gruve.info

Nettstad om gruver og mineralutvinning, særlig om verknadane for miljøet.

Til startsida

Svein Lund:

Gruvetur i Sverige / Finland

Rapport frå studietur arrangert av nordiske naturvernorganisasjonar

Bakgrunn – Kven og kvifor?

Nordkalotten er eit av dei mest ettertrakta områda i verda for utvinning av verdfulle mineral. Her finn vi 95 % av jernmalmutvinninga i EØS-området, her er største gullgruva og største koppargruva i Europa. Her er drift på bl.a. skifer, nefelinsyenitt, kvartsitt, kvarts, grafitt, tellur, sølv og sink. I tillegg er det planar om utvinning av bl.a. bly, diamantar, dolomitt, uran og sjeldne jordmetall.

Tre representantar for Naturvernforbundet i koppargruva i Aitik i Gällivare: f.v. Kjerstin Uhre, Helene Børsting og Geir Jørgensen.
(Foto: ?)

Gruppebilde

På skogstur i Rompas, Finland, der det er planlagt gull- og urangruve. Frå venstre: Geir Jørgensen, Kjerstin Uhre, Matilda Månsson,,Nils Viklund, ? Kotijärvi, Svein Lund, Magnus Strømseth, Marja Tuominen, Jonas Rudberg, Helene Børsting og Lasse Tuominen.
(Foto: Magnus Strømseth)

Noreg, Sverige og Finland har alle i løpet av dei siste åra utvikla mineralstrategiar som skal gjøre det attraktivt for dei internasjonale gruveselskapa å satse i desse landa, og mesteparten av satsinga skjer i nord. Strategien er at gruveselskapa sine interesser kan overkjøre alle andre som har interesse i bruk av områda og sørge for at miljøkrav ikkje skal kunne stoppe mineralutvinninga.

I kvart av landa er det starta eller forsøkt starta ei rekke gruver dei siste åra. Og i kvart av landa har gruver og gruveplanar blitt møtt med motstand. Vi kan nemne Biedjovággi, Repparfjord, Sydvaranger, Nasafjell og Ljøsenhammaren i Noreg, Gállok og Rönnbeck i Sverige, Utsjoki og Rompas i Finland. Vi som har protestert mot gruver på kvar vår plass har etter kvart hørt litt om kvarandre. Gállok-aktivistar har vore på turne i Noreg, i Utsjok har motstandsrørsla bestått av folk frå begge sider av grensa, og eit par svenske og finske miljøvernarar deltok på Naturvernforbundet sin gruvekonferanse i Guovdageaidnu november 2013. Likevel har vi visst for lite om kvarandre og kvarandre sine utfordringar med gruver og gruveplanar.

Dei tre søsterorganisasjonane Naturvernforbundet, Naturskyddsföreningen og Suomen Luonnonsuojeluliitto ønska å styrke samarbeidet gjennom ei felles studiereise til gruver i nord, og denne blei gjennomført 10.-14.05.2015. Vi var fem frå Noreg og tre frå Sverige som gjennomførte heile turen og i tillegg deltok ein frå Sverige og til saman seks frå Finland på delar av aktivitetane. Dei aller fleste deltakarane var busette i eller hadde tilknyting til dei nordlige delane av landet. Frå Noreg deltok nordnoregssekretær i Naturvernforbundet, eit medlem frå kvar av fylka i Nord-Noreg og ein representant for Natur og Ungdom. Frå Sverige deltok gruveansvarlige i Naturskyddsföreningen sentralt, länssekretæren for Västerbotten og eit medlem frå Luleå, som arbeider med gruvesaker som jurist. Länssekretæren for Norrbotten var med på delar av arrangementet i Finland. Der traff vi og fem andre naturvernaktivistar, blant dei leiar for lokallaget. På turen til Kittilä hadde vi og med ei som arbeider med gruvespørsmål i Rovaniemi, og representerer naturvernet i "Sustainable Minings Group".

Gällivare – Det største deponiet

Rein

Alle gruvene og gruveplanane vi såg på er i reinbeiteområde.
(Foto: Magnus Strømseth)

Nattoget Stockholm–Narvik er i rute, men like etter meldinga om Gällivare om tio minuter bremsar toget opp og stoppar ei kort stund før det kjem ny melding over høgtalaren: "Årsaken att vi stannade var några renar på spåret. Men nu har dom flytt sig så vi kan köra vidare".

Ingen veit kor mange tusen rein som ikkje nådde å flytte seg for dei toga som har frakta folk og malm her sidan malmbanen Luleå – Gällivare blei innvigd i 1888 og vidare til Narvik i 1902. Sidan har malmtoga gått. No går dei med jernmalm frå Kiruna, Svappavaara og Malmberget til stålverket i Luleå og hamna i Narvik, med kopparkonsentrat frå Gällivare til smelteverket i Rönnskär. I to år frakta malmvognene også jernmalmen frå Northland Resources si gruve i Pajala frå Gällivare til Narvik, inntil denne gruva sette ny nordisk rekord i fjor med ein konkurs på 14 milliardar kroner.

Mining Capital

Frå flyplassen i Gällivare, Lappland Airport. Her ser vi ei skjematisk framstilling av dei to store gruvene i Gälllivare kommune: LKAB si underjordsgruve i Malmberget og Boliden sitt dagbrot i Aitik.
(Foto: http://www.panoramio.com/photo/23748450)

Så trillar vi inn på Gällivare stasjon. The mining capital of Europe. Intet mindre. Den gamle stasjonsbygnaden husar no Turistinformationen, med ei flott utstilling over Världsarvet Lapponia, som er ei samanslåing av ei rekke nasjonalparkar og naturreservat med namn som Muddus, Sarek, Sjuonja og Padjelantta. Utstillinga fortel om livet i Laponia, frå mygg til elg og om livet til reindriftssamane som har levd og lever av naturen her. Dei første nasjonalparkane blei oppretta tidlig på 1900-talet og i 1996 fikk området status som internasjonal verdsarv på UNESCO si liste. Heile utstillinga er gjennomført trespråklig merka: lulesamisk, svensk og engelsk.

I motsetning til dei fleste tilreisande skal vi ikkje dit, men til ein attraksjon i motsett retning. Når vi har kjørt ei mils veg i retning mot Luleå, ser vi på høgre side store åsar av stein. Det er litt av gråberget frå den gruva vi skal fram til. Snart svingar vi av og står foran porten til den største koppargruva i Europa.

Frå presentasjonen ved Aitikgruva. "Sveriges största och världens mest produktiva koppargruva". Det er kanskje sant dersom ein måler i tonn malm, men knapt om ein måler i produsert koppar. Dei kunne like godt ha sagt: "Den koppargruva i verda som produserer på den fattigaste malmen".
(Foto: Magnus Strømseth)

Boliden skryt av at Aitik er Sveriges største arbeidsplass målt i areal. Skal tru om ikkje dei som brukte området før, nemlig reindrifta, brukar større areal? Men Aitik kan i alle fall seiast å vere ei av Sveriges største naturraseringar.
(Foto: Magnus Strømseth)

Mottakinga er det ingen ting å seie på. Vi blir tatt i mot av tre representantar for Boliden, som først orienterer om konsernet og gruva. Boliden er eit nordisk gruvekonsern med fokus på koppar, bly, sink, gull og sølv, har fem gruveområde og fem smelteverk, og har "Fokus på hållbar utveckling". Godt å vite.

Vi får vite at namnet på gruva, Aitik, er eit samisk ord som på svensk tyder "forrådsbod". På norsk ville vi kalla det eit stabbur. Namnet fortel at dette området i uminnelige tider har vore spiskammeret til samane her. Her har dei gjeta rein, fiska, jakta, plukka bær og andre vekster. Heilt til gruva kom. Kva som skjedde med dei opphavelige brukarane av området etter at gruva starta i 1968 får vi ikkje høre noko om.

Ved utsiktspunktet står dette oppslaget med snitt gjennom Aitikgruva. Her ser vi korleis ein har tenkt å utvide brotet på begge sider, kor fattig malm ein har tenkt å fortsette å drive på og at ein vil måtte ta ut enorme mengder med gråberg.
(Foto: Magnus Strømseth)

Frå utsiktspunktet kan vi sjå langt ned i gruva, der ein dumpar har starta på vegen oppover med full last, mens fire andre ventar på å få fyllt opp lasteplanet. To bormaskinar borar hol for neste sprenging.
(Foto: Nils Viklund)

Vi blir kledd opp med gruveklede for besøkande og bussa inn på området. Om ikkje lenge kjem vi fram til eit utsiktspunkt der vi kan sjå ned i sjølve gruva. Det er bare enormt. For første gong ser eg noko som får Sydvaranger Gruve sine dagbrot i Bjørnevatn å bli små i samanlikning.

I løpet av snart femti år har holet blitt 420 meter djupt, omlag ein km breitt og 3 km langt. Her er tatt ut langt over ein milliard tonn med stein, fordelt på gråberg og kopparmalm med gjennomsnittlig 0,2 % koppar. Knapt nokon stad i verda blir det drive koppargruver på så låg konsentrasjon. Malmen er så kjørt gjennom oppreiingsanlegget og har kome ut som omlag ein prosent kopparkonsentrat og 99 % avgang. Når det da blir tatt ut omtrent like mye gråberg som malm, vil det seie at bare 0,1 % av bergfangsten blir utnytta.

Hovudgruva i Aitik er eit dagbrot som er nesten 3 km langt, omlag 1 km breitt og 420 meter djupt.
(Foto: Nils Viklund)

Langt der nede ser vi maskinane, boremaskinar, lastemaskinar og dumparar som kjører malmen til grovknusaren som er plassert halvvegs nede i gruva. Derifrå går malmen på transportband opp til oppreiingsanlegget med finmaling og flotasjon.

Lasteskuffa kan ta 80 tonn, og normalt går det fire slike skuffer for å fylle opp ein dumper.
(Foto: Magnus Strømseth)

Dimensjonane er enorme, frå vassflata opp til toppen er det 420 meter.
(Foto: Magnus Strømseth)

Så blir vi kjørt ned i gruva, og først no byrjar dimensjonane for alvor å gå opp for oss. Dumparane som vi møter har med fullt lass ei totalvekt på over 500 tonn, og gigantiske lastemaskinar treng bare tømme lasteskuffa tre gongar før lasteplanet er fullt. Eit lite tut og dumparen kjører av garde og den neste er straks på plass.

Når ein har klart å drive lønsamt på så fattig malm, er forklaringa stordrift og effektivitet. Boliden hevdar at dei har verdas mest effektive koppargruve. Men det er målt i arbeidstimar pr. tonn malm, ikkje pr. tonn ferdig koppar. På grunn av lågt kopparinnhald i malmen, ville nok ei berekning ut frå kopparmengda gitt eit noko dårligare resultat.

Det er enorme dimensjonar over maskinane i Aitikgruva. Denne dumperen kan ta ei last på omlag 300 tonn malm.
(Foto: Geir Jørgensen)

Når dumperen har fått full last, kjører han avgarde i ei støvsky.
(Foto: Geir Jørgensen)

Det er eit grovknuseanlegg oppe på kanten av gruva og eit anna nede i gruva.
(Foto: Nils Viklund)

Dumparen tømmer malm i knuseanlegget.
(Foto: Magnus Strømseth)

Utsikt over transportbandet og avgangsdeponiet.
(Foto: Nils Viklund)

Frå grovknusaren går malmen på eit 7 km langt transportband til dette enorme malmlageret ved oppreiingsverket.
(Foto: Geir Jørgensen)

Oversikt over Boliden sitt gruveanlegg i Aitik.
(Illustrasjon: Boliden)

Vidare går ferda vår opp til oppreiingsanlegget, som ligg på ei høgde, med utsikt over deponiet for avgangsmassen. Vi blir nærast mållause når vi ser utover, og minnest at nokon har skrive noko om å stå ved bredden av uendelighetens hav. Langt der borte på andre sida av dette havet kan vi skimte eit tårn. Det hører til jerngruva i Malmberget, det må altså vere omlag ei mil dit. Men i mellom oss og Malmberget er det meste ein gråbrun graut, som dekker alt som ein gong har vore her av vatn, elver, myrer og skog. Deponihavet dekker omlag 20 km2, og om det enno ikkje inneheld fullt ein milliard tonn masse, vil ein snart komme opp i dette talet. Verken hundre års utslepp frå Sydvaranger eller planlagte utslepp til Førdefjorden kjem opp i ein tredel av denne enorme massen.

Det var ein gong ein skog. Aitik har til no beslaglagt omlag 30 km2 av skogen og gjort om til gruve, deponi og vegar.>
(Foto: Nils Viklund)

Deponiet til Aitik er som ein nesten uendelig hav.
(Foto: Nils Viklund)

Gjennom slike rør går kvar år 30–40 millionar tonn avgangasmasse ut i det enorme deponiet. Det er omlag 10 gongar meir utslepp enn frå Sydvaranger, som har det største utsleppet i Noreg så langt.>
(Foto: Magnus Strømseth)

Sånn vil vi ikkje ha det hos oss, seier Magnus Strømseth frå Natur og Ungdom og Geir Jørgensen frå Naturvernforbundet.
(Foto: Svein Lund)

Aldri har vi sett det tydeligare illustrert at "The main product of mining is waste".Men kan ikkje dei 99,9 % brukast til noko? Så langt har ikkje Boliden gjort bruk av det, og på spørsmål får vi til svar at det "för närvarande" heller ikkje er planar om det. Vi tenker vårt om Boliden sin fokus på "hållbar utveckling" når vi kjører tilbake til Gällivare.

Frå Aitik fikk vi med oss nokre fine brosjyrer og nokre nummer av Boliden Magazine. I nr.4-2014 står det ein artikkel under tittelen "Tillasmmans för en bättre värld". Her forteljast det at Boliden no startar välgörehetsfonden Bcause, som skal støtte prosjekt innafor "barn- og ungdomars hälsa och utveckling, sund och säker arbetsmiljö, miljö och naturvård". Innafor det siste formålet nemner ein spesielt å "skydda skogar och hav". Når vi tenker på kor mange kvadratkilometer med skog som er rasert for å gi plass til gruve og deponi ved Aitik, er det ikkje vanskelig å forstå Boliden sitt behov for litt avlat.


Gamalt pumpetårn i Malmberget.
(Foto: Nils Viklund)

Gropen har tatt store delar av Malmberget, og enno større delar av byen må evakuerast framover.
(Foto: Nils Viklund)

Gällivare og Malmberget er ein slags dobbeltby, som går over i kvarandre. Mens det eine namnet er ei forsvenska form av det samiske Jiellevárri, er Malmberget eit av dei få stadnamna i Norrbotten av klart svenskspråklig opphav, i lag med Masungsbyn. Namna fortel at den opprinnelige folkesetnaden var samisk og finsk, det svenske kom i første rekke med gruvedrifta. Her har vore brote jernmalm sidan 1741. Den første tida blei malmen frakta med rein til jernverket i Melderstein i Råne älvdal, ein strekning på omlag 175 km. Frå 1888 har malmen blitt frakta med malmtog til Luleå og seinare Narvik. Det er statseigde LKAB som har jerngruvene i Malmberget.

Midt i Malmberget er det eit enormt hol i bakken, som går under namn av Kaptensgropen eller bare Gropen. No er det gjerda inn så vi ikkje skal gå ut på kanten og falle ned. Det starta som ei underjordsgruve, som etter kvart blei for stor og for nær overflata, inntil det heile blei så usikkert at det blei sprengt ut. Her var så mye malm at det blei overordna alt anna og for å kunne utvide Gropen, samt ha ein sikker sone rundt, måtte atskillige hus flyttast. No er det planar for å flytte enno fleire boligområde.

Malmberget har verdas nest største underjordiske jerngruve, men vi skal vidare til den aller største, bare 13 mil unna, der det no er starta ei liknande flytting, i enno større målestokk

Kiruna – Den største gruva

Dei to mest karakteristiske bygga i Kiruna er stadshuset og kyrkja. Begge ligg i området som må fråflyttast. AvStadshuset vil bare tårnet bli flytta, mens ein vil bygge nytt rådhus. Derimot er planen å flytte kyrkja, som er bygd rundt 1910. Bildet er tatt frå LKAB ved Kirunavaara.
(Foto: Svein Lund)

Kiruna skal flyttast og ein har allereie starta å rive dei husa som er nærast til gruva.
(Foto: Svein Lund)

Når vi kjører inn i Kiruna kjører vi forbi rekkehus som tydelig er under nedriving. Den store flytteplanen har starta. I løpet av 15–20 års tid vil sentrum og store delar av Kiruna by vere fråflytta og omgjort til ein "gruvpark". Nokre få kilometer lenger borte skal det byggast eit heilt nytt sentrum. Det vil koste nokre milliardar, men den store malmkroppen som ligg rett under Kiruna by kan vere verdt det.

Luossavaara–Kirunavaara Aktiebolag blei starta i 1890. LKAB var frå starten eit privat selskap, men blei overtatt halvt av den svenske staten i 1907 og heilt i 1957. Namnet til "Bolaget" er etter to fjell, som begge var rike på jernmalm og derfor ser ingen av dei lenger ut som dei ein gong gjorde. Begge fjellnamna er kryssingar av samiske førsteledd og finsk andreledd og fortel om dei to språka som her har langt lengre ansiennitet enn riksspråket.

Slik illustrerer LKAB malmkroppen som ligg skrått ned frå Kirunavaara, slik at ettersom ein går djupare ned kjem ein etter kvart inn under byen.
(Foto: Geir Jørgensen)

Dette kartet over Kiruna viser sonen der grunnen er eller vil bli usikker, og som derfor må fråflyttast.
(Foto: Geir Jørgensen)

Luossavaara sett fra parkeringsplassen til LKAB ved Kirunavaara. Vi ser at fjellet er kløyvd i to av dagbrot etter jernmalm.
(Foto: Svein Lund)

Hovudkontoret til LKAB ligg like ved Kirunavaara med sin karakteristiske trappetrinnsform etter bergbrytinga
(Foto: Magnus Strømseth)
Kirunavaara. I seinare år har ein byrja å fylle ut gråberg i fjellsida.
(Foto: Magnus Strømseth)

I Luossavaara var det drift 1920–195?. I 1910 sprengte ein bort toppen av Kirunavaara, for så å starte dagbrot som har etterlate eit fjell med store trappetrinn på sidene, og ei stor grøft i bakkant. På 1950-talet gikk ein over til underjordsdrift, og gruva åt seg lenger og lenger ned. Malmkroppen som kom ut i dagen på Kirunavaara, er den største kjente jernmalmklump i verda. Han er omlag fire kilometer lang, opptil 80 meter tjukk og står skrått nedover i bakken som ei plate i 60 graders helling, som går minst 2000 meter nedover. Han ligg slik til at jo lenger ein kjem ned, jo nærare kjem ein under Kiruna by. Når malmen blir tatt ut, gir berget over etter og gradvis sviktar grunnen under byen. I gruva under Kirunavaara reknar ein nullpunktet som det som ein gong var toppen av fjellet. No blir det brote på nivå rundt –1000 m. Derifrå blir malmen styrta ned til –1325 meter, der han blir lasta og kjørt opp. Kor langt ein kan fortsette nedover er det ingen som veit, men ein reknar med drift enno i fleire tiår.

På kafe i LKAB si besøksgruve, omlag 500 meter under jorda-
(Foto: Geir Jørgensen)

Gruppebilde

I LKAB si besøksgruve i Kiruna. Frå venstre: Svein Lund, Jonas Rudberg, Helene Børsting, Matilda Månsson, Magnus Strømseth,Nils Viklund og Geir Jørgensen.
(Foto: LKAB)

Også på LKAB blir vi godt mottatt. Eit profesjonelt team på fire damer tar oss med ned på – 500 m, der bolaget har si besøksgruve. Den reelle drifta får vi ikkje sjå, men vi er da godt under jord og i gruvegangar som har vore i bruk før turistinformasjonen overtok med store lysplansjer etter veggane og eiga kantine. Her får vi sjå film og får orientering om drifta i Kiruna og i resten av konsernet, om gruver og gruveplanar i Svappavaara, Malmberget og Mertainen. LKAB har heile 6 pelletsverk, og det aller meste av jernmalmen blir seld som pellets, bare ein mindre del går som finmala slig. Avgangen frå gruva ser vi ikkje noko til. Vi må spørre kor denne er, og får til svar at det er bakom fjellet. Han synast ikkje verken frå byen eller for den som kjører gjennom etter E10. Her er likevel ikkje slike mengder som i Aitik. På grunn av høg konsentrasjon i malmen og at alt i Kiruna foregår som underjordsdrift, blir det relativt lite av både gråberg og avgang samanlikna med andre gruver, f.eks. Sydvaranger. (Finne tal på dette!)

LKAB marknadsfører hovudproduktet sitt som "Green pellets". Kva er så grunnlaget for at denne er så grøn? Jo, fordi LKAB vesentlig driv på magnetitt, mens mange av konkurrentane tar ut hematitt, så krev LKAB sin pelletsproduksjon noko mindre energi, og fører derfor til mindre belastning på miljøet. Noko tynt argument, men det grøne og miljøvenlige er jo eit godt salsargument.
(Foto: Geir Jørgensen)

Kunstverket "Bergets skatter – Vårt levebröd", som heng i besøksgruva, er laga av borekjerner.
(Kunstverk: Jan Wajstdt / Kent Fosmo, Foto: Svein Lund)

Her skal bli ei stor ny jerngruve, denne gongen som ope dagbrot.
(Foto: Svein Lund)

I Mertainen 3 mil søraust for Kiruna har LKAB rydda vekk skogen og byrja å skale av fjellet.
(Foto: Svein Lund)

Med den enorme malmkroppen under Kiruna, skulle ein kanskje tru at LKAB ville vere nøgd med denne. Men slik er det ikkje i gruveverda. Der gjeld regelen at mye vil ha meir. I Svappavaara er det store utvidingsplanar, og her skal bl.a. eit gamalt dagbrot gjenopnast og utvidast. I tillegg er ein i ferd med å opprette ei heilt ny gruve, i Mertainen eit par mil frå Kiruna, like ved hovudvegen mot Luleå. Her skal det bli dagbrot, og arbeidet er allereie igang med å skale av skogen og sprenge ut for gruve og deponi. Både Naturskyddföreningen og reindrifta har protestert, men blitt fullstendig overkjørt, og dei har tapt i retten i to omgongar. I Sverige er gruveinteressene overordna alt anna, derom er regjering og rettsvesen samde. Med dei nye gruvene skal årsproduksjonen auke frå 25 til 37 mill. tonn malm. Planlegginga starta da jernprisane var høge, men når no prisen har gått ned til ein tredel av det han var på det meste, blir utvidinga grunngitt med at han er nødvendig for å halde lønsemd i dårlige tider!

Matti Berg viser kartet over kor tett der er med leiteløyve for mineral innafor samebyen hans.
(Foto: Svein Lund)

På besøk hos Matti Berg
(Foto: Nils Viklund)

Frå Kiruna går ferda sør og vestover, i retning av Nikkaluokta, som av mange turistar er kjent som inngangen til fjellmassivet Sarek og Laponia. På vegen passerer vi eit veldig vindkraftanlegg spreidd utover eit fjell, for å minne oss om at det ikkje bare er gruvene som trenger på her. Etter 26 km kjem vi fram til ei innhegning full av islandshestar og nokre geiter. Her treff vi Matti Berg, som driv kombinasjonsnæring med rein, hestar og turisme. Han er leiar for Girjas sameby og også medlem av det svenske Sametinget. Innafor området til Girjas og nabosamebyen Laevas er det gitt tett med leiteløyve til gruveselskap. Han viser oss kartet, det er eit lappeteppe av løyve til å leite jern, koppar og andre verdifulle mineral. Nokre av leiteløyva har LKAB, andre har forskjellige selskap frå diverse land. – Nokre trur at LKAB er betre enn dei andre, seier han. – Men røynsla vår er at LKAB snarare er verst, fordi selskapet har så sterk posisjon både i staten og lokalsamfunnet. – Dei brukar å kalle meg gruvemotstandar, seier han. – Eg er ikkje mot all gruvedrift, men det kan ikkje vere slik at gruveselskapa skal vere overordna alt anna, både naturomsyn, reindrift og alle andre aktivitetar. Etter svensk lovverk har ikkje verken samebyen eller Sametinget rett til å stoppe gruveselskapa, ofte er dei ikkje eingong høringsinstans. Sjølv om delar av området er definert som riksinteresse for reindrift og riksinteresse for friluftsliv, blir desse interessene overkjørt av at det også er riksinteresse for mineralutvinning. Matti fortalte at samane og reindrifta i Sverige har veikare rettsvern enn i Noreg, og at ein av grunnane er at Sverige ikkje har ratifisert ILO-konvensjonen om urfolk. Samebyen må heile tida følge med og vil dei forsvare beiteområda sine, må dei sjølv gå til sak og betale advokatutgiftene sjølv.

Vi avtaler å halde kontakten og samarbeide framover før vi kjører tilbake til Kiruna og legg av garde i retning Pajala. Første stopp er for å ta bilde i Mertainen, der vi ser gruveetablering i tidlig stadium. Sjølv om vi bare såg det frå vegen, kunne vi sjå at store område blir avskala alt av vegetasjon for å starte ei heilt ny gruve. Når vi ser at dette skjer i 2015, tenker vi på påstanden om at gruvedrift no skal vere mindre miljøskadelig enn før. Knapt nokon påstand kan vere mindre rett. I forhold til uttaket kan vi allereie no seie at denne gruva vil gi meir naturinngrep enn den store Kiruna-gruva.

Pajala – Den største konkursen

Da gruva gikk konkurs, var det heller ikkje grunnlag for å halde oppe butikken i Kaunisvaara. På døra står det bare "Stängt"
(Foto: Svein Lund)

Så langt nådde den svenske staten å ruste opp vegen før Northland gikk konkurs.
(Foto: Svein Lund)

Vi passerer bygder, tettstadar og vegkryss som vitnar om den trespråklige historia i Norrbotten: Svappavaara/Veaikevárri, Vittangi/Vážas, Masungsbyn/Masuni, Junosuanto. Like før kommunesenteret Pajala tar vi til venstre, på ein veg merka Kaunisvaara og Karesuando. Sjølv har eg kjørt her ein gong før, for omlag halvtanna år sidan. Da var det ein dårlig, svingete grusveg. No er han ikkje å kjenne igjen. Ein brei veg med ny asfalt står i kontrast til svært spreidd busetting og minimal trafikk. Men etter nokre kilometer er det brått stopp på asfalten. Så langt må ein ha kome da konkursen ramma Northland Resources, og det blei bråstopp på den statlige motivasjonen for å legge asfalt her. Seinare kjem asfalten tilbake, og snart er vi i bygda Kaunisvaara. På førre besøket mitt stoppa eg og handla på butikken her. No er han tom og på døra står det eitt ord: "STÂNGT".

Porten til gruva er stengt og bare nokre Securitasvakter ser etter konkursbuet.
(Foto: Nils Viklund)

På veg opp mot Nordens største konkurs.
(Foto: Svein Lund)

Eit par kilometer til og rett før vegen går tilbake til vanlig lågstandard, går det ein veg av til venstre. No ser vi rett opp til eit stort anlegg og vi kjører opp til porten. På den store parkeringsplassen er det bare eit par bilar. På gjerdet og porten er det bare Securitas som har sine skilt. Ingen ønskar oss velkomen. På døra til portvakta er eit telefonnummer til Securitas-vakta. Vi ringer og spør om vi kan få komme inn, men det kan vi ikkje. Ein 14 milliardars konkurs er ikkje noko å vise fram, verken til turistar eller kritiske naturvernarar. Vi må nøye oss med det lille inntrykket vi får frå utsida. Sidan porten og bygningane ligg i ein bakke rett foran ei høgde, er det ikkje mogleg å få oversikt over gruveområdet, vi ser ikkje kva som er skala av, kor store dagbrota er eller kor dei har gjort av gråberg og avgang. Vi bare aner at det er stort. Sjølv på eit par år kan ein få gjort ganske mye inngrep i naturen for 14 milliardar + dei milliardane dei trass alt selde jernmalm for.

Det er tomt i brakkene og på parkeringsplassen. Ingen har så langt vist interesse for å overta drifta av ei jerngruve som klarte å gå med 14 milliardar i minus på eit par år.
(Foto: Magnus Strømseth)

Nærare kjem vi ikkje, men vi skimtar litt av dei store gråberghaugane som Northland har lagt opp rundt gruva.
(Foto: Geir Jørgensen)

Konkursen kom ikkje som lyn frå klar himmel. Det var ei varsla ulukke, trulig umogleg å unngå når ein satsar kolossalt på fattig malm, startar investeringane når jernprisen er på topp, og før inntektene byrjar å komme er prisen halvert. Likevel må ein undre seg over at det kunne gå så langt før konkursen var eit faktum. Dei økonomiske konsekvensane byrjar ein å få oversikt over, for kreditorane, for det kanadiske selskapet og for den svenske staten som har investert stort i vegar og infrastruktur, utan å få vidare skatteinntekter tilbake. Naturskadane har ein mindre oversikt over, men det snakkast om rettssaker frå brukarar av nærområdet, både mot staten og konkursbuet.

Kittilä – Største gullgruva i Europa

Når vi kjører inn porten kjem vi opp til oppreiingsverket.
(Foto: Svein Lund)

Gruva ligg bortgjømt i forhold til allmenn trafikk. Vi såg ikkje noko til gruva før vi hadde kjørt inn denne porten. På det fargerike skiltet står selskapet si parole: Tarkastus – Suunnittelu – Päästö – Toteutus (Kontroll – Planlegging – Vedtak – Gjennomføring)
(Foto: Svein Lund)

No går ferda over til Finland og neste dag er det tid for å besøke den største gullgruva i Europa. Det er nok ikkje så mange i Noreg som veit kor ho ligg, men ho er altså langt inne i skogen i finsk Lappland, eit stykke nord om Polarsirkelen. Frå kommunesenteret Kittilä er det ingen skilt som fortel om vegen til gruva. På ei mil austover og fire mil nordover er det framleis ingenting å sjå. Bare vanlig nordfinsk landsbygd med små låge hus mellom furuene, gardar som for det meste er nedlagte, og dei typiske grå høyløene spreidd utover jorda som minne om forna dar. Nokre rein beitar her og der, og etter vegen treff vi på skogens dyr som hare og orrfugl. Så plutselig eit skilt som peikar til venstre: Agnico-Eagle – Kittilän kaivos. Der ser vi rett opp til ein port foran store blå bygningar. Det minner om det vi nettopp såg i Pajala, men med den forskjellen at her er det full aktivitet.

Forside på brosjyre utgitt av gruveselskapet Agnico Eagle. Dette må vel kunne karakteriserast som villeiande reklame?

Dagbrotet i Kittila var i drift frå 2008 til 2012. No skjer all drifta i underjordsgruve, men finske mineralstyresmakter har avgjort at dei ikkje får fylle igjen dagbrotet.
(Foto: Nils Viklund)

Vi blir mottatt av ein miljøingeniør, som fortel at han er oppvakse like ved der som det no er gruve. Omlag halvparten av dei 500 tilsette er busett i Kittilä kommune og 90 % i Lappi län. Det er altså mye mindre av "fly in – fly out" enn det som ein frykta vil bli aktuelt ved norske gruveetableringar.

Flyfoto av gruveområdet
(Frå presentasjonen ved Agnico Eagle)

Gruva i Kittilà er ei av mange gullgruver som er eller har vore innafor grønsteinsbeltet som går gjennom dei nordligaste områda av Sverige og Finland og delar av Guovdageaidnu i Noreg.
(Frå presentasjonen ved Agnico Eagle)

Agnico Eagle er eit reint gullgruveselskap. Det er kanadisk og har gruver i Kanada og Mexico i tillegg til Finland, og leitar også i andre land. Av andre metall tar dei ut litt koppar og sølv som biprodukt, men langt over 90 % av inntekta kjem frå gull.

Riikka Barber, miljøaktivist frå Rovaniemi som deltok på turen til gruva i Kittilä og Markus Piekkari, miljøingeniør ved Agnico Eagle, som viste oss rundt i gruva.
(Foto: Svein Lund)

Innkjøringa til underjordsgruva.
(Foto: Svein Lund)

Etter grundig orientering ved ein representant for gruveleiinga blir vi kjørt ut for å sjå på gruve og deponi. Gruva er ganske ny, drifta starta i dagbrot i 2008. Men det viste seg at den viktigaste gullåra sto omtrent vassrett, og gikk djupt og skulle ein få ut dette måtte ein gå over til underjordsdrift. Frå 2012 har all drifta vore under jorda. Dit fikk vi ikkje komme, det er forholdsvis smale tunnelar, og malmen blir kjørt ut med ombygde lastebilar. Ingen gigantdumparar som i Aitik. Derimot får vi sjå avgangsdammane.

Avgangsdammen til gruva i Kittilä.
(Foto: Nils Viklund)

Rundt avgangdammen ligg det eit tjukt rør med avgreiningar som slepp avgang ut i deponiet
(Foto: Nils Viklund)

Der er lagt asfaltmatter, duk av bitumen under, og ein stor plastledning rundt dammen slepp ut flytande avgangsmasse frå mindre leidningar som går ut i dammen. Arealet er vel ein km2.

Normalt ville vi seie det var eit stort basseng, om vi ikkje hadde vore på Aitik to dagar før. No er det knapt noko som kan sjokkere oss lenger. Om ikkje det skjer noko spesielt, har denne gruva langt fleire år foran seg enn bak seg. Og det blir planlagt og bygd for drift i mange år framover. Rundt dammen har ein allereie hogd ned skogen med sikte på å bygge dammane høgare for å ha plass til meir avgang. Spesielt for denne gruva er at ein har heile produksjonen samla fram til gullbarrar, såkalla "dore bars" som inneheld 92–95 % gull. Årsproduksjonen ligg på omlag 6000 tonn, som er like mye gull som blei tatt ut frå den største gullgruva som har vore i Noreg, Biedjovággi, i heile driftsperioden der. Gullet sit for det meste i lag med arsen- og svovelkis. Desse minerala blir ikkje tatt vare på, dei går ut i avgangen. Sidan både arsen og svovel er giftig er dette trulig ei av årsakene til at heile avgangen blir lagt på tett duk, så det ikkje skal kunne lekke ut.

Under heile deponiet er det lagt duk av bitumen.
(Foto: Svein Lund)

Langt i bakgrunnen bak deponiet kan vi skimte Levitunturi med Finlands største vintersportsanlegg.
(Foto: Svein Lund)

Utskiljinga av gullet skjer ved hjelp av cyanid, som er eit svært giftig stoff. Om dette seier selskapet i presentasjonsbrosjyra som vi fikk utdelt: "The only economically efficient process currently known for extraction of such gold is cyanidation. It is widely used in the mining industry, and when carried out properly, it is the safest, most cost-efficient and environmentally friendly method available". At EU-parlamentet i 2010 forsøkte å få gjennom eit forbod mot bruk av cyanid, men blei overkjørt av EU-kommisjonen etter lobbying frå gruveselskapa, det er vel ikkje verd å nemne. I følgje selskapet blir cyaniden etter bruk omdanna til ufarlige stoff, men ikkje meir ufarlige enn at dei blir deponert til eit deponi heilt for seg sjølv.

KVA SLAGS DAM VAR DETTE?
(Foto: Svein Lund)

For at ikkje deponiet skal tørke ut og avgangen blåse bort, blir det tilført vatn gjennom desse slangane.
(Foto: Svein Lund)

For to år sidan hadde avisa Ságat ei reportasje frå denne gruva. Der blei det hevda at store mengder cyanid var på avvegar. Vi fikk spørre om dette, men fikk da til svar at dei kjente til dette, det var påstått i fleire medier, men det heile skreiv seg frå ein målefeil. I motsetning til dei to første gruvene, sat eg igjen med eit inntrykk av at dette ikkje var så ille som eg hadde førestilt meg. Etter å ha sett Aitik er det nesten ikkje mogleg å bli sjokkert av noko. Kanskje også den gode lunsjen som selskapet spanderte på oss gjorde oss i overkant velvillig stemt. Spørsmålet er bare kva baksider vi ikkje har sett? Konklusjon: Vi treng å finne ut meir om dei negative sidene ved denne gruva. I alle fall kan vi spørje: Kva skal vi med meire gull, eit metall som det i dag bare er spekulantane som har behov for meir av?

Rompas – Den neste katastrofa?

Gruveselskapet Mawson har sikra seg eit stort område og allereie funne mye gull og uran. Dersom dei får lov å starte gruve her, kan det bli ei av dei største i Norden.
(Kjelde: http://www.mawsonresources.com)

Kvifor vil Mawson satse på Finland? Fordi det er det landet som er aller mest attraktivt for gruveinvestorar
(Kjelde: http://www.mawsonresources.com)

Etter Kittilä var vi ferdige med å sjå på gruver som er eller har vore i drift, men vi skulle og besøke eit område der det så langt bare har vore leiteboring, men der det er stor fare for ei gigantisk og svært skadelig gruve innan få år.

Vi studerer kart over området der det blir leita gull og uran. F.v. Kjerstin Uhre, Urpo Taskinen og Svein Lund.
(Foto: Magnus Strømseth)

Leiteboringa har likevel vore ille nok, for ho har skjedd i eit verna område, med gamal skog og verneverdige og raudlista planter. I Finland er minerallova overordna alle andre lovar, og det er ikkje forbod mot mineralleiting i verna område. Dette har skjedd i Rompas-området, som ligg på grensa mellom kommunane Ylitornio og Rovaniemi. Det er det kanadisk/australske selskapet Mawson Ltd. som leitar her, og det dei er ute etter er i første rekke gull og uran. Dette selskapet ser ikkje ut å ha større aktivitetar andre stadar, dei omtalar Rompas som sitt hovudsatsingsområde, og har bora her sidan 2012. Ut frå det som har blitt funne til no snakkar ein om ei gruve på storleik med Aitik, det vil seie at svært store område vil bli rasert av dagbrot og deponi. Forskjellen er at det i Rompas er relativt spreidde førekomstar som er ganske grunne, og ein må derfor rekne med ei rekke større dagbrot. Leiteområdet er på heile 100 km2. Store delar av det er naturreservat eller andre former for verna område, men det har ikkje stoppa leitinga. Frå leiteområdet renn vassdraga ut i grenseelva Torneelv, og ei forureining her vil derfor også ramme Sverige. Naturvernforeningane på finsk og svensk side har starta samarbeid under parola "Ingen urangruve i Tornedalen".

I Rompas er det mye gamle trær og eit rikt fugleliv, som er avhengig av den gamle skogen.
(Foto: Svein Lund)

Skjegglaven på greinane fortel at dette er gamal skog som ikkje er plaga av forureining. Men korleis vil det bli om Mawson får starte gruvedrift her?
(Foto: Nils Viklund)

Det var vårflaum da vi kom, og elvene var store i Rompas
(Foto: Nils Viklund)

Lasse og Marja viser oss skogen som er trua av planer om gull- og urangruve.
(Foto: Svein Lund)

Langt inne på skogen i Rompas driver Marja og Lasse Tuominen urtehage.
(Foto: Svein Lund)

Like ved leiteområdet bur Marja og Lasse Tuominen, som driv urtegård og er aktive i det finske naturvernforbundet. Dei fortalte oss om naturverdiane i området og korleis Mawson først starta boring utan løyve og øydela freda planter, men fikk løyve etterpå og blei frikjent, bl.a. med grunngivinga at det ikkje kunne bevisast kva dei hadde øydelagt. No satsar dei lokale naturvernarane på å gjøre flest mogleg merksam på naturverdiane i området, og til sommaren vil dei arrangere ein fem dagars leir for å drive naturinventering, med kartlegging av planteliv og dyreliv i område, under leiing av røynde biologar. 15.-21.08.2015 skjer det, og om nokon som leser dette har tid og lyst, så kan eg formidle kontakt.

På tur for å sjå på naturverdiar i Rompas.
(Foto: Svein Lund)

Kombinasjonen av dårlig vær og dårlig tid gjorde at turen mest blei med bil og nokre korte stopp med orientering. Vi må kanskje forsøke å komme tilbake og sjå litt meir.
(Foto: Svein Lund)

Lasse ville vise oss nokre av naturverdiane i skogen. Dessverre var verken årstida eller været det beste, ein skogsbilveg vi skulle kjørt var tatt av flaumen, og vi endte med ein noko amputert biltur med korte utflukter. Men det var nok til å sjå at denne skogen oppfylte Naturvernforbundet si parole: "Verdt å ta vare på."

Avslutning – Vegen vidare

Siste kvelden samla vi oss rundt elden, steika pølser og prata om korleis vi kan samarbeide vidare. F.v.: Helene Børsting (N), Urpo Taskinen (S), Geir Jørgensen (N), Matilda Månsson (S) og ??? (F)
(Foto: Magnus Strømseth)

For første gang: Miljøaktivistar frå tre land i lag for å studere gruver. F.v. Nils Viklund, Skellefteå, Riikka Barber, Rovaniemi og Kjerstin Uhre, Tromsø
(Foto: Magnus Strømseth)

For alle oss som er opptatt av gruvesaker og har arbeida med dette i naturvernorganisasjonane, var dette svært nyttig lærdom og inspirasjon for arbeidet vidare framover. Siste kvelden da alle var samla byrja vi å snakke om arbeidet vidare og det kom i første rekke opp to idear. Det eine var å lage ei samling til vinteren, der alle tre organisasjonane er likeverdig representert. Vi lanserte to forslag for kor denne best kunne vere, Luleå eller Tromsø. Det andre var å betre informasjonen frå kvar av organisasjonane på internett, få samla den informasjonen vi har om gruvesaker og legge det ut på ein strukturert måte, så det er lett å finne fram. Og at vi alle må satse på å få omsett ein del materiale, til kvarandre sine språk og/eller engelsk.