gruve.info

Nettstad om gruver og mineralutvinning, særlig om verknadane for miljøet.

Til startsida

Sámegillii

Svein Lund

Grøne gruver?

Det kanadisk-australske selskapet Mawson forsøkte å forklare kor miljøvenlige gruvene deira er. Dei sa ingenting om at dei samtidig planlegg å starte dagbrot etter gull- og uran i Nord-Finland.
(Foto: SL)

Nordic Mining forsøker å marknadsføre alle sine gruveplanar som grøne.
(Foto: SL)

På Gotland i Sverige er det hard strid da selkapet Nordkalk vil starte eit stort kalksteinsbrot mellom to verna område. På konferansen fikk representanten frå selskapet legge fram sitt syn utan at nokon fikk fortelje saka frå den andre sida.
(Foto: SL)

3.–5.11.2015 blei 10th Fennoscandian Exploration and Mining arrangert på Levi i Kittilä i finsk Lappland. Denne artikkelen er ei fortsetting av "In it for the long run" (link), som fortalte om tidligare konferansar og korleis det var gått med mange av dei gruveselskapa som der blei skrytt opp i skyene.

For tre år sidan, 04.11.2012 skjedde det ei miljøkatastrofe blant dei aller verste som har vore i Europa. Ved nikkel- og urangruva Talvivaara i Aust-Finland brast ein dam og 1,4 millionar kubikkmeter giftig vatn rann ut i naturen og nedover vassdraget. Det tok ti døgn med hardt arbeid å stoppe lekkasjen, og bare fem månadar etterpå kom ein ny lekkasje. Denne ulukka skremte mange både i Finland og andre land og for finsk mineralnæring var det ei fullstendig katastrofe. Brått mista heile gruvenæringa all tillit og alle innsåg at noko måtte gjørast. Resultatet av Talvivaara-saka var at det blei danne eit nettverk for bærekraftig gruvedrift. I dette har nesten alle partar med interesser i gruvesaker deltatt: Finske gruvebedrifters forening, Finlands naturvernforbund, det finske Sametinget, WWF, Finlands stål- og metallprodusentar, Finlands metallarbeidarforbund, Lensstyret i Lappi len. Finlands regionalstyresmakters forbund, det finske innovasjonsfondet, industriinvesteringsselskapet og bonde- og skogeigarforbundet..

"– Utan Talvivaara-saka hadde dette ikkje vore mogleg", seier Eero Yrjö-Koskinen, som er hovudsekretær for nettverket. "– Først da forsto alle at ein ikkje kunne halde fram som før, men at ein måtte gjøre noko nytt." På gruvekonferansen Fennoscandian Exploration and Mining presenterte han arbeidet til nettverket og mottok konferansen sin pris på vegne av nettverket.

Nettverket skal ta omsyn til interessene til både selskapa, staten, arbeidarane, naturen og samane, og det er sjølvsagt ikkje så lett å bli samde. Til no har dei likevel klart å bli samde om nokre minstestandardar som alle gruver må følge. Målet er på eine sida å gjøre gruvedrifta meir bærekraftig, redusere miljøskadane, styrke arbeidstryggleiken og folk si medverknad. På andre sida er målet å redusere striden mellom industrien og samfunnet og bidra til å sikre "sosial lisens" eller samfunnsmessig aksept av gruvedrifta. For organisasjonar som forsvarar naturen og andre næringar kan det sjølvsagt bli eit dillemma: Skal dei kanalisere arbeidet sitt inn i slike organ, eller heller kjempe offentlig mot skadelige gruver? Dagen etter konferansen kom meldinga om at det finske sametinget har trukke seg frå nettverket. "Sametinget sitt formål er ikkje å fremme gruvedrift", uttaler sametingspresident Tiina Sanila-Aikio.

Nussir ASA sin direktør Øystein Rushfeldt forklarte kvifor den beste måten etter hans meining er å kaste all avgangen i fjorden.
(Foto: SL)

Med slikt utstyr kan ein på kort tid finne ut kva grunnstoff det er i ein stein og kor mye det er av kvart.
(Foto: SL)

På Kolahalvøya er det mange gruver og mange mineralressursar, og hit blir også internasjonale gruveselskap invitert.
(Foto: SL)

FEM er det største gruvearrangementet i Europa, i verda er det bare PDAC i Kanada som er større. Dei som kjem dit er i første rekke gruveselskap og selskap som leverer varer og tenester til dei. I tillegg kjem nokre forskings- og utdanningsinstitusjonar, særlig var det mange frå den viktigaste gruveutdanninga i Finland, i Oulo Mining School. Samiske representantar var det ikkje å sjå blant deltakarane, heller ikkje miljøorganisasjonar. Ein stor del av presentasjonane var ved gruveselskap som fortalte om drifta og planane sine. Alltid var det snakk om dei gode sidene, om dei i det heile nemnde miljøsaker, var det for å fortelle kor bærekraftig, grøn og miljøvenlig aktiviteten deira var. Aller fremst i den klassa var norske Nordic Mining, som kunne fortelje at alle planane deira går ut på "minerals for a sustainable future", sjølv om dei har planar om å kaste 250 mill. tonn mineralressursar i havet, og har erta på seg større miljømotstand enn noko anna selskap i norsk gruvehistorie. Det var ikkje eit einaste selskap som innrømte at det er behov for å arbeide på ein annan måte enn dei har gjort til no. Den einaste førelesaren som var litt mot straumen, var den svenske gruveveteranen Bengt Ljung, som snakka om småskala gruvedrift. Han sa det ikkje treng å vere slik at vi bare lagar større og større gruver og deponi, men vi kan også drive små gruver med små maskinar under jorda og sette små spor i naturen. Han viste til eit eksempel frå små gullgruver i Lycksele kommune, der Rans sameby har vinterbeite for rein. Av omsyn til reindrifta gjør dei alt arbeid over jord på sommaren, når reinen er der arbeider dei bare under jorda. Mengda med mineral dei tar ut for året er ikkje stort meir enn LKAB i Kiruna tar ut på eit skift. Likevel er denne lille gruva minst like lønsam i forhold til utgiftene. Ljung sa dei har god kontakt med reindriftssamane og at det er viktig å ta omsyn til interessene og rettane deira. Slike synspunkt hørtest elles ikkje for ofte på denne konferansen.

Til næringsmesser hører sjølvsagt å presentere den nyaste teknologien. Den einaste teknologien som var funne verdig til presentasjon frå scenen var ein ny teknologi for å identifisere mineral frå kjerneboreprøver, utan å knuse desse. For meg var det og interessant å sjå i praksis handheldte XRF-apparat for å måle innhaldet av forskjellige grunnstoff i stein, men noko heilt ny teknologi er dette ikkje. Det i alle fall eg hadde vona å sjå, ein teknologi for betre oppreiingsmetodar med mindre bruk av kjemikalier, betre separasjon og bruk av alle ressursar, det var det dessverre dårlig med. Eg oppsøkte standen til den store finske maskinprodusenten Metso. Katalogen deira viste at dei hadde interessant utstyr som må kunne vere aktuelt her, men representantane på messa var ikkje orienterte nok til å kunne svare. Konklusjonen må bli at verken messa eller konferansen var noko steg framover i å løyse dei mest påtrengande spørsmåla, verken for utnytting av gamle gruvedeponi, reduksjon av utslepp frå noverande drift eller planlegging av betre ressursutnytting ved framtidige gruver.

Noreg har ikkje noko program for mineralforsking, sjølv om mange har ønska seg det. Ein var kome ganske langt i planlegginga av eit slikt program, men som Norsk Bergindustri seier, det blei "skote ned av mineralstrategien". I Finland, derimot, blei mineralforskingsprogrammet starta i 2011 som ei direkte oppfølging av den finske mineralstrategien. Dette programmet, som på engelsk har fått tittelen "Green Mining", blei presentert på konferansen. Heile 97 forskjellige prosjekt er sett igang, 44 offentlige prosjekt, og 53 innafor einskilde bedrifter. 30 av dei er presentert i katalogen frå programmet, og viser at sjølv om ikkje alle prosjekta kan kallast for "grønne", er det fleire interessante prosjekt som om dei blir sett ut i livet kan yte gode bidrag til å gjøre gruvenæringa mindre miljøskadelig. Særlig er det verd å merke seg prosjekt på bruk av avgang frå gruveindustrien. Tilsvarande prosjekt hadde forskinginstitusjonar ønska seg i Noreg, men der ville verken staten eller industrien bidra. Den største delegasjonen frå Noreg kom frå Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) som ivrig presenterte uutnytta mineralførekomstar i Noreg. Tilsvarande gjorde liknande institusjonar i Sverige, Finland, Grønland, Russland, Tadsjikistan og Kirgisia (!) Alle hadde dei store fargerike kart over førekomstane sine, som nærmast ropa ut til gruveselskapa: Kom og ta oss!

I EU-landet Finland kan vi sjølvsagt ikkje komme unna EU, og på programmet sto EU-kommisjonen sin ansvarlige for råstoff, som fortalte om korleis EU for å sikre seg tilstrekkelig med mineral satsar på tre hestar på ein gong: Avtalar med land utafor EU for å sikre råvareleveransar, auke mineralutvinninga innafor EU og auke resirkulering av metall. Når alle dei nordiske landa satsar på kraftig auking av gruveverksemda, skal det ikkje vere tvil om at dei har EU i ryggen.

Kva så med Talvivaara? Tre år etter ulukka var denne ikkje tema for konferansen, og blei knapt nemnd i ei bisetning, da for å framheve at den nylige lekkasjen ved gullgruva i Kittilä var langt mindre alvorlig. Etter katastrofa skulle ein venta at anlegget blei stoppa, sanert og området så godt som mogleg restaurert. Men dengang ei. Etter konkursen overtok den finske staten eigarskapen, og sette gruva i produksjon igjen. Selskapet har søkt om konsesjon til å sleppe ut forureina vatn til næraste vassdraget, men har enno ikkje fått dette. Det utrulige er at dei ikkje bare vil halde fram gruvedrifta, men også eksperimentet med utlaking av metall ved bruk av svovelsyre og bakterier. Om ein får dette til å lukkast, vil det bety at det kan bli lønsamt å drive på mange fattige nikkelmalmar, og særlig i Sverige er det stor interesse for dette. Korleis ein kan sameine dette med den høgt profilerte satsinga på grøn og bærekraftig gruvedrift er vanskelig å forstå. Derimot er det svært enkelt å forstå kvifor Talvivaara har blitt ei sak både finsk, svensk og norsk mineralnæring vil snakke minst mogleg om. I ein lengre artikkel om Talvivaara skriv den svenske forfattaren Arne Müller: "... jag tycker att det finns alla skäl för de personer som intresserar sig för den svenska gruvbranschen att också titta närmare på utvecklingen i Talvivaara." Vi kan trygt seie det same til alle som bryr seg om kva som kan komme ut av norske gruveplanar.

(Artikkelen er prenta i avisa Ávvir 11.11.2015. Omsett frå samisk av forfattaren.)