Sommaren 2013 starta eg arbeidet med å lage ei bok og ein nettstad om gruvespørsmål. I den samanheng byrja eg å leite i eige minne og i arkivet mitt etter kva røynsler eg no hadde med gruver og mineralnæring. Ettersom eg skreiv dette ned, blei det med litt redigering til denne lille epistelen. | ![]() Fra besøksgruva i Sulitjelma, 1994. Forfattaren skimtast i bakgrunnen, bak tre polske turistar; Janusz Jaskulski, Ela Rzechuła og Aldona Jaskulska.
|
Eg har aldri vore verken gruvearbeidar, gruveingeniør eller geolog. Det har så langt eg veit heller ingen av slektningane mine, og ikkje har eg verken vakse opp eller i lengre tid budd i eit lokalsamfunn dominert av gruvedrift. Likevel har eg gjennom åra kome bort i gruver og konsekvensar av gruver ved ei rekke tilfelle. Eg trur ikkje historia mi er så spesiell, men kanskje ho kan få lesaren å tenke over sine eigne møte med gruver og mineralutvinning og kva denne verksemda har betydd og kan bety framover, både på godt og vondt.
Eit par mil frå Bolvik, i Grasdalen i Melum, skal det etter sagnet ha vore ei stor sølvgruve. Det blei sagt at "Kalven er på Kongsberg, men kua i Grasdalen"[2]. Både på 1800-talet og heilt til 1960-åra blei det leita her, men ingen har klart å finne igjen dei påståtte sølvforekomstane. Sjølv kom eg heller ikkje lenger enn å dra på speidartur her og det vi såg var vel helst restar etter dei mislukka forsøka på å finne igjen sølvgruva.
Eg vaks opp på ein stad som heiter Gråtenmoen. Om ein går ned bakken frå Gråtenmoen mot Skienselva, kjem ein til Gråten. Og det namnet kjem av gamalnorsk "grjot" for stein. Her var i gamal tid hamn med blant anna utskipingsplass for ei viktig eksportvare frå 700-talet og framover, brynestein frå Eidsborg i noverande Tokke kommune. Brynesteinsbrytinga tok slutt omtrent på den tida eg blei fødd, etter å ha halde på i omlag 1200 år. Kanskje den lengste produksjonstida for nokon bedrift i Noreg? Så mineralnæringa kan også ha langsiktige arbeidsplassar!
![]() | ![]() |
Bolvik jernverk sin hovudbygning (Foto: Svein Lund) |
Brynesteinar frå Eidsborg (øvst) og Dividalen i Troms (nederst), begge på Tromsø museum (Foto: Svein Lund) |
![]() | ![]() |
Glasergruva ved Ulvsvatn nær Skien var grunnlaget for Fossum jernverk (Foto: Svein Lund) |
Informasjonsskilt om Geopark, Steinvika ved Langesund, 2013 (Foto: Svein Lund) |
![]() |
Grop på Bykleheia, trulig brukt til kolmile i samband med framstilling av jern frå myrmalm (Foto: Åse Dalene Vinje) |
Ut på vinteren dro klassa vår på ekskursjon til gruva, der vi fikk ei grundig omvisning. Vi var langt nede i underjordsgruva, vi såg på flotasjonsanlegget, på verkstaden og på bu- og velferdsvilkåra for gruvearbeidarane. Det var tydelig at bedriften la stor vekt på å informere oss, som dei såg på som ei potensiell rekrutteringskjelde. Vi blei også spurt om vi var interesserte i å søke sommarjobb, og eg var ein av dei som slo til på det. Alt var klart til at eg skulle byrje der når skolen slutta i juni, men midt i juni kom meldinga om at produksjonen ville bli stansa til kopparprisane betra seg, og derfor ville det ikkje bli tatt inn sommarvikarar i det heile. Det var slutten på det gruveeventyret i den omgangen. For meg slutta det før det hadde begynt, for dei som hadde fått arbeid i gruva ved oppstarten, varte arbeidsplassane i 5-6 år.
Mens eg gikk på skolen i Guovdageaidnu i 1974/75 gikk fjernsynsfilmen "Ante", der far til hovudpersonen måtte slutte med reindrift for å byrje som gruvearbeidar. Det byrja å demre for meg at gruva ikkje bare var interessant teknologi og viktig arbeidsplass. Eg fikk og ein liten snev av medalja si bakside. Vi hørte litt om konfliktane mellom reindrift og gruva, sjølv om det ikkje var så mye eg fikk med meg den gongen.
Forøvrig hadde vi ein fin skoletur nedover Sverige, med besøk i bl.a. Luleå der vi fikk inntrykk av kva som er bygd opp som resultat av gruvene i Kiruna, nemlig malmhamn og stålverk. Men til Kiruna kom vi ikkje.
I mellomtida hadde eg søkt meg vidare på skole, på maskinmekanikarlinja i Kirkenes. Hadde denne kome igang, ville eg vel trulig deretter ha endt opp på Noregs største gruvearbeidsplass, A/S Sydvaranger. Men slik gikk det ikkje, for denne linja kom ikkje igang det året, og eg hamna i staden på andrevalet mitt, maskinarbeidar på Hammerfest yrkesskole. Frå denne skolen var vi igjen på gruvebesøk, i Repparfjord gruver i Kvalsund. Igjen ei grundig omvising for elevar som bedriften såg som potensiell framtidig arbeidskraft. Men før vi var ferdig på skolen var allereie utsiktene for bedriften usikre og året etter stansa det heilt etter bare 7 års drift. Eg hamna da i staden som mekanikar i fiskeindustrien, men det er ei anna historie.
![]() | ![]() |
Bidjovagge gruver, 1975 (Foto: Svein Lund) |
Repparfjord gruver, 2006 (Foto: Svein Lund) |
![]() | ![]() |
Streikande gruvearbeidarar samlar inn pengar, London, desember 1984 (Foto: Svein Lund) |
Stand med sal av plakatar m.m. for gruvearbeidarstreiken, London, desember 1984 (Foto: Svein Lund) |
I 1985 blei eg invitert til å besøke kjentfolk på Svalbard, og sjansen kom året etter, da eg hadde permisjon frå fiskeindustrien for å gå teknisk fagskole. Det var ikkje noko billig reise, men eg fikk avtale med Klassekampen om at eg skulle skrive ein artikkelserie, så dekka dei reisa. Noko honorar utover det var det ikkje snakk om, men for meg var det nok. Eg var vel 10 dagar på Svalbard og det blei 11 artiklar. Eg fikk blant anna komme heilt inn i gruvegangen og intervjue gruvearbeidarar og fotografere dei i arbeid. Eg intervjua den einaste kvinnelige gruvearbeidaren, skreiv om Store Norske som styrte heile lokalsamfunnet, om fagforeninga, om arbeidsmiljø og helseproblem, om barnehagen, om utsiktene til kolproduksjon framover og om forholdet til Sovjetunionen. Det eg derimot ikkje gjorde, var å stille spørsmål ved sjølve kolproduksjonen. Det var ikkje eit aktuelt tema i 1986, i alle fall ikkje for meg. 23 år seinare, da regjeringa la fram ei Svalbardmelding, som la opp til fortsatt kolproduksjon, protesterte Naturvernforbundet mot at Noreg skulle halde fram med å produsere kol som forureina og bidro sterkt til klimaendringane. Først da byrja eg å stille spørreteikn ved heile grunnlaget for gruvedrifta på Svalbard.
Men tilbake til 1986. Svalbardturen ga meirsmak, og eg kunne godt tenke meg å arbeide der, om ikkje i sjølve gruva, så på verkstaden. Eg søkte og, men det var det mange som gjorde, og utdanninga mi var vel litt på sida av det dei trengte, så det har ikkje blitt meir Svalbard på meg.
![]() | ![]() |
Frå gruvegangen i Gruve 3, Longyearbyen (Foto: Svein Lund) |
Det var trangt å trekke kablar innover gruva når det bare var 60 cm mellom heng og ligg. (Foto: Svein Lund) |
Eg har til saman hatt eit forhold til Sydvaranger i fem roller: Som frilansjournalist i peroden 1986-88, som fagforeiningsaktivist under streiken i 1986, som ferievikar i 1988, som lærar på klassebesøk i 1993 og som miljøaktivist omlag 20 år etterpå. I dei fire første rollene spela miljøspørsmåla liten rolle. I den grad ein da snakka om miljøspørsmål i samband med Sør-Varanger, var det svovelforureininga frå Nikel som bekymra, utslippa frå Sydvaranger til luft og vatn blei det snakka lite om. Da bedriften starta opp igjen i 2008, blei derimot utslippa til sjøen ei stor sak både for kommunen og for miljørørsla, i tillegg til at det blei oppretta ein eigen folkeaksjon mot forgifting av Bøkfjorden.
![]() | ![]() |
Frå gruva i Bjørnevatn. Dette bildet er tatt da eg var der med klassa mi i 1993. (Foto: Svein Lund) |
Etter at fagforeninga tapte kampen mot innskrenkingar på Sydvaranger i 1986, sette dei opp denne minnesteinen utafor verket.med teksten: "Til minne om arbeidsplassene i Sør-Varanger. Avgått ved stortingsproposisjon nr. 44, 1986". Bildet er tatt i 1988 og på steinen sit daverande tillitsvalde Halle Mikkelborg og Charles Mortensen. (Foto: Svein Lund) |
I ettertid kan ein spørre korleis skolen formidla kunnskap om mineralnæringa, både slik eg var med på det som elev og seinare som lærar. I alle dei tilfella eg var med på besto undervisninga om gruver stort sett i bedriftsbesøk, der lærarane overlot til bedriftane sine representantar å fortelle det dei ville og vise det dei ville. Noko kritiske spørsmål kan eg ikkje hugse det kom fram, f.eks. om utslepp av giftige stoff til naturen. På skolen blei det undervist i naturfag, med både biologi og kjemi, men dette blei ikkje kopla saman med det vi såg under bedriftsbesøka i gruver og mineralforedling. Ei tid blei det til og med innført Miljølære som tverrfaglig emne i vidaregåande skole, utan at det hjalp noko i denne samanhengen.
Da eg gikk på yrkesskolen såg både vi elevar og mineralnæringa det slik at det kunne bli aktuelt for oss å jobbe der i framtida. Men da vi kom ut på arbeidsmarknaden var det ikkje lenger noko særlig aktuelt alternativ, og eg veit ikkje om nokon av medelevane mine hamna i den næringa. Annleis skulle det bli for neste generasjon, for elevane våre på 1980- og 90-talet. Sjølv om det i denne tida gikk nedover med mye av mineralnæringa i Noreg, blei det heile tida drive mineralleiting, og denne skulle også gi lokale arbeidsplassar. I Guovdageaidnu er det to leiteselskap, som begge i dag har mine tidligare elevar i leiinga. Dei driv dels lokalt, dels tar dei oppdrag lenger borte. Leiting gir jo mindre naturskadar enn drift, men også leitinga har ført til betydelige skader på finnmarksnaturen. I media har det vore fleire oppslag både om korleis Nussir har fore fram i fjella ved Kvalsund, Rio Tinto Zink ved Karasjok og Arctic Gold ved Biedjovággi. Eg veit ikkje i kva grad desse boreselskapa i Guovdageaidnu har vore med her, men eg må i ettertid stille spørsmålet: Kva gjorde skolen for å lære dei samanhengen mellom miljølæra og korleis vi må opptre i naturen?
![]() | ![]() |
På klassetur på Steinsliperiet i Alta (Foto: Svein Lund) |
Boka mi om jernarbeid i samisk tradisjon |
Mens eg jobba som lærar i mekaniske fag forsøkte vi å kople faga saman med samisk tradisjon, bl.a. laga vi knivar, reinbjeller, skinnskraper og andre bruksgjenstandar. Som ei vidareføring av dette skreiv eg under studiet i læremiddelpedagogikk 2002/03 prosjektoppgåve som seinare blei til boka "Ruovdebargu sámi árbevierus / Jernarbeid i samisk tradisjon" (Davvi Girji 2009). Under arbeidet med denne forsøkte eg å finne ut i kva grad det har vore metallutvinning og metallbearbeiding i samiske område. Her er enno mye historie som i liten grad er forska på. Ein førebels konklusjon er at det i store delar av det samiske busettingsområdet har vore vanlig med samiske smedar, men sjølve jernproduksjonen ser det ut til at andre har stått for. Ofte har det vore samar som har funne malm, som dei har vist til representantar for storsamfunnet. Men det er andre som har overtatt og drive fram malmen, og samane som fann malmen har ofte tapt meir enn dei har vunne.[3] I samiske område i Noreg er det bevart lite minne etter eldre gruvedrift, så eg har også reist litt rundt i Sør-Noreg og Sverige for å finne eksempel på levningar etter jernvinner i jernalderen, gruvene på 1500-talet og jernverka frå 1500- til 1800-talet.
![]() |
Minne frå to generasjonar av jernframstilling: T.v. rester etter blesteromn, Tromsø museum. T. h. masomn frå Masugnsbyn, Nord-Sverige (Foto: Svein Lund) | ![]() |
Etter kvart hadde det likevel kome fram andre sider ved saka, som gruvene si påverknad på samfunnet og naturen. Gruvene, og ikkje minst prosessane som følgde med, som flotasjon, smelteverk, jernverk osv. førte til stor forureining, nokre saker blei landskjende, som smeltehytta i Sulitjelma, Jernverket/Koksverket i Mo i Rana og Falconbridge nikkelverk i Kristiansand. Det kom og fram at for lengst nedlagte gruver framleis gir avrenning som forureingar vassdraga. I Finnmark merka vi i første rekke forureininga frå nikkelverket rett over grensa til Russland. Sjølv fikk eg oppleve dei skremande verknadane ved reise gjennom Nikel og Zapolarnyj i 1989, og året før fikk eg sjå på nært hald korleis forureininga hadde ramma norsk side i Sør-Varanger. Eg fikk og mitt første møte med sjødeponi på nært hald, da eg gikk på grunn med båt midt i Langfjorden, som var nesten heilt tetta igjen med avgang frå Sydvaranger.
Dei første artiklane eg skreiv om forureininga frå gruver eller mineralforedling gjaldt begge Nikel, i 1988 og 1989.
Både Norges geologiske undersøkelser (NGU) og forskjellige private norske og internasjonale selskap har heile tida halde på og leita etter mineral i Finnmark, og av og til har det dukka opp artiklar i avisene om lovande funn. Men mye av denne aktiviteten foregikk utan at dei fleste visste om det. Dei som gikk i fjellet kunne møte på mystiske geologar med merkelige apparat, og det kunne vere vanskelig å få ut av dei kva dei eigentlig dreiv med. Noko allmenn folkeopplysning hadde verken gruveselskapa eller NGU noko interesse av. På 1980-talet var det i første rekke frilansjournalist John Gustavsen som skreiv i aviser og tidsskrift om kva som foregikk, og eg hugsar eg var på eit møte der han heldt innlegg om mineralleitinga på vidda. Dessverre har eg ikkje klart å finne igjen noko notat frå møtet eller når det var.
Sjølv skreiv eg to artiklar om mineralleiting i 1993, først om Diamantleiting, så om Rio Tinto Zink i Karasjok.
![]() | ![]() |
Nikkelverket i Nikel sett på nært hald, 1989. (Foto: Svein Lund) |
Fuglar på gruveavgang, Langfjorden i Sør-Varanger, 1988. (Foto: Svein Lund) |
Våren 2008 skreiv eg mitt første innlegg i Finnmarksaviser om gruvespørsmål, det var knytta til gruveplanane i Kvalsund. Perspektivet var enno mest arbeidsplassar og samerett, ikkje naturøydeleggingane.
Eg hadde no nokre år vore medlem av Naturvernforbundet, men ikkje særlig aktiv. Men hausten 1988 braka det laus ein debatt om Naturvernforbundet sin politikk i Finnmark, og her klarte eg ikkje å la vere å engasjere meg. Det blei lagt merke til av folk i fylkesstyret, som klarte å få meg med på å gjenopprette lokallaget i Guovdageaidnu. I mangel av andre kandidatar måtte eg ta på meg leiinga. Dei første par åra var vi ved sida av motorferdsel mest opptatt av nasjonalparkar og andre verneplanar, samt samisk naturbruk. Fram til og med årsmeldinga for 2010-11 er ikkje gruvesaker nemnd. Årsmøtereferatet 2011 seier derimot at "lokal mineralutvinning" skal vere eit av fire priorterte arbeidsområde. Neste årsmelding seier at i praksis var det Biedjovággi-saka som blei prioritert. Og denne saka har sidan vore blant dei viktigaste for lokallaget. Vi har deltatt på minst tre opne møte eller seminar som andre har arrangert i Guovdageaidnu om gruvespørsmål, og Biedjovággi og gruver har vore tema på to medlemsmøte og to opne møte arrangert av lokallaget. På det første møtet av dei opne møta hadde vi henta inn Mads Løkeland frå Naturvernforbundet som foredragshaldar, på det andre møtet var det tre lokale innleiarar. I tillegg har vi frå lokallagsstyret sendt høringsuttalelse til planprogrammet.
Frå våren 2011 har eg skrive ei rekke innlegg om gruvespørsmål, om mineralleitinga på vidda, om Biedjovággi, Repparfjord og om gruvedrift meir generelt. Nokre av innlegga skreiv eg for eiga rekning, andre for lokallag eller fylkeslag i Naturvernforbundet. Ein del av desse innlegga har eg skrive både på norsk og samisk. I tillegg har eg på Naturvernforbundet sine nettsider laga ei samanfatting av Biedjovággisaka.
Da kommunestyret i 2012 sa nei til planprogrammet for Biedjovággi gruver, gikk ein representant for eit av boreselskapa til avisa og sa at no måtte dei sende alle tilsette til arbeidskontoret. Burde eg kanskje enno ein gong støtte kampen for arbeidsplassane?
![]() | ![]() | ![]() | Frå det gamle gruveområdet i Biedjovággi, 2006 (Foto: Svein Lund) |
Eg har og fått høve til å vere med på fleire andre interessante møte om gruver i nord, som
Kunnskapsinnhenting for mineralnæringa Tromsø 2012 og
Innsigelsesmøte i Kvalsund 2013.
I samband med den internasjonale urfolkskonferansen i Alta 2013 var eg med og arrangerte ein
demonstrasjon.
![]() | ![]() |
Frå demonstrasjonen foran kommunehuset i Kvalsund. Frå venstre: Fabrice Caline, Annie Henriksen og Marion Palmer. (Foto: Basia Głowacka) |
Etter møtet på kommunehuset dro møtedeltakarane rundt Repparfjorden på befaring. Men demonstrantane følgte etter i bil og heldt opp plakatar overalt der bussen stoppa. Nr. 2 frå venstre i bildet Nussir-direktør Øystein Rushfeldt. (Foto: Svein Lund) |
![]() | ![]() |
Frå demonstrasjonen i Alta (Foto: Svein Lund) |
Frå demonstrasjonen i Alta. I forgrunnen ein kunstinstallasjon, som vi fikk låne til demonstrasjonen. Den er laga av den svensk-samiske kunstnaren Anders Simma. Bak denne står Laila Somby Sandvik, Annie Henriksen og Ellen Anne Hætta. (Foto: Hugo Reinert) |
Våren 2013 fikk eg vere med på møte for oppretting av finnmarksaksjon mot forgifting frå gruver. Der blei det blant anna snakka om behovet for å få fram meir informasjon om gruvespørsmål på prent og på internett. Slik kom eg på tanken om å skrive ei bok. Det starta eg med sommaren 2013. Noko av det første eg gjorde var å skrive denne lille epistelen, som så blei liggande fordi eg ikkje fann bilda til han, og så blei han glømt bort.
I dei 2 1/2 åra som eg no har samla stoff om gruver, har eg hatt høve til å besøke ei rekke nedlagte og igangverande gruver, både i Noreg, Sverige og Finland. Eg har lese bøker, leita i gamle avisutklipp og snakka med gruveingeniørar, gruvedirektørar og gruvearbeidarar, geologar med og utan formell utdanning, forskarar, miljøaktivistar, byråkratar og politikarar, juristar og økonomar. Eg har sett at det ikkje er så mange som har gjort dette, og at det eg har sett og funne ut kanskje kan vere verd å formidle vidare.
Desse røynslene har ikkje gjort meg til "gruvemotstandar", slik tilhengarane av omstridde gruveprosjekt gjerne kallar oss som har innvendingar mot planane deira. Men det eg har sett som ligg igjen (eller renn ut frå) nedlagte gruver, den pågåande forureininga frå igangverande gruver og den forureininga og naturraseringa som vil følgje med planlagte gruver, har fått meg til å trekke den konklusjon at det er svært mye som manglar på at vi har ein forsvarlig politikk for mineralutvinning i Noreg. I løpet av bokserien som eg no skriv på vonar eg å kunne føre kritikken vidare til også å vise konstruktive alternativ. Kanskje vi i staden for "gruvemotstandar" burde innføre ordet "gruvereformator"? Men første føresetninga for ein reform i miljøvenlig retning er at vi set foten ned og seier nei til gruveprosjekt som i staden for å rette opp gamle feil fører inngrep og forureining opp på eit høgare nivå enn nokon gong før.
Første bind av "Gull, gråstein og grums – 1" kom ut sommaren 2015. I januar 2016 kom ei bokmelding i Geo365. Her skreiv bokmeldaren at boka "skjemmes av forfatterens generelle skepsis til bergindustrien". Ja, tenkte eg, eg har vel kanskje etter kvart utvikla ein generell skepsis, ikkje til bergindustri som sådan, men til den praksisen som har vore og til dei planane ein ser no. Denne skepsisen har eg ikkje alltid hatt, han er utvikla i møte med den reelt eksisterande bergindustrien i Noreg og kunnskap om dei planane investorar og politikarar har for denne industrien framover. Men skjemmer det boka, eller er det bergindustrien som skjemmer ut seg sjølv?
Da eg leste denne bokmeldinga, var det eg kom på at eg hadde jo liggande eit uferdig manus om mine eigne røynsler med mineralnæringa. Kanskje på tide å gjøre det ferdig og legge det ut. Og hermed er det gjort.
[1]
Til startsida
Gjone, Toralf: Solum bygds historie 1, 1965.
[2]
[3]
[4]
[5]