Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

Von om ei betre framtid?

NY TEKNOLOGI, NY POLITIKK

1. mai 2019 sendte eit 50-tals miljø-, menneskeretts- og fagorganisasjonar brev til direktøren for Verdsbanken om gruver og fornybar energi.[1] Underteiknarane erklærte at dei støtta ein rask overgang frå fossile brennstoff til ein fornybar energiøkonomi, men at dei var bekymra for verknadane av å utvinne mineral som koppar, nikkel, litium og kobolt på samfunn, arbeidarar og økosystem. Dei hevda at metallgruver hører til verdas skitnaste næringar, er knytta til menneskerettsbrot, valdelege konfliktar og usikre arbeidsvilkår og fører til alvorlig forureining. Særskilt fryktar dei verknadane av den planlagte gruvedrifta på havbotnen. Når etterspurnaden etter mineral skyt i været gjør skadeverknadane det same. Ut frå dette stiller dei krav til gruveselskap, finansinstitusjonar og regjeringar om å styrke gjenvinning, minimere giftutslepp, sikre sporing av kjelder til mineral og at ein må nyvurdere samfunnet sitt forbruk og transport. Dei fryktar at Verdsbanken si nye “klimasmarte gruvedrift”[1a] vil promotere nye gruver i staden for andre løysingar og ber Verdsbanken prioritere gjenvinning, effektivisering og sirkulær økonomi. Dei er alarmerte over at Verdsbanken har utvikla dei nye planane sine i nært samarbeid med gruveselskapa, og dermed set deira interesser over interessene til arbeidarar, samfunn og miljø.

Underteiknarane stør altså arbeidet mot klimaendringar, men ikkje at dette skal føre til auka gruvedrift. Brevet vitnar om ein ny allianse, med at interessene til gruvearbeidarar, samfunnet og miljøet blir kopla saman, og med at det internasjonale gruve- og industriarbeidarforbundet IndustryALL er blant underskrivarane. Det kan vere verd å merke seg for norsk fagrørsle, som ikkje akkurat har utmerka seg med harde miljøkrav til gruvedrifta, men snarare har støtta opp om mineralnæringa sitt ønske om minst mogleg miljøkrav til drifta.

Tilbake til steinalderen?

Som vist i kapittelet «Plyndringa av planeten» har menneska allereie tappa ut ein stor del av dei utnyttbare mineralressursane, og uttappinga aukar stadig, samtidig som mange ressursar er i ferd med å gå tomme.

Men vi finn no vel ei løysing? Kan vi ikkje bare dekke eit behov med å erstatte eit stoff med andre stoff? I nokre tilfelle kan eit metall erstatte eit anna, som aluminium for koppar i elektriske leidningar, men det har også sine ulemper, som at aluminiumutvinning også kan vere svært forureinande, og at aluminium er ein dårligare straumleiar enn koppar.

Til nokre formål kan metall erstattast av naturstoff som tre eller kunststoff som plast. Men det er heller ikkje uproblematisk. Skogane trengst for både karbonbalansen og det biologiske mangfaldet, og skogbruket bør heller reduserast enn aukast. Plast er allereie eit av våre største forureiningsproblem, både som mikroplast og i større bitar, slik at spørsmålet heller er å finne erstatningar for plast enn å bruke plast for metall. Noka enkel løysing er i alle fall ikkje i sikte.

Ein som har forska mye på konsekvensane av den aukande metallutvinninga er Ugo Bardi, professor i kjemi i Firenze i Italia. Han konkluderer i boka Extracted – How the Quest for Mineral Wealth Is Plundering the Planet med at det ikkje finst ei lettvint løysing der vi kan kjøpe eller forske oss ut av problema. Det har allereie gått så langt at om menneskeheita skal overleve på jorda, kan vi ikkje halde fram med stadig større forbruk. Vi kjem ikkje unna å redusere forbruket. Vi må produsere gjenstandar som varar lengre og som ikkje må skiftast ut alt i eitt.

Boka burde absolutt vore utgitt på norsk. Eg har kontakta fleire norske forlag og foreslått at dei gir ut ei norsk omsetjing, men det har dessverre ikkje lukkast til no. Eg må derfor nøye meg med å gjengi sluttkapittelet i boka i mi eiga omsetjing:

Konklusjon – ein mineral-eskatologi

Eschatos er eit gamalt gresk ord med tydinga «sist» og termen «eskatologi» har blitt brukt til å vise til den endelige slutten på verda og menneskeætta, eit omgrep til vanlig reservert for religiøse eller filosofiske studium. I nyare tid har det oppstått ein ny form for eskatologi – fysisk eskatologi. Studium på dette området undersøker korleis Jorda vil ende ettersom sola utviklar seg, og korleis universet vil ende ettersom det ekspanderer. Tidsskalaane for desse naturlige prosessane kan dreie seg om milliardar av år. Likevel, dersom vi definerer «eskatologisk» i tydinga «som skjer i stort format» og samtidig «ugjenkallelig», ser vi at vi står over for ei verkelig mineralsk eskatologi som kan skje innafor levetida til dei fleste av dei menneska som lever i dag.

I dei siste få hundreåra har Jorda sett ein gigantisk kjemisk reaksjon sett i gang gjennom brenning av karbon som har vore gøymd i jordskorpa i hundrevis av millionar år. Reaksjonen sette fart og brann med ein meir og meir intens flamme. Vi er kanskje på toppen av denne enorme flammen, og kanskje vi no byrjar å sjå han vise teikn til nedgang. Som alle flammar, vil denne enorme kjemiske reaksjonen gjøre slutt på brennstoffet sitt, og til slutt vil han slokne ut.

Alle dei store fossile båla minskar, og dei andre mineralressursane som planeten hadde akkumulert over tid er også i ferd med å forsvinne i form av dei høgt konsentrerte malmane som har blitt brukt til å bygge opp samfunnet vårt. Ein dag i framtida, utan årer, utan brønnar, utan malmar, vil vi sjå forsvinninga til gruvemaskinane, boreriggane og offshoreplattformene. Vi vil sjå forsvinninga til heile konseptet av gruver, hol grove djupt i undergrunnen for å avsløre dei verdfulle metalla som planeten akkumulerte for oss for lenge sidan. Gruvearbeidarar vil og forsvinne, med hakkene sine, hjelmane sine, lysa sine og dei skitne ansikta.

Det er enden på ein periode, som i geologisk forstand var ekstremt kortvarig, men for oss syntest å vere den måten ting skulle vere for alltid. Det var ikkje slik, det var bare den korte perioden vi kallar Antropocen, der menneska trudde dei var meistarar over heile planeten. Men planeten blei plyndra til den ytste grensa og det vi vil ha igjen er bare oska av eit gigantisk bål. Vi overlet til etterkomarane våre ei tung bør i form av radioaktivt avfall, tungmetall spreidd over heile planeten, og drivhusgassar, mest CO2, akkumulert i atmosfæra og absorbert i hava. Jorda vil aldri bli den same, ho er i ferd med å bli forvandla til ein ny og forskjellig planet.

Det viser seg at vi fann ein måte til å reise til ein annan planet utan at vi trong å bygge romfartøy. Det er ikkje opplagt at vi vil like plassen, men det er ingen veg tilbake, vi vil måtte tilpasse oss til dei nye forholda. Det vil ikkje bli lett, og vi kan spekulere om det vil føre til samanbrotet for den strukturen vi kallar sivilisasjon, eller til og med utryddinga av arten menneske. Men ingen av delane er uunngåelig.

Gjennom å bruke solenergi og teknologi som ikkje krev sjeldne og truga grunnstoff, er vi fullstendig i stand til, i prinsippet, å bygge eit samfunn som meistrar energistraumar samanliknbare med dei vi har i dag. Det er ikkje umogleg å lukke kretsen av sjeldne mineral om vi lærer oss å bruke mye mindre. Vi kan lage eit samfunn som er i stand til å bruke denne energien til å halde ei redusert forsyning av mineral tilstrekkelig til å halde oppe ein industriell infrastruktur. Dette samfunnet ville måtte vere ekstremt forsiktig for å unngå å sløse med dei verdfulle ressursane, og det ville sjå nokre av vanane våre – for eksempel reiser med jetfly – som farlig ekstravaganse. Men eit slikt samfunn kunne oppretthalde det teknologiske nivået vårt og forbetre det. Det ville kunne engasjere seg i utforsking av verdsrommet, i grunnforsking, i utviklinga av kunstig intelligens, i alle former for kunst, og i andre menneskelige aktivitetar som ikkje kan tenkast utan rikdomen som kjem frå ei monalig forsyning av energi og materiale.

Gjennom å bruke denne forsyninga kan vi klare å halde oppe – og framleis auke – kunnskapen som vi har samla opp i dei siste tusenåra. Vi kan bruke denne kunnskapen til å reparere den skaden som vi har forårsaka i planeten sitt økosystem og returnere det til den situasjonen det hadde da vi arva det – ein planet rik på liv og mangfald, ein situasjon vi kan halde på i tusener av år, eller lenger.»[2]

Dessverre er det ingen teikn til at verken mineralindustri eller regjeringar vil høre på Bardi si åtvaring.

Utvinning, gjenvinning og gjenutvinning

I eit samfunn som allereie lenge har drive storskala mineralutvinning, kan vi snakke om tre moglege hovudkjelder for dei metalla og minerala vi treng for produksjon av varer i framtida. Skal vi sikre mineralforsyningar framover må vi sjå på fordelinga mellom desse tre.

Utvinning

Den store skvisen. Den raude linja viser produksjonsauken av koppar frå 1900 til i dag og berekna vidare til 2030. Den svarte linja viser nedgangen i konsentrasjonen i same tidsperiode. Mye tyder no på at spriket blir enno verre. På eine sida ser etterspurnaden ut å kunne stige enno meir, på andre sida ser konsentrasjonen ut å gå enno meir ned.
(Illustrasjon: Simon Michaux)

Den vanligaste kjelda er å ta ut stein av fast fjell og skilje ut minerala vi er ute etter. Denne forma for mineralutvinning føreset stadig nye naturinngrep, og fører gjerne til store mengder av avfall. Det blir ofte spekulert i når det blir tomt for forskjellige metall og mineral. Heilt tomt blir det nok aldri. Grunnstoffa og minerala er spreidde rundt i jordskorpa, men nokre stadar er dei meir konsentrerte, slik at det lønner seg å ta dei ut der. Etter som dei mest konsentrerte førekomstane blir finne og tatt ut, blir det sett i gang drift på stadig fattigare førekomstar. Det fører til høgare produksjonskostnadar, høgare forbruk av energi og kjemikaliar, større mengde avgangsmasse og større inngrep i landskapet i forhold til mengda som blir produsert.

Ny gruvedrift vil nok vere nødvendig også i framtida, men mye kan sparast av både natur og investeringar dersom mineral som allereie er tatt ut blir utnytta betre og nye gruver blir planlagde ut frå full utnytting av det som blir tatt ut.

Gjenvinning frå produkt

Om vi resirkulerer utbrukte gjenstandar, vil vi ha ei mye rikare kjelde til mineral enn ved å bryte nytt berg.
(Illustrasjon: Simon Michaux)

Resirkulering eller gjenvinning er ofte av både miljøorganisasjonar og styresmakter halde fram som løysinga på problemet med at vi brukar opp ressursane. Det blir nesten som eit trylleord som skal løyse alle problem. Så enkelt er det dessverre ikkje. Resirkulering er nødvendig, men gir likevel bare ei utsetting. For det første blir store delar av metalla vi brukar rett og slett oppbrukte. Noko blir brent opp, noko slitt ned til støv som forsvinn for alle vindar, andre delar blir så blanda med andre stoff eller brukt i så små mengder på kvar plass at det ikkje er praktisk mogleg å resirkulere.

Gjenvinning kan likevel gi eit monaleg bidrag, som for dei fleste metall og andre stoff kan bli atskillig større enn det er i dag. Metall kan bli resirkulert fleire gongar utan å miste eigenskapane sine. Den mest opplagte fordelen med resirkulering er at vi sparar malmressursar, men det er også fleire andre gode grunnar til å resirkulere. Vi reduserer søppeldynger, vi sparar verda for dei avgangsmassane som ville blitt av ny utvinning og i dei fleste tilfelle sparar vi energi samanlikna med utvinning av nytt materiale. Men resirkulering krev ein innsats i fleire ledd. Først må dei som eig eller disponerer dei utbrukte gjenstandane bry seg om å levere det inn til resirkulering. Så må dei ha eit tilgjengelig mottak å levere til, i overkommelig avstand. Deretter må det vere eit effektivt apparat for vidare transport til anlegg for sortering og smelting. Dersom ein skal spare energi på resirkulering, bør det ikkje vere alt for lang transport. Om metallskrap blir frakta halve jorda rundt er mye av vinninga borte.

FN sitt miljøorgan UNEP har tatt initiativ til å danne eit internasjonalt ressurspanel, for å kartlegge situasjonen for resirkulering og komme med forslag til tiltak. Undersøkingar som dei har gjort syner at situasjonen er svært forskjellig for forskjellige metall.[3] For nokre er det faktisk ikkje så verst resirkulering. For jern, mangan, koppar, nikkel, kobolt, sink, platina, palladium og gull blir over halvparten resirkulert. Tala varierer svært mellom forskjellige land, og i nokre land er det framleis ein lang veg å gå. For andre mineral er situasjonen verre, og mange av desse er nettopp slike som er viktige for datateknologi og for fornybar energi. For desse metalla blir i dag lite eller ingenting resirkulert: litium, beryllium, indium, gallium, germanium, vanadium, tellur og sjeldne jordmetall.[4] Det er sjølvsagt tekniske utfordringar knytta til slik resirkulering, men mye av det er fullt teknisk mogleg. Det blir bare ikkje gjort fordi det no ikkje er økonomisk lønsamt. Det manglar at offentlige organ, både nasjonalt og internasjonalt, sikrar reglar som gjør at resirkulering blir gjennomført også når det ikkje er det mest bedriftsøkonomisk lønsame på kort sikt.

Resirkulering krev også energi, i mange tilfelle mye energi, som igjen krev meir metall. Om vi gjennomsnittlig har 50 % resirkulering i første omgang., vil neste omgang gi halvparten av halvparten, osv. og etter 4–5 bruksperiodar er det ein ubetydelig del igjen. Om resirkulering skal kunne bidra monaleg til å forlenge levetida til metalla, krevjast det da at lengda på kvar bruksperiode blir auka. Om denne f.eks. for datamaskinar er 5 år, og vi resirkulerer 50 %, vil vi etter 15 år bare ha 12,5 % igjen av minerala. Kan vi auke levetida til det tredoble, vil det ta 45 år å nå dit. I tillegg kjem at etterspurnaden er kraftig stigande for metall som vi tidligare knapt har brukt, så der ikkje finst særlig med utslitne produkt å resirkulere. Det er for eksempel enno ikkje mye neodym og dysprosium tilgjengelig for resirkulering.

I tillegg til at resirkulering sparar stadig knappare ressursar for framtida, reduserer ein òg kraftig på energiforbruket. Det er berekna at det går 3,5 gongar meir energi til å lage stål av jernmalm enn av jernskrap. For koppar går det med 5–7 gongar meir energi for ny utvinning enn for resirkulering og for aluminium opp til 20 gongar meir.

I ein del tilfelle vil skrapet vere relativt reint metall, mens det i andre tilfelle kan vere ein komplisert prosess å skilje ut metalla. Denne prosessen krev ofte kjemikaliar som igjen kan føre til mye forureining.

Skraphandlarar har lenge drive innsamling av skrapjern, koppar og messing. Etterkvart har innsamling av metallhaldig avfall kome inn i meir systematiske former gjennom kommunale / interkommunale avfallsselskap, returordningar for elektrisk utstyr og større gjenvinningsselskap. I dag er det store nasjonale og internasjonale gjenvinningsselskap som dominerer og gjenvinning har blitt «big business».

Blant dei største gjenvinningsselskapa i Noreg er
– Norsk Gjenvinning AS, som har avdelingar mange stadar i landet og også i nabolanda, og er eigd av det internasjonale gigantkonsernet Veolia.
– Stena Recycling, som er eigd av svenske Stena Metall AB og har nesten 200 anlegg i Norge, Danmark, Sverige, Finland og Polen.
– Metallco, som hevdar å vere «Norges ledende i gjenvinning av jern og metall». Dei driv mye med bilvrak og elektronisk avfall og har eige aluminiumsverk som produserer støypelegeringar frå resirkulert aluminium. Metallco er eigd av forskjellige holdingsselskap, det ser ut som det mest er norske aksjonærar.
– Franzefoss Gjenvinning, som er eit underselskap av det hundre år gamle norske Franzefoss, som driv med kalk, sand og grus.

I 2010 hadde Teknisk Ukeblad eit oppslag om forsking ved SINTEF på gjenvinning av sjeldne metall, der det var hevda: «Norskutviklet teknologi kan gjenvinne sjeldne jordmetaller som verden mangler.» 9 år har gått, men inga slik gjenvinning har kome i gang i Noreg.

Gjenutvinning frå deponi

Huddingsvatn i Røyrvik, Nord-Trøndelag. Her fyllte Joma gruver omlag 11 mill tonn avgang. Det har lenge vore arbeida for å ta denne opp igjen for å ta ut mineral, men så langt har det ikkje blitt noko av det. Dammen i bildet er bygd for å skilje av den delen av vatnet som er forureina av deponi, frå den delen der elva renner inn og ut. Slik hindrar ein deponiet frå å forureine heile vassdraget nedover.
(Foto: SL)

I tillegg til desse velkjente metodane finst det i prinsippet ein tredje, som er langt mindre brukt, men som bør ha eit stort potensiale i framtida. Ved tidligare gruvedrift har ein av økonomiske og/eller tekniske årsaker bare tatt ut ein liten del av dei minerala som kan nyttast. Det aller meste av det som er tatt ut av fjellet har endt som gråbergdeponi eller som gruveavgang, og dette ligg no lagra på land, i kunstige dammar eller fylt ut i innsjøar og fjordar. Her er ei stor kjelde til både metall, industrimineral og bygningsmateriale. Det meste av det som er deponert på land bør vere tilgjengelig for ny separering. Det same gjeld i alle fall ein del av det som ligg i ferskvatn og i strandkanten. Gruveavgang som er dumpa djupt i fjordane, er derimot så vanskelig tilgjengelig at det er mindre aktuelt å ta det opp. I tillegg vil det kunne føre til så stor spreiing av finmala materiale at det bare vil gjøre vondt verre. Med tanke på framtidig ressursutnytting er det derfor viktig at det i den grad det framleis er nødvendig å deponere avgangsmasse, blir gjort på ein slik måte at avgangen vil vere tilgjengelig som ein ressurs i framtida.

Forskingsprosjektet Min-Novation seier om dette: «Historiske avgangsdeponi og gråbergdeponi kan, i nokre tilfelle, på grunn av mindre avansert teknikk på den tida, innehalde monalege mengder av visse verdifulle metall. Innhaldet i desse gruvedeponia kan i nokre tilfelle vere høgt nok for økonomisk gjenvinning av metall med dagens teknologi.» I tillegg kjem at nye teknologiar som enno ikkje er sett i kommersiell drift, vil kunne gjøre dette meir effektivt og trulig også billigare.

Ein kan gå inn i gruveavgangen som er lagra på land, i ferskvatn og sjø og analysere kva denne består av. Dette er i liten grad gjort, men nokre stadar har ein gjort ei systematisk analyse, f.eks. som av avgangen etter Grong Gruber, der verdiane i 2007 blei berekna til omlag 20 mrd. kr. etter daverande mineralprisar.

Dei tiltaka og metodane som blir nemnde her vil både kunne utnytte allereie etablerte deponi, og bidra til å redusere deponibehovet for framtida. Her ligg store utfordringar både for mineralnæring, forsking og forvaltning.

Betre utnytting av mineral

«Avfall er, i røynda, hovudproduktet frå gruvedrift». Slik blir det sagt i ei amerikansk bok om avfall frå gruveindustrien.[5] Nedlagte gruver har etterlate seg mange store deponi av gråberg og avgang. Kor mye overskotsmassar som blir produsert årlig i verda er vanskelig å finne sikre tal på, men forskjellige kjelder tyder på 20–30 milliardar tonn. Om ikkje det skjer ei total endring, vil det bli enno verre i framtida, fordi utvinninga aukar samtidig som det blir drive på stadig fattigare førekomstar.

Dei gruvene som no er under planlegging i Noreg vil ha avfall som hovudprodukt. Gruvene ved Repparfjorden vil produsere 99 % avfall. Ved Førdefjorden skulle ein etter den opprinnelige planen bare ta vare på omlag 2 % titandioksid og kanskje eit par prosent granat. Sjølv om reviderte planar legg opp til å utnytte noko meir, vil framleis det aller meste av det som blir tatt ut av fjellet ende i gråbergdeponi på land og avgangsdeponi i fjorden. Avgangen vil innehalde mye jern, samtidig som det i Kodal i Vestfold blir planlagt nye jerngruver, der rundt 8 % titaninnhald vil gå i avgangen.

Dette er ikkje bare eit miljøproblem, men også eit stort sløseri med ressursar. Treng det vere slik? Ei grunnleggande endring er nødvendig, men ho kjem ikkje av seg sjølv. For å utvikle og gjennomføre alternativa trengst det både ei satsing på forsking[6] og endringar av lovar, avgifter og ikkje minst haldningar hos dei styrande.

Gull av gråberg

Uttrykket gråberg dekker over ei rekke bergartar og mineral. Kva som er gråberg er avhengig av kva ein er ute etter, det er all stein som ikkje har nok av dei malmførande minerala til at det lønner seg å knuse og separere det. Liksom malm er derfor gråberg meir eit økonomisk enn eit geologisk omgrep. Gråberget blir tatt ut for å få tilgang til malmen, og blir oftast bare frakta til lagringsplass i grov form.

Ved mange gruver, både gamle og nyare, ligg det store mengder unytta gråberg igjen. Men vi har òg mange eksempel på at gråberget er utnytta til forskjellige nyttige formål, særlig til bygge- og anleggsarbeid. Som grovt ubearbeidd gråberg vil det kunne brukast til for eksempel bygging av moloar og hamneanlegg, eller som fyllmasse der ein i første rekke treng store mengder masse. For andre formål, som vegbygging og bruk i betong, må ein knuse til pukkstein, grus eller sand.

Allereie for fleire hundre år tilbake blei vegar bygd av materiale frå gruver, f.eks. ved Kongsberg Sølvverk. Eit ferskare eksempel er frå Sør-Varanger, der gråberg frå Sydvaranger Gruve har blitt knust og seld både i Finnmark og til Russland. Dette har gått så bra at pukksteinsbedrifta i 2013 blei utnemnd til beste vekstbedrift i fylket. Likevel er det bare ein liten prosent dei har tatt unna, her er framleis enorme mengder gråberg både ved Sydvaranger og mange andre gruver i landet.

For å avgjøre kva gråberget kan brukast til, må vi kjenne til mineralsamansettinga og dei fysiske og kjemiske eigenskapane, så vi kan vurdere kva styrke og haldbarheit han har i forhold til formålet og i kva grad det er fare for utleking av skadelige stoff til jord, luft og vatn. I verste fall kan bruk av gråberg med mye tungmetall føre til at meir masse blir tilgjengelig for kjemiske reaksjonar og meir forureining spreier seg i terrenget. Noko gråberg inneheld og mye radioaktive stoff som kan bli spreidd, slik det skjedde da alunskifer blei brukt til vegbygging i Oslo-området.

Trass i desse atterhalda bør langt større del av gråbergveltene ved gruvene kunne brukast til noko nyttig. Ofte er det reine bedriftsøkonomiske vurderingar som gjør at ein i staden for å nytte gråberg frå gruver bryt ut nytt berg av nokolunde same kvalitet, bare fordi ein da kan spare transport, eller fordi det er eit anna selskap som vil og kan tjene pengar på det. Her vil mye kunne gjørast ved at det før det blir gitt konsesjon til nye steinbrot for pukkstein blir gjort ei vurdering av kva andre tilgjengelige massar som finst, og/eller at avgiftsordningane premierer utnytting av allereie uttatt masse framfor uttak av ny.

Sjølv om det er mange måtar å utnytte gråberg på, står det fast at det er ønskelig å redusere mengda som blir tatt ut. Her er driftsmetoden avgjørande, med underjordsdrift kan ein klare seg med langt mindre uttak av gråberg enn ved dagbrot. Om vi samanliknar dei største jerngruvene i Sverige og i Noreg, ser vi at LKAB i Kiruna, som vesentlig driv underjordsdrift, tar ut omlag halvparten så mye gråberg som malm, mens Sydvaranger, som gjennom tidene nesten bare har drive i dagbrot, har tatt ut langt meir gråberg enn malm. Dette er ein av grunnane til at det før det blir godkjent reguleringsplanar for dagbrot, alltid bør vurderast om det er mogleg å ta ut minerala gjennom ei underjordsgruve.

Sidan gråberg omfattar mange mineral, vil det nok i ein del tilfelle vere aktuelt å kjøre det gjennom knusing og separasjon, men da går dette inn i neste kategori.

Avgang frå oppreiingsprosessar

Ved gullgruva i Kittilä blir det lagt duk under deponiet for å hindre lekkasje, og så blir avgangen punpa ut oppå. Ein månad etter at bildet blei tatt, sprakk duken.
(Foto: SL)

Når gråberget er fjerna, sit vi igjen med det som ofte kallast malm. Denne består av forskjellige mineral, og for å kunne utnytte nokre av desse, blir malmen knust og malt, slik at mest moglig av dei ønska minerala er «frimalt», og vi kan separere mineralkorna frå kvarandre. Både malmkonsentratet og avgangen er derfor som regel svært finkorna. Dersom det blir brukt flotasjon som separasjonsprosess, inneheld gjerne avgangen rester av kjemikaliar frå denne prosessen, noko som påverkar korleis vi kan bruke avgangen.

Avgang er både eit miljøproblem og ressursar som bør kunne nyttast. Det kan vere aktuelt både med utskiljing av reine mineral og bruk av blanda masse, eventuelt etter utskiljing av skadelige stoff.

Ofte er det i avgangen mineral som inneheld metall. Ved utskiljing av alumina frå bauxitt blir det igjen ein raudbrun masse som kallast «red mud». Denne inneheld oftast mye jernoksyd, men dette har så langt ikkje blitt utnytta. Det er no utvikla metodar for å skilje ut dette jernet, men aluminiumprodusentane, som f.eks. Hydro, har så langt ikkje vist synderlig interesse.

Eit anna eksempel er svovelkis, som tidligare blei utnytta på grunn av svovelen. Etter at etterspurnaden etter svovelkis gikk kraftig tilbake frå 1970-talet, har svovelkis i mange gruver bare blitt rekna som avfall, sjølv om dette og inneheld jer. Her er også utvikla metodar for utskiljing, men få ser ut å interessere seg for dette. Eit unnatak er gjødselprodusenten Yara, som kjøper svovelkis frå ei nedlagt finsk koppargruve og skil ut svovel som dei brukar sjølv og jernoksyd som dei sel vidare.[7]

Mange malmar inneheld også mindre mengder av andre metall enn dei ein eigentlig driv gruvedrifta etter. Desse kan det vere mogleg å skilje ut, anten ved selektiv flotasjon pluss smelting og evt. elektrolyse eller ved utlaking. Det vil kanskje ikkje monne mye økonomisk å skilje ut ein promille nikkel frå ein kopparmalm, men det vil i alle fall bidra til å redusere miljøskadane ved deponering av gjenståande masse.

Anten dei metallhaldige minerala er skilde ut eller ikkje, kan blanda avgangsmasse brukast til ei rekke formål. Den enklaste forma for bruk av avgangsmasse er til utfylling ved anleggsarbeid. I Mo i Rana har ein brukt 4 mill. tonn avgangsmateriale frå Rana gruver til å bygge ut nytt land i strandsona.[8]. I samband med planane om koppargruve i Kvalsund har det vore lansert ideen om bruk av slik masse til å bygge flyplass ved utfylling i sjøen. Det er mange slags avgangsmasse som kan brukast på denne måten, men særlig om denne inneheld mye tungmetall, vil det vere nødvendig med god tetting slik at desse ikkje blir oksidert og felt ut i sjøen. Dette er ikkje bare aktuelt for lokalt bruk, men også som eksportvare. Nederland har stort behov for masse til bygging og forbetring av dike. Her kan gruvemasse vere aktuelt, men om massen kan brukast er avhengig av samansetninga, særlig innhaldet av tungmetall og kjemikaliar. Her vil flotasjonsprosessen vere avgjørande, for det første kor effektiv denne er i å ta ut metalla som ein er ute etter, for det andre om ein og kjører ekstra flotasjon for å ta ut andre metall som det er mindre av, og for det tredje kva flotasjonskjemikaliar ein brukar og om desse følgjer avgangen eller konsentratet.

Det har vore gjort nokre vurderingar av avgang frå eksisterande og planlagde gruver. Dei som er mest aktuelle i Noreg no er Sydvaranger, Titania, Sibelco på Stjernøya, Skaland grafitt, Hustadmarmor og dei planlagte gruvene til Nussir og Nordic Mining (Engebø). Desse har svært forskjellig samansetting av avgangen. Nokre har sur avgang, andre har basisk. Kva om ein blanda avgang frå forskjellige gruver? Ville dei da kunne nøytralisere kvarandre slik at ein fikk eit meir anvendelig produkt?

Avgang med lite innhald av skadelige stoff kan og brukast som tildekkingsmateriale over svært forureina grunn, bl.a. i hamnar, ved skipsverft og industrianlegg ved sjøen. Det har blant anna vore gjort i Ranfjorden med avgang frå Rana Gruber.

Ein annan idé som er lansert er tilsettmateriale i betong. Det er likevel ikkje all avgang som eignar seg til dette. Flotasjons- og flokkuleringskjemikaliar som er igjen i avgangen vil kunne svekke materialet, og slike massar bør da reinskast før dei blir brukt på denne måten. Også samansetninga av mineral vil vere avgjørande for bruk i betong. Om tilsettmaterialet er svært finkorna vil det òg vere vanskelig å bruke det utan å blande med meir grovkorna materiale.

Det har vore gjort forsøk på å lage bl.a. murstein, lecastein, takstein, keramiske flisar og isolasjonsmateriale av gruveavgang, men det har ikkje kome i gang noko produksjon. Som eksempel på kor stort behov det er for bygningsmateriale, kan ein nemne at det i Europa blir produsert 60 mill. tonn murstein for året, og at det mange stadar er vanskelig å finne nok råvarer til denne produksjonen. Det bør derfor vere ein stor marknad her, anten for murstein produsert i Noreg eller for råvare for slik produksjon ved teglverk i utlandet. Sjølv med eit visst innhald av tungmetall i avgangen, så vil det i hovudsak bli «innelåst» i murstein/ flis. For slik masse i store mengder blir fraktkostnadane med skip overkommelige.

Frå nokre gruver er avgangen svært kalkhaldig, og kan brukast til jordforbetring og kalking av myr, skog og vassdrag.[9] Dette har blant anna vore vurdert med avgangen frå Hustadmarmor og frå Sibelco på Stjernøya.

Dette kan bli ei ekstra inntekt for norske gruveselskap. Og om ikkje det blir noko overskot av det, kan ein likevel løyse problemet med avgangsmassen med å tilby utanlandske mottakarar å få denne gratis mot at dei hentar han med båt og dekker utgiftene til ombordlasting.

Her er mange utfordringar og mange moglege løysingar. Kvifor er det da ingen framgang på dette området i Noreg? Ein årsak er avgiftssystemet. Vi har inga miljøavgift på dumping av avgang, og ingen økonomiske insentiv til å bruke avgangen til nokon nyttig. Ein annan årsak er at ingen tar ansvar for dette. Det finst ikkje noko organ som samordnar tilbod og etterspurnad, alt er overlatt til marknaden og tilfeldigheiter. Men den viktigaste årsaken er nok at sjødumping av gruveavfall er eit kjernepunkt i den norske mineralstrategien, og alternativ til denne dumpinga er uønska.

Separasjon med gamle og nye metodar

Bruk av gruveavgang som bygningsmateriale vil vere eit stort framsteg i retning av å redusere sløseriet i dagens gruvedrift. Likevel er det ikkje alltid den beste utnyttinga å bruke avgangen samla utan vidare separasjon. Både gråberg og avgang inneheld ofte mineral som vi elles driv gruvedrift på, og som kunne vore utnytta dersom desse blei skilde ut.

Det finst ei rekke eksempel på korleis same mineralet har blitt vurdert snart som nyttig og snart som unyttig. Svovelkis eller pyritt (FeS2) består av svovel og jern, og førekjem i store mengder mange stadar i Noreg, ofte i lag med koppar- og sinkmineral, som kopparkis (CuFeS2) og sinkblende (ZnS). Frå midten av 1800-talet til noko over midten av 1900-talet var svovelkis svært etterspurt, som hovudråstoff for produksjon av svovel og svovelsyre. Mange gruver i Noreg blei sette i drift med svovelkis som hovudprodukt og med koppar og evt. sink som biprodukt. På 1960-talet blei det så andre stadar i verda, bl.a. i Polen, utvunne store mengder reint svovel. Det gjorde det langt mindre lønsamt å drive gruvedrift på svovelkis. Seinare blei svovel så godt som gratis tilgjengelig frå reinsking av kol, olje og gass, og da forsvann marknaden for svovelkisen raskt. Mange kisgruver blei lagt ned. Andre heldt fram drifta på koppar og/eller sink og bly, mens svovelkisen blei avgang som blei dumpa i naturen, der han har gjort stor skade.

Orkla Grubeaktiebolag utvikla ein prosess for å ta ut jern frå svovelkis, og bygde ein fabrikk for dette i Thamshavn ved Orkangerfjorden. Men så gikk jernprisen ned, og det blei ulønsamt. Jernproduksjonen frå svovelkis kom aldri i gang. Da Løkken gruver ikkje lenger fikk seld svovelkisen, blei denne lagra i ein dam i lag med annan avgang. Der ligg det no vel tre millionar tonn masse, der det meste er svovelkis (FeS2). Denne inneheld da vel ein mill. tonn jern, som om ein klarer å utvinne denne vil ha ein verdi på fleire milliardar kroner.

Om desse minerala ikkje blei tatt ut da gruva var i drift, treng det ikkje vere for seint. Det finst eksempel frå inn- og utland på at gamal gruveavgang er kjørt inn igjen i produksjonen, både for å ta ut meir effektivt mineral ein har tatt ut før, og for å ta ut mineral som det tidligare ikkje var marknad for. Eit av dei er i Finland, der norske Yara kjøper avgang frå nedlagde gruver for å lage svovelsyre.[10]

For å oppnå større grad av separasjon og utnytting av mineral i malmen er det ei rekke metodar som kan vere aktuelle, og vi skal sjå litt på nokre av desse. Dei fleste kan vere aktuelle både for ny malm frå berg og for oppreiing av avgang etter tidligare drift, nokre av dei også for reinsking av forureina avløpsvatn.

Flotasjon

Flotasjon er den klart mest brukte metoden for kismalm / basemetall og brukast og på ein del andre mineral. Ved selektiv flotasjon kan ein ta ut konsentrat av fleire metall etter tur. Dette kan brukast f.eks. til å ta ut nikkel og sink av gamle avgangsmassar frå koppargruver. I tillegg til at vi får ut nyttige mineral, vil dette gjøre avgangen reinare. Det vil gjøre det lettare å bruke den gjenverande avgangen til bygningsmateriale, og om ein likevel skulle velje å deponere denne på sjø eller land, vil det bli mindre skadar ved utlekking av sulfat av tungmetall. Dette er både aktuelt for igangverande og framtidig gruvedrift, og for avgang frå tidligare drift, som no er deponert på land og i ferskvatn.

Flotasjon har likevel fleire ulemper. Den krev store investeringar i eit stasjonært anlegg og stort forbruk av vatn og kjemikaliar. Sjølv med delvis gjenvinning av vatnet vil det vere vanskelig å gjennomføre flotasjon utan at det fører til forureining av vatn og/eller jord. Flotasjon kan vere eigna til å skilje ut metallmalmane, men det meste blir igjen og det blir ei forureina restmasse, som kan vere vanskelig å utnytte utan ny reinsking. Gruveindustrien har no brukt flotasjon som hovudmetode for oppreiing av kismalmar og fleire andre mineral i over eit hundreår, det er på tide å sjå seg om etter alternativ.

Utlaking

Utlaking, på engelsk leaching, går ut på å behandle malm med kjemikaliar, slik at det oppstår kjemiske reaksjonar som skiljer ut metall. Utlaking er ikkje noka ny oppfinning, men har vore brukt lenge bl.a. til å skilje ut gull ved hjelp av cyanid. Nyare er å bruke dette i stor målestokk på kismalmar.

Utlaking kan skje i lukka eller opne tankar, i opne haugar (heap leaching) eller direkte i gruver (in-situ leaching) For utlaking for kismalmar eller basemetall brukar ein gjerne såkalla bioutlaking eller bioleaching. Det blir da tilsett store mengder med visse bakteriar, samtidig som det tilførast luft / oksygen / karbondioksyd. Bakteriane skiljer ut enzym, som set i gang kjemiske reaksjonar. Svovel i malmen blir oksydert til svovelsyre, som så fører til vidare oppløysing av malmen.

Bioutlaking er beslekta med prosessar i naturen. Vi kan bl.a. sjå det i myrvatn der det er jernmalm i myra. Bakteriar set i gang ei utfelling av vassløyst jern, og det som ser ut som oljesøl på vassflata er i røynda eit tynt lag av jernhydroksyd.

Utlaking har langt tilbake vore nytta til å utvinne koppar i avrenning frå gruvevatn. I 1947 oppdaga ein kva rolle bakteriar har i denne prosessen, og like etter blei to artar av bakteriar identifiserte. På 1950-talet blei bioseparasjon brukt på avgang frå koppargruver, og den første produksjonen i industriell skala kom på 1960-talet på koppar og på 1980-talet på gull. Det er no rundt om i verda i drift industrielle anlegg for bioseparering av koppar, gull, sink, kobolt, nikkel og uran, men desse utgjør enno ein ganske liten del av samla produksjon.

Oppmala malm blir lagt ut i store dammar med vatn/syre og bakteriar eller i haugar der dette blir sprøyta over. Bakteriane set fortgang på prosessen med å omdanne uløyselige sulfid til vassløyselige sulfat. Separeringa skal kunne foregå året rundt under open himmel, da det blir utvikla varme i prosessen, så det ikkje skal fryse. Med denne teknikken kan ein ta ut metall av svært fattige malmar. Dette kan brukast til å skilje ut ei rekke metall, men det er sterkt varierande frå metall til metall kor effektivt det er.

Bioseparering er påstått å vere meir økonomisk, da dette er enklare og krev mindre kvalifisert personale enn tradisjonelle separasjonsteknikkar. Det skal i prinsippet òg vere mindre miljøskadelig, sidan ein brukar naturlige bakteriar og desse tar opp karbondioksid frå lufta. På andre sida blir det ved nokre bioutlakingsprosessar danna giftige gassar som hydrogensulfid.

Ei ulempe er at prosessen tar svært lang tid, det kan gå opp til fem år, og dersom alt som blir utvunne av ei malmfattig gruve gjennom fem år skal ligge i haugar eller dammar for bioseparering samtidig, krevjast det store areal. I praksis brukar ein derfor ofte syrer i tillegg til bakteriane for å få meir fart på prosessen. Samtidig bind ein opp kapital i lang tid før ein får seld produktet. Frå dammane vil det vere utslepp til vassdrag, som inneheld både tungmetall og syrer som er resultat av biosepareringa. Det blir òg produsert giftige gassar, særlig hydrogensulfid. Det vil altså vere store miljøutfordringar sjølv om prosessen skulle virke etter planen. I tillegg viser røynsler at det er stor fare for dambrot, som vil føre store mengder giftige stoff ut i naturen.

Dette har enno ikkje vore prøvd ut i Noreg i kommersiell drift, men vi har ferske røynsler frå Finland. Eit gigantisk biosepareringsanlegg i Talvivaara blei sett i drift i 2008 og skulle produsere nikkel, sink, koppar, kobolt og uran. I 2010 presenterte selskapet det som «ein naturlig, kostnadseffektiv og miljøvennlig prosess». Få år seinare endte det i både i miljømessig og økonomisk katastrofe. Etter fire større lekkasjar, dambrot og andre skandalar gikk selskapet konkurs hausten 2014.

Etter Talvivaara-eksperimentet har det vore lite snakk om bioseparering som aktuell metode for gruveanlegg i Norden. Dersom dette skal vurderast må det i alle fall utviklast langt sikrare teknologi enn det vi har sett hittil.

I tillegg til utvinning frå knust malm skal det vere mogleg å nytte bioseparering til å trekke ut metall av bl.a. avgangsmassar frå gruver, elektronisk avfall, forureina jord og avløpsvatn.

Tørrseparering

Mens både flotasjon og utlaking krev store mengder med vatn og ganske mye kjemikaliar, finst det fleire metodar der knust berg kan sorterast i tørr tilstand utan kjemisk tilsetting. Nokre av desse er allereie i industriell bruk.

Magnetseparasjon kan brukast når ein vil skilje ut magnetiske mineral. Det virkar best på ferromagnetiske metall som jern, kobolt og nikkel. Av jernmalmane er det best eigna for magnetitt.

Optisk sortering kan skilje etter farge eller etter i kva grad minerala er gjennomsiktige og gjennomskinnelige.

Tyngdekraftseparatorar kan skilje etter eigenvekt, f.eks. skilje tunge malmar frå lettare silikat.

Det er gjort ein del eksperiment med luftkanonar eller syklonar, både til knusing av grov masse og til å skilje frå kvarandre mineral. Knusing skjer ved hjelp av luft under svært høgt trykk og minerala skiljast ut frå eigenvekt. Så langt ser det ikkje ut til at dette er tatt i praktisk bruk i oppreiing frå gruver.

Om ein får slike metodar å virke i stor målestokk, vil det ha store miljømessige fordelar. Ein vil unngå bruk av kjemikaliar og store mengder med vatn. Det vil også vere mogleg å utnytte mye større delar av berget, ved at ein ikkje bare skil ut metallsamband, men også f.eks. kvarts, feltspat, kalkstein og andre industrimineral.

Elektrisk ekspandering

Dette er eigentlig ikkje ein separeringsmetode, men ein knusemetode som vil gjøre det lettare å separere utan å knuse så fint som ein må gjøre i dag for flotasjon. Ein kan bruke sterke straumpulsar til å «eksplodere» bergartar, slik at dei blir knuste etter korngrensene for dei forskjellige minerala. Det vil også gjøre det mogleg å utnytte langt større korn/krystallar av minerala. Dette er særlig aktuelt ved utvinning av edelsteinar og mineral til slipemiddel, f.eks. Granat. Metoden kallast for HVPF – High Voltage Pulse Fragmentation, og det er gjort ein del eksperiment på dette, særlig i regi av det sveitsiske selskapet Selfrag.1 Dei har blant anna prøvd dette ut på frigjøring av rutil og kopparmalm.2 Selskapet opplyser at dei første maskinane no er i kommersiell drift. Ved NTNU er det planlagt eit laboratorium for forsking på denne teknikken, men ein har ikkje fått pengar til å kjøpe inn utstyr, og derfor ikkje kome i gang. Ved Kjeøy Reseach & Education Center i Nordland skal dei ha eksperimentert med noko beslekta som dei kallar El Puls Technology, men trass i fleire førespurnadar har det ikkje lukkast meg å få noko svar frå dei om dette.

Kor blir det av forskinga?

Med dei enorme utfordringane som er i forhold til å redusere skadeverknadane ved gruvedrift er det eit stort behov for styrking av forsking og utviklingsarbeid på mindre skadelige utvinnings- og separasjonsmetodar og ikkje minst på å utnytte minerala betre. Men blir det satsa på slik forsking?

Å få ein oversikt over gruveforsking i verda er ikkje lett. Det har heller ikkje eg klart, men det eg har sett tyder på at ein kan trekke nokre konklusjonar: Forskinga er i første rekke innretta på korleis gruveselskapa og investorane skal tene penger, ikkje på korleis gruver, oppreiing og avfallsbehandling kan bli mindre miljøskadelig. Forskinga er i stor grad styrt av dei store gruveselskapa eller av institusjonar der desse har stor innverknad. Det er ingen uavhengige organ som tar ansvar for finansiering og gjennomføring av forsking på dei store miljøproblema som mineralutvinninga skaper.

Kven forskar på kva?

Green Mining er eller var eit finsk forskingsprogram, som her hadde stand på Fennoscandian Exploration and Mining i 2015
(Foto: SL)

Delar av den internasjonale gruveforskinga er innretta på miljøspørsmål og bærekraftig utvikling. Eit eksempel er MMSD – The Mining, Minerals and Sustainable Development Project, «looking at how the mining and minerals sector could contribute to the global transition to sustainable development.» Bare at prosjektet blei lagt ned i 2002, og det er vanskelig å sjå at dette har ført til nokon praktiske resultat. Året etter blei Global Mining Research Alliance danna, ei samanslutning av gruveforskingsinstitusjonar i Canada, Australia, USA og Sør-Afrika. Dei skal arbeide på eit breidt felt: «mineral resource management and orebody information; mine design, transport / engineering; metallurgical processing; environmental research; rock engineering and safety; and occupational health, safety and training.» Forskinga skal styrke «economic, social and environmental responsibility». Vel og bra målsetting, men kor blei det av dei?

I 2019 dukka det opp noko nytt: The Global Mineral Professionals Alliance (GMPA) har annonsert Global Action on Tailings initiative, som skal arbeidet med utfordringar rundt gruveavgang. Alliansen består av gruveinstitutt i Australia, Canada, Peru, Sør-Afrika, Storbritannia og USA. Kva som vil komme ut av dette er enno for tidlig å seie.

Det synest ikkje å vere nokon internasjonale organ som tar ansvar for finansiering og gjennomføring av forsking på dei store miljøproblema som mineralutvinninga skaper. Likevel skjer det ein del forsking i enkelte land. Eit eksempel her er Polen, der det foregår ein del forsking, bl.a. i regi av gruveakademiet, Akademia Górniczo-Hutnicza.

På andre sida er det ingen mangel på den forskinga som bare har som mål å finne ut korleis gruveselskap og spekulantar kan tene meir pengar: Om vi på nettet søker «International mining research», får vi opp http://internationalminingresearch.com. Ikkje uventa finn vi denne i Canada. Men kva slags forsking? Jo, det dreier seg om «Research resource investment opportunities around the world…» Vi prøvar så «Global mining research». No hamnar vi i Australia, og her kan vi lese «Global Mining Research (GMR) provides independent coverage of mining companies to institutional investors and financial intermediaries. GMR’s objective is to cover 70-90 companies matching coverage by the top 3 global banks. The GMR team is highly experienced in financial markets and have practical knowledge of the mining industry.» Dette er ein type forsking dei som investerer i gruveindustrien gjerne betalar for.

Forsking i Noreg

Noreg kan knapt seiast å vere noko føregangsland i forskinga på mindre miljøskadelig gruvedrift og betre utnytting.

Noko forsking er gjort innafor bedrifter. Eit eksempel er AS Sydvaranger, som dreiv ein del utviklingsarbeid (sjå bind 1), men da staten bestemte å legge ned bedrifta, blei også alt dette stansa. Nye Sydvaranger Gruve AS gjorde i driftsperioden sin 2009–15 ikkje noko for å følge det opp.

Den institusjonen i Noreg som har forska mest på bruk av avgangsmasse er trulig Sintef i Trondheim. Dei har samla inn avgang frå forskjellige gruver og gjort forsøk med dette. Blant anna har dei funne at det er mogleg å lage murstein av avgangen frå Titania. Dei har òg funne at mye avgangsmasse kan brukast i porselensproduksjon. På Sintef hevdar dei at gjennom brenning til murstein, flisar osv. vil forureiningar i gruvemassen vil bli bunde fast, slik at dette vil vere ein god metode for å nøytralisere forureiningane.

Sintef har gjentatte gongar tatt initiativ til forsking på bruk av gruveavgang. Fleire bedrifter har vist interesse for å samarbeide, men frå styresmaktene har haldninga vore negativ, og også Norsk Bergindustri har vist liten interesse. Sintef søkte først i 2000, men fikk da avslag både frå Forskingsrådet, SFT og PIL (Prosessindustriens landsforbund?). Ny søknad frå 2002 førte til nytt avslag frå Forskingsrådet. Seinare forsøkte Sintef å få Norsk Bergindustri og Forskingsrådet med på eit større forskingsprosjekt, men igjen var det nei.

Både staten og næringa satsar alt på eit kort – sjødeponi. Forsking på alternativ til dette blir derfor ikkje prioritert. Industrien har heller planlagt eit større forskingsprosjekt på sjødeponi. Om ein i staden hadde satsa dei same pengane på forsking på alternativ bruk av avgangsmassar, hadde ein kanskje kunne spare seg heile forskinga på sjødeponi, fordi ein ikkje hadde trengt å dumpe meir i sjøen.

Noreg i internasjonal forsking

Innafor internasjonal forsking på gruve- og mineralspørsmål spelar Noreg ei svært beskjeden rolle.

Samarbeidsprosjektet Nordic Mining School går mellom universiteta i Luleå og Oulu. Noreg er ikkje med.

«Smart mine of the future» – er et svensk/polsk prosjekt. Norge er ikkje med her heller. Dei meinte visstnok at Noreg ikkje hadde noko å bidra med, og det kan vel tenkast, så lenge den norske mineralpolitikken går ut på å gjøre alt som det har vore gjort tidligare, bare litt større.

I forskingsprosjektet Min-Novation, Mining and Mineral Processing Waste Management Innovation Network, er derimot Noreg formelt med, i lag med Sverige, Finland, Estland, Polen og Tyskland. I ein rapport frå prosjektet blir målet uttrykt slik: «... gruveavfall er oftast sett på bare som eit miljøproblem, og på ingen måte som ein ressurs. For å komme bort frå eit einsidig syn på gruveavfall, er det sentralt å utvikle eit syn på gruveavfall som ei livssyklustilnærming, der ein anerkjenner at verdi kan bli gjenvunne frå avfall og ført tilbake til produksjonssyklusen. Det kan ikkje bli understreka nok at gruveavfall er ei kjelde av sekundære råmaterialer, og at bruken av desse hjelper til å bevare dei naturlige mineralreservane for framtidige generasjonar.»[16] Dette er ein politikk stikk i strid med den norske mineralstrategien, så korleis kan da Noreg delta? Ved å utvide omgrepet «mining» til å omfatte vår spesialitet, oljeutvinninga. Der har det nemlig, i motsetning til i mineralutvinninga, blitt gjort nokre avfallsbehandlingstiltak som ein kan snakke høgt om. Når ein i prosjektet skulle finne eksempel på gjenvinning frå gruveavfall, var Noreg det einaste av dei seks landa som ikkje hadde noko eksempel å vise til.

Det nordiske gruveforskingssamarbeidet starta med SusMin i 2011, og blei vidareført i NordMin 2013–17. Dette var finansiert av Nordisk ministerråd, var samordna av Luleå tekniska universitet og skulle «ha en grön profil för att skapa en hållbar gruv- och mineralindustri i Norden och Europa.»[17] I formålet kan ein bl.a. lese: «Minimere og redusere risikoen for ugunstig samfunns- og miljøpåvirkning av gruvedrift og utvinning.» Og blant kjernetema var «Sosialt bærekraftig, akseptabel og attraktiv gruveindustri og regionar».

Blant prosjekta som er støtta er eit for betre reinsking av gruvevatn.[18] Elles er det mest tiltak for å fremme mineralleiting og igangsetting av nye gruver. Eit prosjekt gikk ut på å lage felles kriterier for kva som er «sustainable» gruvedrift.
Kva er forsking og kva er politikk her?

Sertifisering av mineral og gruvedrift

Miljøøydeleggingane knytta til mange slags produksjon, som jordbruk, skogbruk og fiske har ført til at det er utvikla forskjellige sertifiseringsordningar som skal garantere at varene er produsert på ein miljøvenlig måte. Kjent er bl.a. DEBIO, Svanemerket, Grüne Punkt og Forest Stewardship Council. I mange år har det vore arbeida for ei tilsvarande miljømerking av mineral, og i løpet av 2019 skal denne vere på plass.

IRMA – Initiative for Responsible Mining Assurance blei danna i 2006 av ein koalisjon av frivillige organisasjonar (NGO), salsselskap for mineral og metall, berørte lokalsamfunn, gruveselskap og fagforeiningar. IRMA utviklar standardar for miljø og sosiale spørsmål knytt til gruvedrift, inkludert arbeidsrett, menneskerett, urfolk og kulturarv, konfliktbehandling, forureiningskontroll og nedlegging av gruver. I juni 2018 lanserte dei første utgåve av «IRMA Standard for Responsible Mining». Her blir det slått fast at gruvedrift er nødvendig for moderne samfunn og gir arbeidsplassar og inntekter til lokalsamfunn og land, men at det også kan gi store skadeverknadar: «Men det er en kompleks og intensiv prosess som kan påvirke det fysiske miljøet, for eksempel gjennom tap av leveområde eller forureining av vatn, og påverke lokalsamfunna sitt sosiale og økonomiske liv, for eksempel gjennom fortrenging av næringar eller kulturelle verknadar.»[18a]

IRMA meiner mange av dei negative sosiale og miljømessige verknadane kan bli unngått om gruvene følger retningslinjene deira. «Standarden fungerer som grunnlaget for eit frivillig system som tilbyr uavhengig tredjepartsvurdering og sertifisering av tiltak for miljø og sosiale ytingar på gruveanlegg av industriell skala rundt om i verda.»[18b]

Gjennom IRMA kan

Etter lanseringa i 2018 starta «The Launch Phase» fram til juni 2019, der gruveselskap frivillig har testa ut regelverket. Deretter vil dette bli oppsummert, det vil bli laga ein Standard for Responsible Mining v.2.0 og frå slutten av 2019 skal dei som oppfyller krava kunne få sertifisert sine mineralprodukt på grunnlag av denne.

Kva krav er det så IRMA stiller for sertifisering av mineral? Det er ei lang liste, her er nokre hovudpunkt om kva gruveselskap må oppfylle:

I første omgang skal sertifiseringsordninga bare gjelde for storskala produksjon, da småskalaproduksjon ikkje vil ha muligheit for å oppfylle mange av desse krava. Det vil likevel gjelde for mellom 80 og 90 % av verdas mineralproduksjon, målt i verdi. Forholda vil vere svært forskjellige i forskjellige land. For nokre land og bedrifter vil det vere ein stor framgang om ein kjem opp på eit nivå som på mange område kan sjåast som sjølvsagt for oss i Noreg. På andre område vil også Noreg måtte legge om gruvedrifta for å oppfylle krava til IRMA.

Sett frå eit miljøsynspunkt kan ei slik sertifiseringsordning virke to vegar. På eine sida vil ho kunne bidra til at gruveselskap strekker seg lenger enn dei elles ville ha gjort for å oppfylle krava og få sertifiseringa. På andre sida vil ei sertifisering kunne grønvaske produksjon som i forhold til miljøet aldri burde vore godkjent. På eine sida opnar ein for tilgiving av gamle synder, på andre sida opnar ein for gullutvinning med cyanid og kvikksølv, bare desse blir brukt slik at utlekinga blir minimert. Om eit mineral i det heile burde vore utvunne sett frå ressurs og behov, det er ikkje tema for sertifiseringa.

Korleis stiller så nordiske styresmakter og gruveselskap seg til dette? Ideen blei blant anna tatt opp på eit møte mellom dei finske og svenske næringsministrane i mars 2018.[19] Frå Noreg har det vore vanskelig å finne noko synspunkt på dette.

På Norsk Bergindustri sine nettsider er IRMA ikkje nemnd pr. september 2019. Eg stilte derfor spørsmålet til Norsk Bergindustri, og fikk svar frå generalsekretæren 20.09.2019: «Norsk Bergindustri er opptatt av at våre medlemsbedrifter skal være positive, ansvarlige samfunnsaktører. Derfor er vi faktisk i disse dager i ferd med å utvikle et rammeverk for ansvarlig, bærekraftig uttak tilpasset norsk mineralnæring og rammene den opererer innenfor. Det finnes en rekke internasjonale rammeverk med ulik tilnærming til ansvarlig gruvedrift herunder IRMA. Mange av dem tar utgangspunkt i en virkelighet fjern fra vår, i land der miljø, HMS og menneskerettigheter står klart svakere enn i Norge. Vi har valgt å basere oss på et annet rammeverk, TSM, som ligger tett opp mot norske forhold, men som vil bli ytterligere tilpasset våre nasjonale rammer. Arbeidet er helt i startgropa og det vil ta tid før dette er implementert i bransjen, men vi er i gang!»

Dette svaret fortener nokre kommentarar. NBI gir her inntrykk av at IRMA sine krav ikkje er relevante for Noreg. Kva er det med IRMA sitt regelverk som ikkje passar? Er det slik at IRMA ikkje stiller strenge nok krav for norske forhold, eller kanskje slik at dei stiller for strenge krav for Norsk Bergindustri? Det siste kan ein få mistanke om med tanke på kravet om at gruver i urfolksområde bare skal opprettast med samtykke av urfolka og på dette punktet: «På det noverande tidspunktet vil gruver som brukar elver, hav og innsjøar til deponering av gruveavfall ikkje bli sertifisert av IRMA.»[19a] Kva er «våre nasjonale rammer»? Er det nettopp det at Noreg tillet sjødumping og overkjøring av urfolksinteresser?

Ein stor del av den fungerande og planlagte gruvedrifta i Norsk Bergindustri sine medlemsbedrifter er i strid med eitt av desse punkta eller med begge. Vi kan nemne Sydvaranger, Elkem Tana og Nasafjell, Arctic Gold Biedjovággi, Sibelco Stjernøya, Nussir, Skaland grafitt, Quartz Co i Tysfjord, SME Ljøsenhammeren, Rana Gruber, Hustadmarmor, Nordic Mining i Førdefjorden og Titania. Kva vil da vere igjen av Norsk Bergindustri som kan få sertifisering? Kanskje nokre mindre bedrifter som driv med pukkstein, grus og naturstein.

Kva er så alternativet, TSM? Jo, «Towards Sustainable Mining (TSM) is the Mining Association of Canada's (MAC) commitment to responsible mining.»[19b] Canada er som kjent heimland for over halvparten av gruveselskapa i verda, og MAC er reiskapet desse har for å sikre seg best mogleg vilkår og minst mogleg hinder for verksemda rundt i verda. Noko betre eksempel på bukken til havresekken er vanskelig å finne. Nokre andre land har slutta seg til TSM, eit av dei siste er Brasil. Dette skjer samtidig som regjeringa i Brasil opnar på vidt gap for gruvedrift og rasering av regnskog i Amazonas. Dei reglane som Norsk Bergindustri ønsker er altså ikkje i strid med dette, vi kan da også trygt rekne med at desse reglane ikkje vil skape store hindringar for vidareføring av dagens praksis i Noreg.

Initiativet til TSM kom i 2001 etter at den gruvekritiske organisasjonen Canada Mining Watch blei oppretta to år tidligare. Målsettinga er tydelig å svare kritikarane med at mineralnæringa sjøl tar ansvar. TSM er ikkje er eit system for sertifisering av mineral, men bare kriterier som medlemmar av MAC skal følge ved utvinning i Canada og som dei bare er tilrådd å følge ved utvinning i andre land. Spørsmåla dei tar opp er i stor grad dei same som nemnd under IRMA. Forskjellen er at TSM set ei rekke kriterier som klassifiserer eit gruveprosjekt, men har ikkje bastante krav som konkluderer med godkjenning eller ikkje. Det gjør det mogleg for gruveselskapa å vri seg unna med at alle formelle krav til saksbehandling er oppfylte, sjølv om krava til IRMA ikkje er oppfylte.

TSM har ei rekke krav til behandling av gruveavfall, men ettersom Canada ikkje tillet sjødumping, er dette ikkje tema for TSM. Tilslutning til TSM blir dermed ikkje noko hinder for å halde fram norsk praksis. Dei har ei rekke kriterier for at urfolk skal vere konsulterte og innblanda i beslutningsprosessen, men ikkje noko krav om å avlyse eit gruveprosjekt dersom urfolka seier nei trass alle forsøk frå gruveselskap på å oppnå «social licence for mining». Tar vi utgangspunkt i den mest omstridde gruveplanen akkurat no, Nussir i Kvalsund, vil denne stryke på to hovudsaker i forhold til IRMA, men klare å kjøre slalåm gjennom TSM sitt regelverk. Her ligg kjerna i Norsk Bergindustri sitt val.

Korleis har så TSM fungert i Canada? Det har eg ikkje fått gjort noko grundig undersøking av, men eg syns konklusjonen i eit vitskapelig artikkel i Journal of Cleaner Production seier sitt: «voluntary initiatives in and of themselves should not be expected to replace the comprehensive regulatory responsibilities historically provided by government.»1 Med andre ord: Det er ikkje forsvarlig å overlate reguleringar av mineralutvinninga til næringa sine eigne organisasjonar, det er fortsatt behov for at statane tar ansvar for regulering.

Internasjonalt finst det minst eit tjuetal initiativ med sikte på å forbetre praksisen innafor mineralutvinning og/eller sette godkjenningsstempel på noverande praksis. Her må vi nøye oss med dei to nemnde.

Innafor Noreg er det ikkje utvikla noko tilsvarande regelverk. På SINTEF sin workshop om overskotsmassar og deponering 08.05.2012 hadde ein representant for konsulentselskapet Sweco eit innlegg om «Verktøy for en samfunnsansvarlig og bærekraftig bergindustri».[20] Der blei det lansert ideen om å lage ei handbok for beste praksis for bergindustrien i forhold til naturmangfold og landskap. Da det hadde gått tre år, tenkte eg at handboka burde vere ferdig, så eg skreiv til Sweco for å få boka så eg kunne presentere og vurdere denne. Svaret var at Sweco har vald å legge handboka på is. Idéen var kanskje for god – til å kunne sameine med Norsk Bergindustri sitt forsvar for sjødeponi som hovudmetode og Sweco si eiga rolle som utgreiar for bl.a. Nussir ASA.

Politisk vilje?

Dersom mineralutvinninga i verda skal slutte å vere eit trugsmål mot både miljø, næringar og ressursar for framtida, trengst det ein kraftig snuoperasjon. Er det i dag politisk vilje til det blant dei styrande i Noreg og andre land? I nokre få land finst det tendensar, som at El Salvador og Tsjekkia har lagt ned forbod mot gullutvinning. I ein del fattige land forsøker styresmaktene å få kontroll over eiga mineralutvinning, men har da ikkje bare gruveselskapa mot seg, men og gjerne statane der desse selskapa er registrerte. Når det gjeld dei største gruvelanda, som Canada, Australia, Kina, Brasil og USA, er det dessverre svært lite positivt å melde. Kanadiske og australske styresmakter held fram å støtte opp om gruveselskapa registrert i desse landa og deira herjingar rundt i verda. I Brasil og USA har forholda i seinare år gått i feil retning. Begge landa fikk ved siste val presidentar som vil fjerne alle avgrensingar på gruveindustrien og la denne få gå laus på inngrepsfrie naturområde og urfolksområde og drive med dei mest miljøskadelige driftsmåtane.

Frå EU er det nokre signal om ein betre gruvepolitikk, men det er lite verknad å sjå i praksis. Da er ønsket om tilgang på råvarer og prinsippet om fri etableringsrett overordna. Dei EU-landa som satsar mest på utvida gruvedrift, Sverige og Finland, er også blant dei mest investeringsvenlige og mest opne for nye gruver som skaper store miljøproblem.

Som hovudregel må vi dessverre konstantere at prinsippa om miljøvenlig gruvedrift og fornuftig bruk av ressursane bare gjeld så lenge det ikkje rammar eigne økonomiske interesser. Dei fleste land fordømmer sjødeponi. Det kan dei gjøre fordi det ikkje rammar dei sjølv. Landa som har sjødeponi, derimot, forsvarer dette aktivt, og ingen så aktivt som Noreg.

I Noreg står alle dei dominerande partia bak mineralstrategien, som er ein strategi for å prioritere auka utvinning over miljøet. Sjølv om nokre parti etter kvart har gått mot delar av strategien, som sjødumping, har ingen av dei partia som har vore i regjering der markert nokon klar alternativ mineralpolitikk. Dei einaste som har gjort det eit stykke på veg, er to små parti som aldri har vore i regjering og som for tida har ein stortingsrepresentant kvar. Det store fleirtalet av politikarar stiller seg òg bak at Oljefondet er ein viktig finansieringskjelde og støttespelar for den internasjonale mineralindustrien.

Er det så internasjonale organ som fremmer ein annan politikk overfor mineralutvinning? Innafor FN er det ei mengde organ. Nokre er bekymra, som UNEP som fryktar ressurssituasjonen framover, mens andre står for full støtte til gruveselskapa si framferd, bl.a. gjennom det FN-oppnemnde ISA som styrer konsesjonar for gruvedrift på havbotn. Verdsbanken gir både politisk og økonomisk støtte til dei store gruveselskapa og fremmer aktivt privatisering og svekka statlig kontroll. WTO har som oppgåve å fremme handel over landegrensene og nekta Kina å halde igjen på leveransar av sjeldne jordmetall av miljøomsyn. Dessverre blir konklusjonen at det i dag ikkje finst internasjonale organ som har tatt mineralindustrien si rasering, forgifting og ressursran på alvor og forsøkt å peike ut ein veg ut av uføret.

Kan kritikken vinne fram?

I dei aller fleste land som dei siste tiåra har hatt gruvedrift av noko omfang, har det og vore protestar, mot gruver som har vore i drift eller mot planar om nye. Mye av protestane er heilt lokale og konkrete, med krav til ei bestemt gruve eller nei til etablering av denne. Samtidig har det i fleire land vakse fram miljø som samlar og spreier informasjon om gruvespørsmål på verdsbasis, som Mining Watch basert i London, Canada og PNG. Nokon verdsomfattande organisasjon for ein alternativ gruvepolitikk finst enno ikkje, men nokre av dei meir allmenne miljøorganisasjonane har i seinare år lagt meir vekt på gruvespørsmål.

Denne motstanden og opplysningsverksemda har, i lag med mange folk sine negative røynsler med gruver i nærmiljøet, bidratt til at gruveindustrien internasjonalt har fått eit svært dårlig rykte og har eit stort og aukande behov for å forklare og forsvare seg. Dette har så langt gitt lite reelle endringar i praksis, men synlige endringar i språkbruken. Taktikken er å forsøke å avvæpne kritikken med å stjele orda og omgrepa deira. Aldri har gruveindustrien snakka så mye som no om bærekraft, ansvarligheit og grøne mineral for fornybar energi. Det finst ikkje det gruveselskap som ikkje omtalar seg sjølv som «sustainable», det kan verke som bruken av store ord er proporsjonal med skaden dei gjør. Når gruveindustrien må ty til «grøne» argument for å forsvare seg, viser det at dei er på defensiven.

I hovudtrekka er det i praksis framleis «business as usual». Protestar har bidratt til at ei rekke planlagte gruver ikkje har kome igang, eller i alle fall at oppstart er utsett, men det er ofte vanskelig å avgjøre når protestar har stoppa ein gruveplan og når det er økonomiske vurderingar og finansieringsvanskar som ligg bak.

Ser vi på Noreg kan vi slå fast at kritikk og kamp har så langt bidratt til:

I Sverige har Arne Müller oppsummert at motstandskampen har hindra fleire økologiske og økonomiske katastrofer, fordi han har hindra gruver som ville kunne blitt like økologisk katastrofale som Blaiken eller like økonomisk katastrofale som Pajala. Ei rekke gruvesøknadar har fått utsett behandling og ligg i regjeringa som ein verkebyll. Hadde det ikkje vore for protestane ville desse for lengst vore i drift.

Dialog eller konfrontasjon?

I første bind av Gull, gråstein og grums spurte eg i samband med ei svært aktuell gruvesak i Noreg, Nussir i Kvalsund, om det var mogleg med konsensus gjennom dialog, eller om det måtte ende med konfrontasjon. Da eg skreiv dette var det fortsatt eit ope spørsmål der, men etter fire år synest det som konsensus ikkje lenger er noko aktuelt alternativ. I skrivande stund ventar framleis regjeringa si endelige avvising av klagane på driftskonsesjon, men alt tyder på at styresmaktene vil gi selskapet løyve å drive på billigaste og mest skadelige måte og at konfrontasjonen derfor er uunngåelig.

I eit tidligare kapittel i denne boka drøftar eg røynslene frå Finland, der det i vel fem år har vore eit organisert samarbeid mellom gruvenæring, miljøorganisasjonar og styresmakter, og der alle desse partane ønsker å halde fram med det. Der blei dette mogleg fordi ein i Finland nettopp hadde hatt ei stor gruvekatastrofe, og alle såg at noko alvorlig måtte gjørast, både for å redusere miljøskader og ikkje minst rette opp gruvenæringa sitt renommé. Til samanlikning har ikkje noko tilsvarande vore prøvd i Sverige eller Noreg, og det ser heller ikkje ut å vere særlig aktuelt. Trass i eit visst samarbeid har ein heller ikkje i Finland lukkast i å oppnå «sosial aksept» for mange av dei nye gruveprosjekta, og striden held fram både om desse og om prinsippa i ny minerallov.

Frå mange gruveselskap og organisasjonane deira har det vore lagt stor vekt på dialog med andre interesser og med folk som er skeptisk til gruvedrifta. I Noreg hadde frå 2010 dei tre mest aktuelle gruveprosjekta i Finnmark ein viss suksess med dette, med at dei fikk oppretta intensjonsavtalar med Sametinget og reindriftsinteresser, men samarbeidet kom knapt i gang før det fall saman. Som glansbilde for selskapa hadde det likevel ein verknad så lenge det varte.

For motstadarar og skeptikarar mot gruveprosjekt har spørsmålet om dialog vore vanskelig. På eine sida kan ein vanskelig seie nei til dialog. Vi må jo kunne snakke saman og legge fram vårt syn, tenker dei. Spørsmålet er om det er ein likeverdig dialog. Gruveselskapet har, om ikkje uendelig med pengar, så alltid nokre millionar som motparten ikkje har. Dei har og ein geologisk, gruveteknisk, kjemisk og juridisk kompetanse som motparten ofte verken har sjølv eller har råd å betale for. Og ikkje minst: Om ein ikkje blir samde, er det statsforvaltninga som har det avgjørande ordet. Den som kan forvente støtte frå staten vil klart stå sterkast i dialogen, og som vi har vist i bind 2, har forvaltning og regjering så langt i all hovudsak stått på gruveselskapa si side. Da er det ikkje lett å argumentere med verken naturvern, fiske eller samisk kultur.

Dei same spørsmåla om dialog eller kamp ser vi igjen over heile verda. Tidligare i denne boka har vi vist korleis ICMM har framstilt seg som forkjemparar for ein bærekraftig gruvepolitikk. Gruveselskap har i mange tilfelle forsøkt å knytte til seg miljøorganisasjonar og framtredande personar frå desse. Eit av dei største kuppa gjorde Rio Tinto da dei i 1996 rekrutterte ein tidligare framtreiande leiar i den britiske avdelinga av Friends of the Earth som spesialrådgivar. I Noreg har miljøstiftelsane Bellona og Zero i stor grad bidratt med sine råd, og blitt belønna for det.

Ein framtredande representant for det internasjonale konsulentkonsernet Control Risks brukte å seie til kundane sine at så lenge dei klarte å sikre dialog med kritikarane sine, så ville dei vinne. Men om dei møtte folk som ikkje ville kompromisse, da hadde dei eit problem. Kanskje verd å tenke over for miljøvernarar som trur dei kan påverke gruver gjennom dialog.

Finst det grøne gruver?

I seinare år har uttrykket «grøne gruver» eller «grøn gruvedrift» blitt populært. Det er brukt av miljøvernarar, av offentlige institusjonar og av gruveselskap. Men kva legg dei som brukar uttrykket i det? Finst det grøne gruver? Og er det i det heile mogleg?

La oss sjå på nokre eksempel på korleis uttrykket blir brukt. Eg skal her la sitata tale for seg sjølv og lesaren avgjøre kva som har eit reelt innhald, og kva som er spel for galleriet,

A. Om gjenvinning

Nokon brukar «grøne gruver» som eit uttrykk for gjenvinning av metall, slik som gruveselskapet med det innbydande namnet Green Tecnology Solutions::
«Grøn gruvedrift er ei bærekraftig tilnærming til den effektive bruken av avfall til å gjenvinne mineral utan vidare øydelegging av jorda. Også vidt kjent som urban mining, GTSO’s fokus på grøn gruvedrift er prosessen med å ta kasserte gjenstandar og bryte dei ned til bitar som kan brukast om igjen.»[22]

B. Om energiforsyning

«En vindpark vil gjøre det mulig for oss å utvikle Sydvaranger til å bli en «grønn» gruve, selvforsynt med energi fra en fornybar kilde, samtidig som vi får ny verdiskaping i et uproduktivt område.»[23]

Sitatet er uttalt av teknisk direktør ved Sydvaranger Gruve

C. Om kjemikaliebruk

Ei oppfinning av ein metode for utvinning av gull med bruk av bakteriar i staden for cyanid eller kvikksølv i patentsøknaden presentert som «grøn gruvedrift».[24]

D. Om «grøne» metall

Nokre metall og mineral blir spesielt mye brukt i produksjon av fornybar, «grøn» energi, som solceller og vindturbinar. Nokre hevdar da at dette gjør desse metalla «grøne».

«Med tanke på måten dei er brukt teknisk, er dei sjeldne jordmetalla rekna som miljøvennlige samband og blir vanligvis rekna til kategorien «grøne metall». ... Nye teknologiar kan hjelpe til å løyse problem forårsaka av CO2 og tungmetall frå kol i atmosfæra. Med dei enorme mengdene av energi frå thorium og sjeldne jordmetall vil det vere mogleg å unngå ørkenspreiing. Sjøvatn kan bli avsalta og brukt til drikkevatn og jordbruk.»[25]

E. Som generell frase

Når NGU presenterer visjonane sine heiter det: «Utvikle grønn gruvedrift, som minimerer miljøpåvirkningene og sikrer bærekraft.»[26] [27] Denne setninga har blitt ei samla frase, som brukast av representantar for NGU.

Det kanadiske statlige organet som tilsvarar NGU har sett i gang eit initiativ for grøn gruvedrift. «The Green Mining Initiative (GMI), under leiing av Natural Resources Canada (NRCan), bringer saman forskjellige aktørar for å utvikle grøne teknologiar, prosessar og kunnskap for bærekraftig gruvedrift. GMI har som mål å utvikle innovative energi-effektive teknologiar som trengst for gruvedrift for å etterlate bare reint vatn, rehabiliterte landskap og sunne økosystem. Det har som mål å forbetre gruvesektoren sin påverknad på miljøet, å fremme innovasjon i gruvedrift og å posisjonere gruvesektoren til Canada som den globale leiar i grøn gruvedriftsteknologi og praksis.»[28] Målsettingane er det ingen ting å seie på, men korleis får dei dette til å rime med at landet samtidig set i gang ei gigantisk utvinning av olje frå tjæresand i urfolksområde?

Finland har også store ambisjonar på dette området og med Green Mining Programme, skal Finland bli «Global leiar i den bærekraftige bruken av mineralressurser»[29]

F. Som ein prosess med innhald

Nokre brukar «grøn gruvedrift» om konkrete tiltak for å redusere miljøskadane. Blant dei er professor Józef Dubiński, direktør ved Głowny Instytut Górnictwa eller Hovudinstituttet for gruvedrift i Katowice i Polen:
«Grøn gruvedrift» er eit slagord, som i dag blir brukt svært ofte i mange gruveland i verda. Etter mi meining uttrykker dette uttrykket viljen til folk som styrer gruveselskap og som bryr seg om naturmiljøet, som under påverknad av gruvedrift har blitt utsett for større eller mindre endringar. Det kan framstå ved slik planlegging og prosjektering samt realisering av gruvedrift, for å avgrense dei negative verknadane så mye som råd. Det er ikkje mogleg å gjennomføre gruvedrift som ikkje vil påverke miljøet. I dag er «grøn gruvedrift» eit nøkkelelement for balansert utvikling av gruvedrift, spesielt viktig for samfunnsmessig akseptering av gruvedrifta. «Grøn gruvedrift» er å bry seg om miljøet i vatnet, lufta og overflata i brei forståing av dette ordet. Eksempel på «grøn» kolgruvedrift er i dag mange. Til dei hører bl.a. utnytting av metan som kjem fram under utvinninga. Denne er kjelde til rein energi, og samtidig drivhusgass over 20 gongar meir aktiv enn CO2. Eit anna eksempel er utnytting av gruveavfall til rekultivering og tilbakeføring av terrenget til næring og turisme. Det er spesielt tydelig i område der det er avslutta uttak av brunkol. Særlig viktig blant miljøproblema er samfunnsperspektivet. Det er jo folk – innbyggarar– som skal vurdere, om gruvedrifta er «grøn», eller framleis «svart». I dag forventar innbyggarane i område som er utsett for påverknad av gruvedrift raske reaksjonar frå gruveselskapa i tilfelle skader, og gjensidig kommunikasjon om forskjellige spørsmål i forholdet mellom gruve og innbyggarar.[30]

G. Ungdommens røst

Til sist vil eg sitere frå eit innlegg som inspirerte meg til å samle desse sitata om "grøne gruver". I det samiske ungdomsmagasinet Š skreiv dengang 12 år gamle Heaika Wuolab Wollberg refleksjonane sine over kampen om gruver i Sverige:[31]

Grøne gruver

... Eg vil skrive om grøne gruver. Kva er det? Grøn gruve? Kva er grøne gruver?

Grøne gruver er gruver som har så mye uran at dei lyser grønt! Men den grøne fargen blir sett på som god, ikkje sant, og med tanke på miljøet blir derfor ei gruve kalla grøn som ikkje øydelegg naturen. Vi seier at uran er farlig, men likevel er vi klare til å forureine for andre på grunn av dette. I Gállok var det folk som demonstrerte mot gruveselskapet som ville grave og finne det grøne gullet. Dei hadde stilt opp ein konstruksjon som folk kunne stå på og med denne hadde dei stengt vegen, men kva hendte så? Politiet kom og arresterte motstandarane og hogde ned konstruksjonen, sjølv om det var folk som sto på denne!

Og kva sa gruveselskapet?! Det sa «vanlige folk bør forstå at gruveselskap gir meir pengar enn det reindrift og turisme kan skape i arbeidsplassar». Det er kanskje sant, men likevel! Og det som blir igjen er giftige vatn, øydelagte landområde og skogar og lufta forureina av røyk og andre skitne lukter og gifter, og KVEN skal rydde etter gruvene? Skogeigarane! Og eg veit dette fordi at der som eg bur er det eit stort gruveselskap som graver etter gull i skogen vår. No har dei allereie lenge grove og laga kunstige vatn og forgifta dei, det er ikkje til å tru. Og gifta har rent ut i to andre elver i området: Paubäcken og Norrbäcken.

Virkelig, har vi ikkje lært noko av Tsjernobyl-ulukka? Og no sit de og tenker, er det ikkje anna enn folk som har gjort litt feil, og at det er det som er problemet. At vi lar eit menneske drive atomkraftanlegg er det same som at vi lar ein fireåring fly jumbojetfly – det kan ikkje gå bra.

Og den som blir å rydde opp dette i framtida, er eg. Eg må rydde etter gruver, forgifta vatn og elver. Eg er den som må passe på at forureininga ikkje spreier seg. Og det er eit skittent arbeid og sikkert også ubetalt arbeid for samfunnet. Og vil eg så det? Slipp eg unna det? Kan eg allereie no, som 12-åring, nekte og sleppe unna det som samfunnet i dag bestemmer at er løysinga for økonomien vår? Kva er bra for naturen vår? Kva er løysinga for busettinga vår og kulturen vår? Eg er framtida si gruvevakt. Takk for meg!

Åtte bod for god gruvedrift

Også i framtida vil vi ha gruver. Ein del av dei vi har vil halde fram, nokre gamle vil bli gjenoppstarta og heilt nye vil bli sett i gang. Røynslene frå langvarig gruvedrift rundt i verda er at det ikkje er nok å appellere til gruveselskapa om å bli miljøvenlige. Dei nyttar dei sjansane dei får til å drive så billig som råd. Skal dei ta omsyn til natur og tryggleik må dei bli tvunge til det av lovverk og forvaltning eller påverka gjennom økonomiske verkemiddel.

Når eg her foreslår åtte krav til gruver, er det derfor ikkje i første rekke ei oppmoding til gruveselskapa, men forslag om at dette skal ligge til grunn for den reguleringa som statar og internasjonale organ må ha av mineralutvinninga i verda. Dette er i første rekke krav som bør oppfyllast før det blir gitt løyve til å sette i gang nye gruver. Så langt råd bør desse krava også tilpassast for gruver som allereie er i gang.

1. Behov

Det må vere eit reelt behov for minerala. Det er ikkje nok å seie som Norsk Bergindustri at dersom det er etterspørsel er det behov. Omlag halvparten av gullet i verda er lagra i bankkvelv som investeringsobjekt. Om dette blir frigjort vil ein dekke det industrielle behovet for gull i svært mange år framover. Samtidig er gullkjeldene stadig fattigare, og det må takast ut fleire hundre tusen tonn masse for kvart tonn gull. Det kan derfor ikkje forsvarast å gi utvinningsløyve for gruver der gull vil vere hovudproduktet. Tilsvarande kan seiast om diamantar. Det bør heller ikkje opnast for gruver etter mineral som vesentlig blir brukt til militære formål og atomkraft, som niob og uran..

2. Utnytting

Vi må kunne utnytte mesteparten av det som blir tatt ut av berget. Det er aldri slik at berg inneheld bare eitt nyttig mineral. Når vi først bryt ut berg er det eit så stort inngrep i naturen at vi må nytte det som blir tatt ut i den grad det er mogleg, sjølv om det isolert sett ikkje er profitabelt for gruveselskapet. Dette bør naturlig komme inn som eit av krava ved tildeling av driftskonsesjon.

3. Langsiktig drift

Det må vere sannsynlig at gruva kan gi langsiktig drift med økonomisk overskot eller i balanse. Det er vanskelig å spå om mineralprisane framover, men dei vil heilt sikkert gå opp og ned. Mange gruver er sett i gang på marginale ressursar når prisane har vore på topp, slik at det har vore svært lite å gå på. Så går dei konkurs med ein gong prisane går ned, arbeidarar som har etablert seg på gruvestaden blir arbeidslause og det blir ikkje rydda etter gruva utan at staten tar utgiftene. Å sette i gang ei gruve er ikkje bare eit dristig og risikabelt tiltak for eigaren, men også for samfunnet og miljøet. Styresmaktene som skal gi løyve til drift bør derfor og gjøre ei vurdering av det økonomiske grunnlaget.

4. Andre næringar

Gruva må ikkje fortrenge eller øydelegge grunnlaget for eksisterande næringar. Gruvedrift varar i dei fleste tilfelle mindre enn ein generasjon. Fiske, jordbruk og reindrift er næringar som kan drivast i hundrevis av år framover, så sant ikkje naturgrunnlaget er øydelagt. Det må derfor vere eit krav for å gi løyve til gruvedrift at denne ikkje øydelegg fiskebestandar og fiskeplassar, jordsmonn for jordbruk eller beiteområde for husdyr og rein. Om ikkje det lar seg sameine bør gruva ikkje få løyve.

5. Naturen

Gruva må ikkje føre til varig vesentlig svekking av naturen i området. Alle gruver er naturinngrep, men gruver må planleggast slik at inngrepa blir minst mogleg og at det er mogleg å tilbakeføre området til naturen etter drift. I dei fleste tilfelle vil det bety krav om underjordsdrift og at det som blir tatt ut i størst mogleg grad blir utnytta og evt. rester tilbakeført i gruva, samt at alle inngrep på overflata skal rettast opp ved landskapsforming og revegetering.

6. Forvaltninga

Det offentlige godkjennings- og kontrollapparatet må sjå det som si oppgåve å ta vare på natur og biologisk mangfald, og sørge for at lovene blir overheldt og ikkje uthola. Dette kan virke sjølvsagt, men slik er det ikkje i Noreg i dag. I organ som Direktoratet for mineralforvaltning og Miljødirektoratet trengst det ei grunnleggande haldningsendring og trulig også i stor grad utskifting av leiing og saksbehandlarar, slik at desse organa blir det dei skal vere: kontroll- og overvakingsorgan, ikkje organ for å gi gruveselskapa alle dei løyva dei ber om.

7. Avgifter

Gruveselskapa må betale avgifter av alt dei tar ut og av alt avfall/avgang dei slepp ut. Dette vil vere den sterkaste motivasjonen dei kan få til å drive meir ressursøkonomisk og mindre miljøskadelig.
Skatte- og avgiftssystemet må og vere slik at det sikrar inntekt til lokalsamfunn og regionar.

8.Lokal nektingsrett

Gruvedrift må bare bli tillatt der dei som blir berørte av inngrepa har gitt løyve. Noreg har i dag, i motsetning til bl.a. Sverige og Finland, langt på veg ein slik nektingsrett for lokale styresmakter, med at plan- og bygningslova krev kommunal godkjenning av reguleringsplan. Eit slikt kommunalt nei kan likevel alt for lett overkjørast av sentrale styresmakter.

Ein nektingsrett for kommunale organ er likevel ikkje alltid nok, fordi dei kommunale organa representerer fleirtalsbefolkninga og ofte ikkje urfolksinteresser. Inngrep i urfolk sine bruksområde i form av gruvedrift skal i følge internasjonal folkerett ikkje skje utan av dei berørte folka har gitt «fritt og informert samtykke». For å oppfylle dette trengst ei endring av minerallovgivinga både i Noreg, Sverige og Finland. Eit tiltak her kan vere forslaget til mindretalet i minerallovutvalet, at i samiske bruksområde må det ikkje bli tildelt undersøkings- og utvinningsrett utan godkjenning av Sametinget.

Avslutning

Med dette har tida kome for forfattaren av denne bokserien til å seie takk for seg. Gjennom fire bind har eg prøvd å gi eit kritisk bidrag til debatten om gruvedrift og om korleis denne blir forvalta i Noreg og internasjonalt.

Eg undrar meg kva ettertida vil seie til at norske styresmakter på den tida denne boka blei skrive ga si velsigning til gruver der bare ein liten promille eller prosent av det som blir tatt ut skal brukast, mens resten skal dumpast på havet til skade for livet der og menneska som lever av det. For få år sidan kom det ut ei bok med tittelen Skammens historie[32], om skammelege hendingar i norsk historie. Dagens mineralpolitikk vil vere ein sterk kandidat til eit framtredande kapittel i Skammens historie bind 2.

Eg vil vone at boka bidrar til debatten om kva som må endrast og kva alternativet bør vere. Vi treng ein mineralstrategi der målet om få den mest miljøvennlige gruvedrifta i verda ikkje bare er ei frase, men blir ein realitet. Det krev at vi gir avkall på andre mål i dagens strategi, som at Noreg skal vere meir attraktivt for dei internasjonale gruveselskapa sine investeringar enn Finland, Kongo og Papua New Guinea.

Det er ikkje bare i Noreg at det trengst ein grunnleggande endring i gruvepolitikk og gruvepraksis. Gruvepolitikken er heller ikkje noko isolert øy i forhold til resten av samfunnet. Han heng nært saman med forvaltninga av vassressursar, jordbruksland, naturområde og ikkje minst olje- og gassressursar. Han er ein del av eit system som set kortsiktig økonomisk vinning for nokre få over dei langsiktige interessene av eit godt livsmiljø for framtida. Korleis vi skal få retta opp det er eit større spørsmål enn eg tar mål av meg til å svare på i denne boka. Men etter å ha studert gruveindustrien si framferd over heile jorda har eg kome til at svært mye tyder på at forfattaren som eg siterte aller først i boka også har rett i denne konklusjonen: «Vårt økonomiske system går ikke overens med naturlovene. Og det er ikke naturlovene vi kan endre.»[33]

Fotnotar

[1] http://www.responsiblemining.net/
[1a] https://www.worldbank.org/en/news/press-release/2019/05/01/new-world-bank-fund-to-support-climate-smart-mining-for-energy-transition
[2] Ugo Bardi: Extracted – How the Quest for Mineral Wealth Is Plundering the Planet. Chelsea Green Publishing 2014
[3] Recycling Rates of Metals A Status Report. International Resource Panel. Gjengitt etter Müller: Elbilen och jakten på metallerna.
[4] Dette er henta frå Arne Müller: Elbilen och jakten på metallerna, s. 145. Der blir det hevda at gjenvinningsgraden for desse metalla er under 1 %, men det er nok ikkje heilt aktuelt, i alle fall ikkje for litium.
[5] «Waste is, in fact, the main product of mining.» Lyon, Hilliard, Bethell: Burden of Gilt. The legacy of environmental damage from abandoned mines, and what America should do about it. Mineral Policy Center. 1999. http://www.earthworksaction.org/files/publications/REPORT-Burden-of-Gilt.pdf
[6] http://www.sintef.no/Projectweb/minforsk/Moter/Workshop-Mineralske-overskuddsmasser-og-deponering--Trondheim-080512/
[7] https://www.tu.no/artikler/yara-kjoper-gruveavfall-foredles-til-rastoff/350967
[8] http://www.sintef.no/globalassets/project/minforsk/documents/workshop-mineralsk-overskuddsmasse/3-fra-avgang-til-produkt---en-lang-vei-a-ga-del-1---frank-prieseman.pdf
[9] Per Helge Høgaas: Overskuddsmasser fra mineralindustrien – anvandelse eller deponering? Mineralproduksjon 3-2013.
[10] https://www.tu.no/artikler/yara-kjoper-gruveavfall-foredles-til-rastoff/350967
[11] «a natural, cost-effective and environmentally friendly process»
http://www.talvivaara.com/files/talvivaara/Presentations/Talvivaara_Technical_Seminar_London_May_Presentation.pdf
[12] http://en.wikipedia.org/wiki/Talvivaara_Mining_Company
[13] http://www.selectivefragmentation.org/pdf/publications/2012Mineral-Eng-SELFRAG-liberation-comparison.pdf
http://selfrag.ch/pdf/publications/2011-Minerals-Eng-SELFRAG-Preweakening.pdf
[14] http://selfrag.ch/mining-examples.php
[15] http://www.sediment.uni-goettingen.de/seminar/selfrag/selFrag-Flyer.pdf
[16] Marek Cała (red:) Mining Waste Management in the Baltic Sea Region. Min-Novation project. Wydawnictwo AGH 2013 «...mining waste is most often seen only as an environmental problem and in no way a resource. To move away from a one-sided view of mining waste, a life-cycle approach, which recognises that value can be recovered from waste and re-introduced into the product cycle is of the essence. It cannot be stressed enough that mining waste is a source of secondary raw materials, the use of which helps to protect the natural mineral deposits for future generations.»
[17] https://www.ltu.se/ltu/media/news/LTU-blir-centrum-for-nordisk-gruvforskning-1.98677
https://www.ltu.se/cms_fs/1.160420!/file/NordMin%202013%E2%80%932017.pdf
[17a] «Minimising and mitigating the risk of adverse societal and environmental impact of mining and extraction.» ... «Socially sustainable, acceptable and attractive mining industry and regions»
[18] https://www.sintef.no/siste-nytt/renser-gruvevann-uten-kjemikalier/
[18a] «But it is a complex and intensive process that can impact the physical environment, such as through the loss of habitat or contamination of water, and affect local communities’ social and economic lives, such as through displacement of livelihoods or cultural impacts.»
[18b] «The Standard serves as the basis of a voluntary system offering independent third-party assessment and certification of environmental and social performance measures at industrial-scale mine sites around the world.»
[19] https://tem.fi/en/article/-/asset_publisher/suomi-ja-ruotsi-haluavat-kaivosalalle-kestavien-mineraalien-sertifikaatin
[19a] IRMA Standard June 2018 . 4.1.8.1.: «At the present time, mine sites using riverine, submarine and lake disposal of mine waste materials will not be certified by IRMA.»
[19b] https://mining.ca/towards-sustainable-mining>https://mining.ca/towards-sustainable-mining
[20] http://www.sintef.no/globalassets/project/minforsk/documents/workshop-mineralsk-overskuddsmasse/6---verktoy-for-samfunnsaansvarlig-og-barekraftig-bergindustri---karel-grottjans.pdf
[21] https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/36613/Bjoennes.pdf?sequence=4
[22] http://www.gtsoresources.com/green-mining-101.html (Denne nettadressa fungerer ikkje lenger.)
«Green mining is a sustainable approach to the efficient use of waste to recover minerals without further damaging the earth. Also known widely as urban mining, GTSO’s Green Mining focus is the process of taking discarded devices and breaking them down into useable pieces once again.»
[23] http://www.tromskraft.no/portalWeb/ShowProperty.pdf?nodeId=/BEA%20Repository/224001
[24] https://www.patentstyret.no/Public/EPpatenter_validerte/2013/klasseC/EP2271781.pdf
[25] http://www.ree-mining.com/«Due to the nature of technical applications, REE’s are considered as environmental friendly compounds and are commonly associated within the «green metals» category. ... New technologies can help to solve problems caused by CO2 and heavy metals from coal in the atmosphere. With the enormous quantities of energy from thorium and Rare Earth Elements it would be possible to prevent the spread of deserts. Sea water can be desalinated and used for drinking water and agriculture.»
[26] http://www.ngu.no/upload/Arrangement/NGUdagen2013/foredrag/II-10-Smelror2-NGUdagen2013.pdf
[27] http://www.framtidensgruvochmineral.se/wp-content/uploads/2013/02/Jan-Cramer.pdf
[28] https://www.nrcan.gc.ca/mining-materials/green-mining/8178
«The Green Mining Initiative (GMI), under the collaborative leadership of Natural Resources Canada (NRCan), brings together various stakeholders to develop green technologies, processes and knowledge for sustainable mining.
GMI targets the development of innovative energy-efficient technologies required for mining to leave behind only clean water, rehabilitated landscapes and healthy ecosystems. It aims to improve the mining sector's environmental performance, to promote innovation in mining and to position Canada's mining sector as the global leader in green mining technologies and practices.»
[29] http://erawatch.jrc.ec.europa.eu/erawatch/opencms/information/country_pages/fi/supportmeasure/support_0060
«Global leader in the sustainable utilization of mineral resources».
[30] "Zielone górnictwo” to hasło, którym dzisiaj posługuje się bardzo często wiele górniczych krajów na świecie. Według mnie, to wyraża ono wolę ludzi zarządzających górniczymi firmami w zakresie troski i dbałości o środowisko naturalne, które pod wpływem działalności górniczej ulega w większym lub mniejszym stopniu określonym zmianom. Ma to przejawiać się w takim planowaniu i projektowaniu oraz realizacji działalności górniczej, aby jej negatywne skutki maksymalnie ograniczyć. Niemożliwe jest prowadzenie działalności górniczej, która nie będzie oddziaływać na środowisko. Dzisiaj „zielone górnictwo” to kluczowy element zrównoważonego rozwoju górnictwa, niezwykle ważny z punktu widzenia społecznej akceptacji działalności górniczej. „Zielone górnictwo” to dbałość o środowisko wodne, powietrze i powierzchnię w szerokim rozumieniu tego słowa. Przykładów „zielonej” działalności górnictwa węglowego jest dzisiaj wiele. Należą do nich m.in. pozyskiwanie i utylizacja metanu wyzwalającego się podczas eksploatacji. Jest on źródłem czystej energii, a zarazem gazem cieplarnianym ponad dwadzieścia razy bardziej aktywnym niż dwutlenek węgla. Inny przykład to zagospodarowanie odpadów górniczych i pogórniczych, polegające na rekultywacji i przywracaniu terenom pogórniczym nowych gospodarczych i turystycznych. Jest to szczególnie widoczne na obszarach zakończonej eksploatacji odkrywkowej złóż węgla brunatnego. Niezwykle ważny spośród problemów środowiskowych jest aspekt społeczny. Wszak to ludzie – mieszkańcy – oceniają, czy górnictwo jest „zielone”, czy też nadal „czarne”. Dzisiaj mieszkańcy terenów narażonych na wpływ działalności górniczej oczekują szybkiej reakcji ze strony przedsiębiorców górniczych w przypadku zaistnienia szkód, a także partnerskiej komunikacji w różnych kwestiach w ramach relacji kopalnia – mieszkańcy.
http://e-czytelnia.abrys.pl/index.php?mod=tekst&id=15097 .
[31] Š nr. 74 – 2014. Omsett frå samisk av forfattaren. (Legg inn originaltekst her)
[32] Sigmund Aas: Skammens historie. Cappelen 2014
[33] Anja Røyne, https://anjaroyne.net/2018/09/22/fysikken-mot-okonomien/