Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

Polen – kol og koppar på godt og vondt

Sett frå Noreg forbind mange Polen med kolgruver, og ser for seg svært forureina landskap og gigantiske kolkraftverk som spyr ut CO2, SO2 og anna forureining. Det er ikkje heilt usant, men bare ein del av bildet. Det som ikkje er like kjent er at Noreg faktisk på fleire område har noko å lære av Polen innafor gruvedrift. På eine sida har Nussir-direktør Rushfeldt forlengst vore på studietur til polske koppargruver. På andre sida ser norske miljøvernarar opp til det polske systemet for avgifter på gruveavgang. Polen satsar stort på forsking og utdanning, med eigen høgskole for gruvedrift og metallurgi.

Det norske oljefondet er som kjent nesten overalt, så også i det største polske gruveselskapet KGHM. Så langt har vi ikkje sett polske investeringar i norske gruver, men det skal ikkje utelukkast, for KGHM har allereie kjøpt opp fleire gruver i andre land. Enno meir aktuelt er det nok med polske gruvearbeidarar i Noreg. Hittil har vi ikkje sett så mye av det, men trulig mest fordi her har vore svært lite nytilsettingar i norske gruver i tida etter at den norske arbeidsmarknaden blei opna for polakkar. Om føreliggande planar blir realiserte, kan dette vere høgst aktuelt, da Polen er det næraste landet som har overskot på erfarne gruvearbeidarar og ingeniørar.

Tradisjon og geologi

Polen sine gamle tradisjonar i jernframstilling er dokumentert av museet Muzeum Starożytnego Hutnictwa Mazowieckiego im Stefana Woydy i Pruszkœw nær Warszawa. Nederst er utstilt rester av omnar for jernsmelting. Over visast film om korleis ein bygger slike omnar.
(Foto: SL)

Polen er i dag eit av dei aller viktigaste gruvelanda i Europa og har lange tradisjonar i gruver og mineralutvinning.

Landet har fått endra grensene sine mange gongar gjennom historia, i periodar har det vore heilt delt mellom naboland, og store folkemengder har blitt flytta på i samanheng med grenseendringane. I denne samanheng ser vi på det geografiske området som utgjør staten Polen i dag, sjølv om gruvedrifta i nokre av dei viktigaste gruvedistrikta blei sett i gang da områda var under andre statar.

Geologisk kan Polen grovt delast i to. Den nordlige delen består i all hovudsak av lausmassar som kan vere opp til fleire hundre meter tjukke. Her har knapt vore gruvedrift i den forstand vi gjerne tenker på, der minerala blir tatt ut av fast fjell. Derimot har det vore graving i lausmassane etter rav, salt og brunkol. Lengst i sør finn vi derimot underjordsgruver i fast fjell, og nokre av desse kan vere svært djupe. I Polen finn vi levningar etter nokre av dei eldste gruvene som er kjent i Europa. Flintgruver i Krzemionki Opatowskie, omlag 15 mil sør for Warszawa, er datert til 3900–1600 f. Kr.[1]

I fleire område i Polen var det ei rik utvinning av jern allereie i romartida. Det gjeld bl.a. Mazowsze, området rundt Warszawa og Góry Świętokrzyskie litt lenger sør. Det seiast at produksjonen av våpen og reiskapar av jern her var avgjørande for at Romarriket aldri klarte å erobre noverande Polen.[2]

Saltgruver gjennom 800 år

Saltgruvene i Wieliczka har forlengst blitt ein av dei største turistattraksjonane i Polen. Denne brosjyra fikk eg da eg besøkte turistdelen av gruva i 1997. Bildet viser kyrkjerommet som er laga i eit av dei uthola gruveroma.

Frå gruvene i Wieliczka på 1640-tallet. (Gravert av Willem Hondius)
(Kjelde: Wieliczka ̣- Seven Centuries of Polish Salt)

Polen har svært lange tradisjonar for saltutvinning. Allereie for omlag 3000 år sidan tok ein ut salt frå saltkjelder, seinare har ein òg tatt ut salt i underjordsgruver. Saltgruvene i Wieliczka ved Kraków og Bochnia litt lenger aust var begge i drift frå 1200-talet til langt ut på 1900-tallet, Wieliczka heilt fram til 1996. Det er ikkje mange gruver i verda som har vore så lenge i kontinuerlig drift. Gruva i Wieliczka er på ni nivå med 300 km gangar, og strekker seg heilt til 327 meter under bakkenivå. Denne gruva har ein lang tradisjon med turisme og var eit av dei tolv første objekta som blei skrive inn på UNESCO si verdsarvsliste i 1978. I 2013 kom også gruva i Bochnia med på denne lista.

I Kłodawa midt i Polen er det ei saltgruve som framleis er i drift. Her blir det produsert både grovt og fint salt, badesalt, saltstein for husdyr og lamper av salt, i tillegg har ein tilbod for turistar i gamle gruvegangar. Den polske produksjonen av steinsalt har gått kraftig tilbake. Nokre stadar pumpar ein varmt vatn ned i bakken for å få ut salt grunnvatn eller løyse opp steinsalt.

Kol på godt og vondt

Ved brunkolgruvene i Konin blir kolet gravd opp av store maskinar og lasta rett på samleband til jernbane.
(Foto: SL)

Her er kolet tatt ut og holet som ligg igjen blir sakte fyllt opp til eit vatn. Det skal enno fyllast opp til buskene på venstre side i bildet.
(Foto: SL)

Polen har, eller har hatt, både steinkol og brunkol i rikt monn. Brunkol og steinkol finst i forskjellige område, har forskjellige utvinningsmetodar og tildels forskjellige bruksområde. Steinkol er det eldste kolet, og har høgare karboninnhald og brennverdi. Brunkol reknast derfor som mest forureinande, sjølv om innhaldet av svovel og radioaktive stoff ofte er høgare i steinkol. Av steinkol har det i Polen blitt tatt ut så mye at ressursane har minska kraftig. Likevel er framleis over halvparten av kolutvinninga frå steinkol, og her er Polen på suveren førsteplass i EU. Av brunkol har Tyskland derimot større utvinning.

Steinkol eller svartkol er den typen vi kjenner frå Svalbard. I Sląsk (Schlesien) har ein frå gamalt kunne finne steinkol heilt oppe i dagen, og gruver er kjent frå midt på 1600-talet. Her var det særlig sterk utvikling av kolgruver på 1800-talet. Utvinninga var på det høgaste i 1979 med 180 mill. t., og har seinare gått ned og dei siste åra vore nokolunde stabilt på rundt 70 mill. tonn. I Sląsk er det i første rekke underjordsgruver på svartkol og desse blir djupare og djupare, og dermed aukar driftsutgiftene.

Eit område der det blei tatt ut brunkol for ein del år sidan er no ferdig restaurert, og dette skiltet viser kva som er gjort.
(Foto: SL)

Brunkolområda ligg lenger vest og nord, omtrent frå det geografiske midtpunktet i dagens Polen og til grensa mot Tyskland. Laga med brunkol kan f.eks. vere 10 – 20 meter tjukke og vere dekka av 20 – 40 meter sand og leire. I slike tilfelle er underjordsgruver ikkje mogleg, og kolet må takast ut i dagbrot.

Når eit område blir avsett til dagbrot, fører det mange stadar til protestar, både fordi dei som bur der må flytte, og fordi det fører til naturøydeleggingar, forureining og øydelegging av lokal turistnæring. Her er nokre eksempel på protestar frå dei siste åra:

Brunkolutvinning har altså eit svært dårlig rykte, og eg ville derfor besøke ei slik gruve for å sjå om det var så ille, eller kanskje verre. Med god hjelp fikk eg møte representantar for PAK Kopalnia Węgla Brunatnego Konin. Vi fikk sjå på dagbrot i fleire trinn av utviklinga, frå eit som var i full drift til eit som var under etterbehandling og to som var meir eller mindre ferdig revegeterte. Dei nekta ikkje for at forbrenning av kol fører til forureining, men i Polen er kol den klart største kjelda til produksjon av elektrisk energi, og dei ser ikkje gode alternativ på kort sikt. Like ved gruvene var det nyreiste vindturbinar, men det skal svært mye til at ustabil vindkraft kan erstatte kol. Mens mye av steinkolet går til jernverk og anna industriell bruk, går brunkolet nesten utelukkande til kraftproduksjon og frå gruvene ved Konin går det jernbanelinje rett til næraste kolkraftverk.

Sidan brunkolet bare er dekka av lausmassar, skjer drifta her heilt utan sprenging. Når eit område er avsett til dagbrot, startar ein i eine enden med å ta opp lausmassane og legge i store haugar. Så går store, for ikkje å seie enorme, maskinar laus på kolet, som går rett på transportband til jernbanelasting. Etter kvart som kolet blir tatt ut, blir dei neste lausmassane fylt i holet og slik held ein fram i kanskje eit tiår, til alt kolet i det avsette området er tatt ut. Da står det igjen ein ås i den eine enden og eit stort hol i andre enden. Terrenget her i midtre delar av Polen er svært flatt og fattig på både åsar og innsjøar, så begge delar er ettertrakta. Derfor lar ein gjerne åsane vere og plantar dei til, mens dei store hola lar dei regnet fylle med vatn, så dei blir innsjøar som det etterkvart kan settast ut fisk i. Kvart gruveområde kan vere på atskillige kvadratkilometer, og etterbehandlinga er svært viktig for lokalsamfunna. Haldninga er at eit gruveområde har ein til låns, naturen og lokalbefolkninga skal få det tilbake. Etterbehandling med revegetering er ein integrert del av planlegginga og budsjettet for ei gruve, og dei sa at dette kan ta opp til halve budsjettet for gruva. Det er kommunen som har det avgjørande ordet i korleis området skal brukast etter drift. Noko blir jordbruksområde, anna kan bli planta med skog for skogbruk og rekreasjon, det kan og bli både bustadar og industri på gamalt gruveområde. Det tar si tid, men det vi fikk sjå viser at resultatet kan bli riktig bra. Eg kunne ikkje la vere å tenke på dei månelandskapa som ligg igjen etter nedlagte norske gruver. Både mineral- og miljødirektoratet kunne faktisk hatt godt av ein studietur til polske kolgruver.

Koppar og andre metall

Gruvesjakta i Lubin er oppkalla etter Jan Wyżykowski, som leia mineralleitinga som førte til opprettinga av KGHM.
(Foto: SL)

Eit kontrollrom i oppreiingsanlegget for kopparmalm i Lubin.
(Fotp: SL)

I Dolny Sląsk (Niederschlesien) har det vore koppargruver i drift i alle fall frå 1300-talet. Dette området har tidligare hørt til Tyskland eller forskjellige tyskdominerte statar, og blei polsk først frå 1945. Etter krigen var det drift i nokre eldre gruver, og tidlig på 1950-talet blei det bygd eit smelteverk for koppar. Samtidig blei det leita etter koppar på større djup. I 1957 blei det funne rike kopparleie frå omlag 600 m djup og nedover. Den første gruva kom i gang få år etterpå. Seinare blei det starta fleire, men alle ligg i det same området i Dolny Sląsk. Polen er i dag den største koppar- og sølvprodusenten i EU.

Det er bare eitt selskap som driv koppargruver i Polen – KGHM Polska Miedz S.A. Opphavet til forkortinga er Kombinat Górniczo-Hutniczy Miedzi, eit namn som fortel at dei kombinerer gruver og smelteverk for koppar. KGHM blei oppretta i 1961 av den polske staten. I 1997 blei KGHM endra frå statsselskap til aksjeselskap på børsen, og staten eig no bare ein knapp tredel av aksjane. I 2012 kjøpte KGHM opp det kanadiske selskapet Quadra FNX Mining Ltd., som da tok namnet KGHM International. Dette driv no koppargruver i USA, Kanada og Chile.

31.08.1982 var det i Lubin stor demonstrasjon mot unntakstilstanden i Polen. Tre arbeidarar blei drepne av politiet og mange skadde. På 5-årsdagen for denne hendinga arrangerte den da underjordiske fagrørsla Solidarność demonstrasjon i Lubin. Den starta med messe i ei kyrkje og gikk deretter gjennom gatene i Lubin til deltakarane blei arresterte av politiet.
(Foto: SL)

KGHM er blant dei største produsentane av koppar og sølv i verda, og vinn også ut andre biprodukt som gull, platina, palladium, bly, rhenium, svovelsyre og steinsalt. Selskapet har den einaste utvinninga av rhenium i Europa.

I Dolny Śląsk har KGHM no tre gruver og to smelteverk og har heile produksjonskjeden for koppar frå eigne gruver. Hovudkvarteret er i byen Lubin, der det òg er gruve med oppreiingsverk, mens dei to andre gruvene og smelteverka ligg innafor ein radius på 3–4 mil. Kopparmalmen inneheld også mye kol. Kolet følger med til smelteverka og bidrar i dei kjemiske reaksjonane under smeltinga, samtidig som det brenn og gjør at dei ikkje treng å bruke så mye energi til smeltinga.

Gruvene går stadig lenger nedover, den djupaste er no nede på ca. 1200 m. Det gjør at det blir store utgifter til utvinninga, men på andre sida er malmen sjeldant rik, med omlag 2 % koppar, noko som gjør at ein toler meir utgifter for å få han opp.

Avgang frå oppreiingsverka blir lagra i store kunstige dammar. Den største er Żelazny Most, ikkje langt frå Lubin. Den er rekna som den største avgangsdammen i Europa og er omtalt lenger fram i boka. [Kva blir gjort for å utnytte avgangen?]

Å få besøke koppargruvene i Polen er ikkje så lett. Når drifta no går føre seg på rundt 1000 m. under bakken, er det forståelig at dei helst ikkje tar med gjester dit. Så ønska eg å sjå det store avgangsdeponiet. Men der var det for tida fullt arbeid med utviding, så dei beklaga at det var vanskelig å ta imot besøk. Det endte med at vi fikk sjå oppreiingsverket i Lubin, og det var interessant nok. Vi blei tatt imot av fleire representantar frå verket og følgt rundt i anlegget og fikk sjå korleis malmen blir knust i kjeftknusar, konknusar og kulemølle, før han går til flotasjon og tørking i syklonar og filter. Konsentratet går med tog til smelteverket i Głogów og avgangen i rør til avgangsdeponiet Żelazny Most. Om vi ikkje fikk komme inn på deponiet, så kjørte vi rundt og fikk eit inntrykk av dei enorme dimensjonane. Etter snart 60 års drift byrjar det å minske på ressursane, men ein reknar med kopparutvinning i enno nokre tiår framover.

Kjem utlendingane?

Til no har polske gruver i hovudsak vore eigde av staten eller privat polsk kapital, men det er i ferd med å endre seg. Frå byrjinga av 1990-talet har det vore fritt fram for utanlandske investeringar i landet, særlig etter at Polen blei med i EU i 2004. Dette har enno ikkje fått så store verknadar for mineralnæringa som for industri, bank og handel, men i 2019 opplyste riksgeologen at utanlandsk kapital no har rundt 80% av leitekonsesjonane for metall.[8]

Miljøavgift og miljøutfordringar

Polen har, som alle land med gruveindustri, problem med både forureining og arealbeslag frå gruver og gruveavgang. Inntrykket mitt etter å ha besøkt nokre av desse bedriftene er at både dei og staten tar problema på alvor, og forsøker å redusere dei i staden for å snakke dei bort og skjule dei.

Bakgrunnen for den spesielle polske miljøavgifta, eller som dei kallar det «avgift på bruk av miljøet» finn vi tilbake til overgangstida rundt 1990, da styret på kort tid blei endra frå eit «kommunistisk» styre med eitt statsbærande parti, til eit kapitalistisk og meir eller mindre demokratisk system. Det gamle systemet hadde spela fallitt på mange område, bl.a. når det gjaldt miljøforvaltning. Einsidig satsing på tungindustri hadde ført til store forureiningsproblem, samtidig som dei styrande hadde prøvd å legge lokk på kritikken. Ein del av opposisjonen var ei gryande miljørørsle. Det var mange både i opposisjonen – og i det statsbærande partiet som ønska seg eit privat næringsliv, men dette var enno i liten grad kome i gang. Og utanlandsk kapital hadde enno ikkje fått kjøpe polsk næringsliv på billigsal. Nettopp i denne situasjonen var det mogleg å gjøre noko med miljøproblema. Det blei da innført ei ordning med miljøavgift, som seinare blei formalisert med lova av 2001. Denne betyr bl.a. at det betalast avgift pr. Tonn av uttatte mineral, deponerte mineral og utslepp til luft og vatn. Som eksempel kan nemnast at det største gruveselskapet KGHM i 2016 betalte 24 mill. Złoty i miljøavgift, tilsvarande omlag 60 mill. kr. Innføringa av miljøavgifter førte først til protestar bl.a. frå gruveselskap, men det tok ikkje så lang tid før dei blei akseptert, og avgifta byrja å gi verknadar fordi det da lønte seg betre å investere i løysingar som gav mindre forureining. Verknaden er merkbar på luftkvaliteten mange stadar og på vasskvaliteten i nokre av dei største elvene. Eit viktig poeng med miljøavgifta er at ho ikkje går rett i statskassa. Delar går sentralt og delar lokalt, men alt er øremerka til miljøtiltak. Ei verknad av miljøavgifta er at Polen er mindre attraktivt for alle slags spekulantar som vil starte gruvedrift på mindre funn. Derimot ser ho ikkje ut å avskrekke meir seriøse aktørar som satsar på å drive langsiktig.

Mange gruveselskap og statar slit med å oppnå «social license to operate» eller lokal tilslutning til gruveprosjekt. I Polen er det stort sett oppslutning om gruvene. Miljøavgifta har trulig bidratt til dette, og like viktig er skattesystemet som gjør at gruvekommunane er blant dei mest velståande i landet. I tillegg kjem at gruvearbeidarar ligg godt over gjennomsnittlig lønsnivå og har lågare pensjonsalder. Til saman gjør dette at gruvedrifta nok har større aksept i folket i Polen enn i mange andre land.

Romania – Europas største gullprosjekt

Gruveindustrien i Romania er nok lite kjent i Noreg, men mange har hørt om kampen om det som kan bli den største gruva i Europa. Romania har eit svært vidt spekter av mineral, og ein ganske allsidig mineralindustri. Den viktigaste gruvedrifta har vore på salt, koppar[9] og gull. Saltgruver er også brukt som turistattraksjonar og til mange andre formål.

Cyanid og dambrot

Romania har vore ramma av fleire katastrofar i samband med lagring av gruveavgang.

I 1971 brast ein dam ved ei gullgruve i Certej over ei lengde på 80 m, og 300.000 m3 avgang blei spreidd ut over ein radius på 4–5 km rundt dammen. Flaumen øydela fleire blokker og bolighus, og førte til 89 drepne og mange skadde. Undersøkingar etterpå viste at dammen var fyllt opp langt meir enn det som var forsvarlig.

I 2000 brast ein dam for cyanidhaldig vatn ved gullgruvene i Baia Mare. 100.000 m3 forureina vatn gikk ut i elva Someș, som renn inn i Ungarn, vidare til Ungarns nest største elv Tisza og til Donau. Store mengder med fisk og anna liv i elvene blei drept av cyanid, både i Romania og Ungarn. Drikkevatnet blei forgifta for millionar av menneske. Gruveselskapet, det australske Esmeralda Exploration, skulda på stort snøfall som årsak til at dammen brast.

Desse røynslene har gjort at mange i Romania fryktar kva som vil skje når det no blir planlagt enno større gruver og demningar.

For Verdsbanken sin domstol

Frå eit av mange protesttog i hovudstaden Bucuresti.
(Foto: Bogdan Giușcă / Wikipedia)

Skrifta på muren: Hugs Geamana – berg Rosia Montana.
(Foto: alba24.ro)

Romania har eit tital gullgruver. Desse var tidligare eigde av den rumenske staten, men etter at det gamle styret falt i 1990 blei alt av gruver raskt privatisert og stort sett overtatt av utanlandske selskap, dei fleste kanadiske.

Ein av dei aller hardaste og mest langvarige kampar om ein gruveplan i Europa dreier seg om Roșia Montană i Romania. Der er den største kjente gullførekomsten i Europa og denne har vore utnytta svært langt tilbake i tida. Dette kan ha vore ei av dei første gullkjeldene som menneska utnytta, opp til 5000 år før tidsrekninga vår. Det er fortalt at da romarane invaderte i år 106, rana dei til seg heile 165 tonn med bearbeida gull. Romarane heldt så fram gruvedrifta og utvida denne, og gullet frå noverande Romania var ei viktig kjelde til rikdom for Roma. På det rikaste gullfeltet grunnla romarane byen Alburnus Maior, seinare omdøpt til Roșia Montană. Etter Romerriket sitt fall gikk det tilbake med gullutvinninga, først på 1700-talet overtok habsburgarane og fikk i gang ny drift med ny teknologi. Da Østerrike-Ungarn gikk i oppløysing etter første verdskrigen gikk gruvene over på private rumenske hender, og etter andre verdskrigen blei desse nasjonaliserte. Ei statsdrive gullgruve var i drift her heilt fram til 2006.

I 1999 fikk det kanadiske selskapet Gabriel Resources konsesjon for å starte ei ny gullgruve, som skal bli suverent største gruva i Europa. Dei har planlagt å ta ut til saman omlag 300 tonn gull og 1500 tonn sølv, frå gigantiske dagbrot med enno meir gigantiske avgangsdeponi, over eit område på omlag 20 km2. Dette vil rasere både landsbyar, naturområde og fortidsminne tilbake til romartida. Gruva vil bruke 12.000 tonn cyanid årlig i 16 år. 250 millionar tonn cyanidhaldig avgang vil bli lagra bak ei 185 meter høg demning, som bl.a. vil gravlegge byen Roșia Montană.

Demonstrasjon i Roșia Montană mot planane om gullgruve.
(Foto: Cezar Machidon)

Gabriel Resources har så langt brukt omlag 700 mill $, ein stor del av desse pengane skal ha blitt brukt til å påverke rumenske politikarar til å gi dei løyve. Ei mengde organisasjonar og grupper har protestert mot planen, både i Romania, Canada og andre land. Etter store protestar sa nasjonalforsamlinga nei til planen i 2014. I 2017 søkte daverande kulturminister om å få Roșia Montană inn under UNESCO verdsarv, men i 2018 trakk regjeringa søknaden tilbake, grunngitt med gruveplanane.

Gabriel Resources brukar både gulrot og pisk: Dei reklamerer med inntekter på opp til 24 mill. $ til Romania, spesielt til det fattige området der gruva er planlagt. Det skal bli 3000 arbeidsplassar og miljøvenlig drift i motsetning til tidligare. Dei viser bilde av miljøskader frå tidligare, som dei koplar til Ceausescu sitt «kommunistiske» styre. Samtidig går Gabriel Resources til sak mot Romania for Verdsbanken sin domstol, og krev over 4,5 mrd. $ i erstatning.[10] Dei nøyer seg altså ikkje med å krevje erstatning for dei utgiftene dei har hatt, dei skal også ha erstatning for forventa framtidig profitt. Skulle dei vinne fram med dette vil dei ha gjort tidenes aller mest profitable gruveinvestering, med ein profittrate på over 500 % utan å utvinne noko. Bakgrunnen for at dei kan gå til sak er bilaterale investeringsavtalar som Romania har inngått med Canada og Storbritannia. Rettssaka skulle etter planen starte i september, men ser enno ikkje ut å ha kome i gang.[11]

Debatten har gått knallhardt både i Romania og andre land og argumentasjonen til tilhengarane av prosjektet er så sterk at her kunne sjølv dei ivrigaste tilhengarane av nye gruver i Noreg hatt noko å lære. Blant anna har motstandarane av prosjektet vore skulda for å vere betalte av konkurrentar på gullmarknaden. Gabriel Resources har sjølv på nettsida si [12] ein reklame for prosjektet under slagordet «A project for Romania», samtidig som dei krev den rumenske regjeringa for ei erstatning som vil ruinere landet. Prosjektet skal ifølge selskapet ta vare på den kulturelle arven og vere eit reint miljøprosjekt som reinskar opp etter tidligare miljøskader. Dersom dette skulle stemme blir det sjølvsagt heilt uforståelig korleis så mange i Romania ikkje vil ha denne gruva, som det kanadiske gruveselskapet vil gi dei.

Gravlagt by

Fleire landsbyar er gravlagde under det gigantiske landdeponiet til koppargruva i Rosia Poieni. Denne kyrkja sto på ei høgde. Etter at bildet blei tatt i 2013 har det blitt fyllt på enno meir, så taket på kyrkja no er heilt gravlagt, bare øvre del av kyrkjetårnet stig opp.
(Foto: Mathe Janos / Wikipedia)

Ei av de største koppargruvene som har vore i Europa – Rosia Poieni i Romania.
(Foto: Cristian Bortes / Wikipedia)

Bare eit par kilometer frå Roșia Montană ligg Roșia Poieni, med ei av dei største koppargruvene som har vore i Europa. Det er berekna at her opprinnelig var 1,5 mrd. tonn kopparmalm. Gruvedrifta i Roșia Poieni starta i 1929, men skikkelig fart på drifta blei det frå 1970-talet, under statsselskapet Cupru Min. I 2012 blei staten av det internasjonale pengefondet (IMF) pressa til å privatisere selskapet, som blei kjøpt opp av det kanadiske selskapet Roman Copper, eit investeringsfond utan gruverøynsle.

For å lagre dei enorme mengdene med gruveavgang blei ein dal stengt av og fyllt opp, og fleire landsbyar gravlagt. Godt over tusen menneske blei tvunge til å forlate husa sine her. I dag står bare øvre delen av eit kyrkjetårn over avgangsmassane.

Russland – Landet som har alt

Revda er ein by på Kolahalvøya som er bygd rundt gruver som no stort sett er nedlagde. Det var dei allereie i 1991 da eg var der, men det var dårlig med oppryddinga.
(Foto: SL)

Russland er som kjent verdas største land, og enorme er også mineralrikdomane. Russland har eit potensiale til å bli sjølvforsynt på dei aller fleste område innafor mineral, og til samtidig å levere mange mineral og mineralprodukt til omverda i stort omfang.

Frå 1400-talet utvida den russiske staten seg ved erobring og kolonisering i alle retningar, til han midt på 1800-talet var på det største og omfatta landområdet frå Alaska, gjennom Sibir til og med Finland og ein del av Polen. Sovjetunionen utgjorde 1917–90 mesteparten av dette området, da unionen gikk i oppløysing blei den Russiske Sovjetrepublikken til den Russiske Føderasjonen, som utgjorde omlag 80 % av arealet til Sovjetunionen, men bare 50 % av folketalet.

Under skiftande styre i Russland har mineralutvinning alltid vore høgt prioritert, og det har blitt tatt lite omsyn til natur og andre brukarar av områda.

Gamalt samband med Noreg

Dei eldste koppar- og bronsegjenstandane som er funne i Norden har trulig kome frå noverande russisk område. Det har altså vore eit samband knytta til mineral mellom område i noverande Noreg og noverande Russland i opptil 5000 år. Frå vikingtida og før og etter er det funne mange metallgjenstandar i vest med opphav i aust og omvendt.

Kva er så sambandet i dag? Oljefondet eig aksjar for 22,7 milliardar kroner i til saman 52 russiske selskap. Blant dei er det selskap innafor både jern og aluminium. Russiske investeringar i norsk gruveindustri er ikkje så lett å sjå, men russarar hadde i alle fall ein god del av aksjane i Northern Iron som eigde Sydvaranger Gruve fram til konkursen i 2015.

Storindustri i tsartida

Dette minnesmerket er sett opp der fleire hundre gruvearbeidarar blei skotne av soldatar under streiken i 1912.
(Foto: Дунай / Wikipedia)

Det russiske imperiet var i stor grad eit jordbruksland, men hadde også ei stor og veksande mineralutvinning og metallindustri. Her var stor satsing på utvinning av jern, men også av bl.a. gull, platina, sølv, bly, koppar, jern, mangan og kol.

Frå 1400-talet til sist på 1600-talet erobra Russland stadig større område i Sibir. Med det følgde etter kvart mineralutvinning og oppbygging av smelteverk og metallindustri. Tidlig på 1700-talet starta utviklinga av kopparutvinning bak Ural, i området nær Jekaterinburg, som etter kvart blei utvikla til det største industrisenteret i Russland etter Moskva.

Med mye utanlandsk kapital blei det bygd ut gruver rundt i landet i løpet av 1800- og byrjinga av 1900-talet. Nær Irkutsk, ved elva Lena hadde det engelsk-russiske selskapet The Lena Gold Mining Joint Stock Company ei gullgruve. Der hadde arbeidarane ekstremt harde vilkår med arbeidsdagar opp til 16 timar, svært mye ulukker og dårlig løn, mens eigarane, blant dei medlemmar av tsarfamilien, gjorde store profittar. I 1912 gikk arbeidarane til streik for kortare arbeidstid og høgare løn, men alle streikeleiarane blei arresterte. Tsarstyret sendte soldatar for å slå ned streiken, dei opna eld mot eit tog av 2500 arbeidarar og omlag 250 arbeidarar blei drept. Denne massakren førte til stort oppstyr og bidro kraftig til å styrke den revolusjonære rørsla mot tsarmakta.

Sovjetunionen – mineral i første rekke

Gruvearbeideren Aleksej Stakhanov (t.h.) blei av de sovjetiske styresmaktene framheva som eit eksempel på arbeidsinnsats for landet, etter at han i 1935 angivelig hadde drive ut over 100 tonn kol på under 6 timar. Han blei seinare gruveingeniør, gruvedirektør og hadde leiande stillingar i sovjetisk mineralforvaltning. Kommunistpartiet oppmoda alle til å følge Stakhanov sitt eksempel.
(Foto: Ukjent / Wikipedia)

I vel 70 år frå revolusjonen i 1917 var Russland / Sovjetunionen eit erklært sosialistisk land, med statlig eigedomsrett til dei fleste produksjonsmiddel, med eit kommunistisk parti og ein kommunistisk ideologi som statsbærande. Det var ikkje marknaden, men statlig planlegging som skulle styre økonomien. Den offisielle sovjetiske ideologien var at kapitalismen var årsaka til miljøproblema og ute av stand til å løyse desse.

I praksis skulle det likevel vise seg at miljøproblema knytt til mineralutvinninga i Sovjet blei fullt på høgde med dei kapitalistiske landa i vest. Dels kan dette skrivast på den harde påkjenninga Sovjet var utsett for frå omverda, gjennom intervensjonskrig etter revolusjonen, det tyske åtaket under andre verdskrig, gjenoppbygging og kald krig i etterkrigstida. Vi kjem likevel ikkje utanom dei politiske og ideologiske årsakane. Sovjetunionen sto for ein sosialistisk variant av trua på at menneska kan styre og omvandle naturen til sitt eige beste. I tråd med denne tanken la Stalin i 1948 la fram ein gigantisk plan for naturendringar i Sovjetunionen, og dette blei følgt opp av etterfølgarane. Sjølv om nokre av dei mest ytterliggåande forslaga blei gitt opp, som å snu elvene i Sibir sørover, blei det gjennomført ei rekke større tiltak som fikk store, ofte utilsikta konsekvensar.

Både som resultat av tvangssituasjonen og av ideologiske grunnar blei det gitt høg prioritet til utviklinga av storindustri bygd på eigne mineralførekomstar, både for militære formål, oppbygging av landet og salg til vesten for å kunne kjøpe nødvendige varer. Dette blei gjennomført med harde middel, og på kostnad av jordbruk og produksjon av forbruksvarer. Gruvedrift og smelteverk gikk også ofte hardt ut over naturen.

DDet blei satsa stort på jern og legeringselement for stål, som nikkel, krom og fleire. Mindre kjent er oppbygginga av russisk diamantutvinning. Denne starta for fullt under Stalin og er ført vidare til i dag. Enorme mengder med diamantar blei grave ut i gigantgruver i Sibir og dumpa på verdsmarknaden for å få eksportinntekter og konkurrere ut vestlige diamantselskap.

Frå 2. verdskrigen satsa Sovjet stort på utvikling av atomvåpen og atomkraft. Den første atombomba blei sprengt i 1949 og seinare blei det gjennomført ei mengde prøvesprengingar både i atmosfæra og under jorda. Det blei tidlig utvikla eit program for sivilt bruk av atomkraft. Sovjet lanserte verdas første atomkraftverk i 1954, etter kvart blei ein stor del av kraftforsyninga basert på atomkraft. Dette førte til fleire store ulukker, den mest kjente Tsjernobyl i 1986. Atombomber blei også brukt til sprenging for forskjellige formål. Eit program for «Kjernekrafteksplosjonar for nasjonal økonomi» gjennomførte 115 eksplosjonar. Mange av desse hadde tilknyting til geologiske undersøkingar og gruvedrift. I Sakha/Jakutia blei ei atombombe brukt til å sprenge fram diamantar. Det endte med katastrofe, da området blei sterkt forureina av radioaktivitet. Dette førte til at ein gav opp planen om bruk av atomeksplosjonar for gruvedrift. Satsinga på atomkraft for sivilt og militært bruk førte til stor etterspurnad etter uran, og Sovjetunionen hadde stor utvinning av uran. Framleis har tidligare sovjetrepublikkar omlag halvparten av uranutvinninga i verda, det meste i Kasakhstan.

Det var dårlige vilkår for fri debatt i Sovjetunionen, men likevel kom det opp mye opposisjon mot naturøydeleggande gruveprosjekt. Protestane kom i første rekke frå vitskapsfolk, men dei blei som regel overkjørte fordi produksjonsmåla var overordna alt anna. Om ikkje det var privat eigedom til gruver, hadde ofte leiinga for gruvene personlige økonomiske og statusmessige interesser av at produksjonen var så stor som råd, og at det var lite utgifter til miljøomsyn. Parti- og statsleiinga forsøkte å legge lokk på kritiske synspunkt og informasjon om miljøskadar, og lite kom fram i sovjetiske media. Ei viktig kjelde til miljøødeleggingar frå mineralutvinning og industri i Sovjet er ei bok som blei skrive under pseudonym, smugla ut og utgitt i vesten. Ho er utgitt på svensk under tittelen «Miljöförstörningen i Sovjet». Der blir det fortalt om utslepp frå smelteverk som mange gongar oversteig grenseverdiane for bl.a. kvikksølv, bly, svoveldioksyd og karbonoksyd. Rundt mange industriområde såg ein verken grøn vegetasjon på sommaren eller kvit snø på vinteren. Boka fortel om så mange tilfelle av alvorlig forureina vassdrag og jordsmonn frå gruver, steinbrot og malmanrikingsanlegg at det ikkje nyttar å byrje å ramse dei opp.

Gull blei rekna som eit «strategisk produkt», noko som forsvarte at normale miljøreglar blei oppheva i gullutvinningsområde. «Små som stora floder i Sibirien och Norden vanställs obönhörlig av muddringsanläggningar för guldvaskning. Pittoreiska och bördiga dalar förvandlas till grushögar, och i tiotals mil längs strömmen är vattnet vitt eller brunt av uppgrumlad sand och slam.»[14]

Sjølv om Sibir var blitt erobra av Russland frå 1400- til 1600-talet, var ved den russiske revolusjonen det aller meste enno intakte naturområde der ei rekke innfødde folkeslag dreiv sine næringar som reindrift, jakt, fiske, fedrift og småskala jordbruk. Mens mesteparten av europeisk Russland allereie var omvandla til jordbruks- og industriområde, blei det sagt at Russland hadde «eit land i reserve» i Sibir. Dette skulle snart endre seg. I den nemnde boka blei det på 1970-talet anslått at heile 1,4 mill. km2, eller 10 % av flateinnhaldet av Sibir allereie var endra frå fruktbar til ufruktbar mark. Ein stor del av dette skuldast mineralutvinning. Den økonomiske utnyttinga av Sibir hang nær saman med innflytting av millionar av etniske russarar og ukrainarar og med språklig og kulturell tvangsrussifisering av dei innfødde folkeslaga.

Dette bygger på kjelder frå 1970-talet, men alt tyder på at den nemnde utviklinga heldt fram til Sovjetunionen gikk i oppløysing først på 1990-talet. Blei det så betre da?

Det nye Russland – frå vondt til verre

Mens asbest har blitt forbode over store delar av verda fordi det er svært helseskadelig, blir det framleis utvunne i Russland, av selskapet Uralasbest. Asbestgruva er eit dagbrot i byen som heiter nettopp Asbest og ligg nær Jekaterinburg. Asbest herifrå blir eksportert til USA der presidenten har nekta å forby bruken av stoffet. Derfor reklamerer Uralasbest med at produktet deira er tilrådd av USAs 45.president.
(Foto: Uralasbest)

Sjølv om dagens Russland er langt mindre enn Sovjetunionen var, er det blant dei fem største produsentane i verda både av jernmalm og stål. Også på andre område som nikkel, gull og diamantar har landet ein monaleg del av verdsproduksjonen.

Frå 1990 skjedde det ei svært brå privatisering av så godt som alt næringsliv i Russland, og gruver og smelteverk blei overtatt av mafia og nyrike oligarkar, ofte med bakgrunn i det gamle maktapparatet og/eller nært samband med det nye. Dei la oftast alle andre omsyn til side enn utsiktene til kortsiktig profitt. I Russland er det vanlig å omtale denne prosessen ikkje som privatizatsija, men prikhvatizatsija som kan omsetjast med «grabbe til seg-økonomi». Det førte til at planar om reinsking og utsleppsreduksjonar blei lagt bort, bl.a. innafor den sterkt forureinande nikkelindustrien. Staten følgde opp med å legge ned Miljøverndepartementet og legge miljøvernsaker under Næringsdepartementet.

Den andre sida ved privatiseringa er at mange russiske bedrifter er kjøpte opp av utanlandsk kapital og at utanlandske selskap har fått kjøpe opp rettar til utnytting av mineral og andre naturressursar. Blant dei har her, som i dei fleste kantar av verda, kanadiske gruveselskap ei sentral rolle.

Eg starta denne bokserien med ei gullgruve på reinbeiteland på Finnmarksvidda. I den stikk motsette enden av det eurasiske kontinentet, nær polarsirkelen i Tsjukotka, ligg ei anna gruve på reinbeiteland. Også her må reinen og reindrifta vike for «utviklinga», i form av ei gullgruve drive av det kanadiske selskapet Kinross. Midt ute i reinbeitelandet her, dit ein bare kan komme med charterfly, bygde gruveselskapet ein ti mil lang veg for å binde saman den eksisterande og ei planlagt gruve. Gullbarrene får dei lett med seg på flyet, 99,999+ % blir avfall som blir igjen i gamalt reinbeiteland.

Å komme dit er inga enkel sak, og eg har ikkje gjort det sjølv. Å komme dit er inga enkel sak, og eg har ikkje gjort det sjølv. Det har derimot den kanadiske forfattaren James Raffan, og Kupol-gruva er eit av 24 lokalsamfunn rundt heile den nordlige polarsirkelen som han har besøkt og skildra i boka Circling the Midnight Sun. [15]. Her møtte han gruvearbeidarar som tidligare hadde jobba med reindrift, men blitt pressa ut av sjokkprivatiseringa på 1990-talet som førte til at langt færre kunne leve av rein og mange måtte leite anna arbeid. Her møtte han også representantar for gruveselskapet, som understreka at dei hadde høge prinsipp for Corporate Responsibility.

Ein annan som har klart å komme seg dit, er den russiske fotografen Elena Chernyshova. Eg ønska å bruke nokre av bilda hennar i denne boka, men prisen var så høg at eg i staden må vise til bilda som ligg på nettet, og oppmode lesarane til å sjå på dei der:
https://www.atlasobscura.com/articles/stunning-photos-of-a-siberian-gold-mine-only-accessible-by-air-or-ice-road.

Nikkel og forgifting i nord

I og rundt Zapoljarnyj på Kolahalvøya er store delar av vegetasjonen svidd bort på grunn av svovelforureining frå nikkelverket.
(Foto: Basia Głowacka)

På statistikken over nikkelproduksjon i verda låg lenge Russland på topp blant landa og det russiske selskapet Norilsk Nikel på topp blant selskapa. Sjølv om begge har falle noko ned på listene, er det framleis ein stor produksjon, og gruver og foredlingsanlegg er blant dei aller største forureinarane i Russland. I Aust-Finnmark kan vi merke svovelforureininga frå nikkelverka i Nikel og Zapoljarny og forureininga har der tatt knekken på mesteparten av vegetasjonen rundt desse byane. Minst like ille er det i Montsjegorsk lenger inne på Kolahalvøya, men aller verst er det i Norilsk langt nord i Sibir, som er rekna som ein av verdas mest forureina byar. Norilsk er bygd på 30-talet rundt ei av verdas aller største førekomstar av nikkel, palladium og koppar. Byen har rundt 200.000 innbyggarar, og er den som ligg lengst nord av byar med over 100.000 innbyggarar. Byen og gruvene blei i stor grad bygd på tvangsarbeid og fangeleirar, og fangar arbeidde i gruvene heilt til slutten av 1970-talet. Det er ikkje verken tog- eller vegsamband til resten av Russland.

Tidlig på 1990-talet var det planar om reduksjon av forureininga frå nikkelverka. Den norske regjeringa ville bidra økonomisk til reinsketiltak ved verket i Nikel, for å redusere forureininga som kom over til Noreg. Så blei statsbedrifta Norilsk Nikel privatisert, og dei nye eigarane la alle reinskeplanar til side og tok ut store profittar av drifta. Selskapet hadde i 2018 eit driftsresultat på 45 mrd. kr og bare i første halvår 2019 blei det utbetalt overskot på 18 mrd. kr. [15a]Dei pengane den norske staten hadde sett av har aldri blitt brukt. I seinare år skal det ha blitt gjort nokre reinsketiltak, så forureininga er noko redusert. Men utsleppa er framleis store og ingenting er gjort for å reinske opp jordsmonnet som er forgifta i stor omkrins rundt gruver og nikkelverk.

Norilsk Nikel er rekna som det 5. største gruveselskapet i verda, og i tillegg til nikkel utvinn dei palladium, platina, koppar, sølv, gull, kobolt og rhodium.[16]

Diamantar og katastrofar

Russland er verdas største produsent av diamantar, og nokre av verdas aller største diamantgruver ligg i Sakha/Jakutia. Alle desse gruvene er no drive av det delvis statseigde russiske diamantselskapet Alrosa, som kallar seg «The World Leader in Diamond Mining» og hevdar at dei har 1/3 av verdsproduksjonen av grove diamantar.[18]

To av desse gruvene var på 1970-talet utsett for eksperiment med bruk av atombombeeksplosjonar. I 1974 blei ei bombe sprengt 100 meter nede i permafrosten ved gruva i Udatsjnij. Dette skulle vere den første av åtte sprengingar for å lage eit magasin for gruveavgang. Men det gikk ikkje etter planen og så mye radioaktivt materiale kom ut at resten av planen blei oppgitt. I 1978 blei ei bombe sprengt vel 500 meter under jorda ved ei gruve ved Ajkhal. Her var hensikten å sprenge ut materiale som kunne innehalde diamantar. Det gikk heller ikkje bra, elvene i området, som er drikkevasskjelde for lokalbefolkninga, har fortsatt høgt nivå av radioaktivt materiale etter denne sprenginga.

Ei anna stor diamantgruve i Sakha er Mirny, der det i 2018 skjedde eit katastrofalt dambrot.[17] Dette førte til at millionar av tonn avgangsmasse rann nedover elva Bülüü /Viljuj og drap alt liv i elva over ein lang strekning. Det er svært vanskelig å finne pålitelig informasjon om den økologiske situasjonen i området no. Folk som har vore der nylig fortel at styresmaktene seier alt er i orden, men at folk ikkje trur det, og ikkje stoler på dei offisielle målingane.

På Alrosa si nettside finn vi ikkje spor av informasjon om dambrotet og verknadane av dette. Derimot er det ikkje måte på kor selskapet klarer å framstille seg som miljøvenlig:
«Som eit selskap er vi forplikta til å beskytte miljøet og følgje bærekraftig praksis når vi kan. Å redusere den negative påverknaden på miljøet, rasjonell bruk av mineralressursar og miljøvern er dei prioriterte måla i selskapet si verksemd. Bærekraft, tryggleik og ansvar er avgjørande for implementering av nye prosjekt, modernisering og teknisk oppgradering av produksjonseiningar av ALROSA. ALROSA er rangert blant topp tre leiarar av den første miljøansvarsmålinga for russiske gruveselskap for perioden 2016–17, utarbeidd av det nasjonale ratingbyrået på initiativ av World Wildlife Fund (WWF) og UNDP / GEF / EU-prosjektet av departementet for naturressursar og miljø i Russland. Prioriterte oppgåver i selskapet sin miljøpolitikk er følgande:
- minimalisering av den negative miljøpåverknaden på alle områder av miljøaktivitetane
- omfattande og rasjonell bruk av mineralressursar
- risikostyring ... »
[18a]

At diamantutvinning er viktig for den russiske økonomien, kom klart fram i fjor da Alrosa opna ei ny gruve i Sakha. På markeringa for opninga deltok både president Putin og finansministeren.

Falskt flagg i Ural

Eit anna selskap som verkelig gjør seg fortent til tittelen på denne boka, er det som på engelsk heiter Ural Mining Metallurgical Company (UMMC). Det er eit av dei aller største selskapa i Russland uansett bransje og er blant dei største produsentane av koppar, sink, kol, gull og sølv. I tillegg produserer dei bly, selen, tellur, kadmium og indium. Hovudsetet og nokre av dei største produksjonanlegga er i Ural-området, men i tillegg har dei aktivitetar i andre delar av landet og i nokre andre land. UMMC har heile 40 underselskap og over 80.000 tilsette.

Forsida av medalja er ei årlig omsetning på omlag 6 milliardar kr., profitt på omlag ein tidel av dette og investeringar i miljøtiltak og samfunnsutvikling på omlag 1 milliard. Selskapet flaggar svært høgt kor mye dei gir til gode samfunnsmessige formål, frå barnehagar og sjuke barn til krigsveteranar og korgballag. I UMMC sin eigen informasjon sit frasane om «corporate social responsibility» og «sustainable development» svært laust. Selskapet har kuppa Wikipedia si side om seg sjølv og kan bl.a. fortelje at «UMMC is the main economic driver for the people of Yekaterinburg, Russia».

På baksida finn vi bl.a. at UMMC planlegg utvinning av nikkelmalm i Voronezh Oblast, nær naturreservatet Khopyor med mange sjeldne og freda dyr, noe som har ført til ei rekke store protestaksjonar i distriktet. Politiet har slått hardt ned på demonstrasjonar og nokre demonstrantar har blitt alvorlig skada. I 2014 blei det meldt at protestane hadde pågått eit par år og at fleire titusen hadde deltatt.

Vanskelig å protestere

Det har aldri vore lett å vere miljøopposisjon i Russland/Sovjetunionen og miljøorganisasjonar har ofte blitt forfølgde og straffa, bl.a. for å protestere mot inngrep og forureining frå gruver. Likevel er det kjent ein del tilfelle av protestar. Her er nokre eksempel:

Ut over grensene

Russland hører ikkje til dei store innafor utanlandsinvesteringar i gruver, men dei dukkar likevel opp her og der, og da ikkje alltid som gode eksempel. Det russiske foretaket Nordgold er eigd av ein av Russlands aller rikaste Alexei Mordashov, med ei personlig formue på om lag 19 mrd. $. Nordgold har investert i fleire land i Afrika, der dei er kjent som ”lågkostnads”-gruveselskap, og for å snyte det fattige landet Burkino Faso for beskjedne skatteinntekter.[23] I Fransk Guyana er dei med i eit kanadisk-russisk konsortium, Montagne d'Or, som vil starte ei svært omstridd gullgruve som gigantisk dagbrot i regnskogen. Urfolka her har protestert kraftig mot gruveplanen og FNs rasediskrimineringskommisjon har no krevd at kolonimakta Frankrike grip inn. [24]

Norisk Nikel, som er kjent som ansvarlig for dei aller mest forureina områda i landet, har også gruver og/eller foredlingsanlegg i Botswana, Australia, Sør-Afrika og Finland, mens det største russiske diamantselskapet, Alrosa, er engasjert i gruver i Angola og Zimbabwe.

Metalloinvest har i tillegg til ei rekke prosjekt i Russland gått inn i Nautilus Minerals som planlegg gruvedrift på havbotnen ved Papua New Guinea og ei rekke andre stadar i Stillehavet.

Fotnotar

[1] http://krzemionki.pl/
[2] http://mshm.pl/
[3] http://poznan.wyborcza.pl/poznan/7,36001,21548038,pokojowy-protest-przy-wyschnietej-rzecze-przeciw-kopalni-odkrywkowej.html, http://www.fakt.pl/wydarzenia/polska/slask/mieszkancy-orzesza-nie-chca-kopalni-protestowali-w-katowicach/rjnx4se
[4] http://radiopoznan.fm/informacje/pozostale/protest-rolnikow-przeciw-kopalni.html
[5] http://www.dziennikzachodni.pl/strefa-biznesu/wiadomosci/a/myslowice-mieszkancy-dzieckowic-i-kosztow-nie-chca-kpalni,12260896/
[6] http://www.radiomaryja.pl/multimedia/protest-rolnikow-gminy-krowia-i-miejskiej-gorki-przeciwko-kopalnie-odkrywkowej/
[7] https://www.rt.com/news/182420-germany-chain-coal-mining/
[8] http://medianarodowe.com/glowny-geolog-80-powierzchi.konsesyjnej-w-polsce-w-obych-rekach
[9] http://www.isf-systext.fr/node/697
[10] https://icsid.worldbank.org/en/Pages/cases/casedetail.aspx?CaseNo=ARB/15/31 , < < <https://www.theguardian.com/world/2017/jul/14/romania-hits-canadian-firm-with-9m-retaliatory-tax-bill-over-gold-mine, https://www.huffingtonpost.com/adam-cernea-clark/whose-sovereignty-gabriel_b_7939596.html, http://miningwatch.ro/en/romana-guvernul-romaniei-reia-legea-expropierii-nationale/
[11] http://www.mining.com/results-of-gabriel-resources-lawsuit-against-romania-may-be-known-late-2019/
[12] http://www.gabrielresources.com/site/index.aspx
[13] Frå innleiing av Kristian Gerner og Lars J. Lundgren til boka Boris Komarov: Miljöförstörningen i Sovjet. Forlaget Barrikaden 1978.
[14] Komarov, s. 139
[15] James Raffan: Circling the Midnight Sun. Harper Collins 2014.
[15a] https://www.highnorthnews.com/nb/mens-naturen-dor-rundt-fabrikken-henter-eierne-ut-18-milliarder-kroner-i-utbytte?
[16] https://www.miningglobal.com/top10/10-largest-mining-companies-world
[17] https://www.youtube.com/watch?v=Tj-vko2DcsY
[18] https://www.youtube.com/watch?v=8uLuecS_PTk
[18a] «As a company we are committed to protecting the environment and following sustainable practices wherever we can. Reducing the negative impact on the environment, rational use of mineral resources and protection of the environment are the priority objectives in the Company's activities. Sustainability, safety, and responsibility are crucial for implementing new projects, modernization and technical upgrade of production units by ALROSA. ALROSA is ranked among top three leaders of the first environmental responsibility rating of Russian mining companies for the period of 2016–2017 prepared by the national rating agency at the initiative of the World Wildlife Fund (WWF) and the UNDP/GEF/EU project of the Ministry of Natural Resources and Environment of Russia.
The priority tasks of the Company’s environmental policy are the following:
– minimization of the adverse environmental impact in all areas of environmental activities
– comprehensive and rational use of mineral resources
– risk management

[19] https://www.iwgia.org/en/russia/2463-russia-people-of-the-earth-do-whatever-you-can-to
[20] https://www.iwgia.org/en/russia/2316-russia-evenk-community-leader-opposing-uk-based-go
[21] http://www.minorityvoices.org/news.php/en/1164/russia-sakha-protest-mining-rush-in-siberia
[22] Kuzbass Shor Kol https://www.fern.org/news-resources/slow-death-in-siberia-100/?fbclid=IwAR3ZtaORwe5j_la5DlI3Anp9QZ9M3T2Eige4FIyi08GWUIKOq8o3bWdxHkc
[23] https://cenozo.org/en/articles/106-how-a-russian-mining-giant-has-saved-16-5m-in-burkina-faso-one-of-the-worlds-poorest-countries
[24] http://www.metallerochgruvor.se/20190121/5850/fn-kraver-svar-av-frankrike-kring-omstridd-guldgruva


Til neste kapittel