Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

Ei næring i strid

FORVALTNING, LOBBY OG MOTSTAND

Fraser Institute Policy Potential Index måler kor attraktive dei forskjellige landa er for gruveinvesteringar. Vi ser at dei nordiske landa er rekna som dei mest attraktive i lag med USA, Canada, Australia, Chile og eit par land i Afrika.
(Kjelde: Euromines)

Gruvedrift har blitt eit stridsspørsmål i nær sagt alle land i verda og i ei rekke internasjonale organ og organisasjonar? Kvifor kan ikkje alle bli einige om kva mineral som bør takast ut og vilkåra for å gjøre det?

Gruveselskapa og organisasjonane deira framstiller saka gjerne slik at alle treng mineral, derfor står dei sjølve for fellesinteressene. Mot desse står særinteressene, «gruvemotstandarane», som ikkje forstår at vi treng mineral, og ofte lokalbefolkninga, som er egoistar og ikkje vil ha gruve i sitt eige bruksområde, eller som det heiter på engelsk: NIMBY – Not In My Backyard. Det er ei enkel forklaring, men litt for enkel.

Kva står striden om?

Dei dominerande sakene i dei fleste stridene rundt gruver i verda synest å vere arealbruk og forureining. I tillegg kjem andre spørsmål som nok kunne hatt større plass: kva som blir utvunne, kven som tener på det og kva som skjer med gruvene etter drift.

Arealbruk

Alle former for mineralutvinning fører med seg endra arealbruk. Større eller mindre område, som til da har vore naturområde, jordbruks- eller beiteland, bustadområde eller industriområde må da vike for dagbrot, avgangs- og gråbergdeponi, oppreiingsanlegg, hamner, vegar og anna arealbruk som trengst for utvinning og vidare behandling av mineral. Det kan bety at menneske må flytte, eller dei vil miste det som alltid har vore nærings- eller rekreasjonsområda deira.

Jordkloden sitt avgrensa areal skal i skrivande stund fø vel 7,7 milliardar menneske, og fleire vil det bli, i tillegg til dyr og planter, ville, tamme og dyrka. Presset på areala blir større og større. Når gruver blir drive på stadig lågare konsentrasjonar av malm, gir utvinning av eit tonn ønska mineral stadig større arealinngrep, til sjølve gruva, og til deponi for gråberg og avgang.

Forureining

Gruver gir forureining frå leiteboringa startar fram til lenge etter dei er lagt ned. Dei fleste gruver er avhengig av sprenging, som gir støv som spreier seg i lufta, og etterpå blir det rester av sprengstoff, særlig nitrogensamband, og av sprengingsdenatorar som no gjerne er av plast. Bore-, laste- og transportmaskinar gir avgassar og ofte og spreiing av fint støv.

Dei forskjellige prosessane for utskiljing av mineral eller konsentrat er ei ny kjelde til forureining, med at det ofte blir brukt giftige kjemikaliar. Avgangen frå gruver er ikkje bare eit arealproblem, men òg oftast eit forureiningsproblem. Kjemiske stoff som følgjer avgangen eller blir utvikla som resultat av kjemiske reaksjonar i denne, kan spreie seg langt utover sjølve deponiområdet både gjennom luft og vatn og gjennom brå ulukker som dambrot. Forureining frå nedlagde gruvegangar og dagbrot og frå avgangsdeponi kan vere eit problem i hundrevis av år etter at gruva er lagt ned. Dette har både lokale verknadar og bidrar kraftig til den generelle forureininga av verdshava.

Avgangen frå gruver er både eit arealproblem og eit forureiningsproblem. Frå avgangen spreier det seg gjerne stoff utover deponiområdet både daglig og gjennom brå ulukker som dambrot. Slik forureining kan vere eit problem i hundrevis av år etter at gruva er lagt ned. Denne forureininga består både av oppmale mineral og av kjemikaliar som er tilsette for å skilje ut dei ønskte minerala frå malmen. Dette har både lokale verknadar og bidrar kraftig til den generelle forureininga av verdshava.

Mineral for kva og kven?

Kvifor vinn vi ut mineral? Sjølvsagt fordi vi treng dei! Til bilar, datamaskinar, mobiltelefonar osv. Desse eksempla blir brukt om og om igjen, i seinare år supplert med at vi treng mineral for overgang til fornybarsamfunnet. Det gruvenæringa og næringa sine forsvarsstyrker snakkar mindre om, er den delen av mineralutvinninga som går til krig og opprusting, luksusforbruk og statussymbol, produkt som blir laga for å gå i stykker og til rein spekulasjon. Om denne unyttige og til dels skadelige bruken av mineral blei kutta ut, vil vi i alle fall kunne halvere mineralutvinninga, og dermed skadane på naturen gjennom inngrep og forureining. Samtidig vil knappe ressursar bli spart til framtidige generasjonar. Utan å ramme vanlige folk sitt behov kan vi blant anna kutte ut all utvinning av gull og diamantar og redusere kraftig på utvinning av dei metalla som særlig blir brukt til militære formål, som bl.a. nikkel, molybden og vanadium.

Når styresmaktene behandlar søknadar om løyve til mineralutvinning er det ingen som spør om dette er noko samfunnet har bruk for. I bind 3 av denne bokserien tok eg til orde for behovsprøving ved løyve til mineralleiting og utvinning. Da boka blei omtalt i mineralnæringa sitt tidsskrift Geo, blei dette brukt som eksempel på kor totalt urealistisk denne forfattaren var. Etter redaktøren si meining var det sjølvsagt at marknaden måtte fritt få avgjøre kva som skulle utvinnast.[1]

Kven tener?

Dei som ønsker å få løyve til gruvedrift er i dei fleste tilfelle kommersielle selskap, svært ofte utan noka lokal tilknyting til dei områda der dei skal leite eller utvinne. Ein stor del av eigarane har heller ingen direkte interesse av dei bestemte minerala, anna enn som inntektskjelde gjennom aksjeutbytte eller vidaresal av aksjar. Dei vil tene mest om dei får raskast mogleg tilgang til ressursane, minst mogleg fordyrande vilkår og minst mogleg krav til reinsking av utslepp og til måten dei behandlar avgangsmateriale på. Så enkelt er det, det kan synast unødvendig å seie det, men det blir gjort så mye for å kamuflere dette enkle faktumet at det er nødvendig å seie det i klartekst.

Men når det regner på presten, dryp det da ikkje litt på klokkaren? Lokalbefolkninga vil vel få etterlengta arbeidsplassar, lokale selskap vil tene på å levere tenester, og kommune og stat vil få skattepengar. Alt dette har skjedd ved gruver i inn- og utland, men med aukande mobilitet, open arbeidsmarknad i EØS, aukande konkurranse på verdsmarknaden både på varesal og investeringar, blir dei lokale vinstane ved å ha ei gruve stadig mindre. Snarare enn lokal velstand er det trulig at arbeidskrafta blir engasjert på fly inn – fly ut – basis og internasjonale selskap registrert i skatteparadis vil stikke av med fortenesta.

Etterpå

Alle mineralkonsentrasjonar er avgrensa og før eller seinare kjem dagen da det ikkje er meir igjen som er lønsamt å ta ut. Kva skjer så etterpå? Vil naturen og lokalbefolkninga få området tilbake, eller vil det ligge som eit ruinlandskap i overskodelig framtid?
Det finst eksempel på at gruveområde har blitt ført tilbake, om ikkje heilt til originaltilstanden, så til ein slik tilstand at naturen får gro til eller at området f.eks. kan brukast til jordbruk eller skogbruk. Det er vel ikkje gjort noko verdsomfattande statistikk over kor vanlig det er, men inntrykket mitt er at det normale heller er at gruveområde bare blir forlate og blir ståande og skrike ut med ruinar etter bygningar, skrapjern rundt i naturen og forureina deponi som er tapt for naturen og andre næringar i all overskodelig framtid.

Behov for regulering

Dei nemnde spørsmåla gjør til saman at gruvedrift må vere gjenstand for regulering. Nasjonalt og til dels internasjonalt lovverk set rammer og normalt vurderer offentlige organ som departement og direktorat om det einskilde gruveprosjektet skal få starte opp. Ingen stadar kan kven som helst bare grave utan løyve frå styresmaktene. Det gjeld også for dei som sjølve har eigedomsretten til jorda. Sjølv om den formelle behandlinga skjer i offentlige organ, skjer den reelle behandlinga i mange land ofte med at nokon har snakka saman og nokon har betalt eit par setlar under bordet.

Det vanlige er at forvaltninga vurderer arealinngrep (reguleringsplan) og forureining (utsleppsløyve), mens behovet for minerala og kven som taper og tener på utvinninga sjeldan blir vektlagt.

Statlige organ set og mye av dei økonomiske vilkåra for gruvedrifta, gjennom skattar, avgifter og gebyr på saksbehandling. Dette kan og både vere avgjørande for lønsemda og for om stat og lokalsamfunn har noko igjen for drifta. Avgifter kan og brukast som eit verkemiddel til å redusere miljøskadane ved gruvedrifta.

Kva hindrar tilgangen?

Demonstrasjon mot den planlagte investeringsavtalen TTIP utafor EU-hovudkvarteret i Brussel 2015. Denne avtalen er planlagt å innehalde ISDS som gjør at bedrifter kan saksøke statar. Demonstrantane kallar avtalen ein “Trajan Treaty” fordi dei meiner han inneheld skjulte vilkår. For å symbolisere dette har dei laga ein trojansk hest.
(Foto: Friends of the Earth Europe)

Ettersom det blir stadig mindre tilgang på rike mineralressursar, blir det stadig større press på å få utnytte dei ressursane som ein kjenner til, sjølv om dei ligg i område som allereie er i bruk til anna formål, eller er avsette til verneområde som nasjonalparkar osv. For bedrifter og organ som arbeider for auka mineralutvinning blir det da eit kjernespørsmål at denne må få retten til å overkjøre andre interesser i arealbruken.

US Geological Survey (tilsvarande NGU) kom i 2017 med ei utgreiing som ser på korleis politiske, økonomiske og juridiske problem kan hindre den frie tilgangen dei ønsker til alle ressursar: «Den globale etterspurnaden etter mineralråvarer er på sitt høgaste nivå nokon gong, og er forventa å halde fram å stige, og utviklinga av nye teknologiar og produkt har ført til bruk av eit større tal av mineralråvarer i aukande mengde til det punktet at i dag har så godt som alle naturlig førekomande grunnstoff fleire industrielle bruksområde. Sjølv om dei fleste mineralråvarer er tilstades i tilstrekkelige mengder i jorda til å sørge for tilstrekkelig forsyning for mange år framover, kan tilgjengeligheita deira bli påverka av slike faktorar som sosial uro, politikk, lover, miljøreguleringar, restriksjonar på bruk av land, økonomi og infrastruktur.»[2] Sitatet er frå eit bestillingsverk frå Trump-administrasjonen. Lover, miljøreguleringar og restriksjonar er altså hinder som må ryddast av vegen. Dagens regjering i USA har allereie vist i praksis at dei meiner alvor med dette, med å oppheve ei rekke restriksjonar på mineralutvinning. Det er eit klart varsel om at USA for å sørge for «tilstrekkelig forsyning», vil kunne komme til å bruke harde middel, både innanlands og utanlands.

Finst det ein minstestandard?

Mens metallprisane langt på veg er dei same over heile verdsmarknaden, er det større variasjonar i andre vilkår for å drive gruvedrift. I prinsippet blir det avgjort innafor kvart land kva krav det skal vere for å få løyve til å starte leiting og drift, kva gruveselskapa må betale for å sikre seg ressursar og landområde, kor mye dei må betale gruvearbeidarar i løn og sosiale utgifter, kva krav det skal vere til tryggleik for arbeidarar og folk og natur nær gruva, kor mye dei må betale i skattar og avgifter og kor lett eller vanskelig det skal vere å kvitte seg med avfallet. Så enkelt er det likevel ikkje. Den formelle retten statane har til å sette eigne vilkår blir undergrave av ein stadig meir globalisert marknad, både for varer og for investeringar. I dei fleste land seier òg regjeringane som den norske mineralstrategien at landa deira skal vere attraktive for gruveinvesteringar. Resultatet blir ein kamp om gi dei mest freistande vilkåra for investorane, med andre ord låge miljøkrav, låge løner, låge skattar. Dette gjør det naudsynt med internasjonale minstestandardar. Har vi det i dag?

Om vi leitar etter ein «FNs konvensjon om gruver og mineralutvinning», så finst ikkje dette, sjølv om det absolutt kunne trengst. Årsaka er trulig at det er for stor usemje om kva krav ein slik konvensjon skulle stille. Likevel er det ei rekke internasjonale konvensjonar og avtalar som verkar inn på mineralutvinninga, nokre set krav eller grenser for kor og korleis ein kan utvinne, mens andre faktisk styrkar gruveselskapa sin rett til å drive utvinning utan for mye statlige inngrep.

Vi kan starte med FN-pakten, som uttrykker at ein kvar stat har rett til sjølv å regulere aktivitetar innafor sine grenser. Kvar stat har dermed rett til å sette reglar for gruvedrift og til å gi og nekte løyve til enkelte prosjekt. Dette gjeld vel og merke så lenge statane ikkje har inngått avtalar som gir frå seg delar av den nasjonale sjølvråderetten, som EU/EØS og WTO. I tillegg kjem generelle internasjonale konvensjonar om naturvern og forureining, som Rio-konvensjonen om biologisk mangfald og Kyoto-protokollen om utslepp som fører til global oppvarming. ILO-konvensjon 169 og FN-erklæringa om urfolk seier at inngrep i urfolk sine bruksområde ikkje skal skje utan at desse folka godtar det. Motstandarar av visse gruveprosjekt har forsøkt å vise til desse, men utan at det har slått gjennom i særlig grad. Det er to konvensjonar som spesifikt behandlar mineralutvinning: Antarktistraktaten seier at der er forbod mot mineralutvinning, anna enn for vitskapelige formål. Havrettstraktaten har etablert eit regime for leiting og utvinning på havbotnen i internasjonalt farvatn. (Sjå seinare kapittel om dette.)

For tryggleik og helse ved gruvearbeid har vi ein eigen konvensjon av 1995.

Det er altså avgrensa med «harde» reguleringar av gruvedrift, men fleire initiativ som kan kallast «mjuke» reguleringar, ettersom dei tar sikte på utarbeiding av retningslinjer som ikkje har formell juridisk kraft.

Verdskonferansen for bærekraftig utvikling i Johannesburg 2002 førte til oppretting av ei rekke Partnership Initiatives. Blant dei var Intergovernmental Forum on Mining, Minerals, Metals and Sustainable Development, som har årlige kongressar. Her er knapt 70 land med, men blant dei er ingen nordiske land, og heller ikkje viktige gruveland som Polen, USA og Australia.

Internasjonale finansieringsinstitusjonar har utarbeida ein standard for etiske krav for investeringar, kalla «Equator Principles».[3] [4] Desse inneheld bl.a. krav om at investeringar ikkje skal føre til miljøøydeleggingar og at det skal gjennomførast grundige konsekvensutgreiingar om miljøverknadar. Krava er ikkje spesielt presise og heller ikkje juridisk bindande. Ein kan derfor spørje om målsettinga i første rekke er å betre miljøstandarden eller å gi bransjen eit betre omdømme. Frå miljøorganisasjonar har det blitt hevda at dei fine prinsippa ikkje har ført til store endringar i praksis. Da den amerikanske miljøorganisasjonen Earthworks i 2018 skreiv til bankar for å få dei til å trekke seg frå investering i gruver med sjødumping, viste dei til at desse investeringane var i strid med Equator Principles.

Eit dokument utarbeida for UNCTAD på slutten av 1990-talet skriv: «Lovar som regulerer gruvedrift aukar i omfang og strengheit, basert på det nye internasjonale paradigmet for »bærekraftig utvikling» - utvikling som møter noverande behov utan å gå på kompromiss med framtidige generasjonar si evne til å møte deira eigne behov. For gruvedrift betyr dette ikkje bare å fokusere på tradisjonelle økonomiske bekymringar, men også på nye sosiale, økonomiske og miljømessige omsyn, særlig i utviklingsland med ressursbaserte økonomiar. ... Mens internasjonal miljølov framleis er prega av svake standardar og handheving, veks det i både omfang og handhevbarheit og blir ei kraft som ikkje lenger kan ignorerast.»[5] Sett 20 år seinare må ein vel innrømme at denne skildringa var vel optimistisk.

Mens det manglar klare internasjonale reglar som set grenser for kva gruveselskap kan gjøre, så finst det faktisk langt på veg regelverk og avtalar som set grenser for korleis statar kan regulere gruveselskapa. I omlag 80 år hadde Noreg konsesjonslovar som sa at utanlandske selskap som ville drive gruvedrift i Noreg måtte søke særskilt konsesjon, og staten kunne utan vidare avslå ein slik søknad. Da vi i 1994 gikk inn i EØS måtte desse opphevast og blei erstatta av EU sin frie etableringsrett.

Internasjonale gruve- og oljeselskap har vore blant dei som har ivra for såkalla Investor-state dispute settlement (ISDS). Slike avtalar gjør at internasjonale selskap kan saksøke ein stat dersom vilkåra for investeringane deira blir forverra, bl.a. gjennom skjerping av miljøreglar. Slike reglar er inne i nokre regionale handelsavtalar, som NAFTA i Nord- og Mellom-Amerika. USA har ivra for å få inn slike reglar i forhandlingane om transatlantisk investeringsavtale (TTIP) og i verdshandelsorganisasjonen WTO. Til no har dei ikkje fått gjennomslag for dette, og forhandlingane om TTIP er stoppa opp og u-land har klart å hindre dette ved fleire forhandlingar i WTO, seinast i 2017.[6] Derimot er slike reglar med i ei rekke bilaterale handels- og investeringsavtalar. Ein slik avtale mellom Canada og Romania har ført til at eit kanadisk selskap har stilt eit krav om fleire milliardar dollar i erstatning av Romania for å ha stoppe løyve til ei gullgruve. (Sjå lenger ut i boka). Ei oversikt over resultatet av slike avtalar seier at dei til saman har kosta 20 milliardar $ og at selskapa har vunne i 70% av sakene. I Colombia har det kanadisk selskapet Grey Star saksøkt staten for 16 milliardar $ fordi dei har blitt nekta å drive gruve i eit verneområde. [7]

Noreg best i klassa?

Den norske mineralstrategien seier at «Norsk mineralnæring skal være blant verdens mest miljøvennlige og aktivt søke fremtidsrettede løsninger.» Samtidig er orda som både startar og avsluttar mineralstrategien: «Regjeringen ønsker at Norge skal være et attraktivt land å drive mineralvirksomhet i.» Spørsmålet om motsetninga mellom desse to utsegnene er ikkje tema.

Så langt har eg ikkje sett noko gjøre ei systematisk samanlikning mellom Noreg og andre land på forskjellige områder av lovverk og praksis når det gjeld gruver og miljø. Det er derfor vanskelig å gi Noreg poeng i ei samanlikning med land «det er naturlig å samanlikne med». Den einaste samanlikninga som blir gjort, for å vise kor mye betre Noreg er enn andre land, er gjerne med gruvedrift i Afrika, og da gjerne med den drifta som foregår under dei mest primitive forholda. I 2016 hadde Bergverksmuseet på Kongsberg ei utstilling med tittelen «Gullets mørke side» om gruver i Afrika og Asia. Dei viste gruver med svært primitive forhold i Burkina Faso, Filippinene og Indonesia, med stor grad av barnearbeid. Sjøl om det nok ikke var hensikten til fotografen, blei utstillinga brukt til å argumentere for at sidan vi ikkje kan basere forbruket vårt på slike forhold, må vi ha fleire gruver i Noreg.

Også for denne boka blir det litt for ambisiøst å gå gjennom lovverk og praksis i alle eller mange land for å samanlikne med Noreg, men vi kan nemne nokre indisium på at ikkje landet vårt nødvendigvis ville komme best ut:

Mineralindustrien – ein mektig påverkar

Både i einskilde land og internasjonalt har mineralindustrien organisert seg for å påverke regelverket for løyve, skatte- og avgiftssystemet og andre vilkår for mineralutvinning. Nokre organisasjonar gjeld for bestemte mineral, som kol eller gull, mens andre omfattar all mineralutvinning. Formelt har dei inga rolle verken i vedtakinga av nasjonale lovar eller internasjonale konvensjonar. Likevel har dei stor påverknadskraft overfor både nasjonale og internasjonale organ.

Vi skal sjå nærare på eit par av organisasjonane.

ICMM – Falskt flagg i verdsmålestokk

Mining with principles. Dette er no hovudslagordet til ICMM. Dette bildet frå nettsida deira viser at dei står fram som forsvararar av miljøvenlig og bærekraftig gruvedrift. Likevel blir ICMM sine medlemmar møtt med protestar rundt heile jorda. Eller er det nettopp derfor dei må flagge dei store prinsippa så kraftig?

ICMM (International Council on Mining and Metals) er danna så seint som 2001, og bakgrunnen for danninga forklarer dei slik: «I midten og slutten av 1990-talet var gruve- og metallindustrien i krise. Råvareprisene hadde falle, og investorar var tilbakehaldande med å støtte opp om gruveoperasjonar. Til dette kom aukande uro i samfunnet, kritikk frå sivilsamfunnet og breiare offentlig opposisjon truga industrien sin «sosiale lisens for å drive.»[9]

Før ICMM blei danna skjedde det ei interessant forhistorie. Først sette ei lita gruppe av direktørar i gruve- og metallselskap i gang Global Mining Initiative (GMI), leia av World Business Council for Sustainable Development (WBCSD). Resultatet var Mining, Minerals and Sustainable Development, «ein eineståande konsultasjons- og forskingsprosess med mange aktørar, som fann stad over to år. Den omfatta 20 regionale og nasjonale konsultasjonar, der ein lytta til over 5000 personar og organisasjonar om den rolla som gruvedrift og mineral kan spele i overgangen til bærekraftig utvikling. Det er også produsert 175 forskingsrapportar og artiklar frå heile kloden.»[10]

Dette er interessant fordi det blir innrømt at gruveindustrien hadde vore så kritisert frå ein brei folkelig opposisjon at det truga heile næringa, og noko måtte gjørast for å gjenvinne tilliten. Det står i kontrast til gruveindustrien i Noreg som normalt ikkje innrømmer noko negativt ved seg sjølv.

ICMM består av nasjonale og regionale organisasjonar for gruveselskap, og nokre av dei største gruveselskapa er direktemedlemmar. I 2017 presenterte organisasjonen seg slik: «ICMM er ein internasjonal organisasjon dedisert til å forbetre tryggleik, sosial og miljømessige prestasjonar av gruve- og metallindustrien. Vi bringer saman 24 av verdas leiande gruve- og metallselskap som sysselset omlag 1 million menneske globalt, og også over 30 regionale organisasjonar og råvareorganisasjonar.»[11] Dette sto å lese i lag med nyheita om at det brasilianske gruveselskapet Vale var blitt tatt opp som det 24. selskapet i ICMM[12], to år etter at Vale var ansvarlig for ei av dei største gruveulukkene i verdshistoria.

Pr. august 2019 er det 26 selskap som er direktemedlemmar, derav eitt som er meir eller mindre norsk, Hydro (tidligare Norsk Hydro). Her i landet tenker vi ikkje så mye på det som eit gruveselskap, men dei har gigantiske bauxittgruver i Brasil, ei av dei tar ut 15 mill tonn for året, noko som tilsvarar 4 x Sydvaranger på det meste.

Går vi inn på ICMM si nettside, blir vi møtt av denne teksten: «Vi trur at bare ved å drive gruver med prinsipp kan gruvedrift og metallindustri bidra til ei bærekraftig utvikling og verne planeten».[13] Kva prinsipp er det så dei skal hevde? Om dette har ICMM laga ein eigen nettstad, http://miningwithprinciples.com, som vi trygt kan tilrå å ta ein titt på, som eit svært illustrativt eksempel på tittelen på denne boka.

Det startar med ein teiknefilm som viser korleis alle bruksgjenstandane våre er avhengig av gruvedrift og fortel så at vi (ICMM) står for bærekraftig og miljøvenlig gruvedrift, med tilbakeføring til natur etter drift og med opplæringsprogram for lokalbefolkninga.

Deretter kjem ein film om ein familie i Peru, som har fått både kurs og lån som resultat av prosjektet DreamBuilder, sponsa av eit gruveselskap. Alt ser flott ut, men kva heitte gruveselskapet? På slutten av filmen kjem der fram – Freeport McMoRan. I ICMM sin presentasjon står det ingenting om kva slags gruvedrift dette selskapet står for. Som vist lenger ut i denne boka er dette selskapet bak den aller mest forureinande gruva i heile verda, gigantgruva Grasberg i Indonesia, som slepp gruveavgangen ut i ei elv i 4000 meters høgde og avgangen har øydelagt elva, landet om kring og store område i sjøen ved utløpet. Om dette skal kallast bærekraftig utvikling, så har dette ordet uttrykket mista all meining..

Ei anna historie er frå Sør-Afrika, der fattige ungdommar har fått utdanningstilbod takka vere sponsing frå gruveselskapet Glencore. Dette er og blant dei selskapa som er omtalt i denne boka, og det har eit synderegister innafor forureining, korrupsjon og brot på internasjonale lovar som slår det aller meste.

Lista kunne ha vore gjort mye lenger, men konklusjonen er klar: ICMM organiserer nokre av dei selskapa som driv mest naturskadelig gruvedrift og grønvaskar desse som bærekraftige og miljøvenlige. Dei siglar altså i høgaste grad under falskt flagg. Det er ikkje bare eit ansvar for leiinga i ICMM men også for direkte og indirekte medlemmar, inkludert Norsk Bergindustri.

Euromines

Euromines (European Association of Mining Industries, Metal Ores & Industrial Minerals) har som ICMM både bedrifter og nasjonale mineralindustrisamanslutningar som medlemmar. Det er 15 bedrifter med direkte medlemskap, ingen av dei er norske, tre er svenske og heile 4 kanadiske (!) Mineralnæringa i Noreg er representert gjennom Norsk Bergindustri. Euromines er igjen medlemsorganisasjon i ICMM.

Euromines har ifølge eigen presentasjon som formål:

Her er altså ikkje snakk om eit mål ein skal arbeide mot, men at ein hevdar at den europeiske mineralnæringa i dag allereie er ein bidragsytar til bærekraftig utvikling og ein ansvarlig miljøsektor. Sett i forhold til dei miljøproblema som denne næringa har skapt og stadig skaper, vitnar dette mildt sagt om dårlig sjølvinnsikt. Skal ein kunne bidra til å løyse eit problem, er det første vilkåret at ein erkjenner at problemet er der, og det synest ikkje å vere tilfelle med Euromines.

Euromines arbeider særlig overfor EU-institusjonane, for å fremme gruveindustrien sine interesser i utarbeiding av lovverket i unionen. Blant oppgåvene her er:
«Promotere forståinga av sektoren sine bidrag til bærekraftig utvikling overfor dei europeiske institusjonane.»[15] Derimot manglar ei målsetting om å gjøre denne sektoren meir bærekraftig. Alt er altså godt nok som det er, Euromines si oppgåve er å forsvare det.

Messer og konferansar

Fra gruvemessa FEM (Fennoscandian Exploration and Mining) i Levi i Finland i 2015. Her er standen til Keliber, selskapet som skal starte litiumgruve i Finland, og som har norske Nordic Mining som største aksjonær.
(Foto: SL)

På internasjonalt plan foregår det ei rekke konferansar og messer, der mineralbedrifter i mange land møtast. Ofte kombinerer dei utstilling av utstyr for mineralleiting, gruvedrift og oppreiing med foredrag og meir eller mindre debatt. Størst er PDAC i Kanada, andre er EuroMinesExpo i Sverige, FEM (Fennoscandian Exploration and Mining) i Finland, African Mining Indaba i Sør-Afrika og International Mining Convention i Mexico.
Dette er i første rekke møteplassen til gruveselskapa, investorane og utstyrsleverandørane, samt styresmakter som forvaltar mineralutvinning. Den afrikanske varianten blir presentert slik:

«Den årlige Mining Indaba er den fremste globale samlinga for å investere i den afrikanske gruveverdikjeden. Det i stor grad interaktive og marknadsleia programmet samlar dei leiande representantane frå gruveinvesteringssamfunnet, dei største gruveselskapa i verda og regjeringsrepresentantar for å dele innsikt i korleis sektoren kan drive investeringar og tene på muligheitene som er tilgjengelig for Afrikas gruveindustri.» [16]

Gruveutstyr blir også presentert på messer for bygge- og anleggsteknikk, som det som er kalla «Verdens største messe», Bauma i München.

Nokre konferansar og messer er spesielt innretta på å tiltrekke seg investorar. Dei siste åra er det årlig arrangert ei rekke Mining Investment konferansar og messer rundt i verda, i 2019 var det planlagt i alle fall 8 av dei, alle arrangert frå konferanseselskapet Spire Events i Singapore! Mens gruveselskap og gruveprosjekt på konferansar og messer meir innretta på eit opent publikum og media legg vekt på å marknadsføre seg som grøne og miljøvenlige, treng ein ikkje ta slike omsyn overfor investorar. Dei er likevel bare opptatt av kva ein kan tene pengar på. Det kjem klart fram av opplegget for årets Mining Investment Europe i Frankfurt. Her er det verken spørsmål om det er behov for minerala eller om belastninga på naturen kan reduserast. Alt er eit spørsmål om pengar og typiske tema er «Uncovering value. Investment opportunities for investors» og «How to deal with governments, manage risks and make strategic investment decisions». Som ledd i arbeidet med denne boka ville eg besøke ei av desse messene, og bestemte meg for Frankfurt i juni 2019. Da alt var vel bestilt og førehandsbetalt, kom meldinga tre dagar før eg skulle dra. Nei, det blei ikkje noko Mining Investment i Frankfurt i år. Kvifor? «... based on current market feedback, we have decided to combine our Frankfurt event with our other London event». Eit forsøk på koding av denne noko kryptiske meldinga seier meg at konferanseindustrien har overdrive kor mye det går an å presse ut av denne marknaden. Åtte gruveinvesteringskonferansar for året bare frå eitt selskap var tydeligvis over grensa, særlig når det er ei rekke andre aktørar i konferansemarknaden, som Mines and Money med ei rekke gruvekonferansar i England, Australia og USA i år. Det kjem derfor dessverre ikkje noka reportasje frå Mining Investment Europe her.

Kor er så Noreg i dette bildet? Etter å ha besøkt eit par av messene, FEM 2015 i Levi Finland og EuroMiningExpo 2018 i Skellefteå i Sverige, er inntrykket mitt at Noreg i stor grad står på sidelinja. Sjølv når messer er i våre næraste naboland, er Noreg knapt med verken blant utstillarar, foredragshaldarar eller besøkande. Ingen av dei nemnde messene i England og Tyskland er sett opp med norske talarar. På FEM fikk Nordic Mining og Nussir legge fram sine fantastiske miljøvenlige gruveplanar, men sidan dei ikkje har gjort vidare framsteg på tre år, var dei ikkje eingong til stades i Skellefteå tre år etterpå. Det var heller ingen andre norske gruveselskap, med unnatak av tre representantar for Titania. Det viser at Noreg innafor gruveteknologi har svært lite å fare med, samanlikna med Sverige og Finland. Ingen av dei planlagte messene

Er det så ikkje noko tilsvarande i Noreg? Noko messe for gruveutstyr har eg ikkje funne at er arrangert her i landet, men konferansar om gruvespørsmål er det flust med. Geonor er årlige konferansar i Mo i Rana, i alle fall da eg var der i 2016 var arrangørane Sintef, NGU, Mineralklynge Norge, Nordland Fylkeskommune, Kunnskapsparken Helgeland og det nordiske mineralsamarbeidet Nordmin. Med andre ord ei tett samanslutning av industri og offentlig forvaltning. I tillegg har Norsk Bergindustri sine årlige opne konferansar.

Gruvemedia og andre media

For den internasjonale mineralindustrien har media to viktige roller. Den eine er å bringe informasjon som dei leiande i næringa sjølv treng, om teknisk, juridisk og økonomisk utvikling. Den andre er å forsvare einskilde bedrifter, bransjar og mineralutvinninga som heilskap mot kritikk frå bl.a. miljøorganisasjonar, urfolk og fagrørsla. Til dette har dei både eigne media og aktiv promotering i meir allmenne mediakanalar.

Media som er spesialisert på internasjonale gruvespørsmål, er oftast på engelsk. Her er eit utval av slike magasin: Mining Magazine (https://www.miningmagazine.com), Mining Journal (https://www.mining-journal.com), Australia's Mining Monthly (https://www.miningmonthly.com) og nettavisa Mining News (https://www.miningnews.net) er alle utgitt av mediaselskapet Aspermont i Storbritannia. MINE Magazine / Mining Technology er utgitt av konsulentselskapet CRU i London. Mining Global (https://www.miningglobal.com) er utgitt av BizClikMedia, med kontor i US og UK. Minerals Engineering International (http://www.min-eng.com) er basert i Cornwall i UK, og kallar seg ei sentral informasjonskjelde for mineralingeniørar verda rundt. Ved sida av nettstaden arrangerer dei internasjonale konferansar. Mining Engineering (http://me.smenet.org) er organ for Society for Mining, Metallurgy & Exploration i USA. Engineering & Mining Journal (https://www.e-mj.com) er basert i USA men med medarbeidarar i mange land. International Mining (https://im-mining.com) er utgitt av Team Publishing i London. Northern Miner (http://www.northernminer.com) held til i Canada, men innhaldet er internasjonalt.

I Canada har mineralindustrien bygd opp ein eigen mediainstitusjon, Mining Focus Educational Foundation, danna av «geoscientists, mining experts and social scientists».[17] Denne synest ikkje å vare berekna i første rekke på mineralnæringa sine eigne folk, men på propaganda for det store publikum, som ofte er skeptisk til dagens gruvedrift. Dei har eige TV-avdeling og har produsert ei rekke kortare og lengre TV-filmar. Blant dei er filmen «Mining is sustainable», ein påstand som blir servert utan noko forbehold. Filmen har ein deltakar, ein kvinnelig modell som ser ut å kunne reklamere for kva som helst, og som serverer påstandar som at «vi tar bare ut det som er absolutt nødvendig, og alt som blir tatt ut blir tilgjengelig for framtidas generasjonar».[18] Eit av hovudargumenta for at gruvedrift er bærekraftig, er at ho brukar mindre areal og mindre vassressursar enn landbruket. Denne filmen er også laga i spanskspråklig utgåve, bare med ein annan modell som opplesar. Målgruppa her kan ikkje vere anna enn opinionen i dei mange spansktalande landa i Amerika der kanadiske selskap driv gruver.

Innafor nordiske språk finn ein mest informasjon på svensk. Den viktigaste nettavisa om gruver i Sverige er Metaller och gruvor (http://www.metallerochgruvor.se), som er utgitt av Conventus Media House i Stockholm. I Noreg er det i første rekke eit gruvetidsskrift, Geo365, som kjem ut både i papir- og digital form. Det er breiare i tema enn bare mineralutvinning og tar også opp spørsmål innafor geologi og olje/gass. Utgivar er Geo Publishing AS, som igjen er drive av Geo Investments, der eineeigar er redaktøren, Halfdan Carstens.

Ved sida av dei media som er eigd av gruvemiljøet, arbeider både gruveselskap og organisasjonane deira aktivt for å påverke gjennom media som er eigd av andre, som dagsaviser, radio- og TV-stasjonar og ikkje minst internett. Derfor har større gruveselskap alltid eigne tilsette med oppgåve å uttale seg til media eller lage stoff for media.

Noreg – ein lobbyist for forureining

Sidan Noreg står fram som verdas beste og mest miljøvenlige land, skulle vi vel kunne vente ein stor innsats frå norsk side for å utvikle eit strengare regelverk for mineralutvinning. Om vi ser på kva Noreg gjør i praksis, er det dessverre snarare det stikk motsette. Det er ei einaste sak der Noreg har engasjert seg internasjonalt i forhold til regelverk for mineralutvinning, og det er for å hindre eit internasjonalt forbod mot sjødeponi. Dette arbeidet gjørast dels av Norsk Bergindustri, dels av statlige organ.

Både næringa og statlige organ har særlig samarbeida med Chile, landet som har verdas høgaste kopparproduksjon og som no vil lære av Noreg korleis ein kan bli kvitt avgangen på billigaste vis. Våren 2014 var generalsekretæren i NBI i Chile, for «kompetansebytting med Chile vedrørende deponiløsning», som NBI presenterte det[19]. Informasjon om dette har tidligare lege på nettsida til Norsk Bergindustri, men er no fjerna.

Nabolandet Peru har store gruver, og her er det også aktuelt å bruke sjøen til avfallsplass. Dette har ført til ein allianse mellom desse tre landa, og i juni 2015 blei det med støtte av regjeringane i Noreg, Peru og Chile halde ein internasjonal konferanse i Lima om verknadar av gruveavgang i marint miljø. Der var heile fire av talarane frå Noreg, og det norske synet var forsvart av representantar for Miljødirektoratet, NIVA, SINTEF og IRIS. Motstandarane av sjødeponi i Noreg hadde sjølvsagt ingen plass på konferansen, som var sponsa av Norges Forskningsråd.

Norske styresmakter har også arbeida aktivt overfor EU for å få dei til å anerkjenne sjødeponi som «best praksis». Så langt har det ikkje lukkast. Her har Norsk Bergindustri spela ei aktiv rolle.Samtidig har norske styresmakter motsett seg vedtak mot sjødumping i internasjonale organisasjonar som IMO og IUCN.

Gruvemotstand rundt i verda

Ingen harmoni

Eit gruveselskap har namnet «Harmony Gold». Sjeldan har eit namn vore meir misvisande. Er det noko som ikkje pregar gruvenæringa, ikkje minst gullgruvene, så er det harmoni.

Selskapet Harmony Gold driv gruver i Sør-Afrika og Papua New Guinea, to land som mildt sagt ikkje akkurat har vore prega av harmoni, og det gjeld også dette selskapet. Selskapet blei starta i apartheidstaten Sør-Afrika i 1950, som alle andre gruveselskap der i den tida med kvite eigarar og svarte arbeidarar. I Sør-Afrika har dei 10 gruver, den djupaste har no utvinning på 3388 m djup! I 2009 blei 63 «ulovlige gruvearbeidarar» skote ned og drepne i ei gruve som hører til dette selskapet og same året blei ein distriktssjef i selskapet drept. Harmoni? Som dei fleste andre internasjonale gruveselskap flaggar dei bærekratig utvikling og miljø høgt. Og Oljefondet er sjølvsagt inne her, med over 200 mill. kr. i aksjar, eit tal som blei meir enn fordobla frå 2017 til 2018.

Det er ikkje mange næringar som har vore utsett for så mye strid som mineralnæringa. Snarare enn harmoni vil eg hevde at det typiske for ei gruve er disharmoni, motstand og kamp, der gruveselskapa står i strid med andre næringar, med naturverninteresser og med eigne arbeidarar.

Kva så med forholdet mellom gruva og styresmaktene? Der er også motsetningar, i den grad styresmaktene er opptatt av å etterleve eigne lover. Dessverre er det ikkje alltid tilfelle, ofte ser det ut til at der er i meste laget med harmoni. I alle fall så lenge det går godt.

Før eg har skrive eit ord om motstand mot gruver, hører eg innvendingane: Men dei aller fleste gruver har blitt godt mottatt og drive utan protestar. Det er ein påstand som ikkje er lett å verken bevise eller motbevise. Ingen har oversikt over kor mange gruver som har vore i verda gjennom tidene, eller som er i drift i dag. Ingen har heller oversikt over kor mange gruver eller gruveplanar som har blitt møtt med større eller mindre motstand, mot etableringa eller mot gruva sin praksis under og etter drift. Ein av dei få som virkelig har sett seg inn i forholdet mellom gruver og lokalsamfunn over heile verda er grunnleggaren av Minewatch International, Roger Moody. Han konkluderer med at det vanlige er at det oppstår motstand mot nye gruveplanar frå samfunnet.

Heller ikkje i denne boka vil du finne noko kvantifisering av gruver med og utan motstand. Likevel vil eg prøve, ut frå dei kjeldene eg har klart å finne, å gi eit lite bilete av i kva grad gruveprosjekt får «sosial lisens til å drive» og kva dimensjon det er over protestar mot det gruveselskap gjør, oftast med støtte av statlige styresmakter, under leiting, drift og (manglande) oppreinsking. Først vil eg gi ei lita liste over land med dokumenterte protestar. (I nettutgåva av denne boka er det linkar for kvart land til nettsider med eksempel på protestar):

Europa: Sverige[20], Finland[21], Danmark (Grønland)[22], Romania[23], Polen[24], Tyskland[25],Tsjekkia[26] Storbritannia[27], Spania[28] Irland[29], Makedonia[30], Bulgaria[31], Hellas[32], Russland[33], Portuga[34]

Kumtor er ei gullgruve i Kirgisistan på 4000 m høgde, drive av eit kanadisk selskap. Det har vore ein langvarig strid om denne gruva, som bl.a. har ført til at lokalbefolkning har blokkert vegen og stengt straumforsyninga til gruva. Også andre gullgruver i Kirgisistan har blitt møtt med lokale protestar.
(Foto: Michael Karavanov / Wikipedia)

Asia: Kirgisistan[35], Uzbekistan[36], Kazakhstan[37], Armenia[38], Kina[39] [40], Mongolia[41], India[42][43], Bangla Desh[44], Malaysia[45], Thailand[46], Burma[47], Filippinene[48], Indonesia[49], Vietnam[50], Iran[51], Tyrkia[52], Papua New Guinea[53]

WoMin er afrikanske kvinners allianse mot gruver. Her eit glimt frå nettsida deira, https://womin.org.za

Afrika: Algerie[54], Tunisia[55], Gambia[56] [57], Guinea[58], Zambia[59], Marokko[60], Niger[61], Burkina Faso[62] , Etiopia[63], Sør-Afrika[64], Zimbabwe[65], Mosambik[66], Namibia[67] , Madagaskar[68]
Amerika: USA[69], Canada[70], Mexico[71], Haiti[72], Dominikanske republikk[73], Honduras[74], El Salvador[75], Guatemala[76], Costa Rica[77], Nicaragua[78], Panama[79], Colombia[80] [81], Venezuela[82] Ecuador[83] [84], Peru[85], Bolivia[86], Brasil[87], Argentina[88], Uruguay[89], Chile[90]
Australia/Oceania: Australia[91], Solomonøyane[92], New Zealand[93], Fiji[94]

Gruver utan motstand?

Med så mye motstand som det har vore mot gruver, trengst det faktisk at ein stiller spørsmålet omvendt: Kvifor har, i alle fall tilsynelatande, svært mange gruver ikkje møtt nokon motstand? Eg vil drøfte nokre moglege årsakar:

Det har ikkje vore nokon grunn til protest.

Gruvene har gitt små inngrep i naturen, har i liten grad fortrengt andre næringar, ikkje ført til vidare forureining, avgang er forsvarlig behandla og gruveområdet er etter nedlegging ført tilbake til naturen. Gruvearbeidarane har vore frivillig rekrutterte, fått rimelig god løn, hatt fast tilsetting og trygge arbeidsvilkår med ein ulukkesfrekvens som ikkje ligg over det som er vanlig i arbeidslivet. Dei som har blitt berørt har fått rimelig kompensasjon og delar av overskotet frå gruva har gått til å utvikle samfunnet som gruva ligg i.

Dette er omtrent det bilde som blir gitt foran ei kvar gruveetablering, men har det nokon gong blitt sånn? Eg har i alle fall leita etter slike gruver utan å finne dei, men eg tar gjerne mot tips om nokon som veit om gruver som lever opp til alt dette. Likevel kan det vere gruver der dei aller fleste har vurdert at fordelane overgår ulempene og derfor har godtatt gruva.

Protestane har ikkje syntest.

Om protestar ikkje synes i offentligheita kan det faktisk skuldast både demokrati og mangel på demokrati.

I eit formaldemokratisk land som Noreg, er det i prinsippet fullt høve til å uttrykke motstand mot planar om utbygging av alt frå vegar og kaier til gruver og kraftverk. Alle slike saker skal sendast på høring og høringsdokument skal leggast ut på aktuelle kommunehus. Innafor bestemte (ofte knappe) fristar kan da einskildpersonar og organisasjonar lese nokre hundre sider konsekvensutgreiing og etter beste evne skrive ein uttale som kanskje konkluderer med at denne planen bør avvisast eller endrast så og så. Desse protestane blir så arkiverte, før den opprinnelige planen blir godkjent av styresmaktene, evt. med mindre justeringar. Dette er den forma som styresmaktene ønsker å kanalisere all motstand inn i. Normalt vil slike protestar aldri komme fram i media, eller i beste fall som små notisar. Konklusjon: Jo meir perfekt formaldemokratiet er, jo mindre synest protesten.

På andre sida har befolkninga i mange land i verda ingen rett til å seie imot styresmaktene. Folk lar vere å protestere fordi det kan vere farlig eller fordi dei veit at det uansett ikkje vil føre fram. Det betyr ikkje at dei godtar eller sluttar opp om det som skjer. I Kina har gruvene etter sjeldne jordmetall i Indre Mongolia ført til enorme naturskadar. Kva veit vi om kva lokalbefolkninga meiner om dette og om dei har forsøkt å protestere?

Vi finn ikkje kjelder

Denne boka er skrive av ein einskildperson i det lille landet Noreg, utan store reiser rundt i verda. Boka bygger vesentlig på skriftlige kjelder på internett, dels i bokform. Ei av avgrensingane er at det bare er nokre få språk som forfattaren klarer å forstå, ei anna at ein sjølvsagt ikkje kjem gjennom alt på desse språka heller. Da har vi gått glipp av mye: – Kjelder på alle dei andre språka i verda.
Om vi snur saka og ser på norske forhold, så vil ein som ikkje kan norsk, knapt finne eit ord på internett om motstanden mot etablering, utslepp og utviding ved Sydvaranger, Elkem-Tana, Nasafjellet, Ljøsenhammaren eller Sortland. Ut frå engelskspråklige kjelder kan ein finne litt om Biedjovággi, Repparfjorden og Førdefjorden, men sjølv desse sakene er det ganske lite å finne om. På same måte vil eg som verken kan spansk eller kinesisk ha vanskelig for å finne informasjon om gruvemotstand i dei landa som brukar desse språka.
– Motstand som ikkje har kome i media.
Mange land har dårlig utbygde media, og media er gjerne lokalisert langt frå der gruver blir etablert. Interessa for og kunnskapen om gruvespørsmål er generelt liten i media både i Noreg og trulig dei fleste andre land. Media legg ofte først merke til motstand mot utbyggingstiltak når denne kjem til uttrykk ved offentlige demonstrasjonar og aksjonar. Da går dei ofte glipp av den motstanden som blir uttrykt den vegen styresmaktene ønsker å kanalisere han, gjennom saklige høringsuttalar ad tenesteveg ved behandling av søknad om driftskonsesjon osv. Så lenge media ikkje leitar aktivt i f.eks. offentlige postjournalar etter slikt, kjem denne motstanden heller ikkje ut i offentligheita. Vi skal heller ikkje sjå bort i frå at ein del media kan vere styrt av politiske og økonomiske interesser som vil halde dei kritiske røystene skjult, og mange land har også ein sensur, direkte eller gjennom at redaktørar og journalistar ikkje tør å skrive sanninga av frykt for konsekvensane.

Mangelen på kritiske og kompetente media i forhold til gruvespørsmål synest å vere eit verdsomspennande fenomen. I samband med ein demonstrasjon mot gruver på Fiji i Stillehavet skreiv Papua New Guinea Mine Watch: «Something you won’t see in Fiji’s mainstream media». Dessverre kan ein seie det same om «mainstream media» i Noreg og svært mange andre land.

Årsakane til dette kan vere fleire. Det kan vere så direkte at medier er eigd av investorar som også har interesser i gruveselskap, eller har støtte frå fagforeiningar for gruvearbeidarar. Andre gongar meir indirekte med at media ikkje vil provosere moglege annonsørar. Trugsmål om rettssaker og erstatningskrav spelar og inn. Minst like viktig er det at gruvespørsmål er kompliserte og krev mye arbeid og tid av journalistane, og nyheitsmedia som skal levere daglig prioriterer ikkje ressursar til grundig gravearbeid. I den grad ein skriv om gruver blir det derfor som mikrofonstativ for den som uttalar seg, som regel er det gruveselskapa.

Kven protesterer og kvifor?

Historia om motstand mot gruveprosjekt over heile verda er ikkje skrive og blir det heller ikkje her. Det kunne fort ha blitt eit verk på fleire tusen sider, og enno ville mye vore udekka.

Motstand mot gruver og gruveplanar kan ha gitt seg mange utslag. Mye er vanskelig å vite om, fordi det ofte ikkje har vore mogleg å uttrykke motstanden gjennom organisasjonar, debattinnlegg og lovlige demonstrasjonar. Vi veit lite om motstand da f.eks. har kome til uttrykk gjennom sabotasje.

På eine sida har vi protestane frå gruvearbeidarane og familiane deira, protestar mot arbeidsvilkår, dårlig sikring, løn og bustadforhold. Dette skulle òg ha vore skrive om, men det fell litt utafor rammene for denne boka. Vi konsentrerer oss her vesentlig om motstand frå samfunnet utafor gruva mot måten gruver er drive på eller mot at dei har fått eller skal få løyve av nasjonale styresmakter.

Folk som protesterer mot gruver og gruveplanar kan grovt delast i to grupper:
– Dei lokale, folk som blir direkte skadelidande ved at gruva øydelegg bustadområde eller område dei brukar til næringsaktivitet som jordbruk, fiske, reindrift eller til fritidsaktivitetar i nærområdet.
– Dei eksterne. Folk og organisasjonar som på generelt grunnlag går mot rovdrift på naturen, forureining, utbytting av urfolksområde osv.

Ofte finst det nokon som har begge perspektiva og utgjør bindeledd, som lokallag av landsomfattande naturvernorganisasjonar eller urfolksorganisasjonar.

Internasjonal overvaking og motstand

Fleire internasjonale naturvernorganisasjonar og samanslutningar har engasjert seg mot naturinngrep og forureining frå gruver, som Greenpeace, WWF og Friends of the Earth.

Det er danna ei rekke organisasjonar eller nettverk for å følge med på kva som skjer med mineralutvinning, nasjonalt eller globalt. Blant dei viktigaste er London Mining Network, Papua New Guinea Mine Watch, Canada Mining Watch, Romania Mining Watch, The Deep Sea Mining Campaign, The Yes to Life – No to Mining Network. I Afrika har kvinner i ei rekke land slått seg saman i WoMin Alliance – African women uniting against destructive resource extraction.

Mange urfolk har gjort motstand mot gruvedrift gjennom sine eigne organisasjonar, og delvis fått støtte av urfolksorganisasjonar og støtteorganisasjonar i andre land. Idle No More er ein aksjon startar av urfolkskvinner i Canada, for å forsvare naturområda deira mot øydeleggande ressurstapping gjennom bl.a. oljeutvinning, gruver og skoghogst. Denne har spreidd seg til USA og har også fått avleggarar i andre land, som Idle No More Sápmi.[95] IWGIA er ein internasjonal organisasjon som arbeider for støtte til urfolks rettar over heile verda. På nettsidene deira kan ein finne mye informasjon om gruvedrift i urfolksområde.

Innafor religiøse miljø har det og vore protestar mot gruveindustrien sin framferd. Det har gått så langt opp som til overhodet for den katolske kyrkja, pave Frans, som i 2015 uttalte: «Heile gruvesektoren er utvilsamt nøydd å sette ut i livet eit radikalt paradigmeskifte for å forbetre situasjonen i mange land.»[96] Det er ei rekke eksempel frå rundt om i verda på at kyrkeleiarar har protestert mot gruver og gruveplanar, bl.a. i El Salvador, Indonesia og Filipinene. I 2017 gikk jødiske, buddhistiske og kristne leiarar i lag mot ein plan om å bygge Australias største kolgruve.[97]

Noreg i den internasjonale motstanden

Idle No More Sápmi med markering foran kommunehuset i Guovdageaidnu på Idle No More sin aksjonsdag 28.01.2013.
(Foto: Britt Halonen)

Allereie den første gruveaksjonen i Noreg, ved Titania i 1983, var det eit internasjonalt innslag, da Greenpeace-aktivistar frå Danmark deltok med båten Aquarius, som blei forvist frå norsk farvatn av politiet. Den internasjonale deltakinga blei ein inspirasjon for dei unge norske aktivistane og skapte for første gong internasjonal merksemd om at i Noreg der dumpar ein gruveavgang i sjøen. Aksjonen bidrog trulig også til at Greenpeace seinare kunne opprette avdeling i Noreg. Seinare har Greenpeace engasjert seg for stenging av kolgruver på Svalbard og gav som første miljøorganisasjon ut eit hefte mot sjødeponi i 2011.[98] Etter dette ser det likevel ut til at Greenpeace har spela ei relativt beskjeden rolle i kampen om gruver i Noreg.

Spørsmålet om dumping av gruveavfall, særlig i Førdefjorden og Repparfjorden, har i seinare år blitt internasjonalisert gjennom at ei rekke internasjonale og utanlandske miljøorganisasjonar har slutta seg til protestane. Dette er i stor grad resultat av Naturvernforbundet sitt internasjonale kontaktnett, bl.a. gjennom Friends of the Earth. I 2018 starta den amerikanske miljøorganisasjonen Earthworks kampanja «Ditch Ocean Dumping», der hovudfokuset er på sjødumping frå gruver i Papua New Guinea og Noreg. I tillegg har motstanden mot den planlagde Nussir-gruva ved Repparfjorden fått eit internasjonalt tilsnitt med at Samerådet har engasjert seg og oppmoda aksjonærar til å trekke seg ut av gruveselskapet.

Motstanden mot gruveplanar i Noreg har altså fått ein god del støtte internasjonalt. Det kan virke som det har vore mindre av engasjement i Noreg til støtte for gruvekampar i andre land. Gruveprotester i andre land har også vore lite kjent i Norge, verken riksmedia eller miljøorganisasjonar har gjort særlig mye for å spreie informasjon om dette. Mest kjent er aksjonane i Gállok i Jokkmokk i Sverige, som bl.a. fikk støtte av Naturvernforbundet sitt landsmøte i 2013. Representantar for aksjonistane har og reist rundt i Noreg og fortalt frå aksjonane. På nordisk plan har det vore kontakt mellom naturvernorganisasjonar i Noreg, Sverige og Finland, ein har deltatt på kvarandre sine konferansar, og arrangert ein felles studietur.[99] På samisk hald har det vore samarbeid om protestar mot gruver bl.a i Gállok, Ohcejohka og Repparfjorden.

Norske miljøorganisasjonar har kontakt med gruvenettverka som London Mining Network og Canada mining network, men det finst enno ikkje noko tilsvarande i Noreg som gir informasjon på norsk om internasjonale gruvespørsmål.

I 2009 var det ein konferanse i Manila av urfolk som diskuterte gruver, International Conference on Extractive Industries and Indigenous Peoples.[100] Erklæringa frå konferansen var skrive under av 16 organisasjonar, men ingen av dei var frå Norden/Sápmi. Blant individuelle underskrifter var Anders Blom, Samernas Riksförbund og ein frå NORAD i Noreg, elles ingen frå Norden. I Canada var det sommaren 2017 Indigenous Conference on Energy and Mining, men ingen samiske representantar deltok.

Fotnotar

[1] Geo 7/2017: Halfdan Carstens: En kritisk stemme. «Hans plassering langt til venstre i det politiske landskapet kommer tydelig fram i forslaget om at myndighetene skal vurdere behovet for en ressurs før det gis driftstillatelse. Det er ikke markedet som skal bestemme, mener han. Vi vet alle hvordan det gikk med Sovjetunionen.»
[2] «The global demand for mineral commodities is at an alltime high and is expected to continue to increase, and the development of new technologies and products has led to the use of a greater number of mineral commodities in increasing quantities to the point that, today, essentially all naturally occurring elements have several significant industrial uses. Although most mineral commodities are present in sufficient amounts in the earth to provide adequate supplies for many years to come, their availability can be affected by such factors as social constraints, politics, laws, environmental regulations, land-use restrictions, economics, and infrastructures.» Critical mineral resources of the United States. https://pubs.er.usgs.gov/publication/pp1802A
[3] http://equator-principles.com
[4] https://www.devex.com/news/opinion-the-equator-principles-just-turned-15-we-should-celebrate-their-impact-93435
[5] Pring, Geroge W.: International law and mineral resources. University of Denver College of Law
[6] http://attac.no/2017/12/14/liten-seier-investeringer-fortsatt-utenfor-wto/
[7] http://supermiljobloggen.se/nyheter/2016/04/gruvbolag-stammer-colombianska-staten
[8] Eksempel på dette er nemnd i bind 2 og 3.
[9] «By the mid-to-late 1990s the mining and metals industry was in crisis. Commodity prices had plummeted and investors were reluctant to commit to supporting mining operations. To this: growing community unrest, criticism from civil society and broader public opposition threatened industry’s ‘social licence to operate’.»https://www.icmm.com/en-gb/about-us/our-organisation/annual-reviews/our-history
[10] «... an unprecedented multi-stakeholder consultation and research process that took place over two years. It involved 20 regional or national consultations listening to more than 5,000 individuals and organisations about the role that mining and metals could play in the transition to sustainable development. It also produced 175 research reports and papers from across the globe.» https://www.icmm.com/en-gb/about-us/our-organisation/annual-reviews/our-history
[11] «ICMM is an international organisation dedicated to improving the safety, social and environmental performance of the mining and metals industry. We bring together 24 of the world’s leading mining and metals companies employing about 1 million people globally, as well as over 30 regional and commodity associations.» https://www.icmm.com/en-gb/about-us
[12] https://www.icmm.com/en-gb/news/2017/vale-joins-icmm
[13] «We believe that only by mining with principles can the mining and metals industry contribute to sustainable development and protect the planet.» https://www.icmm.com/
[14] Promoting the concept of the sector’s contribution to sustainable development to the European Institutions.
[15] https://ramumine.wordpress.com/2019/04/27/more-than-40-million-people-work-in-artisanal-mining-report/
[16] «The annual Mining Indaba is the foremost global gathering for investing in the African mining value chain. The largely interactive and market led programme brings together the leading representatives from the mining investment community, the world's largest mining houses and Government ministries to share insights into how the sector can drive investments and capitalise on the opportunities available to Africa's mining industry.» http://min-eng.blogspot.no/2016/02/african-mining-indaba-16-conference.html
[17] http://miningfocus.org
[18] https://www.google.com/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=2&cad=rja&uact=8&ved=2ahUKEwiLzPqXkN3iAhVD_SoKHTWfBaQQwqsBMAF6BAgJEAc&url=https%3A%2F%2Fwww.youtube.com%2Fwatch%3Fv%3Dj60uqz4XamY&usg=AOvVaw13nk2c5AIizpCJ9B2A19Cp
[19] http://www.norskbergindustri.no/nyheter/nyhet?key=78732
[20] https://www.aftonbladet.se/nyheter/a/xR5488/gruvprotester-i-jokkmokk
[21] https://yle.fi/uutiset/3-6375867
[22] http://www.kureren.no/artikler/40984
[23] http://www.mining.com/un-urges-talks-following-violent-guatemala-mining-protest-53442/
[24] http://www.ikrotoszyn.pl/news,kolejny-protest-przeciwko-budowie-kopalni,2770.html
[25] https://www.alamy.com/kerpen-buir-deu-deutschland-germany-14th-oct-2018-members-of-german-greenpeace-youth-team-protest-against-planned-demolition-of-keyenberg-a-village-near-moenchengladbach-western-germany-for-brown-coal-lignite-mining-oct-14-2018-credit-bernd-lauteralamy-live-news-image222143161.html
[26] https://www.alamy.com/stock-photo-people-protest-against-the-possible-lifting-of-coal-mining-limits-88920811.html
[27] https://reclaimthepower.org.uk/news/canaries-shut-mine/
[28] http://www.mining.com/thousands-protest-uranium-mine-spain/
[29] http://www.mining.com/canadian-miners-plan-incite-protest-irish-town/
[30] https://www.scribd.com/article/369316235/Gold-Mining-Threatens-Communities-In-Macedonia-s-Agricultural-Heartland
[31] https://bankwatch.org/project/chelopech-cyanide-gold-project-bulgaria
[32] https://www.gettyimages.com.au/detail/news-photo/several-thousand-demonstrators-march-in-protest-against-a-news-photo/1039581070
[33] https://www.ecosprinter.eu/blog/protests-rise-against-copper-nickel-mining-in-russia/
[34] https://ejatlas.org/conflict/nuclear-waste-storage-near-the-spanish-frontier-of-portugal
[35] https://www.rferl.org/a/kyrgyzstan-15-protesters-arrested-over-unrest-at-gold-mining-site/29172272.html
[36] http://redcapedenver.blogspot.com/
[37] https://ejatlas.org/conflict/protest-against-open-pit-coal-mine-project-in-phulbari-region
[38] https://www.aljazeera.com/blogs/europe/2019/01/mining-environment-battle-armenia-amulsar-gold-190130135537637.html
[39] http://www.asianews.it/news-en/30-tibetans-arrested-for-protesting-against-mining-https://eurasianet.org/mining-dispute-threatens-armenias-post-revolutionary-political-consensus18744.html
[40] http://www.asianews.it/news-en/Tired-of-mining,-Tibetans-clash-with-police-in-Qinghai-44416.html
[41] https://thediplomat.com/2015/05/mongolians-protest-centerra-gold-mine/
[42] http://www.foilvedanta.org/tag/tuticorin/
[43] https://www.huffingtonpost.com/madhusree-mukerjee/pristine-tribe-saves-sacred_b_3809496.html?ec_carp=9221774670954104964&guccounter=1
[44] https://ejatlas.org/conflict/protest-against-open-pit-coal-mine-project-in-phulbari-region
[45] https://www.abc.net.au/news/2012-10-11/malaysian-activists-protest-an-australian-mining/4308336
[46] https://ejatlas.org/conflict/loei-gold-mine-thailand
[47] https://www.hrw.org/news/2013/01/13/burma-drop-charges-against-peaceful-protesters
[48] http://bulatlat.com/main/2013/11/20/pantukan-small-scale-miners-protest-us-owned-mining-anew/
[49] https://www.alamy.com/stock-photo-indonesia-activist-during-a-protest-demanded-the-indonesian-government-42901404.html
[50] https://english.vietnamnet.vn/fms/society/180258/locals-protest-against-titanium-mining-in-binh-dinh.html
[51] https://www.dailysabah.com/mideast/2017/05/07/angry-miners-families-protest-irans-rouhani-at-site-of-deadly-mine-collapse
[52] https://www.worldbulletin.net/general/hundreds-march-as-turkish-mine-disaster-trial-begins-h157772.html
[53] https://www.telesurenglish.net/news/Papua-New-Guinea-Mothers-Unite-Against-Re-Opening-Bougainville-Panguna-Mine-20171127-0012.html
[54] https://www.ft.com/content/db622d4c-c0f6-11e4-88ca-00144feab7de
[55] https://www.opendemocracy.net/north-africa-west-asia/mai-choucri/mining-and-employment-community-struggles-in-tunisia-and-south-af
[56] https://www.amnesty.org/en/latest/news/2018/06/gambia-fully-investigate-anti-mining-protesters-deaths/
[57] https://www.hrw.org/news/2018/06/20/gambia-fully-probe-anti-mining-protesters-deaths
[58] https://www.jltspecialty.com/our-insights/thought-leadership/cps/guinea-anti-mining-protests-elevate-death-and-injury-risks
[59] http://www.foilvedanta.org/news/200-of-vedantas-victims-flood-lusaka-courtroom/
[60] http://english.alarabiya.net/en/News/north-africa/2017/12/28/Thousands-take-part-in-Morocco-mass-protest-after-coal-mine-deaths.html
[61] https://www.giornalettismo.com/niger-mining-uranium-nuclear-france-3
[62] http://www.mining-conflicts-burkina.net/
[63] https://www.von.gov.ng/mining-licence-revoked-after-ethiopia-protest/
[64] https://www.iol.co.za/capetimes/news/rhodes-statue-defaced-in-mining-protest-7672560
[65] https://www.hrw.org/news/2018/04/26/villagers-zimbabwe-marange-diamond-fields-mass-protests
[66] http://communitymonitors.net/2018/06/marange-the-struggle-for-freedom-of-movement-safety-and-economic-survival-on-their-own-land/
[67] Moody, Roger: Plunder. Partizans 1991
[68] http://www.asianews.it/news-en/Madagascar,-citizens-in-revolt-against-Chinese-companies-that-colonize-the-country-39460.html
[69] https://grist.org/article/2010-09-28-100-arrested-mountaintop-removal-white-house-slideshow/full/
[70] https://ammsa.com/publications/ravens-eye/mining-companies-face-heated-opposition-bc-projects
[71] http://www.mining.com/community-leaders-mexico-protest-canada-almadens-operations/
[72] https://www.nytimes.com/2018/03/29/opinion/metal-mining-haiti.html
[73] http://www.worldaffairsjournal.org/content/20-hurt-dominican-republic-mining-protest
[74] https://rsf.org/en/news/violence-against-reporters-covering-mine-protest-northern-honduras
[75] https://www.telesurenglish.net/news/El-Salvador-Approves-Historic-Ban-on-Mining-Projects-20170329-0032.html
[76] http://www.mining.com/un-urges-talks-following-violent-guatemala-mining-protest-53442/
[77] https://globalnews.ca/news/883756/calgary-based-mining-company-suing-costa-rica-for-more-than-1-billion/
[78] https://actions.sumofus.org/a/stop-condor-gold
[79] https://pulitzercenter.org/reporting/panama-campesinos-try-block-canadian-mining-goliaths
[80] https://www.cbc.ca/news/world/canadian-mining-companies-subject-of-worldwide-protests-1.1368155
[81] https://www.telesurenglish.net/news/98-of-Cajamarca-Residents-Vote-Against-Gold-Mining-in-Colombia-20170327-0027.html
[82] https://venezuelanalysis.com/news/1038
[83] https://warriorpublications.wordpress.com/2012/03/23/indians-protest-in-ecuador-against-mining-projects/
[84] https://www.aljazeera.com/indepth/features/2016/12/shuar-tribe-face-military-amazon-mining-protests-161228112853484.html
[85] https://www.bbc.com/news/world-latin-america-34389803
[86] https://www.cbc.ca/news/world/protest-against-canadian-mining-firm-turns-deadly-in-bolivia-1.1288749
[87] https://www.survivalinternational.org/news/5787
[88] http://en.mercopress.com/2015/09/16/cyanide-spill-in-argentine-andean-mine-triggers-strong-protests-from-local-residents
[89] https://lab.org.uk/uruguay-saying-no-to-open-pit-mining/
[90] https://phys.org/news/2013-05-chile-huge-gold.html
[91] http://naradanews.com/2016/12/adani-protest-australia/
[92] http://english.alarabiya.net/en/News/north-africa/2017/12/28/Thousands-take-part-in-Morocco-mass-protest-after-coal-mine-deaths.html
[93] http://waitakerenews.blogspot.com/2010/04/what-march-anti-mining-march.html
[94] https://ramumine.wordpress.com/tag/fiji/page/46/?iframe=true
[95] https://www.facebook.com/IdleNoMoreSapmi
[96] «The entire mining sector is undoubtedly required to effect a radical paradigm change to improve the situation in many countries.» https://www.ncronline.org/blogs/eco-catholic/francis-mining-industry-need-radical-paradigm-change
[97] https://www.theguardian.com/environment/2017/jul/25/religious-leaders-occupy-environment-ministers-office-to-protest-carmichael-coalmine
[98] http://www.greenpeace.org/norway/Global/norway/Milj%c3%b8gifter/Dokumenter/2011/Det%20nye%20norske%20gruveeventyret_interactive.pdf
[99] http://gruve.info/tur/gruvetur.htm
[100] http://www.minesandcommunities.org/article.php?a=9147


Til neste kapittel