gruve.info

Nettstad om gruver og mineralutvinning, særlig om verknadane for miljøet.

Til startsida

Sámegillii

Svein Lund

In it for the long run? (Med på lang sikt)

Store Norske Gull presenterte på konferansen i 2009 planar om å leite gull i Karasjok og viste dette kartet. No er selskapet nedlagt.

Agnico Eagle si gullgruve i Kittilä har eit stort avgangsdeponi, som det no lek frå ut i naturen. Bak deponiet ser vi turistanlegget på Levitunturi.
(Foto: SL)

Talvivaara i Sør-Finland, den største miljøkatastrofa i nordisk historie.
(Foto: Suomen Luonto / Mikko Maliniemi / Aviation Studio)

I desember 2009 – for mindre enn 6 år sidan – blei den 7. konferansen med namnet "Fennoscandian Exploration and Mining" arrangert i Rovaniemi. Det var ei tid med stor optimisme og satsing i mineralnæringa, og der blei presentert nye prosjekt i Finland, Sverige og Noreg. Frå norsk side var det presentasjon av Store Norske Gull, med hovudvekt på satsinga i Karasjok. På presentasjonen deira[1] kan ein lese om selskapet: "In it for the long run", eller med andre ord at dei er eit selskap som arbeider langsiktig. Vi kan altså stole på at dei ikkje bare stikker av som så mange andre. I mai 2013 kom meldinga om at dei innstiller leitinga.[2] Det er ikkje aktuelt å avvikle selskapet, dei treng bare nye investorar. Eit år etter kjem meldinga: "Gruveselskapet Store Norske legger ned sitt datterselskap Store Norske Gull etter at de ikke fikk noen interesserte kjøpere til å overta."[3] Og i januar 2015 melder NRK at restane etter Store Norske Gull er kjøpt opp av Nussir-direktør Rushfeldt sitt selskap Anthaeus. Virkelig langsiktig tenking!

Frå svensk side blei det bl.a. servert det fantastiske prosjektet: "Rönnbäcken Sweden: The World's Highest Grade Nickel Concentrate"[4] Her må ein lese to gongar, kva er det som er høgast i verda? Jo det er nikkelinnhaldet i det konsentratet dei planlegg å sende til smelteverk etter eiga oppreiing. Nikkelinnhaldet i malmen, derimot er på rekordlåge 0,2%. Miljøproblem treng ein ikkje bekymre seg om, det vil bli "low environmental impact from tailings" og ein har "ongoing dialogue with the Vapsten Sami village". Oppstart av drift ville komme i 2014. Det var planen, kva skjedde i praksis? Forholdet til naturen og samebyen var slett ikkje så grei som ein hadde påstått, det blei oppretta ein eigen organisasjon for å stoppe gruva, og ei Facebook-gruppe som har fått stor oppslutning.[5] Så seint som i 2014 gikk den norske investoren Øystein Stray Spetalen inn med 5 mill. og sikra seg 30% av selskapet, og aksjekursen fòr til værs. I oktober 2015 kom så meldinga om at Nickel Mountain inntil vidare har gitt opp planane om gruve, på grunn av låge nikkelprisar.

Frå vertslandet Finland blei det servert mange gjeve prosjekt, sjølve diamanten i krona var den nye oppreiingsmåten "Bio-Heap Leaching" som da var i ferd med å bli etablert i Talvivaara. I desember 2012 brast ei demning og hundretusenvis av kubikkmeter forureina vatn rann ut i naturen. Det blei omtalt som ei av dei største miljøkatastrofene som har vore i Europa. I november 2014 var selskapet konkurs. Ved sida av bedriftspresentasjonane var det meir generelle presentasjonar, bl.a. av korleis gruveindustrien var ei drivkraft i miljøvenlig utvikling: "The Mining Industry as a Driver for Sustainable Development in Sweden" Innlegget var ved ingen ringare enn visepresidenten i Northland Resources. Det skulle vere rett selskap til å ta den saka. Ved konkursen i 2014 etterlot Northland seg ved sida av ei gjeld på 14 milliardar SEK fleire rettssaker på grunn av miljøøydeleggingane som drifta hadde ført til. I 2011 var desse resultata enno ikkje synlige, og FEM 2011 blei halde i same optimistiske ånd. Talvivaara-prosjektet var så gildt at det blei presentert igjen, med enno større ord, som "Bright and Exciting Future of Talvivaara". Northland fikk no breie seg med at dei var "Developing into a Major European Iron Ore Producer. No var konferansen flytta til Levi, til det største vintersportssenteret i Finland og i heile Norden. Frå toppen av Levitunturi, frå utgangspunktet for dei mange slalombakkane, kan ein skode ut over gullgruva til det kanadiske selskapet Agnico Eagle og ikkje minst deponiet deira. Også i 2013 slo FEM til på Levi. No hadde ein henta inn ekspertise frå det store gruvelandet Kanada, som kunne fortelje om "Working alongside indigenous peoples in developing projects". Trulig var det best å få ein langvegsfarande til å skryte av det gode samarbeidet mellom urfolka og gruveselskapa. Det hadde vore vanskeligare å finne eksempel i Noreg, der vi på denne tida hadde strid både om Biedjovággi, Nussir, Nasafjell og fleire, i Sverige, der kampen om Gállok-gruva pågikk for fullt, eller i Finland, der lokalbefolkninga protesterte mot diamantleiting i Utsjoki. Det er derfor høgst forståelig at urfolk i Norden ikkje har vore tatt opp på dei fire konferansane eg har funne programmet for. I 2013 var av naturlige grunnar Talvivaara ikkje blant dei som blei presentert, men derimot Nussir ASA som "Frontrunner in the New Era of Metal Mining in Norway". To år seinare byrjar vel frontløparen å bli noko andpusten, da selskapet enno ikkje har fått løyve til å sleppe ut avgangen til Repparfjorden. All denne motgangen til tross, Fennoscandian Exploration and Mining gir ikkje opp, men later som ingenting og slår enno ein gong på stortromma. 3.–6. november 2015 går det tiande arrangementet i historia av stabelen, også denne gong på Levi. Over 900 er påmeldt, trulig mest representantar for gruveselskap, konsulentselskap, forsking og forvaltning.

Det er lagt opp til ei utstilling med over hundre utstillarar. Her finn vi fleire konsulentselskap, av dei Sweco og Rambøll, i Finnmark kjent som konsulentselskapa bak planane ved henholdsvis Nussir og Biedjovággi. Her får dei eit høve til å marknadsføre seg for gruveindustrien som pålitelige og lojale samarbeidspartnarar. Den norske deltakinga ser ut å vere svært dårlig. Bare NGU har eigen stand av heilnorske deltakarar, elles stiller det norskeigde Yara Suomi og delvis norskeigde Keliber, som med Nordic Mining som stor aksjonær planlegg litiumgruve i Finland. Det er derimot ingen konkrete norske gruver eller gruveprosjekt på utstillinga. Blant talarane er derimot begge dei mest omstridde gruveprosjekta i Noreg representert, sjølvsagt ved direktørane Øystein Rushfeldt for Nussir ASA og Ivar S. Fossum for Nordic Mining. Sistnemnde har fått lov å snakke om "Minerals for a Sustainable Future". Det høver jo riktig godt, etter at sjølv Miljødirektoratet i Noreg har slått fast at planene deira ikkje er miljømessig forsvarlig, bare direkte ordre frå departementet kunne få dei å seie ja.

Miljø og grøn utvikling står sjølvsagt i fokus i vår tid. Derfor er dette tema for ei rekke innlegg, frå det finske innovasjonsfondet Tekes, som presenterer prosjekt for Green Mining, mens Responsible Mining in the Arctic blei presentert av den britiske ambassadøren og Finnish Network for Sustainable Mining presenterer seg sjølv. Det som derimot manglar, som det også har gjort på dei tre føregåande konferansane, det er kritiske røyster frå miljøorganisasjonar, samiske organisasjonar og dei næringane som blir råka av både nedlagte, igangverande og planlagte gruver. Det er vel sikrast sånn, så ingen skal kunne øydelegge den gode stemninga på konferansen eller i baren, ved f.eks. å nemne på nokre av dei innvendingane eg har nemnd på her. Eg har no uansett tenkt meg dit, sjølv om eg ikkje fikk akkreditering som media og måtte melde meg på som deltakar. Litt mediaskriveri frå konferansen skal eg no vel få til likevel.

Ei veke før konferansen skal ta til, blir det kjent at den næraste gruva, som ein har utsikt til frå Levi, har hatt alvorlige utlekkingar av giftig avgangsmasse. Betre illustrasjon kunne ein vel ikkje få av avstanden mellom ord og praksis i mineralnæringa.

(Artikkelen er prenta i avisa Ávvir 05.11.2015. Omsett frå samisk av forfattaren.)

Del 2 – Grøne gruver?

Fotnotar

[1] http://fem.lappi.fi/c/document_library/get_file?folderId=48927&name=DLFE-2789.pdf
[2] http://www.nationen.no/tunmedia/store-norske-slutter-a-lete-etter-gull/
[3] http://www.nrk.no/nordland/_-_ingen_-vil-investere-i-mineraler-1.11821136
[4] http://fem.lappi.fi/c/document_library/get_file?folderId=48927&name=DLFE-2793.pdf
[5] https://www.facebook.com/groups/stoppagruvan/