Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

7. Glimt frå den store verda

GRUVELAND I UTVAL

Mineralutvinning pågår i så godt som alle land i verda, i større eller mindre målestokk. Den store boka som samanliknar drift, inntekter, lovverk, naturskader og protestar i alle desse landa er ikkje skrive, og blir det heller ikkje her. Dette blir bare nokre glimt frå utvalde land frå alle verdsdelar, sett med norske briller, og særlig med tanke på miljøverknadane av gruvene og på gruveplanar som har møtt motstand.

Sverige – Gruver utan skatt

Oppslag funne på museum i Rättvik, Dalarna. SGU inviterer alle til å vere med på mineraljakt. Det blir frista med pengepremiar og at det kan bli nye gruver og arbeidsplassar. Ulempene med gruver står det sjølvsagt ingenting om.
(Foto: SL)

«Sverige har som mål å bidra til verdas behov for metall, med minst moglig innverknad på menneske og miljø. I dag og i morgon.» Slik presenterer Business Sweden målsettinga for svensk mineralnæring i sitt ambisiøse program «Mining for Generations - Mining by Sweden», lansert i 2016 i samarbeid mellom den svenske regjeringa og industri. I presentasjonen kan vi vidare lese: «Vi ønsker å dele den svenske porteføljen av leiande metodar og kunnskap for gruver globalt. Vi ønsker å legge til rette for at prospektørane sine muligheiter til å nå ut til betydelige mineraleressursar. ... Ved hjelp av innovative gruvedriftsløysingar, utvikla gjennom århundre med svensk gruvehistorie i samarbeid med teknologiselskap, tjenesteleverandørar, gruver og akademia, kan mineral og metall utvinnast på ein bærekraftig måte: gruver skal drives i en effektiv måte med respekt for urfolk og natur. »[1]

Det hørest jo vakkert ut. Andre har ei noko anna oppfatning av svensk gruveindustri og svensk mineralpolitikk. Slik blei svensk gruvepolitikk oppsummert i eit innlegg av sju gruvekritiske organisasjonar i 2012:
«Sverige har en av världens mest generösa minerallagar. Gruvbolagen betalar en halv promille av sina intäkter för mineralerna i avgift till svenska staten för rätten att äga mineralerna. Detta ger staten en årsinkomst på trehundrafemtio tusen kronor per år. SGU, Sveriges Geologiska Undersökning kartlägger alla mineralfyndigheter i Sverige och för ett utländskt gruvbolag räcker det med att kontakta SGU för att få reda på var till exempel Sveriges olika guldfyndigheter finns. Därefter är det bara att skicka in en ansökan om rättigheterna till fyndigheten. Om ett bolag under prospekteringsarbetena finner något intressant behöver man bara vända sig till SGU för att få området eller fyndigheten utpekad som riksintressen. I de fall där olika riksintressen ställs i en prövning mot varandra har riksintresset mineral ännu inte förlorat en enda gång.»[2]

Indien i norr

På Nasafjell like ved grensa til Noreg på Saltfjellet var den første gruva i samisk område på svensk side. Enno kan ein i terrenget sjå rester av steinhus frå gruvetida og slagghaugar etter drifta.
(Foto: Thomas Sayes)

Sverige har liksom Noreg ei rik historie om jernutvinning i jernalderen i sørlige og midtre delar av landet. I begge landa har det først i seinare år blitt kjent at det også i nord har vore utvunne jern allereie f. Kr.

Gruvedrift i fast fjell ser ut å ha starta fleire hundreår tidligare i Sverige enn i Noreg, med koppargruva i Falun allereie frå 800-talet. Også jerngruver og jernverk kom tidligare. Omlag 15 mil nordvest om Stockholm er det finne rester etter den eldste kjente masomnen i Europa, trulig frå slutten av 1100-talet. Området rundt fikk på 1400-talet namnet Bergslagen etter gruvedrifta og den spesielle gruveretten som rådde der. Etter koppargruva i Falun blei heile lenet kalla Kopparbergs län.

Gruvedrifta var fram til 1600-talet i låglandet i Sør- og Mellom-Sverige. Da starta koloniseringa av områda i nord og i fjella i vest. Som mange andre europeiske land såg Sverige på 1500- og 1600-talet seg om i verda etter landområde å kolonisere og utbytte. Den svenske krona trong ikkje reise til andre kontinent, landet hadde enorme naturressursar i nord, i område som mest var befolka av samar. «I Norrland hafva vi ett Indien» blei det uttalt av ein riksråd på 1600-talet. Dette er ikkje bare gamal historie. I ein artikkel frå 2013 skriv frilansjournalisten Erik Persson: «Axel Oxenstiernas uttalande har under de dryga fyra hundra år som förflutit sedan dess kommit att bli ganska talande för förhållandet mellan den svenska staten och landets delar norr om Dalälven. ... I jakten på råvaror och tillväxt går det en röd tråd från Axel Oxenstierna till dagens internationella gruvexploatörer.»[3]

Den første gruva i Norrland var sølvgruva på Nasafjellet frå 1635. Jernutvinning kom i gang i Masugnsbyn / Masuuninkylä i noverande Kiruna / Giron kommune på 1640-talet. Allereie på den tida var det kjent at det var jernmalm i fjellet i Kiruna, men denne var fosforrik og vanskelig å utnytte da. På slutten av 1800-talet hadde teknologien blitt utvikla. Da blei gruva i Kiruna starta, som blei den største gruva i svensk historie. Sidan har det blitt etablert ei mengde jern-, koppar-, sink- og gullgruver over store delar av reinbeiteområdet, frå Norrbotten til Jämtland. Nært knytt til gruveindustrien har det blitt gjennomført ei storstilt vasskraftutbygging i dei same områda. I seinare år har det vore stor pågang frå gruveselskap som vil sette i gang gruver i reinbeiteområde. Det har ført til store protestar frå samisk hald og frå naturvernarar og striden om fortrinnsrett for reindrift eller gruvedrift går heilt opp i den svenske regjeringa.

Kart over gruver i Sverige viser at det i første rekke er tre gruveområde. Det er Bergslagen, Skellefteå-området i Västerbotten og Kiruna/Gällivare i Norrbotten. Planane for nye gruver er i stor grad i dei same områda, men også nokre andre område er aktuelle.

Svensk gruvpolitik i omvandling

Overskrifta er tittelen på ei bok som blei gitt ut i 2018[4]. Forfattarane viser at den svenske gruvepolitikken gjennomgikk store endringar rundt 1990. Tidligare var mineralnæringa i Sverige i stor grad statsstyrt. Staten hadde hovudansvaret for prospektering og rett til å gå inn med 50 % eigardel i eit kvart privatdrive gruveprosjekt. Gruveselskapa måtte betale 50 % av overskotet i skatt. Dette blei endra med den nye minerallova av 1991. I staden kom ei minimal mineralavgift på 0,15 % av produksjonsverdien til grunneigar og 0,05 % till staten. Selskap som ønska å prospektere fikk stor fridom til å gjøre det over heile landet, med unnatak for nasjonalparkar. Men sjølv ikkje der var naturen trygg dersom det blei gjort store mineralfunn. Ei juridisk utgreiing om minerallovgivininga konkluderte slik: «Resultatet av undersökningen visar att det inte finns något hinder som inte genom dispens kan kringgås mot att bedriva undersökningsarbete eller bearbetning av koncessionsmineraler, oavsett plats.»[5]

Mens kommunen i Noreg må godkjenne reguleringsplan for gruve, er kommunen i Sverige redusert til ein høringsinstans. Länsstyrelsen kan derimot seie nei, men om Bergstaten (tilsv. Direktoratet for mineralforvaltning) ønsker det kan dei anke eit avslag inn for regjeringa. Miljöpartiet, som har utgjort den einaste reelle opposisjon mot gruvepolitikken i den svenske Riksdagen, har krevd vetorett for grunneigar, kommune og län.

Haldningane hos sentrale politikarar er at gruveinteresser skal overkjøre alt anna og at andre interesser ikkje skal vurderast ved tildeling av undersøkingsløyve. Det er ikkje utan grunn at det kanadiske gullselskapet Mandalay Resources etter 4 års drift i Sverige omtaler landet som «one of the best mining jurisdictions in the world».

I den nemnde boka Svensk gruvpolitik i omvandling blir endringane skildra slik at dei «gav gruvindustrin ett signifikant juridiskt övertag gentemot andra institutioner, vilket motiverades genom at ekonomisk logik och föreställningen om at utökad exploatering låg i allas interesse.» Gruveinteresser har blitt sett som overordna reindriftsinteresser, noko som har ført til ei rekke uløyste konflikter, og behandlinga av samiske interesser i forhold til gruveetableringar har gjort at Sverige har fått hard kritikk frå FNs rasediskrimineringskommité. Gruvespørsmål har også vore ein av årsakane til at svenske styresmakter ikkje har villa ratifisere ILO-konvensjonen om urfolk.

Mediadekking og debatt om gruvedrift har klare parallellar mellom Noreg og Sverige. Den første journalisten som byrja å sjå grundig på mineralnæringa var Arne Müller i SVT i Västerbotten. Boka hans Smutsiga miljarder har vore ei stor inspirasjon for denne bokserien. Her skriv han om mediadekkinga: «Sedan slutet av 90-talet, när det gick att ana konturerna av den gruvboom vi ser i dag, har det trykts og sänts mängder av oerhört okritiska reportage om olika gruvprojekt. Bolagen har tidigt varit bra på att beskriva sina projekt i en positiv dager och även i riksmedia har det i princip inte funnits några journalister som haft tilräcklig kunskap för att kunna ifrågasätta vare sig de ekonomiske kalkylerna eller de miljömessiga konsekvenserna.» Dessverre er desse orda fortsatt gyldige, i begge landa.

LKAB – største gruvesuksess i Norden

Selskapet LKAB blei oppkalt etter to fjell, der det blei funne jernmalm. Byen Kiruna blei så bygd mellom desse. Bildet viser Luossavárri sett frå parkeringsplassen ved LKAB sitt hovudkontor ved foten av Gironvárri. Den delen av Kiruna by som ein ser foran fjellet blir no flytta på grunn av gruvedrifta.
(Foto: SL)

I gruvehistoria i Norden er det ingenting som nærmar seg LKAB. Gjennom over hundre år har «bolaget» hatt ei avgjørande rolle, på godt og vondt i samfunnsutviklinga i Norrbottens län og på norsk side i Narvik-området. Hovudgruva på Gironvárri / Kirunavaara har vore i drift i langt over hundre år, og er basert på ein av verdas største konsentrasjonar av jernmalm. Etter ein start som dagbrot er underjordsgruva no nede på eit hovudnivå på - 1365 m, og det blir drive heilt ned på 1540 m. Det er da den djupaste gruva som har vore i Europa.

Namnet Luossavaara Kirunavaara Aktiebolag er ei blanding av samisk, finsk og svensk og fortel om «tre stammers møte» i området der gruvene er etablert: Den opprinnelige bruken er samisk reindrift og utmarksnæringar, så kom finskspråklige nybyggarar og svensk gruveindustri, skole og statsforvaltning. Gruvene og tilhørande infrastruktur er frå starten etablert på reinbeiteland, og reindriftssamane har vore nøydd å trekke unna og forsøke å tilpasse seg etter som gruveverksemda har krevd meir og meir land.

Mens andre gruveselskap har spreidd seg på mange slags mineral og gruver rundt om i verda, har LKAB halde seg til jernmalm innafor kommunane Kiruna og Gällivare i Norrbottens län. Den nest største gruva er i Malmberget i Gällivare. I periodar har det òg vore drive i Svappavaara. Der er no nettopp starta opp ei ny gruve, med eige sidespor for malmbanen. Da jernmalmprisen var på det høgaste, skulle LKAB starte ny gruve i Mertainen mellom Svappavaara og Kiruna. Dei nådde å få løyve i strid mot reindrift og naturverninteresser, høvla ned eit stort område med gamal skog og skrapa all vegetasjonen av fjellet. Alt var klart for å starte dagbrot, da prisfallet på jernmalm gjorde at LKAB la planen på is. Men naturraseringa er allereie gjort, sjølv om ikkje noko jernmalm har blitt utvunne. I ettertid har LKAB innrømt at dette var ei feilsatsing.[6]

LKAB står i dag aleine for omlag 90 % av jernmalmproduksjonen i EU. Økonomisk har tidene vore skiftande og i periodar har det halde hardt, men i andre periodar har drifta gitt store overskot til den svenske statskassa, som skatt og etter at staten overtok aksjane også som aksjeutbytte.

Knapt noko igangverande gruve i Norden har hatt så langvarig samanhengande drift som LKAB i Kiruna og Malmberget og knapt nokon tenker så langt framover. Under begge byane er det store ressursar igjen, men desse kan ikkje utvinnast utan at det blir sprekkar i berget over underjordsgruvene. Derfor er det no i gang ein stor aksjon for å flytte store delar av både Kiruna og Malmberget. Likevel byrjar ein å ane at slutten nærmar seg. Det er derfor usikkert om det vil bli noko nytt hovudnivå i Kiruna etter avslutninga av noverande planperiode, i 2035. Fram til da vil i alle fall ei av dei aller største gruveinvesteringane i Norden bli ved LKAB. Det blir jobba med automatisering av drifta og omlegging av produksjonsprosessen så CO2-utslepp blir minimerte..[11] Samtidig leitar LKAB aktivt etter nye malmleier i og rundt Kiruna til erstatning for dei som vil gå tomme.

Liksom alle andre gruver blir det også ved LKAB overskotsmateriale som ikkje blir seld. Sjølv om prosenten av avgangsmateriale her er mindre enn for dei fleste gruver, blir det likevel mye når det er snakk om så stor utvinning. Som skrive tidligare i denne boka, har dette vore lite framme i litteraturen om LKAB, men på direkte spørsmål til selskapet, får vi opplyst at det i 2018 ved gruvene i Kiruna, Svappavaara og Malmberget til sammen blei lagra omlag 28 millionar tonn med gråberg og avgangssand. Her er store ressursar å ta av dersom ein kan finne bruksområde og sal for noko av desse minerala. Det var ikkje jernmalm, men apatitt som først fikk Hjalmar Lundbom til å reise til Kiruna og leite i berget. I mange år blei apatitt tatt ut som biprodukt, men på 1980-talet blei denne produksjonen lagt ned da det ikkje lenger lønte seg. Først i seinare år har LKAB byrja å snakke om å ta vare på apatitten igjen. I 2019 blei det publisert at LKAB har sett i gang eit pilotprosjekt for å ta ut apatitt og sjeldne jordmineral av avgangen frå jerngruvene, både frå tidligare og framtidig utvinning.[10]

Pajala – Nordens største konkurs

Langt inne i skogen nord om Pajala ligg eit svært gruveanlegg med avløpsrør. Her dreiv Northland Resources jerngruve til dei gikk konkurs i 2014. I 2018 starta gruva opp igjen. Bildet er frå 2013.
(Foto: SL)

Etter gruveboomen som starta rundt 2005 har det blitt lansert ei rekke nye gruveplanar i «Lappmarken». Nokre av dei har blitt starta opp, med svært blanda resultat. Det aller største prosjektet var ei heilt ny jerngruve i Kaunisvaara i Pajala, like ved grensa mot Finland. Eigar var eit selskap med namnet Northland Resources. Det var registrert i Canada, med hovudkontor i Luxemburg. I motsetning til LKAB si langsiktige tenking, hadde dei hastverk og måtte få i gang produksjon og sal så fort som råd. Ei rekke miljøreglar blei brotne og transporten sett i gang før vegen var klar. Likevel gikk det ikkje fort nok, for da dei første leveransane av jernmalm blei sendt med trailer til Malmbanan, var allereie jernmalmprisen halvert, og da prisen heldt fram med å falle, klarte ikkje bedrifta å dekke utgiftene. Trass i dyre redningsaksjonar enda det med Nordens største konkurs, med tap på 14 milliardar SEK. I tillegg kjem alt som Pajala kommune og ei rekke entreprenørar, transportselskap og mindre bedrifter hadde satsa i tilknyting til gruva. Konkursbuet blei så lagt ut for sal, men kjøparane sto ikkje i kø. Først da jernprisen igjen byrja å stige, dukka det opp ein kjøpar, som kalla seg Abecede, seinare omgjort til Kaunis Iron. Dette er eigd av «ett 80-tal svenska entreprenörer». Det nye selskapet satsar på ein årsproduksjon på 2 millionar tonn jernmalmslig, eller halvparten av produksjonsmålet for Northern Resources. Bare få månadar etter at dei overtok, var produksjonen i gang og i slutten av juli 2018 gikk første lassa med slig avgarde. Kaunis Iron føresette da at dei kunne halde fram som Northern Resources hadde gjort, med brot på alt av reglar, men det ville ikkje styresmaktene utan vidare godta. Sjølv om dei har starta opp er striden om vilkåra ikkje over. Naturvårdsverket har bede Mark- og miljødomstolen om å tilbakekalle driftsløyvet, noko som førte til sterke reaksjonar frå bedrifta og lokalpolitikarar. Det har likevel ikkje hindra selskapet i å reklamere med «sina gynnsamma miljöfördelar». Desse har vi no byrja å sjå i praksis, med utslepp av gruveavgang til myrområde som slett ikkje er regulert for dette, og stor fare for avrenning til grenseelva Torneelv/Tornionjoki/Durtnoseatnu. Ikkje bare svenske, men også finske styresmakter har no byrja å bekymre seg over verknadane for denne elva, og riksdagsrepresentantane frå Lapplands len vil ta saka opp i den finske riksdagen.[12]

Gállok – Sveriges største gruveprotest

Sjølv om enno ikkje Beowulf Mining har fått løyve til å starte gruve i Gállok, har prøvebryting og kjøring i terrenget gitt store naturinngrep.
(Foto: Tor L. Tuorda)

Aksjon mot prøvebryting i Gállok. Aksjonen blei slått hardt ned av politiet.
(Foto: Tor L. Tuorda)

I Gállok eller Kallok ved Jokkmokk har det engelske selskapet Beowulf planlagt å starte ei stor jernmalmsgruve i dagbrot. Beowulf Mining plc er starta i 1988, men har aldri hatt aktiv gruvedrift og enno ikkje fått ein konsesjon. I Sverige er det omtalt som eit «brevlådaföretag». Sjølv presenterer dei seg slik «We specialise in discovering and developing natural resources in the Nordic Region». Dei har danna eller kjøpt opp ei mengde underselskap, i alle fall Beowulf Mining AB, Beowulf Mining Sweden AB, Beowulf Sweden AB, Iron of Sweden Limited, Wayland Copper Ltd, Wayland Sweden AB, Oy Fennoscandian Resources AB og Jokkmokk Iron Mines AB.

Den planlagte gruva vil ligge mitt i flyttleia til samebyen, som protesterte mot planen. Det som virkelig tente protestane lokalt var da den engelske direktøren presenterte prosjektet på eit møte for potensielle investorar og sa: «And if you ask me what the local people think about this I show you this picture [bilde av skog utan bygnadar] and say: ’What local people?’» Det førte til at det blei tatt ei mengde bilde av folk i lokalsamfunnet, og laga biletutstilling under tittelen «What local people?»[13].

Da Beowulf fikk løyve av styresmaktene til prøvedrift i 2013 stengte demonstrantar vegen for dei, og blei rydda bort av politi, tildels med hard makt. Det oppsto fleire svært farlige situasjonar, og var bare flaks at ikkje nokon blei drepne. Dette blei filma og streama live over internett, slik at politiaksjonen blei kjent vidt omkring, også i andre land. Aksjonane var eit samarbeid mellom lokale samar og tilreisande naturvernarar. Som så ofte var derimot fleirtalet i det lokale kommunestyret positive til gruva, i von om å få fleire arbeidsplassar til kommunen.

Det som starta som ein reaksjon på planane i Gállok utvikla seg til eit meir prinsipielt nei til gruver i lokalsamfunnet, med parola «Inga gruvor i Jokkmokk!».

Striden om Beowulf skal få driftskonsesjon har lenge gått fram og tilbake i forvaltninga. Länsstyrelsen i Norrbotten har vendt tommelen ned og hausten 2019 ligg saka i regjeringa, som består av både tilhengarar og motstandarar av gruveplanen. I mellomtida har det vore nye aksjonar for å skape blest om saka, seinast sommaren 2019 med over tusen deltakarar på den internasjonale leiren "Rainbow Gathering" i skogen ved Jokkmokk.

Falun – 1200 år gamal verdsarv

Det store dagbrotet i Falu gruva, "Stora stöten" oppsto ved at underjordsgruva rasa saman. No er dette del av museumsområdet.
(Foto: SL)

Falu gruva i Falun er ei av få nedlagte gruver som har fått status som verdsarv under UNESCO. Her har vore kopparutvinning i minst 700 år.
(Foto: SL)

Det er ikkje mange gruver som har oppnådd æra å bli tatt opp som UNESCO Verdsarv. Ei av dei er koppargruva i Falun. Dette var etter alt å dømme den første malmgruva i fast fjell i Norden. Drifta starta sannsynligvis på 800-talet og varte heilt fram til 1992. Inga gruve i Norden har betydd så mye for statsøkonomien. Ei tid ga gruva størsteparten av Sveriges eksportinntekter, og kongen sjølv engasjerte seg i drifta. Ved sida av å lenge vere største koppargruva i Europa, blei det til tider utvunne både gull og sølv, produsert raudmaling av jernmalm og svovelsyre av svovelkis.

Drifta hadde også sine baksider. Til saman møtte omlag 600 gruvearbeidarar ein brå død i gruva, i tillegg kjem alle som blei skada av ulukker og forureining. Svovelrøyken frå malmsmeltinga låg tett over Falun, og kunne merkast opp til ti mil unna. I boka Falu Gruva[14] blir det skildra slik: «De resenärer som kom til Falun trodde att de rest fel ock kommit til Helvetet självt. Den førskräckliga roströken synte på långt håll og slog emot dem med en stickande kvävande doft.» Da ein besøkande klaga over røyken, svarte gruvelegen: «Du är ovan vid att innandas denne hälsobringande luft, vilken just genom sitt innehåll på svavel och vitriol icke blott bevarar stadens folk från lungsot utan även ökar deras livslängd.» Å kalle svovelrøyken helsebringande er vel noko drøyt, men faktum er at Falun slapp unna nokre av dei epidemiane som ramma landet omkring, trulig har røyken som tok livet av det meste av vegetasjonen og dyrelivet i området også tatt knekken på smittebærande bakterier og virus. Enno er marka sur i over ei mils omkrins rundt gruva og plante- og dyrelivet er svært avgrensa.

Dei store helseproblema og dei mange ulukkene gjorde at Falu Gruva tilsette eigen gruvelege og oppretta gruvehospital før slikt fantest ved andre bedrifter i Sverige. Det blei og utvikla sosiale ordningar, bl.a. pensjonar for gruvearbeidarar som blei uføre etter ulukker og for etterlatne etter omkomne gruvearbeidarar.

Boliden – ei føregangsbedrift?

Aitik i Gällivare er Bolidens og Nordens største koppargruve.
(Foto: Magnus Strømseth)

I 2016 arrangerte Naturskyddsföreningen i samarbeid med Samernas Riksförbund eit gruveseminar i Umeå. Deltakarane dro også på tur til Laver, der dei fikk orientering om gruveplanane ved både Boliden og lokale motstandarar, og sjå restene etter den tidligare gruvedrifta.
(Foto: SL)

Boliden har namnet sitt etter staden Boliden i Västerbotten, der den første gruva blei starta. Seinare har selskapet etablert eller kjøpt opp gruver rundt i Sverige og andre land. Etter LKAB er Boliden det suverent største gruveselskapet i Sverige. Dei har satsa på basemetall som koppar, sink og nikkel, både i Sverige og andre land. I Sverige har Boliden heile 6 av dei 13 metallgruvene som er i drift. Boliden er rekna som eit svensk selskap, men største eigar er faktisk det norske Oljefondet, nest største er det amerikanske gigantselskapet BlackRock. Elles er det blant eigarane eit utal av investeringsselskap og fond.

På nokre område er Boliden heilt i front, når det gjeld automatisering og teknisk utvikling. Gruva i Kankenberg kan bli verdas første fullautomatiserte. Når det gjeld miljøspørsmål kan derimot Boliden knapt seiast å vere noka føregangsbedrift. På eine sida har selskapet laga propagandafilm om gjenfylling og revegetering etter nedlagte dagbrot, dei har og gjort ein del med sikring av dammar og reduksjon av avrenning. På andre sida har Boliden i Aitik ved Gällivare trulig Nordens største landdeponi. Dit går det aller meste av det som blir tatt ut av koppargruva. Denne gruva har vore i drift heilt sidan 1968 og har eit av Europas største dagbrot. Det er planlagt å bli heile 600 meter djupt. Samtidig er det planlagt ei ny gruve. I 2016 fikk folk i to bygder melding om at dei må flytte innan 2020. Det skal bli eit nytt dagbrot nesten like stort som det som drivast på i dag.[15] Da vi besøkte gruva i 2015, spurte vi om dei hadde planar om å utnytte noko meir enn 0,2 %, men det hadde dei ikkje.

I 2000 hadde Aitik-gruva eit damhavari der 1,6 mill m3 forureina vatn rann ut i vassdraget. Ei undersøking av havari ved avgangsdammar i Sverige viser at Boliden har stått for heile sju av ni.[17] Boliden sine gruver står for ein god del av gruveforureininga i Sverige. I vatnet Hornträsket i Västerbotten er så godt som alt liv borte, som resultat av tre no nedlagte gruver som var drive av Boliden. Men selskapet har iherdig forsøkt å dra seg unna alt ansvar.

< I Laver i Älvsbyn i Norrbotten satsa Boliden på 1930-talet stort på koppargruve, og bygde opp eit heilt lokalsamfunn med alt frå skole til Folkets Hus. Drifta kom i gang i 1938, men ressursen var fattig og gruva blei gitt opp allereie i 1946 og alt blei fråflytta. No har Boliden funne ut at i våre dagar kan det likevel vere grunnlag for å drive på 0,2 % koppar, og har planlagt ei ny gruve som vil bli enno større enn gruva i Aitik. Gruva vil berøre eit stort område som i dag brukast til reindrift og friluftsliv. Ein stor, relativt flat dal vil bli stengt av med gigantiske dammar i kvar ende og fyllt opp som deponi.[16] Dette er eit av dei aller største gruveprosjekt som er planlagt i Norden, med berekna investeringar på omlag 10 milliardar kr. Laver-gruva er ein av mange gruveplanar som har kjørt seg fast i den svenske forvaltninga, og ingen veit om og i såfall når dei vil få løyve til å starte. Lokalt har det i fleire år vore organisert motstand mot planane. Samerådet har protestert og bl.a. sendt brev til aksjonærane til Boliden.[16a] Lânsstyrelsen i Norrbotten har sagt nei, og i skrivande stund ligg saka hos regjeringa.

I Finland har Boliden kjøpt opp gruver og smelteverk frå Outokumpu, og i Irland har dei den største sinkgruva i Europa. Boliden har også eksportert avfall i store mengder. På 1980-talet blei store mengder arsenikkhaldig avfall eksportert til Chile, der mange blei sjuke av det. 800 av dei som blei ramma stilte selskapet til ansvar, men i 2019 blei det avklart at svensk rettsvesen ikkje vil dømme Boliden. Dei sjuke og fattige chilenarane som tapte saka, blei også dømde til å betale 50 millionar kr i saksomkostningar!

Blaiken – katastrofe for miljø og økonomi

Gruveområdet i Blaiken ti år etter at selskapet gikk konkurs 2007.
(Foto: Tor L. Tuorda)

Etter to konkursar ligg gruva i Svärtträsk igjen som ein giftpøl med enormt behov for oppreinsking.
(Foto: Tor L. Tuorda)

Blaikengruva i Sorsele i Västerbotten var ei sink-, gull- og blygruve som blei starta i 2006. Gruva hadde vore i drift bare knappe to år, da eigaren ScanMining AB gikk konkurs i 2007. ScanMining var eit svensk selskap som ved sida av Blaikengruva hadde gruve i Svärtträsk i Storuman og Pahtavaara gullgruver nær Rovaniemi i Finland, og var engasjert i mineralleiting i Pasvik i Sør-Varanger.

Konkursbuet blei kjøpt opp av Lapland Goldminers. Dei fikk planane sine godkjent av Mark- og miljödomstolen, mot protestar frå grunneigarar, men gikk så konkurs i 2011 før drifta var kome i gang ved nokon av dei konkursramma gruvene. Med i konkursen gikk alt dei hadde kjøpt opp frå Scan Mining og deira eigne seks gullgruveprosjekt i Västerbotten. Lapland Goldminers hadde klart å få ei mengde svenske småspararar til å satse på aksjekjøp, og dei mista sjølvsagt alt dei hadde investert.

Blaikengruva, også kalla Ersmarksbergsgruva, var opne dagbrot, som etter konkursen blei fyllt opp av regn og snø til det rann over og sterkt metall- og sulfidhaldig vatn rann ut i innsjøen Storjuktan, der store delar av botnen no er heilt daud. Eigaren hadde før konkursen bare nådd å sette av 3 millionar kr. til oppreinsking etter gruva. Til saman blei det i 2014 berekna at den svenske staten må betale minst 200 millionar for oppreinsking. I 2018 ga Riksdagen klarsignal for at staten kunne overta gruva og sette i gang oppreinskingsarbeidet. I mellomtida var prisen auka til 400 millionar kr. for å reinske opp der og i den nærliggande Svärtträskgruva. Der blir gruveområdet dekka med kalk og anna masse som skal hindre spreiing av tungmetall.

Rönnbäck – frå gruve til inkasso

Demonstrasjon mot gruveplanane i Rönnbäck.
(Foto: Tor L. Tuorda)

Ein av dei aller mest omstridde gruveplanane i Sverige dei siste åra har vore planen om nikkelgruve i sørsamisk reinbeiteområde, i Rönnbäck, Björkvattsdalen, Tärnafjällen. Det skal utvinnast 26.000 tonn nikkel pr år frå eit dagbrott som er berekna å bli omlag 600 meter djupt.

Bak planen sto det svenske selskapet IGE Resources, tidligare International Gold Exploration. Dei hadde rettane til koppar- og gullførekomsten i Biedjovággi i Guovdageaidnu i tida 2006 – 10, før dei selde desse vidare til Arctic Gold. Frå 2014 skilde dei ut prosjektet i Rönbäcken som eige selskap med namnet Nickel Mountain Group med underselskapet Nickel Mountain AB. Den kjente norske investoren Øystein Stray Spetalen kjøpte seg da inn i selskapet, som han fikk svært billig.[18] Året etter kjøpte Nickel Mountain Group opp det spanske inkassoselskapet ALD Abogados, og skifta så igjen namn, no til Axactor. Dette selskapet skulle da ikkje drive gruvedrift, men inkasso!

Selskapet med dei stadig skiftande namn har ei mildt sagt turbulent historie, med bot frå Oslo Børs for mangelfulle opplysningar i samband med oppkjøp i Afrika, med sjefar som har sagt opp og blitt sagt opp og revisor som trakk seg pga. mistanke om kriminelle handlingar frå styret. I 2013 tømte styreleiar i samarbeid med eit styremedlem kassa for 50 millionar, før selskapet blei slått konkurs. Dei blei i 2016 dømt til 2 års fengsel.[19]

Ved årsskiftet 2015/16 selde så Axactor Rönnbäck-prosjektet til det svenske mineralselskapet Archelon AB. Dette er eit erklært prospekteringsselskap, som ikkje skal drive eigne gruver, men bare kjøpe opp ressursar og drive prosessen fram til dei kan selge vidare. Archelon har som tidligare eigarar drive med underselskap og namnebytte i stor grad, slik at det er vanskelig å vite kven som er kva og kven som no er eigentlig eigar. Nokon langsiktig eigar av eventuelle gruver i Rønnbäck er altså enno ikkje i sikte, etter 5 – 6 eigarar på eit knapt tiår.

Gruveplanane møtte motstand i lokalsamfunnet så snart dei blei kjende, og allereie i 2011 var det protestmøte i Tärna og året etter i Umeå. Direktøren i Nickel Mountain Resources AB lova da: «– Om vi inte kan ha en säker miljö då blir det inget projekt». Sidan har prosjektet nådd å skifte både direktør og eigar fleire gongar, så lovnadane frå tidligare direktør har nok avgrensa verdi. Protestane har blitt organisert gjennom Nätverket Stoppa gruvan i Rönnbäck, som har markert seg med eigen blogg[20] og Facebookgruppe [21]. Leiar er Marie Persson Njajta, som også er medlem av det svenske Sametinget. Dei har klaga saka inn for FN og fått støtte der. Den svenske regjeringa avviser kritikken med at det enno bare pågår prospektering og ikkje drift. Dei vil altså ikkje vurdere om gruveplanen bryt internasjonale konvensjonar før skaden er gjort og det er mye vanskeligare å stoppe det.

Mandalay Resources – bærekraftig gullgruve?

Frå Mandalay Resources sin presentasjon på EuroMineExpo: Den bærekraftige og menneskelige gullgruva.
(Foto: SL)

Björkdalsgruvan nær Skellefteå er største gullgruva i Sverige, og ei av dei største i Europa. Gullinnhaldet i malmen dei tar ut har dei siste fem åra lege på mellom 0,6 og 1,3 g/t, noko som er svært lågt i samanlikning med andre gullgruver. Dette vil seie at dei må bruke eit svært stort område og produsere omlag ein million tonn avgangsmateriale for kvart tonn gull. Dei tar da også ut heile 1,3 mill. tonn malm for året.

Utvinninga starta i 1988 og frå da har gruva har hatt varierande eigarar: Terra Mining AB, William Resources, International Gold Exploration, Minmet, Gold-Ore, Elgin og Mandalay Resources. Med sju eigarar på 30 år har altså kvar eigar gjennomsnittlig sete på gruva i vel fire år. Svensk Wikipedia skriv: «Björkdalsgruvan ägs för närvarande av Mandalay Resources.» Det er likevel litt for enkelt å seie at Mandalay Resources eig Bjørkdalsgruvan. Det gjør dei gjennom ein serie av fire selskap der det eine eig det neste i ei rekke. Det kanadiske selskapet presenterer seg slik: «Mandalay Resources skaper eksepsjonell verdi for aksjonærar gjennom å tileigne seg undervurdert eigedom som kan: bli raskt kontantgenererande, bli drive med eiga finansiering, etablere og oppretthalde høge driftsmarginar og returnere profitt til aksjonærane. Mandalay er opptatt av å operere trygt og på ein miljømessig forsvarlig måte, samtidig som det utviklar eit høgt engasjement for samfunnet og dei tilsette.»[22]

På Euro Mines Expo i Skellefteå 2018 var Mandalay Resources ein av tre gullsponsorar for messa og selskapet hadde ein svært høg profil. Dei spanderte lunsj på alle deltakarar som ville komme å høre på deira «Lunch seminar on sustainability», som stort sett handla om kor bærekraftig gruva deira er.

Protest på protest

Den store gruvesatsinga i Sverige dei siste åra kan ikkje seiast å ha vore noko paradeløp. I stor grad har det vore ei historie om konfliktar, protestar og konkursar. For ikkje å fylle mesteparten av denne boka må vi ta resten av eksempla i kortversjon:

Denne ufullstendige oversikta viser at ved ein svært stor del av gruveplanane har det vore strid om det skulle bli gitt løyve til undersøking eller drift. Dette viser at det svenske samfunnet har eit alvorlig problem: Ei av dei viktigaste næringane i landet, som legg mye av grunnlaget for den svenske industrien, er så omstridd at det set preg på heile samfunnet. Regjeringa vil ha full satsing på mineralutvinning, gruveselskapa står i kø for å starte, men vilkåra dei ønsker å få drive under er så miljøskadelige at nesten alle planar møter motstand, i lokalsamfunna, blant miljøorganisasjonar, samiske interesser og ofte også i forvaltningsapparatet. Ei rekke gruveplanar har ført til oppretting av lokale motstandsgrupper. I tillegg er det oppretta ein eigen organisasjon, Urbergsgruppen, som arbeider mot gruveplaner, og Naturskyddsföreningen har dei siste åra engasjert seg mye i gruvespørsmål. Sidan mange av dei eksisterande og planlagte gruvene kjem i konflikt med reindrift og andre samiske interesser har Samernas Riksförbund (SSR) og Sametinget engasjert seg mot nye gruver på reinbeiteland.

Striden står ikkje bare om dei enkelte gruvene, men og om prinsippa for saksbehandling. Mineralnæringa sin organisasjon Swemin og dei store gruveselskapa pressar på for å få ei enklare og raskare saksbehandling, med mindre moglegheiter for offentlige organ til å avslå ein søknad. Argumentet dei brukar no er behovet for mer mineraler til miljøvenlige tiltak som solceller og elbilar. På andre sida uttaler det svenske Sametinget at det ikkje skal vere lett å starte gruver, da det er store miljø-, natur- og kulturverdiar som kan bli ødelagt. I Sverige har reindrift siden 1987 i prinsippet hatt status som riksinteresse, men dette blir likevel stadig overkjørt av hensynet til mineralnæringa.[27]

«Broderfolken»

«Broderfolkens väl» var slagordet til den siste unionskongen av Sverige og Noreg. Også innafor mineralutvinning har sambandet mellom Noreg og Sverige vore tett gjennom tidene, og stort sett ganske broderlig. Malm, metall, teknologi, kapital og gruvearbeidarar har passert Kjølen frå før han blei ei grense, i alle fall frå tidlig jernalder da Trøndelag og Jämtland var eit felles sentralt område for jernvinning frå myrmalm. På slutten av tida for den svensk-norske unionen blei Malmbanan opna, og framleis fraktar han malmen frå Europas største gruve til verda gjennom norsk hamn.

Svenske selskap har med større eller mindre suksess vore inne i norsk mineralnæring, frå «Gruvkungen» Nils Persson som rundt 1900 hadde interesser både i Sulitjelma, Sydvaranger, Salangen, Rana og fleire stadar i Nord-Noreg, til Boliden forsøkte seg på Biedjovággi på 50-talet, og blei etterfølgd av IGE og Arctic Gold på 2000-talet, og Vilhelmina Mineral no vil starte opp igjen Joma gruver.

Om vi samanliknar gruvedrifta i Noreg og Sverige ser vi ein stor forskjell på kva som er i drift i dag. I Sverige er det metallgruver som dominerer totalt med 13 gruver i drift, det er bare nokre få gruver etter industrimineral. I Noreg er det omvendt, for tida bare ei metallgruve, men ei rekke gruver etter industrimineral og naturstein. Sverige har lenge vore eit av dei fremste landa innafor gruvedrift og gruveteknologi, og i motsetning til Noreg har landet ein stor og avansert industri som leverer gruveutstyr.

Norske investeringar i Sverige har i første rekke vore gjennom Oljefondet, som er største eigar i Boliden og er inne i fleire andre svenskregistrerte selskap, men det har også vore private investeringar.

Sverige utanlands

Sverige hører ikkje til dei største utanlandsinvesterarane i gruveverda, men svenske selskap dukkar likevel opp her og der verda rundt, og ikkje sjeldan i svært tvilsame prosjekt. Her er nokre eksempel: – Diamantleiting i Kongo gjennom Africa Resources[28].

Finland – Verdas mest attraktive?

Det manglar ikkje på visjonar for finsk mineralnæring. Men i motsetning til i Noreg ser det ut som Finland i stor grad klarer å realisere planane om auka produksjon.
(Kjelde: Pekka Nurmi: Finlands Green Mining Program. 2013)

“Bærekraftig bruk av naturressursar” lovar denne klynga for arktisk industri og sirkulær økonomi. Blant deltakarane ser vi ei rekke gruveselskap som Anglo American og Agnico Eagles, ikkje akkurat kjent for verken bærekraft eller sirkulær økonomi.
(Illustrasjon fra presentasjon på Arctic Business Forum, Kemi 2017)

Finsk kapital har tidligare vore sterkt inne i gruvedrift i Noreg, da Outokumpu gjennom Norsulfid dreiv mesteparten av dei norske kisgruvene. Dei siste par tiåra har det vore lite finsk engasjement i Noreg. Derimot har det vore stor gruveaktivitet i Finland, og blant den internasjonale kapitalen som har engasjert seg der er det fleire norske selskap, særlig Yara og Nordic Mining.

Da finsk gruvedrift starta rundt Outokumpu i 1910, var det med mye norsk teknologi og Noreg blei sett som eit førebilete. Hundre år seinare er Finland langt foran Noreg i utvikling av gruveteknologi.

Offensiv strategi

Geologien i Finland er godt kartlagt, og i Kemi er det eit flott mineralmuseum med utstilling av mineral både frå Finland og andre land.
(Foto: SL)

Finland har ei gruvehistorie i alle fall tilbake til 1500-talet, men det store gjennombrotet for finsk mineralnæring kom tidlig på 1900-talet, da det blei funne store malmleie omlag 400 km nordaust av Helsinki. Finland har hatt ein sterk metallindustri basert på utvinning av koppar, nikkel, kobolt, sink, bly, krom, vanadium og jern, og det er store anlegg for smelting og raffinering av koppar og nikkel (Harjavalta), sink (Kokkola), krom (Kemi) og jern (Raahe). I tillegg er det stor utvinning av industrimineral som karbonat, apatitt og talk. Der har vore ei stor utvikling av gruveutstyr og metallurgisk teknologi.

Geologien i Finland er godt kartlagt, men mineralrikdomane er så langt lite utnytta samanlikna med mange andre land. Finland er eit av dei få landa i Europa der mineralutvinning framleis er ei viktig næring og der denne klart er i framgang.

Den kanadiske kapitalen si tankesmie Fraser Institute rangerte i 2017 Finland som det landet som er mest attraktivt for gruveinvesteringar.[30] 1 I 2012 kom landet også på topp i ei anna internasjonal rangering, nemlig ein indeks laga ved Yale Law School over kva land som har best miljøsatsing[31]. Same året skjedde det store dambrotet i Talvivaara, og etter det er det knapt nokon som har våga å hevde at Finland har den beste gruvepraksisen i forhold til miljøet.

Finland har i likskap med Noreg og Sverige utarbeida ein statlig mineralstrategi, som var klar i 2010.[32] Denne har sett opp
Strategiska mål:

Strategien har eit kart som syner kor ein ser for seg at det skal vere 25 gruver i 2020. Eit år før denne fristen kan ein konstantere at fleire av dei nye gruvene har kome i drift, mens andre nok ikke kjem i mål til denne tida.

Fram til siste årtusenskiftet har gruver i Finland hovudsak vore eigde av finske selskap. Dette har endra seg i seinare år, slik at det no er utanlandske eigarar bak mesteparten både av gruver og nye prosjekt. I 2012 stilte daverande minister for utvikling og statlig eigarskap, Heidi Hautala, spørsmålet om Lappland var i ferd med å bli det nye Kongo i nord, eit område der utanlandske selskap tar ut all profitten mens lite blir igjen til lokalbefolkninga. Den dominerande haldninga frå sentrale styresmakter har likevel vore at gruveselskapa skal få frie hender. Som president Sauli Niinistö sa i 2012: ”Eg vil ikkje stramme til overvakinga av gruvene. Gruveindustrien er det nye Nokia». I ettertid kan det vel knapt seiast å vere ein heilt heldig kommentar, ettersom mobilprodusenten Nokia da allereie hadde nådd toppen og restane blei kjøpt opp av Microsoft året etterpå.

Satsing på forsking

I motsetning til Noreg satsar Finland på gruveforsking. Mens planlegginga av eit slikt program i Noreg blei «skote ned av mineralstrategien»[34a], som ein representant for Norsk Bergindustri uttrykte det, blei det i Finland i 2011 starta eit femårig mineralforskingsprogram nettopp som ei oppfølging av den finske mineralstrategien. Dette programmet, som på engelsk fikk det noko tvilsame namnet «Green Mining», var finansiert av det statlige innovasjonsselskapet Tekes, som no har blitt fusjonert inn i Business Finland. Målsettinga var ikkje mindre enn: «att göra Finland till en global föregångare inom ekoeffektiv mineralindustri före 2020». Programmet hadde ikkje mindre enn 60 mill. € til disposisjon og fokuserte på «omärkliga och intelligenta gruvor samt nya mineralresurser». Om ikkje alle prosjekta kan kallast for «grønne», er det fleire som om dei blir sett ut i livet kan yte gode bidrag til å gjøre gruvenæringa mindre miljøskadelig. Særlig er det verd å merke seg prosjekt på bruk av avgang frå gruveindustrien. Nettopp slik forsking har mange ønska seg i Noreg, der det ikkje blir noko av fordi verken industrien eller staten vil finansiere det.

GTK – på svensk Geologiska forskningscentralen – tilsvarar NGU i Noreg, men er meir offensivt i forhold til å fremme gruveetablering. Dei står bl.a. bak propagandafilmen Lapland – our heart is gold and other minerals[33], som skal trekke utanlandske investeringar til Nord-Finland. Dei står og bak eit «forskingsprosjekt» kalla Minefacts, som går ut på å reise rundt og snakka om gruvedrifta sine velsigningar for å overvinne lokal motstand. Den einaste norske samarbeidspartnaren er Nussir ASA, og i 2017 var dei i Kvalsund for å overtyde folk, med GTK i ei sentral rolle.[34] Sjølv om NGU her heime òg er rekna for å vere gruvevenlig, kan ein knapt førestille seg at dei hadde stilt seg så direkte til disposisjon for gruveselskapa.

Gruvedrift og reindrift

Resultat av gullgraving i Leammi/Lemmenjoki.
(Foto: Inger-Elle Suoninen / YLE-Sápmi)

Liksom Noreg og Sverige har Finland reindrift på bortimot halve landarealet. Lengst i nord er det samisk reindrift, som for mange er hovudnæring. Lenger sør er reindrifta rekna som finsk, sjølv om nok ein stor del av reineigarane der òg har samisk bakgrunn. Dei har oftast reindrift som binæring og mindre flokkar. Mest gruvedrift har det vore i området med finsk reindrift. Her er fleire gruver i gang og det er ei rekke planar på gang.

I området med samisk reindrift har det ikkje vore ordinær gruvedrift i fast fjell, i alle fall ikkje i nyare tid. Derimot har det vore mye vasking etter gull. Når vi hører om gullvasking, tenker vi gjerne på einslige menn ved elvebredden med gullvaskepanne. I Nord-Finland har det også vore drive i langt større målestokk og det blir gravd med store maskinar. Det som har sett mange spor i naturen også i område som er formelt verna, som Lemmenjoki nasjonalpark. Blant anna har det ført til forureining av elver som tidligare har vore kjent for å ha heilt reint vatn. [34a]Ei undersøking som det finske Naturresursinstitutet (Luke) har publisert i 2018[35], viser at gullgravinga gir store skadar for reindrifta, både med at reinen blir skremt bort frå gruveområde under drift, og med at store areal går tapt som beiteområde for alltid eller for svært lang tid. Det finske Sametinget vil bruke denne rapporten i arbeidet sitt for å hindre meir gullgruvedrift i reinbeiteområdet. Gullutvinnarane sin organisasjon, Lapin Kullankaivajain Liitto, hevdar derimot at dei gjør minimal skade og at områda dei har gravd i raskt går tilbake til naturen og blir reinbeite igjen.

Det har òg vore forsøk på diamantleiting i reindriftsområde, utan at det har kome i gang noko utvinning.

Outokumpu – pioneren i finsk gruvedrift

Kemi/Tornio-området nord i Bottenvika er eit sentralt område for finsk mineralutvinning. Her ser vi Outokumpu si kromgruve ved Kemi og det svenske selskapet SMA si kalksteinsgruve ved Tornio.
(Illustrasjon frå presentasjon på Arctic Business Forum, Kemi 2017)

Outokumpu har aktivitetar i mange land.
(Illustrasjon frå presentasjon på Arctic Business Forum, Kemi 2017)

Eit av dei viktigaste finske gruveselskapa har vore Outokumpu OY, som har namn etter ei bygd i Søraust-Finland, der det var koppargruve 1910–89. Etter kvart vaks Outokumpu utover i Finland og over landegrensene. På 1980-talet kjøpte dei opp ei rekke gruver i Noreg, og eigde ei tid heilt eller delvis Folldal Verk, Bidjovagge Gruber, Grong Gruber, Løkken Verk og Nikkel og Olivin. I 1988 kjøpte dei det norske selskapet Norsulfid, og gjorde det til underselskap som styrte alle Outokumpu sine gruver i Noreg.

Desse gruvene blei lagt ned i løpet av 1990-talet, den siste i 2000. Outokumpu hadde også smelteverk i Harjavalta, der bl.a. konsentratet frå Bidjovagge Gruber blei foredla i tida 1986–91. Seinare har Outokumpu lagt om forretningsstrategien og spesialisert seg på rustfritt stål. Gjenverande gruver og smelteverk for koppar i Finland er selde til svenske Boliden.

Outokumpu var opprinnelig statlig, men blei delprivatisert på 1990-talet og staten har no bare omlag 1/3 av aksjane.

Ei av Outokumpu sine viktigaste satsingar i dag er kromgruva ved Kemi. Denne blei sett i gang allereie i 1968 som dagbrot, men gikk frå byrjinga av 2000-talet over til underjordsdrift. Alt som blir utvunne går til Outokumpu sitt eige ferrokromsmelteverk i Kemi, bare 20 km frå gruva. Det er tatt ut omlag 50 mill. tonn malm og ein reknar med å ha minst like mye til, noko som vil gi drift i minst 20 år.

Sjølv om interessene til Outokumpu i Noreg er lagt ned, har selskapet mange interesser rundt om i verda, med stålverk eller valseverk for rustfritt stål i USA, Mexico, Tyskland og Nederland.

Outokumpu bygde etter kvart opp ein stor teknologisk kompetanse, og skilte i 2006 ut eit eige selskap som Outokumpu Technologies. Dette skifta året etter namn til Outotec og er no heilt lausrive frå Outokumpu. Outotec er i dag eit av verdas største teknologiselskap innafor gruver og metallurgi og har over 4000 tilsette i fleire land.

Talvivaara – den store katastrofen

Delar av anlegget til Talvivaara gruver, juni 2013.
(Foto: Antti Lankinen / Wikipedia)

Mange forbind no finsk gruvedrift mest med miljøkatastrofen ved Talvivaara, der høgdepunktet var dambrotet i 2012. Allereie i 1977 blei det oppdaga at det i Talvivaara i Sotkamo kommune i austre Finland var ein førekomst av verdifulle metall, etter kvar skulle det vise seg å vere både nikkel, sink, koppar, kobolt og uran. Første eigar av rettane var Outokumpu, som ikkje ville drive sjølv, men selde til ein tidligare tilsett, Pekka Perä, for 2 euro(!). Talvivaara Mining Company blei så starta i 2006. Drifta kom i gang i 2008, med utvinning i store dagbrot.

Førekomsten er stor, men relativt fattig, og det blei derfor vurdert som ulønsamt å utvinne denne på tradisjonell måte med flotasjon og smelting. I staden ville ein prøve bioleaching eller utlaking. Metoden er lite utprøvd og Talvivaara var det første anlegget i Europa som brukte denne i industriell produksjon, for nikkelmalm var dette det første i verda. Etter knusing og maling blir malmen lagt i stor haugar der det blir tilsett oksygen gjennom rør unnafrå og blanding av bakteriar og kjemikalier blir sprøyta over. Det skjer da kjemiske reaksjonar, som til sist skal ende med reint metall. Prosessen går over fleire omgongar, til saman 3–5 år, og derfor trengst det eit stort område. Til saman er gruveområdet på heile 60 km2.

Denne metoden er i utgangspunktet rekna å vere mindre miljøskadelig enn flotasjon og smelteverk, men det føreset at prosessen foregår innafor eit lukka område og at ikkje noko kjem ut i vassdrag og jordsmonn omkring. Men Talvivaara utvikla seg slett ikkje som ein hadde føresett. Frå starten var det ei rekke problem med gruva og produksjonsprosessen. Ein arbeidar omkom på grunn av at han blei utsett for store konsentrasjonar av hydrogensulfid. Det viste seg at ein hadde berekna heilt feil da ein trudde vatn og snø ville fordampe av varmen som blei utvikla i prosessen. Resultatet var store mengder forureina vatn som ein ikkje visste kor ein skulle gjøre av. Det var alvorlige lekkasjar i både 2008 og 2010, men største katastrofa skjedde 04.11.2012, da ein dam brast og ut i elver og vatn rann ei blanding av giftige kjemikaliar, med høgt nivå av aluminium, kadmium, nikkel, sink og uran. Avrenninga heldt fram i minst ti dagar, og på den tida rann det ut over 1,4 mill m3 forureina vatn. Bare ei veke etterpå byrja lekkasjen igjen og i april 2013 kom ein ny stor lekkasje. Ingen veit kor mye metall som gikk ut i vassdraga, men det er bl.a. anslått til over 10 t nikkel.

Etter den første katastrofen blei det straks arrangert demonstrasjonar og underskriftsaksjonar som kravde stenging av gruva, men styresmaktene ville ikkje gripe inn. Til sist gikk gruveselskapet konkurs hausten 2014.

Eit par år etter ulukkene var eg på konferansen Fennoscandian Exploration and Mining i Finland. Der blei Talvivaara knapt nemnd i ei bisetning, da for å framheve at den nylige lekkasjen ved gullgruva i Kittilä var langt mindre alvorlig.

Etter katastrofa skulle ein venta at anlegget blei stoppa, sanert og området så godt som mogleg restaurert. Men dengang ei. Etter konkursen overtok den finske staten i 2015 eigarskapen gjennom det nydanna selskapet Terrafame, og sette gruva i produksjon igjen. Dei vil ikkje bare halde fram gruvedrifta, men også utlaking av metall ved bruk av syre og bakteriar. Produksjonen er no oppe på eit nivå høgare enn det som var før katastrofene i 2012/13, og sjølv om det ikkje har vore noko ny damkatastrofe, er miljøproblema fortsatt store.. Og det er sterke krefter som vil satse på denne formen for metallproduksjon. Om ein får dette til å lukkast, vil det bety at det kan bli lønsamt å drive på mange fattige malmar, og bl.a. i Sverige er det stor interesse for dette.

Terrafame selde i 2017 15 % av aksjane til eit av verdas aller største selskap innafor råvarehandel, Trafigura. Selskapet har kontor i 36 land, har hovudkontor i Sveits, men er registrert i Singapore. Trafigura skal sørge for investeringar i Talvivaara for 266 mill. $, blant anna i fabrikk for materiale til batteri. Trafigura er eit selskap med svært dårlig omdøme.[36] Det er kjent bl.a. for å dumpe avfall i Vest-Afrika, for Vest Tank-eksplosjonen i Sløvåg i Sogn og Fjordane i 2007, for å skjule pengar i skatteparadis og ei rekke andre ulovlige transaksjonar.[37] Seinare har Trafigura, gjennom underselskapet Galena Assets auka eigardelen slik at dei no eig omlag halve Terrafame.

Kva skjedde så med dei ansvarlige for dei katastrofale utsleppa og dambrota? Representantar for leiinga blei anklaga for grov miljøkriminalitet[38], og i 2018 blei tidligare eigar dømd til 6 månadar betinga fengsel og to av leiarane til bøter.[39] Ingen av dei offentlige institusjonane som har gitt løyve til drifta er stilt ansvarlig.

Talvivaara-gruva med utlakingsanlegget er berekna drive i 30 år. På denne tida vil det bli tatt ut og lagra omlag 1 milliard tonn gråberg. Dette består vesentlig av skifer som sjølv om det innheld mindre sulfat enn malmen, likevel vil kunne gi stor avrenning når det ligg ope for vatn og luft. Avgangen etter utlakinga vil utgjøre omlag halvparten av denne mengda, og alt dette må lagrast på forsvarlig vis. Det er mange som ikkje er trygge på at det vil skje.

Hausten 2019 kom det ein rapport som viser at gruva held fram å forureine omegnen, bl.a. innsjøen Nuasjärvi, der plante- og dyrelivet er skadd av ei utsleppsleidning som blei etablert i 2015.[39a]

Kittilä – Europas største gullgruve

Gullgruva til Agnico Eagle starta som dagbrot, men etter ei stund måtte dei gå over til underjordsdrift fordi ressursen går vidare rett nedover. Dei får ikkje lov av det finske mineraldirektoratet å fylle brotet opp med avgang, da det kan hindre tilgang på ressursar som kan bli verdfulle i framtida.
(Foto: SL)

99,9995% av det som blir tatt ut av fjellet hamnar i dette deponiet. Da vi besøkte det i mai 2015 framstilte bedrifta det som heilt trygt, ein månad etterpå meldte media om ein større lekkasje frå deponiet.
(Foto: SL)

Den største gullgruva i Europa ligg ikkje akkurat etter allfarvegen. Frå det lille kommunesenteret Kittilä kjørte vi ei mil austover på riksvegen og så fire mil nordover etter ein heller dårlig landeveg, til vi lurte på om vi hadde kjørt oss vill. Så plutselig går ein veg av til venstre og vi ser skiltet med Agnico Eagle Finland OY, altså det finske underselskapet av eit kanadisk gullgruveselskap. Her har vi avtalt at vi skal få orientering og omvisning. Om vi ikkje får komme ned i underjordsgruva, får vi sjå ned i det tomme dagbrotet og sjå avgangsdammane.

Her er 500 tilsette i arbeid med å ta ut malm, knuse denne og skilje ut dei 5 milliondelane som er gull, og dumpe alt anna som er tatt ut i eit gigantisk landdeponi.

Agnico Eagle har røter tilbake til 1953. Frå først satsa dei på sølv, nikkel og kobolt, og namnet kjem av dei kjemiske teikna for desse metalla, Ag-Ni-Co. Seinare fusjonerte Agnico med Eagle Gold og blei etter kvart eit nesten reint gullgruveselskap. I tillegg til Finland har dei gruver i Kanada og Mexico og leitar i Sverige og USA. Selskapet skryt av å ha betalt aksjeutbytte kvart år sidan 1983 og på nettsida deira finn vi presentasjon av heile 36 direktørar og visepresidentar!

Gruva i Kittilä er ganske ny, drifta starta i dagbrot i 2008. Den viktigaste gullåra sto omtrent vassrett, og gikk djupt og skulle ein få ut dette måtte ein gå over til underjordsdrift. Frå 2012 har all drifta vore under jorda. Det er forholdsvis smale tunnelar, og malmen blir kjørt ut med ombygde lastebilar. Ingen gigantdumparar her.

I avgangsdeponia er det lagt asfaltmatter under, og ein stor plastleidning rundt dammen slepp ut flytande avgangsmasse frå mindre leidningar som går ut i dammen. I 2015 okkuperte gruveanlegget omlag 3 km2, men utviding var på gang, og skog var hogd ned med sikte på plass til meir avgang. Ved denne gruva har ein heile produksjonsprosessen fram til barrar som inneheld 92–95 % gull. Årsproduksjonen ligg på omlag 6 tonn, som er like mye gull som blei tatt ut frå den største gullgruva som har vore i Noreg, Biedjovággi, i heile driftsperioden der. Gullet sit for det meste i lag med arsen- og svovelkis. Desse minerala blir ikkje tatt vare på, dei går ut i avgangen. Sidan både arsen og svovel er giftig er dette trulig ei av årsakene til at heile avgangen blir lagt på tett duk, så det ikkje skal kunne lekke ut. Under besøket mitt i gruva i mai 2015 fikk vi fortalt kor sikkert dette systemet er. Omlag ein månad etterpå kom meldinga i media om at det var gått hol på duken og flytande gruveavgang var rent ut i naturen.

Utskiljinga av gullet skjer ved hjelp av cyanid, som er eit svært giftig stoff. Om dette seier selskapet i presentasjonsbrosjyra som vi fikk utdelt: «Den einaste økonomisk effektive prosessen som no er kjent for å trekke ut slikt gull er med cyanid. Denne er vidt brukt i gruveindustrien, og når den blir gjennomført forsvarlig, er det den tryggaste, mest kostnadseffektive og miljøvenlige metoden som er tilgjengelig.»[40] At EU-parlamentet i 2010 forsøkte å få gjennom eit forbod mot bruk av cyanid, men blei overkjørt av EU-kommisjonen etter lobbying frå gruveselskapa, det seiast det sjølvsagt ingenting om. I følgje selskapet blir cyaniden etter bruk omdanna til ufarlige stoff, men ikkje meir ufarlige enn at dei blir deponert til eit deponi heilt for seg sjølv.

På Arctic Business Forum 2019 fikk direktøren for Agnico Eagle legge fram utvidingsplanene til gruva under overskrifta «Responsible use of natural resources» Gruva skal utvidas for 160 mill. € eller litt meir enn investeringane i heile Nussir-gruva. Når han presenterte gruva som bærekraftig og miljøvenlig, grunnga han det blant anna med at dei har halvert utsleppet av sulfat til Seurujoki. Det må altså ha vore eit betydelig utslepp der gjennom lang tid, men dei seier ikkje noko om det før det blir redusert.

Keliber – Nordic Mining sin finske bløff

Keliber OY skal starte litiumgruve ved Kokkola i Midt-Finland. Bildet er frå ein presentasjon på EuroMineExpo i Skellefteå 2018. Dei flaggar høgt kor miljøvenlige og bærekraftige dei er, men kva dekker dei da over?
(Foto: SL)

På Euro Mining Expo i Skellefteå i 2018 var det ein sesjon om batterimetall, med bl.a. ein presentasjon frå det finske selskapet Keliber, som skal utvinne litium i Kaustinen i Midt-Finland. Dette skal vere største kjente førekomsten av litiummalm i Europa. Keliber reknar med å starte produksjonen i 2020, men av tidsplanen går det fram at dei enno i 2018 ikkje hadde alle løyve i orden.

Keliber – tenkte eg mens eg hørte på føredraget, kor har eg hørt det namnet før? Og så kom det opp på slutten: oversikten over største aksjonærar. Der trona Nordic Mining, selskapet som er kjent for planen om rutilgruve med dumping av avgang i Førdefjorden. Keliber er eit av Nordic Mining sine 15 prosjekt, derav minst 10 er gitt opp og ingen har kome i gang med utvinning.

På Fennoscandian Exploration and Mining i 2015 var Nordic Mining-direktør Ivar Fossum og presenterte alle sine «environmentally friendly» prosjekt, deriblant Keliber, som også da blei hevda å vere like foran oppstart. Så eg lurte på kor lenge dei har vore «rett før start» og har grave litt lenger bakover i historia for å sjå. Nordic Mining kjøpte 68 % av aksjane i Keliber i 2008. Planen var da å starte produksjonen i 2010. Dette skulle vere hovudgrunnlaget for at Nordic Mining-konsernet skulle gå med overskot frå 2011/12. I alle fall blei dette fortalt til Nordic Mining sine eigne aksjonærar. Det vil seie at Keliber no ligg minst ti år etter planen. Nordic Mining har forøvrig ikkje henge med i aksjeutvidingane og har fått redusert eigarandelen sin til 22 %.

Det var først i byrjinga av 2018 at Keliber sendte inn til Nærings-, trafikk- og miljøsentralen i Södra Österbotten ei skildring av korleis bryting og produksjon skal foregå.[41] Det er planlagt gruver i Syväjärvi, Länttä, Rapasaari og Outovesi, og malmen skal anrikast i Kalavesi. Avløpsvatn frå gruvene vil bli sluppe ut i fleire elver. Styresmaktene peikar på ei rekke problem som må utgreiast nærare, og det kan enno vere langt fram før Keliber får løyve å sette i gang. Om bruken av litium kanskje kan seiast å vere «grøn», kan ein knapt seie det same om verknaden for det området som vil få gruvene.

Så seint som i november 2018, publiserte Keliber at dei hadde fått utvinningsløyve for gruve i Syväjärvi, men at det framleis mangla «proceedings establishing a mining area»[42], trulig det som på norsk kallast reguleringsplan.

Dei har gjennomført konsekvensutgreiing av 4 dagbrot og søkt driftskonsesjon for kvar av desse for seg. Desse er no på forskjellige stadier i saksbehandlinga, for nokre er konsesjonen anka, mens andre ligg hos miljøstyresmaktene.

Det har vore mange protestar både frå lokale krefter og naturvernorganisasjonar. Dei viser bl.a. til at det vil bli tømt to innsjøar, avløpsvatn vil gå ut i elver, eit av brota ligg tett ved eit verneområde og oppreiingsverket vil ligge like ved bygda Kaustinen. Det mest svovelrike gråberget vil dei dumpe i sjøen ved hamna.

Det er enno mange skjær i sjøen for Keliber sin plan om produksjon i 2020.

Sakatti – Apartheidselskap med grønt flagg

I 2009 oppdaga det internasjonale gruveselskapet Anglo American at det i Sakatti-området i Sodankylä og Kittilä i Lapplands len er ein stor ressurs av koppar, nikkel og metall i platinagruppa. For å drive ut dette har dei oppretta underselskapet Sakatti Mining Oy.

Leitinga pågår i tre reinbeitedistrikt: Sattasniemi, Syväjärvi og Oraniemi. Delar av området der dei vil drive gruve er verneområde under EU sitt naturvernsystem Natura 2000. Dette gjeld bl.a. den store myra Viiankiaapa, og ei gruve her vil bety at vernet må opphevast i alle fall for delar av verneområdet. Dette er det største gruveprosjektet i Nord-Finland, berekna til heile 1,5 mrd. €. Nokon hevdar og det kan bli den største gruva i Europa, med eit aktuelt område på heile 830 km2.

Anglo American Sakatti er eit av tre pilotprosjekt innafor EU sitt program INFACT (The Innovative, Non-invasive and Fully Acceptable Exploration Technologies), som har som mål å styrke europeisk mineralutvinning gjennom utvikling av ny utvinningsteknologi og meir sosial aksept.[45] Dette er det største gruveprosjektet i Nord-Finland, berekna til heile 1,5 mrd. €.

Anglo American har sett i gang ei veldig kampanje for å framstille seg sjølv og gruveplanane som dei mest miljøvenlige som kan tenkast:
«Vi står for det aller beste innafor gruvedrift, forplikta til dei høgaste standardane for tryggleik og ansvar i alle våre verksemder og geografiske område og til å skape ein bærekraftig forskjell i utviklinga av samfunna rundt verksemdene våre. I Anglo American er forpliktinga til bærekraft, partnerskap og ope, ærlig engasjement med samarbeidspartnarane i kjerna av verdiane våre. Det er sentralt for korleis vi tenker og det er kjerna i korleis vi driv verksemda vår.» <[43]

Etter ei slik kraftsalve av sjølvskryt, kan det kanskje vere behov for å sjå litt på kva dette selskapet elles har drive med. Anglo American Plc starta i 1917 i Sør-Afrika og har hovudkontor i Johannesburg og London. Det er verdas største selskap innafor platina, og driv også stort i diamantar, koppar, nikkel og kol. Dette selskapet var svært sentralt i apartheidstaten Sør-Afrika, og det er sagt at det ikkje var staten som styrte selskapet, men selskapet som styrte staten.[44] Anglo American er kalla «The IG Farben of Apartheid» med henvising til eit av dei største av selskapa som sto bak den tyske nazismen. Da Anglo American var på det sterkaste kontrollerte dei nesten halvparten av kapitalen på den sørafrikanske børsen og var involvert på nesten alle område i næringslivet. I kjølvatnet av den sørafrikanske sannings- og forsoningskommisjonen blei Anglo American oppmoda til å betale erstatning til ofra for apartheidstyret, men nekta for at dei hadde noko ansvar. Dette er selskapet som no skal stå for ei gigantgruve i Nord-Finland.

For å utvikle «excellence in biodiversity management on and around our operations» har dei engasjert det dei omtalar som «a leading environmental NGO, Fauna and Flora International». Trass i det ambisiøse namnet, viser det seg ved nærare undersøkingar å vere ein hovudsakelig britisk organisasjon med sterke kolonialistiske røter. Det opprinnelige namnet var Society for the Preservation of the Wild Fauna of the Empire.

Planen om gruve i Sakatti er nært knytt til planen om jernbane frå Rovaniemi til Kirkenes. Det er lite som tyder på at Anglo American kan vente særlig sosial aksept for planen sin. Det er stor motstand både lokalt og på forskjellige trinn i forvaltninga, og løyvene til selskapet har gått gjennom ei rekke forvaltnings- og rettsinstansar dei siste åra. Om dei får endelig løyve, reknar ein no med mogleg oppstart av drifta først i 2027.

Kevitsa – multimetall og gigantuttak

Kevitsa er ei multimetallgruve som produserer konsentrat av nikkel, koppar, gull, platina, palladium, og kobolt. Det hørest jo veldig ut, men den samla konsentrasjonen av desse metalla er ikkje meir enn 0,6 % av malmen.

Bak utviklinga av gruva står to geologar, engelske Peter Walker og danske John Pedersen, som etter tur har grunnlagt selskapa Norrbotten Exploration og Scandinavian Minerals. Eit eksempel på at prospektering kan vere svært lønsamt er at dei i 2008 selde prosjektet til First Quantum Minerals Ltd for 1830 mill. SEK. FQM starta gruvedrifta i 2012, men allereie i 2016 selde dei vidare til Boliden for heile 712 mill USD eller omlag 5 milliardar SEK. Etter at gruva i 2014 fikk løyve til å utvide drifta, vil dei til saman ta ut 10 mill. t. malm og 50 mill. t. gråberg i året. Når drifta er rekna å vare til 2033, vil det seie eit ganske enormt uttak av stein, til saman over ein milliard tonn.

Kevitsa ligg 40 km nord for Sodankylä, i eit reindriftsområde, like sør om det som er rekna som grensa mellom samisk og finsk reindrift.

Norske apatittgruver

Julenissen bur i Finland!
Eg fikk Finlands fosfattilgongar av Julenissen!
I nikkelgruva mi finns ei urangruve!

Korvatunturi = Ørefjellet der finske barn har lært at julenissen bur.
Tulevat sukupolvet = Kommande generasjonar

(Teikning: Seppo Leinonen)

I Siilinjärvi midt i Sør-Finland har det norske selskapet Yara (tidligare Norsk Hydro) gruve etter apatitt for fosforgjødsel. Denne gruva er no einaste aktive apatittgruva i Europa vest for Russland og største dagbrotet i Finland. Gruveanlegget opptar heile 30 km2.[46] Ressursen er berekna til 2,35 milliardar tonn, med eit innhald av fosforoksyd på 4,2 %. I tillegg til denne er det i seinare år funne ei rekke apatittførekomstar i Finland, og Yara vurderer derfor å sette i gang fleire gruver.

Ei av dei mest aktuelle planane har vore i nord, i Sokli i Sodankylä kommune nær grensa mot Russland. Gruva vil bli mellom Urho Kekkonen nasjonalpark og eit anna verneområde, og oppta eit område på 40–60 km2. Det vil bli avrenning både mot Russland og mot Bottenvika. Det er mye radioaktive stoff som uran og thorium i samband med apatitten. Da planen blei kjent møtte han motstand både lokalt, bl.a. frå reindrift, og frå naturvernarar lenger sør i Finland.[47] Dei siste spela på den finske turistindustrien og historia om Korvatunturi som julenissen sin bustad, og kalla motstandsaksjonen «Save Santa Mountain!». Det gjorde det kanskje lettare å spreie det internasjonalt, men på andre sida var det vanskelig å ta denne motstanden seriøst når dei utan hermeteikn skriv at gruva skal vere «near Korvatunturi, the home of Santa Claus». Aksjonen overbeviste heller ikkje med konkret kunnskap når dei skriv: «Yara intends to mine phosphorus ore 4–10 tons per year». Sannsynligvis meiner dei 4–10 millionar tonn, men denne feilen har stått på nettsida deira minst sidan 2013 og står framleis i 2019. Langt meir saklig er ein film frå området som den finske Naturskyddsföreningen har laga.[48] Denne viser området som i dag er utan større inngrep og brukast til reindrift og turisme, og representantar frå begge desse næringane fortel at dei vil måtte gi opp drifta dersom gruva startar opp. For eit par år sidan sa Yara at dei inntil vidare stansa søknadsprosessen, men det var på grunnlag av økonomiske vurderingar, og ikkje som resultat av motstanden. I 2019 vil dei så ta opp igjen planen, som innebærer investeringar på omlag 10 mrd. € eller omlag det tidobbelte av Nussir-gruva.

Rompas – neste katastrofe?

I Rompas i Tornedalen borar kanadiske Mawson etter bl.a. gull og uran og har planar om store gruver. Lokale naturvernarar protesterer og fikk i 2015 besøk av representantar for Naturvernforbundet i Noreg og Naturskyddsföreningen i Sverige. Her er nokre av dei ute i terrenget for å sjå på eit av områda der det er planlagt gruve.
(Foto: SL)

I Finland er minerallova overordna alle andre lover, og det er ikkje forbod mot mineralleiting i verna område. Dette har skjedd i Rompas-området, som ligg på grensa mellom kommunane Ylitornio og Rovaniemi, der det sidan 2012 har vore leiteboring i eit område som omfattar både naturreservat og andre former for verneområde, med gamal skog og verneverdige og raudlista planter. Det er det kanadisk/australske selskapet Mawson Ltd. som leitar her, og det dei er ute etter er i første rekke gull, kobolt og uran. Selskapet omtalar Rompas som sitt hovudsatsingsområde, men leitar elles også uran i Sverige. Selskapet kan virke lite, men bak dei står bl.a. eit av verdas aller største gullutvinningsselskap, Goldcorp.

Ut frå det som har blitt funne til no snakkar ein om ei gruve på storleik med dei aller største i Norden, det vil seie at svært store område vil bli rasert av dagbrot og deponi. Men i motsetning til mange gruver som har eitt konsentert driftområde, er det i Rompas relativt spreidde førekomstar som er ganske grunne, og ein må derfor rekne med ei rekke større dagbrot. Leiteområdet er på heile 100 km2. Frå leiteområdet renn vassdraga ut i grenseelva Torneelv, og ei forureining her vil derfor også ramme Sverige. Naturvernforeningane på finsk og svensk side har starta samarbeid under parola «Ingen urangruve i Tornedalen». Lokale naturvernarar kan fortelje korleis Mawson først starta boring utan løyve og øydela freda planter, men fikk løyve etterpå og blei frikjent, bl.a. med grunngivinga at det ikkje kunne bevisast kva dei hadde øydelagt. Lokale naturvernarar har derfor satsa på å gjøre flest mogleg merksam på naturverdiane i området, og bl.a. arrangert ein leir for å drive naturinventering, med kartlegging av planteliv og dyreliv i område, under leiing av røynde biologar. Den finske naturskyddsföreningen gikk til retten for å få stoppa leitinga, men tapte og etter eit par års pause blei leitinga tatt opp for fullt i 2017.

Investeringane er no berekna til heile 500 mill. € og selskapet har for fullt starta å marknadsføre seg som bærekraftig, miljøvenlig osv. Det er vanskelig å skryte av miljøvenlige gruver for gull og uran, men halmstrået er kobolt. Her blir mesteparten av den kobolten som nå blir raffinert ved finske rafinneri henta frå Kongo. Der er som kjent arbeidsforholda heller dårlige og det skal ikkje mye til før det blir betre. Derfor marknadsfører Mawson no planene sine som «Mawson can support Finland’s ethical and sustainable needs»[49] I gruvenæringa er det tett mellom eksempla på villeiande marknadsføring, men denne må vere bortimot uslåelig.

Diamantar i Ohcejohka

Det aller meste av mineralleiting og gruver i Finland skjer sør for det som reknast som samisk område. Men for få år sidan ville eit underselskap av Rio Tinto leite diamantar i Ohcejohka (Utsjoki) på finsk side av Tanadalen. Dermed kom dei i direkte strid med samiske interesser i Finland, både i forhold til reindrift, laksefiske i Deatnu/Tana og anna utmarkshausting. Likevel var ikkje lokalbefolkninga spurt eller informert før dei leste i avisa at det skulle leitast etter diamantar i nærområdet deira. Det førte til så stor motstand at det er skrive ei heil forskingsrapport om saka, under den talande tittelen «Mapping mineral resources in a living land».[50] Det kom også protestar frå norsk side, da denne utvinninga ville kunne ramme grenseelva. Motstandarar på begge sider av grensa danna det som på det internasjonale gruvespråket blei kalla Anti-Mining Coalition of Deatnu Valley. Ein representant for aksjonen dro til Irland for å levere protest mot planen.[51]

Selskapet hadde også eit leiteområde lenger sør i Finland, og da motstanden blei så stor, bestemte dei seg for å konsentrere seg om det andre området i første omgang.

Dragon Mining – Australsk-kinesisk drage

Den første meldinga om gruveprotestar i 2019 kom allereie 2. januar frå Kaapelinkulma i Valkeakoski.[52] Der sperra demonstrantar vegen til gullgruva som Dragon Mining er i ferd med å starte opp. Saka ligg no hos Vasa förvaltningsdomstol som skal behandle klager mot det løyvet som gruveselskapet har fått. Gruva ligg like ved eit Natura-verneområde, men ingen verknadar for naturen her er utgreidd.

Protestrørsla, som kallar seg Pelastetaan Kaapelinkulma, viser til at Dragon Mining har eit dårlig rykte. Det har allereie vore rettssakar kring selskapet sine aktivitetar i Sverige. Ved sida av den nye gruva har Dragon Mining tre gullgruver i Finland. Ei av desse er i Orivesi, der den finske høgste forvaltningsretten i 2019 endelig nekta vidare drift på grunn av skadane drifta har gjort på nærliggande fiskevatn.

Selskapet er registrert i Australia, notert på børsen i Hongkong og all gruvedrift er i Sverige og Finland.

Gruver og jernbane

Forskjellige alternativ for jernbane frå finske gruver til kysten av Norge og Russland. Den finske regjeringa prioriterer dei grøne alternativa til Kirkenes. Den austre kan ramme verneområde i Pasvik, men den vestre gir trulig mest skade for reindrift og skoltesamisk kultur.

Dei mange gruvene og gruveplanane i Nord-Finland har fått fortgang i det finske ønsket om jernbane til Kirkenes. Planen har no fått namnet Arctic Railway, og denne blir sett som del av den såkalla Arctic Corridor, som av Sør-Varanger Utvikling blir presentert slik: «Den arktiske korridoren er en global økonomisk region, samt en transport- og utviklingkorridor. Den knytter Finland og Europa med dypvannshavene i Arktis – store produksjonsområder av olje og gass og den vestlige enden av den Nordlige Sjørute».[53]

Jernbanen vil måtte gå rett gjennom området som skoltesamane har heldt til i sidan dei blei fordrive frå dei gamle busettingsområda sine på russisk side under andre verdskrigen. Det er først og fremst mineraleksporten som er motivet for jernbaneplanen, som vil bli ei statlig finansiering som gåve til gruveindustrien. Frå norsk side er det mange som har jubla over planen, og ordføraren i Sør-Varanger uttalte på Arctic Business Forum i Rovaniemi at han såg fram til å ta toget til Rovaniemi neste gong. Sjølv om banen også vil kunne brukast til persontransport, er det ikkje det som er hovudsaka. Det er å få betre transport for finsk industri og først og fremst gruver.

Planen har vore sentral ved Arctic Business Forum både i 2017 og 2019. Første gongen blei planen presentert utan motforestillingar og utan at reindrift og samiske interesser i område blei nemnd med eit ord. Seinare har det vore protestar både frå skoltesamane og fra samiske organ på finsk og nordisk nivå. I 2019 blei det understreka at ein sjølvsagt skulle ta omsyn til reindrifta og forhandle med samane, men det blei ikkje lagt fram noko konkret plan for korleis jernbanen skal unngå å skade reindrifta. Protestane har også fått internasjonal støtte, bl.a. av Greenpeace.

Motstand og samarbeid

Den store finske mineralsatsinga har ført til ei rekke konfliktar med andre næringar og med miljøinteresser. I eit foredrag i 2013 nemnde ein representant for det finske naturskyddsföreningen (Suomen luonnonsuujelulitto) desse konfliktsakene bare i Nord-Finland:[54]

Naturskyddsföreningen stilte da desse krava:

I 2013 virka altså situasjonen mellom gruver og miljøinteresser å vere nokolunde den same i Finland som i Norge og Sverige. Så skjedde det noko i 2014, som ikkje har parallell i dei andre landa: Det blei etter initiativ frå naturvernarar oppretta eit organisert samarbeid kalla Kestävän kaivostoiminnan verkosto eller Nettverk for bærekraftig gruvedrift. I dette har nesten alle partar med interesser i gruvesaker deltatt: Finske gruvebedrifters forening, Finlands naturskyddsförening, det finske Sametinget, WWF, Finlands stål- og metallprodusentar, Finlands metallarbeidarforbund, Lensstyret i Lappi len. Finlands regionalstyresmakters forbund, det finske innovasjonsfondet, industriinvesteringsselskapet og bonde- og skogeigarforbundet.[55]

«– Utan Talvivaara-saka hadde dette ikkje vore mogleg», seier Eero Yrjö-Koskinen, som er hovudsekretær for nettverket. «– Først da forsto alle at ein ikkje kunne halde fram som før, men at ein måtte gjøre noko nytt.» På gruvekonferansen Fennoscandian Exploration and Mining presenterte han arbeidet til nettverket og mottok konferansen sin pris på vegne av nettverket.

Nettverket skal ta omsyn til interessene til både selskapa, staten, arbeidarane, naturen og samane, og det er sjølvsagt ikkje så lett å bli samde. Til no har dei likevel klart å bli samde om nokre minstestandardar som alle gruver må følge.[56] Målet er på eine sida å gjøre gruvedrifta meir bærekraftig, redusere miljøskadane, styrke arbeidstryggleiken og folk si medverknad. På andre sida er målet å redusere striden mellom industrien og samfunnet og bidra til å sikre «sosial lisens« eller samfunnsmessig aksept av gruvedrifta. For organisasjonar som forsvarar naturen og andre næringar kan det sjølvsagt bli eit dillemma: Skal dei kanalisere arbeidet sitt inn i slike organ, eller heller kjempe offentlig mot skadelige gruver?

Like etter at det flotte samarbeidet var presentert for konferansen FEM 2015 kom meldinga om at det finske Sametinget da trakk seg frå nettverket. «Sametinget sitt formål er ikkje å fremme gruvedrift», uttalte sametingspresident Tiina Sanila-Aikio.

Det finske naturvernforbundet er derimot fortsatt med. Dei skal no diskutere røynslene frå samarbeidet, men førebels er oppsummeringa at det er meir nyttig enn skadelig. Dei meiner samarbeidet tvingar gruveselskap til å tenke i nye banar, og utvikle mindre miljøskadelige løysingar. Dette gir kanskje ikkje så raske resultat, men dei meiner det er viktig at ein drøftar løysingar på sikt og ser ut over den aktuelle lovgivinga.

Sjølv om partane møtast i dette forumet, er det på ingen måte slutt på striden. Ei rekke stadar er det framleis strid om gruver skal få konsesjon og i såfall på kva vilkår.

For tida pågår ein debatt om revidering av den finske minerallova, og dette er på programmet til den nye finske regjeringa av 2019. Sjølv om gruveselskap og andre næringsinteresser i Finland snakkar høgt om bærekraftig gruvedrift, er dei ikkje mye interessert i eit lovverk som set strengare krav. Typisk her er vel kva Lapland Chamber of Commerce uttaler: «When it comes to Mining Act, there should be made only thoughful changes, that will not weaken mines operating conditions.»[57] Spørsmålet er bare, i Finland som i andre land, får vi meir bærekraftig gruvedrift utan at det blir stilt større krav til drifta?

Naturskyddsföŕeningen har derimot stilt desse krava:
– Sirkulær økonomi må ligge til grunn for mineralforvaltninga
– Ingen gruvedrift i verneområde
– Påverknaden på vassdrag må bli minimert. Auka overvaking og høgare standard på konsekvensutgreiingar.
– Det må krevjast generell arealplan for gruveprosjekt og kommunane si rolle må styrkast.
– Gruveskatt og fond for ulukker. Auka ansvar for miljøpåverknad.
Dei krev og at gruveselskapa må betale meir skatt. I dag er det ingen skatt til staten, og bare 0,15 % til grunneigar.

Fotnotar

[1] «We wish to share the Swedish portfolio of leading methods and knowhow for mines globally. We would like to facilitate the prospectors’ possibilities to reach out to significant minerals resources. ... With the help of innovative mining solutions, developed during the centuries of Swedish mining history in co-operation with technology companies, service providers, mines and academia, minerals and metals can be extracted in a sustainable way: mines should be operated in an efficient way with respect for indigenous people and nature.» http://www.miningforgenerations.com/about/
[2] http://www.fria.nu/artikel/95796
[3] https://www.abc.net.au/news/2015-05-21/bhp-billiton-hit-with-fine-over-corruption-allegations/6486036
[4] Jonas Anshelm, Simon Haikola, Björn Wallsten: Svensk gruvpolitik i omvandling. Aktörer, kontroverser, möjliga världar. Gidlunds 2018.
[5] Erika Bjurholt Ljungqvist: Minerallagen, miljöbalken och plan- och bygglagen. Tillståndsprocessen för undersökning och bearbetning av koncessionsmineral inom område med detaljplan eller områdesbestämmelser. LTU 2012(?)
[6] https://www.lkab.com/en/news-room/press-releases/mertainen-is-mothballed/
[7] Johan Turi: Muitalus sámiid birra / En bog om lappernes liv. Første utgave på samisk og dansk i 1910. Ny utgave på samisk ČálliidLágádus 2010. Forholdet mellom Turi og Lundbohm er skildra i teaterstykket Johan Turi på det samiske teateret Beaivváš.
[8] Sara Lidman: Gruva. Med foto av Odd Uhrbom. Bonnier 1988. Norsk utgave Pax 1989.
[9] Karin Jansson Myhr (red.): Boken om LKAB : den svenska nationalrikedomen. Centrum för Näringslivshistoria på oppdrag av LKAB. 2015.
[10] https://www.lkab.com/sv/nyhetsrum/pressmeddelanden/lkab-investerar-i-pilotanlaggning-for-fosfor-och-sallsynta-jordartsmetaller/?fbclid=IwAR1shlPUWLHo7AQ589VE6IlrbZcPOFZVhapzgUls8XF4Vahl2ZegQbP2UJU
[11] https://www.highnorthnews.com/nb/utslippsfri-tunnel-og-gruvedrift-om-5-10-ar
[12] https://sverigesradio.se/sida/artikel.aspx?programid=98&artikel=7231113&fbclid=IwAR3UjyhaeL7ztXM6okyYNvXDdrvUgPUDhfGHxJPpsJ5-whhlmkuigC1ZXSQ
[13] http://www.whatlocalpeople.se/projekt-kallak/
[14] Daniels Sven Olsson: Falu Gruva. Stiftelsen Stora Kopparberget 2010.
[15] http://supermiljobloggen.se/nyheter/2016/04/utokad-gruva-tvingar-bybor-att-flytta
[16] http://gruve.info/laver.htm
[16a] https://sverigesradio.se/sida/artikel.aspx?programid=2327&artikel=7254714&fbclid=IwAR264so66LTvrOjEsSXxQ2OfP0zeeQDhUhJeKBNg8zVD8lyv8DiwCWRlsYI
[17] Arne Müller: Smutsiga miljarder. Ord&Visor. 2. utgåve.
[18] https://e24.no/boers-og-finans/nickel-mountain-group/spetalen-tar-en-jafs-av-gruveselskap/23284326
[19] https://www.dn.no/jus/sverige/finans/bors/tiltalt-for-gullbedrageri/1-1-5412179
[20] https://stoppagruvan.wordpress.com/page/1/
[21] https://www.facebook.com/groups/stoppagruvan/?hc_ref=ARQ969_y0ONTNbgZZWcTDHuhfAVb9HMALRg7hwULNQo8hvfmHp7atTtwJoHfINB5VYE
[22] https://www.mandalayresources.com/vision-strategy/ «Mandalay Resources creates exceptional shareholder value through the acquisition of undervalued assets that can: become rapidly cash generative, self fund exploration, establish and maintain high operating margins, and return cash to shareholders. Mandalay is committed to operating safely and in an environmentally responsible manner, while developing a high level of community and employee engagement.»
[23] https://www.mandalayresources.com/living-our-values/
[24] https://www.arbetaren.se/2013/11/22/fascister-bakom-svenskt-gruvbolag/
[25] Omtalt i innleiinga til Arne Müller: Elbilen och jakten på metallerna. Ord&Visor 2019.
[25a] https://www.aftonbladet.se/nyheter/a/qLX1rm/mineraljakt-i-fokus-nar-varldsreligioner-mots?fbclid=IwAR1fERqHlPMVo9mESCaXT2ZIKc03uNrv-jRboqovLHxgP4DiuL_-61vGGts
[26] http://www.metallerochgruvor.se/20180730/5497/kontroversiell-prospektering-far-gront-ljus
[27] Ávvir 03.06.2019, s. 9
[28] http://africaresources.se/about http://www.metallerochgruvor.se/20181116/5709/svenska-africa-resources-utvinner-sina-forsta-storre-diamanter?fbclid=IwAR0cAHZXFty9bQcUDMdHfSUcBAEBlFvXv_fKFQXnq5KDdd-isvnY1n690Ag
[29] http://www.affarerinorr.se/nyheter/2018/oktober/lkab-vill-koepa-gruvor-utomlands/#.XCzTyCfkXI0
[30] https://www.fraserinstitute.org/sites/default/files/survey-of-mining-companies-2017.pdf
[31] Environmental regulatory regime index by country, absolute ranking. National Environmental Performance: An Empirical Analysis of Policy Results and Determinants. Daniel C. Esty og Michael E. Porte, Yale Law School, 2005. ERRI (Environmental Regulatory Regime Index) är en kombination av flera index och tar hänsyn till t.ex. utsläppsstandarder, strukturen av miljölagar, tillgänglighet av miljö-information, kapacitet av landets miljöinstitutioner. Referert i Swemins rapport Gruvbranchen – en tilväxtmotor for Sverige. 2012.
[32] http://projects.gtk.fi/mineralstrategi/index.html
[33] https://www.youtube.com/watch?v=aOlS4SQYta8
[34] http://sveinlund.info/miljo/nussirfd.htm
[34a] https://yle.fi/uutiset/osasto/sapmi/ruivecahci_sahtta_dagahit_guollejamuid_ja_bilidit_goama/9157153
[35] https://thebarentsobserver.com/en/ecology/2018/09/gold-mining-northern-finland-hurts-reindeer-says-natural-resources-institute
[36] https://en.wikipedia.org/wiki/Trafigura
[37] https://www.google.com/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=8&ved=2ahUKEwjt89jhqNTcAhViIJoKHZasDm0QFjAHegQIAxAC&url=https%3A%2F%2Fwww.publiceye.ch%2Ffileadmin%2Ffiles%2Fdocuments%2FRohstoffe%2F2017_11_PublicEye_Analysis_Paradise-Papers_E_December.pdf&usg=AOvVaw0HxDaM3HLtS0sieXTGKcRn
[38] http://www.metallerochgruvor.se/20171009/4775/aklagaren-yrkar-pa-fangelse-talvivaaragruvans-ledning
[39] https://svenska.yle.fi/artikel/2018/03/22/hovrattens-talvivaara-miljodom-sex-manader-villkorligt-for-pekka-pera
[39a] https://www.helsinki.fi/en/news/life-science-news/talvivaaraterrafames-treated-wastewater-discharge-pipeline-leading-to-lake-nuasjarvi-has-caused-oxygen-depletion-and-degraded-the-benthic-community-of
[40] «The only economically efficient process currently known for extraction of such gold is cyanidation. It is widely used in the mining industry, and when carried out properly, it is the safest, most cost-efficient and environmentally friendly method available»
[41] https://www.vasabladet.fi/Artikel/Visa/211995
[42] https://www.keliber.fi/en/investors/news-releases-and-publications/CC1FE14A55C85077/
[43] «We stand for the very best in mining, committed to the highest standards of safety and responsibility across all our businesses and geographies and to making a sustainable difference in the development of the communities around our operations. At Anglo American, our commitment to sustainability, partnership and open, honest engagement with our stakeholders is at the core of our values. It is central to how we think and it is at the heart of how we conduct our business.»http://finland.angloamerican.com/about-sakatti?sc_lang=en
[44] https://www.ft.com/content/5ba52f88-d55d-11e5-829b-8564e7528e54
[45] https://www.infactproject.eu/sakatti-finland/
[46] https://arenan.yle.fi/1-3917886
[47] https://savesantamountain.wordpress.com/
[48] https://vimeo.com/125682448?fbclid=IwAR2PXAtHXcgFN96d1woWKaRjz98B-xvllYIt3jO5rTxLqWyYLoeECChO6Qo
[49] Direktør Janne Kinnunen på Arctic Business Forum 2019.
[50] Maija M. Lassila: Mapping mineral resources in a living land: Sami mining resistance in Ohcejohka, https://reader.elsevier.com/reader/sd/FA91EBE27E571E60091492705AC4DB6D7C0AC211DF92CCF867B297155697B8645019C83FA64B92781E3D2AC4956618C6
[51] https://www.nrk.no/sapmi/beaska-niillas_-_-mii-eat-halit-ruvkkiid-sapmai-1.12275685
[52] https://svenska.yle.fi/artikel/2019/01/02/gruvbolaget-dragon-mining-i-motvind-aktivister-kraver-att-guldgruveprojekt-laggs?utm_source=facebook-share&utm_medium=social&fbclid=IwAR2lm5KiqMoDrlgGZM7svs2o29iNUn4Jnk4Ze9T4ObcxoCRqFU4EeaXmc
[53] https://www.arcticrailway.as/arctic-corridor/
[54] http://naturvernforbundet.no/getfile.php/Fylkeslag%20-%20Finnmark/Dokument/bruun-Otto%20Brun%20Gruvor%20Nordfinland%200211%202013.pdf
[55] https://www.youtube.com/watch?v=7GrKT_nP0K8&feature=youtu.be
[56] https://www.kaivosvastuu.fi/finnish-sustainability-standard-for-mining-translated-into-english/
[57] Arctic Business Forum Yearbook 2019, s. 12


Til neste kapittel