Blant julenissar, klimaprofitørar og andre spekulantar i Rovaniemi
Rapport frå Arctic Business Forum 2019
Santa’s Official Home Airport. Mindre kan det jo ikkje vere på flyplassen ved byen som marknadsfører seg over heile verda som Julenissen sin heimstad. På vegen inn mot byen kjører vi forbi «Santa Claus Village», som har klart å bli ein av dei største turistattraksjonane i Norden.
Vel komen inn til byen går ferda til Santa Claus Hotel, der dei som skal investere i framtida på Nordkalotten samlar seg til Arctic Business Forum.
Profitt og bærekraft
Lapland Chamber of Commerce eller Lapin Kauppakamari er namnet på institusjonen som i no for tiande gong arrangerte denne årvisse hendinga. Formålet er uttrykt slik: The mission is to create success for business in Lapland and Finland. For årets sesjon var parola Responsible Growth in the Arctic. Når målet på eine sida er å skape suksess for næringslivet og på andre sida at drifta skal vere både ansvarlig og bærekraftig, kan det bli nokre motsetningar mellom desse måla, noko vi skal komme tilbake til.
Sjølv om Nord-Finland er utgangspunktet prøvar dei og å analysere investeringar og forretningvilkår på heile Nordkalotten, og etter kvart har fleire representantar for norsk næringsliv funne det viktig å vere tilstades her, denne gongen toppa av Felix Tschudi, mannen som skal opne Nordaustpassasjen for Noreg og to gongar har fått kjøpe Sydvaranger Gruve på billigsalg. I år fikk ABF ein flying start med at Arktisk Råd og avleggaren Arctic Business Council også hadde møte i Rovaniemi same veka, og ein sikra seg da talarar frå både Alaska og Canada.
Kva gjorde eg der?
Kva gjorde så forfattaren av denne lille rapporten der? Eg har i alle fall ikkje ambisjonar om å investere verken i finsk turistindustri, eller jernbanen frå Rovaniemi til Kirkenes, men fikk delta som media for å skrive om konferansen og nytte informasjonen derifrå til den neste boka mi, «Gull, gråstein og grums 4». I motsetning til dei aller fleste konferansedeltakarane budde eg ikkje på Santa Claus Hotel, men satsa på airbnb til ein tredel av prisen. Sponsorane skal likevel behørig takkast: Eit reisestipend frå Norsk Faglitterær Forfatter og Oversetterforening gjorde det mogleg å fly til Rovaniemi.
Som mediamann skulle eg no eigentlig ikkje seie noko på konferansen, men da det etter nokre av dei mest håplause talarane blei opna for kommentarar frå salen, klarte eg ikkje halde meg denne gongen, slik eg gjorde for to år sidan, på ABF 2017 i Kemi, på julenissen sin sommarresidens (!) På grunnlag av desse to besøka kan eg samanlikne dei og lettare forstå utviklinga. ABF 2017 har eg skrive om her: http://gruve.info/kemi.htm
I dress og slips
Forsamlinga besto vel omlag 80% av dress- og slipskledde menn, med tillegg av nokre damer i trange skjørt og høge hælar. Unnataka var få, ein investor som var så rik at han ikkje trong å kle seg ut, så han stilte i raud hettegenser og dongeribukse, så var det ei einslig samekofte i salen og så da underteikna, som nytta høvet til å reklamere litt for strikkeriet i Kárášjohka med å stille i strikkagenser med ryper på. På talerstolen kom heile 18 menn før første kvinne slapp til. Det var først da ein kom til sesjonen med konkret bedriftsutvikling at det var plass for damene.
Årbok av blanda kvalitet
Ved innsjekkinga fikk alle deltakarane ABF Yearbook 2019. Her kunne vi lese om næringslivets tilstand i kvar av dei nordligare fylke og len i Noreg, Sverige og Finland, samt tilgrensande område i Russland, med vekt på kva som er planlagte investeringar i åra framover. Finsk næringsliv i nord har store ambisjonar: The business community in Lapland , as well as in whole Finland wants to do sustainable business. By using the latest and greatest technology, both consumers and tourists coming to the province will be able to offer concrete opportunities to participate in the fight against climate change via circular economy, sustainable forestry and responsible tourism and digitalization.
I forordet blir det lagt stor vekt på utfordringane med klimaendringar og betydninga av sustainable business. Betyr det så at handelskammeret vil styrke naturvernet? På ingen måte, derimot ønsker ein å gjøre vernetiltaka meir fleksible, så dei ikkje hindrar veksten:
More than one third of the land area in Lapland is currently protected and most of it is covered by the NATURA 2000 program. With regard to the protection of biodiversity, Lapland already bears a great deal of responsibility. In this situation, flexibility must be provided, including : Deviations from the NATURA 2000 program for the implementation of tourism and other sustainable growth investments must be made possible.
Også for gruvedrifta åtvarar ein om strengare reglar, og planlagte endringar i minerallova må «not weaken mines operating conditions».
Under område for ansvarlig vekst nemnast turisttrafikken, som dei siste åra har hatt ein enorm auke, særlig i direkte flygingar. I staden for å problematisere dette, klarar ein å snu det slik:
... development of direct connections between Europe and Continents, eg. From Asia to Lapland to reduce air emissions.
Sjølv om ein har tydelig ambisjonar om å dekke heile Nordkalotten, ber årboka preg av at forfattarane kjenner finske forhold best. Når ein skal skildre Noreg blir det mye klipp-og-lim og ein skal ikkje kjenne svært mye til Nord-Noreg for å sjå at denne skildringa er svært mangelfull:
«Nordland is the most industrialized of these counties, when having aluminium production and mines with strong fishing industry. Troms is the center of tourism and trade and has also significant fish production. Finnmark, and especially its western part is the center of Barents sea oil and gas. Eastern part of the county has mining industry, ship repairing industry and it is in the neighboorhood of Russian Murmansk Region».
Her er både fiskerinæringa og oppdrettsnæringa i Finnmark borte vekk, og Finnmark ser ut å bestå av Hammerfest og Kirkenes. Da eg konfronterte dei med dette, var svaret at jo dei hadde ringt til oljenæringa i Hammerfest og dei hadde sagt at dei var viktigast. Det gjorde dei nok, men det blir ikkje meir sant av det. Det siterte avsnittet er eit ekstremt eksempel, men likevel talande for både årboka, konferansen og tankegangen som ligg bak: Det som tel er nyinvesteringar i milliardklassen, kva som skjer med det tradisjonelle næringslivet i nord er ikkje tema. Fiskeri og jordbruk var ikkje nemnd med eit ord, skogbruk er leverandør til fabrikkar og reindrift er bare eit hinder som må overvinnast for investeringar i jernbane og vindkraft.
Import av arbeidskraft
Mens andre EU/EØS-land diskuterer innvandring ut frå problem med sosial dumping eller islamisering av Europa, har det framstormane næringslivet i Nord-Finland ei langt meir ope halding. Etter at Nord-Finland nesten har blitt tømt for folk på grunn av nedgangen i tradisjonelle næringar, har investeringane i større prosjekt dei siste åra ført til mangel på arbeidskraft. I ABF Yearbook er konklusjonen klar:
– Increasing the number of foreign students and encouraging them to stay in Lapland
– Increase work-based immigration.
Jernbane utan eller med samar?
På Arctic Business Forum 2017 var ei av de store sakene planen om jernbane Rovaniemi – Kirkenes. Dengang var det bare snakk om kva som var mest lønsamt, å legge denne vest om Inari og gjennom Neiden, eller aust om Inari og gjennom Pasvik. At det faktisk var folk og rein som brukte desse områda, var i det heile ikkje tema. I mellomtida har samiske organisasjonar i både Finland og Noreg protestert kraftig, og no har pipa fått ein annan låt. No heiter det brått at jernbanen må ta omsyn til samiske interesser og at ein må finne traseval og løysingar i samråd med dei som blir berørt. Årboka refererer ein finsk-norsk rapport om jernbaneplanen: «The Arctric railway would have diverse impact on the environment and the Sami people. ... If the project was promoted, the participation of the indigenous people, the Sami, must be ensured so that no irrevocable damage would be caused to their culture or livelihoods.»
Det minner meg om ei tilsvarande hending på norsk side for nokre år sidan, da sjefen for den største banken i Nord-Norge hevda at 90% av landsdelen er unytta. Først da sametingspresidenten protesterte måtte dei andre innrømme at jo, der var visst noko folk og rein der allikevel. Deretter hevda interessene bak Nordkalottens største vindkraftplan at dei ikkje visste det var reindrift i området dei skulle ta.
Kven skal ofrast for klimaet?
Vi hoppar da rett til den sistnemnde planen, da denne var sentral på konferansen. Under temaet Energi var ein av talarane Thomas Hansen, direktør for fornybar energi i St1, Norge. I debatten i Noreg har eg ikkje sett noko til han, det har i første rekke vore Harald Dirdal frå Grenselandet og Vindkraft Nord som har fronta selskapet. Det blir no klarare at dette prosjektet er heilt dominert av St1. Når Hansen la fram prosjektet i Rovaniemi, nemnde han ikkje at det var andre med på det, men framstilte det som St1 sitt prosjekt, og gjorde det heilt klart at straumen skal til Finland.
Han argumenterte ut frå behovet for å redusere CO2-utslepp og konkluderte at "Low carbon intensity products will win the market place". I kortversjon: CO2=€
Motstanden frå bl.a. reindrifta kalla han for utfordringar med "social licence" Motstand frå miljøorganisasjonar nemnde han ikkje. For at han ikkje skulle seie dette utan motførestillingar, så eg såg meg nøydd å ta ordet, og eg viste da til den store motstanden bl.a. frå reindrifta og at det var snakk om eit unikt område som er eit av dei største inngrepsfrie område i Noreg. Da svarte han at dette er i 600 m. høgde og at han såg ikkje nokon grunn til at reinen skulle opphalde seg der. (!)
Elles var argumentet at vi må ofre noko for klimaet. (Spørsmålet er bare kven som skal ofre, for han og selskapet hans er det ikkje snakk om å ofre, men om å tene.) Han kunne fortelje at dei har hatt mye kontakt med alle slags folk i Tana og Lebesby og at dei har stor støtte. I "Arctic Business Forum Yearbook 2019" er ein oversikt over forventa investeringar i Nord-Noreg, Nord-Sverige og Nord-Finland framover. Under Noreg finn vi bl.a.: Nussir 150m€, Sydvaranger 200m€, Davvi 900m€, andre vindkraftprosjekt i Finnmark 1,5 m€ (+ noko mindre for kvar av Troms og Nordland)
Davvi er altså det største enkeltprosjekt for investering i Finnmark utanom olje/gass. Det er snakk om omlag 9 milliardar kroner.
Litt info om St1: St1 har 1370 bensinstasjonar i Finland, Sverige og Noreg, bl.a. alle Shell-stasjonane. Dei har 10 vindkraftanlegg i Finland, men alle er langt mindre enn Davvi, og satsar på å bli ein leiande aktør innafor vindkraft i Norden. Merk at det er salg av olje som har gitt dei denne sjansen til å satse på «miljøvenlig kraft».
Arktis i endring
At Arktis er i endring er det ingen tvil om, og det var da også eit sentralt tema for konferansen. Eit par dagar før ABF hadde USA torpedert Arktisk Råd sitt sluttkommike med å nekte å godta noko om klimaendringar og behovet for tiltak for å stoppe oppvarminga av Arktis. Noko av det beste på programmet var framlegginga av rapporten Global Linkages – A graphic look at the changing Arctic. Denne er nettopp utgitt av FNs miljøprogram i samarbeid med forskingsstiftelsen Grid-Arendal. Her fikk vi framstilt hovudtrekk i situasjonen i Arktis både for klimaendringar, forureining og biodiversitet. Rapporten kan lesast her.
Rapporten er god og skremmande, og han blei godt lagt fram av FN-representanten. Spørsmålet er om resten av konferansen tyda på at næringsliv og politikarar tar konsekvensane av han.
Klima og investering
I årboka si oversikt over investeringar framover i «European High North» blir det hevda at klimaendringar dei siste åra har hatt større påverknad på investeringane. Det er ikkje heilt klart kva ein legg i dette, men det verkar som ein da tenker på investeringar i vindkraft og bioenergi, og i gruver som utvinn batterimetall. Finland har heile fem store «bioproduct investments» på gang, derav tre i Lappland, med ei samla investering på over 30 milliardar kr.
Det er ingen tvil om at tiltak med reell eller påstått klimaeffekt tiltrekker seg investeringer, men blir det dermed slutt på prosjekter med negativ klimaeffekt? Både oversiktene i årboka og innlegga på konferansen tyder heller på at der er «Business as usual». Av forventa investeringar i Nord-Noreg det neste tiåret er 16 av 40 m€ i olje og gass. I mineralutvinning framhever ein planar for batterimetall, men desse er bare ein svært liten del av investeringane. Dei store satsingane skjer innafor koppar, sink, nikkel, jern og uran, og ikkje minst i mineral som bare har verdi for luksusforbruk og spekulasjon, som gull og diamantar. Det er ingen teikn på at gruveindustrien tar klimaproblemet på alvor anna enn akkurat når det er lønsamt.
Bærekraftig turisme?
Turisme er ei vekstnæring på Nordkalotten, ikkje minst i finsk Lappland. Mens finsk reiseliv misunner oss nordmenn dei høge fjella og vakre fjordane, må vi bare la oss imponere over den finske reiselivsnæringa sin evne til å gjøre profitt ut av langt mindre reelle attraksjonar. Tidligare var dei berykta for å lage attraksjonar av falsk og masseprodusert «samekultur». Dette synest no å spele ei mindre rolle, dei store trekkplastera er Julenissen og nordlyset. Turismen i Nord-Finland finst på alle nivå, frå gigantanlegga i Levi og Saariselkä til mindre familieprosjekt etter vegane. Eit fellestrekk for det meste av turismen er at vinteren er høgsesong, sommaren er ein mindre sesong og haust og vår er det stort sett bare konferansenæringa som held aktiviteten i gang. Frå investorane på ABF til drosjesjåføren som kjørte meg til flyplassen var alle samde om at det som trengst no er ei utviding av sesongen. Utan betre dekking på årsbasis blir det vanskelig å forsvare dei store investeringane, og det blir vanskelig å få kvalifiserte tilsette når ein bare kan love sesongarbeid. Dette hindrar likevel ikkje næringa å investere vidare. For neste tiåret er det berekna 18 investeringar på over 10 m€ og til saman over 2 mrd€. Dette er langt meir enn resten av Nordkalotten tilsaman.
Ved sida av ein årlig auke på rundt 10% i turismen i Finsk Lappland, er det ein annan påfallande trend. Turistane kjem stadig meir langvegsfrå. Blant anna har det opna eigne charterruter direkte mellom Rovaniemi og Kina. Å forsvare dette som bærekraftig turisme er ikkje så lett, men kva klarer ein ikkje når ein satsar hardt: Dette blir forsvart med at det gir mindre utslepp om desse turistane hadde reist med ordinære rutefly. Slik forsvarar ein at finsk reiseliv satsar offensivt på å ta inn kinerarar i store grupper, vise dei nordlys og julenissejuggel i full fart før dei tar flyet heim igjen.
Tunnel for 150 milliardar
Eg nemnde investoren i raud hettegenser. Dette viser seg å vere hans faste plagg og varemerke. Han heiter Peter Vesterbacka og har tent seg søkkrik på å lage og selge eit av verdas mest populære dataspel. No satsar han på privat finansiering av togtunnell Helsinki – Estland, som vil bli verdas suverent lengste på over 100 km, eller det dobbelte av tunnelen under den engelske kanalen. Denne skal koplast i eine enden til jernbanen Helsinki – Rovaniemi – Kirkenes, i andre enden til jernbane under oppgradering Tallinn – Warszawa. Mens finske og estiske styresmakter diskuterer ein plan om å ha ein tunnel ferdig til trafikk i 2040, hevdar Vesterbacka at han skal få denne klar til 2024! Prislappen er omlag 15mrd€ og han har allereie investorar med seg frå bl.a. Kina og Dubai. Massane frå tunnelen skal brukast til å bygge ei heilt ny øy utafor kysten av Finland, med plass til ein by på 50000 menneske.
Det mest interessante for oss på Nordkalotten er vel at han også vil kople seg på jernbanen til Kirkenes, og at han meiner det er mogleg å legge også store delar av denne i tunnell, slik at ein slipp å få kollisjonar med natur og reindrift. Eg skal ikkje konkludere, men det er i alle fall verd og sjå nærare på, og eg må innrømme det er litt artig å treffe ein kapitalist som tør å tenke litt utafor det vanlige.
Og mye meir
Dette var litt av det eg fikk ut av to dagar i Rovaniemi. Der skjedde mye meir, med interessante foredragshaldarar frå Alaska, Canada og Island m.m. Til og med om det internasjonale samiske filmsenteret i Guovdageaidnu. Men om eg skal klare å bli ferdig med rapporten og nokon skal orke å lese han, må eg slutte av her.
Konklusjonen min er at det var verdt turen til Rovaniemi, og at vi som er kritiske til dagens samfunnsutvikling også bør vere til stades på møteplassar der kapital, politikarar og konsulentar møtast for å tenke framover. Som sagt klarte eg ikkje å la vere å ta ordet eit par gongar og komme med nokre kritiske kommentarar. Etter dei var det fleire som kom og takka meg for innlegga. Dei var av begge kjønn, men hadde ein ting til felles: Ingen av dei hadde slips.
Svein Lund