gruve.info

Nettstad om gruver og mineralutvinning, særlig om verknadane for miljøet.

Til startsida

Svein Lund

EuroMineExpo 2018 – Lite nytt frå gruveverda

EuroMineExpo heldt til i den enorme Skellefteå Kraft Arena, eit bygg for messer og idrett,

EuroMineExpo hadde to store utstillingshallar. Den største var her på innandørs idrettsstadion.

Sustainable use of Earths natural resources
Mining – A Sustainable Business
Visar verkligheten
Fossile-free mining.
The sustainable and human gold-mine
From brown to green economy
Sustainable methods for mining
Strong commitment to sustainability
Waste to valueable products

Dette er bare eit lite utval av slagorda som forskjellige gruveselskap, leverandørar og konsulentselskap serverte på EuroMineExpo 2018 i Skellefteå i Sverige 12.–14.06.

Fleire av føredragshaldarane viste denne fine oversikten over FN sine bærekraftsmål. Men tar dei sjølv dette alvorlig, eller er det bare fraser og propaganda?

"Visar verkligheten" er slagordet til firmaet Holger, som seljer utstyr for firmaet Holger, som bl.a. seljer utstyr for mineralanalyse. Men viste EurpMineExpo virkeligheten eller eit glansbilde?

Skal vi tru utstillarane og talarane på messa, (og det må vi vel?) er no heile gruveindustrien (i alle fall dei som var tilstades) bærekraftig/hållbar/sustainable og blir meir og meir grøn og bærekraftig for kvar dag som går. Motførestillingar var det ikkje plass for. På tre dagar med eit tjuetal talar/presentasjonar og eit par hundre utstillarar var det ikkje funne plass til nokon representant for dei som blir ramma av gruvedrifta eller dei som protesterer mot dei store naturinngrepa som er på gang når gruvenæringa no ifølge arrangørane går inn i ei lys framtid.

Kva ligg så bak dei fine orda? I dei aller fleste tilfelle svært lite. Sjølv om forventningane mine ikkje var så veldig høge til å finne virkelig utvikling i retning av gruvedrift utan miljøskadar, så blei eg skuffa over det eg fann – eller ikkje fann.

Europa eller Sverige?

Med det ambisiøse namnet "Euro Mine Expo" hadde eg venta å finne ein konferanse og ei messe som i alle fall var all-europeisk, og at denne i større grad også skulle vere besøkt av gruveselskap og teknologibedrifter frå andre verdsdelar. Men i all hovudsak viste det seg å vere eit svensk arrangement, med Finland på klar andreplass. Mens alle foredrag og alt i programmet og nesten alt i det skriftlige materialet var på engelsk, trur eg 90% av dei uoffisielle samtalane gikk på svensk.

SMA Mineral er eit svensk selskap som driv kalk- og dolomittgruver i fleire land. No vil dei starte dolomittgruve på Ljøsenhammeren i Bodø kommune i Nordland. Denne gruva vil ligge i eit område som er viktig både for seterdrift med sau og geit, for reindrift og turisme, og har møtt mye lokal motstand, Vi spurte representanten for SMA korleis det no går med dette prosjektet, og han kunne fortelje at det har stoppa opp, men visste ikkje heilt kva det sto på.

LKAB i leiinga

No er det på ingen måte uinteressant kva som skjer i svensk mineralnæring. Sverige er i dag eit av dei leiande gruvelanda i Europa (ved sida av Finland og Polen) og landet har lenge vore teknologisk leiande på mange område. Det kom klart fram i mange av utstillingane til svenske produsentar av utstyr for gruveindustrien. I dag er dei i første rekke leiande innafor automatisering, i lag med Australia. Det statlige LKAB har i over hundre år vore det absolutt leiande svenske gruveselskapet, og er det framleis. Det er ikkje få milliardar som har gått inn i den svenske statskassa frå jernmalmfelta i Kiruna og Malmberget og no også Svappavaara. Så lønsam er denne drifta at LKAB har råd å flytte to bysamfunn for å kunne ta ut malmen under der folk bur i dag. I Kiruna driv ein no på eit nivå 1370 meter under utgangspunktet, toppen av Gironvárri eller Kirunavaara, før denne blei kutta av for å ta ut malmen. Enno går den kompakte malmkroppen langt nedover, men jo lenger ein kjem ned, jo meir risikabelt blir det å arbeide der. Det er ein av årsakane til at ein no arbeider med ein plan om å gjøre drifta på neste nivå heilt automatisert, slik at det normalt ikkje skal vere folk i maskinane som borar, sprenger og tar ut malmen. Frå eit teknisk synspunkt var noko av det mest interessante på konferansen å høre LKAB-sjefen fortelje om planane deira. LKAB deltar også i eit anna prosjekt som vil kunne endre om ikkje sjølve gruvedrifta, så vidareforedlinga. I lag med Vattenfall og stålverkselskapet SSAB deltar dei i prosjektet Hybrit som med å erstatte kol med hydrogen skal redusere CO2-utsleppa frå desse selskapa ned mot null på litt sikt.

LKAB-direktør Jan Moström legg fram perspektiva for LKAB. Der tenker dei langt framover og set seg store mål.

Hybrit-prosjektet betyr ei stor omlegging av jern- og stålproduksjonen.

Teknisk utvikling i små steg

Skjer det noko teknisk utvikling i gruvedrifta? Ja, på nokre område går det framover, og blant utstillarane var det ein del interessant å sjå. Dels gjaldt det teknikk for boring og sprenging, dels meir allmenne tekniske løysingar som overvaking av lager og akslingar for å kunne vite når dei måtte skiftast, eller meir slitesterkt materiale til lasteskuffer og transportband.
Noko av det som kan få størst betydning er fjernstyring av boring, sprenging, lasting og transport. Her sakna eg ei orientering om kva dette kan få av samfunnsmessig betydning. Betyr det at arbeidsplassane i gruvene forsvinn eller blir dei flytta til sentrale strøk. Vil f.eks. LKAB kunne styre boreoperasjonane i dei nye gruvene i Svappavaara over datakommunikasjon frå hovudkontoret i Luleå? Kva betyr dette for hovudargumentet som skal gi lokal aksept for nye gruver: arbeidsplassar? Men det var ikkje tema på Euro Mine Expo.
Gjennom heile messa leita eg etter informasjon om dei to største behova for endringar i gruveindustrien: Nye metodar for separering og utnytting av avgangsmasse. Men den leitinga var forgjeves. Det er ingen ting som tyder på at det blei satsa på desse områda.

Nokre utstyrsleverandørar viste rett og slett tilbodet sitt, utan store ord og fakter. Her kan vi sjå utstyr for overvaking av akslingar og lager, som med ein gong melder frå om det oppstår unormal vibrasjon som kan tyde på at nokre delar er slitte og bør skiftast. Som tidligare industrimekaniker fann eg denne standen som ein av dei mest interessante.

For å sikre berget ved underjordsdrift må ein bore hol og sette inn ekspansjonsboltar. Men ofte klappar holet saman før ein får bolten på plass. Dei to øvste bora her er bor for eingongsbruk. Dei er laga av ganske billig materiale, så det skal bare halde til å bore inn eit par meter, og så blir det ståande mens ein utløyser ekspansjonen. Det er ei ganske ny løysing som blei lagt fram på messa. Den tredje er ein tradisjonell ekpansjonsbolt som førast inn etter at det først er bora opp og boret trukke ut.

Bærekraftig gullgruve?

Det var mange gongar på Euro Mine Expo at ein mildt sagt opplevde eit sprik mellom ord og realitetar. Aller tydeligast opplevde eg det da eg gikk på noko som var kalla "Lunch Seminar on Sustainability". Først var eg interessert i å vite kva denne bærekrafta gikk ut på, og så må det innrømmast at ein gratis lunsj kunne vere greitt å ta med seg. På programmet sto det "Hosted by Mandalay Resources". No var jo det meste her hosted eller sponsa av eit eller anna gruveselskap, men dette tok kaka. Heile lunsjseminaret var ein propagandapresentasjon av det australske selskapet Mamdalay Resources, og spesielt den svenske gruva deira "Björkdalsgruvan", ikkje så langt frå Skellefteå. Utan motførestillingar fikk selskapet framføre kor bærekraftig og miljøvenlig det er å drive store opne dagbrot for å ta ut gull, eit mineral som det ikkje trengst meir av for anna enn rein spekulasjon. Der 99,9995% eller meir blir deponert i store landdeponi, som da øydelegg minst like mye natur som det sjølve gruva tar. At eit gruveselskap nyttar eit kvart høve til marknadsføring er naturlig, men at arrangørane gikk god for at denne reklamen fikk gå som seminar og ein offisiell del av programmet, seier svært mye om heile arrangementet.

Mandalay Resources er eit australsk gruveselskap som driv gullgruver i Australia, Chile og Sverige. Dei satsar hardt på å framstille gullutvinning som bærekraftig.

"Den bærekraftige og menneskelige gullgruva, lidenskapelig etter å skape verdiar i samfunnet der vi opererer." Dette hevdar eit gruveselskap med dette store dagbrotet der dei tar vare på nokre få millondelar og kastar resten.

"Det var mange som møtte på lunsjseminaret om bærekraft og bare fikk høre ein reklame for eit gullgruveselskap. Dei fleste klarte også å få ned maten, som besto av mjuke rundstykker, så dårlige som bare svenskar kan lage dei, med ei sjeldan dårlig utgåve av norsk oppdrettslaks blanda med nokre grøne blad oversvømt med majones.

Kva gjør EU?

I 2008 lanserte EU sitt råvareinitiativ for å sikre seg forsyninger av metall og andre mineraler. Bakgrunnen var at EU-landa sto for 20% av mineralforbruket i verda, men bare 3% av utvinninga. Målsettinga var delt i tre: Auka utvinning på heimebane, sikre avtalar om forsyning frå andre land og auka gjenvinning. Nokre av tiltaka synest å virke, i alle fall er det i det siste tiåret sett i gang nye gruver i fleire EU-land. No satsar ein spesielt målretta innafor eitt område: Mineral som trengst for batteri. EU ønsker å utvikle "a full battery value chain" og har investert 200 mill. Euro i dette. Det innebærer alt fra gruvedrift etter metall som er viktige for batteri, som litium og kadmium til fabrikker for produksjon av bilbatteri. Sverige og Finland er sterkt inne i dette, med planlagte gruver og batterifabrikker.

Batterimetaller og batterier er et prioritert utviklingsområde i EU.

European Institute of Innovation and Technology er eit EU-organ, ei avdeling av dette er EIT Minerals, som hadde utstilling på messa. Dei har eit nært samarbeid mellom gruveselskap, utdanning, forsking og forvaltning.

Nordic Mining sin finske bløff

Eit ledd i sesjonen om batterimetall var ein presentasjon frå det finske selskapet Keliber, som skal utvinne litium i Kaustinen i Midt-Finland. Dei reknar med å starte produksjonen i 2020, men på tidsplanen går det fram at dei enno ikkje har alle løyve i orden. Keliber – tenkte eg mens eg hørte på føredraget, kor har eg hørt det namnet før? Og så kom det opp på slutten: oversikten over største aksjonærar. Der trona Nordic Mining, selskapet som er kjent for planen om rutilgruve med dumping av avgang i Førdefjorden. Keliber er eit av Nordic Mining sine 15 prosjekt, derav 10 er oppgitt og ingen har kome i gang. På Fennoscandian Exploration and Mining i 2015 var Nordic Mining- direktør Ivar Fossum og presenterte alle sine "environmentally friendly" prosjekt, deriblant Keliber, som også da var like foran oppstart. Så eg har gravd litt lenger bakover i historia for å finne ut kor lenge dei har vore rett før start. Nordic Mining kjøpte 68 % av aksjane i Keliber i 2008. Planen var da å starte produksjonen i 2010. Dette skulle vere hovudgrunnlaget for at Nordic Mining-konsernet skulle gå med overskot frå 2011/12. Det vil seie at Keliber no ligg heile ti år etter planen, og mye tyder på at det vil bli enno meire. Men det sa sjølvsagt representanten frå Keliber på Euro Mine Expo ikkje eit ord om. Nordic Mining har forøvrig ikkje klart å delta i aksjeutvidingane og har fått redusert eigarandelen sin til 22%.

Keliber er eit selskap som skal drive litiumgruve i Midt-Finland.

Dette bildet er ikkje frå Euro Mine Expo 2018 men frå FEM 2015. Det er direktøren i Nordic Mining som presenterer Keliber som eit av sine prosjekt.

Avfall som ressurs

Eit av dei foredraga eg hadde mest forventningar til var "Tailings as ressource", med ein representant for det finske selskapet Outotec. Outotec er ein teknologiselskap som er skilt ut frå det tidligare statlige gruveselskapet Outokumpo, og som produserer utstyr og gir konsulenthjelp til gruvedrift og metallurgisk industri. Outotec presenterer seg som "sustainable use of the Earths natural resources". Dei starta fint med store målsettingar om at avfall skulle reduserast og utnyttast. Men bortsett frå ein plan for å tørke avgangsmasse og redusere volumet, var det vanskelig å finne noko nytt og konkret i foredraget. Eg sat igjen med at store ord kjem og går.

Avfall fra gruver utgjør ein svært stor del av avfallsproduksjonen i verda.

Frå foredraget frå Outotec. EU sine direktiv tar sikte på å redusere avfallsproblemet – men har det blitt noko konkrete resultat?

Sertifisering av mineral

For ei rekke produkt er det ordningar med sertifisering som skal garantere kvalitet og at dei er produserte under forsvarlige forhold. Kva krav som stillast varierer mellom forskjellige typer av produksjon. Av miljøsertifiseringar kan ein nemne det nordiske svanemerket, det tyske Grüne Punkt, Forest Stewardship Council. Fairtrade og Debio. Tanken er at dette skal vere med på å forbetre kvaliteten på produkta og arbeidsforholda dei blir produsert under, og ikkje minst redusere miljøskadane ved produksjonen. For produkt som får slik sertifisering vil det forhåpentlig føre til at det blir føretrukke av forbrukarane og gi auka sal og kanskje høgare pris. No har ideen om sertifisering også nådd mineralmarknaden. Dette blei presentert som ein del av føredraget "Unlocking hidden potentials in metal value chains" Altså som eit middel til å få ut ny verdi for investorane, ikkje i første rekke som eit middel til å forbetre miljøstandarden for gruvedrift. Ideen er først lansert i Sverige og på eit møte på ministernivå i februar i år har Sverige og Finland blitt enige om å arbeide for dette. Så langt vel og bra. Men foredraget la bare vekt på å trekke fram dei positive sidene ved gruvedrifta når ein skulle vurdere, det var ingen ting konkret om kva krav som måtte oppfyllast og ikkje minst kva som kunne diskvalifisere frå å få sertifisering.

Sertifikat for mineral – eit middel til betring av miljøet, eller ei grønvasking av skitne mineral?

Det endelige bevis

Det er eit kjent fenomen at når prisane stig på metallbørsane, så strøymer mineralleitarane til. Alle skal leite gull, koppar eller andre metall. Når prisane stig, så fell interessen raskt. Dette har eg oppfatta som ein allmenn tendens, men aldri sett noko statistikk på. Men eit engelsk selskap med namnet SP Global har faktisk gjort berekningar på dette og på Euro Mine Expo kunne dei servere denne statistikken. Samanhengen mellom pris og investering er forbausande nøyaktig. Dette skjer trass i at mineralleiting og utvinning er ei langvarig sak. Det tar ofte 10-15 år eller meir frå ein startar å leite til ein evt. kan komme i gang og tene pengar. Derfor er det slik at om ein skal vurdere om ein skal satse på mineralleiting i år er det ikkje dagens pris som avgjør om ein vil tene pengar, men prisen om kanskje 15 år. Hittil har prisane gått sterkt opp og ned og alt tyder på at dei vil halde fram med det. Kvifor tenker investorane da ikkje langsiktig? Eg stilte spørsmålet på konferansen og det virka som eg traff eit ømt punkt. Eg spurte da om det kunne vere slik at dei faktisk IKKJE investerte for å drive gruve og leve av aksjeutbyttet, men at dei investerte for å drive opp forventningane og så selge aksjane. Det var fleire av dei som var tilstades som måtte innrømme at eg kanskje var inne på noko. Men ingen vil seie dette offentlig på ein gruvekonferanse som skal ha støtte av næringa.

Ein svært interessant statistikk: Søylane viser kor mye pengar som er brukt på mineralleiting og kurven viser mineralprisen.

Kor var motparten?

Bortimot 50% av Sverige er reinbeiteland, og det er i Nord- og Midt-Sverige at dei aller fleste gruvene er lokalisert. Reindriftsinteresser, samiske interesser og miljøorganisasjonar fantest ikkje å sjå på messa. Så vidt eg kunne sjå heller ikkje blant deltakarane. Og korfor skulle dei no betale i dyre dumme for å høre på ei førestilling der dei ikkje var ønska. Men at det ikkje var så mye som ein liten demonstrasjon på yttersida!

Korleis få sosial aksept?

At dagens gruvedrift og gruveplaner møter motstand nesten overalt kom på EuroMineExpo bare fram svært indirekte og på to måtar. På eine sida gjennom den stadige gjentakinga av kor bærekraftig alt var, dette er ein trend som er utvikla dei siste åra som respons på kritikk av miljøskadelig gruvedrift. På andre sida gjennom understrekinga av kor viktig det er å arbeide for "Sosial aksept" for drifta. I arbeidet med sosial aksept har gruveselskapa god støtte frå diverse konsulentselskap og også statlige geologiske institusjonar. Denne gongen med ein ny variant. Foredraget om sosial aksept var del av en sesjon om automatisering og kunstig intelligens og hadde tittelen "DigiSAM project on how AR is used to facilitate Social Acceptance in Mining." (SAM står her for Sustainable Acceptable Mining og AR står her for Augmented Reality) og foredragshaldar var Laura S. Lauri frå det finske geologiske undersøkingsinstituttet GTK. Ho har eg truffe før, i Kvalsund i fjor da ho representerte prosjektet Minefacts, som hadde til oppgåve "building the social license to operate through offering facts on exploration and mining – a roadshow for municipalities and communities" (Dette har eg skrive om her: http://sveinlund.info/miljo/nussirfd.htm). Denne gongen var ideen at om ein bare brukar avansert teknologi til å vise korleis gruvedrifta vil foregå, så vil den sosiale aksepten komme. Eg må bare gni meg i auga og klø meg i hovudet og spørje: Trur dei virkelig sjølv på dette, eller har dei eit så gigantisk behov for å snakke seg bort frå kva konfliktane rundt gruvedrifta dreier seg om?

Eit av bilda frå presentasjonen om korleis bruke avansert teknologi til å oppnå sosial aksept for gruvedrift. Merk at det bare er snakk om å få aksept for gruveselskapa sine planar. Det er folket og offentlige organ som skal påvirkast, det er ikkje snakk om at gruveselskapa skal tilpasse planane sine til det som folk ser som akseptabelt.

Her ser vi kven som samarbeider om det "grønne" prosjektet for å få sosial aksept: EU, gruveselskap, Finske og svenske universitet og styresmakter. Et lite spørsmål: Om gruveprosjekta hadde vore så bærekraftige og grønne, hadde det da vore nødvendig med ei slik kampanje for å få sosial aksept for dei?

Blant dei mange utstillarane var fagforeninga IF Metall. Det var lite innvendingar frå den kanten mot den bodskapen som elles kom fram på messa. Kanskje ikkje så rart, sidan noverande statsminister Stefan Løfven var leiar av IF Metall fram til 2012.