernbanar, hamner og skip, deriblant verdas største tørrlasteskip på over 400.000 dvt som blir brukt til å frakte jernmalm til Asia. I tillegg til stor aktivitet i Brasil er Vale engasjert i minst 30 andre land.

Noko særlig godt rykte har ikkje selskapet. I ei avrøysting arrangert i 2012 om kva selskap som viser størst vanvørdnad for miljø og menneskerettar, kom Vale på førsteplass med 25.000 røyster. Eit av argumenta var at Vale står for bygginga av den gigantiske Belo Monte-dammen midt i regnskogen i Amazonas.

Vale har stor sans for politisk marknadsføring: «Vale is a global mining company with a mission to transform natural resources into prosperity and sustainable development». Dette sa dei i eit blad som kom ut i november 2015. Like etterpå skjedde ei av dei største dambrotskatastrofane som verda har sett ved Samarco-gruva, som Vale eig i lag med australsk-britiske BHP. 19 omkom, fleire landsbyar blei begravd og gruveslam blei skylt nedover elva i fleire hundre kilometers lengde. Gruva måtte stengast og har enno ikkje kome i gang igjen. Dei ansvarlige blei dømt til bøter tilsvarande nesten 2 mrd. kr, men har etter over tre år bare betalt inn 3–4 % av dette.

I januar 2019 kom det neste dambrotet, i Brumadinho, i ei gruve som er heileigd av Vale. Resultatet var enno verre enn førre gongen, med rundt 270 drepne og sakna. Denne katastrofen fikk også store økonomiske konsekvensar. 6 % av verdas tilførsel av jernmalm blei stansa, noko som igjen førte til ein kraftig auke i jernmalmprisen på verdsmarknaden. Aksjeverdien av Vale gikk brått ned med 25 %, men resten av jernutvinninga i verda har tent store pengar.

Før begge ulukkene hadde det kome sterke åtvaringar om at dammane var usikre, men Vale hadde avfeidd alt og sagt at alt var trygt. I mai 2019 kom meldinga om at enno ein dam står i fare for å briste og at omlag 500 menneske er evakuerte.

Oljefondet har store aksjepostar i både Vale (1,1 % av aksjane, 6,6 mrd. kr.) og BHP, og ingen ting tyder på at det etiske rådet til Oljefondet reagerer på framferda til desse selskapa. Tvert om. Etter kvart av dei store dambrota skreiv Naturvernforbundet til Oljefondet med krav om at Oljefondet skulle ta ansvar. Første gongen svarte dei ikkje, andre gongen svarte dei, men ga ikkje noko løfte om verken å ta ansvar eller trekke seg ut.

Både Storebrand og KLP har hatt aksjar i Vale, men trakk desse ut etter det andre dambrotet.

Heilt Kongo?

Mens vi i Noreg gjerne seier «heilt Texas» om noko som er kaotisk, seier ein i nokre land «heilt Kongo». Landet har ikkje fått det ryktet utan grunn. Årsakane kan ligge både innanlands og ikkje minst i utanlandsk innblanding gjennom kolonisering og nykolonisering. Mineralutvinning og internasjonale gruveselskap spelar ei stor rolle i at Kongo har blitt «heilt Kongo».

Den demokratiske republikken Kongo (Kongo-Kinshasa)[46], tidligare kjent som Belgisk Kongo og Zaïre, er eit av dei største landa i Afrika, med folketal på rundt 80 millionar og areal som 8 gongar Noreg. Det er eit av landa i verda som er rikast på verdfulle mineral, som koppar, kobolt, tantal, tinn, diamantar m.m. Utvinning av desse minerala har vore gjenstand for politisk strid i mange år.

Mineralkoloni

Force publique var den belgiske kolonimakta sin afrikanske hær. Den besto på det meste av 19000 afrikanske soldatar, kommanterte av 420 europeiske offiserar. Bildet er frå 1918.
(Foto: Ukjent / Wikipedia)

Shinkolobwe i Katanga har vore ei av dei viktigaste kjeldene for radium og uran. Mens Kongo enno var belgisk koloni kom store delar av verdas radiumproduksjon herfrå, under 2. verdskrigen leverte desse gruvene uran til dei første amerikanske atombombene. Bildet er frå 1940-talet.
(Foto: Ukjent / Wikipedia)

På 1800-talet sikra Belgia seg dette veldige området, og det blei lenge behandla som den belgiske kongen sin personlige eigedom. Under kong Leopold 2.s styre i Kongo, blei det drepe mellom 8 og 10 millionar kongolesarar, eit av dei aller største folkemorda i verdshistoria. Den kjende journalisten Henry Morton Stanley hadde ei sentral rolle i opprettinga av kolonien.

Den svensk-norske kongen belønna kong Leopold med Storkors av St.Olavs Orden. Christian Thams i Orkdal, mannen bak Løkken Grube-Aktiebolag, var i kompaniskap med Leopold, og var med på å skaffe nordmenn til å jobbe for han i Kongo, og skaffa arkitektar til nokre av Leopold sine byggeprosjekt i Belgia. Thams blei konsul for Kongo i 1906 og generalkonsul for Belgia året etter. Kong Leopold var aldri sjølv i Kongo, men han besøkte sin gode ven Thams i Orkdal i 1901. Internasjonalt blei det store protestar mot drapsregimet, og i 1908 måtte Leopold gi opp, og overlate drifta av Kongo til den belgiske staten. Terrorstyret blei da noko mindre ekstremt.

Avkolonisering og krig

I 1960 ga Belgia opp å halde på kolonien, som da blei ein formelt sjølvstendig stat. I samband med avkoloniseringa blei delstaten Katanga rive laus, noko som i stor grad var styrt av internasjonale gruveselskap. FNs generalsekretær Dag Hammarsköld forsøkte å mekle i striden, men omkom i ein flystyrt som det fortsatt blir spekulert i om USA og/eller Storbritannia sto bak. 1971–97 var landet styrt av diktatoren Mobutu, som hadde sterk støtte av USA. Gruvedrifta har vore sentral i gjentatte maktskifte og to borgarkrigar.

Langt sør i Katangaprovinsen er eit omlag 40 mil langt belte av uranhaldige mineral. Frå gruva i Shinkolobwe kom mesteparten av uranet som USA brukte til Hiroshimabomba. Bak leveringane sto det belgiske selskapet Union Miniere du Haut Katanga. Gruva ble offisielt stengt i 2004. Det er hevda at gruveområdet er strengt bevokta og forsegla, men folk som har vore der fortel at dette ikkje fungerer i praksis. Ulovlig utvinning har halde fram, uran blir smugla ut og det er uklart kor det hamnar. [46a]

Kobolt og barnearbeid

Frå kobolt- og wolframgruva Kailo i Kongo. Her arbeider heile familiane i lag, også barna.
(Foto: Julien Harneis / Wikipedia)

I seinare år har kobolt vore det mest etterspurde metallet frå Kongo, på grunn av bruk i elektronikk, særlig i batteri. Eit litiumbatteri for elbil kan bruke omlag 15 kilo kobolt, og prisane har stige veldig. Bak koboltutvinninga står bl.a. store internasjonale gruveselskap som engelsk/sveitsiske Glencore. Amnesty International har skulda fleire bil- og dataprodusentar for å nytte seg av kobolt frå gruver med barnearbeid. Det foregår blodige kampar i området og opprørsgrupper blir ofte finansiert av ulovlig salg av mineral.[47]

Ein stor del av mineralutvinninga i Kongo er småskala drift, der ofte heile familiar deltar i arbeidet med å grave ut gull, diamantar og kobolt. Dette arbeidet er i liten grad organisert og arbeidsforholda er oftast farlige. Gruvearbeidarane er utsette for ei rekke giftige stoff som kobolt, kadmium, arsenikk, bly og uran. I gruveområdet rundt byen Lubumbashi har befolkninga høgare konsentrasjonen av kobolt i kroppen enn det som er målt nokon annan stad på jorda. Mineral blir ofte smugla ut av landet. Mesteparten av minerala blir likevel utvinne i storskala drift i regi av internasjonale gruveselskap.

Kina på banen

Ei av gruvene til det kinesisk-kongolesiske selskapet Sicomine har forårsaka så alvorlig forureining at det blei skrive ein eigen rapport, med tittelen «The Sino-Congolaise des Mines facing the challenge of the Millennium – How Sicomines deprived communities of their rights after polluting the environment». Her er eit utsnitt av rapporten.
(Kjelde: Acrican Resource Watch)

Kina ga i 2007-08 Kongo lån på til saman 9 mrd. $ til utbygging av vegar og jernbane og til gruveinvesteringar. Til gjengjeld fikk da Kina rett til å ta ut opp til 10 mill. t. koppar og 420.000 t. kobolt over ei periode på 15 år. Investeringspakka omfattar bygging av vasskraftverk og flyplassar og er den største enkelte kinesiske investeringa i Afrika. Det er heller ikkje noko anna land eller finansieringsinstitusjon som har sett i gang eit så stort prosjekt.

Mye av den kinesiske gruvedrifta foregår gjennom selskapet Sicomines, der kinesiske interesser har vel 2/3 av aksjane. [47a]

Kongo i norsk gruvedebatt

I den siste tida har Kongo meir og meir blitt trekt inn i norsk gruvedebatt, og da som argument for at vi må ha fleire gruver i Noreg. Tankegangen er som så: Vi i Noreg brukar mye metall. Om vi ikkje utvinn desse sjølv, må vi importere dei frå Kongo, der dei blir produsert av fattige barn. Derfor er det vår moralske plikt å utvinne minerala her heime.

Om det er same minerala som det er snakk om i Noreg og Kongo, og om det har noko verknad for barna i Kongo om vi set i gang ei koppar eller rutilgruve i Noreg, det er det kanskje ikkje så nøye med. Om norske gruver vil ha nokon verknad på verdsmarknaden, vil det i såfall vere å bidra til å redusere prisane, noko som igjen vil bli brukt til å presse betalinga til gruvearbeidarane ned. Argumentet er likevel så verknadsfullt at det blir gjentatt av nesten alle som no kjempar for at søknadar om driftskonsesjonar i Noreg må bli innvilga.

Fredsprisvinnaren frå Kongo, Denis Mukwege, har sagt at den internasjonale industrien må ta ansvar for kor dei hentar råvarene sine frå. Dette blir no misbrukt i norsk gruvedebatt og vridd til eit argument for at vi må ha meir mineralutvinning i Noreg. .

Sør-Afrika – Gull, diamant og apartheid

I ein delstat i Sør-Afrika blir det no tatt ut heile 220 millionar tonn kol for året. (Dette er omlag 100 gongar meir enn kolproduksjonen til Store Norske på Svalbard var på det meste.) Samtidig er det under planlegging ei mengde nye gruver. Fra presentasjon på gruveseminar i Umeå 2016
(Foto: SL)

I Sør-Afrika var gull-, kol- og diamantgruver mye av maktbasisen til apartheidstyret (1948–94), og dei store internasjonale gruveselskapa støtta fullt opp om dette. Det var lenge ei internasjonal kampanje for boikott av rasiststaten, men Noreg var svært nølande til å slutte seg til denne. Årsaka var bl.a. at sør-afrikansk manganmalm var avgjørande for smelteverket i Sauda, mens andre bedrifter levde av å eksportere varer dit. Dette gjorde at Noreg først slutta seg til boikotten i 1987, og at denne var full av unnatak og derfor bare av symbolsk verdi. Også LO ville ha ein boikott med mange hol, av omsyn til norske arbeidsplassar.

Mineral ga innvandring

På 1600-talet byrja europearar, i første rekke nederlendarar og seinare engelskmenn, å slå seg ned i det sørlige Afrika, mens den opprinnelige befolkninga blei drept, jaga eller gjort til slavar eller underbetalte arbeidarar. Etter at ein i siste tredel av 1800-talet byrja å bli klar over mineralrikdommane tok innvandringa fatt for alvor. Frå 1867 fann ein diamantar og frå 1886 gull, i området som europearane hadde døypt Witwatersrand låg ein av verdas aller største gullførekomstar. Mineralrikdomane var ei viktig årsak til at strid mellom nederlandske/tyske og engelske kolonistar, bl.a. Boerkrigen 1899–1902. Ein av leiarane for denne krigen for gull og diamantar var forøvrig Robert Baden-Powell, som grunnlag speidarrørsla. Den sida av saka blei aldri fortalt om da eg var i speidaren, og blir det vel knapt i dag heller.

Sjølv om det var ei stor europeisk innvandring til Sør-Afrika, blei europearane aldri fleirtalsbefolkning der. Det svarte og «farga» fleirtalet blei halde nede med hard makt, og det blei bygd opp eit institusjonalisert raseskilje som blei berykta over heile verda. Dette hindra imidlertid ikkje den internasjonale mineralindustrien i å tene pengar her. Internasjonale selskap kom inn, og gruveselskap bygd opp av kvite sørafrikanarar kunne breie seg over heile verda og engasjere seg i mineralleiting over heile verda, bl.a. i Noreg.

Sjølv om apartheidsystemet blei avskaffa i 1994 og det formelle raseskiljet er slutt, driv dei same gruveselskapa i stor grad på som før. Gruvedriftsektoren er landets største industribransje med 460.000 direkte tilsette og ytterligare 400.000 i tilknytta verksemder.

Verdas djupaste gruver

Nokre gruver endrar landskapet for alltid. Denne diamantgruva blei starta i 1902 og her er funne både verdas største diamant på vel 600g og den dyraste diamanten, som blei omsett for over 35 mill. $.
(Foto: Paul Parsons / Wikipedia)

Dei rikaste gulleia i Sør-Afrika er langt på veg tømde, og landet har falt ned til åttande plass på lista over dei største gullprodusentane i verda. Derimot er Sør-Afrika den største på krom, mangan, platina og vanadium og blant dei største på titanmalm, palladium, zirkon, kol og jern.

Av dei ti gruvene i verda som er djupare enn 2500 m, er heile åtte sørafrikanske gullgruver. Den djupaste går heilt ned til 4000 m. På slike djup blir det veldig varmt, og arbeidarane må arbeide i temperaturar på 50–60oC.

Med slik enorm gruveverksemd er det klart det blir mye avgang, og mye forureining. Avgangen har blitt deponert i dammar, dårlig vedlikehald av desse har ført til avrenning, som alvorlig har påverka jordsmonn og vasskvalitet. Jorda blir svært sur og bare ein liten del av næringsstoffa kan utnyttast av planter. Giftige stoff som kobolt, nikkel og sink gjør det vanskelig å rehabilitere jordsmonnet. Resultatet er forsuring og oppsamling av giftstoff i grunnvatnet. Det er nødvendig med kalking og andre tiltak for å forsøke å få planteveksten tilbake.[48]

Harde kampar

Nonhle Mbuthuma kom frå Sør-Afrika til Sverige for å fortelle om kampen mot kolgruver. Her frå gruveseminar i Umeå 2016, arrangert av Naturskyddsföreningen og Samarnas riksförbund.
(Foto: SL)

I Xolobeni i Pondoland har det australske gruveselskapet Mineral Commodities planlagt ei stor titangruve. Dei har sikra seg eit område på 22 x 1,5 km, med reservar på 350 Mt med 5 % titan i form av ilmenitt og rutil. Lokalbefolkninga danna i 2007 Amadiba Crisis Committee[49] for å forsvare naturen og livsgrunnlaget for folk i området. Omlag 200 husstandar ville måtte flytte og det var stor usikkerheit omkring avgangsdammar. Gruva vil kunne forgifte eit marint verneområde og vil øydelegge turistnæringa i området. Det har vore ein svært hard kamp, og i 2016 blei ein aktivist drepen, utan at nokon blei tiltalt for mordet. Gruveselskapet sendte ein søknad om utvinningsrett i mars 2015, og skulle samme året ha ferdig konsekvensutgreiing. Denne har ikkje blitt ferdig fordi motstandarar har hindra tilgang. Gruveselskapet Mineral Commodities klagar over dette: «Men vald og trugsmål forhindra våre uavhengige konsulentar frå å få tilgang til området, og til dags dato har selskapet ikkje vore i stand til å gå vidare med den viktige konsekvensutgreiinga.»[50]

Mange stadar i Sør-Afrika har det vore og er stadig protestar mot kolgruver, som blir drive som store dagbrot, spreier støv, forureinar drikkevatn og fordriv bønder.

Verdas største gruveinvesteringsmesse

I Afrika er det mange land med masse mineral, dette kartet gir bare eit lite utdrag. Gruveinvesteringsmessa Mining Indaba er eit samlingspunkt for investorar frå heile verda som vil tene seg rike på Afrikas store ressursar og billige arbeidskraft.
(Illustrasjon: Al Jazeera)

Etter at raseskiljet blei oppheva og Sør-Afrika fikk demokratiske val, blei landet meir anerkjent internasjonalt, både av politikarar og investorar. Dette har opna for at det mektige gruvelandet også kan vere vertskap for store internasjonale gruvekonferansar og messer. Viktigast her er den årlige Mining Indaba, som «was started in 1995 as a post-apartheid event to reintroduce international mining companies and investors to the potential that existed in the South African mineral resources sector.» I 2019 kunne dei skryte av nesten 6200 deltakarar, 600 investorar, 1300 representantar frå gruveselskap, 38 ministrar og 2 presidentar. Den sørafrikanske presidenten har kasta glans over messa med å opne henne. Mining Indaba har nå vakse så stor at den neste, som skal haldast i februar 2020, blir annonsert som «The World’s largest mining investment event». Det er trulig noko overdrive, det er tvilsamt om dei slår kanadiske PDAC.

På Mining Indaba 2020 vil ein dag vere «Sustainable Development Day». Målsettinga er å sette folk, helse og tryggleik først, og oppnå «Zero Harm». Dagen er sponsa av Newmont Goldcorp, verdas største gullprodusent, som bl.a. har stått for sjødumping av 40–50 millionar tonn avgang årlig frå gruve i Indonesia. Eg finn ikkje ord.

Som alternativ til denne har forskjellige organisasjonar dei siste ti åra arrangert Alternative Mining Indaba, som regel samtidig med det offisielle arrangementet. Det alternative arrangementet tar opp saker som landrettar, forureining og helse i tilknyting til gruvedrift.

Fotnotar

[1] https://www.brainyquote.com/quotes/james_baldwin_138424
[2] «The hope of finding mineral treasure was one of the incentives that led the early colonists to America and they were quite diligent in searching for metals. All along the Atlantic Coast, almost immediately after the first settlements, discoveries were made of silver, lead, copper, iron, tin, antimony, coal, and other valuable minerals; but, they were found generally in small quantities; and, in competition with foreign production, the working of mines was frequently found unprofitable. Then, too, the presence and hostility of Indians made such enterprises dangerous.»
https://www.legendsofamerica.com/we-mininghistory/
[3] Lene Hammeren: I gullgravernes fotspor. https://www.hest.no/artikkel.html?news.nid=10044
[4] https://www.youtube.com/watch?v=VoOIB3_7bzU
https://www.youtube.com/watch?v=FwWWG0RB7B0
[5] https://ramumine.wordpress.com/2017/11/17/indigenous-people-in-california-petition-to-stop-mining-on-their-land/
[6] https://www.theguardian.com/us-news/2015/jul/21/native-americans-apache-copper-mine-protest-capitol-arizona
[7] http://edition.cnn.com/2017/09/22/politics/pebble-epa-bristol-bay-invs/index.html
[7a] «Minerals create the essential components of modern lives from lifesaving medical devices to renewable energy and national security technology.» ... «The Draft Environmental Impact Statement (DEIS) and evaluation of the proposed Pebble Mine assessed by the U.S. Army Corps of Engineers (USACE) is objective, professional and, most importantly, based on sound, expert science.»
[8] https://www.pebbleprojecteis.com/documents/eis
[9] Nærare omtalt i Gull, gråstein og grums 3.
[9a] «The Gold Rush caused a precipitous decline in the Native population»
[10] https://en.wikipedia.org/wiki/List_of_conflicts_in_Canada
[11] https://www.cbc.ca/news/canada/north/giant-mine-site-tour-2018-1.4834774
[12] https://www.thecanadianencyclopedia.ca/en/article/giant-mine-murders
[13] https://www.aadnc-aandc.gc.ca/eng/1100100027364/11001000273657
[13a] «Canada stands out as a juridical and financial haven that shelters its mining industry from the political and legal consequences of its extraterritorial activities by providing a lax domestic regulatory structure that it seeks to export through international agencies, diplomatic channels and ’economic development projects’.» Deneault/Sacher: Imperial Canada Inc. s. 2
[13b] «Since the nineteenth century, Canadian stock exchanges have based the capitalization of shares on financial speculation rather than on the real economy, diverting financial institutions from their original goal of raising capital.» Deneault/Sacher: Imperial Canada Inc. s. 9
[13b] Telefonsamtale med Alain Deneault, 09.07.2019
[14] http://mining.ca/towards-sustainable-mining
[14a] "A troubling number of farmers, indigenous people, and other citizens of countries around the world are angry about the actions of Canadian-based mining companies. It is no longer unusual to see the Canadian flag torched or disfigures during public demonstrations in South Asia, Africa or Latin America. ... Mining corporations, often Canadian, are said to have contributed in one way or another to conflicts that have placed millions of people in jeopardy and have lead to deaths, systematic rape, the forced recruitment of child soldiers and legions of refugees." Deneault/Sacher: Imperial Canada Inc. s. 9
[14b] The "Canada Brand": Violence and Canadian Mining Companies in Latin America.
[15] https://nowtoronto.com/news/toronto-mining-giant-hudbay-goes-on-trial-for-alleged-gang-r/
[16] https://www.nrk.no/trondelag/vil-tjene-penger-pa-ukjent-mineral-1.8244744
[17] http://www.eub.no/nyheter/gulljakt-i-eidsvoll
[18] https://norrametals.com/
[19] https://www.newswire.ca/news-releases/boreal-commences-exploration-programs-at-modum-cobalt-project-in-norway-686070911.html
[20] "Norway and Canada have a strong trade and investment relationship built on complementary resource endowments, similar levels of development, and shared interests and values. Norway's investment in Canada supports Canadian GDP and jobs, and Norwegian investments supply Canada's economy with much-needed capital.» https://www.huffingtonpost.ca/mona-elisabeth-brother/norway-canada-economic-relationship_b_8982868.html
[21] https://www.nrk.no/okonomi/oljefondet-investerer-i-diktatur-1.8287723
[22] https://www.nrk.no/sapmi/urfolk_-oljefondet-har-blod-pa-sine-hender-1.12309166
[23] https://www.aftenposten.no/norge/i/gW4J9/--Beskyldningene-er-grunnlose
[24] https://radikalportal.no/2013/06/18/vi-kjemper-for-vart-vann-var-skog-og-var-jord/
[25] https://www.innovasjonnorge.no/no/om/nyheter/2016/norske-bedrifter-inntar-canada/.
[26] https://www.geo365.no/geoprofilen/geolog-entreprenor-og-eventyrer/
[27] http://pubs.iied.org/pdfs/G00720.pdf
[28] https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0883292702000884
[29] https://link.springer.com/article/10.1007/s11270-012-1415-y
[30] https://link.springer.com/article/10.1007/s10393-015-1027-2
[31] https://www.iisd.org/itn/2016/12/12/ecuador-ordered-by-pca-tribunal-to-pay-24-million-to-canadian-mining-company-copper-mesa-mining-corporation-v-republic-of-ecuador-pca-2012-2/
[31a] «Starting in 2008, Ecuador had an overly aggressive policy towards mining. • Mining code of 2009 mandated very high tax rates and overregulation. • Aggressive resource nationalism. • Result: mining exodus and low investment.• Fraser survey: second worst jurisdiction in 2008 and worst in 2013. ... Ecuador experienced the largest improvement in Latin America and the Caribbean this year...” ... «Back as a land of opportunities.»
[32] http://upsidedownworld.org/archives/ecuador/ecuador-mining-and-the-right-of-way/
[32a] «Zero Harm is the vision that guides all operations and activities undertaken by IAMGOLD. It is our commitment to continually strive to reach the highest standards in human health and safety, minimize our impact on the environment, and work co-operatively with our host communities.»
[33] https://news.mongabay.com/2015/12/large-scale-copper-mine-project-in-ecuador-mired-in-allegations-of-abuse/
[34] https://www.fidh.org/IMG/pdf/Exec_Summary_Large-scale_Mining_Human_Righs_Ecuador-LD.pdf
[35] https://ideas.repec.org/p/rms/wpaper/059.html
[36] https://seekingalpha.com/
[36a] «A major mining country, Brazil has a number of world class deposits of gold, iron ore, copper, nickel, manganese and bauxite spread through its vast and varied geological terraines. From the beginning of the 18th century, during Portuguese Colonial times into the 19th century, Brazil was the World's leading gold producer. A second major gold rush occurred in the 1970s and 1980s when new hard rock mines were established and garimpeiro (informal miners) production from alluvial and regolithic souraces was widespread in Brazil. A legacy of this colonial and garimpeiro activity has been the location of numerous auriferous systems, many of which remain untested for their potential for hard rock gold resources. Given the country's mining culture, its international standards and transparently implemented mining code, stable political and fiscal situation, Brazil is a first rate candidate for investment in mineral exploration to realize its evident potential. Although most of the major multinational mineral companies are operating in Brazil, there are comparatively few junior companies involved in Brazilian exploration.»
[37] http://projects.aljazeera.com/2015/07/brazil-gold-mine/
[37a] Colossus Minerals, which entered insolvency proceedings last year and is banned from trading by Canadian authorities, could not be reached for comment. Its majority shareholder, Sandstorm Gold, declined to comment, as did its restructuring agent, KSV Advisory.
[38] https://www.nrk.no/dokumentar/kringsatt-av-fiender-1.6259557
[39] http://www.brazilchamber.no/blog/executive-dialogue-with-mr-erling-lorentzen
[40] https://forskning.no/dyreverden-miljoovervakning-miljopolitikk/jaguaren-unngar-den-nye-hydro-skogen-i-amazonas/1339916
[41] https://www.nrk.no/dokumentar/xl/norges-to-ansikter-i-regnskogen-1.14362780
https://www.nrk.no/dokumentar/regnskog-okkupant-motte-hydro-direktor-1.14342829
[42] https://www.hydro.com/no-NO/om-hydro/hydro-worldwide/south-america/brazil/paragominas/hydro-paragominas---bauxite-mine/
[42a] https://www.nrk.no/dokumentar/milliardutbytte-etter-odeleggelse-av-regnskog_-1.14369633>https://www.nrk.no/dokumentar/milliardutbytte-etter-odeleggelse-av-regnskog_-1.14369633
[43] https://www.tandfonline.com/doi/abs/10.1080/01496395.2018.1446984
[43a] https://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/i/rAO3VA/hydro-miljoe-og-doed-i-brasil
[44] https://ramumine.wordpress.com/2019/01/26/brazil-dam-collapse-hundreds-missing-after-another-mining-disaster/
[45] https://news.mongabay.com/2019/03/brazil-to-open-indigenous-reserves-to-mining-without-indigenous-consent/?fbclid=IwAR08F76RWfevgOXLNyKZOqgd4XKQ813sFYh7mescA5ucKjPSK7ERRtFDvqU
[46] Det er også eit anna land i Afrika med namnet Kongo. Den andre er Republikken Kongo, med hovedstaden Brazzaville, som er tidligere fransk koloni og er langt mindre i areal og innbyggartal. I denne boka skriv vi bare om mineralutvinninga i Den demokratiske republikken Kongo.
[46a] https://www.scientificamerican.com/article/a-radioactive-cut-that-will-not-stay-closed/> https://www.scientificamerican.com/article/a-radioactive-cut-that-will-not-stay-closed/
[47] Kilde: Artikkel av Gerhard Miksche. https://steigan.no/2017/11/27/blodbestankta-batterier/
[47a] https://goodelectronics.org/the-sino-congolaise-des-mines-facing-the-challenge-of-the-millennium
[48] T. Rösner, A.van Schalkwyk: The environmental impact of gold mine tailings footprints in the Johannesburg region, South Africa https://www.greenbiz.com/article/whats-left-wake-south-africas-abandoned-gold-mines
[49] http://aidc.org.za/partners/amadiba-crisis-comittee/
[50] However, violence and intimidation prevented our independent consultants from accessing the area, and to date the Company has not been able to move forward with the important environmental assessment. http://www.mineralcommodities.com/news/xolobeni-and-the-environment/


Til neste kapittel