Rapport frå Arctic Business Forum

1 880 000 000 000

Så mange norske kroner er investeringspotensialet i "European High North" (EHN), om vi skal tru dei som har rekna på dette, nemlig "Lapland Chamber of Commerce". EHN er eit ikkje heilt klart omgrep for dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland og Vest-Russland. Omgrepet dekker langt på veg det som elles er kalla Nordkalotten, Barentsregionen eller Sápmi.

Noko av reknestykket blei 17.–18. mai lagt fram på Arctic Business Forum, som i år blei arrangert i den finske byen Kemi, heilt inst i Bottenvika. Der var det samla ei rekke finske og svenske og nokre få russiske representantar frå næringsliv og tilknytta herligheitar som konsulentselskap og forskarar, for å presentere bidraga sine til kunnskap og scenarier om kva vi har i vente i nordområda. Da deltakarane kom, fikk dei utdelt den nyprenta "Arctic Business Forum Yearbook 2007", og dette skriveriet bygger på denne boka i lag med inntrykk frå to dagar på konferansen, samt litt leiting i andre kjelder.

Gruver på veg

Gruvedrift var eit av satsingsområda for konferansen og like utafor Kemi ligg da også den største kromgruva i Europa, som er mye av grunnlaget for produksjonen av rustfritt stål i nabobyen Tornio. Finsk og svensk mineralnæring har dei siste åra slitt med både problem og dårlig rykte etter miljøkatastrofen i Talvivaara og gigantkonkurs i Pajala. Men det betyr slett ikkje at denne næringa ligg nede med brukke rygg. Det er ei rekke investeringar og planar på gong. Nokre er allereie i ferd med å bli sett ut i livet, andre slit med å få godkjenningar eller tilstrekkelig kapital, men alt tyder på at vi i åra framover får ein kraftig auke i gruvedrifta i begge landa.

For nordlige del av Finland er det allereie i gang ei rekke gruver. Ved sida av kromgruva i Kemi er det bl.a. gruver etter nikkel, gull og ametyst i Sodankylä, kobolt i Juomasuo, sink og koppar i Pyhäsalmi, gull i Ahmavaara, Kontijärvi og Europas største gullgruva i Kittila. Den siste står no foran utviding, det er planlagt gruve etter gull m.m. i Rompas i Ylitornio, nikkel i Sakatti, vanadiumgruve i Taivalkoski, sølvgruve i Taivaljärvi, jern, titan og vanadium i Otanmäki, apatitt i Sokli, jern i Kolari, platina i Suhanko og gjenoppstart av katastrofegruva i Talvivaara. Til saman er det snakk om gruveinvesteringar på rundt 80 milliardar kr. i løpet av få år.

For Sverige er dei forventa gruveinvesteringane i Norrbotten og Västerbotten nesten like høge, med utviding av LKAB, nye eller gjenoppståtte jerngruver i Pajala, Jokkmokk, Lannavarrra og Rakkurijoki, koppar i Laver og gull/koppar i Pahtohavare, gull i Fäboliden og nikkel i Rönnbäcken. Presentasjonen av svensk gruvesatsing på konferansen skjedde under overskrifta "Sustainable and innovativ

På Kolahalvøya er det også store gruveplanar på gang, anslått til noko over 40 mrd. kr.

Kva så med Noreg? Her har nok ikkje forfattaren fått med på langt nær alt som er på gang, men uansett kan vi ganske trygt slå fast at Nord-Noreg kjem på ein klar sisteplass. Sjølv Nussir blir smågutt samanlikna med dei store satsingane i nabolanda. Ei pålitelig berekning av moglege og sannsynlige gruveinvesteringar i Nord-Noreg er det vel framleis ingen som har gjort.

Vindkraft – den nye storsatsinga

Mens gruver har vore på Nordkalotten i hundrevis av år, har vindkrafta her ei historie på knappe to tiår. Men no kjem denne for fullt, i alle fall på planleggingsstadiet. I Nord-Finland finst det ei rekke prosjekt til omlag 150 mrd. kr, i Nord-Sverige vel 100 mrd., mens det i Nord-Noreg er planlagt vindkraft for over 150 mrd. kr.

Slår vi dette saman får vi altså forventa investeringar i vindkraft på 400 mrd. kr, mot omlag halvparten for gruvedrift. Av 12 satsingsområde er det vindkraft som er det aller største, eit hakk foran petroleum og kommunikasjon. Til saman betyr dette enorme naturinngrep i alle tre landa og knapt nokon har oversikt over kva verknadane blir for natur, reindrift og turisme. Det kan ein ikkje lese ut av tala på investeringspotensiale. Også vasskraft er planlagt bygd ut, med større og mindre anlegg, men den aller mest kontroversielle kraftplanen er bygginga av eit heilt nytt kjernekraftverk i Pyhäjoki, 10 mil sør for Oulu. I fleire år har det vore protestert frå miljøorganisasjonar, men det har ikkje ført fram og no er grunnarbeidet i gang. Verket skal etter planen vere i produksjon frå 2024. For Arctic Business Forum er det bare ei av mange investeringar.

Industri – fra forureining til sirkulær økonomi?

Den nordlige delen av Finland er dominerent av skogbruk og en stadig økende mineralnæring. Det blir no satsa sterkt på foredling av råvarer, frå desse næringane. Da er det helst i kystområdet ved Kemi, Tornio at industrien og arbeidsplassane hamnar. Her er på eit lite område 80% av industrien i Lapplands len. Kemi har en stor bedrift for treforedling, Stora Enso, og ved sida av mineralnæring blir det satsa på bioenergi, bioøkonomi og "sirkulær økonomi". Visjonen er ikke mindre enn "Lapland – world's leading arctic bio- and circular economy region". Og der er ikkje bare store ord, men ein god del konkrete planar. Den største er eit raffineri for biodrivstoff, der kinesisk kapital investerer i ein anlegg som skal bruke ein heilt ny teknologi. Vidare blir det satsa på utnytting av avgangsprodukt frå industri og mineralnæring, under slagordet "Frå avfall til profitabel forretning." Også Kemijärvi lenger inn i landet skal få sin del, gjennom ein storstilt plan for forskjellige bioprodukt frå skogbruket. Og noko av det viktigaste: Ein satsar på tynning av skog som hovudmetode, ikkje flatehogst, og slik bevarer ein skogen betre også for reindrifta. Til saman er det i dei tre nordligaste lena i Finland under planlegging heile 4 store fabrikkar innafor skogbruksprodukt, kvar av dei til ein pris av rundt 10 milliardar kr.

I motsetning til Nord-Finland er det i Sverige og Noreg langt mindre planar for industriutvikling i nord. For Noreg er stort sett i Hammerfest at ein utgivarane av årboka har registrert noko industriplanar, med idear om aluminiumsverk og stålverk, begge delar høgst usikre planar som det er liten grunn til å tru det vil bli noko av.

Turisme – Finland tar alt!

For folk i Finnmark og Troms er turistnæringa i Nord-Finland velkjent. Mange frå norsk side har besøkt skianlegga i Levi og Saariselkä eller kjørt skuter frå Kilpisjärvi. Det er heller ikkje uvanlig å dra over grensa for å halde seminar og konferansar, da finske hotell slår ut dei norske på prisen så det meir enn dekker reisa. Satsinga på turismen har vore enorm, og det er ikkje utan grunn at denne blir omtalt som den raskast veksande næringa i Laplands len. Det er no omlag 100000 senger for turistar her og meir skal det bli.

Særlig kjent er Rovaniemi, som har satsa stort på å marknadsføre seg som julenissen sin heimstad. Historia om korleis ein har klart det, er ei fantastisk historie om kva ein kan gjøre med smart marknadsføring av ein ide utan realitetar bak. Allereie i 1927 var det ein medarbeidar i finsk radio som kom på ideen om at julenissen sin verkstad var funne på fjellet Korvatunturi nær grensa til Russland. Seinare fann ein at for turistnæringa var det lurare å flytte det til lenshovudstaden Rovaniemi, der det låg betre til rette for å bygge opp turismen. Sidan har det, bl.a. med inspirasjon frå Disneyland, tatt fullstendig av, og alle slags julenissearrangement, post, suvenirer, hotell osv. sysselsetter no hundrevis i turistnæringa.

Så profitabel var ideen om julenissen i Rovaniemi at han ga avleggarar. I Kemi kom ein på at Julenissen og måtte ha ein sommarstad, og det var det naturlig å legge til kysten. Kemi erklærte seg som "Official Port of Santa Claus, og nede ved hamna blei det oppretta "Santa Claus Seaside Office". Dette har ope for turistar på sommaren, og elles for spesielle arrangement, som "Get together evening" for Arctic Business Forum. Kemi har gjort sitt beste for å etterape storebror Rovaniemi i turistsatsinga. Eit av dei meir vellukka påfunna er å bruke den noko avdanka isbrytaren Sampo til cruise i isen på vinteren, inkl. bading eller rettare flyting i isvatn i overlevingsdrakter. I vinter har over 20000 turistar betalt for dette tilbodet. Eit anna turistpåfunn er snøfestningen, som til no har vore i vintersesongen, men som no skal bli heilårlig! Til og med midnattsola klarer Kemi å selge til turistane, sjølv om byen ligg sør om polarsirkelen og strengt tatt ikkje har noko midnattsol å selje. Turistsatsinga i Nord-Finland slår allereie ut tilsvarande i Sverige og Noreg, men meir skal det bli. For overslaga over moglege investeringar i turistnæringa dei næraste åra er på omlag 50 mrd. kr i Finland, mot bare 10 mrd. i Sverige, 7 mrd. i Noreg og 1 mrd. i Russland. Det er både snakk om utviding av eksisterande anlegg og bygging av heilt nye.senter, mange av dei i milliardklassen. Ein større og større del av turistane til Nord-Finland kjem direkte frå utlandet med fly, og nylig blei det skrive kontrakt om oppretting av direkte linjer Beijing – Rovaniemi og Shanghai – Rovaniemi!

Alt krev infrastruktur

Det meste av dei nemnde investeringsplanane er opp til private selskap. Men anten det er malm, industriprodukt eller turistar som skal fraktast, så trengst det ein infrastruktur, i form av vegar, jernbanar, hamner, flyplassar og kraftlinjer. Og dertil buss-, tog-, fly- og båtruter. Da må statane inn i bildet. Men vil dei det, og vil dei samarbeide? Det blir planlagt på mange kantar, og ofte konkurrerer planane og slår kvarandre ihel.

I Sverige er det stor satsing på jernbanen i nord. Neste år startar bygginga av Norrbotniabanan, ei heilt ny jernbanestrekning langs kysten mellom Umeå og Luleå. Samtidig er det planlagt jernbane Pajala-Svappavaara, i første rekke for malmtransport, og dobbeltspor på malmbanan Kiruna–Narvik. Dobbeltsporet er no ikkje så sikkert som ein trudde før, da Sverige planlegg ei stor utbygging av hamna i Luleå, den såkalla Malmporten. Ved hjelp av isbrytarar skal ein kunne ta mye meir av jernmalmen ut denne vegen, så behovet for transport til Narvik blir mindre.

I Finland er allereie arbeidet i gang med å ruste opp vegen dei 300 km frå Kolari til Kilpisjärvi og grensa mot Troms. Her har tidligare vore lansert planar om jernbanebygging, men dette ser ut å vere lagt bort, i staden satsar ein på jernbane til Kirkenes, utan at det er bestemt noko endelig her. Frå norsk side er det uttrykt slik i Nasjonal Transportplan 2018-29: "Dersom finske statlige myndigheter tar initiativ til å utrede en jernbaneforbindelse mellom Finland og Kirkenes, er norske myndigheter positive til å bidra i et slikt arbeid." I samband med gruveplanane er det tenkt å ruste opp og bygge fleire nye jernbanestrekningar i Nord-Finland, og nokre planlagte gruver vil og krevje nye vegar. For oss på norsk side er det verd å merke seg planar om opprusting av vegen over Sevettijärvi, som i dag er kortaste veg mellom Karasjok og Kirkenes.

Kor er så Noreg når det gjeld infrastrukturen? Den største einskildinvesteringa er innafor kraftforsyning, der det er berekna bygging av leidningar for omlag 20 milliardar kr. Jernbane Fauske – Tromsø har vore diskutert i mange år, og ingenting avgjort, men regjeringa ønsker nye utgreiingar, ein godtar ikkje utan vidare Jernbaneverket sin konklusjon om at denne utbygginga ikkje vil vere lønsam. Elles er det i første rekke opprustning av E6 som er prioritert i Nasjonal Transportplan, ved sida av flyplassbygging i Bodø og Rana.

Arktis i verda

Kva er Arktis? Det finst ei rekke definisjonar, noko som også kom fram på konferansen, Det kan definerast geografisk, metereologisk eller politisk. Arktisk Råd består av alle dei 8 statane som har større eller mindre territorium nord om polarsirkelen, samt 6 urfolksorganisasjonar. I tillegg er det fleire og fleire land som søker om observatørstatus. Heile 13 land er no godkjente observatørar. Ein kan lure på kva Sveits og India m.fl. skal der å gjøre, men svaret ligg nok særlig i den store satsinga på transporten gjennom nordaustpassasjen og nordvestpassasjen, som nokon vil kunne tjene stort på, mens andre vil tape.

Isen i Arktis smeltar og samtidig blir det bygd kraftigare isbrytarar. Det opnar for stadig meir transport i nord. Og her er ein av dei største satsingane til Finland. I motsetning til Noreg, som stort sett har isfrie hamner heile vegen, er store delar av Austersjøen dekka av is på vinteren. Under konferansen i Kemi midt i mai låg isen så langt vi kunne sjå. For finske hamner og eksport er isbrytarar derfor heilt avgjørande, og finske skipsverft har også spesialisert seg på å bygge isbrytarar både for eige bruk og for eksport.

Bærekraftig?

Årboka for Arctic Business Forum startar med å gjengi den overordna politikken til Arktisk Råd og den finske leiarskapen som er der no. Her sit orda om "healthy ecosystems", "sustainability", "human dimention" og "rights of indigenous peoples" laust. Men kva så med praksis? Verken i årboka eller i presentasjonane på konferansen blei det nemnd eit einaste eksempel på at noko prosjekt burde avvisast fordi det kom i strid med desse verdiane. Bare eit par gongar blei det nemnd at nokre planar var forsinka på grunn av motstand. Når gruveselskapa no pressar på for å få bore i nasjonalparkar og naturreservat, og det skal byggast vindturbinar på kvar ein åsrygg, så kjem det i alle fall ikkje noko protestar frå miljøet bak Arctic Business Forum.

Vi fikk høre om "sustainable tourism", men kva som er bærekraftig med å fly tusenvis av nyrike kinesarar halve kloden rundt for at dei skal få sjå dei siste påfunna til turistindustrien i Rovaniemi, det er ikkje så lett å forstå. Så vidt eg kunne sjå var det ingen representantar for miljøverninteresser blant deltakarane på konferansen, i alle fall ikkje som syntest.

Kor var Noreg?

No hadde dei kanskje ikkje vore heilt heldige med å legge konferansen til den norske nasjonaldagen, men likevel var det påfallande dårlig representasjon frå Noreg. Den norske hovudinnleiaren melde forfall dagen før han skulle snakke, og det endte opp med at utanom underteikna observatør var det ingen nordmann på konferansen. Både Russland, USA og Iran (!) var betre representert.

Noreg var likevel sterkt med i mange av dei analysene som blei lagt fram av noverande og framtidig næringsutvikling, og ikkje minst i strategiane for utviklinga av kommunikasjonane over grensene, både med vegar, jernbanar og flyruter. Finland vil vere del av Arktis, men sidan dei mista den finske korridoren etter andre verdskrigen, er det vanskelig å vere med for fullt. Ein jernbane direkte til Kirkenes vil bl.a. kunne kople finsk malm direkte på nordaustpassasjen til Aust-Asia. Slike idear har utvilsamt stor betydning for Noreg, men følgjer vi med på kva det kan bety for oss – på godt og vondt?

Sápmi?

Ein stor del av "European High North" er område med samisk busetting, med samiske interesser i reindrift og utmarkshausting. Kva satsinga på gruver, vindkraft, vasskraft og turisme vil bety for samane var ikkje tema for konferansen. Det var ingen representantar for samiske interesser blant talarane eller deltakarane forøvrig. I presentasjonen av Arktisk Råd var urfolk nemnd, men så blei det stille. Blant dei framtidige moglege investeringsobjekta kunne vi kjenne igjen gruver som Biedjovággi, Nussir, Gállok, Rönnbecken og ei rekke omstridde vindkraftprosjekt i reinbeiteområde. Men motstanden som har vore og er mot desse prosjekta var ikkje tema.

Følger vi med?

Det var nokså tilfeldig at eg blei å dra på denne konferansen. Etter at eg for eit par år sidan skreiv frå ein gruvekonferanse i Finland, hamna eg på lister over folk som får invitasjon til både det eine og det andre, og denne gongen låg Kemi så høvelig i løypa da eg elles var på reise. For meg var dette eit gløtt inn i eit miljø eg frå før kjente lite til. Eg kjente mange planane om gruver og vindkraftverk, dei forventa naturskadane og protestane mot desse, men det var noko anna å få oppleve det frå andre sida, frå dei som ser dette i første rekke som "investeringspotensiale". Det slår meg at det er dei, og ikkje f.eks. miljøorganisasjonar, politiske parti eller forskarar, som lagar oversiktar over kva investeringar og utbyggingar vi kan stå overfor dei næraste åra. Dette er likevel kunnskap vi treng, for å kunne vere med på å påverke utviklinga, for å fremme dei ønska investeringane og kanskje kunne klare å stoppe nokre uønska. I Noreg har vi som kjent lett for å vere sjølvgode, men vi treng å vite kva som skjer hos naboane våre i nord, og vi treng å utvikle samarbeidet. Når verken norske eller samiske interesser er tilstades på ein slik konferanse, tyder det på at det er noko som manglar. Det kjem ein ny sjanse neste år. I mellomtida kan vi sette oss inn i kva som har skjedd så langt. .

Svein Lund